Tooltip container
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Institusjonar

Romanen på nettŠvejk MuseumLiterární ArchivFacebookŠvejk CentralBlogReisedagbokKontakt

Mariánská kasárna i Budějovice, heimeforlegninga til Švejk sitt k.u.k. Infanterieregiment Nr. 91 fram til 1. juni 1915.

Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse var fram til 15. september 2013 kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemt geofrafiske punkt slik som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut i denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt geografisk punkt. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta tilhaldsstad, og døme på dette er Odvodní komise og Kriegsministerium.

Namna er fargekoda etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: U kalicha som ein stad der handlinga føregår, K.u.k. Kriegsministerium omtala av forfattaren, Pražské úřední listy som del av ein i dialog, og Stoletá kavárna nemnd i ei anekdote.

>> Den gode soldat Švejk liste over institusjonar som er omtala i romanen (223) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

Innleing

Artemistempeleten flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk

Artemistempelet vart indirekte omtala i forbindelse med Herostratos, "han som sette fyr på tempelet til gudinna i Efesos".

Bakgrunn

Artemistempelet var eit tempel i Efesos, rekna som eit av verda sine sju underverk. Det vart sett opp til ære for gudinna Artemis. Tempelet brann ned i 356 f.kr (Herostatos), men vart seinare bygd opp att etterpå. I dag er det berre ruinar att.

Sitat
[Úvod] On nezapálil chrám bohyně v Efesu, jako to udělal ten hlupák Herostrates, aby se dostal do novin a školních čítanek.

Skrivst òg:Artemidin chrám cz Tempel der Artemis de Temple of Artemis en

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

1. Den gode soldat Švejk grip inn i verdskrigen

Drogerie Průšaen flag
Královské Vinohrady/699, Tylovo nám. 19
Google kartsøk
prusa.png

Národní listy, 24.6.1903

prusa.jpg

Narodní Politika, 6.5.1910

Drogerie Průša var apoteket der den fyrste tenar Ferdinand var assistent. Han drakk ei flaske hårolje ved uhell.

Bakgrunn

Drogerie Průša var eit apotek på Tylovo náměstí, på nedre hjørna mot Vávrova třída i Vinohrady. Jaroslav Hašek arbeidde her som lærling ei tid mellom mars 1898 og september 1899.

Fleire avisannonsar vitnar om butikken sin eksistens, stadfesta av adressebøker. Til dømes dukka det i 1906 opp diskrete annonsar for kur mot "mannfolkproblem", men det vart òg annonsert for pulver mot veggedyr. I august 1915 vart større mengder møblar lyste til salgs i Prager Tagblatt, noko som tyder på føreståande stenging. Eigar var drogista Průša (František).

Sitat
[1.1] Jednoho, ten je sluhou u drogisty Průši a vypil mu tam jednou omylem láhev nějakého mazání na vlasy, a potom znám ještě Ferdinanda Kokošku, co sbírá ty psí hovínka. Vobou není žádná škoda.“

KjelderJaroslav Šerák, Radko Pytlík

Litteratur

K.u.k. Heeren flag
Wien I., Stubenring 1
Wikipedia czdeen Google kartsøk
kukarmee.jpg

Schematismus für das k.u.k. Heer und für die k.u.k. Kriegsmarine 1914.

kukarmee1.jpg

Uniformer i den austerrisk-ungarske krigsmakta

Český svět, 31.7.1914.

verlustliste.jpg

Døme på tapsliste

Verlustliste, 11.7.1916.

K.u.k. Heer er nemnd fyrst (som "hæren") i ein anekdote som Švejk fortel frå tida si i hæren (verneplikta). Dette er i samtalen med fru Müllerová heilt i starten av romanen. Sidan vært hæren nemnd eit utal gonger, og er den viktigaste bakteppet for heile roman ettersom Švejk er soldat heilt frå midten av del ein. Den er òg den viktigaste skyteskiva for Hašek sin satire.

Bakgrunn

K.u.k. Heer (òg k.u.k Armee eller Gemeinsame Armee) var den største og viktigaste eininga i k.u.k Bewaffneten Macht (dei keisarlege og kongelege væpna styrkane). Saman med k.k. Landwehr (Austerriksk heimevern) og Honvéd (Ungarsk heimevern) utgjorde den Landstreitkräfte. Desse og k.u.k. Kriegsmarine utgjorde tilsaman dei væpna styrkane til Dobbeltmonarkiet.

Felleshæren bestod av infanteri, kavaleri, artillerir, forsynings-troppar og ingeniørtroppar. Vernepliktstida var fram til 1912 tre år, deretter to. Under krigen vart tap erstatta av såkalla marsjbataljonar, og det var ein av desse Švejk seinare skulle gjera teneste i. k.u.k. Heer eksisterte frå 1867 til 1918 og leid katastrofale tap i fyrste verdskrigen, den einaste fullskala krigen dei nokon gong tok del i. I ulike periodar slost dei på fire frontar; Serbia, Galicia, Romania og Tyrol. Etter dei store tapa i 1914 vart den meir og meir avhengig av tysk støtte.

Frå 1913 heldt hær-kommandoen til i k.u.k. Kriegsministerium sin bygning på Stubenring 1, Wien. På den tida Švejk gjorde fyrstegongsteneste heldt dei nesten sikkert enno til i dei gamle lokala på Am Hof 2. Denne bygningen vart riven i 1912. Keisaren var øvstkommanderande, men var representert ved Kriegsministerium.

Oberbefehl var formelt i hendene på monarken som kommuniserte med hæren gjennom Militärkanzlei Seiner Majestät des Kaisers und Königs. Kriegsministerium var ansvarleg for den daglege drifta av hæren. Frå 1914 til 1917 var erkehertug Erzherzog Friedrich generalinspektør men han overlet den operative leiinga til feltmarskalk Feldmarschall Conrad.

Sitat
[1.1] Jó, paní Müllerová, dnes se dějou věci. To je zas ztráta pro Rakousko. Když jsem byl na vojně, tak tam jeden infanterista zastřelil hejtmana. Naládoval flintu a šel do kanceláře.

Skrivst òg:Austro-Hungarian Army en Rakousko-uherská armáda cz Austerrike-Ungarns Hær no

Litteratur

U kalichaen flag
Praha II./1732, Na Bojišti 14
Google kartsøk Švejkova cesta
ukalicha2.png

Národní politika, 2.8.1899.

kalicha.png

Mládenec, 7.11.1913.

ukalicha3.png

Národní politika, 17.11.1917.

ukalicha1.png

Národní politika, 14.11.1923.

kalicha24.png

Chytilův adresář, 1924.

U kalicha er kneipa der Švejk og verten kneipevert Palivec vart arresterte av detektiv Bretschneider heilt i starten av romanen. Truleg hende dette 29. juni 1914 avdi nyhenda om attentatet i Sarajevo kom i avisene denne dagen (fru Müllerová hadde akkurat lese om det).

Handlinga kom innom her att i [1.6]Švejk vart sett fri att og på ny møter detektiv Bretschneider. Her vert detektiven overtala til å kjøpa hundar. Švejk sitt siste besøk er i [1.10] etter at han har starta tenesta si hjå Feldkurat Katz. fru Palivcová nektar å servera han avdi ho trur han er desertør.

U kalicha vert òg nemnd i [2.4] i den kjende scenea frå Bruck an der LeithaŠvejk og Sappeur Vodička lovar kvarandre å møtast att der etter krigen, klokka 6 om kvelden - eit av dei mest kjende sitata frå heile romanen.

Bakgrunn

U kalicha er namnet på ein restaurant i gata Na Bojišti i Nové město, og dessutan namnet på bygningen der restauranten held til. I dag er den grunna Švejk ein turistattraksjon, men i 1914 var det ein vanleg pub med eitt skjenkerom. Prov på kneipa sin eksistens finn ein alt i 1896 då Vilém Šubert er oppførd som vert i Na Bojišti 8. Avislysingar i 1899 avslører at den alt då var kjend som U kalicha og at den låg i Na Bojišti 1732/8, i den same bygningen som i dag. Dette året prøvde eigaren å selgja syklar, truleg som ein sideinntekt. Sjølve bygningen har beviseleg stått der minst sidan 1890. I 1907 vart bygningen lagt ut til salg og annonsen nemner puben.

I addressseboka frå 1910 er oppføringa Na Bojišti 1732/14. Verten er no Vilém Juris, som i 1907 er oppførd som vert på ei kneipe i Smíchov. Politibøkene viser at han budde i Na Bojišti 1732 frå 18. juli 1908, var fødd i 10. juni 1871 og gift med Blahoslava. I 1913 marknadsførde han kneipa spesifikt mot studentar under namnet U zlatého kalichu. Juris reklamerer med "ein kjend møtestad for studentar, med konsertar kvar dag og ope heilt til morgonen". I 1917 hadde ein viss Vaneček teke over drfita. I april 1923 avslører annonsar at puben no vart kalla Café Evropa og baud på franske rettar. Addresseboka viser at eigaren no var Josef Kyral. Annonsar frå november 1923 viser dei fyrste teikna på at U kalicha har byrja å utnytta knytinga si til Den gode soldat Švejk.

Hašek og U kalicha, ein uklår samanheng
svejk483.png

© VÚA

wessel.png

Tabbe av Elsbeth Wessel

Det er enno uklårt kvifor forfattaren let U kalicha spela ei såpass viktig rolle i romanen etter som ingen av dei som har skrive om Hašek, vener som historikarar, nemner den som ein stad han frekventerte.

Ein mogeleg samanheng er ein Josef Švejk (1892-1965) som frå 1912 budde to hus lenger nede i gata og som forfattaren kan ha visst om, ikkje minst ettersom begge var frivillege i České legie frå 1912. I denne samanhengen er det verd å nemna at U kalicha ikkje er nemnd i det tidlege utgåvene av Den gode soldat Švejk frå 1911 og 1917 så forfattaren sin kjennskap til denne personen kan godt ha ført til at U kalicha vart dregen inn i romanen. Førenamnet Josef er òg brukt for fyrste gong i romanen.

Me veit òg at Jaroslav Hašek var ein del saman med studentar frå den tekniske høgskulen og det kan vera med desse han vanka på U kalicha. At han kjende nabolaget i U kalicha er òg klårt. To hus lenger ned i gata, i nummer 463/10, låg det eit bordell registrert på Antonín Nosek (1912). Dette kan forklara kvifor Švejk fortalde Sappeur Vodička at "dei hadde jenter der".

Eit underleg detalj kjem frå den kjende norske germanisten Elsbeth Wessel. I ein ellers innsiktsfull bolk om Hašek opplyser ho om at "forfattaren langsomt drakk seg til døde på U kalicha". Kven kjeldene til denne påstanden er veit me ikkje, men ein må sjå det som ein glipp ettersom resten av bidraget hennar er av høg kvalitet.

Legendene tek form
huppert.png

Prager Presse, 5.12.1929.

Opp gjennom åra har det vorte spunne ei rad legender kring U kalicha og romanen til Jaroslav Hašek. Eit tidleg døme er Maxmilian Huppert (Prager Presse, 5. desember 1929) som hevda at ein viss František Švejca (fødd 1875) var stamgjest her, var hundehandlar, og legg til detaljar som alle luktar av forsøk på å tilpassa røyndomen til omtalen i romanen. Huppert sitt kronvitne er ein tidlegare innehavar av U kalicha, Ferdinand Juris. Denne hevdar å ha kjendt den omtala "Švejk". Meir konkrete er opplysningane om at puben ikkje lenger var i drift og at lokala vart brukte som mjøl-lager.

I 1968 dukka det opp ei likande soge i vekebladet Květy (12. september 1968, signert J.R Veselý). Den kom med sensasjonelle påstandar om at Josef Švejk faktisk var ein av Jaroslav Hašek sine vener og at dei hadde møtt kvarandre både før, under, og etter krigen. Mykje av opplysningane i artikkelen er stadfesta, men detaljane som knyter denne Švejk til Hašek verkar som oppspinn. Sjå Josef Švejk for fleire detaljar.

Ein vev av rykte

I boka si frå Die Abenteuer des gar nicht so braven Humoristen Jaroslav Hašek (1989) kom Jan Berwid-Buquoy kom med ein del nye om enn "kulørte" opplysningar. Det vert hevda at Marie Müllerova var ei bordellmamma i same bygningen, at František Strašlipka, den påståtte prototypen for Švejk, var stamgjest og jamvel elskaren hennar, at Palivec var kelnar her, at kneipeverten var ein viss grovkjefta Václav Šmíd. Forfattaren har sidan bearbeida soga nokre gonger - gjennom ei ny bok (2011) og ein artikkel i Reflex (2012). Namnet på pubverten og andre detaljar er endra men essensen i opplysningane har aldri vorte stadfesta. Det har seinare vorte hevda at Anastasie Herzog kjøpte bygnignen i 1907. Politiprotokollane viser at ein Benno Herzog faktisk budde i bygnigen i 1912, men den einaste Anastasie Herzog som kjem fram i den nemnde protokollen er dottera hans, fødd i 1907! Adresseboka frå 1906 viser eigaren av bygningen U kalicha som Karel Císař.

Til sjuande og sist verkar desse sogane å vera tufta på lausprat. Eir meir alvorleg moment er at mykje av dette dukkar opp på restauranten si eige heimeside (òg på engelsk og russisk) så mytene vert spreidd over heile verda. Her vert endå fleire "fakta" plussa på: U kalicha skal ha kome i vinden etter omsetjinga av Den gode soldat Švejk til tysk (1926) og spesielt på 1930-talet då tyske bladmenn og forfattarar kom på vitjing til Egon Erwin Kisch. I så fall må dei ha vorte skuffa ettersom restauranten vart lagd ned ein gong mellom 1924 og 1929 (den er heller ikkje å finna i adresseboka for 1936).

Ein turistattraksjon
u_kalicha.jpg

Det opprinnelege skjenkerommet i nummer 14 (2011)

Rundt 1955 vart U kalicha utvida (truleg gjenopna), og medvite gjord om til turistattraksjon. Frå den tida omfattar restauranten lokala både i nr. 14 og nummer 12 og lever godt på samanhengen til Švejk, med prisar over gjennomsnittet, og bussgrupper jamt på vitjing. Likevel er U kalicha verd ei vitjng med sine memorabilia knytte til Švejk og tida rundt fyrste verdskrigen. For å unngå trengsel tilrår me å vitja rundt middag eller tidleg ettermiddag. Maten er tsjekkisk, og menyen er på 27 språk, mellom anna norsk.

Sitat
[1.1] Já teď jdu do hospody „U kalicha“, a kdyby sem někdo přišel pro toho ratlíka, na kterýho jsem vzal zálohu, tak mu řeknou, že ho mám ve svém psinci na venkově, že jsem mu nedávno kupíroval uši a že se teď nesmí převážet, dokud se mu uši nezahojí, aby mu nenastydly. Klíč dají k domovnici.“

Skrivst òg:At the Chalice en Zum Kelch de Ved Kalken no

Litteratur

Staatspolizeien flag
Praha I./313, Bartolomějská 4
Google kartsøk
polizeidirektion.png

© LA-PNP

uvalsu.png

Hašek sitt møte med statspolitiet etter å ha skrive seg inn på "U Valšů" som russisk handelsreisande, 24.november 1914.

© LA-PNP

postopach.png

Čechoslovan, 21.8.1916 (3.9).

Staatspolizei er nemnd når det vert fortalt at detektiv Bretschneider er i teneste hjå statspolitiet.

Bakgrunn

Staatspolizei (offisielt k.k. Staatzpolizei) var den sivile overvakingstenesta i Cisleitanien, med hovudoppgåve å halda auge med statsfiendtlege element. Avdelinga vart stifta i 1893 og rapporterte direkte til statthaldaren. I Praha opererte tentestemennene og agentane deira frå c.k. policejní ředitelství. I teneste hjå statspolititet var mellom andre dei to unge juristane herr Slavíček og herr Klíma. Avdelingsleiaren var Viktor Chum.

U Valšů

Jaroslav Hašek hadde svært god kjennskap til statspolitiet. Dette starta i perioden hans som anarkist (frå 1904). Det mest omtala møtet med dei er likevel episoden ved U Valšů 24. november 1914 der han skreiv seg inn som russisk handelsmann - etter eige utsagn for å testa dei austerrikske tryggleikstenestene. Han fekk fem dagars fengsel som han sona like etterpå.

Under krigen

Under krigen fall augene til statspolitiet på han på ny. Det hende etter at forfattaren 17. juli 1916 ga ut ei historie i Čechoslovan i Kiev der han let ein hankatt besudla eit bilete av keisaren. Dette førde til landssvikskuldingar og arrestordre. Fleire av dei andre stykka han skreiv vekte òg merksemd. Dei vart oversette til tysk og førde til livleg kommunikasjon mellom politiet i Praha og Wien.

Dobrý voják Švejk v zajetí

… Švejka vedli k výslechu do oddělení státní policie přímo k policejnímu komisaři Klímovi a Slavíčkovi.

Sitat
[1.1] V hospodě „U kalicha“ seděl jen jeden host. Byl to civilní strážník Bretschneider, stojící ve službách státní policie. Hostinský Palivec myl tácky a Bretschneider se marně snažil navázat s ním vážný rozhovor.

Litteratur

Vinárna Sarajevoen flag
Nusle
Google kartsøk

Vinárna Sarajevo var ei vinstove i Nusle der det i fylgje kneipevert Palivec var slåsting kvar dag.

Bakgrunn

Vinárna Sarajevo har det ikkje lukkast å identifisera. I fylgje Milan Hodík kan kneipevert Palivec ha vist til ei lita kneipe kjend som Bosna i Michle.

Milan Hodík

Šlo nejspíš o malou hospodu zvanou Bosna na michelském kopce nad Bondyho statkem.

Sitat
[1.1] „Ty nám to pěkně v tom Sarajevu vyvedli,“ se slabou nadějí ozval se Bretschneider. „V jakým Sarajevu?“ otázal se Palivec, „v tej nuselskej vinárně? Tam se perou každej den, to vědí, Nusle.“
Mladočešien flag
Praha II./1987, Ferdinandova tř. 20
Wikipedia czdeen Google kartsøk Švejkův slovník
kramar_reichsrat.jpg

Karel Kramář, Reichsrat 1896. © Radio Praha

Mladočeši er nemnd indirekte når kneipevert Palivec slår fast ovafor detektiv Bretschneider at han er næringsdrivande, og serverer kven det måtte vera. Om ein tyrkar, anarkist, muhammedanar eller ungtsjekkar slo hel Erzherzog Franz Ferdinand var det eitt feitt for han.

Bakgrunn

Mladočeši (offisielt Národní strana svobodomyslná) var eit tsjekkisk politisk parti som eksisterte frå 1874 til 1918, formelt kalla Det Nasjonalliberale Parti. Partiet nådde høgda av si makt på 1890-talet. Med sine for tida radikale krav om ålmenn stemmerett og større sjølvstyre for dei tsjekkiske områda i Austerrike-Ungarn, fekk dei stor støtte i heimlandet men møtte desto større motstand frå Wien.

Deretter fekk dei konkurranse frå Sosialdemokratane og Agrarpartiet og mista noko av innflytelsen sin. Den mest framståande politikaren i partiet si historie var Kramář. Parti sitt hovudorgan var Národní listy, ei avis Jaroslav Hašek skreiv mange forteljingar for. Ved valget til Parlament i 1911 fekk partiet 14 mandat og 9,8 prosent av stemmene i Böhmen.

Sitat
[1.1] „Host jako host,“ řekl Palivec, „třebas Turek. Pro nás živnostníky neplatí žádná politika. Zaplať si pivo a seď v hospodě a žvaň si, co chceš. To je moje zásada. Jestli to tomu našemu Ferdinandovi udělal Srb nebo Turek, katolík nebo mohamedán, anarchista nebo mladočech, mně je to všechno jedno.“

Skrivst òg:Young Czech Party en Jungtschechen de Ungtsjekkarane no

Litteratur

Věznice Pankrácen flag
Nusle/88, Palackého tř. -
Wikipedia czdeen Google kartsøk Švejkův slovník
pankrac2.png

Egon Erwin Ksich, Bohemia, 7.11.1913

Věznice Pankrác vert implisitt nemnd av kneipevert Palivec som helst ikkje vil snakka om politikk av frykt for å enda opp i Pankrác.

Fengselet vert vist til òg i [1.3] der den uheldige dreiebenk-operatøren som braut seg inn i Podolský kostelík vart sett inn og seinare døydde.

Bakgrunn

Věznice Pankrác (C.k. trestnice pro mužké v Praze) var på den aktuelle tida ein straffeinstitusjon for menn, og "pankrác" er nesten synonymt med fengsel i tsjekkisk slang. Fengselet er kalla opp etter bydelen Pankrác der det ligg, og vart bygd frå 1885 til 1889.

På den tida var det eit moderne fengsel med gode soningsforhold. Under Austerrike var dei innsette stort sett tunge mannlege kriminelle, men enkelte politiske fangar var òg innom.

Fengselet vart seinare brukt som rettarstad og i alt 1580 personar vart avretta der, 1087 av dei under den nazistiske okkupasjonen. Under kommunist-styret frå 1948 vart endå nokre hundre avretta.

Egon Erwin Kisch

Den Rasande Reporter har gjort sitt til at fengslet er vorte så kjendt. Etter å ha vorte nekta tilgjenge klatra han over muren og raporterte frå gravstaden til dei innsette. Gravene deira hadde ikkje ein ging namn! Alt dette kjem fram i soga Im Friedhof der Pankratzer Sträflinge (På gravpalssen til dei daude innsette), fyrst trykt i Bohemia 7. november 1913. I 1931 kom den ut i boka Prager Pivatal med ein endring i tittelen.

Sitat
[1.1] „Já se do takových věcí nepletu, s tím ať mi každej políbí prdel,“ odpověděl slušně pan Palivec, zapaluje si dýmku, „dneska se do toho míchat, to by mohlo každému člověku zlomit vaz. Já jsem živnostník, když někdo přijde a dá si pivo, tak mu ho natočím. Ale nějaký Sarajevo, politika nebo nebožtík arcivévoda, to pro nás nic není, z toho nic nekouká než Pankrác.“
[1.3] Potom ten soustružník zemřel na Pankráci.

Skrivst òg:Pankrác Prison en Pankratz Gefängnis de Pankrác fengsel no

Litteratur

Krajský soud Píseken flag
Písek/121, Velké nám. 17
Wikipedia cz Google kartsøk
ksoudpisek.jpg

Velké náměstí in Písek (1917). Den store bygningen til venstre husa kretsretten.

© Písecký deník

ksoudpisek.png

"Královské město Písek", Jan Matzner, 1898

Krajský soud Písek er der grisegjeldaren frå Vodňany vart dømd og avretta, medan han sa dei verste ting om keisaren. I alle fall er det dette Švejk fortel detektiv BretschneiderU kalicha.

Bakgrunn

Krajský soud Písek var ein institusjon i Austerrike sitt rettsvesen, og som heldt fram òg under Tsjekkoslovakia from til 1945. Den låg i ein stor bygning på sørlege delen av Velké náměstí, ned mot Otava og vegg i vegg med den mindre Okresní soud Písek. Rettspresident i 1915 var František Soukup. På tomta held i dag sistnemnde til, dvs. disktriktsretten, men bygningen er av nyare dato.

Hilsner

Retten i Písek var åstaden for den andre rettsaka i den berykta Hilsner-affæren (òg Polna-affæren) der den unge jøden Leopold Hilsner vart skulda for ritualmord. Dødsdommen hans vart stadfesta i Písek 14. november 1900 men var omgjort til livstid av Kaiser Franz Joseph I. og i 1918 vart Hilsner sett fri under eit generelt amnesti[a]. Den framtidige president professor Masaryk sette den akademiske karriera si på spel i sitt forsvar for Hilsner, og ein artikkel han skreiv om saka vart konfiskert[b]. Dommen i Písek vart oppheva så seint som i 1998.

Sitat
[1.1] Když ho potom u krajského soudu v Písku věšeli, ukousl knězi nos a řekl že vůbec ničeho nelituje, a také řekl ještě něco hodně ošklivého o císařovi pánovi.“

Skrivst òg:Písek Regional Court en Kreisgericht Písek de Kretsretten Písek no

Litteratur

Referensar
bBericht über die Revision der Polnaer ProcessesTomáš Masaryk, Die Zeit10.10.1900
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

2. Den gode soldat Švejk på hovudpolitistasjonen

C.k. policejní ředitelstvíen flag
Praha I./313, Ferdinandová třída 15
Google kartsøk Švejkova cesta Švejkův slovník
bartolomejska.jpg

Světozor, 13.9.1928

hula_policie.png

Som forfattaren gjer i romanen blandar Břetislav Hůla (1950) saman 3. avdeling med Statspolitiet.

polred.png

Politický kalendář občanský … 1911

C.k. policejní ředitelství vart Švejk førd til av detektiv Bretschneider etter å ha vorte arrestert på U kalicha. Her vart han skulda for høgforræderi, majestetsfornærmelse og oppvigleri, noko han skreiv under på utan å blunka. Han var her gjennom heile kapittel to, eit kapittel som føregjekk berre denne eine kvelden og natta. Om morgonen vart han førd vidare til c.k. zemský trestní soud. Han forlet bygningen i politibil ut gjennom hovudporten, dvs. ul. Karoliny Světlé 2.

Inngangen og tre stader inne i bygningen vert nemnde: mottakskontoret, cellene i 2.etasje og forhøyrsrommet i 3. avdeling. Det siste låg opp trappa frå cellene, men uvisst i kvar etasje. Švejk klaga sjeldan, men her kom han inn på den lange vegen frå cella til forhøyrsrommet.

I [1.6] vert Švejk førd til hovudpolitistasjonen på ny etter at han vart arrestert grunna sin entusiastiske reaksjon på krigslysinga. Her gjev dessutan forfattaren si personlege meining om institusjonen der "anden av framandvelde trekte gjennom bygningen".

Bakgrunn

C.k. policejní ředitelství (C.k. policejní ředitelství v Praze) var hovudpolitistasjonen i Praha og hadde i 1914 offisiell adresse Ferdinandová třída 15. Hovudinngangen var rundt hjørna i ul. Karoliny Světlé 2. Det var (og er) eit enormt kompleks som ligg mellom Ferdinandova, Karoliny Světlé og Bartolomejská. Det er enno i dag (2018) hovudsetet for politiet i Praha.

Politihovudkvarterer var organisert i fem avdelingar der Statspolitiet (Staatspolizei), avdeling III (offentleg orden), og avdeling IV (tryggleik) er dei meste relevante i samband med Den gode soldat Švejk. Avdeling III er direkte omtala i romanen, men mest truleg meiner forfattaren statspolitiavdelinga. I 1913 var desse kjenningane våre frå romanen tilsette: herr Slavíček og herr Klíma (Statspolitiet) og Polizeikommissar Drašner (avdeling IV). Leiar for I. avdeling var Rudolf Demartini, ein person som kan ha vore inspirasjon for Demartini, den tjukke herren på c.k. zemský trestní soud.

Leiaren for c.k. policejní ředitelství hadde tittelen "Politidirektør" (frå 1912 "Politipresident") og stillinga var i perioden 1902 til 1915 halden av hoffråd Karel Křikava, onkel til diktaren Louis Křikava. Dette var ein kjenning av Hašek og vert nemnd fleire gonger i Strana mírného pokroku v mezích zákona. Avdelingsleiar i statspolitiet var Viktor Chum.

Karel Křikava (1860 - 1935) gjorde raskt karriere i politiet men vart pensjonert i 1915 av politiske grunnar. Han vart ikkje informert om arrestasjonen av Kramář og i samband med konflikten som fylgde vart han pensjonert av "helsemessige grunnar". Etter krigen vart han reaktivert og gjeven oppgåva å organisera politiet i Slovakia.

Ein russisk handelsreisane

I november 1915 fekk Jaroslav Hašek fyrstehands kjennskap til c.k. policejní ředitelství. I ein bevisst provokasjon skreiv han seg inn som russisk forrettningsreisande på U Valšů og Statspolitiet fekk fort snusen i det og arresterte "utlendingen".

Den gode soldat Švejk i fangenskap

I den andre utgåva av Den gode soldat Švejk (Dobrý voják Švejk v zajetí), som Jaroslav Hašek skreiv i 1917, er politihovudkvarteret omtala meir detaljert, spesielt Staatspolizei. Bartolomějská ulice er nemnd direkte, det same er politikommisærane herr Klíma og herr Slavíček som forfattaren korrekt opplyser var tilknytta statspolitiavdelinga. Omtalen er her meir detaljert enn i romanen og Chum vert vist til som leiaren for "triumviratet".

Dobrý voják Švejk v zajetí

Švejka vedli k výslechu do oddělení státní policie přímo k policejnímu komisaři Klímovi a Slavíčkovi. Tito dva představitelé aparátu státní policie od vypuknutí války až po objevení Švejka v kanceláři vyšetřili několik set případů udání, provedli spoustu domovních prohlídek a odváděli muže od teplých večeří do Bartolomějské ulice. Jest zajímavé, proč department pražské státní policie právě se usadil v ulici připomínající svým jménem bartolomějskou noc …

Sitat
[1.2] Sarajevský atentát naplnil policejní ředitelství četnými oběťmi. Vodili to jednoho po druhém a starý inspektor v přijímací kanceláři říkal svým dobráckým hlasem: „Von se vám ten Ferdinand nevyplatí!“ Když Švejka zavřeli v jedné z četných komor prvého patra, Švejk našel tam společnost šesti lidí.
[1.6] Budovou policejního ředitelství vanul duch cizí authority, která zjišťovala, jak dalece je obyvatelstvo nadšeno pro válku. Kromě několika výjimek, lidí, kteří nezapřeli, že jsou synové národa, který má vykrvácet za zájmy jemu úplně cizí, policejní ředitelství představovalo nejkrásnější skupiny byrokratických dravců, kteří měli smysl jedině pro žalář a šibenici, aby uhájili existenci zakroucených paragrafů.

Skrivst òg:Police Headquarters en Polizeidirektion de Politihovudkvarteret no

Litteratur

U Brejškyen flag
Praha II./107, Spálená ul. 47
Google kartsøk Švejkův slovník
brejska1.png

Zlatá Praha, 15.5.1884

brejsku.jpg

Isknusing ved U Brejšky. Jaroslav Hašek nummer tre frå venstre. I midten står Zdeněk Matěj Kuděj. Den høge mannen til venstre er kneipeverten Karel Brejška.

brejsku.png

Právo lidu, 19.1.1914

brejska3.jpg

Karel Brejška, 1912.

© Národní archiv - Archiv České strany národně sociální

brejska4.png

Národní listy, 17.5.1923

brejska3.png

Egon Erwin Kisch, Prager Tagblatt, 6.12.1925

brejska2.png

Ladislav Hájek, 1925

U Brejšky var staden der detektiv Brixi arresterte ein uvanleg tjukk papirhandlar som hadde spandert på to serbiske studentar. Den spandable mannen var ein av Švejk sine medarrestantar på c.k. policejní ředitelství. Puben vert nemnd att fleire gonger, i siste kapittelet er den med i ei anekdote Švejk fortel Einjährigfreiwilliger Marek. No vert restauranten kalla U Brejsků, ei mindre omskriving frå eintal til fleirtal.

Bakgrunn

U Brejšky var ein restaurant i Spalená ulice i Praha II. som eksisterte i si opphavelege form frå 1884 til om lag 1920. Den var kjend som møtestad for journalistar: mellom anna skreiv Egon Erwin Kisch om fenomenet "nyheitsbørsen" i Prager Tagblatt i 1925. Både tsjekkiske og tyske bladmenn vanka her. Restauranten fekk alt i starten installert telefon-stasjon (Nr. 180), noko som var sjeldsynt i 1884.

Restauranten serverte øl frå Plzeň og var dessutan kjend for god mat. Ikkje berre var den populær mellom journalistar: tilreisane frå provinsen treivst svært godt her. I andre etasjen tilbaud den forsamlingslokale og overnatting. I det heile var U Brejšky (òg U Brejšků eller Brejškova restaurace) ein av dei aller mest kjende og populære kroene i heile Praha, noko dei tallause avisoppslaga gjev prov på. Namnet fekk den etter den opprinnelege eigaren Karel Brejška.

Jaroslav Hašek og Brejška

Forfattaren av Den gode soldat Švejk vanka mykje på denne kroa og han nemner den ikkje berre i romanen men òg i fleire av sogene sine, mellom anna i Dobrý voják Švejk v zajetí (1917), men berre kort. Derimot har U Brejšky langt meir fokus i ei soge han skreiv i 1912 som handla om eit møte med den svære svarte amerikanaren Zipp. Kroverten sjølv vert dregen med i denne soga og han vert positivt omtala.

U Brejšky er kjendt frå eit fotografi der mellom anna Jaroslav Hašek og Zdeněk Matěj Kuděj knuser is på gata utafor. Ein notis i Právo lidu 19. januar 1914 tyder på at biletet er frå laurdag 17. januar 1914 og det vart offentleggjort med tekst 6. februar i Světozor. I begge tekstane vert ein typografstreik nemnd. Jaroslav Hašek sin kamerat Hájek skriv om Karel Brejška i memoarane sine, at kroverten likte Hašek og gjerne hjelpte han når det stod dårleg til. Hájek daterer biletet feilaktig til vinteren 1912, ein feil som ein finn att i anna litteratur om Hašek. Kuděj stadfestar opplysningane om typografstreiken og at Brejška såg i nåde med dei to arbeidslause litteratane, sette dei arbeid med å skriva menyar og knusa is.

Karel Brejška

Eigar av restauranten, Karel Brejška (6. juni 1856 - 15. mai 1923), er den store mannen til venstre på det kjende biletet. Han kjøpte bygningen Zlatá váha i Spalená ulice 117/47 for 60 000 gylden tidleg i 1884. Prager Tagblatt melde at restauranten opna 19. januar. Same året viser politibøkene at Brejška flytta hit at han var gift og hadde born. Han var dessutan ein ivreg sportsmann, og aller mest sykling, og tok gjerne på seg samfunnsoppgåver. Dessutan var han redaktør for gjestgjevarane sitt blad Hostimil som òg hadde redaksjonslokale sine hjå han. Brejška var ein kjend og populær mann og då han døydde etter lang tids sjukdom i 1923, skreiv Eduard Bass, ein ven av Jaroslav Hašek, ein lengre nekrolog i Lidové noviny. Dette var langt frå den einaste avisa som minnast han med vyrdnad. Brejška selgde restauranten sin i 1920.

Nyare tid

I 1939 var restauranten enno oppførd i adresseboka men det er uvisst om det har vore samanhengjande drift etter den tid. I alle fall eksisterer den i ei moderne utgåve (2016) med namnet Haškova restaurace U Brejsků. Den er pryda med foto frå epoken og gjer eit stort nummer av tilknytninga til Jaroslav Hašek som er med på mange av bileta. Vevsida deira seier lite om dei historiske linjene og fokuserar på Hašek og at sportsklubben Slavia vart stifta her 31. mai 1895. Den noverande restauranten ligg i kjellaren.

Sitat
[1.2] Výjimku dělal neobyčejně tlustý pán s brýlemi, s uplakanýma očima, který byl zatčen doma ve svém bytě, poněvadž dva dny před atentátem v Sarajevu platil „U Brejšky“ za dva srbské studenty, techniky, útratu a detektivem Brixim byl spatřen v jejich společnosti opilý v „Montmartru“ v Řetězové ulici, kde, jak již v protokole potvrdil svým podpisem, též za ně platil.

Kjelder: Ladislav Hájek,Egon Erwin Kisch

Skrivst òg:Die Zeche Reiner

Litteratur

Montmartreen flag
Praha I./224, Řetězová ul. 7
Wikipedia cz Google kartsøk Švejkův slovník
montmartre_adv.png

Venkov, 2.9.1911

Montmartre vert nemnd avdi papirhandlaren som sat inne med Švejkc.k. policejní ředitelství hadde vorte observert full her saman med to serbiske studentar han tidlegare hadde betalt for på U Brejšky.

Bakgrunn

Montmartre var ein kafé svært sentralt i Praha som nyleg (per 2010) opna att etter ein pause på 70 år. Namnet er sjølvsagt henta frå det vidgjetne distriktet Montmartre i Paris. Kafeen er dekorert med gamle foto der Jaroslav Hašek er framtredande. Sametová revoluce i 1989 sette stoppar for offisielle planar om å gjera Montmartre om til eit museum via til Jaroslav Hašek.

Montmartre vart opna i 1911 av den kjende skodespelaren og artisten Josef Waltner og var på den tida nattkafe og underhaldningslokale, kjend òg som Cabaret Montmartre. Det var ein populær møteplass for kunstnarar, intellektuelle og bohémar. Forutan Jaroslav Hašek vart den besøkt av folk som Zdeněk Matěj Kuděj, Max Brod, Egon Erwin Kisch, Franz Werfel og Franz Kafka m.fl. Hašek skreiv minst fire forteljingar med Montmartre som tema og i tillegg har Kisch udøydeleggjort kaféen gjennom skrivinga si[a].

Egon Erwin Kisch

Und einer von ihnen hatte doch während jener Tagung noch die Habsburger geschützt, indem er dem Delegierten Jaroslav Hašek auf dessen Zwischenruf: "Borg mir eine Krone" ex praesidio die feierliche Rüge ersteilte: "Bitte die Krone nicht in die Debatte zu ziehen".

Sitat
[1.2] Výjimku dělal neobyčejně tlustý pán s brýlemi, s uplakanýma očima, který byl zatčen doma ve svém bytě, poněvadž dva dny před atentátem v Sarajevu platil „U Brejšky“ za dva srbské studenty, techniky, útratu a detektivem Brixim byl spatřen v jejich společnosti opilý v „Montmartru“ v Řetězové ulici, kde, jak již v protokole potvrdil svým podpisem, též za ně platil.

KjelderEgon Erwin Kisch

Litteratur

Referensar
aZitate vom MontmartreEgon Erwin Kisch
Spolek Dobromilen flag
Podolí/55, Kublov
Google kartsøk Švejkův slovník
spolkadobromil.jpg

Hage-restaurant i Hodkovičky, mogeleg åstad for "Dobromil" si feiring

dobromil_adr.png

Adresseboka frå 1910

Spolek Dobromil var ei velforeining i Hodkovičky som hadde feiring på dagen for attentatet i Sarajevo. Politiet kom og ba dei avslutta men formannen forklarde at dei måtte spela ferdig "Hej, Slované" (kjend pan-slavisk hymne) fyrst. Dette førde han rett til c.k. policejní ředitelství.

Bakgrunn

Spolek Dobromil er ei foreining som enno ikkje er sikkert identifisert. Dei har likevel truleg eksistert og kan ha samlast i sentrum av Hodkovičky. I 1910 fanst det ei foreining med dette namnet i nabodistrikta Podolí og Dvorce, så det kan vera desse som la feiringa si hit og at det er desse Jaroslav Hašek refererer til.

Sitat
[1.2] Třetí spiklenec byl předseda dobročinného spolku „Dobromil“ v Hodkovičkách. V den, kdy byl spáchán atentát, pořádal „Dobromil“ zahradní slavnost spojenou s koncertem. Četnický strážmistr přišel, aby požádal účastníky, by se rozešli, že má Rakousko smutek, načež předseda „Dobromilu“ řekl dobrácky: „Počkají chvilku, než dohrajou ,Hej, Slované’.“

KjelderMilan Hodík

Národní politikaen flag
Praha II./835, Václavské nám. 21
Wikipedia czde Google kartsøk Švejkův slovník
narodnipolitika.jpg

Národní politika, 29.6.1914

politika.png

Národní politika, 15.11.1915

Národní politika vert fyrst omtala under forhøyret på c.k. policejní ředitelstvíŠvejk fortel at han les kveldsutgåva for å sjå etter hundeannonsar. Han omtalar avisa òg med aukenamnet "čubička" (den vesle hora), noko som får forhøyraren med dei bestialske trekka til å skrika: Ut!.

Národní politika vert omtala på ny både i [1.6], [1.13] og [2.2].

Bakgrunn

Národní politika var ei konservativ dagsavis som vart gjeven ut i Praha frå 1883 til 1945. Redaksjonslokala låg på Václavské náměstí. Den trykte minst seks av Jaroslav Hašek sine forteljingar og var ei av dei fyrste avisene som melde både om at han vart teken til fange i 1915 og om heimkomsten hans til Praha (1920). I andre forteljingar gjer han narr av avisa.

I fylgje Franta Sauer var dette avisa forfattaren helst las, og ved fyrste augekast ser det ut som om han la enkelte klipp frå den rett inn i Švejk. Samtalen mellom Oberleutnant Lukáš og herr Wendler i [1.14] inneheld ordrette sitat frå avisa. Kveldsutgåva 4. april 1915 er eit fyrsteklasses døme. Likevel er Kronika světové války ei enno meir innlysande kjelde for desse fragmenta.

Sitat
[1.2] „S kýmpak se stýkáte?“ „Se svou posluhovačko, vašnosti.“ „A v místních politických kruzích nemáte nikoho známého?“ „To mám, vašnosti, kupuji si odpoledníčka „Národní politiky“, ,čubičky’.“ „Ven!“ zařval na Švejka pán se zvířecím vzezřením.
[1.6] posledně od toho pana řídícího z Brna ta záloha šedesát korun na angorskou kočku, kterou jste inseroval v Národní politice a místo toho jste mu poslal v bedničce od datlí to slepé štěňátko foxteriéra.
[1.13] Když tenkrát ta sopka Mont Pelé zničila celý ostrov Martinique, jeden profesor psal v Národní politice, že už dávno upozorňoval čtenáře na velkou skvrnu na slunci. A vona, ta Národní politika, včas nedošla na ten vostrov, a tak si to tam, na tom vostrově, vodskákali."
[2.2] I u nás jsou nadšenci. Četli v ,Národní politice’ o tom obrlajtnantovi Bergrovi od dělostřelectva, který si vylezl na vysokou jedli a zřídil si tam na větví beobachtungspunkt?

Skrivst òg:National Politics en Nationalpolitik de Nasjonal Politikk no

Litteratur

Museumen flag
Praha II./1700, Václavské nám. 74
Wikipedia czdeensv Google kartsøk
muzeum.jpg

Nasjonalmuseet rundt år 1900

Museum vert nemnd i anekdote av Švejk om kvartering av fangar i gamle dagar. På ei høgd ved museet skal dette ha føregått. Sjølve museet er seinare nemnd direkte i ein anekdote på vegen til Budapest.

Bakgrunn

Museum som det vert omtala i romanen er truleg hovudbygningen til Museum království Českého no Národní muzeum i Praha. Det ligg ved sør-enden av Václavské náměstí. Bygningen vart oppførd frå 1885 til 1891.

Sitat
[1.2] Takovejch případů bylo víc a ještě potom člověka čtvrtili nebo narazili na kůl někde u Musea.

Litteratur

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

3. Švejk hos rettslegane

C.k. zemský trestní souden flag
Praha II./6, Spalená 2
Google kartsøk Švejkova cesta Švejkův slovník

C.k. zemský trestní soud er institusjonen Švejk vart køyrd til i politibil om morgonen etter arrestasjonen. Her vart han forhøyrd av ein godsleg dommar som drog hans mentale helse i tvil då han las kva Švejk hadde tilstått. Han var derfrå send til rettsmedisinsk undersøking der konklusjonen vart at han måtte leggjast inn på mental institusjon.

Bakgrunn

C.k. zemský trestní soud låg i Spálená ulice på hjørnet av Karlovo náměstí. I dag held byretten til i bygningen.

Forfattaren stod for retten her etter at han på eit anarkistmøte 1. mai 1907 skal ha oppmuntra til vald mot politiet. For dette vart han dømd til ein månad i fengsel, den lengste straffa han nokon gong fekk. Han vart dømd 1. juli og sona frå 16. august til 16. september.

Sitat
[1.3] Čisté, útulné pokojíky zemského „co trestního soudu“ učinily na Švejka nejpříznivější dojem. Vybílené stěny, černě natřené mříže i tlustý pan Demartini, vrchní dozorce ve vyšetřovací vazbě s fialovými výložky i obrubou na erární čepici. fialová barva je předepsána nejen zde, nýbrž i při náboženských obřadech na Popeleční středu i Veliký pátek.

Skrivst òg:Regional Criminal Court en Landesstrafgericht de Landsstrafferetten no

Teissigen flag
Praha II./85, Spálená ul. 5
Google kartsøk Švejkova cesta Švejkův slovník
teissig.jpg

Teissigova plzeňská restaurace, 1915

© Photogen.cz

teissig.png

Národní listy, 1.1.1896

Teissig var ein stad er dei tilsette i c.k. zemský trestní soud henta seg paprika og pilsnerøl. Kvar paprikaen kjem inn i biletet her er eit mysterium. Oversetjarane Grete Reiner og Cecil Parrott tolka det som gulasj, noko som truleg dreg det litt langt.

Hans-Peter Laqueur legg fram teorien om at forfattaren med "paprika" meinte "paprikasj" som er ungarsk gulasj, ei suppe som er nokså ulik tsjekkisk "guláš". Om dette er tilfelle vert Reiner og Parrott's omsetjing meir presis enn "paprika".

Bakgrunn

Teissig var ein restaurant rett over gata for den enorme Byrettsbygningen (tidlegare c.k. zemský trestní soud) eigd av Karel Teissig sidan minst frå 1895. Han hadde tidlegare eigd den enno eksisterande (2019) U kotvy, to hus ned i gata. Addressbøker stadfestar at U Teissigů eksisterte så seint som i 1940.

Sitat
[1.3] A vyšetřující soudcové, Piláti nové doby, místo aby si čestně myli ruce, posílali si pro papriku a plzeňské pivo k Teissigovi a odevzdávali nové a nové žaloby na státní návladnictví.

Litteratur

Státní návladnictvíen flag
Praha III./2, Malostranské nám. 25
Google kartsøk Švejkův slovník

Státní návladnictví var der dei arresterte vart overførte etter opphaldet på c.k. zemský trestní soud. Her venta rettsforfylgjing. Institusjonen hadde alt vorte kort nemnd i [1.1].

Bakgrunn

Státní návladnictví er eit omgrep som er lite brukt i moderne tsjekkisk, no mest omtala som Státní zastupitelství, ein ordlyd som òg vart brukt på forfattaren si tid (sjå utklipp frå adresseboka frå 1907). Det viser til den statlege påtalamakta eller statsadvokatskontoret. Dei hadde hovudkvarter for BöhmenMalostranské náměstí i bygningen til landshøgsteretten, men Praha-kontoret låg i same bygningen som c.k. zemský trestní soud så det var nok desse lokala forfattaren hadde i tankane.

Sitat
[1.3] A vyšetřující soudcové, Piláti nové doby, místo aby si čestně myli ruce, posílali si pro papriku a plzeňské pivo k Teissigovi a odevzdávali nové a nové žaloby na státní návladnictví.

Skrivst òg:State prosecutor's office en Staatsanwaltschaft de Statsadvokatkontoret no

U Bansethůen flag
Nusle/389, Palackého tř. 18
Google kartsøk Švejkova cesta Švejkův slovník
bansethu.jpg

U Bansethů, 2011

bansethu1.png

Národní listy, 27.2.1906

banseth4.png

Národní politika, 1.9.1907

banseth.png

Národní politika, 21.3.1908

U Bansethů dukkar staden opp i ei av historiene til Švejk. Han var på veg tilbake frå denne puben då han vart overfallen ved brua over Botič. Gjerningsmennene tok feil mann, og gav han nok ein lusing grunna skuffelsen.

Vertshuset vert nemnd att i [1.13] i samband med ein diskusjon om vulkanutbrot og solflekker. Sjå Martinique.

Dessutan dukkar den opp i siste kapittelet i romanen, og no vert òg eigaren Banseth nemnd.

Bakgrunn

U Bansethů var namnet på to restaurantar i Nusle, eigde av Alois Banseth, derav namnet. Den eine driv enno, og reklamerer med rolla si i Švejk. Inne er det dekorert med Hašek-motiv og dei har til og med eit Stůl Jaroslava Haška (Jaroslav Hašek sitt bord).

Den opprinnelege restauranten låg litt lenger nede i same gata i hus nr. 321 og vart opna hausten 1900. I mars 1908 vart det kunngjort at den var seld til František Kocan, tidlegare eigar av U Kocanů. Omtrent på same tida kjøpte Banseth og kona Anna hus nr. 389 med puben som ber namnet deira den dag i dag. Vertshuset existerte alt då under namnet U Palackého og dei betalte 100 000 kroner for huset.

Kva for eitt av dei to gjestgiveria forfattaren hadde i tankene er uvisst, men adressa som er notert her gjeld den som enno eksisterer. Herr Banseth var i 1910 oppførd som eigar av bygningen der vertshuset låg. Familien var òg oppførde med bustadadresse der.

Den opphavelege U Bansethů arrangerte òg offentlege møte i lokalet, mellom anna 26. februar 1906 der anarkistar deltok, og blandt deltakarane var svært truleg òg Jaroslav Hašek. Denne dagen var anarkisten Čeněk Körber (1875-1951) til stades og laga såpass ugreie at møtat var avbrote. Møtelokala vart òg brukte av Česká strana národně sociální, Sokol, Volná myšlenka, Mladočeši m.fl. Spesielt dei fyrste tykkjest å ha hatt tilhald her, og i Strana mírného pokroku v mezích zákona omtalar Jaroslav Hašek eit av møta deira der han sjølv var til stades, provoserte og laga ugreie.

Strana mírného pokroku

Po onom velkém morálním vítězství U Banzetů sešly se naše rozptýlené řady až nahoře na Havlíčkově třídě. Kulhal jsem, pod okem jsem měl modřinu a mé tváře, jak praví Goethe, nevěstily nic dobrého. Byly opuchlé!

Sitat
[1.3] Jako jednou v Nuslích, právě u mostu přes Botič, přišel ke mně v noci jeden pán, když jsem se vracel od Banzetů, a praštil mě bejkovcem přes hlavu, a když jsem ležel na zemi, posvítil si na mne a povídá: ,Tohle je mejlka, to není von.’
[1.13] „Ty skvrny na slunci mají vopravdu velkej význam,“ zamíchal se Švejk, „jednou se vobjevila taková skvrna a ještě ten samej den byl jsem bit ,U Banzetů’ v Nuslích.
[4.3] Vona potom chtěla mít celou soupravu do domácnosti z takovejch nožů a posílala ho vždycky v neděli do Kundratic na vejlet, ale von byl tak skromnej, že nešel nikam než k Banzetovům do Nuslí, kde věděl, že když sedí v kuchyni, že ho dřív Banzet vyhodí, než může na něho někdo sáhnout.“

KjelderJaroslav Šerák

Skrivst òg:U Banzetů Hašek

Litteratur

Podolský kostelíken flag
Podolí/91, Přemyšlova ul. -
Google kartsøk Švejkův slovník
kostelik_addr.png

Adresář Prahy (1907)

Podolský kostelík vert nemnd i rekkja av anekdotar om ulike mistak som Švejk fortel til cellekameratane sine på c.k. zemský trestní soud. Her er det snakk om ein dreiebenk-operatør som budde i huset til Švejk som låste seg inn i kyrkja, og fordi han trudde han var heime sov han over der. Resultatet av uhellet var at kyrkja måtte signast på nytt. Den uheldige inntrengjaren vart dømd og døydde i Věznice Pankrác.

Bakgrunn

Podolský kostelík er nesten sikkert soknekyrkja kostel sv. Michala (Sankt Mikael-kyrkja) i Podolí, sør for Vyšehrad.

Jaroslav Šerák

Podolský kostel bude určitě kostel svatého Michala v ulici Pod Vyšehradem, je to farní kostel dodnes. Ostatní jsou jen hřbitovní kaple, nebo postavené později.

Sitat
[1.3] Nebo vám povím příklad, jak se zmejlil u nás v domě jeden soustružník. Votevřel si klíčem podolskej kostelík, poněvadž myslel, že je doma, zul se v sakristii, poněvadž myslel, že je to u nich ta kuchyně, a lehl si na voltář, poněvadž myslel, že je doma v posteli, a dal na sebe nějaký ty dečky se svatými nápisy a pod hlavu evangelium a ještě jiný svěcený knihy, aby měl vysoko pod hlavou.

KjelderJaroslav Šerák

Litteratur

Česká radikální stranaen flag
Wikipedia czdeen Google søk
baxa.jpg

Karel Baxa, medlem av parlamentet 1903-1918 og formann i Státoprávně radikální strana

Česká radikální strana vert indirekte vist til i soga til Švejk om den tsjekkiske radikale riksrådsrepresentanten som ved mistak vart jaga av politihundane til Rittmeister Rotter.

Bakgrunn

Česká radikální strana var rettnok ikkje noko politisk parti, men ein kan vera nokså trygg på at det enten er Strana radikálně pokroková eller Státoprávně radikální strana Švejk har i tankane. Det fyrste partiet eksisterte frå 1897 til 1908 og dei stod for omfattande politiske reformer medan det andre vart skipa i 1899 og stod for utviding av statsrettane til dei tsjekkiske landa.

I 1908 slo dei to partia seg saman og skipa Česká strana státoprávně pokroková. Frå 1914 gjekk partiet ope inn for ein uavhengig tsjekkisk stat og vart difor utsett for undetrykking. Ein kan ikkje sjå vekk frå at merkelappen "radikal" vart hengande òg ved det nye partiet og at det var desse Švejk hadde i tankane.

Sitat
[1.3] Nakonec se ukázalo, že ten člověk byl českej radikální poslanec, kterej si vyjel na vejlet do lánskejch lesů, když už ho parlament vomrzel.

Litteratur

Parlamenten flag
Wien I., Franzens-Ring 1
Wikipedia czdeen Google kartsøk
reichsrat.jpg

Abgeordneterhaus 1907

parlament2.png

Eit utvalg av tsjekkiske representantar i Reichsrat i 1914 (Josef Švejk utheva).

Parlament vert nemnd i soga til Švejk om den tsjekkiske radikale riksrådsutsendingen som ved mistak vart jaga av politihundane til Rittmeister Rotter. In [2.2] vert nasjonalforsamlinga nemnd på ny fordi Major Wenzl sin skandaløse oppførsel i Kutná Hora vart teke opp.

Bakgrunn

Parlament viser til Reichsrat i Wien. Frå 1867 til 1918 var dette nasjonalforsamlinga til Cisleithanien, dvs. den austerrikske delen av Dobbeltmonarkiet. Rådet bestod av Herrenhaus (Overhus) og Abgeordneterhaus (Underhus).

I Juni 1911 vart det siste valget halde og det sat det til saman 516 representantar i Abgerodneterhaus. Av desse var 232 tyske, 108 tsjekkiske og 83 polske. Resten av plassane var sette av til ukrainarar, slovenar, italienarar, rumenarar, kroatar, serbarar og ein einsleg sionist!. Fleire av politikarane som er nemnde i romanen vår sat i riksrådet då krigen braut ut: professor Masaryk, Kramář, Klofáč og ein viss agrarpolitikar Josef Švejk. Ein tidlegare utsending av interresse var Alexander Dworski, sjå herr Grabowski.

Sitat
[1.3] Nakonec se ukázalo, že ten člověk byl českej radikální poslanec, kterej si vyjel na vejlet do lánskejch lesů, když už ho parlament vomrzel. Proto říkám, že jsou lidi chybující, že se mejlejí, ať je učenej, nebo pitomej, nevzdělanej blbec. Mejlejí se i ministři.“
[2.2] Slovo padlo, a už to bylo v místních novinách a nějaký poslanec interpeloval chování hejtmana Wenzla v hotelu ve vídeňském parlamentě.

Litteratur

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

4. Švejk blir kasta ut av galehuset

Blázinecen flag
Praha II./468, Ul. Karlova 15
Google kartsøk Švejkova cesta Švejkův slovník

Blázinec vert vist til når Švejk vart førd til den psykiatriske anstalten etter at rettslegekommmisjonen hadde stilt diagnosen "simulant med svak forstand". Her kan han ha vore mange veker for han vart fyrst sett på frifot 29. juli 1914, dagen for Austerrike-Ungarn si krigslysing mot Serbia.

Bakgrunn

Blázinec var eit sinnsjukehus i Praha som ikkje er spesifikt nemnt kvar låg. Ein kan likevel med stor sikkerheit gå ut frå at forfattaren viser til Kateřinky, ein institusjon der han sjølv var innlagd nokre veker i februar 1911.

Sitat
[1.4] Když později Švejk líčil život v blázinci, činil tak způsobem neobyčejného chvalořečení: „Vopravdu nevím, proč se ti blázni zlobějí, když je tam drží. Člověk tam může lézt nahej po podlaze, vejt jako šakal, zuřit a kousat. Jestli by to člověk udělal někde na promenádě, tak by se lidi divili, ale tam to patří k něčemu prachvobyčejnýmu. Je tam taková svoboda, vo kterej se ani socialistům nikdy nezdálo.

Skrivst òg:The Madhouse en Das Irrenhaus de Galehuset no

Ottův slovník naučnýen flag
Praha II./553, Karlovo nám. 35
Wikipedia czdeen Google kartsøk Švejkův slovník
cartonage.png

Ottův slovník naučný, 5. díl, 1892

Ottův slovník naučný vert i samband med pasienten på Blázinec som ga seg ut for å vera 16. del av dette leksikonet.

Bakgrunn

Ottův slovník naučný er eit leksikon utgjeve av forleggjar Otto som reknast som framståande òg i internasjonal samanheng. I alt kom det ut 28 bind i tida frå 1888 til 1909 og dei kom med supplementbind òg i ettertid. Ottos leksikon var i si tid ei av dei største i verda. Redaksjonen heldt til på Karlovo náměstí, i bygningen ved sida av forlaget til Otto.

Emil Artur Longen (1928) hevdar at Jaroslav Hašek brukte leksikonet aktivt då han skreiv Den gode soldat Švejk. Dette synest truleg ettersom frasen som Rekrut Pech lira or seg er eit nesten ordrett sitat. Andre sitat frå leksikonet har enno ikkje kunna påvisast men ein må rekna med at dei finst.

Referansen til kartonážní šička (kartong-stiftemaskin) finst ikkje i band 16 (Lih-Media) og Antonín Měšťan peikar på at dette stikkordet ikkje er oppførd i leksikonet i det heile. Om det hadde funnest ville det vore i band 14. Dette bindet har rettnok oppføringa kartonáž som viser vidare til cartonage i band 5.

Antonín Měšťan

Durch einen Blick in den Ottův slovník naučný läßt sich leicht feststellen, daß das Stichwort "Kartonagenähgrin" nicht nur im 16. Band fehlt - es fehlt in diesem Lexikon überhaupt.

Sitat
[1.4] Nejzuřivější byl jeden pán, kerej se vydával za 16. díl Ottova slovníku naučného a každého prosil, aby ho otevřel a našel heslo ,Kartonážní šička’, jinak že je ztracenej.

KjelderAntonín Měšťan, Emil Artur Longen

Skrivst òg:Otto's encyclopaedia en Ottos Konversationslexicon de Ottos konversasjonsleksikon no

Litteratur

Královy lázněen flag
Praha I./195, Ul. Karoliny Světlé 43
Google kartsøk
lazne.png

Kart frå 1914

lazne2.png

Břetislav Hůla

lazne3.png

Baedeker

Královy lázně vert indirekte nemnd at Švejk når han på Blázinec vert spurd om korleis det er å verta bada. "Det er betre enn ved badet ved Karlsbrua", er svaret.

Bakgrunn

Královy lázně var eit offentleg bad ved den austlege enden av Karlův most i Staré město, oppførd med adreassa Karoliny Světlé 43, vist på kartet til høgre.

Dette er stadfesta av Baedeker Österreich 1913 som oppfører dei som Königsbad. Badet i Vltava nord for brua er òg vist, kalla Gemeindebad (Kommunebadet). Dette har nok heller vore eit friluftsbad og utfrå skildringa i romanen er det nesten sikkert dei meir luksuriøse innandørs Kongebada det er snakk om.

Břetislav Hůla omtalar badet som Karlovy lázně (Karlsbadet) noko som stemmer med adressboka frå 1936. Når omdøypinga fann stad er uvisst.

Sitat
[1.4] V koupelně ho potopili do vany s teplou vodou a pak ho vytáhli a postavili pod studenou sprchu. To s ním opakovali třikrát a pak se ho optali, jak se mu to líbí. Švejk řekl, že je to lepší než v těch lázních u Karlova mostu a že se velmi rád koupe.

Kjelder: Archiv Hlavního Města Prahy (Sbírka map a plánů)

Skrivst òg:Royal Bath en Königsbad de

Litteratur

Regimentskanzlei I.R. 91en flag
Karlín/20, Palackého třída 10
Wikipedia de Google kartsøk Švejkův slovník

Regimentskanzlei I.R. 91 vert nemnd av Švejk når fortel lækjarkommisjonen på Blázinec at han er dimmitert grunna dårskap. Han fortel at nettop dette kan stadfestast hjå Ergänzungskommando i Karlín eller på regimentskontoret i Budějovice.

Bakgrunn

Regimentskanzlei I.R. 91 (hovudkontoret til regiments-staben) heldt i 1914 til i Karlín og ikkje i Budějovice slik Švejk seier. Rettnok var ved krigsutbrotet fleire av regimentet sine funksjonar lokaliserte i Ferdinandova kasárna i Karlín: 2. feltbataljon, regiments-staben og sjølve IR 91 sin regimentskommando. Difor er me her truleg vitne til ei forveksling med Ergänzungsbezirkskommando som saman med 4. bataljon og EB91 (erstatningsbataljonen) var stasjonerte i CB.

Ein kan òg ta med i vurderinga at kaserna i Karlín vart omgjord til eit Raude Kross reserve-sjuekehus like etter krigsutbrotet, og at administrasjonen til regimentet nok dels vart overflytta til Budějovice, dels til fronten. Ei anna forklaring er at Švejk tenkjer på kontoret til EB91 som heldt til i CB. Sjå Ergänzungskommando.

Sitat
[1.4] „Já, pánové,“ hájil se Švejk, „nejsem žádný simulant, já jsem opravdovej blbec, můžete se zpravit v kanceláři jednadevadesátýho pluku v Českých Budějovicích nebo na doplňovacím velitelství v Karlíně.“

Skrivst òg:Regimental office en Plukové kancelář cz Regimentskontoret no

Litteratur

Ergänzungskommandoen flag
Budějovice, Pekárenská ulice
Wikipedia de Google kartsøk Švejkův slovník
ir91a.png

IR91, Seidels kleines Armeeschema August 1914

ergbudweis.png

91. Ergänzungsbezirk

Ergänzungskommando vert nemnd av Švejk når fortel lækjarkommisjonen på Blázinec at han er dimmitert grunna dårskap. Han fortel at nettop dette kan stadfestast hjå reservekommandoen i Karlín eller hjå Regimentskanzlei I.R. 91 i Budějovice.

I [2.2] vert institusjonen nemnd på nytt når Einjährigfreiwilliger Marek fortel Švejk at om det ikkje hadde vore for den uheldige episoden med Krankenbuch kunne han ha sløva på kontoret her i staden for å verta send til fronten.

In [2.2] the institution is mentioned again when Einjährigfreiwilliger Marek tells Švejk that if it hadn't been for the unfortunate episode with Krankenbuch he could have idled about in the offices here instead of being sent to the front.

Bakgrunn

Ergänzungskommando viser nesten sikkert til Ergänzungsbezirkskommando Nr. 91 Budweis. Denne heldt til i Backhaus i Budějovice (Pekárenská ulice) og ikkje i Karlín slik Švejk fortel doktorane. Rettnok var fleire av regimentet sine funksjonar ved krigsutbrotet lokaliserte i Ferdinandova kasárna i Karlín: III. Feldbataillon, staben og sjølve IR 91 Regimentskommando. Sannsynlegvis er det difor snakk om ei rein forveksling mellom Regimentskanzlei I.R. 91 og Ergänzungsbezirkskommando. Begge er nemnde i same setningen, men Švejk ser ut til å ha byta om den geografiske plasseringa.

Distriktsreservekommando Nr. 91 var ansvarleg for mønstring og innkalling av reservar i Ergänzungsbezirk Budweis, sjå kart. Rekrutteringsditriktet omfatta hejtmanství Budějovice, Týn nad Vltavou, Prachatice, Krumlov og Kaplice. Hær-einingane som vart forsynte med mannskap herfrå var k.u.k. Infanterieregiment Nr. 91 og 14. Dragonerregiment.

Øvstkommandarande i 1914 var oberst Johann Splichal men han vart sendt til fronten straks etter krigsutbrotet og det er uvisst kven som erstatta han. Splichal var òg sjef for EB91 og i denne rolla vart han erstatta av Karl Schlager. Difor kan det godt vera at sistnemnde tok over distriktskommandoen på same tid. Der var nokså vanleg at same offiser hadde desse stillingane. Dette kan likevel ikkje har vore tilfelle etter 1. juni 1915 då reservebataljonen vart overførde til Királyhida og rekrutteringskommandoen av innlysande grunnar vart att i heimedistriktet.

Sitat
[1.4] „Já, pánové,“ hájil se Švejk, „nejsem žádný simulant, já jsem opravdovej blbec, můžete se zpravit v kanceláři jednadevadesátýho pluku v Českých Budějovicích nebo na doplňovacím velitelství v Karlíně.“
[2.2] Že jsem mohl být felddienstunfähig. Taková ohromná protekce! Mohl jsem se válet někde v kanceláři na doplňovacím velitelství, ale má neopatrnost mně podrazila nohy.“

Skrivst òg:Reserve command en Doplňovací velitelství cz Reservekommando no

Litteratur

Policejní komisařství Salmova uliceen flag
Praha II./507, Salmovská ul. 20
Google kartsøk Švejkova cesta Švejkův slovník
polsalmovska.png

Politický kalendář, 1910

polsalmovska3.png

Plan von Prag und Umgebung, 1910

polsalmovska4.png

Zum Wortschatz des tschechischen Rotwelsch, Eugen Rippl, 1926

polsalmovska5.png

Z.M. Kuděj, "Ve dvou se to lépe táhne, I.", s.68, 1924

giunio.png

Denní raport - c.k. okresního policejního komisařství III.z. 31./12. 1908

polsalmovska6.png

Československá republika, 26.6.1926

Policejní komisařství Salmova ulice er åstad for handlinga eit heilt kapittel, om enn eitt av dei kortaste. Švejk vert førd direkte hit etter å vorte arrestert avdi han nekta å forlata av Blázinec utan å få middag. Første møtet hans er med den brutale politinspektøren Inspektor Braun og deretter dreiar handlinga seg most om samtalen med celle-kameraten, ein særs stødig samfunnsborgar som i dette høvet har sklidd av skaftet. Švejk gjer sitt beste for å overtyda han om at stoda hans er vonlaus.

Opphaldet varde berre ein ettermiddag, og Švejk vart, etter den korte stunda i cella, teken til forhøyr i 2.etasje, denne gongen til ein tjukk og venleg politimann. Under eskorte vart han førd frå politivakta (sjå Strážnice) i fyrste etasje vidare til c.k. policejní ředitelství. Det var på vegen dit han las keisaren si krigslysing.

Bakgrunn

Policejní komisařství Salmova ulice var politistasjonen i 3. politidistrikt (Hořejší Nové Město - Øvre Nybyen) i Praha. Den låg på hjørna av Ječná ulice og Salmovská ulice og politistasjonen var i drift framm til 29. juni 1926 då politistasjoen vart flytta til Krakovská ulice der den enno held til. Bygningen vart så riven og i 1928 vart eit nybygg oppførd på tomta.

Stasjonen var gjerne kalla "Salmovka" på folkemunne, eit utrykk som m.a. Zdeněk Matěj Kuděj brukar i ein av bøkene sine om Jaroslav Hašek (Ve dvou se to lépe táhne, 1924). Omgrepet er jamvel oppførd i ei tyskspråkleg ordbok om tsjekkisk slang (Eugen Rippl, 1926).

Sjefsinspektør i 1906 og fram til 1910 var Karel Fahoun, han vart etterfylgd av Antonín Sklenička. Det er ikkje funne prov, i adressebøker eller andre stader, på at nokon Inspektor Braun nokon gong tenestegjorde her.

Hašek på Salmovská

Denne politistasjonen kjende Jaroslav Hašek godt til, for det var i dette politidistriktet han vart fødd og vaks opp og budde for det meste her òg som vaksen. Han vart døypt i Kostel sv. Štefána like i nærleiken og budde ved fleire høve berre eit steinkast unna. Det har óg vorte hevda at han var ein personleg ven av politisjefen Karel Fahoun og familien hans, men Břetislav Hůla avviser denne påstanden etter samtale med sonen til Fahoun.

Politidokument frå 1902 til 1912 om Jaroslav Hašek påviser at forfattaren fleire gonger var innom her eller vart etterlyst. I dei fleste tilfelle er det snakk om orden-forstyrrelsar og mindre hærverk, utførd i rusa tilstand. Nyttårsafta 1908 vart han og den kroatiske studenten Rudolf Giunio arresterte og sperra inne her etter eit pubslagsmål. Forfattaren fekk fem dagars fengsel for bryet. Sjå Bendlovka for meir informasjon om denne episoden.

Sitat
[1.5] Švejk prohlásil, že když někoho vyhazují s blázince, že ho nesmějí vyhodit bez oběda. Výtržnosti učinil konec vrátným přivolaný policejní strážník, který Švejka předvedl na policejní komisařství do Salmovy ulice.

KjelderBřetislav Hůla,Sergey Soloukh,Jaroslav Šerák

Skrivst òg:District police station No. 3 en Polizeikommisariat Nr. III de Bydelspolitistasjon Nr. 3 no

Litteratur

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

5. Švejk på politistasjonen i Salmova-gata

Emauzský klášteren flag
Praha II./320, na Slovanech 1
Wikipedia czdeen Google kartsøk Švejkův slovník
emaus.png

Klosteret ved århundreskiftet

emaus2.png

Adressebok frå 1907

Emauzský klášter er staden der ein munk skal ha hengd seg i eit krusifiks i fylgje Švejk. Dette for å "oppmuntra" cellekameraten sin på politistasjonen i Salmova ulice då denne ville hengja seg.

Klosteret vert i [1.9] nemnd som staden der Feldkurat Katz vart døypt. Presten som døypte han var páter Albán, sjå pater Albán.

I [1.13] vert klosteret nemnd for tredje gong, no av Švejk som fortel Feldkurat Katz om ein gartnarassistent som arbeidde der.

Bakgrunn

Emauzský klášter er eit Benediktinar-kloster i Praha som ligg sør for Karlovo náměstí. Det vart grunnlagd av keisar Karl IV i 1347. Frå 1908 til 1918 var den ovannemnde pater Albán abbed her og under frå 1914 var deler av klosteret brukt som lasarett.

Etter kunngjeringa av tsjekkoslovakisk sjølvstende 28. oktober 1918 forlet abbeden og dei tyske munkane klosteret etter at dei vart utsette for trakassering frå folkemengder og militsgrupper. Dette kom av skuldingar som vart framsette mot dei i pressa, m.a. om spionasje for Tyskland.

Klosteret vart sterkt skadd under eit alliert bomberaid i 1945, og vart bygd opp att i noko ulik stil etter krigen. Det vart konfiskert både av nazistane (1941) og kommunistane (1950), men vart i 1990 gjeva tilbake til bendiktinar-ordenen.

Sitat
[1.5] Ledaže byste se pověsil vkleče u pryčny, jako to udělal ten mnich v klášteře v Emauzích, co se oběsil na krucifixu kvůli jedný mladý židovce.
[I.9] Křtili ho slavnostně v Emauzích. Sám páter Albán ho na máčel do křtitelnice.
[I.13] "Tak si koupíme katechismus, pane feldkurát, tam to bude," řekl Švejk, "to je jako průvodčí cizinců pro duchovní pastýře. V Emauzích pracoval v klášteře jeden zahradnickej pomocník, ...

Skrivst òg:Emmaus Monastery en Emmauskloster de Cloître d'Emmaüs fr Emmausklosteret no

Litteratur

Bendlovkaen flag
Praha II./1867, Fügnerovo nám. 2
Google kartsøk Švejkova cesta Švejkův slovník
bendlovka2.png

Břetislav Hůla, 1951

bendlovka5.png

© AHMP

giunio.png

Denní raport - c.k. okresního policejního komisařství III.z. 31./12. 1908

Bendlovka vert nemnd i anekdote av Švejk då han "trøystar" den gode familiemannen som sit i cella saman med han på Policejní komisařství Salmova ulice. Švejk hadde ein gong drege til ein mann frå eit begravelsesbyrå og hadde fått ein kilevink tilbake. Dagen etter vart episoden omtala i avisene.

Bakgrunn

Bendlovka er nesten sikkert eit alternativt omgrep for Bendova kavárna (òg Bendovka), eit tidlegare skjenkestad i Nové město som Jaroslav Hašek kjende godt. I forklaringane sine til romanen frå 1951 identifiserer Břetislav Hůla den som ein natt-kafé i Sokolská ulice og dette er støtta av Radko Pytlík som opplyser om at den låg på hjørna av Sokolská og Fügnerovo náměstí. Den låg vegg i vegg med Apollo, og på det motsette hjørna av plassen låg U Šolců, ei anna av Hašek's sine favoritt-kneiper.

Hašek og Bendovka

Ein veldokumentert episode som involverte forfattaren fann stad her 31. desember 1908. I fylgje politirapportar var Jaroslav Hašek innblanda i ein episode i denne kafeen ute i dei små timar. Han og den kroatiske ingeniør-studenten Rudolf Giunio nekta å betala rekninga. Ein krangel braut laus og glas vart knuste. Då patruljerande politimann Slepička kom til åstaden slo humoristen hatten av hovudet på han så forsterkningar måtte tilkallast. Dei to bråkmakarane vart så tekne med til Policejní komisařství Salmova ulice og vart sette på frifot morgonen etter.

Opočenský minnest

Ein anna krangel som involverte forfattaren vert omtala av kameraten Gustav Roger Opočenský’s i boka hans om Jaroslav Hašek (1948). Den vart rettnok skriven om lag 40 år etter handinga, men det er likevel liten grunn til å tvila på essensen i det han fortel: at det på Bendovka kom til ein samanstøyt mellom forfattaren og ein agent for eit gravferdsbyrå. Dette fann stad “i dei små timar ein varm vårkveld nokre år før krigen”. Denne soga har parallellar til hendinga i 1908, men òg til episoden som vert omtala Den gode soldat Švejk. Ellers noterer Opočenský at Bendova kavárna baud på levande musikk, var utstyrt med marmorbord, var open til tidleg på morgonen og han la til at ølet var billeg og dårleg. Då boka vart skriven var kaféen ikkje lenger i drift, lokala vart brukte av eit trykkeri.

Strána mírného pokroku

I samlinga si av forteljingar om Strana mírného pokroku v mezích zákona viar Jaroslav Hašek ei soga til Opočenský og her vert òg nattkaféen nemnd (som Bendova kavárna), og det i same slengen som Apollo. I ei anna sogee vert omgrepet "v Bendlovce" brukt på same viset som i romanen. Det tykkjest å visa til eit vertshus eller i det minste til ein stad der folk møtest. Jaroslav Hašek hadde fleire konfliktar med ein viss redaktør frå České Slovo her. Redaktøren var av “Mosaisk trusretning”.

I avisene
bendlovka1.png

Národní politika, 20.8.1910

bendlovka3.png

Národní politika, 3.11.1907

Avisinnslag stadfestar nokre av opplysningane til Opočenský og legg dessutan til informasjom om dansetilstelningar. Kaféen var i drift minst frå 1900 til hausten 1914, men på to ulike adresser. Våren 1905 vart løyvet til Marie Bendová overførd frå Nové město hus nr. 1816 til nr. 1867. Ein annonse frå fyrste krigshausten viser at opningstidene var korta ned til to om morgonen, ei innstramming som var vanleg i heile Austerrike-Ungarn etter krigsutbrotet.

Frå tid til anna det opp annonsar der ein søkte etter tilsette, men ein det dukka opp langt fleire innslag om tjuveri, fyll og slagsmål. Jaroslav Hašek var såleis ikkje den einaste bråkmakaren her. Her er berre nokre av episodane: i 1908 laga tre fulle tyske studentar bråk der (rapportert i fleire aviser) og i 1913 skreiv Čech om ein episode med knivstikking.

Sitat
[1.5] Nebo v Bendlovce jsem dal jednou jednomu funebrákovi facku a on mně ji vrátil. Abychom se smířili, museli nás oba zatknout, a hned to bylo v odpoledníčku.

KjelderBřetislav Hůla,Radko Pytlík,Jaroslav Šerák,Gustav Roger Opočenský

Litteratur

U mrtvolyen flag
Praha II./310, Karlovo nám. 13
Google kartsøk Švejkův slovník
umrtvoly.jpg

Bilete frå 1926

umrtvoly2.png
umrtvoly3.png

Břetislav Hůla

U mrtvoly er nemnd i anekdota av Švejk fortel for å "oppmuntra" medfangen på Policejní komisařství Salmova ulice. Sjå Bendlovka.

Bakgrunn

U mrtvoly er ikkje identifisert heilt sikkert, men mykje tyder på at det var ein kafé på Karlovo náměstí, på hjørna med Resslova ulice. Bygningen, som mellom anna husa Pivovar U Šálků, vart riven i 1939. Det låg ei kavárna der med inngang frå plassen men utfrå bilete er det vanskeleg å sjå noko namn.

Adresseboka frå 1910 viser til ein kafé "Rubáš" nettopp her, og dette gjev ein viktig peikepinn: "Rubáš" betyr "lik-klede" og "mrtvola" betyr "kadaver/lik". Břetislav Hůla opplyser om at U mrtvoly var ein kafé rett ovafor den tekniske høgskulen, noko som stemmer godt. Eigar i 1910 var Antonie Laadtová som hadde fått driftslisens i 1901[a].

I 1922 vert det i ein artikkel i Národní listy opplyst at U mrtvoly no var døypt om til Děvín, men det har ikkje lukkast å finna fleire opplysningar relatert til dette namnet. Vilém Mrštík nemner òg staden i romanen sin Santa Lucia frå 1893.

Sitat
[1.5] Nebo když v kavárně „U mrtvoly“ rozbil ten pan rada dva tácky, myslíte, že ho šetřili? Byl taky na druhej den hned v novinách.

KjelderBřetislav Hůla,Jaroslav Šerák

Skrivst òg:At the Corpse en Zum Leichnam de Ved Liket no

Litteratur

Referensar
aKoncese hostinské obdrželiVěstník obecní královského hlavního města Prahy19.6.1901
Strážniceen flag
Praha II./507, Ječná ul. 6
Google kartsøk
straznice2.png

Strážnice vert såvidt nemnd når Švejk vert førd vidare frå politistasjonen i Salmovská ulice. Ut frå romanen er det klårt at vakta låg på gateplanet ettersom Švejk vart i forhøyr i 2. etasje og vart taken ned til vaktrommet for han vart førd vidare.

Bakgrunn

Strážnice var vakta ved politistasjonen in Salmovská ulice. Den låg i same bygnignen som politistasjonen men inngangen var frå Ječná ulice. Sjå Policejní komisařství Salmova ulice.

Sitat
[1.5] Ukloniv se uctivě, odcházel s policejním strážníkem dolů na strážnici a za čtvrt hodiny bylo již vidět na rohu Ječné ulice a Karlova náměstí Švejka v průvodu druhého policejního strážníka, který měl pod paždí objemnou knihu s německým nápisem „Arrestantenbuch“.

Skrivst òg:Guardroom en Wachstube de Vaktrom no

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

6. Švejk heime att etter å ha brote gjennom trylleringen

Kostel svatého Apolinářeen flag
Praha II./443, Apolinářská 20
Wikipedia czdeen Google kartsøk Švejkův slovník
apolinare.jpg

Rozkvět, 10.9.1911.

Kostel svatého Apolináře vert nemnd i handlinga avdi kyrkjetenaren herfrå var på U kalichaŠvejk var innom kneipa etter å ha vorte sett fri siste gongen frå c.k. policejní ředitelství. Dette var truleg 29. juli 1914 ettersom Austerrike-Ungarn hadde nettopp løyst krig mot Serbia.

Bakgrunn

Kostel svatého Apolináře er ei kyrkje i Nové město som ligg berre nokre hundre meter frå U kalicha. Den vart bygd i det 14. århundret og er oppkalla etter Apollinaris av Ravenna.

Sitat
[1.6] Ve výčepu panovalo hrobové ticho. Sedělo tam několik hostů, mezi nimi kostelník od sv. Apolináře.

Skrivst òg:Church of Saint Apollinaire en Apollinarkirche de

Litteratur

Volná myšlenkaen flag
Královské Vinohrady/588, Korunní tř. 6
Wikipedia czdeennn Google kartsøk Švejkův slovník
volna.png

Věstník volné myšlenky, 1910

volna.jpg

Karel Pelant. Volná myšlenka, 1.2.1925

Volná myšlenka vart nemnd i utbrotet til kneipevert Palivec i rettsaka mot han: "Lenge leve Fritenkjarane!". Dette kan fru Palivcová fortelja Švejk då han vender tilbake til U kalicha etter å ha vorte sett fri ved krigsutbrotet.

Bakgrunn

Volná myšlenka var eit samband av fritenkjarar, ei antikyrkjeleg og ateistisk rørsle som oppstod i fleire land i det 19. hundreåret. Den internasjonalt mest kjende fritenkjaren var Francesc Ferrer i Guàrdia (1859-1909).

Den tsjekkiske seksjonen vart grunnlagt i 1904, og førebels oppløyst i 1915. Den mest kjende representanten for den tsjekkiske delen av rørsla var Machar, formann frå 1909. Organisasjonen gav òg ut eit månadstidsskrift med same namn. Det mest konkrete målet deira var skilje av kyrkje og stat.

Karel Pelant var ein av grunnleggjarane av den tsjekkiske seksjonen, og dette var ein person Hašek kjende godt. Zdeněk Matěj Kuděj skildrar eit møte mellom dei to i Plzeň i 1913 som kom i stand ettersom Pelant, på denne tida redaktør for veketidskriftet Směr, skulda Hašek honorar for eit par soger han hadde skrive.

Pelant vert òg nemnd i samband med Strana mírného pokroku v mezích zákona. Han var dessutan utgjevar av tidskriftet til organisasjonen.

Sitat
[1.6] Já jsem se tak lekla toho příbuzenského poměru, aby snad ještě z toho něco nebylo, tak jsem se vzdala svědectví a on chudák stará se tak na mne podíval, do smrti na ty jeho oči nezapomenu. A potom, po rozsudku, když ho odváděli, vykřik jim tam na chodbě, jak byl z toho cele] pitomej: ,Ať žije Volná myšlenka!`

Litteratur

Mimosaen flag
Praha I./496, Havelská ul. 31
Google kartsøk Švejkův slovník
mimosa_adv.png

Právo lidu, 16.5.1914

Mimosa vert nemnd avdi dørvakta som hadde flytta inn på Švejk sitt rom arbeidde der.

Bakgrunn

Mimosa var ein kjend nattkafé som ikkje eksisterer lenger. Den tsjekkisk-jødiske reportaren Egon Erwin Kisch la handlinga i den einaste romanen sin hit. Der Mädchenhirt (Halliken) kom ut i mai 191r. I addresseboka for 1910 er det oppførd ein anna kafé i nummer 496/31: U Hvězdičky tři zlaté, men alt i 1913 viser annonsar klårt at til Mimosa alt var i drift. Kafeen baud på konsertar og underhaldning og etter annonsar å doma opna den tidleg i 1913.

I februar 1917 melde Čech at etablissementet måtte stengja etter krav frå politiet[a].

Sitat
[1.6] Když si bral límeček a skládal kravatu, vzpamatoval se již do té míry, že mohl ujistit Švejka, že noční kavárna „Mimosa“ jest opravdu jedna z nejslušnějších nočních místností, kam mají přístup jedině dámy, které mají policejní knížku v úplném pořádku, a zval Švejka srdečně, aby přišel na návštěvu.

KjelderJaroslav Šerák,Radko Pytlík

Litteratur

Referensar
aZ ovzduší hostinské živnostiČech18.2.1917
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

7. Švejk dreg i krigen

K.u.k. Kriegsministeriumen flag
Wien I./-, Stubenring 1
Wikipedia deenit Google kartsøk Švejkův slovník
kriegsministerium.jpg

Seidels kleines Armeeschema (1914)

K.u.k. Kriegsministerium vert nemnd av forfattaren då han opplyste om at ministeriet hugsa på Švejk på den tida då austerrikarane flykta over elva Raba og at Švejk skulle hjelpa dei ut av knipa.

Ministeriet dukkar opp att by ny heilt i starten av [1.13]Feldkurat Katz får eit direktiv om den utdeling av den siste olje. Forfattaren nemner vidare i [2.1] at ministeriet gav ut propagandplakatane som Švejk las på stasjonen i Tábor (sjå Trainsoldat Bong og Zugsführer Danko).

Når Einjährigfreiwilliger Marek omtalar Fähnrich Dauerling vert ministeriet nemnd to gonger. Dei skal ha gitt ut boka Drill oder Erziehung* og dessutan hamna dei dummaste offiserane til slutt her.

* Drill oder Erziehung vart gjeve ut av L.W Seidel & Sohn, ikkje av Kriegsministerium. Forfattaren var Johann Orth.

Bakgrunn

K.u.k. Kriegsministerium var Austerrike-Ungarn sitt forsvarsdepartement, ein av dei få institusjonane som dei to delene av Dobbeltmonarkiet delte. Krigsminister frå 1912 til 1917 var Alexander von Krobatin. Han var rekna som ein av haukane som ville gjera opp med Serbia under det minste påskot. Som ein ser av biletet hadde sivilpersonar tilgang til krigsministeren to timar kvar veke.

Departementet var ikkje ansvarleg for k.k. Landwehr og Honvéd, heimevernet for dei to delane av riket. Kva formell status Švejk hadde i høvet til ministeriet er uvisst. Han var klassifisert som Landsturm (domobranec), reservar som fyrst vart kalla inn når fedrelandet var i stor fare.

Sitat
[1.7] V době, kdy lesy na řece Rábu v Haliči viděly utíkat přes Ráb rakouská vojska a dole v Srbsku rakouské divise jedna za druhou dostávaly přes kalhoty to, co jim dávno patřilo, vzpomnělo si rakouské ministerstvo vojenství i na Švejka, aby pomohl mocnářství z bryndy.
[1.13] Polní kurát Otto Katz seděl zadumané nad cirkulářem, který právě přinesl z kasáren. Byl to rezervát ministerstva vojenství
[1.15] Zatraceně, proč ministerstvo vojenství dává takové věci do školního programu. To je přece pro dělostřelectvo.
[2.1] Strážnice byla vyzdobena litografiemi, které v té době dalo rozesílat ministerstvo vojenství po všech kancelářích, kterými procházeli vojáci, stejně jako do škol i do kasáren.
[2.2] A seshora ho bombardovali přípisy, ve kterých ministerstvo zemské obrany poukazovalo, že z píseckého okresu podle zpráv ministerstva vojenství přecházejí k nepříteli.
[2.2] Jeho hloupost byla tak oslňující, že byla největší naděje, že snad po několika desetiletích dostane se do tereziánské vojenské akademie či do ministerstva vojenství.
[2.2] Jednoroční dobrovolník si oddechl a vypravoval dál: „Vyšla nákladem ministerstva vojenství kniha ,Drill oder Erziehung’, ze které vyčetl Dauerling, že na vojáky patří hrůza.

Litteratur

K.u.k. Infanterieregiment Nr. 18en flag
Hradec Králové/-, - -
Wikipedia de Google kartsøk
ir18.png

Militärschematismus..., 1859.

K.u.k. Infanterieregiment Nr. 18 vert nemnd i songen Jenerál General Windischgrätz a vojenští páni gjennom omgrepet "den attande gjengen". Sjå Solferino og Piemonte.

Bakgrunn

K.u.k. Infanterieregiment Nr. 18 var eit infanteriregiment med rekrutteringsdistrikt Hradec Králové som slost i nesten alle krigane som Habsburg-imperiet deltok i sidan regimentet vart grunnlagd i 1682. Dette inkluderer felttoget under den andre italienske frigjeringskrigen i 1859, temaet for denne songen. Under slaget ved Solferino deltok berre 4.bataljon, resten av regimenet var så heldige å ha grensevaktteneste.

I 1914 var soldatane i regimentet i hovudsak tsjekkiske (75 prosent), resten tyske.

Sitat
[1.7]
Krve po kolena a na fůry masa, 
vždyť se tam sekala vosumnáctá chasa, 
hop, hop, hop!

Litteratur

Pražské úřední novinyen flag
Praha III./387, Karmelitská ul. 6
Google kartsøk Švejkův slovník
pnov2.png

Adresář královského hlavního města Prahy a obcí sousedních, 1907

pnov4.png

Prager Tagblatt, 5.7.1914

pnov5.png

Prager Tagblatt, 8.9.1914

Pražské úřední noviny skreiv ein glødande hyllest til den patriotiske krøplingen Švejk etter at han vart trilla til mønstringskommisjonen i rullestol. Tittelen var: "Ein krøplinsgs patriotisme".

Bakgrunn

Pražské úřední noviny er ikkje er oppførd som avis i adressebøkene frå korkje 1907 eller 1910, men likevel er det liten tvil om at forfattaren viser til publikasjonane til c.k. Místodržitelství (k.k. Statthalterei), og desse vart ofte omtala under denne eller liknande fellesnemnarar som Pražské úřední listy, tysk Prager Amtsblätter. Avisene var talerøyr for dei austerrikske styresmaktene i Böhmen, leia av statthaldaren.

Avisene kom ut både på tsjekkisk og tysk, med ein offisiell og ein vanleg kommersiell del. Hovudorganet heitte på tysk Prager Zeitung, på tsjekkisk Pražské Noviny, begge var morgonaviser som kom ut alle dagar unnateke måndag. Om kvelden på kvardagane utga dei òg Prager Abendblatt, rettnok berre på tysk. Dei offisielle kunngjeringane kom i eit eige bilag på kvardagar: hhv. Úřední list Pražských Novin, Amtsblatt der Prager Zeitung. På sundagar vart det utgjeve eige underhaldningsbilag.

Redaksjonslokala og administrasjonen låg i Malá Strana, like bak Kampa. Mellom 1907 og 1910 bytte dei adresse, men heldt seg i same kvartalet. Sjefsredaktør for alle avisene var Aladar Guido Przedak, for den tsjekkiske delen Jan Svátek. Przedak (1857-1926) var sjefsredaktør frå 1900 til 1918 og hadde dessutan tittelen k.u.k. Regierungsrat. Opplaget til Prager Abendblatt vart femdobla under perioden hans som redaktør.

Sitat
[1.7] O celé této události objevil se v „Pražských úředních novinách“ tento článek:
[1.7] Vlastenectví mrzáka. Včera dopoledne byli chodci na hlavních pražských třídách svědky scény, která krásně mluví o tom, že v této veliké a vážné době i synové našeho národa mohou dáti nejskvělejší příklady věrnosti a oddanosti k trůnu stařičkého mocnáře. Zdá se nám, že se vrátily doby starých Řeků a Římanů, kdy Mucius Scaevola dal se odvésti do boje, nedbaje své upálené ruky. Nejsvětější city a zájmy byly včera krásně demonstrovány mrzákem o berlích, kterého stará matička vezla na vozíku pro nemocné. Tento syn českého národa dobrovolně, nedbaje své neduživosti, dal se odvésti na vojnu, aby dal svůj život i statky za svého císaře. A jestli jeho volání „Na Bělehrad!“ mělo tak živý ohlas v pražských ulicích, jest to jen svědectvím, že Pražané skýtají vzorné příklady lásky k vlasti a k panovnickému domu.

Skrivst òg:Prague Official Newspaper en Prager Amtszeitung de Praha Amtstidende no

Litteratur

Prager Tagblatten flag
Praha I./896, Panská ul. 12
Wikipedia czdeenno Google kartsøk Švejkův slovník
tagblatt2.png

Prager Tagblatt, 1.12.1914

tagblatt1.png

Oppføring i adresseboka frå 1910.

tagblatt4.png

Prager Tagblatt, 5.1.1923

tagblatt5.png

Prager Tagblatt, 17.1.1926

Prager Tagblatt nemner kort at Švejk vart verna av tyskarar mot tsjekkiske agentar for Ententen som ville lynsja han på vegen til Střelecký ostrov.

Avisa dukkar opp att i samband med tjuveriet av Fox. Eigaren av hunden, Oberst Kraus, sett inn annonsar både her og i Bohemia der han lova ei finnarløn på 100 kroner.

Bakgrunn

Prager Tagblatt var ei tysk-språkleg dagsavis som kom ut i Praha frå 1877 til 1939. Avisa hadde ry på seg for framifrå kvalitet, ein av tida sine aller beste tysk-språklege aviser, og knytte til seg ei rekkje framståande skribentar opp gjennom åra. Mellom desse var Max Brod, Egon Erwin Kisch, Franz Kafka, Josef Roth, Michal Mareš og Friedrich Torberg. Politisk var den rekna som demokratisk-liberal, og står oppførd i tsjekkiske adressebøker som "tysk progressiv". Ansvarleg redaktør i 1910 var Gustav Horn. Franz Kafka var mellom dei som bidrog til avisa og han var dessutan ein ihuga lesar.

Under fyrste verdskrigen deltok rettnok avisa i den offisielle krigspropagandaen, men vart ofte offer for sensuren, og via meir plass til dei humanitære kostnadane ved krigen enn mange andre aviser. I mellomkrigstida bygde avisa opp att sitt ry for framifrå journalistiske kvalitetar, men knapt to månader etter den tyske innmarsjen i Praha i mars 1939 vart den stengd for godt. Dei mange jødiske medarbeidarane vart oppsagde alt i dagane etter innmarsjen.

Redaksjonslokala og administrasjonen låg i Panská ulice (Herrengasse), faktisk omtrent der Oberst Kraus tok Oberleutnant Lukáš på fersken med den stolne Fox.

Prager Tagblatt og Hašek

Etter Jaroslav Hašek sin død 3. januar 1923 spela Prager Tagblatt ei viktig role ved å anerkjenna og spre ordet om forfattaren og det satiriske meisterverket hans. Dette var fyrst og fremst takka vere Max Brod, ein utgjevar som er betre kjend som ivaretakar av Franz Kafka sine etterletne brev og skrifter.

Alt 5.januar trykte avisa ein nekrolog, og i samme utgåva kom Brod si eiga omsetjing av fyrste kapittelet i romanen. I løpet av dei neste 15 åra dukka Švejk og Hašek gong på gong opp i spaltene deira, spesielt i 1926 då Grete Reiner gav ut den fulle omsetjinga til tysk.

Švejk greift in den Weltkrieg ein (Max Brod)

"Also den Ferdinand haben die uns erschlagen", sagte die Bedienerin zu Švejk, welcher, nachdem er vor Jahren den militärischen Dienst verlassen hatte (die ärtztliche Kommission erklärte ihn für vollkommen irrsinnig), sich durch den Verkauf von Hunden weisterbrachte, deren Stammbaum er fälschte.

Sitat
[1.7] Ve stejném smyslu psal i „Prager Tagblatt“, který končil svůj článek slovy, že mrzáka dobrovolce vyprovázel zástup Němců, kteří ho svými těly chránili před lynchováním ze strany českých agentů známé Dohody.
[1.15] „Pane nadporučíku,“ pokračoval plukovník, „považujete za správné jezdit na ukradeném koni? Nečetl jste inserát v ,Bohemii’ a v ,Tagblattu’, že se mně ztratil stájový pinč?
[1.15] V tiché resignaci seděl nadporučík na židli a měl takový pocit, že nemá tolik síly nejen dát Švejkovi pohlavek, ale dokonce ukroutit si cigaretu, a sám nevěděl ani, proč posílá Švejka pro „Bohemii“ a „Tagblatt“, aby si Švejk přečetl plukovníkův inserát o ukradeném psu.

Litteratur

Bohemiaen flag
Praha I./211, Liliova ul. 13
Wikipedia deen Google kartsøk Švejkův slovník
bohemia2.png

Fyrste utgåva etter namneendringa

bohemia3.png

Ferdinand Mestek de Podskal, E.E. Kisch

Bohemia, 5.7.1914.

Bohemia utga ein artikkel som likna den i Prager Tagblatt om krøplingen Švejk og ferda hans i rullestol. Den legg til at gåver frå tyske borgarar til inntekt for soldaten kan leverast inn til administrasjon. I neste kapittel kjem det fram at det var i denne avisa Baronesse von Botzenheim las om den ivrige soldaten.

I [1.14] dukkar avisa opp på ny avdi Oberst Kraus hadde sett inn ein annonse om den forsvunne hunden her der han lova ei finnarløn på 100 kroner.

På toget til Tábor i [2.1] kjem det dessutan fram at òg Oberleutnant Lukáš las Bohemia.

Bakgrunn

Bohemia var ei tysk-språkleg dagsavis som kom ut i Praha frå 1828 til 1938, tilknytta det Tyske Liberale Parti. Under krigen var den sterkt patriotisk og skifta frå 15. november 1914 namn til Deutsche Zeitung Bohemia. Redaksjonslokala og administrasjonen låg i Liliova ulice i Staré město og sjefsredaktør i 1914 var Andreas Haase. Han sat i stillinga heile 40 år, frå 1879 til 1919.

E.E. Kisch

Den best kjende reportaren deira var utan tvil den legendariske Egon Erwin Kisch. Frå 1906 til 1913 arbeidde han for avisa og skreiv mange lokalreportasjar frå Praha. Han via ein eigen fylgjetong til loppesirkusdirektør Mestek, kom inn på mordaren Valeš og negeren neger Kristian, og omtalar ei rekkje av dei tvilsame lokala som er kjende for lesarane av Švejk: Apollo, Tunel, U Kocanů, for berre å nemna nokre. Kisch kjende Jaroslav Hašek personleg og skreiv om han ved eit par høve.

Sitat
[1.7]Bohemie“ uveřejnila tuto zprávu žádajíc, aby mrzák vlastenec byl odměněn, a oznámila, že pro neznámého přijímá od německých občanů dárky v administraci listu.
[1.15] „Pane nadporučíku,“ pokračoval plukovník, „považujete za správné jezdit na ukradeném koni? Nečetl jste inserát v ,Bohemii’ a v ,Tagblattu’, že se mně ztratil stájový pinč?
[1.15] V tiché resignaci seděl nadporučík na židli a měl takový pocit, že nemá tolik síly nejen dát Švejkovi pohlavek, ale dokonce ukroutit si cigaretu, a sám nevěděl ani, proč posílá Švejka pro „Bohemii“ a „Tagblatt“, aby si Švejk přečetl plukovníkův inserát o ukradeném psu.
[2.1] Nadporučíkovi bezděčně zacvakaly zuby, vzdychl si, vytáhl z pláště „Bohemii“ a četl zprávy o velkých vítězstvích, o činnosti německé ponorky „E“ na Středozemním moři...

Litteratur

Odvodní komiseen flag
Praha I./336, Střelecký ostrov -
Google kartsøk Švejkova cesta Švejkův slovník
odvod.png

Kommisjonen 31. desember 1914

strelov.png
odvod1.png

Oversikt over Landsturmmønstringskommisjonar i Praha (Čech, 8.11.1914)

Odvodní komise er det tsjekkiske omgrepet for mønstringskommisjonen, organet som eksaminerte ŠvejkStřelecký ostrov. Sjefen for kommisjonen var den illgjetne doktor doktor Bautze.

Bakgrunn

Odvodní komise viser i denne samanhengen til Landsturmmusterungskommision Nr. 1, ein mellombels kommisjon som hadde som oppgåve å føreta ei revurdering av Landsturm-rekruttar som i fredstid enten hadde vorte kjende uskikka til å bera våpen (waffenunfähig) eller vorte dimmiterte frå dei væpna styrkane etter fyrst å ha starta i tenesta (superarbitriert).

Kommisjon nr. 1 var ansvarleg for alle som var busette i og hadde heimstadrett i Praha. I tillegg mønstra dei alle som var busette i Praha men med heimstadrett utafor byen, dersom desse var fødde frå 1878 til 1883. Innunder denne kategorien kom dermed Jaroslav Hašek (heimstadrett Mydlovary, fødd 1883) og nødvendigvis òg Švejk. Som soldat i k.u.k. Infanterieregiment Nr. 91 må han nemleg ha hatt heimstadrett innafor Heeresergänzungsbezirk Nr. 91. Sjå Ergänzungskommando.

Kommisjonen starta arbeidet sitt 1. oktober 1914 då årgangane 1892 til 1894 vart kalla inn. Mellom desse vart over halvparten vurderte dugelege til krigsteneste. Frå 16. november til 31. desember kom turen til dei som var fødde frå 1878 til 1890. Blandt desse var langt færre klassifiserte Tauglich, mindre enn ein tredjedel. Den siste gruppa er for oss den langst viktigaste ettersom det var her Jaroslav Hašek kom inn. Alt tyder på at Švejk òg tilhøyrde ein av desse årgangane (1878-1883). 20. januar 1915 vart det annonsert at dei som var kjende dugelege hadde å melda seg hjå sin Ergänzungskommando 15. februar.

Mønstringane fann stad i hagerestauranten på Střelecký ostrov, på den sørlege enden av øya. Restauranten var i 1914 eit populært utfluktsmål.

Sitat
[1.7] Když Švejk revírnímu inspektorovi ukázal, že to má černé na bílém, že dne musí před odvodní komisi, byl revírní inspektor trochu zklamán; kvůli zamezení výtržnosti dal doprovázet vozík se Švejkem dvěma jízdními strážníky na Střelecký ostrov.

Skrivst òg:Draft commission en Musterungskommision de Mønstringskommisjonen no

Litteratur

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

8. Švejk som simulant

Posádková vězniceen flag
Praha IV./214, Kapucínská 2
Wikipedia czen Google kartsøk Švejkova cesta Švejkův slovník
posadvez2.jpg
posadvez1.png
posadvez.png

Posádková věznice er tilsynelatande åstaden for handlinga i to heile kapittel. Både [1.8] og [1.9] føregår i og rundt garnisonsfengselet, fyrst i sjukebrakka, bygning 3 og deretter i celle nummer 16. Švejk sin utveg vert messa i kapellet der Feldkurat Katz forbarmar seg over han og etter kvart tek han til seg som offiserstenar.

Fengselet vert nemnd fyrste gong i slutten av [1.7] og det vert sagt at Švejk skal dit. Av personane Švejk kjem i kontakt med under fengselsopphaldet er doktor Grünstein, Baronesse von Botzenheim, Hauptmann Linhart, vaktarane Stabsprofus Slavík, Feldwebel Řepa og Korporal Říha - og heilt mot slutten påtalemakta representert ved Auditor Bernis.

Bakgrunn

Posádková věznice er forfattaren sitt omgrep for c.a k. vojenská věznice v Praze (k.u.k. Militärgefängnis von Prag), eit fengsel som tilhøyrde garnisonskomplekset på Hradčany. I bygget heldt òg garnisonsdomstolen og Landwehrdomstolen til. Bygningen, som ligg like bak Loreta, vart oppførd i 1896 og er enno i bruk. Under Nazi- og kommunistdiktatura fekk bygningen nytt liv som fengsel og brutalt forhøyrs-senter. Sjå òg Vojenský soud.

I 1906 var to Stabsprofusen tilsette ved fengselet, men ingen av dei hadde heitte Stabsprofus Slavík, Korporal Říha, eller Feldwebel Řepa. Dei to var Jan Frkal og Josef Bureš, begge budde på fengselsområdet. Om desse kan ha vore førebilete for personane i romanen er vanskeleg å døma om. Det finst ikkje historisk belegg for at forfattaren nokon gong hadde noko med garnisonsfengselet å gjera, så ein må gå ut frå at inspirasjonen for desse figurane kom annanstads frå. På den andre sida kan det vera at han baserte forteljinga på det som folk som faktisk sat der fortalde han. Omtalen av tilhøva i fengselet og brutaliteten til vaktarane virkar i det heile sterkt overdriven.

Mykje tyder på at forfattaren ikkje var særleg kjend med organiseringa av garnisonen. Det er motstridande opplysningar om kvar Švejk faktisk låg: på Vojenská nemocnice Hradčany eller i eit sjukerom i sjølve fengselet. Ein passasje tyder på at forfattaren trur at militærsjukehuset tilhøyrde fengselet, noko det ikkje gjorde. I kapittel ni vert det gjeve inntrykk av at garnisonen VAR sjølve fengselet, noko det ikkje var (i det høgste eit folkeleg omgrep for garnisonsfengselet).

Antonín Matějovský
posadvez2.png

Antonín Matějovský

I 1923 vart det trykt ein serie hefte med tittelen "Dokument frå vår nasjonale revolusjon". Her gjev A. Matějovský oss ei viss innsikt i tilhøva ved fengselete. Han vart arrestert etter å ha distribuert det såkalla "Tsar-manifestet" i 1914 og dømd til 10 år i fengsel. Han sat dei fyrste 16 månadene på Hradčany før han vart flytta til Arad. Omtalen hans av tilhøva i fengselet er heilt det motsette av det Švejk opplevde. Vaktarane og dei andre tilsette oppførde seg prikkfritt mot fangane og gav dei ein hjarteleg avskjed då dei drog til Arad, der tilhøva var langt verre. Matějovský vart sett på frifot i 1917 under det ålmenne amnestiet til den nye keisaren Karl I.

