void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Institusjonar

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Mariánská kasárna i Budějovice, heimeforlegninga til Švejk sitt Infanterieregiment Nr. 91 fram til 1. juni 1915.

Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse var fram til 15. september 2013 kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemt geofrafiske punkt slik som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut i denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt geografisk punkt. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta tilhaldsstad, og døme på dette er Odvodní komise og Kriegsministerium.

Namna er fargekoda etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: U kalicha som ein stad der handlinga føregår, K.u.k. Kriegsministerium omtala av forfattaren, Pražské úřední listy som del av ein i dialog, og Stoletá kavárna nemnd i ei anekdote.

Institusjonar liste over institusjonar som er omtala i romanen (286) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

11. Švejk på feltmesse med feltpresten

České legieen flag
Wikipedia czdeenno KartSøk
druzina.jpg

Za svobodu, 1925.

druzina2.png
wadowice.jpg

Avrettinga av Josef Müller og Antonín Grmela, 12. desember 1914. Presten František Havlík var til stades.

vr2.png

Hašek sine notat om avrettingar av legionærar, Samara våren 1918.

rota7.png

Feiring i 7. kompani, 1. rifleregiment.

cs_zborov.png

Kunnegjering av sigeren ved Zborów den 2.juli 1917.

Čechoslovan,25.6.1917

zborov1.png

Frå skyttargravene ved Zborów.

© LA-PNP

zborov.png

Tilbaketrekking frå Zborów, juli 1917.

berezne.png

Masaryk på vitjing i august 1917.

legie1917.png

Tsjekkiske frivillege i Russland, 1917.

© VHU

nlmapa1917.png

Forslag til grensene til ein framtidig tsjekkisk stat.

Národní listy, 21.10.1917

letemps1.png

Om årsaka til det tsjekkoslovakiske opprøret.

Gazette de Lausanne,29.6.1918

samara4pluk.jpg

Feltvakter frå det 4. regiment i Samara.

vlak.png

Jernbana var berebjelken til Legionane.

svec2.png

Švec's sitt brev til Stanislav Čeček om den desperate stoda til troppane hans.

svec.png

Ved grava til oberst Švec, hausten 1918.

kurgan.jpg
vladivostok.jpg

Dei fleste reiste heim frå Vladivostok.

grant.png
otrok.jpg

Heller døden enn livet som slave

plukhusi.png

Det fyrste regiment "Jan Hus" for fyrste gong i Praha.

cechoslovan1.png

Det fyrste nummeret Hašek skreiv i.

Čechoslovan,10.7.1916

povidka.jpg

Soga om biletet av keisar Franz Josef I.

Čechoslovan,17.7.1916

pickwick.png

Innleiinga på Hašek sin Klub českých Pickwiků.

Revoluce,23.4.1917

hasek_berezno.jpg

Det einaste kjende biletet av Jaroslav Hašek frå tida hans i Legionane. Her med Jan Šípek og Václav Menger. Berezne 29. september 1917 (12. oktober).

zajeti.png

Reklame for Švejk

Čechoslovan,29.1.1917

hasek1304.png

Hašek kunngjer at han forlet den tsjekkiske hæren.

zatykac.png

Den tsjekkkoslovakiske hæren sin arrestordre på Hašek, Omsk 25. juli 1918. Her upresist attgjeve i Národní listy, 11. januar 1919.

hasek_legie1.png

Hašek sitt tenesteblad frå Legionane.

hasek_legie2.png

Hašek hadde i samsvar med tsjekkoslovakisk lov ikkje status som legionær. Lova som definerte dette vart ratifisert i 1919.

České legie er Hašek sitt omgrep for Československé legie (dei tsjekkoslovakiske Legionane) som han nemner indirekte når han diskuterer feltprestar si rolle ved avrettingar. Han ramsar opp fleire døme for å illustrera poenget sitt, mellom dei avretting av tsjekkiske legionærar.

Legionane er så vidt nemnde i Den gode soldat Švejk så lesaren kan gjerne spørja seg kvifor ei side om romanen viar såpass mykje plass til ein organisasjon som forfattaren berre kjem inn på ein einaste gong ...

Svaret er at det ikkje kan vera tvil om at Legionane ville ha vore sentrale i dei tre binda av romanen som forfattaren hadde planlagd men ikkje fekk fullførd. Jaroslav Hašek via to år av livet sitt til den tsjekkiske sjølvstenderørsla og det er all grunn til å tru at han ville ha halde fram med å krydra romanen sin med sjølvbiografiske detaljar, fletta inn folk han kjende, og dikta inn episodar frå tida si der, akkurat slik han hadde henta inspirasjon frå den langt kortare tenestetida si i k.u.k. Heer.

Bakgrunn

České legie (meir vanleg Československé legie eller Česko-slovenské legie) er eit samleomgrep for ulike grupper av hovudsakleg tsjekkiske frivillige som slost for Ententen mot Sentralmaktene under fyrste verdskrigen og frå mai 1918 mot bolsjevikane (kommunistane) i den russiske borgarkrigen. Politisk var dei frå februar 1916 underlagd Československá národní rada (det Tsjekkoslovakiske Nasjonalrådet) i Paris, militært inngjekk dei i dei væpna styrkane hjå entente-maktene dei var stasjonerte hjå. Frå 1916 var Legionane eit viktig element i Nasjonalrådet sin kampanje for å overtyda dei allierte til å gå med på opprettinga av ein sjølvstendig slavisk stat i Böhmen, Mähren og Slovakia. Som professor Masaryk, leiaren for den tsjekkoslovakiske sjølvstenderørsla, seinare oppsummerte: "ein stat utan hær kan knapt gjera krav på sjølvstende".

Alt kort tid etter krigsutbrotet vart det oppretta einingar av tsjekkiske frivillege i Frankrike og Russland (og seinare i Italia). I romanen viser forfattaren utan tvil til Legionane i Russland ettersom det var desse han hadde erfaring frå.

Avretting av legionærar

Austerrikske og ungarske statsborgarar som tenestegjorde frivilleg for fienden måtte rekna med kort prosess om dei vart tekne til fange. Dei fyrste tsjekkarane som leid denne vanlagnaden var Josef Müller og Antonín Grmela som vart hengde på torget i Wadowice ved Kraków 12. desember 1914. Prest og vitne ved avrettinga var František Havlík (sjå neste avsnittet). Mange legionærar vart i løpet av krigen avretta, men dette var det fyrste og best kjende tilfellet og Hašek visste heilt sikkert om det.

František Havlík, Wadowice 12.desember 1914

Poslední chvíle odsouzenců popsal zpovídající kněz František Korporal Havlík: „Pod šibenicí jim byl znovu přečten rozsudek. Na otázku, mají-li poslední prosbu, vůbec neodpověděli. Rozloučili se spolu kývnutím hlavy. Grmela šel hrdě, se vztyčenou hlavou. Vystoupil po schodkách, svlékl svrchní kabát a odhodil, odvázal šátek, který měl kolem krku a rovněž odhodil, pak se podíval na diváky, kterých bylo všude plno, uklonil se, usmál a vstrčil hlavu do smyčky. Pak přišel na řadu Gefreiter Müller. Zůstali viset do večera do šesti hodin. Potom byli zakopáni v koutě wadowického hřbitova.“

Avrettingane av legionærar heldt fram gjennom krigsåra og så seint som i mai 1918 hevda Hašek sjølv i eit flygeblad han underteikna i Samara at tyskarane hadde avretta 200 av hans landsmenn i Jekaterinoslav (no Dnipro) og at ein austerriksk miliærdomstol i Kharkov hadde dømt tolv medlemmer av den russiske greina av Tsjekkoslovakiske Nasjonalrådet til døden.

Vidare avretta bolsjevikane under den russiske borgarkrigen ein del tsjekkarar, noko forfattaren som politisk medarbeidar i bolsjevikane sin 5. armee må ha hatt kjennskap til. Men det er lite truleg at desse har inspirert passasjen i romanen ettersom bolsjevikane neppe tok seg bryet med å kalla inn prestar ved slike høve og forfattaren ville nok uansett ikkje retta brodden mot sine tidlegare kameratar på dette stadiet av romanen.

Česká družina

Ved utbrotet av fyrste verdskrigen skal det ha budd om lag 65000 tsjekkarar og slovakar i Russland (nokre kjelder nemner 100 000). Dei fleste av desse heldt til i Kiev-gubernatet, mest i sjølve Kiev og i Volyn-provinsen nær grensa til Galicia. Mellom dei fanst både russiske statsborgarar og austerrikske statsborgarar som av ulike grunnar budde i det russiske keisarriket på denne tida.

Frå begge kategoriane melde det seg frivillege til krigsteneste for Russland, og tsaren godtok alt i august 1914 opprettinga av Česká družina som ei halv-autonom og ikkje-stridande eining i den russiske hæren. Den 28. september 1914 (St Václav-dagen) vart dei tekne i eid i Kiev og talde då 762 mann, ved slutten av året hadde talet auka til 990. Dei vart mest gjevne rekognoserings- og agitasjons-oppgåver ved fronten og var ein del av den russiske 3. armé som deltok i kampane ved Dunajec og Raba i november og desember.

Talet på "družiníci" vaks berre måteleg fram til 1917 og vervinga av krigsfangar var heller mislukka. Russiske styresmakter var lite samarbeidsvillege av ulike grunnar: generell mistru ("ein gong svikar, alltid svikar"), bruk for høgt kvalifisert arbeidskraft i fabrikkar og i landbruket, og dessutan tvil om det folkerettslege grunnlaget for verving av krigsfangar. Lenge vart berre dei som melde seg med ein gong etter å ha vorte tekne til fange godkjende men i april 1916 vart krava lempa på og rekruttering i fangeleirane vart lov. Det store fleirtalet av krigsfangar var uansett lite lystne på å delta i krigen på ny så rekrutteringa gjekk det smått med.

Omveltningar i Russland

I januar 1916 hadde talet på soldatar i Družina vakse til 1650 og det vart bestemt at eininga skulle gjerast om til eit regiment. Den vart fyrst omdøypt til Česko-slovenský střelecký pluk (det tsjekko-slovakiske skyttarregiment) 2. februar 1916 og så til Česko-slovenská střelecká brigáda (den tsjekko-slovakiske skyttarbrigade) 17. april 1916. Det var såleis den siste Jaroslav Hašek formelt vart innrullert i 29. juni 1916 etter å ha meldt seg som frivilleg i fangeleiren Totskoje.

Under den såkalla Kerenskij-offensiven i juli 1917 opererte den tsjekkoslovakiske brigaden for fyrste gong som samla eining i regulære slag. Enno var dei berre ca. 3500 (tala varierer) men utmerka seg ved Zborów den 2. juli 1917 då dei sigra over langt større fiendtlege styrkar og mange motstandarar vart tekne til fange (dei fleste av desse var tsjekkarar frå Infanterieregiment Nr. 35 og Infanterieregiment Nr. 75). Sjølv om den militære betydninga av slaget var liten vart den politiske effekten desto større: sigeren vekte oppsikt både i Petrograd og i hovudstadane i vest og ga såleis kampanjen for tsjekkoslovakisk sjølvstende større tyngde.

Viktig var òg at Zborów gav støytet til eit stort oppsving i rekrutteringa og 5. september vart dei frivillege reorganiserte i 1. Československá střelecká divize (den 1. tsjekkoslovakiske skyttardivisjonen) og alt 26. september vart Československý armadní sbor (det tsjekkoslovakiske armekorps) skipa. Ved slutten av året talde Legionane om lag 38500 og i tillegg til 8 infanteriregiment kom artilleri, ingeniørkompani, reserveregiment, forsynings- og sambandstroppar. Dette var funksjonar som tidlegare hadde vorte dekka av den russiske hæren men no var det tsjekkoslovakiske armékorpset nærpå autonomt sjølv om det framleis formelt var ein del av den russiske hæren. Likevel var enno på denne tida den øvste leiinga russiske offiserar.

Frå ein arme til den andre

Alt i 1916 vurderte den tsjekkiske eksil-leiinga på bakgrunn av den stendig meir usikre stoda i Russland å flytta styrken til vestfronten, og hausten 1917 fekk dette ny aktualitet. Krigen i aust var i praksis over og eit anna motiv for ei overflytting var strategisk: på vestfronten ville tsjekkarane vera meir synlege for dei som bestemde i dei allierte hovudstadane - leiarane i Ententen var enno skeptiske til å splitta opp Austerrike-Ungarn (professor Masaryk). Oktoberrevolusjonen med den påfylgjande våpenkvila gjorde at dette hasta enno meir og den 7. februar 1918 vart avtalen om innordning i den franske hæren underteikna. Kontrakt om finansiering vart inngått i mars i Moskva. Begge desse avtalane vart forhandla fram av Masaryk under opphaldet hans i Russland. Som ein forløpar vart det i desember 1917 vedteke å oppretta ein offisiell tsjekkoslovakisk hær av frivillege i Frankrike som rapporterte til den franske overkommandoen, men som politisk var innordna Nasjonalrådet.

Nyordninga hadde alt før avtalen vart underteikna førd til konkrete endringar i og med at fransk militær struktur og disiplin vart innførd. Misnøye med den nye stoda og påverknad frå bolsjevikane førde no til ein del fråfall og nokre tusen tsjekkarar melde seg etter kvart til teneste for det nye regiment i Moskva, mellom dei Jaroslav Hašek. Ein skal i denne samanhengen heller ikkje gløyma at bolsjevikane betalte betre (Fic).

Sibirsk anabase

Transporten til vestfronten viste seg vanskeleg å setja ut i livet i kaoset som rådde i Russland i 1918. Nokre vart rettnok tidleg skipa ut via Murmansk, overflytting via Romania evt. Kaukasus var vurdert men til slutt landa ein på ei legendarisk jordomsegling via den trans-sibirske jernbana og Vladivostok, seinare kjend som Sibiřská anabase.

I februar 1918 underteikna professor Masaryk og Mikhail A. Muravjov (leiaren for den dei Raude Gardane som okkuperte Kiev) ein avtale om uhindra transport austover. Snarare enn dei hadde førestilt seg måtte både dei og bolsjevikane setja evakueringsplanane ut i livet etter at tyskarane 18. februar gjekk til åtak på Russland for å setja makt bak krava sine i fredsforhandlingane i Brest-Litovsk. Den tyske framrykkinga møtte liten motstand og deler av Legionane omgjekk i fyrste halvdelen av mars så vidt omringing ved Bakhmatsj etter at det 6. regimentet hindra tyskarane lenge nok til at heile armekorpset kom seg i tryggleik.

Avtalen om fri ferd austover vart stadfesta av Josef V. Stalin i midten av mars mot at tsjekkarane godtok ei delvis avvæpning. I desse dagane gjekk forflyttinga nokonlunde problemfritt men snart hindra styresmaktene i Moskva transportane, dels i håp om å få Legionane over på si side, dels under press frå Tyskland. Store einingar vart sitjande fast i byar som Penza og Tjeljabinsk medan dei måtte vera vitne til at togmateriell vart brukt til å frakta heim Sentralmaktene sin krigsfangar.

Opprør

Ein alvorleg episode oppstod i Tjeljabinsk den 14. mai 1918. Ein ungarsk fange vart lynsja av tsjekkarar etter å ha kasta eitt metallstykke mot dei frå toget. Hendinga eskalerte spenninga og Trotskij ga ordre til full avvæpning av Legionane. Dei frustrerte tsjekkarane gjorde opprør den 25. mai og vart såleis innblanda i den russiske borgarkrigen, mot Nasjonalrådet sin uttrykte vilje. Samtidig med krisa hadde dei samla til kongress i Tjeljabinsk og vedtok å ikkje lenger godta direktiv frå den politiske leiinga. Opprørarane fekk i løpet av dei neste tre månadene kontroll over alle viktige punkt langs jernbana mellom Volga og Stillehavet.

I områda som dei no kontrollerte vart den sivile administrasjonen lagt i hendene på anti-bolsjevikiske grupperingar. Mellom desse var det venstre-orienterte demokratiske Komutsj i Samara og den sibirske regjeringa i Omsk. Desse regjeringane oppretta òg eigne styrkar men desse viste seg som relativt ubrukelege allierte (i fylgje tsjekkkiske kjelder). Legionane hadde tidleg kome i direkte kamp med tsjekkiske raudegardistar og ved Penza og Lipjag vart hundrevis av tsjekkiske kommunistar drepne.

Ein viktig konsekvens av den tsjekkoslovakiske maktovertakinga i Sibir var at regjeringa i Moskva og dermed Tyskland vart avskorne frå enorme naturressursar. Transporten av krigsfangar tok òg slutt ettersom Legionane tok kontroll jernbanestasjonane og fangeleirane. Tyske og ungarske fangar vart ofte brutalt handsama og det skal ha førekome massakrar. Ved eit tilfelle skal to utsendingar frå dansk Raude Kross ha vorte skotne som spionar (Brändström).

Kontraordre og ein ny front

Den store framgangen til den tsjekkoslovakiske hæren i juni vekte oppsikt over heile verda, òg hjå den øvste leiinga Ententen. Dette førde til at det vart lagt planar for å bruka Legionane som fortropp ved ein ny front mot Tyskland (dermed òg bolsjevikane). Russiske opprørsregjeringar og den tsjekkoslovakiske politiske og militære leiinga stod bak dette men ENT var usamde seg i mellom. Likevel vart det med bakgrunn i lovnad om alliert støtte gjeve ordre om at den tsjekkoslovakiske hæren skulle bli i Russland og opna ein ny front ved Volga. Denne ordren vart gjeven 7. juli av Stanislav Čeček, øvstkommanderande for vest-gruppa. På same tida oppnådde denne direkte kontakt med sentral-gruppa med base i Omsk.

I mellomtida hadde bolsjevikane på ny innført allmenn verneplikt. Rekrutteringsmetodane var brutale og stram disiplin vart innførd. Dei frivillege Raude Gardane vart no støtta av ein slagkraftig Raude Arme, dels trena av tyske offiserar. Hæren vart òg styrka av såkalla "internasjonalistar", verva mellom krigsfangar. I enkelte avsnitt var dei i denne fasen av krigen dominerande, og mange av dei var tyske og ungarske offiserar og soldatar med lang stridserfaring.

Eit dramatisk mellomspel oppstod 10. juli hende då den sosial-revolusjonære oberst Mikhail A. Muravjov, den nyleg utnemnde øvstkommanderande for bolsjevikane ved Volga-fronten, aktivt gjekk over til andre sida. Agendaen hans var ein felles front mot Tyskland saman med tsjekkoslovakane og dei russiske kontra-revolusjonære men han vart myrda av bolsjevikar i Simbirsk morgonen etter.

Den nye fronten ved Volga vart oppretta i midten av juli og i starten hadde tsjekkarane og deira allierte ein del framgang mot dei overrumpla bolsjevikane, og okkuperte byar som Simbirsk og Kazan. Men i løpet av sommaren hadde Trotskij overraskande snøgt bygd opp ein slagkraftig hær. Dette saman med at den militære støtten frå Ententen i liten grad kom så langt som til Volga, førde til at tsjekkoslovakane no var farleg utsette og måtte frå slutten av august 1918 trekkja seg tilbake med store tap, forfylgde av talmessig overlegne styrkar.

Det største tilbakeslaget var tapet av Kazan 10. september som må reknast som vendepunktet i krigen ved Volga. I mange tilfelle var fienden òg betre utstyrte. Reservar fanst omtrent ikkje og styrkane til deira russiske allierte viste seg ineffektive og upålitelege. Blandt dei utslitne legionærane ved Volga-fronten sette demoraliseringa inn og det viste seg vanskeleg å motivera soldatane for vidare deltaking i borgarkrigen. Det var òg stor frustrasjon med eiga militær leiing. På eit flygeblad fantaserte "forsvarsminister" Rudolf Medek så seint som i midten av september om innmarsj i Moskva, dette på eit tidspunkt då det var klart at den nye fronten var dømd til kollaps. Frå oktober kom uviljen mot vidare krigføring endå meir til syne då det vart klart at verdskrigen gjekk mot slutten og at målet om ein sjølvstendig stat var i sikte.

Ei tragisk hending som illustrerte krisa var det vidkjende sjølvmordet til oberst Josef Jiři Švec 25. oktober 1918 på stasjonen i Asakovo. Folka hans hadde nekta å utføra ordre, men dette var truleg berre den utløysande årsaka til at han tok livet sitt. Švec som var øvstkommanderane ved Kazan-fronten, hadde alt i midten av september i eit brev til František Langer uttrykt frustrasjon over den kritiske stoda og sine russiske allierte som "verna av tsjekkiske bajonettar nyt livet bak fronten" og åtvara mot den aukande demoraliseringa blandt dei utslitne mennene hans.

Innan oktober 1918 var alle byane ved Volga under bolsjevikane sin kontroll og dei trengde stadig austover. Den farlegaste motstandaren til kommunistane var ikkje lenger dei svekka Legionane men den nye herskaren i Sibir, admiral Koltsjak. Han hadde teke makta ved eit kupp i Omsk 18.november.

Frå slutten av oktober 1918 trekte Legionane seg i praksis ut av borgarkrigen sjølv om det enno var trefningar både med bolsjevikane og andre grupper. Ettersom det politiske hovudmålet til Nasjonalrådet om ein sjølvstending stat no var oppnådd, gav engasjementet i Russland lita meining. Likevel vart dei fleste av soldatane sitjande fast i Sibir og det fjerne austen heilt fram til sommaren 1920, men nokre tsjekkiske einingar, hovudsakleg tilhøyrande den uregjerlege kommandanten Radola Gajda, heldt fram å kjempa mot bolsjevikane som ein del av Koltsjak sin hær.

Tidleg i 1919 vart Legionane underlagde den politiske leiinga i det nye Tsjekkoslovakia og med avslutninga av verdskrigen vart den tidlegare politikken om ikkje-innblanding i russiske forhold teken opp att. Den politiske innordninga under Praha skjedde ikkje utan konflikt og det var ved eit par høve tilløp til mytteri. Eit anna kompliserande element for admiral Koltsjak sitt kupp i oktober 1918: dei fleste tsjekkarane hadde eit anstrengt forhold til diktatoren sjølv om begge nominelt hadde ein felles fiende. Under tilbaketrekinga våren 1920 kom den falne diktatoren i tsjekkisk varetekt og vart utlevert til ei gruppe som seinare utleverte han til bolsjevikane. I Irkutsk vart han av desse summarisk avretta, noko som stilte Maurice Janin og Legionane si leiing i eit lite fordelaktig lys. Resten av retretten austover gjekk relativt problemfritt og innan september 1920 var alle på veg heim.

Jaroslav Hašek og Legionane

Etter å ha vore krigsfange sidan 24. september 1915 vart Hašek våren 1916 verva av emissærar frå Československá brigáda i Totskoje, ein fangeleir i oblast Orenburg i Sør-Ural aust for Volga. Saman med ei lita gruppe andre frivillege reiste frå leiren 24. juni 1916 og kom til Kiev den 28[a]. Neste dag var det mønstring men han vart funnen uskikka til krigsteneste grunna dårleg helse. I staden for regulær teneste fekk han oppgåver med rekruttering og agitasjon. Han tok på ny opp att skribent-aktivitetane og skreiv ei rad forteljingar og kommentar-artiklar i vekeavisa Čechoslovan og etter kvart andre tidskrift. Den mest kjende av desse var Povídka o obrazu císaře Františka Josefa I. (Soga om biletet av keisar Kaiser Franz Joseph I.) der han let ein hankatt frå Mladá Boleslav letta blæra på eit portrett av Hans Keisarlege Majestet. Dette førde til ein rettsprosess "in absentia" og ein livleg skriftleg kommunikasjon mellom Polizeidirektion i Praha og k.u.k. Divisionsgericht i Wien.

I 1917 ga han dessutan ut den andre versjonen av Švejk, Dobrý voják Švejk v zajetí. Dette var ei bok på litt over 100 sider som hadde mange detaljar til felles med den seinare romanen. Når det er sagt så mangla anekdotane og humoren til oppfylgjaren, og boka ber meir preg av propaganda enn satire. Frå juni 1916 tenestegjorde faktisk ein Josef Švejk i Legionane og det er mogeleg at Hašek kjende han eller i det minste kjende til han. Endå meir påfallande er det at denne personen budde ved sida av U kalicha i 1912...

Disiplinproblem dukka ikkje uventa opp òg under forfattaren si tid i Legionane. Her kan nemnast eit par fylle-episodar der den eine førde til fengsling. Det toppa seg med den nådelause satira Klub českých Pickwiků der den ukonvensjonalle forfattaren gjekk til personleg åtak på seks leiande politikarar i den russiske avdelinga av det Nasjonalrådet. Denne kom på trykk i Revoluce 23. april 1917. Bakgrunnen var den pågåande striden mellom dei russisk-orienterte og dei vest-orienterte i den tsjekkiske eksil-rørsla der Jaroslav Hašek tok dei fyrste si side. Etter episoden vart han rettsforfylgd og måtte be dei fornærma mennene om orsaking. Han sat dessutan i arresten ei veke. Frå no av var han vanleg soldat og han deltok mellom anna i det 1. regiment si maskingeværavdeling i slaget ved Zborów 2. juli. Han var òg med på tilbaketrekkinga frå Tarnopol etter at Kerenskij-offensiven braut saman.

Regimentet hans heldt frå byrjinga av august til ved Berezne og her fekk dei besøk av professor Masaryk like etter. Hašek vart no sekretær i regiments-staben, vart tillitsvalgd i regimentsrådet, og vart dessutan dekorert for innsatsen under slaget ved Zborów. I denne perioden var han med på å etterforska den påstått austerrikske agenten Hynek Mašek som vart skoten då Legionane trekte seg ut av Ukraina i februar 1918. Ikkje før 15. november 1917 var Hašek tilbake i Kiev som skribent sjølv om han hadde skrive for Čechoslovan alt frå august.

Fleire av artiklane og sogene Hašek skreiv på hausten 1917 var sterkt kritiske til bolsjevikane. Han omtala mellom anna Lenin som "agent for den tyske imperialismen" og så seint som ved årskiftet 1917-1918 kom liknande ytringar på trykk. Han gjekk òg til harde åtak på Alois Muna og Arno Hais, leiarane for den Kiev-baserte delen av den tsjekkiske bolsjevik-rørsla i Russland. Muna gløymde ikkje dette og sto bak "forvisninga" av Hašek til Samara våren 1918. På denne tida leika òg Hašek og nokre andre unge radikale med tanken på å senda sabtotasjegrupper inn i Austerrike-Ungarn, eit påfunn Nasjonalrådet avviste.

På nyåret 1918 tykkjest derimot tonen å endra seg i retning sympati for det nye regimet. Det er grunn til å tru at den unge kommunisten Břetislav Hůla hadde innverknad her - han og Hašek var i fylgje Václav Menger nære vener. I februar vart denne tendensen endå tydelegare og kan ha vorte påvirka av bolsjevikane sin okkupasjon av Kiev frå 8. februar 1918. I ein avisartikkel i Průkopník 27.mars nemner han direkte to av leiarane deira: Mikhail A. Muravjov og Václav Fridrich. I fylgje Josef Pospíšil skal han ha omtale desse som "svært kapable folk". I den ovannamnde artikkelen klandra dessutan Hašek Legionane for ikkje å ha stått saman med dei Raude Gardane i kampen mot dei framrykkande tyskarane. I byrjinga av mars drog Hašek og Hůla til Moskva der dei slutta seg til den tsjekkiske avdelinga av det russiske kommunist-partiet.

Men det var fyrst 13. april 1918 at Hašek melde seg offisielt ut av České vojsko. Grunngjevinga var kort: han var ueinig med politikken til Nasjonalrådet, nemleg å overføra hæren til vestfronten. Likevel la han vekt på at han framleis ville arbeida for tsjekkiske interesser mot Austerrike-Ungarn, så han var enno ikkje i direkte konflikt med Legionane. I skrivinga hans finn ein ikkje spor av referansar til Marx eller Lenin, men derimot koblar han ofte inn fellestrekka mellom Husitt-rørsla og kommunistane. František Langer og Václav Menger fortel at Hašek omgjekk sine tidlegare kameratar frå legionen, òg etter han hadde forlete dei. Desse møta fann stad både i Moskva i mars og i Samara i april og mai. I slutten av mai tilspissa derimot stoda seg i og med Legionane sitt opprør mot bolsjevik-styresmaktene.

Jaroslav Hašek kom no i direkte konflikt med sine tidlegare våpenbrør og 8. juni gjekk han i dekning etter at Legionane okkuperte Samara. Fyrst tre månader seinare dukka han opp att og det har vore spekulert på om han i mellomtida var i kontakt med sine gamle kameratar. I fylgje han sjølv gøymde han seg på landsbygda og utgav seg som evneveik son av ein tysk kolonist. Dette kom fram i eit brev til den tsjekkiske kommunisten Jaroslav Salát-Petrlík (17. september 1920) men mottakaran var neppe ein person han ville ha avslørt eventuelle kontaktar med Legionane ovafor. Brotstykke med informasjon frå ymse kjelder (inkludert han sjølv) tyder på at han heldt til på austsida av Volga minst fram til midten av juli men deretter er det meir usikkert.

Dramatiske hendingar i byrjinga av juli endra omstenda i ei slik grad at Jaroslav Hašek no hadde gode grunnar til å venda tilbake til sine tidlegare våpenbrør, eller i det minste til deira russiske allierte. Som tidlegare nemnd vart det bestemt at Legionane likevel ikkje skulle til Frankrike men derimot verta spydspissen i ein ny alliert anti-tysk front. Dermed ramla mykje av grunnlaget for Jaroslav Hašek si utmelding bort. Han hadde på ny sterke felles interresser med Legionane og Nasjonalrådet. Dertil kom at bolsjevikane no i praksis var (motvillege) allierte med Sentralmaktene, noko som må ha gjort dei nokså usmakelege for den nybakte tsjekkiske kommunisten som heile tida var meir nasjonalist enn ideolog. Han hadde òg som revolusjonær agitator konsekvent tala for sosial revolusjon samtidig med kamp mot Sentralmaktene, og no var akkurat dette innafor rekkjevidde.

Kva som no gjekk gale er uvisst men snart var alle bruer brende: den tsjekkoslovakiske feltdomstolen i Omsk lyste ut arrestordre på Hašek 25. juli 1918. Grunngjevinga var "gjentatte forbryterske svik mot den tsjekkoslovakiske nasjon". Leiande kommunistiske politikarar som Alois Muna, Arno Hais, Václav Knoflíček and František Beneš vart òg etterlyste, men ordlyden var mildare og deira arrestordre kom ei veke før!

I september vart Hašek arrestert i Simbirsk av bolsjevikane. Truleg var det grunna mistanke om spionasje eller kontakt med fienden. Sovjetmakta må likevel ha funne ut at han kunne vera til nytte, for midt i oktober vart han send til Bugulma der han var nestkommanderande ut året.

Den grundigaste (og nok einaste) vitskapelege undersøkinga som er gjort om Jaroslav Hašek og opphaldet hans ved Volga i denne perioden vart lagd fram av Pavel Gan på Hašek-symposiet i Bamberg (1983). Skriftet Jaroslav Hašek als Rotarmist an der Volga er svært detaljert og godt dokumentert, men likevel står ein att med fleire spørsmål enn sikre svar. Hovudpoenget til Gan kan ein derimot knapt argumentera mot: Hašek hadde i desse dagane ein felles ståstad ikkje berre med Legionane men òg med Mikhail A. Muravjov, obersten som 10. juli hadde forlete posten sin som bolsjevikane sin øvstkommanderande ved Volga-fronten for å slutta seg til tsjekkoslovakane og deira russiske allierte i ein felles front mot tyskarane. Alt morgonen etter vart rettnok Muravjov skoten i Simbirsk av folk som var lojale mot Moskva-regiment så heile eventyret var truleg for kortvarig til at Hašek kunne fått nyss om det (om han då ikkje var direkte med på det). Gan kjem fram til at Hašek etter mordet på Muravjov gjekk i dekning, deretter gjekk i teneste hjå bolsjevikane for så å gå under jorda att i Samara før han endeleg dukka opp att i Simbirsk i oktober.

Frå oktober 1918 til oktober 1920 arbeidde Jaroslav Hašek direkte for bolsjevikane sin 5. arme, men vart så send tilbake til heimlandet av Komintern for å arbeida for revolusjonen. Etter heimkomsten til det no sjølvstendige Tsjekkoslovakia i desember 1920 fekk brotet med Legionane konsekvensar: han vart ikkje rekna som legionær i fylgje lova, noko som i alle fall fråtok han pensjonsrettar. Han vart uglesedd i vide kretsar og mange av dei tidelegare venene hans unngjekk han. Ved eit tilfelle måtte jamvel politiet gripa inn for å hindra lynsjing (Janouch).

Fleire av Jaroslav Hašek sine kameratar frå tida i Russland fekk høge embete i den nye republikken: Jan Šípek, Jaroslav Kejla, Rudolf Medek og František Langer var mellom desse.

I ettertid
folkeblad.png

Trondhjems Folkeblad, 3.august 1918

Det store fleirtalet i Legionane var tsjekkarar. Slovakane talde berre 7-8 prosent og det var truleg fleire russiske legionærar og dessuta nokre serbarar og andre grupper. Denne etniske samansetning fann ein att i Nasjonalrådet og andre sivile organ. Jaroslav Hašek sjølv melde seg ordrett ut av České vojsko (den tsjekkiske hæren), noko som reflekterer kor tsjekkisk-sentrert han oppfatta denne hærenen å bera. Den tyske og jødiske befolkninga i Böhmen og Mähren vart knapt representerte i det heile.

Legionærane sjølve såg på omgrepet "legion" som ei fornærming. Det var fyrst etter 1918 at omgrepet legion kom i ålmenn bruk.

aftenpost.png

Aftenposten, 21.oktober 1918

Etter 1918 danna Legionane naturleg grunnstamma dei tsjekkoslovakiske væpna styrkane og spesielt offiserane fekk framståande roller i den nye hæren og i flyvåpenet. Legionærane vart i den 1. republikken generelt ein viktig del av nasjonsbygginga og vart feira som heltar og nasjonale symbol. Litteraturen om dei fløymde, mellom anna storverket Za svobodu (For fridomen) som er ei viktig kjelde for denne artikkelen. Mange monument vart reiste og eit utal gater fekk namn som hadde tilknyting til Legionane. Mange av dei avanserte raskt i stats- og ikkje minst militærapparatat på bekostning av det store fleirtalet som trass alt var lojale mot Austerrike-Ungarn.

Under kommunist-tida frå 1948 til 1989 var Legionane derimot nesten berre negativt omtala - "kvite tsjekkarar" som intervenerte i den russiske borgarkrigen på oppdrag frå imperialistane og verdsborgarskapet. Etter 1990 har Legionane naturleg nok vorte rehabiliterte og er på ny eit viktig symbol og ei kjelde til nasjonal stoltheit i Tsjekkia. Ny litteratur om dei dukkar stadig opp og det omfattande arkivmaterialet er langt frå ferdig granska.

Sitat
[I.11.1] Velká jatka světové války neobešla se bez požehnání kněžského. Polní kuráti všech armád modlili se a sloužili polní mše za vítězství té strany, čí chleba jedli. Při popravách vzbouřených vojáků objevil se kněz. Při popravách českých legionářů bylo vidět kněze.

Kjelder: Tomáš G. Masaryk, VÚA, Rudolf Medek, Victor M. Fic, Gerburg Thunig-Nittner, Pavel J. Kuthan, Has-J, František Langer, Václav Menger, Jaroslav Křížek, Karel Svoboda, Pavel Gan, Lev Trotsky, Elsa Brändström, Břetislav Hůla, Radko Pytlík, Josef Pospíšil, Radola Gajda

Skrivst òg:Czech Legions en Tscehchische Legion de Tsjekkiske legionar no

Litteratur
Referensar
aUpomínky na můj vojenský životKarel Prášil2020
K.u.k. Militäräraren flag
Wien I., Stubenring 1
Wikipedia deen KartSøk Švejkův slovník
erar.png

Ottův slovník naučný

erar1.png

Prager Abendblatt,12.10.1914

K.u.k. Militärärar vert nemnd fyrst når Švejk fortel den fromme læraren i Vršovice kor alvorleg det er å tileigna seg militær eigedom.

Omgrepet dukkar opp på ny når Feldkurat Katz kranglar med sjefen på Vojenská nemocnice na Karlově náměstí når han hevdar at den militære materialforvaltninga skuldar han 150 kroner for utgifter til velsigna olje og reiseutgiftene.

Bakgrunn

K.u.k. Militärärar var eit omgrep for den militære eigedomsmassen i Austerrike-Ungarn, i.e. det som tilhøyrde k.u.k. Kriegsministerium og den tilhøyrande forvaltninga. Utrykkjet må ikkje forvekslast med Ärar som omfatta all statleg eigedom.

Ordet kjem frå latinsk Aerarium militare og vart rekna som ein "austrianisme". Det er ikkje lenger i bruk på tysk, heller ikkje i Austerrike. Sjå ellers Militärintendantur.

Sitat
[I.11.2] "Kvůli tomu zázraku," dodal Švejk, "můžou mít ještě vopletání. Voni koupili pohovku, a ne žádnej voltář, kterej patří vojenskému eráru.
[I.13] To byla tedy ta veliká sláva, o které mluvil Švejk. Polní kurát šel zatím do kanceláře vyřídit finanční stránku posledního pomazání a vypočítal již účetnímu šikovateli, že je mu vojenský erár dlužen na sto padesát korun za posvěcený olej a cestu.
[II.3] „U pětasedmdesátýho regimentu,“ ozval se jeden muž z eskorty, „prochlastal hejtman celou plukovní kasu před válkou a musel kvitovat z vojny, a teď je zas hejtmanem, a jeden felák, kterej vokrad erár vo sukno na vejložky, bylo ho přes dvacet balíků, je dneska štábsfeldvéblem, a jeden infanterista byl nedávno v Srbsku zastřelenej, poněvadž sněd najednou svou konservu, kterou měl si nechat na tři dny.“

Skrivst òg:C.a.k. vojenský erár cz

Vršovice kostelen flag
Vršovice/84, Komenského nám. -
Wikipedia czen KartSøk Švejkova cesta Švejkův slovník
vrsovice_kostel.jpg

Paměti obce vršovické u Prahy, Bedřich Šplíchal,1902

vrsovice_kostel_adr.png

Vršovice kostel vert implisitt nemnd når Švejk og Feldkurat Katz var i Vršovice for å finna att feltaltaret som var inni sofaen Katz hadde selgd. To punkt er nemnde: prestegarden og sakristiet.

Bakgrunn

Vršovice kostel er her eintydig kostel svatého Mikuláše, ei katolsk kyrkje i Vršovice. Den er i barokk stil og vart bygd i 1704. Prestegarden ligg vegg i vegg med kyrkja. Adresseinformasjonen viser at František Dusil var prest i 1907.

Jaroslav Hašek kjende godt til kyrkja ettersom han på vårparten 1912 budde like ved i Palackého třída 363 (no Moskevská 363/33). Det var her sonen Richard vart fødd 2. mai 1912. Like etterpå forlet familiefaren kona og det nyfødde bornet.

Sitat
[I.11.2] Nakonec šli do sakristie kostela a farář vydal polní oltář pod touto zápiskou:

Přijal jsem polní oltář, který se náhodou dostal do chrámu ve Vršovicích.

Polní kurát Otto Katz
Firma Moritz Mahleren flag
Søk Švejkův slovník

Firma Moritz Mahler var eit jødisk føretak frå Wien som laga relegiøst utstyr, i dette tilfellet feltaltaret til Feldkurat Katz.

Bakgrunn

Firma Moritz Mahler kan ikkje påvisast i adresseboka for Wien, 1915. Firma som leverte relegiøse artefaktar har sjølvsagt eksistert, men det virkar som om namnet er eit reint påfunn. Firma Moritz Löwenstein i [III.2] ser ut til å vera ein variant over same temaet.

Sitat
[I.11.2] Slavný polní oltář byl od jedné židovské firmy, Moritz Mahler ve Vídni, která vyráběla všemožné mešní potřeby a předměty náboženské, jako růžence a obrázky svatých.
Břevnovský klášteren flag
Břevnov/1, Markétská ul. -
Wikipedia czdeen KartSøk Švejkova cesta Švejkův slovník
brevnovklaster.jpg

Břevnov 2016

brevnovklaster_adr.png

Břevnovský klášter er nemnd i samband med at Feldkurat Katz og Švejk henta utstyr til feltmessa her: monstrans, siborium og ei flaske messevin.

Bakgrunn

Břevnovský klášter er eit benediktinarkloster i bydelen Břevnov i Praha. Det vart grunnlagd i 933 og var det fyrste i sitt slag i Böhmen. Den arkitektoniske stilen er barokk og er frå 1700-talet.

Abbed i klosteret under fyrste verdskrigen var Lev Mojžíš, ein geistleg som frå Jan Berwid-Buquoy si side er vorten utsett for spekulative påstandar om at han var svært alkoholisert og skal ha vore førebilete for Katz!

I 1951 vart klosteret oppløyst og overteke av arkivet til innanrikskinisteriet (Archiv ministerstva vnitra). I 1990 vart det gjeve tilbake til Benediktinarordenen. I dag ligg i tillegg til klosteret òg Hotel Adalbert og restauranten Klášterní šenk på eigedomen.

Sitat
[I.11.2] Neboť ještě jeli pro sportovní kalich k nadporučíku Witingrovi a potom pro monstranci, ciborium a jiné příslušnosti ke mši do břevnovského kláštera, včetně i láhve mešního vína.
Litteratur
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

11. Švejk på feltmesse med feltpresten


© 2008 - 2024 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 16.3.2024