Reisebrev 21
26/8 - 28/8 2002

Estland

Om reisebreva Informasjon om Estland (frå BBC)
Map


Valka - Tartu

26/8-2002 (dag 108)

Valka: Narvesen er på plass sjølv langt inne i skogen.

Byplassen i Tartu.

Valka er langt frå verdens navle, ein liten by på 6000 som lever av skog- og landbruk. Turistattraksjonar i den forstand legg eg ikkje merke til, men det er likevel ein avslappande stad å ta ein pause i reisinga. Til skilnad frå i Rīga høyrer eg nesten ikkje russisk blir snakka.

Eg legg i veg til fots ned mot grenseovergangen, men får vita at den berre er for estarar og latviarar. Grunnen er enkel: dei er enno ikkje tilkobla datamaskin. Dermed kan dei ikkje sjekka skumle ryggsekk-turistar, russisk mafia og andre tvilsame folk som er på rek. Eg blir vist til ein større overgang 3 km unna, ved motorvegen. Dette vart ein heil utmarsj, men eg slapp problemfritt inn i Estland og namnet mitt vart sikkert trygt lagra i datasenteret til nok ein tung etat. Det er like langt tilbake til Valga (som byen heiter i Estland). Eg går forbi den vesle grenseovergangen på andre sida, men takkar for å ha fått lov til å ta ein omveg på 5 km i varmen.

Valga er større enn Valka og har ein del fine men slitne trebygningar. Dama på turistkontoret er utruleg hjelpsam, ho passar sekken min og finn ut alt eg treng for å reisa vidare. Eit ektepar frå Atlanta, er innom kontoret samtidig. Dei har køyrt litt rundt i Estland og anbefaler meg å dra til Tartu, nest største byen. Då me skal eta ber dei meg om hjelp til å tyda menyen, men det er lite eg kan hjelpa dei med. Estisk er eit språk som liknar på finsk og er dermed komplett ugjennomtrengeleg. Ruski er heller ikkje så greitt.

Dette eldre amerikanske ektepartet er sprekare enn dei fleste, bestiller berre noko og er fornøgde. Slike turistar likar eg! Andre ville starta klagesongen med ein gong, etterlyst meny på engelsk og daua av redsel for å få i seg noko dei ikkje visste kva var. Dei gav meg ei "God Bless You"-helsing då me skildest. Eg kunne gjerne sagt det same men i litt andre ordelag.

Tek minbussen til Tartu og legg meg inn på herberget dama på turistkontoret har vist meg. Statoil og McDonalds ligg like ved så eg skal alltid klara meg. Vandrarheim-kortet mitt er gått ut, men eg får likevel overnatta til medlemspris. Ein kjem i godt humør av å treffa slike folk.

Tartu er fremste universitetsbyen i Estland og landet sin nest største by. Universitet vart grunnlagt av svenskekungen Gustav Adolph II, han fekk altså tid til anna enn å herja i Mellom-Europa. Turistbrosjyrane snakkar om noko som heiter "The Spirit of Tartu". Dette refererer nok til det intellektuelle miljøet som bør finnast i ein kvar lærdomsby. Eg innser at eg neppe kjem til å få denne ånda over meg berre på dette eine døgnet.

Mat må ein ha og no kan eg prøva noko eksotisk: georgisk restaurant. Oppgangen er pryda av portrett av tøffingar i skinnklede, lodne huver og Stalin-bartar (J. V. Stalin var georgiar). Maten er ei eller anna lammegryte som smakar utsøkt. Det er eit av dei beste måltida på heile turen.

Byen er fin, store parkar og ein liten gamleby. Universitet har ein sentral plass. Eg er innom eit par pubar, det slår meg at alle eg har snakka med kan engelsk. Avsluttar med mørkt øl på Oscar Wilde. Som den oppvakte lesaren nok anar er dette endå ein irsk pub, denne gongen i ei forfina utgåve. Ein del av gjestene er britar med danna diskjon.

Kveldsmaten syter Statoil for, dietten er pølse og Cola Light.


Tartu - Tallinn

27/8-2002 (dag 109)

Det blir med den eine natta, neste stopp er Tallinn, som eg har høyrt mange lovord om. Eg reiser med buss i og med at det går noko fortare og dessutan ligg jernbanestasjonen i Tartu ulagleg til. Turen tek to timar gjennom flatt, tildels skogkledd landskap.

Buss-stasjonen i Tallinn ligg godt utafor sentrum, men eg spør meg fram og kjem meg fort innover der det skjer. Har ikkje fått ete frukost så er innom ein kafe og inntek bortsj (russisk suppe) og svartbrød. Bortsj er noko av den beste suppe eg kan tenkja meg, i det heile har det eg har ete av russisk mat vore svært godt.

Tallinn: gatemotiv frå gamlebyen.

Tallinn: panorama.

Legg meg inn på eit hotell med det mystiske namnet G9. Det ligg i tredje etasje i eit høgbygg, og er reint, moderne og rimeleg. Her òg snakkar beteninga godt engelsk. Fjernsyn på rommet med utanlandske kanalar gjer seg, ein får fylgt med litt. Lite blir utretta denne dagen bortsett frå ein gåtur i den flotte gamlebyen og eit måltid på ukrainsk restaurant. Eg treffer tilfeldigvis att amerikanarane frå Valga, slike samantreff hender oftare enn ein skulle tru var statistisk mogeleg.


Tallinn

28/8-2002 (dag 110)

Tallinn er verkeleg ein flott by og sentrum er lite nok til at ein kan gå rundt til fots. Fotorunden er obligatorisk, dette er ein by som er i ferd med å bli fint pussa opp etter forfallet under sovjet-styret. Det er nokså mange turistar her, utruleg nok mest engelsktalande. Finnane klarar eg ikkje å skilja frå lokalbefolkninga, men eg går ut frå at det er mange av dei. Russisk høyrest ikkje så mykje her som i Latvia, men så er dei og langt færre (litt over 20%). Her som ellers i dei landa eg har vore i er det svært få mørkhuda folk å sjå.

Tallinn: Beer House.

Tallinn: Guitar Safari.

Bryggeri-puben Beer House har godt øl, bortsett frå namnet minner det mest om ei tysk ølhall. Ølet er og av den bayerske sorten m.a. "merzen" (märzen). Estiske slagerar blir framført av eit par karar med gitar. Ikkje min favorittmusikk så eg dreg til Guitar Safari i staden. Dette er fyrste gong på heile turen eg har vore på live rock. Ei fin forandring var det. Eit par jenter som er ute etter jobben inviterer meg til bordet, eg skil meg visst ut med å gå i shorts. Den eine kan litt engelsk og stemninga er bra, spandert på blir eg òg.

Så fylgjer eit velkjent rituale: Ein blir spurt kor gammal ein er. Når svaret kjem, blir det sagt at det ikkje er mogeleg, eg ser då mykje yngre ut! Eg må gjeta kor gammal dama er. Ein er dreven nok til å trekkja frå eit par år så ein ikkje går i baret. Dessutan er det gjerne dei som ser unge ut som kjem med slike spørsmål. Godt nytt kan ein som kjent aldri høyra ofte nok.

Så langt er alt vel. Verre blir det når eg ikkje vil dansa. Eg hadde ikkje lyst der og då. Det blir teke ille opp, det er nok ikkje vanleg at mannfolk seier nei til slikt. Roinga og forklaringa kvifor gjer berre forvirringa endå større. Etter ei skred med misforståelsar får eg høyra at "eg håpar ikkje son min blir som deg". Sonen er datafrik og analogien er etter det eg kan skjøna at datafolk har større risiko for å bli håplause enn andre. Det er ikkje lett når ein får høg rockemusikk, språk-problem og kulturkollisjon samtidig!

Eg likar staden, modellen er nok "Hard Rock Café" med gitarar på veggene og bilete av diverse størrelsar, m.a. Led Zeppelin og ZZ Top. Mange gode Saku øl vart det òg.


Tallinn - (Helsinki)

29/8-2002 (dag 111)

Då eg pakkar for avreisa oppdagar eg at ein pose med reserve-valuta er borte. Eg har ofte sett frå meg sekken på pubar og eit par gonger i garderobar. Her har nokon fiska pengane ut, så eg har mistankar mot folk eg har stola på, truleg ei garderobevakt. På ein pub ville nok heile sekken forsvunne ettersom tjuvar flest har velutvikla næringsvit. Ergeleg er det men eg har vorte sløv ettersom det jamt over har gått så bra. Det var uansett snakk om mindre enn 100 euro. Det må ha skjedd i Polen eller Baltikum ettersom eg hadde pengane føre meg i Slovakia. Ein får berre ta det som ein billeg lærepenge, har trass alt sloppe unna dei store ergrelsane.

Einaste gjeremålet no er å kjøpa ein billett til Helsinki, ein Tallink-billett ordnast effektivt på eit reisebyrå. Klokka eitt er det avreise, eg tek min siste "austlege" øl i caféen på Terminal D. Overfarten er heller kort, under to timar. Det er ein flott båt og veret er det aller beste. Eg sit ute på dekk og drikk øl, skuar tilbake i kjølvatnet og fabulerar over ei vellukka reise så langt.

Avskjed med Tallinn og "austblokka".

På ferja til Helsinki.

Kjem i hug at dette er avskjeden med den såkalla "Aust-Europa". Det er no lenge sidan 7.juni, dagen eg reiste inn i Bulgaria. Etter det har eg berre vore berre tre dagar i "vesten" (om ein då reknar Dresden som "aust").


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk