Reisebrev 11
1/7 - 4/7 2002

Romania - Bamberg

Om reisebreva
Map


Valea lui Mihai - Budapest - Břeclav

1/7-2002 (dag 53)

Slik artar livet seg når ein nærmast bur på skjenegangen. Tannpuss på tog-doen, kjøpevatnet er godt å ha.

Turen frå den rumenske grensa til Debrecen går fort men alt der er det ny omstokking og meir uro. Klokka er berre fire og natta virkar endelaus! Det er pokker ikkje fred å få, søvn har det ikkje vorte. Maken til somletog har eg knappast reist over ei grense med. Til overmål fyllest kupéen av feite ungararar slik at det ikkje er plass til å slengja seg nedpå. Kjenner grinebiterske stemningar siga på. Under slike omstende er det ei lukke for potensielt reisefylgje at eg er åleine.

Litt over åtte er me framme på Budapest Nuygati Palyaúdvar (Vestbanen). Fyrste oppgåve er veksling. Dette gjekk aller nådigst. Frøkena i banken fekk eit uvenleg drag i ansiktet ved det minste glimt av kundar. Dette gjorde meg om mogeleg endå meir nedstemt.

Det var ein time å venta på neste tog, nok tid til ei ungarsk pølse og Pepsi i passasjen under stasjonen. Dama som serverte smilte. Det er rart kor avhengig ein er av andre sine smil når ein sjølv er sur (og dermed minst fortenar det).

Reisa vidare fekk opp humøret. Flott EuroCity tog og luksus-tur gjennom Slovakia. Storkosar meg og nyt livet til trass for at eg eigentleg burde ha sove. Skal av i Břeclav, fyrste byen i Tsjekkia, vil overnatta der. Gler meg til å koma til Tsjekkia og nyta det herlegaste øl. Landet er vorte kjent og kjært etter kvart, eg slepp å vera på vakt mot "overraskingar".

Břeclav er eit knutepunkt på grensa mellom Tsjekkia, Slovakia og Austerrike. Det er eit passande avbrot på reisa, eg finn Hotel Terezka og legg meg inn der. Det er oppført i den dystraste sosialistiske stil, men reint og triveleg. Eg sluker med begjær ein skummande Radegast. Det slår meg kor velstånde denne byen virkar (relativt). Det pip i mobiltelefonar over alt, folk er velkledde og velstelte. Park og gater er reine (unnateke sigøynar-området), ser ingen som tiggar.

Finn det kommunale utebassenget. Legg meg ned på plenen og ser litt på dei unge og spreke men sovnar i finveret. Kjem til meg sjølv etter to timar og tek eit par turar i vass-sklia. Ein kviknar fort til av å få øyre-nase-hals høgtrykkspylt.

Et godt på Irish Pub (dei finst over alt), og drikk fortreffeleg Zlatý Bažant og Budvar. Halvt i ekstase drikk eg eit par Velké Popovice på den lite sjarmerande Club Admiral, men kjem i hug att toget i morgon har avgang 5:38. Avstår dermed frå vidare nytelsar.


Břeclav - Mariánské Lázně

2/7-2002 (dag 54)

Etter sju veker på farten er det ikkje lenger mødesamt å stå opp tidleg. Det vert ein svært så fin tur, sjølv om den tok 8 timar. Eg har for det meste eigen kupé og søv godt fram til Brno. Klokka åtte, like før Praha, et eg frukost i bufé-vogna. Egg, skinke og kaffi på full fart vestover, lovprisar min priviligerte eksistens.

Ein medpassasjer tek seg ein øl på morgonkvisten, noko som ikkje er uvanleg her i landet. Saman med Bayern har Tsjekkia høgaste øl-forbruk i verda, det blir drukke av alle mann til alle tider. Utruleg nok er ikkje tsjekkarar så feite som naboane i vest, dette til trass for matvanar som ville fått Det Norske Sunnheitspoliti til å lyfta peikefingeren.

Mariánské Lázně (Marienbad) med si kolonada: ein eigna stad for eit tilbakelena liv.

Dagens mål er Mariánské Lázně (Marienbad), ein av Mellom-Europa sine mest kjende kurstader. Eg finn fort overnatting hjå Mikulaš Mulko, får ei heil leiligheit til 90 kroner!

Startar med ein tur i byen, ei vandring blant elegante hotell, stilfulle kaféar, i ei uverkeleg verd. "Oblaty" (vaflar) er ein spesialitet frå dei bøhmiske kurstadene. Det smakar godt her òg, like gode som i den meir kjende naboen Karlovy Vary (Karlsbad), litt lenger nord. Desse vaflane er ikkje det ME forbind med ordet. Dei er tørre, runde og kjeksliknande. Konsistensen er som nattverdsbrød, men smaken er Kristi lekam langt overlegen.

Det aller meste her er skilta på tysk, det er trass alt berre nokre mil til grensa. Russisk ser ein òg mykje av. Dei helsesame kjeldene i kurstaden er på mellom-europeisk vis bygd inne mellom søyler og kuplar.

Om kvelden kom eg over rocke-klubben RC Morrison i forstaden Hamrniky. Til trass for namnet og plakatar av Jim Morrison på veggene spela dei tekno. Dette var grunn god nok til IKKJE å lika seg.


Mariánské Lázně var populær blandt dei som ein gong var noko. Mange har vore innom, lista omfattar fylgjande rangspersonar:

Kvar enn ein fèr i Mellom-Europa, har Goethe vore innom, slik og i Mariánské Lázně. Han hadde ein tydeleg preferanse for kurstader. Om han var spesielt pleietrengjande veit ein ikkje, men han nytta i alle fall tida til å springa etter damer (men sikkert òg til dikting). Som 70-åring kurtiserte han (flaug etter) den 17 år gamle Ulrike von Lewezov her. Hadde menn på halve alderen drive same sporten, kunne dei fort vorte tekne for gamle grisar. Det er utruleg kva ein kan gje seg i kast med, berre ein er skrivefør nok. Det seiest rettnok at den store skalden hadde liten framgang med frøken Ulrike.


