
Kart over Austerrike-Ungarn i 1914 som viser militærdistrikta og Švejk si rute. Heile handlinga i romanen føregjekk på Dobbeltmonarkiet sitt territorium.
Den gode soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.
Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar og øyar er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.
- Sitata er frå Jaroslav Šerák sin internettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet.
- Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, romanen på nett og dessutan til svejkmuseum.cz.
Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.
Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.











![]() ![]() ![]() |
I. Bak fronten |
![]() | |
10. Švejk blir oppassar hos feltpresten |
![]() | Karlův most | ![]() | ||||
|
Karlův most er med i handlinga i ein kort setning når Švejk vert eskortert feltprest Feldkurat Katz: "dei gjekk over Karlsbrua i fullkomen tagnad". Brua hadde då alt vore nemnd i [I.4] der Švejk under opphaldet sitt på galehuset nemner eit bad i nærleiken av brua.
Bakgrunn
Karlův most er den eldste og mest kjende brua i Praha og nest eldste brua i heile Tsjekkia etter den i Písek. Den bind saman bydelane Malá Strana og Staré město. Som landemerke og turistattraksjon høyrer den til landet sine aller fremste.
Bygginga kom i gang 1357 under Karl IV si regjeringstid og brua er kalla opp etter han. Rundt år 1700 fekk den dagens utforming og barokkstatuane vart sette opp. Brua har fleire gonger vore truga av høg vass-stand men kom seg uskadd gjennom storflaumen i 2002 men i 1890 vart den derimot delvis øydelagd.
Sitat
[I.10.1] Šli přes Karlův most za naprostého mlčení. V Karlově ulici promluvil opět malý tlustý na Švejka: „Nevíš, proč tě vedem k polnímu kurátovi?“
Skrivst òg:Charles Bridge en Karlsbrücke de Karlsbrua no
Litteratur
![]() | Karlova ulice | ![]() | ||||
|

Průhled Karlovou ulicí od křižovatky s Liliovou k východu. Vpravo dům čp. 180 ("U Modré štiky"). Uprostřed v pozadí dům čp. 175 na Starém Městě.
Karlova ulice er åstad for handlinga når Švejk vert førd gjennom Karlova ulice på veg til Feldkurat Katz i Karlín. Vaktarane spør Švejk om kvifor han vert førd til feltpresten. "Fordi eg skal hengjast i morgon", var svaret. Dermed fekk han sympatien deira og det enda i lystig lag på Na Kuklíku.
Bakgrunn
Karlova ulice er ei gate i Staré město i Praha. Den går frå Karlův most fram til Staroměstské náměstí.
Sitat
[I.10.1] Šli přes Karlův most za naprostého mlčení. V Karlově ulici promluvil opět malý tlustý na Švejka: „Nevíš, proč tě vedem k polnímu kurátovi?“ „Ke zpovědi,“ řekl ledabyle Švejk, „zítra mě budou věšet. To se vždycky tak dělá a říká se tomu duchovní outěcha.“
Skrivst òg:Karlstrasse de
Litteratur
![]() | Josefov | ![]() | ||||
|

Seidels kleines Armeeschema, August 1914.
Josefov vert nemnd av den tjukke og optimistiske vaktaren til Švejk på vegen til Feldkurat Katz. Han kom frå området rundt denne byen.
I [I.10] dukkar namnet opp att etter at Švejk på sitt siste besøk på U kalicha treffer ein låsesmed frå Smíchov. Denne trur soldaten er desertør, og fortel at sonen har rømd frå hæren og no oppheld seg hjå bestemora i Jasenná ved Josefov.
Bakgrunn
Josefov er ein festningsby og tidlegare garnisonsby i det austlege Böhmen, nær grensa til Polen. Den er no ein bydel i Jaroměř.
Demografi (1910)
I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Josefov 5438 innbyggjarar der 4033 (74 prosent) oppgav tsjekkisk som morsmål. Tingdistriktet var okres Jaroměř, forvaltningsdistriktet var hejtmanství Dvůr Králové nad Labem.
Militært (1912)
Med omsyn til militær rekruttering høyrde Josefov til Heeresergänzungsbezirk 18 og Landwehrergänzungsbezirk Nr. 11. Lokale infanteristar ville dermed normalt gjera teneste i Infanterieregiment Nr. 18 eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 11.
Heile 2612 personar var tilsette i hærem og difor var talet på tysktalande uvanleg høgt til denne svært tsjekkiske delen av Böhmen å vera. Josefov var òg hovudkvarteret til Infanteriedivision Nr. 10.
Sitat
[I.10.1] „Asis se narodil na nešťastné planetě,“ znalecky a se soucitem poznamenal malinký, „u nás v Jasenné u Josefova ještě za pruský války pověsili také tak jednoho. Přišli pro něho, nic mu neřekli a v Josefově ho pověsili.“
Skrivst òg:Josefstadt de
Litteratur
![]() | Jasenná | ![]() | ||||
|
Jasenná var heimstaden til den tjukke optimistiske vaktaren som eskorterte Švejk til Feldkurat Katz.
