void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Stader

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914 som viser militærdistrikta og Švejk si rute. Heile handlinga i romanen føregjekk på Dobbeltmonarkiet sitt territorium.

Den gode soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar og øyar er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin internettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet.
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, romanen på nett og dessutan til svejkmuseum.cz.

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

Stader liste over stader som er omtala i romanen (591) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

1. Švejk sine uhell på toget

Middelhaveten flag
Wikipedia czdeenitlannno KartSøk
medit.png

"Grégrova příručka", Josef Kafka, 1912

medit.jpg
gambetta.png

Bohemia, 28.4.1915

middelhavet.jpg

Arbeiterwille, 17.5.1915

Middelhavet er såvidt nemnd avdi Oberleutnant Lukáš på toget til Budějovice les i Bohemia om framgangen til den tyske u-båten "E" og om bomber som vert slept frå fly og eksloderer tre gonger etter kvarandre.

Bakgrunn

Middelhavet er eit innhav mellom Europa og Afrika, med Vest-Asia i aust og Atlanterhavet i vest. Av land med kyst mot Middelhavet deltok Austerrike-Ungarn, Frankrike, Italia, Hellas, Montenegro og Tyrkia i fyrste verdskrigen.

Austerrike-Ungarn hadde tilgang til Middelhavet; frå Trieste og langs kysten av Dalmatia ned til Montenegro, k.u.k. Kriegsmarine disponerte over ein betydeleg flåte. Hovudbasen deira låg i Pola (no Pula, Kroatia). Under krigen vart dei avgrensa til Adriatarhavet ettersom Ententen blokkerte linja ved sørspissen av Italia.

U-båtar i Middelhavet

På tida episoden på toget skal ha føregått (seint 1914 eller tidleg 1915) var det ingen tyske u-båtar i Middelhavet, dei kom først seinare på året. Det stemmer heller ikkje at dei vart kalla "E", alle tyske u-båtar hadde namngjeving som starta med "U" (Unterseeboot). Det tyske luftvåpenet hadde derimot fly i klasse "E" (Eindecker) så kan forfattaren rett og slett ha byta fly med u-båtar?

Austerriksk-ungarske u-båtar vart òg namngjevne med bokstaven "U". Dei var aktive i Adriatarhavet alt frå krigsutbrotet, og 27. april 1915 vart den franske kryssaren Léon Gambetta torpedert av "U-5". I 1914 hadde k.u.k. Kriegsmarine 5 u-båtar, eit tal som steig til 26 innan 1918. Nesten alle desse var bygde i Tyskland.

Hans-Peter Laqueur

In the train from Prague to Budweis (late December 1914) Lukasch reads in the „Bohemia“ about the successful actions of the German submarine „E“ in the Mediterranean Sea:

* There was no German submarine „E“. „E“ and a number was used by submarines of the Royal Navy.

* There were no German submarines in the Mediterranean before May 1915 (cf. Hans Werner Neulen, Adler und Halbmond. Das deutsch-türkische Bündnis 1914-1918. Frankfurt/Berlin 1994, p. 91 ff.).

Hašek probably refers to the actions of U 35 sinking 12 ships with a total 48813 GRT in October/November 1915 (cf. de.wikipedia: „Waldemar Kophamel“ and „SM U 35“) or of U 38 (14 ships, 47460 GRT), late 1915 as well (cf. de.wikipedia: „Max Valentiner“ and „SM U 38“).

Sitat
[II.1] Nadporučíkovi bezděčně zacvakaly zuby, vzdychl si, vytáhl z pláště „Bohemii“ a četl zprávy o velkých vítězstvích, o činnosti německé ponorky „E“ na Středozemním moři, ...

Kjelder: Hans-Peter Laqueur

Skrivst òg:Středozemní moře cz Mittelmeer de Mediterranean Sea en Mar Mediterraneo it Mare Mediterraneum la

Litteratur
Montenegroen flag
Wikipedia czdeennnnosr KartSøk
montenegro.png

Hedemarkens Amtstidende, 17.1.1916

montenegro.jpg

The Great War, Volume 7

montenegro1.jpg

Det sørlege Dalmatia mot Montenegro

Schematismus für das k.u.k. Heer ..., 1914

montenegro2.jpg

IR. 91, 1. Baon. ved Cattaro.

Schematismus für das k.u.k. Heer ..., 1914

Montenegro er nemnd i omtalen av generalmajor Generalmajor von Schwarzburg som straffa brot på reglementet ved å forflytta den skuldige til ein forfylla og skiten garnison i ein avkrok av Galicia eller grensa mot Montenegro.

Bakgrunn

Montenegro (Црна Гора) var i 1914 eit sjølvstendig kongerike og hadde vore eige fyrstedøme (kongerike frå 1910) sidan frigjeringa frå Tyrkia i 1878.

I dag er Montenegro på ny eigen stat, etter å ha vore del av ulike sør-slaviske føderasjonar frå 1918 til 2006 (med unnatak av 1941-45). Språket er serbisk, vert skrive med kyrilliske bokstavar og relegionen er hovudsakleg ortodoksk.

I 1914 hadde kongedømet Dalmatia (som del av Austerrike) og Bosnia-Hercegovina ei kort grense mot Montenegro og både k.u.k. Heer og k.u.k. Kriegsmarine hadde forlegningar i området. Marinen var tungt representert i Cattaro (Kotor), og det var ein av imperiet sine marinebasar. Grensa mot Hercegovina var mykje lengre og her var det òg mykje militærmakt til stades. I konteksten av romanen skal vi konsentrera oss om hær-forlegningar i det sørlege Dalmatia.

Montenegro i krig

I fyrste verdskrigen allierte kongedømet seg snart med Serbia og lyste krig mot Austerrike-Ungarn alt 7. august 1914. Det var kampar langs grensa alt frå August 1914 men det vart stillingskrig heilt til AU sette i gong ein full invasjon av Montenegro 5. januar 1916. Dette vart gjort mogeleg avdi Serbia no var nedkjempa, noko som frigjorde større styrkar og dessutan opna for åtak òg frå serbisk territorium. Kong Nikola I. måtte snart be om fred, men vilkåra var så harde at han avslo dei. Men avdi han hadde rømd frå landet kunne ikkje kongen hindra at politikarar som var att gjekk med på vilkåra. Avtalen vart underteikna 19.januar og Montenegro var under okkupasjon resten av krigen.

Den austerriksk-montenegrinske grensa

Hašek nemner grenseområda mot Montenegro, så lat oss prøva i finna garnisonar som offiserar kan ha vorte sende til av den frykta hærinspektøren, generalmajor Generalmajor von Schwarzburg.