Mariánské Lázně (tur til Chodová Planá)

3/7-2002 (dag 55)

Etter lange reiser kviler ein seg godt og får god frukost av frua i huset. Dagens einaste mål er bryggeriet Chodovar i Chodová Planá. Matias, ein av tyskarane eg møtte i Bulgaria, skrytte slik av denne staden at eg valgde å leggja vegen innom. Chodovar er eit lite bryggeri men har teke i bruk fantasien. Restaurant og museum er bygd inne i fjellet.

Godsaker blir bryggja hjå Chodovar (men enno luktar det vondt).

Her er resultatet.

Eg kom tidleg, fekk meg ein god øl og ein assortert skinke-tallerk i Restaurace ve Skále. Begge deler smakte fortreffeleg og dei utsøkte omgivnadene sette prikken over i-en. Restauranten er smakfullt innreia og prisane ligg på tsjekkisk nivå, altså ikkje skrudde opp for å mjølka turistane. Staden er tydeleg populær både blandt innfødde og tyskarar.

Kom i prat med eit triveleg ektepar frå Brno. Det er vanleg med langbord på tsjekkiske pubar, dermed er det vanskeleg å vera asosial. Dei spurde om eg var til behandling, noko som fekk meg til å glisa. Såg eg ikkje frisk ut eller ? Etter nærare ettertanke var ikkje spørsmålet så dumt. Mange kjem til Mariánské Lázně nettopp av den grunn, og eg vart flau då mannen sa han var her som hjartepasient. Etter litt roing var eg komen i land att.

Ei bryggeri-omvisning var med, rettnok berre på tsjekkisk. Tyskarane avslo bryskt men fekk med ein video som plaster på såret. Eg forsto heller ikkje så mykje, men fekk i alle fall SETT bryggeriet. Dei brukar opne gjæringstankar, noko som er uvanleg no for tida. At noko som luktar så ille kan bli så godt skjønar eg ikkje. Tok eit autentisk bilete av ein autentisk arbeidar med autentisk hockey-sveis. Han var jamvel inne i ein gjæringstank.

Inne i Pivovarská Restaurace ve Skále kan ein få både fast og flytande.

Eit lite museum er tilknytta bryggeriet og restauranten. Utstillingsobjektet til venstre.

Resten av øl-utvalget må og smakast, så eg tek på ny plass i restauranten. Tre røslege karar frå Hodonín (på grensa mot Slovakia) sit der, dei er fotturistar som har teke pause. Dei fortel om då dei var på Galdhøpiggen og skryter voldsomt av Norge. Eg held heller ikkje att lovorda om Tsjekkia. Dette er tolvte gong eg vitjar landet så eg mislikar meg tydelegvis ikkje. Mange tsjekkarar eg har snakka med opp gjennom åra har vore i Norge, ofte på fjelltur eller fisking. Folk har ofte kunnskapar om det høge nord som langt overgår det ein vanlegvis opplever i andre utland. Det blir fleire øl og hjarteleg forbrødring.

Alle gode ting tek slutt. Bussen eg skulle teke går av ein eller anna grunn ikkje, så eg prøver å haika. Gjev opp, set meg i lokalkneipa ei stund og ringjer til slutt etter drosje. Utafor Praha har heldigvis ikkje uskikken med å lura turistar gripe om seg, har aldri hatt problem med drosjane i provinsen. Tsjekkarar flest klagar òg over uvesenet i hovudstaden. Legg meg ned for ein liten lur klokka åtte, men det vart slutten på den dagen.


Mariánské Lázně - Bamberg

4/7-2002 (dag 56)

Bambergs Altes Rathaus ligg på ein holme midt i Pegnitz.

Toget går først 9:06 så eg klarar meg bra trass dei mange øla i går. Tsjekkisk øl er skånsamt mot kroppen, ein kan drikka mykje utan å bli slegen ut. Det vanlegaste ølet (10 grader) er òg svakare enn vårt eige.

Tek ein siste fotorunde i kurstaden, og myser på folk (sjuke, innbilt sjuke eller berre turistar). Dei drikk kurvatn av tuten på små porselens-mugger. Slik skal det føregå. Det må vera fordelaktig for rekonvalesensen å drikka av porselén. Ser nokon at ein drikk av plastikkbeger riskikerer ein tvertimot å bli sjukare grunna innbilt sosialt prestisjetap. Her lyt ein vera nøyen med formene.

Dette er fjerde lengre togtur på fem dagar, så det skal bli godt med forandring. Rart å koma tilbake til plettfrie Tyskland. Stasjonen i Nürnberg er så rein at ein kan eta si weißwurst rett frå golvet. Overalt heng plakatar som forkynner "Hausordnung", vidare kommentar trengst ikkje.

I to-etasjes tog går siste etappe opp til Bamberg. Eg ordnar "Unterkunft" (overnatting) i Gasthof Heerlein, eit ekte bayersk gjestehus i landsbyen Wildensorg,5 km utafor Bamberg. Har tid til ein runde i vakre gamle Bamberg før eg reiser tilbake og dirigerer Geir, Aslak og Bente i hus via mobil.

Det skal bli godt å møta kjentfolk og kunna snakka eige språk. Eg legg mus og tastatur på hylla inntil vidare. Tida fram til 15.juli 2002 vil bli protokollført av Bente Myklatun.


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk