Reisebrev 4
1/6 - 4/6 2002

Hellas (Syros)

Om reisebreva Informasjon om Hellas (frå BBC)
Map


MS Daedalius - (Tinos) - Syros

1/6-2002 (dag 23)

Klosteret på Tinos.

M/S Daedalius er framme på Tinos klokka 5 om morgonen. Dette er ukristeleg tidleg og det blir mykje is-kaffi, rastlaus vandring og stadige turar for å sjå om reisebyråa har opna. Tinos er eit viktig religiøst senter, eg har meir enn nok tid til å gå opp på høgda over byen der det ligg eit flott kloster. Ein kan sjå over til Syros og Mykonos, det er ikkje langt mellom øyane her.

Får tid til å reflektera over greske do. Kloakk-systemet er ikkje dimensjonert for å ta unna papir, dermed lyt ein kasta det i ei korg ved sida av. For sarte sjeler høyrest kanskje dette ille ut, men det er faktisk lite lukt og alt blir ein vane, sjølv om det kan bli ein del mistak i starten.

På ein kafé på hamna i Tinos heng det ein plakat som meisterleg illustrerer kvar papiret IKKJE skal: Ei blond nymfe har kasta feil og får svi på det mest grufulle vis: opp av skåla fyk havguden Poseidon og stikk ho bak med ein tre-tinda, sylskarp gaffel (av same fabrikat som den Gamle-Eirik ofte brukar).

NB! Dette er ikkje meint å insinuera at blondiner er meir tungnemme med enn andre.

Klokka 9:30 går det endeleg ein båt til Ermoúpoli, hovudstaden på Syros. Får med fyrsteomgangen av Irland - Kamerun på dei snøfylte skjermane ombord. På kaia står vesle-syster Møyfrid og svoger Alfonso og tek imot meg. Ein kaffikopp blir det tid til. Dei har til og med ordna rom til meg hjå ein viss Yannis i Kini på vest-sida av øya.

Yannis kjem og hentar meg. Eg blir overvelda når er ser kor fin overnattingsplass han tilbyr. Skinande reint, og endeleg plass nok til å hengja og leggja frå seg ting. Yannis har avtale med Gullivers, dermed får me selskap med landsmenn. Landsbyen Kini er ei åpenbaring. Kvitkalka hus, lita men fin strand, koselege kafear ved stranda. Ein del turistar er her men me dominerar ikkje slik ein har vore vand med på andre greske øyar. Pris-nivået er òg tydeleg lågare enn på Kreta og Rodos. Møyfrid og Alfonso likar seg så godt her at dei har droppa alle planar om å reisa til ei anna øy.


Syros

2/6-2002 (dag 24)

Tidleg opp for å sjå Argentina-Nigeria (1-0) saman med Alfonso. Imponert over Argentina, men det er lite effektivt. Som dei to andre leiger eg scooter, alt anna ville vore upraktisk. Får til og med hjelm som er stor nok til det heller tjukke hovudet mitt. Fine strender, meir VM-fotball (noko som Møyfrid markerer avstand frå), bading og sand-fotball med nokre grekarar. Nord-delen av Syros er noko av det mest storslegne eg har sett, det kan nesten konkurrera med Santorini. Herfrå kan ein sjå dei fleste av Kykladane: Tinos, Mykonos, Delos, Naxos, Paros, Antiparos.

Ei mindre kjend øy er den folketomme Yaros. Den vart i tida etter 2.verdskrigen og den påfylgjande greske borgarkrigen, brukt som fangeøy for folk som styresmaktene meinte trengde omskuling og idékorrigering. I dette tilfellet var det kommunistane ein meinte leid av vrangforestillingar og som dermed trengde sakkyndig hjelp. Under oberst-diktaturet til Georgios Papadopoulos (1967-1974), vart fange-øya teken i bruk på ny, men no med lempelegare tukt. I våre dagar er det lite som skjer bortsett frå litt besøk av tidlegare fangar.

Klare til vilt kubikk-køyr (50cc).

Nordlege delen av Syros, turist med hjelm-sveis.


Syros

3/6-2002 (dag 25)

Denne dagen viar ein til fotball-VM (men forsøv meg til fyrste kampen 9:30). Køyrer til Ermoúpoli for å kjøpa ferjebilett til Thessaloniki. Treffer Møyfrid og Alfonso der òg! Fotball er ein god dør-opnar, dei aller fleste, mannfolk i det minste, har eit eller anna forhold til denne edle sport, dette sjakkspel på gras. Tommelen går i veret så snart ein nemner ein eller anna lokal helt. Mange spør etter "Mikland", for oss kjend som "Miggen". Han spela i si tid for Panathinaikos i Athen.

Endeleg tid til å vera sosial og reisa til stranda Galissa. Fin stemning der, Alfonso kosar seg med ein Metaxa, for no er syklane deira innleverte. I forbifarten kan det nemnast at Metaxa er ein uvanleg motbydeleg brandy. Eg er no den einaste med scooter og må vera klin edru. Symjing i hav og basseng, ein fanstastisk solnedgang: så flott att Alfonso spontant deklamerer kubanske dikt om "el sol, el mar, el amor".

Solnedgang og salsa i Galissa.

Anosyros, bydel i Ermoúpoli.


Syros

4/6-2002 (dag 26)

Eg nyttar siste dagen med scooter til å ta ein tur til Ermoúpoli for å sjå den gamle bydelen Anosyros. Denne ligg høgt over resten av byen og er berre tilgjengeleg til fots. Meir fotball blir det, syster og svoger lyt på ny på stranda åleine.

Alfonso og Kostas på Marinos Bar.

Syster og bror på hamna i Kini.

Dette er siste dagen min, så me tek avskjed med Marinos Bar, ei taverna der Alfonso alt har vekt åtgaum ("oppmerksomhet"). Han stikk seg ut med korkje å sjå ut eller opptre som ein typisk grekar eller turist (han er trass alt kubanar) og folk veit å setja pris på hans uvanlege kontakt-skapande evner. Møyfrid har alt høyrt "Guantanamera" vorten sungen der, då sjølvsagt under kyndig forsong av ektemannen.

Me sler oss ned ved bordet til Dimitri, Kostas og eit ektepar "aus München". Det vert utbringa merkbart mange skålar, men Dimitri har ofte vanskar med å treffa glaset til den han skal skåla med. "Guantanamera" blir sungen på ny og ein kosar seg nesten spint i hel. Dette er er andre gong på kort tid eg har vore femte hjul på vogna med systrene mine og eg har stortrivest begge gongene.


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk