![]() |
Reisebrev 13 15/7 - 19/7 2002 |
Tyskland (Dresden) |
Om reisebreva | ![]() |
![]() | LinkarReiseruteDresden Dresden Neustadt Kunsthof Passage El Perro Borracho Planwirtschaft DB |
Dresden |
15/7-2002 | (dag 67) |
Eg vart sett av på Carolaplatz om ettermiddagen. Turen frå Praha hadde gått seint, feilkøyring, dårlege vegar og kø på grensa sytte for det. Fekk heldigvis høve til å letta den tunge ryggsekken for overflødigheiter og dessutan senda heim masse bilete for trygg oppbevaring.
Takkar hermed Bente, Aslak og Geir for fylgjet!
Hans og Eva. |
Etter ein kort telefon til Hans (Raschke) vart eg plukka opp på parkeringsplassen ved Sarassinerstrasse i Dresdner Neustadt. Det var ikkje berre berande på ryggsekk denne gongen, hadde med tsjekkisk øl og kroatisk konfekt til vertsfolket.
Som vanleg hjå Hans og Eva vert eg kongeleg motteken. Det er tre år sidan siste besøk og like triveleg kvar gong. Her vert eg godt teken vare på og det er alltid noko å prata om.
Me har felles interessa for historie og spesielt Tsjekkia. Hans har eit tonn bøker ein kan bla i ved ledige stunder. Ville låna "Mein Kampf" men den var vorte bortpakka, vertsfolket mitte hadde nettopp flytta inn att etter renovering. Eg har alltid vore forviten over kva som låg bak nazismen, skreiv særoppgåve om emnet på gymnaset. Hans, som vaks opp i 1930 og 40-åra, snakkar av og til om det ubegripelege i at ein kulturnasjon kunne enda opp i det verste barbari nyare historie kjenner til.
Hans var komen heilskinna gjennom ein hofte-transplantasjon og er no heilt førleg att. Det var to år med sterke plager. I tillegg kom opp-pussing av bustaden i Bischofsweg 104C, dei måtte flytta ut medan renoveringa stod på. Eva fekk mykje skryt for innsatsen i den perioden. No er alt på plass att, med moderne innreinad. Den gamle brunkol-fyrte varmtvass-tanken er borte. I det heile er det få ytre spor att av det gamle DDR. Likevel er det vanskeleg for mange, spesielt dei eldre, å venja seg til alt det nye.
Dresden |
16/7-2002 | (dag 68) |
Kveld i Bischofsweg 104c, kanina har fast plass. |
"Aufstehen" blir etter ni, deretter tek eg ein tur på Cybercafé for å skriva mine etterkvart daglege stavelsar. Der oppdagar eg att eg berre har tsjekkiske kroner i lommeboka. Dama er lettare oppgitt, noko ho legg det minste skjul på. Eg legg att mobilen i pant, spring heim og hentar EURO! Sidan er me vener.
Ved tidlegare besøk har eg vore med rundt på diverse utflukter så har sett relativt mykje av delstaten Sachsen. Eg har i nokre veker slite med sene-betennelse i aksla, og vil helst ta det roleg. Har merka att transport og risting ikkje er bra. Samstundes slepp eg bry vertsfolket med unødig bilkøyring.
Det er ein varm dag, drikk to gode Feldschlösschen på balkongen og så tek me ein runde i byen. Mykje av renoveringa er no ferdig, berre den sundbomba Frauenkirche har nokre år att. Gjenreisinga er eit imponerande prosjekt.
Dresden har enno store, opne område midt i byen som vitnar om det katastrofale allierte bombe-åtaket 13.februar 1945. Dette er enno eit kontroversielt emne. Byen hadde liten militær betydning og krigen skulle likevel ta slutt knappe tre månader seinare. Det var mange flyktingar i Dresden på den tida så det er uskikkert kor mange som omkom. Anslaga ligg frå 35000 og oppover mot 130000. Er dette siste rett, så har det vore ein større tragedie enn atombombene over Hiroshima og Nagasaki.
Dresden |
17/7-2002 | (dag 69) |
"Der Hase" (haren) vert denne 7-åringen kalla. |
Rikhaldig frukost og tur i byen for å ordna billett til Praha. Eva er med eit stykke for å kjøpa mat til oss og kanina, av vertsfolket kalla Hasefutter (harefor).
Eg skriv ferdig Romania-breva og planlegg litt vidare. Kjøper med øl heim frå Spar. Aust-Tyskland har mykje godt: Wernesgrüner og Hasseröder er mine favorittar. Feldschlösschen frå Dresden er òg brukbart. Luksus-brygget Radeberger er bra men oppskrytt. Øl i butikken er billeg: omtrent € 0.50 for ei halvliter-flaske. Ute kostar det gjerne € 2,50 for 0.4 liter. Dette er prisane her i Dresden. I ølrike Bayern kjem ein billegare unna.
Hans viser meg "Hausbuch" frå DDR-tida. Alle som budde i Bischofsweg 104C og alle som kom på besøk vart skrivne inn i denne boka. Det er ei grøn bok med hammar og sigd som dekorasjon. Det er rart å sjå namna til min gamle svigerfamilie (Lloyd) og andre engelske gjester som har vore på vitjing her. Det var gjennom familien Lloyd eg vart kjend med Hans og Eva.
Ser fjernsyn og slappar av om kvelden. Kanina, "Der Hase", er med som vanleg og har fast plass i sofaen. Den er no sju år gammal og like feit som den alltid har vore. Den får muesli, sjokolade og mengder av omsorg. Eg skal i 1999 ha omtala den som "Eine Kugel mit Ohren". Den har to dobbelt-haker som den brukar som pute. Eva kosepratar med den, truar med die bösen Wessies, dei vonde vest-tyskarane, om den ikkje oppfører seg. Øl og snaps kjem på bordet, for å sikra god sømn. Dann werden wir gut schlafen, forklarar Hans.
Dresden |
18/7-2002 | (dag 70) |
Steffen og Ursula på kneipa "Planwirtschaft". |
Aksla kjem seg, det hjelper med ro. Om kvelden inviterer Ursula og Steffen meg til ein runde i Kneipenviertel i Dresdner Neustadt. Hans gjev dottera formaningar om ikkje å skjenka den unge mannen full: Mach nicht der Junge besoffen. Han skal trass alt opp klokka 7 og då er "besoffenheit" lite tenleg.
Kjem i hug fyrste besøk i Dresden i 1991. I Neustadt slo det meg kor mange satelitt-antenner det hang på dei slitne husa, berre 18 månader etter revolusjonen. Behovet for informasjon og underhaldning var tydeleg større enn for vedlikehald. No er i tillegg murpussen og målinga på plass. Eg fekk sjølv aldri oppleva det gamle DDR med sin flassande murpuss og mangelfulle underhaldningstilbod.
I Neustadt har det dukka opp over hundre utestader dei siste åra, mange svært originale. Mykje ungdom held til i bydelen og dei set sitt preg på gatebiletet. Det spanske kunstnarhuset er unikt. Me er innom kneiper med namn som El Perro Borracho (Den Fulle Hund) og Planwirtschaft (Planøkonomi). På den siste viser kelnaren fram ei utgåve av Sächsischer Zeitung frå 1958 som forkynner at "Vesten må koma etter", i meininga at den må fyljgja i sosialismens fotefar mot den historisk uuavvendelege klasselause samfunn. I fylgje Marx må dette bli det logiske resultat av klassekampen, hitsoria har sin ende der.
Steffen og Ursula sytte for ein fin kveld, eg vart spandert på under protest. Dette er fyrste gongen eg har vore ute i Dresden til trass for at det er femte besøket. Den vitenskapelege sosialisme er like langt unna som den nokon gong har vore og no er det endå trivelegare her.
Dresden - Praha |
19/7-2002 | (dag 71) |
Den unge mannen vart ikkje "besoffen" og klokka 7 vart han vekt og gitt å eta. Ein er alltid ute i god tid i Bischofsweg, toget går ikkje før 9:55. Eva har vaska alle kleda mine og eg har fått att eit par sokkar eg la att for tre år sidan!
Eg får og med helsingar som eg skal overlevera til vener av Hans og Eva i Svitavy i Tsjekkia. Vert køyrd til Dresden Hauptbahnhof og sedd vel avgarde. Takkar på ny for meg, det er alltid stor stas å vera gjest hjå Raschke.
Togturen Dresden-Praha er etter kvart vorten rutine. Det tek tre timer gjennom til dels flott landskap. Eva har som vanleg sendt med mat som rekk til ei sydpol-ferd, men det er grenser kva ein kan stappa i seg. Det vert alltid ete godt når eg er på vitjing i Bischofsweg 104C. Hans pleier sei at richtige Männer schwitzen beim Essen, ekte mannfolk sveittar når dei ét. Dette er ikkje å overdriva!
Eg sovnar men vaknar tidsnok til å prata med kupé-kameratane frå Leipzig. Dessutan får eg dei på rett spor i Praha.
Eg tek metroen direkte til Nataša, den hyggelege dama me budde hjå forrige helg. Set av ryggsekken og legg ut på gåtur. Dette hjelper den vonde aksla. Traskar rundt i bydelane Vinohrady og Žižkov. Dette til ei forandring, det blir snart nok vassing blant turist-massane i sentrum.
Klokka 20:45 landar Janet og Linda. Dei er tidlegare kollegaer frå Liverpool, dette er andre året me har treff. Fyrste gong var i Belgia i fjor og det vart vellukka. Eg reiser til flyplassen og møter dei, me tek deretter buss og metro heim. Då er det for seint å gå ut, men Nataša lagar mat til oss alle, og té til dei engelske damer. Det er god plass i bustaden, me har kvart vårt soverom, stor stove, kjøken og bad. Innreiing, elektro og vass-innretningar i Nad Svahém 11 er frå ein svunnen tidsalder, men hovudsaka at det er straum i ledningane og vatn i springen.
© 2002 Jomar Hønsi treff sidan 25/4-2004. Statistikk


