![]() |
Reisebrev 15 24/7 - 28/7 2002 |
Tsjekkia (Kutná Hora) |
Om reisebreva | ![]() |
![]() | LinkarReiseruteKutná Hora Pivovar Lorec Dačický pivnice Philip Morris Franz Kafka Poeten.no ČD |
Praha - Kutná Hora |
24/7-2002 | (dag 76) |
Vaknar klokka 2 om ettermiddagen og er i nokonlunde form (trur eg). Startar pakkinga og betalar for meg, får litt hardt tiltrengd mat. Togturen til Kutná Hora blir eit helvete. Sit i startgropa for å spurta mot do berre toget gjer den minste krenging. Kan ikkje hugsa å ha vore så fyllesjuk sidan den pure ungdom. Trur eg drakk "Becherovka" eller noko anna sprit-skvip. Spriten og meg er ein uheldig kombinasjon.
Minste motstands veg denne dagen: fyrste og beste hotell i Kutná Hora. |
Apatien og likesæla har overtaket, men så snart eg kjem meg av toget i Kutná Hora kviknar eg til. Legg meg inn på fint hotell og får litt orden rundt meg. Kveldsmåltidet får eg ikkje ned, veit ikkje om det verkeleg VAR dårleg. Einaste lyspunkt i dagen er Dačický Pivnice, serveringsdama er hyggeleg (og uvanleg flott å sjå på). Ho tykkjer det er "fantastický" at det finst EIN "cizinec" (utlending) som kan litt tsjekkisk. Dette er ein dag ein treng alt ein kan få av oppmuntringar.
Eg søv elendig. Kroppen er stinn av avfalls-stoff og sjela full av angst. Veit at ingeting gale har skjedd, men at eg har utfordra lagnaden, nok ein gong. Statistikken viser at dei fleste ransoffer er menn som vasar gatelangs i fylla nattestid. Eg kunne ha mista både pengar, mobil og kamera om uhellet hadde vore ute.
Kutná Hora |
25/7-2002 | (dag 77) |
Fremste landemerket i Kutná Hora: St.Barbara katedralen (Chrám Svaté Barbory). |
Flyttar over til eit billeg herberge, Turistická ubytovna. Ein må spara der ein kan ettersom aksjekursane rasar og det økonomiske armslaget minkar. Får att same rommet eg hadde her i 1992. Reint og luktfritt er det langt frå men til 40 kroner natta må ein ta det som det kjem. Korleis folk kan grisa så fælt er over mi fatteevne. Dette minner om student-kjøkenet vårt i Newcastle i hine harde dagar.
Er enno i ulage både fysisk og psykisk. Hovudverk og skjelven på handa. Det hjelper med ein lengre gåtur, men humøret og livslysta er det ille med. Besøkjer Jan Nepomuk kyrkja, men det var kultur nok for denne dagen. På Piazza Navona blør eg naseblod att mitt under pizza-etinga, heller pinleg affære.
Ein kan trøysta seg med eit sitat frå Baruch Spinoza. Han sa (lett omskrive) at "kjensler er harmlause når ein veit årsaka til dei". I mitt tilfelle er grunnane kjemisk-biologiske, løysinga like innlysande. Moderasjon og kvile er alt som skal til, så er ein i rute att. Merkar at eg er utturka og kjøper 4 liter vatn. Legg meg klokka åtte og slappar grundig av. No skal livskvaliteten gjenopprettast, forlystelsar er tabu inntil vidare, trur eg.
Kutná Hora |
26/7-2002 | (dag 78) |
Tiltaka virkar fort og etter oppskrifta. Kropp og sjel er i likevekt og sola skin inn gjennom gittera i det gamle fengselet eg held hus i. Trygt er det i alle fall her, INGEN kan koma inn gjennom vindauga. Frukost tek eg på "Piazza Navona", og denne gongen blør eg ikkje naseblod. Går ein tur i utkantane av byen, forbi bryggeriet (stengt for publikum) og stadion. Det siste er ikkje rare greiene, men reklame er der, m.a. for ein "herreklubb". Tenkja seg til bordell-reklame på Fosshaugane? I dag kjem eg dessutan godt i gang med skrivinga. Held hus på turist-kontoret.
