![]() |
Reisebrev 10 25/6 - 30/6 2002 |
Romania (Transilvania) |
Om reisebreva | ![]() |
![]() | LinkarReiseruteSighișoara Brașov Sighetu Marmației Săpânta Baia Mare Motel Buti Memorial Sighet Vlad Țepeș Elie Wiesel CFR |
Sinaia - Sighișoara |
25/6-2002 | (dag 47) |
Gate i gamlebyen i Sighișoara. |
Hovudgata med huset til Dracula (det gule til høgre). |
Høljeregnet er ei god avveksling etter steikvarmen dei siste dagane. Toget er som vanleg forseinka, og som vanleg heller skite. Dei to rumenske medpassasjerane og eg slit med samtalen sjølv om viljen er upåklageleg fra alle partar.
På stasjonen i Sighișoara blir eg kapra av ei dame som tilbyr overnatting, denne gongen på engelsk. Ho viser stolt fram namnet sitt i Rough Guide. Eg set meg for fyrste gong inn i ein Dacia, ein rumensk Renault-kloning. Etter kakkerlakkane i București er eg vorte like prippen på overnatting som ei husmor i 30-åra så no vil eg godkjenna staden fyrst. Den er skinande rein, ligg midt i gamlebyen og aksepten kjem utan nøling.
Sighișoara gjer inntrykk med ein gong. Denne middelalderbyen SER gammal ut, ikkje så opp-pussa og kommersialisert som gamle byar i Vest og Mellom-Europa ofte er. Den minner om tsjekkiske småbyar for 10 år sidan, forfallen og målingsliten, men det kler byen godt. Ein av byportane er eit fantastisk kråkeslott og dessutan ligg huset til Vlad Dracul midt i sentrum. I Hotel Sighișoara et eg nok eit herremåltid. På bordet er eit vinglasutvalg og ei bestikksamling som får usikkerheita til å slå rot i sjela.
Dracula var ekte nok, fødd i 1431, men vart "oppdaga" på ny og forvrengd av den irske
forfattaren Bram Stoker i førre hundreåret. Rett nok vart han berykta alt medan
han levde men blodsuginga er reint oppspinn.
Som ung mann vart han send som gissel til sultanen i Antalya der han lærde
torturmetodar som han seinare tok i bruk MOT tyrkarane.
Han fekk tilnamnet "Țepeș" (Spiddaren) avdi
han på lite humant vis tilla seg vanen å spidda tyrkiske fangar på påle.
Det er nok her det frynsete ryet kjem frå. Blant rumenarar er han mest
kjend som motstandsmann. Det er for tida stor diskusjon om det skal byggjast ein Dracula
tema-park. Då blir det nok lettare å selgja han som vampyr enn som geriljasjef, i alle fall
til oss utlendingar.
Sighișoara |
26/6-2002 | (dag 48) |
Ortodoks kyrkje i Sighișoara. |
Tak i gamlebyen. |
Både rommet og frukosten hjå Christina Faur er svært bra. Dei har berre to rom, men driv akkurat no og lagar til to til som skal vera klare til ein føreståande middelalderfestival.
Ser Brasil-Tyrkia på ein folkets bar. Blir invitert til bordet av eigarane og teken godt vare på. Ein av dei som sit der snakkar flytande tysk og det viser seg at han er frå den tysk-talande minoriteten, i Romania omtala som saksarar. Desse er det no svært få att av, men det var tyskarane som i stor grad bygde opp byar som Sighișoara, Brașov og Sibiu. Dei vart invitert til Transilvania av den ungarske kongen for å verna området mot tyrkarane. Denne karen er ein nesten pensjonert gymnastikk-lærar. Han ber om ein slant då me fèr og eg stussar over at vanlege folk i fullt arbeid må tigga for å spe på inntekta. "Ich bin sehr arm", klaga han.
Om kvelden vågar eg endeleg steget ned på ein vanleg restaurant, Pizzeria Quattro Amici. Det var heilt i orden. Prøver eit par barar. Den eine er ein heavy-rock bar som minner om potet-kjellaren på Hønsi. Det einaste den har i tillegg er sprit og varmt øl, trebenker, dyreskallar på veggene. Den andre baren har kaldt, godt øl frå Timișoara og spelar ACDC. Dette er sjelebot etter alt pop-mølet eg har blitt fora med sidan Hellas. Rumensk øl er greitt nok men blir ofte servert lunka. Ein blir stort sett godt mottaken på barane og dei som serverer snakkar gjerne litt engelsk.
