void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Stader

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914 som viser militærdistrikta og Švejk si rute. Heile handlinga i romanen føregjekk på Dobbeltmonarkiet sitt territorium.

Den gode soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar og øyar er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin internettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet.
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, romanen på nett og dessutan til svejkmuseum.cz.

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

Stader liste over stader som er omtala i romanen (591) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

7. Švejk dreg i krigen

Rabaen flag
Wikipedia ennnpl KartSøk Švejkův slovník
raba.jpg

Raba ved Dobczyce.

raba.png

Finljandskaja Gazeta, 30.11.1914

raba2.png

Kartvedlegg til "Kaiserbericht", 26. november 1914.

© ÖStA

Raba vert nemnd av forfattaren i starten på [I.7]. Austerrikske styrkar flyktar over elva og Austerrike er i knipe. Forfattaren kallar den Ráb, noko som lett kan forvekslast med den meir kjende elva Raab som renn gjennom Austerrike og Ungarn.

I [I.14] vert elva nemnd att i ein liknande omtale. Sjå ellers Dunajec.

Bakgrunn

Raba er ei elv i Galicia som renn ut i Wisła aust for Kraków, sør i det noverande Polen. I 1914 låg heile elvestrekninga på austerriksk territorium.

Hendingane som vert vist til i romanen er nesten sikkert stoda på slagmarka i Galicia i slutten av november 1914. Under framrykkkinga mot Kraków den 26. november kryssa den 3. russiske arme elva, leia av Radko Dimitrijev, og nokre avdelingar hadde kryssa den kvelden før ved Mikluszowice. I fylgje russiske rapportar trekte den austerriksk-ungarske hæren seg tilbake i uorden og leid under vaklande moral. Dei beit seg likevel fast i nye stillingar vest for elva, på strekninga Dobczyce - Niepołomice, men mot slutten av månaden var dei trengde tilbake til Wieliczka, berre 13 km sør-aust for Kraków.

Denne stoda varde til 8. desember då russarane vart trengde tilbake i retning Dunajec under slaget ved Limanowa. Det var under dette framstøyet mot Kraków at tsjekkiske frivillege i den russiske hæren, Česká Družina, for fyrste gong var i strid med k.u.k. Heer. Wieliczka var òg det lengste den keisarlege russiske hæren nokon gong kom mot vest.

Nemnd i ei forteljing

Elva vart nemnd av forfattaren alt i 1908 då soga Ve vesnici u řeky Rábu (I ein landsby ved elva Raba) kom på trykk i Besedy lidu. Dette tyder sterkt på at Jaroslav Hašek hadde vore der, mest truleg sommaren 1903 då han vitja Kraków.

Österreich-Ungarns letzter Krieg, Band I.

Südlich der Weichsel hatte sich im Verlaufe des 25. das Vorgehen des Russen zunächst nicht geltend gemacht. Erst am 26. vordem Hellwerden überschritt das XI. Korps die untere Raba und drängte die Gruppe Obst. Brauner auf die Linie Dziewin-Grobla zurück. Zu derselben Stunde griff das feindliche IX. Korps Bochnia an, das von der 11. ID. verteidigt wurde. Weiter südlich rückten stärkere russische Kräfte von G(Lipnica) her gegen die 30. ID. vor. Die auf Rajbrot entsandte 10. KD. war schon in der Nacht zum 25. auf Dobczyce zurückgenommen worden, da sie dringend einiger Erholung bedurfte. In solcher Lage meldete FZM. Ljubičić um 9h vorm., daß seine völlig erschöpften Truppen zu einem nachhaltigen Widerstand in der weitausgedehnten Front zwischen der Weichsel und der Straße Gdów-Muchówka nicht mehr befähigt seien. Inzwischen hatte die 11. ID. unter erheblichen Verlusten dem schweren russischen Druck bei Bochnia nachgeben müssen. FZM. Ljubičić ordnete daher um 9h45 vorm. den Rückzug seiner ganzen Gruppe in die vorbereitete Stellung Dobczyce-Niepołomice an.

Sitat
[I.7] V době, kdy lesy na řece Rábu v Haliči viděly utíkat přes Ráb rakouská vojska a dole v Srbsku rakouské divise jedna za druhou dostávaly přes kalhoty to, co jim dávno patřilo, vzpomnělo si rakouské ministerstvo vojenství i na Švejka, aby pomohl mocnářství z bryndy.
[I.14.5] Zatímco masy vojsk připnuté na lesích u Dunajce i Rábu stály pod deštěm granátů a velkokalibrová děla roztrhávala celé setniny a zasypávala je v Karpatech a obzory na všech bojištích hořely od požárů vesnic i měst, prožíval nadporučík Lukáš se Švejk nepříjemnou idylu s dámou, která utekla svému muži a dělala nyní domácí paní.

Skrivst òg:Ráb Hašek

Litteratur
Galiciaen flag
Wikipedia czdeennnnopluk KartSøk Švejkův slovník
galicia.jpg
galicia2.png

Nokre stader i Galicia som er nemnde i romanen (oransje).

galicia3.png

Venkov,5.7.1908

Galicia vert nemnd for fyrste gong av forfattaren i starten av [I.7]. Her fortel han at austerrikske styrkar flykta over elva Raba i Galicia. Mot slutten av romanen, frå [III.4] og den ufullførde Del fire føregår handlinga i si heilhet innafor området og i romanen er svært mange stader i Galicia nemnde. Dei viktigaste av desse er Kraków, Sanok, Przemyśl, Lwów og Sokal. Handlinga vert òg avslutta i Galicia, nær Żółtańce.