Vlašský Dvůr (Utlendingsgarden). |
Palackého Náměstí, største torget i byen. |
Er innom den flotte "Dačický Pivnice" att, no i langt betre slag enn for to dagar sidan. Serveringsdama kjenner meg att som utlendingen som kan tsjekkisk. Likevel er språkbarrieren problematisk. Hola i ordforrådet er enorme og trening har det vorte dårleg med dei siste ti åra. Det praktiske går likevel greitt og eg hugsar meir og meir etterkvart. Kunne hatt lyst å gå på språk-kurs her, men måtte i så fall droppa reisa til Nord-Norge.
Får sett meg om i Kutná Hora, ein UNESCO-verna by. Byen vart rik på sølv og dette ser ein att i dei mange historiske byggverka. Chrám Svaté Barbory (St. Barbara katedralen) er den mest kjende av desse. Eit av mine tidlegare reisefylgje omtala den heller respektlaust som Santa-Oppblåsbare-Barbara! Som andre tsjekkiske byar har Kutná Hora vorte fint pussa opp dei siste tolv åra, men enno er mange bygningar forfalne. Kutná Hora er ein av mine favoritt-småbyar på kloden, men dette er fyrste gong eg har vore her utover eit døgn.
Eg skriv dette frå "Marlboro County". Kutná Hora hadde den største tobakksfabrikken i Europa (og har det kanskje enno). Den er no eigd av Philip Morris (som eig vårt eige Freia og bryggerigiganten Miller i USA). Philip Morris gjorde for eit år sidan tidenes PR-sjølvmål. Dei gjekk ut med utsagn om at dei sparde den tsjekkiske stat for mykje pengar avdi folk døydde tidlegare gjennom bruk av produkta deira. Dette er eit firma som har brukt millionar på rettsaker for å tilbakevisa at røyking er skadeleg!!
Har sove middagslur, så er uforskamma vaken i kveld. Stikk innom den irske puben og blir lenge avdi det er bra musikk å høyra (Rolling Stones og Doors). Det sit kontaktsøkjande utlendingar i baren men eg har enno såpass festskrekk at eg held kjeft.
Tek ein tur tilbake på "Dačický" i staden, eg likar meg betre og betre på denne puben. Skriv, grublar og ser på folk. Her kan ein betrakta hockey-sveisar, subbete bartar, hestehalar og diverse utslag av forsoffenskap (det er fredag og mykje folk). Stemninga er god, det er ingen teikn til aggresjon. Tsjekkiske pubar har ofte ingen musikk, folk drikk, et og pratar. Det lokale "Dačický" ølet skummar så det er ein fryd og smakar like så. Eg seier til serveringsdama "vypadá dobře" (det ser bra ut) og meiner ølet. Ho blir så takknemleg at eg lurer på om eg ved grammatikalsk rot har sagt "De ser bra ut (frøken)". Uansett, begge deler er sant, så eg har mitt på det tørre.
Kutná Hora |
27/7-2002 | (dag 79) |
Frukost på Piazza Navona. |
Frukost på Piazza Navona er vorte standard. Veret er vorte varmare og byen tek seg flott ut. Ein betre stad å eta på enn eit tsjekkisk "náměstí" (bytorg) skal ein leita lenge etter. "Palackého náměstí" er brulagd, hallar litt, er omgitt av pastellfarga hus, nokre med bogegangar. Ein blir reint oppstemt og prisar sitt priviligerte tilvære medan ein drikk sin "Presso" (espresso).
Eg er vorten fast inventar på turist-kontoret (der dette blir skrive). Det er moro å vera fluge på veggen, høyra kor hjelpelause me turistar kan vera utafor våre vande omgivnader. Det er påfallande kor mange UNGE som kjem til Kutná Hora. Mange er amerikanske (og tilsvarande hjelplause) men òg ein del tyske, britiske, hollandske, belgiske og danske ferdafolk stikk innom. Til trass for ein del turisme finn ein fort roa i Kutná Hora. Nesten heile gamlebyen er bilfri.
I dag går eg inn i St.Barbara katedralen. Den er imponerande, eit telt-likande tak som berre finst ein anna stad (Louny). Inni er den mindre dandert ein dei fleste andre katolske kyrkjer, men det som finst er dimensjonar over. Får påpakning for å ta bilete men slepp utvisning eller bot.
Det vert to turar på "Dačický" i dag, skjenkestaden kjem sikkert på ei framtidig personleg liste over tidenes kneiper. I hagen slepp ein fugl ei drit-klyse ned rett ved sida av ølet mitt. Eg fekk sjølv ein skvett, lurde på om det regna frå klår himmel. Ved langborda kjem ein lett i prat med folk. I fyrste tilfellet er det med tsjekkarar som har budd i Sør-Afrika, men kom tilbake hit for 10 år sidan. Eg får ikkje lov å betala for meg! Seinare deler eg bord med ein lystig politi-mann med si noko meir tilbakehaldne frue. Ein kan "kose ræven av seg" her som det heiter i ein viktig by i den vestlege delen av fedrelandet.
Akkurat dette er noko eg likar best med Tsjekkia. Sitja på puben der den halv-gretne ytre maska forsvinn og ein kjem innpå folk. Er det gjort blir ein fort teken inn i varmen. Har ved mange anledningar blitt invitert på fest, av og til heim til folk. Skandinavar er velsedde, dette merkar ein fort. Hugsar godt ei gammal dame som vart overlukkeleg då ho høyrde eg var norsk. Før ein får forklart seg blir ein naturleg nok ofte teken for tyskar, dette er klart ugunstig. Grunna sitt tarzan-tsjekkisk, kan ein òg bli halden for polakk eller tvilsam eks-okkupant austfrå. Dette er ikkje til utlendingens fordel. Polen (og Ungarn) var med på Nazi-Tyskland sine overgrep mot landet i 1938-39. Ved Sovjet-invasjonen i 1968 var óg dei mindre naboane innblanda. Gode naboar har Tsjekkia (og Slovakia) sjeldan vore velsigna med.
Den beste grannen i dag er nok Slovakia som dei skilde seg frå i 1993. Fleirtalet i landa var imot brotet, men leiande politikarar i begge landa fekk opp-splittinga gjennomført (Václav Klaus og Vladimír Mečiar). Hovudgrunnen var at valga i 1992 førde til høgre-dreiing i Tsjekkia og venstrevri i Slovakia og dermed kollisjon (ei svært forenkla framstilling). At brotet skjedde fredeleg var inga overrasking. Etter 1648 har historia om dei tsjekkiske landa (Böhmen og Mähren) vore lite prega av vald (unnateke den etniske rensinga av Sudet-tyskarane i 1945). Tsjekkia og Slovakia var fyrst ute med å anerkjenna kvarandre (1.januar 1993). Norge-Sverige anno 1905 er vel det næraste ein kan koma ei liknande sivilisert skilsmisse.
Kutná Hora (tur til Malešov) |
28/7-2002 | (dag 80) |
Pestsøyle (Morový sloup). |
På tur til Malešov, utedo av tre på denne jernbanestasjonen. |
No har eg vore to dagar "for lenge" her, men kva skal ein hasta vekk frå ein slik stad etter ? Eg held på å gro fast. Himmelen er skyfri og eg tek fotorunde (blir visst aldri ferdig). Droppar skrivinga og går til Malešov, 7 km unna. Det er drygt i varmen, og landsbyen har ikkje allverda å visa fram. Postkontor, kyrkje, butikk og restaurant. Folk seier "Dobrý den" (god dag) til den framande, men på restauranten stirer dei som om eg skulle vore frå ein anna planet.
På stasjonen har dei utedo av tre, eg fekk ei nostalgibylgje over meg, dette er som i barndomen i Vik. Eg kan fortelja ulikt om utedoane rundt om på gardane heime, men skal spara lesaren for dette i tilfelle han akkurat skal til å innta eit betre måltid.
Toget tilbake er EI vogn, diesel-lokomotivet er innebygd. og det tek 17 minutt, det tok berre ein god time å gå!
Jernbanene i Tsjekkia er gamaldagse, spesielt lokaltoga er utruleg seine. Likevel, dei er punktlege og ein kan ta tog til dei forunderlegaste avkrokar. Folk brukar toga og bussane ettersom prisforholdet offentleg/privat transport er eit heilt anna enn i vest. Dette gode utvalget av transport gjer det enkelt å vera biluavhengig turist. Transport-systemet er ein av dei gode tinga kommunist-styret etterlet seg. Prisen er litt over Kč 1,- per kilometer. Kongsberg-Oslo ville dermed bli omtrent 25 norske kroner ein veg.
På turist-kontoret høyrer eg trønderske stemmer. Det blir spurt: "Husker du web-addressa til Addresseavisa ?". "Nei", er svaret. "Ikkje eg heller", skyt eg inn. Dermed kjem me i prat og finn tonen med ein gong. Liv og Alf frå Lensvik er på biltur til Tsjekkia, me avtalar å ta ein øl på "Dačický" seinare i kveld.
Like etter treffer eg for fyrste gong i livet ein Færøying. Han forstår dialekten min utan vidare men ikkje omvendt. Et pizza på Piazza Navona (god pizza, men dyrt etter lokale forhold). Smuglyttar til og ser på andre turistar.
Etterpå sovnar eg som ein stein, vaknar berre av at Alf sender SMS og har funne tida inne for øl. Som sagt så gjort, me tek eit glas på terrassen på hotellet deira (Medínek). Dette er Kutná Hora 14 graders pivo og kraftige saker. På Hotel Medínek har eg drukke øl med alle dei eg opp gjennom åra har drege med meg hit, ni lukklege sjeler. Ved EITT tilfelle, i juni 1998, var halv-literen her kanskje tidenes øl-oppleving. Reisefylgjet utbraut: "Ååå Guuuud så godt!". Hugsar at me mora oss over to engelske homoar som drakk VIN og konverserte lågmælt og danna som berre mine tidlegare landsmenn kan. Nok om det, me tek ein tur til St.Barbara der det for anledninga blir førebudd reklame-film, for ost av alle ting.
Endeleg trekkjer me inn på "Dačický pivnice", eit Bohemias paradis. Restauranten er rikt dekorert med tildels makabre scener. I gamle dagar kunne det gå hardt for seg. Grunnen til at eg ikkje har oppdaga "Dačický" tidlegare er at den har vore stengd i mange år for opp-pussing. Me gyv laus på godsakane. Liv bestiller ein 14 graders øl og servitrisa stussar over det sterke avsparket (men så har ho sikkert aldri vore i Trøndelag). Underteikna doserer litt om Becherovka, ein krydderlikør frå Karlovy Vary og slivovice. Det siste, plommesprit, er kjent nok for dei som har vore i slaviske land (Alf kjenner det frå Kroatia). Begge blir utprøvd: Slivovice (50%) får tommelen ned, medan Becherovka haustar lovord. Stemninga er god og drikkelappen blir fylt av strekar. Det er sjeldan ein så fort kjem så godt over eins med vilt framande.
Severingsdama snakkar godt engelsk, men har alle desse kveldane late meg rota i veg på tsjekkisk. Det er akkurat det eg vil, så ho må ha gode antenner. No når engelsk er språket blir det lettare. "I like you", seier ho til meg, "I like you too", svarar eg og blir paff. Litt seinare kjem Alf med langt sterkare krut: "You are a beautiful woman". Eg seier meg einig, men som ein beskjeden og lite ordhag sogning får eg meg ikkje til å sei slikt til (nesten) framande før eg har sett til livs minst åtte pivo og to slivovice.
Salig nytelse på Dačický pivnice. |
Alf og Liv var med på Dačický siste kvelden. |
Eg får IKKJE betala for meg og maken til generøs tipsing har eg ikkje sett! Dette var ein flott kveld. De (Alf og Liv) kjem kanskje til å lesa dette og de toler vel velfortent skryt ?
Alf Harald Johnsen sine dikt kan lesast på www.poeten.no -> medlemsliste -> Alf.
Blir liggjande vaken ei stund og grubla. Lurer på om eit tog har gått frå meg... Veit ikkje kva jenta heiter, men ho er svært oppegåande, så flott å sjå på at ein fell i stavar. Dessutan er ho hyggelegare enn fleirtalet av sine lands-systrer. Sjølvsagt kan det vera at ein er innbilsk. Eg nærmar meg trass alt overgangsalderen, er der kanskje allereie. Sler meg til ro med at tog kjem og går heile tida. Dessutan driv eg med reising for tida, romantiske forviklingar kan føra til at ein mistar fokus.
© 2002 Jomar Hønsi treff sidan 25/4-2004. Statistikk


