![]() |
Reisebrev 1 10/5 - 15/5 2002 |
Oslo - Hamburg |
Om reisebreva | ![]() |
![]() | LinkarReiseruteÅlborg Himmelbjerget Ry Ribe Hörnum Hamburg Hotel Phønix Ry Vandrerhjem Ribe Vandrerhjem Saltlageret A.F.Nagel TUI ReiseCenter Stena Line DSB Autokraft DB Air Berlin |
Innleiing
Eg står i skrivande augneblink klar til å ta ut på ei åtte månaders reise rundt om i verda. Idéen oppsto ein ettermiddag for kort tid sidan på kontoret i Oslo. Det kan innvendast at det ikkje er denslags eg er betalt for å sysla med, men i dette høvet for tankane sine eigne ustyrlege vegar. Reise-planane har lege i bakhovudet i femten år, men grunna private og yrkesmessige bindingar hadde eg aldri villa setja dei ut i livet.
Akkurat denne dagen, torsdag 4. april 2002, på arbeid nedst i Grorud-dalen, slo det meg at eg ikkje lenger HADDE bindingar. Hadde vore åleine i nesten to år, og arbeidsgivar slit med oppdragsmengda i desse vanskelege tidene. Dessutan er eg frisk (trur eg), og økonomien gjev rom for eit par sprell. Då eg fyrst hadde bestemt meg, snudde eg meg fort: inn dagen var omme hadde eg søkt permisjon frå 1/15 til 31/12. Dagen etter vart den innvilga!
Det heile skjedde brått, så det vart lite tid til planleggjing. Ein lang Europa-turné er fyrstevalg, men eg veit enno ikkje om ferda held fram i Latin-Amerika eller USA. Planleggjinga får koma undervegs. Det einaste eg treng bry meg om er trass alt datoen eg må vera attende på arbeid.
Oslo - Fredrikshavn |
10/5-2002 | (dag 1) |
Bakgrunnen for at eg startar den store utfarten med noko så vanleg som danskebåten er at me kvart år i mai reiser på ein helgetur til Ålborg. "Me" er i dette tilfellet ein kameratgjeng med fortid i ærverdige Kongsberg Våpenfabrikk.
Dette er 20. turen, den har vorte arrangert kvart år sidan 1982. Erik og Paul har vore med heilt sidan starten, eg sjølv er med for 8. gong. Erik står som arrangør og har etterkvart opparbeidd uvurderleg erfaring i reiseledelsens edle kunst. I år 2002 er desse med: Erik, Paul, Ulf, Svein Erik og Jomar. Dei som manglar er Geir, Knut og Anders men dei kjem nok sterkare att neste år. Geir skal eg uansett møta i Mellom-Europa i juli.
Eg reknar starten på turen som augneblinken eg låser døra i Nordalveien 18 bak meg. Fyrste beskjedne reisetappe er buss 60 ned til Vippetangen. Økern, Hasle, Kampen, Tøyen, Grønland og Vaterland har eg ikkje sett av spalteplass til her. Kan likevel nemna att veret var flott og at Oslo på ein fin maidag slett ikkje tek seg ille ut.
Eg set frå meg sekken på Vippetangen og et turens fyrste måltid: kake i tredje etasje på Glasmagasinet. Deretter sler eg meg i lag med reisefylgjet og drikk utepils på Kafé Celsius. Dette vorspielet er ein del av tradisjonen. Den årlege dansketuren er eit høgdepunkt under eitkvart omstende, i dette høvet ein perfekt måte å starta livets lengste ferie på.
Klar for det store avsparket, Stena Saga ved kai på Vippetangen. Her med Svein Erik. |
Samling på Captain's Corner, Stena Saga på veg ut Oslofjorden. Framme: Svein Erik, Erik og Ulf. Bak: Paul. |
Stena Saga legg frå klokka 19:30. Etter ein liten blund finn eg dei andre på Captain's Corner der dei alt er i gong med lystig samrøre og alvorlege samtalar. Dette tek eg med iver del i og kvelden held fram på diskoteket Tiffany's. Denne båten er me etter kvart vortne lommekjende på. I år som alle andre år er kryssinga av Skagerak stor stas i selskap med kjende og ukjende. Ulf er den mest velkledde men dette er etterkvart å rekna som ei naturlov.