Bakgrunn

Galicia var fram til 1918 eit austerriksk kronland på nord-sida av Karpatane. Som politisk eining gjekk det under namnet Königreich Galizien und Lodomerien frå 1846 til 1918. På den tida var befolkninga blanda: med polakkar, tyskarar, jødar og ukrainarar som dei viktigaste gruppene. Galicia hadde stor grad av indre sjølvstyre og polsk var forvaltningsspråk og "poloniseringa" av landsdelen hadde endåtil støtte frå keisaren. Forvaltninga heldt til i Lwów som var ein polsk-dominert enklave i eit ellers ukrainsk område.

I september 1914 okkuperte Russland det meste av Galicia og k.u.k. Heer trekte seg tilbake til ei linje på vestbreidda av San 12. september. Mot slutten av november hadde fienden trengd endå lenger vest og truga Kraków. Frå 2. mai 1915 og utover sommaren vart storparten av Galicia teken tilbake av Sentralmaktene. Det var under denne offensiven Jaroslav Hašek deltok som soldat frå 11. juli til 24. september.

Frå 1918 tilfall området Polen, i 1939 vart det delt mellom Tyskland of Sovjetunionen, frå 1945 mellom Polen og Sovjetunionen, frå 1991 mellom Polen og Ukraina.

Hašek i Galicia

Utanom opphaldet under krigen kjende forfattaren Galicia godt frå sine lange vandringar like etter århundreskiftet. Han reiste her både i 1901 og 1903, meir presist i områda rundt Kraków og Tarnów. Han skreiv fleire forteljingar som var lagde til regionen, to av dei med jødiske tema frå ein småby han kalla Zapustna (ikkje lokalisert).

Sitat
[I.7] V době, kdy lesy na řece Rábu v Haliči viděly utíkat přes Ráb rakouská vojska a dole v Srbsku rakouské divise jedna za druhou dostávaly přes kalhoty to, co jim dávno patřilo, vzpomnělo si rakouské ministerstvo vojenství i na Švejka, aby pomohl mocnářství z bryndy.
[II.1] Stačilo to nejmenší, a důstojník se již loučil se svou posádkou a putoval na černohorské hranice nebo do nějakého opilého, zoufalého garnisonu v špinavém koutě Haliče.
[II.2] Přesunutí našich vojsk ve východní Haliči dalo původ k tomu, že některé ruské vojenské části; překročivše Karpaty, zaujaly pozice ve vnitrozemí naší říše, čímž fronta byla přesunuta hlouběji k západu mocnářství.
[II.4] I vy jste objednáni připojiti se k výletu do Haliče. Nastupte cestu s myslí veselou a lehkým, radostným srdcem.
[II.4] S city povznesenými nastoupíte pout do krajin, o kterých již starý Humboldt pravil: "V celém světě neviděl jsem něco velkolepějšího nad tu blbou Halič". Hojné a vzácné zkušenosti, jichž nabyla naše slavná armáda na ústupu z Haliče při prvé cestě, budou našim novým válečným výpravám jistě vítaným vodítkem při sestavování programu druhé cesty.

Skrivst òg:Halič cz Galizien de Galicja no Galicja pl Галичина ua

Litteratur
Krakówen flag
Wikipedia czdeennnnopl KartSøk
krakow.jpg

Kraków, Główny Rynek, vor 1905

korps1.jpg

Militärterritorial- und Ergänzungsbezirkseinteilung,1912

krakow.png

Hašek si forteljing på trykk i Cleveland.

Dennice novověku,18.5.1905

Kraków vert nemnd av Švejk i samtale med fru Müllerová då han fortel at han er kalla inn til krigsteneste. Her kjem det fram at russarane skal vera nesten framme i byen, noko som stemde med den militære stoda rundt 1. desember 1914.

I [I.15] dukkar byen opp i ein høgforrædersk samtale mellom Švejk og ein anna soldat: tsaren skal alt vera der og ved Náchod kan ein høyra drønn frå det russiske artilleriet.

Bakgrunn

Kraków er ein by i det sørlege Polen og nest største byen i landet med over 700 000 innbyggjarar. Den har ei godt bevart gamal bykjerne som står på UNESCO si verdsarvliste.

Fram til 1918 var Kraków del av Cisleithanien og dessutan eige kronland innafor Galicia.

Kraków vart ikkje utsett for kampar og øydeleggjingar under fyrste verdskrigen men i slutten av november 1914 var stoda kritisk ettersom russiske styrkar kom fram til posisjonar berre 13 kilometer frå byen før dei vart trengde tilbake til elva Dunajec under slaget ved Limanowa.

Hašek i Kraków

Jaroslav Hašek vitja området sommaren 1901 og på ny i juli 1903[a]. Ved siste høvet vart han i fylgje eiga forteljing arrestert etter å ha kryssa grensa til russisk Polen utan å ha papira i orden[b]. I 1905 trykte Světozor forteljinga Mezi tuláky (Mellom landstrykarar), der Hašek fortel om opphaldet sitt i byfengselet[c]. Soga dukka jamvel opp i den tsjekkisk-amerikanske avisa Dennice novověku (Cleveland, Ohio) i mai same året, og vart dessutan trykt av Besedy lidu.

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Kraków vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 13 (Krakau) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 16 (Krakau). Den var ein viktig garnisonsby, og vart verna av eit av dei sterkaste festningskompleksa i riket. Byen var hovudkvarteret til Korpsbezirk Nr. 1 òg dei aller fleste våpengreinene var til stades her. Av dei me kjenner frå Den gode soldat Švejk kan nemnast k.u.k. Kavallerietruppendivision Nr. 7, Traineskadron Nr. 3 og k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 16.

