void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Institusjonar

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Mariánská kasárna i Budějovice, heimeforlegninga til Švejk sitt Infanterieregiment Nr. 91 fram til 1. juni 1915.

Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse var fram til 15. september 2013 kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemt geofrafiske punkt slik som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut i denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt geografisk punkt. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta tilhaldsstad, og døme på dette er Odvodní komise og Kriegsministerium.

Namna er fargekoda etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: U kalicha som ein stad der handlinga føregår, K.u.k. Kriegsministerium omtala av forfattaren, Pražské úřední listy som del av ein i dialog, og Stoletá kavárna nemnd i ei anekdote.

Institusjonar liste over institusjonar som er omtala i romanen (286) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

2. Švejks anabase til Budějovice

K.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 7en flag
Plzeň, Doudlevecká třída
KartSøk
lir7a.jpg

Landwehr-Ergänzungsbezirk Nr. 7, 1913

Schematismus der k.k. Land­wehr (s. 691)1913

lir7.jpg

Kaserna til LIR7, Plzeň

lir7.png

Pilsner Tagblatt, 27.5.1915

K.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 7 er indirkete nemnd som k.k. Landwehr i Pilsen. Den gamle kona i Vráž fortel Švejk om Toníček Mašků som vart kalla hit.

Bakgrunn

K.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 7 var eit av 37 infanteriregiment i det austerrikske k.k. Landwehr. Saman med dei fleste av systerregimenta vart det grunnlagd i 1889. Soldatane var rekruttert frå disktrika Plzeň, Beroun og Písek. Staben og to bataljonane var i 1914 forlagde i Pilsen, ein bataljon i Rokycany. I 1914 var Oberst Franz Sappe kommandant[a]. Kaserna deira låg Doudlevecká třida, sør for sentrum[d] ved Dobytčí trh, dagens Štefánikovo náměstí.

Under krigen slost dei fyrst i Serbia, frå februar 1915 i Karpatane, Galicia og russisk Polen,i 1916 i Bukovina og ved elva Dnjestr. I juni 1917 vart dei overførde til den italienske der dei vart verande resten av krigen. Unntaket var eit kortare opphald i Ukraina våren 1918[b].

I løpet av fyrste halvåret 1915 vart alle erstatningsbataljonane i tsjekkisk-talande forlgade til område som var befolka av andre nasjonalitetar. Dette galdt òg k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 7 som vart flytta til Rumburg (Rumburk) i det nordlege Böhmen, ein region som nesten utelukkande var tysk-talande. Bataljonen kom til Rumburg om morgonen den 23. mai 1915 [c]. In 1918 var soldatar frå erstatningsbataljonen involverte i det såkalla Rumburk-opprøret og fleire av dei vart avretta etter at oppstanden vart slegen ned.

Kuděj

Hašek kan ha fått annanhands opplysningar om regimentet gjennom venen Zdeněk Matěj Kuděj som mønstra til fyrstegongsteneste hjå dei i 1902. Han tok òg del i periodiske våpenøvingar med dei i 1905, 1909, 1911 og 1913. Under krigen slaåå han derimot billeg unna ettersom han vart kalla inn så seint som i 1917 og han gjorde ikkje tenenste ved fronten.

Sitat
[II.2] „U nás byl taky jeden takovej nezbeda. Ten měl ject do Plzně k landvér, nějakej Toníček Mašků,“ povzdechla si babička, „von je vod mojí neteře příbuznej, a vodjel. A za tejden už ho hledali četníci, že nepřijel ku svýmu regimentu. A ještě za tejden se vobjevil u nás v civilu, že prej je puštěnej domů na urláb. Tak šel starosta na četnictvo, a voni ho z toho urlábu vyzdvihli. Už psal z fronty, že je raněnej, že má nohu pryč.“
Litteratur
Referensar
aSchematismus der k.k. Land­wehr (s. 234)Ministerium für Landesverteidigung1914
bLIR 7 - bojová cestaSignum belli 19142014
cDer Einmarsch unserer Siebener in RumburgPilsner Tagblatt27.5.1915
dKolaudace zeměbraneckých kasáren Encyclopedie Plzeň
Infanterieregiment Nr. 35en flag
Plzeň/37, Palackého nám. 2
Wikipedia cz KartSøk Švejkův slovník
ir35.jpg

Der Oberste Kriegsherr und sein Stab,1908

ir35ka.jpg

Kaserna til IR35, Plzeň

ir35schema.png

Schematismus für das K.u.k. Heer..., 1914

steinsberg.jpg

Fram til 1.2.1915 var oberstløytnant Alfred Steinsberg ein av dei høgare offiserane i IR. 35. Her på eit bilete frå 1915, no som oberst og sjef for IR. 91.

SOkA Beroun. Fond Jan Ev. Eybl.

Infanterieregiment Nr. 35 er nemd då Švejk overnattar i ein høystakk ved Putim og oppdagar at han er i selskap med tre desertørar. To av desse er frå IR 35. I [II.3] kjem det fram at soldaten Koníček gjorde teneste i dette regimentet.

Bakgrunn

Infanterieregiment Nr. 35 var eit av 102 regulære infanteriregiment i k.u.k. Heer. Det høyrde til eit av dei eldste ettersom det vart grunnlagd så tidleg som i 1683[a]. Gjennom si lange history to regimentet del i fleire kjende slag, mellom dei: Wien (1689), Aspern (1809), og Solferino (1859). Soldatane var rekruttert frå Heeresergänzungsbezirk Nr. 35, Pilsen. I 1914 var staben og tre bataljonar forlagde i Pilsen, medan tredje bataljon frå 1912 var forlagde i Kalinovik i Bosnia. Ved krigsutbrotet var Oberst Johann von Mossig kommandant[a].

Ved krigsutbrotet var Oberst Johann von Mossig sjef for regimentet. Mellom dei andre høgare offiserane fann ein Alfred Steinsberg[a] som 1. februar 1915 overtok kommandoen for Infanterieregiment Nr. 91 og var i denne stillinga gjennom heile Jaroslav Hašek si tid i regimentet.

Under krigen

Frå starten av krigen fram til mai 1915 kjempa 1. 2. og 4. bataljon i russisk Polen ved Komarów, i Galicia ved Rawa Ruska, ved elva San og aust for Kraków, seinare i Karpatane. Gjennom resten av 1915 og framtil september 1917 heldt dei til i det austlege Galicia og 2. juli 1917 slost dei mot eigne landsmenn frå Legionane ved Zborów. Under dette slaget vart mange soldatar frå regimentet tekne til fange, noko som førde til skuldingar om svik, påfylgjande undersøkingar og debattar i Reichsrat. Resten av krigen vart dei sette inn ved den italienske fronten[b]. Den utskilde 3. bataljonen vart aldri slegen saman med resten av regimentet, den opererte fyrst i Serbia og seinare mot Italia[c].

Kontroversar

Som mange andre tsjekkiske regiment vart Infanterieregiment Nr. 35 skulda for svik under fyrste verdskrigen. Under slaget ved Zborów den 2. juli 1917 vart mange soldatar frå regimentet tekne til fange, noko som førde til skuldingar om illojalitet, påfylgd av interpellasjonar og debattar i det på ny fungerande Reichsrat. Det var òg ein episode i September 1915 der det vart spørsmål om kor påliteleg regimentet var. Forsvarministeren i Cisleithanien opplyste om at det til trass for enkeltepisodar ikkje var grunn til å mistru regimentet som eining[e].

Som eit motpunkt kan nemnast boka Bohemia's case for independence av Edvard Beneš (1917). Her vert det hevda at regimentet gjekk over til fienden og var på plass i dei russiske skyttargravene ein halvtime etter at dei gjekk av toget[f]. Dette er sjølvsagt reint tøv ettersom det ville ta fleire timar berre å få så mange soldatar med utstyr ut av toga og marsjera vidare. Dessutan køyrde ikkje troppetransportane så nær opptil fronten at det ein gong ville vera teoretisk mogeleg.

Ersatzbataillon

IR. 35 sin erstatningsbataljon vart 14. juni 1915 flytta til Székesfehérvár[c] i Ungarn som del av ein større operasjon for å "verna" rekruttar frå antatt upålitelege folkeslag og deira undergravande innverknad frå lokalmiljøet. I Ungarn vart Karl Schlager, ein av Hašek sine overordna i IR. 91, den 26. juli 1915 utnemnd til leiar for regimentet si rekonvalesentavdeling. Han vart i stillinga ut krigen.

