void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Stader

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914 som viser militærdistrikta og Švejk si rute. Heile handlinga i romanen føregjekk på Dobbeltmonarkiet sitt territorium.

Den gode soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar og øyar er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin internettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet.
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, romanen på nett og dessutan til svejkmuseum.cz.

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

Stader liste over stader som er omtala i romanen (591) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward IV. Det ærerike samanbrotet held fram Hovudpersonen

3. Švejk tilbake i marsjkompaniet sitt

Loděniceen flag
Wikipedia cz KartSøk
lodenice.jpg

Loděnice er nemnd i anekdoten om herr Karderaz som på eksepertmessig vis sov med flosshatten som pute.

Bakgrunn

Loděnice er ein landsby ved Beroun vest for Praha. Sjølv om det er fleire stader med dette namnet i Böhmen, er denne sannsynleg ettersom forfattaren kjende området godt. Han vitja byen i 1913 saman med Zdeněk Matěj Kuděj og på ny i 1914, no i fylgje med Josef Lada.

Sitat
[IV.3] Vyspat se na cylindru, to doved jenom nějakej pan Karderaz v Loděnici.
Turzeen flag
Wikipedia pluk KartSøk
turze.jpg

Turze vert nemnd i samtalen mellom Major Derwota og General Fink. Majoren påpeika at Švejk vart teken til gange 150 km bak fronten som gjekk langs linja Sokal - Turze - Kozłów.

Bakgrunn

Turze er det polske namnet på landsbyen Тур'я (Turia) i Busk-regionen i det vestlege Ukraina.

Sitat
[IV.3] Major otevřel si stůl, vytáhl mapu a zamyslel se nad tím, že Felštýn je 40 kilometrů jihovýchodně od Přemyšlu, takže jevila se zde hrozná záhada, jak přišel pěšák Švejk k ruské uniformě v místech vzdálených přes sto padesát kilometrů od fronty, když posice táhnou se v linii Sokal-Turze-Kozlów.

Skrivst òg:Тур'я ua

Litteratur
Kozłówen flag
Wikipedia pluk KartSøk

Kozłów vert nemnd i samtalen mellom major Major Derwota og General Fink. Majoren påpeika at Švejk vart teken 150 km bak fronten som då gjekk langs linja Sokal - Turze - Kozłów.

Bakgrunn

Kozłów er det polske namnet på småbyen Козлів (Kozliv) i Ternopil-oblastet i Ukraina.

Sitat
[IV.3] Major otevřel si stůl, vytáhl mapu a zamyslel se nad tím, že Felštýn je 40 kilometrů jihovýchodně od Přemyšlu, takže jevila se zde hrozná záhada, jak přišel pěšák Švejk k ruské uniformě v místech vzdálených přes sto padesát kilometrů od fronty, když posice táhnou se v linii Sokal-Turze-Kozlów.

Skrivst òg:Козлів ua

Litteratur
Wojalyczeen flag
Wikipedia enpluk KartSøk Švejkova cesta
wojutycze.jpg

Воютичі 2010

wojutycze.png

Neue Freie Presse,6.6.1915

wojutycze1.png

Das Infanterieregiment Nr. 91 am Vormarsch in Galizien, 15.5.1915

Wojalycze var brigadehovudkvarteret og det var hit Švejk vart førd etter at han så vidt unngjekk å bli hengd i Przemyśl. Sjef for staben var Oberst Gerbich som sleit med si vonde tå og tilsvarande raserianfall.

Her får me òg eit gjensyn med både Leutnant Dub og Kadett Biegler. Dub har hatt nok eit uhell medan Švejk var borte, han fall av hesten då han skulle prøva å visa fram ridekunstane sine. Biegler er no utskriven frå koleraanstalten i Tarnów og har teke seg fram med tog, for det meste på toalettet grunna den lause magen han har slite med sidan Budapest.

Bakgrunn

Wojalycze er nesten sikkert ei feilstaving av Wojutycze, det polske namnet på småbyen Воютичі (Vojutytsji) i Lviv-oblastet i Ukraina. Staden ser ut til ú ho vore viste til alt i [III.4], som Woralyče.

