Reisebrev 18
8/8 - 15/8 2002

Slovakia

Om reisebreva Informasjon om Slovakia (frå BBC)
Map

Slovakia

Slovakia har eg hittil berre brukt EIN dag av livet på, ei overnatting i Košice i 1991. Då var det enno Tsjekkoslovakia og ein var ikkje så sikker på skilnaden mellom dei to landa. Fram til 1918 var likevel historia deira nokså ulik.

Slovakia hadde vore under ungarsk dominans i 900 år, ei tid var endåtil Bratislava (Pozsony) hovudstad i Ungarn. Dei tsjekkiske områda var fram til 1620 sjølvstendige, deretter vart dei styrde frå Wien. Språka eg nokså like, tsjekkarar og slovakar har ingen problem med å forstå kvarandre. Dei tsjekkiske områda innafor den gamle staten hadde storparten av industrien og befolkninga. Tsjekkarane dominerte politisk og kulturelt.

Tsjekkoslovakia eksisterte i periodane 1918-1939 og 1945-1992. Slovakia har sidan 1/1-1993 vore sjølvstendig stat.


(Ostrava) - Starý Smokovec

8/8-2002 (dag 90)

Slovakia er eit fjellrikt land, på turen austover frå Ostrava såg eg verkeleg høge fjell for fyrste gong sidan Romania. Landskapet er grønt og frodig, togturen mellom grensa og Poprad (ved Tatra-fjella) er ei samanhengande naturoppleving.

Tatra-fjella i sikte.

Framme i triste, industrielle Poprad vart det litt venting, og tid til pengeveksling. Ni år etter brotet med Tsjekkia har den slovakiske krona berre 60% av verdien til den tsjekkiske. Min fyrste slovakiske pivo blir servert av verdens mest uhøflege kelnar. Han bannar og kjeftar på kundane, men er ellers effektiv som øltappar.

Eg har fylgje med ein amerikanar på smalspor-bana opp i fjella. Han har store problem med å uttala Starý Smokovec og Štrbské Pleso. Akkurat det siste kan vera vrient nok, òg for ein sjøltilfreds språksnobb. Ein slitsam og sytete italienar får meg nesten til å ta beina fatt. Er det så gale i utlandet er løysinga enkel: å halda seg heime, fjell finst i Italia òg!

Italienarar er dei som oftast klagar over maten, men det er i grunn forståeleg. Dei er verdsmeistrar på kjøkenet og fullt klar over det. I dette tilfellet var ikkje mannen komen til bords ein gong så han må ha hatt eit anna slags problem. Kanskje hadde han vore for lenge borte frå mor si.

Slit for ein gong skuld med å finna overnatting. Starý Smokovec er fullt av turistar trass regnveret. Redninga blir det institusjonelle Hotel Park, og det berre for ei natt. Leitar forgjeves etter eit anna krypinn for dei neste dagene.


Starý Smokovec

9/8-2002 (dag 91)

Rognebær i søkkvåte Tatra.

Frukosten er upåklageleg, buffet med mykje godt. Overnattinga framover ordnar seg, det er ledig likevel, men berre etter at dama får vita at eg er norsk! Dei smiler i resepsjonen i dag, eg har av innfødde blitt forklart at ein helst reserverer smilet for folk ein kjenner. Kanskje litt for enkelt, men heller ikkje teke ut av lause lufta.

Det regnar heile dagen. Einaste meiningsfulle gjeremål er ein gåtur til Tatranská Lomnica. Langbukse har eg ikkje, den gløymde eg att i Praha. Går 15 km på asfalt, utstyrt med paraply og nyinnkjøpte joggesko. Eg har berre brukt sandalar hittil på turen. Har òg byrja med sit-ups og armhevingar avdi eg er litt uroleg for min eigen fysiske tilstand. Eit av mine få motto i livet er: Eg er akkurat så feit som eg VIL vera, dermed må ein berre skjerpa seg.

Pratar med ein blid tsjekkar på nesten 60 som har traska rundt i regnveret i fjella i 6 timar. Eg får ei sjeldan bylgja av sjølvforakt over meg; i morgon skal eg til fjells om så eg ikkje ser meteren framfor meg. Han er Bjørn Wirkola beundrar, men for meg å forklara den doble meininga i uttrykket "å hoppa etter Wirkola", blir reint for mykje.