I [I.10] dukkar namnet opp att etter at Švejk på sitt siste besøk på U kalicha treffer ein låsesmed frå Smíchov. Denne trur soldaten er desertør, og fortel at sonen har rømd frå hæren og no oppheld seg hjå bestemora i Jasenná ved Josefov.
Bakgrunn
Jasenná (òg Jasená) er ein landsby 8 km søraust for Jaroměř i distriktet Královéhradecko.
Hašek i Jasenná
I 1914 vitja Jaroslav Hašek kameraten sin Václav Hrnčíř her, utan tvil inspirasjon for denne setningen i romanen. Opphaldet varde i om lag ein månad[ac]. Temaet dukkar òg opp i soga Nebezpečný pracovník som kom på trykk i Humoristické listy 28. august 1914[b].
Demografi (1910)
I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Jasenná 1354 innbyggjarar der 1353 (99 prosent) oppgav tsjekkisk som morsmål. Tingdistriktet var okres Jaroměř, forvaltningsdistriktet var hejtmanství Dvůr Králové nad Labem.
Militært (1912)
Med omsyn til militær rekruttering høyrde Jasenná til Heeresergänzungsbezirk 18 og Landwehrergänzungsbezirk Nr. 11. Lokale infanteristar ville dermed normalt gjera teneste i Infanterieregiment Nr. 18 eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 11.
Radko Pytlík, Toulavé house, kap. Sarajevo
V Praze začíná to být pro rebela a bývalého anarchistu nebezpečné. Kamarádi radí, aby zmizel z Prahy. Hašek odjíždí hned po vyhlášení války v létě 1914 k příteli Václavu Hrnčířovi do Jasené u Jaroměře. Příhody, které zažil na žních u Samků (jejichž Aninka byla Hrnčířovou nevěstou), popsal v povídce Nebezpečný pracovník. Zdržel se zde asi měsíc.
Sitat
[I.10.1] „Asis se narodil na nešťastné planetě,“ znalecky a se soucitem poznamenal malinký, „u nás v Jasenné u Josefova ještě za pruský války pověsili také tak jednoho. Přišli pro něho, nic mu neřekli a v Josefově ho pověsili.“
Kjelder: Radko Pytlík
Skrivst òg:Jasena de
Litteratur
a | Toulavé house | 1971 | |
b | Nebezpečný pracovník | 28.8.1914 |
![]() | Preussen | ![]() | |||
|
Preussen vert i romanen fyrst nemnd i samband med "Preussar-krigen", eit folkelege omgrep for den tyske krigen i 1866. Denne krigen er tema for samtalen mellom Švejk og eskorten hans på vegen frå Hradčany til Feldkurat Katz.
I [I.11] vert landet nemnd direkte, no i samband forfattaren si skildring av relegiøse rituale ved avrettingar.
Bakgrunn
Preussen var fram til 1947 ei geografisk og politisk eining, og hadde vore eige kongedøme frå 1701 til 1871. Preussen var den dominerande delstaten i Tyskland fram til 1945. I dag er området delt mellom Tyskland, Polen og Russland. Hovudstaden var Berlin.
Preussar-krigen, oftast kalla den tyske krigen, var ein månad lang væpna konflikt mellom Preussen og Italia på ei side og Austerrike og deira mest sør-tyske forbundsfeller på den andre. Krigen fann stad i 1866 og enda fort med preussisk siger. Det avgjerande slaget stod ved Hradec Králové (Königgrätz) 3. juli 1866. Politisk fekk Austerrike sitt nederlag vidtgåande fylgjer; Ungarn utnytta nederlaget til å krevja likestilling innafor monarkiet, såleis var krigen ei direkte årsak til at Austerrike-Ungarn oppsto som politisk eining.
Sitat
[I.10.1] „Asis se narodil na nešťastné planetě,“ znalecky a se soucitem poznamenal malinký, „u nás v Jasenné u Josefova ještě za pruský války pověsili také tak jednoho. Přišli pro něho, nic mu neřekli a v Josefově ho pověsili.“
Notice: Undefined index: I in /var/www/honsi.org/public_html/svejk/app/php/class_database.php on line 777
[.11] V Prusku vodil pastor ubožáka pod sekyru...
Skrivst òg:Prusko cz Preußen de Prussia en
![]() | Královéhradecko | ![]() | ||||
|
Královéhradecko er heimstad-regionen til dei to soldatane som eskorterte Švejk frå Hradčany til Feldkurat Katz.
Bakgrunn
Královéhradecko er no ein administrativ region i Böhmen som grensar mot Polen. Den har namn etter forvaltnings-setet Hradec Králové, ein av dei 10 største byane i Tsjekkia.
Avisutklipp frå fyrste verdskrigen tyder på at omgrepet gjaldt okres Hradec Králové, eit område som ikkje omfattar Jasenná og Josefov der forfattaren opplyser om at eskorten til Švejk er frå. Hejtmanství Hradec Králové hadde 74 125 innbygjarar (1913), okres med same namn talde 55 521 og av desse budde 11 065 i sjølve kretshovudstaden.
Det er likevel lite truleg at forfattaren blanda dess omgrepa, så solide som geografikunnskapane hans var. Královéhradecko var òg namned på eit tidlegare kraj, ei administrativ eining som hadde vore i over hundre år men som i 1862 vart avskaffa. Namnet ville naturleg nok leva vidare lenge så det er nok dette forfattaren meinar med Královéhradecko. Kraj (Kreis) var ei langt større eining enn hejtmanství og i dette tilfellet inkluderte den òg Jasenná. I 1862 var det totalt 13 kraj i Böhmen.
Ottův slovník naučný omtalar òg Hradec Králové som "kretsby" så ordet vart enno brukt sjølv i formell litteratur. I rettsdistriktsinndelinga var òg omgrepet enno i bruk, som i krajský soud (Kreisgericht). Det må òg noterast at den adminstrative eininga vart gjenoppretta i 1920 med omgrepet Žup, altså eksisterete den då romanen vart skriven.
Byen er i historia mest kjend for slaget mellom Austerrike og Preussen i 1866, i utlandet kjendt som slaget ved Königgrätz. Det austerrikske nederlaget der vart utnytta av ungararane til å oppnå likestillinga innafor Habsburg-monarkiet. Dette såkalla Ausgleich førde direkte til opprettinga av Austerrike-Ungarn i 1867.
Sitat
[I.10.1] Zakouřili si všichni a průvodčí počali sdělovat jemu o svých rodinách na Královéhradecku, o ženách, dětech, o kousku políčka, o jedné krávě.
Skrivst òg:Region Königgrätz de
Litteratur
- Válečná vystava v Praze 5.12.1915
![]() | Pankrác | ![]() | |||||
|
Pankrác vert introdusert alt av kneipevert Palivec i fyrste kapittelet men då er det heilt konkret Věznice Pankrác han meiner. Dette gjeld òg i [I.3] der den uheldige dreiebenk-operatøeren som braut seg inn i Podolský kostelík vart fengsla og seinare døydde.
Staden sjølv dukkar seinare opp i den kjende songen "Na Pankráci" som vert sungen når Švejk med fylgje kjem inn på Na Kuklíku.
Fjerde gongen Pankrác vert nemnd er når forfattaren opplyser om at ein av Švejk sine forgjengarar som tenar for Oberleutnant Lukáš hadde selgd hunden til sin føresette til rakkaren ved Pankrác (sjå Pohodnice Pankrác) og stukke pengane i eiga lomme.
Bakgrunn
Pankrác er den øvre delen av Nusle i Praha, oppattkalla etter Sankt Pankras. Området er mest kjend for fengselet men vart og eit viktig industriområde. No (2015) er det eit forretnings- og adminstrasjons-strok med fleire høgbygg og tilhaldstad for internasjonale firma. Sjå ellers Věznice Pankrác.
Pankrác var i 1913 ein bydel i okres og by Nusle, hejtmanství Vinohrady. Folketalet var 8119 og bydelen talde offisielt 170 hus. Eit stort fleirtal av innbyggjarane var tsjekkarar. Pankrác tilhøyrde Nusle katolske prestegjeld men hadde eige postkontor.
Sitat
[I.10.1]Na Pankráci, tam na tom vršíčku, stojí pěkné stromořadí...
[I.14.3] Kanárka mořili hladem, jeden sluha angorské kočce vyrazil jedno oko, stájový pinč byl od nich práskán na potkání a nakonec jeden z předchůdců Švejka odvedl chudáka na Pankrác k pohodnému, kde ho dal utratit, nelituje dát ze své kapsy deset korun.
Litteratur
![]() | Florenc | ![]() | |||||
|
Florenc er der Švejk og dei to etter kvart snydens vaktarane hans er innom ein kafé, eigentleg bak Florenc. Dette er siste stopp før dei er på plass hjå Feldkurat Katz. Den tjukke av vaktarane selde sølvuret sitt her for å kunna hygga seg vidare.
Bakgrunn
Florenc er eit lite område i Praha, austover frå sentrum i retning Karlín. Den er no ei trafikkmaskin og den enorme buss-stasjonen ligg òg her. Heile bydelen sto under vatn under århundresflaumen i 2002.
Namnet Florenc oppsto på 1400-talet, truleg kalla opp etter italienske arbeidarar som slo seg ned her. Ettersom Florenc aldri var ei administrativ eining er grensene er uklåre men heile området låg i Praha II. og gata Na Florenci definerer laust stroket. Mest kjende bygningen var (og er) Museum města Prahy (Praha bymuseum).
Sitat
[I.10.1] Stavili se za Florencí v malé kavárničce, kde tlustý prodal své stříbrné hodinky, aby se mohli ještě dále veselit.
![]() | Karlín | ![]() | ||||
|
Karlín var bydelen der Feldkurat Katz budde, nærmare bestemt i Královská třída (no Sokolovská třída). Me kan gú ut frú at kontoret hans var i Ferdinandova kasárna som lúg i nabolaget. Handlinga i [I.10-13] føregår til dels i Karlín, mest i bustaden til Katz. Bydelen og stader her vert dessutan nemnd i fleire anekdotar seinare i boka.
Bakgrunn
Karlín er ein bydel i Praha som grensar mot Vltava, Praha II., Žižkov og Libeň. Bydelen var fram til 1922 eigen by.
Ferdinandova kasárna (òg kalla Karlínska kasárna) låg her og var hovudkvarteret til k.u.k. Infanterieregiment Nr. 91 fram til august 1914. Sjå Regimentskanzlei I.R. 91. Karlín var eit industristrok der mellom anna den svære fabrikken Daňkovka heldt til. Ein anna viktig institusjon i byen var Invalidovna, under verdskrigen brukt som lasarett. I moderne tid, fram til 2013, husa bygningen VÚA (Det sentrale militærarkivet).
Karlín by hadde 24 230 innbyggjarar i 1913, av desse opppga 15 prosent seg med tysk nasjonalitet. Byen hadde dessutan 1 773 militære, mellom desse var fordelinga mellom nasjonalitetane nokså jamn. Karlín var òg setet for hejtmanství og okres med same namn, faktisk identiske i utstrekning. Kretsen talde totalt 69 184 innbyggjarar og dei største stadene var Troja, Kobylisy og Vysočany.
Sitat
[I.10.1] Na úsměvy diváků odpovídal Švejk měkkým úsměvem, teplem a něhou svých dobráckých očí. A tak šli do Karlína, do bytu polního kuráta. První promluvil na Švejka malý tlustý. Byli právě na Malé Straně dole pod podloubím. „Odkud jseš?“ otázal se malý tlustý. „Z Prahy.“
Skrivst òg:Karolinenthal de
Litteratur
![]() | Královská třída | ![]() | ||||
|

Průhled Královskou ulicí (dnes Sokolovská) od křižovatky s Vítkovou ulicí k východu ke Karlínskému náměstí. Zleva domy čp. 439, čp. 5 (U Červené hvězdy) v Karlíně.
Královská třída var gata i Karlín der Feldkurat Katz budde. Ein veit ikkje eksakt kvar men sannsynlegvis budde feltpresten i den delen av gata som låg nærast Ferdinandova kasárna (der han truleg tenestegjorde).
Bakgrunn
Královská třída (no Sokolovská) er ein lang aveny i Praha som bind saman Praha II., Karlín, Libeň og Vysočany.
Sitat
[I.10.1] Švejk je neustále musel upozorňovat, když šel naproti důstojník nebo nějaká šarže. Po nadlidském úsilí a namáhání podařilo se Švejkovi přivléct je k domu v Královské třídě, kde bydlel polní kurát.
Skrivst òg:Königstraße de
Litteratur
![]() | Vatikanet | ![]() | |||
|
Vatikanet vert nemnd av Feldkurat Katz i fyllerøret i drosjen på veg heim frå festen hjå Oberleutnant Helmich. Han hevdar at Vatikanet interesserer seg for han.
Bakgrunn
Vatikanet er senteret for den romersk-katolske kyrkja, og namnet på den tilhøyrande mikrostaten midt i Roma. Her er det truleg vist til Den Heilage Stol som institusjon heller enn sjølve Vatikanstaten. Pave frå 1904 til 20.august 1914 var Pius X, som vart etterfylgd av Benedikt XV. Sjå òg Paven.
Sitat
[I.10.2] Já byl u arcibiskupa,“ hulákal, drže se vrat v průjezdu. „Vatikán se o mne zajímá, rozumíte?“
Skrivst òg:Vatikán cz Vatican en
Litteratur
![]() | Domažlice | ![]() | ||||
|
Domažlice er nemnd i ein song Feldkurat Katz syng i fylleturen i drosjen tilbake frå Oberleutnant Helmich. Byen vert seinare omtala i fleire anekdotar, mellom anna av Einjährigfreiwilliger Marek i forteljinga om redaktøren som fann opp nye dyr. Ein av Hašek sin næreste vener, Hájek, dukkar opp i fleire av desse forteljingane.
Bakgrunn
Domažlice er ein by med omtrent 11 000 innbyggjarar i Plzeňský kraj i Vest-Böhmen, under 20 km frå den bayerske grensa. Jaroslav Hašek vitja byen i 1904 på veg heim frå ei vandring i Bayern. Han budde hjå venen Hájek og familien hans.
