Tooltip container
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Personar

Romanen på nettŠvejk MuseumLiterární ArchivFacebookŠvejk CentralBlogReisedagbokKontakt

Erzherzog Franz Ferdinand og Herzogin Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28. juni 1914.

Den gode soldat Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til Hauptmann Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevaran av denne vev-sida. I januar 2021 manglar enno rundt 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin online-versjon av romanen og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og Švejk online.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i nokre høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som tek direkte del i handlinga. Heinrich Heine som historisk person. Otto Katz som oppdikta person, nemnd i dialogar eller anekdotar. Merk at ei rekkje tilsynelatande fiktive romanfigurar har klårt gjenkjennelege førebilete frå det verkelege liv. Døme på slike er Oberleutnant Lukáš, Major Wenzl og mange fleire.

>> Den gode soldat Švejk liste over folk som er omtala i romanen (581) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

1. Den gode soldat Švejk grip inn i verdskrigen

Erzherzog Franz Ferdinanden flag
*18.12.1863 Graz - †28.6.1914 Sarajevo
Wikipedia czdeenhuno Google søk

Franz Ferdinand var den Ferdinand Švejk ikkje kjende. Romanen startar med at fru Müllerová fortel Švejk at "dei har slege i hel vår Ferdinand". Švejk kjenner to som heiter Ferdinand, ein apotekartenar og ein som samlar hundelort. Ikkje før Müllerová opplyser om at det er den tjukke, gudfryktige frå Konopiště som er skoten, skjønar ein at det er snakk om det lagnadstunge attentatet på Franz Ferdinand og kona Sarajevo.

Bakgrunn

Franz Ferdinand var brorson til Kaiser Franz Joseph I. og tronarving i Austerrike-Ungarn i frå 1896 til 1914. Han vart myrda i Sarajevo 28. juni 1914 saman med kona Herzogin Sophie, ei hending som indirekte utløyste fyrste verdskrigen. Hans fulle namn var Franz Ferdinand Carl Ludwig Joseph Maria von Österreich-Este. Han eigde slottet Konopiště der familien oppheldt seg mykje.

Franz Ferdinand sine sine politiske synspunkt var relativt liberale. Han var motstandar av preventiv krigføring mot Serbia og han gjekk inn for ein omdanning av Austerrike-Ungarn til ein føderal stat der dei slaviske folka vart stilte på likefot med tyskarar og ungararar.

Sitat
[1.1] „Tak nám zabili Ferdinanda,“ řekla posluhovačka panu Švejkovi, který opustiv před léty vojenskou službu, když byl definitivně prohlášen vojenskou lékařskou komisí za blba, živil se prodejem psů, ošklivých nečistokrevných oblud, kterým padělal rodokmeny.

Skrivst òg:Ferdinand Hašek František Ferdinand cz Ferenc Ferdinánd hu

Litteratur

Fru Müllerováen flag
Google søk

Müllerová var tenestejente heime hjå Švejk. Fyrste dialog i romanen er mellom desse to, dei diskuterer nyheita om attentatet i Sarajevo der tronarving Erzherzog Franz Ferdinand og kona vart myrda av serbiske nasjonalistar. Ho hadde lese om skota i avisa så samtalen fann nok stad 29. juni 1914 (kveldsavisenen dagen kom på trykk før nyhenda kom).

Müllerová vert deretter ikkje nemnd att før Švejk vart sett fri i [1.6]. Då hadde ho alt leigd ut rommet hans til andre.

I neste kapittelet kjem den vidkjende scena då gamle Müllerová trillar Švejk til sesjon i rullestol. Siste gongen den gode soldaten er heime [1.10] finn han ut den stakkars dama vart arrestert same kvelden som han var til sesjon og at ho hadde vorten send til konsentrasjonsleiren Steinhof.

Personlege opplysningar om Müllerová er det lite av, men det kjem fram at ho er/var gift, er tilårskomen, og er frå Nusle. Ho var syskenbarnet til fru Kejřová.

Bakgrunn
mullerova.png

"Jaroslav Hašek doma", Václav Menger, 1935.

kalinova.png

"Adresář města Král. Vinohradů", 1912.

Fru Müller har ingen innlysande prototype så fleire teoriar er vorte sette fram opp gjennom åra. Den sterkaste kandidaten er nok Václav Menger sin. I boka Jaroslav Hašek doma (1935) skriv han at Müllerová tente der Hašek si mor budde og der forfaffaten sjølv ofte overnatta. Dette var i Velehradská 1411/20 i Vinohrady der mora budde frå 20. mai 1908. Jaroslav og broren Bohuslav var òg registrerte her, Jaroslav from til 4. februar 1909 og Bohuslav minst fram til 1912 då mora døydde. Så uansett kven det var som var tenar her: Hašek må ha kjendt henne godt.

Det var registrert minst to kvinnelege hushjelper på denne adresaa i 1911 men ingen av dei heitte Müllerová. Dei to var Marie Kalinová og Josefa Smolčíková. Når det er sagt er det ikkje gitt at hushjelpa budde på adressa der ho arbeidde, sjølv om dette nok var mest vanleg.

Radko Pytlík antyder at inspirasjonskjelda kan ha vore ei viss Marie Müllerová, veninna til redaktør Michal Kacha som var ein av Hašek sine kameratar frå anarkist-rørsla. I fylgje Jan Berwid-Buquoy var Marie Müllerová ei bordellmamma ved sida av U kalicha og at Hašek lånte namnet frå henne.

Det er berre tre mogelege variantar men det budde mange som heitte Müller i Praha (7537 oppføringar i politiregistera mellom 1850 og 1914, av dei 531 berre på Marie), så her er det rom for ytterlegare spekulasjonar.

Müllerová tek ikkje del i dei to tidlege versjonane av Den gode soldat Švejk, men i Dobrý voják Švejk v zajetí vert rolla hennar delvis spela av Švejk sin tenar Bohuslav som skyv sjefen sin avgarde til opptakskommisjonen i rullestol. Dette tyder på at Müllerová knapt er meir enn eit namn som vert tildelt ei litterær rolle.

Sitat
[1.1] „Tak nám zabili Ferdinanda,“ řekla posluhovačka panu Švejkovi, který opustiv před léty vojenskou službu, když byl definitivně prohlášen vojenskou lékařskou komisí za blba, živil se prodejem psů, ošklivých nečistokrevných oblud, kterým padělal rodokmeny. Kromě tohoto zaměstnání byl stižen rheumatismem a mazal si právě kolena opodeldokem. „Kerýho Ferdinanda, paní Müllerová?“ otázal se Švejk, nepřestávaje si masírovat kolena, „já znám dva Ferdinandy.

KjelderVáclav Menger, Radko Pytlík, Jaroslav Šerák, Jan Berwid-Buquoy

Tenar Ferdinanden flag
Google søk

Ferdinand var tenar hjå drogerie Průša og drakk opp ei flaske hårbalsam ved uhell. Dette var den fyrste Ferdinand som Švejk kjende.

Bakgrunn

Ferdinand er truleg inspirert av ein av forfattarane sine kollegaer frå lærlingetida si som apotekar i 1898 og 1899. Han nemner ofte ein Ferdinand i ein samling soger "Frå det gamle apoteket". I desse forteljingane er eigaren av apoteket rettnok ein viss Kološka, ikkje drogista Průša. Sjå drogerie Kokoška.

Sitat
[1.1] „Kerýho Ferdinanda, paní Müllerová?“ otázal se Švejk, nepřestávaje si masírovat kolena, „já znám dva Ferdinandy. Jednoho, ten je sluhou u drogisty Průši a vypil mu tam jednou omylem láhev nějakého mazání na vlasy, a potom znám ještě Ferdinanda Kokošku, co sbírá ty psí hovínka. Vobou není žádná škoda.“

Litteratur

Drogista Průša, Františeken flag
*Votice 17.10.1862 - †Král. Vinohrady 22.5.1915
Google søk
prusa2.png

Národní politika, 27.9.1902.

prusa1.png

Adresář královského hlavního města Prahy, 1910.

Průša var eigaren av apoteket der tenar Ferdinand var assistent.

Bakgrunn

Průša var eigar av drogerie PrůšaTylovo náměstí i Vinohrady. Jaroslav Hašek arbeidde her som lærling ei tid mellom mars 1898 og september 1899. Akkurat når han starta er uvisst, men det hende etter at han hadde vorte oppsagd på drogerie Kokoška.

Apotekaren var fødd i 1862 i Votice, var gift med Mathilde (f. 1872) og dei fekk sonen Rudolf. Familien flytta til Vinohrady i 1893 og budde der sidan. Ellers veit me lite om han men avisannonsar viser at apoteket eksisterte minst fram til 1915, året han døydde. I 1916 kunne Čech melda at enkja vart utsett for eit grovt svindelforsøk, men at gjerningsmannen vart arrestert og dømd til 5 månaders fengsel. Av dødsprotokollen kjem det fram at Průša fekk hjerneslag, at han leid av sukkersykje og budde i Vinohrady čp. 603 då han gjekk bort.

Annonsar frå ein apotekar Fr. Průsa dukka opp alt i 1890 men då frå Kamenice nad Lipou. Likevel kan det slåast fast at det dreiar seg om den same Průša ettersom politiregisteret oppgjev at sonen Rudolf var fødd i nettopp Kamenice i 1893.

Průša er det fyrste av mange døme på korleis forfattaren dreg inn fragment frå sine eigne opplevingar for å skapa bakteppet til romanen. Sjølv om Průša her virkar som ein oppdikta person er han henta frå det verkelege liv. Dette er truleg tilfelle med dei fleste av dei "fiktive" personane i novella; svært få namn var rein oppdikting. Rolla deira i forteljinga kan vera forvridd eller mystifisert men namna var sjeldan tilfeldige.

Sitat
[1.1] Jednoho, ten je sluhou u drogisty Průši a vypil mu tam jednou omylem láhev nějakého mazání na vlasy, a potom znám ještě Ferdinanda Kokošku, co sbírá ty psí hovínka. Vobou není žádná škoda.“

KjelderRadko Pytlík, Jaroslav Šerák

Skrivst òg:Pruscha de

Litteratur

Kokoška, Ferdinanden flag
Google søk

Ferdinand Kokoška plukka hundeskit. Han var den andre Ferdinand Švejk kjende.

Bakgrunn

Namnet er nok inspirert av den likenamnde herr Kokoška, forfattaren sin sjef ved drogerie Kokoška i 1898. Hašek skal ha vorte oppsagd av han etter å ha teikna om ansiktet på ei ku slik at den likna sjefen. Her gjer forfattaren han ytterlegare til narr ved å la han samla hundelort.

Sitat
[1.1] Jednoho, ten je sluhou u drogisty Průši a vypil mu tam jednou omylem láhev nějakého mazání na vlasy, a potom znám ještě Ferdinanda Kokošku, co sbírá ty psí hovínka. Vobou není žádná škoda.“

Kjelder: Václav Menger

Herzogin Sophie Chotek von Chotkowaen flag
*1.3.1868 Stuttgart - †28.6.1914 Sarajevo
Wikipedia czdeenhuno Google søk
chotek.jpg

Sophie Chotek, 1868

Sophie vert i romanen aldri nemnd med namn, berre omtala som "erkehertuginna som køyrde i ein automobil i Sarajevo saman med erkehertugen sin". Švejk er tydelegvis ikkje klar over at ho òg vart skoten, ettersom han omtalar ho som ei enkje som må finna seg ein ny erkehertug, ein endå tjukkare ein. Švejk "forfremjar" ho dessutan til erkehertuginne men tittelen var hertuginne.

Bakgrunn

Sophie var ei böhmisk adelsdame og gift med den austerrikske og ungarske tronarvingen Erzherzog Franz Ferdinand. Ho mista livet saman med mannen i Sarajevo. Ho vart aldri godteken som kongeleg i Habsburg-dynastiet ettersom ho var av lågare byrd. Borna til Sophie og Franz Ferdinand hadde dermed ikkje arverett til trona.

Det fulle namnet hennar var Sophie Maria Josephine Albina Gräfin Chotek von Chotkowa und Wognin.

Sitat
[1.1] „Práskli ho v Sarajevu, milostpane, z revolveru, vědí. Jel tam s tou svou arcikněžnou v automobilu.“ „Tak se podívejme, paní Müllerová, v automobilu. Jó, takovej pán si to může dovolit, a ani nepomyslí, jak taková jízda automobilem může nešťastně skončit.

Skrivst òg:Žofie Chotková cz Sophie Chotek von Chotkowa de Chotek Zsófia hu

Litteratur

Guden flag
Wikipedia czdeennnno Google søk
gud.jpg

Gud slik Michelangelo såg han for seg.

Gud vert her vist til av Švejk som sler fast ovafor fru Müllerová at Erzherzog Franz Ferdinand no kviler i Guds fang. Det er sjølvsagt den kristne Gud det er tale om. Gud vert nemnd mange gonger i romanen, mest gjennom kraftuttrykk som Himmelherrgott!.

I [1.12] nemner den relegiøse feltpresten Herren ikkje mindre enn tre gonger i same andedrag, rettnok påverka av sterkdrykk.

Bakgrunn

Gud er ein mytisk skikkelse frå bibelen og er det viktigaste symbolet i dei tre monoteistiske verdsrelegionane av semittisk opphav: jødedomen, kristendomen og islam. Ordet "gud" kan òg ha ei meir allmenn betydning, mellom anna i polyteistiske relegionar som Åsatrua.

Den fromme feltpresten i [1.12] nemner Herren heile tre gonger i same andedrag, rettnok sterkt påvirka av drykk.

Sitat
[1.1] „Tak se podívejme, paní Müllerová, v automobilu. Jó, takovej pán si to může dovolit, a ani nepomyslí, jak taková jízda automobilem může nešťastně skončit. A v Sarajevu k tomu, to je v Bosně, paní Müllerová. To asi udělali Turci. My holt jsme jim tu Bosnu a Hercegovinu neměli brát. Tak vida, paní Müllerová. On je tedy pan arcivévoda už na pravdě boží. Trápil se dlouho?“
[1.12] "Já mám pánaboha rád," ozval se nábožný polní kurát, začínaje škytat, "moc ho mám rád. Dejte mně trochu vína. - Já si pánaboha vážím," pokračoval potom, "moc si ho vážím a ctím. Nikoho si tak nevážím jako jeho." Uhodil pěstí do stolu, až láhve poskočily: "Bůh je vznešená povaha, cosi nadpozemského.

Skrivst òg:Bůh cz Gott de God en

Kaiser Franz Joseph I.en flag
*18.8.1830 Wien - †21.11.1916 Wien
Wikipedia czdeenhuno Google søk
franzjoseph.jpg

Franz Joseph tilskiten av fluger. Biletet er ei gåve frå John Rocarek, Zenny Sadlon, og Mary Keenan Sadlon. Cedar Rapids (Iowa), 30. august 2014.

Franz Joseph I. er omtala i fyrste kapittelet som "herr keisaren" men vert nemnd direkte fleire gonger seinare i boka. Han vert tema i diskusjonen på U kalicha etter at kneipevert Palivec avslører at flugene har drite på eit portrett av han.

Bakgrunn

Franz Joseph I. var keisar av Austerrike og frå Ausgleich i 1867 krona som konge av Ungarn. Regjeringstida hans varde frå 1848 til 1916. Regjeringsperioden hans er såleis den tredje lengste nokonsinne i Europa. Han kom til makta som attenåring etter revolusjonen i 1848 og var den fyrste tida å rekna som svært konservativ. Den unge monarken var i starten lite populær og vart i 1853 utsett for eit attentatforsøk. Året etter gifta han seg med syskenbarnet sitt, Kaiserin Elisabeth (Sisi). Dei fekk fire born.

Keisaren/kongen opplevde mange personlege tragediar: eldste dottera døydde to år gamal, broren Maximilian vart avretta i Mexico, tronarving kronprins Rudolf gjorde sjølvmord, Sisi vart myrda og i 1914 vart brorsonen Erzherzog Franz Ferdinand skoten i Sarajevo. Keisaren var heller upopulær blandt tsjekkarar avdi han nekta å la seg krona til konge av Böhmen.

Sitat
[1.1] „To se samo sebou rozumí, paní Müllerová,“ řekl Švejk, konče masírování kolen, „kdybyste chtěla zabít pana arcivévodu, nebo císaře pána, tak byste se jistě s někým poradila.
[1.15] Rozebereme-li jeho duševní schopnosti, dojdeme k přesvědčení, že nebyly o nic lepší těch, které proslavily otlemeného Habsburka Františka Josefa jako notorického idiota.

Skrivst òg:Francis Joseph I Parrott František Josef I/Franz Josef I Sadlon František Josef I cz Franjo Josip I hr I. Ferenc József hu Franciszek Józef I pl František Jozef I sk Franc Jožef I sl Франц Йосиф I ua

Litteratur

Herr Lucheni, Luigien flag
*22.4.1873 Paris - †19.10.1910 Genève
Wikipedia czdeenfrit Google søk

Lucheni vert nemnd av Švejk i samband med utgreiinga ovafor fru Müllerová om diverse potentat-mord.

Bakgrunn

Lucheni var ein fransk-fødd anarkist av italiensk avstaming som budde mesteparten av livet i Sveits. Han myrda keisarinne Kaiserin Elisabeth av Austerrike-Ungarn i Genève i 1898. Han fekk livstidsdom for mordet (Sveits hadde avskaffa dødsstraffa) og tok seinare livet av seg i fengselet. Namnet vert ofte skrive Luccheni, som òg Hašek brukar.

Sitat
[1.1] Hlavní věcí je vyčíhat na ten moment, až takovej pán jede kolem. Jako, jestli se pamatujou, na toho pana Luccheniho, co probod naši nebožku Alžbětu tím pilníkem. Procházel se s ní.

Skrivst òg:Luccheni Hašek

Kaiserin Elisabethen flag
*24.12.1837 München - †10.9.1898 Genève
Wikipedia czdeenhuno Google søk
sissi.jpg

Zlatá Praha, 16.9.1898

sissi1.png

Kourier an der Donau, 1.1.1838

sissi.png

Journal de Genève, 11.9.1898

Elisabeth vert omtala som "keisarinna" av Švejk i samband med utgreiinga hans for fru Müllerová om ulike majestetsdrap. Sjølv om namnet henner ikkje er nemnd direkte avslører opplysninga om at gjerningsmanne var herr Lucheni at det er snakk om henne.

Bakgrunn

Elisabeth var keisarinne av Austerrike, dronning av Ungarn, populært kalla Sisi (seinare Sissi) og gift med Kaiser Franz Joseph I.. Hennar fulle namn var Elisabeth Amalie Eugenie, Herzogin in Bayern.

Elisabeth var nest eldste dottera til hertug Max Joseph av Bayern frå den kongelege bayerske Wittelsbach-slekta, og del av ein sysken-flokk på åtte. Berre sytten år gamal gifte ho seg med syskenbarnet sitt Kaiser Franz Joseph I. i det ein kan kalla eit dynastisk arrangert ekteskap. Paret fekk fire born, men levde ellers mest frå kvarandre. Etter Ausgleich vart ho 8. juni 1967 krona til dronning av Ungarn.

Keisarinna/dronninga var svært populær og har i ettertid oppnådd legendestatus. Ho har vore tema i eit utal spelefilmar, skodespel, ballettar, bøker og teiknefilmar.

Myrda

Hendinga som Švejk viser til fann stad 10. september 1898 i Genève. Den unge anarkisten herr Lucheni (som eigentleg planla å myrda hertugen av Orleans) stakk keisarinna i brystet med ei kvesst fil kl. 12:40 om ettermiddagen og klokka 15:50 vart ho lyst død. Mordet vart rapportert i avisene i Wien alt om kvelden og vekte stor oppstand over heile verda. Drapsmannen vart arrestert og identifisert alt same kveld.

Sitat
[1.1] Hlavní věcí je vyčíhat na ten moment, až takovej pán jede kolem. Jako, jestli se pamatujou, na toho pana Luccheniho, co probod naši nebožku Alžbětu tím pilníkem. Procházel se s ní.

Skrivst òg:Alžběta cz Erzsébet hu

Litteratur

Tsar Nikolaj II.en flag
*18.5.1868 Sankt-Peterburg - †17.7.1918 Jekaterinburg
Wikipedia czdeennnru Google søk
nikolaj1.png

Národní listy, 18.3.1917

Nikolaj II. vert nemnd av Švejk i samband med utgreiinga hans for fru Müllerová om ulike majestetsdrap, og nemner at det ein dag kan henda til og med tsaren og tsarevna.

