void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Stader

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914 som viser militærdistrikta og Švejk si rute. Heile handlinga i romanen føregjekk på Dobbeltmonarkiet sitt territorium.

Den gode soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar og øyar er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin internettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet.
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, romanen på nett og dessutan til svejkmuseum.cz.

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

Stader liste over stader som er omtala i romanen (591) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

4. Nye lidelsar

Debrecenen flag
Wikipedia czdeenhunn KartSøk
debrecen1.jpg
debrecen.jpg
debrecen2.jpg

Schematismus für das k.u.k. Heer und für die k.u.k. Kriegsmarine,1912

Debrecen er nemd i artikkelen til parlamentsmedlem Barabás i Pester Lloyd etter at skandalen med brevet til Etelka Kakonyi kjem for dagen. Det vert vist til den klanderverdige oppførselen til tsjekkiske soldatar frå regiment N som var stasjonerte der.

Vidare viser parlamentsmedlem Barabás til fana til regimentet ved fronten. Kva som skjedde med den veit me ikkje ettersom det som fylgde vart sensurert bort før det kom på trykk i Pester Lloyd.

Bakgrunn

Debrecen er nest største byen i Ungarn og ligg aust i landet nær grensa mot Romania. Innbyggjartalet er no (2022) kring 200,000.

Debrecen (på den tida skrive Debreczen) var ein viktig garnisonsby både for k.u.k. Heer og Honvéd. Frå 1915 var dessutan erstatningbataljonen til Infanterieregiment Nr. 75 forlagde her, så byen hadde eit visst tsjekkisk innslag. Ein veit ikkje kvar Infanterieregiment Nr. 39, byen sitt Hausregiment, vart flytta til.

Omtalen av det ikkje nemngjevne tsjekkiske regiment N og fana deira, tyder på at Barabas har Infanterieregiment Nr. 28 i tankane ettersom dette regimentet faktisk vart fråtekne fana si i april 1915. Erstatningsataljonen til IR. 28 heldt derimot til i Szeged, ikkje i Debrecen.

Turista Aratáš

Debrecen er òg nemnd i soga Turista Aratáš som Hašek fekk på trykk i Venkov i 1911[a]. Hovudpersonen, den kranglevorne turisten Sandor Aratas som er på tur til Venezia, er stor grunneigar frå byen.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Debrecen 92 729 innbyggjarar. Tingdistriktet var Debreczen og forvaltningsdistriktet var vármegye Máramaros.

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Debrecen vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 39 (Debreczen) eller Honvédinfanterieregiment Nr. 3 (Debreczen). Debrecen husa desstan Honvéd-Husarenregiment Nr. 2 samt brigadar frå både infanteri og kavaleri.

Sitat
[II.4] Upozornili jsme již jednou na řádění pluku No ... v Debrecíně, jehož výtržnosti byly přetřásány i odsouzeny pešťskou sněmovnou a jehož plukovní prapor později na frontě byl - Konfiskováno

Skrivst òg:Debrecín cz Debrezin de

Referensar
aTurista AratášVenkovJaroslav Hašek30.4.1911
Királyhida kretsen flag
KartSøk
kirkreis.png

Nokon Királyhida krets fanst ikkje.

Klara Köttner-Benigni,1983

Királyhida krets er nemnd av Sopronyi Napló der det vert sagt at representanten frå Királyhida krets kom til å ta opp skandalen med Švejk og Vodička gjennom ein interpellasjon i Pest Parlament. Utsending for kretsen var ein viss parlamentsmedlem Savanyú.

Bakgrunn

Királyhida krets (Királyhidai járás) er utan tvil ei fiktiv eining. Det fanst ikkje noko slikt distrikt korkje i valg- juridisk eller administrativ samanheng. Rettsleg sorterte Királyhida under Nezsider (no Neusiedl am See) og politisk under Moson. Valgkretsen som omfatta Királyhida var Zurány (no Zurndorf)[a]. Den vart ikkje representert av nokon parlamentsmedlem Savanyú ettersom utsending frå 1910 til 1918 var Károly Cserny (1863-1933)[b].

