Tooltip container
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Stader

Romanen på nettŠvejk MuseumLiterární ArchivFacebookŠvejk CentralBlogReisedagbokKontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914 som viser militærdistrikta og Švejk si rute. Heile handlinga i romanen føregjekk på Dobbeltmonarkiet sitt territorium.

Den gode soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar og øyar er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin internettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet.
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, romanen på nett og dessutan til svejkmuseum.cz.

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

>> Den gode soldat Švejk liste over stader som er omtala i romanen (586) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

5. Švejk på politistasjonen i Salmova-gata

Marathonen flag
Wikipedia czdeennn Google kartsøk
marathon.png

1896 olympisk maraton

marathon_np.png

Národní Politika, 26.10.1908

Marathon er nemnd indirekte av forfattaren gjennom omgrepet maratonløp. Den arresterte familiefaren på politistasjonen i Salmova ulice spring rundt som om han vil vinna ei maraton og skrik: "Slepp meg ut!"

Bakgrunn

Marathon er det gamle namnet på Marathónas, ein liten by nord for Athen som er vorte vide kjend gjennom maratonløpet. Legenda vil ha det til at ein bodbringar etter slaget ved Marathon i 490 f.kr. sprang til Athen med nyhenda om sigeren og fall daud om då han var framme.

Maratonløpet vart introdusert under OL i Athen i 1896 og i byrjinga varierte distanse heilt til den vart sett til 42 195 meter i 1921. I 1914 var distansen 40,2 kilometer. Det fyrste offisielle løpet i Kongeriket Böhmen fann stad 25. oktober 1908 mellom Smíchov og Dobříš. Det vart arrangert av S.K. Slavia og lengda var 40 km.

I dag er maraton ein stor idrett med hundrevis av årlege løp rundt om i verda. Dei største er i New York der over 50 000 har kome i mål (2013). Innafor gamle Austerrike-Ungarn er det årlege løp m.a. i Praha, Wien, Budapest og Bratislava. Kvart år vert det òg halden ein klassisk maraton langs den antatt opprinnelege løypa.

Sitat
[1.5] Muž, který běhal mezi dveřmi a pryčnou, jako by chtěl vyhrát maratónský běh, se zastavil a udýchán se posadil opět na své staré místo, složil hlavu do dlaní a náhle zařval: "Pusťe mne ven!" "Ne, oni mne nepustí," mluvil pro sebe, "nepustí a nepustí. Už jsem zde od rána od šesti hodin."
Královské Vinohradyen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk
vinohrady.jpg

Kravín, der partiet til Hašek heldt valgmøte

vinohrady_stat.png

Folketal og administrativ inndeling i 1913

Královské Vinohrady er området der Švejk sin celle-kamerat skal ha utagért i eit anstendig lokale. Vinohrady vert nemnd både i samband med Dr doktor Pávek sitt sjukebesøk i [1.7] og i fleire anekdotar seinare. Handlinga føregår aldri eksplisitt her.

Bakgrunn

Královské Vinohrady er ein tidlegare by og noverande bydel i Praha, søraust for sentrum. Administrativt er bydelen delt mellom Praha 2, Praha 3 og Praha 10. Etter 1968 har den offisielt heitt Vinohrady, men alt under Austerrike vart denne kortforma brukt. Det er òg denne forfattaren nyttar seg av. Fyrst i 1922 vart Vinohrady innlemma i hovudstaden.

Vinohrady fekk status som "kongeleg by" i 1879 og vaks raskt til å bli den tredje største byen i Kongeriket Böhmen. I 1913 hadden den 77 190 innbyggjarar der tsjekkarar utgjorde eit stort fleirtal. Den var òg sentrum i hejtmanství med same namn og byen var einaste kommunen i sitt okres.

Jaroslav Hašek budde på ulike stader i Vinohrady frå 1896 til 1908 og dessutan ved eit par høve seinare. Den 23. mai 1910 gifte han seg her, med Jarmila Mayerova i Kostel svaté Ludmily. Det vidkjende "partiet" hans Strana mírného pokroku v mezích zákona heldt mange av møta sine her, framfor alt før valget parlamentsvalget i 1911 der han i fylgje legendene stilte som kandidat.

