
Mariánská kasárna i Budějovice, heimeforlegninga til Švejk sitt k.u.k. Infanterieregiment Nr. 91 fram til 1. juni 1915.
Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse var fram til 15. september 2013 kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemt geofrafiske punkt slik som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut i denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.
Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt geografisk punkt. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta tilhaldsstad, og døme på dette er Odvodní komise og Kriegsministerium.
Namna er fargekoda etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: U kalicha som ein stad der handlinga føregår, K.u.k. Kriegsministerium omtala av forfattaren, Pražské úřední listy som del av ein i dialog, og Stoletá kavárna nemnd i ei anekdote.







![]() ![]() ![]() |
I. Bak fronten |
![]() | |
6. Švejk heime att etter å ha brote gjennom trylleringen |
![]() | Kostel svatého Apolináře | ![]() | ||||
Praha II./443, Apolinářská 20 | ||||||
|
Kostel svatého Apolináře vert nemnd i handlinga avdi kyrkjetenaren herfrå var på U kalicha då Švejk var innom kneipa etter å ha vorte sett fri siste gongen frå c.k. policejní ředitelství. Dette var truleg 29. juli 1914 ettersom Austerrike-Ungarn hadde nettopp løyst krig mot Serbia.
Bakgrunn
Kostel svatého Apolináře er ei kyrkje i Nové město som ligg berre nokre hundre meter frå U kalicha. Den vart bygd i det 14. århundret og er oppkalla etter Apollinaris av Ravenna.
Sitat
[I.6] Ve výčepu panovalo hrobové ticho. Sedělo tam několik hostů, mezi nimi kostelník od sv. Apolináře.
Skrivst òg:Church of Saint Apollinaire en Apollinarkirche de
Litteratur
![]() | Volná myšlenka | ![]() | ||||
Královské Vinohrady/588, Korunní tř. 6 | ||||||
|
Volná myšlenka vart nemnd i utbrotet til kneipevert Palivec i rettsaka mot han: "Lenge leve Fritenkjarane!". Dette kan fru Palivcová fortelja Švejk då han vender tilbake til U kalicha etter å ha vorte sett fri ved krigsutbrotet.
Bakgrunn
Volná myšlenka var eit samband av fritenkjarar, ei antikyrkjeleg og ateistisk rørsle som oppstod i fleire land i det 19. hundreåret. Den internasjonalt mest kjende fritenkjaren var Francesc Ferrer i Guàrdia (1859-1909).
Den tsjekkiske seksjonen vart grunnlagt i 1904, og førebels oppløyst i 1915. Den mest kjende representanten for den tsjekkiske delen av rørsla var Machar, formann frå 1909. Organisasjonen gav òg ut eit månadstidsskrift med same namn. Det mest konkrete målet deira var skilje av kyrkje og stat.
Karel Pelant var ein av grunnleggjarane av den tsjekkiske seksjonen, og dette var ein person Hašek kjende godt. Zdeněk Matěj Kuděj skildrar eit møte mellom dei to i Plzeň i 1913 som kom i stand ettersom Pelant, på denne tida redaktør for veketidskriftet Směr, skulda Hašek honorar for eit par soger han hadde skrive.
Pelant vert òg nemnd i samband med Strana mírného pokroku v mezích zákona. Han var dessutan utgjevar av tidskriftet til organisasjonen.
Sitat
[I.6] Já jsem se tak lekla toho příbuzenského poměru, aby snad ještě z toho něco nebylo, tak jsem se vzdala svědectví a on chudák stará se tak na mne podíval, do smrti na ty jeho oči nezapomenu. A potom, po rozsudku, když ho odváděli, vykřik jim tam na chodbě, jak byl z toho cele] pitomej: ,Ať žije Volná myšlenka!`
Litteratur
![]() | Mimosa | ![]() | ||||
Praha I./496, Havelská ul. 31 | ||||||
|
Mimosa vert nemnd avdi dørvakta som hadde flytta inn på Švejk sitt rom arbeidde der.
Bakgrunn
Mimosa var ein kjend nattkafé som ikkje eksisterer lenger. Den tsjekkisk-jødiske reportaren Egon Erwin Kisch la handlinga i den einaste romanen sin hit. Der Mädchenhirt (Halliken) kom ut i mai 191r. I addresseboka for 1910 er det oppførd ein anna kafé i nummer 496/31: U Hvězdičky tři zlaté, men alt i 1913 viser annonsar klårt at til Mimosa alt var i drift. Kafeen baud på konsertar og underhaldning og etter annonsar å doma opna den tidleg i 1913.
I februar 1917 melde Čech at etablissementet måtte stengja etter krav frå politiet[a].
Sitat
[I.6] Když si bral límeček a skládal kravatu, vzpamatoval se již do té míry, že mohl ujistit Švejka, že noční kavárna „Mimosa“ jest opravdu jedna z nejslušnějších nočních místností, kam mají přístup jedině dámy, které mají policejní knížku v úplném pořádku, a zval Švejka srdečně, aby přišel na návštěvu.
Kjelder: Jaroslav Šerák, Radko Pytlík
Litteratur
a | Z ovzduší hostinské živnosti | 18.2.1917 |
![]() ![]() ![]() |
I. Bak fronten |
![]() | |
6. Švejk heime att etter å ha brote gjennom trylleringen |
© 2009 - 2022 Jomar Hønsi | Sist oppdatert: 22.5.2022 |