Sitat
[II.4] Jest to známý český šovinista Lükáš, o jehož řádění bude podána interpelace naším poslancem Gézou Savanyú, který zastupuje okres királyhidský.“

Skrivst òg:Királyhidaer Kreis de Királyhida district en

Referensar
aDie „Abenteuer des Braven Soldaten Schwejk” in ÖsterreichKlara Köttner-Benigni - Konrad Biricz1983
bCserny KárolySturm–féle országgyülési almanach 1910–1915
Pressburgen flag
Wikipedia czdeennnnosk KartSøk
pressburg.png

Pressburg er nemnd avdi avisene i byen skreiv om skandalen som oppstod i Királyhida etter Oberleutnant Lukáš sitt amorøse brev til Etelka Kakonyi.

Bakgrunn

Pressburg (ung. Pozsony) var i 1915 hovudstad i Øvre Ungarn, sidan 1919 har den vore kjend som Bratislava. På den tida brukte over 80% av byborgarane av ungarsk eller tysk i daglegtalen. Pressburg var hovudstad i Ungarn frå 1541 til 1784, og det ungarske parlamentet møttest her fram til 1848. Byen ligg ved Donau berre nokre få mil frå Bruck og er hovudstad i det moderne Slovakia.

Frå Karlín til Bratislava på 365 dagar
lanna8.png

LA-PNP,29.12.1921

karlin365.png

Tribuna,30.12.1921

Dette er eit skodespel som vart skrive i 1921, truleg mot slutten av året. Det er ein farse om ein rundtur frå Praha til Bratislava med damparen Lanna, langs vassvegane i Europa. Skodespelet vart fyrst annonsert i Tribuna, Prager Presse og Rudé právo den 30. desember 1921 og her er desse oppførde som forfattarar: E.E. Kisch, Rossenvelt pres. U.S.A., J. Hašek, Jules Werenes, E.A. Longen. Det vart oppførd på teateret Adria, same scena som frå 1. november 1921 hadde uroppførd Den gode soldat Švejk, òg det med Longen som regissør. I seinare annonsar er forståeleg nok Werenes og Rossenvelt utelatne frå annonsane.

Manuskriptet avslører at stykket vart forelagd sensorane 29. desember 1921 og at politiet hadde visse innvendingar! Likevel var det ikkje snakk om store inngrep. Som forfattarar er Emil Artur Longen, Jaroslav Hašek og Egon Erwin Kisch oppførde[x].

To namn me kjenner frå Den gode soldat Švejk dukkar opp i skodespelet. Desse to er Offiziersdiener Mikulášek og kneipevert Rampa. Tidspunktet då desse to kjem inn i Den gode soldat Švejk samsvarar òg nokså godt med tida då skodespelet vart skrive. I stykket er Mikulášek fyrbøtar og hovudperson medan Rampa si rolle er mykje lik den han har i romanen. I ei av scenene er Mikulášek full på Rampa sin pub!

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Pressburg 78 200 innbyggjarar. Tingdistriktet var Pozsony og forvaltningsdistriktet var vármegye Pozsony.

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Pressburg vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 60 (Eger) eller Honvédinfanterieregiment Nr. 10 (Eger). Utover dette var Pozsony ein viktig garnisonsby og sete for 5. Korpskommando.

Sitat
[II.4] „Stejně líbezně, pane nadporučíku,“ ozval se plukovník Schröder, „píše o vás též týdeník v Királyhidě a potom prešburské listy. To vás ale už nebude zajímat, poněvadž je to na jedno kopyto. Politicky dá se to odůvodnit, poněvadž my Rakušané, ať jsme Němci, nebo Češi, jsme proti Maďarům přece jen ještě hodně... Rozumíte mně, pane nadporučíku.

Skrivst òg:Prešburk cz Pozsony hu Prešporok sk

Litteratur
Referensar
xZ Karlína do Bratislavy parníkem Lanna 8 za 365 dníE.E. Kisch - Jaroslav Hašek - E.A. Longen29.12.1921
Egeren flag
Wikipedia czdeenhunn KartSøk Švejkův slovník
eger.jpg

Eger város látképe,30.8.1907

Eger er nemnd av Oberst Schröder når han skryter ovafor Oberleutnant Lukáš om sine eskapader med ungarske damer då han var på eit tre vekers landmålingskurs i byen i sine yngre år.

Eger dukkar opp att [III.2] når det er snakk om skada krigsmateriell frå offensiven "bortafor Lwów". Frå denne passasjen virka det til og med som om ruta til marsjbataljonen var planlagd gjennom Eger, sjølv om denne ikkje ligg på jernbanelinja frå Budapest til Sanok.

Forutan den manglande geografiske logikken er det snakk om eit tidshopp her. Opphaldet i Budapest vert direkte lagd til tida for Italia si inntreding i krigen 23. mai 1915, men offensiven aust for Lwów kan funne stad etter 22. juni, dagen då byen vart teken tilbake av Sentralmaktene.

Bakgrunn

Eger er ein by i den nordlege delen av Ungarn, mest kjend for raudvinen sin og den godt haldne historiske bykjerna. Den har per i dag (2023) omtrent 54 000 innbyggjarar og er senter for Heves vármegye (fylke). På Dobbeltmonarkiet si tid hadde byen ein garnison så det er fullt mogeleg at det vart halde militære landmålingskurs here.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Eger 28 052 innbyggjarar. Tingdistriktet var Eger og forvaltningsdistriktet var vármegye Heves.

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Eger vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 60 (Eger) eller Honvédinfanterieregiment Nr. 10 (Eger).

Sitat
[II.4] „Neříkejte, pane nadporučíku, že jste teprve začal korespondovat. Já, když jsem byl ve vašich letech, seděl jsem v Jágru na měřických kursech tři neděle, a měl jste vidět, jak jsem ty celé tři neděle nic jiného nedělal než spal s Maďarkami. Každý den s jinou. Mladé, svobodné, starší, vdané, jak to právě přišlo, žehlil jsem tak důkladně, že když jsem se vrátil k regimentu, sotva jsem pletl nohama.
[III.1] Také se rozšiřovalo po nádraží, že u Jágru srazil se jeden sanitní vlak s nemocnými a raněnými s vlakem vezoucím dělostřelectvo.

Skrivst òg:Erlau de Jáger sk

Jerikoen flag
Wikipedia czdeense Søk Švejkův slovník
jericho.jpg

Anastatica hierochuntica, den ekte Jerikorosa

jericho.png

Ottův slovník naučný,1889

Jeriko er nemd i ei av Švejk sine anekdotar, rettnok indirekte gjennom uttrykket Jerikorose. Tenaren til målar Panuška forklarde ei gammal kjerring korleis ein lagar ei Jerikorose. Oppskrifta var å ta ei turr kukake, legga den på tallerken, vatna den og så vaknar den til liv.

Bakgrunn

Jeriko er ein historisk by i Palestina, rekna som eldste byen i verda. Den er òg byen som ligg lågast, 250 meter under havflata.

Jerikorosa

Jerikorose er eit namn som knytest til to planteartar som veks i turre strok. Dei vert òg kalla oppstandelsesplaner ettersom dei overlever lange turkeperiodar men vaknar til live att når regnet kjem[a].

Anastatica hierochuntica veks i Midtausten og Nordafrika og er ofte omtala som den "ekte Jerikorosa. Selaginella lepidophylla veks i turre strok i Nord.Amerika og vert kalla "den uekte Jerikorosa". I samanheng med Den gode soldat Švejk går ut frå at det er den fyrste Švejk har i tankane.

