![]() |
Reisebrev 9 19/6 - 25/6 2002 |
Romania (Valachia) |
Om reisebreva | ![]() |
![]() | LinkarReiseruteMangalia Bucurešti Sinaia Hotel Zenit Hotel Bucegi Caru cu Bere CFR |
(Bulgaria) - Vama Veche - Mangalia |
19/6-2002 | (dag 41) |
Farvel til strandliv for ei stund. Utsyn over Svartehavet frå Hotel Zenit, Mangalia. |
Kryssing av grenser er spennande, ikkje minst til fots! Ein kjem forbi bilkøane og i motsetning til bilistane slepp ein å betala miljøskatt. Ein unngår venting medan tollarane rotar i det uendelege med understellet (på bilane). Etter litt trøbbel på bulgarsk side gjek kryssinga gjekk fort unna. Den engelsktalande passkontrolløren snakka fotball og ynkste meg velkommen til Romania. Eg er nokså ukjend med at nord-europeiske passkontrollørar tek seg tid til denslags.
Hadde fått med meg åtvaring frå Bulgaria mot rumenske drosjar og landet i det heile men her var drosjen einaste utveg. Fyrste togstasjon er i Mangalia, 12 km unna. Bussar såg eg ikkje noko til. Etter forhandlingar fekk eg skyss med ein sigøynar. Eg trekte meg rettnok unna då han ville ha "familiemedlemmer" med, men til slutt kom me oss avgarde utan overflødige assistentar.
I Vama Veche, fyrste landsbyen, vart me stoppa av tollarar. No greip skepsisen meg, slikt hadde eg aldri vore ute for før. Vanlegvis blir ein kontrollert på sjølve grensa. Vart spesielt betenkt då eg såg det stod "Frankfurt Flughafen" på dei gule vestane deira! Dette virka langt frå ekte. Dei snusa litt på ryggsekken men etter velvalgde ord frå sjåføren let dei oss dra. Eg hadde høyrt mykje om korrupte tollarar som tek "gebyr" av reisande, men eg slapp unna den utgifta. Den usannsynlege uniforma kan ha vore siste skrik innan rumensk tollar-mote.
Eg hadde tenkt å dra rett vidare til Bucurešti, men fann ut att no trengde kropp og sjel kvile etter diverse påkjenningar dei siste dagane. Hotel Zenit hadde ledig rom og låg fint til ved promenaden. Det var relativ luksus, reint og med eige bad og fjernsyn. Utsikt mot strand og promenade.
Mangalia gjorde eit godt inntrykk. Velhalde og reint; ein kontrast til det eg hadde venta. På stranda var det oppkvikkande atmosfære: soling, grilling (utan grilldress), øl, bading og musikk. Den lette paranoianen og alt det gale eg hadde høyrt (og sjølv opplevd) om Romania seig av meg. Etter turen i 1985 har eg aldri kunna sett på Romania som eit "normalt" land. No veit eg sjølvsagt at det er like normalt/unormalt som alle andre land, men det var likevel godt å få det stadfesta via sansane og ikkje berre "vita" det teoretisk.
Eg drakk ein forbløffande god "Bergenbier" i finvéret nede på moloen. Storkosa meg denne siste dagen ved havet på mange veker, kanskje månader. Sola meg lenge og med fullt overlegg. Einaste skår i gleda var at toget til Bucurešti hadde avgang kl. 5:35 neste morgon! Billett fekk eg ikkje kjøpt I DAG, av for meg ukjende grunnar blir dei berre lagt ut til salg ein time før avgang. Dette betydde at eg måtte endå tidlegare opp ...
Mangalia - Bucurešti |
20/6-2002 | (dag 42) |
Harde tak har det vore og eg er enno sliten etter festinga i Balchik dei siste dagane. Den grytidlege starten er likevel ikkje så ille som eg hadde frykta, ein ven seg til tempoet. Eg har lagt meg til enkle frukostvanar etterkvart, i dag er det to bananer og mineralvatn frå kiosken utafor stasjonen. Ein kan ikkje vera for kresen i matvegen klokka 5 om morgonen. Det er mykje folk på stasjonen allereie, dette er noko som ikkje har endra seg sidan 1985. Billettane er òg dei same, desse små pappbitane som var vanlege over heile Aust-Europa før omveltningane. Dei er for lengst borte i land som Tsjekkia, dette er fyrste gongen sidan tidleg på 90-talet eg har sett dei. Toget er som eg hugsar det frå folkerepublikkens tid: skite, varmt og umåteleg tregt.
