![]() |
Reisebrev 16 29/7 - 3/8 2002 |
Tsjekkia (Aust-Böhmen) |
Om reisebreva | ![]() |
![]() | LinkarReiserutePolička Litomyšl Svitavy Pivovar Polička Hotel Pivovar U Kašny Bedřich Smetana Oskar Schindler Martin Kraus ČD |
Kutná Hora - Polička |
9/7-2002 | (dag 80) |
Forandring frydar, siste frukosten i Kutná Hora for denne gong. |
Endeleg vart det farvel med Kutná Hora. Et fin fransk frukost til ein forandring, rekk òg ein kaffi med Alf og Liv på terassen på Hotel Medínek. Det har vorte mykje skriving og lite reising dei siste dagane. Hovudgrunnen til at eg vart så lenge i Kutná Hora var nettopp for å skriva (men òg grunna trivsel!)
Bussturen over Vysočina, det tsjekkiske høglandet, går gjennom bylgjande landskap, vekslande mellom jordbruksland og barskog. Her ser ein lite til fabrikkpipene som ofte skjemmer resten av landet.
No er me på vass-skiljet mellom Svartehavet (Donau) og Nordsjøen (Elbe), men når sjeldan opp i meir enn 700-800 m.o.h. Tsjekkia er ein av tolv landfaste statar *) i Europa. Lågaste punktet ligg i nord der Elbe renn inn i Tyskland. Landet er unikt ettersom ingen elvar renn INN i det.
*)Sveits, Austerrike, Tsjekkia, Slovakia, Ungarn, Belarus, Macedonia, Luxemburg, Andorra, Lichtenstein, San Marino og Vatikanet.
Ein del av opphaldet her i landet er via øljakt, noko den oppvakte alt vil ha lese mellom linjene. I Polička legg eg meg inn på Hotel Pivovar (Bryggerihotellet). Det er nyrenovert, skinande reint og rommet har utsikt ned til uteserveringa. Kan ein tenkja seg ei betre plasssering?
Resten av dagen er sett av til slaraffenliv ved kommunebassenget og litt skriving. Etter nokre velfortente pivo under kastanje-trea i bryggerihagen søv ein godt.
Bryggeriet er eigd av kommunen, eit eigarforhold som var vanleg tidlegare og enno finst både i Tsjekkia, Austerrike og Bayern. Her i Polička slepp ikkje storkapitalen til (enno). Bryggeri-industrien i Tsjekkia er dominert av multinasjonale South African Breweries (London) og Interbrew (Leuven, Belgia). Landet har likevel enno ein del mindre uavhengige bryggeri.
Eit av dei store uavhengige er Budvar frå České Budějovice (tysk Budweis). Bryggeriet er enno statseigd. Dette har hindra amerikanske Anheuser-Busch (som lagar Budweiser) å får kloa i det. Dei to bryggeria har hatt ein merkevarestrid på gong i hundre år. I ein del land kan ikkje Anheuser-Busch bruka namnet "Budweiser" avdi domstolane har gitt Budvar einerett til bruken. Dette er lite bra for marknadsføringa. Reklame er sjølvsagt alfa og omega for eit produkt som i utgangspunktet har flavør som ligg nærare vatn enn øl. Dette er etter mi meining eit sakleg utsagn så eg vonar i det lengste å unngå saksøking ("lawsuit").
Polička (tur til Litomyšl) |
30/7-2002 | (dag 81) |
Bedřich Smetana, komponist frå Litomyšl, var mannen bak nasjonalsymfonien Má Vlast (Mitt Fedreland). |
I dag har eg program: tur til nabobyen Litomyšl. Byen er godt synleg på turistkartet og er utover det kjend som fødebyen til komponisten Bedřich Smetana. Ikkje nok med at den har eit flott torg (náměstí), den byr i tillegg på nyrenovert slott (zámek).
Omvisninga på slottet er berre på tsjekkisk, utlendingane må ta til takke med skrivne forklaringar på dertil eigna språk. Dette kan vera heller slitsamt å fylgja med på. Lange omvisningar er ikkje noko for meg, eg mister konsentrasjon etter kvarteret og geispet sig over meg. Her vart det periodemøblar, porselen, krystall-lysekroner og digre måleri til det gjekk trill rundt.
I hagen derimot fann eg meir eigna føde for sjela: fontene, skulpturar og tonar av Smetana. Alt dette etter å ha sett til livs jablčový závin se zmrzlinou a šleháčkou. Her får ein noko å tyggja på i dobbelt forstand. For ordens skuld: dette er eplestrudel med is og krem. Apfelstrudel mit Eis und Schlagobers heiter det i tyskspråklege opphavslandet i sør. På tsjekkisk blir heile stasen ofte korta ned til strůdl.
Kveld med meir skriving, meir øljakt. Avsluttar på ungdomspuben Andílek, der eg prater litt med ei jente som kan engelsk og drøymer om å reisa til Skottland. Puben har konjakk-veke (Napoleon) men dette avslår eg. Ein skomakar skal helst bli ved sin lest.
Polička |
Onsdag 31/7-2002 | (dag 82) |
Frukosten på hotellet blir kvar dag teken klokka 8 presis, prøver å halda ein viss orden i landstrykarlivet. Egg, skinke og tysk MTV. Unge Markus syng: "Ich will Spass". Ungdommen no for tida vil berre ha det moro, ingen vil gjera nytte for seg og byggja landet, sjølv ikkje i Tyskland.
Er sliten i dag, så det blir ein uhorveleg lang middagslur, noko som visst trengdest. Eg har ikkje levd så hardt siste veka, men det har vorte sosialt enkelte kveldar og jamt over mykje øl. Syster Oddny uttrykkjer uro for levra mi og meiner eg bør koma meg til land med dyrt og dårleg øl. Dette blir vel ei råd med, men ikkje enno! Min eigen øl-logg er nådelaust avslørande, ikkje oppmuntrande lektyre for edruskapsnemder og kommunale rusmiddelkonsulentar. Her i Tsjekkia har eg lite tru på at det den slags institusjonar finst. I så fall har dei ei stor oppgåve framfor seg. Derimot kunne øl-loggen vera av interesse for dei som forskar i nerdefenomenet.
Forbrødring på Na Střelnici: Richard og Josef. |
Det gode ølet frå Polička. |
På kveldstid får eg gjensyn med ein klassisk tsjekkisk institusjon,
ei "lidová hospoda" (folkepub). Dette
er enkle kneiper der omtrent det einaste som finst er billeg øl og slivovice
(plommebrennevin). Desse pubane blir
det færre og færre av, dei yngre føretrekkjer meir komfortable omgivelsar.
Når ein kjem inn slår sigarettstanken
mot ein. Borduken er full av oske og øl-flekker, flugespåer ligg på kvart bord.
Doet stinkar og flugene surrar. Klientellet er av det forsofne slaget og berre mannfolk,
ofte opp i åra. Kraftige karar, gjerne med halvlangt, feitt hår ned på skjortekragen.
Dette er stader der ein må sei stopp når ein IKKJE vil ha meir, ellers kjem
halvliterane automatisk til ein renn over.
Dei få tsjekkiske bannorda eg kan florerer, eg høyrer fleire og sender
e-mail til tsjekkisk kontakt og lurer på kva all styggedomen skal bety .....
kurva = hore = dvs. en vulgar betegnelse for prostituert også brukt som
bannord i stedet for engelsk "fuck" eller "do prdele" for eksample.
komentar: tsjekkisk språk er veldig rik med mange nyanser i betegnelse.
"prostitutka, lehka dívka, šlapka, kurvička, kurva, štětka, pichna,
mrdna.....osv" uff så mange ekle ord !
Bannord har høy inflasjon. Styrke minsker med brukens hippighet.
Mens i min barndom gamle mennesker brukte snille bannord som "k čertu" = faen,
eller "krucifiks, himmel hergot alleluja" var det bare slemm ungdom som turde å si "do prdele".
Vi andre fikk dask ved noe slikt. Men etter hvert "do prdele" har sniket
seg til det "vanlige vokabular". Da de som vil utmerke seg
måte finne på noe nytt, so kom "kurva", "píča z ryby" = fiske fitte og
sikkert noe extra etter min exodus. Du må bli klar over at jeg snakker
som å si "gamle tjekkisk med norsk aksent"
Utlenninger (i Tjsekkia) kan også overaske med uvanlig kombinasjon av ord
med passende fremmed aksent og tone som: "kecáš miláčku" = "Du prater tøv elskede."
