![]() |
Reisebrev 7 13/6 - 19/6 2002 |
Bulgaria (aust) |
Om reisebreva | ![]() |
![]() | LinkarReiseruteVeliko Tarnovo Balchik Trifon Ivanov BDZ |
Sofia - Veliko Tarnovo |
13/6-2002 | (dag 35) |
Slitsamt å vera oppe til to og så ta i veg att 6:40, men ein gjer sine valg og får lida for det. Får i meg ein espresso på Pizza Troll, denne restauranten er open 24 timar i døgnet. På trikken har eg min fyrste ekte samtale sidan eg kom til Bulgaria; med ein hyggeleg pensjonert fransk-lærar som bur i Charleroi (Belgia). Det er så greitt med lærarar når ein er i framande land: dei kan oftast meir ein eitt språk og har i gjerne meir å fortelja enn folk flest.
På perrongen ser eg eit skilt der det står "Mockba 11:10", no tek
reiselysta heilt overhand. Før eg la ut på denne turen var planen å
vera borte fram til 15.juli. Her og no på "Sofia Centralna Gara" får
eg det for meg at eg vil til Nordkapp. Hermed er planane endra. Etter 15/7
blir det nok Dresden, Tsjekkia, Slovakia, Polen og Baltikum. Avhengig av
appetitten på falne folkerepublikkar får ferda vidare gjennom Russland eller Finland.
Korleis eg skal koma meg frå Nord-Norge til Oslo veit eg ikkje enno.
NB! Dette får ingen betydning for dei avtalane som alt er inngådde!
Grytidleg avgang frå Centralna Gara i Sofia. |
Laseroppvisning på Tsarevets, den gamle borga i Veliko Tarnovo. |
Tilbake til dagen i dag: slumra på toget austover. Flott, frodig fjell-landskap i starten, deretter flata det ut. Eg skulle byta tog i Gorna Orjahovitsa men gjekk av for tidleg, på den gudsforletne stasjonen Pavlikeni. Vart villeia av ei kone, og heldt på å slå ei ungjente i svime med ryggsekken i det eg skunda meg ut. Feilskjeret førde rettnok til at eg fekk sett litt av kampen Brasil-Costa Rica. Vidare gjekk turen med lokaltog og taxi. Vonar jenta ikkje fekk varig mein.
Veliko Tarnovo er fager. Gamle tre-hus klyngjer seg til dalsidene rundt elva Jantra som gjer fleire svingar gjennom byen. Byen var hovudstad i Bulgaria fram til tyrkarane invarderte omkring 1350. Ei svær borg, Tsarevets, vaktar byen.
Turistkontoret ordnar privatinnkvartering hjå Rossen Dentshev, midt i gamlebyen. Litt ruskete er det men ellers greitt. Frå rommet har eg flott utsikt oppover dalen. Tsarevets byr på eit fantastisk lyd og laser-show klokka 10, dette er verd å få med seg når ein er i Veliko Tarnovo.
Er sliten og i slett stemning for fyrste gong på heile denne turen. Ein får lytta til kroppen og kvila skikkeleg ut. Merkar òg kor stusseleg det kan vera å reisa åleine utafor turist-straumen, utan å kunna språket. Då hjelper det lite at omgjevnadene er flotte på alle vis.
Veliko Tarnovo |
14/6-2002 | (dag 36) |
Dette skal bli kviledag med fotball, klesvask og dag-driving. Får ein dårleg start på dagen med å dunka oppi muren på lofts-rommet der eg bur. Trudde skallen skulle klovna og eg måtte ha hatt eit Nord-Norsk Bannskaps-leksikon for å ha kunna uttrykt meg høveleg. Finn til slutt eit vaskeri og gidd ikkje ein gong krangla på blod-prisen. Så er det endeleg kvile.
Lunsj og fotball: Snek Bar har meny berre på bulgarsk så eg får eit svare strev. Finn noko som eg tolkar i retning av "Svinska parsjona". Ein svinsk porsjon høyrest bra ut, og det ER faktisk svine-kjøt.
Både folket og eg vil gjerne snakka med kvarandre men eg er hjelpelaus ansikt til ansikt med snsj-znsjski-lydar og ubegripelege slaviske ord. Det eg gryntar or meg er ei smørje av engelske, tyske og tsjekkiske ein-stavingar. Det siste er det nyttigaste. Mange slaviske basis-ord liknar (mat, fargar, tal, dagar, osv). Fram til 1990 var russisk andrespråket her, dette forklarar nok kvifor det står så dårleg til med kunnskapane i vest-europeiske språk.
