Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private.
Desse var fram til 15. september 2013 kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar
einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemt geofrafiske punkt slik som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste
vert difor skilde ut i denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar
som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.
Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som
rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt geografisk punkt. Difor vil Praha og Wien
framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta
tilhaldsstad, og døme på dette er Odvodní komise og Kriegsministerium.
Namna er fargekoda etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme:
U kalicha som ein stad der handlinga føregår,
k.u.k. Kriegsministerium omtala av forfattaren,
Pražské úřední listy som del av ein i dialog, og
Stoletá kavárna nemnd i ei anekdote.
Institusjonarliste over institusjonar som er omtala i romanen (305)
Výbor ze spisů Xenofontových, Vilém Steinmann,1880
Artemistempelet
vart indirekte omtala i samband med Herostratos, "han som sette fyr på tempelet til gudinna i Efesos".
Bakgrunn
Artemistempelet
var eit tempel i Efesos, rekna som eit av verda sine sju underverk. Det vart sett opp til ære for gudinna Artemis. Tempelet brann ned i 356 f.kr (sjå Herostatos), men vart seinare bygd opp att. I dag er det berre ruinar att.
Sitat
[Úvod] On nezapálil chrám bohyně v Efesu, jako to udělal ten hlupák Herostrates, aby se dostal do novin a školních čítanek.