Dog, man må velge med omhu hvem tar språket.
Folk banner for å slippe trykket etter et eller annen skuffelse, for å
vare tøffe i sin miljø (der vis fornyelse trengs) eller fra gamle vaner
i stedet komma/punktum i setningen. Som det typiske tsjekkiske vole,vole.
(Vůl = kastrert okse.)
Čau vole.(Hei) Co tu děláš vole? (Hva gjør du har ?) Vole, co je ti do
toho? (Hvorfor du bryr deg?)...osv
Det ordet kurva, som du har hørt på pubben tyder på at, det var en enkelt
/primitiv mann med kompisene sine tilstedet, gjerne beruset. Jeg ser det for meg.
Du kan gjerne ta min linguistisk veiledning til reisebrev, men du bør helst
ikke nevne meg med navnet, hvis så tar jeg pseudonym.
(døypenamn pliktskuldigst sletta)
Turisten sler herved kross for seg og frårår sterkt banning på språk
ein ikkje kan til tungespissen. Å kalla kompisen "din gjelda stut" er ikkje
så ille. I deler av vårt eige land er "hestpeis" eit tilsvarande kjæleord.
I Newcastle blir "Haway, bugger man!" brukt i same godmodige tyding, sjølv om den direkte betydninga er grov (slå
det opp den som vil). Blant kameratene mine i Liverpool vart "bastard" brukt nesten som kjæleord.
Vårt eige dialekt-ord "lakabodl" er såvidt eg veit enno nedsetjande (men det kan ha endra
seg sidan eg flytta frå Sogn).
Tsjekkisk bannskap (anonym)
Kokeš
Apropos bannskap (vevmeistaren)
Dei som hugsar tsjekkiske pubar frå folkerepublikkens tid vil koma i hug standard-innreiing som gule, inngrodde gardiner, gule, skitne borddukar og øl servert i glas med raude og gule ringar rundt kanten. Dette var typiske "Jednota" pubar. Jednota (Einskap) var namnet på ein enorm samyrke-organisasjon som m.a. dreiv serveringstader og butikkar. Logoet var kornaks og tannhjul, dette symboliserte einskapen mellom arbeidar og bondeklassen, sjølve grunn-fjellet i den sosialistiske staten. Jednota er nesten borte no, private har teke over serveringa av det arbeidande folk. Jednota har enno ein del butikkar, spesielt på landsbygda.
Polička-ølet på Na Střelnici smakar fortreffleg og ser godt ut med sitt tette skum. Eg tek fram kameraet og tek bilete. Den slags uvand framferd får karane ved bordet til å vakna. Richard og Josef blir fyr og flamme. Det blir teke bilete av alt og alle. Det blir nok ei forbrødring. Eg inviterer til slutt til ein øl i baren på hotellet. Dei likar seg ikkje der. Josef, som er pensjonist, har drukke der i alle år, men no er det vorte moderne, mest for fine folk og turistar. Servitrisa tek på seg ei mine som seier: "Kva ER det slags menneskje De inviterer med Dykk, Herr Hotellgjest ?"
Polička (tur til Svitavy) |
1/8-2002 | (dag 83) |
Renessansearkadar på bytorget. |
Svitavy Náměstí. |
Dette er ny dag med program. Eg skal til Svitavy og overlevera eit brev frå Hans og Eva ( i Dresden) til Božena og Josef Kašpárov. Treffer Božena heime og dette vart litt av ei overrasking. Avtalar å ta ein runde i byen og koma innom når Josef er heime frå arbeid.
Svitavy har eit flott bytorg, det har vorte pussa opp dei siste åra. Tek obligatorisk fotorunde og snakkar litt med nokre engelske turistar. Dette er dei fyrste utlendingane eg har sett sidan Kutná Hora.
Svitavy er heimbyen til Oskar Schindler, kjend gjennom filmen "Schindlers List". Han redda 1200 jødar og har noko forseinka fått eit minnesmerke i byparken. Den politiske korrektheit under kommunistane gjorde han til ikkje-person avdi han var Sudet-tyskar. Heltar av denslags bakgrunn var politisk ufordøyelege. Rettnok ville han vore kontroversiell under alle omstende: dømd for spionasje mot det demokratiske Tsjekkoslovakia, og dessutan medlem av Nazionalsozialistische Deutsche Arbeiterpartei (betre kjent som NSDAP eller Nazi).
Heime hjå Josef og Božena blir eg kongeleg motteken. Omstenda er perfekte, eg får høve til både å prata tsjekkisk og å sjå korleis folk har det heime. Får brødskiver med jedersylte, agurk og tomat, servert med kaffi. Etter maten blir eg bydd brun slivovice. Den held 50% men ein får det ned med eit grøss. Me ringjer Hans og Eva, alle er glade. Eg er nøgd med dagens oppdrag. Blir invitert til Svitavy att i morgon for å overnatta. Dette takkar eg ja til og blir køyrd tilbake til Polička av Josef.
Avsluttar med Cola på Andílek. Andrea, som eg prata med der for to dagar sidan, kjenner meg att så eg blir freista til å menga meg med det tsjekkiske folk. Ho og veninnene drikk konjakk og mørkt øl. Eg legg Colaen på hylla og sler meg ned ved bordet. Forlet det alkoholfrie til fordel for ølet men held fråstand til konjakken. Dei tre jentene vil gjerne bruka dei diverse språka sine: engelsk, tysk og fransk. Triveleg selskap nok ein gong, sosialt har dette opphaldet her i Böhmen teke heilt av.
Kelnar og deleigar Filip er ein blid kar. Han er populær blandt jentene. Kjæresten kjem innom to gonger og ser bryskt til at alt går rett føre seg. Han er dessutan Polička sin fremste paraglidar og har budd i Florida! Filip og eg har nokonlunde lik musikksmak. Han set på Krausberry, eit tsjekkisk rockeband med tre gitaristar og tydelege trekk av ZZ Top. Martin Kraus har betre stemme enn Billy Gibbons. Han ser gal ut, høyrest gal ut og er det sikkert. Galskapen kler musikken godt. Teknisk er derimot dei langskjegga frå El Paso fleire nummer større.
Polička radnice (rådhus). |
Dušan og Andrea på Andílek. |
Andrea jobbar i baren av og til. Ho er eigentleg utdanna gymlærar, men arbeider no med laust og fast. Klokka to om natta skal ho vidare og kna ut "knedlíky" i bedrifta til mora. Den eine veninna studerar russisk litteratur. Ho vil gjerne prata om dette på fransk! Dette er ikkje vellukka i og med at eg ikkje er vidare bevandra uti fransken og dessutan langt ute på dei russiske stepper når det gjeld Dostojevskij og Tolstoj. Eg har langt betre greie på V.I Lenin, L.D Trotskij og J.V Stalin, men desse karane er ikkje i vinden for tida.
Når det gjeld tsjekkisk litteratur går det betre; får oversett eit viktig begrep: Tilværelsens uutholdelige letthet (Nesnesiltelná lehkost bytnosti). Dette er kanskje Milan Kundera sin mest kjende roman (filmatisert). Milan Kundera fører ein fantastisk penn, men kan vera tung. Han ventar at lesaren har greie på Goethe og Nietzsche på ein gong. Dessutan kan det vera ein fordel å kjenna til kommunist-apparatets klassiske, fornøyelege talemåtar.
Ved døra sit to karar på min alder og drikk kvitvin, avsluttar ein fin kveld med å prata med dei ei stund. Den eine er påtroppande borgarmeister. Som pubar flest i Tsjekkia bli dørene stengde til rett tid, men serveringa held gjerne fram til folk er leie. Tvilar på om den komande ordføraren kjem til å gripa inn mot dette "uvesenet".
Eg hadde halde koken forbløffande godt og etter den urutinerte framferda i Praha har eg hatt dosert inntaket av flytande levergift meir vitenskapeleg - om enn i rause mengder.
Polička - Svitavy |
2/8-2002 | (dag 84) |
Har stortrivest her, i dag er det berre skriving i regnveret før eg fer vidare til Josef og Božena. Andrea kjem innom internett-kaffen, pratar og hjelper meg med tsjekkisk rettskriving. At ho er oppegånde og ser sunn og frisk ut etter betydeleg inntak av konjakk, øl (og dessutan knødel-baking nattestid) er over mi fatteevne. Tek ein siste tur innom Andílek før toget går. Eg har drive reklame for fedrelandet og heimbygda (representert ved www.vikjavev.com ), så Andrea lurer på om mannen bak denne nettstaden kan laga heimeside for "Andílek". Eg kan sjølvsagt ikkje disponera tida til andre vevmeistrar så tilbyr meg til naud å gjera det sjølv. WEB-design for ein tsjekkisk pub ville vore ei fin utfordring, men har ikkje tid til det no. Ein skal reisa litt innimelllom, må vita.
Josef Kašparov ved fiskedammen i Svitavy. |
Alle samla i Pražská 47. |
Eg må springa til toget og blir brutalt klar over kor dårleg form eg er i. Har rettnok gått mykje men hardtrening har det vorte lite av. Dette er ein del av prisen ein betalar for sine reise-eventyr og sin umettelege apetitt på alt som er godt. Framme i Svitavy blir eg mata på ny (for å understreka ovannemnde problem).
Vert rettnok lufta saman med bikkja "Peggy" men dette er langt frå sveittedrivande. Josef og eg drikk århundrets pils ved fiskedammen i utkanten av byen. At det kan smaka så godt! Bikkja underheld seg med ein anna hund under bordet, mellom beina våre. Etter lufteturen dreg dreg me på lokal-puben og tyllar i oss meir fortreffeleg øl. Arbeidskameratar frå trevarefabrikken der Josef arbeider sit der allereie. Reisa rundt og drikka øl må vera ein fin hobby, blir det sagt. Eg nektar på ingen måte for det.
Božena har smurt skiver til oss, det skal ein ha etter å ha vore "na pivo". Eg er installert på jenterommet der det m.a. heng ein Eminem-plakat som forkynner: "Don't give a fuck!". Etter seks skummanda Gambrinus blir eg filosofisk og lurer på kva ein eigentleg bør "give a fuck" i. I mangel på gode forklaringar gjev eg like godt fuck i Eminem og somnar.
Svitavy - Olomouc |
3/8-2002 | (dag 85) |
Søv som ein stein og vaknar til meir mat. Det er uformelt og triveleg her. Dei gjer stor stas på gjesten. Božena vil gjerne eg skal bli ei natt til men eg vil gjerne koma meg vidare. Alt eg har drive med hittil, har drege ut. I Hávamál blir det dessutan sagt: Gjester er som fisk, dei byrjar å lukta etter tre dagar.
Eg får tid til ein tur til byen for å henta rutetabellar og kjøpa takk-for-meg-vin til verskapet. Božena utbryt eit "Ježíšmaría" men tek i mot til slutt. Dei to døtrene kjem begge innom, den eine med nygift mann. Dette er er moro, men eg slit med språket. Josef er svært flink til å finna vendingar som gjesten forstår. "Mentalitá" er meir innlysande enn "způsob" når eg blir spurd om norske haldningar og mentalitet (generelt)! Den slags sosiologi-spørsmål har eg vanskar med sjølv på eige tungemål, så ein gjer det enkelt ved å sei at dei ikkje er så ulike dei tsjekkiske. Dette kan diskuterast, men det får bli i eit anna forum.
Mat og slivovice kjem på bordet stadig vekk. Sjølv om eg ikkje likar sprit har denne sin misjon etter tunge måltid. Ser filmen "Den Gode Soldaten Švejk", etter Jaroslav Hašek sin klassiske roman. Dette er ikkje enkelt, men har lese boka to gonger så heilt forgjeves er det heller ikkje. Foto-runde blir påtvinga vertskapet, dette er dels òg til glede for Hans og Eva. Eg vert køyrd til stasjonen og vinka vel avgarde i retning Olomouc. Det var så vidt me rakk det og etter all føda pustar ein tungt.
Ventestunda på stasjonen i Česká Třebova er langdrygt. Bygningen blir restaurert så det er ikkje ein gong ein fatøl å få tak i ein slik vakker sommardag. Ein gremmeleg situasjon som eg aldri trudde eg skulle få oppleva her i Tsjekkia. Denne stasjonen er på hovudstrekninga austover frå Praha så det går fort unna når ein fyrst kjem seg avgarde.
© 2002 Jomar Hønsi treff sidan 25/4-2004. Statistikk