Gamlebyen i Veliko Tarnovo klyngjer seg til dalsida. |
Utsøkt Kavarma på Mechna Dunka. |
Gradestokken går mot 34 og det einaste som hjelper er bassenget, langt ute blant høgblokkene i forstaden. Men det er vel verdt det, verten køyrer og eg får kjøla meg ned.
Om kvelden et eg det beste måltidet på turen sidan Ålborg. "Kavarma" er ein bulgarsk spesialitet, og på Mechna Dunka snakkar ein engelsk. Menyen er òg på engelsk. Det er ein fin og triveleg restaurant. Dyrt er det rettnok etter bulgarske forhold. Likevel er det greitt å vera nokolunde sikker på att ein ikkje får blomkålsuppe når ein bestiller indrefilet. Slik sett er det nyttig at dama kan engelsk, dessutan er ho uvanleg hyggeleg.
Veliko Tarnovo (tur til Arbanassi) |
15/6-2002 | (dag 37) |
Ved basseng-kanten i Arbanassi. |
Sov usømeleg lenge og har no henta inn att både krefter og livsglede. Var på sykkeltur til landsbyen Arbanassi langt oppe i lia. I 36 grader er dette heller strevsamt. Visste ikkje det gjekk an å sveitta så ille. Kjem opp i tide for å sjå Danmark-England og det gjer ingenting at det er mørkt og kaldt der eg sit framfor ei kjøkendør og ser fjernsyn saman med kelnaren.
Landsbyen har flott ute-basseng med bar og alt eit post-moderne menneske kan ynskja seg. Utruleg nok snakkar ei av jentene i baren eit språk eg forstår og ho er svært ivrig etter å få brukt det. Eg blir fortalt at eg nettopp har vore ute og plaska i bassenget saman med program-leiaren for "Vil du bli millionær", så no er eg verkeleg blandt eliten.
For folk som er interressert i fotball har eg kjendisnytt frå Veliko Tarnovo:
Krassimir Balakov (Bulgaria og Vfb Stuttgart) har eige diskotek i byen med det oppfinnsame namnet "Bally".
Trifon Ivanov, fotballspelaren med verdens skumlaste oppsyn, har flott bensin-stasjon utafor byen og seiest å vera ein ivrig deltakar i Veliko Tarnovo's natteliv.
Todor Zhivkov, som var partisjef i 40 år fram til 1990 hadde i si tid residens på ei høgd like ved. Palasset hans ber ikkje synleg preg av proletært måtehald.
Veliko Tarnovo - Balchik |
16/6-2002 | (dag 38) |
Det er vorte ein vane å stå opp tidleg. I dag er avgangen 6:38, og stasjonen ligg så bakvendt til at eg lyt ta drosje. Tek frukost på stasjons-bufeten: tyrkisk kaffi i plastikk-glas og kjeks-vafler servert på gråpapir. Turen til Varna tek 4 timar, deretter går det fort med mini-buss nordover til Balchik der eg skal ha tre dagar med strand og syden-liv før eg legg i veg mot kontinentets myrke indre.
Balchik ligg vent til under kvite klipper. Byen har ein del turisme og det kjem bussar innom frå Zlatni Piasatsi (Golden Sands) og Albena. Desse siste er store, spesial-bygde turist-kompleks. Balchik er derimot ein gammal by, og dessutan liten nok til å vera oversiktleg. Byen og omlandet Sør-Dobrudsja var fram til 1945 rumensk territorium.
Balchik og Svartehavet. |
Eg sjekkar inn på Hotell Esperanza, ei sjeldan oppleving. Blir teken imot med brask og bram av den fargerike eldre dama som eig staden. Ho pratar som ein foss og ler høgt og ofte utan at eg forstår så mykje meir av den grunn. Ei jente hjelper til med vasking og kan litt engelsk.
Romma er minst fem meter under taket, har inngrodde golvteppe, møblar frå svunne tider, potteplanter og kitsch i rikeleg mon. Har aldri før budd saman med så mange hundar og kattar i glasert keramikk. Får utdelt lilla morgonkåpe og irr-grøne badetøfler.
Balkong ut mot hovudgata har eg òg. Såleis kan eg fylgja med på kva frisør-dama over gata driv med, sjekka omsetninga i butikken på hjørna og halda eit auge med kven som kjem fulle ut av Bistro Kotva.
Eg dreg ned på Kotva for å sjå fotball, og blir med ein gong invitert inn i det gode belgisk-tyske selskap. Ser meg om resten av dagen, og avsluttar på Kotva. Der sit brødrene Othmar og Detlev frå Halle saman med nokre av dei lokale størrelsane. Ein av desse blir kalla "Den Gamle Mannen og Havet" etter Ernest Hemingway sin roman. Dette fordi han i likheit med romanhelten ofte er ute og fiskar utan å få noko.
Ein anna gjest held ein tirade mot tyrkarar og alle muslimar. Enkelte blir visst aldri ferdig med det 500 år lange tyrkar-veldet sjølv om det tok slutt i 1878. Til slutt lyt han minnast på at "Scheisse kann auch aus Europa kommen". Slike utsagn har sjølvsagt spesiell tyngde når dei kjem frå ein tyskar.
Balchik |
17/6-2002 | (dag 39) |
Litt strandliv men ellers ingen plikter. Finn ein stam-restaurant ved stranda og ser dessutan Belgia-Brasil med eit flamsk reisefylgje. Kelnaren ved stranda er frå den tyrkiske minoriteten og fortel om kor ille det var på 1980-talet då kommunist-regimet prøvde å tvangs-bulgarisera tyrkarane. Mange flykta til Tyrkia. No er det andre forhold og ein del er komne tilbake.
Er vorten langhåra og vurderer å spara til hockey-sveis i anledning førestånde reise gjennom Slovakia og Tsjekkia. Men det er FOR varmt og eg går til frisørdama over gata eg bur i. Set meg tillitsfult i stolen utan å kunna gjera større greie for meg enn å sei Dobar dan. Dama gyv omgåande laus på meg med klippemaskin og eg fryktar det verste. Det er i snauaste laget men kostar under 20 kroner.
Ohtmar og Matias. |
Dagdrivaren og Detlev. |
Om kvelden blir det full fest med dei to tyskarane frå kvelden før og Matias, ein som har kome hit i dag. Detlev held ein vanvittig Hitler-parodi, folk som fer forbi lurer nok på om Der Führer har kravla ut av bunkeren i Berlin for å dukka opp i 2002 "beim Schwarzen Meer".
Den tidlegare parti-sjefen i Dobritsj sler seg ned ved bordet. Det er lågkonjunktur for partisjefar for tida. Han blir nådelaust tiltalt som "Bademeister", avdi han no berre er sjef for badevaktene i Balchik. Fallhøgda kan vera stor. Partisjefen virkar som ein sympatisk kar og eg får litt vondt av han. Ohtmar har nok sine grunnar for harselasen: han var fabrikksjef i DDR-tida og fekk etter det eg forsto nok av allmektige partisjefar som la seg bort i drift og produksjon.
Er med ombord på yatchen til karane. Dei har frakta den på Donau ned hit, men måtte delvis ta den over over land grunna krigen i Jugoslavia. Dette kosta visst meir enn båten. Her er det stor uovereinstemmelse mellom brødrene om kva vitsen var. Detlev er svært interressert i staden eg bur på. Han vil gjerne sjå rommet. Eg nektar, vil ikkje utan vidare sleppa folk inn hjå den eldre rumenske dama. Grunnen viser seg, dei har sjølve eigedomar dei leiger ut til turistar, vil granska konkurrenten. Romma til Detlev er mykje finare enn der eg bur og til same pris. Får eit frekt spørsmål: "Schläfst du mit dieser Frau?"? "Um Gottes Willen" tenkte eg, faktisk ikkje. Kanskje betalar eg overpris men Hotel Esperanza har eit særpreg innflyttarene frå Sachsen aldri kan framskaffa.
Klokka fire går Ohtmar si konjakk-flaske ned, men eigaren av ho er somna og kan knapt gjera innvendingar. me åt "leberwurst" med tysk brød og det smaka av ur-germansk kraft. Eg slapp unna konjakk-presset ved å passa på at glaset alltid var fullt av Coca-Cola. Har sjeldan hatt det så moro, men klokka vart fem og prisen skal betalast i morgon med skallebank og apati.
Balchik |
18/6-2002 | (dag 40) |
Utsikt over Svartehavet frå den botaniske hagen i Balchik. |
Har sjølvsagt ingen sjanse til fyrste fotballkampen, men er i bra form til trass for hardkøyret i går. Meir strandliv og fotball. Eg legg inn eit besøk i botanisk hage og ein kongeleg villa. Det var den rumenske dronning Marie som hadde sommarhus her i mellomkrigstida. Bakgrunnen er at dette området høyrde til Romania.
Er invitert på øl hjå belgiaren Didier som eig Hotel Balchik og må sjølvsagt innom "Kotva" att før eg fer. Er så sliten no at det blir å styre unna utskeielsar, dessutan har bussen avgang 7:20 i morgon.
