![]() |
Reisebrev 10 4/12 - 7/12 2002 |
Mexico (Chiapas) |
Om reisebreva | ![]() |
![]() | LinkarReiseruteSan Cristóbal Progreso Las Casas EZLN Casa Babylón ADO Ticketbus |
Salina Cruz - San Cristóbal de las Casas |
4/12-2002 | (dag 56) |
Zapatista-suvenir. |
Eg hadde forbanna meg på at no var det slutt på slitsame nattreiser, men så kjem tidspresset og legg si klamme hand rundt meg. I Puerto Escondido hadde eg funne ut av detaljane om korleis eg skulle koma meg over til Florida att. Eg må reisa frå Mexico alt om 4 dagar, så no er det snart slutt på moroa. Ferjeselskapet eg opprinneleg hadde satsa på ekisterer berre i cyberspace, dermed blir det ruta Mérida-Tampa i staden for Cancún-Miami slik planen var. Mindre tid i Meksiko, meir tid i Florida er resultatet. Kunne floge sjølvsagt, men eg har som sjølvpålagt geografisk mål at eg skal RUNDT Mexico-golfen på sjø og land, IKKJE i lufta (det siste er å rekna som juks).
No sit eg altså på ein meksikansk buss klokka 3 om natta og slit meg ut med kaldt overlegg. Heldigvis somnar eg fort og då eg vaknar att er synet så vakkert at eg gløymer slit, melankoli og reisetrøyttleik. Irrgrønt, jungelkledd fjell-landskap, sola skin skarpt her oppe i høgda, skodde-laga under oss i dalføra skapar ei trolsk stemning. Delstaten Chiapas gjer eit overveldande fyrsteinntrykk. Chiapas er ein av dei få meksikanske statane er har høyrt om FØR denne turen. Grunnen er Zapatista-opprøret, ikkje av å lesa Morgan Kane som oppe i Sonora og Chihuahua.
Meksiko har i alt 31 delstatar. I tillegg kjem eit føderalt styrt område rundt Mexico by, "Districto Federal", oftast berre omtala som D.F (el dé efe). Landets offisielle namn er Estados Unidos Méxicanos, altså ikkje heilt ulikt naboen i nord sitt namn (men langt frå så storslege som Estados Unidos de América).
Tru kva som gøymer seg under det våte, grøne teppet nedi dalen? Skumle jungeldyr? Lumske tropesjukdomar? Truleg er det ikkje så farleg, men eg kjem brått på at eg ikkje har vaksinert meg mot denslags sidan 1995. Får kryssa fingrane og ynskja død og fordervelse over malaria-myggen og eventuelle andre utyske før eg finn meg sjølv att, sveittande i ørska, talande i tunger, bak ein myggnetting, halvdaud under ei dovent roterande takvifte.
San Cristóbal de Las Casas er ein gammal by frå kolonitida som ligg i eit dalføre i fjellkjeda Sierra Madre del Sur. Høgda over havet er 2100 meter. Det er godt å kom opp her etter den kvelande varmen nede ved kysten. Eigentleg burde eg ikkje klaga altfor mykje ettersom de der heime no går og frys av dykk det de eventuelt måtte ha av edle delar. Til mitt forsvar vil eg seia tropevarme kjennest like ille i desember som i august.
Blir umiddelbart kapra av ei "innkastarske" for eit herberge, Casa Babylón. Det viser seg at denne jenta òg er italienar. Berlusconi's landsmenn/kvinner er eg vorten svært vand med etter kvart. Kanskje er det ikkje verande i heimlandet for unge, progressive krefter? Herberget er laust organisert: opphaldsrom med hengekøye (såkalt chill-out room), kjøken, vaskerom i bakgarden og turkerom i det fri på taket. Der oppe er utsikta over byen og fjella eineståande.
Casa Babylón. |
Utsikt frå taket på Casa Babylón. |
Eg likar atmosfæren med ein gong. Her i huset er eg gamlefar, men desse ungdommane viser all respekt for aldrande. Her spelar ein sjakk på kjøl-ut rommet, kokar på kjøkenet, dinglar i hengjekøya, ligg langflat på madrassene, alt med eit veggmåleri av ein jungelscene som bakgrunn. I skogen på måleriet lurer farlege dyr og geriljasoldatar. Eigarane er eit ungt italiensk syskenpar (dei er i alle fall svært like), gjestene for det meste europearar. Det blir tolerert at dei reisande tek seg ein blås av det meir harmlause slaget.
Går og ser fotballkamp og drikk prima Cerveza Bohemia på flotte Tequila Zoo. Er blank i meksikansk fotball men nivået virkar bra. Likevel eksporterer landet få fotballspelarar samanlikna med dei store landa i Sør-Amerika.
Mat må ein òg ta til seg. Er ikkje før gått inn døra på ein restaurant før eg blir kapra av ein gringo som utbryt "I'm in need of company". Eg pratar gjerne med folk sjølv om dei presenterar seg som kontaktsøkjande. Jim og eg kom svært godt overeins. Han er på rundtur i Meksiko i bil og er like pratsam som dei fleste av sine landsmenn. Når folk i tillegg er oppegåande og let andre sleppa til i samtalen kan dei gjerne introdusera seg korleis dei vil.
San Cristóbal de las Casas |
5/12-2002 | (dag 57) |
Dagen gryr med uvèr, surt yr som viser seg å vara heile dagen. Det blir rikeleg tid å bli kjend med dei andre på Casa Babylón. Språket her er spansk, t.o.m ein israelar med det sprengkraftige namnet Ariel klarar seg godt på dette i Det Heilage Land noko uvanlege tungemål. Han er datamann som meg, men ingen av oss har trang til å snakka om bits og bytes. Han har vore ein heil månad i Meksiko by UTAN å bli rana, i fylgje Lonely Planet skulle detta vera nesten umogeleg for ein utlending. Rubén er ein ung spansk advokat som for tida er utan arbeid og vil heller vera i Mexico enn heime. Han viser meg ei bok titulert "La Historia del Pedo" (Fjertens historie). Forfattaren er ein anonym franskmann. Boka viser at det godt kan skrivast høgverdig litterært òg om mindre subtile emne. Rubén har ein godt utvikla ironi som oftast går ut over kyrkja og andre øvrigheiter.
Hamaca (hengekøya) i "el chill-out room". |
Marknad i San Cristóbal. |
San Cristóbal de las Casas er oppkalla etter ein noko spesiell prest. Bartolomé de Las Casas var fødd i 1474 i Sevilla, var med Columbus på den andre ferda over Atlanteren. Det han såg av brutalitet og undertrykking av urbefolkninga vende han om såpass at han brukte resten av livet til å slåst for indianarane sine rettar. Han er vorte kalla "frigjeringsteologiens far", føreslo tilbakeføring av plyndra verdiar og land, oppheva slaveriet for indianarar (men ikkje for negrar!) og godtok kannibalisme under visse vilkår. Det siste virkar (sjølv for ein som reknar seg som frilynd) som eit ei ekstrém form for kultur-relativisme (for ikkje å snakka om gastronomisk relativisme).
Skulle vore med på tur til ein indianarlandsby, men forsov meg. Dette var like greitt i uvèret, turen var avlyst. Sit mykje på kjøkenet og redigerer bilete. Dei andre gjestene fattar interesse for denslags eksentrisitet, det blir samling rundt datamaskina. Eg blir midtpunkt, spurd ut om alle mogelege saker rundt om i verda ein bør ha greie på når ein er mildt tilårskomen og har reist litt. Kvar meiner eg maten er best ? Kvar har eg vore ? Kvar likar eg meg best ? Det fyrste svarde eg utan vidare Italia på, noko som fall i god jord hjå desse kjøken-kundige sør-europearane.
Om kvelden vågar eg meg endeleg ut i søla og regnet, hamnar på Living Bar, ein trendy stad for velkledde ungdommar. Likevel er velkomsten fin, dei argentinske eigarane veit å få ein til å kjenna seg velkommen i sjølv om ein korkje er moterett kledd eller spesielt ung. San Cristóbal har fleire av desse flottare utestadene, mengda av turistar gjev nok marknad for slikt.
Den argentinske varianten av spansk er unik. Grunna den store innvandringa frå Italia har dei eit syngande tonefall ein ikkje finn andre stader enn rundt Rio de La Plata. Ein anna raritet er at j-lydane blir til sj (dette deler dei med Uruguay). Dei som ser Champions Leauge på TV3 er inneforstått med dette. Kvar gong Valencia er på skjermen blir det påpeika at namnet til midstoppar Roberto Ayala skal uttalast Asjala. TV3 blir hermed av underteikna utropa til årets lærdoms-kanal.
San Cristóbal de las Casas |
6/12-2002 | (dag 58) |
Regnet har slutta men det er overskya og heller kjøleg. Utfluktene er avlyste på ny, så det blir ein ny dag i byen. I dag kan ein i det minste gå i gatene, få med seg litt av denne tiltalande provins-byen.
Det eg har sett hittil av San Cristóbal har virka velståande sjølv om staten i fylgje guideboka er ein av dei fattigaste i landet. Likevel: kjem ein utafor bykjernen ser ein at sentrum er eitt unnatak. Her ute ser ein kloakken som renn rett ut i elva, elendige hus, skit og søppel, folk som plukkar lus av kvarandre.
Brukar mykje tid på marknaden. Dette er den største eg har sett hittil, ein opplevelse av lukter, skarpe fargar og andre inntrykk. Eg får eit tilbod på Duracell-batteri eg ikkje kan sei nei til: her kostar dei 5 pesos i staden for dei vanlege 40. Folk vil ikkje fotograferast og eg er nøyen med å spørja om lov. Trua mellom indianarane skal vera at ein tek sjela frå dei med å ta bilete av dei. Når det gjeld såpass alvorlege ting som sjela bør ein visa respekt (dette er IKKJE ein spøk). Når eg spør om å få ta bilete av varetilbodet er det greitt, men folk gøymer ansiktet.
Dei dårlege kåra for, og diskrimeringa av urbefolkninga er bakgrunnen for framveksten av Zapatista-rørsla eller EZLN (Ejército Zapatista de Liberación Nacional). 1. januar 1994 okkuperte den då ukjende geriljaen San Cristobal og nokre andre byar i Chiapas utan å møta motstand. Rejeringa sende inn troppar og dreiv opprørarane ut av byen løpet av få dagar. Ein reknar at 200 menneske vart drepne. Det var NAFTA-avtalen (North American Free Trade Agreement) som utløyste krisa. Organisasjonen er leia av Sub-comandante Marcos, ein figur ingen veit kven er avdi han alltid blir avbilda med finlandshette. Opprøret førde til stor merksemd rundt kåra til urbefolkninga og hadde støtte av romersk-katolske kyrkjeleiarar. Militært var det ingen suksess og EZLN er no ein offisiell kamporganisasjon som ope driv suvenirbutikk og spansk-kurs for utlendingar!
Er på veg heim att om kvelden og går akkurat forbi ein telefonkiosk då mannen inni utbryt midt i samtalen: "There's my Norwegian". Det er "my American", Jim, eg har gått meg borti meg borti for andre gong på to dagar. Det blir eting og drikking att og eg får vita meir om han. Yrket har vore så mangt, men akkurat no er han låtskrivar. Eg spør kva han skriv songar om: "About people like you", er svaret eg noko forbløffa tek mot. Etter nærare ettertanke kjem eg fram til at det nok kan finnast verre tema for ein song. Når gemene kjeltringar som Gjest Baardsen og Billy the Kid har fått dikta songar om seg, så kvifor ikkje eg, ein lovlydig borgar i god stilling og frå ein møblert heim ? Jim og eg snakkar om Florida (heimstaten hans), kvinner, Mexico og livet.
Meksiko var siste landet i verda som produserte bobler. |
Fiesta og concierto med innbyggjarane på Casa Babylón. |
Ville ta ein tidleg kveld men åå veg heim møter eg resten av gjengen frå Casa Babylón. Dei skal på konsert i ein bar borti gata. Eg kan ikkje anna enn vera med. Det er ein "kul" og moderne bar med abstrakt, svevande musikk av eit ungt kunstnarpar. Stemninga er fred og venskap, alle er snille og ser ut til å ha oppnådd sjeleleg harmoni. Musikken er ikkje i mi gate, men i dette miljøet gjer det seg uansett. Det er visst dette som i platehyllene heiter "world music". Det eine instrumentet er ein stygglang lur, det andre ei innfløkt strengegreie. Lyd og ulyd blir det ut av det uansett.
Eg skal ta bilete av opptrinnet men slit som eg ofte gjer med flatt batteri. Tek fram dei billege batteria eg kjøpte på marknaden tidlegare i dag og set dei i. Ikkje teikn til liv i apparatet og eg undrar meg. Dei var då nye, innpakka og frå sjølvaste Duracell? Ein av dei andre føretek ei nøyare gransking. Det viser seg at namnet er "Dubacell", men ellers er det nesten uråd å sjå skilnad. Den store skilnaden ligg altså innafor! Eg må applaudera det dyktig utførte lureriet eg ga 10 pesos for.
Ein liten meksikanar som liknar på Jesus syter for at alle har det godt. Slik ei fredsæl forbrødring har knapt funne stad på denne sida av Genesaret-sjøen. Avslutning i hengekøya på chill-out rommet er ei perfekt avslutning på ein flott dag.
San Cristóbal de las Casas - Mérida |
7/12-2002 | (dag 59) |
I dag er det tid for avreise. Eg hadde planar om å sjå Maya-ruinane i Palenque men droppar det. På dette stadiet av turen er det ikkje ruinar som freistar mest. Eg er forlengst hinsides trangen til å få med meg mest mogeleg på minst mogeleg tid. Vil helst slappa av og overlata den aktive turisme til andre. Kjenner det skal bli godt å koma heim. Eg har bestilt nòk ei nattreise, denne gongen på 14 timar til Mérida. Derifrå er det berre nokre mil til Progreso og havet. Derfrå går det ferje til Tampa, Florida.
Julegåver må handlast inn, det blir kjøpt inn diverse fargerike saker til damene heime. Eg likar desse tinga sjølv òg, men sekken blir rett og slett for full. Ein halvtime på marknaden rundt katedralen er alt som skal til. Pruting høyrer med, men det er ikkje allverda å henta. Eigentleg mislikar eg sterkt å handla julegåver men i år var det nesten lystbetont.
Med Heidi og Roland på Museo del Café. |
Gatebilete frå San Cristóbal de las Casas. |
Er innom Museo del café. Dette er mest om kaffi-dyrkinga her i staten, mykje av det organisert i ko-operativ. Inne i kafeen går eg rett på Roli og Heidi som eg møtte i Real 14 for nokre veker sidan. Dette er andre gongen eg har møtt att folk eg trefte der. Det er kanskje ikkje HEILT tilfeldig, turistane reiser mykje på dei same stadene. Triveleg er det uansett, me kom no svært så godt over eins der oppe. Denne gongen er det berre tid til ein kaffikopp og utveksling av e-mail addresser. Eg blir beden til Luzern om eg skulle ynskja det.
Dette er siste fulle dagen i Mexico. Eg har aldri hatt interresse for bilar, men her grip eg meg i å knipsa folkevogner! Ein ser enno mange av dei og som alt anna i landet kjem dei i sterke fargar.
Sterke fargar har ein òg i Casa Babylón, dessutan ei uvanleg hyggeleg stemning. Det blir ei avskjedstund på kjøkenet og utveksling av e-mail adresser i alle retningar. Så er det i retning buss-stasjonen. Avgangen er klokka 17 og det er ei lang reisa. Me skal vera framme i Mérida klokka 8 i morgon tidleg. Bussen er svært bra og eg er vand med desse lange turane no. Ein kan la tankane vandre og det er mange inntrykk som skal fordøyast.
I Palenque er me framme klokka 23 og det er tid for matpause. Ei kanadisk jente som var innom Casa Babylón er òg med, ho er ei av desse tøffe damene som reiser åleine og utafor alfarveg. Det blir dårleg med soving, men natta går likevel fort. Ein stad køyrer sjåføren håplaust feil og må rygga seg ut att av gatene. Det er lyst når me er framme i Mérida.
© 2002 Jomar Hønsi treff sidan 25/4-2004. Statistikk


