![]() |
Reisebrev 17 3/8 - 7/8 2002 |
Tsjekkia (Mähren) |
Om reisebreva | ![]() |
![]() | LinkarReiseruteOlomouc Beskydy Příbor Ostrava Tomáš Masaryk Sigmund Freud ČD ŽSR |
Mähren - Morava
No er eg på veg til det området av Tsjekkia eg har vore minst i, nemleg Mähren. Tsjekkia blir ofte i heimlandet omtala som České Země, "dei tsjekkiske landa". Omgrepet er ikkje så kjent i utlandet men det er her det altså snakk om områda Böhmnen og Mähren. På norsk brukar me desse tyske namna, dei opprinneleg latinske nemningane er Bohemia og Moravia (og brukt i engelsk). Dette fyrste er eit velkjent omgrep, òg utanom geografien. Bohemia er eit ord som skriv seg frå namnet på ei keltisk stamme som budde i området i romartida. Moravia har eit likeså gamalt opphav, det er brukt i tsjekkisk under varianten Morava. Böhmen derimot heiter Čechy på tsjekkisk, direkte oppkalla etter det slaviske folket som har budd i landet dei siste 1500 åra. Morava er eit like tsjekkisk område, men her har ein altså halde på det latinske namnet. Det fyrste store tsjekkiske riket, Velká Morava (fram til 906), hadde sitt utspring nettopp her. Mähren er langt mindre i flatevidde enn Böhmen, berre to av dei sju provinsane som utgjer Tsjekkia høyrer til Mähren.
Olomouc er ein av dei viktigaste byane i Tsjekkia, universitetsby og sete for erkebiskopen av Mähren. Eg var innom der snarast i 1991 og fekk inntrykk av ein staseleg om enn noko forfallen by. Me budde på Hotell Sigma rett ovafor jernbanestasjonen. Det var eit stort, stygt og firkanta hotell, eit av dei fabrikk-eigde hotella som var vanlege i dei sosialistiske landa. I dette høvet var det pumpefabrikken Sigma som sto for meisterverket. Sigma er òg namnet på fotball-laget i Olomouc. Dei spelar i Gambrinus Liga (Eliteserien) og den spesielt interesserte vil ha merka seg at dei av og til har vore med i UEFA-cupen.
Som eit apropos kan nemnast at Gambrinus IKKJE er det tsjekkiske ordet for elite, men derimot landets mest populære øl-merke. No går eg litt utover tema for desse reisebreva: Gambrinus er på si side oppattkalla etter den flamske fyrsten Jan Primus, ølets skytshelgen. Endå eit apropos: for meg var Primus eit spritfyrt kokeapparat heilt til eg ein vakkar dag fekk eit dannelsesmessig gjennombrot ved å oppdaga at primus rett og slett er latin for den fyrste. Nok abstrakt latin, tilbake til ei høgst handgripeleg reise i Europa.
Svitavy - Olomouc |
3/8-2002 | (dag 85) |
Fløytekonsert på rådhusbalkongen i Olomouc. |
Etter å ha takka for meg i Svitavy er eg framme i Olomouc på ettermiddagen; skiten, trøytt, ovmett og sveitt. Prøver å leggja meg inn på Hotel Sigma, men der er det fullt. Heldigvis finn eg plass på ei anna sosialistisk etterlevning, Hotel Palác. Det er billeg, og med all grunn. Likevel er det reint og med folk i resepsjonen som har godt begrep om kva ordet "service" betyr.
Eg legg merke til eit Interhotel teppe på golvet. Interhotel var namnet på den største hotell-kjeda under sosialismen. Litt av "stará struktura" (den gamle struktur) heng altså att til glede for den nostalgiske turist (men kanskje ikkje for så mange andre).
Heile fyrste etasjen er gjort om til casino. Denslags var det lite av under den "reelt eksisterande sosialisme". Einaste casinoen i aust-blokka låg på det fasjonable Grand Hotel Moskva i Karlovy Vary (Karlsbad). Hotellet har no få att det opphavelege namnet Grand Hotel Pupp og kasinoar har det ikkje lenger monopol på!