Bakgrunn

Nikolaj II. var tsar (keisar) av Romanov-dynastiet og den siste tsar av Russland. Styret hans varde frå 1894 til 1917 då han vart avsett under Februarrevolusjonen (15. mars). Han var frå september 1915 øvstkommanderande for Russland sine væpna styrkar etter å ha avløyst syskenbarnet sitt Nikolaj Nikolajevitsj. 17. juli 1918 vart han og familien avretta av bolsjevikane, noko som er rekna som eit av dei mest betydningsfulle politiske drap i nyare tid.

Nikolaj var rekna som ein svak og udugeleg herskar, men har etter 1990 fått ei viss post-mortem oppreising. Fyrst vart han i 1998 offisielt gravlagd og i 2000 vart han helgenerklært av den russisk-ortodokse kyrkja.

Eit paradoks er at Jaroslav Hašek i 1916 og 1917 var tilhengar av tsar-dømet og at han til og med gjekk inn for å setja inn ein prins av Romanov-dynastiet på den tsjekkiske trona etter den antatte sigeren i verdskrigen og den fylgjande oppløysinga av Austerrike-Ungarn.

Sitat
[1.1] A vono to čeká ještě moc osob. A uvidějí, paní Müllerová, že se dostanou i na toho cara s carevnou, a může být, nedej pánbůh, i na císaře pána, když už to začli s jeho strýcem. Von má, starej pán, moc nepřátel.

Skrivst òg:Mikuláš II. cz Nikolaus II de Nicholas II en Николай II ru

Litteratur

Tsaritsa Alexandraen flag
*6.6.1872 Darmstadt - †17.7.1918 Jekaterinburg
Wikipedia czdeennoru Google søk

Alexandra vert nemnd av Švejk i samband med utgreiinga hans for fru Müllerová om ulike majestetsdrap, og nemner at det ein dag kan henda til og med tsaren og tsarevna.

Bakgrunn

Alexandra var keisarinne av Russland frå 1894 til 1917, gift med Tsar Nikolaj II.. Ho vart avretta saman med familien i Jekaterinburg (Екатеринбу́рг) 17. juli 1918. Den gode soldaten sin spådom viste seg å verta verkeleg litt over tre år seinare.

Geboren: Victoria Alix Helena Louise Beatrice von Hessen und bei Rhein.

Sitat
[1.1] A vono to čeká ještě moc osob. A uvidějí, paní Müllerová, že se dostanou i na toho cara s carevnou, a může být, nedej pánbůh, i na císaře pána, když už to začli s jeho strýcem. Von má, starej pán, moc nepřátel.

Skrivst òg:Alix de Александра ru

Browning, John Mosesen flag
*21.1.1855 Ogden - †26.11.1926 Liège
Wikipedia czdeenno Google søk
browning.jpg

Våpenet som drap Franz Ferdinand.

Browning vert indirekte gjennom pistol-merket sitt nemnd av Švejk i samband med utgreiinga hans for fru Müllerová om kva våpen han ville brukt på ein erkehertug.

Bakgrunn

Browning var ein amerikansk våpenkonstruktør. Han laga både pistolar, rifler, hagler og maskin-gevær. Erzherzog Franz Ferdinand vart skoten med ein belgisk-produsert Browning halv-automatisk pistol (FN Model 1910).

Sitat
[1.1] „To jde náramně rychle, paní Müllerová, strašně rychle. Já bych si na takovou věc koupil brovnink. Vypadá to jako hračka, ale můžete s tím za dvě minuty postřílet dvacet arcivévodů, hubenejch nebo tlustejch.
Kong Carlos I.en flag
*28.9.1863 Lisboa - †1.2.1908 Lisboa
Wikipedia czdeennopt Google søk
carlos1.jpg

Světozor, 14.2.1908

Carlos I. vert nemnd indirekte av Švejk i samband med utgreiinga hans for fru Müllerová om kva våpen han ville brukt på ein erkehertug. På tjukke myndigheitspersonar som den portugisiske kongen trengdest eit skikkeleg våpen som ein Browning.

Bakgrunn

Carlos I. var konge av Portugal frå 1889 fram til han vart myrda av republikanske aktivistar i 1908. Den portugisiske staten gjekk konkurs to gonger i hans levetid, ein av desse var under styret hans, i 1902.

Kongen var dei siste leveåra sine nokså tjukk, akkurat som Švejk sa. Han vart rettnok drepen av rifleskot og ikkje med ein Browning som den gode soldaten hevda.

Nome completo: Carlos P(Fernando) Luís Maria Vítor Miguel Rafael Gabriel Gonzaga Xavier Francisco de Assis José Simão de Bragança Sabóia Bourbon Saxe-Coburgo-Gotha.

Sitat
[1.1] Ačkoliv, mezi námi řečeno, paní Müllerová, že do tlustýho arcivévody se trefíte jistějc než do hubenýho. Jestli se pamatujou, jak tenkrát v Portugalsku si postříleli toho svýho krále. Byl taky takovej tlustej. To víte, že král nebude přece hubenej.

Litteratur

Princip, Gavriloen flag
*25.7.1894 Obljaj - †28.4.1918 Terezín
Wikipedia czdeennosr Google søk
princip.png

Die neue Zeiting, 14.10.1914

Princip vert nemnd indirekte i samtalen mellom Švejk og fru Müllerová når dei diskuterer dei som utførda drapa i Sarajevo.

Bakgrunn

Princip var ein av attentat-mennene som deltok i komplottet for å drepa Erzherzog Franz Ferdinand i Sarajevo 28. juni 1914. Princip og hans medsamansvorne var trena av og handla på ordre av den serbiske nasjonalist-gruppa Den Svarte Hand, som hadde utspring i det serbiske militæret. Desse hadde som mål å samla alle serbarar i eit større Serbia.

Det var Princip som fyrde dei dødelege skota etter at fleire forsøk hadde mislukkast i minutta før. Princip prøvde å gjera sjølvmord men vart hindra frå det og arrestert på staden. Rettsaka stod på slutten av 1914.

Rettsaka starta i Sarajevo 12. oktober 1914 og den 28. fall dommen. Fleire av attentemennene vart dømde til døden men Princip fekk livstidsdom ettersom han var for ung til å verta dømd til døden.

Han døydde i fengsel i Terezín alt i 1918, så han rakk aldri å oppleva det større Serbia som Jugoslavia på mange måtar vart.

Sitat
[1.1] Já si představuju, že se pan arcivévoda Ferdinand také v tom Sarajevu zmejlil v tom člověkovi, co ho střelil. Viděl nějakého pána a myslil si: To je nějakej pořádnej člověk, když mně volá slávu. A zatím ho ten pán bouch. Dal mu jednu nebo několik?“

Skrivst òg:Гаврило Принцип sr

Litteratur

Detektiv Bretschneideren flag
Google søk
masek.jpg

Čechoslovan 21.08.1916 (3.9).