Songen om regimentet

Den kjende soldatvisa Pětatřicátníci handlar nettopp om dette regimentet og Švejk syng strofer frå den to gonger. Ein gong for Feldkurat Katz i [I.13] og deretter ved Květov i [II.2][d]. Songen ekisterte rett nok ikkje i 1915, den vart fyrst nedskriven to år seinare.

Sitat
[II.2] Když se smích utišil, optal se Švejk, od jakého regimentu jsou oni. Zjistil, že dva jsou od 35. a jeden že je od dělostřelectva, taktéž z Budějovic. Pětatřicátníci že utekli před marškou před měsícem a dělostřelec že je od samé mobilisace na cestách.
[II.3] „Pro tyhle samý věci, pro takový sekýrování, zapích před léty u pětatřicátýho regimentu nějakej Koníček sebe i kaprála. Bylo to v ,Kurýru’.

Kjelder: Jaroslav Šerák

Litteratur
Referensar
aSchematismus für das k.u.k. Heer (s. 447)K.k. Hof und Staatsdruckerei1914
bIR 35 - bojová cestaSignum belli 19142014
cPřekládání náhradních těles jednotek z ČechSignum belli 19142014
dKterou Švejk určitě nezpívalObrana liduKuzma1.1.1966
eDas Verhalten tschechischer Regimenter an der FrontStreffleur's Militärblatt15.6.1918
fBohemia's case for independenceDr. Edouard Beneš1917
Feldkanonenregiment Nr. 24en flag
Budějovice, Pražská ul.
KartSøk Švejkův slovník
fkr24.png

Schematismus für das k.u.k. Heer, 1914

fkr24k.jpg

"Heimatbuch der Berg- und Kreisstadt Böhmisch-Budweis", 1930

fkr24ob.png

Ordre de bataille. 9. infanteridivisjon, 11.7.1915

© ÖStA

Feldkanonenregiment Nr. 24 er nemd då Švejk overnattar i ein høystakk ved Putim og oppdagar at han er i selskap med tre desertørar. Ein av desse er frå artilleriet i Budějovice så må dermed ha tilhøyrd dette regimentet. Litt seinare ombestemmer forfattaren og gjer han om til Dragoner (kavaleri-soldat). Desertøren som òg eigde høystakken var frå sjølve Putim. Seinare i kapittelet nemner Einjährigfreiwilliger Marek artilleri-patruljar og ettersom handlinga no føregår i CB er det på ny 24. feltartilleriregiment det er snakk om.

Bakgrunn

Feldkanonenregiment Nr. 24 var eitt av 42 feltartilleriregiment i k.u.k. Heer, forlagd i Budějovice. Det vart oppretta i 1892 og rekrutterte frå Militärterritorialbereich Prag (8. Korps), dvs. det sørlege og vestlege Böhmen og området rundt hovudstaden. I 1914 var Oberleutnant Giorgi de Nobile kommandant. Regimentet heldt til i Erzherzog Wilhelm Kaserne som låg i den nordlege utkanten av byen.

Under krigen

Regimentet vart mobilisert ved krugsutbrotet og med 9. Infanteriedivision vart dei sende til fronten ved Drina der dei deltok i dei mislukka invasjonsforsøka av Serbia. Dei var del av Feldartilleriebrigade Nr. 9 og hadde fem batteri[d].

I juli 1915 var regimentet enno tildelt 9. Infanteriedivision[b] so ein må gå ut frå at dei stort sett fylgde rørslene til Infanterieregiment Nr. 91 og andre einingar i divisjonen gjennom krigen. Jan Eybl sine dagbøker [c] stadfestar av dei var ved Isonzo-fronten saman med denne divisjonen i 1916.

Historia til regimentet fram til 1916 er difor om lag som fylgjer: Serbia august-desember 1914, Karpatane februar-mai 1915, så Galicia og Volhynia fram til november då dei vart overførde til Isonzo-fronten. I 1915 tok dei del i slaga ved Sokal og Chorupan.

Ein gong på vårparten 1916 vart dei omdøypte til Feldkanonenregiment Nr. 9 og i 1918 Feldartillerieregument Nr. 9. Artilleriregiment vart dessutan ofte flytta mellom divisjonar[f] så kvar dei var etter 1916 har me ikkje undersøkt. Frå Ranglisten kjem det fram at kommandant frå 1915 til 1918 var Oberst Lorenz Dobringer

Sitat
[II.2] Když se smích utišil, optal se Švejk, od jakého regimentu jsou oni. Zjistil, že dva jsou od 35. a jeden že je od dělostřelectva, taktéž z Budějovic. Pětatřicátníci že utekli před marškou před měsícem a dělostřelec že je od samé mobilisace na cestách.
[II.2] Napohlavkoval omylem jednomu poručíkovi od dělostřelectva v noci na náměstí v podloubí v opilém stavu. Vlastně ani nenapohlavkoval, srazil mu jenom čepici s hlavy. Stalo se to tak, že ten poručík od dělostřelectva stál v noci pod podloubím a patrně čekal na nějakou prostitutku.
[II.2] ...dá se chytit landveráckou nebo dělostřeleckou patrolou v noci...
[II.2] Mensch! Ještě štěstí, že to byl jen takový důstojník od dělostřelectva.“
[II.2] V tom posledním byla soustředěna všechna zášť 91. regimentu proti dělostřelectvu v Budějovicích. Běda dělostřelci, který padl v noci do rukou patroly od pluku a naopak. Zášť hrozná, nesmiřitelná, vendetta, krevní msta, dědící se z ročníku na ročník, provázená na obou stranách tradičními historkami, jak buď infanteristi naházeli dělostřelce do Vltavy, nebo opačně.
Litteratur
Referensar
aSchematismus für das k.u.k. Heer (s. 810)K.k. Hof und Staatsdruckerei1914
bITD.9, Ordre de batailleÖStA11.7.1915
cPrvní světová válka v denících feldkuráta P. Jana Evangelisty EyblaJan Eybl (ed. Miloš Garkisch)2014,2015,2018
dKriegsgliederungÖsterreich-Ungarns letzter Krieg - Band III.
eA-H Field Artillery Organization 1917/18Austro-Hungarian Land Forces 1848-19182001 - 2016
Švarcenberský ovčínen flag
Bavorov/12, Útěšov
Wikipedia czdeenno KartSøk Švejkova cesta Švejkův slovník
ovcinsm.jpg

Ovčín u Leskovce.

ovcin2.png

Franziszeische Landesaufnahme (1806-1869)

Švarcenberský ovčín var ein stad der Švejk overnatta i selskap med ein gammal landstrykar (sjå Štěkeň) og ein endå eldre gjetar. Her som ellers vart han teken for desertør og fortald historier om desertørar frå både Trettiårskrigen (her kalla Svenskekrigen) og Napoleonskrigane. Soga om Rittmeister Rotter vert gjenteken, namnet Jareš dukkar opp att, og for fyrste gong vert Lipnice nemnd. Det siste tilseier at denne sekvensen av Den gode soldat Švejk vart skriven etter 25. august 1921, dagen då Hašek flytta til Lipnice.

Bakgrunn

Švarcenberský ovčín må ha vore eit sauehus som tilhøyrde Schwarzenberg-slekta. Det er usikkert kvar det låg, men i fylgje Radko Pytlík og lokale kjelder skal det ha vore nær Skočice og Protivín. Dette stemmer godt med både topografien i området og skildringa til forfattaren. Det me veit frå romanen er at det var fire timars gange frå Štěkeň, at det låg i ein skog, og at Švejk skimta Vodňany til høgre då han kom ut av skogen.

Dei store Schwarzenberg-eigedomane hadde mange sauebruk så det er uvisst kva for ein forfattaren hadde i tankane. Hašek hadde nok det meste av kunnskapane sine om området frå sommarferiar med mora i 1896 og 1897 og kanskje frå forteljingane til bestefaren Jareš som var tilsett hjå Schwarzenberg.

Kandidatar

Det låg eit sauehus i Albrechtice ved Drahonice (nær Skočice), ein gard kalla Ovčín ved Čepřovice og endå eit sauehus i Leskovec ved Bavorov. Alle desse tre er ikring fire timars gange frå Štěkeň (ca. 15 km) som romanen opplyser.

Leskovec
ovcin1.png

Zlatá stezka, 09.1936

Mellom desse tre stadene er Leskovec utan tvil den som passar best til omtalen i Den gode soldat Švejk og i motsetning til dei to andre er det påvist at dei tilhøyrde Schwarzenberg-slekta, meir presist godset deira i Libějovice[a]. Švejk forlet sauehuset om morgonen, kjem ut av skogen og til høgre kan han sjå Vodňany. Dette stemmer med topografien i området og vert støtta av at landstrykaren snakkar om "nede i Skočice" (for dei andre to kandidatane gjev ikkje dette meining). Sauehuset ved Leskovec er avmerka på militærkartet frå midten på 1800-talet og den store bygningen ser ut til å vera intakt enno (2016). Adressa er Útěšov 12, Bavorov.

Sitat
[II.2] Dnes půjdeme na Strakonice,“ rozvinoval dál svůj plán. „Odtud čtyry hodiny je starej švarcenberskej ovčín. Je tam můj jeden známej ovčák, taky už starej dědek, tam zůstaneme přes noc a ráno se potáhnem na Strakonice, splašit tam někde ve vokolí civil.“

Kjelder: Jaroslav Šerák, Radko Pytlík, Miroslav Vítek

Litteratur
Referensar
aPo cestách Švejkovy budějovické anabázeMiroslav Vítek2020
Hrad Lipniceen flag
Wikipedia czde KartSøk
liphrad.jpg

Království České, Pavel Körber, 1912

liphrad.png

Oesterreichisches Handels-Journal, 26.9.1869

liphrad1.jpg

Utsikt frå borga 8.9.2009

Hrad Lipnice er nemnd når landstrykaren i Švarcenberský ovčín fortel om den gongen han tigga i Lipnice og kom i skade for å banka på døra til politistasjonen som låg nedafor borga. Her fekk han ein lusing så han hmane heilt nede i Kejžlice.

Bakgrunn

Hrad Lipnice vart bygd i byrjinga av 1300-talet og på 1500-talet vart den omgjord i renessanse-stil. I 1645, under Trettiårskrigen, okkuperte svenskane Lipnice og øydela delvis borga. Gjennom dei neste hundreåra forfall den ytterlegare og 19. september 1869 vart borga og busetninga i Lipnice herja av ein katastrofal brann. I 1913 kom ein endeleg i gang med å verna og restaurera borga, eit arbeidd som i bolkar har pågått fram til i dag[a].

Borga er eigd av staten og open for publikum, tilbyr omvisningar, og er ein betydeleg turistattraksjon. Utsynet frå toppen av borga over Vysočina er storslege.

Hašek og borga

Jaroslav Hašek var svært glag i borga, oppheldt seg ein god del her og arrangerte dessutan drikkelag på området. Han hadde bortimot uavgrensa tilgang ettersom kameraten hans skovaktar Böhm lånte han lyklane. Favorittrommet hans var det såkalla "mazhaus"[b].

Sitat
[II.2] A zatímco ovčák cedil brambory a nalíval do mísy kyselé ovčí mléko, dělil se dál vandrák se svými vzpomínkami na četnické právo: „V Lipnici bejval jeden strážmistr dole pod hradem.

Kjelder: Radko Pytlík

Litteratur
Referensar
aHrad LipniceStátní hrad Lipnice
bToulavé houseRadko Pytlík1971
Gendarmeriestation Lipniceen flag
KartSøk
lipnice.jpg

Postkort frå Jaroslav Hašek til Marie Panušková, 26.9.1922 (side 6)

Gendarmeriestation Lipnice er nemnd når landstrykaren i Švarcenberský ovčín fortel om den gongen han tigga i Lipnice og kom i skade for å banka på døra til politistasjonen som låg i ei sidegate nedafor borga.

Bakgrunn

Gendarmeriestation Lipnice låg i fylgje landstrykaren nedafor Hrad Lipnice i ei sidegate men dette seier ikkje all verda ettersom omtrent alt i Lipnice kan seiast å ligga nedafor borga. Ein kan likevel utleia at den ikkje låg på torget og tykkjest å ha vore i utkanten av busetninga.

Hašek viste heilt sikkert til politistasjonen der den var plassert i 1921 men me kan nok gå ut frå at den låg på same staden òg i åra før 1915. Sikre detaljar er derimot vanskelege å få tak i utan tilgang til folketejingsresultata frå 1910 eller 1920. Opplysningar frå ei uoffisiell web-side frå Lipnice indikerer likevel at politistasjonen låg i den såkalla činžák, ein bygning ved skulen som hadde bustader til leige[a]. Utsagna herfrå handlar rettnok om tida rundt andre verdskrigen så det er ikkje gitt at den låg på same staden 20-30 år tidlegare.

Dagmar Kalenská

Hned vpravo bokem školy stál takzvaný činžák. Byl to dům inteligence. Byly tu čtyři dvoupokojové byty a tři garsoniéry. V prvním patře zleva bydlela rodina Šulcových - četnická, pan Šulc měl dole vpravo úřadovnu.

František Bouma

O bezpečnost se starala četnická stanice v činžáku. Byli zde četnící p. Maxera a Šulc, posléze p. Vaňkát. Obec měla ještě obecního strážníka p. Pitche. Ten měl k dispozici na radnici obecní šatlavu.

Sitat
[II.2] A zatímco ovčák cedil brambory a nalíval do mísy kyselé ovčí mléko, dělil se dál vandrák se svými vzpomínkami na četnické právo: „V Lipnici bejval jeden strážmistr dole pod hradem. Bydlel přímo na četnické stanici a já, dobrák stará, pořád jsem byl všude v tý domněnce, že četnická stanice musí být přece někde na vystrčeným místě, jako na náměstí nebo podobně, a ne někde v zastrčenej uličce.
Referensar
aVzpominkyFrantišek Roček
Gendarmeriestation Putimen flag
KartSøk Švejkův slovník
putimg.png

Det var ingen gendarmerie-stasjon i Putim.

Jahrbuch für die k.k. Gendarmerie..., 1915

putim40.jpg

Putim nr. 40 i 2020. Dette er ein fiktiv lokasjon og skiltet viser berre til filminnspelinga til Steklý.

Gendarmeriestation Putim er åstad for heile opphaldet til Švejk i Putim. Her vert han mistenkt for å vera russisk spion og forhøyrd av Wachtmeister Flanderka, sjefen for det lokale politiet.

Bakgrunn

Gendarmeriestation Putim var eit litterært påfunn, eit døme på licensia poetica. Det fanst rett og slett ingen k.k. Gendarmerie station in Putim korkje i 1915 eller åra før. Putim sorterte under Písek og politiet hadde òg eit kontor i Protivín.

Steklý sin film

I 1957 hadde den de-facto standard tsjekkiske filmen om Den gode soldat Švejk premiere. For innspelinga vart hus nr. 40 plukka ut til rolla som politistasjon og ved inngangen vart det montert eit skilt som enno er der (2020).

Filmen er enno svært populær og dei fleste tsjekkarar kjenner Švejk berre gjennom filmen. Dette har sjølvsagt sterk påverka korleis folk oppfattar den gode soldaten og ettersom filmen i stor grad ikkje lukkast å formidla den satiriske brodden i romanen betraktar dei fleste Den gode soldat Švejk som ei komedie og lite anna. Denne forvridninga er spesielt synleg i Putim som er via ein plass i filmen som ikkje står i høve til det ein finn i boka. Den inkluderer til og med ei oppkonstruert og langdryg scene der Švejk rullar den overstadig fulle politieskorten sin til Písek i ei trillebåre.

Sitat
[II.2] Četník se sarkasticky usmál: „Vy jdete přece od Budějovic. Máte ty vaše Budějovice už za sebou,“ a vtáhl Švejka do četnické stanice.

Kjelder: Václav Pixa, Miroslav Vítek

Litteratur
Na Kocourkuen flag
KartSøk Švejkův slovník
putim42.jpg

Stará hospoda, Putim č.p. 42

putimh.png

Chytilův úplný adresář..., 1915

nakocourku.png

České slovo,24.12.1908

Na Kocourku var ein pub i Putim som gendarmane sende gamle Pejzlerka til for å henta mat og drikke. Det er inga skildring av kneipa utover at Pejzlerka fortalde pubverten litt om kva som føregjekk borte på Gendarmeriestation Putim.

Bakgrunn

Na Kocourku var i fylgje Den gode soldat Švejk ein pub i Putim. Det fanst i 1914 tre kneiper i landsbyen: U Srnků i nr. 9 (der den store U Cimbury ligg i dag), U Pavlů i nr. 7, og Stará hospoda (U Žižků) i nr. 42[a].