Har sjeldan sett maken til drikking som hjå desse velvaksne karane. Dei er forretnings-folk frå det gamle DDR og driv og handlar med alt frå miniatyr-flasker til bilar. Me tek det rolegare i kveld, spesielt Detlev som skal køyra til grensa i morgon.
Balchik - Durankulak - (Romania) |
19/6-2002 | (dag 41) |
Har fått skyss av Detlev i forbindelse med ein eller anna handel på grensa. Dermed slepp eg å ta bussen. Me reiser ved middagstider, så det vart ikkje så tidleg likevel. Vart i dag avfotografert med vertinna, på gata, berrføtt og i lilla morgon-kåpe, det var visst nokon som stirde på opptrinnet. Den rumenske vertinna preika i veg og skulle absolutt læra meg rumensk, og det kan nok vera nyttig å kunna nokre ord. Eg forstod såpass at dottera hadde gift seg, flytta til Cuba og no heitte Janet Rodriguez.
Nyklipt og med elegant antrekk, lånt av vertinna på Hotel Esperanza.. |
Det viser seg at handelen gjeld ein bil som Detlev sjølv har køyrt ned hit og som han har selt til ein bulgarar. Ved å fiksa eit eller anna papir i tollen blir bilen ikkje registrert som importert og det sparar begge partar på. Kjøparen har insistert på at Detlev køyrer til Varna flyplass med bilen for han vil gjerne sjekka den endå ein gong. Eg får tilbod om å bli med som "observatør".
Dette er ein Ford Escort sportsbil, den går som ei kule, òg på humpete bulgarske vegar. Me har lite tid, så det er berre å halda seg fast. Polititet ligg på lur, det vart visst 150 i 100 km sona. Litt dokument-sjekk, polititmannen får 20 lev (ca 75 kroner), saka er ute av verda utan protokollførsel. Turistar skal likevel passa seg, dei som ikkje kjenner systemet kan få svi!
Eigaren og sonen dukkar opp på flyplassen som avtala. Det blir litt kiking under panseret og så dreg me alle saman til Balchik. Ny politi-kontroll, denne gongen var det berre bil-papira dei var ute etter. Kontrakten vert underteikna vhja. tolk på "Kotva" og så er Escorten på veg til grensa med fem meir eller mindre baktunge karfolk og ein steintung ryggsekk. Brått dunkar me nedi. Detlev skulder på "schlechte Strassen", den nye eigaren får eit skeptisk drag i ansiktet.
Endeleg framme går ein kvar til sitt. Desse tyskarane var utruleg godt selskap og eg blir ynskt velkommen i Halle når eg er på dei kantar, truleg i juli. "Es war schön hier mit dir", sa Detlev, ein kompliment eg set umåteleg pris på. Eg må berre sei i like måte: "Es war schön mit euer auch".
Eg får problem i den bulgarske grensekontrollen grunna manglande kvitteringar frå hotell. Det blir ein del akkedering. På saklegaste vis lirer eg or meg namn på alle stader eg har budd (og når) og dei slepper meg aller nådigst vidare. Detlev fortel at eg kunne fått opptil 300 dollar i bot for eit slikt brotsverk.
Får så med meg ei siste åtvaring om kor skummelt det er i Romania. Bil-papira var endå ikkje ordna då eg fôr, men dei var overraska over at EG trengde så lang tid som berre hadde ein ryggsekk! Dreg no lett til sinns òg lettare paranoid til i Romania.
Dette var omkring klokka 3, soga held fram i neste brev.
Bulgaria - etterord
Landet har vore ei positiv overrasking. Det er ikkje lenger vanskeleg å vera turist. Maten var svært bra og det er billeg å feriera her. Offentleg transport er for oss nesten gratis. Språket kan vera ei stengsle for kontakten med folk og eg var ute for ein utriveleg episode, men utanom det er det berre pluss i margen.
Største utgifta har vore overnatting og standarden har vore variabel. Bulgaria har mykje flott natur og Rila-klosteret samt Veliko Tarnovo er opplevingar i seg sjølv. Tilrettelegginga for turistar er ikkje så utvikla som i Hellas men det kjem seg nok etter kvart. Fann for eksempel ingen stader med sykkel eller scooter-leige, vaskeri var det òg vrient å finna fram til. Minibankar og internett er det derimot nok av. Internett-kafeane er ofte under 5 kroner timen, i Hellas var det minimum 20 kroner.
Folk er stort greie og hjelpsame sjølv om sur service enno ikkje er heilt utrydda. Av framandspråka er tysk mest utbreidd ved kysten, andre stader er engelsk vel så nyttig.
© 2002 Jomar Hønsi treff sidan 25/4-2004. Statistikk