Byen har ein flott katedral (eitslags mini Kölnerdom) og ein storslegen byplass (Horní Náměstí). Etter ein lang gåtur i gamlebyen gassar eg meg dekadent på Café Mahler, alt medan det blir framført fløytekonsert på balkongen i rådhuset. Vakkert er det, ville absolutt vore feil med ulande gitarar her og no. Får kortet til ein hyggeleg lærar som seier eg berre må ringja om eg skulle trengja hjelp til noko.
Rocke-puben Garths Blues Bar ville vore bra hadde dei spela litt høgare. Det er ille å måtta kvessa øyrene for å høyra om det er Led Zeppelin eller Jennifer Lopez som surrar (det var heldigvis Zeppelin). Det var nesten så ein kunne høyra CD-en rotera.
Har vore på uvanleg mange stader med sur service her i Olomouc, den verste var internett-kafeen Depo9. "Surtryne-problemet" er langt i frå borte, eg vil påstå at det er betre i Romania, kanskje òg i Bulgaria. Kanskje blir det aldri borte, det kan vera eit kulturelt trekk ved Mellom-Europa, altså ikkje berre nedarva gledesløyse etter partikadrane. Naboane i Tyskland og Austerrike er ikkje av dei mest overstrøymande heller men jamnt over noko meir smilande. Dette eg nemner her kan vera trekk ved den offisielle "servitør"-maska, og det gjeld berre ein del. På overnattingstader og turistkontor har eg berre vore ute for hyggelege folk. Eit utal av turistar eg har snakka med kjem inn på dette temaet. Dette er det einaste store minus eg vil gi Tsjekkia som turistland og det er eit problem på retur.
Olomouc |
4/8-2002 | (dag 86) |
Rådhuset (radnice) og pestsøyla (morový sloup) på Horní Náměstí. |
No vart det lang søvn for eg har ingen frukost å stå opp til. Den har Božena ordna ved å senda med meg ein pose eple (nok til ein hest) og påsmurde rundstykke. Etter ein lang gåtur og katedral-besøk sovnar eg att om ettermiddagen. Ingen sosiale samantreff i dag, kun jakt etter ølet frå Hanušovice (som eg finn og som er godt).
Eit gammalt sovjetisk Tupolev-104 fly står oppstilt ved stadion. Det er gjort om til bar men er stengt sundag, så eg fekk ikkje oppleva fenomenet. Dette hadde neppe dei sovjetiske okkupantane førestilt seg for 15 år sidan (dei hadde ein stor base her i Olomouc).
"Garths Blues Bar" har bra musikk men så vidt høyrbar i dag òg. Kjedar i meg to øl og ser ungdomen spela biljard. Forundrar meg kor talentlause dei er, ikkje ei kule har gått i holet. Oppdagar etter ei stund at desse biljardborda ikkje HAR hól, at det går ut på å treffa to kuler eller meir med kvart slag!
Olomouc - Valašské Meziříčí |
5/8-2002 | (dag 87) |
Olomouc er ein flott by, men heller daud no mellom semestera. Ein del turistar ser ein, men dei dominerer ikkje slik som i sentrum av Praha. Hadde i grunn fått nok av Olomouc etter to dagar. Trivelege pubar var det få av, det er spelebulene (herny) som dominerer. Desse kan eg styra meg for sjølv om dei òg fungerar som vanlege barar.
Dagens mål er Beskydy-fjella på grensa til Slovakia. Har sikta meg inn mot Valašské Meziříčí, ein by som ser ut til å vera ein stad med gode forbindelsar til området rundt. Har nesten grua meg til å bestilla billett, øvd på å uttalla denne opphopinga av umogelege slaviske lydar. Er nøgd med meg sjølv då eg får bilett ved fyrste forsøk (rettnok med uttale-korreksjon frå dama i luka).
Toget er forseinka, noko eg sjeldan har opplevd her i landet. Deler kupé med tre karar og ei jente. Den eine pratar som ein foss, mest om fotball. Han foreles i tillegg om kva som finst av tsjekkisk øl i "Chorvatsko" (Kroatia). Dette er to tema som får kjæresten til å sovna. Det påfallande kor ofte unge damer blir mentalt fråverande når essensielle emne blir drøfta.