Bretschneider var sivil agent i teneste hjå statspolitiet. Han møtte ŠvejkU kalicha og prøvde å få han og verten kneipevert Palivec til å kompromittera seg i samband med attentatet i Sarajevo. Han lukkast i begge tilfella.

Bretschneider er med i soga for siste gong i [1.6] når Švejk er på frifot att. Denne gongen fekk han ingen på limpinnen, og forfattaren sender han ut av soga på miserabelt vis med å opplysa lesaren om at detektiven vart eten av hundane han hadde kjøpt av Švejk. Bretschneider er den einaste personen av dei som deltek direkte i handlinga som vert drepen.

I etterordet til del 1 nermner forfattaren den avlidne detektiven og legg til at folk som han luskar rundt sjølv i Tsjekkoslovakia og er svært opptekne om kva folk snakkar om.

Bretschneider er omtala med namn i alt 44 gonger i den fyrste delen av romanen.

Bakgrunn

Bretschneider er truleg framstilt etter ein verkeleg person i Staatspolizei i Praha. Jaroslav Hašek var sjølv ofte i politiet sitt søkelys grunna si tilknytning til anarkist-rørsla og han kjende mange i politi-etaten. Emil Artur Longen hevdar at modellen for Bretschneider var ein viss Vincenc Španda, og at han og Hašek hadde møttest i Berlin i 1920 (lite truleg). I Longen si bok vert samanhengen beskriven i detalj.

Namnet Bretschneider kan ha fleire kjelder: politimannen Josef Brettschneider som budde i Košíře samtidig med Hašek og som i fzlgje Milan Báča emigrerte i 1919 og tok namnet Wenzel Spanda! Ein viss Karel Bretschneider var politimann busett i Kinského tř. 31 i Smíchov i 1891, eksakt kva periode han tenestegjorde i er ikkje kjendt. Det kan ikkje stadfestast at Hašek kjende nokon av desse.

Ein som Hašek definitivt kjende var bilethoggaren Vladimír Bretschneider (1886-1951) som han vart uven med. Denne er kanskje den fremste kandidaten, og bruken av namnet kan vel ha vore hemn.

Agenten Mašek

Ein anna mogeleg inspirasjon er Hynek Mašek, ein agent provocateur som prøvde å infiltrera anarkist-rørsla og Česká strana národně sociální ved fleire høve mellom 1906 og 1909. Hašek skreiv om han i Po stopách státní policie v Praze, trykt i Čechoslovan 21. august 1916. Her hevdar Hašek at Mašek var austerriksk spion blandt tsjekkarar i Russland, og artikkelen førde til at han vart arrestert. Då České legie i all hast måtte forlata Ukraina i februar 1918 vart han skoten. Kan det vera Mašek sin lagnad Jaroslav Hašek symbolsk viser til når han let Bretschneider verta eten av eigne hundar?.

Radko Pytlík: Kniha o Švejkovi, s.146

Policejní strážník Josef Brettschneider, uveden ve statu pražské policie roku 1910, bydlel v Košířích č. 177, tedy v rajónu Světa zvířat; sochař Vladimír Bretschneider byl jedním z blízkých Haškových kamarádů.

Sitat
[1.1] V hospodě „U kalicha“ seděl jen jeden host. Byl to civilní strážník Bretschneider, stojící ve službách státní policie.
[1.6] A to byl konec slavného detektiva Bretschneidra. Když měl již ve svém bytě sedm takových ohav, uzavřel se s nimi v zadním pokoji a nedal jim tak dlouho nic jíst, dokud ho nesežraly.
[1.16] Lidí typu nebožtíka Bretschneidera, státního detektiva starého Rakouska, potlouká se i dnes velice mnoho v republice. Neobyčejně se zajímají o to, co kdo mluví.

KjelderRadko Pytlík, Břetislav Hůla, Milan Báča

Litteratur

Kneipevert Palivecen flag
Google søk
palivec.jpg

Josef Lada, 1955.

Palivec var krovert på U kalicha og kjend for sin vulgære språkbruk. Han var samtidig ein mann som hadde lese mykje utan at dette hadde forfina språkføringa hans det minste. Han vart arrestert av detektiv Bretschneider etter å ha kome med eit ytra noko om flugene som besudla eit portrett av keisaren. For det uheldige utsagnet fekk han 10 års straffarbeid.

I etterordet til del 1 kjem det fram at han sat inne til krigen var slutt. I same etterordet held forfattaren fram Palivec som eit symbol for retten hans til å gjengi ting som dei vart sagt, utan å måtta slipa det til for den meir sensitive delen av lesarmassen, eller til tidas krav til sømeleg språkbruk.

Av biografiske detaljar kjem det fram at Palivec var gift og kona arbeidde i baren, han hadde gjort militærteneste i Bosnia og at han sympatiserte med organisasjonen Volná myšlenka (Fri tanke).

Bakgrunn

Palivec kan vel ha hatt ein modell frå det verkelege liv. I boka Die Abenteuer des gar nicht so braven Humoristen Jaroslav Hašek (1989) hevda Jan Berwid-Buquoy at denne var Václav Šmíd som skal ha vore vert på U kalicha i 1914 og var kjend for det grove språket sitt. Same kjelda hevdar at ein Josef Palivec var kelnar på same staden.

Radko Pytlík finn det derimot truleg at ein viss Josef Šolc var førebiletet for Palivec. Šolc var vert på ein pub i nærleiken, på hjørna av Sokolská ulice og Fügnerovo nám.. I motsetning til U kalicha var dette beviseleg ein pub forfattaren kjende godt.

Vilém Juris

Det som er udiskutabelt er at kroverten på U kalicha frå 1908 og utover minst fram til 1913 var Vilém Juris, og at to ulike Václav Šmíd dreiv vertshus andre stader i byen. I ein ny bok frå 2011 har Berwid-Buquoy endra pubverten sitt namn til Josef Šmída, og legg til at han dreiv U kalicha saman med Vilém Jurisch og at sistnemnde døydde våren 1914. Deretter skal Šmída ha drive puben åleine. Politiregister viser 180 oppslag på Palivec frå 1850 til 1914 så her er det mange kandidatar.

Folkeregisteret stadfestar at Juris var fødd i 10. juni 1871 i Velké Lipno, var gift med Blahoslava (f. 1877) og at dei registerte seg på adressa til U kalicha 18. juli 1908[a]. I ein artikkel i Prager Presse 5. desember 1929 hevda Maximilian Huppert at den tidlegare verten på U kalicha, ein viss Ferdinand Juris enno levde[b]. Om dette er ei samanblanding med veit ein ikkje.