Går forbi ein hoppbakke på vegen. Her har sikkert Arne Scheie kommentert. Høyrer ei velkjend stemme inne i hovudet: ... og her kommer Primus Ulaga fra Tsjekkoslovakia!. Scheie hugsar sjølvsagt nøyaktig kor mange gonger, og når han har vore her. Dessutan resultata. Kollega Egil Olsen kan sikkert oppgi høgda på dei fem høgaste toppane i Tatra-fjella utan å blunka. Det er godt å vita at ein ikkje er åleine nerd.

Museet om Tatra Nasjonalpark (TANAP) er ein utveg i regnveret: mange utstappa villbeist, skilta på slovakisk og latin. Parken har bjørn, ulv, villsvin, gaupe, hjort og ei mengde mindre skapningar. Historia om parken er òg beskriven. Den vart til etter initiativ av professorar frå Kraków og Praha.


Starý Smokovec

10/8-2002 (dag 92)

Skodda letter over Hrebienok.

Veret har letta, så eg tek taubana opp til Skalnaté Pleso, 1750 m.o.h. I starten er det berre skodde, men oppe er det nokolunde sikt (om enn surt). Gå-turen nedatt tek 3 timar, det er eit fall på 800 meter.

Lengst oppe er ein over tregrensa, av og til skimtar ein kor storslått dette landskapet er. Dramatiske fjell, men det unike er utsikta ein har. Tatra-fjella er eit lite omtråde i flatevidde, kjem ein opp over tregrensa har ein draumeutsikt både utover låglandet og fjella.

Her er det er nesten ingen vestlege turistar, mest slovakar, polakkar og tsjekkarar. Siste delen ned har eg fylgje med ein polakk. Det går på eit vis å halda samtale om enkle tema som fotball, tregrenser, regn, skodde og kvar ein er frå.

Pizzeria La Montanera har ekte italiensk pizza med tunn botn. Menyen har nokre feilstavingar, men ikkje så ille som ein ofte finn heime. Det er ei god etterlikning, her har ein gjort heimeleksa si. Ølet Kelt er naturleg nok i ein anna klasse enn det ein finn sør for Brenner-passet.

Kelt er eit av dei absolutt beste øla eg har smakt på heile turen. Her i Slovakia har eg drukke mykje godt, like bra som i Tsjekkia. Ein anna favoritt er Zlatý Bažant. Begge er laga av Heineken Slovakia. Om berre Heineken kunne klara liknande i andre land .....


Starý Smokovec

11/8-2002 (dag 93)

På Lomnický Sťít.

Skulle eigentleg reist vidare i dag, men fekk meirsmak etter gårsdagen i fjella. No tek eg taubana heilt opp til Lomnický Sťít, 2632 m.o.h. Siste delen av turen er tjukk skodde. Vi blir stappa inn. Eg høyrer bannskap som ikkje sømer seg ikkje på trykk på ein danna nettstad. Det blir og sagt noko om "sardinky".

Reflekterer over det meiningslause i å dingla i tunn luft utan å sjå anna enn kvitt. Vel oppe har ein god tid. Tek ein runde, blir teken bilete av med perfekt einsfarga bakgrunn. "To je škoda" (det er synd), blir det sagt rundt meg. "Skodda, ja det skal pinadeg vera sikkert!", tenkte vevmeistaren/turisten og funderte over språklege samantreff.

Mobilen går amok, skiftar nett mellom Polen og Slovakia berre eigaren slepper ein fjert. Dingsen held på å bruka opp batteriet.

Nede att på mellomstasjonen kunne endeleg fjellturen starta. Fyrste del var same som i går så no langa eg verkeleg ut. Avstandane er oppgitt i timar, men desse vart for lange med dette tempoet. Lunsj vart teken bufeten på Hrebienok etter ein time. Delte bord med ein hyggeleg familie frå Košice. Dei hadde med seg svigersonen frå London og ein kunne prata greitt. Familiefaren visste om Brann og kunne stillinga i Tippeligaen. Slikt burde imponera den mest blaserte bergensar!

