Desse nettsidene er via romanen Lagnaden til den gode soldat Švejk i verdskrigen, skriven i 1921 og 1922 av Jaroslav Hašek. Den gode soldat Švejk *) som romanen vert kalla i kortform, er rekna som eit satirisk meisterverk og banebrytande innafor antikrigslitteratur. Bertolt Brecht utropa den til ein av århundrets tre viktigaste romanar og laga eit skodespel basert på boka. Max Brod samanlikna den med Don Quijote av Miguel de Cervantes. Joseph Heller og "Catch 22" vert ofte nemnd i samband med Švejk, saman med Rabelais, Dickens og Twain. Den gode soldat Švejk er no omsett til 54 språk (59 dersom variantar som amerikansk engelsk vert talde med), og er truleg den mest kjende romanen skriven på tsjekkisk nokon sinne.*) Romanen si norske utgåve er feil omsett til "Den tapre soldat Švejk".
Satiren
Satiren til Jaroslav Hašek er bitande, til tider grov, men mest av alt treffande. Det ein lesar mest legg merke til er den repsektlause haldninga ovafor institusjonar og styresmakter. Det er ikkje tilfeldig at boka ved fleire høve er vorte forboden og sensurert. Instansane som har gripe inn på denne måten har kjende seg trakka på, og med rette. Undergravande og anti-autoritær litteratur provoserer gjerne fram denne type reaksjonar og Den gode soldat Švejk illustrerer det framifrå. Mange forbind romanen fyrst og fremst med humor, men bodskapen er alvorleg og ikkje minst tidlaus. Brodden er retta mot menneskeskapte system med deira feil og manglar, mot folk som misbrukar posisjonane sine innafor desse maktstrukturane til eiga vinning eller berre er med på lasset grunna kortsyntheit, egoisme, dumskap, eller det mest tragiske av alt: mangel på andre utvegar. Maktmisbruk og korrupsjon er slett ikkje avgrensa til tidsepoken og regionen Jaroslav Hašek skildra, det er fenomén som er djupt forankra i menneskenaturen, difor vil Den gode soldat Švejk ha relevans så lenge det finst folk på jorda. Rettnok har romanen ei spesifikk geografisk, tidsmessig og kulturell tilknyting, men den vert ikkje mindre universell av den grunn.
Handlinga
Handlinga i Den gode soldat Švejk er lagt til byrjinga av fyrste verdskrigen. Den startar med nyhendet om attentatet på den austerrikske tronarvingen erkehertug Franz Ferdinand i Sarajevo 28. juni 1914 og endar ved austfronten i det noverande Ukraina sommaren 1915. På grunn av forfattaren sin tidlege død vart romanen aldri fullførd.
Josef Švejk var ein hundehandlar frå Praha, då ein del av Austerrike-Ungarn. Han levde av å selgja hundar som han forfalska stamtavlene til og han framheld gjerne at han vart dimmitert frå militæret grunna idioti. Merk at dette er opplysningar han berre bruka ovafor representantar for styresmaktene. Ellers hadde han eit godmodig, sjarmerande og avvæpnande vesen, var tilsynelatande mentalt begrensa, hadde ein tilsynelatande tvilsam moralsk gestalt og kjenneteikna seg med å lira ut av seg uendelege anekdotar, nokre av dei heller smaklause. Anekdotane var gjerne eit verkemiddel for å sno seg ut av kniper. Han var svært flink til å snakka for seg og kom aldri ut av likevekt uansett kva situasjon han hamna i. Til trass for at han ikkje virka som den glupaste, var han ein person som hadde eit godt minne og heilt klårt hadde lese ein del. Han hadde òg ein eigen givnad for å koma seg ut av vanskelege situasjonar.
Alt frå akademikarar til mannen i gata har sidan Den gode soldat Švejk kom ut diskutert om hovudpersonen verkeleg var mentalt avgrensa eller om han berre gav seg ut for å vera det. Heilt klårt kunna han stå fram som dum når det passa han, men den som har lese romanen nøye burde ikkje vera i tvil: i etterordet til Del ein seier Hašek rett ut at om lesaren oppfatta Švejk som ein tosk hadde han som forfattar mislukkast i å få fram bodskapen sin.
Verkemiddel
Švejk virka ivrig etter å tena sin keisar i denne alvorlege epoken og vart send til fronten for å slåst mot russarane. På ferda dit vikla han seg og sine omgjevnader inn i tallause absurde situasjonar. Forfattaren brukar dette som bakteppe for å karikera den austerriksk-ungarske hæren, den katolske kyrkja, politiet, rettsvesenet og det habsburgske keisardømet. Men mest er det meiningsløysa ved sjølve krigen som blir avslørt. Boka har dessutan langt fleire sider enn satire og antikrigsbodskap. Den tidlegare anarkisten Hašek er sjølvsagt politisk og samfunnskritisk, han skildrar den aktuelle epoken i Europa si historie, har eit geografisk og historisk perspektiv, gjev lesaren ein idé om det kulturelle mangfaldet i regionen, og romanen er i seg sjølv eit nøkkelverk for einkvar som interesserer seg for tsjekkisk kultur. Utover den alvorlege hovudbodskapen er situasjonskomikk og "slapstick" ein vesentleg del av verkemidla til Hašek. På sitt aller beste er forfattaren når han skildrar absurde situasjonar frå livet til den vanlege mann, vikla inn i system som er skapte for å halda han nede eller ta knekken på han men som han overlever og avslører gjennom sluheit og vidd. Švejk sjølv er overlevelseskunstnaren "non plus ultra".
Bakgrunn frå det verkelege liv
På starten av denne sida vert det vist til ei rekkje litterære verk Švejk vert samanlikna med, men dette har lite relevans ettersom dette er ein roman som framfor alt er bygd på Jaroslav Hašek sitt eige uvanleg varierte liv og hans eigne erfaringar. Den tyske litteraturvitaren Kurt Tucholsky skreiv at han i heile verdslitteraturen ikkje kjende til nokon roman som denne. Ruta til Švejk er detaljert skildra og samsvarar langt på veg med forfattaren si eiga ferd mot fronten i Galicia i 1915, og fleire av personane og situasjonane er tekne frå Hašek sine eigne omgivnader og erfaringar. Personane er rettnok karikerte og tilsvara aldri heilt ut "førebiletet" sitt, men oftast likevel å kjenna att. Sjølv om romanen er fiksjon og mystifisering kan den dermed godt lesast som eit historisk dokument. Forfattaren sin mangfaldige bakgrunn og uvanleg store kunnskapar kjem klårt for dagen gjennom heile romanen: her er detaljerte skildringar av drikkegilde, av katekisma, av matlaging, historiske hendingar, opphald på asyl, av religiøse rituale, hundeopprett, alt saman bygd på hendingar i forfattaren sitt eige liv.
Ikkje alt kom på trykk
Hadde ikkje forfattaren døydd før han var nesten ferdig med fire av dei seks delene av boka, ville nok òg Švejk, akkurat som skaparen hans, lete seg ta til fange av russarane, arbeidd for den tsjekkoslovakiske legionen, tenestegjord for bolsjevikane og enda opp i Sibir. Kva Hašek hadde i tankane her får me dessverre aldri vita, men me veit i alle fall at han òg planla å dekka tida i Russland, inkludert borgarkrigen. I kva stor grad satiren ville retta brodden mot dei tsjekkoslovakiske legionane og bolsjevikane er uklårt. Likevel: ut frå det Hašek faktisk skreiv både medan han var i Russland og etter han kom heim, ville dei neppe bli sparde, men skytset ville neppe vore så tungt som det som vart retta mot Austerrike i dei fire fyrste delene av romanen. Bugulma-forteljingane som han ga ut tidleg i 1921 tyder på dette. Her vert rettnok sider ved den russiske revolusjonen gjort narr av, men i ein langt meir forsonleg tone enn den me kjenner frå Den gode soldat Švejk. Hašek likte ikkje å bli spurd om kva han hadde gjort i Russland og svara i slike høve at dei som ville vita det fekk venta på romanen. Dessverre kom det aldri dit.
Tilbakekomsten som aldri vart
Sikkert er det likevel at Jaroslav Hašek ville lete Švejk venda tilbake usåra, lete han drukke sin Velké Popovice pivo på U kalicha šest hodin večer, denne gongen saman med Sappeur Vodička, utan maktapparatet og detektiv Bretschneider sitt klamme åsyn til stades. Kva han opplevde mellom elva Bug frå midten av juli 1915 til tilbakekomsten i 1920 kan me gjerne spekulera over, men det ville nok lege nær opptil Hašek sine eigne opplevingar. Det kan òg vera forfattaren hadde lete Švejk oppleva den same avvisinga og fiendskapen han sjølv som "bolsjevik" og "svikar" opplevde då han kom tilbake til det no sjølvstendige Tsjekkoslovakia i desember 1920.
Motivet mitt for å laga desse sidene i 2009 ligg i at det, trass boka og forfattaren sitt verdsry, enno ikkje finst nordiskspråklege nettressursar om Švejk og Hašek. Utover å presentera romanen og forfattaren på norsk, vert det lagt fram eksisterande informasjon på måtar som skil seg frå det som hittil har vore gjort. Det har sidan prosjektet starta òg vorte funne ny informasjon om temaet Hašek, og dette vert kontinuerleg lagt til. Romanen er spekka med omtale av folk, stader og institusjonar, truleg om lag 2000 i alt. Galleriet er av eit slikt omfang at det for den engasjerte lesar vil vera nyttig med utfyllande opplysningar om dei ofte lite kjende personane, stadene og (no avvikla) institusjonane som forfattaren skriv om eller kort nemner. Difor har eg som mål å laga fullstendige lister over desse kategoriane, eit arbeid som enno (2023) langt frå er avslutta. Omtalane har, der det let seg gjera, linkar mot nettbaserte informasjonskjelder og i nokre tilfelle arkiv- og biblioteks-materiale som forfattaren av desse vevsidene sjølv har samla inn.
Litteratur
- Osudy dobrého vojáka Švejka za světové války. Díl I., ,1921
- Osudy dobrého vojáka Švejka za světové války. Díl II., ,1921
- Osudy dobrého vojáka Švejka za světové války. Díl III., ,1922
- Die Abenteuer des braven Soldaten Schwejk während des Weltkrieges, ,1926
- Die Abenteuer des braven Soldaten Schwejk während des Weltkrieges, ,1926
- Švejk, egy derék katona kalandjai a világháborúban,
- Dobrý voják Švejk a jiné podivné historky, ,1911 (banned), 1912 (re-issued)
- Dobrý voják Švejk, ,8.7.1911
- Dobrý voják Švejk, ,12.9.1911
- Dobrý voják Švejk v zajetí, ,1917
- Hledání Josefa Švejka v archivech,
- The Good Soldier Švejk (novel), Maciej Górny,7.10.2015
- Divadélko Adria, ,1.11.1921
- Prager Lokalstücke, B.,5.11.1921
- Osudy dobrého vojáka Švejka za světové války, Ivan Olbracht,15.11.1921
- Švejk, DRAF,18.11.1921
- Kapitola literárně-kominická, Karel Vaněk,18.11.1922
- "Le Brave Soldat Chvéïk" de Jaroslav Hasek, ,16.4.1932
- Švejk greift in den Weltkrieg ein., ,5.1.1923
- „Švejk" pokládán za nemravný spis v Německu, ,19.1.1928
- Velký úspěch "Dobrého vojáka Sveika" v Berlíně", ,24.1.1928
- Hrdina Švejk, Viktor Dyk,15.4.1928
- "Švejk“ a senátor Dyk, -,24.4.1928 Masaryk
- Švejkoviny, ,25.4.1928
- Od Švejka - k Masarykovi, J.,27.4.1928
- Švejk a čeští socialiste, ,5.5.1928
- Dyk proti Švejkovi — klerikálové proti legionářům, ,7.5.1928
- Theaternachrichten, ,22.11.1928
- Hrdinové z dobrého vojáka Švejka se sešli, ,30.10.1932
- Ein Verein der "Freunde des guten Soldat Schweijk", ,9.11.1932
- Jubilejní vydání Švejka, ,26.4.1936
- Haškův Švejk zdrojem inspirace, ,14.7.1948
- Díl I., ,1.9.1924
- Díl II., ,2.9.1924
- Díl III., ,3.9.1924
- Díl IV., ,4.9.1924
- Díl V., ,6.9.1924
- Díl VI., ,10.9.1924
- Díl VII., ,12.9.1924
- Díl VIII., ,13.9.1924
- Díl IX., ,15.9.1924
- Díl X., ,18.9.1924
- Díl XI., ,20.9.1924
- Díl XII., ,22.9.1924
- Díl XIII., ,25.9.1924
- Díl XIV., ,27.9.1924
- Díl XV., ,1.10.1924
- Díl XVI., ,4.10.1924
© 2008 - 2024 Jomar Hønsi | Sist oppdatert: 20.11.2024 |