Sighișoara - Beclean pe Șomeș |
27/6-2002 | (dag 49) |
Det blir ein knipserunde til i den fotogene byen før frukost. Snakkar med eit par danskar om Romania. Dei vore her i fleire månader og har berre godt å sei om folket og landet: "Menneskene her er søde". Frukost under vinrankane til familien Faur er ikkje av vegen.
Dagens mål er Maramureș, eit isolert område heilt i nord langs grensa mot Ukraina. Eg ville ta bussen nordover men den eldre dama på stasjonen fortel bryskt at det er fullt. Må altså belaga meg på ein heil dag med tog-reising, tvilar på om eg kjem fram i dag.
Eg kjenner på nokre urovekkjande rørsler i magen og uhyggelege minne frå 1985 blir vekte til live. Både rørslene og dei pinefulle minna går over etter ei tung avlevering på komfortabel sitjedo.
Frukost hjå familien Faur. |
På stasjonen får eg straks selskap av tiggarungar. Ei 10 år gammal jente får nokre lei-sedlar og då syter ho for å fortelja dei andre at eg har "no money" slik at dei gir seg. Det er tydeleg at no er eg hennar ekslusive inntektskjelde, at det er ei slags ordning for å regulera tigginga. Det er ikkje moro med desse skitne og magre ungane, slikt har eg ikkje sett i noko land eg har vore i før.
Blir overvelda då toget kjem. Det er eit EuroCity tog med prikkfrie ungarske vogner, reine og med klimanlegg. Eg er visst på veg til å bli luksus-tilbedar, nyt verkeleg denne turen!
Nokre avis-selgjarande ungar har kome seg med toget. Eg får tre av dei som fylgje, til trass for enkel påkleding tek dei meg for Onkel Skrue. Det nyttar ikkje å sei at eg ikkje forstår rumensk, for då det blir lagt fram eit nummer av tidskriftet til det Tysk-Tsjekkiske Industri og Handelskammer.
Dette er berre av måteleg interesse men DET er ikkje poenget her, så eg kjøper lesestoffet. Like etter dukkar gårsdagens Guardian opp og Den betaler eg gladeleg ein liten EURO-formue for. Har ikkje lese ei avis sidan Khaniá på Kreta, nesten fire veker sidan.
Jenta som sel avisene fortel at ho miste foreldra sine i ei bilulukke for 2 år sidan (fyllekøyring) og bur hjå ein anna familie no. Eg undrar seg på kor det sosiale sikkerheitsnettet er vorte av men kjem så i hug at under Ceaușescu vart heimlause ungar sperra inne i institusjonar under ufyselege forhold. Då er det kanskje betre at dei går på gata eller sel aviser på tog, desse ungane smiler i alle fall. Korleis det har seg at dei køyrer luksustog, veit eg ikkje.
Det blir mange tog denne dagen, fint landskap og fint reisever. Har togbyte i Alba Iulia, Razboieni og Dej-Calatori. På den siste stasjonen er serveringsdama i kaféen så smekker at eg i forfjamselsen mistar vekslepengane på golvet. Situasjonen er sikkert ei studie verd, men eg fekk ein god, kald Ursus halvliter ut av det.
På toget vidare deler eg kupé med ei mor og ei dotter. Den yngste kan italiensk og det blir enkel samtale ut av det. Vert uungåeleg spurd om eg er gift. Då svaret er nei vert det fnising, talande blikk og samtale mellom dei to. Eg forstår at dottera kjem med hint til mora. Har vore ute for at mødre prøver å gifta vekk døtrene sine men det er eit sikkert aldringsteikn at det no er omvendt. Giftemålet skar seg for i Beclean pe Șomeș må eg ta kveld. Damene skal vidare til Bistrița.
Hotell Șomeș var som eit museum frå sosialismens dagar, noko eg set pris på. Om nokre år går det ikkje lenger an å oppleva slikt. Byen var den einaste eg hittil har vore i som ikkje er kjend som turist-mål, altså eit slags rumensk Lillestrøm eller Hokksund. Det virka nokså velhalde og eg var ikkje var ute for ein einaste gateunge eller tiggar.
Her måtte det etast proletært, det fanst ingen alternativ for fint folk. Meny var ikkje tilgjegenleg men eg fekk bestilt noko eg i det minste forstod kva var. Snitselen og garnityret var heilt i orden. Eg ba om eit glas vin, til ein forandring frå dei litervis med bere(øl) egf har for vane å setja til livs. Den vart servert eit glas på 0.4 liter! Kvitvinen var god men EITT glas var rikeleg. Eg hadde no endeleg overvunne førestillinga om at folkeleg rumensk føde kunne medføra dagevis med pinsler og skjærseld på doskåla. Ein mental barriere var broten og eg var vorte eit friare individ.
Avslutta kvelden med ein øl på Intim Bar Pati. Lesaren tenkjer vel her sitt, men baren var heilt normal bortsett frå namnet. Den serverte varmt øl til 2 kroner halvliteren.
Siste stopp var ein bekmørk internett-kafé med minst 200 mygg per kunde. For transport vidare har eg valget mellom tre variantar av kolera og pest: tog klokka 3, 4 eller 6. Som sju-sovar tek eg sikte på det siste.
Beclean pe Șomeș - Sighetu Marmației |
28/6-2002 | (dag 50) |
Kyrkje i Sighet. |
Den helvetes myggen får meg ut av senga grytidleg. Dei foraktelege kreka summar inn i øyra og det er for varmt til å ha dyne på. Eg er dermed lysvaken og illsint klokka 3. Eg forbannar inderleg insekta, tek ein dusj og legg i veg til stasjonen. Helvete her eller hevlvete der, det blir det same. Stasjonshalla er det alt full av passasjerar, mange søv på benkerene.
Det sler meg kor fattigslege folk ser ut og kor ille det er med reinsemda. Ein har denne uvaska lukta overalt; på stasjonar, tog og bussar. På butikkar og restaurantar derimot er det langt betre.
Stasjons-baren er open "non-stop", dvs. 24 timar i døgnet. Morgon-kaffi klokka halv fire og apatisk glaning på ein amerikansk B-film er ein start på dagen eg ikkje opplever for ofte, heldigvis.
Billett til 4-toget får eg, men dama i luka var lite blid for å bli uroa. Toget kjem nokså fort, men grunna forseinkingar er alt ute av takt så eg hamnar på feil tog. Slepp på ved å betala tillegg. I eit liknande tilfelle i Sinaia vart ein amerikanar og eg bedd om å gå av. Det ville vore ein lite lystig lagnad akkurat no. Eg har kupé for meg sjølv og somnar sjølv om det er kaldt i vogna.
Vaknar att til solskin oppe i fjella. I det frodige og vakre landskapet, augnast både hesjar og høysåter. Hesjane har ikkje streng, berre staurar på tvert. Ute på bøane er karane alt i gong med slått-onna. Der er ikkje ein traktor å sjå, alt blir gjort med ljå. Ljåblada er mykje lengre enn dei eg er vand med, krummare, meir lik dei enn ser på gamle teikningar av mannen med ljåen. Til eventuelle lesarar frå tettbygde strok kan eg opplysa at eg sjølv høyrer til den sjeldne rasen som KAN slå med langorv, utan at det dermed freistar å hoppa av toget klokka seks ein flott junimorgon.
Dette var ein fin togtur opp mot og langs grensa til Ukraina. Det går seint, noko som gjev tid til å nyta landskapet. Det er sant det eg har høyrt om Maramureș, tida her må ha stått stille. Karane går i hatt og kvinnfolka i skaut, det minner meg om om gule, falma bilete av oldeforeldra. Eg las ein gong at her i området kan ein risikera gapestokk for å fisa under sundagspreika, ein interressann skikk som nok gjekk av moten for mange år sida i andre delar av kristenheita.
Framme i Sighetu Marmației (Sighet på folkemunne), legg eg meg inn på Motel Buti, reint, hyggeleg og komfortabelt. Byen er større enn eg trudde, dette er IKKJE ei landleg bakevje. Tek inn at noko av søvnen og ser litt på byen. Bortsett frå nokre kyrkjer og eit par museum er det ikkje allverda å sjå, dei fleste som kjem hit brukar nok byen som base for å vitja bygdene i Maramureș-provinsen.
Nobel-prisvinnaren Elie Wiesel vart fødd her, huset er no museum som for tida er stengt. Elie Wiesel var mannen som først tok i bruk omgrepet Holocaust, han sat sjølv i Auschwitz. Før krigen var 40 prosent av innbyggjarane i Sighet jødar, svært få av dei kom frå utryddingane i live.
Minnesmerke og museum for kommunismens offer. |
Klosteret i Bărșană. |
Eg la vegen innom Memorialul victimelor comunismului. Museet held til i eit tidlegare fensgel i Sighet. Eg kjem sjeldan ut av eit museum gripen, men no gjorde eg det. Den rumenske førkrigs-eliten sat internert her frå slutten av 40-talet. Dei hadde det betre enn andre fangar, men mange døydde likevel. Kontakt med omverda vart stoppa og mange vart galne, dette var trass alt folk som var vande med eit aktivt liv. Eg fekk eiga omvisning på engelsk, og prisar meg lukkeleg over at eg er fødd på rett stad til rett tid, Vik i Sogn i 1960 etter Kristus.
Liliana, guiden på muséet, inviterer på biltur til klosteret i Bărșană, mannen Nelu køyrer i ein gul Dacia. Dette er like greitt, ellers hadde eg gått rett i tenkjeboksen, grublande over menneskets ibuande svinehund og forhøyrsromma til Securitate.
Klosteret i Bărșană er bygd i tre. Gudshus av tre er typiske for Maramureș, Vest-Ukraina og deler av Slovakia og Tsjekkia, for ikkje å gløyma norske kyrkjer. Inne i klosteret blir eg moda av Liliana til å skriva ei forbøn til nokon nære som så skal lesast opp under neste preika. Eg vrir meg, mumlar at eg ikkje er truande og ikkje kan forfatta denslags. Det endar likevel med at Liliana set saman ei forbøn for foreldra mine. Ikkje at eg trur dei treng det meir enn andre, men høvelege personar MÅTTE peikast ut.
Sighetu Marmației og Săpânta |
29/6-2002 | (dag 51) |
Dagen går fyrst med til å sjå seg rundt i Sighet og så å finna ut korleis eg skal reisa herfrå og vestover. Eg fablar om å reisa til Koice i Slovakia via Ukraina, men det blir for mykje styr grunna visum-plikt og usikre tog-tider.
Tek ein busstur til "Den Glade Kyrkjegard" (Cimitirul Vesel) i Săpânta. Dette er ein triveleg gravplass med rosemåla gravstøtter i tre. Her har alle gått ned med flagget til topps og eit stort glis.
Det er laurdag ettermiddag og folk er klare til fest på bygda. Det skulle vore ein opplevelse å vera med på men har avtala å møta Liliana på kafé så det får vera. Buss tilbake fann eg ikkje, men då eg spør folk langs vegen er det ingen grenser for hjelpsemd. Ein folkekomité samlar seg, ein bil blir stoppa og turisten køyrd tilbake til byen.
Klemd saman mellom døra og ei svær dame, har eg enno litt pust att då me kjem fram. Sjåføren peikar over mot Ukraina, ristar på hovudet og fynser: MAFIA! Det er eit gjennomgånde trekk der eg har vore at på andre sida av grensa er det ille, der er dei ikkje til å stola på. Grekarane er dei mest overtydde i eigen nasjonal fortreffelegheit, men andre ligg berre stubben bak.
Gardstun i Săpânta. |
Săpânta: "Den Glade Kyrkjegard" (Cimitirul Vesel). |
Kjem for seint til å gå på kafé med Liliana, så det blir pizza, Tuborg og tidleg kveld. På muséet kjøpte eg ei bok om historia til det rumenske kommunistpartiet. Den blir slukt på få timar. Vanlegvis les eg berre guidebøker og internett-sider før og under ein ferie, men ein har att for å grava djupare.
Sighetu Marmației - Valea lui Mihai |
30/6-2002 | (dag 52) |
Liliana med familie. |
Eg finn endelege ut av ferda vidare etter timar med leiting i rutetabellar på internett. Etter den obligatoriske VM-finalen vil eg ta buss til Baia Mare og så natt-tog vidare til Budapest. Derifrå blir det å koma seg snøggast mogeleg til Tsjekkia.
Eg stikk innom muséet att, og no ber Liliana meg med heim for å sjå VM-finalen saman med sonen og mannen. Ho må tilbake på arbeid, men me kosar oss med fotball. Mat, øl og plommebrennevin kjem på bordet, gjestfriheita er upåklageleg. Det er stas å ha besøk og Liliana blir glad då ho får mi gamle The Guardian, ei ekte engelsk avis. Ho snakkar godt engelsk og mann og dei to borna klarar seg òg. Eg er glad og tilfreds, over alt her i landet har eg vorte godt motteken.
Nelu og sonen køyrer meg til buss-stasjonen og ferda vestover kan ta til. Klokka er no 17:20 og bussen er klar til avgang. Den hittil lengste enkeltetappen på heile turen står for døra. Reknar med å vera framme i Bűeclav, fyrste byen i Tsjekkkia, utpå dagen i morgon.
Fyrste etappe vestover er enno i Romania, ein busstur til Baia Mare. Bussen er sliten, skiten, trang og smekkfull. Eg er ein av dei heldige som har sitjeplass. Turen går over eit fjellpass, nok ein gong gjennom flott landskap. Fort går det ikkje, dei 6 mila tek to samfulle timar. Me har pause på toppen og ein får strekt litt på sine etter forholda altfor lange bein.