Den siste er den mest trulege kandidaten, men ettersom heile Putim-episoden (inkludert politistasjonen) neppe har noko historisk grunnlag, skal ein ikkje leggja for mykje vekt på detaljane som kjem fram i Den gode soldat Švejk.

Namn frå Humpolec?

I åra før fyrste verdskrigen låg det eit velkjend vertshus Na Kocourku i Humpolec[b] og dersom det enno var i drift etter krigen kan Hašek gjerne ha vore klar over det eller til og med ha vitja det. Humpolec ligg berre 11 km frå Lipnice og Hašek hadde alt flytta dit då han skreiv denne sekvensen av romanen. I 2023 kunne Jakub Vazač stadfesta at puben var i drift til etter 1980 og at adressa var Havlíčkovo nám. 90.

Sitat
[II.2] „Tohle je velká výjimka,“ důstojně řekl strážmistr, „to je nějaký vyšší důstojník, nějaký štábní. To víte, že Rusové na špionáž sem nepošlou nějakého frajtra. Pošlou mu do hospody ,Na Kocourku’ pro nějaký oběd. Jestli už nic není, ať uvaří něco.
[II.2] Od té doby neměl četnický strážmistr informátora a musel se spokojit tím, že si vymyslil jednoho, udav fingované jméno, a zvýšil tak svůj příjem o padesát korun měsíčné, které propíjel v hospodě Na Kocourku.
[II.2] Neobyčejné četné stopy těžkých velkých bot báby Pejzlerky na té spojovací linii svědčily o tom, že strážmistr si vynahražuje plnou měrou svou nepřítomnost na Kocourku.

Kjelder: Václav Pixa, Jakub Vazač, Jaroslav Šerák

Referensar
aHospody v PutimiVáclav Pixa
bVýroční valnou hromaduČeské slovo24.12.1908
Okresní soud Píseken flag
Písek/119, Velké nám. 13
Wikipedia cz KartSøk
ksoudpisek.jpg

Velké náměstí in Písek (1917). Den store bygningen til venstre husa kretsretten, den mindre ved sida av distriktsretten.

© Písecký deník

Okresní soud Písek er nemnd i samband med Wachtmeister BürgerGendarmeriestation Putim som aldri brydde seg med å avhøyra mistenkte og i staden sende dei direkte til distriktsretten i Písek. Dette i strak motsetning til hans vaktsame etterfylgjar Wachtmeister Flanderka.

Bakgrunn

Okresní soud Písek var ein institusjon i Austerrike sitt rettsvesen og eksisterer enno (2021). Den på sørlege delen av Velké náměstí, ned mot Otava og vegg i vegg med den større Krajský soud Písek.

Sitat
[II.2] Vzpomněl si na svého předchůdce strážmistra Bürgera, který se zadrženým vůbec nemluvil, na nic se ho netázal a hned ho poslal k okresnímu soudu s krátkým raportem: „Dle udání závodčího byl zadržen pro potulku a žebrotu.“ Je to nějaký výslech?

Skrivst òg:Písek District Court en Bezirksgericht Písek de Distriktsretten Písek no

Landesgendarmeriekommando Pragen flag
Praha III./388, Karmelitská 2
KartSøk
gend2.png

K.k. Landesgendarmeriekommando Nr. 2 für Böhmen

gend2.jpg

Pohled do Karmelitské ulice s domem čp. 388 na Malé Straně (četnická kasárna), 1904

Landesgendarmeriekommando Prag er nemnd av forfattaren når han går i detaljar om korleis hovudkvarteret til k.k. Gendarmerie i Praha bombarderer politistasjonane med direktiv som oftast var stempla "strengt fortruleg".

Bakgrunn

Landesgendarmeriekommando Prag (zemské četnické velitelství v Praze) viser til hovudkvartert til k.k. Gendarmerie i Böhmen. Den var nummer 2 av dei i alt 14 landskommandoar gendarmeriet hadde i Cisleithanien.

Tilhaldstaden deira var Gendarmeriekaserne i Malá Strana, eit bygningskompleks på hjørna av Karmelitská og Harantova.

Underlagd institusjonen var 29 ulike Gendarmerieabteilungskommandos der den viktigaste i samanheng med Den gode soldat Švejk var nr. 14 som låg i Písek. Øvstkommanderande for k.k. Gendarmerie i Böhmen i 1914 var Václav Řezáč (oberst)[a].

Sitat
[II.2] A strážmistr dívaje se na stránky svého raportu se usmál se zadostiučiněním a vytáhl ze svého psacího stolu tajný reservát zemského četnického velitelství v Praze s obvyklým „Přísně důvěrné“ a přečetl si ještě jednou:
[II.2] Zemské velitelstvo nařizuje proto zadržet všechny podezřelé a zejména zvýšiti bedlivost v těch místech, kde v blízkostí nalézají se posádky, vojenská střediska a stanice s projíždějícími vojenskými vlaky.
[II.2] Na zemském četnickém velitelství v Praze nestačili je rozmnožovat a rozesílat.
[II.2] a že zemské četnické velitelství ho připraví o poslední špetku rozumu a že se nebude moci těšit z vítězství rakouských zbraní
Referensar
aSchematismus der k.k. Land­wehr (s. 476)Ministerium für Landesverteidigung1914
K.k. Innenministeriumen flag
Wien I., Judenplatz 11
KartSøk
inmis.jpg

K.k. Ministerium des Innern (Wipplingerstraße)

heinold.jpg

Innenminister 1911-1915, Karl Heinold

K.k. Innenministerium er nemnd av forfattaren når han går i detaljar om korleis ministeriet pøsar ut direktiv for korleis politiet skal lodda steminga mellom folket og haldningane deira til krigen. Dei ga jamvel ut ei klassifisering for grader av lojalitet.

Bakgrunn

K.k. Innenministerium (cz. ministerstvo vnitra) var innanriksdepartementet i Cisleithanien, eit av dei ni departementa i den austerrikske delen av Dobbeltmonarkiet. Det heldt til i ein enorm bygning mellom Judenplatz og Wipplingerstraße i sentrum av Wien. Innanriksminister frå 1911 til 1915 var Karl Heinold von Udyński (1862-1943).

Sitat
[II.2] Bylo jich mnoho, které vypracovalo ministerstvo vnitra za součinnosti ministerstva zemské obrany, kterému podléhalo četnictvo.
[II.2] Zaplaven tou spoustou vynálezů rakouského ministerstva vnitra, strážmistr Flanderka měl ohromnou spoustu restů a dotazníky zodpovídal stereotypně, že je u něho všechno v pořádku a loyalita že je mezi místním obyvatelstvem stupnice I.a.
[II.2] Rakouské ministerstvo vnitra vynalezlo pro loyalitu a neochvějnost k mocnářství tyto stupnice: I.a, I.b, I.c - II.a, II.b, II. - III.a, III.b, III. - IV.a, IV.b, IV.c.
[IV.1] Rakouské ministerstvo vnitra tápalo ještě ve tmách, pokud se týkalo zjištění nějaké bojovné organisace z přeběhlíků na ruskou stranu. Neznalo ještě nic určitého o revolučních organisacích v cizině a teprve v srpnu na linii Sokal - Milijatin - Bubnovo obdrželi velitelé batalionů důvěrné reserváty, že bývalý rakouský profesor Masaryk utekl za hranice, kde vede proti Rakousku propagandu.

Skrivst òg:I.R. Interior Ministry en C.k. ministerstvo vnitra cz

Litteratur
Referensar
cGrégrova příručkaJosef Kafka1912
K.k. Ministerium für Landesverteidigungen flag
Wien I., Babenbergerstraße 5
Wikipedia deen KartSøk
lwmis.jpg

Babenbergerstraße

georgi.png

Schematismus der K. K. Landwehr..., 1914

Schematismus der k.k. Land­wehr (s. 33)1914

K.k. Ministerium für Landesverteidigung er nemnd av forfattaren når han går i detaljar om korleis ministeriet pøsar ut direktiv for korleis politiet skal lodda steminga mellom folket og haldningane deira til krigen. Dei ga jamvel ut ei klassifisering for grader av lojalitet.