Sitat
[I.7] „Panenko Maria,“ vykřikla paní Müllerová, „co tam budou dělat?“ „Bojovat,“ hrobovým hlasem odpověděl Švejk, „s Rakouskem je to moc špatný. Nahoře nám už lezou na Krakov a dole do Uher.
[I.15] Když oba potom ještě dále tlumočili názor českého člověka na válku, voják z kasáren opakoval, co dnes slyšel v Praze, že u Náchoda je slyšet děla a ruský car že bude co nejdřív v Krakově.

Skrivst òg:Krakov cz Krakau de

Litteratur
Referensar
aToulavé houseRadko Pytlík1971
bProcházka přes hraniceJaroslav Hašek1915
cMezi tulákySvětozorJaroslav Hašek10.2.1905
Ungarnen flag
Wikipedia czdeenhunnno KartSøk Švejkův slovník
ungarn.jpg

Magyar Állam közigazgatási térképe (1914)

ungarn.png

Ottův slovník naučný, 1907

Ungarn vert nemnd av Švejk i samtale med fru Müllerová då han fortel at han er kalla inn til krigsteneste. Russarane står snart i Ungarn. Seinare kjem siste del av handlinga i del II og storparten av del III til å føregå i kongedømet. Švejk sitt fyrste møte med Ungarn var i Királyhida og han forlet territoriet deira i Palota. Det kjem òg fram at han har vore i Ungarn før krigen, på manøver ved Veszprém.

Merk at det vanlege tsjekkiske omgrepet for Ungarn, Maďarsko, vert aldri brukt i romanen.

Bakgrunn

Ungarn (Magyar Királyság) er i denne samanhengen det historiske kongeriket som frå 1867 til 1918 var i personal-union med Austerrike og som saman med dei utgjorde Austerrike-Ungarn. Kongedømet Ungarn omfatta grovt rekna det moderne Ungarn, Slovakia, Burgenland, Transilvania og dei delene av dagens Ukraina som ligg vest for Karpatane. Statsoverhovud var kong I. Ferenc József (i.e. Franz Josef). Kroatia var eit nominelt kongerike som vart styrt frå Ungarn men med betydeleg sjølvstyre.

Folketalet var i 1910 godt over 21 millionar og etniske ungararar utgjorde mindre enn halvparten. Hovudstad var i denne perioden Budapest. Kongedømet vart òg omtala som Den heilage ungarske Stefanskrones land, og etter 1867 med det latinske Transleithanien, landet bortafor Leitha. Kongeriket grensa til Austerrike, Romania og Serbia.

Frå Ausgleich i 1867 brukte Ungarn det nyvunne sjølvstendet sitt til å innføra ein madjariseringspolitikk som førde til motvilje blandt minoritetane i kongeriket. Ved Trianon-freden i 1920 mista landet bortimot to tredjedeler av landområdet og folketalet sitt, men kongeriket eksisterte framleis formelt fram til 1946, rettnok utan konge. Sidan den tid har Ungarn vore republikk.

Sitat
[I.7] „Panenko Maria,“ vykřikla paní Müllerová, „co tam budou dělat?“ „Bojovat,“ hrobovým hlasem odpověděl Švejk, „s Rakouskem je to moc špatný. Nahoře nám už lezou na Krakov a dole do Uher.
[I.13] Ten padne v Karpatech s mou nezaplacenou směnkou, ten jde do zajetí, ten se mně utopí v Srbsku, ten umře v Uhrách ve špitále.
[II.3] "To už se dávno vědělo," řekl k němu po cestě jednoroční dobrovolník, "že nás přeloží do Uher.
[II.4] Jest rozhodné povinností úradu vyšetriti tento zlocin a optati se vojenského velitelství, které jisté již se touto aférou zabývá, jakou úlohu v tom bezpríkladném štvaní proti príslušníkum Uherského království hraje nadporucík Lukasch, jehož jméno uvádí se po meste ve spojitosti s událostmi posledních dnu, jak nám bylo sdeleno naším místním dopisovatelem, který sebral již bohatý materiál o celé afére, která v dnešní vážné dobe prímo kricí.
[II.4] Že se věcí bude zabývat peštská sněmovna, je nabíledni, aby nakonec se ukázalo jasné, že čeští vojáci, projíždějící Uherským královstvím na front, nesmí považovat zemi koruny svatého Štěpána, jako by ji měli v pachtu.
[II.4] Divizijní soud ve svém přípise na velitelství našeho pluku," pokračoval plukovník, "přichází k tomu mínění, že se vlastně o nic jiného nejedná než o soustavné štvaní proti vojenským částem přicházejícím z Cislajtánie do Translajtánie.

Skrivst òg:Uhry Hašek Magyaria Sadlon Maďarsko/Uhersko/Uhry cz Hungary en Magyar Királyság hu

Litteratur
Piemonteen flag
Wikipedia czdeenfritno KartSøk
piemonte.jpg

Stader som vart okkuperte av Austerrike i mai 1859 merka raudt.

Piemonte dukkar opp i den kjende tsjekkiske folkevisa Jenerál Windischgrätz a vojenští páni som Švejk syng i sjukesenga etter å ha vart kalla inn til mønstring av hæren.

Bakgrunn

Piemonte var i 1914 som i dag ein provins i Italia. Den ligg nord-vest i landet opp mot Alpane og grensar mot Frankrike og Sveits. Hovudstaden er Torino.

Det songen viser til er hendingar under den andre italienske frigjeringskrigen i 1859. Den 27. april braut det ut krig mellom Austerrike og Sardinia (som Piemonte tilhøyrde). I starten av krigen, før Sardinia fekk fram forsterkingane frå sin allierte Frankrike, rykka austerrikske styrkar inn i Piemonte. Dette var over grenseelva Ticino 29.april, og dei okkuperte mellom anna Novara, Montara, Vercelli og området rundt. Dei fire bruene det er snakk om i songen kan nok visa til Ticino eller elva Sesia lenger vest (som var det lengste invasjonshæren kom). Innan tidleg juni hadde austerrikarane trekt seg aust for Ticino att, og heile Piemonte var på ny under alliert kontroll.

Krigen enda med siger for Sardinia og Frankrike, og førde til at Austerrike måtte avstå heile Lombardia. Det avgjerande slaget stod ved Solferino 24. juni 1859, nemnd i same songen. Våpenstillstanden vart effektuert 12.juli (il armistizio de Villafranca).

Sitat
[I.7] Uděšená paní Müllerová pod dojmem strašného válečného zpěvu zapomněla na kávu a třesouc se na celém těle, uděšena naslouchala, jak dobrý voják Švejk dál zpívá na posteli:
S panenkou Marií a ty čtyry mosty, postav si, Pimonte, silnější forposty, hop, hop, hop!

Skrivst òg:Pimonte Hašek Piemont cz Piemont de Piedmont en Piedmont fr

Litteratur
Solferinoen flag
Wikipedia czdeenitno KartSøk Švejkův slovník
solferino.jpg

Slagmarka ved Solferino

Solferino vert nemnd i songen Jenerál Windischgrätz a vojenští páni som Švejk patriotisk stemmer i etter at han vart innkalla og omgåande fekk giktanfall.

Bakgrunn

Solferino er ein småby i Italia, litt sør for Garda-sjøen. Under den andre italienske sjølvstendekrigen, tapte Austerrike det avgjerande slaget her mot Frankrike og Sardinia den 24. juni 1859. Slaget betydde slutten på krigshandlingane og Austerrike måtte avstå Lombardia og utfallet bana vegen for samlinga av Italia.

Opphavet til Raude Kross

Henry Dunant deltok i dette slaget og bevega av lidingane til soldatane grunnla han seinare Raude Kross. Dette var siste større slaget i historia der armeane stod under direkte kommando av monarkane. Kaiser Franz Joseph I. trekte seg som austerriksk øvstkommanderande etter dette slaget.

Windischgrätz

Eit par vers av songen om General Windischgrätz er òg attgjeven i Dobrý voják Švejk v zajetí og in ein samanheng som er svært lik[a].

Sitat
[I.7] Byla bitva, byla, tam u Solferina, teklo tam krve moc, krve po kolena, hop, hop, hop!

Krve po kolena a na fůry masa, vždyť se tam sekala vosumnáctá chasa, hop, hop, hop!
Litteratur
Referensar
aDobrý voják Švejk v zajetíJaroslav Hašek1917
Austerrike-Ungarnen flag
Wikipedia czdeenhuno Søk Švejkův slovník
dobbelmonarkiet.png
monarchie.png

Austerrike-Ungarn vert nemnd for fyrste gong av forfattaren, på denne måten: "slik var det, at på den tida då Wien ynskte at alle nasjonar av Austerrike-Ungarn ga framståande eksempel på trufastheit og lojalitet, skreiv doktor Pávek ut brom til Švejk mot hans fedrelandskjærleik og rådde den gode og heltemodige soldaten frå å tenkja på det militære".

I [II.4] vert riket nemnd gjentatte gonger i parlamentsmedlem Barabás sin artikkel i Pester Lloyd.

Ellers er statsdannelsen Austerrike-Ungarn og dens institusjonar det viktigaste målet for Jaroslav Hašek sin satire gjennom heile romanen. Handlinga føregår frå start til slutt på territoriet til Dobbeltmonarkiet, frå Praha i vest til elva Bug i aust. Den er dessutan innom viktige storbyar som Wien, Lwów og Budapest. Monarkiet si viktigaste trafikkåre, Donau, er òg til stades. Romanen har hundrevis av referansar til stader i riket.

Bakgrunn

Austerrike-Ungarn var ei politisk eining som eksisterte frå 8. juni 1967 til 21. oktober 1918 i form av ein personal-union mellom Austerrike og Ungarn. I flatevidde og folketal (ca. 52 millionar) var staten ein av dei største i Europa. Austerrike-Ungarn var ein multi-etnisk stat med 11 offisielle språk og endå fleire folkegrupper. Den var eit konstitusjonelt monarki med relegionsfridom og ålmenn stemmerett om enn med autokratiske trekk. Spesielt gjaldt dette i Ungarn der dei etniske mindretala hadde ein langt svakare stilling enn i den austerrikske delen.

Med si blanda befolking var Austerrike-Ungarn svært sårbar for indre konfliktar, noko som spesielt viste seg i krisetider. Det var òg store skilnader i økonomisk og sosial utvikling mellom dei ulike delene av riket. Det noverande Tsjekkia og Austerrike var for det meste industrielt høgt utvikla medan Balkan, deler av Ungarn og Galica var relativt tilbakeståande agrarsamfunn.

Fram til det Ausgleich i 1867 vart staten berre kalla Keisardømet Austerrike. Ungarn utnytta nederlaget mot Preussen året før til å tvinga gjennom ei omfordeling av makt som gjorde dei likestilte med Austerrike. Desse særrettane til ungararane vekte stor harme hjå dei mange andre folkeslaga i riket. Tsjekkarane var spesielt misnøgde ettersom dei bidrog med nesten 25 prosent av skatteinntektene (sjølv om dette talet inkluderer tyskarane i Böhmen og Mähren).

Staten vart òg kalla Dobbelmonarkiet eller Donaumonarkiet. Kaiser Franz Joseph I. var keisar av Austerrike og konge av Ungarn. Elva Leitha danna til dels grensa mellom dei to delene av monarkiet, som difor uoffisielt vart omtala med dei omgrepa Cisleithanien og Transleithanien.

Det offisielle namnet på tysk var Die im Reichsrat vertretenen Königreiche und Länder und die Länder der heiligen ungarischen Stephanskrone.

Sitat
[I.7] A tak v době, kdy Vídeň si přála, aby všichni národové Rakousko-Uherska dávali nejskvělejší příklady věrnosti a oddanosti, předepsal doktor Pávek Švejkovi proti jeho vlasteneckému nadšení brom a doporučoval statečnému a hodnému vojínu Švejkovi, aby nemyslil na vojnu.
[II.4] Vedení války vyžaduje součinnost všech vrstev obyvatelstva rakouskouherského mocnářství.
[II.4] ... o čemž svědčí celá řada vynikajících českých vojevůdců, z nichž vzpomínáme slavné postavy maršálka Radeckého a jiných obranců rakousko-uherského mocnářství.

Skrivst òg:Rakousko-Uhersko cz Österreich-Ungarn de Austria-Hungary en Ausztria-Magyarország hu

Litteratur
Beograden flag
Wikipedia czdeennnno KartSøk
beograd.png

Bergens Tidende,30.7.1914

beograd.jpg
belgradbrucken.png

Böhmerwalds Söhne im Felde,1924-1928

Beograd vert i romanen uttrykt gjennom Švejk sitt patriotiske utrop frå rullestolen: "Til Beograd, til Beograd!". Den vert òg nemnd i Királyhida når forfattaren fortel soga om den falske eittårsfrivillege Zugsführer Teveles.

Bakgrunn

Beograd var i 1914 hovudstad i kongeriket Serbia, seinare vart den hovudstad i Jugoslavia. Den låg strategisk svært utsett til, heilt på grensa til Ungarn som på den tida rådde over Vojvodina og Banat på andre breiddene av elvane Sava og Donau. Den noverande bydelen Zemun vest for Sava låg i Ungarn. Dei fyrste skota i verdskrigen vart fyrde mot Beograd frå elvebåtar 29. juli 1914.

I slutten av november gav serbarane opp byen og 2. desember 1914 rykka k.u.k. Wehrmacht inn. Eit serbisk motåtak gjorde likevel byen uhaldbar: den 15. måtte okkupantane trekkja seg tilbake. Byen fall ikkje att før i 9. oktober 1915 då den serbiske motstanden braut saman etter at Bulgaria og Tyskland kom Austerrike-Ungarn til hjelp. Beograd vart frigjord 1. november 1918 av serbiske og franske styrkar.

IR. 91 og Beograd

Infanterieregiment Nr. 91 var i kamp ved elva Kolubara på tidspunktet då Beograd vart okkupert, og dei neste to vekene trekte dei seg nordover mot byen. Det var herfrå dei kom seg over Sava og i sikkerheit 14. og 15. desember. Regimentet var komplett desimert etter slaget og retretten frå Kolubara, og då dei trekte seg tilbake frå Beograd var det i full uorden, delte opp i mindre grupper, og i fylgje regimentskommandanten major Kießwetter var det tilfelle av samanbrot i disiplin blandt mennene hans, og sjølv tilbake på ungarsk område i Zemun førekom det plyndring og utbreidd fyll. Tre heile kompani vart tekne til fange under den retretten[a].

Fire av offiserane me kjenner som modellar for personar i Den gode soldat Švejk tok del i slaget ved Kolubara og den traumatiske tilbaketrekninga: Rudolf Lukas, Čeněk Sagner (fram til 27. november) og Jan Eybl (frå 30. november). Kommandanten for II. bataljon, Franz Wenzel, vart sjukmeld under siste veka av tilbaketoget.

Den gode soldat Švejk i fangeskap

Beograd er i Dobrý voják Švejk v zajetí nemnd i akkurat ein lik samanheng som i Den gode soldat Švejk. Då Švejk vert trilla til c.k. policejní ředitelství i rullestol, ropar han ut: "Til Beograd! Til Beograd!". Seinare vart Beograd sitt fall tidleg i desember 1914 vist til[1]

Na rohu Krakovské ulice dav zmlátil tři buršáky a průvod za zpěvu "Nemelem, nemelem" dostal se až k BVodičkově ulici, kde dobrý voják Švejk vztyčuje se bolestí ve vozíku a rozmachuje kolem berlemi, zvolal: "Ještě jednou na Bělehrad, na Bělehrad!" A vtom již do toho vrazila policie pěší i jízdní.

Když padl Bělehrad, Franz Rypatschek z velkého nadšení pomaloval se černě a žlutě a šel tak vzdát hold za šestý okres.

Sitat
[I.7] Na rohu Krakovské ulice dav zmlátil tři buršáky a průvod za zpěvu "Nemelem, nemelem" dostal se až k BVodičkově ulici, kde dobrý voják Švejk vztyčuje se bolestí ve vozíku a rozmachuje kolem berlemi, zvolal: "Ještě jednou na Bělehrad, na Bělehrad!" A vtom již do toho vrazila policie pěší i jízdní.
[I.7] Když padl Bělehrad, Franz Rypatschek z velkého nadšení pomaloval se černě a žlutě a šel tak vzdát hold za šestý okres.
[I.7] Stará žena, strkající před sebou vozík, na kterém seděl muž ve vojenské čepici s vyleštěným „frantíkem“, mávající berlemi. A na kabátě skvěla se pestrá rekrutská kytka. A muž ten, mávaje poznovu a poznovu berlemi, křičel do pražských ulic: „Na Bělehrad, na Bělehrad!
[II.3] Vodička se zasmál: „To máš na frontě na denním pořádku. Vypravoval mně můj jeden kamarád, je teď taky u nás, že když byl jako infanterák pod Bělehradem, jejich kumpačka v gefechtu vodstřelila si svýho obrlajtnanta, taky takovýho psa, který zastřelil sám dva vojáky na pochodu, poněvadž už dál nemohli.
[II.4] Když si vzpomenu, že pod Bělehradem stříleli Maďaři po našem druhém maršbataliónu, který nevěděl, že jsou to Maďaři, kteří po nich střílí, a počal pálit do deutschmajstrů na pravém křídle, a deutschmajstři zas si to také spletli a pustili oheň po bosenském regimentu, který stál vedle.

Kjelder: Rudolf Kießwetter

Skrivst òg:Bělehrad cz Belgrad de Belgrade en Београд se

Litteratur
Referensar
aBelgradBöhmerwalds Söhne im Felde Nr.9Rudolf Kießwetter1924-1928
1Dobrý voják Švejk v zajetíJaroslav Hašek1917
Václavské náměstíen flag
Wikipedia czdeen KartSøk Švejkova cesta
vacnam.jpg

Václavské náměstí vert nemnd i den vidkjende scena då Švejk vart trilla nedover plassen i rullestol av fru Müllerová, på veg til mønstring. Det hadde samla seg ein folkestim på nokre hundre rundt dei.

Bakgrunn

Václavské náměstí er den mest kjende byplassen i Nové město (Nyebyen) om ikkje i heile Praha. Plassen er sentrum for Praha sitt forretningsområde og strekkjer seg frå Nasjonalmuseet nordover mot Staré město (Gamlebyen). Den er kalla opp etter den tsjekkiske nasjonalhelgenen Heilage Václav.

Jaroslav Hašek var ein kjend skikkelse i redaksjonane i gata ettersom han samarbeidde både med České slovo og Národní politika. Desse avisene trykte mange av forteljingane hans før krigen.

Den gode soldat Švejk i fangeskap

I Dobrý voják Švejk v zajetí vert Švejk under forhøyret på k.u.k. Militärgericht Prag skulda for å ha laga oppstyr på Wenselsplassen.[1]

"Tak, tak," poznamenal veselý auditor, "vy jste tedy provedl švandu na Václavském náměstí. Byla to legrace, co říkáte, Švejku?"

Sitat
[I.7] "Tak, tak," poznamenal veselý auditor, "vy jste tedy provedl švandu na Václavském náměstí. Byla to legrace, co říkáte, Švejku?"
[I.7] Na Václavském náměstí vzrostl zástup kolem vozíku se Švejkem na několik set hlav a na rohu Krakovské ulice byl jím zbit nějaký buršák, který v cerevisce křičel k Švejkovi: „Heil! Nieder mit den Serben!“ Na rohu Vodičkovy ulice vjela do toho jízdní policie a rozehnala zástup.

Skrivst òg:Wenceslas Square en Wenzelplatz de Wenselsplassen no

Referensar
1Dobrý voják Švejk v zajetíJaroslav Hašek1917
Krakovská uliceen flag
KartSøk Švejkova cesta Švejkův slovník
krakovska.jpg

Hjørna av Václavské nám. og Krakovská ulice

Krakovská ulice er nemnd avdi ein tysk-talande student vart banka opp av folkemengda på hjørna mellom denne gata og Václavské náměstí. Han hadde ropt "Heil! Nieder mit den Serben!"

Bakgrunn

Krakovská ulice er ei sidegate til Václavské náměstí, den går mot nord og endar i sørenden av sistnemnde.

Den gode soldat Švejk i fangeskap

I Dobrý voják Švejk v zajetí er gata òg nemnd og temaet er det same som i romanen: Švejk vert trilla til mønstring i rullestol. Her er det tenaren Bohuslav og ikkje fru Müllerová som tek den tunge oppgåva.[1]

Na rohu Krakovské ulice dav zmlátil tři buršáky a průvod za zpěvu "Nemelem, nemelem" dostal se až k Vodičkově ulici, kde dobrý voják Švejk vztyčuje se bolestí ve vozíku a rozmachuje kolem berlemi, zvolal: "Ještě jednou na Bělehrad, na Bělehrad!" A vtom již do toho vrazila policie pěší i jízdní.

Sitat
[I.7] Na rohu Krakovské ulice dav zmlátil tři buršáky a průvod za zpěvu "Nemelem, nemelem" dostal se až k Vodičkově ulici, kde dobrý voják Švejk vztyčuje se bolestí ve vozíku a rozmachuje kolem berlemi, zvolal: "Ještě jednou na Bělehrad, na Bělehrad!" A vtom již do toho vrazila policie pěší i jízdní.
[I.7] Na Václavském náměstí vzrostl zástup kolem vozíku se Švejkem na několik set hlav a na rohu Krakovské ulice byl jím zbit nějaký buršák, který v cerevisce křičel k Švejkovi: „Heil! Nieder mit den Serben!“ Na rohu Vodičkovy ulice vjela do toho jízdní policie a rozehnala zástup.

Skrivst òg:Krakow street en Krakauerstrasse de

Referensar
1Dobrý voják Švejk v zajetíJaroslav Hašek1917
Vodičkova uliceen flag
KartSøk Švejkova cesta Švejkův slovník
vodickova.jpg

Vodičkova ulice er nemnd ettersom mengda som fylgde etter Švejk vart drivne frå kvarandre av ridande politi på hjørnet mellom Vodičková og Václavské náměstí.

Gata dukkar opp at på ny i [I.13] når Feldkurat Katz og Švejk køyrer gjennom på veg til Vojenská nemocnice na Karlově náměstí for å gje den siste olje.

Bakgrunn

Vodičkova ulice er den travlaste sidegata til Václavské náměstí nordvestfrå. Mange trikkar går gjennom den og gata ligg òg i eit livleg handledistriktet.

Den gode soldat Švejk i fangeskap

I Dobrý voják Švejk v zajetí er gata òg nemnd og temaet er det same som i romanen: Švejk vert trilla til mønstring i rullestol. Her er det tenaren Bohuslav og ikkje fru Müllerová som tek den tunge oppgåva.[1]

Na rohu Krakovské ulice dav zmlátil tři buršáky a průvod za zpěvu "Nemelem, nemelem" dostal se až k Vodičkově ulici, kde dobrý voják Švejk vztyčuje se bolestí ve vozíku a rozmachuje kolem berlemi, zvolal: "Ještě jednou na Bělehrad, na Bělehrad!" A vtom již do toho vrazila policie pěší i jízdní.

Sitat
[I.7] Na rohu Krakovské ulice dav zmlátil tři buršáky a průvod za zpěvu "Nemelem, nemelem" dostal se až k Vodičkově ulici, kde dobrý voják Švejk vztyčuje se bolestí ve vozíku a rozmachuje kolem berlemi, zvolal: "Ještě jednou na Bělehrad, na Bělehrad!" A vtom již do toho vrazila policie pěší i jízdní.
[I.7] Na Václavském náměstí vzrostl zástup kolem vozíku se Švejkem na několik set hlav a na rohu Krakovské ulice byl jím zbit nějaký buršák, který v cerevisce křičel k Švejkovi: „Heil! Nieder mit den Serben!“ Na rohu Vodičkovy ulice vjela do toho jízdní policie a rozehnala zástup.
[I.13] A Švejk do toho zvonil, drožkář sekal bičem dozadu, ve Vodičkové ulici nějaká domovnice, členkyně mariánské kongregace, ...

Skrivst òg:Wassergasse de

Referensar
1Dobrý voják Švejk v zajetíJaroslav Hašek1917
Střelecký ostroven flag
Wikipedia cz KartSøk Švejkova cesta Švejkův slovník
strelos.jpg
strelos4.jpg

Hagerestauranten var åstaden for mønstringa

Střelecký ostrov var staden der Švejk måtte melde seg for Odvodní komise (mønstringskommisjonen). Han vart trilla dit i rullestol av fru Müllerová, vakta av to politimenn til hest. Her vart han ynskja velkommen av doktor Bautze som ytra dei no vidkjende orda: "Das ganze tschechische Volk ist eine Simulantenbande".

Bakgrunn

Střelecký ostrov er ei øy i Vltava i Praha som ligg nedafor Most Legií nær vestbreidda av elva. Den vart alt i 1914 eit populært utfluktsområde med ein stor restaurant på sørenden av øya.

Landsturmmusterung

Frå 1. september 1914 fekk denne restauranten ei ny rolle: mønstringar for Landsturm (Heimeforsvaret) fann stad her. Den fyrste aldersgruppa som var kalla inn var fødde i 1892, 1893 and 1894. Av desse vart om lag halvparten funne stridsdyktige. Mellom 16.november og 31.desember kom turen til dei som var fødde mellom 1878 og 1890.

I denne aldersgruppa vart langt færre funne dugelege, berre rundt 30 prosent. Innkallingane gjaldt berre menn som tidlegare hadde vorte kjende ueigna til strid, eller dei som opprinneleg hadde vorte rekna sridsdyktige - men seinare var vorte dimmiterte før tida - med andre ord superarbitrerte. Vanlege Landsturm-soldatar over 32 år og som alltid hadde vore stridsdyktige vart kalla in tidlegare i krigen, og slost ofte som eigne Landsturm regiment. Sjå òg Odvodní komise.

Hašek som domobranec
strelos2.png

Prager Tagblatt,17.11.1914

Militære dokument viser til Jaroslav Hašek som Landsturminfanterist, seinare Landsturm Gefreiter mit Einjährig-Freiwilliger Abzeichen. Ein må difor gå ut frå at han vart mønstra på Střelecký ostrov, og fleire kjelder stadfestar at han faktisk vart det, mellom dei Břetislav Ludvík. Mønstringa som gjaldt Jaroslav Hašek si aldersgruppa kom på lysing i avisene 12. november 1914.

På Střelecký ostrov måtte fylgjande møta opp: fødde 1878-1990 som budde i Praha og hadde heimstadrett i byen eller fødde 1878-1883 som budde i byen men hadde Heimatrecht andre stader. Jaroslav Hašek, fødd i 1883 med heimstadrett i Mydlovary, høyrde faktisk til den siste kategorien. Dei yngre årskulla (1884-1990) med heimstadrett utafor Praha måtta melda seg på Beseda. Årsgangen 1883 med heimstadrett utafor byen vart mønstra frå 13. til 15.desember, så forfattaren var nokså sikkert mellom desse. Dei frå denne gruppa som vart vurderte dugelege skulle melda seg til teneste 15. februar 1915.

Landšturmák Švejk
strelos3.png

Čech,12.11.1914

Švejk hadde utan tvil Heimatrecht in det sørlege Böhmen for ellers hadde han ikkje tenestegjord ved Infanterieregiment Nr. 91. Dette saman med andre opplysningar om mønstringane gjev ein peikepinn om Švejk sin alder. Hadde van vore meir enn 36 hadde han ikkje vorte kalla inn i denne runden, og hadde han vore under 30 hadde han måtta møta ved Beseda. Det faktum at Švejk var superarbitriert og vart mønstra på Střelecký ostrov betyr at han var landšturmák og mellom 30 og 36 år i 1914. Ein kan rettnok tenkja seg at han kan ha vore i aldersgruppa 20-22 som rapporterte i oktober, men dette er usannsynleg ettersom forfattaren opplyser om at romanhelten vart kalla inn då austerrikarane rømde over Raba, noko som var tilfelet i slutten av November.

Sitat
[I.7] Když Švejk revírnímu inspektorovi ukázal, že to má černé na bílém, že dne musí před odvodní komisi, byl revírní inspektor trochu zklamán; kvůli zamezení výtržnosti dal doprovázet vozík se Švejkem dvěma jízdními strážníky na Střelecký ostrov.

Skrivst òg:Schützeninsel de

Litteratur
Bayonneen flag
Wikipedia czdeenfrno KartSøk Švejkův slovník
bajonet.jpg

Mannlicher M95 bajonett

Bayonne er nemnd indirekte gjennom "bajonett", eit våpen som skal ha fått namn etter denne franske byen. Våpenet dukkar naturleg nok opp mange gonger utover i romanen, men fyrste gongen den er nemnd er i samband med at to soldatar med påsette bajonettar eskorterte Švejk frå Střelecký ostrov til Posádková vězniceHradčany.

Bakgrunn

Bayonne er ein by i Frankrike som skal he gjeva namn til bajonetten, eit stikkvåpen som vert typisk vert montert på gevær og brukt i nærkamp.

Bajonetten vart funnen opp i det 17. århundret og var mykje brukt i fyrste verdskrigen, noko som kjem fram i teksten i romanen. Standardrifla i k.u.k. Heer, Mannlicher M95, kunne utstyrast med ulike variantar. Våpenet er enno i bruk i moderne hærar (2017).

Sitat
[I.7] Dva vojáci s bajonety odváděli Švejka do posádkové věznice. Švejk šel o berlích a s hrůzou pozoroval, že jeho revmatismus začíná mizet.
Litteratur
Most císaře Františka I.en flag
Wikipedia cz KartSøk
cismost.png

Zlatá Praha,21.6.1901

Most císaře Františka I. var brua ovafor Střelecký ostrov der fru Müllerová forgjeves venta på Švejk etter mønstringa. Namnet på brua er ikkje nemnd i teksten, men utfrå omtalen er det ingen tvil kva bru det er snakk om.

Bakgrunn

Most císaře Františka I. er det tidlegare namnet på Most Legií, ei bru over Vltava i Praha, oppkalla etter den siste tysk-romerske keisaren Franz I.. Den vart opna av Kaiser Franz Joseph I. den 14. juni 1901. Seinare har brua vorte omdøypt fleire gonger. Den erstatta ei tidlegare hengjebru frå 1841. Sjå òg Starej Procházka.

Sitat
[I.7] Paní Müllerová, která čekala nahoře na mostě s vozíkem na Švejka, když ho viděla pod bajonety, zaplakala a odešla od vozíku, aby se vícekrát k němu nevrátila.
Litteratur
Malá Stranaen flag
Wikipedia czdadeen KartSøk Švejkova cesta
malastrana.jpg

Malostranské náměstí med Radetzky-monumentet.

malastrana2.png

Malá Strana rundt 1910 med dei viktige k.k statsinstitusjonane.

© AHMP

Malá Strana er nemnd ved at Švejk vart førd gjennom bydelen på veg til arresten på Hradčany. Švejk går forbi Malostranské náměstí på vegen dit. Dette bytorget er i boka indirekte referert til gjennom Radetzky-monumentet som sto her fram til 1918.

Handlinga er kort innom Malá Strana på ny i [I.10]Švejk verd førd til Feldkurat Katz og i [I.14] då han og Blahník planlegg hundetjuveriet. Ellers vert stader i bydelen nemnd i fleire anekdotar utover i romanen. Sjå U Montágů, U krále brabantského, U svatého Tomáše.

Bakgrunn

Malá Strana er namnet på ein av Praha sine eldste bydeler. Namnet betyr "Veslesida" og vart opprinneleg brukt som kortform for "Menší město pražské", "Prahas mindre by". Bydelen ligg på vestsida av Vltava like under Praha-borga. Den grensar mot Hradčany og Smíchov. Bydelen er ikkje lenger ei administrativ eining men har enno status som martikkelområde. Fram til 1922 var bydelen einsbetydande med Praha (III).

Statsinstitusjonar

Under Dobbeltmonarkiet var Malá Strana hovudsete for tre av imperiet sine mektigaste representar i Böhmen: k.k. Statthalterei, k.k. Landesgericht, og 8. Armeekorps (see Korpskommando). Den fyrste representerte Wien si utøvande statsmakta, under krigen i praksis eit diktatur. Den andre institusjonen var rettsvesenet, og den tredje krigsmakta. Armekorpset sin jurisdiksjon omfatta Praha og områda i sør og vest til grensense mot Austerrike og Bayern. Resten av Böhmen sorterte under det 9. armekorps i Litoměřice (Leitmeritz). Til det 8. armekorpset høyrde 9. Infanteriedivision som Infanterieregiment Nr. 91 kom under. Heile korpset var mobilisert 26.juli 1914 og sendt til Serbia der det leid katastrofale tap utover hausten.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Malá Strana 20 374 innbyggjarar der 17 910 (87 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen.

Kjelde:Seznam míst v království Českém(1913)

Sitat
[I.7] Bajonety svítily v záři slunce a na Malé Straně obrátil se Švejk před pomníkem Radeckého k zástupu, který je vyprovázel: „Na Bělehrad! Na Bělehrad!“

Skrivst òg:Kleinseite de

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

7. Švejk dreg i krigen


© 2008 - 2024 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 16.3.2024