Dansketurar har dårleg ry, spesielt blandt folk som aldri har vore med på ein. Det seiest å vera "harry". Det er det såvisst, men denslags stereotypar er uvesentlege så lenge ein har det moro. Her er folk som berre brukar båten som reint transportmiddel, andre er berre på fest, atter andre er karfolk på "fisketur" eller damer på "snabel-safari". Det går forsåvidt godt an å kombinera to eller fleire av dei nemnde aktivitetane.
Den store skilnaden frå tidlegare turar er at eg har einvegsbillett og ikkje anar når og korleis eg kjem heim ....
Fredrikshavn - Ålborg |
11/5-2002 | (dag 2) |
Ingeniør Brenden held matematisk foredrag på kafé i Fredrikshavn. |
Erik syter for at alle kjem seg opp og av båten. Han har så vidt eg kjenner til aldri hatt feilskjer i rolla som reiseførar på desse turane.
Puben i Fredrikshavn me pleier eta frukost på er stengd, så me prøver ein kafé. Det blir bestilt egg og bacon. En bajer er heller ikkje av vegen i ei gyllen morgonstund. Det vert kåsert over matematiske og naturvitenskapelege tema, og det med stor pondus og presisjon. Alle påstandar blir underbygde retorisk, logisk og vitenskapeleg. Tilsvara er derimot like uklåre som eit middels George W. Bush-utsagn.
Dei siste åra har me teke tog mellom Fredrikshavn og Ålborg, slik òg i 2002. Denne delen av organiseringa delegerer Erik til meg, ettersom eg med rette eller urette er rekna som ein autoritet på togtabellar og transportsoner. Billett og sone-systemet på Nord-Jylland er så komplisert at sjølv ikkje Niels Bohr kunne ha funne ut av det, men fram har me likevel kome kvar einaste gong. Ei alternativ forklaring på kvifor me aldri skjønar sone-systemet kan vera den gjennomgåande høge promillen.
På toget ned til Ålborg framhevar ein tur-deltakar med tyngde fordelane med å kjøpa diamantar til sin utkåra i ny og nè. Dette har me andre innvendingar mot men det viser seg at alle har pinleg liten erfaring på området. Samtalen vrir seg over på Rolex-klokker. Underteikna, sløva av alkohol, søvnmangel og likesæle når det gjeld klokker, reiser inn i draumeland.
Vitne fortel at fylgjande scene hadde utspelt seg medan protokollføraren sov: Det vart med styrke slått fast at det er viktig å ha Rolex. Klokkene vart delja i bordet for å overtyda eventuelle tvilarar. Dei ekte Rolex-ane heldt medan den eine uheldige turdeltakaren som hadde falsk Rolex sat att med visarane spreidde over halve kupéen.
Livlege diskusjonar på toget til Ålborg. |
Det er ikkje berre verbal styrke det som tèl. |
Vel framme i Ålborg er stemninga i taket etter at me har konsumert ein niste-koktail som utelukkande består av øl og Jägermeister. Bagasjen blir plassert på vårt kjære Hotell Phønix, deretter er det rett i Jomfru Ane Gade for å sikra seg mot ut-turking. Den tematiske breidda i diskusjonane er imponerande, det er alt frå fotball og "Schwanzverlängerung" til dei ubehagelege konsekvensane av å få tigerbalsam på sine edle deler. Det vert både ete og drukke godt, spesielt lunsjen (frokost-bufé) på Saltlageret er minneverdig. Ein kan ta til seg til ein sprekk for 49 kroner. Rolex-ane vert ytterlegare testa ved å leggja dei opp i halv-literen. Dette toler dei òg. Den eine turdeltakaren som kun sit att med glaset og nokre visarar, tek det ikkje så tungt.