Bakgrunn

K.k. Ministerium für Landesverteidigung (departementet for nasjonalt forsvar) var forsvarsdepartementet i Cisleithanien. Dei var ansvarlege for k.k. Landwehr og k.k. Gendarmerie. I fredstid var oppgåva deira hovudsakleg å oppretthalda nasjonal tryggleik, men etter krigsutbrotet vart Landwehr ein fullt fungerande militær styrke.

Forsvarsminister i frå 1907 til 1917 var Friedrich von Georgi. Sjå Minister für Landesverteidigung.

Sitat
[II.2] Bylo jich mnoho, které vypracovalo ministerstvo vnitra za součinnosti ministerstva zemské obrany, kterému podléhalo četnictvo.
[II.2] V příloze B1 zasílá se účet za stravování dotyčného k laskavému převedení na účet min. zem. obrany s žádostí o potvrzení přijetí předvedeného.

Skrivst òg:I.R. Land Defence Ministry en C.k. ministerstvo zemské obrany cz

Litteratur
K.k. Gendarmerieen flag
Wien I., Opernring 6
Wikipedia czdeen KartSøk
cetnik.jpg

© Michal Dlouhý

cetnik.png

Schematismus der k. k. Land­wehr... 1914

K.k. Gendarmerie er nemnd av forfattaren når han går i detaljar om korleis k.k. Ministerium für Landesverteidigung som gendarmeriet sorterte under overfløymde politistasjonane med direktive om korleis dei skal lodda stemninga mellom folket og haldningane deira til krigen.

Bakgrunn

K.k. Gendarmerie (c.k. četnictvo) var eit væpna statspolitikorps i Cisleithanian med ansvar for offentleg orden og indre tryggleik. Historia deira går tilbake til 1848 men p den tida opererte dei i heile Habsburg-riket, noko som endra seg etter Ausgleich. Som forfattaren korrekt opplyser om sorterte denne politistyrken under k.k. Ministerium für Landesverteidigung der det offisielt er oppførd som hjelpeorgan for forsvarsdepartementet. Gendarmeriet var formelt ein militær organisasjon og politimennene hadde status som soldatar. Leiar for styrken i 1914 var Michael Tišljar von Lentulis[a]. Under krigen gjorde dei òg teneste i feltene, hovudsakleg som militærpoliti, såkalla Feldgendarmen.

I 1914 vart institusjonen leia av General Michael Tišljar von Lentulis[a]. Tittelene hans var Gendarmerieinspektor og kontoret hans låg i Opernring 6 medan andre deler av administrasjonen hedlt til i forsvarsdepartementet sin bygning i Babenbergerstraße 5.

Ved utbrotet av fyrste verdskrigen utgjorde gendam-styrken om lag 15,000 mann[b] og var organisert i 14 Landesgedarmeriekommandos der nr. 2 (sjå Landesgendarmeriekommando Prag) utan tvil er den mest relevante i samband med Den gode soldat Švejk. Desse styrde i sin tur Gendarmerieabteilungskommandos (29 i Böhmen) som igjen oversåg nokre Bezirksgendarmeriekommandos. Den lågaste eininga var Gendarmeriestation (eller Gendarmeriepost) som på landsbygda (til dømes i Gendarmeriestation Putim) bestod av nokre få politimenn, gjerne leia av ein Wachtmeister.

Sitat
[II.2] Bylo jich mnoho, které vypracovalo ministerstvo vnitra za součinnosti ministerstva zemské obrany, kterému podléhalo četnictvo.
Litteratur
Referensar
aSchematismus der k.k. Land­wehr (s. 465)Ministerium für Landesverteidigung1914
bPolizeigeschichteLandespolizeidirektion Wien
U černého koněen flag
Søk Švejkův slovník
ucernehokone.png

Vertshus i Protivín i 1915

Chytilův úplný adresář Království Českého1915

U černého koně var ein pub i Protivín der gendarm Rampa sat og spela kort med nokre skomakarar sjølv om han eigentleg var på vakt.

Bakgrunn

U černého koně var i fylgje romanen ein pub i Protivín. I fylgje adresseboka frå 1915 var det 13 vertshus i byen men avdi dei var oppførde under namnet til eigaren er det umogleg å vita om nokon av dei heitte U černého koně. Miroslav Vítek har til og med undersøkt folketeljinga frå 1910 og kjem fram til at ingen av dei 15 verthusa i byen ser ut til å ha hatt eit slikt namn[a].

Inspirasjon frå ein anna stad?

U černého koně var namnet på hotell og restaurantar fleire stader i Böhmen, m.a. i Praha, Beroun og Domažlice. Det er likevel lite som tyder på at Hašek hadde tilknyting til nokon av desse. Han har sjølvsagt visst om den i Praha på Na Příkopě og kan ha snubla over dei to andre på vitjingane sine i Domažlice i 1904 og Beroun i 1913.

ukonicka.png

Jihočeské listy, 31.10.1914

Ein meir truleg men enno nokså søkt inspirasjonskjelde er U černého koníčka/Zum Schwarzen Rössl (Den vesle svarte hest) i Budějovice[b], ein restaurant som låg nokre få steg frå k.u.k. Reserve-Spital der Hašek var innlagd frå 6. mars 1915 og utover. Frå sjukehuset skal han ha stukke av med si Krankenbuch slik som hans alter ego Einjährigfreiwilliger Marek gjorde i Den gode soldat Švejk. Ingen har så vidt me veit stadfesta at han vitja dette vertshuset men teke plasseringa i betraktning ville det slett ikkje overraska.

Den store restauranten var eigd av Schwarzenberg-dynastiet og serverte øl frå bryggeriet deira i Třeboň. Adressa i 1915 var Schmerlingová třída 540/28, no Žižkova třída. Tilkytt var kinoen The Royal Biograf[c]. Pubvert i 1915 var František Bednář. Restauranten har vore i drift sidan 1854 og er det enno, ølet er frå Protivín (2011).

Sitat
[II.2] Strážmistr zůstal sedět na strážnici vedle Švejka na kavalci prázdné postele četníka Rampy, který měl do rána službu, obchůzku po vesnicích, a který v tu dobu klidně seděl „U černého koně“ v Protivíně a hrál s obuvnickými mistry mariáš, vykládaje v přestávkách, že to Rakousko musí vyhrát.

Skrivst òg:The Black Horse en Den svarte hest no

Litteratur
Referensar
aPo cestách Švejkovy budějovické anabázeMiroslav Vítek2020
bHostinec U Černého koníčka existoval již před rokem 1854. Měl k dispozici stáje pro 40 koníJan Schinko28.7.2016
cThe Royal BiografJihočeské listy31.12.1909
Schönbrunnen flag
Wien XIII./1
Wikipedia czdeenno KartSøk
schonbrunn.jpg

Schönbrunn, 1911

schonbrunn1.jpg

Schönbrunn er nemnd i avsløringa av kva som kom fram av upatriotiske ytringar under kalaset til politimennene på Gendarmeriestation Putim. Kaiser Franz Joseph I. måtte stengjast inne på do så han ikkje dreit rundt på heile Schönbrunn vart det hevda.

I [II.3] vert dyrehagen ved slottet nemnd. Sjå Schönbrunner Menagerie.

Bakgrunn

Schönbrunn er eit slott i Wien som var sommar-residens for keisaren fram til monarkiet vart oppløyst i 1918. No er det for det meste museum og står på verdsarv-lista til UNESCO. Slottet har 1441 rom og er ein av dei største turist-attraksjonane i Wien.

Schönbrunn vart bygd på 1700-talet og tilknytt slottet er ein stor park, dyrehagen Schönbrunner Menagerie og diverse mindre byggverk. Anlegget ligg i Hietzing in XIII. Bezirk i den sørvestlege utkanten av byen.

Det var her Kaiser Franz Joseph I. vart fødd den 18. august 1830[a].

Sitat
[II.2] Závodčí se zastavil u okna, a bubnuje na ně, prohlásil: „Vy jste si také, pane strážmistr, nedal ubrousek na ústa před naší bábou a pamatuji se, že jste jí řekl: ,Pamatujou, bábo, že každý císař a král pamatuje jen na svou kapsu, a proto vede válku, ať je to třebas takový dědek jako starý Procházka, kterého nemohou už pustit z hajzlu, aby jim nepodělal celý Schönbrunn.’„
[II.3] Vídeň je vůbec důležité město,“ pokračoval, „jenom co mají divokejch zvířat v tej schönbrunnskej menažerii. Když jsem byl před lety ve Vídni, tak jsem se nejradši chodil dívat na vopice, ale když jede nějaká osobnost z císařskýho hradu, tak tam nikoho nepouštěj přes kordon. Byl se mnou jeden krejčí z desátýho okresu a toho zavřeli, poněvadž chtěl mermocí ty vopice vidět.“
Litteratur
Referensar
aWien, den 18. AugustOesterreichischer Beobachter19.8.1830
Bezirksgendarmeriekommando Piseken flag
Písek/262, Pražská ul. 17
KartSøk Švejkova cesta Švejkův slovník
cetvel.png

Gendarmeriekommando i 1900 og 1910

Královské město Písek, Jan Matzner, 1898

Bezirksgendarmeriekommando Pisek er åstaden for Švejk si avslutning av sin anabasis. Rittmeister König finn fort ut at Švejk ikkje er nokon russisk person, og sender han prompte til regimentet i Budějovice.

Bakgrunn

Bezirksgendarmeriekommando Pisek (Okresní četnické velitelství) var den tidlegare statspoliti-stasjonen i hejtmanství Písek. Politistasjonen låg i mellomkrigstida i Pražská ulice čp. 262[a], noko som nok var tilfelle òg i 1915. Dette stemmer likevel ikkje med informasjon frå ei bok utgjeven i 1898 der eit kart viser at ein stasjonen låg mykje nærare sentrum men rettnok i same gata[b], i hus nummer 181.

Gendarmerie i Písek
kolsky.png

Kolský tykkjest å ha vore ivrig i tenesta

Písecké listy, 16.11.1918

I Písek var k.k. Gendarmerie til stades på to nivå i kommandohierarkiet. Det lågaste av dette er eininga me kjenner frå Den gode soldat Švejk: Bezirksgendarmeriekommando. I 1915 stod dei under kommando av Wachtmeister Antonín Kolský[c], eit teikn på at Rittmeister König uomtvisteleg høyrer heime i kategorien fiksjon. Kolský si avdelig var asvarleg for 13 gendarmerie-stasjonar i området, mellom desse Vráž, Protivín, Bavorov, Mitrovice og Vodňany.

Eininga hns rapportert til Abteilungskommando Nr. 14 som på si side var understilt Landesgendarmeriekommando Prag. Abteilungskommando var frå 1910 til 1916 leia av ein mann som er velkjend for lesaren av Den gode soldat Švejk: den kjende politimannen og hundeoppdrettaren Rittmeister Rotter, ein person Hašek kjende. Utover Písek-distriktet var avdelinga ansavrleg for distrikta Strakonice og Blatná, og 91 mann var rapporerte direkte eller indirekte til Rotter.

Plassering
pisekgend.png

Jahrbuch für die k.k. Gendarmerie ..., 1915

Rittmeister Rotter sitt kontor låg i Pražská čp. 262, noko som kjem fram av folketeljinga i 1910[d]. På denne adressa låg tre bustader: ein for Rotter og familien (med tenarskap), ein for ein anna leigetakar, og ei tredje for gendarmar av lågare rang. I den siste bustdaden budde fire Wachtmeister, ein assistent og ei tenestejente. Vår antakelse (ikkje stadfesta) er at Bezirksgendarmeriekommando heldt til på same adressa ettersom ingen frå k.k. Gendarmerie lenger var oppførde på den gamle adressa i Pražská čp. 181.

Sitat
[II.2] Zítra ho budeme lifrovat do Písku, k panu okresnímu.
[II.2] Četnickému strážmistrovi Flanderkovi se situace, čím déle psal tou podivnou úřední němčinou, vyjasňovala, a když skončil: "So melde ich gehorsam, wird der feindliche Offizier heutigen Tages, nach Bezirksgendarmeriekommando Písek, überliefert"
[II.2] Strážmistr vyzval Švejka, aby šel zas na strážnici, a rychle, aby nezapomněl, připsal do svého raportu na okresní četnické velitelství v Písku: "Ovládaje dokonale český jazyk, chtěl se v Českých Budějovicích pokusit vstoupit do 91. pěšího pluku."
[II.2] Závodčího zmocnila se naprostá deprese, a když po hrozném utrpení pozdě večer dorazili do Písku k četnickému velitelství, na schodech řekl úplně zdrceně závodčí Švejkovi: „Teď to bude hrozné. My od sebe nemůžem.“ A opravdu bylo to hrozné, když strážmistr poslal pro velitele stanice, rytmistra Königa. První slovo rytmistrovo bylo: „Dýchněte na mne.“ „Teď to chápu,“ řekl rytmistr, zjistiv nesporně situaci svým bystrým, zkušeným čichem, „rum, kontušovka, čert, jeřabinka, ořechovka, višňovka a vanilková.

Skrivst òg:Regional State Police Headquarters en Okresní četnické velitelství cz

Litteratur
Referensar
aHistorieMěsto Písek
bKrálovské město PísekJan Matzner1898
cChytilův úplný adresář Království ČeskéhoAlois Chytil1915
dSčitání lidu 1910SOkA Písek
Infanterieregiment Nr. 11en flag
Písek, Svatoplukova ul.
KartSøk Švejkův slovník
ir11schema.png

Schematismus für das K.u.k. Heer..., 1914

ebzk11.png

Heeresergänzungsbezirk Nr. 11

Schematismus für das K.u.k. Heer..., 1911

ir11kasarna.jpg

Písecký deník, 20.10.1910

Infanterieregiment Nr. 11 er nemnd av forfattaren når han omtalar tilhøva og stemninga i området i tida då Švejk vert innlevert til Bezirksgendarmeriekommando Pisek. Opprør ligg i lufta og bataljonar frå mellom anna Infanterieregiment Nr. 11 har gått overtil fienden i Serbia og i Karpatane.

Bakgrunn

Infanterieregiment Nr. 11 (pěší pluk č. 11) var eit av 102 austerriksk-ungarske infanteriregimenta. Det vart grunnlagd i 1629 og var såleis det eldste regimentet i heile k.u.k. Heer [a]. Omgrepet Infanterieregiment Nr. 11 er derimot av nyare dato, det kom til fyrst i 1873. Frå 1854 og utover vart regimentet rekruttert frå Písek-området og byen husa erstatningbataljonen og minst ein av fire oppsette bataljonane.

På grunn av si lange historie tok regimentet del i nesten alle krigar som Habsburg-riket var innblanda i: Trettiårskrigen, den austerrikske arvefylgjekrigen, Napoleonskrigane og felttoga i nord-Italia rundt midten av 1800-talet. Regimentet sin minnedag var 8. juni 1859, den markerte slaget ved Melagnano.

Rekruttering og garnison

Heeresergänzungsbezirk Nr. 11 (rekrutteringsdistriktet) dekka fem hejtmanství: Písek, Strakonice, Sušice, Klatovy og Blatná. Åtti prosent av mennene var av tsjekkisk nasjonaliet. Nesten alle stadene som inngjekk i Švejk sin anabasis låg innafor området. Det gjaldt òg Kašperské Hory, ein stad som er nemnd fleire gonger etter at Švejk sin marsjbataljon forlet Királyhida.

Det var vanleg i Austerrike-Ungarn å flytta militæravdelingar rundt i riket og det var sjeldant at heile regimentet gjorde teneste i same garnisonen. Dei fire bataljonane i eit infanteriregiment var vanlegvis fordelete på 2-3 stader, og dette var òg tilfelle med Infanterieregiment Nr. 11. I 1914 var staben, 3. bataljon og 4. bataljon forlagde i Praha (Albrechtkaserne), 1. bataljon i Písek og 2. bataljon i Prachatice[a]. I Písek var dei lokale einingane av regimenet opprinneleg husa i den gamle kaserna i sentrum, men ved århundreskiftet vart nye kaserner bygde i Pražské předměstí (Praha-forstaden), like ved den kaserna til k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 28.

