void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Personar

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Franz Ferdinand og kona Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet den 28. juni 1914.

Den gode soldat Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til Hauptmann Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevaran av denne vev-sida. I januar 2021 mangla det enno rundt 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin nettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og romanen på nett.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme:

  • Doktor Grünstein som ein oppdikta person som tek direkte del i handlinga.
  • Fähnrich Dauerling som ein oppdikta person, som ikkje tek del i handlinga.
  • Heinrich Heine som historisk person.
Merk at ei rekkje tilsynelatande oppdikta romanfigurar har klårt gjenkjennelege "modellar" frå det verkelege liv. Døme på slike er Oberleutnant Lukáš, Major Wenzl og mange fleire.

Personar liste over folk som er omtala i romanen (587) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

12. Ein relegiøs debatt

Heine, Heinrichen flag
*13.12.1797 Düsseldorf - †17.2.1856 Paris
Wikipedia czdeennnno Søk
heine.jpg
heine-001.png

Sterne der Satire Nummer 79.

Heine vert sitert av Feldkurat Katz i ein poetisk augneblink etter ein lang og lystig dag.

Bakgrunn

Heine (fødd Harry, seinare døypt Christian Johann Heinrich), var ein av dei viktigaste tyske diktarane og journalistane på 1800-talet. Han er ofte omtale som "romatikkens siste diktar" og ein som samtidig overlevde epoken. Som kritisk og politisk engasjert journalist og satirikar var han like mykje sedd opp til som frykta. Hans jødiske bakgrunn var òg med å stadfesta rolla hans som ein Aussenseiter med mange fiendar.

Sterne der Satire

15. september 2015 delte Heine posthumt ei usannsynleg scene med Jaroslav Hašek. Begge vart denne dagen seremonielt innlemma i minneplategalleriet Sterne der Satire i Mainz, som stjerner nummer 78 og 79. Til stades ved anledninga var Richard Hašek (soneson til forfattaren) og fleire notabilitetar frå tysk politikk og kulturliv. Den 80. og siste stjerna i serien vart tildelt komikaren Dieter Hallervorden.

Die Lore-Ley

Mest kjend er han for diktet Die Lore-Ley (1824). I [IV.1] vert dei fyrste to linjene sitert av den fulle sersjanten som forhøyrer Švejk i Dobromil.

Ich weiß nicht was soll es bedeuten, Dass ich so traurig bin; Ein Märchen aus alten Zeiten, Das kommt mir nicht aus dem Sinn.

Sitat
[I.12] Polní kurát rozděloval své povinnosti s hýřením a přicházíval velice zřídka domů, umazaný, nemytý, jako kocour, když se mrňouká a dělá své výlety po střechách. Při návratu, mohl-li se vyjadřovat, hovoříval ještě se Švejkem, než usnul, o vznešených cílech, o zápale, o radosti z myšlení. Někdy se také pokoušel mluvit ve verších, citovat Heina.
Litteratur
Susanna i badeten flag
Wikipedia czdeensv Søk Švejkův slovník
susanna.jpg

Måla av Lovis Corinth 1890.

susanna2.png

Humoristické listy,25.8.1911

susanna1.png

Národní listy,22.9.1911

susanna3.png

Kinematographische Rundschau,4.1.1914

Susanna i badet pryder veggen over senga til Feldkurat Katz og dette vert påpeika til den fromme feltpresten når denne klagar over at Katz ikkje har krusifiks på veggene.

Bakgrunn

Susanna i badet er ein bibelsk figur frå Daniels bok. Denne soga er såkalla "apokryf" (av omstridd opphav) og ikkje med i protestantiske biblar. Susanna har vorte måla av mange kunstnarar, blandt dei Rembrandt, Rubens og van Dyck. Händel har ho som tema i ein komposisjon. Det har opp gjennom åra vorte framførd ein del teaterstykke basert på temaet, nokre av dei var for si tid vågale.

Soga dreiar seg om Susanna, den vakre kona til Joakim. To eldre dommarar vert opptekne av ho og prøver å pressa ho til sex. Ein deg då ho tek seg eit bad gjer dei alvor trugsmålet men ho nektar å gje etter. Deretter skuldar dei ho for utruskap og melder ho til jødene sitt øvste råd. Ho får dødsdom men etter Susanna sine bøner grip Gud inn, fortel profesten Daniel om den verkelege stoda, og saka vert teken opp att. Dei to eldre herrane vert no forhøyrde kvar for seg og det viser seg at forklaringane deira spriker. Dermed vert Susanna frifunnen og dei to plageåndene hennar avretta.

Jaroslav Hašek kjende nok godt til denne soga. Mellom anna skreiv ein av kamaratane hans frå Strana mírného pokroku v mezích zákona (Quodo Maria Vyskočil) ei historie han kalla "Frøken Susanna i badet". Soga kom ut på forlaget forleggjar Vilímek i 1911. På om lag same tida vart det oppført ei teaterstykke om same tema i Smíchov.

Hašek skreiv dessutan soga Biblický případ koupající se Zuzany v novém světle som aldri vart gjeven ut medan han levde. Handlinga føregår i Samara og alt tyder på at han skreiv den etter at han kom tilbake frå Russland, dvs. i 1921 eller 1922.

Sitat
[I.12] Dnes přišel svého kolegu Katze uvésti na pravou cestu a promluvit mu do duše, což začal tím, že poznamenal: „Divím se, že u vás nevisí krucifix. Kde se modlíte breviář? Ani jeden obrázek svatých nezdobí stěny vašeho pokoje. Co to máte nad postelí?“ Katz se usmál: „To je ,Zuzana v lázni’ a ta nahá ženská pod tím je moje stará známost.

Skrivst òg:Zuzana v lázni cz Susanna im Bade de Susanna in the bath en

Litteratur
Papin, Denisen flag
*22.6.1647 Blos - †1712 London(?)
Wikipedia czdeenfrnn Søk
papin.jpg
papin.png

Blätter für literarische Unterhaltung, 21.4.1838

Papin er nemnd indirekte av Feldkurat Katz i skildringa av det moderne helvete der trykk-kokaren spelar ei viss rolle når dei fortapte skal påførast pinsler.

Bakgrunn

Papin var ein fransk fysikar, matematikar og oppfinnar som er mest kjend for å ha funne opp trykk-kokaren (machine à vapeur). Det er denne som vert omtala i romanen, og oppfinningsåret var 1679 i London (Papin hadde flytta frå Frankrike i 1675).

Sitat
[I.12] To jest místo obyčejných kotlů se sírou pro ubohé hříšníky papinské hrnce, kotle s velkou atmosférou, hříšníci se smaží na margarinu, rožně s elektrickým pohonem, po miliony let přejíždějí přes hříšníky stoje na válcování silnic, skřípání zubů obstarávají dentisti zvláštními přístroji, kvílení se zachycuje do gramofonů a desky se posílají nahoru do ráje k obveselení spravedlivých.
Brahms, Johannesen flag
*7.5.1833 Hamburg - †3.4.1897 Wien
Wikipedia czdeennnno Søk
brahms.jpg

Světozor, , 30.4.1897

brahms2.png

Světozor, , 30.4.1897

brahms.png

Agramer Zeitung, 3.4.1897

Agramer Zeitung,3.4.1897

Brahms vart det i fylgje Feldkurat Katz spela så mykje av i paradis at dei rettferdige ynskte å bli omplasserte til helvete.

Bakgrunn

Brahms var ein tysk komponist, dirigent og pianist. Han vart oppdaga i 1853 av Robert Schumann som skreiv ein overdådig rosande omtale av det unge musikkgeniet (Link A).

Det store gjennombrotet hans kom i 1868 med Ein deutsches Requiem. Brahms brukte 20 år på den fyrste symfonien sin, men det kom etter kvart fleire. Frå 1872 fram til han døydde budde han i Wien.

Sitat
[I.12] To jest místo obyčejných kotlů se sírou pro ubohé hříšníky papinské hrnce, kotle s velkou atmosférou, hříšníci se smaží na margarinu, rožně s elektrickým pohonem, po miliony let přejíždějí přes hříšníky stoje na válcování silnic, skřípání zubů obstarávají dentisti zvláštními přístroji, kvílení se zachycuje do gramofonů a desky se posílají nahoru do ráje k obveselení spravedlivých. V ráji účinkují rozprašovače kolínské vody a filharmonie hraje tak dlouho Brahmsa, že raději dáte přednost peklu a očistci.
Litteratur
Sankt Augustinen flag
*13.11.354 Souq Ahras(Aghaste) - †28.8.430 Annaba(Hippo Regius)
Wikipedia czdeenno Søk
augustin.jpg

Augustin i Australia.

Sankt Augustin vert nemnd i anekdoten av Švejk om kyrkjetenaren frå Vlašim som i likheit med Augustin ikkje trudde på Antipodane. Sitatet det er snakk om er: "forbanne vere den som trur på antipodane". Anekdoten vart fortald til den fromme feltpresten som ubedd kom på vitjing til kollegaen sin Feldkurat Katz for å sei han eit par alvorsord.

Bakgrunn

Sankt Augustin var ein kyrkjefader og filosof frå Nord-Afrika og ein av oldtidas største teologar. Han vart rekna som helgen straks etter sin død. I "De Civitate Dei" kjem det fram at han har vondt for å tru på Antipodane.

Quod vero et Antipodes esse fabulantur, id est, homines a contraria parte terrae, ubi sol oritur, quando occidit nobis, adversa perdibus nostris calcare vestigia, nulla ratione credendum est ...

Sitat
[I.12] „U Vlašimě byl, poslušně hlásím, pane feldkurát,“ řekl Švejk, „jeden děkan a ten měl, když mu jeho stará hospodyně utekla s klukem i s penězi, posluhovačku. A ten děkan na stará kolena dal se do studování svatýho Augustina, kterýmu říkají, že patří mezi svaté otce, a dočet se tam, že kdo věří v protinožce, má bejt prokletej.

Skrivst òg:Svatý Augustin cz Sankt Augustin de Saint Augustine en

Litteratur
Johannes Døyparenen flag
Wikipedia czdeennnno Søk
doyparen.jpg

Frå Hagia Sofia i Istanbul

Johannes Døyparen vert nemnd når den gudfryktige feltpresten spør Feldkurat Katz om han ikkje trur at tommelen til Johannes Døyparen vert oppbevara hjå U Piaristů og om han i det heile trur på Gud.

Bakgrunn

Johannes Døyparen er ein skikkelse i ny-testamentet som døypte Jesus Kristus i elva Jordan. Han var òg martyr ettersom han vart avretta etter ordre frå Herodes.

Han spelar i tillegg ei rolle som profet i islam, jødedomen og bahai-relegionen.

Sitat
[I.12] Mžouraje očima, otázal se Katze: „Vy nevěříte v neposkvrněné početí panny Marie, nevěříte, že palec sv. Jana Křtitele, který se chrání u piaristů, je pravý? Věříte vůbec v pána boha? A když nevěříte, proč jste polním kurátem?“

Skrivst òg:Jan Křtitel cz Johannes der Täufer de John the Baptist en Jochanan ben Sacharja hb

Litteratur
Sankt Josefen flag
Wikipedia czdeennn Søk
josef.jpg

Guido Reni, 1635

Sankt Josef vert påkalla av denne fromme feltpresten når han etter fleire stive støytar sler knyttneven i bordet og proklamerar at han held Josef heilag.

Seinare i romanen, i Medzilaborce [III.3], vert namnet hans påkalla av den angrande syndaren Offiziersdiener Baloun. I denne samanheng grip Einjährigfreiwilliger Marek ordet og utropar Josef til skytshelgen for alle desertørar.

Bakgrunn

Sankt Josef er ein skikkelse frå det Nye Testamentet som var gift med jomfru Maria og tok på seg farsrolla for Jesus Kristus. Han er rekna som ein helgen i ortodoks, katolsk og anglikansk kristendom.

Sitat
[I.12] Uhodil pěstí do stolu, až láhve poskočily: „Bůh je vznešená povaha, cosi nadpozemského. Je čestný ve svých záležitostech. Je to slunný zjev, to mně nikdo nevyvrátí. I sv. Josefa si vážím, všechněch svatých si vážím, až na sv. Serapiona. Má takové ošklivé jméno.“

Skrivst òg:Saint Joseph en

Litteratur
Sankt Serapionen flag
*1179 London - †14.11.1240 Alger
Wikipedia deenes Søk
serapion.jpg

Sankt Serapion kunne ikkje den fromme feltpresten få seg til å halda heilag ettersom han hadde eit avskyeleg namn.

