Reisebrev 14
19/7 - 23/7 2002

Tsjekkia (Praha)

Om reisebreva Informasjon om Tsjekkia (frå BBC)
Map


Praha

20/7-2002 (dag 72)

Solnedgang over Staré Město.

Linda og Jomar i Zlatá Ulička.

Me bur i bydelen Krč, langt nok frå sentrum til at me må bruka metroen. Vertinna, Nataša, hadde laga frukost til oss denne fyrste morgonen. Me var komne hus seint kvelden før og hadde ikkje fått organisert noko. Eg hadde levd på nistepakken frå Eva heile dagen.

Fyrste forsøk på å eta inne i sentrum går ikkje så bra. Ein får stadfesta alle stereotypar om dårleg service, i og med at me IKKJE får servering i det heile og forlet åstaden i "disgust". Dette var dårleg reklame for den vakre tsjekkiske hovudstaden. Slikt har eg aldri vore ute for her, sjølv om det har vore like ved eit par gonger. Mat og drikke får me etterkvart andre stader

Dagen ellers går med til å driva rundt i Staré Město, ein av dei fem originale bydelane i Praha. Er blant anna innom puben O'Che i Liliova som eg naivt alltid har trudd er "cubansk" ettersom det heng nokre Che Guevara greier utafor. Den viser seg å vera gjennomført irsk. Det må engelsktalande til for å gjera meg merksam på dette ordspelet (utt. O'Shea). Ellers vart det mykje vassing blant turistar og krystall-butikkar langs Karlova. Akkurat den opplevinga er ikkje så ny spennande lenger, har nok aldri vore det.


Ein veit ikkje akkurat når Praha vart grunnlagd, ein reknar med at slaviske stammer kom hit i folkevandringstida, dvs. rundt 5-600 talet. I romartida var det ei keltisk stamme, Boii, som kontrollerte området. Derav namnet Böhmen/Bohemia som er ei tysk/latinsk nemning for den vestlege delen av det noverande Tsjekkia. Byen vaks fort tidleg i dette årtusenet og var i ein periode hovudsete for den tysk-romerske keisar. Namnet til denne keisaren, Karl IV (Karel) dukkar opp over alt i byen. Han var keisar frå 1346 til 1378 og dette er rekna som Praha og Böhmen sin gullalder.

Alt på denne tida var namna på dei sentrale bydelane i bruk: Staré Město, Nové Město, Hradčany, Malá Strana og Vyšehrad. Dei to fyrste betyr "gamlebyen" og "nyebyen", men namna er noko misvisande i dag. Nové Město er 500 år gammal, slik sett eldre enn mange "gamlebyar" ellers rundt om i verda. Gamlebyen er endå eldre men ikkje like gammal som Hradčany og Vyšehrad. Hradčany er regjeringskvartal i dag, det er her landemerke som Praha-borga og St.Veits-katedralen ligg. Vyšehrad (den høge borg) har i dag lite av interesse for turistar utanom nasjonal-kyrkjegarden og litt kubist-arkitektur (for den som er opptekne av slikt). Denne bydelen er i fylgje legenda den aller eldste i Praha.

Linda og eg venta lenge medan Janet var heimom for å henta eller setja frå seg eit eller anna. Me tok ein kopp té oppe i bakken og eg fekk augene opp for at engelske turistar og té ikkje er nokon spøk. "This is NOT tea!", vart det eksklamert utan at eg som ikkje-brite heilt fekk med problemstillinga rundt dette med "tea or not tea". Me et kveldsmat på "U Podhradi" i Malá Strana, der Geir, Aslak, Bente og eg hadde ete TO gonger i forrige veke. Denne gongen fall det ikkje like godt i smak.

Janet hadde sikta seg inn på ein rocke-klubb over elva i Nové Město. Klubben ber det mystiske namnet Roxy. Etter ein lang gåtur kom me endeleg fram. Lyden og opplegget var av ein slik art at Linda utbraut: "I'm NOT going in there!" Denne gongen var eg hjartans einig, det høyrdest ut som eit reint tekno-helvete. Slikt treng ein ikkje reisa heilt til Praha for å oppleva.

