![]() |
Reisebrev 20 22/8 - 25/8 2002 |
Latvia |
Om reisebreva | ![]() |
![]() | LinkarReiseruteRīga Valka Hotel Viktorija Okkupasjonen Russisk minoritet Baltisk ruteopplysning LDV |
Rīga |
22/8-2002 | (dag 104) |
Det VART som venta ein hard tur. To grenseovergangar ga rettnok litt pusterom, og ein pause på ein bensinstasjon i Litauen hjelpte til. Trur likevel ikkje eg sov, det var rett og slett for trangt. Ein stad langs vegen i Litauen såg eg noko eg ikkje hadde sett på lang tid, ein Statoil! Eg vart nesten rørt, eg forstod at eg hadde vore verkeleg lenge vekke! Slike reaksjonar får ein vanlegvis ikkje når ein ser dei to bensinstasjonane på Økern.
Klokka fire om morgonen var me i Rīga og på ny var eg på ein framand stad utan å vera førebudd. Eg tok sikte på å finna eit hotell på slump, noko som hadde gått bra dei siste gongene. Eg fekk auge på ei jente i akkurat same situasjon, me kom begge med hjelpelause "Excuse me" akkurat samtidig. Ho hadde ein "Lonely Planet" så no var det i alle fall litt håp. Det skulle liggja tre billege hotell ved stasjonen, men på det fyrste svara ingen, det andre hadde døra skalka for og på det tredje vart me bryskt avviste.
Me prøvde så nokre finare stader midt i gamlebyen, men det vart for dyrt, spesielt for ho som hadde krav om 10 EURO eller mindre. Jenta var frå Korea og hadde reist åleine i Russland, Finnland og Baltikum. Nokså tøft med berre rusten engelsk som hjelpemiddel. Ho hadde vore fyrste koreanar i Murmansk og hadde møtt nissen i Rovaniemi!
Seremonielt farvel til ei musøyra Lonely Planet ein tidleg morgon i Rīga. |
Bytorget i Rīga. |
Det enda med at me berre sette oss ned i byen, gav opp heile overnattinga for no var klokka alt 6. Gamlebyen i Rīga tok seg godt ut i dei tidlege morgontimane, det er eit eller anna ved byen som gjev den eit "nordisk" preg. Arkitekturen er kjend, minner om Stockholm og København. Rīga er ein Hanseatby, så det kan vel vera ein dreg kjensel på ting frå vårt eige kjære Bergen.
Prøvde å ordna ein stad som låg litt lenger frå sentrum, Hotell Viktorija. Der var det ledig, og ein kunne få eit rom med ein gong. Haken var at me måtte dela. I dei fleste europeiske land er slikt berre eit praktisk spørsmål (England er eit unntak), men det er nok annaleis i Korea. Ho ville heller leita vidare, håpa ho fann eit eller anna. Eg takka, bukka og sovna klokka 7. Dei tok ikkje betalt for dei ekstra timane.
Vaknar klokka eitt og tek den vanlege turen på turistkontoret (som ein har for vane å gjera fyrste dagen på ein ny stad). No blir det byrunde i dagslys, og eg er imponert over gamlebyen. Restaureringa er komen langt og det er ryddig og reint. Turtistar er det ein god del av. Prisane er ikkje så låge her som det eg er vand med, men det er enno godt under vest-europeisk nivå.
Eg har nemnt i eit par andre brev den dårlege og sure servicen som eit fellestrekk ved dei tidlegare kommunistiske landa. Her i Rīga er det kanskje endå surare enn noko eg har opplevd i sommar. Igjen er det dei eldre damene som er dei verste. Mangelen på service blir forklart med at ein ikkje hadde noko att for å smila og å vera hyggeleg mot ein kunde. Dette er logisk, men kan nokon forklara kvifor visse matroner enno kan setja skrekk i ein garva turist? Kvifor er ikkje mannfolka like fryktinngytande?
