Reisebrev 22
29/8 - 6/9 2002

Helsinki - Nordkapp

Om reisebreva Informasjon om Finland (frå BBC)
Map


(Tallinn) - Helsinki

29/8-2002 (dag 111)

Tilbake i "vesten" og Euroland.

Det å koma tilbake til "vesten" har eg forlengst mist trua på ville bli den store forandringa (anna enn på prisnivået). På kaia i Helsinki var likevel greitt å kunne lesa skilt på svenska. At gatenamna er skilta på to språk i hovudstaden klagar eg heller ikkje på. Erikankatu blir til Eriksgatan, det er flott å få det offisielt slege fast.

Eg klarde på eit eller anna vis å prøva å koma inn i Finland gjennom utgangen (hadde rettnok drukke litt på båten), men med taktfull og kyndig rettleiing kom eg meg inn att i EU rettvend. Svolten herja, så fyrste bar ved hamna kom vel med. Der hadde dei "Pyttipannä", ei sammensurium ein ikkje er heilt ukjend med.

På jernbanestasjonen har dei romformidling og eg får tak i ein sentral og rimeleg plass. Søv ein dryg ettermiddagslur og tek deretter ein tur på byen. Nokre sympatiske ungdommar dreg meg med til Friday's, ein bar dei meiner passar for folk på min alder. Dei forlet meg der slik at eg kan høyra på gamlingrock (Black Sabbath og slikt). Etterpå stikk eg innom ein metallbar, men det akkumulerte ølinntaket og maktesløysa tvingar meg fort til sengs.


Helsinki

30/8-2002 (dag 112)

Det eg hadde sett av Helsinki i går vart eg ikkje imponert av. Heller kjedelege gater, utan noko spesielt å fokusera på. No tok ein seg saman, las guideboka og gjekk der det høyrdest bra ut. Nede ved hamna var det fint. Katedralen like ved var endå finare. Ikkje det store å sjå til utatil, det var inni ein vart imponert. Slik ei lys og livgjevande kyrkje skal ein leita etter. Lunsjen (og frukosten) vart "bortsj" på ein russisk restaurant.

Helsinki katedral (Tuomiokirkko).

Besøk på Zetor Ravintola, finsk fantasi i fremste klasse.

Turistbrosjyren er god å ha. Der får ein inntrykk av kor kosmopolittisk Helsinki er. Rettnok er det få mørkhuda, men dei 2-3 negrane eg såg er likevel meir enn eg har sett sidan eg forlet Hamburg 15. mai.

Finn fram til ein tsjekkisk pub, Pivnice Hádanka i håp om godt øl. Det eg har smakt hittil i Helsinki har vore heller dårleg. Tsjekkisk er puben neppe (pyttipannä er omtrent det einaste dei har av mat), men 4-5 tsjekkiske fatøl er ikkje å forakta. Budvar er god, men som dei fleste øla frå Tsjekkia bør den ikkje fraktast for langt. Hádanka ligg på Mannerheimintie, ei stygglang gate der ein finn Eduskunta (Riksdagen). Statuar av store finnar som Mannerheim, Svinhufvud og Kallio prydar promenaden.

Finland er som nasjon yngre enn Norge. Fyrst i 1918 kom dei gjennom politisk manøvrering og ein blodig borgarkrig seg ut av århundrelang svensk og russisk dominans. Det var Lenin som formelt godtok at Finland kunne gå sin eigen veg, det svake revolusjonære styret i Russland hadde akkurat då ikkje noko valg. Likevel hadde Finland òg sitt eige raude oppgjer, men i motsetning til i Russland vart revolusjonen slegen ned. Dei "kvite" motrevolusjonære vart leia av den dyktige Carl Gustav Mannerheim, motstanden varde i mindre enn eit halvt år.

Etter fleire stopp rak eg innom ein pub eg fann i "Rough Guide", Zetor Ravintola. Konseptet var såpass spesielt at eg for til himmels og sende entusiastiske tekstmeldingar til omtrent heile adresselista mi. Eit titals traktorar var plasserte rundtom i baren. Ein kunne sitja på traktorsetet og skifta gir medan ein drakk sin Koff, Lapin Kulta eller Karhu (alt er finske øl-merke). Restauranten er designa av folka som står bak Leningrad Cowboys. Dei har òg sitt eige husøl, men det smaka meir av kjølevæske enn av øl. Likevel var det ein fin plass. Eg sette meg på traktoren og bad eit par jenter på min alder å ta bilete av meg.