Under krigen
ir11m.jpg

Písecké listy, 25.12.1915

Regimentet vart mobilisert ved krigsutbrotet og sendt til fronten ved Drina som del 9. Infanteriedivision[1] i VIII. Korpskommando og underordna 5. armee[f]. Saman med IR73 utgjorde dei 18. Infanteriebrigade. Dei tok del i dei tre mislukka invasjonane i Serbia på hasuten 1914 og vart tvinga til ein katastrofal retrett til ungarsk område rundt 20. desember. Tidleg i februar 1915 vart dei forflytta til Karpatane der nye strabasar venta. 11. mars var den verste dagen i regimentet his historie frå fyrste verdskrigen. Ved Smolnik vart deler av regimentet knuste og 777 mann og 40 offiserar gjekk tapt. Frå tidleg i mai var dei med på Sentralmaktene sin offensiv i Galicia og Volyn. I november 1915 vart dei overførde til Isonzo-fronten aust for Monfalcone, på det såkalla Karst-platået i dagens Slovenia. Her heldt dei til fram til oktober 1917 (bortsett frå eit mellomopphald sør for Trento på tidlegsommaren 1916). I september 1916 vart dei stilt under kommandoen til 28. Infanteriedivision. Regimentet tok del i framrykkinga i Italia etter gjennombrotet ved Caporetto i oktober og i november kom dei fram til Piave der dei oppheldt seg resten av krigen.

Fram til september 1916 var regimentet sine slagmarker i store trekk dei same som systeregimenta i 9. divisjon sine. Jaroslav Hašek vil såleis kunna ha vore i kontakt med Infanterieregiment Nr. 11 frå 11. juli 1915 fram til han vart teken til fange 24. september. Akkurat som Infanterieregiment Nr. 91 og resten av divisjonen tok Písek-regiment del i dei blodige slaga ved Sokal og Chorupan dette året.

Regimentskommanderande i 1914 var Walter Schreitter von Schreiterfeld[a]. Han vart snart erstatta av Karl Wokoun som leia regimentet fram til hausten 1915. Deretter hadde regimentet fleire øvstkommanderande. Ein av dei var Florian Schaumeier som var kommanderande for Infanterieregiment Nr. 28 under katastrofa 3. april 1915

Eit påliteleg regiment
ir11paris.png

La Nation tchèque, 1.6.1916

ir11.jpg

Hašek hevdar i Den gode soldat Švejk at heile bataljonar frå Infanterieregiment Nr. 11 hadde gått over til serbarane men her virkar det som om han attgjev alliert propaganda, på lik linje som han gjorde seinare i romanen då han omtala Infanterieregiment Nr. 28 sin påståtte overgang til russarane ved Dukla.

I 1916 skreiv avisa til det Tsjekkoslovakiske nasjonalrådet i Paris, La Nation tchèque, ein propagandaartikkel som nemnde Infanterieregiment Nr. 11. Den omhandla regimentet under felttoget i Serbia[c], og innhaldet kom jamvel på trykk i utlandet, mellom anna i Kiev. La Nation tchèque spara ikkje på krutet: "det 11. regiment nekta å marsjera mot Valjevo, vart rive opp og teke til fange. Dei som var att vart dirigerte til stillingar som var utsette for serbisk artilleri og resten vart utsletta av ungarsk artilleri som hemn". Påstandane er attgjevne i boka Bohemia's case for independence av Edvard Beneš (1917).

ir11kolubara.png

IR 11 rosa i eit offisielt kommunike

Reichspost,27.11.1914

Det verkar likevel som det var lite substans i den allierte propagandaen. I fleire nyheitsoppslag vart Infanterieregiment Nr. 11 lovprisa - det vart jamvel nemnde i gullkanta ordelag tre gonger i den daglege krigsbulletinen. Den fyrste var 26. november 1914 og gjaldt innsatsen deira ved elva Kolubara i den nordlege Serbia. Under ei gransking i Reichsrat i 1918 angåande tjekkiske regiment sa forsvarsministeren i Cisleithanien at regimentet hadde framstått som påliteleg og at det ikkje var noko å klaga på[e]. Kisch nemner ikkje nokon slik hendelse i boka si og dessutan slost regimentet eit stykke nord for Valjevo[g].

Når det er sagt så "forsvann" heile kompani frå Infanterieregiment Nr. 11 (vart tekne til fange eller slitne opp) under retretten frå Serbia i desember 1914. Dette var likevel tilfellet òg med systerregimenta deira ved denne fronten. At heile einingar gjekk tapt var vanleg under heile krigen.

Schreib das auf, Kisch!
ir11kisch.jpg

Egon Erwin Kisch som soldat i k.u.k. Heer

Eit fyrstehands vitne til felttoget i Serba var den vidkjende forfattaren og journalisten Egon Erwin Kisch. I 1922 gav han ut boka Soldat im Prager Korps, bygd på dagboka hans frå krigen, og i 1930 kom det ei utvida utgåve med tittelen Schreib das auf, Kisch![g]. Kisch gav her ei urovekkande framstilling av redslene han opplevde, og skreiv dessutan om sjølvskading, korrupsjon og inkompetanse i hæren; tema som lesaren av Švejk vil kjenna att.

Korporal Kisch budde i Berlin ved krigsutbrotet, vende heim for å melda seg ved Infanterieregiment Nr. 11 i Písek, omtalar reisa til fronten og det katastrofale felttoget mot Serbia i 1914. Deretter skildra han den kaotiske tilbaketrekninga til det sørlege Ungarn (ved dagens Novi Sad i Serbia), og den seks veker lange restitusjonen. Deretter fylgde overføringa til Karpatane der han vart såra 18. mars 1915 og forteljinga endar med tilbakekomsten til Praha. Etter rekonvaleseringsperioden arbeidde han for Kriegspressequartier i Wien og dessutan som sensor ved regimentet sin erstatningsbataljon i Gyula. Kisch vende aldri tilbake til aktiv teneste ved fronten.

Sitat
[II.2] Černožluté obzory počaly se zatahovat mraky revoluce. Na Srbsku, v Karpatech přecházely bataliony k nepříteli. 28. regiment, 11. regiment. V tom posledním vojáci z píseckého kraje a okresu. V tom předvzpourovém dusnu přijeli rekruti z Vodňan s karafiáty z černého organtinu.

Kjelder: Martin Zeman, Egon Erwin Kisch

Litteratur
Referensar
aSchematismus für das k.u.k. Heer (s. 399)K.k. Hof und Staatsdruckerei1914
bZměna vojenských posádekPísecké listy19.5.1915
cLes soldats tchécoslovaquesLa Nation tchèque1.6.1916
dPříjezd 11. pěš. pluku do PískuPísecké listy16.11.1918
eDas Verhalten tschechischer Regimenter an der FrontStreffleur's Militärblatt15.6.1918
fKriegsgliederungÖsterreich-Ungarns letzter Krieg - Band I.
gSchreib das auf Kisch!Egon Erwin Kisch1930
hBohemia's case for independenceDr. Edouard Beneš1917
Písecké nádražíen flag
Wikipedia cz KartSøk
piseknadr.jpg
pisekkisch.png

"Scrieb das auf Kisch", Egon Erwin Kisch, 1930

Písecké nádraží vert nemnd av forfattaren når han fortel at soldatar frå Praha som på gjennomreise ksata tilbake sjokolade og sigarettar som damer frå Písek sine øvre lag av samfunnet gav dei.

Švejk må dessutan enten ha gått på toget her eller reist forbu då han endeleg avslutta sin anabasis med å bli eskortert til regimentet sitt i Budějovice.

Bakgrunn

Písecké nádraží viser truleg til hovudstasjonen i Písek som er langt den største av dei fire stoppestadene i byen. Den ligg i den sørlege utkanten av byen og er eit stopp på linja Praha - Beroun - Protivín - Budějovice. Det vil difor vera naturleg at soldatar frå Praha reiste forbi nettopp denne på vegen til slagmarka i Serbia.

Egon Erwin Kisch nemner òg ein stasjon i boka si Schreib das auf Kisch!. Omstenda var Infanterieregiment Nr. 11 sin transport til Serbia tidleg i august 1914. Soldatane reiste frå byen rundt midnatt og Kisch noterte at dei marsjerte forbi ein dam og at få folk fylgde dei på vegen. Regimentet reiste via Tábor til Wien, ei reise som varde i 30 timar!

Sitat
[II.2] Píseckým nádražím projížděli vojáci od Prahy a házeli nazpátek cigarety a čokoládu, kterou jim podávaly do prasečích vozů dámy z písecké společnosti.
Litteratur
Budějovické nádražíen flag
Wikipedia czen KartSøk
budnadr.jpg

Den nye stasjonen i 1914

"Heimatbuch der Berg- und Kreisstadt Böhmisch-Budweis", 1930

budnadr.png

Budweiser Zeitung, 18.12.1908

ir91e.jpg

Orkesteret til det 91. regiment framfor jernbanestasjone før avreisa til fronten, 1.8.1914.