Wojutycze ligg på jernbanelinja mellom Sambor og Chyrów. IR. 91 sin XII. Marschbataillon med Jaroslav Hašek drog forbi her den 4. juli 1915. Nokon brigadestab for 17. Infanteriebrigade (som IR. 91 tilhøyrde) kan det ikkje ha vore snakk om korkje før eller etter at forfattaren kom til fronten. Den 4. juli var brigaden lokalisert mykje lenger aust ved Lipowce og heller ikkje då IR. 91 marsjerte forbi 15. mai var det snakk om forlegning av brigadestaben i Wojutycze[a].

Sitat
[IV.3] Polák mu na to neodpovídal a nakonec celá eskorta byla v hlubokém mlčení, jako by jela na pohřeb a přemýšlela s pietou na nebožtíka. Tak se blížili ku štábu brigády do Wojalycze. Mezitím se u štábu brigády zběhly jisté velice podstatné změny. Řízením štábu brigády byl pověřen plukovník Gerbich.

Skrivst òg:Wojutycze pl Воютичі ua

Litteratur
Referensar
aDas Infanterieregiment Nr. 91 am Vormarsch in GalizienVÚA
Sądowa Wiszniaen flag
Wikipedia deenpluk KartSøk
wisznia.jpg

Sądowa Wisznia er nemnd i samband med Leutnant Dub sitt rideuhell.

Bakgrunn

Sądowa Wisznia er det polske namnet på byen Судова Вишня (Sudova Vysjnja) i Lviv-oblastet i Vest-Ukraina. Den ligg rett ved grensa til Polen.

Sitat
[IV.3] Za těch několik dní od pochodu Sanok-Sambor poručík Dub prodělal opět jedno dobrodružství. Za Felštýnem potkala totiž 11. pochodová setnina transport koní, které vedli k dragounskému pluku do Sadowe-Wisznie.

Skrivst òg:Sadowe-Wisnie Hašek Судова Вишня ua

Litteratur
Lwówen flag
Wikipedia czdeennnnopluk KartSøk Švejkova cesta
lviv.jpg
lviv.png

Die Neue Zeitung,23.6.1915

Lwów er nemnd 8 gonger i Den gode soldat Švejk.

Lwów er såvidt nemnd avdi Švejk vert tildelt ein militærbilett frå Wojalycze til Żółtańce via Lwów. Det er ikkje skildra noko opphald der. Byen hadde før dette alt vorte nemnd nokre gonger i romanen. Skal ein leggja historiske kjensgjerningar til grunn må soldaten ha reist gjennom Lwów etter 22. juni 1915 ettersom dette var dagen då Sentralmaktene tok tilbake byen.

Bakgrunn

Lwów er det polske namnet på Львів (Lviv), største byen i det vestlege Ukraina. Fram til 1918 tilhøyrde den Austerrike-Ungarn og var hovudstad i Galicia. Polakkane var den største etniske gruppa på den tida, men byen hadde òg store ukrainske, tyske og jødiske mindretal. I mellomkrigstida høyrde den til Polen, deretter Sovjetunionen og frå 1991 Ukraina.

Den russiske hæren inntok Lwów den 3. september 1914 men byen vart teken tilbake av Sentralmaktene 22. juni 1915. Ved begge høva kom byen unna utan større skadar ettersom forsvararane trekte seg ut.

Den gode soldat Švejk i fangeskap

I Dobrý voják Švejk v zajetí er byen kort nemnd i starten av kapittel 5. Forfattaren noterer seg at den russiske hæren hadde okkupert Lvov og omringa Przemyśl. I Serbia gjekk det dårleg med den austerriske hæren, i Praha var folk glade og i Mähren gjorde folk seg klare til kakebakst for å ynskja kosakkane velkomne. Alt dette hadde skjedd medan Švejk sat i arresten i starten av krigen.[1]

Mezitím co byl Švejk zavřen, ruská vojska zabrala Lvov, oblehla Přemyšl, dole v Srbsku stálo to také velmi špatně s rakouskou armádou, lidé v Praze byli veselí a na Moravě dělali již přípravy k pečení koláčů, až přijdou kozáci.