No vart det blodslit i to timar med stigning på 600 meter, men kjende det gjorde godt. Vel oppe kunne ein konstatera at fint folk hadde vore her før: Den heilage far Ján Pavol II var innom ein tur i 1995, men han kom seg neppe opp ved eiga hjelp. Ein nyt to velsmakande Zlatý Bažant (Gyldne Fasan) frå fat for deretter setja utfor att i vanvittig fart. Høyrde faktisk engelske, franske og tyske gloser, midt oppi det slaviske og magyarske ubegripelege. Det er nokonlunde god sikt, men nedom skoggrensa hjelper dette lite. Tjukk barskog er alt ein ser. Eg vert freista til å sitera Sokrates: "Trea i skogen kan ikkje fortelja meg noko".

Meir pizza på Montanera, bordselskap med slovakisk-kanadisk lærarpar. Det er godt å få prata i meir enn enkeltsetningar. Det har langt frå vore like sosialt den siste veka, men i dag har det kome seg. Ein vart for godt vand i vekene føreut.


Starý Smokovec - Bardejov

12/8-2002 (dag 94)

Mitt danske reisefylgje på veg til Košice.

Veret er det same, ein kan ikkje venta på betring i det uendelege sjølv om eg gjerne skulle sett meir av Tatra-fjella. Det eg har sett gjev meirsmak.

Bussturen til Bardejov tek AKKURAT 2 timar og 49 minutt, den offentlege transporten er bra i Slovakia òg. Har ei stund ein uvanleg illeluktande kar ved sida av meg. Ellers er turen fin til trass regnver. På slutten kjem sigøynar-fylgja på med spann fulle av blåbær. Dei kunne òg trengt ein grundig vask (folka meiner eg).

Framme i Bardejov gå det ikkje like glatt. Alt er fullt, turistkontoret sender meg til slutt til kurstaden Bardejovské Kúpele, 6 km unna. Eit studium av eit hotell, t.o.m dama i resepsjonen er som hoggen ut av ein film frå den kalde krigen. Ho er likevel innst inne hyggeleg og hjelpsam, det er berre mina som gjev assosiasjonar til svunne tider.

Ein ung danske sjekkar inn samtididig med meg. Me reiser begge åleine og er såleis heller selskapsjuke og held lag resten av kvelden. Pratar om Aust-Europa, landbrukstøtte, det å reisa åleine. Han er skogbruks-student, kjem frå Silkeborg (Jylland) men til trass for dialektane våre klarar me oss stort sett utan engelsk.

Kjem inn på kvifor ikkje fleire frå vest besøkjer landa bak det tidlegare jernteppet. Grunnen må ha mest med fordommar å gjera. Tatra-fjella står ikkje tilbake for Alpane når det gjeld storslått natur. Landa ligg nær og er tilgjengelege til spottpris.

Denne delen av Slovakia blir kalla Karpato-Rutenia (Podkarpatská Rus). Området skil seg ut ved å ha ein Rusyn-minoritet. Dette folket er katolikkar med ortodoks kyrkje-rituale, såkalla gresk-katolikkar. I tillegg snakkar dei ein dialekt som ligg nærare ukrainsk enn slovakisk. Det har difor vore mykje fram og tilbake i dette hundreåret om kven rusynane er. Politisk har det òg vore kinkig, spesielt då det tsjekkoslovakiske kommunistpartiet i sin visdom fann ut at rusyn var eit anti-progressivt omgrep. Språket deira vart definert som ukrainsk og undervisninga lagt opp deretter. Fyrst i 1995 vart rusyn definert som eige språk.

Karpato-Rutenia har vore kjendt som eit tilbakeliggjande område, ein stad folk reiste frå i staden for å reisa til. Blandt dei mange som vandra ut var mediekongen Robert Maxwell (Jan Ludvík Hoch) og foreldra til kunstnaren Andy Warhol.


Bardejov

13/8-2002 (dag 95)

Bardejov bytorg.

Eg vert kasta ut av hotellet om morgonen. Ei gruppe har kome til. Dama i resepsjonen prøver i det lengste å redda meg men sjefen er nådelaus. Dermed blir det ny jakt på overnatting. Min danske kamerat og eg brukar litt tid på folkemuseet i Bardejovské Kúpele, det er verdt tida. Trekyrkjer og tømra-hus, alt godt lagt opp.