Finn ut at eg skal klippa meg, no har håret vakse sidan juni. Frisørdama snakkar ikkje mitt språk og eg ikkje hennar men tek sjansen på at eg kjem til å sjå ut som folk òg etter å ha vore under denne saksa. Det tek ein time og eg kjenner meg som eitslags kunst-gjenstand som skal forfinast, foredlast og pussast på til eg skin, kanskje gjerast klar til puddel-utstilling. Ho passar på at ikkje EITT strå er for langt eller kort, sirklar rundt, ser etter frå alle vinklar og er endeleg fornøgd. Maken til yrkes-stoltheit har eg knapt opplevd i nokon byar i nokon land.
Har eit tips frå ein kamerat om eit fantastisk godt latvisk øl. Eg ringjer for å forhøyra meg, men vedkomande beklagar seg og hugsar sjølvsagt ikkje namnet på vidunderdrikken. Han har problem med å hugsa ord med meir enn to konsonantar, vert det sagt. Skal eg verkeleg måtta smaka ALT for å finna denne eliksiren ? Finn faktisk eitt øl som er svært godt: Užavas. Dette drikk eg i den flotte puben Staburags, like ved hotellet.
Rīga |
23/8-2002 | (dag 105) |
Eg har nemnt kor nordisk Rīga virkar p.g.a arkitekturen. Det er og noko anna kjent med bybiletet: Alle dei norske butikkane. Eg kan nemna Rimi, Cubus, Dressmann, Statoil, Nille og Narvesen. Spesielt Narvesen finn ein over alt. No er likevel ikkje alt som heime, sprithylla til Narvesen kan ein ikkje utan vidare sjå for seg i heimlandet til Kjell Magne Bondevik. Vareutvalget er ellers nokså annaleis, men eg fekk gleda av å kjølpa pølse med brød i det minste. Ny tannkost handla eg på Rimi. Hadde det ikkje vore for overnatting og transport kunne eg sikkert overlevd med å bruka pengane i norsk-eigde butikkar. Likevel er det mangt som fortel ein at ein IKKJE er heime. Dei tallause kasinoane er noko ein fort legg merke til. Eg går ut i frå at mange av desse ikkje er eigd av Rimi-Hagen.
Språket er heilt uforståeleg, men eg anar ein del svenske og tyske lånord ( naks klubs, spelu halu ). No er dessutan halvparten av innbyggjarane i Rīga russisk-språklege, utan at det hjelper meg synderleg.
Bru over Daugava. |
Gamlebyen sett frå Daugava. |
Legg meg ut på ein runde med ølsmaking. Eg har lite tid og det finst mange merke å velgja i. Gjer opp att same tabben som i Praha, går i gang nesten på tom mage. Det vert mange øl men kvaliteten er jamt over dårleg. Drikk òg Rīga-balsam. Eg hadde høyrt om det i forbindelse med Bør Børson-songen, men visste ikkje at det var til innvortes bruk. Det viser seg å vera ein hostesaft-liknande substans ala Jägermeister.
Er innom både lokale barar og kjedelege kjeder som T.G.I Friday's. Hamnar til slutt på ein "Naks klubs" (nattklubb) med russiske damer som dansar rundt ei stong. Her er drinkane dyre, lyssetjinga rosa og ein velkledd engelskmann spanderar champagne på både dei tallause jentene og den etterkvart bedugga norske gjesten. Moro var det (så vidt eg kan hugsa), og på slike stader kan ein utan blygsel sitja og glo på damene med kjeften open og augo i hårgarden. Skal ein derimot prata med dei må ein kjøpa "lady drinks" og dette kan vera ein såpass dyr fornøyelse at ein gjerne nøyer seg med utsikta. Eg hadde i alle fall vit til å koma meg tilbake til hotellet medan lommeboka enno var velfylt.
Rīga |
24/8-2002 | (dag 106) |
At eg er gjort ein tabbe kvelden før er klart i det telefonen ringjer. Klokka er 12 og eg er enno ikkje edru. Må i tillegg finna meg ein ny stad å bu. Det gjekk forsåvidt greitt, eg kom meg endå nærare sentrum. Søv endå mange timar. Om eg ikkje sov bort sumarnatta i går, klarer eg i alle fall å sova bort det meste av dagen i dag. Er langt i frå fornøgd med tildragelsen, men det gjekk bra denne gongen. Slepp akopalyptisk stemning av det slaget som råka meg i slutten av juli etter ein hard kveld ute i Praha. Hadde planar om å vitja Okkupasjonsmuseet men det blir eg for sein til.
Snikbilete av TAKET i ein strippeklubb, det einaste delen av inventaret eg tok sjansen på å ta bilete av.. |
Eg lyt ta meg ein runde for å verifisera øl-loggen min, det eg har skrive ned er heller utydeleg og mangelfullt. Utruleg nok finn eg att alle stadene og får orden i papira. Ser eg har vore innom 9 skjenkestader og drukke 10 halv-litrar. Det må ha vore champagnen og den tomme magen som har knekt meg. Fem liter øl klarar eg godt når det er spreidd over tid. Eg noterar og at eg har vore innom McDonalds, godt har det sikkert vore, spesielt ettersom det var det einaste eg hadde ete etter frukost.
Strippeklubben finn eg att, eg har drukke øl der inne òg viser det seg. Den heiter Tuti Fruti og er ikkje av det skumlaste slaget. Eg drikk ein dyr øl og kjøper ein dyr drink til ein jente som set seg ned og pratar (det er heile poenget med "ladydrink"). Jenta er fødd i Latvia men snakkar russisk og kallar seg russisk, det var besteforeldra som kom til Latvia etter at Sovjetunionen okkuperte landet i 1939.
Fram til sjølvstendet i 1991 føregjekk det meste på russisk fortel ho, dette vart det brått slutt med. No er ikkje eit einaste gateskilt på russisk å sjå og alle må læra latvisk det i skulen. Nesten 40% av innbyggjarane i Latvia er av russisk avstamning. Rettane til den russiske minoriteten var vore eit strids-spørsmål i samband med Latvia sin søknad om EU-medlemskap.
Nattklubben er nesten tom for gjester og det heile er gudsjammerleg kjedeleg. Utafor står ein Mercedes-drosje med eit par kraftige, snauklipte karar. Den eine snakkar til meg om "girls". Eg peikar inn og seier det er ein haug av "ladies" der inne. "Those girls only dance, my girls only sex!", blir det opplyst. Eg måtte glisa og forklara at korkje det eine eller det andre marknadssegmentet var av interresse akkurat no.
Tidleg kveld vert det heldigvis, i morgon har eg program sjølv om det avgrensar seg til reisebrevskriving, oppdatering av lang øl-logg, museumsbesøk og tur vidare til Valka på grensa til Estland.
Rīga - Valka |
25/8-2002 | (dag 107) |
Sov godt og det trengdest etter utskeielsen på fredag. Dusjen ute i gangen finn eg ikkje, men oppdagar etter kvart ut at den er i ein anna etasje. Det er berre ein dusj på heile hotellet, så ei av dei tilsette ringjer når det er ledig.
Dama i resepsjonen er oppteken av at eg må læra meg av med dei få russiske orda eg kan, bør heller bruka latvisk. No er det siste dagen, så eg bestemmer meg tvertimot for å hugsa både njet, slava trudu (leve arbeidet) og Komitet Gosudarstvennoj Besoposjnosti (Komiteen for Statens Tryggleik = KGB). Desse to siste frasene brukar ein sjølvsagt ikkje i utide, spesielt ikkje i eit land som har lide så mykje under Sovjet-styret som Latvia.
Eg kjøper togbillett til Valka og pølse hjå Narvesen. Kiosken er i Latvia som i Norge til å stola på når det gjeld aviser til ein lang togtur. Her måtte eg nøya meg med Financial Times. Bergens Tidende og Aftenposten var ikkje tilgjengeleg.
Okkupasjonsmuséet er eit museum tileigna både den tyske og den sovjetiske okkupasjonen. Latvia er no inne i sin andre periode som sjølvstendig stat etter å ha vore under sovjetisk (og tysk) herredøme frå 1939 til 1991. Etter vekslande polsk, svensk og russisk overherredømme, var Latvia eit av landa som nytta samanbrotet i Russland etter 1917 til å lausriva seg (Estland, Litauen, Finnland og Polen var dei andre).
Sjølvstendet varde berre i 20 år. Etter at Stalin i 1939 fekk frie hender av Hitler til å løysa det "finske og baltiske spørsmål", vart desse landa sett under press. Finnland nekta og dette utløyste vinterkrigen. Dei baltiske landa derimot godtok det sovjetiske kravet om basar, dette vart fyrste steget på vegen mot innlemming i Sovjet-Unionen. Deretter kom okkupasjon, innsetjing av ei kommunistisk marionettregjering som "søkte" om medlemskap i Sovjet-Unionen. Dette vart aller nådigst innvilga og Latvia fekk den æra å bli det femtande medlem av unionen.
Den stalinistiske terroren fylgde mønsteret frå Russland, deportasjonar, forsvinningar og likvidering av klassefiendar. Resultatet var at då Nazi-Tyskland i 1941 gjekk til åtak på Sovjet-Unionen, vart tyskarane av breide lag ynkste velkomne som frigjerarar. For jødane derimot vart det naturleg nok ei endå større katastrofe med nye okkupantar.
Josef Stalin står som hovudansvarleg for terroren i Latvia på 40 og 50-talet. |
Som det går fram av desse tala vart dei to okkupasjonane ei katastrofe for Latvia. |
Den sovjetiske gjenerobringa i 1944 medførde ein ny runde med terror, ein reknar med at Latvia mista ein tredjedel av folketalet sitt under dei to okkupasjonane.
Etter krigen var latviarane i ferd med å koma i mindretal i eige land, noko som ikkje er heilt utan parallellar til jødane si gradvise overtaking av Palestina. Ein hadde begge stader sterk innvandring, fordriving og forfylgjing av dei opprinnelege innbyggjarane. Utviklinga kom aldri så langt som i Israel, men den sovjetiske terroren var i starten langt verre i omfang enn dei jødiske okkupantane si framferd i Palestina.
Det er på denne bakgrunn ikkje vanskeleg å forstå at russarar tildels er hata som pesten, i alle fall blandt dei eldre. Likevel virkar det relativt harmonisk mellom folkegruppene i dag. Latvisk har rettnok teke over som einaste offisielt språk, men russisk er høgst synleg i media og ikkje minst på gata. Søknaden om EU-medlemskap har dessutan dempa trangen til å diskriminera det russiske mindretalet.
Klokka 17:15 går toget til Valka. Det er ingen stad ein finn så mykje stål per passasjer som i ein sovjetisk jernhest (jernbanesystemet er sjølvsagt ein arv frå Sovjet-epoken). Ein undrar seg over at så mykje jern i det heile kan flytta på seg. I det toget legg i veg held eg på å få dette bekrefta dette, ettersom det er så vidt toget sig. Det kjem seg rettnok og ellers var vogna fin. Spora (og vognene) er breiare enn hjå oss, så det er mykje plass. Reinsemda er og betre enn på ein del andre tog eg har reist med i sommar. I det heile ein behageleg tur.
På eit av seta har ein full man lagt seg til rette oppå nokre aviser. Han snorkar så det ljomar. Brått vaknar han og prøvar å sjarmera konduktør-dama utan synderleg hell. Ho har dessutan ei mine som sjølvaste Tom Cruise ville hatt problem med å smelta bort. Karen legg seg nedpå att og snorkar vidare. Brått breier det seg ei stygg lukt frå den sovande kroppen. Ein tenkjer i sitt stille sinn at her kan det berre vera spørsmål om "hela blöta massan", så vondt luktar det. Dette fann eg aldri ut av og sler meg til ro med att det ikkje er alt her i verda ein treng vita.
Framme i Valka tek me buss til sentrum. Byen er prega av bustadblokker, det meste er firkanta unntake kyrkja. Det ser likevel ikkje så ille ut ettersom byen har mange parkar (rettnok brunsvidde etter turken i sommar). Noko anna som eg fort legg merke til, er kor mykje blidare og trivelegare folk er her enn i Rīga.
Hotel Otra Elpa er moderne, med god standard og fin velkomst. Eg søv godt og førebur meg til grensekryssinga til fots i morgon. Valka og den estiske tvillingbyen Valga er eitt samanhengande byområde. Grenseovergangen ligg midt i byen!
© 2002 Jomar Hønsi treff sidan 25/4-2004. Statistikk