I den andre utgåva av Švejk, Dobrý voják Švejk v zajetí, er hovudpersonen busett i Vinohrady. Her var han skomakar, ikkje hundehandlar som han seinare vart kjend som.

Sitat
[1.5] Tak jsme ho šli opět všude hledat a nakonec jsme se ztratili jeden druhému, až nakonec jsem se ocitl v jedné z nočních kaváren na Vinohradech, velmi slušné místnosti, kde jsem pil nějaký likér přímo z láhve.

Skrivst òg:Vinohrady Hašek Königliche Weinberge de

Litteratur

Ražiceen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk

Ražice vert fyrst nemnd av Švejk i ei anekdote om speidarar som han fortel medfangen sin på politistasjonen i Salmova ulice.

Staden dukkar seinare opp i [1.14] og [2.2] og den gode soldaten må ha vore berre få kilometer herfrå på sin anabasis i bok to då han gjekk forbi Protivín mot Putim etter å ha overnatta i Švarcenberský ovčín.

Bakgrunn

Ražice er ein landsby i Písek-distriktet i Sør-Böhmen. Den er eit viktig jernbaneknutepunkt mellom Písek, Budějovice og Plzeň.

Jaroslav Hašek kjende Ražice og området rundt svært godt, og nemner den både i Den gode soldat Švejk og i nokre av forteljingane sine. Sjå òg Ražická bašta.

Demografi, 1910

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Ražice 398 innbyggjarar der 398 (100 prosent) oppgav tsjekkisk som morsmål. Tingdistriktet var okres Písek, forvaltningsdistriktet var hejtmanství Písek.

Militært, 1914

Med omsyn til militær rekruttering høyrde Ražice til Heeresergänzungsbezirk Nr. 11 (Pisek) og Landwehrergänzungsbezirk Nr. 28 (Pisek). Lokale infanteristar ville dermed normalt gjera teneste i Infanterieregiment Nr. 11 eller Landwehrinfanterieregiment Nr. 28

* Ergänzungsbezirk: rekrutteringsdistrikt.

Sitat
[1.5] Potom na trápení u starosty, pod rákoskou, doznali, že není ani jedna louka v okolí, kterou by nebyli zváleli, když se vyhřívali na slunci, dále že ten lán žita nastojatě, právě před žněmi u Ražic, vyhořel čirou náhodou, když si v žitě pekli na rožni srnku, ku které se přikradli s noži v obecním lese.
[1.14.6] „Nejste vy Jarešův?“ otázala se dívka, začínajíc sympatisovat s neznámým vojáčkem. „Jsem.“ „A kterýho Jareše, toho z Krče u Protivína, nebo z Ražic?“ „Z Ražic.“
[2.2] Z Ražic za Protivínem syn Jarešův, dědeček starýho Jareše, baštýře, dostal za zběhnutí prach a volovo v Písku.
[2.2] Fakticky bylo tomu tak, že se s nimi nechtěl jednou v zimě tahat ve sněhu až do Písku, tak je u Ražic v polích pustil a vypálil ránu do vzduchu pro forma.

Skrivst òg:Ražitz de

Litteratur

Okres Hlubokáen flag
Google kartsøk
okreshluboka2.png

Nokre av stadene Švejk nemner

Okres Hluboká vert nemnd i forteljinga til Švejk om speidarar som han underheld den ulukkelege familifaren på cella på Policejní komisařství Salmova ulice med.

Bakgrunn

Okres Hluboká viser til okres (juridisk distrikt) Hluboká som bar namnet til administrasjonssenteret. Kretsen høyrde til Okresní hejtmanství Budějovice slik Švejk korrekt seier. Den hadde 26 kommunar og nesten berre tsjekkiske innbyggjarar: Bavorovice, Břehov, Čejkovice, Češnovice, Dasný, Dobřejice, Dříteň, Hluboká, Hosín, Hrdějice, Chlumec, Chotýčany, Jaroslavice, Jeznice, Česká Lhota, Lišnice, Munice, Mydlovary, Nakří, Opatovice, Pištín, Plastovice, Purkarec, Velice, Nová Ves, Volešník, Vyhlavy, Zbudov, Zliv.

Mydlovary har ei spesiell rolle ettersom det var her Jaroslav Hašek hadde heimstadrett og dermed kom inn under rekrutteringsområdet til k.u.k. Infanterieregiment Nr. 91. Sjå Ergänzungskommando.

Sitat
[1.5] "U skautů?" zvolal Švejk. "O těch skautech rád slyším. Jednou v Mydlovarech u Zlivi, okres Hluboká, okresní hejtmanství České Budějovice, právě když jsme tam měli jednadevadesátí cvičení, udělali si sedláci z okolí hon na skauty v obecním lese, kteří se jim tam rozplemenili.

Litteratur

Okresní hejtmanství Budějoviceen flag
Wikipedia de Google kartsøk
strelnicka.jpg

Okresní hejtmanství Budějovice vert nemnd i forteljinga om uheldige speidarar som Švejk underheld den ulukkelege familifaren med på cella på Policejní komisařství Salmova ulice.

Bakgrunn

Okresní hejtmanství Budějovice var den lokale statsforvaltningsregionen rundt Budějovice. Utanom distrikts-hovudstaden var det ingen større byar her. I 1913 hadde distriktet 120 659 innbyggjarar, der nær 80 prosent oppga tsjekkisk som morsmål. I sjølve byen var det jamnare fordeling mellom folkegruppene ettersom nesten heile det tyske mindretalet i distriktet budde her.

Distriktet bestod av fire okres (rettsdistrikt): Budějovice, Hluboká, Lišov og Trhové Sviny. Kontora låg i Střelnická ulice, no třída 28. října.

Bezirkhauptmannschaft

Omgrepet (tsj. okreshejtmanství) treng nok nærare oppklåring. Dei to siste engelske omsetjingane av romanen omtalar det nemleg som "politidistrikt", noko det slett ikkje er. Det er derimot det tredje nivået av statsforvaltninga i Cisleithanien (dvs. den austerrikske delen av Dobbeltmonarkiet). Neste nivå opp var Statthalter (tsj. místodržitel) som i sin tur rapporterte direkte til sentraladministrasjonen i Wien. I den ungarske delene av riket var Komitat den eininga som tilsvara Bezirk.

Kongeriket Böhmen bestod av nesten 100 politiske distrikt (politické okresy (politische Bezirke) som vart oppretta gjennom reforma frå 1868 som skilde den utøvande og dømande makta. Desse var gjerne oppdelte i 3-4 juridiske krinsar (soudní okresy (Gerichtsbezirke) men talet kunne variera. På tsjekkisk er ofte kortforma hejtmanstvi brukt, mellom anna i Ottův slovník naučný. Tilsvarande er soudní okres referert til som berre okres.

Sitat
[1.5] "U skautů?" zvolal Švejk. "O těch skautech rád slyším. Jednou v Mydlovarech u Zlivi, okres Hluboká, okresní hejtmanství České Budějovice, právě když jsme tam měli jednadevadesátí cvičení, udělali si sedláci z okolí hon na skauty v obecním lese, kteří se jim tam rozplemenili.

Skrivst òg:Bezirkshauptmannschaft Budweis de Okresní hejtmanství České Budějovice Švejk

Litteratur

Ječná uliceen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum
jecna.jpg

Hjørnet Ječná og Karlovo náměstí.

Ječná ulice er ei av gatene Švejk går gjennom med politieskorte, på veg frå Salmova ulice politistasjon tilbake til Policejní ředitelství. Datoen må ha vore ikring 28. juli 1914.

Bakgrunn

Ječná ulice er ei travel gate i Nové město som går frå Karlovo náměstí til IP Pavlova. Familien til Hašek budde ei stund i nummer 7 i 1884, året etter at han vart fødd.

Sitat
[1.5] Ukloniv se uctivě, odcházel s policejním strážníkem dolů na strážnici a za čtvrt hodiny bylo již vidět na rohu Ječné ulice a Karlova náměstí Švejka v průvodu druhého policejního strážníka, který měl pod paždí objemnou knihu s německým nápisem „Arrestantenbuch“.

Skrivst òg:Gerstengasse de

Karlovo náměstíen flag
Wikipedia czdeen Google kartsøk Švejk-muzeum
hasekjarmila.png

Forfattaren med kona Jarmila på Karlovo náměstí

Karlovo náměstí er ein anna stad Švejk gjekk forbi med politieskorte, på veg frå Salmova-stasjonen tilbake til Policejní ředitelství. Datoen må ha vore kring 28. juli 1914, dagen for krigslysinga mot Serbia.

Plassen vert nemnd fleire gonger i del 1 av romanen, det var i dette området Švejk budde. Det folkelege namnet "Karlák" vart brukt alt i fyrste kapittelet.

I [1.13] finn handlinga på ny stad her ettersom Švejk og Feldkurat Katz må til militærsjukehuset for å gje den siste olje. Sjå Vojenská nemocnice Karlovo náměstí.

Bakgrunn

Karlovo náměstí er senteret i Nové město og ein av dei største byplassane i Europa. I dag har den meir preg av å vera ein park enn eit bytorg. Den vart grunnlagd av kong Karl IV i 1348.

Plassen ligg i området der Jaroslav Hašek vaks opp og dette speglar seg i talet på stader i området som er nemnde i romanen: Zemský trestní soud, Černý pivovar, Vojenská nemocnice Karlovo náměstí, U mrtvoly, Kostel svátého Ignáce. Både gymanset og handelsakademiet (Českoslovanská akademie obchodní) der Hašek utdanna seg ligg få meter frå plassen.

Sitat
[1.5] Ukloniv se uctivě, odcházel s policejním strážníkem dolů na strážnici a za čtvrt hodiny bylo již vidět na rohu Ječné ulice a Karlova náměstí Švejka v průvodu druhého policejního strážníka, který měl pod paždí objemnou knihu s německým nápisem „Arrestantenbuch“.
[I.13] Potom přečetl polní kurát ještě jednou předpis, ve kterém se mu oznamuje, že zítra má jít na Karlovo náměstí do Vojenské nemocnice zaopatřovat těžce raněné.

Skrivst òg:Charles Square en Karlsplatz de Karlák Švejk

Litteratur

Spálená uliceen flag
Google kartsøk Švejk-muzeum
spalena.jpg

Spálená ulice, 1898

Spálená ulice dukkar opp i samband med at Švejk og eskorten hans stoppar i på hjørnet Karlovo náměstí - Spálená ul. for å lesa eit oppslag om krigslysinga ot Serbia. Truleg hende dette 28. juli 1914.

Gata er nemnd att i ein anekdote av Švejk i [1.15] der han snakkar om veskemakaren veskemakar Kuneš som alltid mista hundane sine.

Bakgrunn

Spálená ulice er ei gate i Nové město som går frå Karlovo náměstí nordover mot Národní třída (då Ferdinandova třída). Namnet betyr "Den brende gata".

Denne gata husa dessuta to restaurantar som er nemnde i romanen: Teissig og U Brejšky.

Sitat
[1.5] Na rohu Spálené ulice setkal se Švejk se svým průvodčím s tlupou lidí, kteří se tlačili kolem vyvěšeného plakátu. „To je manifest císaře pána o vypovězení války,“ řekl policejní strážník k Švejkovi.
[1.15] Ve Spálený ulici je nějakej brašnář Kuneš a ten nemoh jít se psem na procházku, aby ho neztratil. Vobyčejně ho nechal někde v hospodě nebo mu ho někdo ukrad nebo si ho vypůjčil a nevrátil...“

Skrivst òg:Brenntegasse de

Litteratur

Europaen flag
Wikipedia czdeennnno Google kartsøk

Europa blir nemnd av forfattaren i samband med hyhendet om krigslysinga. "og einstads frå den fjerne historia demra det for Europa at morgondagen ville utsletta dagens planar."

Bakgrunn

Europa var ved krigsutbrotet politisk lang mindre fragmentert enn i dag, ikkje minst grunna Austerrike-Ungarn som låg på område som no tilhøyrer 11 ulike statar. Tyskland og Russland var òg mykje større enn i dag. Den store krigen snudde opp ned på verdsdelen. Dei store rika Tyskland, Dobbeltmonarkiet, Tyrkia og Russland braut alle saman og tapa var enorme, ein reknar med at omlag 15 millionar mista livet. Berre Spania, Nederland, Sveits, Sverige, Danmark og Norge heldt seg nøytrale.

Sitat
[1.5] A kdesi v dálných dálavách historie snášela se k Evropě pravda, že zítřek rozboří i plány přítomnosti.

Skrivst òg:Evropa cz Europe en

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

5. Švejk på politistasjonen i Salmova-gata


© 2009 - 2021 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 18.6.2021