Kvelden er dermed over og me går vidare mot Florenc for å ta metroen heim. Janet fører i ein vanvittig fart, eg like etter og Linda dannar baktroppen. Metro-turen vart eit mareritt for meg, det kunne enda med sprengd blære.

Dette har skjedd med folk i Praha før. Den livsglade danske astronom Tycho Brahe enda sine dagar slik etter ein fest på slottet. Han ligg gravlagd med si skamfarne blåse i Týn-kyrkja nede ved Staroměstské Náměští. Det er eit tankekors at ein så ofte har dette presserande problemet på undergrunnen i Praha. Redninga kom i buskene ved Nad Svahém.


Praha

21/7-2002 (dag 73)

Frukost på Nebozízek.

Utsikt til Hradčany (Prahaborga) frå Petřín.

Nok ein dag opprenn med flott vęr. Me dreg innover i passeleg tid for å eta frukost på Nebozízek, ein restaurant i dalsida på vestsida av Vltava. Derfrå er det kort veg til Hradčany og Malá Strana. Ein kjem seg opp dit med ei slags taubane som er ein del av Praha sitt transportnett. Ein kan bruka same bilettane her som på metro, buss og trikk.

Den offentlege transporten i Praha er svært godt utbygd med ein relativt ny (russisk-bygd) metro og god dekning med buss og trikk. Heile systemet er ein arv etter kommunistane. Einaste skilnaden er prisane og at det har kome meir moderne materiell på ein del linjer. Ein stor mangel er flyplass-transporten, denne er heller kronglete.

Nebozízek er godt eigna til å innta eit betre måltid. Utsikta er det få stader i Praha som kan konkurrera med, og no i det flotte sommarveret er det berre fryd. Oppe på toppen av høgda, Petřín, står eit mini-Eiffeltårn med endå betre panorama. Det skal ein ha med seg. Eg har ikkje vore oppe i tårnet sjølv heller. Janet og eg brukar føtene, Linda er ikkje vand med all gåinga og stig på bana ved restauranten for å ta den heilt opp.

Der oppe finn me endeleg att Linda, men i tårer. Ho har vorte offer for eit kjent fenomén, overivrige billettkontrollørar. Linda hadde ikkje funne nokon stemplingsmaskin og gått på med blank billett. Då var det for seint. Hugsar eg mumla noko om "bastards" og var på full fart inn saman med Janet for å klaga. Linda stoppa oss, ho hadde heilt rett i at me neppe kom nokon veg. Bota var formelt sett heilt på sin plass, men det er irriterande med denslags målretta kontrollar som går ut over turistar og andre som ikkje kjenner systemet og som aldri har tenkt tanken på å snika. Eg vart som nemnt i Reisebrev 6 utsett for noko liknande i Sofia. Det har òg hendt meg i Oslo, men då hadde eg ikkje tid til å stempla. Det kosta meg 500 kroner og den bergenske psykopat-spira som ga meg bot gjorde dette med stor tilfredstillelse. Linda si bot kom på Kč 200 (Nok 45). For ordens skuld skal det nemnast at det ER ei stemplingsmaskin på Nebozízek, men det er fort gjort å gløyma slikt.

Ferdige med affæren kom me oss opp i tårnet, Linda og eg gjekk feil veg (dvs. mot straumen). Tårnet svinga litt, ein kjende seg ikkje heilt stø der oppe! Utsikta derimot var upåklageleg. Ein ser heile sentrum av Praha og mykje av dei langt mindre romantiske forstadene. Dette er ofte digre, grå drabantbyar, omtala som "Stalingrad" av eit tidlegare reisefylgje.

Diverse bygningar skulle besiktigast deretter: St.Veits-katedralen (Chrám Svatého Víta) og Strahov-klosteret (Strahovský Klášter). Eg fekk lurt vegen innom kloster-bryggeriet for å smaka brygget deira (har aldri vore innom før). Trudde aldri damene skulle koma ut av Strahov-klosteret. Grunnen til forseinkelsen var gyldig, dei likte det dei såg.