Domažlice by hadde 8 170 innbyggjarar i 1913, og av desse var nesten alle tsjekkiske. Byen var òg sete for hejtmanství og okres med same name. Militært låg byen i rekrutteringsområdet til k.u.k. Infanterieregiment Nr. 35 (Ergänzungsbezirk Nr. 35, Pilsen).
Sitat
[I.10.2] Vzpomínám na zlaté časy, když mne houpal na klíně, bydleli jsme toho času u Domažlic v Merklíně.
Skrivst òg:Taus de
Litteratur
- Historie města Domažlice 2.2.2002
- Velký den 9.10.1904
- Výprava Jana Hučky z Pašešnice 12.11.1905
![]() | Merklín | ![]() | ||||
|
Merklín vert nemnd i ein song som Feldkurat Katz syng på fylleturen i drosjen.
Bakgrunn
Merklín er ein landsby mellom Domažlice og Plzeň. Ved siste folketeljing (2006) hadde den 1 035 innbyggjarar.
Merklín tilhøyrde hejtmanství og okres Přestice ved Plzeň. I 1913 var innbyggjartalet 1 789, av desse oppgav meir enn ni av ti tsjekkisk som morsmål.
Sitat
[I.10.2] Vzpomínám na zlaté časy, když mne houpal na klíně, bydleli jsme toho času u Domažlic v Merklíně
Litteratur
![]() | Nymburk | ![]() | ||||
|
Nymburk kjem fram når Feldkurat Katz på drosjeturen på veg heim frå Oberleutnant Helmich fyllerører om Nymburk stasjon.
Bakgrunn
Nymburk er ein by med omtrent 14 000 innbyggjarar ved Elbe. Den ligg 45 km aust for Praha og er mellom anna kjend som oppvekstbyen til Bohumil Hrabal, ein kjend forfattar som var sterkt inspirert av Jaroslav Hašek.
Nymburk by talde 10 169 innbyggjarar i 1913, og nesten alle var tsjekkiske. Den var senter for okres av same namn som i sin tur høyrde til hejtmanství Poděbrady.
Militæradministrativt høyrde byen in Ergänzungsbezirk Nr. 36 (Mladá Boleslav) så infanteristar i k.u.k. Heer frå Nymburk tenestegjorde hjå IR36.
Sitat
[I.10.2] Potom počal považovat drožku za vlak, a nahýbaje se ven, křičel do ulice česky a německy: „Nymburk, přestupovat!“
Skrivst òg:Nimburg de
Litteratur
![]() | Podmokly | ![]() | ||||
|
Podmokly vert nemnd av Feldkurat Katz når han vil hoppa ut av drosjen avdi han trur han er på eit tog og får det for seg at han er i Podmokly i staden for Budějovice.
Bakgrunn
Podmokly er namnet på fire stader i Tsjekkia. Her er det snakk om ein stad med jernbanestasjon, dermed handlar heilt sikkert om Podmokly ved Děčín. Den tyske oversetjinga til Grete Reiner underbyggjer denne antakelsen: her vert staden kalla Bodenbach.
Fram til 1945 var byen overvegande tysktalande. Podmokly er i dag ein del av Děčín og stasjonen heiter no Děčín hlavní nádraží. Den er siste stopp før grensa mot Tyskland og alle toga mellom Berlin og Praha har opphald her.
Byen Bodenbach hadde 12 471 innbyggjarar i 1913, og nesten alle oppga tysk som morsmål. Byen tilhøyrde okres og hejtmanství Děčín (Tetschen).
Sitat
[I.10.2] Jen jednou učinil pokus se vzbouřit a vyskočit z drožky, prohlásiv, že dál již nepojede, že ví, že místo do Budějovic jedou do Podmoklí.
Skrivst òg:Bodenbach de
![]() | Gorgonzola | ![]() | |||
|
Gorgonzola vert nemnd av Feldkurat Katz i drosjen på veg heim frå Oberleutnant Helmich. Den fulle Katz spør Švejk ulike spørsmål: om han er gift, om han gjerne et gorgonzola-ost, og om han nokon gong har hatt veggedyr heime!
Bakgrunn
Gorgonzola viser her til den kjende blåskimmelosten frå Gorgonzola ved Milano. Osten har ei historie som går bak meir enn tusen år, og var sjølvsagt godt kjend òg i Austerrike-Ungarn. Den vart mellom anna produsert ved meieriet i Hall in Tirol (som òg laga Emmental og andre kjende ostar).
Sitat
[I.10.2] Byl také zvědav, není-li prosinec nebo červen, a projevil velkou schopnost klásti nejrůznější otázky: „Jste ženat? Jíte rád gorgonzolu? Měli jste doma štěnice? Máte se dobře? Měl váš pes psinku?“
Litteratur
![]() | Mähren | ![]() | |||
|
Mähren vert fyrst nemnd av Feldkurat Katz når han fortel Švejk at han her hadde han drukke den beste borovička (einerbrennevin) nokonsinne. Seinare i romanen er regionen omtala nokre gonger, mellom anna i omtalen av Oberst Kraus, deretter i Putim i [II.2] og i samtalen med Feldkurat Martinec i [IV.2].
Fleire stader i Mähren er nemnde i romanen, mellom dei Brno, Moravská Ostrava, Frýdlant nad Ostravicí, Místek, Jihlava, Hodonín, Přerov, Hostýn, Šternberk og Nový Jičín.
Ein del personar frå Mähren er dessutan nemnde: erkebiskop Kohn, Feldkurat Martinec, Feldoberkurat Lacina, Nemrava, Jos. M. Kadlčák, og sist men ikkje minst: professor Masaryk.
Bakgrunn
Mähren er ein historisk region i Sentral-Europa som ikkje lenger er ei administrativ eining. Saman med det historiske området Böhmen og litt av Schlesien utgjer det Tsjekkia. Hovudstaden er Brno og regionen er kalla opp etter elva Morava (på tysk March).
Andre viktige byar er Moravská Ostrava (industri) og Olomouc som var (og er) erkebiskop-sete og eit framstånde sentrum for utdanning. Olomouc var òg Habsburgarane sin reserve-hovudstad i periodar då Wien var truga. Under Austerrike-Ungarn hadde Mähren status som Kronland. I 1910 utgjorde tsjekkarane over 70 prosent av befolkninga, men med store tyske mindretal. I byar som Brno, Olomouc, Vyškov og Jihlava var dei tysktalande i fleirtal.
Jaroslav Hašek reiste langt sjeldnare her enn i Böhmen men var innom på turane sine til Galicia og Slovakia kvart år frå 1900 til 1903 og i 1905 var han i Jihlava. Tidleg i august 1903 vart opphaldet ufrivilleg forlenga; han vart fenglsa for lausgjengeri i Frýdek-Místek.
Sitat
[I.10.3] Taková borovička není ani chutná, nemá ani barvu, pálí v krku. A kdyby byla aspoň pravá, destilát z jalovce, jakou jsem jednou pil na Moravě. Ale tahle borovička byla z nějakého dřevěného lihu a olejů.
[I.14.3] Nejvíc mně dalo práce ho přebarvit, aby měl barvu pepř a sůl. Tak se dostal se svým pánem až na Moravu a vod tý doby jsem ho neviděl.
[I.15] Nikdy nedorazil nikam včas, vodil pluk v kolonách proti strojním puškám a kdysi před lety stalo se při císařských manévrech na českém jihu, že se úplně s plukem ztratil, dostal se s ním až na Moravu, kde se s ním potloukal ještě několik dní po tom, když už bylo po manévrech a vojáci leželi v kasárnách.
[II.2] Všichni měli naději, že válka musí za měsíc, dva skončit. Měli představu, že Rusové už jsou za Budapeští a na Moravě. Všeobecně se to v Putimi povídá.
[II.2] Tato nová situace umožnila ruským vyzvědačům, při pohyblivosti fronty, vniknutí hlouběji do území našeho mocnářství, zejména do Slezska i Moravy, odkud dle důvěrných zpráv velké množství ruských vyzvědačů odebralo se do Čech.
[II.3] Než to jsou věci vedlejší, ač by zajisté nebylo na škodu, kdyby se váš redaktor Světa zvířat dříve přesvědčil, komu vytýká hovadinu, nežli nájezd vyjde z pera, třeba je určen na Moravu do Frýdlandu u Místku, kde byl do tohoto článku též odbírán váš časopis.
Skrivst òg:Morava cz Mähren de Moravia en
Litteratur
![]() | Josefov | ![]() | |||||
|

Břetislav Hůla. Vysvětlíky.
© LA-PNP
Josefov er fyrst nemnd under omgrepet "av jødane" når Feldkurat Katz fortel Švejk om korleis sprit skal vera framstilt, og ikkje kald-destillert i ein fabrikk av jødane.
Bydelen dukkar opp att med same utrykk att når Švejk møter Oberleutnant Lukáš. Sistnemnde gir sin "pucflék" ei førelesing i god framferd, noko som ikkje inneber å stela paradeuniforma til sin føresette for å selgja den "i Jødane" (i.e. Josefov), slik ein av dei tidlegare tenarane hans hadde gjort.
Seinare, i [IV.2], vert same omgrepet brukt i ein anekdote som Švejk fortel feldkurát Feldkurat Martinec i cella i Przemyśl (sjå portier Faustýn). Ordet Josefov er aldri brukt direkte i romanen.
Bakgrunn
Josefov er ein del av Praha, Staré město. Fram til 1922 var den ein eigen bydel, og kjend som Praha V. Frå slutten av 1800-talet gjennomgjekk bydelen ei sanering som endra utsjånaden til den drastisk. Svært få av dei gamle husa stod att.
Praha V. var den minste av bydelene, i 1913 hadde den berre 3376 innbyggjarar. Av desse var 678 oppførde som tyske, den høgaste prosentdelen av ikkje-tsjekkarar av alle bydelene. Dette skuldast utan tvil det høge talet på jødar. Josefov omfatta grovt sett området vest for Mikulášská třída mot Vltava.
Det jødiske samfunnet i Praha vart så godt som utrydda av nazistane under okkupasjonen frå 1939 til 1945. Franz Kafka er nok den mest berømte personen frå bydelen. Egon Erwin Kisch var òg fødd her.
Sitat
[I.10.3] Kořalka je jed,“ rozhodl se, „musí být původní originál, pravá, a nikoliv vyráběná ve fabrice na studené cestě od židů. To je jako s rumem. Dobrý rum je vzácností.
[I.14.3] "U mě musíte si čistit boty, mít svou uniformu v pořádku, knoflíky správné přišité a musíte dělat dojem vojáka, a ne nějakého civilního otrapy. Jest to zvláštní, že vy neumíte se žádný držet vojensky. Jen jeden měl ze všech těch mých sluhů bojovné vzezření, a nakonec mně ukradl parádní uniformu a prodal ji v Židech.
[IV.2] Já dál na světě bejt živ nemůžu, já poctivej člověk sem žalovanej pro kuplířství jako ňákej pasák ze Židů.
Skrivst òg:Jüdisches Viertel de Jewish Quarter en Jødekvarteret no
Litteratur
![]() | Vršovice | ![]() | |||||
|
Vršovice var Švejk var innom då han lånte pengar av Oberleutnant Mahler. In neste kapittele vert det eit noko lengre besøk her då feltpresten og tenaren hans måtte dit for å få tak i felt-altaret. Sjå VršoviceKo. I [I.14] og [I.15] føregår truleg handlinga stort sett her då Švejk var tenar hjå Oberleutnant Lukáš (utan at dette er sagt direkte).
Bakgrunn
Vršovice er frå 1922 ein bydel i Praha som no ligg innafor hovudstaden sitt 10. distrikt.
Vršovice var frå 1902 til 1922 ein eigen by med nesten 25 000 innbygjarar (1913) i hejtmanství Vinohrady. Over tusen av desse var tilknytta militæret, det var to kaserner i byen. IR73 ("Egerregiment") heldt til her med stab og 3 bataljonar. Vršovice var òg eigen okres, i 1913 var folketalet 31 284. Sjå òg VršoviceK.
Hašek i Vršovice
Jaroslav Hašek budde i Vršovice med kona Jarmila i 1911 og 1912, og det var her i hus nummer 363 (Palackého třída, no Moskevská) at sonen Richard vart fødd 2. mai 1912. Forfattaren var registrert med adresse her 28. desember 1911, men alt 29. juli 1912 var han oppførd i Vinohrady. Det var òg kona hans som no hadde flytta heim til foreldra i Dejvice. Brotet må såleis ha skjedd kort tid etter at sonen var fødd.
Sitat
[I.10.3] Jestli tam nepochodíte, tak půjdete do Vršovic, do kasáren k nadporučíkovi Mahlerovi.
Kjelder: Radko Pytlík, Jaroslav Šerák
Litteratur
![]() | Zbraslav | ![]() | ||||
|
Zbraslav vert nemnd i fyllepratet til Feldkurat Katz når han trur Švejk er ei dame som har ein villa i Zbraslav.
Bakgrunn
Zbraslav er ein bydel i Praha, 10 km sør for sentrum, der elva Berounka renn ut i Vltava. Zbraslav vart ein del av Praha så seint som i 1974.
Zbraslav var i 1913 eit samfunn med 1 772 innbyggjarar i okres med same namn, hejtmanství Smíchov. Den hadde både kyrkjesokn og postkontor. Kretsen var derimot mykje større, med 28 094 innbyggjarar. Den omfatta fleire stader som ellers er nemnde i romanen: Záběhlice, Všenory, Mníšek og Chuchle.
Sitat
[I.10.3] Vy máte vilu na Zbraslavi. A můžete jezdit parníkem po Vltavě. Víte, co je to Vltava?“
Skrivst òg:Königsaal de
Litteratur
![]() | Steinhof | ![]() | |||||
|
Steinhof var konsentrasjonsleiren der fru Müllerová sat innesperra utan dom. Ho hadde vorte arrestert same kvelden som ho køyrde Švejk til mønstring i rullestol.
Bakgrunn
Steinhof er av forfattaren omtala som ein konsentrasjonsleir men det er uvisst kva stad han viser til. Steinhof ved Wien er ein usannsynleg teori sjølv om namnet stemmer. Frå 1907 heldt den største psykiatriske institusjonen i Dobbeltmonarkiet til her, men det var ingen konsentrasjonsleir her under fyrste verdskrigen.