Bakgrunn

Sankt Serapion var ein munk og soldat frå krossfarartida som leid martyrdøden i hendene på maurarane og seinare vart kanonisert. Han var medlem av Mercedarierordenen for Frikjøping av fanger som hadde som mål å få sett fri kristne som sat i maurisk fangeskap. Bakgrunnen for martyrdomen var at han tilbaud seg å sitja som gissel i Alger i påvente av fangeutveksling, men då ikkje fangane kom i tide, vart han lemlesta og drepen. Serapion var av britisk opphav, truleg fødd i London.

Sitat
[I.12] Uhodil pěstí do stolu, až láhve poskočily: „Bůh je vznešená povaha, cosi nadpozemského. Je čestný ve svých záležitostech. Je to slunný zjev, to mně nikdo nevyvrátí. I sv. Josefa si vážím, všechněch svatých si vážím, až na sv. Serapiona. Má takové ošklivé jméno.“

Skrivst òg:Svatý Serapion cz Saint Serapion en San Serapio es

Litteratur
Sankt Ludmilaen flag
*860(?) Mělník - †15.9.921 Tetín
Wikipedia czdeen Søk
ludmila.jpg

Zlatá Praha, 31.10.1884

ludmila.png

Frå Hašek sin vigselsattest,
signert 28. desember 1911

Sankt Ludmila vert òg nemnd av denne fromme feltpresten i den relegiøse debatten med Feldkurat Katz.

Bakgrunn

Sankt Ludmila var i fylgje legenda ei tsjekkisk fyrstinne og gift med den fyrste kristne herskar av Böhmen, Bořivoj I frå Přemysl-dynastiet. Ho var bestemor og oppdragar for Sankt Václav. Ho skal ha vorte myrda på oppdrag av svigerdottera si og vart såleis den fyrste tsjekkiske helgen.

Ludmila er ein viktig person i grenselandet mellom tsjekkisk mytologi og historie. Antonín Dvořák komponerte eit oratorium til hennar ære, med tekst av Vrchlický. Ein raudvin frå Mělník er òg oppattkalla etter henne.

Ludmila fekk mellom anna ei kyrkje i Vinohrady kalla opp etter seg: Kostel sv. LudmilyPurkyňově náměstí (no Náměstí míru). Det var her Jaroslav Hašek gifte seg med Jarmila Mayerová 23. mai 1910.

Sitat
[I.12]Sv. Ludmilu mám rád, i sv. Bernardina,“ pokračoval bývalý katecheta, „ten zachránil moc poutníků ve sv. Gotthardě. Má na krku láhev s koňakem a vyhledává zapadlé sněhem.“

Skrivst òg:Svatá Ludmila cz Sankt Ludmilla de Saint Ludmila en

Litteratur
Sankt Bernharden flag
*996 ? Aosta - †15.6.1081? Novara
Wikipedia czdeenfrit Søk
bernardin.jpg

Sankt Bernhard vart sett stor pris på av den fromme feltpresten. Han vert her kalla St. Bernardin men det er liten tvil om at felpresten viser til Sankt Bernhard ettersom han redda mange pilgrimar ved Sankt Gotthard.

Bakgrunn

Sankt Bernhard (Bernard av Aosta, Bernard av Menthon eller Bernard av Mont-Joux) var ein fransk misjonær som virka i området rundt Alpane. Han er skytshelgen for alpebuarar og fjellklatrarar. Dei kronoligiske detaljane i livsløpet hans er uklåre, inkludert årstal for fødsel og død.

Sitat
[I.12] „Sv. Ludmilu mám rád, i sv. Bernardina“, pokračoval bývalý katecheta, „ten zachránil moc poutníků ve sv. Gotthardě. Má na krku láhev s koňakem a vyhledává zapadlé sněhem.“

Skrivst òg:Svatý Bernard cz Saint Bernhard en Bernardo di Mentone it

Litteratur
Herodesen flag
*73 f.kr Ashkelon ? - †4 .e.kr Jericho
Wikipedia czdeenno Søk
herodes.jpg
herodes.png

Večery, 23.12.1911

Herodes vert nemnd i usympatiske ordelag av den gudfryktige feltpresten som hatar han.

Bakgrunn

Herodes var romersk vasall-konge i Judea, Galilea, Samara og dei omliggande områda. Mange historikarar vurderer han som ein effektiv herskar som mellom anna fekk utført fleire store byggeprosjekt. På den andre sida var han kjend som hensynslaus og tyrannisk. Han avretta fleire medlemmer av familien, inkludert ei av konene sine.

I det Nye Testamentet

Herodes er best kjend gjennom Bibelen og rolle han spela like etter Jesus Kristus sin fødsel. I fylgje Matteus-evangeliet gav han ordra til at alle guteborn i Betlehem under to år skulle drepast som straff for at Jesus, hans antatte rival til tittelen "jødane sin konge", hadde vorte teken med til ein tryggare stad av far sin Sankt Josef.

Sitat
[I.12] Zábava dostala jiný směr. Nábožný polní kurát počal mluvit páté přes deváté: „Mláďátek si ctím, mají svátek 28. prosince. Herodesa nenávidím.

Skrivst òg:Herod en

Boccaccio, Giovannien flag
*Certaldo 16.6 1313 - †Certaldo 21.12 1375
Wikipedia czdeenitnn Søk
bocaccio.jpg
dekameron1.png

Josef Lada, 1955

dekameron.png

J.J. Benešovský-Veselý, 1897

dekameron2.png

© Det norske samlaget, 1996

Boccaccio er nemnd avdi Švejk stakk Bocaccio sin Dekameronen i handa til den fromme feltpresten då denne hadde sovna etter nær å ha drukke seg frå kappe og krage. Soldaten fann boka på nattbordet til Feldkurat Katz.

Bakgrunn

Boccaccio var ein italiensk forfattar og diktar. Han er best kjend som forfattaren av Dekameronen, boka som er nemnd her. Han er rekna som ein av dei aller største italienske forfattarene.

Dekameronen

Denne boka var utan tvil Boccaccio sitt mest kjende verk, og handlinga er lagt til Svartedauden i 1348, i nærleiken av Firenze. Den er ei samling av 100 noveller, fortald av 10 som har flykta frå byen grunna pesten. Alle fortel 10 siger om dagen i løpet av 10 dagar, nokre av desse var svært vågale for si tid, både med seksuelt eksplisitt innhald og satire retta mot kyrkja.

Boka vart forboden og sensurert ved fleire høve i mellomalderen, men meir ovverraskande er det at det amerikanske postverket frå 1873 vart pålagd ved lov ikkje å frakta den. Forbodet gjaldt heilt fram til 1926.

Dekameronen er rekna som eit nøkkelverk i europeisk litteratur. Den har inspirert mellom anna Geoffrey Chaucer og seinare Miguel de Cervantes og Lope de Vega.

Omsetjingar

Romanen er omsett til mange språk, til norsk fyrste gong i 1934. Så seint som i 1996 kom det ut ei nynorsk omstejing på Det norske samlaget. Omsetjar var professor Magnus Ulleland frå universitetet i Oslo. Dette er den fyrste komplette omsetjinga til norsk nokonsinne. På tsjekkisk vart boka fyrst utgjeven i 1881(omsett av Josef Fl. Karafiát).

Hašek og Dekameronen

Det finst fleire fellestrekk mellom Jaroslav Hašek og Boccaccio sine romanar. Begge er satiriske verk, har vorte forbodne, og er oppsplitta i handlinga. Eit anna fellestrekk er den store mengda av fakta som er dikta inn: Dekameronen nemner mange folk, stader og institusjonar, akkurat som Jaroslav Hašek sin roman gjer.

Femti år etter Hašek sin død vart det gjeve ut tre samlingar av historiene hans som nytta seg av namnet på Boccaccio si vidkjende bok i tittelen: Dekameron humoru a satiry (1968), Druhý Dekameron (1979) og Třetí dekameron: Reelní podnik (1977).

Sitat
[I.12] Nakonec ho uložili do postele. Než usnul, prohlásil, vztyčuje k přísaze pravici: „Věřím v boha otce, syna i ducha svatého. Přineste mně breviář!“ Švejk mu strčil do ruky nějakou knihu ležící na nočním stolku, a tak nábožný polní kurát usnul s „Decameronem“ G. Boccaccia v ruce.
Litteratur
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

12. Ein relegiøs debatt


© 2008 - 2024 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 16.3.2024