void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Personar

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Franz Ferdinand og kona Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet den 28. juni 1914.

Den gode soldat Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til Hauptmann Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevaran av denne vev-sida. I januar 2021 mangla det enno rundt 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin nettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og romanen på nett.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme:

  • Doktor Grünstein som ein oppdikta person som tek direkte del i handlinga.
  • Fähnrich Dauerling som ein oppdikta person, som ikkje tek del i handlinga.
  • Heinrich Heine som historisk person.
Merk at ei rekkje tilsynelatande oppdikta romanfigurar har klårt gjenkjennelege "modellar" frå det verkelege liv. Døme på slike er Oberleutnant Lukáš, Major Wenzl og mange fleire.

Personar liste over folk som er omtala i romanen (587) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

15. Katastrofe

Oberst Kraus von Zillergut, Friedrichen flag
Søk Švejkův slovník
zillergut.jpg

České slovo,6.1.1924

Kraus var oberst ved ei kaserne i Praha (truleg Karlín), opprinneleg kom han frå Salzburg-området. Han var eigar av den stolne hunden Fox (som vart Max den korte stunda han tilhøyrde Oberleutnant Lukáš).

Kraus var ein studie i dumskap og andre foraktelege personlege eigenskapar. Han hadde for vane å måtta forklara dei mest innlysande ting, noko som dreiv kollegane til vanvidd. Likevel hadde han avansert i det militære hiererkiet takka vere gode forbindelsar, eit faktum forfattaren brukar til å framheva rotenskapen i Habsburgimperiet. Han var ved sida av Leutnant Dub den mest idiotiske offiseren som er skildra i romanen.

Etter at han hadde treft på Oberleutnant Lukáš medan denne promenerte med Fox/Max fekk han Švejk og Lukáš sendt til fronten som straff. Dette er eit vendepunkt i romanen: frå no av der det militærlivet som for det meste dannar bakteppe for handlinga.

Bakgrunn

Oberst Kraus har ikkje noko innlysande førebilete frå det verkelege liv og forfattaren gjev få opplysningar som kan hjelpa til med å identifisera han. Med den groteske dumspkapen må ein gå ut frå at obersten er ein karikatur, men nokre av karaktertrekka hans kan sjølvsagt vera lånte frå offiserar eller andre personar Hašek kjende. Ikkje ein gong namnet Zillergut gjev noko haldepunkt ettersom eksistensen til ein slik stad ikkje kan påvisast, om ein så leitar i moderne kart eller i gamle aviser.

Augustin Knesl sine teoriar
krausf.png

Augustin Knesl, Večerní Praha, 1983

krausf1.png

Adresář ... 1910

Tilsynelatande er Augustin Knesl den einaste forskaren som har prøvd å identifisera ein modell for den idiotiske obersten. Han skal vera inspirert av ein viss Friedrich Kraus som studerte byggfag ved den tyske tekniske høgskulen i Praha. Denne Kraus var fødd i 1880 og Knesl påstod at han var oberst ved garnisonen i Praha. Knesl hevda dessutan at Kraus hadde ein mani for å forklara dei mest innlysande ting.

Uheldigvis er Knesl sin konklusjon lite truverdig. Som vanleg tek han informasjon frå romanen som historiske fakta, og kjem dermed fram til at Kraus må ha vore ein oberst i Praha. Spor etter nokon slik oberst finn ein ikkje, om det skulle vera i Schematismu (1914) eller i adressebøkene frå Praha. Dei som kjem nærast er nokre reserveoffiserar, men ingen av desse gjorde teneste i Praha i 1914. Heller ikkje i k.k. Landwehr finn ein nokon slik offiser.

Friedrich Kraus var eit nokså vanleg namn så Hašek kan godt ha kjendt nokre av dei, og det er ingen grunn til å tvila på at Knesl sin ingeniør-student faktisk levde. Utover dette er det derimot lite handfast og parallellen til Knesl sin omtale av Feldkurat Katz er slåande: forskaren grov fram ein person med visse likskapar til romanfiguren, men går så ut frå at resten kan utleiast frå Den gode soldat Švejk.

Ein medelev

Ein Kraus som Hašek godt kan ha kjendt var Bedřich (Friedrich), ein medstudent på gymnaset i Žitná ulice frå 1893 til 1896. Denne Kraus som kom frå Karlín og gjekk fem årstrinn over Hašek, så han har neppe meir vore eit perifert kjennskap.

Rektor Řežábek

I Hašek-biografien The Bad Bohemian noterer Cecil Parrott at rektor ved Obchodní akademie, Řežábek var avskydd av forfattaren, som skreiv ein drepande satire om han i Karikatury i 1908. Parrott observerer at Řežábek, på same måte som Kraus, forlanga at "underordna" måtte helsa alt på lang avstand og nåde den som ikkje gjorde det!

Cecil Parrott: "The Bad Bohemian"

Režábek's insistence that the students should greet him from a long way off recalls Colonel Kraus von Zillergut in "The Good Soldier Švejk". Woe betide anyone who failed to notice him! The culprit was given a dressing down before the whole class and his crime was recorded in the class book. In addition his marks for good behaviour were slashed and he was led off to the Rector's office, where he got a second dressing down and his parents were told of his unheard of behaviour.

Sitat
[I.15] Plukovník Bedřich Kraus, mající též přídomek von Zillergut, po nějaké vesničce v Solnohradech, kterou jeho předkové prožrali již ve století osmnáctém, byl úctyhodným pitomcem.
[I.15] Scházela mu polovička levého ucha, kterou mu usekl jeho protivník za mládí v souboji kvůli prostému konstatování pravdy, že Bedřich Kraus von Zillergut je prachpitomý chlap.
[I.15] Před nadporučíkem stál plukovník Kraus von Zillergut. Nadporučík Lukáš zasalutoval a stál před plukovníkem, omlouvaje se, že neviděl.
[I.15] "Pane nadporučíku," hrozným hlasem řekl plukovník Kraus, "nižší šarže musí vždy vzdát čest vyšším. To není zrušeno.

Kjelder: CP, Augustin Knesl

Skrivst òg:Bedřich Kraus von Zillergut cz

Litteratur
Mannlicher, Ferdinand Karl Adolf Josefen flag
*30.1.1848 Mainz - †20.1.1904 Wien
Wikipedia deenno Søk Švejkův slovník
mannlicher.jpg
man.jpg

Nauka o střelbě, Karel Kuhn, 1908

mannlicher.png

Leitmeritzer Zeitung, 23.1.1904

Mannlicher vert indirekte omtala gjennom Mannlicher-rifla, i romanen kalla manlicherovka. Temaet er Oberst Kraus som var sjukeleg oppteken av Mannlicher-rifler og var kjend som "Mannlicher-tullingen" (Manlichertrottel).

Bakgrunn

Mannlicher var ein austerriksk oppfinnar og handvåpenkonstruktør, best kjend for M1895, ein serie av sjølvladande rifler (repetergevær) som vart k.u.k. Heer sitt standard handvåpen. Det er dette geværet som her vert omtala som manlicherovka. Den mest utbreidde varianten var Infanterie Repetier-Gewehr M1895. Riflene vart produserte i Steyr, seinare òg i Budapest.

Mannlicher, som kom frå ein familie i Brüx (no Most) i Böhmen, flytta med dei til Wien i 1857. Her utdanna han seg som maskiningeniør og gjorde rask karriere ved jernbana. I 1876 reiste han til ei utstilling for jernbaneutstyr i Philadelphia, og ved sida kunne han studera patenta på ulike handvåpensystemm. Dette var truleg startskotet til karriera hans som våpenkonstruktør.

I 1879 for fyrste utkastet til eit 11 mm repeter-gevær klart. Dei neste åra gjorde Mannlicher fleire forbetringar, heilt til våpenet vart introdusert i k.u.k. Heer i 1886. Det år etter vart M88 med 8 mm kaliber lansert,og fleire modeller fylgde fram til flaggskipet M1895 kom i 1895. Mannlicher konstruerte dessutan pistolar og jaktvåpen. Mannlicher sine våpen vart òg mykje eksporterte. Han er rekna som ein av dei fremste handvåpenkonstruktørane i historia.