Dalmatia og k.u.k. Heer

Korpskommando Nr. 16 var forlagd i Ragusa (Dubrovnik) som òg var den viktigaste garnisonsbyen i grenseområda. Utover dette var hær-einingar utplasserte i Castelnuovo (Herceg-Novi), Trebinje, and Bileća. Dei to siste låg i Hercegovina.

Castelnuovo vert av spesiell interresse ettersom den husa 47. Infanteriedivision. Underordna denne eininga var IR. 91 sin 1. bataljon som sidan 1906 var forlagd her som del av 14. Gebirgsbrigade (14. fjellbrigade). I 1907 og 1908 var dei forlagde i Budua (Budva), i 1909 og 1910 i Cattaro, i 1911 i Crkvice, i 1912 Perzagno (Prčanj), i 1913 og 1914 Teodo (Tivat)[1]. Einskilde einingar var ved krigsutbrotet spreidde: Teodo, Kozmač, Sutomore, Castellastua (Petrovac). Staničiškaserne i Teodo var hovudforlegninga til bataljonen.

1. Årstala er i henhold til Schematismus og reflekterer dermed vanlegvis status frå året før. Når ein eining er oppførd i utgåva frå 1907 betyr det difor at dei var komne hit alt i 1906.

Budva var faktisk den sørlagast forlegninga i heile Dobbeltmonarkiet. Tidlegare sjef for IR. 91, 1. bataljon, Franz Graf, skreiv seinare at å verta forlagd her var som å bli forvist. Ein måtte vera årevis borte frå "kvinnene, ølet og den heimlege selskapet". Likevel var alle som var der einige om at det var ein vakker stad. Det største problemet var avstanden heimfrå, og om våren lengta soldatane frå Sør-Böhmen etter godt øl. Dei kunne alltids få tak i sterk dalmatisk vin men denne kunne vera giftig!

Bataljonen oppheldt seg i området òg den fyrste krigsmånad men frå 5. september 1914 vart dei frakta med jernbane til fronten mot Serbia lenger nord. Dei vart slegne saman med resten av regimentet fyrst i 1916, på fronten mot Italia. Minst eitt kjendt namn frå Den gode soldat Švejk gjorde teneste i det sørlege Dalmatia før krigen: Josef Adamička. Det er dessutan mogeleg at Jan Vaněk var stasjonert her den fyrste månaden av krigen. Ein meir marginal skikkelse frå romanen, Oberleutnant Wurm, tenestegjorde her som sjef for bataljonen si maskingeværavdeling.

Sitat
[II.1] Měl manii přeložit vždy důstojníka na nejnepříjemnější místa. Stačilo to nejmenší, a důstojník se již loučil se svou posádkou a putoval na černohorské hranice nebo do nějakého opilého, zoufalého garnisonu v špinavém koutě Haliče.
[II.5] „Já z toho nemám moc velkou radost,“ důvěrně se ozval účetní šikovatel, „vypravoval stábsfeldvébl Hegner, že pan hejtman Ságner v Srbsku na počátku války chtěl někde u Černé Hory v horách se vyznamenat a hnal jednu kumpačku svého baťáčku za druhou na mašíngevéry do srbských štelungů, ačkoliv to byla úplně zbytečná věc a infanterie tam byla starýho kozla co platná, poněvadž Srby odtamtud s těch skal mohla dostat jen artilerie.

Skrivst òg:Černá Hora cz Црна Гора sb

Litteratur
Steiermarken flag
Wikipedia czdeennnsl KartSøk
steiermark.gif

Steiermark vert nemnd i ei anekdote av Švejk om skreddar Hývl som forsnakka seg på togruta Maribor - Leoben - Praha avdi han trudde dei andre ikkje skjøna tsjekkisk.

Bakgrunn

Steiermark var eit hertugdøme som fram til 1918 eitt av 15 kronland i Cisleithanien. Området var noko større enn vår tids austerrikske delstat ettersom den omfatta deler av det noverande Slovenia med Maribor (Marburg). Hovudstad då som no var Graz, og på den tida var ein betydeleg del av befolkninga slovenar (nesten 30%).

Hašek og Steiermark

Forfattaren sin inspirasjon for å bruka Steiermark (og den omtala togruta) som tema i romanen kjem truleg frå ei reise han føretok sommaren 1905. Deler av denne apostoliske reisa var saman med kunstmålaren Jaroslav Kubín og skodespelaren František Vágner. Reisene hans dette året er omtala av Václav Menger og er dessutan skrivne om i Strana mírného pokroku v mezích zákona. Han kjem dessutan inn på temaet i soga Rozjímání o počátku cesty.

Jaroslav Hašek: O sportu (1907)

Bylo to předloni, když z nedostatku peněz šel jsem pěšky z Terstu přes Alpy do Prahy. Vandroval jsem, což předpokládá, že jsem fechtoval. V Lubně ve Štýru zastavil jsem na silnici tři muže, kteří vyhlíželi jako turisti, a prostým způsobem: Ein armer Reisender žádal jsem je o podporu.

Sitat
[II.1] To nám jednou před léty vypravoval krejčí Hývl, jak jel z místa, kde krejčoval ve Štyrsku, do Prahy přes Leoben a měl s sebou šunku, kterou si koupil v Mariboru.

Skrivst òg:Štýrsko cz Steiermark de Styria en sl

Litteratur
Leobenen flag
Wikipedia czdeennn KartSøk
leoben.jpg

Leoben rundt 1900

leoben.png

Ottův slovník naučný,1900

Leoben vert nemn i ei anekdote av Švejk om skreddar Hývl som forsnakka seg på togruta Maribor - Leoben - Praha avdi han trudde dei andre ikkje skjøna tsjekkisk.

Bakgrunn

Leoben er nest største byen i den austerrikske delstaten Steiermark med rundt 25 000 innbyggjarar. Den ligg ved elva Mur, 541 m.o.h., 46 kilometer nordvest for Graz.

I 1914 låg den sjølvsagt òg i Steiermark, den var distriktshovudstad og husa dessutan distrikts-domstolen. Byen hadde eit bergverkakademi og var eit gruvesamfunn. Folkesetnaden var nesten rein tysk.

Påfallande er det at Švejk brukar det tyske namnet på byen, til trass for at dei tsjekkiske variantane Lubno og Ljubina ofte vart brukte offisielt, jamvel i Ottův slovník naučný.

I soga O sportu, på trykk den 27. januar 1907, nemner Hašek Leoben, men der bruka han det tsjekkiske namnet Lubno. Han skriv at han var der for to år sidan, var pengelens, og tigga for å kom seg heim.

Hašek og Steiermark

Forfattaren sin inspirasjon for å bruka Steiermark (og den omtala togruta) som tema i romanen kjem truleg frå ei reise han føretok sommaren 1905. Deler av denne apostoliske reisa var saman med kunstmålaren Jaroslav Kubín og skodespelaren František Vágner. Reisene hans dette året er omtala av Václav Menger og er dessutan skrivne om i Strana mírného pokroku v mezích zákona. Han kjem dessutan inn på temaet i soga Rozjímání o počátku cesty.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Leoben 11 459 innbyggjarar. Tingdistriktet var Gerichtsbezirk Leoben og forvaltningsdistriktet var Bezirkshauptmannschaft Leoben.

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Leoben vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 27 (Graz) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 3 (Graz). K.u.k. Heer var ikkje til stades i byen men den husa ein bataljon frå k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 3. Her heldt dessutan Landsturmexpositur for militærdistriktet til.

Jaroslav Hašek: O sportu (1907)

Bylo to předloni, když z nedostatku peněz šel jsem pěšky z Terstu přes Alpy do Prahy. Vandroval jsem, což předpokládá, že jsem fechtoval. V Lubně ve Štýru zastavil jsem na silnici tři muže, kteří vyhlíželi jako turisti, a prostým způsobem: Ein armer Reisender žádal jsem je o podporu.

Sitat
[II.1] To nám jednou před léty vypravoval krejčí Hývl, jak jel z místa, kde krejčoval ve Štyrsku, do Prahy přes Leoben a měl s sebou šunku, kterou si koupil v Mariboru.
Litteratur
Mariboren flag
Wikipedia czdeennnnosl KartSøk
maribor.jpg
maribor.png

Schematismus für das k.u.k. Heer und für die k.u.k. Kriegsmarine 1914

Maribor vert nemn i ei anekdote av Švejk om skreddar Hývl som forsnakka seg på togruta Maribor - Leoben - Praha avdi han trudde dei andre ikkje skjøna tsjekkisk. Skreddaren hadde kjøpt ei skinke i Maribor.

Bakgrunn

Maribor er nest største byen i Slovenia, har no (2019) om lag 112 000 innbyggjarar og ligg ved elva Drava.

Den tilhøyrde fram til 1918 det austerrikske kronlandet Steiermark og var på den tida 80 prosent tysktalande. I 1890 hadde den bispesete,ei rekkje skular og ein del industri.

Ein av prototypane for figurar frå romanen, Rudolf Lukas, gjekk på førebuingskurs for kadettskule her frå 1903 til 1904. Ein anna velkjend prototype, Ludvík Lacina, gjorde ei tid i 1912 teneste her som Feldkurat.

Hašek og Steiermark

Forfattaren sin inspirasjon for å bruka Steiermark (og den omtala togruta) som tema i romanen kjem truleg frå ei reise han føretok sommaren 1905. Deler av denne apostoliske reisa var saman med kunstmålaren Jaroslav Kubín og skodespelaren František Vágner. Reisene hans dette året er omtala av Václav Menger og er dessutan skrivne om i Strana mírného pokroku v mezích zákona. Han kjem dessutan inn på temaet i soga Rozjímání o počátku cesty.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Maribor 27 994 innbyggjarar.

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Maribor vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 47 (Marburg) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 26 (Marburg). Garnisonen hadde òg infanterikadettskule, kavalleribrigade og garnisonsdomstol.

Jaroslav Hašek: O sportu (1907)

Bylo to předloni, když z nedostatku peněz šel jsem pěšky z Terstu přes Alpy do Prahy. Vandroval jsem, což předpokládá, že jsem fechtoval. V Lubně ve Štýru zastavil jsem na silnici tři muže, kteří vyhlíželi jako turisti, a prostým způsobem: Ein armer Reisender žádal jsem je o podporu.

Sitat
[II.1] To nám jednou před léty vypravoval krejčí Hývl, jak jel z místa, kde krejčoval ve Štyrsku, do Prahy přes Leoben a měl s sebou šunku, kterou si koupil v Mariboru.

Skrivst òg:Marburg de

Litteratur
Sankt Moritzen flag
Wikipedia deensk KartSøk
stmoritz.jpg

K.u.k Eisenbahnkarte 1905.

Sankt Moritz vert nemn i ei anekdote av Švejk om ein viss skreddar Hývl som forsnakka seg på togruta Maribor - Leoben - Praha avdi han trudde dei andre passasjerane ikkje skjøna kva han sa. Den uheldige episoden skjedde ved Sankt Moritz.

Bakgrunn

Sankt Moritz må ha vore ein stad i Austerrike mellom Leoben og Praha men kan ikkje lokaliserast. Den kjende sveitsiske turist-staden av same namn kan det ikkje ha vore så den beste kandidaten er Sankt Michael in Obersteiermark. Den ligg på ei av dei mogelege rutene mellom Maribor og Praha, like etter Leoben.

Hašek og Steiermark

Forfattaren sin inspirasjon for å bruka Steiermark (og den omtala togruta) som tema i romanen kjem truleg frå ei reise han føretok sommaren 1905. Deler av denne apostoliske reisa var saman med kunstmålaren Jaroslav Kubín og skodespelaren František Vágner. Reisene hans dette året er omtala av Václav Menger og er dessutan skrivne om i Strana mírného pokroku v mezích zákona. Han kjem dessutan inn på temaet i soga Rozjímání o počátku cesty.

Jaroslav Hašek: O sportu (1907)

Bylo to předloni, když z nedostatku peněz šel jsem pěšky z Terstu přes Alpy do Prahy. Vandroval jsem, což předpokládá, že jsem fechtoval. V Lubně ve Štýru zastavil jsem na silnici tři muže, kteří vyhlíželi jako turisti, a prostým způsobem: Ein armer Reisender žádal jsem je o podporu.

Sitat
[II.1] Jak tak jede ve vlaku, myslel si, že je vůbec jedinej Čech mezi pasažírama, a když si u Svatýho Mořice začal ukrajovat z tý celý šunky, tak ten pán, co seděl naproti, počal dělat na tu šunku zamilovaný voči a sliny mu začaly téct z huby. Když to viděl krejčí Hývl, povídal si k sobě nahlas: ,To bys žral, ty chlape mizerná.’

Skrivst òg:Svatý Mořic cz

Litteratur
Táboren flag
Wikipedia czdeennn KartSøk Švejkova cesta
tabor.jpg

Tábor 1895

tabor1.jpg

Světozor,16.7.1880

Tábor er nemnd 17 gonger i Den gode soldat Švejk.

Tábor spelar ei viktig rolle i romanen gjennom at togturen frå Praha til Budějovice vart uventa avbroten like før byen. Dette var etter Švejk sine mange uhell, der høgdepunktet var at han drog i naudbremsa.