Framme i Valašské Meziříčí er fyrsteinntrykket dårleg, stygge høghus og fabrikkpiper. Eg slit med å finna turistkontoret, det er gøymt vekk i andre-etasjen i ei bakgate. Sveitten renn i det eg parkerar ryggsekken. Den hjelpsame jenta tek meg sannsynlegvis for å vera polakk eller ukrainar ettersom ho meiner at hotell til ca. NOK 100,- kan vera "moc drahý" (svært dyrt) for meg. Ho leitar i veg i billegmarknaden men alt er fullt. Eg ber ho til slutt ringja eit dyrt hotell. Der er det plass! Eg avslører aldri min pengestinne vestlege herkomst. Av telefonsamtalane kjem det dessutan fram at Valašské Meziříčí blir forkorta til Valmez (og takk for det).
Hotell Apollo er ein stor boks av det velkjende merket (no privatisert), men velkomsten i resepsjonen er god og profesjonell. Rommet er prikkfritt men varmt. Eg sovnar i fleire timar, er heilt ute å køyra med disiplinen no. Det jamt høge øl-inntaket er nok syndebukken. Har no nesten ingen reine klede att så tek med posen ut og spør i resepsjonen. Dei kan ikkje hjelpa, men ei jente som høyrer dette tilbyd seg å vaska skit-fillene heime. Gjet om ein takkar ja!
Resten av dagen driv eg rundt i Valmez, byplassen er fin, dette var ikkje så ille som eg fyrst trudde. Sovnar tidleg til trass for den lange middagsluren.
Bytorget er (som mange andre i landet) oppkalla etter Tomáš G. Masaryk, grunnleggjaren av det moderne Tsjekkoslovakia. Han var president frå 1918 til 1937. Han var ein eineståande politikar. Kjend ò som humanist og filosofi-professor, var han allereie under det Austerrikske-Ungarske dobbeltmonarkiet parlamentsmedlem i Wien. Etter tapet i fyrste verdskrigen braut Austerrike-Ungarn saman, og Masaryk fekk med støtte av vestmaktene oppretta eit uavhengig Tsjekkoslovakia. Den fyrste republikk var eit demokrati styrt av koalisjons-regjeringar. Landet var eit av dei fremste industriland i verda og var i 1938 einaste demokrati att aust for Rhinen. Sjeldan kan vel nokon nasjon ha hatt ein leiar som med så stor rett kan kallast landsfader.
Valašské Meziříčí |
6/8-2002 | (dag 88) |
Har sove utruleg og ligg og dreg meg utan mål og meining til klokka 11. Dette er for ille, sprett opp og tek meg saman. Dei fleste dagane bør ha eit visst program, ellers blir ein brakkesjuk og øydelagd som framtidig produktiv samfunnsborgar. Ferielivet har fungert godt hittil, men dei siste dagane har det sklide ut. Ikkje det at eg meiner at ein absolutt må gjera noko kvar dag, men ein bør koma seg ut av køya!
Tek bussen til Rožnov pod Radhoštěm, ei mil unna. Denne byen ligg inne i Beskydy-fjella og er meir ein turist-stad. Golfbane har dei òg. Eg høyrer både tysk og nederlandsk tala. Byen har eit stort friluftsmuseum (Skansen) av type Maihaugen. "Skansen" er brukt som betegnelse på friluftsmuseum i fleire språk, m.a. tsjekkisk. Opphavet til ordet er det eldste museum av dette slaget i verda, Skansen i Stockholm.
Regionen Valakia er særprega med sine trebygningar, òg nokre av kyrkjene er av tre. Det vart mange timar på muséet, deler av det er "i live": dyr i gamle fjøs og ekte utedo av tre. Eg lettar på do-døra og nikkar med ei kjennande mine, men er vorten for urban til å villa bruka det i utrengsmål. Dette muséet kunne ein brukt ein heil dag på.
Friluftsmuseum (skansen) i Rožnov pod Radhoštěm. |
Inspeksjon av utedoet på skansen. |
Reiser vidare til Frenšstát pod Radhoštěm, det ligg kort veg unna på den andre sida av Oder-Donau vass-skiljet (Austersjøen-Svartehavet). Fjella er no over 1200 m.o.h, og dekte med frodig barskog heilt til topps. Ei og anna utfor-løype bryt det djupgrøne skogteppet. Eg gjev meg ikkje til, finn ut at eg må koma meg tilbake til Valmez.
Ventar litt på toget. Dei to siste dagane har vorte fattige på pivo, dels bevisst men og fordi det er lite variasjon i dette området Det velkjende Radegast blir brygga like ved (i Nošovice), og dominerar heilt. Den eine eg drakk ved stasjonen i Frenšstát var rettnok så god at eg heldt på å gi meg til, men eit anfall av disiplin fekk meg til å dra heim. Toget gjekk gjennom meir flott landskap.
Skriv vidare på dette brevet, og et ein god pizza med ekte, tunn italiensk botn. På hotellet har eg fått att vasken min og er fornøgd med dagen. Dama i respepsjonen fortel at ho fekk tur til skiskyttar-VM (eller EM) "v Lillehammeru" i 40-års-gåve. Endå ein gong blir vårt vakre fedreland skrytt opp i skyene. Eg har inntrykk av at nordmenn er eitslags favortt-utlendingar, mange lyser opp når mi "narodnost" (nasjonalitet) blir avslørt. OL på Lillehammer må ha vore stor Norges-reklame på desse kantar. Eg har mista talet på folk som skryter over kor "krásný" (vakkert) det var.
Valašské Meziříčí - Příbor - Ostrava |
7/8-2002 | (dag 89) |
Příbor. Dette er fødebyen til psykoanalysens far. |
Utkvild, disiplinert, full av dyd og gode hensikter sprett eg opp (brukte vekkjarklokke!). Frukost er Wien-kaffi og Tiramisú. Det smakar søtt og fortreffeleg (men var litt i strid med dei gode hensiktene).
Dagens program er å reisa vidare til Ostrava, ein by eg er blitt fortalt er galskap for ein turist å besøkja. Dermed skal eg dit, staden må ha noko med seg i og med at mange har sterke meiningar om den. Dessutan har den godt samband med Slovakia.
Byen vert kalla "Černá Ostrava" (svarte Ostrava) grunna kolgruvene og industrien. Eit anna begrep er "průmyslová srdce republiky" (republikkens industrielle hjarte). I det siste har mykje av den gamle industrien gått under. Dette har ført til at byen ikkje er så svart meir, men at arbeidsløysa på 16% er den høgaste i landet.
På veg til Ostrava stoppar eg i Příbor, mest kjend som fødebyen til Sigmund Freud. Museet er stengd, men byen er fin i seg sjølv, så det er ikkje vekk-kasta. Freud budde her berre til han var tre år, men han blir minna. Bytorget, Náměsti Sigmunda Freuda, er typisk tsjekkisk, ein fryd for auga. Enno er ikkje opp-pussinga ferdig.
Eg må byta tog endå ein gong, i Studenka. Dette er nok det ein forbind med Nord-Mähren, rustne leivningar etter fordums industriell styrke. No ser det heller trasig ut. Eg får bange anelsar om Ostrava, det kan umogeleg verra verre ?
Ostrava ynskjer velkommen med ein moderne jernbanestasjon og hjelpsam turistinformasjon. Eg finn fort Hotel Globus nokre hundre meter nedom stasjonen. Respesjonen er berre ein bar,karane der ser ut som dei nettopp har vore i slagsmål. Her vert det betalt utan det vanlege papirarbeidet (pass). Golvteppet er det skitnaste eg har sett på noko hotell. Likevel: senga er rein og det er trass alt der ein forsøksvis skal liggja.
Byen gjev eit positivt fyrsteinntrykk. Flott jernbanestasjon, nye trikkar, utruleg reint i gatene, velhalde og lite grafitti. Det gjer ikkje inntrykk av å vera ein elendigheitens pøl. Det kan vera kommunistiske dydar som heng att; desse reine gatene minner om Leningrad og Moskva på åttitalet. Ostrava var ein kommunistbastion, og var før 1989 ein av dei mest velståande byane i Tsjekkoslovakia (og nok i heile austblokka).
"Club Nashville" har ein tsjekkisk stout (mørkt øl), Kelt, som suverent sler ut dei irske originalane (Guinness, Murphy osv). Ellers var staden meir prega av Pink Floyd enn av Dolly Parton. Det viser seg at det er langt inn til sentrum, eg trekkjer meg difor tidleg tilbake til mitt langt frå idylliske krypinn.
Ostrava - (Slovakia) |
8/8-2002 | (dag 90) |
Kól og stålbyen Ostrava. |
Er tidleg oppe for å handla før eg forlet storbyen. Altfor tidleg, må leita for å finna ein stad å eta frukost. Står og trippar på trappa til McDonalds (som eg ikkje har vore innom på heile turen).