Personleg

Mannlicher var tilsett i jernbana from til 1887 då han endeleg tok spranget til våpen-fabrikken i Steyr, Österreichische Waffen-fabriksaktiengesellschaft. Han var no vorten vidkjend, mange gonger dekorert, og i 1892 vart han adla, og tok namnet Ritter von Mannlicher. I 1899 vart han medlem på livstid i Herrenhaus, overhuset i Reichsrat (nasjonalforsamlinga i Cisleithanien). Mannlicher var gift med to døtrer. I 1904 døydde han av hjarteinfarkt, enno berre 55.

Hašek og "manlicherovka"

Mannlicher si vidkjende rifle er nemnd av Hašek alt i soga "Smrt Horala" (Horal sin død). Den kom fyrst på trykk i Národní listy 8. april 1902 og deretter på andre sida av Atlanteren i Národní noviny, Baltimore, 3. mai. Dette var høgst sannsynleg fyrste gongen Hašek fekk ei soge utgjeven utafor Böhmen.

Sitat
[I.15] Při přehlídkách pluku dával se do hovoru s vojáky a ptal se jich vždy jedno a totéž: „Proč se ručnici, zavedené ve vojsku, říká manlicherovka?“ U pluku měl přezdívku „manlichertrottel“. Byl neobyčejně mstivý, ničil podřízené důstojníky, když se mu nelíbili, a když se chtěli ženit, tu posílal nahoru velmi špatná doporučení jejich žádostí.
Litteratur
Schiller, Friedrichen flag
*10.11.1759 Marbach - †9.5.1805 Weimar
Wikipedia czdeenno Søk Švejkův slovník
schiller.jpg

Schiller vert omtala i samband med at Oberst Kraus kom med idiotiske kommentarar når offiserskollegane snakka om Schiller på ein bankett.

Bakgrunn

Schiller var ein verdskjend tysk diktar, poet, historikar og filosof. Han tilhøyrde den romantiske epoken og var sterkt knytt til Goethe og Weimar. Det fulle namnet hans var Johann Christoph Friedrich von Schiller.

Sitat
[I.15] Týž spád řeči, táž zásoba největší naivnosti. Na jednom banketu v důstojnickém kasině plukovník Bedřich Kraus von Zillergut z čista jasna pronesl, když byla řeč o Schillerovi: „Tak jsem vám, pánové, včera viděl parní pluh hnaný lokomotivou. Považte si, pánové, lokomotivou, ale ne jednou, dvěma lokomotivami. Vidím kouř, jdu blíž, a ona to lokomotiva a na druhé straně druhá. Řekněte mně, pánové, není-liž to směšné? Dvě lokomotivy, jako by nestačila jedna.“
Diktar Vierordt, Heinrich Wilhelmen flag
*1.10.1855 Karlsruhe - †17.6.1945 Triberg
Søk Švejkův slovník
vierordt.jpg
vierordt2.png

Badische Landeszeitung, 29.8.1914

vierordt.png

L'Homme enchaîné, 18.10.1914

vierordt1.png

The Tucumcari News, 6.6.1918

Vierordt vert nemnd når forfattaren av Den gode soldat Švejk omtalar Oberst Kraus. Den idiotiske obersten har haldningar som er på linje med Vierordt slik det kjem freit dikt som oppfordrar "Tyskland til å hata og med jernsjel slakta millionvis av franske djevlar". Sjelemessig er han dermed på linje med obersten som vil drepa alle fangar, brennar alle serbarar og drepa borna deira med bajonett. Hašek omsette presist to linjer frå diktet, medan omtalen av det er mindre presis.

Bakgrunn

Vierordt var ein heimstad-diktar frå Karlsruhe som like etter utbrotet av fyrste verdskrigen skreiv eit blodtyrst dikt på ti vers: Deutschland, Hasse!. Frå dette diktet er det utan tvil vers sju Hašek viser til i Den gode soldat Švejk. Vierordt skreiv ellers mest patriotiske dikt der han lovprisa heimetraktene og nasjonen. Etter nazistane si maktovertaking stod han rørsla nær og skreiv jamvel hyllingsdikt til Hitler[1]. Vierordt var gift og hadde ei dotter. På 50-årsdagen sin vart han tildelt tittelen Hofrat.