Kurstaden i seg sjølv er avslappande og bilfri. Flotte parkar, kurhotell, varme kjelder og velfødde pasientar som skrik etter kuropphald (og endra livs-stil). Fint folk har vore her før oss: det står ei statue av den populære keisarinne Elisabeth av Austerrike-Ungarn. Ho vart myrda i 1898 av ein anarkist.

Nede i Bardejov by finn turistkontoret overnatting til meg. Det er på stadion til SK Bardejov. Rommet er flott, det beste eg har sett sidan starten av Juli. Eg har av og til før hamna på stadion for overnatting: Idrætsparken (København), ishockey-stadion i Klatovy (Tsjekkia). Ser litt på ein trenings-kamp. Nivået er høgt, omtrent som i Tippeligaen ser det ut som. Blir overraska over at laget er i tredjedivisjon, men blir forklart med at dei mista profflisensen i fjor og vart tvangsdegradert.

I regnveret er det ikkje mykje å ta seg til. Bardejov har ein flott byplass som kan måla seg med mange i Tsjekkia. Reparasjonane etter forfallet under kommunistane er likevel ikkje så langt komen som hjå dei tidlegare landsmennene i vest. Tek ein tur på den irske puben, som viser seg å vera heller fjortis. Ikkje noko gale i det, desse ungdomane er hyggelege. Eg har reint tilfeldigvis lagt frå meg paraplyen ein stad, men ein av dei unge pub-gjestene ordnar glatt drosje til meg med sin avanserte Nokia.

Blir liggjande lenge og sjå på flaumrapportar frå områda lenger vest. Prøver å ringja Hans og Eva i Dresden utan resultat og blir uroleg. Linja er broten.


Bardejov - Medzilaborce

14/8-2002 (dag 96)

Bussturen vidare til Medzilaborce tek litt over to timar. Landskapet er frodig og kupert, men treng ikkje meir regn. Ein tung og grå dag. Har ikkje sett sol på ei veke no, men skal ikkje klaga. Ville ikkje vore i skoa til dei som må rømma hus og heim i nabolanda i vest. På vegen inn ser eg eit skilt som reklamerer for Andy Warhol Museum, og meiner å hugsa at kunstnaren var fødd i Slovakia. Det må altså ha vore her.

Eurohotel har topp standard til knappe 150 norske kroner. Ei mengde kanaler på fjernsynet, det kan koma godt med i dette veret. Hotellet ligg i Ulica Andy Warhola, og museet kan ein ikkje unngå, det ligg i kommunehuset. Pension Andy (tenk det), har bra mat, men no er eg grundig lei den evinnelege tsjekkiske og slovakiske raudkålen! Einaste utveg er å eta pizza.

Medzilaborce har lite med seg. Firkanta, grå bygningar, forfalne fabrikkar, fyllikar i gatene (mest sigøynarar) og omtrent ingen ting å sjå (trudde eg). Drikk god øl på den trivelege Svän Club, medan eg held auga med tsjekkisk fjernsyn. Eine kanalen sender nyheiter om flaumen heile døgnet no.

På hotellet har og BBC World nyheiter om flaumen. Det slår meg endå ein gong kor uprofesjonell den ellers velrennomerte britiske kanalen er når det gjeld utanlandsreportasje. Dei tyske kanalane eg har sett på gjer som f.eks NRK: brukar korrespondentar som KAN det lokale språket. BBC derimot må leita opp ein talsmann for bystyret i Praha som knapt klarer få fram noko anna enn at det er ein fæl flaum. Slike situasjonar er like forutseielege som at engelske fotballkommentatorar etter 20 år enno ikkje har lært å uttala Rudi Völler.


Medzilaborce

15/8-2002 (dag 97)

Andy Warhol, sjølvportrett.

Portrett av Mick Jagger.

Dagen renn med solskin, har sjeldan sett så skarpt lys, endeleg er myrketida og syndfloda over. Eg får kontakt med Dresden, dei held hovudet over vatnet. Det er utruleg kor solskinet hjelper på humøret. Rettnok har eg ikkje vore i dårleg humør, men no lettar eg nesten!

Kjøper bilett til Polen og blir forvirra over at eingvegs-biletten er dobbelt så dyr som ein tur-retur. Om det er polakkar eller slovakar som knekkjer ut denslags, skal eg ikkje ha sagt.