Ein teori er at samanhengen med Jeriko har med omgrepet "oppstandelse" å gjera. Byen vart øydelagd fleire gonger men gjenoppstod gong på gong.

Sitat
[II.4] „... potom dostaneš pár facek,“ ozval se starý sapér Vodička, „co si ten chlap všechno nevymyslí. Člověk má starosti s divisním soudem, a von chlap mizerná mně včera, když nás vedli k vejslechu, vykládal, co je to růže z Jericha.“
„To ale nebyla moje slova, to vykládal sluha malíře Panušky Matěj jedné staré bábě, když se ho ptala, jak vypadá růže z Jericha. Tak jí povídal: ,Vemte suchý kravský hovno, dejte ho na talíř, polejte vodou a vono se vám krásně zazelená, a to je růže z Jericha,“‘ bránil se Švejk, „já jsem si tu blbost nevymyslil a přeci jsme si vo něčem museli povídat, když jdeme k vejslechu. Já jsem tě chtěl, Vodičko, jen potěšit...“

Skrivst òg:Ārīḥā ar Jericho cz Jericho de Jericho en

Litteratur
Referensar
aRose of JerichoEncyclopaedia Britannica
Moravská Ostravaen flag
Wikipedia czdeennn Søk
ostrava.jpg

Moravská Ostrava, 1916

Moravská Ostrava er nemnd i ei anekdote av Švejk der han illustrerer kor viktig det er aldri å innrøma noko i retten. Det kjem òg fram at dette er ein av stadene Švejk har arbeidd.

Bakgrunn

Moravská Ostrava var den mähriske delen av Ostrava, ein viktig industri og gruveby som ligg både i Mähren og Schlesien. I 1924 vart det moderne Ostrava oppretta ved samanslåing av 7 kommunar, der den største var Moravská Ostrava.

Ein har ingen indikasjonar på at Jaroslav Hašek nokon gong sjølv var i Ostrava og han nemner byen berre ein gong til i heile si skriving[a]

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Moravská Ostrava 36 754 innbyggjarar. Tingdistriktet var okres Moravská Ostrava og forvaltningsdistriktet var hejtmanství Moravská Ostrava.

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Moravská Ostrava vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 100 (Teschen) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 31 (Teschen).

Sitat
[II.4] Když jsem jednou pracoval v Mor. Ostravě, tak tam byl takovejhle případ: Jeden horník ztřískal tam inženýra mezi čtyřma vočima, takže to nikdo neviděl. A advokát, kerej ho hájil, pořád mu říkal, aby zapíral, že se mu nemůže nic stát, ale předseda senátu mu pořád klad na srdce, že přiznání je polehčující okolností, ale ten ved neustále svou, že se přiznat nemůže, tak byl osvobozenej, poněvadž dokázal svoje alibi. V ten samej den byl v Brně...“

Skrivst òg:Mährisch Ostrau de Morawska Ostrawa pl

Litteratur
Hamburgen flag
Wikipedia czdeennnno KartSøk
hamburg.jpg

Hamburg, gelaufen 1912.

Hamburg er nemnd i ei anekdote av Švejk der han illustrerer at det kan vera lurt å spela tilbakeståande. Dette handlar om ein intelligent økonomi-professor som laug på seg all slags utriveleg familiebakgrunn og slapp til slutt unna til trass for at han hadde desertert.

Bakgrunn

Hamburg er nest største byen i Tyskland og sjuande største i EU. Den har ca. 1,8 millionar innbyggjarar og har ein av dei største hamnene i Europa. Det er eit viktig senter for handel, sjøfart og næringsliv.

Hašek og Hamburg

Hamburg er ein by Jaroslav Hašek nemner i fleire av forteljingane sine, sjølv om han neppe sette sin fot i byen. Eit døme er Gott strafe England der han nemner ein viss kjøpmann Feuselen som skal ha hitta på dette slagordet då britane beslagla 10 sekker kaffi frå han. I same soga nemner han Spatenbierhalle og tobakksfabrikken J.F. Schaffer[a]. Ein kan ikkje påvisa at nokon av desse einingane eksisterte.

I andre soger nemner Hašek byen sin vidkjende dyrehandel og dyrehage Hagenbeck.

Sitat
[II.4] Že jednou se probudil v Hamburku a podruhý zas v Londýně, a že nevěděl, jak se tam dostal. Otec že byl alkoholik a zemřel sebevraždou před jeho narozením, matka že byla prostitutkou a opíjela se a zemřela na delirium.

Skrivst òg:Hamburk cz

Litteratur
Referensar
aGott strafe EnglandČeskoslovenský vojákJaroslav Hašek15.10.1917
Vyšehrad jernbanebruen flag
Wikipedia czen KartSøk
mostvys.jpg

Pohled na dokončený nový vyšehradský železniční most. V pozadí Smíchov a Palackého most, 1901

mostvys.png

Q(Nejnovější plán král. hlav. města Prahy, Karlína, Smíchova

Vyšehrad jernbanebru er nemnd av Švejk i hans lange anekdote på Hauptwache om ein økonomiprofessor som laug på seg ei uendeleg rekke med familietragedier. Mellom anna hadde broren hans hadde hoppa ut frå denne brua.

Bakgrunn

Vyšehrad jernbanebru viser til ei bru over Vltava ved Vyšehrad. Brua vart opna i 1872, ombygd i 1901, og bind saman Nusle og Smíchov. Den er enno (2023) i bruk og vart nyleg renovert.

Brua har ikkje noko offisielt namn. På karta har ein opp gjennom åra brukt ymse ord og vendingar.

Sitat
[II.4] Mladší sestra že se utopila, starší že se vrhla pod vlak, bratr že skočíl z železničního mostu na Vyšehradě, dědeček že zavraždil svou ženu a polil se petrolejem a zapálil se, ...

Skrivst òg:Vyšehrad railway bridge en

Litteratur
Berlin Westbahnhofen flag
Wikipedia de KartSøk
berlinwest.png

Reiner si omsetjing/retting

Arbeiterwille, 9.3.1927

nordbahnhof.png

Droschkenwegemesser von Berlin, 1884

krausf2.png

Vers frå uspesifisert dametoalett i Berlin, samla av F.W. Berliner.

Anthropophyteia. VII. Band, 1910.

Berlin Westbahnhof er nemnd i omtalen av Auditor Ruller, aktor i Brucker Lager. Han studerer teikningar av mannlege og kvinnelege kjønnsorgan frå eit toalett på Berlin Westbahnhof, gjengjeven i ei bok av Fr. S. Kraus som heiter Forschungen zur Entwicklungsgeschichte der geschlechtlichen Moral.

Bakgrunn

Berlin Westbahnhof var i fylgje forfattaren ein jernbanestasjon i Berlin, men det har aldri funnest stasjonar i byen med akkurat dette namnet.

Reiner sin korreksjon

Grete Reiner si omsetjing av romamen til tysk gjev derimot ein peikepinn. Her dukkar stasjonen opp som Berlin Nordbahnhof så ho har nok meint å retta på forfattaren.

Nordbahnhof

Dette var ein av dei store jernbanestasjonane i Berlin. Den opna i 1. oktober 1877, i starten berre for godstrafikk, og band saman hovudstaden med dei nord-austlege delene av Tyskland, hovudsakleg Stettin. Dette var truleg stasjonen der Jaroslav Hašek og kona kom til i desember 1920, på veg til frå Russland til Tsjekkoslovakia.

Fram til 1950 heitte stasjonen rettnok Stettiner Bahnhof så det motseier antakelsen om at det var denne Reiner hadde i tankane. Derimot låg like ved den mindre Nordbahnhof, seinare døypt om til Eberswalder Straße.

Studiar av Krauss si Anthropophyteia, samlinga Hašek viser til i romanen, gjev ingen konkrete spor. Om noko verkar det som om forfattar har plukka fragment frå band VII., og deretter dreia dei til for litterære føremål. Nokon konkret jernbanestasjon i Berlin har det ikkje lukkast å finna i Anthropophyteia[a].

Sitat
[II.4] Zadíval se na reprodukci naivních kreseb mužského i ženského pohlavního ústroje s přiléhajícími verši, které objevil učenec Fr. S. Krause na záchodcích berlínského Západního nádraží, takže neobrátil pozornost na ty, kteří vstoupili.

Kjelder: Hans-Peter Laqueur

Skrivst òg:Berlin West Railway Station en Berlín západní nádraží cz Berlin Westbahnhof de

Referensar
aAnthropophyteia, I. - X. Band (1904-1913).Friedrich S. Krauss
Velké Popoviceen flag
Wikipedia czdeen KartSøk
kozel.jpg

Mørk Kozel på U kalicha, 22. mai 2011.

kozel.png

České slovo,11.4.1909

Velké Popovice er nemnd av Švejk i den vidkjende avskjedscena i Királyhida. Sappeur Vodička spør kva øl dei har på U kalicha, og Švejk svarar: "Velkopopovický".

Bakgrunn

Velké Popovice er ein stad like utafor Praha si sørgrense, kjend for bryggeriet sitt. Velkopopovický-ølet er sagt å ha vore Jaroslav Hašek sin favoritt og er enno populært. Akkurat som på Švejk si tid vert den mørke utgåva servert på U kalicha, men i vår tids Praha er U černého vola (Den svarte okse) ei populær hospoda som tappar den lyse varianten i store mengder.

Eit stort bryggeri

Bryggeriet vart grunnlagd i 1871 av forretningsmannen og politikaren Franz Ringhoffer (1817-1873) og i 1874 kom produksjonen i gang. Bryggeriet var eit av dåtidas mest moderne og vart fort eit av dei største i Böhmen. I 1907 låg dei på fjerdeplass med eit produksjonsvolum på 175 000 hektoliter[a]. The alternative namnet Kozel (Geitebukk) vart teke i bruk heilt frå starten og er langt på veg synonymt med øl frå Velké Popovice.

Produksjonsvolum under krigen

Her er, som eit apropos til humlehandlar Wendler sine sorger, produksjonsvoluma frå 1913 til 1919 (i 1000 hektoliter): 230, 199, 181, 130, 37, 25, 38[b]. Dette er tal som set omgrepet "økonomisk krise" i perspektiv. Ikkje før 1924 var produksjonen tilbake på førkrigsnivået.

Pivovary.info

Pro velkopopovický pivovar znamenaly roky 1916 až 1918 pokles výroby až na osminu předválečného výstavu. Ekonomická ztráta však podnik vzhledem k vyšší válečné a poválečné výrobě Ringhofferovy vagónky neohrozila. Uvolnění trhu v roce 1921 umožnilo prudký nárůst výroby a již o tři roky později dosáhla produkce pivovaru 142 000 hl piva, čímž překonala nejúspěšnější roky předválečné.

Sitat
[II.4] Potom se vzdálili a bylo slyšet zas za hodnou chvíli za rohem z druhé řady baráků hlas Vodičky: „Švejku, Švejku, jaký mají pivo ,U kalicha’?“ A jako ozvěna ozvala se Švejkova odpověď: „Velkopopovický.“ „Já myslel, že smíchovský,“ volal z dálky sapér Vodička. „Mají tam taky holky,“ křičel Švejk. „Tedy po válce v šest hodin večer,“ křičel zezdola Vodička.

Skrivst òg:Groß Popowitz de

Litteratur
Referensar
aVedle těchto pivovarů ...Kvas1.8.1908
bPivovar Velké PopovicePivovary.info1.1.2000
Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

4. Nye lidelsar


© 2008 - 2024 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 16.3.2024