Framme i Baia Mare får eg sett vekk ryggsekken på stasjonen. Tog-avgangen er 23:20 så eg har tre timar til å sjekka e-mail og drikka øl. Planen er nattog til Budapest, men finn fort ut at dette ikkje er noko internasjonalt luksus-tog der ein berre legg seg på puta i ein ende og vaknar utkvild i den andre. Berre to av vognene skal heilt fram, og dei har berre sitjeplassar. I Baia Mare sel billett berre til Valea lui Mihai på grensa.
Der er det akkurat tid nok til å ordna reisa vidare til Budapest medan dei stokkar om vognene. Billett får eg utan problem, svimar over sviller og pukkstein litt etter klokka 2 om natta. Finn att vogna mi og tek formelt farvel med Romania. I motsetning til på førre turen forlet eg landet sunn, frisk, ved godt mot og med avføring av ypparste kvalitet.
Romania - etterord
Som det går fram av tidlegare reisebrev var eg både skeptisk og spent på Romania. Mine eigne erfaringar frå 1985 var nærast eit mareritt og det eg hadde høyrt av andre om stoda i nyare tid var òg til å bli skeptisk av. Fattig og kriminelt belasta var gjennomgangsmelodien, og guideboka "Lonely Planet" bygde godt opp under uroa med si lange liste over "Dangers and annoyances".
Skrekkvisjonen om meg i Romania var som fylgjer (sett litt på spissen): sosialt isolert, diaré-befengt, psyka ut av sure matroner i "service"-yrka, utsliten, stinn av grisemat og dårleg øl, utpressa av korrupte tollarar, rundlurt av kelnarar, trist som fan og flyktande hals over hovud vestover knugande på dei få eignelutane som enno ikkje var stolne.
Det måtte bli opptur og det vart det. Eg er rettnok ikkje overbegeistra over hovudstaden, men i det heile er eg svært glad for at eg tok meg så god tid i Romania. Maten var god over alt, folk hyggelege og hjelpsame, språkleg klarar ein seg bra, mykje flott natur og rikt på opplevingar ein ikkje kan venta seg i våre gjennomregulerte og velståande heimland.
Romania er det landet eg har vore i som har lengst att på vegen bort frå "sosialismen" så det er nok av tidsreiser å oppleva. Maramureș er ein unik region, den har knapt spor etter kommunismen heller. Sighișoara er ein middelalderby så middelaldersk som det kan bli i våre dagar. Det skal òg nemnast at det er rimeleg å eta og drikka, ein skal slita for å bruka meir enn 50 kroner på eit fullt måltid. Øl er 2-4 kroner halv-literen.
På den andre sida er det mykje elendigheit å sjå, og for den som er overfokusert på komfort og reinsemd finst det nok meir eigna reisemål. Likevel, ein kan reisa komfortablet i Romania men då er ikkje offentleg transport tingen og ein bør spandera ein del på overnatting. At ein skal passa på sakene sine er det ikkje tvil om, spesielt i București, men at Romania er så mykje verre enn andre land tvilar eg på. Rough Guide beskriv landet som relativt trygt å reisa i. Omtrent all reisinga vart med tog, men òg privatbil, buss og metro. Transporten er rimeleg, men det kostar ekstra med finare og snøggare tog.
Balkansk etterord
Eg vil ikkje samanlikna Hellas, Bulgaria og Romania med omsyn til kva som er det "beste" landet å reisa i. For meg har alle tre landa vore ei oppleving kvar på sin måte. Hellas er langt meir utvikla materielt men òg langt dyrast. Bulgaria kom best ut med god mat, men språkproblema la til tidar ein dempar på trivnaden. Dei mest minneverdige opplevingane hadde eg i Romania, på godt og vondt. I alle landa har eg vorte godt motteken.
Vil ikkje blanda meg inn i "debatten" pakkerurist mot ryggsekkturist. Det kjem an på kva ein vil i ferien, kor god tid ein har og ikkje minst kven ein reiser med. Av og til kan behovet for å slappa av overgå eventyrlysta. Andre gonger vil ein gjerne vera saman med nokon, då er det ikkje så nøye kvar og korleis ein fèr.
Ein kan ha det fint både som syden-turist, tog-turist, buss-turist, storby-turist, øy-luffar og taxi-turist. Uansett blir det kva ein sjølv gjer det til. Eg er priviligert som kan sei "Ja takk, begge deler". No står ei ny oppleving for døra: BIL-TURIST. Gler meg til å treffa Aslak, Bente og Geir i Bamberg om nokre dagar, kunna snakka mitt eige språk att.
© 2002 Jomar Hønsi treff sidan 25/4-2004. Statistikk