Eit grotesk dikt

Diktet vart trykt for fyrste gong i Badische Landeszeitung[2] 29. august 1914[d]. Det kom i oktober ut som enketl-trykk med tittelen (Deutschland hasse! Kriegsruf) av Verlag Müller & Gräff i Karlsruhe og vart selgd til inntekt for Raude Kross for 10 pfennig![b] Mest kjende er dei fire siste versa. Det var desse som gjorde diktet illgjete og vekte merksemd både heime og i utlandet. Desse fire versa har seinare ofte vorte vist til i bøker og artiklar kring temaet krigspropaganda. Truleg inneheldt det nemnde bladet berre desse.

Òg i Austerrike vart diktet prenta og omtala, mellom anna av Arbeiterwille i 1914 og 1915. Teksten på fyrstesida 25. november 1914 er berre eit utdrag, og litt annaleis enn det som var vorte sitert seinare. Arbeiterwille omtala diktet på ny 22. april 1915 og tok no tydeleg avstand frå det[a]. Dette kan dei forsåvidt ha gjort alt i november 1914. Mykje av teksten rundt var sensurert vekk, så det er vanskeleg å vurdera bakgrunnen.

Innvendingar

Diktet var kontroversielt alt i starten, sjølv i Tyskland. Det vart etter kvart forbode av den tyske generalstaben. Raude Kross i Baden nekta å selgja det i pengeinnsamlingane sine. Det provoserte alt i November 1914 fram eit motdikt some heitte Deutschland, Hasse nicht![c].

Vierordt sitt abnorme litterære utbrot vart uunngåeleg lagt merke til i utlandet, fyrst og fremtst i Frankrike der den framtidige statsministeren Georges Clemenceau omsette to vers og kommenterte dei i avisa si L'Homme enchaîné[e]. Han noterte turt at Vierordt hadde vitja Frankrike året før og hadde lovprisa landet i høgtidelege vendingar! Mellom andre som reagerte var diktarane Karl Kraus og Erich Mühsam[f] og den tysk pasifisten/feministen Helene Stöcker.

Etter at USA kom med i krigen vart utdrag av diktet omsette og brukte som døme på "Hunnaren" sin bestialitet og ukultur. Alt i 1915 vart diktet delvis omsett og kommentert i den nederlandske avisa De Preangerbode[g].

Ettertid

Diktet har òg i nyare tid dukka opp i bøker om krigspropaganda og vert drege fram som eit av dei mest groteske døma i det heile. Forfattaren fekk gata Vierordtstrasse kalla opp etter seg i 1974, men i 2017 vart det diskutert å døypa den om grunna forfattaren si dikting under verdskrigane.Det vart bestemt å halda på namnet men heller knyta det til bestefaren (1797-1867) med same namn, ein lokal bankmann og velgjerar.

Sitat
[I.15] Nebyl o nic horší než německý básník Vierordt, který zveřejnil za války verše, aby Německo nenávidělo a zabíjelo s železnou duší miliony francouzských ďáblů:
  Ať až k oblakům nad hory
  hromadí se lidské kosti a kouřící se maso.

Kjelder: Hans-Peter Laqueur, Georges Clemenceau, Johannes Werner

Merknader
1. "Du bist mehr als König und Kaiser / Du bist des deutschen Volkes Festzusammenschweißer" (1938). Ref Werner, "Ein schreckliches Gedicht".
2. Nokre studiar hevdar at diktet vart trykt i Welt om Sonntag 20. november 1914. Dette kan som vist ovafor ikkje stemma og dessutan var denne dagen ein fredag (Hans-Peter Laqueur)! Eg har heller ikkje lukkast å identifisera noko avis som heitte Welt om Sonntag frå 1914. Ref. Werner, "Ein schreckliches Gedicht".
Litteratur
Referensar
aKriegsgedichteArbeiterwille22.4.1915
bEin interressanter VortragsabendBadische Landeszeitung29.10.1914
cDeutschland hasse nicht!Karlsruher Tagblatt14.11.1914
dDeutschland, Hasse!Badische Landeszeitung29.8.1914
eHais, Allemagne!L'Homme enchaînéGeorges Clemenceau18.10.1914
fEin schreckliches GedichtBadische HeimatJohannes Werner1/2017
gVan den dagDe Preangerbode18.6.1915
Veskemakar Kunešen flag
Søk Švejkův slovník
kunes.png

Einaste veskemakaren i Spálená ulice i 1907.

Kuneš var ein veskemakar i Spálená ulice, omtala av Švejk når han prøver å forklara hundetjuveriet ovafor den rasande sOberleutnant Lukáš. veskemakar Kuneš hadde for vana å mista hundane sina kvar enn han ferdast.

Bakgrunn

veskemakar Kuneš var eit nokså vanleg etternamn i Praha men i adressebøker frå 1907 og 1910 finn ein ingen veskemakar med dette namnet. Det fanst ein person med dette yrket i Spálená ulice nr. 35, men namnet hans var Bohumír Vavroušek. I 1896 var to veskemakarar registrerte i gata men ingen av dei heitte Kuneš.

Sitat
[I.15] Ve Spálený ulici je nějakej brašnář Kuneš a ten nemoh jít se psem na procházku, aby ho neztratil. Vobyčejně ho nechal někde v hospodě nebo mu ho někdo ukrad nebo si ho vypůjčil a nevrátil
Litteratur
General von Laudon, Ernst Gideonen flag
*2.2.1717 Ļaudona (Tootzen) - †14.7.1790 Nový Jičín
Wikipedia czdeennn Søk
laudon.jpg
laudon.png

Rozkvět, 25.11.1911

laudon1.png

Neue Freie Presse,2.12.1914

Laudon vert nemnd indirekte gjennom kraftuttrykket Himllaudon som Oberleutnant Lukáš bruka ovafor Švejk i utskjellinga etter at han oppdaga at Max var stolen.

Same utrykket blir brukt av Fähnrich Dauerling når han plagar dei tsjekkiske rekruttane i 11. Kompanie. Feldoberkurat Lacina brukar omgrepet Krucilaudon då han vaknar på toget til Bruck og ikkje veit kvar han er.

Namnet hans dukkar opp på nytt i aller siste kapittelet når forfattaren omtalar Oberst Gerbich.

Bakgrunn

Laudon var ein austerriksk general av tysk-baltisk opprinnelse. Han var ein av Austerrike sine fremst hærførarar på 1700-talet og deltok mellom anna i sjuårs-krigen, den bayerske arvefylgjekrigen og krigar mot Tyrkia. Styrkane hans tok Beograd i 1789.

Laudon var fødd i ein adelsfamilie i dagens Latvia. Han gjorde fyrst teneste i den russiske hæren før han melde seg til teneste for Preussen. Her vart han avvist men hadde betre lukke i Austerrike der han i det minste vart teken opp i paramiltære styrkane til den illgjetne Baron von Trenck, dei såkalla Panduren. Då desse vart oppløyste vart han endeleg teken opp i den regulære hæren.

Under Sjuårskrigen (1756-1763) gjorde innsatsen hans i felttoga mot Preussen han vidgjeten. Mange av slaga stod på tsjekkisk område og dette er utan tvil hovudgrunnen til legendestatusen han har i Tsjekkia. Den kjende folkesongen Generál Laudon jede skrz vesnici kjem frå han og namnet heng dessutan att i kraftutrykket himmellaudon!, akkurat det utrykket som vert brukt av Oberleutnant Lukáš i romanen.

Sitat
[I.15] „Švejku, dobytku, himmellaudon, držte hubu! Buď jste takový rafinovaný ničema, nebo jste takový velbloud a blboun nejapný. Jste samý příklad, ale povídám vám, se mnou si nehrajte. Odkud jste přived toho psa? Jak jste k němu přišel? Víte, že patří našemu panu plukovníkovi, který si ho odvedl, když jsme se náhodou potkali? Víte, že je to světová ohromná ostuda? Tak řekněte pravdu, ukrad jste ho, nebo neukrad?“
[II.2] Náš nejvyšší vojenský pán je taky Němec. Posloucháte? Himmellaudon, nieder!’
[II.3] Vrchní polní kurát prděl a krkal na lavici a hřmotné zíval na celé kolo. Konečné se posadil a udivené se tázal: "Krucilaudon, kde to jsem?"
Litteratur
Božetěchen flag
Søk Švejkův slovník

Božetěch var ein mann frå Košíře som spesialiserte seg på å stela hundar og for så å heva finnarløn på grunnlag av avis-annonsar frå eigarane av dei sakna dyra. Švejk finn det på sin plass å nemna dette for Oberleutnant Lukáš midt under den strenge irettesetjinga han gjennomgjekk etter at overløytnanten hadde fått vita at Max var stolen. Må ikkje forvekslast med bokbindar Božetěch.

Bakgrunn

Božetěch[1] er eit svært sjeldan etternamn og er å finna fyrst og framst i Mähren. I 1910 var det ikkje oppførd ein einaste person med dette etternamnet i adressekatalogen for Praha.

1. Božetěch er meir vanleg som førenamn enn som etternamn.

Sitat
[I.15] Nějakej Božetěch z Košíř, ten se jen tak živil. Ukrad vždycky psa, pak hledal v inserátech, kdo se zaběh, a hned tam šel.
Graf Folliot de Crenneville, Franzen flag
*22.3.1815 Sopron - †22.6.1888 Gmunden
Wikipedia de Søk Švejkův slovník
crenevil.jpg

Der Oberste Kriegsherr und sein Stab,1908

crenevil.png

Wiener Zeitung,10.8.1888

benedek1.png

Vojenský zpěvník, 1914

Crenneville vert nemnd i ein song Švejk syng om Grenevil, som marsjerte gjennom Prašná brána.

Bakgrunn

Crenneville var ein austerriksk greve, Feldzeugmeister, Geheimer Rat, keisarleg Generaladjutant og Oberstkämmerer. Han stamma frå ei kjend militærslekt av fransk avstamming og slutta seg til hæren alt som unggut. Han vart Leutnant då han var 16 og kaptein då han var 22. Han utmerka seg i krigane mot Italia og vart dekorert mange gonger. I slaget ved Solferino 24. juni 1859 vart han hardt såra og trekte seg tilbake frå aktiv teneste. Utanom dei militære pliktene hadde han òg ein stilling ved hoffet til keisar Kaiser Ferdinand I. I 1860 vart han utnemnd til Inhaber[1] av Infanterieregiment Nr. 75.

Etter å ha trekt seg ut av hæren etter Solferino, heldt han fram i ei sivil karriere. Som tilsett ved det keisarlege hoffet hadde han ansvaret for den keisarlege kunstsamlinga, og han heldt fram som med å støtta kunsten òg etter at han vart pensjonist i 1884. Frå dette året og fram til han døydde budde han i Gmunden. Crenneville var gift og hadde tre søner.

1. Regiments-Inhaber (regimentseigar) var i 1880 ein rein ærestittel og hadde ingen funksjon i det militære hierarkiet. Namnet til den utvalde personen vart så oppførd i Schematismus saman med regimentet sit vanlege namn. Vanlegvis var "eigaren" ein høgare militær, ein adelsmann eller ein utanlandsk monark.

Songen

Songen om Crenneville hadde Hašek alt introdusert i forteljingane Dobrý voják Švejk působí u aeroplánu, (1911), Číslo patnáct (1912) og Povídka o pořádnem člověku (1914). Her er rettnok stavemåten respektivt "Grenewil", "Grenewill" og "Greenewill" men det er ikkje tvil om at det er same songen.

Hašek presterte såleis å stava "Grenevil" på fire ulike vis i fire ulike historier og det enda ikkje der. I 1968 gav Václav Pletka ut plata Písničky Josefa Švejka (med forklaringar som vedlegg) og endå ein variant dukkar opp. Her vert han til "Grenevír" (som rimar med špacír) og resten av verset er òg annaleis (det vert ikkje vist til Prašná brána).

Søk i det tsjekkiske nasjonalbiblioteket har ikkje eit einaste treff på desse variantane men ein finn liknande songar i boka Vojenský zpěvník (Militær songbok), gjeven ut i 1914 av ein viss kaptein Beran frå Vysoké Mýto. I ein av songane virkar det som om General Benedek har teke plassen til "Grenevil", noko òg Pletka nemner.

Sitat
[I.15] Nadporučík se odvrátil, vzdychl a uznal za vhodné místo se Švejkem obírat se raději bílou kávou. Švejk šukal již v kuchyni a nadporučík Lukáš slyšel zpěv Švejkův:
Mašíruje Grenevil Prašnou bránou na špacír, šavle se mu blejskají, hezký holky plakají.

Kjelder: Milan Hodík, Václav Pletka

Litteratur
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

15. Katastrofe


© 2008 - 2024 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 16.3.2024