Sitat
[1.1] V hospodě „U kalicha“ seděl jen jeden host. Byl to civilní strážník Bretschneider, stojící ve službách státní policie. Hostinský Palivec myl tácky a Bretschneider se marně snažil navázat s ním vážný rozhovor. Palivec byl známý sprosťák, každé jeho druhé slovo byla zadnice nebo hovno. Přitom byl ale sečtělý a upozorňoval každého, aby si přečetl, co napsal o posledním předmětě Victor Hugo, když líčil poslední odpověď staré gardy Napoleona Angličanům v bitvě u Waterloo.
[1.16] Od hostinského Palivce nemůžeme žádati, aby mluvil tak jemně jako pí Laudová
[1.16] Při této příležitosti upozorňuji, že hostinský Palivec je naživu. Přečkal válku, kterou proseděl v žaláři, a zůstal stále týmž, jako když měl tu aféru s obrazem císaře Františka Josefa.
Referensar
aSoupis pražského obyvatelstvaAHMP1830 - 1910
bHistorisches vom ŠvejkMaxi­milian Huppert, Prager Presse5.12.1929
Hugo, Victoren flag
*28.2.1802 Besançon - †22.5.1885 Paris
Wikipedia czdeenfrnnno Google søk

Victor Hugo var ein forfattar kneipevert Palivec hadde lese og gjerne siterte. Palivec brukte Victor Hugo som forsvar for det vulgære språket sitt. Det er nok her referert til ein passasje i "Les Misérables" der det berømte mot de Cambronne, som omhandlar Napoléon's gamle garde i slaget ved Waterloo, er sitert.

General Cambronne skal ha kome med fylgjande enkle svar til general Colville då sistnemnde bad han overgje seg: Merde!.

Bakgrunn

Victor Hugo var ein fransk forfattar og politikar som både ga ut poesi, drama og romanar. I Frankrike er han rekna som ein av landets fremste poetar gjennom tidene. Den mest kjende romanen er nok "Les Misérables". Victor Hugo var òg ein betydeleg politisk aktivist og måtte dra i eksil nokre år. Etter heimkomsten i 1870 vart han valgd inn i sentatet. Han var ein kjend menneskerettsforkjempar.

Sitat
[1.1] Palivec byl známý sprosťák, každé jeho druhé slovo byla zadnice nebo hovno. Přitom byl ale sečtělý a upozorňoval každého, aby si přečetl, co napsal o posledním předmětě Victor Hugo, když líčil poslední odpověď staré gardy Napoleona Angličanům v bitvě u Waterloo.
Lasarusen flag
Wikipedia czdeenno Google søk

Lasarus vert nemnd i dialog av Švejk som låg bunden som Lasarus i to dagar etter å vorte arrestert i militæret med 20 knappar for lite på uniforma.

Bakgrunn

Lasarus var namnet på to personar i det nye testamentet. Den eine var ein fattig mann i Lukas-evangeliet, nemnd i ei likning. Den andre var Lasarus av Bethania, bror til Marta og Maria, og som sto Jesus svært nær. Det var denne Jesus vekte opp frå dauden og nesten sikkert han Švejk har i tankane.

Sitat
[1.1] Jednou se pamatuji, že mně scházelo při takové přehlídce dvacet knoflíků u munduru a že mě zavřeli za to na čtrnáct dní do ajnclíku a dva dni jsem ležel jako lazar, svázanej do kozelce.

Skrivst òg:Lazar cz Lazarus de Lazarus en

Oberleutnant Makovecen flag
Google søk

Makovec var ein av offiserane til Švejk under fyrstegongstenesta. Han er omtala som "Obrlajtnant Makovec", og er framstilt som ein lite sympatisk figur og ein disiplinfanatikar. Eit av dei mest kjende sitata i romamen kjem frå Makovec: "I hæren må det disiplin til, dykkar toskar".

Bakgrunn

Makovec vert i høgtlesinga til Jan Werich av ukjend grunn omtala som Michal Makovec.

Sitat
[1.1] Náš obrlajtnant Makovec, ten nám vždycky říkal: ,Disciplina, vy kluci pitomí, musí bejt, jinak byste lezli jako vopice po stromech, ale vojna z vás udělá lidi, vy blbouni pitomí? A není to pravda? Představte si park, řekněme na Karláku, a na každým stromě jeden voják bez discipliny. Z toho jsem vždycky měl největší strach.“
Ludvík, Břetislaven flag
*31.7.1882 Praha - †6.12.1956 Praha
Google søk
ludvik.jpg

Břetislav Ludvík var ein krøterhandlar som vart stukken ned på torget i Budějovice i fylgje ei av Švejk sin mange og lange anekdoter. Dermed assosiererte Švejk krøterhandlarar med keisarfamilien og medverka sterkt til at han vart arrestert av detektiv Bretschneider.

Bakgrunn

Namnet er lånt av ein journalist og multikunstnar, som i politibøkene i 1913 er oppførd som "Schauspieler". Han var barndomskamerat av Jaroslav Hašek, og i 1946 gav han ut ei lita bok med tittelen Kdo je Jaroslav Hašek i serien Kven er. Ludvík innrømmer at han vart sint då han såg korleis namnet hans vart brukt, og opplyser dessutan at han møtte den tidlegare kameraten sin flyktig i 1922.

Lån av namn

Ludvík er eit godt døme på korleis forfattaren kunne låna eit namn og tileigna det ein literær figur som hadde absolutt ingen ting til felles med originalen.

Hašek og Mussolini

Ein av dei meir fantasifulle påstandane i boka er at Hašek møtte Benito Mussolini. Historia er arva frå Václav Menger som legg møtet mellom dei til Trento i 1906. Påstandane kom i boka Jaroslav Hašek doma, 1935, men Menger legg til at dette er ei legende som Hašek sjølv fortalde.[1]

Historikaren Renzo de Felice antyder til og med at dette møtet inspirerte den seinare diktatoren si interesse for Hus, noko som òg Menger nemner. Så seint som i 2013 vart temaet brukt i filmen Toulavé house av Vít Olmer.

Føredrag om Hašek

I 1949 noterte Břetislav Hůla at Ludvík ein gong heldt eit føredrag om Hašek på kneipa U Brindů, men la til at han berre las høgt frå boka si, "med alle feila og unøyaktigheiter den innheldt". Likevel hadde "ingen skade skjedd" ettersom berre om lag tilhøyrarar møtte opp og dei betalte 8 kroner i inngangspengar!

Pavel Helan

Mussolini and Hašek both visited Switzerland and Trentino, but never at the same time. The information about contacts between the two may be found in Břetislav Ludvík’s Kdo je Jaroslav Hašek (Prague, 1946) 15-16, but the source is unreliable, even if Hašek himself was the informant. This tenuous account reached de Felice in a telephone conversation from Claudio Poeta, an Italian student in Prague in the mid-1970s, as Poeta told me in 1999.

Sitat
[1.1] U nás před léty v Budějovicích probodli na trhu v nějaké takové malé hádce jednoho obchodníka s dobytkem, nějakého Břetislava Ludvíka.

Kjelder: Pavel Helan

Merknader
1. I ei revidert utgåve av boka frå 1946 er opplysningane som skal stamma frå Hašek sjølv fjerna. Truleg har Menger konkludert med at dei er upålitelege.

Litteratur

Ludvík, Bohuslaven flag
Google søk
bludvik.png

Politiregsitrering 1911

Bohuslav Ludvík var son til Břetislav Ludvík i krøterhandlar-anekdota til Švejk. Han gjorde sjølvmord ved å hoppa i Vltava frå ei bru. Sjå Most v Krumlově.

Bakgrunn

Ein einaste person med dette namnet var registrert av politiet i Praha mellom 1850 og 1914. Han var fødd i 1883, registrert i Nusle i 1904. Han var jamngamal med Jaroslav Hašek, og budde i eit område forfattaren kjende godt, men det kan ikkje påvisast at dei to hadde kontakt.

Sitat
[1.1] U nás před léty v Budějovicích probodli na trhu v nějaké takové malé hádce jednoho obchodníka s dobytkem, nějakého Břetislava Ludvíka. Ten měl syna Bohuslava, a kam přišel prodávat prasata, nikdo od něj nic nekoupil a každý říkal: ,To je syn toho probodnutýho, to bude asi také pěknej lump.’ Musel skočit v Krumlově s toho mostu do Vltavy a museli ho vytáhnout, museli ho křísit, museli z něho pumpovat vodu a von jim musel skonat v náručí lékaře, když mu dal nějakou injekci.“

Litteratur

Pinďouren flag
Google søk
pindour.jpg

Ein typisk viltoppsynsmann frå Zliv

Pinďour var ein viltoppsynsmann frå Zliv i den upassande anekdota som Švejk fortel detektiv BretschneiderU kalicha. Her vert både oppsynsmenn, damrøktarar og grisegjeldarar indirekte jamførde med monarkar. Pinďour vart skoten av krypskyttarar. Pinďour var eit svært stygt namn ifylgje Švejk. Namnet betyr "liten pikk" men dette vert av naturlege årsaker ikkje direkte uttalt i romanen. Oppsynsmannen vart skoten av krypskyttarar og etterlet seg nettopp enkja som heile anekdota er spunnen rundt.

Sitat
[1.1] To byl ve Zlivi u Hluboké před léty jeden hajný, měl takové ošklivé jméno Pinďour.

Skrivst òg:Pinscher Reiner

Šavel, Pepíken flag
Google søk

Pepík Šavel var ein viltoppsynsmann frå Mydlovary i anekdota Švejk fortalde på U kalicha (sjå Pinďour). Han vart gift med enkja etter Pinďour og vart som han skoten av krypskyttarar. Analogien til skota i Sarajevo tente ikkje Švejk godt ovafor detektiv Bretschneider.

Bakgrunn

Pepík er ei tsjekkisk kortform av Josef.

Sitat
[1.1] To byl ve Zlivi u Hluboké před léty jeden hajný, měl takové ošklivé jméno Pinďour. Zastřelili ho pytláci a zůstala po něm vdova s dvěma dítkami a vzala si za rok opět hajného, Pepíka Šavlovic z Mydlovar. A zastřelili jí ho taky.

Skrivst òg:Pepi Schawlowitz Reiner Rohwolt (2001) Schewla-Pepi Reiner (Aufbau 2009)

Fyrsten på Hlubokáen flag
*18.3.1832 Wien - †5.10.1914 Libějovice
Google søk

Fyrsten på Hluboká vert nemnd i anekdoten til Švejk om enka etter viltoppsysnsmannene som møter opp på kontoret til fyrsten på Hluboká nad Vltavou for å be om råd.

Bakgrunn

Fyrsten på Hluboká er truleg Adolf Joseph Schwarzenberg (1832-1914), den 8. hertugen av Schwarzenberg og den største landeigaren i Sør-Böhmen. Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at det kan ha vore sonen Johann II (1860-1938) ettersom begge nok levde på tidspunktet anekdota viser til ("for mange år sidan"). Dei hadde òg tittelen Hertug av Krumlov, ein anna av eigedomane til Schwarzenberg-slekta. Sjå Fürst Schwarzenberg (st.).

Sitat
[1.1] To se ví, že jí ho zas zastřelili, a to už měla s těmi hajnými šest dětí dohromady. Byla až v kanceláři knížete pána na Hluboké a stěžovala si, že má s těmi hajnými trápení.

Skrivst òg:Kníže na Hluboké cz Der Fürst in Hluboká de The prince at Hluboká en

Litteratur

Damkvaktar Jarešen flag
Google søk
jares.png

Národní listy, 2.10.1889

Jareš var damvaktar frå Ražická bašta i anekdota Švejk fortalde på U kalicha. Han vart gift med enkja etter Pinďour og Pepík Šavel men drukna under utfiskinga av ein dam. Enkja enda til slutt opp med ein grisegjeldar frå Vodňany men vart slegen i hel av denne. Grisegjeldraren ytra dei verste ukvemsord om keisaren då han vart hengd i Písek. Denne anekdoten har nok vore sterkt medvirkande til Švejk sin arrestasjon.

Under samtalane på Švarcenberský ovčín i [2.2] dukkar damvaktaren opp på ny. Den gamle gjetaren der kan fortelja at farfar til denne vart avretta som desertør under Napoleonskrigane. Sjå JarešC.

Bakgrunn

Antonín Jareš (1806-1889) var morfar til Jaroslav Hašek og damvaktar i Ražice. Namnet blir brukt opp att på andre personar i tre samanhengar seinare i romanen; ein gong i Švejk sin samtala med tenestjenta til Oberst Kraus, og to gonger i ein anekdote som vart fortald i Švarcenberský ovčín.

Bestefar Jareš budde dei siste åra sine hjå dottera og familien i Praha, og vart her kjend med den seinare så vidkjende sonesonen sin. Det er ingen tvil om at han har inspirert både namna her i romanen, og i tillegg sju sogar om damvaktaren på Ražická bašta som kom ut i Veselá Praha i 1908.

Sitat
[1.1] Tak jí odporučili porybnýho Jareše ražické bašty. A co byste řekli, utopili jí ho při lovení rybníka, a měla s ním dvě děti.

Litteratur

Kronprins Rudolfen flag
*21.08.1858 Laxenburg - †30.01.1889 Mayerling
Wikipedia czdeenhusv Google søk

Rudolf vert nemnd av Švejk då han ramsar opp for detektiv Bretschneider dei personlege tragediane som råka keisaren gjennom livet.

Bakgrunn

Rudolf var kronprins og arving til tronene av Austerrike-Ungarn og einaste son til Kaiser Franz Joseph I. og Kaiserin Elisabeth. Han gjorde sjølvmord saman med elskarinna Maria Vetsera på slottet Mayerling utafor Wien. Rudolf leid under sterke stemnings-svingingar men det har likevel vorte spekulert over om det verkeleg var sjølvmord. Dødsattesten nemner "åndeleg forvirring". Dramaet frå Mayerling har vorte filmatisert mange gonger, mellom anna i ein fransk/britisk produksjon frå 1968 med Omar Sharif i rolla som Rudolf.

Den frittenkjande kronprinsen levde eit utsvevande liv, vart morfinavhengig etter behandling for kjønns-sjukdomar og smitta kona si med gonoré, noko som gjorde henne steril. Rudolf var politisk liberal og tilkytta Fritenkjarrørsla. Dei politiske haldningane hans førde til at han vart helden utafor det gode selskap ved hoffet der faren hindra at han fekk politisk innflytelse.

Sitat
[1.1] Syna Rudolfa ztratil v útlém věku, v plné mužské síle.
Orth, Johannen flag
*25.11.1852 Firenze - †12.7.1890 (?) Cabo tres Puntas
Wikipedia deenhuitsv Google søk

Johann Orth vert nemnd av Švejk under oppramsing til detektiv Bretschneider av tragediane som hadde råka keisaren gjennom livet.

Bakgrunn

Johann Orth var erkehertug av huset Habsburg og prins av Toscana. Hans verkelege namn var Johann Salvator, det borgarlege namnet Johann Orth tok han i 1889 etter å ha sagt frå seg alle fyrstelege rettar. Dette skjedde etter ein konflikt med hoffet då han ville gifta seg med dansarinna Ludmilla Stubel, ei dame langt under hans rang. Namnet Orth tok han etter slottet han eigde i Salzkammergut. Etter brotet med hoffet måtte han forlata landet. Han hadde alt skaffa seg kapteinslisens og prøvde seg no innafor kommersiell skipsfart. I 1890 drog han til London der han kjøpte frakteskipet Saint Margaret og la ut på eit oppdrag til Argentina og Chile. Skuta vart borte i ein storm ved Cabo Tres Puntas rundt 12. juli 1890.

Det fulle namnet hans var Giovanni Nepomuceno Salvatore Maria Giuseppe Giovanni Ferdinando Baldassare Lodovico Carlo Zenobio Antonino d'Asburgo-Lorena.

Spekulasjonar

Kva som hende er enno uvisst og det har stadig dukka opp rykte om at han overlevde. Han vart offisielt lyst død i 1911, men i 1945 hevda ein viss Alexander Hugo Köhler frå Kristiansand på dødsleiet at han var Johann Orth. Saka var oppe i den norske retten både i 1945 og 2007 og vekte merksemd òg i Austerrike. Forskarar ved universitet i Bergen har likevel lita tru på påstandane til Köhler og etterkomarane hans.

Drill oder Erziehung
drill2.png

Drill oder Erziehung, side 11. Når den intelligente soldaten er tilsynelatande lydig.

drill.png

Konklusjonen i Drill oder Erziehung

Det finst i romanen endå ein referanse til Johann Orth, om enn obskur og indirekte, fyrst påpeika av Sergey Soloukh i 2012. I Einjährigfreiwilliger Marek sin omtale av Fähnrich Dauerling i [2.3] vert det vist til boka Drill oder Erziehung der det i fylgje Marek står at ""frykt er grunnleggjande i trening av soldaten og at kor vellukka treninga er avheng av kor mykje soldaten vert terrorisert". Dette skriftet på 22 sider eksisterer men innhaldet stemmer dårleg med beskrivelsen Marek gjev og kan knappast he inspirert Dauerling og hans disiplinætyranni. Boka er eit avtrykk av eit foredrag Orth (då framleis Erzherzog Johann) heldt 3. november 1883 i Militär-Wissenschaftlichen Vereine zu Wien og det vart trykt på deira forlag. Det nemnde sitat er ikkje å finna å skriftet, og det var nettopp denne typen kadaverdisiplin Erzherzog Johann gjekk ut mot. Marek sin påstand om at det vart trykt av k.u.k. Kriegsministerium stemmer heller ikkje. I Dobrý voják Švejk v zajetí vert boka endåtil omtala som ei militær lærebok.

Drill oder Erziehung er eit skarpt åtak på k.u.k. Heer si overdrevne vektlegging av drill på bekostning av utdanning. Det vekte stor harme og forverra det alt belasta forholdet mellom den frilyndte erkehertugen og dei etablerte militære kretsane. Johann hadde òg ei viss tyngde utover å vera av Habsburg-slekta: han var yrkemilitær og kommandant for Infanteriedivision Nr. 25 og utmerka seg under okkupasjonen av Bosnia-Hercegovina i 1878. Då han heldt det provokative foredraget hadde den 41 år gamle erkehertugen alt oppnådd rangen Feldmarschall-Leutnant.

Sitat
[1.1] Manželku Alžbětu mu propíchli pilníkem, potom se mu ztratil Jan Orth; bratra, císaře mexického, mu zastřelili v nějaké pevnosti u nějaké zdi.

Skrivst òg:Jan Orth cz Orth János hu Giovanni Orth it

Litteratur

Keisar Maximiliano I.en flag
*6.6.1832 Wien - †19.6.1867 Santiago de Querétaro
Wikipedia czdeenesno Google søk
maximillian.jpg

Keisar av Mexico, av Mathew Brady, rundt 1864.

Maximiliano I. vert omtala av Švejk som keisaren av Mexico i hans utlegning for detektiv Bretschneider om tragediane som råka Kaiser Franz Joseph I. Han vart skoten ved ein eller anna mur i ei eller anna festning sa Švejk.

Bakgrunn

Maximiliano I. var erkehertug av huset Habsburg og bror til Kaiser Franz Joseph I. Han vart innsett som keisar av Mexico av franskmennene i 1863, men avretta der i 1867 på Cerro de las Campanas i Querétaro etter eit opprør leia av den liberale Benito Juárez.

Hans fulle namn og tittel var Ferdinand Maximilian Joseph von Österreich.

Sitat
[1.1] Manželku Alžbětu mu propíchli pilníkem, potom se mu ztratil Jan Orth; bratra, císaře mexického, mu zastřelili v nějaké pevnosti u nějaké zdi.
Fru Palivcováen flag
Google søk

Palivcová sto gråtande att på U kalicha ved slutten av [1.1] då mannen hennar, kneipevert Palivec, vert førd bort av detektiv Bretschneider. Mannen hennar trøysta ho med att ho ikkje trong frykta polititet berre på grunn av at flugene hadde skite på keisarportrettet.

Fru Palivec dukkar opp att i kapittel [1.6] etter at Švejk er på frifot att. I [1.11] nektar ho Švejk servering fordi ho trur han er desertør. Dette er det siste me høyrer om ho.

Sitat
[1.1] A zatímco vedli Švejka do přijímací kanceláře, „U kalicha“ předával pan Palivec hospodu své plačící ženě, těše ji svým zvláštním způsobem: „Neplač, neřvi, co mně mohou udělat kvůli posranýmu obrazu císaře pána?“

Skrivst òg:Mrs. Palivec en Frau Palivec de Frun Palivec no

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

1. Den gode soldat Švejk grip inn i verdskrigen


© 2009 - 2021 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 18.6.2021