Nokre timar sømn gjer seg, men fleire av dei reisande merkar køyret. Tradisjonen tru tek me ein betre middag på laurdagskvelden, denne gong på A Hereford Beefstouw. Maten er god her òg, men alle turdeltakarane er no merkbart reduserte. Etter nok ein liten pub-turné er piffen gått ut av alle saman. Hvis eg studerar øl-loggen for denne dagen, har eg nærma meg det maksimale eg klarer å setja til livs på ein dag, 14 halvlitrar! Dette er langt over bærekraftig inntak. I fylgje britiske helsestyresmakter bør ein ikkje over dette for veka!
Jomfru Ane Gade laurdag ettermiddag, |
Likevel røyner det etterkvart på for nokre av turdeltakarane. |
Ålborg - Ry |
12/5-2002 | (dag 3) |
Vevmeistaren poserer stolt etter å ha overvunne høgdeskrekken på Himmelbjerget. |
Frukosten på Phønix er kjærkomen. Erik syter som vanleg for at alle kjem seg opp i tide. Sundagane på veg heim er ein kamp mot avkrefta kroppar og skadde nervar. Eg misunner dei som kan slappa av på båten til Oslo, det blir nok verre for meg som frå i dag av skal ut i verda.
Om dansketurane gjeld fylgjande paradoks (eller blødme): Nedturen er opptur og oppturen er nedtur.
Kl. 7:45 var det avgang for dei som skulle nordover. Eg må venta ein knapp time før eg finn eit tog som skal andre vegen, retning Århus.
Eg kom meg skjelvande og uggen etter kvart til Silkeborg, der Himmelbjerget var dagens utfordring. Heldt på å mista sekk med pass, kort og fotoapparat på stasjonen. Eg burde altså eigentleg vera meir redd meg sjølv enn kjeltringane som eg innbiller med ventar på meg i land med tvilsamt rykte. Gløymde den att midt på golvet men den fekk stå i fred dei 15 minuttane eg var vekke for å eta pølse!
Tok buss til Himmelbjerget, heile tindebestiginga gjekk derav ut på å traska ein god kilometer langs ein asfaltveg. Det var fullt på det derliggjande høgfjellshotell så ein måtte ned i låglandet att for overnatting (og å trekkja pusten). Veret var dejlig og det "midtjydske søhøjland" smukt. Tok ein liten båt til Ry der eg overnatta på Knudehule Vandrehjem. Store bragder vart det av naturlege grunnar ikkje utført denne kvelden. Det har sjølvsagt vorte eit stillare liv etter at Erik, Paul, Ulf og Svein Erik reiste opp att sundag morgon. Det var som vanleg ein flott tur, skulle gjerne hatt dykk med vidare, men får sei takk for laget.
Ry - Ribe |
13/5-2002 | (dag 4) |
Mykje fint, gamalt og skeivt i Ribe, Danmarks eldste by. |
Eg kjenner meg langt sunnare etter ein god nattesømn. Det er 3 km å gå inn til Ry men i finveret er det ein fryd.
Nordmenn kan gjerne harselera over dansk natur, men dette området er ikkje å forakta. Søer, åer, bjerge og skover, ikkje rart det er populært. Himmelbjerget ruvar rettnok berre 147 meter, men utsikta er flott. Det er ein nokså bratt skrent ned til innsjøen under. Danmarks høgaste punkt, Yding Skovhøj (173 m), ligg like ved.
Morgenmad på perrongen på Ry stasjon bestod av Cola Light og wienerbrød.
Ribe er eit stykke unna, eg må byta tog tre gonger. Dei danske toga (DSB), er reine, presise og komfortable. Prisane er lågare enn i nabolanda Norge og Tyskland.
Ribe er ein koseleg småby, har sjeldan sett maken til idyll. Middelalder-stad komplett med vektar som gaular til glede for turistane kl 10 kvar kveld. Byen er Danmarks eldste og er godt synleg på turistkartet. Gamle og skeive bindingsverkshus pregar bybiletet. Eg brukte mange timar berre på å driva i gatene.
Ribe Vandrerhjem ligg ved ein idrettshall, ein må gjennom denne for å koma til rommet. Deler med to tysktalande jenter. Mia (Maria) frå Luzern i Sveits, har nettopp lagt ut på ein 4 månaders sykkeltur i Norden med 40 kilo bagasje i tilhengaren! Nokre kjem til å få meir trim på reisa enn andre. Ho fører eit fargerikt språk og mislikar sterkt EU. Det går opp for meg korleis ein seier til helvete på tysk (zum Hölle). Antje frå Magdeburg skal til Norge for å studera stavkyrkjer. Ho skal innom Urnes, Hopperstad og nokre til. I kontrast til Mia er ho akademisk korrekt og sømeleg tilbakehalden i utøvinga av sitt morsmål.
Ribe - Niebüll - Hörnum |
14/5-2002 | (dag 5) |
Herberget har buffet-morgenmad som sler dei fleste hotell eg har vore på. Tidene har forandra seg sidan ein var ung inter-railar og kanskje fekk eit eple eller ei brødskive til frukost. Hugsar med gru herberget i "Idrætsparken" i København i 1985. Mållaus fekk eg servert eit knekkebrød og eit surt, irrgrønt Granny Smith. Det må ha vore tidenes sunnaste frukost.
Eg tek toget til Tønder, der det er ein time å venta på bussen til Tyskland. Tønder er òg ein fin by, meir moderne enn Ribe. Mine danske kroner blir pakka unna og erstatta med Euro. Buss-selskapet har det hardtslåande teutonske namnet Autokraft.
Landskapet i Sønder-Jylland og tyske Schleswig er det same flate, pryda av vindmøller. Stadnamna er ofte danske sjølv her sør for grensa. Det same gjeld namn på butikkar.
Slesvig-Holsten(Schleswig-Holstein) var dansk fram til 1864. Då slo det den preussiske jernkanslar Bismarck at dette var høgst urimeleg. Danmark var sjanselause mot den preussiske militærmaskina og måtte avstå området etter ein kort krig. Nord-Slesvig med Tønder fekk dei att etter fyrste verdskrigen.
Målet for bussturen er Niebüll. Eg må kjøpa flybillett til Hellas. Dette gjekk greitt: på TUI ReiseCentrum fekk eg einvegs-bilett Hamburg - Rodos for € 100. Dette var langt billegare enn dei prisane eg fann på internett, så eg var nøgd med handelen.
Avreisa er om to dagar, så eg har enno litt tid i Tyskland. Tilfreds tok eg toget til den forblesne øya Sylt. Eg endar opp Hörnum på sørlege delen av øya der det er eit "Jugendherberge". Det var ein fin men vindfull dag. Sylt har ikkje vegforbindelse med fastlandet, dei som treng bil her får den frakta med tog. Øya er eit poplulært feriemål, men sesongen er enno ikkje byrja. Strigla, stråtekte feriehus pregar Hörnum.
Blant dei som ferierer på Sylt er Edmund Stoiber, konservativ kanslar-kanditat ved det tyske valget 22.september. Han seiest å ha lite greie på tysk geografi utafor sitt heimlege Bayern, men har i det minste klart å finna vegen ut hit til Nordsjøen for å stadfesta at Tyskland består av meir enn BMW, Bier und Lederhosen.
Frå Sylt kan ein faktisk dra til Helgoland men eg føretrekkjer å dra dit Peparen Gror (for å bruka ein metafor). Der er det sikkert mindre vind og varmare klima.
Dra til Helgoland er eit uttrykk oppfunne for og av folk som presumptivt er for danna til å sei Dra til helvete (som dei eigentleg meiner). Fillern er eit anna døme på sosiologisk betinga omskrivingar (her frå det austnorske språkområdet). Engelsk har endå fleire av desse hovudet-i-sanden vriane. Shoot! (Shit!) og Flippin' heck (Fuckin' hell) er av dei meir vanlege. Kretsar innafor den anglo-amerikanske kultur-sfære overgår seg sjølv i iveren etter å ikkje kalla ein spade ein spade. Kva uvitande sjel kan ana at "You've got egg on your face" eigentleg betyr: "Smekken din er open".
På Sylt må ein sola seg i "Strandkorb" for ikkje å risikera å blåsa til havs. |
Solnedgang over Nordsjøen (Hörnum). |
Hörnum - Hamburg |
15/5-2002 | (dag 6) |
Eg rydda tilfeldigvis sakene mine så ettertrykkjeleg (i Tyskland prøver ein sjølvsagt å vera grundig), at togbiletten Sylt - Hamburg hamna i boskorga. Held eg fram slik blir det dyrt. No har eg vore ute for verre "uhell" enn dette i det siste, men trenden er urovekkjande. Må kjøpa ny bilett på toget.
Langs kysten på fastlandet står lange rekkjer med vindmøller perfekt rettlinja oppstilte. Det er eit imponerande syn, eg har aldri sett så mange på ein gong, sjølv ikkje i Danmark. Ned gjennom Holstein er landskapet flatt, ikkje verd dei store overskriftene.
St.Michaels Kirche, Hamburg. |
Hamburg er ikkje heilt ukjend for meg, Inter-Rail turane i ungdommen medførde i det minste togbyte her. Likevel har eg aldri overnatta, så no får eg ein sjanse til å sjå litt meir av storbyen. Ved hjelp av "Rough Guide" finn eg fort ut kvar eg bør leita etter overnatting. I St.Georg like ved Hauptbahnhof ligg det fleire overnattingsstader. Bestemmer meg for Hotel Nord. Treffer på ei vaskedame frå Ecuador som ikkje kan tysk men eg får forklart meg og hivd frå meg sekken.
Er bortom "Hauptbahnhof" att og mimrar om dei fyrste alvorlege utanlandsturane mine i 1985 og 1986. På den tida var alt nytt og spennande. Stasjonen er stor, men det er lett å orientera seg. Er typisk ryggsekk-turist no, bur i sjuskete strøk ved stasjonen men det er både praktisk og "preiswert".
Finn ut eg vil dra på "Stadtrundfahrt", ettersom eg har avgrensa tid her. Den varer i 2 ½ time men ikkje eit minutt er kjedeleg. I Hamburg har ein kjensla av å ha mykje plass, både Elbe og innsjøane Binnenalster og Aussenalster er med på å skapa dette inntrykket av ROM. Byen har mykje med seg, mangfoldet er stort både på godt og vondt. Den store hamna dominerer, eg har no langt større kunnskap om container-trafikk enn før.
Så har dei labskaus her i Hamburg. Det skal ein eta i kveld sjølv om guiden på bussen sa det ikkje var "eine Jedermannsache". Fekk òg vita at Hamburg har lågaste fødselstala i heile den forgubba forbundsrepublikken. Byen har uvanleg mange barnlause par med to inntekter (desse har eit spesielt namn på tysk som eg ikkje hugsar). Det er eit stort innslag av mediabedrifter her. Springer Verlag (som gir ut tabloid-avisa Bild Zeitung) er ei av dei.
Kronprins Håkon bur berre 500 meter unna hotellet mitt, eg visste ikkje at han var her før turguiden opplyste oss om det i detalj. Hotellet hans er ikkje for den jamne hamnearbeidar eller dataingeniør. Meinar å hugsa å ha sett det i ein James Bond film, og den karen bur som kjent aldri på snuskete stader. Hamburger Abendblatt rapporterer pliktoppfyllande at Hans Majestet kom med tog til spor 14 klokka 14:30. Han er nok inst inne ein tog-luffar som ikkje har tort å koma ut av skåpet, og nok har vanskar med å dyrka denne hobbyen grunna sitt yrke (yrkesvalg blir feil ord å bruka her). Reknar med at han ikkje vankar på same stadene som eg, men som (republikansk men lojal) undersått ynskjer eg i alle fall HKH eit strålande opphald og gode dagar på jobben.
Det var enno mykje att av dagen. I den brune kneipa A.F. Nagel fann eg endeleg labskausen eg leita etter. Ikkje som den norske men god likevel: sild, raudbetar, speilegg, raudbetar og potet/kjøtsmørje. Eller offisielt: Hamburger „Labskaus“ mit Spiegelei, Rollmops, rote Bete, Gewürzgurke. Dette vart vaska ned med Moravia Pils. Denne siste var så utsøkt at eg heldt på å gå inn i ein semi-religiøs transe. Eg ser Champions League finalen (Real Madrid - Bayer Leverkusen 2-1) og tek ein liten kneipe-runde i nabolaget til hotellet.
Hotel Nord ligg like ved flybuss-stoppet (Bremer Reihe). Omgivelsane er best omtala som ein Syndens Pøl, eit Nordens Gomorra, eit Elbe-munningens Sodoma. Sprøytespissar, prostituerte (mannlege og kvinnelege); dessutan kriminelle, arbeidssky, døgeniktar, noksaktar og sengevætarar (dette siste er ikkje empirisk etterprøvd). Kort sagt eit mikro-samfunn der summen av laster aukar eller ligg i ro på eit stratosfærisk nivå.
Hamna i Hamburg har stor containertrafikk. |
Utsikt frå hotellrommet i Bremer Reihe, ein syndens pøl like ved Hauptbahnhof. |
Hamburg - Rodos |
16/5-2002 | (dag 7) |
Et ein grytidleg frukost ettersom flyet går klokka 8. Dei andre hotell-gjestene er bygningsarbeidarar som òg må tidleg opp. Var litt engsteleg då eg skulle på flybussen om morgonen (hadde mest lyst å ringja etter Derrick), men det gjekk bra. Guidebøkene har gjerne gode råd i kapitla om personleg sikkerheit: Look purposeful (sjå bestemt ut) er eitt av dei. Dette gjekk av seg sjølv i Bremer Reihe. Det einaste eg tenkte på var å koma meg UT av gata og til flybussen snøggast mogeleg.
Me bytte fly i Nürnberg. Fekk tid til ein siste tysk øl og tenkte i mitt stille sinn at det nok blir lenge til eg smakar noko så godt som Würzburger Hofbräu. Hadde naturleg nok selskap av velfødde bayerar til Rodos. Har ikkje andre kulturelle betraktningar i så måte enn at dei klappa då flyet landa. Dette var halvt venta, det virkar som om applaus-fenomenet blant charter-turistar ikkje er avgrensa til vårt eige folkeslag. Dei drakk seg IKKJE snydens, bayerar har utsøkte og billege drikkervarer heime, så kvifor skulle dei hiva i seg alkohol berre fordi dei sit på eit fly?
Flyet står klart, snart er eg i eit varmare land. |
Perfekt flyvér. Donau gjennom Austerrike mellom Linz og Krems. |
Flyturen med Air Berlin var meir givande enn flyturar flest. Det var fint flyvér og geografi-nerden i meg dukka opp då me flaug over Mellom-Europa. Trekka i landskapet er lette å kjenna att, det syter mektige Donau for. Ein ser nesten heile strekninga gjennom Austerrike, frå Engelhartszell til Hainburg. Klosteret i Melk ved Donau er òg godt synleg. Eg har av ein eller anna grunn, som eg ikkje har sjølvinnsikt nok til å forklara, stor glede av å kjenna att landskap frå lufta!
Der nede ved Donaubreidda sykla Jan, Oddny og eg for berre to veker sidan. Blir denne turen like vellukka som den 542 kilometer lange sykkelturen langs Donauradweg skal eg vera nøgd.
© 2002 Jomar Hønsi treff sidan 25/4-2004. Statistikk