Sitat
[IV.3] Mezitím co byl Švejk zavřen, ruská vojska zabrala Lvov, oblehla Přemyšl, dole v Srbsku stálo to také velmi špatně s rakouskou armádou, lidé v Praze byli veselí a na Moravě dělali již přípravy k pečení koláčů, až přijdou kozáci.
[IV.3] Plukovník se také usmíval a potom vydal tyto rozkazy: „Vyhotovit Švejkovi vojenský lístek přes Lvov na stanici Zóltance, kam má zítra dorazit jeho pochodová setnina, a vydat mu ze skladiště nový erární mundur a 6 korun 82 haléře v záměnu mináže na cestu.“

Skrivst òg:Lvov cz Lemberg de Lwów pl Львів uk

Litteratur
Referensar
1Dobrý voják Švejk v zajetíJaroslav Hašek1917
Żółtańceen flag
Wikipedia depluk KartSøk Švejkova cesta
zoltance1.jpg

Eine Bilderreihe aus den Kampfgebieten der 25. Reserve-Division 1914-1916

zoltance.jpg

Жовтанці, 2010

Żółtańce er nemnd 7 gonger i Den gode soldat Švejk.

Żółtańce er stasjonen Švejk kjem fram til etter han er sendt tilbake til marsjkompaniet sitt. Han har eit kort opphald her, spør kvar det 11. marsjkompaniet held til, før han går vidare for å slutta seg til dei i Klimontów. Forfattaren beskriv situasjonen i byen detaljert, at fronten no er så nær at ein kan høyra artilleriet og sjå røyk frå brennande landsbyar. Han skriv òg om kor godt stilt den tyske hæren er forsyningsmessig, dei får til og med øl til lunsj.

Bakgrunn

Żółtańce er det polske namnet på Жовтанці (Zhovtantsi), ein småby med 3500 innbyggjrar nord-aust for Lviv.

Tre bataljonar frå Jaroslav Hašek sitt Infanterieregiment Nr. 91 kom til Żółtańce 16. juli 1915. Det var knappe to timars rast på marsjen frå Gołogóry til fronten ved Sokal.

Det er difor lite truleg at forfattaren var inne i byen på denne korte tida, og ein må gå utfrå at hendingane herfrå hentar inspirasjon annanstads frå. Stasjonen som er nemnd i romanen må ha vore Żółtańce-Kłodno, nokre kilometer mot nordaust. I dag er stasjonen kalla Колодно.

Evžen Topinka

Želežnicní trat ze Lvova do Sapizanky byla postavena v r. 1910 pak dále do Vladimira Volynskeho (přes Krystynopol - ted Červonohrad a Sokal) v 1914. (Hrankin, Lazecko, Somockin, Sramko. Lvivska zaliznycja. Istorija i sucasnist). Přimo v Žovtancich želežnicní stanice neni, je vedle a jmenuje se Kolodno. Problém je v tom, že Hasek ji omylem jmenuje Klimontów.

Sitat
[IV.3] Ve stanici Zóltance bylo shromáždění celého batalionu hejtmana Ságnera až na nachhut ze 14. kumpanie, který se někde ztratil, když obcházeli Lvov. Při vstupu do městečka Švejk ocitl se úplně v novém prostředí, neboť zde již bylo pozorovat ze všeobecného ruchu, že není tak příliš daleko na posici, kde se to řeže. Všude leželo kolem dělostřelectvo a vozatajstvo, z každého domu vystupovali vojáci nejrůznějších pluků, mezi těmi jako elita chodili říšští Němci a aristokraticky rozdávali Rakušanům cigarety ze svých hojných zásob. U říšskoněmeckých kuchyní na náměstí byly dokonce sudy s pivem, kde se vojákům točilo pivo do odměrek k obědu a k večeři, kolem kterých sudů ploužili se jako mlsné kočky zanedbaní rakouští vojáci s nabobtnalými břichy od špinavého odvaru slazené cikorky.

Kjelder: Evžen Topinka, Jaroslav Křížek, VÚA

Skrivst òg:Zóltance Hašek Жовтанці ua

Litteratur
Kamionka Strumiłowaen flag
Wikipedia deenpluk KartSøk
kamionka.jpg

Kamionka Strumiłowa er nemnd i skildringa frå Żółtańce. Det vert sagt at russarane bombarderer byen frå Grabowa.

Bakgrunn

Kamionka Strumiłowa er det tidlegare polske namnet på Кам'янка-Бузька (Kamjanka-Buska), ein by i Lviv-oblastet i Ukraina. Byen ligg ved elva Bug, 40 km nord for Lviv.

Jaroslav Hašek sitt Infanterieregiment Nr. 91 heldt til i omådet ved byen frå 17. til 21. juli 1915 der dei førebudde kryssing av Bug. Dette skjedde ikkje ettersom dei vart omdirigerte til Sokal grunna den vanskelege stoda ved frontavsnittet der. Dette er ei rute Švejk òg visseleg ville teke om romanen hadde vorte fullførd.

