void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Stader

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914 som viser militærdistrikta og Švejk si rute. Heile handlinga i romanen føregjekk på Dobbeltmonarkiet sitt territorium.

Den gode soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar og øyar er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin internettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet.
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, romanen på nett og dessutan til svejkmuseum.cz.

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

Stader liste over stader som er omtala i romanen (591) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward IV. Det ærerike samanbrotet held fram Hovudpersonen

2. Sjelesorg

Zlíchoven flag
Wikipedia cz KartSøk
zlichov.jpg

Zlíchov vert trekt inn av Švejk når han fortel Feldkurat Martinec at alle feltprestar han kjenner røykjer som destilleriet i Zlíchov.

Bakgrunn

Zlíchov er ein liten bydel i Praha, på vestbreidda av Vltava sør for Smíchov. Švejk viser til brenneriet (lihovar) vist på biletet.

Sitat
[IV.2] „To se divím,“ řekl Švejk. „Znal jsem mnoho feldkurátů a ti kouřili jako špirituska na Zlíchově. Feldkuráta si vůbec nemůžu představit, aby nekouřil a nepil.
Nový Jičínen flag
Wikipedia czdeen KartSøk
njicin.jpg

"Mein Österreich, mein Heimatland", 1915

Nový Jičín er nemnd avdi Feldkurat Martinec fortel Švejk at han kjem frå dette området.

Bakgrunn

Nový Jičín er ein by i det nord-austlege Mähren, 32 km sør for Ostrava. Byen har 27000 innbyggjarar og det historiske senteret er verna.

Sitat
[IV.2] Vodkuďpak sou, pane feldkurát?“ „Od Nového Jičína,“ skleslým hlasem ozval se c. k. dp. Martinec.

Skrivst òg:Neutitschein de

Opatovická uliceen flag
KartSøk
opatovicka.jpg

Opatovická ulice er ei gate Švejk har budd i kan han fortelja Feldkurat Martinec. Dette er i samband med anekdota om portier Faustýn.

Bakgrunn

Opatovická ulice er ei gate i Nové město, vinkelrett på Křemencová ulice.

Sitat
[IV.2] Když jsem bydlel v Opatovickej ulici, tak jsem tam měl jednoho kamaráda, Faustýna, vrátnýho z hotelu.
Křemencová uliceen flag
KartSøk
kremencova.jpg

Křemencová ulice er ei gate Švejk har budd i kan han fortelja Feldkurat Martinec. Dette er i samband med anekdota om portier Faustýn.

Bakgrunn

Křemencová ulice er ei gate i Praha II., vinkelrett på Opatovická ulice. Det kjende vertshuset U Fleků ligg her.

Sitat
[IV.2] Von byl totiž ten pan Faustýn úplně vožralej a zapomněl, že já bydlím v Opatovickej ulici docela v nízkém přízemí, a ne ve třetím patře jako před rokem, když jsem bydlel v Křemencovej ulici a von ke mně chodil na návštěvu.“
Index Back Forward IV. Det ærerike samanbrotet held fram Hovudpersonen

2. Sjelesorg


© 2008 - 2024 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 16.3.2024