Hotell Imperial freistar til slutt meir, men det ser vel ekslusivt ut for ein mann med enkle vanar. Likevel, ei ånd av urban dekadens kjem over meg, eg lettar forsiktig på døra. Flott hotell og fin buffet, morgonaviser, m.a. spesial-blad om investeringar. Eg hadde ikkje tenkt å investera i Ostrava, men et gjerne frukost med dei som gjer det. Eg vert ikkje utsett for sure miner, dette til trass for at eg la att dressen i Oslo.
Vil gjerne handla nokre livsnødvendigheiter før eg dreg austover. Det dreiar seg ikkje om anna enn minnekort til kameraet og CD av Krausberry (Martin Kraus).
Ostrava er ikkje den skrekken ein vorte fortalt om, men det er heller ikkje noko spesielt å sjå der utanom veldreia jenter. Butikkar, nokre teater og kyrkjer, parkar; alt saman er ting ein finn ein kvar som helst. Flotte damer finst i alle byar i alle land om enn ikkje så mange som her i Ostrava.
Avskjeden med Tsjekkia for denne gong er på jernbanerestaurasjonen. Heller i meg lokalt øl (Ostravar) som om min siste pivo var komen (ein veit aldri, kan bli overkøyrd av ei brunkol-vogn i morgon). På toget drikk eg tilsvarande megder mineralvatn (men dette fører eg ikkje logg over). På veg ut av Ostrava ser eg det tsjekkiske rustbeltet eg har høyrt om, fabrikkruinar i mengder. Dette minner om ting ein såg (og ser) i Nord-England og Wallonia (Belgia), men kanskje endå verre. Avgang er 11:50, ein timer seinare er me i Slovakia.
Tsjekkia - etterord
Tomáš G. Masaryk, grunnleggjaren av det moderne Tsjekkoslovakia. |
Tsjekkia er utan tvil favoritt-reisemålet mitt, sjølv om Italia er ein god nummer to. Grunnane er både enkle (flotte byar, godt øl, låge prisar, historie) og meir kompliserte: Fyrste besøk i landet kom i stand spontant etter at ein kamerat og eg sat på ein pub i Oslo og snakka om uretten Tsjekkoslovakia vart utsett for i 1938, ofra til Hitler av Storbritannia og Frankrike for å sikra "peace in our time". Reint emosjonelt med andre ord (og kvifor ikkje?).
Alt lenge før eg var i landet fyrste gong (1988), hadde eg gjennom lesing fått inntrykk av tsjekkarar som eit av Europas mest siviliserte og opplyste folk. Den relative mangelen på vald i historia deira var med på å styrka denne positive oppfattninga.
Etter meir enn 10 besøk i landet er biletet sjølvsagt meir nyansert. Blei betatt av Praha med ein gong, det var hovudstaden som trekte i starten. Har funne tsjekkarar svært jordnære, men tildels vanskelege å koma inn på til å byrja med (men det kan ta voldsomt av etter kvart).
To negative ting som eg oppdaga fyrst etter å ha besøkt landet var surmulinga (mest i "service-industrien") og tildels infernalske latriner, oftast på bygdene. Men Homo Sapiens lever stort sett sitt liv andre stader enn på doskåla, så i perspektiv er ikkje dette så alvorleg. Reinsemda har betra seg mykje sidan eg fyrst reiste til Tsjekkia, dei skitna doa er langt på veg plasserte på den historiske møkkahaug.
Maten er det delte meiningar om, det kan vera både og, men eg har hatt lite å klaga over (eg likar kjøt, og dette kan tsjekkiske kokkar). Offentlege transport er påliteleg og billeg, ein klarar seg godt utan eigen bil. Turist-infrastrukturen fungerer tilnærma like godt som i vest og til ein brøkdel av prisen. Landet er trygt å reisa i, med få unntak kan ein slappa heilt av. Ein treng ikkje ta med ryggsekken på do her! Enkelt sagt er Tsjekkia eit land eg håpar å kunna besøkja minst like mange gonger til før eg drikk min siste pivo !
© 2002 Jomar Hønsi treff sidan 25/4-2004. Statistikk