Zlatá Ulička (Gullmakargata) er på programmet til alle som ferdast på Hradčany, slik med oss òg. Zlatá Ulička er ei lita blind-gate bak katedralen med små, idylliske hus, nesten som dokkehus. Bygningane er frå 1500-talet og husa i starten slottsvaktene. Seinare vart dei tekne over av "alkemistar", gullsmedar som prøvde å gjera diverse metall om til gull. Desse har gitt namn til gata. To kjende forfattarar har budd her dette hundreåret: Franz Kafka og Jaroslav Seifert. Sidan 1951 har dei fleste husa vore brukte til suvenirbutikkar. Dei siste åra har turiststraumen vorte så sterk at gata er stengd av for vanleg ferdsel utanom visse tider.

Det blir fotorunde, tre påvirka polakkar gjer mykje av seg. Etter eit kort tur innom St.Veits-katedralen var det klart for mat nede under borga i Malá Strana. Dette vart ikkje lett. Janet avviste ein stad med grunngjevinga at den såg ut som ei kjede. Eg døyvde eit oppgitt stønn, unngjekk ukledeleg himling med augene og beit i meg eit fnysande kvinnfolk. Eg har det lyte at eg har lite tolmod når folk ikkje kan bestemma seg for ting som EG synest ikkje er så viktige. Ikkje det at mat er uviktig, men eg vil heller ha noko i magen enn å venta på avgjerder i ein polsk riksdag.

Etter 'n' forsøk fann me endeleg restauranten me alle kunne einast om. Čertovka har premieutsikt over Vltava og Karlsbrua men servisen var uheldigvis ikkje i same klasse. På do møter eg att dei same polakkane, no endå meir påvirka.

Det vert ein liten pub-tur, men helst tidleg heim. På denne turen har eg lagt merke til at talet til på britiske turistar har auka sterkt samanlikna med før om åra. Det er ofte ein ny type britisk turist det er snakk om: den såkalla "lager lout". Grunnen er billege fly og det at Praha no er vorten kjend på dei britiske øyar. Fenomenet er omtala i Ferret abroad, ein artikkel i "The Economist".

På siste puben, U Medvídků, er det nesten berre britar, men det skal seiast at oppførselen er høgst sivilisert. Tru det eller ei så dukkar våre kjenningar, polakkane opp i vogna vår på metroen òg. I morgon skal me tidleg opp for å unngå massane og deretter reisa til Kutná Hora.


Praha (tur til Kutná Hora)

22/7-2002 (dag 74)

Austover Karlův Most (Karlsbrua) mot Staré Město.

Vestover Karlův Most mot Malá Strana og Hradčany.

Janet og eg kjem oss opp tidleg for å koma til sentrum før byen vaknar til liv. Praha tidleg om morgonen byr på ei unik oppleving. På dagtid er det vanskelege å nyta denne byen ettersom Vasaloppet pågår konstant. Ein vassar i folk langs Kralová Cesta (Kongeruta), ro finn ein berre om ein stikk seg inn på ei kneipe litt utafor ruta. Før klokka åtte er det derimot nesten folketomt, og ein kan ta inn over seg kor eineståande Praha er.

Utsikta over Karlův Most mot Malá Strana og Hradčany er det flottaste bybilete denne turisten veit om, og det er mange som er einige i akkurat det. Spir og tårn frå diverse historiske epokar strekkjer seg mot himmelen. Her er både middelalderarkitektur (gotisk), renessanse, barokk og jugendstil. Byen har dei siste 350 åra nesten ikkje vore krigs-skada. Sjølve plasseringa er òg med på å gi Praha noko av dette særeigne: elva Vltava snirklar seg i bogar gjennom byen. Over elva strekkjer eit ti-tals bruer seg, den mest kjende er Karlův Most (Karlsbrua), som er utsmykka med statuar på begge sidene. I tillegg er begge dei gotiske brutårna intakte. Praha blir kalla "Stověžatá Praha" (Hundre-tårnige Praha) og dette er ikkje overdrive.

Denne morgonen er pefekt for fotografering. Asurblå himmel og klår luft. Etterpå er det å finna ein stad og eta frukost. Me bestemmer oss til slutt for Café Adria i Nové Město og dette viste seg å vera eit perfekt valg. Flott terasse, stilt og roleg, god mat og god service. Det var heller ikkje så dyrt som ein skulle tru.

Me møter Linda ved sokkelen til den heilage Václav, like ved nasjonal-museet. Václav (Wensel) er tsjekkisk nasjonalhelgen og har fått ein ryttarstatue til si ære plassert her i øvre enden av Václavské Náměstí (Wensel-plassen). Denne plassen er eigentleg ei svært brei gate, rekna som hovudgata i Praha. Her er arkitekturen nyare, jugendstil frå rundt århundreskiftet dominerar. Den som har vore i Wien vil kjenna seg att.

Me er klare til å ta toget til Kutná Hora, ein by som er mitt fyrstevalg som mål for dagsturar frå Praha. Den ligg berre 80 km aust for hovudstaden og har god kommunikasjon. Avgangen er frå Praha Hlavní Nádraží, hovudbanestajonen. Denne er svær, minner mykje om ein flyplass. Terminalen er bygd inn under den hovudinnfartsåra Wilsonova. Stasjoenen heitte i mellomkrigstida Wilsonovo Nádraží, men vart omdøypt av kommunistane. Den er ein av dei få landemerka som ikkje er "døypt tilbake" etter 1990. Woodrow Wilson, amerikansk president, var kanskje den viktigaste utanlandske "fadderen" for opprettinga av den nye tsjekkoslovakiske staten i 1918.

Togturen til Kutná Hora tek omtrent ein time, dei siste 2 kilometrane er i eit knøtt-lite lokaltog med EI vogn som fløyter ilskt rundt kvar sving. Eg her lært eit nytt ord av Linda, claxon (horn) og dette instrumentet blir brukt med øyredøyvande effekt. Ein blir aldri utlærd i engelsk (eller noko som helst for den del). Det engelske språk er særs rikt, av dei 600000 orda er det visstnok ingen som har brukt meir enn 50000. Denne mannen var Shakespeare. Linda har sjølv eit uvanleg stort ordforråd så er det noko eg lurer på, veit eg kvar eg skal spørja. Ho arbeidar i tillegg i ein organisasjon med enorm autoritét på nettopp det engelske språk: Oxford University Press.


Chrám Svaté Barbory i Kutná Hora.

St.Barbara katedralen (Chrám Svaté Barbory) er obligatorisk for folk som vitjar Kutná Hora, den har ein merkeleg telt-liknande fasong men det er òg dimensjonar over bygget. Måndag er den uheldigvis stengd, så me får finna andre ting å gjera. Lunsj blir det fyrste. Som vanleg blir det fram og tilbake. Denne gongen er det Linda som er mest konsekvent, Janet og eg vinglar. Det er heller ikkje lett å ordna seg slik at alle er svoltne til same tid. Linda er svoltnast, så ho et på Hotell Medínek. Det var vellukka, maten der har vore bra så lenge eg kan hugsa. Dessutan kan ein sitja på terrassen og sjå utover den flotte Palackého Náměstí.

Janet og eg er ikkje så heldige, men det er vår feil og ingen andre. U Havířů var ein gong ein av favoritanne mine, med lokalt øl, bra mat og tjukk røyk. Interiørmessig hadde det kome seg, men alt anna har gått adundas. Det vart tid til besøk i Vlašský Dvůr og beinhuset i Sedlec før me drog heim. Møtte og nokre engelskmenn som var i bryllaup i ein landsby like i nærleiken.

Beinhuset (kostnice) i Sedlec er eineståande. På 1100-talet skal einkvan ha vore i Palestina og henta heilag jord frå Golgata. Denne vart strødd ut i lendet her. Resultatet vart at adel frå heile Böhmen gjerne ville gravleggjast i denne velsigna molda. I førre århundre vart det såpass mykje bein ut av føretaket at ein måtte gjera ein vri for å unngå underjordisk trengsel. Kunstnaren František Rint fekk oppdraget. Han dekorerte kjellaren i kyrkja med adelsbein. Det mest imponerande er eit kandelaber som er laga med kvart einaste bein som finst i menneskekroppen. For å setja eit grundig punktum signerte han verket like ved inngangsdøra (med bein sjølvsagt).

Det vart eit hardt rykk for å nå toget. Linda fekk ein strekk og me kom litt for seint. Problemet var vel helst at me vart sitjande litt for lenge på vertshuset Den Gyldne Løve (U Zlatého Lva). Dette skal underteikna ta på seg mesteparten av ansvaret for. Heldigvis var det ikkje lenge å venta på neste tog.