Sitat
[1.8] Švejka v posádkové věznici do nemocničního baráku právě mezi takové malomyslné simulanty.

Skrivst òg:Garrison prison en Garnisonsgefängnis de Garnisonsarresten no

Litteratur

Vojenská nemocnice Hradčanyen flag
Praha IV./181, Loretánská 4
Google kartsøk Švejkova cesta Švejkův slovník
vojnemoc2.jpg

© Stará Praha

vojnemoc.png

Český svět, 5.5.1916

Vojenská nemocnice Hradčany vert nemnd av doktor Grünstein når han spør Švejk korleis han likar seg på militærsjukehuset. Likevel er nokon uklårt om sjukehuset i det heile er med i handlinga ettersom opplysningane om opphaldet til Švejk blandt simulatane på Hradčany er noko motstridande. Andre stader i teksten får lesaren inntrykk av at det er snakk om ei sjukeavdeling ved garnisonsfengselet. Sjå Posádková věznice for meir om dette temaet.

Bakgrunn

Vojenská nemocnice Hradčany viser til ei underavdeling av k.u.k. Militärspital nr. 11 i Praha. Det låg i same kaserne-komplekset som garnisonsfengselet, militærdosmtolen og andre hærinstitusjonar. Det militære hovudsjukehuset i Praha var Vojenská nemocnice Karlovo náměstí.

Stabsoverlege i 1916 var dr. Křejčí. Dette kjem fram når aviser omtala ei vitjing frå Gevinne Coudenhove, kona till statthaldaren i Böhmen. Vitjinga fann stad 10. april 1916, for seint til å passa kronologisk med besøket til Baronesse von Botzenheim, men det finst likevel interressante paralellar.

Sitat
[1.8] Druhého dne při visitě otázal se dr Grünstein Švejka, jak se mu líbí ve vojenské nemocnici. Švejk odpověděl, že jest to podnik správný a vznešený.

Skrivst òg:Military hospital at Hradčany en Militärspital am Hradschin de Militærsjukehuset på Hradčany no

Litteratur

Československá Republikaen flag
Praha III./387, Karmelitská ul. 6
Google kartsøk Švejkův slovník
cesrep2.png

Chytilův adresář, 1924.

cesrep.png

Národní Listy, 11.4.1931.

Československá Republika vert nemnd under Baronesse von Botzenheim si vitjing på Hradčany der ho gav Švejk boka Hendingar frå vår monark sitt liv som var skriven av den seinare sjefsredaktøren i denne avisa.

Bakgrunn

Československá Republika var ei statleg dagsavis som kom ut under dette namnet frå 1919 til 1932. Den var ein direkte etterfylgjar til Pražské úřední noviny, dei heldt jamvel til i same lokala. Redaktøren som vert nemnd, redaktør Filip, hadde arbeidd der alt under det gamle regiment. Avisa heldt fram frå 1932 til 1938, no som Pražské noviny. Det statlege forlaget ga òg ut Úřední List Československá Republika og kveldsavisa Prager Abendblatt (på tysk).

I Rudé Pravo

Jaroslav Hašek skreiv òg ein satirisk artikkel i Rudé Pravo der avisa og redaktør redaktør Filip er omtala meir inngåande: Kva eg ville tilrå kommunistane dersom eg var sjefsredaktør i regjeringsorganet Československá Republika. Artikkelen var datert 7. april 1921 og kom på trykk 8. mai, på same tid som denne delen av romanen vart skriven. I artikkelen hevdar han at ein Svátek var sjefsredaktør, i romanen har forfattaren av boka om keisaren (dvs. Filip) denne rolla. I fylgje adresseboka frå 1924 var Josef Hevera sjefsredaktør, og eit anna namn som er nemnd i artikkelen i Rudé Pravo, Adolf Zeman, var medlem av redaksjonen. Artikkelen tyder dessutan på at Jaroslav Hašek framleis innst inne var kommunist.

Om Hašek

Avisa skreiv til tider om Hašek, mest etter at han vart vidkjend, og 5. januar 1923 trykte dei ein nekrolog. Like etter at han kom attende frå Russland trykte dei annonsar for førestillingane hans på teateret Červená sedma der han fortalde soger frå opphaldet sitt i Russland.

Sitat
[1.8] Potom vytáhla z koše tři láhve vína pro rekonvalescenty a dvě krabice cigaret. Vše elegantně rozložila na prázdnou postel vedle Švejka, kam přibyla ještě pěkně vázaná kniha „Příběhy ze života našeho mocnáře“, kterou napsal nynější zasloužilý šéfredaktor naší úřední „Československé republiky“, který se ve starém Frantíkovi viděl.

Litteratur

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

9. Švejk i garnisonsarresten

Obchodní akademieen flag
Praha II./1780, Resslova ul. 8
Google søk Švejkův slovník
akademie1.jpg

Resslova 1780/8: Českoslovanská akademie obchodní.

akademie.png

Adresseboka frå 1910.

rezabek.jpg

Jan Řežábek

Zlatá Praha, 21.10.1892.

Obchodní akademie er nemnd når forfattaren introduserer Feldkurat Katz for lesaren. Han hadde studert ved eit handelsakademi.

Bakgrunn

Obchodní akademie er eit tvetydig omgrep, men ein må gå ut frå at Otto Katz studerte ved eitt av dei two handelsakademia i Praha. Ettersom han var jøde er det ved fyrste augnekast logisk å gå ut frå at morsmålet hans var tysk, og at han dermed studerte ved det tyske akademiet. På den andre sida var feltpresten utan tvil tospråkleg så det tsjekkiske akademiet må òg takast med i biletet.

Českoslovanská akademie obchodní i Resslova ulice er alt i alt ein meir truleg kandidat. Hašek sjølv studerte her og dette veg i favør av den siste i vurderinga om kva handelsakademi den seinare feltpresten studerte ved. Ein skal dessutan merka seg at ein Otto Katz faktisk vart uteksaminert frå dette akademiet i 1881 og forfattaren kan godt ha visst om han. Augustín Knesl hevda at nettopp denne personen var modell for Hašek sin litterære feltprest.

Ein anna Otto Katz vart rettnok uteksaminert frå det tyske akademiet i 1896, men denne budde i 1906 i Trieste så det er mindre truleg at Hašek kjende han.

Handelsakademi som institusjonar

Handelsakademi var i Austerrike ein utdanningsinstitusjon som tilbaud 3-årig utdanning (seinare 4-årig) innafor handelsfag. Det fyrste akademiet vart grunnlagd i Praha i 1856 som Prager Handelsakademie, det fyrste med tsjekkisk som undervisingspråk var nettopp Českoslovanská akademie obchodní som vart skipa i 1872. I starten heldt dei til i Staré město men i 1892 flytta dei til Resslova ulice i Praha II. Dei er enno (2020) i drift men i ein anna bygning i same gata. Handelsakademi som institusjon eksisterer både i Tsjekkia, Slovakia og Austerrike til denne dag.

Hašek og det Tsjekkoslaviske handelsakademiet

Jaroslav Hašek studerte her frå 1899 til 1902 og vart uteksaminert med gode karakterar. Her møtte han nokre av dei seinare gode venene sine, fyrst og fremst Hájek, men ein kan òg nemna Karel Marek som truleg lånte namnet sitt til romanfiguren Einjährigfreiwilliger Marek. Ein anna medstudent var Jan Čulen som var med Hašek på lengre reiser i 1900 og 1901. Det var utdanninga her som gjorde det mogeleg for Hašek å gjera teneste som eittårsfrivilleg i k.u.k. Heer. Institusjonen var på lista over utdanningar som gav dei uteksaminerte rett til avkorta tenestetid og andre fordelar.

Uven med rektor

I 1909 skreiv Jaroslav Hašek soga Obchodní akademie for Karikatury. Her heng på det grovaste ut rektor "Jeřábek", i røyndomen Jan Řežábek[1], og stykket vart sensurert og kom fyrst på trykk året etter, i revidert utgåve. Jeřábek vart jamvel tillagt eigenskapar som lesaren av Den gode soldat Švejk vil kjenna att hjå Oberst Kraus. Akademiet er òg nemnd fleire gonger i Strana mírného pokroku v mezích zákona.

Sitat
[1.9] Studoval obchodní akademii a sloužil jako jednoroční dobrovolník. A vyznal se tak dobře v směnečném právu a ve směnkách, že přivedl za ten rok obchodní firmu Katz a spol. k bankrotu tak slavnému a podařenému, že starý pan Katz odjel do Severní Ameriky, zkombinovav nějaké vyrovnání se svými věřiteli bez vědomí posledních i svého společníka, který odjel do Argentiny.

KjelderAugustín Knesl,Jaroslav Šerák

Skrivst òg:Commercial academy en Handelsakademie de

Merknader
1. Jan Řežábek (1862-1925), "Hofrat" og rektor ved det Tsjekkoslaviske handelsakademi frå 1900 til 1918.

Litteratur

Katz a spol.en flag
Google søk
katz0.png

Venkov, 1.5.1921

fkatz2.png

Adresář Libeň, 1896

Katz a spol. er nemnd når forfattaren introduserer Feldkurat Katz for lesaren. Firmaet handla med verdipapir og var eigd av far til Katz saman med ein kompanjong. Då unge Katz overtok dreiv han firmaet til konkurs i løpet av kort tid. Faren gjorde opp med kreditorane, emigrerte så til Nord-Amerika medan kompanjongen flytta til Argentina. Slik heldt firmaet fram eksistensen sin i den nye verda, i to inkarnasjonar.

Bakgrunn

Katz a spol. er forfattaren sitt omgrep for eit firma i Praha. Minst to selskap som dreiv forretning i byen på den aktuelle tida var eigde av Otto Katz. Ingen av dei to bedriftene kan rettnok påvisast å ha handla med verdipapir. Otto Katz gjorde i 1983 eit forsøk på å identifisera Feldkurat Katz og dermed firmaet, og slo fast at ein Otto Katz fødd i 1864 og utdanna ved Českoslovanská akademie obchodní gjekk konkurs i 1923.

Firmaet som Knesl viser til har påviseleg eksistert frå 1918 til 1923 og var ein veveri og forklefabrikk i Celetná ulice. Firmaet adverterte flittig i 1920 og 1921 så det kan godt vera at forfattaren har henta inspirasjon her (Jaroslav Hašek var ein ivreg avislesar, han las òg annonsar).

Eit anna firma vart registrert i 1893 i Libeň (Královská třída 358) og laga rapsolje. I 1902 er ikkje firmaet lenger oppførd men Otto Katz står framleis som huseigar, noko han òg gjorde i 1932.

Sitat
[1.9] Studoval obchodní akademii a sloužil jako jednoroční dobrovolník. A vyznal se tak dobře v směnečném právu a ve směnkách, že přivedl za ten rok obchodní firmu Katz a spol. k bankrotu tak slavnému a podařenému, že starý pan Katz odjel do Severní Ameriky, zkombinovav nějaké vyrovnání se svými věřiteli bez vědomí posledních i svého společníka, který odjel do Argentiny.

KjelderAugustín Knesl,Jaroslav Šerák

Litteratur

Ústav šlechtičenen flag
Praha IV./2-3, U sv. Jíří 1
Wikipedia cz Google kartsøk Švejkův slovník

Ústav šlechtičen vert nemnd i samband med forfattaren sin omtale av dåpen til Feldkurat Katz der ei gamal dame frå dette Instituttet for adelsdamer var til stades.

Bakgrunn

Ústav šlechtičen var ein institusjon for utdanning av døtrer av adelsmenn som ikkje var kapable til å sikra døtrene sine ein standsmessig eksistens. Instituttet vart stifta av Maria Theresia i 1755 og den vart lagd til i Rožmberský palác på Hardčany og husa 30 damer samtidig. Abedissa var til eikvar tid ei ugift dame frå huset Habsburg-Lothringen, og frå 1894 til 1918 hadde Maria Annunziata, syster til Erzherzog Franz Ferdinand, denne stillinga.

Den 1. mai 1919 vart institusjonen oppløyst og palasset teken in bruk av Innanriksdepartementet. Bygningen ligg på slottsområdet og er i dag (2015) eigd av den tsjekkiske staten. Den gjekk nyleg gjennom ei omfattande renovering og vert brukt som museum og utstillingsareal.

Sitat
[1.9] Křtili ho slavnostně v Emauzích. Sám páter Albán ho na máčel do křtitelnice. Byla to nádherná podívaná, byl u toho jeden nábožný major od pluku, kde Otto Katz sloužil, jedna stará panna z ústavu šlechtičen na Hradčanech a nějaký otlemený zástupce konsistoře, který mu dělal kmotra.

Skrivst òg:Institute for Noblewomen en Anstalt für adelige Frauen de Institutt for adelsdamer no

Litteratur

Konsistořen flag
Praha IV./56, Hradčanské nám. 16
Wikipedia czense Google kartsøk Švejkův slovník

Konsistoř vert nemnd i samband med forfattaren sin omtale av dåpen til Feldkurat Katz der ein representant frå konsistoriet fekk rolla som gudfaren til den nydøypte.

Bakgrunn

Konsistoř (òg kalla Kurie) er eit kyrkjelege råd som står til teneste for til dømes erkebiskopen eller paven. I dette tilfellet dreiar det seg visseleg om erkebiskopskonsistoriet på Hradčany (Knížecí arcibiskupská konsistoř). I 1907 heldt rådet til i sjølve erkebiskopspalasset og hadde møte kvar onsdag.

Sitat
[1.9] Křtili ho slavnostně v Emauzích. Sám páter Albán ho na máčel do křtitelnice. Byla to nádherná podívaná, byl u toho jeden nábožný major od pluku, kde Otto Katz sloužil, jedna stará panna z ústavu šlechtičen na Hradčanech a nějaký otlemený zástupce konsistoře, který mu dělal kmotra.

Skrivst òg:Consistory en Konsistorium de Konsistoriet no

Litteratur

Seminářen flag
Praha I./1040, Křižovnické nám. 4
Google kartsøk
seminar.png

Praha 1910

© AHMP

Seminář vert nemnd i samband med forfattaren sin omtale Feldkurat Katz sin geistlege karriere. Den nyomvende presten utdanna seg ved seminaret.

Bakgrunn

Seminář viser nokså sikkert til Arcibiskupský seminář, ein institusjon for utdanning av katolske prestar som enno i dag eksisterer. Seminaret heldt på Jaroslav Hašek si tid til i Klementinum, men vart i 1929 flytta til Dejvice der dei enno held hus.

Sitat
[1.9] Ale jednoho dne se opil a šel do kláštera, zanechal šavle a chopil se kutny. Byl u arcibiskupa na Hradčanech a dostal se do semináře. Opil se na mol před svým vysvěcením v jednom velmi pořádném domě s dámskou obsluhou v uličce za Vejvodovic a přímo z víru rozkoše a zábavy šel se dát vysvětit.

Skrivst òg:Seminary en Seminar de Seminaret no

Litteratur

U Vejvodůen flag
Praha I./353, Jilská ul. 2
Wikipedia cz Google kartsøk Švejkův slovník
vejvoda1.png

Národní politika, 25.10.1910

U Vejvodů er omtala (som Vejvodovice) i samband med at Feldkurat Katz drakk seg frå sans og samling kvelden før han skulle viast til prest. Dette skal ha skjedd på "eit anstending hus med damebetjening" i ein gatestubb bak Vejvodovice.

Bakgrunn

U Vejvodů er namnet på eit hus og tilhøyrande skjenkestad i Staré město i Praha, ein av dei eldste i sitt slag. Den har eksistert minst sidan 1560. I 1717 kjøpte Jan Václav Vejvoda huset og det er han det har namnet etter. Tidleg i det 20. århundra overtok Karel Klusáček og bygde den om til det den var fram til 1990. Den husa ei tid ein kino og var dessutan hovudsetet til Umělecká beseda (kunstnarlauget).

U Vejvodů eksisterer enno i form av ein stor restaurant som serverer tsjekkisk mat og Pilsner Urquell. Staden er no heilt forandra etter ombygginga på 1990-talet, men er enno svært populær og dessutan rimeleg i forhold til beliggenheita.

Sitat
[1.9] Opil se na mol před svým vysvěcením v jednom velmi pořádném domě s dámskou obsluhou v uličce za Vejvodovic a přímo z víru rozkoše a zábavy šel se dát vysvětit.

KjelderRadko Pytlík, Milan Hodík

Skrivst òg:Vejvodovice Hašek

Litteratur

Dům za Vejvodovicen flag
Praha I./442, Vejvodova ul. 10
Google kartsøk Švejkův slovník
vejvodova.jpg

Vejvodova ulice, bordellet ved gatelykta

bartonicek.png

Chytilův adresář 1913

Dům za Vejvodovic er omtala til i samband med at Feldkurat Katz drakk seg frå sans og samling kvelden før han skulle viast til prest. Dette skal ha skjedd på "eit særs anstending hus med dameteneste i ein gatestubb bak Vejvodovice".

Bakgrunn

Dům za Vejvodovic viser høgst sannsynleg til eit bordell eigd av Čeněk Bartoníček i Vejvodova ulice 10, berre nokre titals meter austover frå U Vejvodů. Bartoníček var i adresseboka frå 1913 oppførd som bordelleigar på nettopp denne adressa. Dette er òg det einaste gledeshuset som samsvarer med omtalen i romanen.

I adresseboka frå 1910 var ein mann ved same namn nemnd som café-vert i Věnceslava Lužická ulice i Malá strana. Denne kaféen var òg innskriven som bordell i 1913 men med František Stránský som eigar. Bartoníček ser dermed ut til å ha seld i mellomtida og etablert seg på nytt aust for Vltava. Politibøker avslører at han budde i Lužická ulice (Praha III/124) alt frå 1901 og er registreret i Vejvodová ulice frå 24. november 1910.

Sjølve huset, òg kjend som Bílý kříž (den kvite kross) var i 1910 eigd av Josef Sobička. Utfrå adressebøker å døma var det ikkje nokon "kafé" i Vejvodova 10 i 1910 så Bartoníček ser ut til å ha starta opp heilt frå grunnen av.

Sitat
[1.9] Opil se na mol před svým vysvěcením v jednom velmi pořádném domě s dámskou obsluhou v uličce za Vejvodovic a přímo z víru rozkoše a zábavy šel se dát vysvětit.

Skrivst òg:House behind Vejvodovice;no en

Litteratur

Vězeňské kapleen flag
Praha IV./72, Kanovnická ul. 11
Google kartsøk Švejkova cesta
vojkap.jpg

Vězeňské kaple var åstaden for Feldkurat Katz si storslagne preike for fangane i garnisonsarresten. Det var her feltpresten oppdaga Švejk då denne tok til tårer under messa. Det enda godt for den gode soldaten som no kom på frifot og kunne leva eit sorglaust liv som tenar for ein feltprest han kom svært så godt overeins med.

Bakgrunn

Vězeňské kaple viser kanskje til Vojenský kostel sv. Jana NepomuckéhoHradčany. Kyrkja ligg i same bygningskomplekset som militærsjukehuset, militærdomstolen og garnisonsarresten. Den er lett tilgjengeleg over gardsplassen mellom bygningane. Den deler adressse med Voršilské kasárny.

Ein anna stad forfattaren kan ha hatt i tankane er eit kapell på den Kongelege Landsforbetringsanstalten ved sida av. Dette var rett nok ikkje ein hærinstitusjon, men det vil ikkje nødvendigvis ha hindra forfattaren frå å ta det med i handlinga. Dette kapellet passar òg mykje betre til omtalen i boka der det vert vist til både som huskapellet (til garnisonen) og fengselskapellet.

Sitat
[1.9] „Zejtra máme u nás divadlo. Povedou nás do kaple na kázání. My všichni v podvlíkačkách stojíme zrovna pod kazatelnou. To ti bude legrace!“ Jako ve všech věznicích a trestnicích, tak i na garnisoně těšila se domácí kaple velké oblibě. Nejednalo se o to, že by nucená návštěva vězeňské kaple sblížila návštěvníky s bohem, že by se vězňové více dověděli o mravnosti. O takové hlouposti nemůže být ani řeči.

Skrivst òg:Prison chapel at Hradčany en Gefängniskapell am Hradschin de Fengselskapellet på Hradčany no

Litteratur

K.u.k. Infanterieregiment Nr. 28en flag
Praha III./132, Pod Bruskou 2
Wikipedia czderu Google kartsøk Švejkův slovník
ir28.jpg

Vojáci 28. pěšího pluku shromáždění při pohovu u kasáren pod Bruskou (dům čp. 132 na Malé Straně). 1.3.1910.

ebzk28.png

Heeresergänzungsbezirk Nr. 28

Schematismus für das K.u.k. Heer..., 1911.

K.u.k. Infanterieregiment Nr. 28 er nemnd mange gonger i Den gode soldat Švejk. Fyrste gong namnet deira dukkar opp er når Feldkurat Katz held messa si for soldatane i Vězeňské kaple. Assistenten hans var ein småtjuv frå regimentet.

I [2.1] kjem forfattaren inn på ein episode der ein soldat frå regimentet fortel at ungararane i Szeged håna dei ved å halda hendene i veret.

I [3.1] dukkar regimentet opp på ny i samband med rapporten om at to bataljonanar 3. april 1915 gjekk over til russarane til tonane av regimentsmusikken. Det keisarlege dekretet om oppløysing av regimentet og innlevering av fana til hærmuseet vert lese opp høgt for soldatane før dei forlet Királyhida. Ein relatert ordre frå Erzherzog Joseph Ferdinand vart òg lesen opp..

Siste gong regimentet er nemnd er i [4.1] når ein spion vitjar Švejk i cella hans i Przemyśl. Han hevdar at han gjorde teneste i k.u.k. Infanterieregiment Nr. 28 (sjølv om han snakka tsjekkisk med polsk aksent).

Bakgrunn

K.u.k. Infanterieregiment Nr. 28 (c.a k. pěší pluk č. 28) var eit av 102 infanteriregiment i k.u.k. Heer. Det var grunnlagd så tidleg som i 1698 og var eit av dei eldste i heile hæren. Regimentet deltok såleis i mange felttog, og utmerka seg spesielt ved Custoza 24. juni 1866. Dei tok òg del i slag under Napoleonskrigane, ved til dømes ved Aspern og Leipzig.

Det var hovudsakleg eit tsjekkisk regiment (95 prosent), rekruttert frå Heeresergänzungsbezirk Nr. 28, Praha. Dei flytta hit frå Kutná Hora i 1817. Forutan hovudstaden kom rekruttane frå Žižkov, Smíchov, Královské Vinohrady, Kladno, Kralupy m.fl.

Regimentet si heimekaserne var ved Bruska i Malá Strana. I 1914 heldt berre 2. bataljon og distriktsrekrutteringskommandoen til her. Resten av regimentet var sidan 1912 forlagde i Tyrol: staben tredje bataljon i Innsbruck, fyrste og fjerde bataljon i henholdsvis Schlanders (it. Silandro) og Malè. Regimentskommandant i 1914 var oberst Ferdinand Sedlaczek.[a]

Under krigen
ir28a.jpg

"Osmadvacátníci", Josef Srbek, 1936.

Ved krigsutbrotet vart dei tre bataljonane frå Tyrol sende til austfronten og var med på invasjonen av russisk Polen der dei mellom anna tok del i slaget ved Komarów 28. august 1914. Resten av året og fram april 1915 slost dei nord for og i Karpatane, mellom anna ved Limanowa i desember der dei hadde skremande store tap.

Det var likevel påskeafta 3. april 1915 som skule bli den mest omdiskuterte dagen i k.u.k. Infanterieregiment Nr. 28 si historie. Ved frontavsnittet nord for Bardejov overga storparten av regimentet seg etter å ha vorte angripne av talmessig overlegne russiske styrkar. Oppover i kommandhiererkiet vart det derimot rapportert at to bataljonar frå regimentet overgav seg utan å fyra av eit skot. Resultatet vart at regimentet vart oppløyst ved keisarleg dekret datert 17. april 1915 (ordren er ordrett attgjeve i Den gode soldat Švejk).

I mellomtida (januar 1915) var erstatningsbataljonen overførde frå Praha til Szeged. Dermed var dei det fyrste av mange tsjekkiske regiment som vart flytta bort frå heimedistrikta sine dette året. Grunnen for tiltaka var redsel for at den aukande misnøya med krigen blandt tsjekkarar ville påverka haldningane til soldatane. Alt i september 1914 vart det rapportert om protestar og opprørstendensar då soldatar forlet Praha med 2. marsjbataljon . Mange skal ha vore fulle og enkelte demonstrerte ope. Kommandanten for Ersatzbataillon, oberst Josef Krček, var òg i søkjeljoset for tenesteforsømjing og for å leva eit festleg liv blandt offiserane. Etter at regimentet vart flytta til Szeged bestitle han 6 000 liter øl kvar månad frå Praha!

ir28b.jpg

Svět, 21.11.1918.

Det 28. regimentet vart gjenoppretta i desember 1915 etter at det under ei rettsleg undersøkingar i Kassa (Košice) og Temesvár (Timișoara) vart konkludert med at den påståtte massedeserteringa var langt mindre alvorleg enn fyrst trudd. Saka deira vart òg hjelpt av at 11. marsjbataljon hadde utmerka seg ved fronten mot Italia tidleg på sommaren. Resten av krigen oppheldt regimentet seg i Albania, Sarajevo, Kärnten og ved Isonzo-fronten. Dei var med med på offensiven mot Piave i oktober/november 1917 og tok del i siste slaget mot Italia i dagane Austerrike-Ungarn gjekk i oppløysing.

Erstatningsbataljonen vart i 1916 flytta frå Szeged til Bruck an der Mur der dei heldt til resten av krigen. Soldatar herfrå var dei fyrste frå den no oppløyste k.u.k. Heer som kom tilbake til Praha. Her vart dei feira som heltar, regimentet vart teke opp i den tsjekkslovakiske hæren med sitt gamle nummer, og gater vart kalla opp etter dei.

Seigliva myte
ir28.png

"Kronika světové války 1914-1919", František P. Vožický.

Hendinga 3. april 1915 som Den gode soldat Švejk viser er ein av dei mest kjende episodane når det gjeld tsjekkiske regiment i k.u.k. Heer. Røyndomen stemmer likevel ikkje heilt med Hašek sin versjon. Hendinga fann ikkje stad ved Dukla, men ved Esztebnekhuta (no Stebnícka Huta), 30 km lenger vest, nord for Bardejov. At to bataljonar gjekk over til fienden til tonane av regimentsorkesteret er ein myte og det er heller ikkje sant at dei overga seg som eining. Etter eit overraskane russisk åtak tidleg på morgonen kom dei i ein håplaus situasjon: omringa av ein overlegen motstandar og nesten tomme for ammunisjon. Mange av soldatane var frå den nylig framkomne 8. marsjbataljon som hadde fått dårleg med opplæring. Nokre av dei hadde ikkje ein gong skote med rifle før.

ir28stebnik.png

"Slovenský Zborov", Klecanda, 1934.

Historia om desertering oppstod grunna grunna misforståingar og tildekkingar i kommando-kjeda til k.u.k. Heer, og at det etter krigen var politiske motiv for å halda myten ved like. Det tente nasjonsbyggingsformål i det nye Tsjekkoslovakia å overdriva illojaliteten til tsjekkiske regiment medan militære kretsar i Austerrike kunne skulda på tsjekkarar for sine eigne feilgrep. Nyare forskning av Josef Fučík (2006) og Richard Lein (2011) har kasta lys over desse omstenda, og mytane om regimentet sitt "svik" er i ferd med å døy ut.

"Deserteringa" i historiskrivinga
ir28fane.jpg

Předání praporu 28. pěšího pluku do Vojenského historického muzea ve Vídni.

Som nemnd ovefor har k.u.k. Infanterieregiment Nr. 28 over dei siste par årtia vorte meir eller mindre rehabilitert, i det minste blandt historikarar. Det starta med Josef Fučík[1] som i 1994 skreiv om regimentet i tidskriftet Střední Evropa. Konklusjonane hans kom ut i bokform i 2006 og i 2009 kom ein oppfylgjar frå den austerrikske historikaren Richard Lein.

Hašek og IR28

Utanom forfattaren sitt eige IR 91 og deira underordna einingar er k.u.k. Infanterieregiment Nr. 28 utan tvil den militære eininga som vert oftast nemnd i Den gode soldat Švejk. Dette har nok samanheng med at forfattaren sjølv var frå Praha og dermed kjende mange som gjorde teneste der. Václav Menger hevda til og med at Hašek sjølv gjorde teneste hjå dei i 1906, rettnok berre nokre veker til han vart superarbitrert. Ved nøyare gransking kan ein lett slå fast at dette ikkje stemmer. Sjå Trento for utdjuping. Det er likevel påfallande at denne garnisonen har ei rolle i alle tre versjonane av Den gode soldat Švejk medan det ikkje finst prov på at Hašek nokon gong vitja. Kanskje vart han inspirert til å dikta inn Trento av kjenningane sine i IR28? Storparten av regimentet var stasjonert her frå 1895 til 1899 og på ny i 1911 og 1912 så mange menn på hans alder frå Praha må ha gjort teneste her.

Sitat
[1.9] Zrzavý ministrant, dezertér z kostelnických kruhů, specialista v drobných krádežích u 28. pluku, snažil se poctivě vybavovat z paměti celý postup, techniku i text mše svaté.
[2.1] Od vedlejšího stolu řekl nějaký voják, že když přijeli do Segedina s 28. regimentem, že na ně Maďaři ukazovali ruce do výšky.
[2.2] Černožluté obzory počaly se zatahovat mraky revoluce. Na Srbsku, v Karpatech přecházely bataliony k nepříteli. 28. regiment, 11. regiment. V tom posledním vojáci z píseckého kraje a okresu.
[2.3] „Případ vašeho černocha Kristiána,“ řekl jednoroční dobrovolník, „třeba promyslit i ze stanoviska válečného. Dejme tomu, že toho černocha odvedli. Je Pražák, tak patří k 28. regimentu. Přece jste slyšel, že dvacátý osmý přešel k Rusům.
[3.1] Potom Švejk počal mluvit o známých rozkazech, které jim byly přečteny před vstoupením do vlaku. Jeden byl armádní rozkaz podepsaný Františkem Josefem a druhý byl rozkaz arcivévody Josefa Ferdinanda, vrchního velitele východní armády a skupiny, kteréž oba týkaly se událostí na Dukelském průsmyku dne 3. dubna 1915, kdy přešly dva batalióny 28. pluku i s důstojníky k Rusům za zvuků plukovní kapely.
[3.1] Armádní rozkaz ze dne 17. dubna 1915: Přeplněn bolestí nařizuji, aby c. k. pěší pluk čís. 28 pro zbabělost a velezrádu byl vymazán z mého vojska.
[3.1] C. k. pluk čís. 28 nařízením našeho mocnáře jest již vyškrtnut z armády a všichni zajatí přeběhlíci z pluku splatí svou krví těžkou vinu.
Arcivévoda Josef Ferdinand
[4.1] Já jsem sloužil u 28. regimentu a hned jsem vstoupil k Rusům do služby, a pak se dám tak hloupé chytit.
[4.1] ... snad ty si vzpomeneš na někoho, s kým si se tam tak stýkal, rád bych věděl, kdo tam je od našeho 28. regimentu?

Kjelder: Josef Fučík, Richard Lein, Jaroslav Kunz, Tomasz Nowakowski, Hans-Peter Laqueur

Merknader
1. Den Praha-baserte 2. bataljon vart send til den serbiske fronten ved Drina saman med Infanteriedivision Nr. 9. I februar 1915 vart dei saman med divisjonen flytta til Karpatane men var framleis utskilde frå resten av regimentet.

Litteratur

Referensar
aSchematismus für das k. u. k. Heer...K.k. Hof und Staatsdruckerei1914
bLes soldats tchécoslovaquesLa Nation tchèque1.6.1916
cThe “betrayal” of the k.u.k. Infantry regiment 28.Richard Lein2009
dHelden oder Feiglinge. Die Deserteure des Karpatenwinters 1915.Manfried Rauchensteiner2015
ePřechod pražského 28. pěšího pluku do ruského zajetí 3. dubna 1915Karel Pichlík, Historie a vojenství2.1959
fDer Sturz der MittelmächteKarl Friedrich Nowak1921
gSkandal um das k.u.k Böhmische Infanterie-Regiment 28Franz Wenisch
hTschechische Armee hetzt zum KriegKronen-Zeitung22.9.1938
iAls ob die Welt aus den Fugen gingeMartin Schmitz2016
Vojenský souden flag
Praha IV./214, Kapucínská 2
Google kartsøk Švejkův slovník
soud_hrad.png

Adresseboka frå 1907

Vojenský soud var åstad for siste del av [1.9] under prosessen med å få overført Švejk frå garnisonsfengslet til Feldkurat Katz. Leiar for retten var Auditor Bernis. Sjå dessutan Posádková věznice.

Retten vert alt i [1.6] nemnd av den arge politimannen på c.k. policejní ředitelství som bad djevelen ta Švejk. Om han skulle dukka opp endå ein gong vert han send rett til militærdomstolen.

I [2.2] vert domstolen nemnd att ettersom Pepík Vyskoč vart dømd her.

Bakgrunn

Vojenský soud var militærdomstolen for garnisonen i Praha. Den heldt til i same bygningskomplekset som garnisonsfengselet og militærsjukehuset. Landwehr-domstolen heldt òg til her. Ein artikkel i Prager Tagblatt nemner og ein brigaderett, men der er uklårt korleis den adminstrative inndelinga såg ut. Utfrå avisreportasjoar i 1914 ser det ut som ein viss kaptein G. Heinrich var leiar for retten. Addresseboka for 1912 har derimot major Josef Plzák som høgaste offiser. Assistenten hans var Oberleutnant Vladimír Dokoupil.

Sitat
[1.9] Vyšetřující auditor Bernis byl muž společnosti, půvabný tanečník a mravní zpustlík, který se zde strašně nudil a psal německé verše do památníků, aby měl pohotově vždy nějakou zásobu. Byl nejdůležitější složkou celého aparátu vojenského soudu, poněvadž měl tak hrozné množství restů a spletených akt, že uváděl v respekt celý vojenský soud na Hradčanech. Ztrácel obžalovací materiál a byl nucen vymýšlet si nový. Přehazoval jména, ztrácel nitě k žalobě a soukal nové, jak mu to napadlo.

Skrivst òg:Military court en Militärgericht de Militærdomstolen no

Litteratur

Policejní komisařství XIII.en flag
Libeň/185, Stejskalova ul. -
Google kartsøk

Policejní komisařství XIII. vert nemnd av Švejk når Auditor Bernis spør han kvifor han er hamna i garnisonsarresten. Švejk fortel at han veit ikkje, akkurat som toåringen som hadde gått frå Vinohrady til Libeň og vorte sperra inne på den lokale politistasjonen. Analogien her var at Švejk var og eit hittebarn, akkurat som toåringen.

Bakgrunn

Policejní komisařství XIII. var politistasjonen i Libeň, Praha sitt politidistrikt nummer 13. Den låg i Stejskalova ulice 185 og sjefen i 1906 var overkommisær Josef Roubal.

Sitat
[1.9] „Poslušně hlásím, že to mohu vysvětlit náramně jednoduchým způsobem. U nás v ulici je uhlíř a ten měl úplně nevinnýho dvouletýho chlapečka a ten se jednou dostal pěšky z Vinohrad až do Libně, kde ho strážník našel sedět na chodníku. Tak toho chlapečka odved na komisařství a zavřeli je tam, to dvouletý dítě. Byl, jak vidíte, ten chlapeček úplně nevinnej, a přece byl zavřenej.

Litteratur

K.k. Landwehren flag
Wien I./-, Schillerplatz 4
Wikipedia czdeenpl Google kartsøk
landwehr.png

Schematismus der K. k. Landwehr ...

landwehr.jpg

Rekrutteringsdistrikta til Landwehr

K.k. Landwehr er fyrst nemnd i cella på Posádková věznice når det viser seg at Švejk ikkje kjem tilbake avdi Feldkurat Katz har valgd han til stenar. Ein Landwehr-soldat med god fantasi meinte det var avdi han vart teken med til Motolské cvičiště til avretting.

I [2.1] dukkar omgrepet opp att når ein gammal landverák (landvern-soldat) på stasjonen i Tábor forklarar ein sersjant betydninga av ordet miláček (som Švejk hadde brukt ovafor han). Alt i same kapittelet nemner forfattaren for fyrste gong eit Landwehr-regiment: k.k. Schützenregiment Nr. 21.

I [2.2] vert Landwehrinfanterieregiment Nr. 7 indirekte vist til ettersom Toníček Mašků vart kalla inn til dette. Seinare i kapittelet nemner Einjährigfreiwilliger Marek Landwehr-patruljar og avdi handlinga no føregår i Budějovice er det Landwehrinfanterieregiment Nr. 29 det er snakk om.

Bakgrunn

K.k. Landwehr (landvernet) var landforsvaret i Cisleithanien, ein styrke som vart oppretta i 1868 etter Ausgleich. Det ungarske motstykket var Honvéd. Landwehr var underlagd Ministerium für Landesverteidigung og var meir å rekna som regulære styrkar heller enn ein heimevern/reservestyrke. Einingane deira var ikkje tilknytta k.u.k. Heer, hadde eigne kaserner og infrastruktur, jamvel eigne krigsskular. Tenestetida var to eller tre år, ordninga med eittårsfrivillege var om lag den same som i felleshæren.

landwehr1.png

Handbuch für den Infanteristen des K.u.k. Heeres, sowie der k. k. Landwehr

Landwehr hadde 37 infanteriregiment men nummeret på rekrutteringdistrikta tilsvara ikkje alltid regimenta sine. Det fanst til dømes eit Landwehrergänzungsbezirk Nr. 38 men ikkje noko tilsvarande Landwehr-regiment. k.k. Landwehr hadde dessuta artilleri og kavaleri men ingen festningar. Infanteriregimenta var mindre enn i k.u.k. Heer, dei bestod for det meste av tre i motsetning til fire bataljonar. Grunna det lågare talet på regiment var rekrutteringsdistrikta større enn dei tilsvarande for felleshæren. Innkallinga av rekruttar var derimot samkøyrd og desse vart fordelte mellom k.u.k. Heer og Landwehr dels etter loddtrekking. På armekorpsnivå var det også koordinering, både felleshæren og Landwehr var underlagde same Korpskommando.

Overkommandoen til k.k. Landwehr låg i bygningen til justisdepartementet på Schillerplatz i Wien. Frå distriktet til Landwehrterritorialkommando Prag kom fem Landwehr-regiment (namn i fylgje Schematismus): Nr. 6 Eger, Nr. 7 Pilsen, Nr. 8 Prag, Nr. 28 Pisek og Nr. 29 Budweis. Talet på infanteriregiment i k.u.k. Heer i same området var åtte.

Under krigen
landwehr1.jpg

Ehrenhalle des k. k. Landwehr, des k. k. Landsturmes und der k. k. Gendarmerie, 1916

Landwehr i Böhmen vart mobiliserte heilt i starten av krigen. Som del av 8. Korps vart 21. Landwehr-infanterievisision frå sende til fronten mot Serbia der dei leid store tap og dels vart skulda for den mislukka fyrste invasjonen av Serbia i august 1914. I februar 1915 vart dei flytta til Karpatane der andre eininger frå Böhmen alt var i kamp.

I likheit med infanteriregimenta i k.u.k. Heer vart òg erstatningsbataljonane frå Böhmen forlagde til ikkje-tsjekkiske deler av riket. Dette skjedde i løpet av hausten 1914 og fyrste halvdel av 1915 og grunnen var antatt upålitelegheit hjå dei tsjekkiske rekruttane (ikkje heilt utan grunn). Mellom anna vart Landwehrinfanterieregiment Nr. 7 frå Pilsen forlagde til det tysktalande Rumburk og Landwehrinfanterieregiment Nr. 28 frå Písek vart flytta til Linz.

K.k. Landwehr ⇒ K.k. Schützen
schutzen1.png

Arbeiter-Zeitung, 4.4.1917

I April 1917 vart k.k. Landwehr døypt om til k.k. Schützen. Grunngjevinga var at det nye namnet betre reflekterte at Landwehr var stridseiningar som var likeverdige med k.u.k. Heer og ikkje berre eit andrelinjes heimevern som det tidlegare namnet kunne tyda på. Den keisarlege ordren vedrørande namneendringa vart gjeven 19. mars 1917 og offentleggjord i Verordnungsblatt für die k.k. Landwehr 4. april.[a]

Hašek og Landwehr

Jaroslav Hašek kjende sjølvsagd gjennomgåande godt til k.k. Landwehr. In Den gode soldat Švejk fortel Einjährigfreiwilliger Marek Švejk om konfliktane med Landwehr i Budějovice. I denne samanhengen vil det ha vore Landwehrinfanterieregiment Nr. 29 som var forlagde her. Ved sluuten av opphaldet sitt her kan han òg ha kome i kontakt med Landwehrinfanterieregiment Nr. 6 som vart flytta hit i slutten av mai 1915. Deler av dette regimentet vart jamvel innkvarterte i Mariánská kasárna, men truleg etter at IR 91 hadde forlete den. To av Hašek sine beste vener gjorde teneste i Landwehr: Zdeněk Matěj Kuděj (LIR 6 og LIR 7) og Václav Menger (LIR 28).

Sitat
[1.9] Nějaký pihovatý voják od zeměbrany, který měl největší fantasii, rozhlásil, že Švejk střelil po svém hejtmanovi a že dnes ho odvedli na motolské cvičiště na popravu.
[2.1] „Was ist das Wort: milatschek?“ obrátil se šikovatel k jednomu ze svých vojáků, starému landverákovi, který podle všeho dělal svému šikovateli všechno naschvál, poněvadž řekl klidně: „Miláček, das ist wie Herr Feldwebel.“
[2.2] „U nás byl taky jeden takovej nezbeda. Ten měl ject do Plzně k landvér, nějakej Toníček Mašků,“ povzdechla si babička, „von je vod mojí neteře příbuznej, a vodjel.
[2.2] ...dá se chytit landveráckou nebo dělostřeleckou patrolou v noci...
[2.2] ,Prokristapána,` slyšel jsem ho jednou hulákat na chodbě, ,tak už ho potřetí chytla landverácká patrola.

Litteratur

Referensar
aVerordnungsblatt für die k.k. LandwehrK.u.k. Kriegssministerium4.4.1917
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

10. Švejk blir oppassar hos feltpresten

Česká strana národně sociálníen flag
Praha II./739, Dlouhá tř. 27
Wikipedia czdeenno Google søk
narsoc1.png

Den fyrste partiavisa ein månad etter at partiet vart stifta

narsoc.png

Prager Tagblatt, 9.1.1909.

narsoc.jpg

Fengsla anti-militaristar, 1909

© Národní archiv - Archiv České strany národně sociální

sviha.jpg

Světozor, 25.6.1909.

narsoc2.png

Adresář královského hlavního města Prahy a obcí sousedních, 1910.

Česká strana národně sociální vert indirekte vist til då ein av soldatane i eskorten til Švejk under turen frå Hradčany til Karlín spør om han er nasjonalsosialist.

Bakgrunn

Česká strana národně sociální var eit politisk parti som vart skipa i april 1897 av utbrytarar frå Sosialdemokratane og nokre avhopparar frå Mladočeši. Splittelsen skuldast hovudsakleg at moderpartiet abeidde for sosiale omveltningar innafor Cisleithanien som heilskap, medan utbrytargruppa i tillegg gjekk inn for statsrettar for dei tsjekkiske områda. Det store talet på jødar i moderpartiet spela provoserte òg utbrytarane. Den politiske platforma deira var hovudsakleg bygd på reform-sosialisme, radikal nasjonalisme, og anti-militarisme. Dei var dessutan sterkt anti-klerikale, anti-tyske, og gjekk inn for å utvida bruken av tsjekkisk i den offentlege administrasjonen. Partiet vart ofte omtala som "Tsjekkisk-radikale". Partiformann i perioden frå 1898 til 1938 Klofáč.

Dei fyrste som trykte Švejk

Det kan ved fyrste augekast verka rart at det her vert gjeve så mykje plass til dette partiet, men i ein Švejk-samanheng er det to gode grunnar for det. Det var i pressa til dette partiet dei fyrste tre sogene om Švejk kom på trykk i 1911 (Karikatury, Josef Lada), og hovudorganet deira České Slovo stod i fremste linje for å gjera romamen kjend etter forfattaren sin død. Det var nettopp her dei vidkjende teikningane til JOL fyrst kom på trykk. Hašek var dessutan ei kort stund tilsett som lokalreporter hjå avisa i 1912 og skreiv for dei òg i andre periodar. Han var personleg ven med fleire av bladmennene i partipressa, og Hašek som tsjekkisk nasjonalist og sosialist stod utan tvil partiet nær, òg ideologisk.

Førkrigsperioden

Men no tilbake til sjølve partiet... Ved valget til Reichsrat i 1911 fekk parti 9,7 prosent av stemmene i Böhmen, eit resultat som ga dei 15 representatar. I Mähren var partiet langt svakare og hadde berre ein representant.

Alt frå starten heldt Staatspolizei nøye auga med aktivitetane til partiet. Dette galdt i særleg grad ungdomsorganisasjonen og avisa deira Mladé proudy, redigert av Emil Špatný og Alois Hatina.

Agenten Mašek

Den 8. januar 1909 kom det eit stort oppslag i České Slovo. Der hevda partiformann Klofáč at ein agent provocateur i teneste hjå statspolitiet hadde prøvd å komprommitera partiet med fabrikert material av høgforrædersk natur som skulle knyta dei til Serbia. Hovudpersonen i dette komplottet var Hynek Mašek, ein velkjend eventyrar og svindlar som politiet alt før hadde brukt til å infiltrera politisk mistenkelege grupper som anarkistane. I fylgje Klofáč var han betalt av Oberkommisar Chlum i Staatspolizei. Partisjefen tok saka til hastehandsaming i Reichsrat der han forlanga Mašek arrestert og ein slutt på politiet sine ulovlege aktivitetar. Den stormfulle debatten fann stad 12.mars, men saka vart avvist.

Klofáč klarde aldri å føra prov for skuldingane, og i deler av den tysk-språklege pressa vart den omtala som ein "romantisk spionroman". Dei tjekkiske avisene var meir mottakelege, men Čas, hovudorganet til professor Masaryk sitt Realist-parti, kommeneterte på sitt tørre og realistiske vis at "politiet har eit besynderlg tilhøve både til det Nasjonal-sosiale partiet og til Hynek Mašek. Korkje meir eller mindre." Når det er sagt er det likevel ingen tvil om at skuldingane i det store og heile stemde, og ingen av dei vart direkte avkrefta.

Antimilitarist-prosessen

Ungdomsorganisasjonen vart meir og meir ein torn i auga på styresmaktene, mest avdi dei starta med antimilitær propaganda innafor sjølve k.u.k. Heer, forstyrra mønstringane osv. I 1909 vart det starta ei rettsak mot 46 av leiarane deira. I den innleiande saka vart berre nokre få av dei dømde, men etter at statsadvokaten anka vart i 1910 nesten alle saman funne skuldige. Den lengste straffa vart på to år. På ny dukkar namnet Hynek Mašek opp, og Hašek nemner både han og rettsaka i fylgjetongen Po stopách státní policie v Praze (På sporet av statspolitiet i Praha), Jaroslav Hašek, Čechoslovan, 21. august 1916.

Šviha-affæren

Våren 1914 vart partiet råka av ein skandale av langt større dimensjonar. Formannen i parlamentsgruppa, Karel Šviha, vart avslørt for samarbeid med Staatspolizei, og som vanleg når denne eininga vart nemnd, dukka namna herr Klíma og herr Slavíček opp. Šviha måtte trekkja seg og skandalen medførde slutten på den politiske karriera hans.

Forbod og forfylgjing

Etter utbrotet av fyrste verdskrigen vart partiet forbode og leiarane arresterte, og to partimedlemmer (Josef Kotek og Slavomír Kratochvíl) vart avretta i November 1914. Klofáč og dei andre ungjekk same lagnande grunna amnestiet i 1917 frå den nye keisaren Karl I.

Etter krigen

I 1918 vart partiet dypt om til Det tsjekkoslovakiske sosialistparti og i 1926 jamvel Det nasjonalsosialistiske parti! Den best kjende politikaren etter krigen var utan tvil Eduard Beneš som melde seg inn i 1923. I mellomkrigstida var partiet heile tida med i regjeringa gjennom den styrande femparti-koalisjonen. Under Nazi-okkupasjonen vart det brutalt undertrykte og frå 1948 til 1989 var dei eit marionett-parti for kommunistane. Partiet gjenoppstod etter Fløyelsrevolusjonen i 1989, men med oppslutning under 1 prosent, høg gjeld, og stadige namneendringar, er partiet no i praksis ikkje-eksisterande.

Nasjonalsosialist

Omgrepet "nasjonalsosialist" var, slik romanen avslører, innarbeidd i daglegtalen alt før fyrste verdskrigen, men var sjølvsagt ikkje relatert til det berykta Nazi-partiet som vart stifta i Tyskland etter krigen. Sjølv om partia hadde nokre fellestrekk: glødande nasjonalisme, anti-semittsime, og visse sider ved den økonomiske politikken, var det meir som skilde enn som sameina.

Dei tsjekkiske nasjonal-sosiale respekterte demokratiet, forfylgde ikkje meiningsmotstandarar og var ope anti-militaristisk. Dei delte heller ikkje nazistane sitt sterke hat mot kommunismen og teoriane deira om rasehygiene. Der nasjonalismen til det tsjekkiske partiet var ein reaksjon på eksterne trugsmål mot nasjonal sjølvråderett og kultur, søkte dei dei tyske namnebrødrene deira aggressiv ekspansjon på bekostning av andre nasjonar.

Hašek og partiet
spatny.jpg

Emil Špatný, ven av Hašek - ved ein razzia 27.mars 1909 slukte han eit komprommiterande brev!

© Národní archiv - Archiv České strany národně sociální

Jaroslav Hašek var personleg ven med fleire medlemmer av partiet sin ungdomsorganisasjon, mellom dei Alois Hatina og Emil Špatný. Begge var redaktørar hjå Mladé proudy, og som Hašek, stod dei anarkist-rørsla nær. Om han nokon gong vart partimedlem er uvisst, men me veit at han bidrog under valgkampen i 1908 (Radko Pytlík).

Ei heller var han framand i redaksjonen til partioarganet České Slovo eller hjå leiinga til moderpartitet. Fleire av partileiarane og partijournalistane er nemnde i dei ulike sogene Hašek ga ut. Klofáč sjølv er nemnd i Den gode soldat Švejk og dukkar opp i Strana mírného pokroku v mezích zákona og i andre soger. Ellers vart Karel Šviha, Jiří Škorkovský og mange andre offer for satirikaren sin skarpe penn.

České Slovo (Der tsjekkikske ord) vart grunnlagd 1907 og Hašek si fyrste soge dukka opp i spaltene deira 28. juni 1908. Same året vart elleve av sogene hans trykte i bladet. I 1909 forsvann namnet hans men i 1911 og 1912 var det teikn til måteleg aktivitet att.

Hašek arbeidde ei kort stund for České Slovo som lokalreporter, men han vart fort oppsagd. At the height of the Šviha affair in March 1914 he wrote a stinging obituary over the party in Kopřivy, a satirical magazine associated with the rival Social Democrats!

Forlagshuset Melantřich var sterkt knytt til partiet, og utanom České Slovo gav dei ut ei rekkje mindre aviser og tidskrift. Eit av desse var Karikatury, redigert av Hašek sin kamerat Josef Lada. Det var i deira spalter at Den gode soldat Švejk kom på trykk for fyrste gong 22. mai 1911.

Etter at Hašek kom tilbake frå Russland fylgde ein ny periode med intens aktivitet i spaltene til České Slovo. Fyrste forteljinga kom alt 5. januar 1921 og fleire kom til same våren. Dei fleste av dei vart trykte i kveldsutgåva Večerní České Slovo.

Etter forfattaren sin død spela České Slovo ei framståande rolle i populariseringa av romanen hans. Det var kveldsutgåva deira som fyrst trykte Josef Lada sine vidkjende teikningar som sterkt pregar våre inntrykk av Švejk til denne dag. Hausten 1924 trzkte avisa den fyrste seriøse undersøkinga av samanhengen mellom Hašek sine eigne opplevingar i k.u.k. Heer og handlinga i romanen. Sjå Jan Morávek for more details.

Brevet som vart slukt
spatny.png

Prager Tagblatt, 29.3.1909.

På sida har me òg notert oss fylgjande: Ein av Hašek sine vener i partitet kan godt ha vore inspirasjon for ein av dei mest berømte situasjonane frå Švejk's sit opphald i Királyhida. 27. mars 1909 føretok polititet husransaking heime frå fleire av medlemmene av Česká strana národně sociální. Eit av offera for undersøkinga var den tidlegare nemnde redaktøren Emil Špatný. Denne viste seg å vera særs snarrådig - han skal ha rive sund og slukt eit brev frå den kjende agent provocateur Mašek! Episoden vart omtala i fleire aviser, mellom dei Prager Tagblatt og Neue Freie Presse.

Sitat
[1.10.1] „Nejsi národní socialista?“ Nyní počal být malý tlustý opatrným. Vmísil se do toho. „Co je nám do toho,“ řekl, „je všude plno lidí a pozorujou nás. Aspoň kdybychom někde v průjezdu mohli sundat bodla, aby to tak nevypadalo. Neutečeš nám?

Kjelder: Svatopluk Herec

Skrivst òg:Czech National Social Party en Tschechische national-soziale Partei de Det tsjekkiske nasjonalsosiale parti no

Litteratur

Na Kuklíkuen flag
Praha II./1130, Petrské nám. 6
Google kartsøk Švejkova cesta Švejkův slovník
kuklik2.png

Národní listy, 20.5.1901

Na Kuklíku var kneipa der Švejk med eskorte tok ein lang og lystig pause før dei i påverka tilstand kom seg vidare til Feldkurat Katz i Karlín. Ein viss kneipevert Serabona skal ha vore pubvert, han var medlem av Sokol, og dermed til å stola på.

Bakgrunn

Na Kuklíku var ein restaurant i PrahaPetrské náměstí. I 1877 viser annonsar at vertshuset eksisterte og at dei òg brygga sitt eige øl. Mot slutten av 1880-åra virkar det som om det var slutt på brygginga, men at det enno var ein skjenkestad.

Vilém Srp tok over i 1901 og var i 1923 enno eigar. Det året kunne oppslag i avisene avsløra at verdisaker verd Kč 50000 hadde vorte gøymde på loftet, men hadde vorte stolne medan eigarparet var sjuke. Dei skuldige vart fort arresterte og stilde for retten. Av betydning ellers er eit postkort frå 1906 som viser a restauranten òg vart kalla U Serabono. Sjå kneipevert Serabona. Bygningen vart riven i 1928.

Kuklík er nemnd i ein reportasje av Egon Erwin Kisch: Zitaten vom Montmartre og det virkar som det var eit lokale for dei meir hardbarka. I avisene vart det opp gjennom åra rett som det var meldt om bråk, fleire av desse tilfella galdt soldatar. Dessutan vart det nemnd tilfelle av tjuveri og om ein bande som spela med falske kort.

Sitat
[1.10.1] „Pojďme na Kuklík,“ vybízel Švejk, „kvéry si dáte do kuchyně, hostinský Serabona je Sokol, toho se nemusíte bát. Hrajou tam na housle a na harmoniku,“ pokračoval Švejk, „a chodějí tam pouliční holky a různá jiná dobrá společnost, která nesmí do Represenťáku.“ Čahoun s malým podívali se ještě jednou na sebe a pak řekl čahoun: „Tak tam půjdem, do Karlína je ještě daleko.“ Po cestě jim Švejk vypravoval různé anekdoty a v dobré náladě vstoupili na „Kuklík“ a udělali to tak, jak Švejk radil. Ručnice uschovali v kuchyni a šli do lokálu, kde housle a harmonika naplňovaly místnost zvuky oblíbené písně "Na Pankráci".

KjelderJaroslav Šerák, M. Smreček

Litteratur

Sokolen flag
Praha II./61, Ferdinandova tř. 24
Wikipedia czdeen Google kartsøk
sokol.jpg

Sokol-øving på borga i Lipnice nad Sázavou, ein gong før 1913

sokol2.png

Národní listy, 30.11.1915

Sokol er nemnd såvidt av Švejk når han fortel eskorten sin på vegen til Feldkurat Katz at verten kneipevert SerabonaNa Kuklíku er medlem av Sokol og dermed ingen grunn til å vera redd for. Dei kunne dermed roleg setja frå seg geværa på kjøkenet og ta seg ein dram.

Bakgrunn

Sokol (Falken) er ei enno fungerande patriotisk gymnastikk-rørsle som vart grunnlagd i Praha i 1862 av Miroslav Tyrš og Jindřich Fügner. Dei vart òg ein viktig del av det tsjekkiske nasjonale sjølvmedvitet og spreidde seg seinare til andre slaviske folkegrupper i Austerrike-Ungarn og jamvel i Russland, Serbia og Bulgaria. Gjennom heile tida under monarkiet heldt styresmaktene auga med rørsla som hadde sterk støtte i parti som kjempa for tsjekkiske statsrettar; nemleg Česká strana národně sociální and Mladočeši. Hovudkontoret låg i 1910 i Ferdinandova tř. 24, bygningen er forlengst riven. På tomta ligg i dag (2015) supermarknanden Tesco. Scheiner var formann både i den tsjekkiske og internasjonale avdelinga, og begge heldt til på denne adressa.

Den 24. november 1915 vart dei to Praha-baserte paraply-organisasjonane til Sokol, Česká Obec Sokolská og Svaz Slovanského Sokolstva, oppløyste etter ordre frå Innanriksdepartement. Lokale avdelingar fekk derimot lov til å halda fram. Offisiell grunngjeving forbodet var pro-serbiske og pro-russiske aktivitetar, anti-asuterriksk propaganda og kontakt med den sterkt Habsburg-fiendtlege Sokol-rørsla i Nord-Amerika. Sokol-føraren Scheiner hadde vorte arrestert alt 25. mai. Mange av Sokol-medlemmene var faktisk aktive i den tsjekkiske motstandsrørsla under fyrste verdskrigen. Sokol si storheitstid var under den fyrste republikken, men dei var sjølvsagt forbodne under både nazistane og kommunistane.

Det var medlemmer av Sokol som 6..1.1923 bar kista til Jaroslav Hašek til grava i Lipnice.

Sitat
[1.10.1] „Pojďme na Kuklík“, vybízel Švejk, „kvéry si dáte do kuchyně, hostinský Serabona je Sokol, toho se nemusíte bát. Hrajou tam na housle a na harmoniku,“ pokračoval Švejk, „a chodějí tam pouliční holky a různá jiná dobrá společnost, která nesmí do Represenťáku.

Litteratur

Reprezenťáken flag
Praha I./1090, Josefské nám. 4
Wikipedia czdeen Google kartsøk Švejkův slovník
obecnidum.jpg

Architektonický obzor, 12.1912.

Reprezenťák vert nemnd av Švejk når han fortel vaktarane sine at Na Kuklíku er ein triveleg stad der gatejenter og anna godt selskap som ikkje kjem inn på Reprezenťák.

Bakgrunn

Reprezenťák er ei konserthall og underhaldningskompleks i Praha, som no offisielt heiter det Obecní dům. Opprinneleg vart det kalla Reprezentační dům, derav det folkelege uttrykket som Švejk brukar. Dette er eit av dei mest framståande jugendstil-bygga i byen. Tsjekkoslovakia si uavhengigheit vart proklamert her 28. oktober 1918.

Sitat
[1.10.1] Hrajou tam na housle a na harmoniku,“ pokračoval Švejk, „a chodějí tam pouliční holky a různá jiná dobrá společnost, která nesmí do Represenťáku.“

Litteratur

U Valšůen flag
Praha I./286, ul. Karoliny Světlé 22
Google kartsøk Švejkův slovník
uvalsu.jpg

U Valšů, mai 2011

valsu.png

Národní listy, 18.9.1910

uvalsu.png

Policejní ředitelstvi, 30.11.1914

U Valšů vert omtala når det i ein samtale på Na Kuklíku vert hevda at ei viss Mařka (Marie) skal ha drege til dette hotellet saman med ein soldat. Seinare dukkar staden opp i ein anekdote av Švejk på toget etter Moson i kapittel 3.1.

Bakgrunn

U Valšů var ei vegkro og hotell i Staré město, frå 1908 eigd av František Materna[a], ein person som kan ha lånt namnet sitt til Einjährigfreiwilliger Materna. Den har lange tradisjonar og vert omtala av mellom anna Fremdenblatt alt i 1861[b]. Den var enno i drift i 1917 (med same eigar) men ser ut til å ha avslutta drifta like etter. I 2021 heldt eit teater til i bygningen.

Eit vidkjendt spikk

U Valšů var åstaden for ein av Jaroslav Hašek sine mest vidkjende provokasjonar. Den 24. november 1914 skreiv han seg inn her som russisk forretningsmann og vart arrestert etter kort tid. Han vart førd til c.k. policejní ředitelství, avhøyrd av herr Slavíček og fekk ein dom på 5 dagar. Han forklarde at han gjorde det for å finna ut kor vaktsame sikkerheitstenestene var! Hendinga vart omtala i avisene, og nokre dagar seinare kom forfattaren sitt humørfylte svar.

Både Menger og Longen nemner episoden i bøkene sine om Hašek og begger pynter på soga med dialogar og andre detaljar. Politirapporten nemnde ikkje namnet som Hašek skreiv seg inn med men Menger hevdar det var Ivan Feodorovič Kuzněcov medan Longen fører opp Lev Nikolajevič Turgeněv. Begge desse litterære versjonane bør lesast med ein viss skepsis, spesielt Longen sin. Han let ein viss detektiv Spanda fortelja soga og i tillegg hevdar han at denne var modell for detektiv Bretschneider.

Ein anna variant av historia (ukjendt opphav) hevdar at han skreiv seg inn med eit namn som lese baklengs betydde "sleik me i rassen", men dette er nok berre ei "god historie" og vert ikkje underbygd av politidokumenta, ei heller av Menger og Longen.

Sitat
[1.10.1] U hudby hádali se dva, že nějakou Mařku včera lízla patrola. Jeden to viděl na vlastní oči a druhý tvrdil, že šla s nějakým vojákem se vyspat k „Valšům“ do hotelu.

KjelderVáclav Menger,Emil Artur Longen

Litteratur

Referensar
aPobytové přihlášky pražského policejního ředitelstvíNAČR1851 - 1914
bDer Judenkrawall in PragFremdenblatt4.8.1861
U Šuhůen flag
Praha I./722, Benediktská ul. 9
Google kartsøk Švejkův slovník
usuhu1.jpg

Konec bahna Prahy, K.L. Kukla, 1927

schuha.png

Národní listy, 2.1.1898

usuhu.jpg

© Mlan Hodík

usuhu1.png

Wo Kafka und seine Freunde zu Gast waren. Hartmut Binder, 2000.

usuhu2.jpg

Pobytové přihlášky / Meldebuch

schuh.png

Vigsleregister, 1901

schuh1.png

Dødsregister, 26.5.1919

schuh2.png

Soupis pražského obyvatelstva 1830-1910 (1920)

U Šuhů var eit bordell der Feldkurat Katz skulda pengar, og ville difor ikkje gå dit. Staden vert nemnd to gonger til: i del tre i Einjährigfreiwilliger Marek si forteljing om hoffet hjå Erzherzogin Marie Valerie og i soga om blikkenslagaren blekkslagar Pimpra.

Bakgrunn

U Šuhů var eit bordell i Benediktská 9. I fylgje Chytilův úplný adresář království českého (1913) var den eigd av Jan Schuha, ein person som etablissementet nok hadde namnet sitt etter. I Cecil Parrott si overstejing av Den gode soldat Švejk er det ein fotnote som omtalar U Šuhů som "a notorious brothel".

Kafka på bordel Šuha

Det var ikkje berre Feldkurat Katz og blikkenslagar blekkslagar Pimpra som frekventerte Šuha. Franz Kafka nemner diskret i dagboka si ei vitjing her 28. september 1911 der han vart teken hand om av ei "jødinne med smalt ansikt". Han omtalar dessutan interiøret nokså detaljert. Bordellvertinna er framstilt i lite flatterande vendingar.

Kafka-eksperten Hartmut Binder kjem med utfyllande opplysingar i boka si Wo Kafka und seine Freunde zu Gast waren. Han avslører mellom anna at Jan Šuha fekk tildelt bordell-lisens mot at han fungerte som polititystar. Det var fru Šuha som dreiv bordellet, noko som var svært vanleg på den tida. Det kjem òg fram at Kafka må ha innom vore her meir enn ein gong. Etter at mannen døydde gifta fru Šuha seg med Rudolf Kulhánek, etablissementet sin utkastar.

Avisklipp

Dette kjem òg fram i ein avisartikkel frå 1891 at Šuha var politi-informant. Han var delaktig i å få arrestert innbrotstjuvar som skulle rana ein butikk i Michle. Dessutan vart det opplyst at han var 43 år gammal, så han må ha vore fødd i 1848.

I 1896 er Šuha oppført i adresseboka som innehavar av ei vinstove på adressa nemnt over, og eit avisklipp frå 1898 viser til Jan Šuha, eigar av ein nattkafe i Benedikstká ulice. Han kjøpte dette året ein kafé i Konviktská ulice i Staré město. I 1907 (3. april) kunne Architektonický ozbor melda a Šuha hadde kjøpt hus nr. 1030 i Benediktská for 96 000 kroner. Dette var nabohuset på hjørna ved bordellet.

I 1923 rapporterte Národní politika om ein slåstkamp framfor huset. Ein full mann braut deg inn i eit av husvera der han trudde bordellet framleis låg. Šuha må dermed ha avvikla ein gong mellom 1913 og 1923. Han var i 1913 vorten 65 år gamal men me veit ikkje når han døydde. I alle fall vart bordelldrift forbode i 1919 sjølv om restriksjonane seinare vart lempa på.

Politiregister

I politiet sine registreringsbøker fins det fleire opplysningar. Dei stadfestar at Johann Šucha var fødd i 1848 og at han i 1901 gifta seg med den 29 år yngre Marie Wykypěl. Šuha er oppførd med to yrke: Goldarbeiter (gullarbeidar) og Weinschänker (vinkelnar), fødestad og Heimatrecht i Rakov ved Plzeň. 4. mars 1913 er ektefellene registrerte på adressa Benediktinergasse 722/I. Det kan òg leggjast til at ei Emilie Rossmann (fødd Vykypěl, Brno 1887) er registrert på same adressa. Det ligg nær å tru at det kan vera systera til bordellvertinna.

Kyrkjebøker

Gransking av kyrkjebøker utførd av Jaroslav Šerák (2019) gjev oss meir detaljerte opplysningar om eigararen av bordellet. Her finn ein både fødsels- og dødsdatoar, dessutan opplysningar om giftarmål.

Jan Schuh (namn i fylgje kyrkjeoka) var fødd utafor ekteskap på Hradčany 3. juni 1848, ikkje i Raková slik politiregistra opplyser. 18. april 1901 gifta han seg med den 23 år gamle Marie Vykypělová som alt då var bordellmadam på etablissementet hans. Marie Schuhová døydde 5. november 1910 så ho kan ikkje har vore "madammen" som Kafka omtalar i dagboka si eit knapt år seinare (men det kan godt vera henne Einjährigfreiwilliger Marek hugsar). 27. januar 1913 gifte Schuh seg med den yngre systera til den avøydde kona si, Josefa Vykypělová. Ho fungerte òg som bordellmadam så det truleg henne Kafka omtala. Bordelleigar Jan Schuh døydde 26. mai 1919.

Det vert dessutan stadfesta at Josefa Schuhová like etter mannen sin død gifta seg med Rudolf Kulhánek, den 8 år yngre overkelnaren ved bordellet. Emilie Rossmannová, gift med Leopold, var syster til dei to bordellmadammene. Josefa Kulhánková døydde 5. september 1924, 43 år gammal.

Franz Kafka, Dagbøker, 1. oktober 1911

På B. Suha dagen før føredags. Den eine jødinna med eit smalt ansikt, forlenga i ei smal hake, men med ein uvanleg luftig og krullete frisyre. Dei tre små dørene som fører frå det indre av bygningen ut til mottaksrommet. Gjestene som i ei vaktbu på scena, drikkevarer på bordet, men dei vert knapt rørde. Kvinna med eit flatt andlet i ein firkanta kjole som fyrst byrjar å røra seg djupt under saumen. No som tidlegare er nokre kledde som dokker i eit barneteater, slik ein ser dei på julemarknaden, det betyr dekka of frynser og gull og laust påsydd, slik at dei kan skiljast i ei vendig og fell frå kvarandre mellom fingrane. Vertinna med lyst blondt og stramt knytt hår, som utan tvil dekkjer over eit motbydeleg underlag, med ei skarpt nedoverpeikande nase, med ei retning som har eit slags geometrisk høve til dei hengjande brysta og den stramt bundne magen. Ho klagar over hovudverk, som skuldast det faktum at det i dag laurdag var store forventningar men ingen ting hende likevel.

Franz Kafka, Tagebücher, 1. Oktober 1911

Im B. Suha vorvorgestern. Die eine Jüdin mit schmalem Gesicht, besser das in ein schmales Kinn verlauft, aber von einer ausgedehnt welligen Frisur ins Breite geschüttelt wird. Die drei kleinen Türen, die aus dem Innern des Gebäudes in den Salon führen. Die Gäste wie in einer Wachstube auf der Bühne, Getränke auf dem Tisch, werden ja kaum angerührt. Die Flachgsichtige im eckigen Kleid, das erst tief unten in einem Saum sich zu bewegen anfängt. Einige hier und früher angezogen wie die Marionetten für Kinderteater, wie man sie auf dem Christmarkt verkauft d.h. mit Rüschen und Gold beklebt und lose benäht, so daß man sie mit einem Zug abtrennen kann und daß sie einem dann in den Fingern zerfallen. Die Wirtin mit dem mattblonden über zweifellos ekelhaften Unterlagen straff gezogenem Haar, mit der scharf niedergehenden Nase, deren Richtung in irgendeiner geometrischen Beziehung zu den hängenden Brüste und dem steif gehaltenen Bauch steht, klagt über Kopfschmerzen, die dadurch verursacht sind, daß heute Samstag ein so großer Rummel und nichts daran ist.

Sitat
[1.10.2] Polní kurát pustil se vrat a navalil se na Švejka: „Pojďme tedy někam, ale k Šuhům nepůjdu, tam jsem dlužen.“
[3.3] Kvůli pořádku, aby si snad dvorní lokajové nedovolili nějaké důvěrnosti ku dvorním dámám přítomným na hostině, objevuje se nejvyšší hofmistr baron Lederer, komoří hrabě Bellegarde a vrchní dvorní dáma hraběnka Bombellesová, která hraje mezi dvorními dámami stejnou úlohu jako madam v bordelu u Šuhů.
[3.4] Švejk velice vážně a důrazně řekl: „Nic jste neprováděl, pane lajtnant, byl jste jenom na návštěvě v jednom vykřičeným domě. Ale to byl asi nějakej vomyl. Klempíře Pimpra z Kozího plácku taky vždycky hledali, když šel kupovat plech do města, a našli ho také vždycky v podobnej místnosti, buď u ,Šuhů’, nebo u ,Dvořáků’, jako já vás našel.

KjelderJaroslav Šerák, Franz Kafka, Hartmut Binder, K.L. Kukla

Skrivst òg:Schuha de

Litteratur

8. Korpskommandoen flag
Praha III./258, Malostranské nám. 15
Wikipedia de Google kartsøk Švejkův slovník
korps8.png

Rekruteringsdistriktet til det 8. korps

korps8_sokal.png

Korpskommando ved Sokal. Underskrift von Scheuchenstuehl.

8. Korpskommando vert nemnd av Feldkurat Katz i fylla på veg heim frå festen hjå Oberleutnant Helmich.

Bakgrunn

8. Korpskommando viser her til 8. Armeekorps, eit av i Austerrike-Ungarn totalt 16 armekorps. Korpset med hovudkvarter i Lichtensteinpalasset i Malá Strana, rekrutterte frå sør-, midt- og vest-Böhmen, og dekka saman med 9. korps (Litoměřice) heile Böhmen.

Understilt 8. korps var desse einingane: Infanteriedivision Nr. 9 (med IR 91), Infanteriedivision Nr. 19, 1. Kavaleriebrigade og Traindivision Nr. 8. Korpskommandant i 1914 var general Arthur Giesl von Gieslingen. Etter fiaskoen i Serbia i 1914 vart han erstatta av Viktor von Scheuchenstuel.

Tilknytta korpset var òg storspionen Alfred Redl, generalstabsjefen deira frå 18. oktober 1912. I mai 1913 vart han avslørt etter i over 10 år ha vore dobbeltagent i tsaren si teneste. Han vert rekna som ein av dei beste (verste) spionane gjennom tiden og overleverte omtrent alt som var av verdi til russarane.

Sitat
[1.10.2] Polní kurát, který zaslechl poslední slova, pobručuje si nějaký motiv z operety, kterou by nikdo nepoznal, vztyčil se k divákům: "Kdo je z vás mrtvej, ať se přihlásí u korpskomanda během tří dnů, aby mohla být jeho mrtvola vykropena."

Litteratur

K.u.k. Infanterieregiment Nr. 75en flag
Salzburg
Google kartsøk
ir75b.png

Byplassen i Jindřichův Hradec

lehen3.jpg

Lehener Kaserne

ir75.png

Seidels kleines Armeeschema 1914

ir75a.png

Volksfreund, 8.8.1914

K.u.k. Infanterieregiment Nr. 75 er nemnd i forbifarten når den overstadige Feldkurat Katz i drosjen heim frå Oberleutnant Helmich forvekslar Švejk med oberst Oberst Just frå det 75. regimentet.

Regimentet dukkar opp på nytt når Feldkurat Katz og Švejk må låna pokalen til Oberleutnant Witinger til feltmessa i [1.11].

Bakgrunn

K.u.k. Infanterieregiment Nr. 75 var eit av 102 austerriksk-ungarske infanteriregiment. Det var grunnlagd i 1860 og fekk elddåpen sin alt i 1866 under det andre slaget ved Custoza.

Det var hovudsakleg eit tsjekkisk regiment, rekruttert frå Heeresergänzungsbezirk Nr. 75, Jindřichův Hradec (Neuhaus). Her heldt i 1914 Ergänzungsbezirkskommando og 3.bataljon til. Staben og dei tre andre bataljonane var flytta til Salzburg i mars 1912. I Salzburg vekte det tilflytta regimentet oppsikt med dei tsjekkiske songane sine og dei skal ha vore årsaka til den sterkt aukande lokale interressa for fotball i byen.

Regimentskommandant ved krigsutbrotet var oberst Franz Wiedstruck. Regimentet hadde frå 1906 til 1909 halde til på Hradčany i Praha. Deretter var det fram til flyttinga i 1912 forlagde i heimbyen Jindřichův Hradec.

Under krigen

Alt 5. august 1914 forlet regimentet Salzburg og drog til fronten mot Russland. Tre av dei fire bataljonane vart tildelte 4. Armee og kjempa ut 1914 stort sett i området mellom elva San og Kraków. På nyåret vart dei overførde til den tyske Süd-Armee og flytta til området aust for Munkács.

Regimentet oppheldt seg på austfronten heilt til hausten 1917. Dei kom i sterkt i fokus etter slaget ved Zborów 2. juli 1917. Her vart mange av soldatane tekne til fange av eigne landsmenn frå den Tsjekkoslovakiske brigaden (legionane). Dette førde til skuldingar om svik og rettsleg undersøkjing i Wien.

Gott strafe England

Regimentet vert òg så vidt nemnd i Jaroslav Hašek sitt polemiske innslag Gott strafe England, (Československý voják - 10. oktober 1917). Her vert hovudpersonen Hauptmann Adamička til slutt gal, overførd til k.u.k. Infanterieregiment Nr. 75 og teken til fange ved Zborów. Den verkelege Josef Adamička tenestegjorde rettnok aldri i regimentet - og han var stasjonert i Beograd då slaget stod.

Wehrgeschichte Salzburg (Erwin Niedermann):

Auf Wunsch des Erzherzog-Thronfolgers Franz Ferdinand (1863– 1914), der in Blühnbach das Jagdschloß besaß, sollten beim zumeist nur deutschsprachigen Militär in Salzburg aber auch Angehörige einer anderen Sprache des multinationalen und multikulturellen Reiches den (ab 1908) zweijährigen Wehrdienst ableisten, so wie das längst in den anderen Kronländern üblich war. So wurden anstelle der „Rainer“ (es verblieb nur das 4. Bataillon) der Regimentsstab und drei Bataillone des Böhmischen Infanterie-Regimentes Nr. 75 aus Neuhaus/Jindrichuv Hradec (lichtblaue Aufschläge, weiße Knöpfe, 79 Prozent tschechische Umgangssprache, 20 Prozent deutsche,1 Prozent verschiedene) mit März 1912 hierher transferiert, wobei ein Bataillon auch in die Lehener Kaserne kam, die anderen zwei in die Franz Josef-Kaserne, bzw. Hofstall-Kaserne und Nonntalerkaserne, die „Rainer“ in die Hellbrunner-Straße, bzw. auf die Festung. Die Salzburger sollen sehr unverständig erstaunt gewesen sein über die in und außer Dienst gesungenen tschechischen Volkslieder der Soldaten, wie mehrfach überliefert wurde.

Die Soldaten dieses IR 75 sollen bereits vor dem Krieg sich für Fußball interessiert haben. Soldaten dieses Regimentes haben vermutlich den Fußball-Boom in Salzburg ausgelöst. Im Mai 1914 wurde im Rahmen eines Militärsportfestes ein Fußballspiel am Exerziergelände der Hellbrunner-Kaserne abgehalten. Salzburger Realschüler spielten gegen Soldaten des IR 75. Die Realschüler schlossen sich dann zu einem Fußballverein “Die Athletiker” zusammen, aus dem der “Erste Salzburger Athletiker-Klub (1.SAK 1914) entstand. Eine weitere Information dazu spricht von der Landwehr Nr.8 in der Hellbrunner-Kaserne, in der Fußball-Spieler aus den böhmischen Mannschaften SLAVIA und SPARTA als Soldaten Dienst versahen.

Sitat
[1.10.2] Švejk ho vzbudil a za pomoci drožkáře dopravil do drožky. V drožce polní kurát upadl v úplnou otupělost a považoval Švejka za plukovníka Justa od 75. pěšího pluku a několikrát za sebou opakoval: „Nehněvej se, kamaráde, že ti tykám. Jsem prase.“

Litteratur

Sport-Favoriten flag
Praha I./583, Na Příkopě 15
Google kartsøk Švejkův slovník
sportfav2.png

Klubben si adresse i 1910

sportfav1.png

Neues Wiener Tagblatt, 3.7.1902

sportfav0.png

Světozor, 19.3.1909

Sport-Favorit er nemnd i samband med løpsbragdene til Oberleutnant Witinger. For mange år sidan hadde han vunne pokalen Feldkurat Katz skulle bruka til feltmessa og på den tida sprang han for Sport-Favorit. Seinare i kapittelet kjem det fram at det aktuelle løpet var frå Wien til Mödling.

Bakgrunn

Sport-Favorit var ein tysk sportsklubb frå Praha, offisielt Fussballclub Sport-Favorit. Til trass namnet og hovudfokus på fotball dreiv dei med friidrett og sykling, i alle fall dei fyrste åra.

Klubben vart stifta i 1900 etter samanslåing av Sport og Favorit. Kontoret låg på Na Příkopě (Graben), var assosiert med Café Central, og fotballkampane vart spela på Letná. Løpskonkurransen som er nemnd i artikkelen til høgre fann stad på ei bane i Bubny 13. juli 1902.

Sitat
[1.10.2] Tak dostaneme sportovní pohár od nadporučíka Witingra od 75. pluku. On kdysi před lety běhal o závod a vyhrál jej za ,Sport-Favorit’. Byl to dobrý běžec. Dělal čtyřicet kilometrů Vídeň-Mödling za 1 hodinu 48 minut, jak se nám vždycky chlubí. Jsem hovado, že všechno odkládám na poslední chvíli. Proč jsem se, trouba, nepodíval do té pohovky.“

Litteratur

Bruskaen flag
Praha III./132, Pod Bruskou 2
Google kartsøk Švejkova cesta

Bruska var kaserna der Hauptmann Šnábl heldt til. Švejk vart send hit av Feldkurat Katz for å låna pengar og kjøpa ořechovka (nøttebrennevin).

Bakgrunn

Bruska er her meint ei kaserne som låg på Klárov i Malá Strana, vegg i vegg med Klárův ústav slepců. Den er oppattkalla etter den vesle (mest underjordiske) bekken Bruska (Brusnice) some renn forbi tomta.

I denne kaserna heldt for det meste staben til k.u.k. Infanterieregiment Nr. 28 til, dessutan gjerne ein av bataljonane, erstatningsbataljonen, og Artillerieregiment Nr. 8. Einingar vart flytta rundt så kven som var i kaserna varierte nesten frå år til år. I 1914 var det berre 2. bataljon som heldt til her.

Bygningen vart i 1914 seld til Praha kommune og militærpersonellet flytta til Josefskaserne i Nové město og Ferdinandkaserne i Karlín. Men enno i oktober heldt rekruttertingskommandoen til på den gamle staden så om Hauptmann Šnábl hadde noko samband med verkelege tilhøve må han ha tenestegjord her. Det er òg mykje som tyder på at kaserna vart brukt av militæret seinare: i 1915 var det Landsturmmønstringar her og i 1916 melder Prager Tagblatt om ungarske soldatar på staden. I 1919 vart bygningen brukt til rekruttering of frivillege til hæren. Kaserna vart riven i 1922 og tomta er no berre delvis bygd på.

Sitat
[1.10.3] Kdyby zde byla pravá ořechovka,“ povzdechl, „ta by mně spravila žaludek. Taková ořechovka, jako má pan hejtman Šnábl v Brusce.“

Litteratur

Vršovice kasárnaen flag
Vršovice/429, Na Mičánkách -
Wikipedia czdeen Google kartsøk Švejkova cesta
vrsovice_kasarna.png

IR 73. - Vereidigung des VIII. Marschbataillon in Prag Wrschowitz, März 1915.

© Michael Kummer

vrsovice_kasarna1.png

Geschichte des ehemaligen Egerländer Infanterie-Regiments Nr. 73

Vršovice kasárna er ei militærforlegning Švejk var innom då han lånte pengar av Oberleutnant Mahler. I [1.14] og [1.15] føregår truleg noko av handlinga her då Švejk var tenar hjå Oberleutnant Lukáš (utan at dette er sagt eksplisitt). Ein indikasjon er at Blahník tek med seg den stolne hunden Max hit, men i neste kapittel verkar det som om Lukáš bur mykje nærare sentrum.

Bakgrunn

Vršovice kasárna viser truleg til ei forlegning i Vršovice der IR73 heldt til. Her låg i 1914 staben og tre bataljonar. I motsetning til andre regiment frå Böhmen fekk dei vera i heimegarnisonen under heile krigen. Dei fleste forlet kaserna i all hast ved maktskiftet 28. oktober 1918 og drog til heimeområdet sitt rundt Eger (no Cheb). Kaserna vart straks teken over av lokal milits (Sokol) og nokre få dagar seinare tok det nyoppretta tsjekkoslovakiske artilleriet over kaserna. Forlegninga var i bruk av militæret til ut på 1950-talet. No tilhøyrer bygningen rettsvesenet og husar domstolen for fire distrikt.

Det var rettnok ei kaserne til i Vršovice men ettersom denne var brukt av Traindivision Nr. 8 er nok den ein mindre sannsynleg kandidat enn infanterikaserna nemnd ovafor. Adressa var Palackého třída 334 (no Moskevská). Kasernekomplekset var stort, her var både stabsbygningar, lager, stallar og offisersbustader. Komplekset vart rive i 1950- og 60-åra, og no ligg drabantbyen Vlasta på staden.

Sitat
[1.10.3] Jestli tam nepochodíte, tak půjdete do Vršovic, do kasáren k nadporučíkovi Mahlerovi.

Kjelder: Michael Kummer

Litteratur

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

11. Švejk på feltmesse med feltpresten

České legieen flag
Wikipedia czdeenno Google kartsøk
druzina.jpg

Za svobodu, 1925..

wadowice.jpg

Avrettinga av Josef Müller og Antonín Grmela, 12. desember 1914. Presten František Havlík var til stades.

vr2.png

Hašek sine notat om avrettingar av legionærar, Samara våren 1918.

rota7.png

Feiring i 7. kompani, 1. rifleregiment.

cs_zborov.png

Čechoslovan kunngjer sigeren ved Zborów den 2.juli 1917.

zborov1.png

Frå skyttargravene ved Zborów.

© LA-PNP

zborov.png

Tilbaketrekking frå Zborów, juli 1917.

berezne.png

Masaryk på vitjing i august 1917.

legie1917.png

Tsjekkiske frivillege i Russland, 1917.

© VHU

nlmapa1917.png

Forslag til grensene til ein framtidig tsjekkisk stat. Národní Listy, 21.10.1917

letemps1.png

Om årsaka til det tsjekkoslovakiske opprøret. "Gazette de Lausanne" 29. juni 1918.

samara4pluk.jpg

Feltvakter frå det 4. regiment i Samara.

vlak.png

Jernbana var berebjelken til Legionane.

svec2.png

Švec's sitt brev til Stanislav Čeček om den desperate stoda til troppane hans.

svec.png

Ved grava til oberst Švec, hausten 1918.

kurgan.jpg
vladivostok.jpg

Dei fleste reiste heim frå Vladivostok.

grant.png
otrok.jpg

Heller døden enn livet som slave

plukhusi.png

Det fyrste regiment "Jan Hus" for fyrste gong i Praha.

cechoslovan1.png

Det fyrste nummeret Hašek skreiv i.

povidka.jpg

Soga om biletet av keisar FJI Čechoslovan, 17.juli 1916 (30. juli)

pickwick.png

Innleiinga på Hašek sin "Klub českých Pickwiků". Revoluce 23. april 1917 (6.mai).

hasek_berezno.jpg

Det einaste kjende biletet av Jaroslav Hašek frå tida hans i Legionane. Her med Jan Šípek og Václav Menger. Berezne 29. september 1917 (12. oktober).

zajeti.png

Reklame i Čechoslovan, 6.august 1917 (19.august)

hasek1304.png

Hašek kunngjer at han forlet den tsjekkiske hæren.

zatykac.png

Den tsjekkkoslovakiske hæren sin arrestordre på Hašek, Omsk 25. juli 1918. Her upresist attgjeve i Národní Listy, 11. januar 1919.

hasek_legie1.png

Hašek sitt tenesteblad frå Legionane.

hasek_legie2.png

Hašek hadde i samsvar med tsjekkoslovakisk lov ikkje status som legionær. Lova som definerte dette vart ratifisert i 1919.

České legie er forfattaren sitt omgrep for Československé legie (dei tsjekkoslovakiske Legionane) som han nemner indirekte når han diskuterer feltprestar si rolle ved avrettingar. Han ramsar opp fleire døme for å illustrera poenget sitt, mellom dei avretting av tsjekkiske legionærar.

Legionane er så vidt nemnde i romanen så lesaren kan gjerne spørja seg kvifor ei side om Den gode soldaten Švejk viar såpass mykje plass til ein organisasjon som forfattaren berre kjem inn på ein einaste gong ...

Svaret er at det ikkje kan vera tvil om at Legionane ville ha vore sentrale i dei tre binda av romanen som forfattaren hadde planlagd men ikkje fekk fullførd. Jaroslav Hašek via to år av livet sitt til den tsjekkiske-slovakiske sjølvstenderørsla og det er all grunn til å tru at han ville ha halde fram med å krydra romanen sin med sjølvbiografiske detaljar, fletta inn folk han kjende, og dikta inn episodar frå tida si der, akkurat slik han hadde henta inspirasjon frå den langt kortare tenestetida si i k.u.k. Heer.

Bakgrunn

České legie (meir vanleg Československé legie eller Česko-slovenské legie) er eit samleomgrep for ulike grupper av hovudsakleg tsjekkiske frivillige som slost for Ententen mot Sentralmaktene under fyrste verdskrigen og frå mai 1918 mot bolsjevikane (kommunistane) i den russiske borgarkrigen. Politisk var dei frå februar 1916 underlagd Československá národní rada (det Tsjekkoslovakiske Nasjonalrådet) i Paris, militært inngjekk dei i dei væpna styrkane til dei ulike entente-maktene. Frå 1916 var Legionane eit viktig element i Nasjonalrådet sin kampanje for å overtyda dei allierte til å gå med på opprettinga av ein sjølvstendig slavisk stat i Böhmen, Mähren og Slovakia. Som Tomáš G. Masaryk, leiaren for den tsjekkoslovakiske sjølvstenderørsla, seinare oppsummerte: "ein stat utan hær kan vanskeleg gjera krav på sjølvstende".

Alt kort tid etter krigsutbrotet vart det oppretta einingar av tsjekkiske frivillege i Frankrike og Russland (og seinare i Italia). I romanen viser forfattaren utan tvil til Legionane i Russland ettersom det var desse han hadde erfaring frå.

Avretting av legionærar

Austerrikske og ungarske statsborgarar som tenestegjorde frivilleg for fienden måtte rekna med kort prosess om dei vart tekne til fange. Dei fyrste tsjekkarane som leid denne vanlagnaden var Josef Müller og Antonín Grmela som vart hengde på torget i Wadowice ved Kraków 12. desember 1914. Prest og vitne ved avrettinga var František Havlík (sjå neste avsnittet). Mange legionærar vart i løpet av krigen avretta, men dette var det fyrste og best kjende tilfellet og Hašek visste heilt sikkert om det.

František Havlík, Wadowice 12.desember 1914

Poslední chvíle odsouzenců popsal zpovídající kněz František Korporal Havlík: „Pod šibenicí jim byl znovu přečten rozsudek. Na otázku, mají-li poslední prosbu, vůbec neodpověděli. Rozloučili se spolu kývnutím hlavy. Grmela šel hrdě, se vztyčenou hlavou. Vystoupil po schodkách, svlékl svrchní kabát a odhodil, odvázal šátek, který měl kolem krku a rovněž odhodil, pak se podíval na diváky, kterých bylo všude plno, uklonil se, usmál a vstrčil hlavu do smyčky. Pak přišel na řadu Gefreiter Müller. Zůstali viset do večera do šesti hodin. Potom byli zakopáni v koutě wadowického hřbitova.“

Avrettingane av legionærar heldt fram gjennom krigsåra og så seint som i mai 1918 nemner Hašek sjølv i eit flygeblad han underteikna i Samara at tyskarane hadde avretta 200 av hans landsmenn i Jekaterinoslav (no Dnipropetrovsk) og at ein austerriksk miliærdomstol i Kharkov hadde dømt tolv medlemmer av den russiske greina av Tsjekkoslovakiske Nasjonalrådet til døden.

Vidare avretta bolsjevikane under den russiske borgarkrigen ein del tsjekkarar, noko forfattaren som politisk medarbeidar i bolsjevikane sin 5. armee må ha hatt kjennskap til. Men det er lite truleg at desse har inspirert passasjen i romanen ettersom bolsjevikane neppe tok seg bryet med å kalla inn prestar ved slike høve og forfattaren ville nok heller uansett ikkje retta brodden mot sine tidlegare kameratar på dette stadiet av romanen.

Česká družina

Ved utbrotet av fyrste verdskrigen skal det ha budd om lag 65 000 tsjekkarar og slovakar i Russland (nokre kjelder nemner 100 000). Dei fleste av desse heldt til i Kiev-gubernatet, mest i sjølve Kiev og i Volyn-provinsen nær grensa til Galicia. Mellom dei fanst både russiske statsborgarar og austerrikske statsborgarar som av ulike grunnar budde i det russiske keisarriket på denne tida.

Frå begge kategoriane melde det seg frivillege til krigsteneste for Russland og tsaren godtok alt i august 1914 opprettinga av Česká družina som ei halv-autonom og ikkje stridande eining i den russiske hæren. 11. oktober (St Václav-dagen etter ortodoks tidsrekning) vart dei tekne i eid i Kiev og talde då 762 mann, ved slutten av året hadde talet auka til 990. Dei vart mest gjevne rekognoserings- og agitasjons-oppgåver ved fronten og var ein del av den russiske 3. armé som deltok i kampane ved Dunajec og Raba i november og desember.

Talet på "družiníci" vaks berre måteleg fram til 1917 og vervinga av krigsfangar var heller mislukka. Russiske styresmakter var lite samarbeidsvillege av ulike grunnar: generell mistru ("ein gong svikar, alltid svikar"), bruk for høgt kvalifisert arbeidskraft i fabrikkar og i landbruket, og dessutan tvil om det folkerettslege grunnlaget for verving av krigsfangar. Lenge vart berre dei som melde seg med ein gong etter å ha vorte tekne til fange godkjende men i april 1916 vart krava lempa på og rekruttering i fangeleirane vart lov. Det store fleirtalet av krigsfangar var uansett lite lystne på å delta i krigen på ny så rekrutteringa gjekk det smått med.

Omveltningar i Russland

I januar 1916 hadde talet på soldatar i Družina vakse til 1650 og det vart bestemt at eininga skulle gjerast om til eit regiment. Den vart fyrst omdøypt til Česko-slovenský střelecký pluk (det tsjekko-slovakiske skyttarregiment) 2. februar og så til Česko-slovenská střelecká brigáda (den tsjekko-slovakiske skyttarbrigade) 17.april. Det var såleis den siste Jaroslav Hašek formelt vart innrullert i 29. juni 1916 etter å ha meldt seg som frivilleg i fangeleiren Totskoje (datoane viser til den russiske ortodokse kalender, 13 dagar bak vår eigen).

Under den såkalla Kerenskij-offensiven i juli 1917 opererte den tsjekkoslovakiske brigaden for fyrste gong som samla eining i regulære slag. Enno var dei berre ca. 3500 (tala varierer) men utmerka seg ved Zborów 2. juli 1917 (19. juni) då dei sigra over langt større fiendtlege styrkar og mange motstandarar vart tekne til fange (dei fleste av desse var tsjekkarar frå det 35. og 75. infanteriregiment - sjå k.u.k. Infanterieregiment Nr. 35 og k.u.k. Infanterieregiment Nr. 75). Sjølv om den militære betydninga av slaget var liten vart den politiske effekten desto større: sigeren vekte oppsikt både i Petrograd og i hovudstadane i vest og ga såleis kampanjen for tsjekkoslovakisk sjølvstende større tyngde.

Viktig var òg at Zborów gav støytet til eit stort oppsving i rekrutteringa og 5. september vart dei frivillege reorganiserte i 1. Československá střelecká divize (den 1. tsjekkoslovakiske skyttardivisjonen) og alt 26. september vart Československý armadní sbor (det tsjekkoslovakiske armekorps) skipa. Ved slutten av året talde Legionane om lag 38 500 og i tillegg til 8 infanteriregiment kom artilleri, ingeniørkompani, reserveregiment, forsynings- og sambandstroppar. Dette var funksjonar som tidlegare hadde vorte dekka av den russiske hæren men no var det tsjekkoslovakiske armékorpset nærpå autonomt sjølv om det framleis formelt var ein del av den russiske hæren. Den øvste leiinga var enno på denne tida russiske offiserar.

Frå ein arme til den andre

Alt i 1916 vurderte den tsjekkiske eksil-leiinga på bakgrunn av den stendig meir usikre stoda i Russland å flytta styrken til vestfronten, og hausten 1917 fekk dette ny aktualitet. Krigen i aust var i praksis over og eit anna motiv for ei overflytting var strategisk: på vestfronten ville tsjekkarane vera meir synlege for dei som bestemde i dei allierte hovudstadane - leiarane i vest var enno skeptiske til å splitta opp Austerrike-Ungarn (professor Masaryk). Oktoberrevolusjonen med den påfylgjande våpenkvila gjorde at dette hasta enno meir og 7. februar 1918 vart avtalen om innordning i den franske hæren underteikna. Kontrakt om finansiering vart inngått i mars i Moskva. Begge desse avtalane vart forhandla fram av Masaryk under opphaldet hans i Russland. Som ein forløpar vart det i desember 1917 vedteke å oppretta ein offisiell tsjekkoslovakisk hær av frivillege i Frankrike som rapporterte til den franske overkommandoen, men som politisk var innordna Nasjonalrådet.

Nyordninga hadde alt før avtalen vart underteikna førd til konkrete endringar i og med at fransk militær struktur og disiplin vart innførd. Misnøye med den nye stoda og påverknad frå bolsjevikane førde no til ein del fråfall og nokre tusen tsjekkarar melde seg etter kvart til teneste for det nye regiment i Moskva, mellom dei Jaroslav Hašek. Ein skal i denne samanhengen heller ikkje gløyma at bolsjevikane betalte betre (Fic).

Sibirsk anabase

Transporten til vestfronten viste seg vanskeleg å setja ut i livet i kaoset som rådde i Russland i 1918. Nokre vart rettnok tidleg skipa ut via Murmansk, overflytting via Romania evt. Kaukasus var vurdert men til slutt landa ein på ei legendarisk jordomsegling via den trans-sibirske jernbana og Vladivostok, seinare kjend som Sibiřská anabase.

I februar 1918 vart det underteikna avtale mellom professor Masaryk og Mikhail A. Muravjov (leiaren for den dei Raude Gardane som okkuperte Kiev) om uhindra transport. Snarare enn dei hadde førestilt seg måtte både dei og bolsjevikane setja evakueringsplanane ut i livet etter at tyskarane 18.februar gjekk til åtak på Russland for å setja makt bak krava sine i fredsforhandlingane i Brest-Litovsk. Den tyske framrykkinga møtte liten motstand og deler av Legionane omgjekk i fyrste halvdelen av mars så vidt omringing ved Bakhmatsj etter at det 6. regimentet hindra tyskarane lenge nok til at heile armekorpset kom seg i tryggleik i Russland.

Avtalen om fri ferd austover vart stadfesta av Josef V. Stalin i midten av mars mot at tsjekkarane godtok ei delvis avvæpning. I desse dagane gjekk forflyttinga nokonlunde problemfritt men snart hindra styresmaktene i Moskva transportane, dels i håp om å få Legionane over på si side, dels under press frå Tyskland. Store einingar vart sitjande fast i byar som Penza og Tjeljabinsk medan dei måtte vera vitne til at det alt utilstrekkjelege togmateriellet vart brukt til å frakta heim Sentralmaktene sin krigsfangar.

Opprør

Ein alvorleg episode oppstod i Tjeljabinsk 14. mai. Ein ungarsk fange vart lynsja av tsjekkarar etter å ha kasta eitt metallstykke mot dei frå toget. Hendinga eskalerte spenninga og Trotskij ga ordre til full avvæpning av Legionane. Dei frustrerte tsjekkarane gjorde opprør 25.mai og vart såleis innblanda i den russiske borgarkrigen, mot Nasjonalrådet sin uttrykte vilje. Samtidig med krisa hadde dei samla til kongress i Tjeljabinsk og vedtok å ikkje lenger godta direktiv frå den politiske leiinga. Opprørarane fekk i løpet av dei neste tre månadene kontroll over alle viktige punkt langs jernbana mellom Volga og Stillehavet.

I områda som dei no kontrollerte vart den sivile administrasjonen lagt i hendene på anti-bolsjevikiske grupperingar. Mellom desse var det venstre-orienterte demokratiske Komutsj i Samara og den sibirske regjeringa i Omsk. Desse regjeringane oppretta òg eigne styrkar men desse viste seg som relativt ubrukelege allierte (i fylgje tsjekkkiske kjelder). Legionane hadde tidleg kome i direkte kamp med tsjekkiske raudegardistar og ved Penza og Lipjag vart hundrevis tsjekkiske kommunistar drepne.

Ein viktig konsekvens av den tsjekkoslovakiske maktovertakinga i Sibir var at regjeringa i Moskva og indirekte òg Tyskland vart avskorne frå enorme ressursar. Transporten av krigsfangar tok òg slutt ettersom Legionane tok kontroll jernbanestasjonane og fangeleirane. Tyske og ungarske fangar vart ofte brutalt handsama og det skal ha førekome massakrar. Ved eit tilfelle vart to utsendingar frå dansk Raude Kross skotne som spionar (Brändström).

Kontraordre og ein ny front

Den store framgangen til den tsjekkoslovakiske hæren i juni vekte oppsikt over heile verda, òg hjå den øvste leiinga til dei allierte. Dette førde til at det vart lagt planar for å bruka Legionane som fortropp ved ein ny alliert front mot Tyskland (dermed òg bolsjevikane). Russiske opprørsregjeringar og den tsjekkoslovakiske politiske og militære leiinga stod bak dette men Ententen var usamde seg i mellom. Likevel vart det med bakgrunn i lovnad om alliert støtte gjeve ordre om at den tsjekkoslovakiske hæren skulle bli i Russland og opna ein ny front ved Volga. Denne ordren vart gjeven 7.juli av Stanislav Čeček, øvstkommanderande for vest-gruppa. På same tida oppnådde denne direkte kontakt med sentral-gruppa med base i Omsk.

I mellomtida hadde bolsjevikane på ny innført allmenn verneplikt. Rekrutteringsmetodane var brutale og stram disiplin vart innførd. Dei frivillege Raude Gardane vart no støtta av ein slagkraftig Raude Arme, dels trena av tyske offiserar. Hæren vart òg styrka av såkalla "internasjonalistar", verva mellom krigsfangar. I enkelte avsnitt var dei i denne fasen av krigen dominerande, og mange av dei var tyske og ungarske offiserar og soldatar med lang stridserfaring.

Eit dramatisk mellomspel oppstod 10. juli hende då den sosial-revolusjonære oberst Mikhail A. Muravjov, den nyleg utnemnde øvstkommanderande for bolsjevikane ved Volga-fronten, aktivt gjekk over til andre sida. Agendaen hans var ein felles front mot Tyskland saman med tsjekkoslovakane og dei russiske kontra-revolusjonære men han vart myrda av bolsjevikar i Simbirsk morgonen etter.

Den nye fronten ved Volga vart oppretta i midten av juli og i starten hadde tsjekkarane og deira allierte ein del framgang mot dei overrumpla bolsjevikane, og okkuperte byar som Simbirsk og Kazan. Men i løpet av sommaren hadde Trotskij overraskande snøgt bygd opp ein slagkraftig hær. Dette saman med at den militære støtten frå dei allierte i liten grad kom så langt som til Volga, førde til at tsjekkoslovakane no farleg utsette og måtte frå slutten av august 1918 trekkja seg tilbake med store tap, forfylgde av talmessig overlegne styrkar.

Det største tilbakeslaget var tapet av Kazan 10.september som må reknast som vendepunktet i krigen ved Volga. I mange tilfelle var fienden òg betre utstyrte. Reservar fanst omtrent ikkje og styrkane til deira russiske allierte viste seg ineffektive og upålitelege. Blandt dei utslitne legionærane ved Volga-fronten sette demoraliseringa inn og det viste seg vanskeleg å motivera soldatane for vidare deltaking i borgarkrigen. Det var òg stor frustrasjon med eiga militær leiing. På eit flygeblad fantaserte "forsvarsminister" Rudolf Medek så seint som i midten av september om innmarsj i Moskva, dette på eit tidspunkt då det var klart at den nye fronten var dømd til kollaps. Frå oktober kom uviljen mot vidare krigføring endå meir til syne då det vart klart at verdskrigen gjekk mot slutten og at målet om ein sjølvstendig stat var i sikte.

Ei tragisk hending som illustrerte krisa var det vidkjende sjølvmordet til oberst Josef Jiři Švec 25. oktober 1918 på stasjonen i Asakovo. Folka hans hadde nekta å utføra ordre, men dette var truleg berre den utløysande årsaka til at han tok livet sitt. Švec som var øvstkommanderane ved Kazan-fronten, hadde alt i midten av september i eit brev til František Langer uttrykt frustrasjon over den kritiske stoda og sine russiske allierte som "verna av tsjekkiske bajonettar nyt livet bak fronten" og åtvara mot den aukande demoraliseringa blandt dei utslitne mennene hans.

Innan oktober 1918 var alle byane ved Volga under bolsjevikane sin kontroll og dei trengde stadig austover. Den farlegaste motstandaren til kommunistane var ikkje lenger dei svekka Legionane men den nye herskaren i Sibir, admiral Koltsjak. Han hadde teke makta ved eit kupp i Omsk 18.november.

Frå slutten av oktober 1918 trekte Legionane seg i praksis ut av borgarkrigen sjølv om det enno var trefningar både med bolsjevikane og andre grupper. Ettersom det politiske hovudmålet til Nasjonalrådet om ein sjølvstending stat no var oppnådd, gav engasjementet i Russland lita meining. Likevel vart dei fleste av soldatane sitjande fast i Sibir og det fjerne austen heilt fram til sommaren 1920, men nokre tsjekkiske einingar, hovudsakleg tilhøyrande den uregjerlege kommandanten Radola Gajda, heldt fram å kjempa mot bolsjevikane som ein del av Koltsjak sin hær.

Tidleg i 1919 vart Legionane underlagde den politiske leiinga i det nye Tsjekkoslovakia og med avslutninga av verdskrigen vart den tidlegare politikken om ikkje-innblanding i russiske forhold teken opp att. Den politiske innordninga under Praha skjedde ikkje utan konflikt og det var ved eit par høve tilløp til mytteri. Eit anna kompliserande element for admiral Koltsjak sitt kupp i oktober 1918: dei fleste tsjekkarane hadde eit anstrengt forhold til diktatoren sjølv om begge nominelt hadde ein felles fiende. Under tilbaketrekinga våren 1920 kom den falne diktatoren i tsjekkisk varetekt og vart utlevert til ei gruppe som seinare utleverte han til bolsjevikane. I Irkutsk vart han av desse summarisk avretta, noko som stilte Maurice Janin og Legionane si leiing i eit lite fordelaktig lys. Resten av retretten austover gjekk relativt problemfritt og innan september 1920 var alle på veg heim.

Jaroslav Hašek og Legionane

Etter å ha vore krigsfange sidan 24. september 1915 vart Hašek i juni 1916 verva av emissærar frå Československá brigáda i Totskoje, ein fangeleir i oblast Orenburg i Sør-Ural aust for Volga. Saman med ei lita gruppe andre frivillege reiste han til Kiev der han vart funnen uskikka til krigsteneste grunna dårleg helse. I staden for regulær teneste fekk han oppgåver med rekruttering og agitasjon. Han tok på ny opp att skribent-aktivitetane og skreiv ei rad forteljingar og kommentar-artiklar i vekeavisa Čechoslovan og etter kvart andre tidskrift. Den mest kjende av desse var Povídka o obrazu císaře Františka Josefa I. (Soga om biletet av keisar Kaiser Franz Joseph I.) der han let ein hankatt frå Mladá Boleslav letta blæra på eit portrett av Hans Keisarlege Majestet. Dette førde til ein rettsprosess "in absentia" og ein livleg skriftleg kommunikasjon mellom Polizeidirektion i Praha og k.u.k. Divisionsgericht i Wien.

I 1917 ga han dessutan ut den andre versjonen av Švejk, Dobrý voják Švejk v zajetí. Dette var ei bok på litt over 100 sider som hadde mange detaljar til felles med den seinare romanen. Når det er sagt så mangla anekdotane og humoren til oppfylgjaren, og boka ber meir preg av propaganda enn satire. Frå juni 1916 tenestegjorde faktisk ein Josef Švejk i Legionane og det er mogeleg at Hašek kjende han eller i det minste kjende til han. Endå meir påfallande er det at denne personen budde ved sida av U kalicha i 1912...

Disiplinproblem dukka ikkje uventa opp òg under forfattaren si tid i Legionane. Her kan nemnast eit par fylle-episodar der den eine førde til fengsling. Det toppa seg med den nådelause satira Klub českých Pickwiků der den ukonvensjonalle forfattaren gjekk til personleg åtak på seks leiande politikarar i den russiske avdelinga av det Nasjonalrådet. Denne kom på trykk i Revoluce 6. mai 1917 (23. april). Bakgrunnen var den pågåande striden mellom dei russisk-orienterte og dei vest-orienterte i den tsjekkiske eksil-rørsla der Jaroslav Hašek tok dei fyrste si side. Etter episoden vart han rettsforfylgd og måtte be dei fornærma mennene om orsaking. Han sat dessutan i arresten ei veke. Frå no av var han vanleg soldat og han deltok mellom anna i det 1. regiment si maskingeværavdeling i slaget ved Zborów 2. juli. Han var òg med på tilbaketrekkinga frå Tarnopol etter at Kerenskij-offensiven braut saman.

Regimentet hans heldt frå byrjinga av august til ved Berezne og her fekk dei besøk av professor Masaryk like etter. Hašek vart no sektretær i regiments-staben, vart tillitsvalgd i regimentsrådet, og vart dessutan dekorert for innsatsen under slaget ved Zborów. I denne perioden var han med på å etterforska den påstått austerrikske agenten Hynek Mašek som vart skoten då Legionane trekte seg ut av Ukraina i februar 1918. Ikkje før 15. november 1917 var Hašek tilbake i Kiev som skribent sjølv om han hadde skrive for Čechoslovan alt frå august.

Fleire av artiklane og sogene Hašek skreiv på hausten 1917 var sterkt kritiske til bolsjevikane. Han omtala mellom anna Lenin som "agent for den tyske imperialismen" og så seint som ved årskiftet 1917-1918 kom liknande ytringar på trykk. Han gjekk òg til harde åtak på Alois Muna og Arno Hais, leiarane for den Kiev-baserte delen av den tsjekkiske bolsjevik-rørsla i Russland. Muna gløymde ikkje dette og sto bak "forvisninga" av Hašek til Samara våren 1918. På denne tida leika òg Hašek og nokre andre unge radikale med tanken på å senda sabtotasjegrupper inn i Austerrike-Ungarn, eit påfunn Nasjonalrådet avviste.

På nyåret 1918 tykkjest derimot tonen å endra seg i retning sympati for det nye regimet. Det er grunn til å tru at den unge kommunisten Břetislav Hůla hadde innverknad her - han og Hašek var i fylgje Václav Menger nære vener. I februar vart denne tendensen endå tydelegare og kan ha vorte påvirka av bolsjevikane sin okkupasjon av Kiev frå 8. februar 1918. I ein avisartikkel i Průkopník 27.mars nemner han direkte to av leiarane deira: Mikhail A. Muravjov og Václav Fridrich. I fylgje Josef Pospíšil skal han ha omtale desse som "svært kapable folk". I den ovannamnde artikkelen klandra dessutan Hašek Legionane for ikkje å ha stått saman med dei Raude Gardane i kampen mot dei framrykkande tyskarane. I byrjinga av mars drog Hašek og Hůla til Moskva der dei slutta seg til den tsjekkiske avdelinga av det russiske kommunist-partiet.

Men det var fyrst 13. april 1918 at Hašek melde seg offisielt ut av České vojsko. Grunngjevinga var kort: han var ueinig med politikken til Nasjonalrådet, nemleg å overføra hæren til vestfronten. Likevel la han vekt på at han framleis ville arbeida for tsjekkiske interesser mot Austerrike-Ungarn, så han var enno ikkje i direkte konflikt med Legionane. I skrivinga hans finn ein ikkje spor av referansar til Marx eller Lenin, men derimot koblar han ofte inn fellestrekka mellom Husitt-rørsla og kommunistane. František Langer og Václav Menger fortel at Hašek omgjekk sine tidlegare kameratar frå legionen, òg etter han hadde forlete dei. Desse møta fann stad både i Moskva i mars og i Samara i april og mai. I slutten av mai tilspissa derimot stoda seg i og med Legionane sitt opprør mot bolsjevik-styresmaktene.

Jaroslav Hašek kom no i direkte konflikt med sine tidlegare våpenbrør og 8. juni gjekk han i dekning etter at Legionane okkuperte Samara. Fyrst tre månader seinare dukka han opp att og det har vore spekulert på om han i mellomtida var i kontakt med sine gamle kameratar. I fylgje han sjølv gøymde han seg på landsbygda og utgav seg som evneveik son av ein tysk kolonist. Dette kom fram i eit brev til den tsjekkiske kommunisten Jaroslav Salát-Petrlík (17. september 1920) men mottakaran var neppe ein person han ville ha avslørt eventuelle kontaktar med Legionane ovafor. Brotstykke med informasjon frå ymse kjelder (inkludert han sjølv) tyder på at han heldt til på austsida av Volga minst fram til midten av juli men deretter er det meir usikkert.

Dramatiske hendingar i byrjinga av juli endra omstenda i ei slik grad at Jaroslav Hašek no hadde gode grunnar til å venda tilbake til sine tidlegare våpenbrør, eller i det minste til deira russiske allierte. Som tidlegare nemnd vart det bestemt at Legionane likevel ikkje skulle til Frankrike men derimot verta spydspissen i ein ny alliert anti-tysk front. Dermed ramla mykje av grunnlaget for Jaroslav Hašek si utmelding bort. Han hadde på ny sterke felles interresser med Legionane og Nasjonalrådet. Dertil kom at bolsjevikane no i praksis var (motvillege) allierte med Sentralmaktene, noko som må ha gjort dei nokså usmakelege for den nybakte tsjekkiske kommunisten som heile tida var meir nasjonalist enn ideolog. Han hadde òg som revolusjonær agitator konsekvent tala for sosial revolusjon samtidig med kamp mot Sentralmaktene, og no var akkurat dette innafor rekkjevidde.

Kva som no gjekk gale er uvisst men snart var alle bruer brende: den tsjekkoslovakiske feltdomstolen i Omsk lyste ut arrestordre på Hašek 25. juli 1918. Grunngjevinga var "gjentatte forbryterske svik mot den tsjekkoslovakiske nasjon". Leiande kommunistiske politikarar som Alois Muna, Arno Hais, Václav Knoflíček and František Beneš vart òg etterlyste, men ordlyden var mildare og deira arrestordre kom ei veke før!

I september vart Hašek arrestert i Simbirsk av bolsjevikane. Truleg var det grunna mistanke om spionasje eller kontakt med fienden. Sovjetmakta må likevel ha funne ut at han kunne vera til nytte, for midt i oktober vart han send til Bugulma der han var nestkommanderande ut året.

Den grundigaste (og nok einaste) vitskapelege undersøkinga som er gjort om Jaroslav Hašek og opphaldet hans ved Volga i denne perioden vart lagd fram av Pavel Gan på Hašek-symposiet i Bamberg (1983). Skriftet Jaroslav Hašek als Rotarmist an der Volga er svært detaljert og godt dokumentert, men likevel står ein att med fleire spørsmål enn sikre svar. Hovudpoenget til Gan kan ein derimot knapt argumentera mot: Hašek hadde i desse dagane ein felles ståstad ikkje berre med Legionane men òg med Mikhail A. Muravjov, obersten som 10. juli hadde forlete posten sin som bolsjevikane sin øvstkommanderande ved Volga-fronten for å slutta seg til tsjekkoslovakane og deira russiske allierte i ein felles front mot tyskarane. Alt morgonen etter vart rettnok Muravjov skoten i Simbirsk av folk som var lojale mot Moskva-regiment så heile eventyret var truleg for kortvarig til at Hašek kunne fått nyss om det (om han då ikkje var direkte med på det). Gan kjem fram til at Hašek etter mordet på Muravjov gjekk i dekning, deretter gjekk i teneste hjå bolsjevikane for så å gå under jorda att i Samara før han endeleg dukka opp att i Simbirsk i oktober.

Frå oktober 1918 til oktober 1920 arbeidde Jaroslav Hašek direkte for bolsjevikane sin 5. arme, men vart så send tilbake til heimlandet av Komintern for å arbeida for revolusjonen. Etter heimkomsten til det no sjølvstendige Tsjekkoslovakia i desember 1920 fekk brotet med Legionane konsekvensar: han vart ikkje rekna som legionær i fylgje lova, noko som i alle fall fråtok han pensjonsrettar. Han vart uglesedd i vide kretsar og mange av dei tidelegare venene hans unngjekk han. Ved eit tilfelle måtte jamvel politiet gripa inn for å hindra lynsjing (Janouch).

Fleire av Jaroslav Hašek sine kameratar frå tida i Russland fekk høge embete i den nye republikken: Jan Šípek, Jaroslav Kejla, Rudolf Medek og František Langer var mellom desse.

I ettertid
folkeblad.png

Trondhjems Folkeblad, 3.august 1918.

Det store fleirtalet i Legionane var tsjekkarar. Slovakane talde berre 7-8 prosent og det var truleg fleire russiske legionærar og dessuta nokre serbarar og andre grupper. Denne etniske samansetning fann ein att i Nasjonalrådet og andre sivile organ. Jaroslav Hašek sjølv melde seg ordrett ut av České vojsko (den tsjekkiske hæren), noko som reflekterer kor tsjekkisk-sentrert han oppfatta denne hærenen å bera. Den tyske og jødiske befolkninga i Böhmen og Mähren vart knapt representerte i det heile.

Legionærane sjølve såg på omgrepet "legion" som ei fornærming. Det var fyrst etter 1918 at omgrepet legion kom i ålmenn bruk.

aftenpost.png

Aftenposten, 21.oktober 1918.

Etter 1918 danna Legionane naturleg grunnstamma dei tsjekkoslovakiske væpna styrkane og spesielt offiserane fekk framståande roller i den nye hæren og i flyvåpenet. Legionærane vart i den 1. republikken generelt ein viktig del av nasjonsbygginga og vart feira som heltar og nasjonale symbol. Litteraturen om dei fløymde, mellom anna storverket Za svobodu (For fridomen) som er ei viktig kjelde for denne artikkelen. Mange monument vart reiste og eit utal gater fekk namn som hadde tilknyting til Legionane. Mange av dei avanserte raskt i stats- og ikkje minst militærapparatat på bekostning av det store fleirtalet som trass alt var lojale mot Austerrike-Ungarn.

Under kommunist-tida frå 1948 til 1989 var Legionane derimot nesten berre negativt omtala - "kvite tsjekkarar" som intervenerte i den russiske borgarkrigen på oppdrag frå imperialistane og verdsborgarskapet. Etter 1990 har Legionane naturleg nok vorte rehabiliterte og er på ny eit viktig symbol og ei kjelde til nasjonal stoltheit i Tsjekkia. Ny litteratur om dei dukkar stadig opp og det omfattande arkivmaterialet er langt frå ferdig granska.

Sitat
[1.11.1] Velká jatka světové války neobešla se bez požehnání kněžského. Polní kuráti všech armád modlili se a sloužili polní mše za vítězství té strany, čí chleba jedli. Při popravách vzbouřených vojáků objevil se kněz. Při popravách českých legionářů bylo vidět kněze.

Kjelder: Tomáš G. professor Masaryk, VÚA, Rudolf Medek, Victor M. Fic, Gerburg Thunig-Nittner, Pavel J. Kuthan, Jaroslav Hašek, František Langer, Václav Menger, Jaroslav Křížek, Karel Svoboda, Pavel Gan, Lev Trotsky, Elsa Brändström, Břetislav Hůla, Radko Pytlík, Josef Pospíšil, Radola Gajda

Skrivst òg:Czech Legions en Tscehchische Legion de Tsjekkiske legionar no

Litteratur

K.u.k. Militäräraren flag
Wien I., Stubenring 1
Google kartsøk Švejkův slovník
erar.png

Ottův slovník naučný

erar1.png

Prager Abendblatt, 12.10.1914

K.u.k. Militärärar vert nemnd fyrst når Švejk fortel den fromme læraren i Vršovice kor alvorleg det er å tileigna seg militær eigedom.

Omgrepet dukkar opp på ny når Feldkurat Katz kranglar med sjefen på Vojenská nemocnice Karlovo náměstí når han hevdar at den militære materialforvaltninga skuldar han 150 kroner for utgifter til velsigna olje og reiseutgiftene.

Bakgrunn

K.u.k. Militärärar var eit omgrep for den militære eigedomsmassen i Austerrike-Ungarn, i.e. det som tilhøyrde k.u.k. Kriegsministerium og den tilhøyrande forvaltninga. Utrykkjet må ikkje forvekslast med Ärar som omfatta all statleg eigedom.

Ordet kjem frå Latin Aerarium militare og vart rekna som ein "austrianisme". Det er ikkje lenger i bruk på tysk, heller ikkje i Austerrike. Sjå ellers Vojenská intendantura.

Sitat
[1.11.2] "Kvůli tomu zázraku," dodal Švejk, "můžou mít ještě vopletání. Voni koupili pohovku, a ne žádnej voltář, kterej patří vojenskému eráru.
[I.13] To byla tedy ta veliká sláva, o které mluvil Švejk. Polní kurát šel zatím do kanceláře vyřídit finanční stránku posledního pomazání a vypočítal již účetnímu šikovateli, že je mu vojenský erár dlužen na sto padesát korun za posvěcený olej a cestu.

Skrivst òg:C.a.k. vojenský erár cz

Vršovice kostelen flag
Vršovice/84, Komenského nám. -
Wikipedia czen Google kartsøk Švejkova cesta

Vršovice kostel vert implisitt nemnd når Švejk og Feldkurat Katz var i Vršovice for å finna att feltaltaret som var inni sofaen Katz hadde selgd. To punkt er nemnde: prestegarden og sakristiet.

Bakgrunn

Vršovice kostel er her eintydig kostel svatého Mikuláše, ei katolsk kyrkje i Vršovice. Den er i barokk stil og vart bygd i 1704. Prestegarden ligg vegg i vegg med kyrkja. Adresseinformasjonen viser at František Dusil var prest i 1907.

Jaroslav Hašek kjende godt til kyrkja ettersom han på vårparten 1912 budde like ved i Palackého třída 363 (no Moskevská 363/33). Det var her sonen Richard vart fødd 2. mai 1912. Like etterpå forlet familiefaren kona og det nyfødde bornet.

Sitat
[1.11.2] Nakonec šli do sakristie kostela a farář vydal polní oltář pod touto zápiskou:
Přijal jsem polní oltář, který se náhodou dostal
do chrámu ve Vršovicích.
Polní kurát Otto Katz
Firma Moritz Mahleren flag
Google søk

Firma Moritz Mahler var eit jødisk føretak frå Wien som laga relegiøst utstyr, i dette tilfellet feltaltaret til Feldkurat Katz.

Bakgrunn

Firma Moritz Mahler kan ikkje påvisast i adresseboka for Wien, 1915. Firma som leverte relegiøse artefaktar har sjølvsagt eksistert, men det virkar som om namnet er eit reint påfunn. Firma Moritz Löwenstein i [3.2] ser ut til å vera ein variant over same temaet.

Sitat
[1.11.2] Slavný polní oltář byl od jedné židovské firmy, Moritz Mahler ve Vídni, která vyráběla všemožné mešní potřeby a předměty náboženské, jako růžence a obrázky svatých.
Břevnovský klášteren flag
Břevnov/1, Markétská ul. -
Wikipedia czdeen Google kartsøk Švejkova cesta

Břevnovský klášter er nemnd i samband med at Feldkurat Katz og Švejk henta utstyr til feltmessa her: monstrans, siborium og ei flaske messevin.

Bakgrunn

Břevnovský klášter er eit benediktinarkloster i bydelen Břevnov i Praha. Det vart grunnlagd i 933 og var det fyrste i sitt slag i Böhmen. Den arkitektoniske stilen er barokk og er frå 1700-talet.

Abbed i klosteret under fyrste verdskrigen var Lev Mojžíš, ein geistleg som er vorten utsett for spekulative påstandar om at han var svært alkoholisert og skal ha vore førebilete for Feldkurat Katz.

I 1951 vart klosteret oppløyst og overteke av arkivet til innanrikskinisteriet (Archiv ministerstva vnitra). I 1990 vart det gjeve tilbake til Benediktinarordenen. I dag ligg i tillegg til klosteret òg Hotel Adalbert og restauranten Klášterní šenk på eigedomen.

Sitat
[1.11.2] Neboť ještě jeli pro sportovní kalich k nadporučíku Witingrovi a potom pro monstranci, ciborium a jiné příslušnosti ke mši do břevnovského kláštera, včetně i láhve mešního vína.

Litteratur

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

12. Ein relegiøs debatt

Zákopnícien flag
Karlín/20, Palackého třída 10
Google kartsøk
zakopnik2.png

Zlatá Praha, 23.7.1915

zakopnik3.png

Das Infanterieregiment Nr. 91 am Vormarsch in Galizien (© VÚA)

zakopnik.png

Národní listy, 4.5.1909

zakopnik1.png

Seidels kleines Armeeschema, 1908

Zákopníci vert nemnd når forfattaren nemnner at Feldkurat Katz og Švejk held ei feltmesse for pionerane.

Bakgrunn

Zákopníci er det tsjekkiske ordet for pionertroppar eller ingeniørtroppar. Omgrepet gjer inntrykk av at oppgåva deira var å grava skyttargraver, men det gjekk i røyndomen langt utover dette. Dei var mellom anna med på bygging av midlertidige bruer og vegar.

I 1909 var Pionierbataillon Nr. 3 stasjonert i Praha (Ferdinandová kasárna i Karlín), men i 1914 var det ingen slike einingar i den bøhmiske hovudstaden. Bataljonen hadde i mellomtida vorte flytta til Pettau (no Ptuj i Slovenia).

Forfattaren "overførde" truleg feltmessene til Feldkurat Katz frå fronten så i denne samanhengen er det knapt relevant at det ikkje var ingenørtroppar i Praha i 1914. Han har derimot heilt sikkert kome ut for desse ved fronten på sommaren 1915 og denne sekvensen er nok inspirert derfrå (om den er faktabasert i det heile).

Eit døme er 20. juli 1915pionerkompani nr. 8 frå den 10. pionerbataljon skulle assistera IR 91 og systerregimenta deira med å byggja ei bru over Bug (sjå General Ritter von Herbert). Forsøket vart gjeve opp grunna høg vassføring og same kvelden fekk regimentet hasteordre om å marsjera til Sokal.

Sitat
[1.12] Švejk sloužil s polním kurátem ještě jednu polní mši u zákopníků, kam byl omylem pozván ještě jeden polní kurát, bývalý katecheta, neobyčejně nábožný člověk, dívající se na svého kolegu velice udiveně, když ten mu nabízel ze Švejkovy polní láhve, kterou ten vždy nosil na takové náboženské úkony s sebou, doušek koňaku.

Skrivst òg:Pioneers en Pioniere de Pionerar no

Litteratur

U zlatého věnceen flag
Karlín/161, Královská tř. 59
Google kartsøk Švejkova cesta Švejkův slovník
uvence.jpg

Hus nr. 362 "Zlatý věnec" sett frå Pobřežní třída

uvence1.png

Právo lidu, 21.1.1899

uvence.png

Národní politika, 20.4.1901

U zlatého věnce vert nemnd i samband med at Švejk fortel Feldkurat Katz at han var innom her og overhøyrde ei historie han fortel om mannen frå Nová Paka som kom ille ut ved å levera tilbake ting han hadde funne, noko som er universelt utilrådeleg i fylgje Švejk.

Bakgrunn

U zlatého věnce viser til eit vertshus i Královská třída 59. Huset Zlatý věnec (Den Gyldne Krans) hadde derimot addresse Pobřežní třída 30 men låg heilt inntil på baksida. Eigar av begge bygningane i 1907 var Marie Holubová.

Avisannonsar i Právo lidu og smånotisar dukka ofte opp rundt århundreskifet. Desse er oftast innkallingar til fagforeiningsmøte og teaterførestillingar s[ det har nok vore snakk om eit større lokale. Mot slutten av 1894 vart Metallarbeidarforbundet skipa her.

Kneipevert i 1892 og 1896 var Antonín Beran og alt i 1884 er han oppførd som huseigar. I 1907 er Marie Holubová oppførd som eigar av både hus 161 og 362 men nokon skjenkestad er ikkje oppførd. I 1910 var Josef Tichý kneipevert men i 1912 viser adresseboka ikkje lenger til nokon pub på denne adressa.

Når vertshuset kom i drift er uvisst, men det må ha vore ein gong før 1891. Me veit heller ikkje mykje om kor lenge verksemda heldt fram.

Sitat
[1.12] Včera jsem mluvil v hospodě ,U zlatého věnce’ s jedním člověkem z venkova, je mu už šestapadesát let, a ten šel se optat na okresní hejtmanství do Nové Paky, proč mu rekvisírovali bryčku.

KjelderJaroslav Šerák

Skrivst òg:The Golden Wreath en Zum Goldenen Kranz de

Litteratur

Okresní hejtmanství Nová Pakaen flag
Wikipedia de Google kartsøk
novapakaokres.png

Seznam míst v království Českém, 1913

neupaka.png

Reichsgesetzblatt, 2.9.1903

Okresní hejtmanství Nová Paka vert nemnd av Švejk i ein anekdote han fortel Feldkurat Katz. På U zlatého věnce hadde han snakka med ein 56 år gammal mann frå landsbygda hadde gått til kontora deira for å spørja kvifor tilhengaren hans hadde vorte rekvirert til krigsteneste. Her hadde han vorte kasta ut med ein gong.

Bakgrunn

Okresní hejtmanství Nová Paka var den politiske administrasjonen i distriktet Nová Paka. Det er uvisst akkurat kvar kontora låg men ein må rekna med det var i sentrum. Distriktet hadde i 1913 eit folketal på 64 628 og bestod av kretsane Hořice og Nová Paka. Distriktet var relativt nytt, oppretta 1. oktober 1903 av område som tidlegare hadde høyrd til okres Jičín og okres Pardubice.

Sitat
[1.12] Včera jsem mluvil v hospodě ,U zlatého věnce’ s jedním člověkem z venkova, je mu už šestapadesát let, a ten šel se optat na okresní hejtmanství do Nové Paky, proč mu rekvisírovali bryčku.

Skrivst òg:Bezirkshauptmannschaft Neupaka de

Litteratur

Uršulinkyen flag
Praha II./139, Ferdinandova tř. 8
Wikipedia cz Google kartsøk
ursulinky.png

Praha, hlava království Českého, 1901

Uršulinky vert nemnd i anekdoten om det heilage vatnet frå Lourdes som ein fekk laus mage av. Sjå Vlašim for fleire detaljar.

Bakgrunn

Uršulinky er soldaten sitt ord for Klášter Voršilek, eit kloster med tilhøyrande kyrkje på Národní třída i Praha, fram til 1918 Ferdinandová třída. Det tilhøyrer Ursulinar-ordenen, ein katolsk organisasjon som mest tek seg av utdanning av jenter. Organisasjonen har namnet sitt frå St. Ursula. Sidan 1958 har komplekset vore oppførd som kulturminne.

Klosteret vart bygd mellom 1674 og 1676 og tilbaud òg under Habsburg-styret internat og utdanning for jenter.

Sitat
[1.12] Vono by jich tam patřilo víc. U uršulinek mají v klášteře lahvičku s mlékem panny Marie, kterým kojila Ježíška, a v sirotčinci u Benešova, když jim tam přivezli lurdskou vodu, dostali po ní sirotkové takovou běhavku, že to svět neviděl.“

Skrivst òg:Ursulinenkloster de Ursula-klosteret no U uršulinek Švejk

Litteratur

Sirotčinec u Benešovaen flag
Google kartsøk

Sirotčinec u Benešova er nemnd når Švejk fortel den fromme feltpresten om det heilage vatnet frå Lourdes som førde til magesjau hjå ungane på barneheimen.

Bakgrunn

Sirotčinec u Benešova viser nok til ein barneheim for foreldrelause ved Benešov, "Domov". Den var bygd rundt århundreskiftet, var eigd av kommunen, og ser ut til å ha lege rett nedafor slottet Konopiště.

Sitat
[1.12] U uršulinek mají v klášteře lahvičku s mlékem Panny Marie, kterým kojila Ježíška, a v sirotčinci u Benešova, když jim tam přivezli lurdskou vodu, dostali po ní sirotkové takovou běhavku, že to svět neviděl."

Kjelder: Muzeum umění a designu Benešov

Litteratur

U Piaristůen flag
Praha II./892, Panská ul. 1
Wikipedia cz Google kartsøk

U Piaristů vert nemnd av den fromme (og fulle) feltpresten når han spør kollega Feldkurat Katz om han ikkje trur at Johannes Døyparen sin tommel ligg i denne kyrkja.

Bakgrunn

U Piaristů er eit folkeleg omgrep for Kostel svatého Kříže, ei kyrkje med kloster og skule som ligg på hjørna mellom Na Příkopě og Panská ulice og som tilhøyrde Piarist-ordenen fram til 1912. Dei er ein katolsk utdanningsorden som vart grunnlagd i 1617 og er den eldste i sitt slag. Hovudoppgåva deira er å tilby gratis utdanning til fattige born.

Kyrkja, som er oppførd i klassisk stil, vart bygd mellom 1816 og 1824. Mellom dei som studerte her var Vrchlický.

I 1869 førde ei ny skulelov til at staten overtok, og gjorde ein del om til eit gymnas (tysk) og den andre til eit lærarinstitutt. I 1912 selde piaristane bygningen. I dag er kyrkja driven av den katolske kongregasjonen St. Frans av Sales' selskap (Salesianarane av Don Bosco).

Der var på hjørnet ved denne kyrkja Oberleutnant Lukáš skulle møta ei dame, på tur med hunden Fox, då han uheldigvis kom ut for Oberst Kraus. Enden på soga veit me.

Sitat
[1.12] Mžouraje očima, otázal se Katze: „Vy nevěříte v neposkvrněné početí panny Marie, nevěříte, že palec sv. Jana Křtitele, který se chrání u piaristů, je pravý? Věříte vůbec v pána boha? A když nevěříte, proč jste polním kurátem?“

Litteratur

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

13. Švejk gir den siste olje

Vojenská nemocnice Karlovo náměstíen flag
Praha II./504, Karlovo námestí 39
Google kartsøk Švejkova cesta
vojnemoc3.jpg

11.6 1907 © AHMP

Vojenská nemocnice Karlovo náměstí var målet for Švejk og Feldkurat Katz sin ekspedisjon for å gje den siste olje til dei hardt såra.

Bakgrunn

Vojenská nemocnice Karlovo náměstí viser til c.a.k vojenská nemocnice č. 11 (k.u.k. Militärspital Nr. 11) i Praha, eit militærsjukehus som låg på sørenden av Karlovo náměstí. I dag er bygningen brukt av universitets-sjukehuset (Všeobecná fakultní nemocnice v Praze).

Ein god del av stadene som er nemnde i fyrste delen av Den gode soldat Švejk og i anekdotane utover i romanen ligg innafor ti minuttars gange frå sjukehuset, mellom andre U kalicha. Forfattaren budde rett i nærleiken det meste av dei fyrste 20 åra av livet sitt, og dessutan ein del seinare i livet. Han gjekk på både gymnas og handelshøgskule berre nokre hundre meter unna.

Militærsjukehuset der Švejk var innlagd som simulant i [1.8] var ei underavdeling. Sjå Vojenská nemocnice Hradčany.

Sitat
[1.13] Potom přečetl polní kurát ještě jednou předpis, ve kterém se mu oznamuje, že zítra má jít na Karlovo náměstí do Vojenské nemocnice zaopatřovat těžce raněné.

Skrivst òg:Military hospital at Charles square en Militärspital am Karlsplatz de Militærsjukehuset på Karlsplassen no

Litteratur

Kostel svátého Ignáceen flag
Praha II./505, Ječná ul. 2
Wikipedia czen Google kartsøk
ignac.jpg

Pohled na kostel sv. Ignáce na Karlově náměstí, vpravo Ječná ulice. 24.10.1907.

© AHMP

ignac.png

Zlatá Praha, 9.5.1913.

Kostel svátého Ignáce vert fyrste gong nemnd av Feldkurat Katz i ein samtale med Švejk når han fortel at han for lenge sidan hadde halde ei messe for offiserar her.

Seinare dukkar kyrkja opp i i omtalen av Oberst Kraus og i historia om plynárník Zátka ved gassverket på Letná [2.5] der páter Jemelka held ei preike.

Utover det er den nemnd i ei anekdote i siste kapittelet.

Bakgrunn

Kostel svátého Ignáce er ei kyrkje ved på hjørna av Ječná ulice og Karlovo náměstí som i dag er hovudkontoret til jesuitt-ordenen i Tsjekkia. Den er kalla opp etter ordenen sin grunnleggjar: Ignatius av Loyola. Bygginga starta i 1665 og kyrkja stod ferdig i 1699.

Hašek og St. Ignatius

Jaroslav Hašek kjende godt til denne kyrkja. Václav Menger fortel at han var ministrant (messetenar) der nest siste året på grunnskulen (dvs. når han var om lag 9 år gamal). Kjennskapen hans til den katolske liturgien er nok dels eit resultat av denne erfaringa.

Sitat
[1.13] Znal tu pakáž, jak ji nazýval, z chrámu od Ignáce, když před léty tam míval kázání pro vojsko. Tenkrát ještě vkládal do kázání mnoho a „Sdružení“ sedávalo za plukovníkem.
[1.15] Byl při své tuposti neobyčejně nábožný. Měl doma v bytě domácí oltář. Chodil často ke zpovědi a k přijímání k Ignáci a od vypuknutí války modlil se za zdar zbraní rakouských a německých.
[2.5] A potom,“ řekl Švejk tiše, „to s tím Zátkou po čase skončilo moc špatně. Dal se do Mariánský kongregace, chodil s nebeskýma kozama na kázání pátera Jemelky k svatýmu Ignáci na Karlovo náměstí a zapomenul jednou zhasnout, když byli misionáři na Karláku u svatýho Ignáce, plynový svítilny ve svým rayoně, takže tam hořel po ulicích plyn nepřetržitě po tři dny a noci.

KjelderVáclav Menger

Litteratur

Vojenská intendanturaen flag
Praha III./258, Malostranské nám. 15
Wikipedia de Google kartsøk
intendance.png

Adresář královského hlavního města Prahy, 1907

intendance1.png

Seidel kleines Armeeschema, 1914

intendance2.png

Prager Tagblatt, 8.1.1915

Vojenská intendantura er nemnd av Feldkurat Katz når han seier at hæren sitt forvaltningsorgan visstnok ikkje leverer heilag olje som er signa av ein biskop.

Bakgrunn

Vojenská intendantura var forvaltningsorganet til k.u.k. Heer og hadde som oppgåve å skaffa forsyningar og syrgja for rekneskap. Hovudintendanturet låg i Wien, men her visar feltpresten utan tvil til avdelinga ved Praha sitt 8. armekorps. Kontora låg i tredje etasje i Lichtensteinpalasset i Malá Strana. Sjå 8. Korpskommando og k.u.k. Militärärar.

Hærintendanturen er òg involvert i ei soge av Jaroslav Hašek frå 1910, Čáka pěšáka Trunce (Paradehjelmen til infanterist Trunec). Her er det hovudkontoret i Wien som får i oppdrag å skaffa ei høvande hovudplagg for det enorme hovudet til Trunec. Hovudkontoret låg i bygningen til k.u.k. Kriegsministerium som det òg var organisert under.

Sitat
[1.13] Po těchto filosofických úvahách polní kurát umlkl a řekl: „Potřebujeme tedy olej posvěcený od biskupa. Tady máte 10 korun a kupte lahvičku. Ve vojenské intendantuře patrně takový olej nemají.“

Skrivst òg:Militärintendantur de

Litteratur

Firma Poláken flag
Praha I./1085, Soukenická ulice? 4
Google kartsøk
polak1.png

Adresář hl. města Prahy, 1910

polak2.png

Prager Tagblatt, 30.7.1914

Firma Polák var fargehandelen der Švejk kjøpte Hampfrøolje Nr. 3 til bruk ved utdelinga av den siste olje. Butikken var truleg oppattkalla etter eigaren. Den tilsette som ekspederte den gode soldaten var herr Tauchen.

Bakgrunn

Firma Polák har det ikkje lukkast å identifisera eintydig sjølv om forfattaren legg den til Dlouhá třída. I fylgje adresseboka frå 1910 var det berre ein butikk i Dlouhá třída som tilsvarar omtalen i romanen, men eigaren heitte Ferdinand Adler. Denne låg i Dlouhá 732/39.

I Soukenická 1085/4, 100 meter austover, dreiv derimot eit firma A. J. Pollak ein butikk som òg handla i oljer og fargar. Det er truleg denne forfattaren har hatt i tankane ettersom den låg i vestenden av Soukenická der den går over i Dlouhá. Eigar i 1910 var Emil Pollak (1848-1914), ein jødisk kjøpmann.

Firmaet Jakub Pollak heldt til i Dlouhá no. 45 men dette var eit bokbinderi og såleis ein usannsynleg kandidat.

Sitat
[1.13] V druhé chtěli telefonovat na ochrannou stanici a ve třetí mu řekl provisor, že firma Polák v Dlouhé třídě, obchod olejem a laky, bude mít rozhodně žádaný olej na skladě.
[1.13] Firma Polák v Dlouhé třídě byla opravdu firma agilní. Nepustila žádného kupce, aby neuspokojila jeho přání. Chtěl-li balsám kopaivu, nalili mu terpentýn a bylo také dobře.
[1.13] „Tak už máme volej,“ řekl slavnostně Švejk, když se vrátil od firmy Polák, „konopnej volej čís. 3, první kvality, můžeme s ním namazat celej batalion. Je to solidní firma. Prodává taky laky, fermež a štětce. Ještě potřebujeme zvoneček.“

Litteratur

Sdružení šlechtičen pro náboženskou výchovu vojákůen flag
Google søk Švejkův slovník
adelige1.png

Brünner Zeitung, 23.10.1899

adelige.png

Prager Abendblatt, 10.9.1903

Sdružení šlechtičen pro náboženskou výchovu vojáků var Adelsdamer sitt selskap for relegiøs oppdraging av soldatar. Dei skulle vera til stades når Feldkurat Katz ga den siste olje på Vojenská nemocnice Karlovo náměstí dagen etter at han og Švejk fyrst hadde vore der. Samskipnaden bestod av hysteriske eldre damer.

Bakgrunn

Sdružení šlechtičen pro náboženskou výchovu vojáků har det ikkje lukkast å identifisera. I addresseboka for 1910 er ingen slik eller liknande organisasjon oppførd så den er truleg noko forfattaren har funne på.

På den andre sida fanst det nok av organisasjonar der adelsdamer var involvert, mest innafor veldedigheitsarbeid. Det kunne til dømes vera pengeinnsamling og gåver til sjukehus, støtte til krigsveteranar, såra og skadde soldatar, enkjer or foreldrelause ungar.

Aviser og vekeblad skreiv under krigen ofte om adelsdamer på sjukehusvitjing og det kan ha vore desse som inspirerte denne sekvensen (og den tematisk liknande vitjinga til Baronesse von BotzenheimVojenská nemocnice Hradčany).

Sitat
[1.13] Potom přišel ordonanc a přinesl paket, ve kterém se polnímu kurátovi oznamuje, že zítra bude při zaopatřování v nemocnici přítomno Sdružení šlechtičen pro náboženskou výchovu vojáků.

Skrivst òg:Vereinigung adeliger Damen zur Pflege der religiösen Erziehung der Soldaten Brousek Association of Noblewomen for the Religious Education of Soldiers Sadlon

Litteratur

U Křížkůen flag
Karlín (?)
Google kartsøk Švejkova cesta

U Křížků vert nemnd ein gong avdi Švejk var innom her og stal ei bjølle til ferda med den siste olje. Det verd sagt at det er ei vegkro og at Švejk var tilbake på ein halv time.

Bakgrunn

U Křížků var ei hospoda som er uvisst kvar låg. Romanen sler fast at Švejk brukte ein halv time på å stella bjølla så det må ha vore kort gangavstand frå Feldkurat Katz sin bustad i Karlín. Romanen sin tekst avgrensar det ytterlegare: det var ei zájezdní hospoda (vegkro), noko som tyder på at den låg ved ein tidlegare innfartsveg.

Den staden som stemmer best med desse opplysningane er utan tvil kneipa til František Kříčka som i adresse-boka frå 1910 låg i Královská třída 110. Dette er både langs ein hovudveg og godt innafor gangavstand frå Feldkurat Katz. Oppkalla etter eigaren/eigarane villa den rettnok ha blitt kalla U Kříčky/U Kříčků, men denne type små-feil er ikkje uvanleg i romanen.

Jaroslav Šerák nemner fem andre alternativ som ligg noko lenger unna, sjå web-link. Det må likevel noterast at korkje Kříčka eller desse fem er oppførde som vegkroer i adresse-boka, så kan forfattaren ha blanda det med ei anna? Til dømes kan vegkroa U města Hamburku i same gata vera ein kandidat.

Sitat
[1.13] Obdržev svolení, Švejk přinesl za půl hodiny zvonek. „Je od vrat zájezdní hospody ,U Křížků,’“ řekl, „stál mne pět minut strachu a dlouho jsem předtím musel čekat, poněvadž se pořád trousili lidi.“

Litteratur

Militärgeistlichkeiten flag
Wien VIII., Skodagasse 19
Wikipedia de Google kartsøk
bjelik.jpg

Besuch des Apostolischen Feldvikars Bjelik, 1916.

vikariat.png

Zdeněk M. Kuděj

© LA-PNP

Militärgeistlichkeit vert nemnd når Feldkurat Katz les opp eit direktiv frå k.u.k. Kriegsministerium om innskrenkingar når det gjeld å gje den siste olje.

Seinare i kapittelet vert institusjonen forakteleg vist til av den innpåslitne pengeutlånaren når denne klagar til Švejk over militærsjelesorga. Feldkurat Katz har akkurat stukke ut på kafé akkurat når pengeutlånaren kjem for å kreva pengane feltpresten skuldar han.

Bakgrunn

Militärgeistlichkeit var eit samleomgrep for Austerrike-Ungarn sitt feltprestevesen. Dette omfatta romersk-katolsk (det største), jødisk, gresk-ortodoks, gresk-orientalsk, muslimsk og evangelisk (protestantisk). Institusjonen var underlagd k.u.k. Kriegsministerium. Kvar divisjon hadde tildelt ein divisjonsfeltprest og ein feltprest og kvart regiment hadde tildelt eigen feltprest. Ved k.u.k. Infanterieregiment Nr. 91 tenestegjorde Jan Eybl i denne rolla frå 1. januar 1914 til 24. april 1918.

Frå 1911 til 1918 var Emmerich Bjelik sjef for militærgeistlegheita i Dobbeltmonarkiet, med den rungande tittelen Apostolischer Feldvikar. Bjelik kjende godt til ein av førebileta til personar i Den gode soldat Švejk, nemleg Ludvík Lacina. Ein anna person som kjende Bjelik var Zdeněk Matěj Kuděj som ein periode under krigen tenestegjorde ved Feldvikariat i Wien. Det kan godt vera at Jaroslav Hašek henta inspirasjon til nokre av feltprestfigurane sine nettopp frå det Kuděj fortalde han. Dei to forfattarne møttest fleire gonger i løpet av perioden romanen vart skriven.

Miltærgeistlegheita spelar ei viktig rolle i Den gode soldat Švejk og er nok den institusjonen som vert utsette for den mest grove satiren. Alt i [1.11] viar forfattaren eit heilt underkapittel til eit åtak på militærgeistlegheita som verdsfenomen men seinare er det berre den katolske feldprestverksemda i Austerrike-Ungarn som står for hogg. Feltprestane Katz, Martinec, Lacina og den fromme frå [1.12] vert skildra som forfylla og tildels umoralske. Dei som opprinnelege ikkje er det, hamnar snart på syndens tornete stig. Feldoberkurat Ibl dukkar berre opp kort og då som ein idiotisk predikant.

Feldoberkurat Lacina og i mindre grad Feldoberkurat Ibl er begge inspirert av verklege personsar, hhv. Ludvík Lacina og Jan Eybl. Feldkurat Martinec og Feldkurat Katz har ingen innlysande førebilete og ingen feltprestar med desse namna er oppførde i Schematismus frå 1914. Den marginale Feldkurat Matyáš kan derimot ha vore inspirert av ein verkeleg person. Sjå Link A. Forfattaren kjende godt Eybl frå tida i IR 91 i 1915, men at han skal ha møtt Lacina personleg kan ikkje påvisast.

Sitat
[1.13] Ministerstvo ruší po dobu války platné předpisy týkající se zaopatřování vojínů posledním pomazáním a ustanovuje tyto pravidla pro vojenské duchovní:

Skrivst òg:Military Clergy en Vojenské duchovni cz Militærgeistlegheit no

Litteratur

U Exnerůen flag
Libeň/457, Královská tř. -
Google kartsøk Švejkova cesta
palmovka.png

Bygningen som Exner fekk oppførd i 1909-1910 og der han budde frå då av. Puben skimtast til høgre. Frå "Český svět", 20. mai 1910.

exner.png

Adresář obce libeňské, 1896

uexneru1.png

Národní politika, 23.2.1912

exner1.png

Národní listy, 29.7.1913

U Exnerů er nemnd av Švejk i ei anekdote han fortel for å setja den innpåslitne pengeinnkrevaren på plass. Soldaten fortel den ubedde gjesten om ein viss Boušek frå Libeň som vart kasta ut gong på gong frå denne puben, men som stadig kom attende.

Bakgrunn

U Exnerů var ein restaurant som eksisterte i alle fall fram til 1940. Den låg på hjørna Primátorská og Královská třída i Libeň. I adressebøkene for 1896, 1907 og 1910 er den oppførd under namnet Na Palmovce.

U Exnerů vart òg brukt som forsamlingslokale. Under fyrste verdskrigen vart den nemnd i avisene i samband med velgjerdsorganisasjonar, mellom anna for fattige born. Den dreiv under namnet U Exnerů minst fram til 1939. I dag er den ein kinesisk restaurant.

Čeněk Exner

Restauranten var kalla opp etter den lokale entreprenøren og eigar av bygningen Čeněk Exner (10. juli 1855 - 28. juli 1913) men innehavar var i 1910 var Karel Klapa. Exner, fødd i Vrchlabí i Krkonoše-fjella, dreiv eit engros kjøtfirma (røykeri) i Karlín frå 1890 som han flytta til Libeň i 1897. Han var gift med Anastazie, hadde to born og dessutan borneborn. Han var dessutan aktiv i Sokol og andre organisasjonar.

Frå 1897 til 1910 budde familien i bygningen som husa puben og firmaet, så flytta dei til nabohuset nummer 890. Denne jugendstil-bygningen (Palac Palmovka) fekk han bygd i 1909 og 1910 og var bryllaupsgåvae til dottera Anastazie. Exner fekk ein tragisk ende: avisnotisar avslører at han gjorde sjølvmord i 1913 ved å hengja seg på badet. Grunnen skal ha vore økonomiske problem.

Sitat
[1.13] „Poslušně hlásím, pane feldkurát,“ poznamenal Švejk, „že je to hotovej nezmar, jako nějakej Boušek z Libně. Vosumnáctkrát za večer ho vyhodili od ,Exnerů’, a vždycky se jim tam vrátil, že tam zapomněl fajfku.

Litteratur

Mariánská kongregaceen flag
Praha II./1354, Ve Smečkách 32
Wikipedia czdeen Google kartsøk Švejkův slovník
kongregace.png

Adresář královského hlavního města Prahy, 1896

Mariánská kongregace vert nemnd når Feldkurat Katz og Švejk er på veg til Vojenská nemocnice Karlovo náměstí for å gje den siste olje. I Vodičkova ulice spring ei portnarkone og medlem av kongregasjonen etter hestedrosjen for å bli velsigna, men klagar over kor fort dei køyrer.

Bakgrunn

Mariánská kongregace (lat. Congregatio Mariana) er ein romersk-katolsk utdanningsinstitusjon, grunnlagd av jesuitt-faderen Jean Leunis i 1563 og heile tida tilknytt Jesuitt-ordenen.

Praha-avdelinga til selskapet vart oppretta 28. april 1892. I 1896 låg kontoret til institusjonen i Ječná ulice 505/2 (sjå Kostel svátého Ignáce) med fader páter Jemelka som formann. I 1907 og 1910 var adressa Ve Smečkách 1354/32, ikkje langt frå Vodičkova ulice (som Feldkurat Katz og Švejk køyrde forbi i hestedrosje). Bygningen er i ettertid vorte riven og tomta er i dag brukt av Hotel Fenix.

Sitat
[1.13] A Švejk do toho zvonil, drožkář sekal bičem dozadu, ve Vodičkové ulici nějaká domovnice, členkyně mariánské kongregace, klusem dohnala drožku, dala si v jízdě požehnat, pokřižovala se, odplivla si poté: "Jedou s tím pánembohem jako všichni čerti! Člověk aby dostal souchotiny!" a vracela se udýchána na své staré místo.

Skrivst òg:Marianische Kongregation de Congregatio Mariana la

Litteratur

K.u.k. Dragoneren flag
Karlín/8, Za Invalidovnou -
Wikipedia de Google kartsøk
dragon.jpg

Světozor, 4.9.1914

dragon1.png

Seidels kleines Armeeschema, 1914

dragon.png

Chytilův adresář 1912

K.u.k. Dragoner vert nemnd av Feldkurat Katz når han kranglar med øvstkommanderane på Vojenská nemocnice Karlovo náměstí om betaling for reisa dit og den velsigna olje. Feltpresten fortel at når ein offiser frå dragonane dreg for å henta ein hest vert han og betalt diett.

Bakgrunn

K.u.k. Dragoner var omgrepet for nokre av kavalerieiningane i den austerriske delen av Dobbeltmonarkiet. I alt var det 15 Dragonregiment i k.u.k. Heer, stort sett frå dei tysk- og tsjekkisk-talande delane av riket. Inndeling av kavaleri i Austerrike-Ungarn var heller komplisert: i tillegg til Dragonane hadde ein både Ulanar og Husarar.

I romanen vert det visseleg vist til eit lokalt dragonar-regiment, og eit slikt fanst: k.u.k. Dragonerregiment Nr. 14. Frå heldt heldt andre og femte skvadron til i kaserna bak Invalidovna i Karlín (no U Sluncové 6). Staben heldt til i Brandys nad Labem og resten av regimentet i Stará Boleslav og Dobřany. Rekrutteringsområdet var Nr. 8 (Praha), sjå 8. Korpskommando. Rekrutteringskommandoen heldt til i Klatovy.

Fleie dragonregiment vart rekurtterte frå 8. distrikt og opp gjennom åra held andre regiment til i Karlín. I 1906 held det 13. dragonregimentet til i same kaserna bak Invalidovna som husa det 14. regiment frå 1912.

Sitat
[1.13] Potom následoval spor s velitelem nemocnice a polním kurátem, přičemž polní kurát několikrát udeřil pěstí do stolu a vyjádřil se: "Nemyslete si, pane hejtmane, že je poslední pomazání zadarmo. Když důstojník od dragounů je komandýrován do hřebčince za koňma, tak se mu také platí diety. Opravdu lituji, že se ti dva posledního pomazání nedočkali. Bylo by to o padesát korun dražší."

Skrivst òg:Dragons en Dragonen de Dragonar no

Litteratur

K.u.k. Generalstaben flag
Wien I., Stubenring 1
Wikipedia deen Google kartsøk
generalstab.png

Schematismus ..., 1914

arz.png

General Arthur Arz

Wiener Bilder, 11.3.1917.

K.u.k. Generalstab vert nemnd i ein samtala på Vojenská nemocnice Karlovo náměstí der ein soldat fortel om ein kristeleg riksrådsutsending som før krigen la ut om Gud og at denne ikkje anna ville enn fred og fordragelegheit mellom menneska. Med ein gong krigen braut ut vart det ein anna tone og Gud vart framstilt som om han var sjef for generalstaben.

Generalstaben er nemnd att gjennom funderingane til Oberleutnant Lukáš når han er på den katastrofale spaserturen med Max, og dessutan i draumen til Kadett Biegler på toget til Budapest der eit bilete av stabsjef Feldmarschall Conrad prydar veggen i k.u.k. Gottes Hauptquartier.

Bakgrunn

K.u.k. Generalstab var ein institusjon som i krigstider eller i tider med trugande krig var ansvarleg for planlegging, gjennomføring og overvaking av dei militære operasjonane. Generalstaben var formelt underlagd k.u.k. Kriegsministerium og heldt til i same bygningen.

Den keisarlege og kongelege generalstaben eksisterte frå 1867 til 1918 men institusjonen var forlengst på plass før Ausgleich delte Habsburg-keisarriket i to jamnstilte delar.

Generalstabsjef frå 1912 til 1917 var Feldmarschall Conrad. Han vart avsett av den nye keisaren Karl I. (sjå Erzherzog Karl Franz Joseph) og etterfylgd av infanterigeneral Arthur Arz von Straußenburg (på biletet til høgre). Denne vart dermed den siste sjef for k.u.k. Generalstab nokon sinne.

Generalstaben hadde offiserar tilstade ved høgare militære einingar, både på distrikts-, divisjons- og brigadenivå.

Sitat
[1.13] A vida ho, vola, jakmile vypukla válka, ve všech kostelích se modlí za zdar zbraní a o pánubohu se mluví jako o nějakém náčelníkovi jenerálního štábu, který tu vojnu řídí a diriguje. Z téhle vojenské nemocnice už jsem viděl pohřbů, a uříznutých noh a ruk vozí odtud vozy.
[1.15] Zatraceně, proč ministerstvo vojenství dává takové věci do školního programu. To je přece pro dělostřelectvo. A jsou přece mapy jenerálního štábu.
[3.1] Uprostřed pokoje, ve kterém po stěnách visely podobizny Františka Josefa a Viléma, následníka trůnu Karla Františka Josefa, generála Viktora Dankla, arcivévody Bedřicha a šéfa generálního štábu Konráda z Hötzendorfu, stál pán bůh.

Skrivst òg:Royal and Imperial General Staff en C.a k. generální štáb cz

Litteratur

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

14. Švejk som oppassar hos overløytnant Lukáš

Stoletá kavárnaen flag
Praha II./267, Na Zderaze 10
Google kartsøk
stoleta1.png

Národní politika, 1.12.1908

stoleta2.png

Národní politika, 28.6.1909

stoleta3.png

Adresář královského hlavního města Prahy a obcí sousedních, 1907

Stoletá kavárna vert nemnd i og med at det store kortspelet i anekdota til Švejk som han underheld Feldkurat Katz med etter at den siste hadde spelt tenaren vekk i kort. Hendinga fann stad i ei "hospoda" bak Stoletá kavárna og hovudaktøren var den gamle røyrleggjaren blekkslagar Vejvoda.

Bakgrunn

Stoletá kavárna var ein kafé med adresse Na Zderaze i Nové město som eksisterte frå før 1887 og utover, men det er uvisst akkurat når den vart opna og når den endeleg stengde. Dei tidlege annonsane avslører at ein viss Slavík var innehavar. I 1908 avslører desse små-annonsane at innehavaren er Antonín Kolář og adresseboka frå 1907 stadfestar at han òg eigde bygningen. Sjå dessutan Hospoda za Stoletou kavárnou.

I 1909 vart den gamle bygningen riven og ein ny sett opp på same tomta. Jaroslav Hašek har nok kjend til begge utgåvene av kafeen, men på blekkslagar Vejvoda si tid var det nok snakk om før rivinga. I 1914 lyste dei etter pianist, staden var òg danse- og konsertlokale. I 1915 skifta bygningen eigar etter ein konkurs og i 1916 vert det snakka om en tidlegare kafeen. I 1918 var den derimot i drift att og i 1920 var kafeverten ein viss B. Michálek. På veggen av den nye bygningen er enno påskrifta "Stoletá kavárna" synleg.

Sitat
[1.14.1] „A bylo v banku hodně?“ otázal se Švejk klidně, „nebo jste málokdy dělal forhonta? Když nepadá karta, je to velmi špatný, ale někdy je to mizerie, když to jde až příliš dobře. Na Zderaze žil nějakej klempíř Vejvoda a ten hrával vždy mariáš v jedné hospodě za ,Stoletou kavárnou’. Jednou taky, čert mu to napískal, povídá: ,A což abychom si hodili jedníka o pětníček.’
[1.14.1] Kominickej mistr byl už do banku dlužen přes půldruhého miliónu, uhlíř ze Zderazu asi milión, domovník ze Stoletý kavárny 800 000 korun, jeden medik přes dva milióny.

Skrivst òg:Century Café en Hundertjähriges kaffeehaus de

Litteratur

Hospoda za Stoletou kavárnouen flag
Praha II./261, Na Zbořenci 7
Google kartsøk

Hospoda za Stoletou kavárnou vert nemnd i soga om det store kortspelet som Švejk underheld Feldkurat Katz med etter at den siste hadde spelt tenaren sin vekk i kort. Hendinga fann stad i ei "hospoda" bak Stoletá kavárna og hovudaktøren var gamle blekkslagar Vejvoda.

Bakgrunn

Hospoda za Stoletou kavárnou var truleg puben som i 1907 og 1910 tilhøyrde Josef Pavlíček. Vertshuset låg i Na Zbořenci 7, to hus opp gata frå Stoletá kavárna. kokk Pavlíček eigde dessutan bygningen, han kjøpte den ved ein konkursauksjon i 1904.

Sitat
[1.14.1] „A bylo v banku hodně?“ otázal se Švejk klidně, „nebo jste málokdy dělal forhonta? Když nepadá karta, je to velmi špatný, ale někdy je to mizerie, když to jde až příliš dobře. Na Zderaze žil nějakej klempíř Vejvoda a ten hrával vždy mariáš v jedné hospodě za ,Stoletou kavárnou’. Jednou taky, čert mu to napískal, povídá: ,A což abychom si hodili jedníka o pětníček.’

Skrivst òg:Pub behind the "Century Café" en Kneipe hinter dem "Hundertjährigen Kaffeehaus" de

Litteratur

Einjährig-Freiwilligenschule Pragen flag
Google søk
ir73kasarna.jpg

Kaserna til IR73 i Vršovice. Var det her Lukáš underviste eittårsfrivillege?

kasarnymapy.png

Kasernene til IR 11 and IR1 02

albrechtova.jpg

Albrechtova kasárna, Smíchov. Her var Sagner instruktør ved reserveoffiser-skulen til IR 11 i februar 1915

sagnerir11.png

Sagner ved reserveoffiserskulen til IR 11. © VÚA

efschule1.png

Pilsner Tagblatt, 15.4.1914

efschule.jpg

Světozor, 17.9.1915

Einjährig-Freiwilligenschule Prag var skulen der Oberleutnant Lukáš var instruktør då han møtte Švejk. Dette kjem fram då forfattaren introduserer Lukáš for lesaren. Offiseren fortel elevane sine dessutan: "La oss vera tsjekkiske men ingen treng vita om det. Eg er òg tsjekkar". Forfattaren legg dessutan til at alle elevane ved skulen var tsjekkiske.

Skulen vert nemnd att seinare, mellom anna då han ovafor herr Wendler forklarar kva han driv med og planane framover.

Bakgrunn

Einjährig-Freiwilligenschule Prag er forfattaren sitt omgrep for ein reserveoffiser-skule i Praha. Desse skulane var knytte til einskilde regimentet, men ettersom det ikkje vert avslørt kva regiment Oberleutnant Lukáš tente hjå, veit me ikkje noko meir konkret. Neste steg er å sjå på kva infanteriregiment som enno hadde stabsfunksjonar i byen vinteren 1914-15. Dette var k.u.k. Infanterieregiment Nr. 11, IR73 og IR102 og Lukáš har nokså sikkert vore instruktør ved eit av desse (at han vart overførd frå k.k. Landwehr er lite truleg).

Motstridande spor

Omtalen av det seinare hundejuveriet gjev ein viss peikepinn om kvar skulen låg. Blahník drog med Fox i retning Vršovice, så ein skulle ut frå dette tru at Oberleutnant Lukáš budde der. Dette saman med opplysinga om Katy Wendler gjekk til fots saman med Švejk til kaserna der offiseren underviste, indikerer IR73 og Vršovice kasárna.

Ein skal likevel ikkje ta den geografiske logikken i handlinga for bokstaveleg. Seinare kjem episoden då Oberleutnant Lukáš gjekk tur med den ny-stolne hunden Fox. Han gjekk på den eigentlege eigaren Oberst KrausNa Příkopě, noko som tyder på at overløytnanten budde langt nærare sentrum. Ein luftetur med hunden heilt frå Vršovice (3,5 km) synest lite truleg. Noko som òg talar mot at det er snakk om IR73 er at dette var eit bortimot reint tysktalande regiment, noko som ikkje stemmer med forfattaren si opplysning om at elevane til Lukáš var "berre tsjekkarar".

Kasernene til IR102 og k.u.k. Infanterieregiment Nr. 11 låg derimot langt nærare (2 km), i Malá strána og Smíchov respektivt. Så om Oberleutnant Lukáš budde i gangavstand frå desse treng han ikkje å ha rusla altfor langt med hunden for å koma til Na Příkopě.

Romanfiguren Lukáš delinspirert av den verkelege Sagner?

Diskusjonen om kva skule/regiment Oberleutnant Lukáš var instruktør ved vert høgst hypotetisk ettersom det er vanskeleg å knyta handlinga i denne delen av romanen til konkrete hendingar og personar. Forfattaren hadde enno ikkje pensa soga si inn på sporet til si eiga karriere in k.u.k. Heer slik han gjorde frå bok to og utover. Til dømes gjorde Lukáš sitt førebilete, Rudolf Lukas, aldri teneste i Praha frå 1911 til 1919. Eittårsfrivillege underviste han rettnok, men det var i Budějovice i 1911-12 og hausten 1914, altså før Jaroslav Hašek vart kjend med han. Lukas var i heile sin yrkeskarriere i k.u.k. Heer tilknytta IR 91 så han kan ikkje ha vorte overførd frå eit anna regiment slik det literære motstykket hans vart.

Inspirasjon til rolla som instruktør må difor ha eit anna utspring, kanskje frå ein anna offiser forfattaren kjende. Dette kan ha vore fleire, mellom anna Josef Adamička, men likheitene med Čeněk Sagner stikk seg fram. Etter eit sjukeopphald i Praha melde han seg frivilleg som instruktør hjå k.u.k. Infanterieregiment Nr. 11 i perioden han enno var sjukmeld. Her starta han 25. januar 1915 men ettersom det streid mot reglementet å gjera teneste hjå eit anna regiment, vart han kalla tilbake til IR 91 i Budějovice 28. februar 1915, der han gjekk inn i stillinga som sjef for 1. reservekompani.

På dette tidspunktet gjorde Jaroslav Hašek teneste i nettopp dette kompaniet og var dessutan elev ved reserveoffiserskulen til regimentet. Han har nok såleis visst om både stillinga til Čeněk Sagner i Praha og overflyttinga. Eit par andre detaljar stemmer òg betre med Sagner enn med Rudolf Lukas: Sagner var tsjekkar og tala ved nokre høve tsjekkarane si sak i k.u.k. Heer. Oberleutnant Lukas var derimot etnisk tysk. Akkurat som romanfiguren Oberleutnant Lukáš var Sagner utdanna ved k.u.k. Infanteriekadettenschule Prag, men det var ikkje Lukas. Her er dermed tre detaljar kring Lukáš som KAN vera inspirert av Sagner men som IKKJE kan vera henta frå Lukas.

Eittårsfrivillege og reserveoffiserskular
efschule.png

Heerwesen, Selbstverlag Hugo Schmid, 1916.

zakonb.png

Zákon branný, daný dne 5. prosince 1868.

kejla.png

Jaroslav Kejla, 1972.

© LA-PNP

Eittårsfrivilleg var derimot ein rett som menn med middels og høgare utdanning hadde til å gjera militærteneste eitt år i staden for dei obligatoriske tre (etter 1912 to år) på betingelse av at dei utstyrde seg sjølve. Ordninga vart oppretta i 1868 etter førebilete frå Preussen og var verksam fram til 1918. Motivet var både at ein kunne spara staten for pengar og ikkje unødvendig skada yrkeslivet til den som tok utdanning. Det "frivillege" bestod i at soldaten kunne (men ikkje måtte) utdanna seg til reserveoffiser i løpet av tenestetida. Dei som ikkje tok eksamen som reserveoffiser måtte tena eit ekstra år, men denne plikta vart avskaffa i 1912. Den eittårsfrivillege kunne og søkja om å gjera teneste utafor heimeeininga, men dette berre innvilga dersom mannskapsituasjonen ved einingane tillet det.

Den eittårsfrivillege måtte normalt kjøpa sitt eige utstyr medan k.u.k. Militärärar stod for bustad (om soldaten ynskte det sjølv). Rekruttar måtte ha fullførd 8-årig middelskule (gymnas, realskule, lærarskule, handelskule eller tilsvarande) for å ha krav på redusert tenestetid. Kandidaten måtte sjølv søkja om dette, og alle måtte avleggja prøve. Ein som var dømd for vinningsbrotsverk eller sedlaus framferd mista automatisk retten til eittårsteneste.

Reserveoffizier-Schulen var såleis institusjonen som utdanna dei eittårsfrivillege til reserveoffiserar. Det kan verka som ein feil at Jaroslav Hašek brukar omgrepet "Eittårsfrivillegskule" eller "skule for eittårsfrivillege", men er det slett ikkje: fram til vernepliktsreforma i 1912 heitte skulane offisielt Einjährig-Freiwilligenschule og det gamle utrykket for omgrep som er endra heng gjerne att i daglegtalen i årevis etter sjølve endringa (sjå t.d. Salmova ulice).

Sitat
[1.14.3] Mluvil ve společnosti německy, psal německy, četl české knížky, a když vyučoval ve škole jednoročních dobrovolníků, samých Čechů, říkal jim důvěrně: „Buďme Češi, ale nemusí o tom nikdo vědět. Já jsem taky Čech.“
[1.14.5] „Zažádal jsem o přeložení k 91. pluku do Budějovic, kam asi pojedu, jakmile budu hotov se školou jednoročáků.
[1.15] Ukončiv vyučování ve škole jednoročních dobrovolníků, vyšel si nadporučík Lukáš na procházku s Maxem.
Merknader
1. Eit døme på dette er artikkelen om Jaroslav Hašek i spansk Wikipedia. Uheldigvis inneheld denne òg mange andre faktafeil.

Litteratur

Pohodnice Pankrácen flag
Dvorce/37, Na Dvorci
Google kartsøk
rasovna.jpg

"Prahou tisíciletou z dávna i dneška", Josef Veselý, 1926

Pohodnice Pankrác vert nemnd når forfattaren fortel om kor uheldig Oberleutnant Lukáš hadde vore med tenarane sine. Ein av dei hadde stole og selgd overløytnanten sin hund til rakkaren på Pankrác.

Bakgrunn

Pohodnice Pankrác var ein "rakkarverkstad", dvs. ein stasjon for prosessering av dyrekadaver. Den vart og kalla "Termokjemisk stasjon". Sluttprodukta var kunstgjødsel, beinmjøl og andre restprodukt. Desse vart gjerne brukte i produksjon av lim og såpe. Føretaket hadde dessutan løyve til å samla inn og avliva lausgåande hundar, kattar og andre dyr frå austsida av Vltava (eit likande føretak i Břevnov hadde ansvar for vestsida). Ein laustgåande hund vart av Praha bystyre definert som "eit dyr som ikkje gjekk med munnkorg". Føretaka vart drivne med lisens frå bystyret men eigde og drivne som private verksemder.

Hadde ikkje eigaren meldt seg innan tre dagar og betalt bota for å "ikkje utstyra hunden sin etter forskriftene" var dyret sine dagar talde. Denne tre-dagars karantenestasjonen låg i Vyšehrad. Fabrikken for å foredla kadavera låg på den opne sletta mellom Dvorce-Podolí og Pankrác.

Nešvara, ein rakkarfamilie

Eigar i 1912 var Rudolf Nešvara, så dette er høgst sannsynleg personen forfattaren viser til som pohodný na Pankrác (rakkaren på Pankrác). Det vert sagt at han var marerittet til alle hundeeigarar i Praha. Nešvara's sin far Václav dreiv og som rakkar. Han døydde 19. november 1888 i ein alder av førti, og faren Antonín (1814-1894) og mora Marie levde begge lenger enn han. Alt i alt dreiv fire generasjonar Nešvara med "kadaverforedling" i Praha. Den siste var Rudolf sin son Jaromír som dreiv så lang som til under Andre Verdskrig.

Rakkarstasjonen hadde funnest minst sidan 1888 og var i drift fram til 1950. Bygningen stod fram til 1970 då den vart riven for å gjera plass til det nye hovudkvarteret til Česká Televize.

Egon Erwin Kisch
rasovna2.png

Bohemia, 27.11.1910 (Egon Erwin Kisch)

Nešrava er òg tema i forteljinga Bei "Antouschek", dem Wasenmeister av den vidkjende "rasande reporter" Egon Erwin Kisch. Soga kom på trykk for fyrste gong i Bohemia 27. november 1910, og var den 17. i ei rad fylgjetongar kalla Prager Streifzüge. Seinare vart den tryklt òg i bokform, mellom anna i Aus Prager Gassen und Nächten (1912) og Abenteuer in Prag (1920). I forteljinga beskriv Kisch ei omvising på fabrikken og møtet sitt med Herr Nešvara. Han kjem med mange detaljar, både reint tekniske men òg om historia og om korleis slike føretak var organiserte i Praha. Han fortel dessutan om familien Nešvara og at broren til eigaren arbeider her. Kisch legg òg til at fabrikken var relativt luktfri, noko som strid med opplysningar om mange klager frå naboar i mellomkrigstida.

Sitat
[1.14.3] Kanárka mořili hladem, jeden sluha angorské kočce vyrazil jedno oko, stájový pinč byl od nich práskán na potkání a nakonec jeden z předchůdců Švejka odvedl chudáka na Pankrác k pohodnému, kde ho dal utratit, nelituje dát ze své kapsy deset korun. Oznámil potom prostě nadporučíkovi, že mu pes utekl na procházce, a druhý den už mašíroval s rotou na cvičiště.

KjelderJaroslav Šerák, Jaromír Pešek, Egon Erwin Kisch, Josef Veselý

Litteratur

U Štupartůen flag
Praha I./647, Štupartská ul. 14
Wikipedia cz Google kartsøk
ustupartu.jpg

U Štupartů, 11. mars 1911

ustupartu.png

Alois Jirásek "Temno"

ustupartu2.png

Frå indretunet til "U Štupartů", 16. mars 1911

U Štupartů er nemnd av Švejk i samtale med Oberleutnant Lukáš då han forklarar kvifor katten åt opp Harz-kanarien. Ein liknande episode skal ha førekoma i dette huset, men her hadde katten ete ei papegøye.

Bakgrunn

U Štupartů er ein bygning i Staré město med ei historie tilbake til det 14. århundret. Namnet fekk bygningen etter Peter Stupart von Löwenthal som kjøpte den 20. oktober 1664. Barnebarnet hans selgde den vidare 10. september 1732. Huset hadde i 1910 to gateadresser i Štupartská 14 og Jakubská 2 og hadde mange leigetakarar. Mellom dei var puben med same namnet som bygningen, driven av Rudolf Holeček. Adressa var Štupartská 14.

Den opprinnelege bygningen (som det sikkert er snakk om i romanen) vart riven hausten 1911 etter mykje motstand. Klub za starou Prahou og andre ville verna den grunna den historiske og arkitektoniske verdien, men dei fekk ikkje gjennomslag i bystyret. Alt i desember same året var det nye bygget på veg opp og det stod ferdig i 1912 og står på tomta den dag i dag. Byggherre var Josef Sochor frå Praha VII.

Djevelens vertshus

Ein anna forfattar som skreiv om U Štupartů var Alois Jirásek, læraren til Jaroslav Hašek på gymnaset i Žitná ulice. Romanen "Temno" (Myrke) kom på trykk som fylgjetong i Zlatá Praha og vart utgjeven som bok i 1914. Den omtalar puben i U Štupartů rett ovafor kyrkja Sv. Jakub som čertová krčma (eit djevelens vertshus). Denne historiske romanen er lagt til byrjinga av 1700-talet.

Sitat
[1.14.3] V domě ,U Štupartů’ sežrala před léty kočka dokonce papouška, poněvadž se jí posmíval a mňoukal po ní. Voni ale mají kočky tuhej život. Jestli poručíte, pane obrlajtnant, abych ji vodpravil, tak ji budu muset trhnout mezi dveřmi, jinak nedodělá.“

Skrivst òg:Beim Stupart Reiner

Litteratur

Armin von Barheimen flag
Google søk
barheim.png

Břetislav Hůla, "Vysvětlíky". © LA-PNP

Armin von Barheim var ein kennel i Bayern. Han kjem med i soga når Švejk legg ut for Oberleutnant Lukáš om hundeoppdrett, og om at ein av og til må forfalska hundar sine stamtavler, avdi hundeeigarar ikkje vil ha bastard-hundar.

Bakgrunn

Armin von Barheim er ein institusjon det ikkje har lukkast å kartleggja eksistensen til. Ingen bayersk kennel Armin von Barheim er funnen, ei eller nokon kennel med dette namnet ellers i verda. Vanlege søk (Google og Wikipedia 2018) gjev ingen meiningsfylte treff, korkje på geografi eller personar. Břetislav Hůla fører rettnok kennelen opp i forklaringane sine til romanen (1951) men har ingen utfyllande opplysningar å koma med.

Søk i bayerske, austerrikske og tsjekkiske digitale avissamlingar kjem rettnok opp med nokre treff, men ingen av dei kan setjast i samband med hundeoppdrett i Bayern eller andre stader. Alt tyder difor på at namnet Barheim er oppdikta eller feilstava.

Sitat
[1.14.3] A každej hned chtěl rodokmen, tak jsem si musel dát rodokmeny natisknout a dělat z nějakýho košířskýho voříška, kerej se narodil v cihelně, nejčistokrevnějšího šlechtice z bavorskýho psince Armin von Barheim.
Kronika světové válkyen flag
Karlín/108, Královská tř. 48
Google kartsøk
kronika2.png

Rovnost, 12.10.1914

kronika.png

Světová válka slovem i obrazem, s. 505: "Rakouský následník trůnu rozmlouvá se dvěma letci, sestřelivšími ruský aeroplan".

Kronika světové války vert omtala når Švejk eskorterer Katy Wendler til kaserna der Oberleutnant Lukáš gjorde teneste. Her har han ein prat med portvakta om hendingane i krigen. Han har eit utrykk like dumt som det ein kan sjå på eit bilete i Kronika světové války der den Austerrikske tronarvingen er vist i samtale med to flygarar som har skote ned eit russisk fly.

Bakgrunn

Kronika světové války var ikkje ei bok som samanhengen her kan tyda på, men undertitlar i hefte-serien Světová válka slovem i obrazem (Verdskrigen i ord og bilete) utgjeve av forlaget Emil Šolc i Karlín frå oktober 1914 og utover. Den kom ut kvar fjortande dag og vart seinare samla og gjeven ut i seks store band. Sjefsredaktør var Adolf Srb som hadde hjelp av ei gruppe fagfolk. Serien er rikt illustrert, er svært detaljert og innheld til saman nesten 2000 sider.

Emil Šolc var òg utgjevar av vekebladet Český svět som i 1913 trykte det kjende biletet av HasekJ og Zdeněk Matěj Kuděj i damebadedrakter. Šolc kom opprinneleg frå Telč men tok i 1913 over bokhandelen og forlaget til Rudolf Storch i Karlín. I 1919 vart forlaget slege saman med Nakladatelství Šimáček.

Fragment brukte i romanen

Det er innlysande at Jaroslav Hašek brukte nokre av hefta/bøkene i serien som kjelde då han forfatta romanen. Sitatet han nemner i forbindelse med Kronika světove války og fotografiet av tronfylgjaren Erzherzog Karl Franz Joseph er henta ordrett frå band II, side 505. Rettnok finn ein desse små dagsrapportane òg i aviser som Národní politika og Roskvět, men gjerne med ein litt anna stavemåte så alt tyder på at forfattaren har brukt Verdskrigen i ord og bilete og ikkje dei to andre. Biletet vart og trykt i Český svět 4. juni 1915 med akkurat same ordlyden.

I 14. kapittel av romanen brukar forfattaren gong på gong fragment frå Verdskrigen. Fyrst ute er Sultanen si utmerking av den tyske keisaren med krigsmedaljen, så general General Kusmanek som kom til Kiev. Den lengste direkte kopierte setninga er likevel sjølve undertittelen på biletet av tronfylgjraren.

Samtalen mellom Lukáš og Wendler
kronika3.png

Světová válka slovem i obrazem, s. 506

Deretter fylgjer Oberleutnant Lukáš sin samtale med humlehandlar herr Wendler då sistenamnde kjem for å henta kona si. Her ramsar offisereren opp nokre leiande tyrkiske politikarar og høgare offiserar, og deretter tre tyske offiserar i teneste for det Osmanske riket.

Wendler svarar med ein tirade om den fortvila situasjonen for humlehandelen og nemner ei rekkje stader ved fronten i Belgia og Frankrike. Alle desse tileignar han eit bryggeri og namna er å finna i Krønika sitt samandrag av krigshendingane frå 24. mars til 2. april 1915. Ein kjenner dessutan att nokre enklare fraser, men tilpassa konteksten av forfattaren. Desse stadnamna, personane og brotstykka finn ein på sidene 505 til 507 av Verdskrigen i ord og bilete.

Fragment frå sidene 508 til 511 finn ein òg, men her er det ikkje lenger frå dei korte notisane om daglege hendingar. Desse sidene er via ein artikkel om den generelle krigs-situasjonen og fokuserer på Sentralmaktene sitt gjennombrot ved Dunajec frå 2. mai 1915 og utover, og på side 511 vurderingar kring Italia sitt inntog i krigen.

Sitat
[1.14.4] Jedině když již stáli u kasáren, Švejk vyzval mladou dámu, aby počkala, a dal se do hovoru s vojáky ve vratech o vojně, z čehož musela mít mladá dáma náramnou radost, poněvadž chodila nervosně po chodníku a tvářila se velice nešťastně, když viděla, že Švejk pokračuje ve svých výkladech s tak hloupým výrazem, jaký bylo možno vidět též na fotografii uveřejněné v té době v „Kronice světové války“: „Rakouský následník trůnu rozmlouvá se dvěma letci, sestřelivšími ruský aeroplán“.

Skrivst òg:Chronice of the World War en Verdskrigens krønike no

Litteratur

Det tyrkiske parlamenteten flag
Wikipedia deentr Google kartsøk
turkpar3.jpg

"Dünden Bugüne İstanbul Ansiklopedisi" 8 vol, İstanbul 1993-1995.

turkpar1.jpg

Světozor, 15.1.1909

turkpar.jpg

Das interessante Blatt, 15.8.1912

turkpar2.jpg

Das interessante Blatt, 2.12.1915

Det tyrkiske parlamentet vert nemnd av Oberleutnant Lukáš når han fortel herr Wendler at formannen i det tyrkiske parlamentet, Hali Bey, er komen til Wien.

Bakgrunn

Det tyrkiske parlamentet (eller Generalforsamlinga - tr. Meclis-i Umûmî) vart oppretta i 1876 og fungerte fram til 1920. Det var det fyrste forsøket på eit representativt styre i det Osmanske riket. Det vart likevel oppløyst av sultanen alt i 1878 og kalla saman att fyrst i 1908 etter den Ungtyrkiske revolusjonen.

Forsamlinga bestod av to kammer, Overhuset (Meclis-i Âyân) og Underhuset (Meclis-i Mebusân). Medlemmene i Underhuset var direkte valgde medan sultanen peika ut medlemmene i Overhuset.

Ved valget i 1908 vart mange parti representerte, med Komiteen for Einskap og Framgang (Ungtyrkarane) som det største. Mange nasjonalitetar var representerte: tyrkarar, arabarar, armenarar, albanarar, grekarar, slavarar, jødar osv.

Valget i 1912 var derimot vunnen av Komiteen med nesten alle stemmene, etter eit valg der dei demokratiske spelereglane vart sett til side. Den etniske fordelinga var omlag den same. Etter dette valget vart Halil Bey, Komiteen sin formann, valgd til president i Underhuset.

I 1914 var det halde nytt valg, men etter tapa i Balkan-krigane tok Komiteen i 1913 makta ved eit kupp og var i 1914 einaste parti som stilte. 13. mai 1914 vart Emir Ali Paşa og Hüseyin Cahit Bey valgde til visepresidentar i Underhuset. Halil Bey vart samtidig attvald som forsamlinga sin president med 180 av 181 stemmer.

Det aller siste parlamentsvalget fann stad i 1919.

Hans-Peter Laqueur

Initialy (i.e. 1876) it assembled in the building designed for the Darülfünun, the predecessor of the University of Istanbul, but never used for that purpose. After the reopening in 1908 parliament assembled in Çırağan Sarayı on the Bosphorus, between Beşiktaş and Ortaköy (now Kempinski Çirağan Palace Hotel), which unfortunately burnt down two months later. After that the sessions were held in the Darülfünun building near Sultanahmet again.

Sitat
[1.14.5] „Turci se drží dobře,“ odpověděl nadporučík, uváděje ho opět ke stolu, „předseda turecké sněmovny Hali bej a Ali bej přijeli do Vídně.

Skrivst òg:Turecká sněmovná cz Türkisches Parlament de the Turkish Parliament en Meclis-i Umûmî tr

Litteratur

Malý výčep pivaen flag
Praha III./196, Thunovská ul. 19
Google kartsøk
vycep1.png

Adresář hl. města Prahy, 1910

Malý výčep piva (den vesle ølkneipa) var ein pub ved nedre enden av Zámecké schody der Švejk og Blahník planla tjuveriet av hunden som soldaten hadde lova Oberleutnant Lukáš, ei illgjerning som skulle visa seg å få lagnadstunge verknader.

Bakgrunn

Malý výčep piva viser visseleg til ein av pubane i Thunovská ulice, ei gate som går opp til Zámecké schody. I 1907 viser adresseboka tre vertshus i gata: i nr. 14, 15 og 19. In 1910 er det i nr. 14 ikkje lenger noko oppføring.

Nummer 19 låg direkte ved enden av trappa så ved fyrste augnekast er dette kneipa forfattaren hadde i tankane. Kneipevert både i 1907 og 1910 var František Šťáral, fødd i 1846 og døydde i 1917. Han var registrert på adressa til kneipa frå 1900 til 1910. I Chytilův úplný adresář království Českého frå 1912 er Anna Novotná oppførd som kneipevertinne.

U krále brabantského

Nr. 15 husa den velkjende U krále brabantského, og Zdeněk Matěj Kuděj skreiv at dette var ein kjend stad for hemmelege møte. Dette passar godt med situasjonen som er omtala i romamen, men det er rart av Hašek kalla den "ei lita ølkneipe".

Sitat
[1.14.6] Na Malé Straně u Zámeckých schodů je malý výčep piva. Jednoho dne tam seděli v šeru vzadu dva muži. Jeden voják a druhý civilista. Nakloněni k sobě šeptali si tajemně. Vyhlíželi jako spiklenci z dob Benátské republiky.

Skrivst òg:Small beer bar en Kleine Bierkneipe de Liten ølbar no

Litteratur

Psinec nad Klamovkouen flag
Smíchov/908, Bělohorská silnice
Google kartsøk Švejkův slovník
psinec.jpg

Svět zvířat, 1.2.1910

psinec0.jpg

Prager Tagblatt, 11.2.1900

Psinec nad Klamovkou (kennelen ovafor Klamovka) vert nemnd av Blahník då han og Švejk planleggjer hundetjuveriet i den vesle kneipa ved Zámecké schody. Det kjem fram at Blahník arbeidar ved kennelen.

Bakgrunn

Psinec nad Klamovkou viser til ein oppdrettskennel som vart driven av utgjevaren og hundeoppdrettaren redaktør Fuchs ved villaen Svět zvířat i Košíře ovafor Klamovka. Villaen husa òg kontora til tidskriftet Svět zvířat der Jaroslav Hašek var ansvarleg redaktør i 1909 og 1910.

Kennelen annonserte alt frå 1899, og frå 1901 og utover brukte dei ofte namnet Hundepark Fuchs i dei tysk-språklege annonsane sine. In tskjekkiske avise var Fuchsův psinec ofte brukt. Salgskampanjane var mest synlege i Prager Tagblatt, Národní listy og Bohemia men reklame og nyhende om føretaket dukka frå tid til annan opp over det meste av Austerrike. Vekebladet Das interessante Blatt frå Wien trykte ofte annonsane og hadde av og til artiklar der oppdrettskennelen var nemnd.

Fuchs flytta til Klamovka frå Jičín i 1898 og det ser ut som han starta hundeoppdrett kort tid etter. I 1906 vart det annonsert ei hundeutstilling som var open for alle og i 1909 og 1910 hevda dei å ha over 100 hundar på utstilling. Assistent ved kennelen var frå 1908 ein viss Ladislav Čížek.

Politihundar

Ein av dei viktigaste kundane til kennelen var Rittmeister Rotter frå k.k. Gendarmerie som let dei to schäferhundane sine bli trena her (sjå Wölfin). Rotter var tema for ein artikkel i Svět zvířat i 1909, og tidsskriftet trykte eit bilete av han med hundane. Den 1. februar 1910 trykte bladet ei annonse som inneheldt eit takkebrev frå han.

Hašek på Klamovka
psinec.png

Národní listy, 16.1.1910

I 1908 vart Hájek, ein av Jaroslav Hašek sine næraste vener, ansvarleg redaktør i Svět zvířat. Det var han som seinare på året inviterte Hašek til Klamovka, og no kom denne i dagleg kontakt med kennelen, ei erfaring som seinare vert reflektert ikkje berre i Den gode soldat Švejk, men òg i mange av sogene han skreiv fram til 1914. Hájek kom snart på kant med sjefen sin og sa opp redaktør-stillinga, og Hašek overtok, truleg alt i februar 1909.

I fylgje politibøkene budde han i villaen frå og med 4. februar 1909. Frå 28. juli 1910 er han oppførd på adressa Smíchov nr. 1125 nedafor Klamovka. Legg merke til at dette er registrerte datoar og tilsvarar ikkje nødvendigvis tidspunktet han flytta.

Hardtslåande annonsar
psinec1.png

Prager Tagblatt, 21.3.1909

Frå februar 1909 fekk annonsane i Prager Tagblatt eit meir bombastisk preg. Overskrifta var "Raub und Mord" og "hundeparken" var no "verdskjend". I teksten står det mellom anna: "ran og mord er utelete når ein har ein god vakthund". Ein er freista til å true at den nye tonen har samanheng med Jaroslav Hašek sin ankomst i redaksjonen til Svět zvířat. Annonsane vart trykte jamleg i om lag seks månader, og om hausten dukka dei òg opp i Bohemia.

Imaginære dyr
canisport08.png

Wiener Salonblatt, 19.12.1908

Eit velkjendt tema frå Den gode soldat Švejk er dyr som Einjährigfreiwilliger Marek fann opp og linjene går tilbake til Jaroslav Hašek sjølv. Han skreiv usannsynlege artiklar om dyr, somme av dyra verkelege, some direkte påfunn. Etter kvart kom lureriet hans for ein dag og han vart oppsagd og Hájek overtok på ny. Akkurat når dette hende veit me ikkje sikkert. Hašek skreiv enno i bladet 15. august 1910 og Hájek var etter alt å døma på plass att i midten av oktober.

Canisport

redaktør Fuchs døydde 27. september 1911 og om lag ein månad seinare viser annonsar at firmaet Canisport heldt til på adressa hans på Klamovka. Annonsane for Fuchs heldt likevel fram ut året. Dei to føretaka delte sannsynlegvis lokala ei stund, men frå 1912 vert annonsane for Fuchs borte. Ein må gå ut i frå at dei vart slegne saman, spesielt på bakgrunn av dei sterke banda Canisport alt hadde med familien Fuchs.

canisport10.png

Adresář hl.m. Prahy..., 1910

Canisport var eit firma i Vinohrady som frå 1908 annonserte hundar. Det var fyrst registrert i Manesová ul. 917/28, deretter i Moravská ul. 1053/25. Eigar var František Pober, gift med Marie Fuchsová, eldste dottera til redaktør Fuchs. Pober hadde alt i 1904 annonsert hundar til salgs i Prager Tagblatt, så han har nok vore hundeoppdrettar alt då. Adressa han i 1904 var Karlova ulice 24 i Smíchov. Politidokument viser at ekteparet flytta til villa Svět zvířat 16. november 1911. Firmaet flytta i 1910 til Radotín sør for Praha. Mot slutten av 1910 vart annonsane borte før dei dukka opp att i November 1911, no med adresse Klamovka. Canisport spesialiserte seg på luksushundar.

psince38.png

Adresář Protektorátu Čechy a Morava..., 1939

Firmaet ser ut til å ha blomstra under Pober si leiing, ein finn annonsar til og med i polske aviser. Oppføringar i adressebøker avslører at Canisport var i drift minst fram til 1938. Pober var framleis eigar og dei heldt enno til "ovafor Klamovka". Dei annonserte om mogeleg endå meir enn før krigen, òg i Austerrike. Som ein kuriositet kan nemnast at Ladislav Čížek, den tidlegare assistenten hjå Psinec nad Klamovkou, framleis dreiv med hundeopprett. Namnet hans er oppførd i adresseboka for 1939 ved sida av Canisport. Han heldt no til i Horní Černošice sør for Praha.

Kynologický ústav

Hašek sitt legendariske Kynologiske institutt må ikkje forvekslast med Fuchs-kennelen, men me tek den med her ettersom dei to var direkte konkurrentar som heldt til i same nabolaget. Av stor interresse er det dessutan at Švejk sitt yrke som hundehandlar i stor grad var inspirert av skaparen hans sin korte karriere eom eigar av "instituttet".

kyno3.png

Prager Tagblatt, 16.11.1910

kyno1.png

Světozor, 21.4.1914

Etter at han vart oppsagd i Svět zvířat i 1910 starta Hašek opp sitt eige hundehandel-firma med det oppfinnsame namnet Kynologický ústav (Kynologisk Institutt), og frå 16. november 1910 og nokre veker utover dukka det opp annonsar i mellom anna Prager Tagblatt, Národní listy og Čech. Her vart det tilbydd reinrasa hunder til halve prisen av det dei såkalla Hundeparks og kennelane hadde. Dette var sjølvsagt eit stikk til den tidlegare arbeidsgjevar opp bakken. Ein av annonsane hevdar at instituttet er det einaste av sitt slag i Mellom-Europa og åtvarar mot "forveksling", utan tvil endå eit spark til redaktør Fuchs.

Frå 24. november 1910 svara sistnemnde med for han å vera uvanleg ordrike annonsar, hevda på ny å ha verdsry, og åtvara òg på si side mot forvekslingar. Den 27. november og nokre andre dagar dukka jamvel annonsane i Prager Tagblatt opp ved sida av kvarandre. Annonsekrigen ser likevel ut til å ha vore kort, i alle fall hjå Prager Tagblatt. Hašek si siste kjende annonse kom på trykk 7. desember medan konkurrenten pøsa dei ut i spaltene resten av året. På nyåret gjekk Fuchs tilbake til dei meir ordknappe utgåvene.

Instituttet vart offisielt registrert 24.november, i namnet på kona Jarmila Hašková, adresse Košíře nr. 1125, nedafor Klamovka. Det er likevel usannsynleg at han kunne halda hundar her ettersom det det nygifta paret budde i ei leilegheit.

Innan februar 1911 var firmaet konkurs og der er ulike forklaringar på kva som hende. Josef Mach skreiv at Hašek importerte to hyener frå Hamburg som skulle til eit sirkus som likevel ikkje tok mot dei. Kostnadene ved denne mislukkka handelen skal ha vore ei av årsakene til at firmaet gjekk under. Andre kjelder nemner forfalsking av stamtavler, at agenten hans Čížek stal hundar, tema som har innlysande motstykke i Den gode soldat Švejk. Mach stadfestar at Čížek vart stilt for retten for hundetjuveri.

Ekteparet Hašek enda i retten men 9. mars 1912 fekk dei brev frå advokaten sin František Papoušek om at saka var lagd til side.

I litteraturen

Hašek ga instituttet sitt evig litterært liv i fortelingane Můj obchod se psy og Kynologický ústav. Fyrste soga kom på trykk i Můj obchod se psy a jiné humoresky, gjeven ut i 1915. Denne boka har vore gjeven ut på ny i fleire omgangar, og hodvudhistoria har òg vorte filma. Soga er vag om kvar hundane vart heldne, men forfattaren antyder at kennelen låg "på landet", eit tema ein òg finn i romanen.

Dyr dukkar ofte opp i Hašek si skriving og Den gode soldat Švejk er langt frå det einaste dømet. Den kjende romanen låner mykje frå soger Hašek hadde gjeve ut i åra fram til og med 1914. Inspirasjonen frå opplevingane hans ved Klamovka skin gjennom i mange av desse. Heile forteljingar er via dyr, hundar, kattar, geiter osv. Apefrøkna Julie var verkeleg, ho dukka opp i tidskriftet Svět zvířat.

Sitat
[1.14.6] Voják s civilistou si ťukli a civilista dále šeptal: „Jednou ode mne jeden černej špic, kterýho jsem potřeboval pro psinec nad Klamovkou, nechtěl taky vzít buřt.

KjelderHájek, Josef Mach, Jaroslav Šerák, Radko Pytlík

Litteratur

Pasteur-Instituten flag
Wien III., Boerhavegasse 8
Wikipedia czdeenfrno Google kartsøk
rudolfspital.jpg

Wien 3, Rudolfspital, Ansicht über Eck Boerhavegasse - Juchgasse, 1900

© Österreichische Nationalbibliothek

pasteur.jpg

Wiener Allgemeine Zeitung, 12.11.1899

pasteur1.png

Die Gemeinde-Verwaltung Wien, 1894-1896

Pasteur-Institut vart nemnd i samband med at hundetjuven Blahník ein gong var biten av ein hund med rabies. Han vart send til instituttet der han kjende seg som heime.

Bakgrunn

Pasteur-Institut er ein privat stiftelse som har som oppgåve å kjempa mot smittsame sjukdomar. Den vart stifta av og kalla opp etter den verdskjende kjemikaren og bakteriologen Louis Pasteur. Hovudsetet ligg i Paris men dei har forskningssenter og klinikkar over heile verda.

Fyrste instituttet vart opna i Paris 14. november 1888 og snart dukka det andre i utlandet. Hovudoppgåva deira fram til fyrste verdskrigen var å bekjempa rabies. Wien var relativt seint ute med å få ein klinikk for behandling av rabies og alt i 1889 kunne Wiener Allgemaine Zeitung opplysa om at eit slikt var på plass i București og Budapest kom snart etter.

Rudolfsanstalt

Det såkalla "Pasteur-instituttet" i Wien vart oppretta i juli 1894 som ein klinikk ved k.k. Krankenanstalt Rudolfstiftung i III. Bezirk - Landstrasse. Grunnleggaren var den kjende patologen Richard Paltauf (1858-1924). Oppgåva til instituttet var vaksinering mot rabies, både preventivt og etter utbrot. Behandlinga var gratis men pasienten måtte sjølv ta overnattingskostander (for fattige vart rekninga send til heimkommunen).

Klinikken hadde ikkje noko offisielt namn og knytinga til instituttet i Paris var neppe noko utover at dei brukte metodane til Pasteur i behandlingane av pasientane. I adressebøkene er dei innskrivne som Schutzimpfungsanstalt gegen Wuth. Det dekka hovudsakleg Wien-området men sjuke frå andre delar av Austerrike var òg velkomne. Avisklypp viser at pasientar frå Böhmen vart behandla her med jamne mellomrom.

Hundegalskap
rabies.jpg

Kampen mot rabies på 1500-talet

Fram til 1900 var talet talet på dødsfall hjå menneske i Cisleithanien grunna rabies høge men var på veg ned. Frå 142 offer i 1873 var talet nede på 81 i 1886. Tiltak som påbod av munnkorg på hundar hjelpte, og dessutan fekk rakkaren offisielt løyve til å avliva dyr som ikkje gjekk med desse på. Det var likevel vaksina til Pasteur som til slutt fekk tala drastisk ned.

I Tsjekkoslovakia i mellomkrigstida førekom det enno dødsfall, man langt sjeldnare (i snitt litt over sju i året). Praha hadde dessutan no sitt eige Paster-institutt. Etter 2. verdskrigen vart sjukdomen så godt som utrydda og dødsfall blandt folk er ikkje registrerte sidan.

Alt før 1894 ekisterte eit "Pasteur-Institut" i Wien, men desse hadde som oppgåve å handsama dyr. Dei stod under oppsyn av landbruksdepartementet.

Sitat
[1.14.6] Oba přátelé si opět ťukli. Ještě když Švejk se živil prodejem psů do vojny, Blahník mu je dodával. Byl to zkušený muž a vypravovalo se o něm, že kupoval pod rukou z pohodnice podezřelé psy a zas je prodával dál. Měl dokonce už jednou vzteklinu a v Pasteurově ústavu ve Vídni byl jako doma.

Skrivst òg:Pasteur Institute en Pasteurův ústav cz Institut Pasteur fr

Litteratur

Hundezwinger von Bülowen flag
Google søk
bulow.jpg

Leipziger Adreß-Buch, 1910

Hundezwinger von Bülow var namnet på ein kennel i Leipzig der Max (tidlegare Fox) skal ha kome frå. Dette var i fylgje stammtavla som Blahník fann på.

Bakgrunn

Hundezwinger von Bülow er nesten sikkert ein kennel som Blahník dikta opp. I adressebøkene for Leipzig for 1910 og 1914 er fire kennelar oppførde men ingen av dei var eigde av nokon von Bülow. Ein finn rettnok to personar med dette etternamnet i byen, men ingen av dei synest å ha drive med hundeoppdrett.

Sitat
[1.14.6] „To musí bejt tvou rukou napsaný. Napiš, že pochází z Lipska, z psince von Bülow. Otec Arnheim von Kahlsberg, matka Emma von Trautensdorf, po otci Siegfried von Busenthal. Otec obdržel první cenu na berlínský výstavě stájových pinčů v roce 1912. Matka vyznamenána zlatou medalií norimberskýho spolku pro chov ušlechtilých psů. Jak myslíš, že je starej?“

Skrivst òg:Kennel von Bülow en Psinec von Bülow cz Kennel von Bülow no

Berliner Stallpinscherausstellung en flag
Google søk
hektor.jpg

Hundeutstilling i Berlin i november 1913

berlina.png

Österreichische Forst-und Jagd-Zeitung, 15.1.1909

Berliner Stallpinscherausstellung fann stad i 1912 og her vann Arnheim von Kahlsberg, påstått far til den stolne hunden Max (tidlegare Fox), fyrstepremien. Alt dette i fylgje Blahník som instruerer Švejk om korleis han skal fylla ut stammtavleformularet til "Max".

Bakgrunn

Berliner Stallpinscherausstellung skal ha funne stad i 1912, men det er uvisst kva utstilling Blahník her viser til. Truleg er utstillinga like oppdikta som namna på stammtavla til Max (tidlegare Fox). Det har i alle fall ikkje lukkast å finna konkret informasjon om noko utstilling som heilt tilsvarar opplysningane som kjem fram i romanen.

Hundeutstillingar i Berlin

Likevel var nok forfattaren inspirert av ei eller anna hundeutstilling i Berlin. Byen var vert for mange internasjonale hundeutstillingar og Hašek var nok godt informert om desse frå tida si som redaktør for Svět zvířat i 1909 og 1910. Ein av arrangørane for desse messene var klubben Hundeverein Hektor og utstillingane fann stad i Zoologischer Garten. Messene var skrive om òg i den austerrikske pressa. Hektor var rettnok ikkje einaste arrangøren av slike tilstelningar, så det er umogeleg å trekkja for bastante slutningar.

Sitat
[1.14.6] „To musí bejt tvou rukou napsaný. Napiš, že pochází z Lipska, z psince von Bülow. Otec Arnheim von Kahlsberg, matka Emma von Trautensdorf, po otci Siegfried von Busenthal. Otec obdržel první cenu na berlínský výstavě stájových pinčů v roce 1912. Matka vyznamenána zlatou medalií norimberskýho spolku pro chov ušlechtilých psů. Jak myslíš, že je starej?“

Skrivst òg:Berlin stable pinscher exhibition en Berlínská výstava stájových pinčů cz Berlin stallpinscherutstilling no

Litteratur

Nürnberger Verein zur Zucht edler Hundeen flag
Nürnberg, Elisenstraße 30
Google kartsøk
frankische1.png

Adressbuch von Nürnberg, 1904

frankische.png

Allgemeine Sport-Zeitung, 7.3.1915

Nürnberger Verein zur Zucht edler Hunde var ei selskap for oppdrett av reinrasa hundar som hadde tildelt Emma von Trautensdorf, den fiktive mora til den stolne hunden Max (tidlegar Fox), ein gullmedalje. Dette var i det minste det Blahník bad Švejk skriva ned på stammtavleformularet til Max.

Bakgrunn

Nürnberger Verein zur Zucht edler Hunde kan ikkje påvisast direkte i adresseboka for 1904 (den einaste tilgjengelege for perioden), men to hundeklubbar er oppførde: Dachshundklub Nürnberg og Fränkische Verein zur Förderung reiner Hunderassen.

Den siste sitt namn er så nær at ein faktisk kan gå ut frå at det er denne hundetjuven viser til. Samskipnaden heldt til i Nürnberg og arrangerte jamt hundeutstillingar og og andre hunderelaterte aktivitetar.

Dei vart grunnlagd ved juletider i 1889 og var i 1915 enno i drift sjølv om krigen la ein dempar på aktivitetane. Dei hadde i 1915 over 100 medlemmer.

I 1912 vart nok ein hundeklubb stifta: Polizeihundverein Nürnberg 1912. Det er likevel usannsynleg at Blahník hadde desse i tankane då han forklara Švejk om korleis han skulle fylla ut stammtavla til "Max".

Sitat
[1.14.6] „To musí bejt tvou rukou napsaný. Napiš, že pochází z Lipska, z psince von Bülow. Otec Arnheim von Kahlsberg, matka Emma von Trautensdorf, po otci Siegfried von Busenthal. Otec obdržel první cenu na berlínský výstavě stájových pinčů v roce 1912. Matka vyznamenána zlatou medalií norimberskýho spolku pro chov ušlechtilých psů. Jak myslíš, že je starej?“

Skrivst òg:Nuremberg society for the breeding of thoroughbred dogs en Norimberský spolek pro chov ušlechtilých psů cz Nürnberg-selskapet for oppdrett av reinrasa hundar no

Litteratur

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

15. Katastrofe

Kostel svatého Haštalaen flag
Praha I./789, Haštalská ul. 21
Wikipedia czen Google kartsøk Švejkova cesta
hastal.png

"Mistr Kampanus", Zikmund Winter, 1906

Kostel svatého Haštala er nemnd av Švejk i samband når han rår Oberleutnant Lukáš frå å lufta Fox ved U mariánského obrazu, der dei har ein slaktarhund som er like ilsk som tiggaren frå St. Kastulus-kyrkja.

Bakgrunn

Kostel svatého Haštala er ei kyrkje i Praha Staré město, bygd i gotisk stil. Den har namn etter Sankt Kastulus, ein av dei fyrste kristne martyrane. Kyrkja er ei av dei eldste i Praha, forløparen vart sett opp alt på 1200-talet. Den noverande bygningen vart signa i 1375 og stod ferdig i 1399.

Tiggaren

Hašek kan ha henta temaet om tiggaren og kyrkja frå den historiske romanen Mistr Kampanus av Zikmund Winter som kom ut i 1906.

Sitat
[1.15] Jak uvidí ve svým rayoně cizího psa, hned je na něho žárlivej, aby mu tam něco nesežral. Von je jako ten žebrák od svatýho Haštala.“

Skrivst òg:Church of Saint Castulus en Kirche zum heiligen Kastulus de

Litteratur

U mariánského obrazuen flag
Praha II./1011, Hybernská ul. 30
Google kartsøk Švejkova cesta
mariaobraz.png

Čech, 12.12.1909.

mariaobraz1.png

Vilímkův rádce a průvodce Prahou, 1909.

mariaobraz2.png

Venkov, 3.10.1937.

U mariánského obrazu er nemnd når Švejk opplyser Oberleutnant Lukáš om at ein vondskapsfull hund, som tilhøyrde ein slaktar, heldt til her og at han ikkje bør gå forbi her med Max.

Bakgrunn

U mariánského obrazu var ein restaurant i Hybernská ulice. Den låg i fyrste etasje i nummer 1011, vis-avis avgangshallen til Státní nádraží (Staatsbahnhof), dagens Masarykovo nádraží. Den må ikkje forvekslast med ein noverande restaurant (2011) med same namn i Žižkov.

På denne tida var dei fleire pubar i Praha med dette namnet, men i og med at den ilske hunden vanka på Havlíčkovo náměstí, kan me trygt gå ut frå at Švejk hadde puben i Hybernská i tankane. Det var ein stor restaurant, sjølvsagt populær blandt reisande. I tiåret før fyrste verdskrigen skjenka dei øl frå Smíchov og Plzeň og serverte suppe frå klokka fem om morgonen!

Lang historie

Restauranten har i historie minst tilbake til 1877 men heldt då til i hus nummer 104. I 1878 tok ein viss Leopold Ortl over drifta. Rundt 1890 vart den gamle bygningen riven og nummer 1011 oppførd på same tomta, men restauranten heldt fram drifta i den nye bygningen. Frå 1897 og minst fram til 1914 var Josef Šašek kneipevert, han dreiv staden saman med kona Marie. Ekteparet hadde tre born og budde på same adressa.

Adresseboka frå 1939 viser at vertshuset enno var i drift, drive av Jan Cimický. Han tok antakeleg over etter Karl Špirek som var vert fram til 1937. Så seint som 27. juni 1948 dukka det opp ein annonse i Rudé právo, men ein veit ikkje når dei stengde ned for godt.

Sitat
[1.15] A taky bych vám neradil vodit ho přes Havlíčkovo náměstí, tam se potlouká jeden zlej řeznickej pes vod ,Mariánskýho vobrazu’, kterej je náramně kousavej.

KjelderJaroslav Šerák

Skrivst òg:Zum Marienbild de

Litteratur

Číňan Staněken flag
Praha II./40, Ferdinandova tř. 32
Google kartsøk
stanek1.jpg

Petr Štembera, Nový Orient, 1996

stanek2.jpg

Český svět, 1913

stanek.png

Čech, 3.1.1914

Číňan Staněk var ein "kinesar" som hadde ein konveks spegel. Dette kunne Švejk fortelja Oberleutnant Lukáš om då sistnemnde lurte på om han likte sin eigen utsjånad. Švejk avsløra at han ikkje likte å sjå seg sjølv i Staněk sin spegel.

Bakgrunn

Číňan Staněk viser utan tvil til varehuset Maison Staněk. Butikken låg i Ferdinandova třída 32 med kontor og lager i Vladislavova ulice nr. 13 (frå 1896 nr. 17) i same nabolaget. Dei importerte og omsette kunst og industrivarer frå det fjerne austen, te, vin og rom. Dessutan tilverka dei bambus-møblar. Føretaket vart grunnlagd i 1876 av Vilém Staněk og annonsar frå 1880-talet viser han fyrst og fremst som importør av te. Firmaet heitte på denne tida Staňkův ruský obchod s čajem (Staněk's russiske te-handel).

Nokon "kinesar" i eigentleg forstand var det altså ikkje snakk om, sjølv om kinesaren Li Gü var tilsett der og var kjend i heile byen. I eitt av utstillingsvindaugo stod ein konveks spegel.

Vilém Staněk

Eigaren var fødd i 1853 og var berre 23 år gammal då han grunnla føretaket. Han hadde reist eindel i britiske og franske koloniar, mellom anna i India, dessutan budde han nokre år i Paris. Firmaet vaks raskt og heilsides-annonsar i mellom anna Prager Tagblatt fortel ein del om historia deira. Dei var representerte i fleire byar rundt om i verda, m.a. Yokohama og Hong Kong. I 1909 opna dei eige utsalg i Pilsen.

Staněk vitja kvart år auksjonar i Nisjni Novgorod og London. Han skreiv òg fagartiklar om te og gav dessutan ut tidskriftet Staňkův Světem (Staněk utover verda). Det kom ut frå 1889 til 1896, med innhald på tsjekkisk og tysk, redigert av Hanuš Wahner. Staněk var rekna som ein meister på marknadsføring, godt hjelpt av broren Emanuel som stod for illustrasjonar.

Staněk døydde 22. november 1893 av lungetuberkulose, berre 40 år gammal. Kona Kateřina (f. 1866) tok over etter mannen sin bortgang. Firmaet var i drift fram til 1938 då det gjekk konkurs.

Sitat
[1.15] „Poslušně hlásím, pane obrlajtnant, že se nelíbím, jsem v tom zrcadle nějakej takovej šišatej nebo co. Vono to není broušený zrcadlo. To jednou měli u toho Číňana Staňka vypouklý zrcadlo, a když se někdo na sebe podíval, tak se mu chtělo vrhnout. Huba takhle, hlava jako dřez na pomeje, břicho jako u napitýho kanovníka, zkrátka figura. Šel kolem pan místodržitel, podíval se na sebe a hned to zrcadlo museli sundat.“

KjelderMilan Hodík, Petr Štembera

Litteratur

Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

1. Švejk sine uhell på toget

Nádraží císaře Františka Josefaen flag
Král. Vinohrady/300, Sadová silnice 2
Wikipedia czdeen Google kartsøk Švejkova cesta
hlavni.jpg

Wiener Bilder, 27.1.1909.

Nádraží císaře Františka Josefa (no Hlavní nádraží) er ikkje nemnd direkte i forteljinga men det er klårt ut frå omstenda at det var frå hovudbanestasjonen at Oberleutnant Lukáš og Švejk la ut på ferda si. Dei kom skeivt ut avdi koffertane vort stolne på stasjonen, og det skulle som me veit bli verre ...

Bakgrunn

Nádraží císaře Františka Josefa var namnet på hovudbanestasjonen i Praha fram til 1918. Den har seinare òg heitt Wilsonovo nádraží etter president Woodrow Wilson. Sidan 1953 har det offisielle namnet vore Praha hlavní nádraží (Praha hovudbanestasjon). Stasjonen vart opna i 1871 og den er i dag den langt travlaste jernbanestasjonen i landet.

I 1914 hadde stasjonen fjernsamband med Wien og ei rekkje andre stader både lokalt og regionalt. Den var ein av dei tre store stasjonane i Praha, saman med Státní nádraží (no Masarykovo) og Severozápadní nádraží (no riven).

Sitat
[2.1] „Poslušně hlásím, pane obrlajtnant,“ ozval se tiše Švejk, „doopravdy ho ukradli. Na nádraží se vždycky potlouká moc takových šizuňků a já si to představuju tak, že jednomu z nich se nepochybně zamlouval váš kufr a ten člověk že nepochybně využitkoval toho, jak jsem vodešel od zavazadel, abych vám vohlásil, že s našima zavazadlama je všechno v pořádku.

Skrivst òg:Emperor Franz Joseph Station en Kaiser-Franz-Joseph-Bahnhof de

Severozápadní nádražíen flag
Praha II./1583, Tešnov 2
Wikipedia czde Google kartsøk
tesnov.png

Venkov, 5.7.1912.

tesnov1.png

Orientační plán král. hl. města Prahy a obcí sousedních, 1910-1914.

Severozápadní nádraží vert nemnd når Švejk forklarar Oberleutnant Lukáš at tjuveri på jernbanestasjonar alltid førekjem. Dette var etter at bagasjen deira hadde vorte stolen på stasjonen i Praha dei reiste frå, truleg Nádraží císaře Františka Josefa.

Her på Nordvest-stasjonen vart det i fylgje soldaten for to år sidan stole ei barnevogn med ein jentunge i. Ungen vart levert på politistasjonen der Švejk budde.

Bakgrunn

Severozápadní nádraží var ein større jernbanestasjon i Praha, frå 1953 kalla Praha-Těšnov. Den låg i Florenc og var i drift fram til 1972 (bygningen vart riven in 1985). Det var herfrå Jaroslav Hašek tok toget til Světlá nad Sázavou (på veg til Lipnice) 25. august 1921.

I Praha var den hovudstasjonen til Österreichische Nordwestbahn. Dette var eit privat jernbaneselskap som vart stifta i 1868 og dreiv fram til dei vart nasjonaliserte i 1909. Hovudkvarteret låg i Wien. Stasjonen vart under Austerrike-Ungarn brukt av toga til Wien og Berlin, samt av ein del regionale strekningar.

Det har ikkje lukkast å finna nokon omtale av episoden med den stolne barnevogna, sjølv om eit slikt tjuveri heilt sikkert ville vorte omtala i avisene slik som Švejk seier. Skal ein tru soldaten må tjuveriet ha funne stad i 1912 og ungen vorten levert inn på Policejní komisařství Salmova ulice (som var den næraste politistasjonen til der ein går ut frå at Švejk budde).

Det skal òg noterast at Jaroslav Hašek var lokalreporter i České Slovo ein periode i 1912 og det er ikkje utenkjeleg at han her gjenbrukar ein av sine eigne reportasjar (det vart òg hevda at nokre av dei var påfunn).

Sitat
[2.1] Před dvěma léty na Severozápadním nádraží ukradli jedné paničce kočárek i s holčičkou v peřinách a byli tak šlechetní, že holčičku vodevzdali na policejním komisařství u nás v ulici, že prej ji našli pohozenou v průjezdě. Potom noviny udělaly z tý ubohý paní krkavčí matku.“

Skrivst òg:North West Station en Nordwestbahnhof de Nordveststasjonen no

Litteratur

Neue Freie Presseen flag
Wien I., Kolowratring, Fichtegasse 12
Wikipedia czdeen Google kartsøk
nfp0.png

Framsida på fyrste nummeret, 1.9.1864

nfp1.png

The Jewish Monitor, 29.10.1920

Neue Freie Presse vert nemnd i samband med Švejk og Oberleutnant Lukáš si togreise til Budějovice. Ovafor dei i kupeen sit ein flintskalla mann og les i denne avisa. Seinare viser det seg at mannen var den berykta generalmajor Generalmajor von Schwarzburg.

Bakgrunn

Neue Freie Presse var ei dagsavis som vart gjeven ut i Wien frå 1864 til 1939, stifta av utbrytarar frå Die Presse. Den hadde både morgon og kveldsutgåver. Politisk var den rekna som borgarleg liberal, på linje med t.d. Prager Tagblatt og Bohemia.

Avisa fekk etter kvart stor innflytelse, leia av den mektige sjesredaktøren Mortitz Benedikt (1849-1920). Den var dessutan ei av dei aller største i Austerrike, med om lag 500 tilsette, og hadde eit godt rykte òg internasjonalt. Dei var kjende for framifrå journalistikk og knyta til seg kjende skribentar som Theodor Herzl, Hugo von Hoffmannsthal, Bertha von Suttner og Stefan Zweig.

Under fyrste verdskrigen inntok dei ei aggressiv patriotisk haldning, men hadde alt under den fransk-tyske krigen i 1870-71 vist pro-tyske haldningar.

I mellomkrigstida heldt avisa fram men vart stengd av nazistane i 1939. Avisa hadde heile tida hatt mange jødiske medarbeidarar og Benedikt sjølv var av jødisk avstamning.

Sitat
[2.1] „Dohromady nic, pane obrlajtnant,“ odpověděl Švejk, nespouštěje oči s lysé lebky civilisty sedícího naproti nadporučíkovi, který, jak se zdálo, nejevil pražádný zájem o celou záležitost a četl si „Neue Freie Presse“, „v celým tom kufru bylo jen zrcadlo z pokoje a železnej věšák z předsíně, takže jsme vlastně neutrpěli žádný ztráty, poněvadž zrcadlo i věšák patřily panu domácímu.“

Litteratur

V čubčím hájien flag
Praha II., Nekázanka ul.
Google søk
nekazanka.jpg

Nekázanka ulice, 1907.

V čubčím háji vert nemnd i ein anekdote når Švejk fortel Oberleutnant Lukáš om den velvillige Nechleba som alltid mislukkast i sine gode forsett.

Bakgrunn

V čubčím háji var i fylgje Švejk ein pub i Nekázanka ulice men opplysningar utover dette er ikkje tilgjengelege. Namnet er nok eit daglegdags omgrep for ein av pubane i gata eller forsåvidt ein anna stad. Det låg i 1910 fleire skjenkestader i gata og den best kjende av desse var U zlatého křížku.

Folta Josef858-II. Nekázanka 1
Hýna Antonín "U zlatého křížku"880-II. Nekázanka 7
Stejskal Karel879-II. Nekázanka 9

Sitat
[2.1] „Poslušně hlásím, že jsem to, pane obrlajtnant, pozoroval. Já má, jak se říká, vyvinutej pozorovací talent, když už je pozdě a něco se stane nepříjemnýho. Já mám takovou smůlu jako nějakej Nechleba z Nekázanky, který tam chodil do hospody ,V čubčím háji’.

Skrivst òg:The Bitches' Grove en Hündin im Hain de

Litteratur

U Špírkůen flag
Praha I./1024, Kožná ul. 14
Google kartsøk
uspirku3.png

Adressář hl.m. Prahy 1896

uspirku1.png

Prager Tagblatt, 26.9.1897

uspirku2.png

Národní listy, 11.5.1912

uspirku.png

Rovnost, 5.3.1916

uspirku4.png

Národní politika, 27.9.1929

U Špírků er nemnd på toget til Budějovice i samband med at Švejk ytrar seg om årsakene til håravfall, og siterer uheldigvis ein medisinstudent frå U Špírků på dette. Den flintskalla herren ovafor er generalmajor Generalmajor von Schwarzburg, og han tek ytringa særs ille opp.

Bakgrunn

U Špírků var ein kafé i Staré město i Praha som enno eksisterer om enn i ei anna utgåve. Den vart i fylgje restauranten si vevside grunnlagd så tidleg som i 1870, renovert i tradisjonell stil mellom 2004 og 2006.

Kaféen finst ikkje i adressebøkene frå før krigen, men på den aktuelle addressa registrerte politiet i 1891 ein viss Karel Špirk som er oppførd som cafetier. På 1890-talet sette Špirk og kona ved fleire høve inn annonsar i Prager Tagblatt der dei ynskte sine jødiske gjester godt nyttår. I adresseboka frå 1896 er kaféen oppførd under namnet U dvou kominíků (Ved dei to skorsteinsfeiarane) med kona Rozalie Špirková som eigar.

I 1912 melde Národni listy at han var avliden og det kjem dessutan fram at han vart 54 år gamal, var kaféeigar og innehavar av fast eigedom. Špirk var iflg. politibøkene fødd 12. oktober 1858 i Praha så samanhengen er eintydig. Han var gift med den 10 år yngre Roselie, og dei hadde ei dotter Anna, fødd i 1887. Karel Špirk døydde 9. mai 1912 i Senohraby og vart gravlagd på Vyšehrad kyrkjegard.

Eit avisinnslag frå Právu Lidu i 1916 stadfestar at kaféen enno var i drift og at den vart utsett for eit politiraid grunna ulovleg prostitusjon (Tunel er nemnd i same oppslaget). Enno i 1929 viser annonsar at kaféen var i drift, no under det offisielle namnet U Špírků. Dei lokka med konsertar, og serverte Prazdroj (Pilsner Urquell).

Eigar i 1924 var Josef Baloun og i 1936 var Marie Balounová oppførd i same rolla. Eit bilete frå 1945 viser at etablissementet overlevde nazi-protektoratet. Under den fyrste republikken fungerte U Špírků òg som uoffisisielt bordell (frå 1921 vart bordell-lisensane avskaffa).

Ein anna "U Špírků"

Frå 1920 dukkar det opp eit vertshus med same namn i diverse avisannonsar. Den låg i Sokolská třída i Nové město og dette er òg ein stad forfattaren nok har visst om ettersom han vanka mykje i dette området (sjå Apollo, Bendlovka og U kalicha). Avisannonsar avslører at denne U Špírků var mykje brukt til møte. Sjølv om det ikkje er spor etter denne kafeen i adressebøkene frå før krigen kan ein likevel ikkje så bort frå "bakoverdatering" ettersom Jaroslav Hašek til tider la opplysningar inn i romanen som var i kronologisk konflikt med handlinga frå 1914/1915. Sjå Siedliska, Artur Lokesch, doktor Batěk for døme på dette.

Sitat
[2.1] “A pokračoval neúprosně dál: „Potom říkal jednou jeden medik v kavárně „U Špírků“, že padání vlasů zaviňuje duševní pohnutí v šestinedělí.“

Litteratur

Banka Slaviaen flag
Praha II. /978, Havlíčkovo nám. 23
Google kartsøk
slavia.jpg

Rozkvět, 10.4.1910

slavia1.png

Český Lloyd, 13.9.1902

Banka Slavia er nemnd på toget til Budějovice når Švejk på uskuldig vis spør general Generalmajor von Schwarzburg om han tilfeldigvis er representanten herr Purkrábek frå denne banken.

Bakgrunn

Banka Slavia var eit gjendisig forsikrings-selskap (og bank) med hovedkontor på Havlíčkovo náměstí. Foretaket vart grunnlagt i 1868 av ei gruppe forretningsmenn leia av F. L. Chleborad. Fyrste generalforsamlinga vart halden 14. mai 1869. Selskapet vaks raskt og ved århundreskiftet var dei etablerte i Praha, Brno, Wien, Lwów, Zagreb og Lubljana. Ved krigsutbrotet hadde dei òg oppretta filial i Sarajevo.

I mellomkrigstida hadde firmaet sin beste periode og hadde eigarandeler i utanlandske finansinstitusjonar, jamvel så langt borte i New York. Dei heldt fram drifta heilt til 1945.

Hašek og Slavia

Jaroslav Hašek var tilsett som lærling i banken frå oktober 1902 til han vart oppsagd i juni 1903. Grunnen var to lengre fråver utan løyve, det siste 30. mai 1903. Hašek forsvann utan spor og la ut på ei reise som kan ha vard opptil 4 månader.

Familien til forfattaren var sterkt knytta til Slavia: både faren Josef og den yngre broren Bohuslav var tilsette i banken.

Sitat
[2.1] „Dovolte, vašnosti, neráčíte být pan Purkrábek, zástupce banky Slavie?“

Kjelder: Vojtěch Pojar, Radko Pytlík

Litteratur

K.u.k. Infanteriekadettenschule Pragen flag
Praha IV./221, Mariánské hradby -
Wikipedia czde Google kartsøk
kadetniskola1.jpg

Český svět, 1913

K.u.k. Infanteriekadettenschule Prag er fyrste gong direkte nemnd i ein samtale mellom Generalmajor Generalmajor von Schwarzburg og Rudolf Lukas etter episoden på toget til Tábor. Her vert overløytnanten spurd kvar han gjekk på kadettskule og svaret er Praha.

Då forfattaren introduserte Oberleutnant Lukáš i [1.14] var kadettskulen nemnd men det kom ikkje fram kvar den låg.

I [3.1] på stasjonen i Győr finn det stad ein alvorleg samtale mellom Hauptmann Ságner og stasjonskommandant Bahnhofskommandant Zykán. Det kjem fram at Ságner hadde vore medeleven til Oberleutnant Lukáš på skulen, saman med Zykán.

Bakgrunn

K.u.k. Infanteriekadettenschule Prag viser til ein infanterikadettskule i Praha som vart opna i 1869 og som frå 1900 heldt til i nordre delen av Hradčany. Bygningen er enno i bruk og har hatt ulike funksjonar i ettertida, mellom anna vore sete for både nazi- og sovjet-okkupantar. I dag er den brukt av det tsjekkiske forsvarsdepartementet.

Čeněk Sagner gjekk faktisk på denne skulen frå 1901 til 1905, men motsetning til det litterære motstykket sitt gjekk ikkje Rudolf Lukas her. Han vart uteksaminsert frå Královo Pole (Königsfeld) ved Brno. Desse to var dei einaste infanteri-kadettskulane på tsjekkisk område. I tillegg hadde Mähren monarkiet sin einaste kavaleri-kadettskulle, i Hranice na Moravě (Mährisch Weisskirchen).

Kadettskular var institusjonar for grunnleggande utdanning av yrkesoffiserar i landstridskreftene. Dei aller fleste tilhøyrde infanteriet, men det var eigne skular for kavaleriet, artilleriet og pionerstyrkane. Skuletida var fire år og ved sida av militærutdanning vart det og undervist i ålmennfag. Dei nyutdanna gjekk ut med rangen Fähnrich, fram til 1908 Kadett-Stellvertreter. Elitepreget ved skulane var støtta mellom anna gjennom at søner av offiserar betalte langt mindre i skulepengar enn andre.

Sitat
[2.1] „Pane nadporučíku,“ řekl, „kde jste navštěvoval kadetní školu?“ „V Praze.“ „Vy jste tedy chodil do kadetní školy a nevíte ani, že důstojník je zodpověden za svého podřízeného. To je pěkné.
[3.1] Pamatuji se jenom na to, že jsem jednou v kadetce v Praze vám pomáhal na hrazdu jako jeden ze staršího ročníku. Tenkrát jsme oba nesměli ven. Vy jste se pral s Němci ve třídě? Tam byl s vámi také Lukáš.

KjelderMilan Hodík

Skrivst òg:Infantry Cadet School Prague en Pěchotní kadetní škola Praha cz Praha Infanterikadettskule no

Litteratur

Táborské nádražíen flag
Google kartsøk Švejkova cesta
tabornadr1.jpg

Josef Lada, 1955.

tabornadr.jpg

Bechyňská dráha, zahájení, nádraží, 1903

tabormag.png

Såra ungarske soldatar i Tábor

Nachrichten über Verwundete und Kranke, 9.1.1915.

tabornadr.png

Chytilův adresař 1915.

Táborské nádraží spelar ei viktig rolle i romanen gjennom at togturen frå Praha til Budějovice vart uventa avbroten her. Dette var etter Švejk sine mange uhell, der høgdepunktet var at han drog i naudbremsa. Ettersom han ikkje hadde pengar tilbota måtte han av toget for å svara for seg hjå stasjonsmeisteren.

Ein velgjerar på stasjonen betalte bota for han gav han pengar til reisa vidare, men desse drakk han opp på jernbanerestauranten saman med ein ungarsk rekonvalesent. Sjansane får å kjøpt ein billett vidare minka med kvar øl.

Švejk vart til slutta plukka opp av ein patrulje og militærkommandanten betwmde til slutt at han måtte til slutt halda fram til fots. Dette var startskotet til Švejk sin vidkjende anabasis der han, til trass for sin iver, lenge fåfengd prøvde å nå fram regimentet sitt.

Tábor er nemnd att fleire gonger når Wachtmeister Flanderka forhøyrer Švejk ved Gendarmeriestation Putim. Soldaten informerer om at stasjonar er lette å ta bilete av ettersom dei ikkje rører på seg.

Bakgrunn

Táborské nádraží er jernbanestasjonen i Tábor som ligg om lag 2 kilometer aust for sentrum. Den er ein av dei viktigaste stoppestaden på linja Praha - Budějovice.

Jernbanestasjonen vart bygd i åra 1869-1871 og vart brukt av selskapet Kaiser Franz Josephs-Bahn[1] som trafikerte strekninga Praha - Wien. Andre viktige stoppestader på linja var Benešov, Veselí nad Lužnicí, Třeboň og Gmünd. Stasjonen hadde òg samband med Budějovice og frå 1903 var den startpunktet for lokalbana til Bechyně. I 1914 var stasjonen òg stoppestad for linjer som gjekk aust-vest: Jihlava - Domažlice. Stasjonsjef i 1914 var Vincenc Motyčka så dette var mannen Švejk måtte forklara seg for (dersom episoden har ein bakgrunn frå det verkelege liv).

Madjarar i Tábor

Ved fyrste augekast kan det tykkjast merkeleg at Švejk møtte ein såra ungarsk soldat i Tábor, langt frå det ungarske kjernelandet. Ved nøyare undersøkingar viser det seg likevel at det kan ha hendt. Tábor hadde eit stort sjukehus, godt jernbanesamband og tok imot såra soldatar frå heile monarkiet. Går ein gjennom listene over såra og sjuke frå tidleg 1915 viser det seg fleire ungarske namn dukkar opp nettopp på dette sjukehuset.

Krigsutbrotet førde og med seg at krigs-sjukehus (lasarett) vart oppretta. Sokol tilbaud fort lokala sine og venteromma på stasjonen vart tekne i bruk av Raude Kross. I januar 1915 vart det dessutan oppretta lasarett fleire andre stader i byen.

Hašek på stasjonen?

Jaroslav Hašek skreiv lite om Tábor i forteljingane sine så det er uvisst om han nokon gong vitja byen før fyrste verdskrigen. Derimot må han i februar 1915 vore innom ettersom toget som tok han til Budějovice for å melda seg hjå k.u.k. Infanterieregiment Nr. 91 nødvendigvis må ha stogga her. Kontingenten med Landsturm-rekruttar som Hašek høyrde til skulle medla seg 15. februar 1915 og han vart innskriven hjå regimentet to dagar seinare. Om denne forseinkinga skuldast eit opphald i Tábor eller skuldast køar ved innskrivinga kan ein berre spekulera over. I romanen nemner forfattaren to propagandplakatar som passar godt med februar 1915, nemleg dei til Trainsoldat Bong og Zugsführer Danko. Det er ingen tvil om at han såg dei, ellers ville han ikkje ha vore i stand til å gjengi dei så nøyaktig. Det viser seg at desse propagandamotova var henta frå Kriegskalender frå 1919 og at nokre av dei omtalar hendingar frå 1917 så det er ingen sjanse for at Hašek kan ha sett dei i februar 1915. Det må og leggast til at omtalen hans av jernbanerestauranten som "tredje klasse" neppe stemmer: både bilete og anna informasjon tyder på at etablissementet var av det finare slaget. Sjå Nádražní restaurace v Táboře.

Sitat
[2.1] Zůstal průvodčí se Švejkem a mámil na něm dvacet korun pokuty, zdůrazňuje, že ho musí v opačném případě předvést v Táboře přednostovi stanice. „Dobrá,“ řekl Švejk, „já rád mluvím se vzdělanejma lidma a mě to bude moc těšit, když uvidím toho táborskýho přednostu stanice.“

Skrivst òg:Tábor railway station en Tábor Bahnhof de Tábor jernbanstasjon no

Merknader
1. Nasjonalisert og innlemma i k.k. Staatsbahnen 1. mai 1884.

Litteratur

Nádražní restaurace v Tábořeen flag
Google kartsøk Švejkova cesta
tabnadrest.jpg

Interiér, Nádražní restaurace

tabnadrest.png

Chytilův adresař 1915.

tabnadres1.png

Tábor, 4.6.1915.

Nádražní restaurace v Táboře var ein tredjeklasses restaurant på stasjonen i Tábor som fekk besøk av Švejk etter at man måtte gå av toget etter episoden med naudbremsen. Ein velgjerar betalte både bota på 20 kroner og inviterte han på øl og gav han dessutan ein femmar til reisa vidare. Švejk var likevel så uheldig at han drakk den eine ølen etter den andre medan han spanderte på ein ungarsk rekonvalesent. Resultatet er kjendt: han hadde ikkje pengar til reisa vidare og måtte halda fram til fots og dermed starta sin vidkjende anabasis.

Bakgrunn

Nádražní restaurace v Táboře er i dag (2010) ei enkel bistro men tidlegare var dette ein stor og finare restaurant med sommarterrasse. Den låg mellom dei to hovudblokkene til stasjonsbygningen.

Stasjonen hadde ein restaurant heilt frå den opna i 1871 og i 1886 var den driven av Antonín Jonáš. Kven som dreiv den opp gjennom åra er uvisst men i 1913 Antonín Stětina vert. Det virkar som han gjekk konkurs våren 1914.

Frå 1914 var Jan Zimák offiselt oppførd som eigar og det var han som dreiv då Jaroslav Hašek reiste forbi her i midten av februar 1915. Frå hausten 1914 leverte Zimák mat til Raude Kross-klinikken som vart oppretta på stasjonen. In 1915 reklamerte restauranten for seg sjølv som elegant, med framifrå mat, og den tappa fatøl frå Pilsen. I 1932 var den enno i drift og lite hadde endra seg - og ølet var enno frå Pilsen. Restaurantvert var no Karel Hokův og han er oppførd enno i 1939. Kva som hende med restauranten seinare vitast ikkje.

Opplysningane me har om restauranten stemmer ikkje med Hašek sin omtale av den som "tredje klasse" så ein må gå ut frå at han ikkje var der sjølv, og at Švejk sitt opphald heller er inspirert av hendingar annastadsfrå.

Sitat
[2.1] Mezitím dobrý muž věřící v nevinnost Švejkovu zaplatil za něho v kanceláři pokutu a odvedl si Švejka do restaurace třetí třídy, kde ho pohostil pivem, a zjistiv, že všechny průkazy i vojenský lístek na dráhu nalézají se u nadporučíka Lukáše, velkomyslně dal mu pětku na lístek i na další útratu. When this large scale restaurant ceased to exist is not known.

Skrivst òg:Tábor station restaurant en Tábor Bahnhofgaststätte de Tábor stasjonsrestaurant no

Litteratur

K.u.k. Traineskadron Nr. 3en flag
Kraków, ul. Zwierzynieckiej
Google kartsøk Švejkův slovník
train3.png

Verordnungsblatt für das k.u.k. Heer, 5.12.1914

train3a.png

Grazer Tagblatt, 19.2.1915

train3b.png

Schematismus für das K.u.k. Heer.., 1914

K.u.k. Traineskadron Nr. 3 er nemnd som eininga der soldaten Trainsoldat Bong utførde sine heltedådar. Dette i fylgje ein propagandaplakat Švejk observerte på Táborské nádraží.

Bakgrunn

K.u.k. Traineskadron Nr. 3 viser til 3. skvadron av Traindivision Nr. 1, ei forsyningseining i k.u.k. Heer. Soldaten Trainsoldat Bong var verkeleg nok, stadfesta av nokre avisnotisar om han tidleg i 1915.

Forsyningsdivisjonar

K.u.k. Heer hadde 16 Traindivisionen (Forsyningsdivisjonar), nummererte etter landforsvarsdistriktet dei var rekrutterte frå. Armeekorps Nr. 1 og Kraków militærditrkt dekka det vestlege Galicia og deler av Schlesien og Mähren og detta var området Traindivision Nr. 1 vart rekrutterte frå. Tsjekkiske byar som Moravská Ostrava, Opava og Olomouc tilhøyrde såleis distriktet, saman med betydelege polske byar som Kraków, Cieszyn, Wadovice, Nowy Targ og Tarnów.

Dei 16 traindivisjonane bestod av eit varierande antal skvadronar. Traindivision Nr. 1 var forlagd i sjølve Kraków, i den såkalla Weichseldepotkaserne (i 1918 omdøypt til koszary Bartosza Głowackiego). Den låg nær sentrum i ul. Zwierzynieckiej.

Øvstkommanderande for Traindivision Nr. 1 var frå 1. november 1912 Major Theodor Indra, frå 1. mai 1915 forfremja til Oberstleutnant. Eit blikk på offiserslista frå 1914 avslører ein kuriositet: ingen av dei hadde polske etternamn, alle offiserande synest å ha vore tyskarar eller tsjekkarar.

Sitat
[2.1] Zatímco šikovatel šel shánět nějakého důstojníka, Švejk si přečetl na plakátu:

VOZATAJEC JOSEF BONG

Vojáci zdravotního sboru dopravovali těžce raněné k vozům, připraveným v kryté úžlabině. Jakmile byl plný, odjelo se s ním na obvaziště. Rusové, vypátravše tyto vozy, počali je obstřelovati granáty. Kůň vozatajce Josefa Bonga od c. a k. 3. vozatajské švadrony byl usmrcen střepinou granátu. Bong bědoval: „Ubohý můj bělouši, je veta po tobě!“ Vtom sám zasažen byl kusem granátu.

Litteratur

K.k. Schützenregiment Nr. 21en flag
St. Pölten, Schießstattring 8
Wikipedia pl Google kartsøk Švejkův slovník
lir21.png

Landwehr-Ergänzungsbezirk Nr. 21, 1913

schutzen.png

Eggenburger Zeitung, 6.4.1917

paulhart.png

Österreichisches Kriegs-Echo, Jänner 1918

K.k. Schützenregiment Nr. 21 er nemnd i forbifarten avdi Švejk på stasjonen i Tábor observerer ein propagandaplakat som omhandlar Zugsführer Hammel, Korporal Paulhart og Korporal Bachmayer. Alle gjorde teneste i dette regimentet.

Bakgrunn

K.k. Schützenregiment Nr. 21 var eit av 37 austerrikske Landwehr-infanteriregiment. Saman med dei fleste av systerregimenta vart det grunnlagd i 1889. Rekrutteringsdistriktet var St. Pölten som omfatta rundt rekna den vestlege halvdelen av det noverande Niederösterreich. Nokre av mannskapet var òg rekrutterte frå distriktet Wien B. Den etniske samansetjinga av regimentet var omtrent full ut tysk. Staben og alle tre bataljonane var i 1914 forlagde i St. Pölten.

Regimentet var forlagd i brakkekomplekset på Schießstattring (Eugenkaserne, Rainerkaserne og Franz-Josephs-Kaserne), no Hesserkaserne[b].

Under krigen slost dei fyrst på austfronten, i 1915 vart dei flytta til fronten mot Italia, så til Galicia ved Brusilov-offensiven i 1916. Dei vart så på ny overførde til sørvest-fronten og dei tok del i framrykkinga mot Piave hausten 1917.

K.k. Landwehr ⇒ K.k. Schützen

Det var fyrst frå 1917 at omgrepet Schützenregiment (rifleregiment)[1] vart teke i bruk offisielt ettersom alle einingane i k.k. Landwehr vart omdøypte i april det året. Dette tyder på at forfattaren henta inspirasjon frå propagandmateriell med opphav frå dei seinare krigsåra og ikkje frå kva han sjølv var vitne til i 1915. Sjå neste avsnittet for stadfesting av denne hypotesa.

1. Cecil Parrott si omsetjing til engelsk konkluderer feilaktig med at dette var eit artilleri-regiment.

Tagliamento, 1917

Hendingane som var framstilde på bileta som Švejk såg i Tábor i 1915 fann faktisk stad, men nesten tre år seinare. Zugsführer Hammel, Korporal Paulhart og Korporal Bachmayer gjorde alle teneste ved k.k. Schützenregiment Nr. 21 og dei vart nemnde saman i ein rapport frå slagmarka tidleg i 1918. Tittelen var Das St. Pöltner Schützenregiment Nr. 21 am Tagliamento og den vart trykt i Streffleur's Militärblatt, Linzer Volkszeitung m.fl. Den handla om regimentet sin aktivitet ved elva Tagliamento i Nord-Italia den 5. november 1917, og har med nokre linjer om dei tre soldatane som er nemnde i romanen. Alle tre utmerka seg i kamp og vart dekorerte med sylvmedaljar for djervleik.

Ikkje oppdikta

I romamen sler Hašek fast at desse plakatane var laga i k.u.k. Kriegsministerium av vernepliktige tyske journalistar. Dette er stort sett sant, til dømes var Egon Erwin Kisch ein av desse. På den andre sida er påstanden om at folka på plakatane var oppdikta sjeldne mønstersoldatar usann. Zugsführer Hammel, Korporal Bachmayer, Korporal Paulhart, Zugsführer Danko og Trainsoldat Bong var alle verkelege nok men bragdene deira vart sjølvsagt skrytte opp for propagandaføremål.

Der Soldatenfreund. Kalender für das Jahr 1919

Inspirasjonen til propagandaplakatane som Švejk betrakta i Tábor er utan tvil Kriegskalender, eller meir konkret: Der Soldatenfreund. Kalender für das Jahr 1919 og truleg den tsjekkiske utgåva av den. Grunnen til at me kan vera så sikre er at dei fire motiva (seks personar) som er omtala i denne sekvensen av Den gode soldat Švejk alle finst i denne kalenderen og tekstsekvensane som Hašek brukar er omtrent ordrett henta herfrå. I tilfellet doktor Vojna fann til og med ein stavefeil i etternamnet vegen inn i romanen.

Motiva er henta frå sidene 6 til 29 som er ein rein kalender-seksjon. For kvar månad vart det over to sider presentert "eit lysande førebilete på mot og djervleik". Det inneheld ei teikning med ein liten undertittel på den eine sida og ei meir utfyllande utgreiing om heltedåden på den neste.

I tilfella Zugsführer Danko og Zugsführer Hammel (med Korporal Paulhart og Korporal Bachmayer) er den korte teksten til teikninga attgjeven som den er. For Trainsoldat Bong er den lengre omtalen kopiert nesten ordrett. I tilfellet doktor Vojna er det annaleis for her fann berre mindre utdrag av omtalen vegen til Den gode soldat Švejk medan soldaten sin livlege fantasi ordna med resten.

Sitat
[2.1] Dobrého vojáka Švejka uvítal obraz znázorňující dle nápisu, jak četař František Hammel a desátníci Paulhart a Bachmayer od c. k. 21. střeleckého pluku povzbuzují mužstvo k vytrvání. Na druhé straně visel obraz s nadpisem: „Četař Jan Danko od 5. pluku honvédských husarů vypátrá stanoviště nepřátelské baterie.“

Litteratur

Referensar
aSchematismus der k. k. Land­wehr...Ministerium für Landesverteidigung1914
bHesserkaserneWikipedia.de
K.u. Honvéd Husaren Regiment Nr. 5en flag
Kassa (Košice)
Wikipedia deenhupl Google kartsøk Švejkův slovník
honhus5.png

Honvédség és Csendőrség Névkönyve, 1914

danko2.png

Oesterreichische Volks-Zeitung, 21.10.1914

K.u. Honvéd Husaren Regiment Nr. 5 er nemnd i forbifarten avdi Švejk på stasjonen i Tábor observerer ein propagandaplakat som viser Zugsführer Danko frå dette regimentet.

Bakgrunn

K.u. Honvéd Husaren Regiment Nr. 5 (M. kir. 5. Honvéd Huszárezred) var eit av 10 ungarske Honvéd kavaleriregiment. Det vart rekruttert frå Honvéd district no. III Kassa (no Košice). Kommandant i 1914 var Oberst Pál Hegedűs. Regimentet var forlagd i Košice og Nyíregyháza.

Under krigen

Regimentet vart like etter krigsutbrotet sendt til fronten i Galicia og kom i kamp alt 15. august 1914 ved Stojanów (no Стоянів) ved grensa mot Russland. Dei opplevde det katastrofale nederlaget i slutten av august som tvinga Austerrike-Ungarn til å gje opp Lemberg. Ved årskiftet slost dei i Karpatane og var med på framrykkinga austover våren og sommaren 1915, men no etter kvart til fots. Sommaren 1916 vart dei flytta til fronten mot Romania medan dei siste krigsåret var ved den italienske fronten.

Dankó János

I 1935 vart regimentet si historie frå 1868 til 1918 gjeven ut i bokform. Denne stadfestar at Zugsführer Danko, mannen Švejk såg på ein propagandaplakat i Tábor, faktisk var Zugsführer regimentet og deltok i dei tidlege slaga i Galicia. Namnet hans på ungarsk var János Dankó men han kan òg ha vore slovak.

Sitat
[2.1] Dobrého vojáka Švejka uvítal obraz znázorňující dle nápisu, jak četař František Hammel a desátníci Paulhart a Bachmayer od c. k. 21. střeleckého pluku povzbuzují mužstvo k vytrvání. Na druhé straně visel obraz s nadpisem: „Četař Jan Danko od 5. pluku honvédských husarů vypátrá stanoviště nepřátelské baterie.“

Litteratur

K.u.k. Feldjägerbataillon Nr. 7en flag
Canale (Kanal ob Soči)
Wikipedia de Google kartsøk Švejkův slovník
fjb7a.jpg

7. Feldjägerbataillon. Champagne in Tolmin

fjb7.png

Schematismus für das k.u.k. Heer..., 1914

fjb7.jpg

Kaserne in Tolmein

K.u.k. Feldjägerbataillon Nr. 7 er nemnd av Švejk i ein samtale med ein Landwehr-soldat på stasjone i Tábor. Švejk har lese i Pražské úřední listy om heltedåden til doktor Vojna, ein eittårsfrivilleg frå denne bataljonen.

Bakgrunn

K.u.k. Feldjägerbataillon Nr. 7 var ein av 32 Feldjäger-bataljonar (lett infanteri) i k.u.k. Heer. Dei vart skipa så tidleg som i 1808 og ved midten av århundret tok dei del i felttoga mot Italia. Reservebataljonen heldt til Laibach (Ljubljana) medan staben og mannskapet frå 1905 til 1914 var forlagde i Canale og Tolmein[1] ved elva Isonzo på grensa mot Italia (no i Slovenia). Det store fleirtalen av soldatane i bataljonen var slovenar. Bataljonskommandant i 1914 var Oberstleutnant Wilhelm Staufer. Bataljonen var underlagde Infanteriebrigade Nr. 94 i Tolmein som på si side rapporterte til Infanteriedivision Nr. 28 i Laibach.

Det er knapt med detaljert informasjon om bataljonen under fyrste verdskrigen. Österreich-Ungarns letzter Krieg avslører at dei var del av Infanteriebrigade Nr. 56, og rapporterte til Infanteriedivision Nr. 28, III. Korps, og opererte på austfronten. I 1914 tok dei del i kampar ved Gologóry, Jaroslav, Przemyśl, Homonna og Dukla. Gjennom resten av krigen er det vanskeleg å spora dei men i juli 1916 var dei i kamp sør for Valsugana på tyrolfronten. Bragdene deira vart i denne samanhengen omtala i den daglege offisielle krigsbulletinen.

1. Slovensk: Kanal ob Soči, Tolmin

Sitat
[2.1] Když Švejk dočetl a šikovatel se ještě nevracel, řekl k landverákům na strážnici: „Tohle je moc krásnej příklad zmužilosti. Takhle budou u nás v armádě samý nový postroje na koně, ale když jsem byl v Praze, tak jsem čet v Pražskejch úředních listech ještě hezčí případ vo nějakým jednoročním dobrovolníkovi Dr Josefu Vojnovi. Ten byl v Haliči u 7. praporu polních myslivců, a když to přišlo na bodáky, tak dostal kulku do hlavy, a když ho vodnášeli na obvaziště, tak na ně zařval, že kvůli takovému šrámu se nenechá obvázat.

Litteratur

Pražské úřední listyen flag
Praha III./387, Karmelitská ul. 6
Google kartsøk
pnov1.png

Adresář královského hlavního města Prahy a obcí sousedních, 1907

Pražské úřední listy vert vist til av Švejk på stasjonen i Tábor. I denne avisa om dei fantastiske bragdene til doktor Vojna frå k.u.k. Feldjägerbataillon Nr. 7.

Bakgrunn

Pražské úřední listy var eit samleomgrep for publikasjonane til c.k. Místodržitelství (k.k. Statthalterei) i Praha. Avisene var talerøyr for dei austerrikske styresmaktene i Böhmen, leia av statthaldaren. For fleire opplysninar sjå Pražské úřední noviny.

Sitat
[1.7] O celé této události objevil se v „Pražských úředních novinách“ tento článek:

Skrivst òg:Prague Official Newspaper en Prager Amtsblatt de Praha Amtsblad no

Litteratur

Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

2. Švejks anabase til Budějovice

K.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 7en flag
Plzen, Doudlevecká třída
Google kartsøk
lir7a.jpg

Landwehr-Ergänzungsbezirk Nr. 7, 1913

lir7.jpg

Kaserna til LIR7, Plzeň

lir7.png

Pilsner Tagblatt, 27.5.1915.

K.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 7 er indirkete nemnd som k.k. Landwehr i Pilsen. Den gamle kona i Vráž fortel Švejk om Toníček Mašků som vart kalla hit.

Bakgrunn

K.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 7 var eit av 37 infanteriregiment i det austerrikske k.k. Landwehr. Saman med dei fleste av systerregimenta vart det grunnlagd i 1889. Soldatane var rekruttert frå disktrika Plzeň, Beroun og Písek. Staben og to bataljonane var i 1914 forlagde i Pilsen, ein bataljon i Rokycany. I 1914 var Oberst Franz Sappe kommandant[a]. Kaserna deira låg Doudlevecká třida, sør for sentrum[d] ved Dobytčí trh, dagens Štefánikovo náměstí.

Under krigen slost dei fyrst i Serbia, frå februar 1915 i Karpatane, Galicia og russisk Polen,i 1916 i Bukovina og ved elva Dnjestr. I juni 1917 vart dei overførde til den italienske der dei vart verande resten av krigen. Unntaket var eit kortare opphald i Ukraina våren 1918[b].

I løpet av fyrste halvåret 1915 vart alle erstatningsbataljonane i tsjekkisk-talande forlgade til område som var befolka av andre nasjonalitetar. Dette galdt òg k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 7 som vart flytta til Rumburg (Rumburk) i det nordlege Böhmen, ein region som nesten utelukkande var tysk-talande. Bataljonen kom til Rumburg om morgonen den 23. mai 1915 [c]. In 1918 var soldatar frå erstatningsbataljonen involverte i det såkalla Rumburk-opprøret og fleire av dei vart avretta etter at oppstanden vart slegen ned.

Kuděj

Hašek kan ha fått annanhands opplysningar om regimentet gjennom venen Zdeněk Matěj Kuděj som mønstra til fyrstegongsteneste hjå dei i 1902. Han tok òg del i periodiske våpenøvingar med dei i 1905, 1909, 1911 og 1913. Under krigen slaåå han derimot billeg unna ettersom han vart kalla inn så seint som i 1917 og han gjorde ikkje tenenste ved fronten.

Sitat
[2.2] „U nás byl taky jeden takovej nezbeda. Ten měl ject do Plzně k landvér, nějakej Toníček Mašků,“ povzdechla si babička, „von je vod mojí neteře příbuznej, a vodjel. A za tejden už ho hledali četníci, že nepřijel ku svýmu regimentu. A ještě za tejden se vobjevil u nás v civilu, že prej je puštěnej domů na urláb. Tak šel starosta na četnictvo, a voni ho z toho urlábu vyzdvihli. Už psal z fronty, že je raněnej, že má nohu pryč.“
Referensar
aSchematismus der k. k. Land­wehr...Ministerium für Landesverteidigung1914
bLIR 7 - bojová cestaSignum belli 19142014
cDer Einmarsch unserer Siebener in RumburgPilsner Tagblatt27.5.1915
dKolaudace zeměbraneckých kasáren Encyclopedie Plzeň
K.u.k. Infanterieregiment Nr. 35en flag
Plzeň/37, Palackého nám. 2
Wikipedia cz Google kartsøk Švejkův slovník
ir35ka.jpg

Kaserna til IR35, Plzeň

ir35schema.png

Schematismus für das K.u.k. Heer..., 1914.

steinsberg.jpg

Fram til 1.2.1915 var oberstløytnant Alfred Steinsberg ein av dei høgare offiserane i IR35. Her på eit bilete frå 1915, no som oberst og sjef for IR91.

SOkA Beroun. Fond Jan Ev. Eybl..

K.u.k. Infanterieregiment Nr. 35 er nemd då Švejk overnattar i ein høystakk ved Putim og oppdagar at han er i selskap med tre desertørar. To av desse er frå IR 35.

Bakgrunn

K.u.k. Infanterieregiment Nr. 35 var eit av 102 regulære infanteriregiment i k.u.k. Heer. Det høyrde til eit av dei eldste ettersom det vart grunnlagd så tidleg som i 1683. Gjennom si lange history to regimentet del i fleire kjende slag, mellom dei: Wien (1689), Aspern (1809), og Solferino (1859). Soldatane var rekruttert frå Heeresergänzungsbezirk Nr. 35, Pilsen. I 1914 var staben og tre bataljonar forlagde i Pilsen, medan tredje bataljon frå 1912 var forlagde i Kalinovik i Bosnia. Ved krigsutbrotet var Oberst Johann von Mossig kommandant[a].

Ved krigsutbrotet var Oberst Johann von Mossig sjef for regimentet. Mellom dei andre høgare offiserane fann ein Alfred Steinsberg[a] som 1. februar 1915 overtok kommandoen for IR 91 og var i denne stillinga gjennom heile Jaroslav Hašek si tid i regimentet.

Under krigen

Frå starten av krigen fram til mai 1915 slost 1. 2. og 4. bataljon i russisk Polen ved Komarów, i Galicia ved Rawa Ruska, ved elva San og aust for Kraków, seinare i Karpatane. Gjennom resten av 1915 og framtil september 1917 heldt dei til i det austlege Galicia og 2. juli 1917 slost dei mot eigne landsmenn frå Legionane ved Zborów. Resten av krigen vart dei sette inn ved den italienske fronten[b]. Den utskilde 3. bataljonen vart aldri slegen saman med resten av regimentet, den opererte fyrst i Serbia og seinare mot Italia[c].

Ersatzbataillon

IR 35 sin erstatningsbataljon vart 14. juni 1915 flytta til Székesfehérvár[c] i Ungarn som del av ein større operasjon for å "verna" rekruttar frå antatt upålitelege folkeslag frå undergravande innverknad frå lokalmiljøet. I Ungarn vart Oberst Karl Schlager, ein av Hašek sine overordna, 26. juli 1915 utnemnd til leiar for regimentet si rekonvalesentavdeling. Han vart i stillinga ut krigen.

Songen om regimentet

Den kjende soldatvisa Pětatřicátníci handlar nettop om dette regimentet og Švejk syng strofer frå den to gonger. Ein gong for Feldkurat Katz i [I.13] og deretter ved Květov i [II.2][d]. Songen ekisterte rett nok ikkje i 1915, den vart fyrst nedskrive to år seinare, så Hašek plukka den truleg opp etter på tida han skreiv Den gode soldat Švejk.

Sitat
[2.2] Když se smích utišil, optal se Švejk, od jakého regimentu jsou oni. Zjistil, že dva jsou od 35. a jeden že je od dělostřelectva, taktéž z Budějovic. Pětatřicátníci že utekli před marškou před měsícem a dělostřelec že je od samé mobilisace na cestách.

KjelderJaroslav Šerák

Litteratur

Referensar
aSchematismus für das k. u. k. Heer...K.k. Hof und Staatsdruckerei1914
cPřekládání náhradních těles jednotek z ČechSignum belli 19142014
dKterou Švejk určitě nezpívalKuzma, Obrana lidu1.1.1966
K.u.k. Feldkanonenregiment Nr. 24en flag
Budějovice, Pražská ul.
Google kartsøk
fkr24.png

Schematismus für das k.u.k. Heer, 1914.

fkr24k.jpg

"Heimatbuch der Berg- und Kreisstadt Böhmisch-Budweis", 1930.

fkr24ob.png

Ordre de bataille. 9. infanteridivisjon, 11.7.1915

© ÖStA/KA

K.u.k. Feldkanonenregiment Nr. 24 er nemd då Švejk overnattar i ein høystakk ved Putim og oppdagar at han er i selskap med tre desertørar. Ein av desse er frå artilleriet i Budějovice så må dermed ha tilhøyrd dette regimentet. Litt seinare ombestemmer forfattaren og gjer han om til Dragoner (kavaleri-soldat). Desertøren som òg eigde høystakken var frå sjølve Putim. Seinare i kapittelet nemner Einjährigfreiwilliger Marek artilleri-patruljar og ettersom handlinga no føregår i CB er det på ny 24. feltartilleriregiment det er snakk om.

Bakgrunn

K.u.k. Feldkanonenregiment Nr. 24 var eitt av 42 feltartilleriregiment i k.u.k. Heer, forlagd i Budějovice. Det vart oppretta i 1892 og rekrutterte frå Militärterritorialbereich Prag (8. Korps), dvs. det sørlege og vestlege Böhmen og området rundt hovudstaden. I 1914 var Oberleutnant Giorgi de Nobile kommandant. Regimentet heldt til i Erzherzog Wilhelm Kaserne som låg i den nordlege utkanten av byen.

Under krigen

Regimentet vart mobilisert ved krugsutbrotet og med Infanteriedivision Nr. 9 vart dei sende til fronten ved Drina der dei deltok i dei mislukka invasjonsforsøka av Serbia. Dei var del av Feldartilleriebrigade Nr. 9 og hadde fem batteri[d].

I juli 1915 var regimentet enno tildelt Infanteriedivision Nr. 9[b] so ein må gå ut frå at dei stort sett fylgde rørslene til k.u.k. Infanterieregiment Nr. 91 og andre einingar i divisjonen gjennom krigen. Jan Eybl sine dagbøker [c] stadfestar av dei var ved Isonzo-fronten saman med denne divisjonen i 1916.

Historia til regimentet fram til 1916 er difor om lag som fylgjer: Serbia august-desember 1914, Karpatane februar-mai 1915, så Galicia og Volhynia fram til november då dei vart overførde til Isonzo-fronten. I 1915 tok dei del i slaga ved Sokal og Chorupan.

Ein gong på vårparten 1916 vart dei omdøypte til k.u.k. Feldkanonenregiment Nr. 9 og i 1918 k.u.k. Feldartillerieregument Nr. 9. Artilleriregiment vart dessutan ofte flytta mellom divisjonar[f] så kvar dei var etter 1916 har me ikkje undersøkt. Frå Ranglisten kjem det fram at kommandant frå 1915 til 1918 var Oberst Lorenz Dobringer

Sitat
[2.2] Když se smích utišil, optal se Švejk, od jakého regimentu jsou oni. Zjistil, že dva jsou od 35. a jeden že je od dělostřelectva, taktéž z Budějovic. Pětatřicátníci že utekli před marškou před měsícem a dělostřelec že je od samé mobilisace na cestách.
[2.2] ...dá se chytit landveráckou nebo dělostřeleckou patrolou v noci...

Litteratur

Referensar
aSchematismus für das k. u. k. Heer...K.k. Hof und Staatsdruckerei1914
bITD.9, Ordre de batailleÖStA/KA11.7.1915
cPrvní světová válka v denících feldkuráta P. Jana Evangelisty EyblaJan Eybl (ed. Miloš Garkisch)2014,2015,2018
dKriegsgliederungÖsterreich-Ungarns letzter Krieg, Band III.
eA-H Field Artillery Organization 1917/18Christian Frech
Švarcenberský ovčínen flag
Bavorov/12, Útěšov
Wikipedia czdeenno Google kartsøk Švejkova cesta
ovcinsm.jpg

Ovčín u Leskovce.

ovcin2.png

Franziszeische Landesaufnahme (1806-1869).

Švarcenberský ovčín var ein stad der Švejk overnatta i selskap med ein gammal landstrykar (sjå Štěkeň) og ein endå eldre gjetar. Her som ellers vart han teken for desertør og fortald historier om desertørar frå både Trettiårskrigen (her kalla Svenskekrigen) og Napoleonskrigane. Soga om Rittmeister Rotter vert gjenteken, JarešA dukkar opp att, og for fyrste gong vert Lipnice nemnd. Det siste tilseier at denne sekvensen av Den gode soldat Švejk vart skriven etter 25. august 1921, dagen då Hašek flytta til Lipnice.

Bakgrunn

Švarcenberský ovčín må ha vore eit sauehus som tilhøyrde Schwarzenberg-slekta. Det er usikkert kvar det låg, men i fylgje Radko Pytlík og lokale kjelder skal det ha vore nær Skočice og Protivín. Dette stemmer godt med både topografien i området og skildringa til forfattaren. Det me veit frå romanen er at det var fire timars gange frå Štěkeň, at det låg i ein skog, og at Švejk skimta Vodňany til høgre då han kom ut av skogen.

Dei store Schwarzenberg-eigedomane hadde mange sauebruk så det er uvisst kva for ein forfattaren hadde i tankane. Hašek hadde nok det meste av kunnskapane sine om området frå sommarferiar med mora i 1896 og 1897 og kanskje frå forteljingane til bestefaren Jareš som var tilsett hjå Schwarzenberg.

Kandidatar

Det låg eit sauehus i Albrechtice ved Drahonice (nær Skočice), ein gard kalla Ovčín ved Čepřovice og endå eit sauehus i Leskovec ved Bavorov. Alle desse tre er ikring fire timars gange frå Štěkeň (ca. 15 km) som romanen opplyser.

Leskovec
ovcin1.png

Zlatá stezka, 09.1936.

Mellom desse tre stadene er Leskovec utan tvil den som passar best til omtalen i Den gode soldat Švejk og i motsetning til dei to andre er det påvist at dei tilhøyrde Schwarzenberg-slekta, meir presist godset deira i Libějovice[a]. Švejk forlet sauehuset om morgonen, kjem ut av skogen og til høgre kan han sjå Vodňany. Dette stemmer med topografien i området og vert støtta av at landstrykaren snakkar om "nede i Skočice" (for dei andre to kandidatane gjev ikkje dette meining). Sauehuset ved Leskovec er avmerka på militærkartet frå midten på 1800-talet og den store bygningen ser ut til å vera intakt enno (2016). Adressa er Útěšov 12, Bavorov.

Sitat
[2.2] Dnes půjdeme na Strakonice,“ rozvinoval dál svůj plán. „Odtud čtyry hodiny je starej švarcenberskej ovčín. Je tam můj jeden známej ovčák, taky už starej dědek, tam zůstaneme přes noc a ráno se potáhnem na Strakonice, splašit tam někde ve vokolí civil.“

KjelderJaroslav Šerák, Radko Pytlík, Miroslav Vítek

Litteratur

Referensar
aPo cestách Švejkovy budějovické anabázeMiroslav Vítek2020
Hrad Lipniceen flag
Wikipedia czde Google kartsøk
liphrad.jpg

Království České, Pavel Körber, 1912.

liphrad.png

Oesterreichisches Handels-Journal, 26.9.1869.

liphrad1.jpg

Utsikt frå borga 8.9.2009

Hrad Lipnice er nemnd når landstrykaren i Švarcenberský ovčín fortel om den gongen han tigga i Lipnice og kom i skade for å banka på døra til politistasjonen som låg nedafor borga. Her fekk han ein lusing så han hmane heilt nede i Kejžlice.

Bakgrunn

Hrad Lipnice vart bygd i byrjinga av 1300-talet og på 1500-talet vart den omgjord i renessanse-stil. I 1645, under Trettiårskrigen, okkuperte svenskane Lipnice og øydela delvis borga. Gjennom dei neste hundreåra forfall den ytterlegare og 19. september 1869 vart borga og busetninga i Lipnice herja av ein katastrofal brann. I 1913 kom ein endeleg i gang med å verna og restaurera borga, eit arbeidd som i bolkar har pågått fram til i dag[a].

Borga er eigd av staten og open for publikum, tilbyr omvisningar, og er ein betydeleg turistattraksjon. Utsynet frå toppen av borga over Vysočina er storslege.

Hašek og borga

Jaroslav Hašek var svært glag i borga, oppheldt seg ein god del her og arrangerte dessutan drikkelag på området. Han hadde bortimot uavgrensa tilgang ettersom kameraten hans skovaktar Böhm lånte han lyklane. Favorittrommet hans var det såkalla "mazhaus"[b].

Sitat
[2.2] A zatímco ovčák cedil brambory a nalíval do mísy kyselé ovčí mléko, dělil se dál vandrák se svými vzpomínkami na četnické právo: „V Lipnici bejval jeden strážmistr dole pod hradem.

KjelderRadko Pytlík

Litteratur

Referensar
aHrad LipniceStátní hrad Lipnice
bToulavé houseRadko Pytlík1971
Gendarmeriestation Lipniceen flag
Google kartsøk

Gendarmeriestation Lipnice er nemnd når landstrykaren i Švarcenberský ovčín fortel om den gongen han tigga i Lipnice og kom i skade for å banka på døra til politistasjonen som låg i ei sidegate nedafor borga.

Bakgrunn

Gendarmeriestation Lipnice låg i fylgje landstrykaren nedafor Hrad Lipnice i ei sidegate men dette seier ikkje all verda ettersom omtrent alt i Lipnice kan seiast å ligga nedafor borga. Ein kan likevel utleia at den ikkje låg på torget og tykkjest å ha vore i utkanten av busetninga.

Hašek viste heilt sikkert til politistasjonen der den var plassert i 1921 men me kan nok gå ut frå at den låg på same staden òg i åra før 1915. Sikre detaljar er derimot vanskelege å få tak i utan tilgang til folketejingsresultata frå 1910 eller 1920. Opplysningar frå ei uoffisiell web-side frå Lipnice indikerer likevel at politistasjonen låg i den såkalla činžák, ein bygning ved skulen som hadde bustader til leige[a]. Utsagna herfrå handlar rettnok om tida rundt andre verdskrigen så det er ikkje gitt at den låg på same staden 20-30 år tidlegare.

Dagmar Kalenská

Hned vpravo bokem školy stál takzvaný činžák. Byl to dům inteligence. Byly tu čtyři dvoupokojové byty a tři garsoniéry. V prvním patře zleva bydlela rodina Šulcových - četnická, pan Šulc měl dole vpravo úřadovnu.

František Bouma

O bezpečnost se starala četnická stanice v činžáku. Byli zde četnící p. Maxera a Šulc, posléze p. Vaňkát. Obec měla ještě obecního strážníka p. Pitche. Ten měl k dispozici na radnici obecní šatlavu.

Sitat
[2.2] A zatímco ovčák cedil brambory a nalíval do mísy kyselé ovčí mléko, dělil se dál vandrák se svými vzpomínkami na četnické právo: „V Lipnici bejval jeden strážmistr dole pod hradem. Bydlel přímo na četnické stanici a já, dobrák stará, pořád jsem byl všude v tý domněnce, že četnická stanice musí být přece někde na vystrčeným místě, jako na náměstí nebo podobně, a ne někde v zastrčenej uličce.
Referensar
aVzpominkyFrantišek Roček
Gendarmeriestation Putimen flag
Google kartsøk
putimg.png

Det var ingen gendarmerie-stasjon i Putim.

Jahrbuch für die k.k. Gendarmerie..., 1915.

putim40.jpg

Putim nr. 40. Dette er ein fiktiv lokasjone og skiltet viser berre til filminnspelinga til Steklý.

Gendarmeriestation Putim er åstad for heile opphaldet til Švejk i Putim. Her vert han mistenkt for å vera russisk spion og forhøyrd av Wachtmeister Flanderka, sjefen for det lokale politiet.

Bakgrunn

Gendarmeriestation Putim var eit litterært påfunn, eit døme på licensia poetica. Det fanst rett og slett ingen k.k. Gendarmerie station in Putim korkje i 1915 eller åra før. Putim sorterte under Písek og politiet hadde òg eit kontor i Protivín.

Steklý sin film

I 1957 hadde den de-facto standard tsjekkiske filmen om Den gode soldat Švejk premiere. For innspelinga vart hus nr. 40 plukka ut til rolla som politistasjon og ved inngangen vart det montert eit skilt som enno er der (2020).

Filmen er enno svært populær og dei fleste tsjekkarar kjenner Švejk berre gjennom filmen. Dette har sjølvsagt sterk påverka korleis folk oppfattar den gode soldaten og ettersom filmen i stor grad ikkje lukkast å formidla den satiriske brodden i romanen betraktar dei fleste Den gode soldat Švejk som ei komedie og lite anna. Denne forvridninga er spesielt synleg i Putim som er via ein plass i filmen som ikkje står i høve til det ein finn i boka. Den inkluderer til og med ei oppkonstruert og langdryg scene der Švejk rullar den overstadig fulle politieskorten sin til Písek på ei trillebåre.

Sitat
[2.2] Četník se sarkasticky usmál: „Vy jdete přece od Budějovic. Máte ty vaše Budějovice už za sebou,“ a vtáhl Švejka do četnické stanice.

Kjelder: Václav Pixa, Miroslav Vítek

Litteratur

Na Kocourkuen flag
Google kartsøk
putim42.jpg

Stará hospoda, Putim č.p. 42

putimh.png

Chytilův úplný adresář..., 1915

nakocourku.png

České slovo, 24.12.1908

Na Kocourku var ein pub i Putim som gendarmane sende gamle Pejzlerka til for å henta mat og drikke. Det er inga skildring av kneipa utover at Pejzlerka fortalde pubverten litt om kva som føregjekk borte på Gendarmeriestation Putim.

Bakgrunn

Na Kocourku var i fylgje romanen ein pub i Putim. Det var på den tida tre kneiper i landsbyen: U Srnků i nr. 9 (der den store U Cimbury ligg i dag), U Pavlů in nr. 7, og Stará hospoda (U Žižků) i nr. 42[a].

Den siste er den mest trulege kandidaten, men ettersom heile Putim-episoden (inkludert politistasjonen) ikkje verkar å ha historisk grunnlag, skal ein ikkje leggja for mykje vekt på detaljane som kjem fram i Den gode soldat Švejk.

Namn frå Humpolec?

I åra før fyrste verdskrigen låg det eit velkjend vertshus Na Kocourku i Humpolec[b] og dersom det enno var i drift etter krigen kan Hašek gjerne ha vore klar over det eller til og med ha vitja det (Humpolec ligg berre 11 km frå Lipnice).

Sitat
[2.2] „Tohle je velká výjimka,“ důstojně řekl strážmistr, „to je nějaký vyšší důstojník, nějaký štábní. To víte, že Rusové na špionáž sem nepošlou nějakého frajtra. Pošlou mu do hospody ,Na Kocourku’ pro nějaký oběd. Jestli už nic není, ať uvaří něco.
[2.2] Od té doby neměl četnický strážmistr informátora a musel se spokojit tím, že si vymyslil jednoho, udav fingované jméno, a zvýšil tak svůj příjem o padesát korun měsíčné, které propíjel v hospodě Na Kocourku.
[2.2] Neobyčejné četné stopy těžkých velkých bot báby Pejzlerky na té spojovací linii svědčily o tom, že strážmistr si vynahražuje plnou měrou svou nepřítomnost na Kocourku.

Kjelder: Václav Pixa

Referensar
aHospody v PutimiVáclav Pixa
bVýroční valnou hromaduČeské slovo24.12.1908
Okresní soud Píseken flag
Písek/119, Velké nám. 13
Wikipedia cz Google kartsøk
ksoudpisek.jpg

Velké náměstí in Písek (1917). Den store bygningen til venstre husa kretsretten, den mindre ved sida av distriktsretten.

© Písecký deník

Okresní soud Písek er nemnd i samband med Wachtmeister BürgerGendarmeriestation Putim som aldri brydde seg med å avhøyra mistenkte og i staden sende dei direkte til distriktsretten i Písek. Dette i strak motsetning til hans vaktsame etterfylgjar Wachtmeister Flanderka.

Bakgrunn

Okresní soud Písek var ein institusjon i Austerrike sitt rettsvesen og eksisterer enno (2021). Den på sørlege delen av Velké náměstí, ned mot Otava og vegg i vegg med den større Krajský soud Písek.

Sitat
[2.2] Vzpomněl si na svého předchůdce strážmistra Bürgera, který se zadrženým vůbec nemluvil, na nic se ho netázal a hned ho poslal k okresnímu soudu s krátkým raportem: „Dle udání závodčího byl zadržen pro potulku a žebrotu.“ Je to nějaký výslech?

Skrivst òg:Písek District Court en Bezirksgericht Písek de Distriktsretten Písek no

Landesgendarmeriekommando Pragen flag
Praha III./388, Karmelitská 2
Google kartsøk
gend2.png

K.k. Landesgendarmeriekommando Nr. 2 für Böhmen

gend2.jpg

Pohled do Karmelitské ulice s domem čp. 388 na Malé Straně (četnická kasárna), 1904

Landesgendarmeriekommando Prag er nemnd av forfattaren når han går i detaljar om korleis hovudkvarteret til k.k. Gendarmerie i Praha bombarderer politistasjonane med direktiv som oftast var stempla "strengt fortruleg".

Bakgrunn

Landesgendarmeriekommando Prag (zemské četnické velitelství v Praze) viser til hovudkvartert til k.k. Gendarmerie i Böhmen. Den var nummer 2 av dei i alt 14 landskommandoar gendarmeriet hadde i Cisleithanien.

Tilhaldstaden deira var Gendarmeriekaserne i Malá Strana, eit bygningskompleks på hjørna av Karmelitská og Harantova.

Underlagd institusjonen var 29 ulike Gendarmerieabteilungskommandos der den viktigaste i samanheng med Den gode soldat Švejk var nr. 14 som låg i Písek. Øvstkommanderande for k.k. Gendarmerie i Böhmen i 1914 var Václav Řezáč (oberst)[a].

Sitat
[2.2] A strážmistr dívaje se na stránky svého raportu se usmál se zadostiučiněním a vytáhl ze svého psacího stolu tajný reservát zemského četnického velitelství v Praze s obvyklým „Přísně důvěrné“ a přečetl si ještě jednou:
[2.2] Zemské velitelstvo nařizuje proto zadržet všechny podezřelé a zejména zvýšiti bedlivost v těch místech, kde v blízkostí nalézají se posádky, vojenská střediska a stanice s projíždějícími vojenskými vlaky.
[2.2] Na zemském četnickém velitelství v Praze nestačili je rozmnožovat a rozesílat.
[2.2] a že zemské četnické velitelství ho připraví o poslední špetku rozumu a že se nebude moci těšit z vítězství rakouských zbraní
Referensar
aSchematismus der k. k. Land­wehr...Ministerium für Landesverteidigung1914
K.k. Ministerium des Innernen flag
Wien I., Judenplatz 11
Google kartsøk
inmis.jpg

K.k. Ministerium des Innern (Wipplingerstraße)

heinold.jpg

Innenminister 1911-1915, Karl Heinold

K.k. Ministerium des Innern er nemnd av forfattaren når han går i detaljar om korleis ministeriet pøsar ut direktiv for korleis politiet skal lodda steminga mellom folket og haldningane deira til krigen. Dei ga jamvel ut ei klassifisering for grader av lojalitet.

Bakgrunn

K.k. Ministerium des Innern (cz. ministerstvo vnitra) var innanriksdepartementet i Cisleithanien, den austerrikske delen av Dobbeltmonarkiet. Det heldt til i ein enorm bygning mellom Judenplatz og Wipplingerstraße i sentrum av Wien. Innanriksminister frå 1911 til 1915 var Karl Heinold von Udyński (1862-1943).

Sitat
[2.2] Bylo jich mnoho, které vypracovalo ministerstvo vnitra za součinnosti ministerstva zemské obrany, kterému podléhalo četnictvo.
[2.2] Zaplaven tou spoustou vynálezů rakouského ministerstva vnitra, strážmistr Flanderka měl ohromnou spoustu restů a dotazníky zodpovídal stereotypně, že je u něho všechno v pořádku a loyalita že je mezi místním obyvatelstvem stupnice I.a.
[2.2] Rakouské ministerstvo vnitra vynalezlo pro loyalitu a neochvějnost k mocnářství tyto stupnice: I.a, I.b, I.c - II.a, II.b, II. - III.a, III.b, III. - IV.a, IV.b, IV.c.

Litteratur

K.k. Ministerium für Landesverteidigungen flag
Wien I., Babenbergerstraße 5
Wikipedia deen Google kartsøk
lwmis.jpg

Babenbergerstraße

georgi.png

Schematismus der K. K. Landwehr..., 1914

K.k. Ministerium für Landesverteidigung er nemnd av forfattaren når han går i detaljar om korleis ministeriet pøsar ut direktiv for korleis politiet skal lodda steminga mellom folket og haldningane deira til krigen. Dei ga jamvel ut ei klassifisering for grader av lojalitet.

Bakgrunn

K.k. Ministerium für Landesverteidigung (departementet for nasjonalt forsvar) var forsvarsdepartementet i Cisleithanien. Dei var ansvarlege for k.k. Landwehr og k.k. Gendarmerie. I fredstid var oppgåva deira hovudsakleg å oppretthalda nasjonal tryggleik, men etter krigsutbrotet vart Landwehr ein fullt fungerande militær styrke.

Forsvarsminister i frå 1907 til 1917 var Friedrich von Georgi. See Minister für Landesverteidigung.

Sitat
[2.2] Bylo jich mnoho, které vypracovalo ministerstvo vnitra za součinnosti ministerstva zemské obrany, kterému podléhalo četnictvo.
[2.2] V příloze B1 zasílá se účet za stravování dotyčného k laskavému převedení na účet min. zem. obrany s žádostí o potvrzení přijetí předvedeného.

Litteratur

K.k. Gendarmerieen flag
Wien I., Opernring 6
Wikipedia czdeen Google kartsøk
cetnik.jpg

© Michal Dlouhý

cetnik.png

Schematismus der k. k. Land­wehr... 1914.

K.k. Gendarmerie er nemnd av forfattaren når han går i detaljar om korleis k.k. Ministerium für Landesverteidigung som gendarmeriet sorterte under overfløymde politistasjonane med direktive om korleis dei skal lodda stemninga mellom folket og haldningane deira til krigen.

Bakgrunn

K.k. Gendarmerie (c.k. četnictvo) var eit væpna statspolitikorps i Cisleithanian med ansvar for offentleg orden og indre tryggleik. Historia deira går tilbake til 1848 men p den tida opererte dei i heile Habsburg-riket, noko som endra seg etter Ausgleich. Som forfattaren korrekt opplyser om sorterte denne politistyrken under k.k. Ministerium für Landesverteidigung der det offisielt er oppførd som hjelpeorgan for forsvarsdepartementet. Gendarmeriet var formelt ein militær organisasjon og politimennene hadde status som soldatar. Leiar for styrken i 1914 var Michael Tišljar von Lentulis[a]. Under krigen gjorde dei òg teneste i feltene, hovudsakleg som militærpoliti, såkalla Feldgendarmen.

I 1914 vart institusjonen leia av General Michael Tišljar von Lentulis[a]. Tittelene hans var Gendarmerieinspektor og kontoret hans låg i Opernring 6 medan andre deler av administrasjonen hedlt til i forsvarsdepartementet sin bygning i Babenbergerstraße 5.

Ved utbrotet av fyrste verdskrigen utgjorde gendam-styrken om lag 15,000 mann[b] og var organisert i 14 Landesgedarmeriekommandos der nr. 2 (sjå Landesgendarmeriekommando Prag) utan tvil er den mest relevante i samband med Den gode soldat Švejk. Desse styrde i sin tur Gendarmerieabteilungskommandos (29 i Böhmen) som igjen oversåg nokre Bezirksgendarmeriekommandos. Den lågaste eininga var Gendarmeriestation (eller Gendarmeriepost) som på landsbygda (til dømes i Gendarmeriestation Putim) bestod av nokre få politimenn, gjerne leia av ein Wachtmeister.

Sitat
[2.2] Bylo jich mnoho, které vypracovalo ministerstvo vnitra za součinnosti ministerstva zemské obrany, kterému podléhalo četnictvo.

Litteratur

Referensar
aSchematismus der k. k. Land­wehr...Ministerium für Landesverteidigung1914
bPolizeigeschichteLandespolizeidirektion Wien
U černého koněen flag
Google søk
ucernehokone.png

Vertshus i Protivín i 1915

U černého koně var ein pub i Protivín der gendarm Rampa sat og spela kort med nokre skomakarar sjølv om han eigentleg var på vakt.

Bakgrunn

U černého koně var i fylgje romanen ein pub i Protivín. I fylgje adresseboka frå 1915 var det 13 vertshus i byen men avdi dei var oppførde under namnet til eigaren er det umogleg å vita om nokon av dei heitte U černého koně. Miroslav Vítek har til og med undersøkt folketeljinga frå 1910 og kjem fram til at ingen av dei 15 verthusa i byen ser ut til å ha hatt eit slikt namn[a].

Inspirasjon frå ein anna stad?

U černého koně var namnet på hotell og restaurantar fleire stader i Böhmen, m.a. i Praha, Beroun og Domažlice. Det er likevel lite som tyder på at Hašek hadde tilknyting til nokon av desse. Han har sjølvsagt visst om den i Praha på Na Příkopě og kan ha snubla over dei to andre på vitjingane sine i Domažlice i 1904 og Beroun i 1913.

ukonicka.png

Jihočeské listy, 31.10.1914

Ein meir truleg men enno nokså søkt inspirasjonskjelde er U černého koníčka/Zum Schwarzen Rössl (Den vesle svarte hest) i Budějovice[b], ein restaurant som låg nokre få steg frå k.u.k. Reserve-Spital der Hašek var innlagd frå 6. mars 1915 og utover. Frå sjukehuset skal han ha stukke av med si Krankenbuch slik som hans alter ego Einjährigfreiwilliger Marek gjorde i Den gode soldat Švejk. Ingen har så vidt me veit stadfesta at han vitja dette vertshuset men teke plasseringa i betraktning ville det slett ikkje overraska.

Den store restauranten var eigd av Schwarzenberg-dynastiet og serverte øl frå bryggeriet deira i Třeboň. Adressa i 1915 var Schmerlingová třída 540/28, no Žižkova třída. Tilkytt var kinoen The Royal Biograf[c]. Pubvert i 1915 var František Bednář. Restauranten har vore i drift sidan 1854 og er det enno, ølet er frå Protivín (2011).

Sitat
[2.2] Strážmistr zůstal sedět na strážnici vedle Švejka na kavalci prázdné postele četníka Rampy, který měl do rána službu, obchůzku po vesnicích, a který v tu dobu klidně seděl „U černého koně“ v Protivíně a hrál s obuvnickými mistry mariáš, vykládaje v přestávkách, že to Rakousko musí vyhrát.

Skrivst òg:The Black Horse en Den svarte hest no

Litteratur

Referensar
aPo cestách Švejkovy budějovické anabázeMiroslav Vítek2020
bHostinec U Černého koníčka existoval již před rokem 1854. Měl k dispozici stáje pro 40 koníJan Schinko28.7.2016
cThe Royal BiografJihočeské listy31.12.1909
Schloss Schönbrunnen flag
Wien XIII./1
Wikipedia czdeenno Google kartsøk
schonbrunn.jpg

Schönbrunn, 1911

Schloss Schönbrunn er nemnd i avsløringa av kva som kom fram av upatriotiske ytringar under kalaset til politimennene på Gendarmeriestation Putim. Kaiser Franz Joseph I. måtte stengjast inne på do så han ikkje dreit rundt på heile Schönbrunn vart det hevda.

Bakgrunn

Schloss Schönbrunn var sommar-residens for keisaren fram til monarkiet vart oppløyst i 1918. No er det for det meste museum og står på verdsarv-lista til UNESCO. Slottet har 1441 rom og er ein av dei største turist-attraksjonane i Wien.

Schloss Schönbrunn vart bygd på 1700-talet og tilknytt slottet er ein stor park, dyrehagen Schönbrunner Menagerie og diverse mindre byggverk. Anlegget ligg i Hietzing in XIII. Bezirk i den sørvestlege utkanten av byen.

Sitat
[2.2] Závodčí se zastavil u okna, a bubnuje na ně, prohlásil: „Vy jste si také, pane strážmistr, nedal ubrousek na ústa před naší bábou a pamatuji se, že jste jí řekl: ,Pamatujou, bábo, že každý císař a král pamatuje jen na svou kapsu, a proto vede válku, ať je to třebas takový dědek jako starý Procházka, kterého nemohou už pustit z hajzlu, aby jim nepodělal celý Schönbrunn.’„

Litteratur

Bezirksgendarmeriekommando Piseken flag
Písek/262, Pražská ul. 17
Google kartsøk Švejkova cesta
cetvel.png

Gendarmeriekommando i 1900 og 1910

Královské město Písek, Jan Matzner, 1898.

Bezirksgendarmeriekommando Pisek er åstaden for Švejk si avslutning av sin anabasis. Rittmeister König finn fort ut at Švejk ikkje er nokon russisk person, og sender han prompte til regimentet i Budějovice.

Bakgrunn

Bezirksgendarmeriekommando Pisek (Okresní četnické velitelství) var den tidlegare statspoliti-stasjonen i hejtmanství Písek. Politistasjonen låg i mellomkrigstida i Pražská ulice čp. 262[a], noko som nok var tilfelle òg i 1915. Dette stemmer likevel ikkje med informasjon frå ei bok utgjeven i 1898 der eit kart viser at ein stasjonen låg mykje nærare sentrum men rettnok i same gata[b], i hus nummer 181.

Gendarmerie i Písek
kolsky.png

Kolský tykkjest å ha vore ivrig i tenesta

Písecké Listy, 16.11.1918.

I Písek var k.k. Gendarmerie til stades på to nivå i kommandohierarkiet. Det lågaste av dette er eininga me kjenner frå Den gode soldat Švejk: Bezirksgendarmeriekommando. I 1915 stod dei under kommando av Wachtmeister Antonín Kolský[c], eit teikn på at Rittmeister König uomtvisteleg høyrer heime i kategorien fiksjon. Kolský si avdelig var asvarleg for 13 gendarmerie-stasjonar i området, mellom desse Vráž, Protivín, Bavorov, Mitrovice og Vodňany.

Eininga hns rapportert til Abteilungskommando Nr. 14 som på si side var understilt Landesgendarmeriekommando Prag. Abteilungskommando var frå 1910 til 1916 leia av ein mann som er velkjend for lesaren av Den gode soldat Švejk: den kjende politimannen og hundeoppdrettaren Rittmeister Rotter, ein person Hašek kjende. Utover Písek-distriktet var avdelinga ansavrleg for distrikta Strakonice og Blatná, og 91 mann var rapporerte direkte eller indirekte til Rotter.

Plassering
pisekgend.png

Jahrbuch für die k.k. Gendarmerie ..., 1915.

Rittmeister Rotter sitt kontor låg i Pražská čp. 262, noko som kjem fram av folketeljinga i 1910[d]. På denne adressa låg tre bustader: ein for Rotter og familien (med tenarskap), ein for ein anna leigetakar, og ei tredje for gendarmar av lågare rang. I den siste bustdaden budde fire Wachtmeister, ein assistent og ei tenestejente. Vår antakelse (ikkje stadfesta) er at Bezirksgendarmeriekommando heldt til på same adressa ettersom ingen frå k.k. Gendarmerie lenger var oppførde på den gamle adressa i Pražská čp. 181.

Sitat
[2.2] Zítra ho budeme lifrovat do Písku, k panu okresnímu.
[2.2] Četnickému strážmistrovi Flanderkovi se situace, čím déle psal tou podivnou úřední němčinou, vyjasňovala, a když skončil: "So melde ich gehorsam, wird der feindliche Offizier heutigen Tages, nach Bezirksgendarmeriekommando Písek, überliefert"
[2.2] Strážmistr vyzval Švejka, aby šel zas na strážnici, a rychle, aby nezapomněl, připsal do svého raportu na okresní četnické velitelství v Písku: "Ovládaje dokonale český jazyk, chtěl se v Českých Budějovicích pokusit vstoupit do 91. pěšího pluku."
[2.2] Závodčího zmocnila se naprostá deprese, a když po hrozném utrpení pozdě večer dorazili do Písku k četnickému velitelství, na schodech řekl úplně zdrceně závodčí Švejkovi: „Teď to bude hrozné. My od sebe nemůžem.“ A opravdu bylo to hrozné, když strážmistr poslal pro velitele stanice, rytmistra Königa. První slovo rytmistrovo bylo: „Dýchněte na mne.“ „Teď to chápu,“ řekl rytmistr, zjistiv nesporně situaci svým bystrým, zkušeným čichem, „rum, kontušovka, čert, jeřabinka, ořechovka, višňovka a vanilková.

Skrivst òg:Regional State Police Headquarters en Okresní četnické velitelství cz

Litteratur

Referensar
aHistorieMěsto Písek
bKrálovské město PísekJan Matzner1898
cChytilův úplný adresář Království ČeskéhoAlois Chytil1915
dSčitání lidu 1910SOkA Písek
K.u.k. Infanterieregiment Nr. 11en flag
Písek, Svatoplukova ul.
Google kartsøk
ir11schema.png

Schematismus für das K.u.k. Heer..., 1914.

ebzk11.png

Heeresergänzungsbezirk Nr. 11

Schematismus für das K.u.k. Heer..., 1911.

ir11kasarna.jpg

Písecký deník, 20.10.1910.

K.u.k. Infanterieregiment Nr. 11 er nemnd av forfattaren når han omtalar tilhøva og stemninga i området i tida då Švejk vert innlevert til Bezirksgendarmeriekommando Pisek. Opprør ligg i lufta og bataljonar frå mellom anna k.u.k. Infanterieregiment Nr. 11 har gått overtil fienden i Serbia og i Karpatane.

Bakgrunn

K.u.k. Infanterieregiment Nr. 11 (c.a k. pěší pluk č. 11) var eit av dei 102 austerriksk-ungarske infanterireginta som eksisterte i 1914. Det vart grunnlagd i 1629 og var såleis det eldste regimentet i heile k.u.k. Heer i fylgje Schematismus[a]. Omgrepet k.u.k. Infanterieregiment Nr. 11 er derimot av nyare dato, det kom til fyrst i 1873. Frå 1854 og utover vart regimentet rekruttert frå Písek-området og byen husa erstatningbataljonen og minst ein av fire oppsette bataljonane.

På grunn av si lange historie tok regimentet del i nesten alle kriger Habsburg-riket var innblanda i: Trettiårskrigen, den austerrikske arvefylgjekrigen, Napoleonskrigane og felttoga i nord-Italia rundt midten av 1800-talet. Regimentet sin minnedag var 8. juni 1859, den markerte slaget ved Melagnano.

Rekruttering og garnison

Heeresergänzungsbezirk Nr. 11 (rekrutteringsdistriktet) dekka fem hejtmanství: Písek, Strakonice, Sušice, Klatovy og Blatná. Åtti prosent av mennene var av tsjekkisk nasjonaliet. Nesten alle stadene som inngjekk i Švejk sin anabasis låg innafor området. Det gjaldt òg Kašperské Hory, ein stad som er nemnd fleire gonger etter at Švejk sin marsjbataljon forlet Királyhida.

Det var vanleg i Austerrike-Ungarn å flytta militæravdelingar rundt i riket og det var sjeldant at heile regimentet gjorde teneste i same garnisonen. Dei fire bataljonane i eit infanteriregiment var vanlegvis fordelete på 2-3 stader, og dette var òg tilfelle med k.u.k. Infanterieregiment Nr. 11. I 1914 staben, 3. bataljon og 4. bataljon forlagde i Praha (Albrechtkaserne), 1. bataljon i Písek og 2. bataljon i Prachatice[a]. I Písek var dei lokale einingane av regimenet opprinneleg husa i den gamle kaserna i sentrum, men ved århundreskiftet vart nye kaserner bygde i Pražské předměstí (Praha-forstaden), like ved den kaserna til Landwehrinfanterieregiment Nr. 28.

Under krigen
ir11m.jpg

Písecké listy, 25.12.1915.

Regimentet vart mobilisert ved krigsutbrotet og sendt til fronten ved Drina som del Infanteriedivision Nr. 9[1] i VIII. Korps og underordna 5. armee[f]. Saman med IR73 utgjorde dei Infanteriebrigade Nr. 18. Dei tok del i dei tre mislukka invasjonane i Serbia på hasuten 1914 og vart tvinga til ein katastrofal retrett til ungarsk område rundt 20. desember, Tidleg i februar 1915 vart dei forflytta til Karpatane der nye strabasar venta. Frå tidleg i mai var dei med på Sentralmaktene sin offensiv i Galicia og Volyn. I november 1915 vart dei overførde til Isonzo-fronten aust for Monfalcone, på det såkalla Karst-platået i dagens Slovenia. Her heldt dei til fram til oktober 1917 (bortsett frå eit mellomopphald sør for Trento på tidlegsommaren 1916). I september 1916 vart dei stilt under kommandoen til Infanteriedivision Nr. 28. Regimentet tok del i framrykkinga i Italia etter gjennombrotet ved Caporetto i oktober og i november kom dei fram til Piave der dei oppheldt seg resten av krigen.

Fram til september 1916 var regimentet sine slagmarker i store trekk dei same som systeregimenta i 9. divisjon sine. Jaroslav Hašek vil såleis kunna ha vore i kontakt med k.u.k. Infanterieregiment Nr. 11 frå 11. juli 1915 fram til han vart teken til fange 24. september. Akkurat som k.u.k. Infanterieregiment Nr. 91 og resten av divisjonen tok Písek-regiment del i dei blodige slaga ved Sokal og Chorupan dette året.

Regimentskommanderande i 1914 var Walter Schreitter von Schreiterfeld[a]. Han vart snart erstatta av Karl Wokoun som leia regimentet fram til hausten 1915. Deretter hadde regimentet fleire øvstkommanderande. Ein av dei var Florian Schaumeier som var den berykta kommanderande for k.u.k. Infanterieregiment Nr. 28 under katastrofa 3. april 1915 og dessutan personen som la grunn for legenda om at to bataljonar frå regimentet hans hadde overgitt seg til ein russisk bataljon utan å fyra eit skot.

Eit påliteleg regiment
ir11paris.png

La Nation tchèque, 1.6.1916.

Hašek hevdar i Den gode soldat Švejk at heile bataljonar frå k.u.k. Infanterieregiment Nr. 11 hadde gått over ti serbarane men her virkar det som om han attgjev alliert propaganda, på lik linje som han gjorde seinare i romanen då han omtala k.u.k. Infanterieregiment Nr. 28 sin påståtte overgang til russarane ved Dukla.

I 1916 skreiv avisa til det Tsjekkoslovakiske nasjonalrådet i Paris, La Nation tchèque, ein propagandaartikkel som nemnde k.u.k. Infanterieregiment Nr. 11. Den omhandla regimentet under felttoget i Serbia[c], og innhaldet kom jamvel på trykk i utlandet og sikkert òg i Russland. La Nation tchèque spara ikkje på krutet: "det 11. regiment nekta å marsjera mot Valjevo, vart ruve sund og teke til fange. Dei som var att vart dirigerte til stillingar som var utsette for serbisk artilleri og resten vart utsletta av ungarsk artilleri som hemn".

ir11kolubara.png

IR 11 rosa i eit offisielt kommunike

Reichspost, 27.11.1914.

Det verkar likevel som det var lite substans i den allierte propagandaen. I fleire nyheitsoppslag vart k.u.k. Infanterieregiment Nr. 11 lovprisa - det vart jamvel nemnde i gullkanta ordelag tre gonger i den daglege krigsbulletinen. Den fyrste var 26. november 1914 og gjaldt innsatsen deira ved elva Kolubara i den nordlege Serbia. Under ei gransking i Reichsrat i 1918 angåande tjekkiske regiment sa forsvarsministeren i Cisleithanien at regimentet hadde framstått godt og at det ikkje var noko å klaga på[e].

Når det er sagt så "forsvann" heile komapni frå k.u.k. Infanterieregiment Nr. 11 (vart tekne til fange eller slitne opp) under retretten frå området ved Beograd i desember 1914. Dette var likevel tilfellet òg med systerregimenta deira ved denne fronseksjonen. At heile einingar gjekk tapt var vanleg under heile krigen.

Schreib das auf, Kisch!
ir11kisch.jpg

Egon Erwin Kisch som soldat i k.u.k. Heer

Eit fyrstehands vitne til felttoget i Serba var den vidkjende forfattaren og journalisten Egon Erwin Kisch. I 1922 gav han ut boka Soldat im Prager Korps, bygd på dagboka hans frå krigen, og i 1930 kom det ei utvida utgåve med tittelen Schreib das auf, Kisch![g]. Kisch gav ei òg ei urovekkande framstilling av redslene han opplevde, og skreiv dessutan om sjølvskading, korrupsjon og inkompetanse i hæren; tema som lesaren av Švejk vil kjenna att. Korporal Kisch budde i Berlin ved krigsutbrotet, vende heim for å melda seg ved k.u.k. Infanterieregiment Nr. 11 i Písek, omtalar reisa til fronten og det katastrofale felttoget mot Serbia i 1914. Deretter skildra han den kaotiske tilbaketrekninga til det sørlege Ungarn (ved dagens Novi Sad i Serbia), og den seks veker lange restitusjonen. Deretter fylgde overføringa til Karpatane der han vart såra 18. mars 1915 og forteljinga endar med tilbakekomsten til Praha. Etter rekonvaleseringsperioden arbeidde han doe Kriegspressequartier i Wien og dessutan som sensor ved regimentet sin erstatningsbataljon i Gyula. Kisch vende aldri tilbake til aktiv teneste ved fronten.

Sitat
[2.2] Černožluté obzory počaly se zatahovat mraky revoluce. Na Srbsku, v Karpatech přecházely bataliony k nepříteli. 28. regiment, 11. regiment. V tom posledním vojáci z píseckého kraje a okresu. V tom předvzpourovém dusnu přijeli rekruti z Vodňan s karafiáty z černého organtinu.

Kjelder: Martin Zeman, Egon Erwin Kisch

Litteratur

Referensar
aSchematismus für das k. u. k. Heer...K.k. Hof und Staatsdruckerei1914
bZměna vojenských posádekPísecké Listy19.5.1915
cLes soldats tchécoslovaquesLa Nation tchèque1.6.1916
dPříjezd 11. pěš. pluku do PískuPísecké Listy16.11.1918
eDas Verhalten tschechischer Regimenter an der FrontStreffleur's Militärblatt15.6.1918
fKriegsgliederungÖsterreich-Ungarns letzter Krieg, Band I.
gSchreib das auf Kisch!Egon Erwin Kisch1930
Písecké nádražíen flag
Wikipedia cz Google kartsøk
pisekkisch.png

"Scrieb das auf Kisch", Egon Erwin Kisch, 1930.

Písecké nádraží vert nemnd av forfattaren når han fortel at soldatar frå Praha som på gjennomreise ksata tilbake sjokolade og sigarettar som damer frå Písek sine øvre lag av samfunnet gav dei.

Švejk må dessutan enten ha gått på toget her eller reist forbu då han endeleg avslutta sin anabasis med å bli eskortert til regimentet sitt i Budějovice.

Bakgrunn

Písecké nádraží viser truleg til hovudstasjonen i Písek som er langt den største av dei fire stoppestadene i byen. Den ligg i den sørlege utkanten av byen og er eit stopp på linja Praha - Beroun - Protivín - Budějovice. Det vil difor vera naturleg at soldatar frå Praha reiste forbi nettopp denne på vegen til slagmarka i Serbia.

Egon Erwin Kisch nemner òg ein stasjon i boka si Schreib das auf Kisch!. Omstenda var k.u.k. Infanterieregiment Nr. 11 sin transport til Serbia tidleg i august 1914. Soldatane reiste frå byen rundt midnatt og Kisch noterte at dei marsjerte forbi ein dam og at få folk fylgde dei på vegen. Regimentet reiste via Tábor til Wien, ei reise som varde i 30 timar!

Sitat
[2.2] Píseckým nádražím projížděli vojáci od Prahy a házeli nazpátek cigarety a čokoládu, kterou jim podávaly do prasečích vozů dámy z písecké společnosti.

Litteratur

Budějovické nádražíen flag
Wikipedia czen Google kartsøk
budnadr.jpg

Den nye stasjonen i 1914

"Heimatbuch der Berg- und Kreisstadt Böhmisch-Budweis", 1930.

budnadr.png

Budweiser Zeitung, 18.12.1908.

ir91e.jpg

Orkesteret til det 91. regiment framfor jernbanestasjone før avreisa til fronten, 1.8.1914.

Jednadevadesátníci, Jan Ciglbauer, 2018.

odchod91.png

IR91 overflytta til Bruck (sensurert)

Jihočeské listy, 2.6.1915.

Budějovické nádraží er nemnd i samband med at Švejk vert eskortert frå Písek til Budějovice for å slutta seg til k.u.k. Infanterieregiment Nr. 91. Dette markerer slutten på hans berømte anabasis.

I [2.3] har stasjonen ei meir framheva rolle i handlinga. Švejk og cellekameraten hans Einjährigfreiwilliger Marek gjekk på toget her då heile estarningsbataljonen til IR 91 vart flytta til Királyhida.

Bakgrunn

Budějovické nádraží (Budweiser Bahnhof) viser til hovudjernbanestasjonen i Budějovice og ligg litt over ein kilometer aust for sentrum. Den fyrste stasjonen vart opna for trafikk i 1872 men vart erstatta av den noverande og mykje større i 1908. Det fyrste passasjertoget rulla inn på stasjoen 17. desember 1908[a].

Under krigen

Jernbanene spela ei avgjerande rolle i militærlogistikken logistikken, så òg i Budějovice. Alt ved mobilseringa kom staben, 2. og 3. bataljon av IR 91 hit og vart saman med 4. bataljon sett på krigsfot. Den 1. august 1915 førde fire togavgangar regimentet til fronten ved Drina, ei reise som tok tre dagar. Om lag samtidig vart det lokale Landwehrinfanterieregiment Nr. 29 stabla inn på vognene og sende til austfronten.

Frå stasjonen vart det i løpet av 1914 sendt fem marsjbataljonar til Serbia, i januar 1915 vart nr. 6 skipa til det sørlege Ungarn der regimentet i seks veker kom seg til hektene att etter tilbaketoget frå Serbia. Marsjbataljonane 6 til 11 vart så sende til slagmarkene i Karpatane og Galicia.

Jaroslav Hašek sin XII. Marschbataillon var den fyrste som ikkje vart skipa ut frå Budějovice. Tidleg på sommaren 1915 opplevde nemleg byen den siste store transporten frå dei to husregimenta. IR 91 (erstatningsbataljonen) vart 1. juni 1915 i to transportar forflytta til KH[b], ei hending som er utførleg omtala i Den gode soldat Švejk. Alt før det hadde Landwehrinfanterieregiment Nr. 29 vorte flytta.

Sitat
[2.2] Po celé cestě se Švejkem od nádraží do Mariánských kasáren v Budějovicích upíral své oči křečovitě na Švejka, a kdykoliv přicházeli k nějakému rohu nebo křižovatce ulic, jako mimochodem vypravoval Švejkovi, kolik dostávají ostrých patron při každé eskortě, načež Švejk odpovídal, že je o tom přesvědčen, že žádný četník nebude po někom střílet na ulici, aby neudělal nějaké neštěstí.
[2.3] Jednadevadesátý pluk se stěhoval do Mostu nad Litavou-Királyhidy. Právě když po třídenním věznění měl být za tři hodiny Švejk propuštěn na svobodu, byl s jednoročním dobrovolníkem odveden na hlavní strážnici a s eskortou vojáků doprovozen na nádraží.

Litteratur

Referensar
aDer neue BahnhofBudweiser Zeitung18.12.1908
bOdchod 91. plukuJihočeské listy2.6.1915
Mariánská kasárnaen flag
Budějovice/1851, Pražská tř. 1
Wikipedia cz Google kartsøk Švejkova cesta Švejkův slovník
marienkaserne.jpg

Mariánská kasárna / Marienkaserne), forlegninga til IR 91 fram til 1. juni 1915.

Geschichte des ehemaligen Schützenregimentes Nr. 6, 1932.

Mariánská kasárna spelar ei sentral rolle i dette kapitelet ettersom deler av handlinga føregår i denne forlegninga i Budějovice. Det er her Švejk og Einjährigfreiwilliger Marek sit arrestert i tre dagar.

Bakgrunn

Mariánská kasárna var ein garnisons-bygning i Budějovice som vart oppførd i 1843-1844. Frå 1883 til 1915 husa den erstatningsbataljonen til k.u.k. Infanterieregiment Nr. 91 (EB91) og minst ein feltbataljon. Hašek var soldat her frå omtrent 17. februar 1915 til slutten av mai. Erfaringane hans frå garnisonen i CB er i stor grad gjenfortalde av Einjährigfreiwilliger Marek, hans alter ego. Jaroslav Hašek gjorde som Marek her teneste som Einjährigfreiwilliger, reserveoffisersskulen som begge vart kasta ut frå låg i fjerde etasje i bygningen. Her låg òg garnisonsarresten som både Švejk og skaparen hans kjende godt til.

1. juni 1915 vart erstatningsbataljonen til IR 91 flytta til Királyhida under omstende som likna mykje på omtalen i romanen. Akkurat som i romanen vart dei erstatta av eit ungarsk regiment. Infanterieregiment Nr. 101 frå Békéscsaba i det sør-austlege Ungarn flytta inn den 9. juni[b]. Staben av maskingeværkompaniet til Landwehrinfanterieregiment Nr. 6 frå Eger (no Cheb) brukte òg deler av kaserna. Dei kom til byen 19. mai 1915 då dei vart utveksla med det lokale Landwehrinfanterieregiment Nr. 29[a].

Kaserna vart i 2015 renovert og husar no kafear, butikkar, bustader og galleri. Ved hovudinngangen er det montert ei minnetavle over Jaroslav Hašek.

Sitat
[2.2] Po celé cestě se Švejkem od nádraží do Mariánských kasáren v Budějovicích upíral své oči křečovitě na Švejka, a kdykoliv přicházeli k nějakému rohu nebo křižovatce ulic, jako mimochodem vypravoval Švejkovi, kolik dostávají ostrých patron při každé eskortě, načež Švejk odpovídal, že je o tom přesvědčen, že žádný četník nebude po někom střílet na ulici, aby neudělal nějaké neštěstí.
[2.2] V tmavém prostoru lidomorny Mariánských kasáren Švejka uvítal srdečně tlustý jednoroční dobrovolník, provalující se na slamníku.
[2.2] A ta jeho řeč nemá konce a vy čekáte, že co nejdřív musí spadnout celé Mariánské kasárny.
[2.2] Nedívej se tak hloupě, klíčníku Mariánských kasáren.
[2.2] ...když například přelézá voják v noci zeď Mariánských kasáren a usne nahoře na zdi...
[2.2] Tak mně připadá,“ řekl jednoroční dobrovolník po krátké pomlčce, „že duch vojenský v nás upadá, navrhuji, milý příteli, abychom v noční tmě, v tichu našeho vězení si zazpívali o kanonýrovi Jabůrkovi. To povznese vojenského ducha. Ale musíme řvát, aby to bylo slyšet po celých Mariánských kasárnách. Navrhuji proto, abychom se postavili ke dveřím.“

Kjelder: Franta Hofer, Jaroslav Kejla

Skrivst òg:Mariánské kasárny Hašek Marienkaserne de

Litteratur

Referensar
aGeschichte des ehemaligen Schützenregimentes Nr. 6Richard Wagner, Karl Kwapil1932
bEinzug der Infanterie-Regimentes 101 in BudweisBudweiser Zeitung11.6.1915
K.u.k. Infanterieregiment Nr. 91en flag
Budějovice/1851, Pražská tř. 1
Wikipedia cz Google kartsøk Švejkův slovník
ir91schema.png

Schematismus für das K.u.k. Heer..., 1914.

K.u.k. Infanterieregiment Nr. 91 er bakteppet for nesten heile handlinga i Den gode soldat Švejk frå augneblinken då Švejk vert gjenforeina med Oberleutnant LukášMariánská kasárna i Budějovice. Dette var etter at han hadde avslutta sin vidkjende anabasis. Ordet "regiment" i denne samanhengen betyr helst EB91 ettersom Švejk si eining aldri kom fram til feltregimentet ved fronten.

Bakgrunn

K.u.k. Infanterieregiment Nr. 91 var eit av 102 infanteriregment i k.u.k. Heer[a] og på grunn av Den gode soldat Švejk er truleg det best kjende av alle austerrisk-ungarske regiment. At Jaroslav Hašek la handlinga i romanen til nettop dette regimentet heng nøye saman med at det var her han gjorde teneste i 1915.

Opphaldstadene og reiseruta til Švejk ligg frå Budějovice og utover ligg nær opptil forfattaren sine eigne med IR 91 i 1915. Hašek dikta dessutan eit stort tal medsoldatar og offiserar inn i romanen. Frå enkelte av desse lånte han både namn, biografiske detaljar og peronlege eigenskapar frå "prototypen", i andre høve bruka forfattaren berre namnet og/eller rangen.

Sitat
[2.2] ...

Kjelder: Rudolf Kießwetter, Jan Eybl, Jan Vaněk, Gustav Jungbauer, Josef Novotný, Jan Ciglbauer, Milan Hodík

Litteratur

Referensar
aSchematismus für das k. u. k. Heer...K.k. Hof und Staatsdruckerei1914
Budějovická nemocniceen flag
Budějovice I./185, Radeckého tř. 37
Google kartsøk
budspital.jpg

Encyklopedie Českých Budějovic.

hasek_spital.jpg

Spisovatel-humorista a spolupracovník Světozora Jaroslav Hašek v reservní vojenské nemocnici v Českých Budějovicích.

Světozor, 30.4.1915.

Budějovická nemocnice er nemnd av Einjährigfreiwilliger Marek når han fortel Švejk om korleis han brukte Regimentskrankenbuch til å lura seg ut av sjukehuset for å hygga seg på byen. Namnet på sjukehuset er ikkje eksplisitt nemnd.

Bakgrunn

Budějovická nemocnice viser nokså sikker til k.u.k. Reserve-Spital, sjølv om andre militøare sjukehus vart oppretta i Budějovice alt frå august 1914. Det var på dette sjukehuset Jaroslav Hašek i vart innlagd 6. mars 1915 med diagnosen revmatisme og hjarteklappbetennelse. Han heldt til på rom nr. 77[a].

Bygningen var ei tidlegare Landwehr-kaserne. Den er i militær bruk den dag i dag og ligg nær jernbanestasjonen i Žižkova třída, i 1915 enno Radeckého třída - Radetzkystrasse.

Hašek oppheldt seg seinare på eit anna sjukehus i den såkalla Linz-forstaden[b]. Det kan sjølvsagt vera at det er dette sjukehuset Einjährigfreiwilliger Marek stakk av frå men sidan det ligg eit godt stykke frå sentrum er det fyrste alternativet meir truleg.

Krankenbuch

Så vidt kjendt finst det ingen handfaste prov på at episoden med Krankenbuch faktisk fann stad. Radko Pytlík nøyer seg med å bruka ordet "kanskje "[a] medan Kejla kategorisk sler fast at dette ikkje var grunnen til at Hašek vart utvist frå reserveoffisersskulen. Grunnen til utvisinga skal ha vore heller banal: oppførsel som ikkje tilsvara det som var forventa av ein k.u.k. offiser[c].

Hašek si sjukdomshistorie starta 6. mars 1915 då han vart fyrst innlagd. 8. april vart han undersøkt med hensyn til ein mogeleg superarbitrering og søknaden vart underteikna den 12 av Dr. Peterka. Den 30. same månad vart han lyst skikka til lettare teneste, ein avgjerd som var signert av Peterka høgare offiserar som Karl Schlager og Pallweber. Den 25. mai vart avgjerda stadfesta av k.u.k. Miltärkommando Prag. Opphaldet hans på sjukehuset i Budějovice kan ha funne gjenklang i Švejk sine opplevingar på Vojenská nemocnice Hradčany, men dette er berre ein antakelse.

Sitat
[2.2] Může být,“ připouštěl jednoroční dobrovolník, „že při té tahanici padlo pár pohlavků, ale to myslím nic na věci nemění, poněvadž je to vyložený omyl. On sám přiznává, že jsem řekl: ,Servus, Franci’ a jeho křestní jméno je Anton. To je úplně jasné. Mně snad může škodit jenom to, že jsem utekl z nemocnice, a jestli to praskne s tím ,krankenbuchem’...
[2.2] Vracel jsem se na svou postel do nemocnice až k ránu, a když mě v noci zastavila patrola, ukázal jsem jí na svůj krankenbuch 91. regimentu a víc se mne nikdo na nic neptal. Ve vratech nemocnice opět mlčky ukázal jsem na knihu a nějak jsem se vždy do postele dostal.

Litteratur

Referensar
aRaněný český spisovatel v Č. BudějovicíchJihočeské Listy13.3.1915
bToulavé house