Han hadde ikkje pengar til bota så på jernbanestasjonen (sjå Táborské nádraží) måtte han av for å ordna opp. Ein velgjerar i folkemengda betalta bota og gav han pengar men det enda med at han var så uheldig å drikka den eine ølen etter den andre medan toget med Oberleutnant Lukáš drog vidare til Budějovice der regimentet deira var forlagd. Ute av stand til å gjera opp for seg vart han send vidare til fots. Dette var starten til Švejk sin vidkjende anabasis der han fåfengd prøvde å koma seg til regimentet sitt.

Bakgrunn

Tábor er ein by i Sør-Böhmen med omtrent 35 000 innbyggjarar (2010). Det historiske senteret er verna og svært attraktivt. Byen var eitt av sentra for den nasjonal-relegiøse Husitt-rørsla[1] og har såleis spela ei viktig rolle i tsjekkisk historie.

prukopnik.jpg

Průkopník,27.3.1918

© VHÚ

1. Husitt-rørsla var oppkalla etter den relegiøse reformatoren Hus (1369-1415), og var ein av dei fyrste gruppene som braut med den katolske kyrkja. For den tsjekkiske frigjeringsrørsla under fyrste verdskrigen var dei eit viktig nasjonalt symbol og heldt fram som ein av grunnpillarane under nasjonsbygginga i Tsjekkoslovakia i mellomkrigstida. Taborittane var ei radikal undergruppe basert i nettopp Tábor og hadde såpass mange sosialistiske trekk at dei seinare vart studerte av marxistar. Jaroslav Hašek viste sjølv til dei i artikkelen K českému vojsku (Til den tsjekkiske hæren) som han fekk trykt i den kommunistiske avisa Průkopník 27. mars 1918.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Tábor 11 926 innbyggjarar der 11 856 (99 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okres Tábor, forvaltningsdistriktet var hejtmanství Tábor.Byen var dermed utan tvil den etnisk "reinaste" større byen i Böhmen. Noko som bidrog til dette var at den ikkje hadde militærforlegningar og dermed ikkje hadde tilflytta tysktalande offiserar.

Kjelde:Seznam míst v království Českém(1913)

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Tábor vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 75 (Neuhaus) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 28 (Pisek).

Sitat
[II.1] Zůstal průvodčí se Švejkem a mámil na něm dvacet korun pokuty, zdůrazňuje, že ho musí v opačném případě předvést v Tábořepřednostovi stanice. „Dobrá,“ řekl Švejk, „já rád mluvím se vzdělanejma lidma a mě to bude moc těšit, když uvidím toho táborskýho přednostu stanice.“
Litteratur
Uhříněvesen flag
Wikipedia czde KartSøk
uhrineves.jpg

Čechy. Díl X, 1903

Uhříněves er nemnd i anekdota om Mlíčko František som i likheit med Švejk hadde vore så uheldig å dra i naudbremsen på eit tog. Dette skal ha hendt i mai 1912.

Bakgrunn

Uhříněves er ein bydel heilt i søraustlege utkanten av Praha, no del av Praha 22. Frå 1913 til 1974 hadde den status som eigen by. Byen hadde (og har) jernbanestasjon men i snøggtoga stogga ikkje her så Švejk og Oberleutnant Lukáš drog berre forbi på reisa si til Budějovice i 1915.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Uhříněves 2 677 innbyggjarar der 2 625 (98 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okres Říčany, forvaltningsdistriktet var hejtmanství Žižkov.

Kjelde:Seznam míst v království Českém(1913)

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Uhříněves vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 28 (Prag) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 8 (Prag).

Sitat
[II.1] Poněvadž železniční zřízenec neodpovídal, prohlásil Švejk, že znal nějakého Mlíčka Františka z Uhříněvse u Prahy, který také jednou zatáhl za takovou poplašnou brzdu a tak se lekl, že ztratil na čtrnáct dní řeč a nabyl ji opět, když přišel k Vaňkovi zahradníkovi do Hostivaře na návštěvu a popral se tam a voni vo něho přerazili bejkovec. „To se stalo,“ dodal Švejk, „v roce 1912 v květnu.“
Hostivařen flag
Wikipedia cz KartSøk
hostivar.jpg

Hostivař 1906

Hostivař er nemnd i anekdota om Mlíčko František som òg hadde vore uheldig å dra i naudbremsen på eit tog. Gartnaren gartnar Vaněk kom herfrå.

Seinare dukkar staden opp i ei historie Sappeur Vodička fortel Švejk i Királyhida.

Bakgrunn

Hostivař er ein bydel i dei søraustlege utkantane av Praha som sidan 1922 har høyrd til hovudstaden. Den har jernbanestasjon og er endestasjonen til metrolinje A. Hostivař er òg eit populært rekreasjonsområde.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Hostivař 2 495 innbyggjarar der 2 492 (99 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okres Vršovice, forvaltningsdistriktet var hejtmanství Královské Vinohrady.

Kjelde:Seznam míst v království Českém(1913)

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Hostivař vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 28 (Prag) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 8 (Prag).

Sitat
[II.1] Poněvadž železniční zřízenec neodpovídal, prohlásil Švejk, že znal nějakého Mlíčka Františka z Uhříněvse u Prahy, který také jednou zatáhl za takovou poplašnou brzdu a tak se lekl, že ztratil na čtrnáct dní řeč a nabyl ji opět, když přišel k Vaňkovi zahradníkovi do Hostivaře na návštěvu a popral se tam a voni vo něho přerazili bejkovec. „To se stalo,“ dodal Švejk, „v roce 1912 v květnu.“
[II.3] „Plácnu taky ženskou, Švejku, mně je to jedno, to ještě neznáš starýho Vodičku. Jednou v Záběhlicích na ,Růžovým ostrově’ nechtěla se mnou jít jedna taková maškara tančit, že prej mám voteklou hubu. Měl jsem pravda hubu vopuchlou, poněvadž jsem právě přišel z jedný taneční zábavy v Hostivaři, ale považ si tu urážku vod tý běhny.
Svitavaen flag
Wikipedia czdeennn KartSøk
svitavy.jpg

Zwittau, Oberer Stadtplatz

svitavy.png

Ottův slovník naučný

Svitava er nemnd i anekdota om stasjonsmeister Wagner og sporvekslar Jungwirt.

Bakgrunn

Svitava viser nesten sikkert til Svitavy, ein by i Aust-Böhmen som i 1914 hovudsakleg var tysktalande. Den er òg kjend som fødestaden til Oskar Schindler, som byen har sett opp eit monument til ære for. I 1866 vart våpenkvila i krigen mellom Austerrike og Preussen underteikna her.

Elva Svitava renn gjennom byen og den har som Švejk seier ein jernbanestasjon. Den tyske oversetjinga til Grete Reiner tolkar den som Zittau (tsj. Žitava), ein by i Tyskland på grensa til Böhmen.

Den gongen i Mähren

I 1914 tilhøyrde byen Mähren men den låg berre få kilometer frå grensa til Böhmen.

Tvetydig namngjeving

Sjølv om Hašek sin bruk av omgrepet Svitava ved fyrste augnekast virkar rart er det ikkje nødvendigvis feil. Svitava er brukt på Erben sitt kart frå 1883 og er jamvel oppførd i Ottův slovník naučný, som alternativt namn for Svitavy.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Svitava 9 649 innbyggjarar. Tingdistriktet var okres Svitavy og forvaltningsdistriktet var hejtmanství Moravská Třebová.

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Svitava vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 93 (Mährisch Schönberg) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 13 (Olmütz).

Sitat
[II.1] Švejk vytáhl z bluzy dýmku, zapálil si, a vypouštěje ostrý dým vojenského tabáku, pokračoval: „Před léty byl ve Svitavě přednostou stanice pan Wagner. Ten byl ras na svý podřízený a tejral je, kde moh, a nejvíc si zalez na nějakýho vejhybkáře Jungwirta, až ten chudák se ze zoufalství šel utopit do řeky.

Skrivst òg:Zittau Reiner Svitavy cz Zwittau de

Stará bránaen flag
Wikipedia cz KartSøk
starabrana.jpg

Rudé květy, 6.8.1914

tabrezn.png

Slaktarar i Tábor

Chytilův adresař 1915

Stará brána er nemnd av ein mann som vert arrestert for oppvigleri på Táborské nádraží då Švejk stig av toget for å betala bota han fekk etter å ha drege i naudbremsen. Mannen forsvarar seg sjølv med å fortelja at han er slaktar frå Gamle byporten og ikkje meinte utsagnet så alvorleg.

Bakgrunn

Stará brána viser tydelegvis til ein byport i Tábor men nokon port med dette namnet fanst ikkje. Truleg er det eit folkeleg namn på Bechyňská brána, den einaste av dei gamle byportane som er intakt.

Slaktarar var det mange av i Tábor i 1915 men det har ikkje lukkast å finna ut akkurat kvar dei heldt til ettersom adresseboka berre listar opp namn, ikkje gateadresser (Alois Chytil).

Sitat
[II.1] Nešťastný občan nezmohl se na nic jiného než na upřímné tvrzení, že je přece řeznický mistr od Staré brány a že to tak nemyslel.

Skrivst òg:Old Gate en Alter Tor de Gamle Port no

Litteratur
Zdolbunoven flag
Wikipedia deenplruuk KartSøk
kvasilov.jpg

Frå Alexandr Drbal

jzeman.png

Českoslovan,21.1.1911

zdolbuniv.jpg

K vítězné svobodě 1914-1918-1928

Rudolf Medek,1928

zdolbunov.png

Franzisco-Josephinische Landesaufnahme

Zdolbunov er nemnd i ein samtale mellom Švejk og ein passasjer på stasjonen i Tábor. Den framande gir han namnet til bryggar Zeman og ber han passa på å ikkje bli for lenge ved fronten. Svaret til Švejk meir enn antydar at han har tenkt å la seg ta til fange, akkurat som forfattaren faktisk gjorde.

Bakgrunn

Zdolbunov (Здолбунов), no Zdolbuniv (Здолбу́нів), er ein by Volyn-regionen og viktig jernbaneknutepunkt i Ukraina, i 1915 tilhørde den Russland. I mellomkrigstida var den polsk, frå 1939 til 1990 del av Sovjetunionen[1].

Dei fleste av dåtidas kjelder viser til staden som Zdolbunovo/Zdołbunów og det gjorde truleg òg Hašek. I romanen brukte han lokativ-kasuset v Zdolbunově, så nominativen kunne enten vore Zdolbunov, Zdolbunovo or Zdolbunova. Avisa han skreiv for i Kiev frå 1916 til 1918, Čechoslovan, brukte konsekvent omgrepet Zdolbunovo. Difor ligg det nær å tru at òg Hašek ville brukt gjort det same. Gamle kart, både russiske og austerriske brukte jamvel Здолбуновa/Zdołbunowa.

Området hadde namnge tsjekkiske nybyggjarar som hadde innvandra frå 1860-talet og utover. Store polske og jødiske folkegruber levde der òg. Bryggeriet til den omtala bryggar Zeman låg derimot ikkje her, men i Kvasilov (no Kvasyliv), 4 km nordafor i retning Rovno (Rivne).

Hašek og Zdolbunovo

Hašek var trueleg innom her kort tid etter å ha vorten teken til fange ved Chorupan 24. september 1915. Antageleg venta fangane på jernbanetransport herfrå. Forfattaren har nokså sikkert vitja byen òg i 1916 og 1917 på reisene sine mellom Kiev og fronten.

1. Bortsett frå perioden 1941 til 1944 då den var okkupert av Nazi-Tyskland.

Sitat
[II.1] Když odcházel, řekl důvěrně k Švejkovi: „Tak vojáčku, jak vám povídám, jestli budete v Rusku v zajetí, tak pozdravujte ode mne sládka Zemana v Zdolbunově. Máte to přece napsané, jak se jmenuji. Jen buďte chytrý, abyste dlouho nebyl na frontě.“ „Vo to nemějte žádnej strach,“ řekl Švejk, „je to vždycky zajímavý, uvidět nějaký cizí krajiny zadarmo.“

Kjelder: Alexandr Drbal

Skrivst òg:Zdolbunov cz Zdołbunów pl Здолбунов ru Здолбунів ua

Litteratur
Szegeden flag
Wikipedia czdeenhunnno KartSøk
szeged.jpg

Světozor,14.5.1915

szeged1.png

Avantgarde des Widerstands

Richard Georg Plaschka,2000

Szeged er nemnd i ein samtale på jernbanestasjonen i Tábor. Ein soldat frå det Infanterieregiment Nr. 28 kan fortelja at ungararane der håna tsjekkiske soldatar ved å halda hendene over hovudet for å visa kor lett dei sistnemnde overga seg.

Bakgrunn

Szeged er ein by i sørlege delen av Ungarn, heilt på grensa mot Serbia. Den er tredje største byen i Ungarn og eit viktig senter for utdanning. Den ligg ved elva Tisza.

Rundt 4. februar 1915 vart erstatningsbataljonen til Infanterieregiment Nr. 28 overførde frå Praha til Szeged, eitt av dei fyrste av mange tsjekkiske regiment som vart flytta bort frå rekrutteringsområdet sitt dette året. Dette var eit føre var grep frå k.u.k. Kriegsministerium mot antatt illojalitet. Andre tsjekkiske regiment vart flytta seinare på året - Jaroslav Hašek og hans Infanterieregiment Nr. 91 leid same lagnaden 1. juni, ein hending som er via mykje plass i Den gode soldat Švejk.

Tida for flyttinga av Infanterieregiment Nr. 28 gjev eit visst haldepunkt angåande tidfesting av hendingar i romamen, noko ein skal ta med eit klype salt grunna dei mange anakronismane. Švejk må i fylgje denne logikken ha vore i Tábor etter 4. februar 1915 fordi soldatar frå IR28 knapt kan ha vore i Szeged før det. Forfattaren sjølv reiste forbi Tábor i midten av februar 1915, så det er mogeleg at han sjølv kan ha høyrd/opplevd noko liknande på den aktuelle tida.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Szeged 118 328 innbyggjarar. Tingdistriktet var Szeged og forvaltningsdistriktet var vármegye Csongrád.

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Szeged vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 46 (Szeged) eller Honvédinfanterieregiment Nr. 5 (Szeged).

Sitat
[II.1] Od vedlejšího stolu řekl nějaký voják, že když přijeli do Segedína s 28. regimentem, že na ně Maďaři ukazovali ruce do výšky.

Skrivst òg:Segedín cz Szegedin de

Litteratur
Čáslaven flag
Wikipedia czdeenno KartSøk
caslav.jpg

Čáslav, 1906

caslav.png

Schematismus der K. K. Landwehr und der K. K. Gendarmerie 1914 (Wien, 1914)

Čáslav er nemnd av ein Landwehr-soldat i ein samtale på Táborské nádraží. Temaet var konfliktar mellom tsjekkarar og tyskarar. Ein redaktør frå Wien nekta å snakka tsjekkisk heilt til han ein dag var i eit marsjkompani med berre tsjekkarar. Då forstod han brått språket.

Bakgrunn

Čáslav er ein by i det midtre Böhmen, om lag 100 km aust for hovudstaden, ikkje langt frå Kutná Hora. Den har no (2020) om lag 10 000 innbyggjarar.

Hašek og Čáslav

Čáslav er omtrent ikkje nemnd hjå Hašek ellers. Utover Den gode soldat Švejk dukkar den berre opp i soga Zrádce národa v Chotěboři (Landsvikaren frå Chotěboř).

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Čáslav 9 318 innbyggjarar der 9 119 (97 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okres Čáslav, forvaltningsdistriktet var hejtmanství Čáslav.Talet på tysktalande er lågt når ein tek med i rekninga at dette var ein garnisonsby der heile 1205 personar var knyta til dei væpna styrkane.

Kjelde:Seznam míst v království Českém(1913)

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Čáslav vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 21 (Časlau) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 12 (Časlau). I 1914 var 2. bataljon av IR. 21 og Ergänzungsbezirk forlagde her, medan staben heldt til i Kutná Hora. Dette er relativt få så det høge militære nærveret må mest forklarast med k.k. k.k. Landwehr. Her heldt staben for Landwehrergänzungsbezirk Nr. 12 til, dessutan husa byen k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 12 som hadde alle tre bataljonane her i 1914. At Landwehr-soldaten Švejk snakka med i Tábor var herfrå er difor logisk.

Sitat
[II.1] Landverák si odplivl: „U nás v Čáslavi byl jeden redaktor z Vídně, Němec. Sloužil jako fähnrich. S námi nechtěl česky ani mluvit, ale když ho přidělili k maršce, kde byli samí Češi, hned uměl česky.“

Skrivst òg:Tschaslau Reiner/Brousek Časlau de

Litteratur
Na Bojištien flag
KartSøk Švejkova cesta Švejkův slovník
nabojisti.jpg
bojiste1.png

Na Bojišti i 1884, U kalicha er enno ikkje bygd.

Na Bojišti er nemnd av Švejk i samtale han har med løytnanten på stasjonen i Tábor som skuldar han for å vera degenerert.

Bakgrunn

Na Bojišti er ei gate i Praha II. som midt på 1800-talet var merka som Windberg og som på den tida berre hadde 3-4 hus. I 1875 viser eit kart at nye bygningar var komne til og at den no vart kalla Wahlstatt, eit namn som tilsvarar det tsjekkiske namnet på gata. Bygningen U kalicha var ein av dei siste som vart sette opp - i 1884 enno ikkje bygd, men frå 1889 dukkar den opp på bykart.

Frå 1870-åra vert gata omtala i avisene men utan store overskrifter. I åra fram til 1900 vert det rapportert om ei rekkje sjølvmord her. Ein artikkel i Prager Tagblatt i 1985 omtalar dei forferdelege hygieniske tilhøva der, og ei rekkje tilfelle av tyfus. I 1914 melder same avisa at politiet skal gjera tiltak for å avgrensa gateprostitusjonen. I 1915 viser småannonsar at mange jødiske flyktningar frå Galicia leigde rom i gata, spesielt i nummer 8 og 10, der det ellers òg vart leigd ut mange rom alt i fredstid.

I nummer 463/10 budde i 1912 ein Josef Švejk, ein person Jaroslav Hašek nok kan ha visst om då han skreiv romanen. I dette huset heldt òg bordellet til Antonín Nosek til, noko som kan forklara at den gode soldaten fortel Sappeur Vodička at dei har jenter på U kalicha.

Alt tyder på at Švejk budde i eller nær denne gata - både avdi han vanka på U kalicha og at han i dette sitatet snakkar om "hjå oss" på hjørna av Bojistě og Kateřinská ulice. Jaroslav Hašek sjølv budde på enden av gata frå 1888 til 1890, både i husa 1459 og 1410.

Sitat
[II.1] Tyto úvahy shrnul v jednu větu, s kterou se obrátil k Švejkovi: „Vy jste, chlape, degenerovanej. Víte, co je to, když se o někom řekne, že je degenerovaný?“ „U nás na rohu Bojiště a Kateřinský ulice, poslušně hlásím, pane lajtnant, byl taky jeden degenerovanej člověk. Jeho otec byl jeden polskej hrabě a matka byla porodní bábou. Von met ulice a jinak si po kořalnách nenechal říkat než pane hrabě.“
[II.4] Když se Švejk s Vodičkou loučil, poněvadž každého odváděli k jejich části, řekl Švejk: "Až bude po tý vojně, tak mé přijel navštívit. Najdeš mé každej večer od šesti hodin u Kalicha na Bojišti."
[IV.3] „To toho moc neumíš,“ řekl k němu Švejk. „Na Bojišti bydlel v jednom sklepním bytě metař Macháček, ten se vysmrkal na vokno a rozmazal to tak dovedně, že z toho byl obraz, jak Libuše věští slávu Prahy.

Skrivst òg:Wahlstatt de

Litteratur
Kateřinská uliceen flag
KartSøk Švejkova cesta
katerinska.jpg

7.12.1904 • Celkový pohled na dům čp. 522 na nároží Ječné a Kateřinské ulice na Novém Městě.

© AHMP

Kateřinská ulice er nemnd av Švejk i samtale han har med løytnanten på stasjonen i Tábor som skuldar han for å vera degenerert. Švejk viser til den gjennom å sei "hjå oss på hjørnet Kateřinská og Bojiště".

Bakgrunn

Kateřinská ulice er ei gate i Nové město, Praha. Her heldt òg Kateřinky til, galehuset der Švejk var innlagd tidleg i romanen. Teksten tyder på at Švejk budde i eller nær denne gata, men å visa til gatehjørnet mot Na Bojišti gir inga meining ettersom dei to gatene ikkje møtest. Švejk kan ha meint krysset Na Bojišti og Sokolská ulice der forfattaren budde ein kort periode i 1888 og 1889.

Sitat
[II.1] Tyto úvahy shrnul v jednu větu, s kterou se obrátil k Švejkovi: „Vy jste, chlape, degenerovanej. Víte, co je to, když se o někom řekne, že je degenerovaný?“ „U nás na rohu Bojiště a Kateřinský ulice, poslušně hlásím, pane lajtnant, byl taky jeden degenerovanej člověk. Jeho otec byl jeden polskej hrabě a matka byla porodní bábou. Von met ulice a jinak si po kořalnách nenechal říkat než pane hrabě.“
Litteratur
Polenen flag
Wikipedia czdeennnnopl KartSøk
polen.png

Polen med grensene frå 1772 og etter delingane i åra 1772, 1793 og 1795.

Polen er indirekte nemnd i form av ein polsk greve. Švejk vert i samtale med løytnanten på stasjonen i Tábor vert skulda for å vera degenerert og svarar med anekdota om den degenererte sonen til ein polsk greve som budde "hjå oss" på hjørna av Kateřinská ulice og Na Bojišti.

Ettersom handlinga skrid fram i del III og IV vert fleire polakkar nemnde - til dømes "latrine-generalen" i Budapest og soldaten frå Kołomyja som rota med feltropet. Etter at marsjkompaniet reiser inn på polsk område ved Łupków-passet kjem fleire til, stort sett utan å verta nemnde med namn. Døme er spionen i cella til Švejk's i Przemyśl og den polske skulestyraren i Klimontów.

Siste fire kapittela av handlinga i Den gode soldat Švejk kjem til å føregå i søraustlege delen av det noverande Polen og i det austlege Galicia, eit område der polsk var det fremste offisielle språket. På territoriet til det noverande Polen vitja Švejk Łupków-passet, Szczawne, Kulaszne, Sanok, Tyrawa Wołoska, Liskowiec, Krościenko og Przemyśl. Mange andre vert nemnde, mellom dei Kraków, Warszawa, Poznań og Częstochowa.

I kontrast til dei mange stadsnamna er forbausande få polske personar nemnde med namn: den einaste opplagde er herr Grabowski (forfattaren meinte rettnok Dworski). Trainsoldat Trainsoldat Bong kan òg ha vore polsk men dette er ikkje stadfesta.

Bakgrunn

warszawa1.jpg

Varšava zámek

Světozor,14.10.1914

Polen var i 1914 ikkje eigen stat ettersom polske landområde i nesten 120 år hadde vore delte mellom Austerrike, Russland og Tyskland. Trass dei lite gustige omstenda hadd Polsk kultur, språk og nasjonal identitet hadde overlevd framandveldet. Bakgrunnen var dei tre delingane av Polen (1772, 1793, 1795), gjennomført av Russland, Preussen og Austerrike, der landområdet vart gradvis redusert heilt til staten opphøyrde etter siste delinga. I 1918 gjenoppsto endeleg den uavhengige polske staten som eit resultat av nederlaget i fyrste verdskrigen til dei tre stormaktene som inntil då hadde rådd over landet.

Russisk og tysk Polen

Det største polske området var russisk-styrd, frå 1815 offisielt Kongeriket Polen (Królestwo Polskie, Царство Польское) med tsaren som nominell konge og Warszawa som hovudstad. Formelt hadde det vistrekt sjølvstyre men dette vart gradvis undergreve, spesielt etter oppstandane i 1830 og 1863. Fleire russifiserings-tiltak fylgde, mellom anna av innføringa av russisk som offisielt språk etter 1860. Mot slutten av 1900-talet var folketalet på om lag 10 millionar og Warszawa var tredje største byen i det russiske riket. Dette russiske herredømet varde til 1915, gjort slutt på gjennom Sentralmaktene sine sigrar dette året. Polakkar måtte gjera teneste i den russiske hæren. Eit døme er slaget ved Sokal i juli 1915 der dei m.a. stod ovafor Jaroslav Hašek sitt IR. 91 og skal ha utmerka seg under slaget.

preuspol.png

Bergen Aftenblad,7.9.1910

Tysk Polen bestod langt på veg av den preussiske provinsen Posen (Prowincja Poznańska, Provinz Posen) og var med sine 2 millionar innbyggjarar (1910) langt mindre enn russisk Polen. Polakkane utgjorde to tredjedeler av folketalet men hadde lite dei skulle ha sagt i styre og stell. Som i Russland vart polsk språk og kultur undertrykt og provinsen var offer for hardhendt germanisering, spesielt under og etter Bismarck sitt styre. På den andre sida var Poznań det mest velståande polsk-befolka området. Polakkar måtte gjera teneste i den keisarlege tyske hæren.

Austerriksk Polen
lwowski.png

Kurjer Lwowski,29.6.1914

Der Polen og polakkar er eit tema i Den gode soldat Švejk er det overveldande sannsynleg at det er snakk om polakkar i Austerrike, og for alle praktiske føremål Galicia (Galicja - Galizien). Det vart innlemma i Habsburg-riket etter den fyrste delinga av Polen i 1772. Polakkane hadde her langt meir sjølvstyre enn landsmennene sine i Russland og Tyskland. Frå 1873 vart jamvel Galicia ein autonom provins i Cisleithanien med polsk og i mindre grad rutensk (ukrainsk)[1] som offisielle språk. Den Galisiske Sejmen (parlamentet) og den provinsielle administrasjone hadde vudtgåande fullmakter og priviligum,særleg innafor kultur, utdanning og lokalt styre. Poloniseringa av det autonome Galicia kom bekostning av rutenarane og endåtil det langt mindre tyske mindretalet. Misnøya med det polske styret førde til ei sterk russofilsk rørsle i den ukrainske befolkninga, eit tema som òg dukkar opp på slutten av Den gode soldat Švejk. Polakkar, som ein av dei 11 nasjonane i Austerrike-Ungarn, utgjorde om lag 10 prosent av dei 52 millionar innbyggjararne (klassifisert etter språk). I underhuset i Reichsrat hadde dei 82 av dei 516 representantane (1911).

I 1910 var folketalet rundt 8 millionar og hovudstaden var Lwów. Galicia var etnisk delt med polakkar i fleirtal i vest og rutenar (ukrainarar) i aust. Unnataken var Lwów der polsk-talande var i fleirtal i eit ellers ukrainsk område. Alt i alt utgjorde polakkar 58 prosent av folketalet, ukrainarar 40 per cent. I Austerrike-Ungarn var jødar ikkje klassifiserte som eigen nasjon men trus-statistikken avslører at dei utgjorde om lag 11 prosent av folketalet i austerrisks Polen.

Under krigen
polen1.png

Lage und Verteilung der Kräfte 1. Mai 1915. Österreich-Ungarns letzter Krieg II, Beilage 15.

I 1914 og 1915 var det harde kampar på polsk område. Austerriks-ungarske styrkar invaderte russisk Polen i august og hadde suksess i den tidlege fasen under slaga ved Kraśnik og Komarów. Denne framgangen kom likevel i skuggen av katastrofen i Galicia der hovudstaden Lwów måtte evakuerast tidleg i september og hæren trekt tilbake mot elva San og Karpatane. Stoda var spesielt alvorleg i slutten av november då den russiske 3. armee kryssa Raba og trua Kraków. Offensiven vart endeleg stogga under slaget ved Limanowa og fronten stabiliserte seg langs Dunajec og i Karpatane. Spesielt viktig var festninga Przemyśl som band store russiske styrkar fram til den kapitulerte 22. mars 1915 etter å ha vore omringa sidan 8. november 1914. Lenger nord var den tyske hæren meir framgangsrik og innan januar 1915 hadde dei okkupert deler av russisk Polen, inkludert den store byen Łódź.

Tidleg i mai 1915 tok hendingane ei ny vending. Sentralmaktene starta ein vellukka offensive ved Dunajec som tvinga russarane vekk frå Karpatane og i løpet av sommaren vart dei drivne ut av nesten heile Polen. Warszawa fall 4. august 1915 og nesten heile Galicia var attende på austerriske hender på haustparten.

I motsetning til tsjekkarar og ukrainarar var den polske befolkninga relativt lojale til Austerrike-Ungarn under krigen (faktisk òg til Tyskland og Russland i deira respective område). Sentralmaktene gjekk jamvel med på å oppretta eit lydrike kalla Kongeriket Polen på tidlegare russisk område og ein polsk legion leia av den framtidige presidenten Józef Piłsudski vart oppretta som ei halv-autonom eining innan k.u.k. Wehrmacht.

Hašek i Polen
zakopane.jpg

Jaroslav Hašek, Zakopane, 6.8.1901

Det er dokumnentert at Jaroslav Hašek (som kunne noko polsk) vitja austerrisksk Polen i 1901 og 1903. Kjeldene er hans eigne postkort og ein politiraport etter at han vart arrestert i Kraków i juli 1903. Han skreiv òg nokre forteljingar frå det vestlege Galicia som han la til området ved elvane Raba og Dunajec. I forteljingane Mezi tuláky og Procházka přes hranice[2] skriv han at han kryssa grensa til Russland ved uhell, vart arrestert og send til Kielce i russisk Polen men snart send tilbake til Kraków. Ingen har rettnok lukkast i å stadfesta denne soga men den topografiske omtalen er såpass presis at det godt kan ha vore bygd på eigne erfaringar.

Hašek var òg innom område i det noverande Poland då han vart transportert til fronten med marsjbataljonen sin dei fyrste dagane i juli 1915. Dette var rettnok berre ein gjennomreise med tog[3] og ein kan parktisk talt sjå vekk frå at han nokon gong vitja Sanok og Przemyśl, dei viktigaste polske åstadene for handlinga i romanen. Av same grunn kan ein slå fast at ruta som er omtala i [III.4] Marschieren Marsch!", Sanok - Felsztyn, òg er eit utslag av kunstnerisk fridom. Handlinga i kapittelet er nok likevel inspirert av forfattaren sine eigne opplevingar i 1915 men ikkje av det geografiske området han brukar i romanen.

I den ukrainske delen av Galicia oppheldt seg han derimot over ein lengre periode: frå 4. juli til 27. august 1915, no som soldat i Infanterieregiment Nr. 91.

Švejk si høgborg
przemysl4.jpg

18. Manewry Szwejkowskie, Przemyśl, 3.7.2015

Polen er idag fremst i verda i å halda Švejk sitt namn i hevd og dei overgår til og med Tsjekkia i så måte. Soldaten har organiserte grupper av tilhengarar fleire stader, med årlege Švejk-festivalar både i Kielce og Przemyśl. Den siste hendinga er den største og har dei lengste tradisjonane. Festivalen Manewry Szwejkowskie finn stad årleg tidleg i juli og i 2022 vart den arrangert for 25. gong. Polen kan òg skilta med framståande švejkologar, fyrst og femst Antoni Kroh. Ikkje berre er han oversetjar av Den gode soldat Švejk - han har òg skrive ei grundig bok om temaet (O Szwejku i o nas, 1992). Likeleis er forklaringane i omsetjinga hans solide og rikhaldige. Langs ruta som Švejk fylgde har det vorte laga ein turistveg med forklarande plakatar kalla (Szlak Dobrego Wojaka Szwejka). Sanok, Przemyśl og Kielce har alle statuar av den gode soldaten og det finst fleire Švejk-restaurantar rundt om i Polen.

Sitat
[II.1] Tyto úvahy shrnul v jednu větu, s kterou se obrátil k Švejkovi: „Vy jste, chlape, degenerovanej. Víte, co je to, když se o někom řekne, že je degenerovaný?“ „U nás na rohu Bojiště a Kateřinský ulice, poslušně hlásím, pane lajtnant, byl taky jeden degenerovanej člověk. Jeho otec byl jeden polskej hrabě a matka byla porodní bábou. Von met ulice a jinak si po kořalnách nenechal říkat než pane hrabě.“

Skrivst òg:Polsko cz Polen de Poland en Polska pl

Merknader
1. I offisiell austerriksk-ungarsk språkbruk viste Ruthenen til den ukrainske befolkninga i riket. I bruk på denne sida har difor "rutensk" og "ukrainsk" lik tyding.
2. "Mellom landstrykarar" og "Ein tur over grensa".
3. I fylgje Jan Vaněk var marsbataljonen i Humenné 2. juli 1915 og to dagar seinare stod toget deira nær Sambor. Ruta vil difor ha vore over Łupków-passet og ned til Zagórz ved Sanok, deretter vidare til Sambor via Chyrów og Felsztyn.
Litteratur
Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

1. Švejk sine uhell på toget


© 2008 - 2024 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 16.3.2024