void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Personar

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Franz Ferdinand og kona Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet den 28. juni 1914.

Den gode soldat Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til Hauptmann Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevaran av denne vev-sida. I januar 2021 mangla det enno rundt 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin nettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og romanen på nett.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme:

  • Doktor Grünstein som ein oppdikta person som tek direkte del i handlinga.
  • Fähnrich Dauerling som ein oppdikta person, som ikkje tek del i handlinga.
  • Heinrich Heine som historisk person.
Merk at ei rekkje tilsynelatande oppdikta romanfigurar har klårt gjenkjennelege "modellar" frå det verkelege liv. Døme på slike er Oberleutnant Lukáš, Major Wenzl og mange fleire.

Personar liste over folk som er omtala i romanen (587) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

Etterord til fyrste del, "Bak fronten"

Doktor Guth, Jiříen flag
*23.1.1861 Heřmanův Městec - †8.1.1943 Náchod
Wikipedia czde Søk Švejkův slovník
guth.jpg

Český svět,20.1.1921

guth1.jpg

Český svět,12.5.1921

Guth vert nemnd som døme på ein mann som snakka heilt annaleis en kneipevert Palivec.

Bakgrunn

Guth var ein betydeleg pedagog og litterat, òg kjend som medlem av den fyrste Olympiske komité og var svært aktiv i den olympiske rørsla. Han var dessutan seremonimeister hjå president professor Masaryk. Frå 1920 kalla han seg Jiří Stanislav Guth-Jarkovský.

Han studerte ved universitet i Praha og Genève, og tok doktorgraden i filosofi. Han vart så oppdragar i ein adelsfamilie. Alt frå 1890 var han aktiv som oversetjar av fransk litteratur, og han skreiv dessutan noveller under pseudonymet Stanislav Jarkovský.

Ved århundreskiftet var han gymnaslærar i Praha, var aktiv i Klub Českých Turistů der han i nesten 40 år gav ut måndasbladet deira Časopis turistů. Han engasjerte seg for tsjekkisk deltaking i dei olympiske leikar og var medlem av den aller fyrste olympiske komitéen frå 1896. Han skreiv òg reiseskildringar, mellom anna frå Middelhavs-området, Frankrike og Sverige.

Kuděj

Guth var læraren til Zdeněk Matěj Kuděj på gymnaset i Vinohrady og like etter fyrste verdskrigen tilsette han den tidlegare eleven sin som sektretær for Klub Českých Turistů, ein organisasjon han på den tida var formann for. Kuděj omtala arbeidsgjevaren sin i relativt postitive ordelag.

Sitat
[I. Doslov] Život není žádnou školou uhlazeného chování. Každý mluví tak, jak je schopen. Ceremoniář dr Guth mluví jinak než hostinský Palivec „U kalicha“, a tento román není pomůckou k salonnímu ušlechtění a naučnou knihou, jakých výrazů je možno ve společnosti užívat. Je to historický obraz určité doby.
Litteratur
Sankt Aloysiusen flag
*9.3.1568 Castiglione delle Stiviere - †21.6.1591 Roma
Wikipedia czdeenitsv Søk
gonzaga.jpg

Sv. Alojsia Gonzagy Spisek o andělích a jiné zápisky, 1891

alois.png

Illustrierte Mädchenzeitung, 1926

Sankt Aloysius skal i fylgje munken munk Eustach ha broste ut i gråt etter å ha overhøyrd ein dundrande fjert, og måtte gripa til bøn for å vinna attende si sjelelege likevekt. Jaroslav Hašek omtalar St Aloysius forakteleg som representant for "den falske kulturs masturbantar".

Bakgrunn

Sankt Aloysius var ein italiensk jesuitt og prest, seinare helgen. Eigentleg heitte han Luigi Gonzaga. Han er skytshelgen for den katolske ungdom og dessutan for kyskheit. Han døydde når han tok seg av pestoffer, noko som har gjort han til helgen for vern mot denne sjukdomen.

Sitat
[I. Doslov] Oni by vychovali národ jako skupinu přecitlivělých lidiček, masturbantů falešné kultury typu sv. Aloise, o kterém se vypravuje v knize mnicha Eustacha, že když sv. Alois uslyšel, jak jeden muž za hlučného rachotu vypustil své větry, tu se dal do pláče a jedině modlitbou se upokojil.

Skrivst òg:Svatý Alois cz Saint Aloysius en

Munk Eustachen flag
Wikipedia enfr Søk
eustache.jpg

Bulletin des musées de France, 1929

Eustach skal ha skrive ned historia om Sankt Aloysius sine traumar etter han hadde vore vitne til ein brakande fjert.

Bakgrunn

Eustach er ikkje identifisert med vissheit, men det kan ha vore den franske målaren, arkitekten og abbeden Eustache Restout (1655-1743). Han var rettnok ikkje kjend som forfattar.

Ein av namnebrødrene hans var derimot forfattar: Eustache de Refuge (1564-1617). Det finst likevel ingen opplysningar om at han nokon gong var munk.

Milan Jankovič sette fram ein teori om at det kan ha vore snakk om grekaren Eustathios, men ettersom denne siste levde 500 år før St Aloysius kan han neppe ha vore medviten om denne dundrande fjerten.

Sitat
[I. Doslov] Oni by vychovali národ jako skupinu přecitlivělých lidiček, masturbantů falešné kultury typu sv. Aloise, o kterém se vypravuje v knize mnicha Eustacha, že když sv. Alois uslyšel, jak jeden muž za hlučného rachotu vypustil své větry, tu se dal do pláče a jedině modlitbou se upokojil.

Skrivst òg:Eustache fr

Fru Laudová, Marieen flag
*16.8.1869 Mladá Boleslav - †20.10.1931 Praha
Wikipedia cz Søk Švejkův slovník
laudova.jpg

Český svět,11.12.1914

laudova.png

Venkov,23.4.1916

laudova1.png

L'Intransigeant, 25.10.1931

Laudová snakka svært så fint samanlikna med kneipevert Palivec. Ho vart saman med dr. doktor Guth og Olga Fastrová nemnd som ein representant for den falske kulturs masturbantar, folk som ville gjera heile Tsjekkoslovakia om til ein bankettsalong med parkettgolv, der ein innfann seg i frakk og hanskar og heldt salongmanerar i hevd.

Bakgrunn

Laudová var ei kjend tsjekkisk skodespelarinne, òg i periodar aktiv som journalist. Ho opptredde på Národní divadlo frå 1899 til 1915 då ho måtte gje seg etter ei ulukke. Gjennom skodespelar-karriera si opptredde ho òg i utlandet, mellom anna i Serbia og Russland.

Etter å ha slutta som skodeseplar vart ho lærar ved det Statens musikk-konservatorium i Praha og tok opp att journalist-aktivitetane. Ho skreiv for det meste prosa med oppdragelse som føremål, mellom anna om korleis ein skal oppføra seg i samfunnet. Det var nok dette Hašek viser til i etterordet til Del ein av Den gode soldat Švejk.

Ho var gift med journalisten og politikaren Ignát Hořica (1859-1902) og brukte difor òg namnet Laudová-Hořicová. Som skodespelar stod ho derimot fram med jentenamnet sitt.

Sitat
[I. Doslov] Od hostinského Palivce nemůžeme žádat, aby mluvil tak jemně jako pí Laudová, dr Guth, pí Olga Fastrová a celá řada jiných, kteří by nejraději udělali z celé Československé republiky velký salon s parketami, kde by se chodilo ve fracích, v rukavičkách a mluvilo vybraně a pěstoval se jemný mrav salonů, pod jehož rouškou bývají právě salonní lvi oddáni nejhorším neřestem a výstřednostem.
Litteratur
Fastrová, Olga Anna Annaen flag
*10.1.1876 Praha - †8.8.1965 Praha
Wikipedia cz Søk Švejkův slovník
fastrova.jpg

Český svět, 27.8.1909

fastrova2.png

Čech, 31.5.1914

fastrova1.png

Nové mody, 10.11.1918

kronstat.png

Rudé právo, 20.3.1921

fastrova.png

Franta Habán ze Žižkova, Franta Sauer, 1923

Olga Fastrová var nok eit forfattaren sine ironiske døme på nokon som ikkje snakkar som kneipevert Palivec.

Bakgrunn

Olga Fastrová (fødd Cikhartová) var ei tsjekkisk forfattarinne, journalist og oversetjar, rekna som den fyrste kvinnelege tsjekkiske journalist. I 1896 fullførde ho lærarutdanninga si, noko kvinner sjeldan gjorde i dei dagar. I 1898 gifte ho seg med dramaturgen og oversetjaren Otto Faster (1872-1907) som ho fekk tre døtrer med.

Dei fyrste litterære aktivitetane bestod i å hjelpa mannen med dei ulike prosjekta hans. Dette gjaldt mellom anna omsetjingar, og frå 1903 er ho oppførd som oversetjar frå fransk under eige namn. In 1908 she published the novel Fata Morgana.

Frå 1910 til 1936 var ho fast editor i Národní politika, den fyrste kvinna nokon gong som hadde ein slik stilling i ei større tsjekkisk avis. Fokuset hennar var hovudsakleg på mote og andre tema ein rekna som typisk kvinnelege (utsmykking av heimen osb.). Ho brukte ofte pseudonymet Yvonna. Nokre av artiklane hennar kom på trykk i tsjekkiske emigrantaviser i Nord-Amerika, mellom anna i Cleveland.

Hašek og Fastrová

Jaroslav Hašek kjende Olga Fastrová personleg; i forteljinga Za Olgou Fastrovou skriv han at dei hadde møtt kvarandre like etter at han kom tilbake frå Russland, og Fastrová hadde spurd han "om bosjevikane verkeleg åt menneskekjøt".

Fastrová er dessutan omtala som Yvonna i Strana mírného pokroku v mezích zákona så Hašek kjende henne truleg før krigen, sjølv han i den nemnde soga påstod at han møtte ho for fyrste gong like etter at han kom tilbake frå Russland 19. desember 1920.

I boka si Franta Habán ze Žižkova vier Franta Sauer eit heilt kapittel til møtet mellom dei to, og stadfesta soga om bolsjevikane som åt menneskekjøt, eller rettarer: han berre gjenga Hašek sin versjon frå fortlejinga Kronštat frå Rudé právo 20. mars 1921. Utover dette får gjev Sauer inntrykk av at møtet føregjekk i ein høfleg tone.

Sitat
[I. Doslov] Od hostinského Palivce nemůžeme žádat, aby mluvil tak jemně jako pí Laudová, dr Guth, pí Olga Fastrová a celá řada jiných, kteří by nejraději udělali z celé Československé republiky velký salon s parketami, kde by se chodilo ve fracích, v rukavičkách a mluvilo vybraně a pěstoval se jemný mrav salonů, pod jehož rouškou bývají právě salonní lvi oddáni nejhorším neřestem a výstřednostem.

Kjelder: Jaroslav Šerák, Veronika Skálová

Litteratur
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

Etterord til fyrste del, "Bak fronten"


© 2008 - 2024 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 16.3.2024