Skot i blinde
Milan Hodík er inne på om det kan dreia seg om Stein an der Donau der det låg eit fengsel. Radko Pytlík legg fram Kamenný Dvůr (tysk Steinhof) ved Cheb som ein kandidat men er usikker. Antonín Měšťan hevdar at det låg ein konsentrasjonsleir i Steinhof, men seier ikkje meir om kvar denne "Steinhof" faktisk låg.
Thalerhof
Ein langt meir solid peikepinn er Jaroslav Hašek sin korte roman frå 1917, kalla Dobrý voják Švejk v zajetí. Her vert leiren Thalerhof ved Graz omtala direkte og forfattaren let jamvel Švejk bli internert her. Den var ein av dei fyrste konsentrasjonsleirane i Europa, i drift frå 5. september 1914. Dei fleste av dei internerte var politisk mistenkelege ukrainarar (russofile) men ein del tsjekkarar fann òg vegen hit. Ein kan difor sjå for seg at forfattaren har hatt Thalerhof i tankane men ikkje hugsa namnet i farten.
Steinklamm
Jaroslav Šerák peikar på ei anna mogeleg namneforveksling. Her er det snakk om Steinklamm, ein leir i Bezirk St. Pölten som i 1914 vart oppretta for flyktningar men som seinare var brukt som fangeleier, òg for politisk mistenkelege sivilistar. Her som i Thalerhof braut det ut flekktyfus, og tidleg i mai 1915 vart dette skrive om i fleire aviser.
Namneendring i siste liten
Manuskriptet til Švejk er òg verd å studera. Forfattaren la faktisk fyrst leiren til Klosterneuburg før han strauk over det og endra namnet til Steinhof. Ein bør dermed vera forsikting med å leggja altfor mykje betydning i valget av namn på leiren der fru Müllerová vart internert.
Antonín Měšťan
So gab es in Steinhof in der Tat während des Ersten Weltkriegs ein österreichisches Konzentrationslager (I. 113/118) sowie in Hainburg eine Kadettenschule (I. 268/274).
Sitat
[I.10.4] Starou paní soudili vojenskými soudy a odvezli, poněvadž jí nic nemohli dokázat, do koncentračního tábora do Steinhofu.
[I.10.4] A přes celý lístek růžové razítko: Zensuriert. K.u.k. Konzentrationslager Steinhof.
Litteratur
![]() | Smíchov | ![]() | ||||
|
Smíchov er såvidt nemnd når ein låsesmed frå bydelen kontaktar Švejk utafor U kalicha då Švejk er innom for siste gong og har vorte nekta servering. Ellers er bydelen lite nemnd, men i [III.4] kjem det fram at Leutnant Dub budde her. Ølet frå Smíchov vert nemnd in den vidkjende avskjeds-scena mellom Švejk og Sappeur Vodička i Királyhida [II.4].
Bakgrunn
Smíchov er ein bydel i Praha, vest for Vltava i den sørlege delen av byen. Smíchov har ein større jernbanestasjon, er ein industriell bydel, og er kjend for bryggeriet Staropramen. Den tidlegare byen vart ein del av Praha i 1922.
I 1913 var Smíchov ein by som med sitt tilhøyrande distrikt omfatta store deler av det som no er den vestlege delen av Praha. Den var sentrum i hejtmanství og okres med same namn, og hetjmanství Smíchov var svært folkerikt med 167 830 innbyggjarar - faktisk større enn noko anna distrikt i Böhmen med unnatak av Praha. Okres Smíchov åleine talde 139 736 der om lag 95 prosent var tsjekkarar. Byen i seg sjølv var òg betydeleg med 51 791 innbyggjarar, noko som gjorde den til ein av dei største i Böhmen. Hejtmanství Smíchov inneheldt dessutan okres Zbraslav. Innafor sjølve okres Smíchov låg fleire av stadene som er nemnde i romanen. Mellom desse er Břevnov, Dejvice, Klamovka, Kobylisy, Košíře, Motol, Roztoky og Horní Stodůlky.
Hašek og Smíchov
Jaroslav Hašek budde i Smíchov frå 1909 til 1911, eller meir presist i Košíře der han var redaktør for tidskriftet Svět zvírat og seinare dreiv sitt Kynologiske institutt. Det er mange stader i Smíchov som har knyting til Hašek, ikkje minst vertshuset Pod černým vrchem der Strana mírného pokroku v mezích zákona heldt nokre av møta sine og der det vidkjende biletet av fire partimedlemmer med sine fire øl vart teke.
Sitat
[I.10.4] Při té rozmluvě byl jeden starší pán, zámečník ze Smíchova, který šel ke Švejkovi a řekl k němu: „Prosím vás, pane, počkejte na mne venku, já s vámi musím mluvit.“
Litteratur
![]() ![]() ![]() |
I. Bak fronten |
![]() | |
10. Švejk blir oppassar hos feltpresten |
© 2009 - 2022 Jomar Hønsi | Sist oppdatert: 22.5.2022 |