Me kom i prat, og eg vart invitert med på jazzklub like ved Riksdagen. Storyville er ein danna stad. Folk var fint kledde, men det var heller ikkje snobbete. Eg likte meg godt der. Damene, Päivi og Elja er mellomsjefar i kvar si bedrift, den eine hadde den andre med som kunde, men eg hugsar ikkje kven som var kva. Engelsk kunne dei godt, ein hadde triveleg samrøre. Eg fekk visittkorta med nokre konsonantrike titlar.

På kortet til Päivi står det Asiakaspalvelupäällikkö. Det ergrar meg sjølvsagt at eg ikkje hugsar kva denne særs kraftfulle tittelen betyr. Derimot fekk eg med meg at Päivi betyr blomst.


Helsinki - Turku

31/8-2002 (dag 113)

Turku med Aurajoki og domkyrkja.

I dag er det heller tidleg opp for å dra til Turku. Hadde kjøpt billett dagen før så alt var klart. Jernbanepuben Pullman Bar er noko av det mest elegante eg har kome ut for. Høgt under taket (fysisk sett), over 10 fatøl, komfortabelt og med gratis internett. Sigarsamlinga og whiskybaren avslører at dei gjerne vil visa klasse og i dette tilfellet gjer det seg (personleg har eg ikkje noko forhold til dei to siste nytelsesmidla). På slike stader ynskjer ein at toget aldri går.

Eg kjøper "Finacial Times Weekend" og kosar meg med den. FT er ikkje berre aksjekursar, statsobligasjonar og FTSE-100 (footsie) indeks. FT er ei av dei beste nyheitsavisene eg veit om. Mange trur kanskje den er stokk konservativ. Det er den ikkje; ved valga i Storbritannia i 1992 og 1997 rådde dei lesarane til å stemma Labour.

Framme i Turku finn eg fort husvære, nok ein gong rimeleg om enn enkelt. Tek den vanlege runden i byen, ser Sunderland-Manchester U på Canal+. Det er flott nede ved elva, men eg er no vorten såpass blasert at eg grip meg sjølv i å kjeda meg.

Avsluttar på Mäkrock, ein jordnær rockebar ved stasjonen. På doet står ein kar med svaiande kroppshaldning og vassent blikk og pissar i vasken. Dette er forsåvidt greitt hadde det ikkje vore for at pissoaret er like ved. Eg gjer det eg må gjera men blir irritert då eg skal vaska hendene og han enno står som ein bavian og dinglar med snabben oppi vasken. Ikkje kan han engelsk, ikkje kan han svensk så eg uttrykkjer misnøya ved hjelp av eit av dei få finske orda eg kan: perkele. Dette skjønar han og gryntar eit helvete tilbake. Skriptet frå det finske fjernsynsteater flimrar for auga, ein trekkjer seg tilbake.


Turku

1/9-2002 (dag 114)

Chelsea-Arsenal på Canal+ er alt det er nesten alt eg kan skriva om denne dagen. Vel, åt faktisk ein pizza, men det er ingen sensasjon. Som lesaren vil skjøna er eg byrja å bli mett av opplevelsar. Det kan virka urettferdig at eg gjev inntrykk av at Turku er kjedeleg, men for meg var det det akkurat der og då.

Finsk er som kjent ubegripeleg for oss, men enkelte svenske lånord kjenner ein att: kirkku (kyrkje), katu (gate), olut (øl) etc.


Turku - Oulo

2/9-2002 (dag 115)

Torget i Oulo.

Nok ei tidleg avreise. Den hjelpsame finsk-asiatiske jenta på hotellet har laga matpakke til meg så eg har noko å tyggja på klokka 6 om morgonen. Kjøper deretter inn 4-5 aviser til den lange togturen til Oulo. VG er den eg kjem fortast gjennom. Observer har ein artikkel om Roy Keane, fotballens Clint Eastwood. Landskapet er kjedeleg, men tida går fort takka vere avisene.

Oulo har ikkje rimeleg overnatting i sentrum, lyt 4 km ut på campingplassen ved "Botniska Viken", Nallikari. Får ei hytte som er heller kald. Gåturane gjer likevel godt. No er eg så reiselei at eg knapt gidd å lesa om byen.

Et reinsdyrsteik med omelett, rart kva ein kan få seg til å servera her oppe i nord. Finn solnedgang er det, men tykkjer det er vanskeleg å finna fotomotiv her. Både Turku og Oulo er svært moderne og strøkne byar. Ein nordmann som er vand med slike stader heime må tvinga seg sjølv til å ta fram kameraet (at eg enno er turist er nesten ein tvangstanke).

Liverpool-Newcastle på Leskinen er dagens høgdepunkt, tsjekkiske Budvar er god. Heimturen blir med vrengd paraply i blåst og tversover-regn frå havet.


Oulo - Inari

3/9-2002 (dag 116)

Inarijärvi (Enare sjø).

Reinskjøt og potetstappe på Ranta-Mari, restauranten til Hotelli Inari.

På eit uforklarleg vis har eg klart å stilla vekkjarklokka ein time seint, men vaknar av at det vert lyst. Togavgang til Rovaniemi var litt over åtte og eg sprang som gal gjennom Oulo sine funksjonelle gater. Veret har klårna opp, det er ein flott tur sjølv om alle tre i dei finska skogar ser nesten like ut.

Dette er ein relativt kort tur, under 3 timar. I Rovaniemi er det rett på bussen til Inari, ein langt lengre tur, over 5 timar. Det vert to stopp, i Sodankylä og Ivalo, nok til kaffi og pengeuttak. Eit ektepar frå New Zealand har og forvilla seg opp hit, eg får ein Economist til underhaldning resten av turen.

Framme i Inari er Hotelli Inari ein opptur. Det ligg like ved den berømte sjø der Pekka og Toivonen i si tid utretta sine bragder. Den tilhøyrande kafé, Ranta-Mari, er nok ein av dei billegaste i heile Sumoi, ølet kostar € 2.50 (under kr 20,-) og dei av gjestene som ikkje er turistar ber tydeleg preg av god tilgang på alkohol. Det slår ein og at folket her er svært einsarta i klesvegen: baseball-caps, treningstøy, joggesko, pistret halvlangt hår. Enkelte har og fiskehattar. Rommet er utruleg flott til ein så låg pris, oppdagar på ny at eg er på reise i eit framand land og keisemda driv av meg.

Inari har eit flott samemuseum og mange butikkar som sel diverse effektar som meir eller mindre kan assosierast med nemnde folkeslag (lange knivar, reinskinn, osv). Skjønar ikkje kven som kjøper alt dette, på denne tida av året er det langt mellom turistane. Prøver å få kjøpt noko så prosaisk som ei langbukse (går enno i shorts) og sigarettar til mine bekjentskap i Kirkenes, men må melda pass.

Inari kan ein sei manglar fokus, bygningane ligg så spreidd at ein ikkje heilt veit kva som er sentrum. Maten på Ranta-Mari er bra, reinskjøt og potetstappe. Langt betre enn reinskjøt og omelett. Det virkar som om det er vanleg i Finland eit salatbord er med i prisen, ein kan eta mykje for ein rimeleg penge.


Inari - Karasjok - Lakselv

4/9-2002 (dag 117)

Tek sikte på Karasjok i dag, ifylgje rutene er det det lengste eg kan koma. Det går likevel an å prøva å haika så eg tek ein tidlgare buss i retning Utsjoki, hoppar av i Kaamanen for å freista lukka defrå.

Nok ein klår og fin dag, haustfargane gjer det til ein opplevelse. I Kaamenen gjev eg fort opp haikinga, for det fyrste er det få bilar og dei som kjem stoppar ikkje. Kastar in handkledet og ventar på det kombinerte pub/butikk/postkontor/alko/kiosk/besinstasjon-etablissementet. Det er i grunn ein triveleg stad, ein kan kjøpa øl, gummistøvlar, harry-hatt og fiskekrokar i same slengen.

Jenta bak disken er tysk så eg stussar og spør: "Warum sind Sie hier?". Eg får tilbake eit "Warum nicht ?", og blir svar skuldig. Ein burde etter kvart ha vorte driven nok til å skjøna at folk kan trivast med å bu midt inni skogen sjølv om ein ikkje personleg kunne tenkt seg det. Forklaringa "es ist nicht so hechtisch hier" er gyldig som nokon.

Kaamanen med sine lokale dignitærar.

Karigasniemi og norskegrensa nærmar seg.

Dei lokale størrelsane held òg til her. Eg ber ein av dei ta bilete av meg, og blir dertetter invitert til bordet. Pärtti, Päntti og eit par til set pris på utlendingen, ein av dei snakkar perfekt finnmarking, den andre eit slags Toivonen-svensk. Sit brått med ein Lapin Kulta i handa, deretter kjem ein liten kar (små er dei alle) bort og utbryt glisande: "Norjalainen perkele" (helvetes nordmann). Eg forstår at det er meint som kompliment. Ei flaske Karjala blir hivd oppi halvliteren min og drikkepresset tiltek. Blir fortald historier om karane sine snøscooter-bravadar. Efter att ha druckit en flaska Koskenkorva (med Battery) körte jag i et träd. Ein anna gong bar det visst gjennom hytteveggen.

Eg veit at eg med dette er med på å byggja opp under stereotypar om finnar, men det er sant så kva skal eg sei ? Eg er uansett glad for å treffa omgjengelege folk på ferda, det er ikkje mitt kall å måla promillen deira eller koma med helseåtvaringar. Kva fjernsysnteatret sende i gamle dagar er heller ikkje mitt problem. Takka vera bussavgangen kjem eg meg unna potensiell snøscooter-køyring på berr mark.

Karigasniemi er siste stopp før grensa. Det er akkurat nok til å kjøpa sigarettar og ein pakke Lapin Kulta til vertskapet i Kirkenes. Denne delen av Finland liknar meir og meir på Finnmarksvidda. Trea blir kortare og fargane sterkare. Det bur enno folk her, av og til langs vegen stoppar bussen og hiver pakkar og brev inn i einslege postkassar. Husa ser eg ikkje, dei ligg nok litt inne i skogen.

Tilbake i heimlandet

Norge er det no nesten fire månader sidan eg har opplevd. Då eg la ut på ferda var planen at turen skulle vara litt over to månader, så no er eg klar til å koma heim. Det er rettnok langt frå Karasjok til heimeadressa mi, men ein kjenner det likevel som heime. Butikkane er dei same, språket er tvers gjennom forståeleg, finnmarkingar er dei som snakkar det reinaste bokmålet i heile vårt kongerike. Turistinformasjonen skjønar heimemålet mitt, det same gjer dama på ungdomsherberget, det sler meg kor praktisk det er å kunna språket.

Ei anna side ved gamlelandet som eg burde kjenna, kom likevel som eit sjokk: prisen på eit måltid og ein øl på Rica i Karasjok. Ein må berre venja seg til Mega og Rimi (og pølse-meny på Staoil) snøggast mogeleg. Karasjok er forbausande frodig til å vera så langt nord, det minner litt om ein austlandsdal. Trea er mykje høgare her enn på sjølve vidda. Bygda ligg fint til ved elva Anarjoka.

Oppdagar tilfeldigvis at det går buss vidare til Lakselv i kveld. Kan altså koma meg til Nordkapp ein dag før eg hadde tenkt. Som sagt så gjort, sjekkar meg ut og fer vidare. Det var likevel eit dårleg trekk. Det går ingen tur vidare før fredag uansett og eg forlet billeg overnatting for dyr. Rutene etter 1/9 er innskreinka, difor sit eg i saksa inst i Porsangerfjorden.


Lakselv

5/9-2002 (dag 118)

Frukosten på Lakselv Gjestestue er god, men ser meg om etter billegare overnatting. Det finn eg i Idrettsparken.

Han som driv anlegget, Atle Mikael Hove, kjenner meg att frå gymnasdagane i Sogndal. Han har ein finger med i kulturlivet i kommunen, og fortel mykje vår nære historie som er nytt for meg. Porsanger kommune er offisielt tre-språkleg, norsk-finsk-samisk. Dette er gjennomført i dei kommunale bygga, eg høyrer ein av ungane i barnehagen bruka det finske p-ordet. Kvenane (finske innvandrarar) vart i likheit med samane krafig diskriminert; ein bonde med finsk etternamn kunne inntil for 30 år sidan ikkje få kjøpt tilleggsjord!

Hurtigrutebiletten Honningsvåg-Kirkenes fekk eg tak i men oppdaga at planen om å flyga Kirkenes-Oslo på SAS Bonus ikkje held. Ein må bestilla ei veke på førehand. Utvegen er Braathens eller ei dryg reise ned att gjennom Finland og Sverige. Einvegsbiletten på 3500,- er i dyraste laget (tykkjer eg då). I det minste fekk eg ordna meg transport Honningsvåg-Nordkapp. Som Hurtigrute-passasjer kan eg bli med på organisert utflukt frå Honningsvåg.

Keisemda kjem over meg att, resten av dagen var såpass lik kvardagen heime at det ikkje høyrer heime i eit reisebrev (kjøpte bukse, gjekk på Statoil, såg fjernsyn, åt Bamsemuns... ). Dessutan var det fyrste ølfrie dagen sidan 31. mai.


Lakselv - Honningsvåg - Nordkapp

6/9-2002 (dag 119)

Avstandane i Finnmark har ikkje me søringar vidare begrep om. Lakselv - Nordkapp: lusne 260 km. Lakselv - Kirkenes: 380 km. Bussturen oppover går likevel fort, landskapet overgår dei finske skogane fleire hakk. Nasjonale stemningar kjem over den blaserte turist. Norge er eit vakkert land, i Nord som i Sør (Hallelujah). Det vert litt tid i Honningsvåg, tid til å beundra harpunen på kaia. Denne er visst den eldste i verda, einfoldige dyr som Keiko veit knapt kva dei utset seg for.

Keiko vert òg omtala i den utanlandske pressa. The Times fastslo at det er ein skjebnens ironi at kvalen har stranda hjå ein nasjon av notoriske kvalmordarar.

Kommentar: hadde Keiko vore så intelligent som det blir hevda, hadde han vel neppe søkt inn hjå slike folk. Alternativ forklaring kan vera at det er journalisten i The Times som er mindre intelligent og at Keiko tvert imot er ein oppegåande kval. Dette forklarast med at spekkhoggaren har vore freda i kvalmordarnasjonen i mange tiår, og at Keiko i motsetning til The Times har plukka opp denne ikkje uviktige detaljen.

Det står fem bussar klar til oss; tre heil-tyske, ein heil-engelsk og ein norsk/engelsk. Eg får plass i den siste, omgitt av eldre bergens/strile-damer. Guiden er òg frå Bergen, er stor i kjeften og har glimt i auga. Det blir forklart fylgjande:

Alt her oppe er verdens nordlegaste, den nordlegaste rundkøyring, den nordlegaste bensin-stasjon og den nordlegaste REMA-1000. Av andre fakta kan nemnast: Magerøya (der Nordkapp og Honnigsvåg ligg) har no ein fastlandsforbindelse kalt FATIMA (FAstlandsforbindelsen TIl MAgerøya). Turismen er viktigaste næring, fylgd av fisket. Av dette fylgjer det vittige utsagnet: Om vinteren sløyer vi fisken og om sommeren flår vi turistene.

Nordkapp i sikte.

Framme ved målet.

Dette siste har eg alt merka på lommeboka. Likevel; det er verdt kvar krone for Nordkapp er noko eg ikkje ville vore utan. Ikkje berre det å vera der (eg er geografi-nerd), men naturen her kan måla seg med kva som helst eg har sett dei fire siste månadane. Annaleis enn Karpatane, Kreta og Tatra-fjella sjølvsagt, men inntrykket er like mektig. Lyset er spesielt og ein er heldig som er her ein klår dag. Magerøya ligg nord for tre-grensa. Det er eit nake, vilt og vakkert landskap.

Skulle eg bruka utrykk frå dei engelsk-språklege guidebøkene eg har forlese meg på i sommar, ville det bli noko i retning: Remote, stark and forbidding, a serene landscape, haunting in its beauty.


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk