void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Jaroslav Hašek

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt
Jaroslav_Hasek_obad.jpg

Jaroslav Hašek som nyutskriven frå det tsjekko-slaviske handelsakademiet i Praha, 1902

Jaroslav Hašek (30. april 1883 - 3. januar 1923), forfattar av romanen Lagnaden til den gode soldat Švejk i verdskrigen og over 1500 forteljingar, levde eit kort men uvanleg stormfult liv. Han var fødd i Praha, då ein del av Austerrike-Ungarn. Foreldra, Josef Hašek og Kateřina Jarešová var begge innflyttarar frå Sør-Böhmen, med bakgrunn i det ein kan kalla den utdanna bondestand. Faren var hjelpelærar, seinare banktilsett, men døydde alt i 1896. Etter dette fekk familien økonomiske vanskar og flytta heile 15 gonger gjennom oppveksten til den unge Jaroslav. Trass den omskiftande oppveksten fekk ha: seg ei god utdanning men viste seg snart ute av stand til å tilpassa seg ein ordna livsførsel. Derimot vart han ein kreativ og produktiv forfattar, trass det uryddige tilveret og det etter kvart store alkoholforbruket.. >

Alt før Den gode soldat Švejk vart skriven (1921-22) hadde Jaroslav Hašek ry som ein framståande satirikar, men var også kontroversiell grunna ein periode som aktiv anarkist. Hašek var òg kjend for sine mange påfunn. Mellom anna stifta han Partiet for måteleg framsteg innafor rammene av lova, som dels var eit forum for karikering av dåtidas politiske elite, dels vart stifta for å auka omsetjinga til skjenkestaden der partimøta vart heldne. Han var stadig i konflikt med politiet, både grunna tilknytninga til anarkist-rørsla men flest gonger grunna ordensforstyrrelsar og fyll. Han vart arrestert fleire gonger og i minst tre tilfelle fengsla.

Sommarane frå 1900 til 1905 var Jaroslav Hašek lange vandringar i Mellom-Europa, noko som ga rikt stoff til forteljingane hans og det seinare meisterverket Osudy dobrého vojáka Švejka za světové války. På desse reisene var han ofte pengelens, sov under open himmel og reiste delvis til fots. Han fekk høve til å sjå samfunnet frå skuggesida, noko som sterkt påvirka både skrivinga hans og dei politiske haldningane. Området han reiste mest i var Slovakia, men han vitja òg Bayern, Sveits, Italia, det noverande Polen, Romania, Ungarn, Austerrike, Slovenia, Kroatia og Bulgaria. Dessutan kan han i 1903 ha vore innom dagens Makedonia, Ukraina og Serbia.

hasekfoto_0015.jpg

Hašek gifta seg den 23. mai 1910 med Jarmila Mayerová som han hadde vore på friarføter til sidan 1906. Foreldra hennar var sterkt mot forholdet grunna Jaroslav Hašek sine anarkistiske aktivitetar og uryddige livsførsel. Ekteparet fekk i 1912 sonen Richard men like etterpå forlet Hašek familien og såg dei ikkje att før i 1921. Familielivet hadde passa han dårleg, og han tok no opp att sin tidlegare bohémlivsførsel.

hasek_berezno.jpg

Jan Šípek, Jaroslav Hašek, Václav Menger. Berezne, Ukraina (hausten 1917).

Krigsutbrotet i 1914 førde til store endringar i Hašek sitt liv. Han vart i februar 1915 utskriven til krigsteneste, send til fronten i Galicia, og let seg ta til fange av russarane 24. september same året. Tida i hæren gav rikt stoff til den seinare romanen om Švejk; mange geografiske detaljar og andre omstende syner samsvar mellom forfattaren sine opplevingar og romanen. I fangeleir i Russland fekk Hašek tyfus, ein sjukdom som tok livet av tusenvis av hans medfangar. Frå juni 1916 var han på frifot og arbeidde som rekrutteringsagent for Den tsjekkoslovakiske brigaden i Russland (seinare kjende som Legionane). Han var òg journalist for den tsar-tru vekeavisa Čechoslovan i Kiev. Hašek var i denne perioden sterk nasjonalistisk og støtta dessutan tsar-regiment som han såg på som beste garantisten for ein framtidig tsjekkisk stat. Etter diverse uheldige episodar vart han tidleg i mai 1917 send til fronten som vanleg soldat. Den satirske artikkelen Den tsjekkiske Pickwick-klubben (Revoluce 6. mai 1917), førte i tillegg til disiplinærsak. Jaroslav Hašek deltok i slaget ved Zborów 2.7 der han dels stod ovafor sine eigne landsmenn.

Den russiske revolusjonen 7. november 1917 og den påfølgjande fredsavtalen mellom den nye Sovjet-staten og Sentralmaktene gjorde vidare krigføring meinigslaus for dei tsjekkoslovakiske styrkane i Russland. Dei vart formelt stilte under fransk kommando, og det vart bestemt at dei skulle flyttast over til vestfronten via Vladivostok. Denne avgjerda var Jaroslav Hašek ueining i. Han forlet det tsjekkoslovakiske armekorpset og i mars 1918 melde han seg til teneste for dei tsjekkiske sosialdemokratane (kommunistane) i Moskva. Desse hadde som mål å få tsjekkarene til å bli i Russland og slutta seg til revolusjonen. I april same året tok Hašek steget fullt ut og braut formelt med den tsjekkoslovakiske armeen. I mai 1918 gjorde tsjekkoslovakane opprør mot det unge kommunist-regimet, noko som førde han i direkte konflikt med sine tidlegare kameratar. Han og mange andre tsjekkiske kommunistar vart stempla som landssvikarar og det vart sendt ut arrestordre på dei (Omsk 25. juli 1918). No var alle bruer brende og frå oktober 1918 arbeidde han direkte for bolsjevikane sin 5.arme.

hasek_vystup.jpg

Hašek kunngjer at han forlet den tsjekkiske hæren avdi han er ueinig med overflyttinga til Frankrike (13. april 1918).

I Russland gjorde han lynkarriere. Han var medarbeidar i politisk avdeling i den 5.arme og ferda gjekk heilt til Irkutsk der han òg vart medlem av by-sovjetet. Hašek var ansvarleg for propaganda og rekruttering blandt dei mange utanlandske krigsfangane som dreiv rundt i Russland i kaoset under borgarkrigen. Han gav ut materiale både på russisk, tsjekkisk, tysk, basjkir, ungarsk og burjat. Han gifta seg på nytt medan han var i Sibir; med Alexandra Lvova. Dette til trass for at han ikkje var formelt skild med Jarmila.

Hausten 1920 endra omstenda seg brått att. Bosjevikane hadde no vunne borgarkrigen og dei mange utlendigane som hadde arbeidd for dei vart overflødige. Hašek og mange med han vart send tilbake til heimlanda av Komintern for å hjelpa kommunistrørsla der. 24. oktober forlet Jaroslav Hašek Irkutsk og dukka opp att i Praha 19. desember. Gjennom tida i den 5. armé var Hašek for fyrste gong i fast arbeid over lengre tid og han hadde slutta å drikk. Tilbake i Praha kom han derimot fort inn i gamle spør og kommunistrørsla fekk svært så lite nytte av han. Om han var kontroversiell i førkrigs-Praha var han det ikkje mindre no; han var djupt upopulær avdi han hadde forlete Legionane amrekorpset og han var òg i søkelyset til politiet grunna bigami. Gustav Janouch var jamvel vitne til eit lynsjeforsøk.

Kring februar/mars kom han på ideen om å blåsa liv i den gode soldaten og han byrja å skriva Den gode soldat Švejk, ein roman som var planlagd utgjeven i seks deler. Han budde på denne tida hjå venen Franta Sauer i Žižkov og romanen vart fyrste gjeve ut som hefte som vart selgde på lokale pubar. Fyrste heftet kom ut i mars og serien vart populær. Likevel var det fyrst med sceneoppføringa i november 1921 at den vart lagd merka til og overstrøymande omtala av litteraturkritikarar som Max Brod og Ivan Olbracht. No var Den gode soldat Švejk så populær at Hašek kunne signera ein kontrakt med forleggaren Adolf Synek.

hasek_1921a.jpg

Hašek tilbake i heimlandet (1921).

25. august 1921 flytta han til Lipnice der han fullførde to nye deler. Helsa gjekk det derimot fort nedover med, det harde livet hadde teke på og han var dessutan vorte farleg overvektig. Han vann ikkje å gjera ferdig fjerde delen før han døydde på morgonkvisten 3. januar 1923, knapt 40 år gammal. På dødsattesten er det oppførd lungebetennelse og hjartstans men dei underliggande helseproblema veit ein lite om. Ei gjengs oppfatning er at han drakk seg i hel men alkohol men dette var ikkje den direkte årsaka til hans tidlege død. Likevel har det nok vore ein påverkande faktor.

Det er kome ut ei rekke biografiar om Jaroslav Hašek, rett nok mest på tsjekkisk. Sjølvbiografisk materiale er det derimot lite av, bortsett brotstykke frå sine eigne erfaring som han dikta inn i forteljingane sine. Dette er likevel informasjon ein må ta med ei klype salt ettersom Hašek var ein notorisk bløffmakar som nokså fritt blanda saman fakta, pseudo-fakta og fiksjon, ofte på svært overtydane vis. Nesten alt ein veit om han i dag byggjer difor på nedskrivingane til folk som kjende han. Dertil kjem opplysningar frå ulike arkiv.

Den beste skrivne kjelda for eit norsk publikum er The Bad Bohemian (1978) av Cecil Parrott, mannen bak den andre av dei tre omsetjingane av Den gode soldat Švejk til engelsk. Biografien til Parrott er langt på veg bygd på Radko Pytlík sitt standardverk, Toulavé house.

Ei sjeldsynt men verdifull bok er Emanuel Frynta si Hašek, the Creator of Schweik. Den innheld mange bilete og er godt omsett til engelsk. Fokuset er på det kunstnariske aspektet ved forfattaren, heller ein dei biografiske detaljane ein finn i andre biografiar.

Ein finn dessutan original-litteratur om Jaroslav Hašek på tysk, mellom anna den godt dokumenterte min litt spekulative Der Vater des braven Soldaten Schweik av Gustav Janouch.

Litteratur
Referensar
aHochverräterische Umtriebe von österr. Čechen im AuslandeK.k. Polizeidirektion Prag1917

© 2008 - 2024 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 28.3.2024