Reisebrev 8
18/7 - 19/7 1985

Romania 1985

Om reisebreva
Map

Bakgrunn

Mitt fyrste og hittil einaste møte med Romania var ein snøggvisitt på Inter-rail i 1985. Dette var utan tvil den verste reise-oppleving eg nokon gong har hatt. Eg hadde på den tida knapt vore ute i verda, utan at eg dermed trur eg ville reagert stort annaleis i dag. Sjokket det var å møta eit vanstyrt diktatur i form av Nicolae Ceauºescu sitt Bucureºti sit godt i enno.

Romania hadde på den tida ein god klang i "den frie verda". Ceauºescu var vestens yndlings-kommunist etter Tito: han hadde trass alt fordømt dei sovjetiske invasjonane i Tsjekkoslovakia og Afghanistan, boykotta ikkje OL i Los Angeles og tala rett som det var Kreml midt imot. Han fekk tilnamnet "Aust-Europas De Gaulle", grunna den uavhengige utanrikspolitikken og den autoritære stilen. Han var æresgjest hjå så fint folk som president Nixon og dronning Elisabeth II.

Ceauºescu var òg på besøk hjå vår eigen statsminister Oddvar Nordli. Det vart eit anstrengt opphald, mest avdi den rumenske gjesten ikkje fekk sova grunna trikkelarmen på Drammensveien. Han kunne ikkje skjøna at Nordli ikkje kunne beordra levenet stansa klokka 10 slik han var vand med at presidenten kunne gjera heime når han var på ferie i Neptun ved Svartehavet. Ein stor mann må ha mykje søvn skal han kunna skjøtta sine plikter og tena sitt folk på beste måte. Dette hadde tydelegvis ikkje det norske sosialdemokrati fått med seg.

Uavhengigheita frå Sovjetunionen vart markert på fleire måtar. Russisk var forlengst kutta ut som andrespråk i skulane. Nordmenn og andre ein del andre vest-europearar trengde ikkje visum og Romania var med på Inter-rail. Kva som skulle til for at ein rumenar skulle få nytte av dette tilbodet har eg enno ikkje funne ut av.

Mange var i 1985 ikkje klar over at Romania hadde eit skrekk-regime som tynte sitt eige folk til sveltegrensa. Nokon massemordar var rettnok ikkje "Conducatorul", han klarde lenge å halda sitt folk i age utan å bruka metodane til Stalin.

Ordet Conducatorul betyr rett og slett "Føraren". Dette ordet kunne få ein viss biklang når det vart oversett til fordel for det saksiske(tysktalande) mindretalet i Transilvania og Banat. Nokon merka seg at utrykket "Unserer Hochgeliebsten Führer" hadde vore høyrd før i Europa, men kanskje ikkje av slagord-smedane i "Partidul"?

Bucureºti

Me *) reiste inn frå Ungarn, eit land som under Janos Kadars "gulasj-kommunisme" var relativt liberalt. Der slapp me å oppleva Det Store Kultursjokk.

*) Arvid Langeteig var med på denne turen.

Togturen vidare inn i Romania starta bra med komfortabelt sove-kupé. Grensekontrollen var rett nok hard, ein eldre engelskmann utrykte si misnøye slik: Do you think I like to be woken up in the middle of the night?. Rart at så gamle folk IKKJE har skjønt at MAKTA rår uansett. Ein del engelskmenn blir dessutan sytete når dei er utafor frå øyriket. Den obligatoriske tvangsvekslinga vart unnagjort på hyggeleg vis. Arvid vart spurd: Do you have a gun?, eit berettiga spørsmål ettersom han såg meir kospiratorisk ut enn meg. Me kunne ikkje halda fliret tilbake, soldaten såg det komiske i situasjonen og gliste med. Skulle me liksom ha ryggsekkene fulle av 7,62 mm halv-automatiske handvåpen, klare til å røva makta frå det allmektige Partiet?

Langs ruta såg det fyrst nokonlunde velhalde ut. Eg såg for fyrste gong i mitt unge liv propaganda (utanom valgkamp og forbruks-reklame) på bygningar. Falma raude bokstavar som forkynte "partidul", "progresul", "sosialismu", fred, arbeid og anna svada *). Ofte nydeleg dekorert med hammar og sigd.

*) Eg meiner ikkje at desse orda generelt er svada. I denne samanhengen vart det derimot ein vits, ein direkte provokasjon mot det tenkjande menneske, som eg inneforstått reknar meg som representant for.

På perrongen på Gara de Nord i Bucureºti vart me ynkst velkomne av ein jovial mann som snakka godt engelsk. Han fortalde at han hadde vore to gonger i Norge. Han var landslags-spelar i fotball og vart seinare trenar for Romania. Namnet er Anghel Iordanescu, han førde Romania langt i VM i 1994 og 1998. Som spelar var han med og vann Europa-cupen for Steua Bucureºti mot Barcelona i 1986. Dette var fyrste gongen eit aust-europeisk lag vann denne gjevaste av klubb-turneringar, no kjend som Champions League. Etterpå har rett nok òg Raude Stjerne vunne (1991), men det kan bli lenge til neste gong eit lag aust for Milano vinn denne turneringa.

No har eg visst gått i tematisk offside, no tilbake til juli 1985. Me kom vel fram til den rumenske hovudstaden men så starta nedturen: Hotel Bucegi låg få meter frå stasjonen, Strada Witing 2, var slite men virka ellers greitt nok. Arvid påpeika rett nok eit hol i doskåla men ein oversåg slike uvesentlegheiter. Det var andre nordmenn på hotellet vårt men dei nedlet seg ikkje å snakka med grøne turistar. Etter påkledinga å døma hadde desse usannsynleg arrogante frøkener tilhald i eit antihumant parti ytst på den norske venstresida.

Me drog ut får å sjå oss om og få oss mat. La merke til køane, dei tomme butikkane, kor fattigsleg folk var kledde. Det mest sjokkerande av alt var ansikts-utrykka: bistre, avvisande, utrykkslause. Omgrepet "tryne" vart der og då teke i bruk. Dette har seinare (i vår intern-sjargong) beskrive det lite imøtekomande ansiktsutrykket ein påfallande ofte såg og tildels enno ser i Aust-Europa. Eg hadde rettnok lese om slikt i Det Beste men hadde teke denslags amerikansk propaganda med ei klype salt. "Tryne" fanst i alle landa, men ingen stad har eg sett det så ille som i Bucureºti, med Moskva som god nummer to. Folk som har det bra går vel ikkje rundt slik? Skal òg nemna at på Cuba i 1995 var fenomenet IKKJE påfallande. Stanken ut av ein "kjøt-butikk" me gjekk forbi var uuthaldeleg, vert enno nesten kvalm ved tanken. Fleire år seinare såg eg eit foto i Aftenposten der ei trist gamal kone i skaut gomlar på ei "pølse". Dette biletet åleine friska opp att dei stinkande minna.

Vart grundig snytt begge gongene me åt, norske prisar for mat som ville fått ei purke til å trekkja labbane og trynet opp av trauet. Ølet vart servert i flaske utan etikett og plassert ei tom champagnebøtte "til kjøling". Treng vel ikkje leggja til at dette stats-ølet smaka lite godt. Kort oppsummert drakk me piss og åt drit.

Eit anna omgrep vart lagt til intern-sjargongen på denne turen: Strada Popa Tatu, ei fattigsleg gate som seinare har symbolisert forfall og elendigheit.

Bulevardul General Magheru, ei av hovudgatene, var ein trikk knekt i hop og berre forleten, tydeleg at landet var på halv åtte. Gatelys var det dårleg med og ein måtte passa seg for ikkje å detta ned i hol i gatene.

Sov dårleg på Hotel Bucegi, larm frå trikkar og gneldring av lausbikkjer hindra det. Eg var tidleg oppe og bortom stasjonen, og alt tidleg på morgonen var køane lange. Var eg så nådig å spørja nokon tilsette om noko fekk eg gjerne eit fresande "nu" til svar. Her kvinnfolka dei verste. Me bestemde oss for å koma oss vidare til Jugoslavia, hadde fått nok etter ein ettermiddag og ei natt! Torde ikkje eta meir på restaurant og kjøpte brød og vin i ein butikk. Me sat 6 timar i "Cismigiu"-parken, gomla brød, eg drakk vinen åleine ettersom eg er tyrstast av oss. Me forbanna inderleg både folket, landet og føraren.

Eg var innom ein bokhandel og konstaterte at to utvalde forfattarar var var verdige utstillingsplass. Desse var det derimot format over: Nicolae Ceauºescu og kona Elena, eit reddsomt fruentimmer, som for det eg veit kan ha vore eit litterært geni. Ho hadde i alle fall ein doktorgrad i kjemi, ein grad mange har tvila på berettigelsen av.

Eg kjøpte partiavisa Scienta(Gneisten), der kurvane på framsida peika eksponetialt til himmels. Det stod kanskje ikkje så dårleg til som me trudde? Ellers kanskje var det eksportstatistikkane me såg? På denne tida vart det nesten alt som var etande eller brukande på anna vis eksportert. Presidenten hadde bestemt at utanlandsgjelda skulle nedbetalast, kosta kva det kosta ville.

Skulle kjøpa brus til oss men fekk ein frådande beskjed om å drikka den på staden. Ville kjøpa med ei flaske til Arvid, men han måtte fint gå og kjøpa sjølv.

Me avslutta med å drikka ein god tsjekkisk Budweiser på eit bra hotell og angra nok på at me ikkje hadde trekt mot luksusen og dekadensen tidlegare. Der spurde kelnaren oss om å få veksla svart. Dette hadde me faktisk ikkje opplevd så mykje. Rumenarane var for redde. I Polen, Ungarn og Tsjekkoslovakia fekk me slike tilbod heile tida. Dei fleste av dei soslialistiske broderlanda hadde på denne tida ikkje terror-regime, redsla sat ikkje så djupt.

Utreisa

Endeleg var det avreise. Me hadde reservert plass på natt-toget til Beograd og hadde fylgje med triveleg folk frå Romania og Jugoslavia. Ei jente frå Skopje kunne litt engelsk så det var mogeleg med enkel samtale. To av jugoslavane var på smugle-tur, hadde med tvilsam kontrabande i form av lange, kvite og lite lekre underbukser. Den eine hadde elleve av desse på seg då me kryssa grensa! Han hadde eit svare styr med tollaran, men unngjekk lekvel avkleding til spott og spe. Dei rumenske planleggjarane kan ha feilrekna massane sitt behov for stygge underbukser. Dermed kan dette ha vore ei av dei få varene med overskot på.

Turen til Beograd hadde altså starta bra, men tidleg på natta kjende eg ei mistenkeleg stikking i dei nedre regionar. Det vart berre verre og eg måtte ut. Gjekk bakover i vogna, det var vanskeleg å koma fram avdi korridoren var overfyllt. Bakarst stod ein soldat med AK47 rifle, var blid av oppsyn og peikte hjelpsamt framover i vogna. Det var nok ikkje meg han skulle vakta på. Toalettet vart brukt i hans ende vart brukt til lagerskur, kanskje skilderhus?. Måtte desperat brøyta meg nedover mot andre enden, medpassasjerane var lukkeleg uvitande om den potensielle hygieniske katastrofe. På lukta å døma var rettnok ein del av dei ikkje særleg opptekne av reinsemd, eller så hadde sentralplanlegjarane estimert feil på på såpebehovet.

Måtte stå i køen lenge og når eg var ferdig ein gong var det berre å stilla seg opp på ny, slik fart var det på fordøyelsen. Tok ikkje sjansen på besudling av meg sjølv, medmenneske, kupé og korridor.

Eg vart borte så lenge at Arvid lurte på om eg hadde stifta varige venskap ute i korridoren. Ein fyr ville kjøpa klokka mi, men eg hadde ikkje tankar for profitt der og då. På toalettet var det korkje vatn eller papir men det siste hadde eg heldigvis med. Uansett vart det ei lite appetittleg oppleving. Stanken kan ikkje beskrivast, dessutan gjorde det svært vondt tarmsystemet. Det kan ha vore salmonella eller anna styggedom.

Medan toget sto på stasjonen i Timiºoara, gjorde eg unna siste økt. Til glede for dei mange flugene gjekk den tunne vellinga rett ned på svillene ved perrongen.

Det var ein lettelse å koma til den fyrste jugoslaviske byen, Vršac, og vidare til Beograd. Pusta ut same kor ille ein hadde det nedi magen, godt å sleppa ut av noko som hadde vore eit helvete. Her i Slobodan's Beograd kunne ein eta bra og drikka Coca-Cola i staden for den illesmakande partibrusen. Folk hadde ikkje "tryne" og det virka heller normalt. Hugsar kor sliten eg var, heilt likegydlig og hadde lyst heim. Livsmotet og reiselysta låg att som ei illeluktande, grønaktig stripe på svillene mellom Filiaºi og Timiºoara.

Var det så ingen ting positivt å fortelja om frå desse dagane? Nesten ikkje: det einaste kan vera at dei få som torde å snakka med oss var hyggelege og hjelpsame. Folk hadde på den tida plikt til å rapportera kontakt med utlendingar.

Dette var mykje negativt, eg høyrest ut som ein grinebitar som finn noko gale med alt, men det meste GJEKK gale. Det var sikkert òg på den tida turistar som hadde det bra i Romania og det kan vel ha vore betre på mindre stader. Ein skal òg ta med at dette var ei spesiell tid då det meste av maten vart eksportert utan hensyn til folket sine behov. Eg las i Aftenposten eit par år seinare at matvare-situasjonen i Romania på slutten av åtti-talet var langt verre enn i Norge under krigen.

Opplevinga sit enno spikra, snart 17 år etter. Eg hugsar gatenamn, jernbanestasjonar, lukter og folk som om det skulle vore i går. Marerittet må ha skjerpa sansane. Etter revolusjonen i 1989 har eg hatt ei viss lyst tilbake "for å sjå" men andre land har vorte prioritert inntil no.

Etterord

Kan ikkje førestilla meg korleis det var å bu i landet på den tida: eg endra syn på eit par ting etterpå. Eg var aldri vorte antikommunist i betydninga unyansert "kald krigar". Ideane om likskap og rettferd har ein viss apell, kommunismen er ikkje tvert igjennom ufyseleg som nazismen. Likevel opna denne opplevinga augene for korleis "proletariatets diktatur" som andre diktatur kan utarta når diktatoren er psykopat, stormannsgal og i tillegg har fått tildelt avgrensa kvote av hjerneceller.

Ingen leiar i dei vestlege demokratia er perfekte heller men ein har den fordelen at ein kan bli kvitt dei utan å skyta dei. Diktaturet kan ha ein så edel "føremålsparagraf" det vil, men byr ingen vern mot kynikarar, drittsekker, gale menn og kvinner. Proletarets diktatur? Historia viser at dei proletariske diktatorane fort legg av seg sine proletære vanar. Om nokon skulle ha trang til å lesa meir om temaet, kunne George Orwell's "Animal Farm" vera ein god start. Ei meir akademisk drøfting byr Milovan Djilas på i "Den nye klasse".

I tilfellet Ceauºescu kan ein òg stilla spørsmålsteikn ved valg av ektefelle. Det blir sagt i Romania at Nicolae Ceauºescu var bra inntil Elena kom inn i biletet. Det virkar som om ho var og er meir hata enn mannen.

Lagnaden kom juledag 1989. I dagane før hadde makt-grunnlaget rakna. Demonstrasjonar og mytteri i hæren og partiet gjorde at presidentparet måtte flykta i helikopter etter å ha gort forsøk på å slå ned opprøret, over 1000 vart drepne. Kven hugsar ikkje dei klassiske bileta av Conducatorul som lyftar handa for å hysja ned den pipande folkemassen. Like etter kjem helikopteret. Presidentparet vart fort tekne til fange og skotne etter ein summarisk rettargang i Târgoviste.


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk