Tooltip container
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language
Change languageChange language

Institusjonar

Romanen på nettŠvejk MuseumLiterární ArchivFacebookŠvejk CentralBlogReisedagbokKontakt

Mariánská kasárna i Budějovice, heimeforlegninga til Švejk sitt k.u.k. Infanterieregiment Nr. 91 fram til 1. juni 1915.

Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse var fram til 15. september 2013 kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemt geofrafiske punkt slik som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut i denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt geografisk punkt. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta tilhaldsstad, og døme på dette er Odvodní komise og Kriegsministerium.

Namna er fargekoda etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: U kalicha som ein stad der handlinga føregår, K.u.k. Kriegsministerium omtala av forfattaren, Pražské úřední listy som del av ein i dialog, og Stoletá kavárna nemnd i ei anekdote.

>> Den gode soldat Švejk liste over institusjonar som er omtala i romanen (223) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

8. Švejk som simulant

Posádková vězniceen flag
Praha IV./214, Kapucínská 2
Wikipedia czen Google kartsøk Švejkova cesta Švejkův slovník
posadvez2.jpg
posadvez1.png
posadvez.png

Posádková věznice er tilsynelatande åstaden for handlinga i to heile kapittel. Både [1.8] og [1.9] føregår i og rundt garnisonsfengselet, fyrst i sjukebrakka, bygning 3 og deretter i celle nummer 16. Švejk sin utveg vert messa i kapellet der Feldkurat Katz forbarmar seg over han og etter kvart tek han til seg som offiserstenar.

Fengselet vert nemnd fyrste gong i slutten av [1.7] og det vert sagt at Švejk skal dit. Av personane Švejk kjem i kontakt med under fengselsopphaldet er doktor Grünstein, Baronesse von Botzenheim, Hauptmann Linhart, vaktarane Stabsprofus Slavík, Feldwebel Řepa og Korporal Říha - og heilt mot slutten påtalemakta representert ved Auditor Bernis.

Bakgrunn

Posádková věznice er forfattaren sitt omgrep for c.a k. vojenská věznice v Praze (k.u.k. Militärgefängnis von Prag), eit fengsel som tilhøyrde garnisonskomplekset på Hradčany. I bygget heldt òg garnisonsdomstolen og Landwehrdomstolen til. Bygningen, som ligg like bak Loreta, vart oppførd i 1896 og er enno i bruk. Under Nazi- og kommunistdiktatura fekk bygningen nytt liv som fengsel og brutalt forhøyrs-senter. Sjå òg Vojenský soud.

I 1906 var to Stabsprofusen tilsette ved fengselet, men ingen av dei hadde heitte Stabsprofus Slavík, Korporal Říha, eller Feldwebel Řepa. Dei to var Jan Frkal og Josef Bureš, begge budde på fengselsområdet. Om desse kan ha vore førebilete for personane i romanen er vanskeleg å døma om. Det finst ikkje historisk belegg for at forfattaren nokon gong hadde noko med garnisonsfengselet å gjera, så ein må gå ut frå at inspirasjonen for desse figurane kom annanstads frå. På den andre sida kan det vera at han baserte forteljinga på det som folk som faktisk sat der fortalde han. Omtalen av tilhøva i fengselet og brutaliteten til vaktarane virkar i det heile sterkt overdriven.

Mykje tyder på at forfattaren ikkje var særleg kjend med organiseringa av garnisonen. Det er motstridande opplysningar om kvar Švejk faktisk låg: på Vojenská nemocnice Hradčany eller i eit sjukerom i sjølve fengselet. Ein passasje tyder på at forfattaren trur at militærsjukehuset tilhøyrde fengselet, noko det ikkje gjorde. I kapittel ni vert det gjeve inntrykk av at garnisonen VAR sjølve fengselet, noko det ikkje var (i det høgste eit folkeleg omgrep for garnisonsfengselet).

Antonín Matějovský
posadvez2.png

Antonín Matějovský

I 1923 vart det trykt ein serie hefte med tittelen "Dokument frå vår nasjonale revolusjon". Her gjev A. Matějovský oss ei viss innsikt i tilhøva ved fengselete. Han vart arrestert etter å ha distribuert det såkalla "Tsar-manifestet" i 1914 og dømd til 10 år i fengsel. Han sat dei fyrste 16 månadene på Hradčany før han vart flytta til Arad. Omtalen hans av tilhøva i fengselet er heilt det motsette av det Švejk opplevde. Vaktarane og dei andre tilsette oppførde seg prikkfritt mot fangane og gav dei ein hjarteleg avskjed då dei drog til Arad, der tilhøva var langt verre. Matějovský vart sett på frifot i 1917 under det ålmenne amnestiet til den nye keisaren Karl I.

Sitat
[1.8] Švejka v posádkové věznici do nemocničního baráku právě mezi takové malomyslné simulanty.

Skrivst òg:Garrison prison en Garnisonsgefängnis de Garnisonsarresten no

Litteratur

Vojenská nemocnice Hradčanyen flag
Praha IV./181, Loretánská 4
Google kartsøk Švejkova cesta Švejkův slovník
vojnemoc2.jpg

© Stará Praha

vojnemoc.png

Český svět, 5.5.1916

Vojenská nemocnice Hradčany vert nemnd av doktor Grünstein når han spør Švejk korleis han likar seg på militærsjukehuset. Likevel er nokon uklårt om sjukehuset i det heile er med i handlinga ettersom opplysningane om opphaldet til Švejk blandt simulatane på Hradčany er noko motstridande. Andre stader i teksten får lesaren inntrykk av at det er snakk om ei sjukeavdeling ved garnisonsfengselet. Sjå Posádková věznice for meir om dette temaet.

Bakgrunn

Vojenská nemocnice Hradčany viser til ei underavdeling av k.u.k. Militärspital nr. 11 i Praha. Det låg i same kaserne-komplekset som garnisonsfengselet, militærdosmtolen og andre hærinstitusjonar. Det militære hovudsjukehuset i Praha var Vojenská nemocnice Karlovo náměstí.

Stabsoverlege i 1916 var dr. Křejčí. Dette kjem fram når aviser omtala ei vitjing frå Gevinne Coudenhove, kona till statthaldaren i Böhmen. Vitjinga fann stad 10. april 1916, for seint til å passa kronologisk med besøket til Baronesse von Botzenheim, men det finst likevel interressante paralellar.

Sitat
[1.8] Druhého dne při visitě otázal se dr Grünstein Švejka, jak se mu líbí ve vojenské nemocnici. Švejk odpověděl, že jest to podnik správný a vznešený.

Skrivst òg:Military hospital at Hradčany en Militärspital am Hradschin de Militærsjukehuset på Hradčany no

Litteratur

Československá Republikaen flag
Praha III./387, Karmelitská ul. 6
Google kartsøk Švejkův slovník
cesrep2.png

Chytilův adresář, 1924.

cesrep.png

Národní Listy, 11.4.1931.

Československá Republika vert nemnd under Baronesse von Botzenheim si vitjing på Hradčany der ho gav Švejk boka Hendingar frå vår monark sitt liv som var skriven av den seinare sjefsredaktøren i denne avisa.

Bakgrunn

Československá Republika var ei statleg dagsavis som kom ut under dette namnet frå 1919 til 1932. Den var ein direkte etterfylgjar til Pražské úřední noviny, dei heldt jamvel til i same lokala. Redaktøren som vert nemnd, redaktør Filip, hadde arbeidd der alt under det gamle regiment. Avisa heldt fram frå 1932 til 1938, no som Pražské noviny. Det statlege forlaget ga òg ut Úřední List Československá Republika og kveldsavisa Prager Abendblatt (på tysk).

I Rudé Pravo

Jaroslav Hašek skreiv òg ein satirisk artikkel i Rudé Pravo der avisa og redaktør redaktør Filip er omtala meir inngåande: Kva eg ville tilrå kommunistane dersom eg var sjefsredaktør i regjeringsorganet Československá Republika. Artikkelen var datert 7. april 1921 og kom på trykk 8. mai, på same tid som denne delen av romanen vart skriven. I artikkelen hevdar han at ein Svátek var sjefsredaktør, i romanen har forfattaren av boka om keisaren (dvs. Filip) denne rolla. I fylgje adresseboka frå 1924 var Josef Hevera sjefsredaktør, og eit anna namn som er nemnd i artikkelen i Rudé Pravo, Adolf Zeman, var medlem av redaksjonen. Artikkelen tyder dessutan på at Jaroslav Hašek framleis innst inne var kommunist.

Om Hašek

Avisa skreiv til tider om Hašek, mest etter at han vart vidkjend, og 5. januar 1923 trykte dei ein nekrolog. Like etter at han kom attende frå Russland trykte dei annonsar for førestillingane hans på teateret Červená sedma der han fortalde soger frå opphaldet sitt i Russland.

Sitat
[1.8] Potom vytáhla z koše tři láhve vína pro rekonvalescenty a dvě krabice cigaret. Vše elegantně rozložila na prázdnou postel vedle Švejka, kam přibyla ještě pěkně vázaná kniha „Příběhy ze života našeho mocnáře“, kterou napsal nynější zasloužilý šéfredaktor naší úřední „Československé republiky“, který se ve starém Frantíkovi viděl.

Litteratur

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

8. Švejk som simulant


© 2009 - 2021 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 19.10.2021