Mange på Balkan har tydeleg aversjon mot frisk luft. Vindauga skal helst vera att og eg må rett som det er ut i korridoren for å lufta meg. Me kryssar Donau, ei elv eg er vorten godt kjend med opp gjennom åra. Ho er rettnok stor alt i Bayern og Austerrike men her nede nær munninga er den langt mektigare.
I forstadene til Bucurešti synest allereie trekk me ikkje er vande med i velferdstadenn. Til tider blir sidene av jernbanetraséen brukt som søppel-fyling. Ein ser òg at det bur folk i skur, dette hugsar eg IKKJE frå 1985.
Eg bestemmer meg for å overnatta på Hotel Bucegi, akkurat som i 1985. Lonely Planet omtalar det som "surprisingly clean". Dessutan ligg det like ved stasjonen og prisen er hyggeleg.
Framme ved "Gara de Nord" skin McDonalds ein i møte. På turen hittil har eg ikkje vore innom Mac, rett og slett fordi eg har ete godt andre stader. Hadde den derimot vore der i 1985 ville den nok vorte stamrestaurant. Stasjonen er vorten fargesprakande og levande, men sikkert mindre trygg. Som slave av norsk og vest-europeisk mytologi VEIT eg at Aust-Europa er full av kjeltringar og at dei er samla her for å letta meg.
Hotel Bucegi er pussa opp, mest utanpå viser det seg. Dei har i lagt til seg det internasjonale men likefullt idiotiske namnet "Andy". Hotellet er no eigd av eit firma som kallar seg Stalingrad og er såleis ikkje lenger folkets eigedom. Resepsjonen er akkurat som før, ein er på tidsreise! Prisen er mykje lågare no ettersom kursen på rumenske lei ikkje lenger blir halden kunstig oppe. Dama i resepsjonen er av den gamle skule. Ho held trøystig fram med rekneskapet sitt inntil det omsider demrar for ho at Hotel Bucegi har ein potensiell overnattingsgjest. Eg har forlengst slutta å irritera meg over slikt, dette er trass alt levande historie, om 20 år er det nok borte. Ho er jamvel hyggeleg så snart kontakt er oppretta. Dessutan hjelper det å vera hyggeleg sjølv, ikkje hissa seg opp sjølv om det tek litt lenger tid enn heime.
Eg må venta til 12 med å få rommet så eg har tid til å vandra litt i gamle fotefar. Strada Popa Tatu er like lurvete som før, men det livar opp med enkelte butikkar og verkstader. Akkurat som i 1985 må ein passa seg for ikkje å få ein skvett av ubestemmelege fludium ned i nakken. Folk oppe i etasjane kastar meir enn gjerne skyljevatn ut frå balkongen, og det dryp alltid eit eller anna ovafrå.
Restaurant Caru cu Bere. |
Calea Stavropol. |
Cismigiu parken har vakna til liv, fine leikeplassar for ungane, uteservering der folk kosar seg. Får fort inntrykk av at talet på "tryne", folk med smilevegring, er i sterk nedgang. På den andre sida ser ein direkte naud, det virkar som om det er verst for ungane og dei eldste. Kriminaliten er sjølvsagt ikkje direkte synleg, men det er påfallande mange vakter på hotell, restaurantar osv. Søppelmengdene er enorme, dei tallause lausbikkjene er vortne merkbart feitare og auka fedme gjeld heldigvis folk òg.
Søv ut før eg legg ut på oppdagingsferd i for meg ukjende delar av byen. Det er 38 grader og heller slisamt. Drikk øl i den flotte hagen på Hanul Manuc og et eit godt måltid i Caru cu Bere, ein gamal, utsmykka restaurant som som vi aldri kom oss til i 1985. Går tidleg heim for her skal det sovast (trudde eg). Utafor hotellet blir eg tilboden "beautiful girl" på rommet. Ein takkar høfleg nei og ser ikkje meir til halliken under resten av opphaldet.
Vil gjerne ha sagt litt om kor UEIGNA Hotel Bucegi er til nattesøvn. Eg er langt frå pysete når det gjeld overnatting: er nøgd om det er stilt, kjøleg og nokonlunde reint. Resten er bortimot uvesentleg. No når eg er borte frå arbeid i lengre tid, må overnattings-kostandane haldast nede. Likevel kan komforten bli i snauaste laget. Dette siste er Hotel Bucegi eit framståande døme på.
Stanken av golvteppet er påfallande, men ein ven seg fort til det. Passar på å få
kleda mine inn i skåpet så dei ikkje skal bli smitta av lukta. Dette teppet er
eit eige økosystem med eit biomangfald som ikkje står tilbake for regnskogen i Amazonas.
På gjennomtenkt vis er det montert lamper på balkongane for at dei nattestid skal lysa fint på
blomster-korgene. Dette har ein lukkast med, for det ser vakkert ut frå gata.
For hotell-gjesten tèr det seg annaleis: lampene lyser rett inn på senga.
Ein kan rett nok lata att og dra for men då blir ein kvelt av varmen.
Valget er dp som fylgjer:
a) Lyskastar midt i synet og trafikkstøy inn i øyra.
b) Langvarig dampkoking
Eg vel alternativ a). Senga er òg ein studie verd:
trekket på madrassa er slite hol
i og den har eit søkk der ein kan plassera heile sin bakpart. Flekker av ukjent opphav er det opptil fleire av.
Lakenet er derimot reint, så ein legg seg trøystig oppå og fortrengjer alt det andre.
Midt oppi overfloda av ljos, varme og eit kakofonisk leven sovnar eg og nynnar optimistisk ei strofe frå Dumdum Boys: "gi meg navn på dyr som kryper". Forrige gong var gneldring av lausbikkjer ei plage, dette merkar eg lite til no. Kabel-fjernsyn på rommet er rettnok eit framsteg. Resten er vorte verre eller eg har eit dårlegare rom.
Bucurešti |
21/6-2002 | (dag 43) |
Eg vaknar tidleg, gjennomsveitt og sliten. Ikkje noko anna å gjera enn å ta ein runde i byen før det vert for varmt. Går forbi ein marknad og folk er alt på plass med varene. Det virkar nokonlunde ryddig, og ein ser uvande fraktemetodar. Ein liten bil har baksetet og hattehylla full av kålhovud. Det er i alle fall ingen problem med fersk-varer no lenger.
Det er stupvarmt alt kl.8, så eg gjer unna eit par ærend: kjøper bilett vidare og finn den komfortable puben Dubliners der eg har tenkt å sjå England-Brasil direkte på sjølvaste BBC. Tek frukost på hotellet og ser fyrste omgangen der. Vakta snakkar godt engelsk, held med England og Manchester United. Rundt om sit sigøynarar med fargerike drakter, karane med hatt. Meinar eg har sett Alfred Maurstad med noko liknande i ein eldgammal film. No har apatien har teke meg til dei grader at eg ikkje gidd å dra på "Dubliners", vil fylgja resten av kampen på rommet i staden. Somnar som ein stein med før domaren rekk i blåsa avspark til 2. omgang.
Turisten tydeleg prega av dei harde vilkåra på Hotel Bucegi. |
Nettkaféar finn ein på dei mest uventa stader. |
Badet på Bucegi har dei same små grøne og blå flisane som for 17 år sidan og på do ligg ein daud kakkerlakk, og den låg der enno to dagar etter. Vatnet i dusjen er denne morgonen berre kaldt, dei neste to morgonane berre glovarmt. Firmaet Stalingrad har etter det eg kan døma like lite hell med hotelldrift som Partiet. Den vestlege turisten er på felgen. Han siklar etter luksus. Driv over til Ibis, fransk kjedehotell av vestleg mellomstandard. Prisen er òg vestleg så eg droppar det, ein får heller tola ei natt til og deretter føra ein dekadent livsstil siste døgeret.
Klesvask-problemet dukkar opp att, vaskeri i den forstand er vanskeleg å få auga på, men eg blir tilrådd å spørja på nabohotellet. Dei sender meg meg ut i bakgarden til vaskerommet sitt, og damane lover å ha det klart til i morgon tidleg. Prøver å finna ut prisen, men gjev opp. Sjølv med 10 gonger overpris står ein vel i det.
Søker tilflukt frå varmen i metroen, eit vellukka Ceaušescu-prosjekt. Eg har diktatorens "Folkepalass" i sikte. Her held no parlamentet til, og resten blir leigd ut til konferansar og liknande. Eg er heldig og blir med på omvisning på engelsk. Palasset ER imponerande, mest dersom ein legg bort tankane på alle som fekk svi for vanviddet.
Bygningen er den nest største i verda, berre Pentagon er større. Golvflata er 360000 kvm, og har over 1000 rom. Salane er på mellom 100 og 2600 kvm. Tyngste lysekrona veg nesten 5 tonn, største golvteppet 10 tonn. 400 arkitektar og 20000 arbeidarar var med på bygginga som føregjekk frå 1985 til 1989. Då var det ytre ferdig, innreiinga er gjort etterpå. Det er enno ikkje heilt ferdig. Rundt om ligg departement og flotte "apartments" tiltenkt byråkratiet. Ein heil gammal bydel vart rasert for å gjera plass til stasen; folk fekk 2-3 dagars varsel før bulldosarane kom. Ingen erstatning utanom ei lita leiligheit i ei eller anna blokk. Den enorme "Bulevardul Unirii" strekkjer seg frå folkepalasset mot sentrum.
Folkepalasset til Ceaušescu sett frå Bulevardul Unirii. |
På omvising i eitt av dei over 1000 romma. |
Bucurešti blir gjerne kalla Balkans Paris men her blir Paris overgått. Ceaušescu beordra at bulevardul skulle vera ein meter breiare enn Champs-Élysées. Palasset er bygd av berre rumenske materialar og av rumenarar. Einaste unntaket er ibenholt-innreidnaden på Ceaušescu sitt private kontor. Denne var ei gåve frå president Mobutu av Zaire. "Conducatorul" valgde tydelegvis, som dei fleste av oss, ein omgangskrets han kunne forstå seg på.
Fekk ein e-mail frå Emil Toescu som sjølv er fødd og oppvaksen i Bucurešti. Han reiste ut i 1984 og bur no i Birmingham, England. Her er hans tankar om Folkepalasset ...
You'll be surprised to hear that I have never visited the big Presidential Palace, I've been around it, with the car, going one way or another, but never entered it - and it's probably a sense of repulsion that keeps me away from it - knowing how much Bucuresti and the people had to pay for this crazy project.
It's all history now, and, from what I have understood from people, one of the main reason it still stays where it stays is that it will cost probably as much to dismantle it, as it costed to raise it.
You would have probably noticed the blocks of flats that are surrounding, on the large boulevards stemming from the palace. These were supposed to be apartments for the 'nomenklatura" of the party.
But the saddest thing is all that building erased a beautiful part of Bucuresti, similar to that you might have noticed around Cismigiu. That was the Bucuresti of the old times (I don't know if you remember the architecture of the Bucuresti you've seen in 1985), which was called, 70-80 years ago, the 'Paris of the Balkans"
Et nok eit godt måltid, maten har vore ein positiv overraskelse hittil. På veg til hotellet går eg gjennom Strada Popa Tatu att. Den har eitt element vi ikkje såg i 1985: prostitusjon. Har desse dagane lagt merke til det store talet på casinoar og bordell (antatte). Eg stikk hovudet innom ein dekkhandlar. Det er ingen inne, men under vindauget står eit portrett av Ceaušescu. Det står i nokon sine auge enno age av despoten.
Vegen frå Strada Popa Tatu til hotellet går via den same marknaden eg gjekk forbi i dag tidleg. No på slutten av dagen er det ei oppleving som verkeleg utfordrar sansane: boset har baka seg godt i sola og ein andar i assorterte odørar. Ein kjøter slafsar på eit dyrehovud, det ser ut som eit lam. Synet og lukta gjer at den gode kalvesteika eg nettopp har sett til livs held på å gjera vendereis og havna på gata med eit plask. Hadde så skjedd ville vel bikkjene slafsa i seg den òg. Nei, best å koma seg til køys. Ikkje den beste dagen på turen dette, i morgon lyt turisten gå til åtgjerder for å betra livskvaliteten.
Bucurešti |
22/6-2002 | (dag 44) |
Utruleg nok har eg sove godt, ein er som grisen, ven seg til alt. Ligg og latar meg lenge, ser Spania-Sør-Korea på rommet, drikk vatn, et bananer og sjokolade. Ser no lyst på livet att, utruleg kor det hjelper å vera utkvilt. Ei samaritansk velgjerar-bylgje kjem over meg og eg bestemmer meg for at dei pengane eg sparar på ikkje å bu på IBIS skal gå til eit godt formål i Romania (det er mange behov å dekka). Kverkar ein kakkerlakk under vasken, men no er det berre ei natt att. Ein kakkerlakk i døgnet er må tolast. Er ikkje ute av rommet før etter 12. Hentar klesvasken min og som venta tok dei seg godt betalt.
Ser Tyrkia-Senegal på ute-restaurant. Resten av dagen gjer eg ikkje anna enn å sitja i den flotte Cismigiu-parken og sjå på folk. Dessutan går det med mykje tid til skriving av reisebrev. Tid til å driva rundt i byen har ein òg. Likar meg godt her no, men det den rumenske hovudstaden kan ikkje måla seg med t.d. Praha. Nok ein gong et eg godt men det skal seiast at eg har halde meg i den øvre enden av restaurantskalaen.
Cismigiu-parken er god å ty til i tropevarmen. |
Ortodoks kyrkje i sentrum av Bucurešti. |
Tilbake ved stasjonen får eg "hjelp" av ein tilsett til å finna togtidene, noko han vil ha ein sigarettpakke for! Utafor stoppar ein "politimann" meg og krev "passport control". Dette er eg på vakt mot; sjølv om han viser "ID-kort" seier eg som sant er at passet er på hotellet og stikk av. Vaktene på hotellet bekreftar at dette er ein kjeltring: opplegget er at han finn noko "gale" med passet og krev pengar for å gje det tilbake.
Ristar ein kakkerlakk ut av lakenet og trakkar den godt ned i golvteppet. Ein må bidra til at mikro-faunaen nedi der skal vera mest mogeleg sjølvberga.
Det er ikkje utan grunn at Bucurešti blir kalla Balkans Paris. Breide avenyar og tildels storstilt byplanlegging minner om den franske hovudstaden. Romania har òg historiske bindingar til sine latinske broderfolk, spesielt Frankrike.
Forfallet på bygningane etter kommunist-tida er meir tydeleg her enn i Ungarn og Tsjekkia, opp-pussinga har ikkje gått så fort som i dei rikare landa nordafor. Bucurešti er ikkje ein by eg ville besøkt eins ærend, SÅ flott er den ikkje. Det er mykje fattigdom og elendigheit, men turisten kan leva som ein konge grunna det låge prisnivået. Har aldri betalt meir enn 50 kroner for gode måltid på gode stader. Ein halvliter øl ligg på 2 til 4 kroner, kaffi omtrent det same.
Eg har lært EI lekse: vil spandera litt meir på overnatting heretter, dette var ille. Investeringar i god søvn er trass alt investering i velvære og godt humør! Har i ettertid smuglese i Rough Guide to Romania. Deira kommentar til "Hotel Bucegi" er: Noisy and far from clean, a favourite of the local underworld ! Kvar Lonely Planet har henta sitt "surprisingly clean" frå er eit større mysterium. Eg torer knapt førestilla meg kva dei i så fall samanliknar med.
Bucurešti - Sinaia |
23/6-2002 | (dag 45) |
God privatinnkvartering på dette kråkeslottet i Sinaia. |
Denne natta søv eg heller dårleg att, konklusjonen er at ein må vera utsliten på førehand for å kunna sova godt på "Bucegi". Vaskedama lagar kaffi til meg og eg har etter kvart lært at denslags stikk ein til folk ein slant for. Et frukost på hotellet over gata, tek farvel med Bucurešti for denne gong. Eg er glad for at eg tok meg tid til denne hovudstaden på Balkan som er så totalt forandra på dei siste 17 åra.
No gler eg meg til å koma til fjells, neste mål er Sinaia i Karpatane. Toget går 8:47, og eg har denne kjensla av spenning ein har når ein skal til ein ny stad. Toget er ein time forseinka, men det er likevel ein fin tur oppover i fjella.
På stasjonen blir eg møtt av ei eldre dame som tilbyr overnatting. No kjøper eg ingenting usett meir men blir med for å sjå staden. Der ei gammaldags best-stove, stor kakkelomn og heimekoseleg på ein måte som minner om vitjingar hjå besteforeldra i gamle dagar. Best av alt, det er kjøleg. Dette var noko heilt anna og eg blir. Tre generasjonar bur i huset og tenårings-jenta kan engelsk.
Huset er eit fantastisk kråkeslott, og eg ser fort at kråkeslott er den rådande arkitektoniske stil her i Sinaia. Det kjem seg av moten blant det rumenske førkrigs-aristokrati. Kongehuset hadde sommarresidens her og dermed fylgde resten av den adelege og borgarlege eliten etter. Ein ser eit stort tal staselege tre-villaer.
Fjella rundt er opp mot 2500 meter og det er taubane opp. I morgon SKAL eg til fjells og planlegg ein 4-5 timars tur. Får litt kalde føter då eg blir åtvara mot bjørn, men blir forsikra om at dei har nok av mat der oppe og neppe kjem til å setja meg til livs. Søv OVERMÅTE godt og nyt livet.
Sinaia, Bušteni og Brašov |
24/6-2002 | (dag 46) |
Tek tog 7:30 til taubana (telecabina) i Bušteni, men det blir bomtur. Den undergår "revisie" (ettersyn). På restauranten ved botnen av taubana sit ein gjeng svenskar som på broderfolkets vis sjekkar rekningane nøye og diskuterer kor vidt dette var billeg eller ikkje.
Reiser vidare til Brašov for å dra til fjells derfrå. Blir til slutt så forseinka eg blir i byen i staden. Det var eit godt valg; flott middelalderby som ikkje er blankpolert, steril og full av turist-sjapper slik vestlege gamlebyar ofte er. Brašov virkar meir velstånde enn Bucurešti, ikkje så mykje forfall og synleg fattigdom.
Et nok eit godt måltid: hawaischnitzel og mineralvatn servert i flotte raudvinsglas. Går fyrst feil og hamnar til stor moro for serveringsdama på ein bar som berre er for damer.
Blomsterprakt i Bušteni. |
Utesjakk i Brašov. |
Hadde selskap med ein ordknapp amerikanar på toget hit. Han var svært verdsvand og hadde reist åleine i Kina og Vest-Afrika. Det siste var visst strevsamt. Tilbaketuren var saman med ei engelsktalande jente frå Brašov. Ho bur i Bristol, baud meg Tuborg, gjekk i cowboy-hatt. Cora var akkurat det motsette av ordknapp, men eg kom til orde i blandt. Velkome er det uansett med reisefylgje ein kan snakka med. Desse gamle tog-kupeane med seks eller åtte plassar er som skapte for å skapa kontakt mellom folk. Turen kunne godt vard lengre for min del.
Sinaia - Sighišoara |
25/6-2002 | (dag 47) |
Endeleg kom eg meg opp i Bucegi-fjella (Karpatane). |
Er tidleg oppe og tek taubana til fjells. Det var godt å koma opp på 2000 meter. Taubana er av italiensk fabrikat og frå 1970, men den kan for all del ha mange år att før den dett ned. Italiensk fabrikat er betryggande, men kva med rumensk vedlikehald ? Får lyst til å bli ein dag til for å gå i fjellet, men byrjar å koma under tidspress. Det vart ein kort fjell-tur, men tek frukost på restauranten der oppe. Bamsen ser eg ingen ting til.
Veret sler brått om til rotbløyte. Resten av dagen går med til dette brevet, reiseplanleggjing og Tyskland-Korea. Er glad Tyskland vinn. Er det noko Sør-Korea skulle hatt medalje for måtte det vera halding i trøya og armbruk. Toget går kl. 18:03 og eg er ute av provinsen Valachia. Transilvania og Sighišoara er neste stopp.
Har avtalt med Geir at me skal møtast i Bamberg 4.juli og har enno to stader til i Romania eg SKAL innom, Sighišoara og Maramureš. Har enda opp med å bli lenger enn planlagt i dette landet òg, likar meg like godt som i Bulgaria og Hellas og det er meir spennande å reisa her. Dette var det landet eg var mest skeptisk til, men det har vore ein fornøyelse hittil. Einaste unntak er hotellet i Bucurešti.
© 2002 Jomar Hønsi treff sidan 25/4-2004. Statistikk