Eg spurde Linda kva ho tykte om Praha samanlikna med turen til Belgia i fjor. Ho svara at ho hadde likt seg betre i Belgia, at dette kunne ha noko med språkbarrieren å gjera og at me dessutan hadde bil i fjor. Dette med språket tykkjer eg òg er viktig for trivselen, minnest kor stusseleg det til tidar var i Bulgaria.

Nokre kjenningar av Janet hadde anbefalt restauranten U Kroka, nesten oppe under Vyšehrad. Denne var bra og beteninga hyggeleg. Me gjekk til fots opp til Vyšehrad og fann greitt vegen til metro-stasjoen på toppen. Damene var rettnok skeptiske då eg geleida dei opp bratte og myrke trapper. Eg vart gjort merksam på at eg ikkje kom til å bli populær om eg tok feil av vegen. Denne gongen gjekk det likevel bra.


Praha

23/7-2002 (dag 75)

Janet tek for seg på "Café Slavia".

Fyrste oppgåve er avlessing av bagasje på stasjonen, deretter frukost. I dag skal Linda og Janet heim, men avgang er ikkje før langt utpå dagen. Det blir frukost på Adria i dag òg, ein skal ikkje tukla for mykje med ein vellukka formel. Deretter skil me lag, Linda og eg dreg på båt-tur, Janet dreg for å sjå Klementinum. Me få studert undersida av Karlsbrua nøye, dessutan er det å koma seg ut på vatnet ein fin måte å unngå bymaset på.

Siste måltidet er på Café Slavia, ein kjend institusjon i Praha. Kafeen var i mellomkrigstida kjend som ein tilhaldstad for intellektuelle (m.a. Franz Kafka), under kommunistane skal den ha hatt noko av den same funksjonen. Václav Havel heldt visstnok til her i si tid. Slavia har vore stengd i mange år etter at eit amerikansk eigedoms-selskap overtok. No er opp-pussinga ferdig og folket kan koma og gå. Eg hadde ein førestilling om at det var ekslusivt, men det var det eigentleg ikkje. No går eg ut frå at dei fleste av kundane kunne meir enn sin ABC, men det var på ingen måte trykkjande. Maten var heller ikkje noko spesielt med. Konklusjonen må bli: oppskrytt.

Jentene blir fylgde til Dejvická metro og kjem seg trygt på buss nr.119 til flyplassen. Eg set avgarde ned i metroen att men snublar over ein "herna bar" (bar med speleløyve) som har eit øl eg aldri har sett før (Rychtář frå Hlinsko v Čechách). Det må prøvast, ein har eit kall i så måte. Til tonane av tsjekkisk country-musikk set eg til livs tre på rappen og knipsar eit estetisk øl-foto (tykkjer eg sjølv). Sjølvsagt glanar dei andre kundane når ein eksentrikar fektar med eit digital-kamera nesten oppi øl-glaset. Likevel, dette er mi greie så verda (den brede almue) får meina kva den vil.

Ferda går til gravplassen der Franz Kafka ligg. Lyt ta på meg ein jødisk kalott som sjølvsagt er 10 nummer for liten. Desse sakane passar berre for folk som er skalla eller har små hovud (f.eks Menachem Begin eller Ariel Sharon). Det må nødvendigvis ta seg komisk ut på meg som har stort hovud og enno ein del hår. Likevel, som framand er ein audmjuk; tilpassar seg, viser folkeskikk og undertrykkjer sine instinkt (forfengelegheit i dette tilfellet).


Grava til Franz Kafka.

Viktorka", kringkastingstårnet i Žižkov.

Eg har lese "Prosessen" og "Forvandlinga" utan å skjøna anna enn at forfattaren var ekspert på å formidla angst og pessimisme. Begge bøkene startar ille og blir verre og verre. Ikkje eit snev av humor eller optimisme. Ein VEIT det går gale både med Josef K og stakkars Gregor Samsa som ein morgon vaknar omskapt til eit digert insekt (ein riesiges Ungeziefer). Forfattaren hadde angst for tilsynelatande alt, historia om livet hans fann eg meir interressant enn bøkene. I Dagbladet las eg ein gong at Kafka var kåra til århundrets forfattar avdi han var den som best beskreiv "århundrets metafysiske tomhet". Tenk, det! Eg er ein smålåten kar, men skal for ein gongs skuld bruka ropert: Drit i Kafka og nyt livet! Ein viss Kafka-industri fins i Praha, men han er ikkje så utnytta som til dømes Mozart i Salzburg.

Gravplassen i seg sjølv er ikkje morosam, fliret forsvinn når ein ser dei mange dødsdatoane frå perioden 1942-1945. Praha var før 1939 ein fleir-kulturell by der tsjekkisk og tysk-talande (m.a mange jødar) levde i relativ harmoni. Både under det austerrikse styret før 1918 og i det demokratiske Tsjekkoslovakia (1918-1938) vart minoritetar respekterte. Nazi-barbariet gjorde slutt på toleransen. Etter krigen vart dei tysk-talande (Sudet-tyskarar) som budde i Tsjekkoslovakia før 1945 hardhendt utviste (med godkjenning frå dei allierte). Berre dei som kunne "bevisa" aktiv motstand mot nazismen fekk lov å bli. Jødane hadde som kjent allereie lide ein langt verre lagnad.

Eg traska mot sentrum gjennom Žižkov, ein heller jordnær arbeidar-bydel. Må snika meg vekk og slå lens i eit bol med brenne-nesler, det er underleg kor fort ølet vil ut av systemet (når ein minst ynskjer det).

Žižkov skal visstnok vera litt skummel. Det bur ein del sigøynarar der så kva kan ein venta? Ser ei gate der dei dominerar. Det verste eg personleg har vore ute for med sigøynarar er at kvinnfolka gaular så dei kan skremma ein kvit mann til skogs. Andre irritasjonar er musikarar som knekkjer matlysta til ein stakkar på restaurant. Dette var spesielt ille i Ungarn. I dei tilfelle i livet eg har vorte FRåSTOLEN ting, har det stort sett vore min eigen fortreffelege rase som har vore på ferde (i Vik, Bergen, Kongsberg og Liverpool).

Žižkov er ein bydel frå førre århundre, mørke leigegardar, "hospody" (enkle kneiper), småbutikkar, dopa ungdomar og eit par "panské kluby" (herreklubbar). Det er eit heilt anna prisnivå her enn i sentrum, ein kan eta og drikka godt til under 40 kroner. Ein del ryggsekk-turistar har funne vegen hit og bydelen har nokre hotell. Eg trivst godt på desse jordnære pubane. Det vert fleire øl, godt susen driv eg mot sentrum for å ta metroen tilbake til heimen.


Då skjer det. Eg vert attkjend av ein av engelskmennene me møtte i går i Kutná Hora. Vert invitert på pub av Kevin frå Stoke og Sasha frå Bradford. Ho snakkar perfekt svenska och tycker det är jättekult att träffa en norrmann. Det vert moro på U Medvídků og endå meir på diskoteket Lávka ved enden av Karlsbrua. Der møter me resten av gjengen frå i går. Dei ekstra øla var nok til å få meg til å bikka over, blir šnydenš (har òg med vilje ete lite etter lang tids overinntak av kaloriar). Legg merke til at ein av karane passar ryggsekken min, han har nok sett kor veg det ber. Fleire av gjengen er knapt likare sjølve.

Ein eller anna autopilot har kobla seg inn og leia meg på heimveg. Hugsar at eg vaknar på eit do i metroen Můstek og blør naseblod. Etter førestillingar liknande Jeppe på Bjerget skjønar eg omsider at eg er i Praha (og slett ikkje i ei himmelseng). Må koma meg i hus, anar ikkje kor lenge eg har sove. Siste etappe går òg på autopilot, det er greitt å vera kjend i byen så ein slepp tenkja i ein tilstand der all bruk av hjernen ville vore fåfengd. Metroen hadde alt byrja å gå så det har tydelegvis vore ei lang natt. Klokka var berre 11 då eg møtte Kevin og Sasha.

Med Kevin og Sasha på "U Medvídků".

Festen held fram på "Klub Lávka". Det er like før skodda seinkar seg og teppet går ned for den øldrikkande turist..


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk