Reisebrev 23
6/9 - 12/9 2002

Nordkapp - Oslo

Om reisebreva Informasjon om Norge (frå BBC)
Map


Nordkapp - Hurtigruta

6/9-2002 (dag 119)

Her rundar me Kinnarodden, nordlegaste punktet på det europeiske fastlandet.

Etter Nordkapp er det store geografiske målet med turen nådd. Eg har reist på landjorda heilt frå det sørlegaste punktet i Europa til det nordlegaste. For ordens skuld skal eg leggja til eit nesten her: Kvivskjelodden strekkjer seg endå nokre meter nord om Nordkapp og øya Gavdos ligg nokre mil sørom Khora Sfakíon (Kreta).

Tilbake til dagen i dag og denne turen på hurtigruta. Eit fellestrekk ved mine medpassasjerar er:

Det finst visse unntak: ein matematikar frå Szczecin (Polen), nokre engelsktalande, eit par svenskar. Når det gjeld aldersfordelinga er helst underteikna å rekna som unntaket. Ein les mellom linjene at det ikkje blir noko utsvevande natteliv på denne båten.

M/S Polarlys er kanskje den flottaste båten eg nokon gong har reist med. Panoramadekket er imponerande, der kan ein sitja i timevis. No var ikkje veret det best, og det vart fort mørkt så ein brukte meir tid inne i båten. Eg får vaska kleda og ordna meg før eg tek opp att vanen frå ferjeturane i Hellas: overnattar på ein sofa. Her er det god plass og eg søv nokså godt.


Hurtigruta - Kirkenes

7/9-2002 (dag 120)

Frå brua på MS Polarlys.

Dagrivaren nærmar seg vegs ende. Med MS Polarlys mot Kirkenes.

Eg vaknar att i tide for å få med meg Vadsø. Det er perfekt klårt haustver, og eg utropar dette som den vakraste sjøreisa på heile turen. Hengjer meg på nokre som skal på omvising på brua, der er panoramaet om mogeleg endå betre enn på dekk. Frå instrument-panelet og forklaringane til skips-offiserane forstår ein at her må ein kunna meir enn å halda i eit ror.

Han Torodd fyller 30 år. Rett nok ikkje noko stort tal, men fest skal det bli.

Seinare på kvelden stig enkelte av deltakarane opp i stratosfæren. Solvor, Lill-Harriet og Knut.

På kaien i Kirkenes står Lill-Harriet og tek i mot, det er hjå ho og Torodd eg skal halda hus. Dessutan er det fest i Rikard Withsgate 3a i kveld. Anledninga er at Torodd alt er vorten 30 og det er dessutan haustfest. Hausttakkefest er det neppe, det har for lengst slått meg at det er langt herfrå til Sarons Dal.

Lill-Harriet har eg ikkje møtt på 4 år og Torodd har eg berre høyrt om, så her vart det mykje nytt. Ei anna langvegsfarande, Lill er òg på plass. Lunsj blir diska opp og som vanleg i dette huset smakar det fortreffeleg. Rikard Withsgate 3a er å rekna som ein kokekunstens høgborg, dette gjeld både fyrste og andre etasjen (Solvor bur under).

Ettermiddagen går med til handling (m.a. enorme mengder purre), og ein tur på Rica der det enno, fire år etter at eg sist var her, blir halde ved like ein tradisjon med kaffi-samling om laurdagen. Nokre av folka kjenner eg att.

Vel i hus att får eg det for meg søvn trengst, vrir meg dermed unna all matlaging. Til mitt forsvar vil eg likevel sei att innsatsen på kjøkenet bør stå i naturleg forhold til den kulinariske kompetanse. At eg i tillegg søv under heile landskampen Norge-Danmark seier vel sitt.

Det vart både ete og drukke godt, suppa med purre i smakte fortreffeleg. Den har eit fransk namn som glapp for meg med ein gong eg høyrde det (slik er det gjerne med namn på franske rettar).

Som ein kan sjå vart det dansa på bordet og ellers skorta det ikkje på noko. Gjestene var stort sett nye ansikt, og alle kunne norsk (ei slik samling har eg ikkje vore blant sidan juli). Takka vere sterk disiplin vart det rydda og vaska alt om natta. Det einaste som var i uorden var CD-samlinga, det finst knapt større vonde enn synet av ei musikk-samling etter fest.


Kirkenes (tur til Grense Jakobselv)

8/9-2002 (dag 121)

Lill-Harriet arrangerte masseutflukt til Grense Jakobselv. To av dei fire som sprang nakne til havs har her lagt seg til tørk.

Ein tennerskranglande dukkert i Barentshavet.

Vakker natur her oppe ved grensa til Russland.

Alt kvelden før hadde Lill-Harriet samla inn deltakarar til ein tur ut i naturen. Det kunne ikkje passa betre, veret var etter arktiske forhold varmt og himmelen klår. Eg har aldri sett Kirkenes så flott som no, haustfargane hjelper òg til.

I "firmabilen" til Kirkenes Videregående Skole er det plass til nesten eit fotball-lag, åtte personar vart med. Spontant vart turen lagt til Grense Jakobselv, heilt ute mot Barentshavet ved grensa mot Russland. Turen vart ei oppleving, så mildt at ein kan sitja i t-skjorte, fint ver og ei strand ein sjeldan ser maken til. Me kom over ein sekk med ved og fekk kveikt bål.

Gjekk amok med fotoapparatet langs med stranda. Lyset her minner om Skagen, men klimaet er på normale dagar sikkert meir ugjestmildt.

Ein eller anna med uortodoks tankegang fann ut at det skulle badast, og fire av oss hengde oss med (underteikna berre etter betenkningstid). Opplevelsen var langt meir minneverdig enn tidlegare dukkertar i Egearhavet og Svartehavet. Ein er ikkje uti lengre enn streng tatt nødvendig. Tek likevel ingen skade av det, og å koma på land var slik eg førestiller meg venterommet til Nirvana. Renselse kan det òg ha vore i dette, kva veit eg ?

Lill-Harriet er utruleg flink til å ta seg av turistar og andre, dette var ein av dei beste dagane på heile den lange reisa. Kvelden vart avsett til pizza på Ritz og deretter kino ("About a boy", etter Nick Hornby sin klassikar). Eg hadde kjent meg urven på bilturen tilbake, men skulda på svingete vegar og festen i går. Men midt under filmen skjerpa stoda seg dramatisk og eg måtte ut. Skal ikkje beskriva for nøye alle detaljar, men ein er ikkje høg i hatten der ein ligg på kne og skrik ned i ei doskål. Tårene renn og ein går Armageddon raudøygd og grønbleik i møte.

Kom meg opp att i kino-salen men like etter måtte eg krypa til korset på ny. Ein vil i det lengste unngå sprøyt-lakkering av kino-gjengarar og lerret. Det var den filmen. Ein legg seg med bøtta klar og resignert grunnhaldning. Pasientens tilstand var kritisk men stabil.


Kirkenes

9/9-2002 (dag 122)

Lill var ustoppeleg så snart ho hadde gruvene i Bjørnevatn i sikte.

Det skal ikkje stikkast under stol at ein kjende seg redusert etter dei ubehagelige og desibel-sterke hendingane i går kveld. Likevel gjekk det betre enn venta, bøtta vart ikkje brukt fleire gonger. Det hadde med andre ord vore ei ekpsress-sjuke.

Blir vekt opp av telefonen langt ut på føremiddagen. Det er Solvor som inviterer på lunsj på Direktørboligen. Det takkar ein ja til, men utan å vera trygg på apetitten. Torodd og Lill er alt oppe, Lill-Harriet er gått på arbeid.

I mi dagdrivar-verd er arbeid vorte eit framandord, så eg tykkjer det er heilt naturleg at Torodd er heime. Fyrst når det blir avslørt at han òg har vorte sjuk, fattar eg samanhengen. Eg blir dessutan kjend med eit nytt, fantastisk ord: ræksjuka. Det er ei sann glede å kunna spy litt for ein smule lærdom, slikt eit ord kjem ein aldri til å gløyma.

Me ser "Requiem for a Dream" på video. Ein skit-film er vurderinga Lill kjem med, medan resten av publikum (Torodd og meg) var mindre bombastiske. Er innom turist-kontoret for å finna ut korleis eg skal koma meg vidare. Det er dårleg nytt: det går ingen bussar til Finland. Eg må enten ta drosje, eller ta buss til Neiden og drosje over grensa derfrå.

På Direktørboligen er det roleg, så vertinna har god tid til å prata. Maten får eg i meg, til og med raudvinen går ned utan følbart ubehag. Direktøboligen er eit relativt nystarta etablissement som Solvor er bestyrar for. Overnatting, konferansar og gourmet-mat er det som blir tilbydd. Huset har ein tidlaus og avslappande atmosfære, i tillegg har tomta ei utsikt som få av dei stadene eg har vore på dei siste 4 månandane kan måla seg med. Knut Pettersen si beretning om opninga av Direktørboligen, kan lesast her.

Lill-Harriet tek oss med på nok ein tur: denne gongen til gruvene i Bjørnevatn. Dei no nedlagde gruvene til A/S Sydvaranger var tildels dagbrot, det har vorte eit imponerande hol ut av dette. Noko gamalt anleggsmaskineri og nokre bygningar står att, det er solide dimensjonar her. Ein grabb er så svær at den no gjer nytte for seg som buss-skur i Bjørnevatn. Lill er den einaste som ikkje har vore sjuk og ho fer og flyg over heile området. Me andre er ikkje motiverte til anna enn steinkasting. Siste ekskursjon er til Jakobsneset, der har ein fin utsikt over mot Kirkenes.

Lill-Harriet er altfor snill, ho tilbyd å køyra meg til Näätämöö. Ein mumlar noko om at det er er reint for mykje (som ein gjer) men er svært glad for tilbodet. Det sparar meg store mengder euro og ein del tid. Dette selskapet her i Rikard Withs gate 3a er ei fin avveksling. Ord som "kulturrelativisme" og "historikerstrid" er i bruk. Det er årevis sidan eg har høyrt om slikt, gratulerar nesten meg sjølv med at eg enno veit kva dei betyr (trur eg veit det).


Kirkenes - Rovaniemi - (Turku)

10/9-2002 (dag 123)

Vakna grytidleg og er Lill-Harriet evig takknemleg for å ta seg bryet med å køyra meg til dei finske skogar. No viser det seg at sjuka har reke vidare, Lill har utstyrt seg med bøtte. Veret er enno flott, eg storkosar meg på bussen sørover til Rovaniemi. Ikkje den store variasjonen, men fargane er flotte.

Rovaniemi har til mange sin ergrelse utropt seg sjølv til julenissens hovudstad. Mykje her oppe dreiar seg om "Santa", han er fullt oppteken med å svara på brev og julekort heile året. Kor finsk nissen er spelar ingen rolle, han tenar godt med pengar og får mykje merksemd. Nordmenn kan gjerne klaga over dette, men det blir like feil å hevda at han var norsk. Opphavsmannen til nissen var den gode St.Nikolas. Han var så vidt eg veit grekar og heldt til i det som no er Tyrkia.

Her stikk kanskje nissen innom når han slepp opp for Viagra og andre hjelpemiddel.

Eg hadde fire timar å venta på toget i Rovaniemi. Byen er ikkje liten og er vanvittig moderne. Glinsande, reint og veldhalde over alt. Nisse-parken er nokre kilometer nord for byen, den ligg rett ved polarsirkelen. Det vart for lite tid til å ta turen, det freista meir med mat, drikke og avislesing. Bryggeripub fanst utan at produktet var i Europa-toppen.

Det som forbløffa meg mest heile denne dagen var kor enkelt og billeg det vart å reisa frå Rovaniemi til Stockholm. Dei ordna heile turen på stasjonen: togbillett med sovekupé til Turku, ferje til Stockholm. Alt saman kosta berre € 55. Rettnok hamna eg i den øvste av tre køyer, men så lenge ein ikkje dett ut eller må på do i eitt spelar det ingen rolle. Det var heller ikkje så varmt som oppe under taket hjå NSB.


Rovaniemi er ein moderne by. Skal ein ta bilete må ein nøya seg med slikt som dette.

Fantastisk solnedgang i Rovaniemi.


(Rovaniemi) - Turku - Stockholm

11/9-2002 (dag 124)

Eg har ikkje vore i ein sovekupé på over fem år, det er sjeldan eg søv godt på tog så eg unngår det i det lengste. Her gjekk det over all forventning, men etter å ha reist heile dagen skulle føresetnadane vera dei beste. Eit togbyte i Tampere like etter 5 braut idyllen, men eg sov like godt vidare fram til Turku. Då var klokka vorten åtte og det var berre å gå rett ombord i båten til Viking Line, MS Gabriela.

Med Viking Line frå Turku til Stockholm.

Stockholm i sikte, no er det berre ei overnatting att.

Fantastisk haustver og eit luksus-cruise over Botniska Viken. Nok ein flott båt, buffet-lunsj og bar med belgisk fatøl. Finnane er verkeleg gode på å henta inn kvalitets-øl frå utlandet. Dette til trass for (eller på grunn av) at deira eige jamt over er under middels. Baren har òg amerikansk øl, men til trass for den tyngande datoen, står eg over. Solidariteten kjenner sine grenser.

I Stockholm er det valgkamp, plakatar prydar gatene. Fornøyer meg medan eg går gjennom gatenene; her kan ein få kjøpt seg både godis, glas og lesk. Eg sler med til på jordnære Söder, har budd her før og kjende meg heime. Zinkensdamm Vandrarhem er noko av det flottaste eg har vore på av herberge. Broderfolket imponerer! Kvelden vert avslutta tsjekkisk. Soldaten Švejk har sju tsjekkiske fatøl og lite anna. Eit par av dei vanskelege å få tak i sjølv i heimlandet. Bra tiltak!


Stockholm - Oslo

12/9-2002 (dag 125)

Søv lenge og pratar litt med romkameratane mine frå Bologna. Den eine har stor tru på norske jenter (overgår dei svenske meiner han), men gir alle utlendingar stryk når det gjeld matlaging. Dette er han ikkje fyrste italienar som har gjort! Herberget har gratis internett så eg kan planleggja turen heim i ro og mak.

T-bana i Stockholm er nok den flottaste eg har reist med, ein høyrer knapt at den går. Inne på City-terminalen har eg god tid til å eta og å sjå meg om. Dette er ein imponerande buss-stasjon like ved tog-stasjonen. Her har ein òg gratis internett og det midt på golvet. Ein må rett nok stå og surfa, men det er svært praktisk for korte oppdrag.

Etter 4 månader og 2 dagar er reisa slutt, gjer meg klar til siste etappe. På grunn av dei høge togprisane tek eg Säfflebussen, dette kostar berre NOK 250 Stockholm-Oslo ein veg. Då klagar ein ikkje sjølv om det tek litt lengre tid. Klokka 14:00 er det avgang, er framme i Oslo 21:25. Det var nokre stopp undervegs (m.a Karlstad), men ikkje lenge nok til å eta skikkeleg. Underheld meg med fem aviser, og eg vart nesten ferdig med dei! Desse lang-etappane gjer meg snart til ein opplyst mann. Veret er fint, men landskapet i Svealand innbyr ikkje til den store lovsongen.

Framme i Oslo avsluttar eg det heile formelt med pizza og øl på Cafè Treffen på Tøyen, ei av stamkneipene mine. Deretter står berre buss 60 att. Ein håpar ikkje støvet har lagt seg for godt dei 125 dagane eg har vore borte.

Neste brev blir ein gong i oktober, turen går til England, USA og Mexico.


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk