Reisebrev 5
5/6 - 7/6 2002

Hellas (Macedonia)

Om reisebreva Informasjon om Hellas (frå BBC)
Map


Syros - Thessaloníki

5/6-2002 (dag 27)

Avgangen var med drosje til Ermoúpoli klokka 4 om morgonen. Dette er harde vilkår, men ferjetidene er det lite eg kan gjera med. Ikkje rart at Yannis IKKJE tilbaud seg å køyra! Det går berre ei ferje for veka Syros-Thessaloníki, så ein har berre å koma seg ut av halmen.

Dette er same båten som eg kom med (M/S Daedalius), dei har enno ikkje fylt vatn i bassenget. Det er lite folk ombord no. Turen tek 12 timar og det er ingen stopp undervegs. Søv nokre timar; resten av dagen går med til VM (tenk det) og lesing av Rough Guide to Greece sitt kapittel om Thessaloníki og Olympos. Byen er nest størst i Hellas og skal vera nokså velståande.

Dette vart andre turen med M/S Daedalius.

Vel i hus på Hotel Acropol i Thessaloníki.

I hamna går eg feil og får såleis ein bonus-trimtur med full opp-pakning. Finn fort Hotell Acropol. Det er slite men ligg hendig til og knekkjer langtfrå budsjettet med sine 20 EURO. Ingen på hotellet kan eit ord engelsk, men ein får gjort det ein skal. Ein må berre venja seg til dette; 3-4 veker i språkleg vakum ventar meg (trur eg). Vaskar kleda komplett med papir i shortslomma, eit styr å rista/plukka papiret ut. Ho som vaska det er lite blid.

Dette er ein stor og travel by, ei anna verd enn Syros. Trur neppe eg ville reist hit eins ærend, men lid inga naud. Det er nok av kafear ein kan setja seg ned på. Mange av dei er heller ekslusive og ein merkar at dei folk her oftast er velkledde. Enkelte stader, spesielt nede ved sjøen er det beint fram koseleg. Tidleg i seng vert det, for i morgon skal ein sjå bjerget Olympen.

Thessaloníki brann ned i 1923. Dette forklarar kvifor det er så få gamle bygningar att. Folkemessig er det ein heilt anna by enn for 100 år sidan. Då var halve befolkninga jødar og ein stor del tyrkarar. Kemal Atatürk, grunnleggjaren av det moderne Tyrkia, vart fødd her. Byen vart òg kalla "Israels Mor". Utvandring til Palestina og (mest) nazistane gjorde slutt på dette. Kurt Waldheim, seinare FN generalsekretær og president i Austerrike, var ein av dei som var med på jøde-departasjonane i 1944. Før dette (1923) hadde grekarar i Tyrkia og tyrkarar i Hellas vorte "ombytte" i ei storstilt etnisk rensing. I våre dagar er Thessaloníki hovudsakleg gresk, men med ein del innvandraring frå nabolanda i nord.


Thessaloníki, Litokhoro og Olympos

6/6-2002 (dag 28)

Tek toget til Kateríni 7:10. Vognene er mykje flottare enn dei eg hugsar frå Inter-rail i 1986. Dei viser seg å vera av beste tyske fabrikat: Waggonbau Bautzen. Frukost blir som så ofte før baguette og is-kaffi, denne gong på buss-stasjonen i Kateríni. Herfrå kan ein sjå Olympos i all sin velde; nesten 3000 m.o.h.. Snøen ligg enno på toppane. Må reisa med buss vidare til Litokhoro, like under fjellet. Dette minner om Nord-Italia: velhalde og ryddig, området er tydelegvis velståande. Ny, flott motorveg, teldels finansiert med EU-midlar.

Eg hadde, vel å merka før turen starta, ambisjonar om å koma meg opp på både Himmelbjerget og Olympos. Det fyrste klarde eg med bravur. Men då eg fann ut at den siste er 20 gonger så høg som den første kom eg på andre tankar. Kor høgt fjellet er står å lesa i gresk mytologi: Zevs vart ein dag så arg på ein anna gud at han kasta han utfor fjellet. Fallet tok ein heil dag! Det vedkomande hadde gjort feil var å ta Hera (kona til Zevs), sitt parti i ein intern hus-krangel. Moralen må bli at ein i slike høve held ein låg profil, i alle fall når ein veit kven som har makta.

Altså tek ein drosje opp til 1100 meter og legg så i veg nedover! Det er ein verkeleg flott tre timars tur sjølv om det er slitsamt i varmen. Det er langt frå berre unnabakke, ofte må ein langt opp i lia. Legg merke til at eg no har gitt fotballen meir på båten, det går for mykje utover turist-utfoldelsen. Danmark-Senegal kan eg gjerne gå glipp av, den mektige Olympen ser eg kanskje berre ein gong i livet.

Med sine over 3000 m.o.h. vart Olympos ei for stor utfordring.


Tilbake i Thessaloníki blir det tur på byen og inntak av opptil fleire øl. Er på heavy-metal puben Harley Bar, ser musikk-videoar med bl.a. Black Sabbath, Judas Priest og Iron Maiden. Blir forbløffa over gamle Black Sabbath. Dei ser temmeleg uskuldige ut oppi sin uttrykte satanisme. Tony Iommi ser ut som ein Daniel Ortega i skinnjakke, komplett med bart og tjukke briller. Ozzy Osborne virrar småfeit og usikker ikring, men ser like vanvittig ut som eg har sett han seinare. Dette var nok før han fekk hundegalskap etter å ha bite hovudet av ei flaggermus på scena. Livet er farleg med denslags ekstreme matvanar.

Går ein stad som kallar seg Rock Pub, men blir avvist i døra fordi eg går i shorts! Trur nesten ikkje mine eigne øyre og går vidare, drikk eit par øl til og tenkjer på kva nedsetjande eg skal skriva om slikt. Betyr dette at ACDC ikkje ville kome inn? Blir salig og tek ein altfor sein kveld.


Thessaloníki - Strymon - (Bulgaria)

7/6-2002 (dag 29)

Den grå kvardag i form av frukost på Thessaloníki jernbanestasjon.

Det vart mange øl i går og eg forsøv meg til Sverige-Nigeria. Ein heller feit frukost på jernbanestasjonen får meg til hektene att i god tid før avreise.

Tek tog til Strymon ved den bulgarske grensa, men finn ut at det ikkje går noko vidare før kl. 24. Det vert altså 10 timar å venta på ein stad som må vera den mest gudsforletne på heile Balkan. Likevel, sler meg ned på den enkle, trivelege stasjons-kafeen og ser England-Argentina. Fyrst deretter kan det bli aktuelt å reisa vidare. Det er no heilt slutt på det Hellas ein kjenner der folk kan engelsk og alt er så greitt. Litt tysk er det rett nok enkelte som snakkar.

I pausen, 3 minutt etter Beckham si straffe, må eg på toalettet. Det er i ei slik forfatning at eg mistar både vilje og evne til å gjera frå meg. England vinn som kjent kampen, deira fyrste siger over Argentina sidan Falklandskrigen. Dermed er både "Guds Hand" og seinkinga av "Sheffield" utlikna. Sør-amerikanarane hadde stilt siktet 10 meter for høgt.

Legg i veg til fots for å finna ut om det går buss over grensa. Tek farvel med Hellas på bensinstasjons-kafeen Sunoil der den hyggelege tysktalande vertinna er overmåte uroleg over min ugifte sivilstand! Bussar veit ingen noko om, blir anbefalt å haika til grensa. Til ingen nytte, eg endar opp med å ta drosje opp, det er berre 18km og kostar ikkje all verda (€ 10). Eg gidd rett og slett ikkje gå å venta meir, det kan òg bli godt å sova i ei seng og ikkje på eit natt-tog som attpå til skal over ei grense (med alt styret det medfører).

Hellas - oppsummering

Eg hadde planar om å vera i Hellas i toppen to veker, men enda opp med fire! Litt tilfeldig, men mest fordi eg som dei fleste turistar likte meg svært godt. Triveleg folk, imøtekomande utan å vera innpåslitne, trygt og avslappa, godt vér heile tida òg mykje fin natur. Det er enkelt å koma seg rundt både med ferje og buss. Reisa åleine er greitt, det er nok av andre turistar og det hjelper at dei fleste yngre grekarar snakkar bra engelsk. Ein kjenner seg velkommen nesten uansett kvar ein går.

Maten tykkjer eg ikkje er allverda (eg har halde meg i den billege enden av skalaen), men eg åt heller aldri noko som var rett ut dårleg. Prisnivået er nok under EU gjennomsnitt, men enkelte ting kan vera dyre: m.a. internett og telefon. Mat og drikke varierer vilt i pris etter kvar ein går. Øl-loggen min gir ein peikepinn om dette (prisar frå norsk nivå til under billegaste bayersk). Transporten fann eg nokså rimeleg. Prisane på overnatting er langt under vest-europeisk nivå, men kvaliteten ofte deretter.

Hadde få ubegagelege episodar anna ein dei eg stelte til sjølv då eg var "syden-turist" i Agios Nikólaos. Stolne toalettsaker og 100 kroner for å faksa EI side er alt eg har å klaga over. Begge kunne vore unngått hadde eg vore på vakt. Hellas er nok eit trygt land, men ein kan bli FOR sløv òg her.

.

Høgdepunkt i Hellas

Farvel sol-fylte land med trivelege og siviliserte folk, falske blondiner, manglande røykelov og klassiske kultur. Farvel avslappande ferje-reiser, vrient alfabet, dyre nett-kafear, kvitkalka foto-objekt og myldrande turistmassar. Kva som ventar nordpå veit eg ikkje, men blir dei neste to månadane like bra skal eg vera nøgd!!


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk