void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Stader

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914 som viser militærdistrikta og Švejk si rute. Heile handlinga i romanen føregjekk på Dobbeltmonarkiet sitt territorium.

Den gode soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar og øyar er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin internettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet.
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, romanen på nett og dessutan til svejkmuseum.cz.

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

Stader liste over stader som er omtala i romanen (591) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

Innleing

Makedoniaen flag
Wikipedia czdeenno KartSøk
makedonia.jpg

Makedonia vert brukt som adjektiv gjennom forfattaren sitt omgrep for Aleksander den store, Alexandr Macedonský.

Bakgrunn

Makedonia var eit kongedøme i antikken med opphav nord på den greske halvøya. Gjennom styret til Filip II av Makedonia og sonen Aleksander den store vart det eit enormt rike som strekte seg heilt til elva Indus. Hovudstad på denne tida (400 til 300 f.kr) var Pella. Makedonia er den fyrste av over 800 geografiske referansar i romanen, og den kjem alt i tredje setningen!

Sitat
[Úvod] Velká doba žádá velké lidi. Jsou nepoznaní hrdinové, skromní, bez slávy a historie Napoleona. Rozbor jejich povahy zastínil by slávu Alexandra Macedonského. Dnes můžete potkat v pražských ulicích ošumělého muže, který sám ani neví, co vlastně znamená v historii nové velké doby.

Skrivst òg:Macedonie Hašek Makedonie cz Makedonien de Macedonia en Μακεδονία gr Македонија mk

Litteratur
Prahaen flag
Wikipedia czdeennnno KartSøk Švejkova cesta
praha.jpg

Social-Demokraten, 21.12.1920

praha1.jpg

Krásná Praha, 1907

praha3.jpg

Světozor, , 20.2.1914

Praha er nemnd 72 gonger i Den gode soldat Švejk.

Praha vert nemnd alt i innleiinga og seinare kjem handlinga i heile den fyrste delen av romanen til å føregå her i heimbyen til Švejk. Forfattaren kjende Praha som si eiga bukselomme og han refererer i løpet av romanen til opp mot 140 stader i byen. Handlinga føregår i bydelane Nové město, Staré město, Malá Strana og Hradčany.

Viktigaste området i romansamanhengen er nok Nové město der det heile startar. Švejk budde truleg svært nær Na Bojišti i nettopp denne bydelen. Handlinga føregår òg i område som frå 1922 vart innlemma i Praha: Karlín, Vršovice, Žižkov, Motol og Břevnov. Švejk legg dessutan mange av dei tallause anekdotane sine til Praha og dei inntilliggjande distrikta.

Bakgrunn

Praha er hovudstaden og den største byen i Tsjekkia. Byen ligg på begge sider av Vltava og folketalet er om lag 1,2 millionar. Etter 1648 har Praha har vore lite utsett for krigsskadar så den gamle bykjerna er svært godt halden. Byen kan såleis by på intakt arkitektur frå fleire tidsbolkar og er rekna som ein av dei vakraste i Europa. Frå 1992 har det indre byområdet stått på UNESCO si verdsarvliste.

Praha var alt i middelalderen ein viktig by og hadde si glanstid under regjeringsperioden til Karl IV, som også var tysk-romersk keisar. Etter at Böhmen kom under habsburgarane sitt herredøme frå 1526, mista den gradvis si betydning og vart redusert til ein av fleire austerrikske regionshovudstader.

Praha i 1914

Ved utbrotet av fyrste verdskrigen var byen mykje mindre enn i dag, beståande av distrikta: I. Staré město, II. Nové město, III. Malá Strana, IV. Hradčany, V. Josefov, VI. Vyšehrad, VII. Holešovice-Bubny og VIII. Libeň. Den vart offisielt kalla Královské hlavní město Praha (Den kongelege hovudstaden Praha).

Nummereringa av diskrikta var annaleis enn i dag; Malá Strana for eksempel, høyrde til Praha III men er no i Praha I. Folketalet var i 1910 om lag 224 000, med forstadene 476 000, av desse var over 90 prosent av tsjekkisk nasjonalitet, resten tyske (medrekna jødar). I 1922 vart nabodistrikta slegne saman med den nye tsjekkoslovakiske hovudstaden. Denne nye administrative eininga vart kalla Velká Praha.

Hašek sin heimby

Jaroslav Hašek vart fødd i Školská 16 i Praha II. 30. april 1883. Han budde i byen og nabodistrikta Vinohrady og Smíchov fram til februar 1915. Frå 19. desember 1920 til 25. august 1921 budde han her på ny, rettnok mest i Žižkov som enno ikkje var vorte ein del av Praha. Heile fyrste og byrjinga av andre delen av Den gode soldat Švejk vart skrivne her frå mars til august 1921.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Praha 223 471 innbyggjarar der 212 067 (94 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen.

Kjelde:Seznam míst v království Českém(1913)

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Praha vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 28 (Prag) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 8 (Prag). Byen var setet for 8. Korpskommando, eininga som Infanterieregiment Nr. 91 var underlagd. Ved folketeljinga i 1910 var det 5168 militære i byen der 3837 oppga tsjekkisk som morsmål.

Sitat
[Úvod] Dnes můžete potkat v pražských ulicích ošumělého muže, který sám ani neví, co vlastně znamená v historii nové velké doby.
[II.2] Když jsem šel do Prahy pro jelita.
[II.3] Desátník vzdychl: "Ani ty faldy na mantlu neuměl si udělat, až z Prahy si vobjednával vodičky a různý mastě na čistění knoflíků, a přece takovej jeho knoflík vypadal zrzavej jako Ezau.
[II.3] „Někdy,“ řekl Švejk, „se zas v gefechtu člověku udělá špatně, člověk si něco zvoškliví. Vypravoval v Praze na Pohořelci na ,Vyhlídce’ jeden nemocnej rekonvalescent od Přemyšlu, že tam někde pod festungem přišlo k útoku na bajonety a proti němu se vobjevil jeden Rus, chlap jako hora, a mazal si to na něho s bajonetem a měl pořádnou kapičku u nosu. Jak se mu von podíval na tu kapičku, na ten vozdr, že se mu hned udělalo špatně a musel jít na hilfsplac, kde ho uznali zamořenýho cholerou a odpravili do cholerovejch baráků do Pešti, kde se taky vopravdu nakazil cholerou.“

Kjelder: Radko Pytlík, Baedekers Österreich 1910

Skrivst òg:Prag de Prague en

Litteratur
Austerrikeen flag
Wikipedia czdeenno KartSøk Švejkův slovník
landwehr.jpg

Kart av Austerrike i 1913, her vist med rekrutteringsdistrikta til k.k. Landwehr

Schematismus der K. k. Landwehr ..., 1913

Austerrike er nemnd 56 gonger i Den gode soldat Švejk.

Austerrike er såvidt nemnt av forfattaren i innleiinga, men spelar ei nøkkelrolle gjennom heile romanen og vert nemnd mange gonger. Dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn er den viktigaste skyteskiva for Jaroslav Hašek si satire. Oftast brukar forfattaren omgrepet Austerrike òg når det meinast heile Dobbeltmonarkiet.

Handlinga i Den gode soldat Švejk føregår for det meste på austerriksk område. Det gjeld heile Del ein, omtrent halve Del to, siste kapittel av Del tre og heile Del fire. Resten finn stad i den ungarske delene av imperiet, nemleg opphaldet i Királyhida og reisa til fronten fram til Łupków-passet.

Satira er spesielt råkande i [I.15] der Švejk for fyrste og einaste gong avslører meininga si om Austerrike: "Slikt eit idiotisk monarki burde ikkje finnast på jord".

Bakgrunn

Austerrike var den politiske eininga som Böhmen høyrde til frå 1526 til 1918. Frå 1804 til 1867 dekka omgrepet heile Habsburg-imperiet, etter Ausgleich i 1867 berre den austerrikske delen av det som no vart kalla Austerrike-Ungarn. Wien var hovudstad i heile perioden.

Eit mykje brukt uoffisielt omgrep for Austerrike i tida 1867-1918 var Cisleithanien. Det offisielle namnet fram til 1915 var Die im Reichsrat vertretenen Königreiche und Länder, frå 1915 på ny Österreich.Området var offisielt eit keisardøme og Kaiser Franz Joseph I. var keisar fram til han døydde 1916. Politisk var det delt inn i 17 kronland som dels hadde betydeleg sjølvstyre.

Resulatet av nederlaget i fyrste verdskrigen var at monarkiet gjekk under og landområda i den austerrikske delen vart delte mellom den nye republikken Austerrike, Tsjekkoslovakia, Jugoslavia, Polen, Italia og Romania.

Sitat
[Úvod] A tento tichý, skromný, ošumělý muž jest opravdu ten starý dobrý voják Švejk, hrdinný, statečný, který kdysi za Rakouska byl v ústech všech občanů Českého království a jehož sláva nezapadne ani v republice.>
[I.15] A oba pokračovali dále v rozhovoru, až konečně Švejk odsoudil Rakousko nadobro slovy: „Taková blbá monarchie nemá ani na světě bejt,“ k čemuž, aby jaksi ten výrok doplnil v praktickém směru, dodal druhý: „Jak přijdu na frontu, tak se jim zdejchnu.“
[II.4] Divizijní soud ve svém přípise na velitelství našeho pluku," pokračoval plukovník, "přichází k tomu mínění, že se vlastně o nic jiného nejedná než o soustavné štvaní proti vojenským částem přicházejícím z Cislajtánie do Translajtánie.

Skrivst òg:Rakousko cz Österreich de Austria en Ausztria hu

Litteratur
Kongeriket Böhmenen flag
Wikipedia czenno KartSøk
bohmen.png

Ottův slovník naučný

Kongeriket Böhmen er såvidt nemnd av forfattaren i innleinga, men har ellers ei perifér rolle, i alle fall når det gjeld direkte referansar. Likevel føregår ein betydeleg del av handlinga og nesten alle anekdotane på territoriet til det tidlegare kongedømet.

Bakgrunn

Kongeriket Böhmen var eit historisk kongedøme som eksisterte frå 1198, og frå 1526 til 1918 var det ei politisk eining (kronland) underlagd Habsburg-imperiet. Mange av Habsburg-keisarane vart òg krona som kongar av Böhmen. Kaiser Franz Joseph I. derimot avslo å la seg krona, noko som skapte motvilje mot han blandt mange tsjekkarar.

Keisaren sin representant i kongedømet var "der Statthalter" som heldt til i Praha. Dei offisielle språka var tsjekkisk og tysk. Kongedømet vart avskaffa i 1918 og området vart den leiande regionen i den nyproklamerte staten Tsjekkoslovakia.

Sitat
[Úvod] A tento tichý, skromný, ošumělý muž jest opravdu ten starý dobrý voják Švejk, hrdinný, statečný, který kdysi za Rakouska byl v ústech všech občanů Českého království a jehož sláva nezapadne ani v republice.

Skrivst òg:České království cz Königreich Böhmen de Kingdom of Bohemia en

Litteratur
Tsjekkoslovakiaen flag
Wikipedia czdeennosk KartSøk
ceskoslovensko.jpg

Tsjekkoslovakia vert indirekte nemnd av forfattaren gjennom omgrepa "i republikken" og "republikken vår". Seinare kjem det fleire referansar, spesielt gjennom bitre utbrot mot folk som hadde arbeidd for dei austerrikske undertrykkarane men som no levde behageleg i den nye republikken. Sjå herr Slavíček og herr Klíma.

I etterordet til Del ein vert republikken nemnd med sitt fulle namn.

Bakgrunn

Tsjekkoslovakia var ein historisk stat i Mellom-Europa som vart oppretta 28. oktober 1918 som konsekvens av Austerrike-Ungarn sitt samanbrot på slutten av fyrste verdskrigen.

Tsjekkoslovakia besto av landskapa Böhmen, Mähren, Slovakia, Karpato-Ruthenia og ein liten del av Schlesien. Fram til München-avtalen øydela staten i 1938 hadde Tsjekkoslovakia eit høgt fungerande demokrati med ein sterk industriell base.

Etter nazistane sitt nederlag vart Tsjekkoslovakia gjenoppretta med eit demokratisk styresett, men i februar 1948 tok kommunistane makta ved eit kupp og eittpartistaten vart innførd. I 1989 vart demokratiet innførd att, men staten vart splitta i Tsjekkia og Slovakia den 1. januar 1993. Dette var ei av verda sine få fredelege politiske skilsmisser.

Sitat
[Úvod] A tento tichý, skromný, ošumělý muž jest opravdu ten starý dobrý voják Švejk, hrdinný, statečný, který kdysi za Rakouska byl v ústech všech občanů Českého království a jehož sláva nezapadne ani v republice.
[I.14.2] Dnes jsou důstojničtí sluhové roztroušeni po celé naší republice a vypravují o svých hrdinných skutcích.
[I.16] Od hostinského Palivce nemůžeme žádat, aby mluvil tak jemně jako pí Laudová, dr Guth, pí Olga Fastrová a celá řada jiných, kteří by nejraději udělali z celé Československé republiky velký salon s parketami, kde by se chodilo ve fracích, v rukavičkách a mluvilo vybraně a pěstoval se jemný mrav salonů, pod jehož rouškou bývají právě salonní lvi oddáni nejhorším neřestem a výstřednostem.

Skrivst òg:Československo cz Tschechoslowakei de Czechoslovakia en

Efesosen flag
Wikipedia czdeenno KartSøk
efesos.jpg

Český svět,18.12.1908

artemidin.png

Výbor ze spisů Xenofontových, Vilém Steinmann,1880

Efesos vart omtala i samband med Herostratos, den forfengelege tosken som her vert stilt som kontrast til Švejk. Jamfør omgrepet "herostratisk berømt", han sette fyr på tempelet for å bli kjend.

Bakgrunn

Efesos var i oldtida ein viktig havneby på Vesleasia sin vestkyst, med omkring 250.000 innbyggjarar. Byen var det joniske Hellas sitt økonomiske sentrum og seinere ein av det romerske imperiet sin viktigaste byar. I byen låg mellom anna eit av verdens sju underverk, Artemistempelet.

Sitat
[Úvod] On nezapálil chrám bohyně v Efesu, jako to udělal ten hlupák Herostrates, aby se dostal do novin a školních čítanek.

Skrivst òg:Ephesos de Ephesus en Efes tr

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

Innleing


© 2008 - 2024 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 16.3.2024