Sitat
[IV.3] Slyšet bylo zřetelně dunění děl. Tu zas křičeli, že Rusové bombardují z Grabové Kamionku Strumilowu a že se bojuje podél celého Bugu, a vojáci že zadržují běžence, kteří se už chtěli vrátit za Bug opět do svých domovů.

Kjelder: Alexandr Drbal, Jaroslav Křížek, VÚA

Skrivst òg:Kamionka Strumilowa Hašek Kamjanka-Buska de Kamionka Bużańska pl Кам'янка-Бузька ua

Litteratur
Grabowaen flag
Wikipedia enplruuk KartSøk
grabowa.jpg

Grabowa er nemnd i skildringa frå Zóltance. Russarane bombarderer Kamionka Strumiłowa frå Grabowa.

Bakgrunn

Grabowa er det polske namnet på Грабова (Hrabova) i Lviv-oblastet i Ukraina. Landsbyen, som ved siste teljing, hadde 402 innbyggjarar, ligg 24 km aust for Kamianka-Buzka, like nord for Busk.

Sitat
[IV.3] Slyšet bylo zřetelně dunění děl. Tu zas křičeli, že Rusové bombardují z Grabové Kamionku Strumilowu a že se bojuje podél celého Bugu, a vojáci že zadržují běžence, kteří se už chtěli vrátit za Bug opět do svých domovů.

Skrivst òg:Grabová Hašek Грабова uk

Busken flag
Wikipedia deennnplruuk KartSøk
busk.jpg

Kaiser Karl I. besucht die Armeegruppe Böhm-Ermolli in Busk, 3.5.1917

busk.png

Rozkvět č.14, 1915

Busk er nemnd i skildringa frå Zóltance. Røyken frå brennande byar vart observert og det vart sagt at Busk var ein av byane som brann.

Bakgrunn

Busk (Буськ) er ein by i Lviv-oblastet i Ukraina som ligg ved elva Bug. Den har no (2020) godt over 8000 innbyggjarar. Rundt midten av juli 1915 var det harde kampar ved Bug, og Busk vart nemnd i offisielle kommuniké frå Wien.

Ein kan merka seg at Żółtańce ligg vest for elva Bug så røyk frå dei brennande landsbyane må ha vore i aust, og ikkje i vest slik forfattaren skriv.

Sitat
[IV.3] Skupiny pejzatých židů v dlouhých kaftanech ukazovaly si na mraky kouře na západě, šermovaly rukama. Křičelo se všude, že to hoří na řece Bugu Uciszków, Busk a Derewiany,.

Skrivst òg:Буськ ua

Litteratur
Uciszkówen flag
Wikipedia plruuk KartSøk
utiskiv.jpg

Uciszków er nemnd i skildringa frå Zóltance. Røyken frå brennande byar vart observert og det vart sagt at Uciszków var ein av byane som brann.

Bakgrunn

Uciszków er det polske namnet på landsbyen Утішків (Utisjkiv) i Lviv-oblastet i Ukraina. Den ligg ved elva Bug, i Busk-rajonen. Den hadde ved siste teljing 894 innbyggjarar (2001). Landsbyen har òg jernbanestasjon, på linja Lviv-Zdolbuniv.

Sitat
[IV.3] Skupiny pejzatých židů v dlouhých kaftanech ukazovaly si na mraky kouře na západě, šermovaly rukama. Křičelo se všude, že to hoří na řece Bugu Uciszków, Busk a Derewiany,.

Skrivst òg:Утешков ru Утішків ua

Litteratur
Derewlanyen flag
Wikipedia plruuk KartSøk
derewlany.jpg

Světová válka 1914-1915 slovem a obrazem

derewlany1.png

Kriegs-Kalender des Fremden-Blatt,1914-1915

Derewlany er nemnd i skildringa frå Zóltance. Røyken frå brennande byar i vest vart observert og det vart sagt at Derewiany var ein av byane som brann.

Bakgrunn

Derewlany er det polske namnet på Деревляни (Derevljany) i Lviv-oblastet i Ukraina. Landsbyen ligg ved Bug og hadde ved siste teljing 462 innbyggjarar (2011).

Autentisk observasjon

12. juli 1915 vart det offisielt meldt at Sentralmaktene hadde teke Derewlany.

Dagen før var XII. Marschbataillon med Hašek komne til fronten. To dagar seinare vart regimentet som del av 9. Infanteriedivision forflytta nordover på vestsida av elva Bug. Det er difor fullt ut mogeleg at dei kan ha sett røyk frå ruinane av Derewlany og Busk, men i så fall har det vore i aust og ikkje i vest slik det vert skrive i romanen.

Sitat
[IV.3] Skupiny pejzatých židů v dlouhých kaftanech ukazovaly si na mraky kouře na západě, šermovaly rukama. Křičelo se všude, že to hoří na řece Bugu Uciszków, Busk a Derewiany.

Skrivst òg:Derewiany Hašek Деревляни ua

Litteratur
Adigeen flag
Wikipedia czdeenitnnno KartSøk
adige.jpg

Adige kjem inn Švejk sine dystre tankar om den homoseksuelle Oberst Habermaier.

Bakgrunn

Adige er ei elv i Nord-Italia som renn gjennom mellom anna Bolzano, Trento og Verona. Elva sine kjelder er på den austerrikske grensa og den renn ut i Adriaterhavet.

Sitat
[IV.3] Švejk pokračoval na své cestě do vesnice, a přemýšleje o plukovníkovi, dospěl k tomu úsudku, že před dvanácti lety byl v Tridentu nějaký plukovník Habermaier, který se také tak laskavě choval k vojákům, a nakonec vyšlo najevo, že je homosexuelní, když chtěl v lázních u Adiže zprznit jednoho kadetaspiranta, vyhrožuje mu „dienstreglamá“.

Skrivst òg:Adiže cz Etsch de

Klimontówen flag
Wikipedia pluk KartSøk Švejkova cesta
kolodno.jpg

Klimontów er siste stopp i romanen. Det 11. marsjkompani er vorte forlagd på skulen her etter slåsting med bayerske soldatar på torget i Żółtańce. Staben er innkvartert på prestegarden til den avretta gresk-katolske presten og det vert laga eit måltid av ein nyslakta gris.

Her kjem òg Leutnant Dub og Kadett Biegler saman med resten av kompaniet att etter sine tidlegare uhell. Siste orda i romanen er det Dub som ytrar, idiotisk som alltid, i samtale med Hauptmann Ságner.

Bakgrunn

Klimontów er nesten sikkert ei forveksling med Колодно (Kolodno), ein stor landsby 3 km frå Żółtańce på austsida av jernbanelinja Lviv - Sokal. Den vart óg ofte omtala som Kłodno Wielkie, i våre dagar Велике Колодно. Jernbanestasjonen i Kłodno var nok den Švejk kom til, før han gjekk til fots til Żółtańce der han fann ut av regimentet heldt til i Klimontów. Den gresk-katolske kyrkja låg der den russisk-ortodokse no ligg. Infanterieregiment Nr. 91 marsjerte forbi her 16. juli 1915, men noko opphald med overnatting var det ikkje snakk om. Difor må forfattaren ha henta inspirasjon for denne delen av soga ein anna stad frå. Det er òg lite truleg at det var ein stor skule i denne vesle landsbyen.

Jaroslav Hašek døydde 3. januar 1923 og det satiriske meisterverket hans enda her. På dette triste punktet i soga kan ein berra undra på kva meir han hadde planlagd ...

Sitat
[IV.3] „Se mnou můžeš mluvit česky,“ řekl plukovník, „já jsem také z Čech. Tvůj batalion je rozložen vedle ve vesnici Klimontówě za drahou, a do městečka se nesmí, poněvadž se od vaší jedné kumpanie poprali na náměstí s Bavoráky, hned jak přišli.“ Švejk vydal se tedy do Klimontówa.

Skrivst òg:Klimontów Hašek Велике Колодно ua

Litteratur
Bochnia Zamurowanaen flag
Wikipedia czdeenpl KartSøk
bochnia.jpg

Bochnia Zamurowana er nemnd i samband med avrettinga av den gresk-katolske presten i Klimontów. Presten vart uskuldig avretta for han var på ein kurstad i Bochnia Zamurowana då det påståtte landsviket mot Austerrike hadde funne stad.

Bakgrunn

Bochnia Zamurowana er ikkje nokon identifisert stad på kartet, men ein må gå ut frå at forfattaren viser til distriktet Bochnia ved Raba mellom Kraków og Tarnów. Der ligg òg landsbyen Lipnica Murowana, det kan vera ein samanheng her. Dette var dessutan eit område Hašek kjende til frå reiser i 1901 og 1903.

Sitat
[IV.3] Nebylo to sice pravda, poněvadž v té době obviněný vůbec nebyl v místě přítomen, jsa na léčení kvůli svým žlučovým kamínkům v malých lázních nedotčených válkou, v Bochnie Zamurowane.

Skrivst òg:Bochnie Zamurowane Hašek

Litteratur
Jihlavaen flag
Wikipedia czdeennnno KartSøk
jihlava.jpg

Jihlava er del av ein anekdote av Švejk.

Bakgrunn

Jihlava er ein by i Vysočina-regionen i Mähren. Fram til 1945 var den ein tysk-talande enklave. Komponisten Gustav Mahler budde størstedelen av oppveksten sin her.

Sitat
[IV.3] Za to dostal jednou od nějakýho slušnýho pána z Jihlavy takovou přes hubu, že kavárník ráno, když vymetli ty zuby, zavolal svou dcerušku, která chodila do pátý vobecný školy, a zeptal se jí, kolik má dospělý člověk v hubě zubů.

Skrivst òg:Iglau de

Kundraticeen flag
Wikipedia czdeen KartSøk
kunratice.jpg

Kundratice er del av anekdota om herr Hauber som vart knivstukken her ved mistak då han var på ein sundagstur. Illdåden skjedde då han var tilbake frå ei utflukt til Nusle frå Bartůňkův mlýn.

Bakgrunn

Kundratice var det i 1913 fem stader i Böhmen som heitte men ingen av dei stemmer med omtalen i Den gode soldat Švejk. Derimot er det snakk om landsbyen Kunratice sør-aust for Praha. Dette kjem klårt fram av handlinga avdi Švejk nemner landemerket Bartůňkův mlýn og den låg i dessutan i gangavstand frå Nusle.

Landsbyen var fram til 1990 eiga administrativ eining og er no del av Praha IV. I 1913 hadde den store landsbyen 2073 innbyggjarar der alle utan 4 var oppførde med tsjekkisk som morsmål. Adminstrativr var den underlagd okres Nusle og hejtmanství Vinohrady. Kunratice hadde romersk-katolsk kyrkje, tshekkisk skule og eit postkontor.

Sitat
[IV.3] Takovej člověk musí bejt skromnej a trpělivej. V Nuslích je nějakej pan Hauber, toho jednou v neděli v Kundraticích na silnici píchli omylem nožem, když šel z výletu od Bartůňkovýho mlejna.

Skrivst òg:Kundratitz Reiner

Litteratur
Solingenen flag
Wikipedia czdeennn KartSøk
solingen.jpg

Der Fremdenverkehr, 2.5.1909

Solingen er del av anekdota om herr Hauber frå Nusle som hadde vore på sundagstur i Kundratice då han ved feiltak vart stukken med ein kniv laga av Solingen-stål.

Bakgrunn

Solingen er ein by i Nordrhein-Westphalen med om lag 160 000 innbyggjarar. Byen har frå middelalderen vore kjend for knivproduksjon, og enno i dag (2010) vert 90 prosent av alle tyskproduserte knivar laga i her.

Sitat
[IV.3] A von s tím nožem v zádech přišel až domů, a když mu žena svlíkala kabát, tak mu ho pěkně vytáhla ze zad a dopoledne už s tím nožem rozkrajovala maso na guláš, poněvadž byl ze solingenský vocele a pěkně nabroušenej a voni měli doma všechny nože pilkovatý a tupý.
Petrograden flag
Wikipedia czdeennnnoru KartSøk
petrograd.jpg

Petrograd vert nemnd av Švejk som meiner at å føra krig for å slutta ved dei ganmle grensene iu Galicia er meiningslaust. Ein må minst koma til Moskva eller Petrograd.

Bakgrunn

Petrograd var frå 1914 til 1924 namnet på noverande Санкт-Петербург (Sankt Petersburg), nest største byen i Russland og landets hovudstad frå 1713 til 1918. Byen har 4.6 millionar innbyggjarar, 6 millionar medrekna forstader.

Byen spela ei avgjerande rolle i revolusjonane i mars og november 1917 som til slutt førde til at Russland trekte seg ut av verdskrigen. Revolusjonane fekk òg vidtrekkjande fylgjer for Jaroslav Hašek og ville òg fått det for Švejk dersom romanen hadde vorte fullførd.

Sitat
[IV.3] „To by nestálo za to ani válčit,“ řekl důrazně Švejk. „Když vojna, tak vojna. Já rozhodně dřív vo míru mluvit nebudu, dokuď nebudeme v Moskvě a v Petrohradě. Přeci to nestojí za to, když je světová vojna, prdelkovat se jenom kolem hranic. Vezměme si například Švejdy, za tý třicetiletý vojny.

Skrivst òg:Petrohrad cz Петроград ru

Litteratur
Jedouchoven flag
Wikipedia czde KartSøk
jedouchov.jpg

Jedouchov vert nemnd av Švejk i samband med hærar som når langt vekk frå heimlandet. Prøyssarane hadde kome seg heilt hit og sjølv til Amerika!

Bakgrunn

Jedouchov er ein landsby i Vysočina, 5 km frå Lipnice. Ein må rekna som sikkert at Jaroslav Hašek var på vitjing der.

Sitat
[IV.3] Vodkuď až nepřišli - a dostali se až k Německýmu Brodu a na Lipnici, kde uďáli takovou paseku, že ještě dodneška se tam mluví v hospodách po půlnoci švédsky, takže si navzájem nikdo nerozumí. Nebo Prušáci, ty taky nebyli jen přespolní, a na Lipnici je po nich Prusů habaděj. Dostali se až do Jedouchova a do Ameriky a zas nazpátek.“
Litteratur
Stockholmen flag
Wikipedia czdeennnnosv KartSøk
stockholm.jpg

Stockholm vert nemnd av Švejk når han har ein av sine siste konfliktar med Leutnant Dub. Denne truar med å få Švejk utstoppa. Soldaten observerer tørt at han har høyrd om Svenskekongen og hesten som hadde falle saman i eit slag, og at både kongen og hesten hans vart frakta tilbake til Sverige, og no var begge utstoppa i eit museum i Stockholm.

Bakgrunn

Stockholm er hovudstad og største by i Sverige og ein av dei største byane i Nord-Europa. Byen har om lag 800 000 innbyggjarar, men tel 1,3 millionar når heile byområdet er rekna med.

Stockholm har ein av dei eldste Švejk-restaurantane i verda, Krogen Soldaten SvejkSödermalm[a]. Av øl serverer dei berre tsjekkiske fatøl, og eit godt utvalg av dei. Flasker eller ikkje-tsjekkiske øl er ikkje å få (per 2010).

Sitat
[IV.3] „Zum Befehl, pane lajtnant,“ zasalutoval Švejk, „jednou jsem četl, poslušně hlásím, že byla jednou jedna veliká bitva, ve který pad jeden švédský král se svým věrným koněm. Vobě zdechliny dopravili do Švédska, a teď ty dvě mrtvoly stojejí vycpaný v štokholmským museu.“ „Odkud máš ty vědomosti, pacholku,“ rozkřikl se poručík Dub. „Poslušně hlásím, pane lajtnant, vod svýho bratra profesora.“

Skrivst òg:Štokholm Hašek

Referensar
aKrogen Soldaten SvejkSvejk AB
Bohdalecen flag
Wikipedia cz KartSøk
bohdalec.jpg

Bohdalec vert nemnd av Švejk i ein anecdote han aldri får fullførd avdi Einjährigfreiwilliger Marek avbryt han etter at Švejk i sin tur har avbrote kokk Jurajda.

Bakgrunn

Bohdalec er ein liten bydel i Praha som ligg administrativt i Praha 10. Høgda det er snakk om ligg på grensa mellom Michle og Vršovice.

Sitat
[IV.3] „To jsi měl ještě popsat vůni,“ ozval se s lavice Švejk, „měl jsi říct, že marjánka voní tak. jako když čicháš k lahvičce inkoustu v aleji rozkvetlejch agátů. Na vrchu Bohdalci u Prahy...“ „Ale Švejku,“ přerušil ho prosebným hlasem jednoroční dobrovolník Marek, „nech dokončit Jurajdu.“

Skrivst òg:Bohdaletz Reiner

Litteratur
Index Back Forward IV. Det ærerike samanbrotet held fram Hovudpersonen

3. Švejk tilbake i marsjkompaniet sitt


© 2008 - 2024 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 16.3.2024