Toget går ikkje før fire, så eg har tid til Andy Warhol Museum for Moderne Kunst. Eg ville nok ikkje ha gått på noko slikt til vanleg, men når alternativet er å vandra gatelangs i sosialistisk betong-brutalisme, er valget lett. Utafor museet står ein enorm suppeboks. Måleria av diverse utgåver av Campbell's Soup er kanskje det kunstnaren er mest kjend for (ved sida av bananer og vodka-flasker).

Lurte litt på å kommisjonera ein lokal kunstnar i Vik til å måla ein boks Joika-kaker eller ein gammalost, men innan han les dette kan han ha kome på idéen sjølv.

Fyrste etasjen er via vanleg moderne målarkunst, eit par fargerike bilete fell i smak. Einaste andre besøkjande er fire nonner. Dei brukar lengre tid på opplevelsen enn eg. Andre etasje er Ungarsk neo-Avantgardekunst og her var det verk av ymse slag. Det eg hugsar best er ein gammal koffert full av tau. Skiltet har tala 1976-81 påteikna, eg går ut frå at det var tida han brukte på kreasjonen. Om han laga tauet og kofferten sjølv eller brukte tida på å kveila saman tauet er eg ikkje kunst-ekspert nok til å uttala meg om.

Siste avdeling er heilt via Warhol. Effektar som døds-sertifikat, familie-foto, brev, flybillettar. Det går opp for meg at han var fødd i Pittsburg i 1928, det var foreldra som kom herfrå! Han døydde i 1987. Eg høyrde fyrst om Warhol i samband med rocke-gruppa Velvet Underground. Warhol måla ei vidkjend banan til eit av omslaga deira.

Det ryktast at Warhol òg er kjend i Oslo, spesielt i Akersgata, fordi han har måla dronning Sonja. Denne påstanden kan eg ikkje stadfesta.


Sjølve kunstutstillinga var imponerande. Suppeboksar, kjendismåleri (Mick Jagger, Judy Garland, Lenin osv), sjølvportett og Absolut Vodka. Eg må innrømma at dette var verdt pengane. Dei få gongene eg vankar på galleri tek tolmodet slutt heller fort. Det som gjorde dette meir spennande var blandinga av livs-historie og utstilling. Når eit museum får ein til å villa vita meir, har det gjort jobben. I tillegg gjorde det eit sterkt visuellt inntrykk.

På vegen ut legg eg merke til to kister merka CLEAN og DIRTY. Etter innføringa i ungarsk neo-avantgarde har eg vorte overkjensleg og mottakeleg for alt nytt innan kunst. Eg knipsar verket for det ser ut til å vera i same kunstneriske sjangre som kofferten med taua. Kanskje artistane har studert under same professor på same akademi i Budapest ?

Ser ingen merkelapper rettnok, og oppi ligg tøytøfler. Det går etterkvart opp for meg at tøflene er overtrekk ein skal bruka når ein går rundt i hallane. Eg lyser hermed meg sjølv daud og gravlagd som autoritet på moderne kunst. Eg har drege det utvida kulturbegrepet vel langt.

Tek farvel med godt slovakisk øl, i nord ventar eit nytt land og eit nytt folk.

Slovakia - etterord

Veka i Slovakia vart skjemd av uvér. Dette er eit land for den som er på jakt etter flott natur. Svært mykje liknar på Tsjekkia, prisane er endå lågare, maten liknar men har meir av ungarsk i seg. Ølet vil eg påstå er jamt over like godt som i nabolandet. Som i Tsjekkia er det heller få som kan noko særleg engelsk. Servicen er av det same lunkne slaget og mindre proff, nabolandet har nok lagt kursen vestover noko hardare.

Folk har eg inntrykk av er nokså reserverte, men det er vanskeleg å sei kva som skuldast språkbarrieren. Dei slovakane eg trefte som kunne framandspråk var hyggelege. Hjelpsemd møtte ein overalt. Eg ergrar meg over å ikkje få sett Tatra-fjella skikkeleg, det eg skimta var flott. Slovakia, er som alle landa eg har vore i sommar eit land eg meir enn gjerne reiser tilbake til.


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk