![]() |
Reisebrev 9 28/11 - 3/12 2002 |
Mexico (Oaxaca) |
Om reisebreva | ![]() |
![]() | LinkarReiseruteOaxaca Puerto Escondido Monte Albán Mitla Zapotek Benito Juárez Hotel San Juan ADO Ticketbus |
Oaxaca (tur til Mitla) |
28/11-2002 | (dag 50) |
Eg har funne ein perfekt stad å eta frukost. La Abeja (Bia), ein vegetarrestaurant like rundt hjørna frå der eg bur. Ein sit ute under palmene og lever eit sunt liv, tek til seg sunn føde og har berre sunne tankar. Denne forbilledlege stoda held seg erfaringsvis til ut på ettermiddagen, nokre dagar kortare andre dagar lengre. Kaféen er driven av indianarar, i det heile set urbefolkninga større preg på Oaxaca enn dei har gjort i nokon av dei andre byane eg har vore i.
Frukost på La Abeja. |
Oaxaca er ein by som er lett å orientera seg i. Gatene er parallelle, byen er som eit sjakkbrett ein kan kryssa og det utan å setja seg sjølv matt. Eg har nemnt fargerikdommen i Mexico. I denne byen er den om mogeleg ENDÅ meir utprega. Det tek seg SO godt ut med dei sterke fargane. Det blir etter kvart ny rekord i knipsing. Oaxaca er som Zacatecas og Guanajuato under UNESCO-vern. Hovudattraksjonane i sjølve byen er Santo Domigo katedralen og den store byplassen, "El Zócalo". Byen og staten Oaxaca er òg kjende for den fargerike tekstilkunsten. Byen ligg fint til i eit dalføre i Sierra Madre, fjellkjeda som strekkjer seg gjennom Mexico i nord-sør retning. Høgda over havet er 1550 meter og folketalet godt 250 000.
Eg har bestemt meg for å sjå minst ein indianarlandsby medan eg er her, dermed blir det organisert utflukt att. Ut på ettermiddagen legg me i veg i minibuss, ei gruppe som mest består av meksikanarar men med amerikanske og spanske innslag. Guidinga er på spansk, dette går greitt ettersom den meksikanske utgåva av språket er enklare å forstå enn det som vert tala i Spania.
Fyrste stopp er Tule der ein finn det største treet i verda (målt i rein masse). Dimensjonane er upåklagelege. Omkretsen rundt stammen er 58 meter og ein har problem med å finna ein plass der ein får med heile treet på eitt foto. Sokne-kyrkja ved sida av blir sjåande ut som eit hundehus attmed denne kjempa. Den hadde nesten fått plass UNDER treet. Tresorten er "ahuehuete" eller "sabino". Kva dette måtte heita på norsk har eg ingen idé om. Det står nokre andre tre attmed, store er dei alle. Eit skilt opplyser om at det eine er SON til kjempa. Han er berre 1000 år gammal!
Turen går vidare til ein mezcal-fabrikk. Mezcal er (som tequila) eit brennevin destillert på planter av maguey-familien. I naturleg tilstand er den blank, men blir gjerne tilsett andre smakar som sjokolade, frukt osv. Ein kan til og med få den med "gusano" (makk) i flaska. Ein må gå ut frå at makken har vanskelege kår i spriten, døyr fort men held seg ellers godt heilt til ein tøffing supar den i seg ein vakker dag. Alt saman smakte fælt etter mi meining, med eller utan "gusano". Fleire i fylgjet grøssa når dei svalde eliksiren. Den beste mezcalen er rekna å koma frå nettopp dette området.
El Árbol del Tule, største treet i verda. |
Med ny skjorte i Mitla. |
Mitla er hovudmålet for utflukta. Denne småbyen har nokre av dei mest kjende ruinane i området. Det største folkeslaget i Oaxaca-staten er Zapotek, dei hadde sin gullalder mellom 500 før Kristus og 500 AD (etter kristus). Ruinane er frå ein seinare epoke: dei to siste hundreåra før den spanske erobringa av Mexico (1519-1521). Mitla var truleg det viktigaste relegiøse senteret i Zapotek-kulturen. Dei hadde eit samfunns-system ein best kan beskriva som eit prestevelde. Staden vart òg brukt til ofring. Det var folk det gjekk ut over. Eg skal ikkje koma inn på dei bokstaveleg tala hjarteskjerande detaljane.
Det var ikkje dei utskjelte spanjolane som knekte Zapotek-riket, derimot aztecane i 1494. Deira stat bukka i sin tur seinare under for Hernán Cortés sine "conquistadores". Ein har ofte undra seg over at nokre hundre spanjolar kunne leggja under seg det mektige aztec-riket. Hovudstaden Tenochtitlán (der Mexico by ligg no) var langt større enn nokon by i Spania. Forklaringane kan vera mange: inntrengjarane hadde krutvåpen, dessutan trudde aztecane at dei kvite (og skjeggete) var gudar. Viktigast var det nok at spanjolane hadde indianske allierte (og det mange). Aztecane var sjølv eit krigarfolk som hadde skaffa seg mange fiendar. Ved eit tilfelle, nokre år før spanjolane kom, hadde 20 000 krigsfangar vorte ofra på fire dagar! Sett utfrå dette var maktskiftet kanskje berre ei utskifting av kolera med ein litt mildare pest-variant.
Tilbake til dagens utflukt. Me vart viste rundt i ruinane av ein kyndig guide. Det er imponerande kor langt zapotekane var komne i vitenskapar som matematikk og astronomi. Nede i eit rom i ruinane er det ei søyle som absolutt alle turistar legg armane rundt. Om denne "la columna de la vida" blir det sagt at talet på handbreidder som ER ATT når ein strekkjer seg rundt søyla viser kor mange år ein har att i livet. Eg har berre ni år att om eg skal tru på dette. Satsar på å reisa tilbake kvart åttande år, føreta akkurat same grepet og såleis forlengja livet etter behov. Dette ulogiske våset har me turistar mykje moro med. Kva er det som driv oss tru ?
Det var vorte kjøleg så etter ruinbesøket måtte eg på handel. Kjøpte indianarskjorte av ei Zapotek-dame. Pruting vart det sjølvsagt, men skjorta var praktisk og eg fraus ikkje meir. For fyrste gong i livet høyrde eg eit indianar-språk tala. Eg spurde kva språk det var og dama stadfesta at det var zapoteco. Det har ein svært syngjande tone, noko som skin gjennom i spansken til mange her. Den einaste gong EG har høyrt nokon snakka indianar-språk er Kevin Costner i "Dancing with Wolves". Der klarde han seg framifrå på flytande sioux (trur eg det var). Dette var eit stort framsteg, vanlegvis snakkar indianarar berre engelsk når dei er på film.
Mexico har omtrent 50 indianar-språk som blir snakka av 7 millionar. Ein del av desse att (15%) kan ikkje spansk. Forskarar har funne 139 forsvunne språk, og dei fleste av dei som er att er trua. I dag er det berre eitt av urspråka som blir snakka av meir enn ein million. Zapotek reknar ein blir brukt av omtrent 500 000. Derimot er den indianske arven rikt til stade i stadnamn og i maten. Det er gjort utgravingar som tyder på at tortilla og bønner var med dietten lenge før spanjolane kom. Oaxaca er eit av døma på innfødd stadnamn, avleia av det aztekiske Huaxyacac:
Siste stopp er ein teppe-fabrikk i G1(Teotitlán del Valle, kjend for nettopp dette, teppe. Artesanía er stor butikk i området og teppa står for ein stor del av omsetnaden. Eg må innrømma at eg aldri har vore så nær å kjøpa eit teppe til pynt før. Desse appellerte med sterke fargar og flott design. Eg la band på meg ettersom det ville bli for trangt i ryggsekken.
Tilbake i Oaxaca er det lite att av dagen. På restauranten Las Mariposas et eg eit av dei verste måltida på heile turen. Seig høne i sjokoladesaus kan eg styra meg for. Blar i gjestboka, her har vore nordmenn før: Even frå Kongsberg! Det var faktisk andre òg som hadde klaga over dette sjokoladesølet. I det heile var det berre i Nord-Mexico eg var nokonlunde entusiastisk med omsyn til maten. Etter det har det vore ymse.
Avsluttar på La Resistencia, ein Che Guevara temabar med fatøl (dette siste er ikkje så vanleg). Ølet i Mexico er som maten: oppskrytt men stort sett akseptabelt. Har berre smakt to retteleg gode: Bohemia og juleølet Nochebuena.
Oaxaca |
29/11-2002 | (dag 51) |
Den gamle Zapotek-hovudstaden Monte Albán. |
La Nueva Babel, typisk tilbehøyr til ølet. |
Oaxaca ligg litt lågare enn dei stadene i Mexico eg har vitja hittil. Dette saman med at det ligg langt lenger sør, gjer temperaturen sommarleg sjølv no i slutten av november. Gårsdagen var grå men i dag er det flott solskin. Samme kjernesunne prosedyre som i form av frukost på "La Abeja".
Dei mest kjende ruinane herikring er av den gamle Zapotek-hovudstaden Monte Albán. Den ligg på ei høgd over byen, og seiest å vera ein plass turistar MÅ vitja. Denne gongen tek eg rutebuss, på slike digre anlegg blir det slitsamt å gå i flokk. Monte Albán ER imponerande, ruinane etter ein by som hadde eit folketal på 25 000 på det meste. Utsikta er eineståande, ein ser utover Sierra Madre del Sur, Valles Centrales og Oaxaca by. Ruinane med pyramidar gjer òg inntrykk, eg har aldri sett maken, men har ikkje vitja korkje Egypt eller dei meir kjende Aztec og Maya-ruinane her i Mexico. I finveret er dette ei oppleving, eg blir verande i fleire timar. Reiser ned att like før solnedgang, nøgd med dagen og med livet på reise. Hadde alle dagane vore slik hadde aldri reisetrøyttleiken teke meg. På langtidstur lyt ein ha spesielle dagar som denne for å halda gneisten ved like.
Oaxaca er òg kjend for sjokolade. Eg er innom ein butikk og kjøper ei blokk. Sjokoladen blir laga på staden og produksjonen føregår godt synleg for kundane. Ein kan kjøpa den rå på vekt, rett i frå digre jutesekker. Sjokolade vart fyrst kjend i Europa gjennom kontakten med Mexico. Det seiest at Hernán Cortés tok det med seg til Spania i 1528 og at bruken breidde seg frå der. Ein veit ikkje kor lenge sjokolade hadde vore brukt av urfolka i Mexico eller kvar det fyrst vart teke i bruk. Sjølve ordet sjokolade er av aztekisk opphav.
Eg spør nokre turistar etter vegen til buss-stasjonen og blir ståande å måpa når det viser seg det er tre italienarar eg åt frukost med i Real de Catorce. "Il mondo è piccolo" (verda er lita), blir det sagt. Etter ein hårklipp og forgjeves leiting etter andreklasse buss-stasjonen (der neste etappe skal starta), gjev eg meg på heimveg.
Er innom ei "cantina". På ny blir ein tigga etter øl, men denne gongen òg marihuana. Dette strøket er ikkje det beste og turistane er sporlaust borte. Staden, Tabula Rasa er eigentleg ein fin men det blir slitsamt. Driv inn til naboen, Alma (Sjel). Denne er IKKJE fin, fire forsofne kundar og enkle forhold. Det blir likevel stor stemning, heilt til eg stikk på do. Har såpass omdøme at eg tek med sekken med kameraet, eg er ikkje heilt trygg på desse karane. Ein av dei kjem etter og åtvarar: "¡Te quieren robar! (dei vil rana deg!)". Ei av damene i baren kjem etter og hentar han, kva som ligg bak dette veit eg ikkje. Det held likevel i massevis, eg drikk opp, betalar og takkar hastig for meg.
Kneipa La Nueva Babel tilbake i turiststroket er ei anna verd. Sivilisert publikum som lyttar til ein "trovador" som sit med gitaren og syng songar om "amor" og "tristeza". Ein av gjestene har eit oppsyn som får meg til å konkludera med at han er verdenss melankolikar nummer ein. Minner om bilete eg har sett av den unge Jens Bjørneboe.
For fyrste gong i Mexico reiser eg på disko. Det ligg litt i utkanten av byen. Det er streng kontroll, vaktene er væpna og vaktsjefen forsikrar om at han personleg garanterar for tryggleiken min! Det er bra, han ser myndig ut, har lang bart og pistol. Dette lokalet har òg den merkelege kombinasjonen av danseplass og pornofilmvisning som eg kom over i Nuevo Laredo fyrsten dagen min i Mexico. Byens mest ekslusive stad er det ikkje og ein undrar seg over kva som ligg bak pistolviftinga.
Oaxaca |
30/11-2002 | (dag 52) |
Veggmåleri i Palacio del Gobierno. |
Gateparti frå Oaxaca. |
Sov lenge, gårsdagen hadde vara til ut i dei små timar. Eg bestemmer meg for å reisa til kysten, Puerto Escondido med nattbuss og fyrste klasse. Brukar dagen til lite anna enn ein kort bytur og skriving av reisebrev. Får òg lagra unna den rekordstore mengda med foto eg har teke her.
Einaste "aktivitet" er ein tur på "Palacio del Gobierno", regjeringsbygget til staten Oaxaca. Det er kjend for sine enorme veggmåleri (murales) som fortel historia til Oaxaca. Sentralt står Benito Juárez, ein av dei viktigaste og mest respekterte leiarane Mexico har hatt.
Benito Pablo Juárez (1806-1872) er utan tvil ein av, om ikkje den fremste av Mexico sine nasjonalheltar. Han var fødd i nærleiken av Oaxaca av indianske foreldre (Zapotek). Som president i to periodar (liberal), sto han bak reformer som skilje av kyrkje og stat og gratis grunnskule. Ei av dei mest kjende utsagna hans er: "El respeto al derecho ajeno es la paz" (Fred er respekt for andre sine rettar). Dette sitatet er med på veggmåleria.
Juárez vart styrta av ein anna politikar frå Oaxaca, Porfirio Díaz. Denne karen vart ikkje nasjonalhelt, det var nettopp HAN den meksikanske revolusjonen var retta mot i 1910. Det er berre i heimbyen Oaxaca at eg har sett ei gate oppkalla etter han. Díaz skal vera mannen bak eit anna vidkjendt utsagn: "Stakkars Mexico, så langt frå Gud og så nær USA". Det skal likevel nemnast at regimet hans stod på god fot med USA (og ikkje minst med amerikanske kapitalistar).
På "Hostal Don Diego" er det ikkje så mykje folk, men mesteparten av dei som er der er frå Sveits. I resepsjonen innreiar dei "kontorplass" til meg. Kvelden kjem fort og brått, eg tek på meg min tunge sekk og går til stasjonen. På vegen inntek ein eit godt måltid på Hotel California, av alle stader. Stasjonen er full av folk, men som vanleg går innsjekkinga greitt. Klokka ti er nattbussen klar til avgang. Turen er hard, svingete veg og kjenner meg ikkje heilt i form. Det bli lite søvn ...
Oaxaca har vore ei fin oppleving. Fargane, det gode klimaet, utflukter, det unike Monte Albán, eksotiske (for oss) folkeslag og språk, ein særprega by som med rette er eit av dei mest populære reisemåla i Mexico. Den har rettnok òg sine skuggesider, staten Oaxaca er ein av dei fattigaste i landet.
Puerto Escondido |
1/12-2002 | (dag 53) |
Solnedgang ved Stillehavet. |
Denne bussturen var drepen, er framme i Puerto Escondido ved 12-tida. Dette er einaste møte med Stillehavet på denne turen, meininga er eit par dagar med sydenferie før ein legg kursen hardt om i retning heimlandet. Det er i alle fall varmt, for varmt, går nesten ikkje an å vera ute. Hotell finn eg fort og hoppar rett i symjebassenget.
Puerto Escondido er svært frodig, har sjeldan sett slik palmeprakt. Det er etter kvart vorten ein populær feriestad, ikkje minst på grunn av dei gode surfeforholda her. Ein anna faktor er ein italiensk kriminalfilm frå 1992, "Puerto Escondido". Dette har trekt ein del italienarar hit. Likevel kjem dei fleste turistane frå nabolandet i nord.
Søv lenge etter den harde natta, er sliten. På ny har reisetrøyttheita kome over meg, palmesus og sandstrender hjelper lite mot denslags. På stranda er flokkar av lausbikkjer. Eg får all respekt for desse etter å ha gått midt inn i ein flokk på kveldsturen min. Dyra er agressive og hundane sjølve veit vel knapt kva galskap dei kan vera smitta med.
Puerto Escondido |
2/12-2002 | (dag 54) |
Vaknar skikkeleg sur og gretten, men det hjelper med frukost. Tek ein lang tur langs stranda og er stor gutunge, må ut i dei store bylgjene. Surfa kan eg ikkje, men det er moro å bli lyfta som ei fjør orkan av kjempekreftene som veltar inn frå Stillehavet. Set meg på ein strandbar og får med ein uvanleg vakker solnedgang. Tilvèret har fått fasong att, keisemda har forsvunne.
På Pizzeria Da Claudio viser dei filmen "Puerto Escondido" kvar kveld, og eg får det med meg. Det var ikkje verst, det blir meir levande når ein kjenner att stadene. Denne er òg delvis filma i Real de Catorce så her vart det dobbelt gjensyn.
Går på pub etterpå og kjem i kontakt med tre meksikanarar, ein mann og to damer frå Vera Cruz. Dette er eit lystig selskap, me drikk nokre øl, men for n-te gong blir turisten oppmoda til å spandera. Dette har vore utruleg mykje av her i landet, berre på Cuba har eg vore ute for liknande. Det er nok slik at ein stor del av meksikanarane lever frå hand til munn, ikkje minst her i sør. Dei ber meg bli med til Oaxaca på hanekamp! Dette avsler eg, men blir med opp til den kvite folkevogna og ser på dei to kamphanane. Desse skal dei tena masse pengar på heitest det. Kampen er i morgon, men ein ser fort at haneeigaren ikkje er køyrbar. Eg får dei heldigvis frå galskapen. Då ber dei MEG setja meg med rattet, men det blir blånekt (av fleire gode grunnar). Etter innkjøp av hamburgarar sovnar to av fylgjet på stranda. Den vakne av jentene, Esperanza, er ute av seg og vil heim, forståeleg nok.
Festleg gjeng frå Vera Cruz. |
Klar til hanekamp. |
Puerto Escondido - Salina Cruz |
Tysdag 3/12-2002 | (dag 55) |
Har god tid på føremiddagen, et god frukost. Fruktjusen her er fantastisk, alle slags eksotiske tropefrukter eg ikkje hugsar namnet på. Det held med to dagar her, no er eg utolmodig etter å koma vidare. Neste mål er San Cristóbal de Las Casas i delstaten Chiapas, austover i retning Guatemala. Eg må bita i det sure eplet og satsa på nattbus på ny, turen tek 14 timar og det byrjar å minka på tida.
Deler likevel turen opp, fyrste etappe til Salina Cruz er på 6 timar som eg tek på dagen. Då får eg sett litt av Stillehavskysten òg. Varmen er kvelande, det er godt å setja seg i ein kjøleg buss.
Det er mørkt når me kjem fram til Salina Cruz. Denne byen ligg òg ved Stillehavet, men er ikkje nokon turistby. Bagasjeoppbevaringa er på apoteket over gata, men alt gjer nytten! Eg har mange timar, vil gjerne ein tur til sentrum, men får kalde føter då eg rotar meg inn i eit tvilsamt strok i myrkna. Får heller hengja rundt stasjonen ei stund. Får i meg mat, pratar lenge med eit noko forkoment ungt par som er på bryllaupsreise. Dei har ikkje vore utafor USA før og er ikkje heilt vande med Mexico enno. Jenta er i tillegg vorten sjuk og ser mørkt på tilveret til trass for at ho er nygift.
Med bussen vidare forreknar eg meg stygt. Får vita at dette er ein "autobús de paso" (forbipasserande) men legg ikkje meir i det. Er tilbake på stasjonen i god tid og gjer meg klar til nye timar på nattbuss. Stor er overraskinga då eg vert fortald at bussen er reist! Konklusjon: for ein buss som er "de paso" er avreisetidspunktet berre ein indikasjon! Neste avgang er 2:45 i natt, så her får eg med meg meir av Salina Cruz enn eg hadde rekna med!
Puerto Escondido. |
Kveldstoalett på buss-stasjonen i Salina Cruz. |
Eg snublar over den usannsynlege baren El Paraíso Istmeño og finn den godt eigna for å slå i hel ventetida. Veggene er berr Leca-stein, dekorert med gloret meksikansk julepynt. Paradis er etter mitt syn noko av ei overdriving. Når det er sagt er rettnok dei fleste gjestene salige nok til i det minste å kunna TRU dei har funne evig frelse her.
Alle nikkar, smiler og set pris på det uventa besøket av ein "gringo". Ein av gjestene er komen spesielt langt inn i paradiset, såpass at han har lagt sin elsk på ei av serveringsdamene. Ho vil ikkje ha noko av dette, men å ta hint er ikkje mogeleg for denne karen med innpå tre i promille. Til slutt må ho springa og stengja seg inne på do, alt medan beilaren sparkar i døra og geberdar seg. Snart dukkar politiet opp og tre kraftige karar må bruka all si makt for å overmanna den forsmådde. Han blir boren ut, sparkande og skrikande. Like før stengjetid blir det opplyst om at den krakilske bargjest søv fredeleg på politistasjonen ...
Siste gjerning er henting av sekken på apoteket. Så set ein seg til og ventar nokre timar. Dette livet er ikkje noko for den utolmodige. Kveldstoalettet er fort unnagjort. Heldigvis har eg selskap på venterommet av ein bereist amerikanar. Somnar fort når eg endeleg kjem på bussen.
© 2002 Jomar Hønsi treff sidan 25/4-2004. Statistikk