Jednadevadesátníci, Jan Ciglbauer, 2018

odchod91.png

IR91 overflytta til Bruck (sensurert)

Jihočeské listy, 2.6.1915

Budějovické nádraží er nemnd i samband med at Švejk vert eskortert frå Písek til Budějovice for å slutta seg til Infanterieregiment Nr. 91. Dette markerer slutten på hans berømte anabasis.

I [II.3] har stasjonen ei meir framheva rolle i handlinga. Švejk og cellekameraten hans Einjährigfreiwilliger Marek gjekk på toget her då heile estarningsbataljonen til IR. 91 vart flytta til Királyhida.

Bakgrunn

Budějovické nádraží (Budweiser ein jernbanestasjon i Wien) viser til hovudjernbanestasjonen i Budějovice og ligg litt over ein kilometer aust for sentrum. Den fyrste stasjonen vart opna for trafikk i 1872 men vart erstatta av den noverande og mykje større i 1908. Det fyrste passasjertoget rulla inn på stasjoen 17. desember 1908[a].

Under krigen

Jernbanene spela ei avgjerande rolle i militærlogistikken logistikken, så òg i Budějovice. Alt ved mobilseringa kom staben, 2. og 3. bataljon av IR. 91 hit og vart saman med 4. bataljon sett på krigsfot. Den 1. august 1915 førde fire togavgangar regimentet til fronten ved Drina, ei reise som tok tre dagar. Om lag samtidig vart det lokale k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 29 stabla inn på vognene og sende til austfronten.

Frå stasjonen vart det i løpet av 1914 sendt fem marsjbataljonar til Serbia, i januar 1915 vart nr. 6 skipa til det sørlege Ungarn der regimentet i seks veker kom seg til hektene att etter tilbaketoget frå Serbia. Marsjbataljonane 6 til 11 vart så sende til slagmarkene i Karpatane og Galicia.

Jaroslav Hašek sin XII. Marschbataillon var den fyrste som ikkje vart skipa ut frå Budějovice. Tidleg på sommaren 1915 opplevde nemleg byen den siste store transporten frå dei to husregimenta. IR. 91 (erstatningsbataljonen) vart 1. juni 1915 i to transportar forflytta til KH[b], ei hending som er utførleg omtala i Den gode soldat Švejk. Alt to veker tidlegare det hadde k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 29 vorte flytta.

Sitat
[II.2] Po celé cestě se Švejkem od nádraží do Mariánských kasáren v Budějovicích upíral své oči křečovitě na Švejka, a kdykoliv přicházeli k nějakému rohu nebo křižovatce ulic, jako mimochodem vypravoval Švejkovi, kolik dostávají ostrých patron při každé eskortě, načež Švejk odpovídal, že je o tom přesvědčen, že žádný četník nebude po někom střílet na ulici, aby neudělal nějaké neštěstí.
[II.3] Jednadevadesátý pluk se stěhoval do Mostu nad Litavou-Királyhidy. Právě když po třídenním věznění měl být za tři hodiny Švejk propuštěn na svobodu, byl s jednoročním dobrovolníkem odveden na hlavní strážnici a s eskortou vojáků doprovozen na nádraží.
[II.3] Blížili se ostatně k nádraží, kde se loučili Budějovičáci se svým regimentem. Nemělo to oficielního rázu, ale náměstí před nádražím bylo naplněno obecenstvem, které očekávalo vojsko.
[II.3] Švejk nemohl se udržet, aby nevykřikl do špalíru „Nazdar!“a nezamával čepicí. Působilo to tak sugestivně, že zástup to hlučně opakoval a „Nazdar“ šířilo se dál a zaburácelo před nádražím, kde daleko odtud se začalo říkat: „Už jdou.“
[II.3] Byla to pořádná manifestace. Z hotelu naproti nádraží z oken mávaly nějaké dámy kapesníky a křičely „Heil!“ Do „nazdar“ mísilo se „heil“ i ze špalíru a nějakému nadšenci, který použil té příležitosti, aby vykřikl: „Nieder mit den Serben“, podrazili nohy a trochu po něm šlapali v umělé tlačenici.
[II.3] Tak vešli na nádraží a šli k určenému vojenskému vlaku, když málem by byla ostrostřelecká kapela, jejíž kapelník byl vážně popleten nečekanou manifestací, spustila „Zachovej nám, Hospodine“.
[II.3] Ráno dostal nápad, že musí dělat pořádek při odjezdu prvních ešalonů regimentu, a proto se potloukal po celé délce špalíru, účinkoval na nádraží tak, že důstojníci řídící dopravu pluku uzavřeli se před ním v kanceláři přednosty stanice.
[II.3] Objevil se proto opět před nádražím v pravý čas, aby strhl taktovku kapelníka ostrostřelců, který už chtěl dirigovat „Zachovej nám, Hospodine“.
[II.3] „Halt,“ řekl, „ještě ne, až dám znamení. Teď rút a já zas přijdu.“ Odešel do nádraží a pustil se za eskortou, kterou zastavil svým křikem: „Halt!
[II.3] „To se divím,“ řekl jednoroční dobrovolník k desátníkovi, „že u nás se ještě neobjevila inspekce. Podle předpisu měl jste nás hlásit u komandanta vlaku hned na nádraží a nezabývat se nějakým opilým vrchním polním kurátem.“
[II.3] Kromě toho na poslední stanici hlášený stav mužstva z jednotlivých vagonů kolísal s číslem udaným po skončeném nástupu do vagonů na budějovickém nádraží.
[II.3] „Milerád,“ kamarádským tónem řekl jednoroční dobrovolník, „vy jste se prostě ráno na nádraží při nastupování do vlaku k nám přidal, poněvadž jste měl v hlavě.“
Litteratur
Referensar
aDer neue BahnhofBudweiser Zeitung18.12.1908
bOdchod 91. plukuJihočeské listy2.6.1915
Mariánská kasárnaen flag
Budějovice/1851, Pražská tř. 1
Wikipedia cz KartSøk Švejkova cesta Švejkův slovník
marienkaserne.jpg

Mariánská kasárna / Marienkaserne), forlegninga til IR. 91 fram til 1. juni 1915.

Geschichte des ehemaligen Schützenregimentes Nr. 6, 1932

Mariánská kasárna spelar ei sentral rolle i dette kapitelet ettersom deler av handlinga føregår i denne forlegninga i Budějovice. Det er her Švejk og Einjährigfreiwilliger Marek sit arrestert i tre dagar.

Bakgrunn

Mariánská kasárna var ein garnisons-bygning i Budějovice som vart oppførd i 1843-1844. Frå 1883 til 1915 husa den erstatningsbataljonen til Infanterieregiment Nr. 91 ( Ersatzbataillon IR. 91) og minst ein feltbataljon. Hašek var soldat her frå omtrent 17. februar 1915 til slutten av mai. Erfaringane hans frå garnisonen i CB er i stor grad gjenfortalde av Einjährigfreiwilliger Marek, hans alter ego. Jaroslav Hašek gjorde som Marek her teneste som Einjährigfreiwilliger, reserveoffisersskulen som begge vart kasta ut frå låg i fjerde etasje i bygningen. Her låg òg garnisonsarresten som både Švejk og skaparen hans kjende godt til.

1. juni 1915 vart erstatningsbataljonen til IR. 91 flytta til Királyhida under omstende som likna mykje på omtalen i romanen. Akkurat som i romanen vart dei erstatta av eit ungarsk regiment. Infanterieregiment Nr. 101 frå Békéscsaba i det sør-austlege Ungarn flytta inn den 9. juni[b]. Staben av maskingeværkompaniet til k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 6 frå Eger (no Cheb) brukte òg deler av kaserna. Dei kom til byen 19. mai 1915 då dei vart utveksla med det lokale k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 29[a].

Kaserna vart i 2015 renovert og husar no restaurantar, butikkar, bustader og galleri. Ved hovudinngangen er det montert ei minnetavle over Jaroslav Hašek.

Sitat
[II.2] Po celé cestě se Švejkem od nádraží do Mariánských kasáren v Budějovicích upíral své oči křečovitě na Švejka, a kdykoliv přicházeli k nějakému rohu nebo křižovatce ulic, jako mimochodem vypravoval Švejkovi, kolik dostávají ostrých patron při každé eskortě, načež Švejk odpovídal, že je o tom přesvědčen, že žádný četník nebude po někom střílet na ulici, aby neudělal nějaké neštěstí.
[II.2] V tmavém prostoru lidomorny Mariánských kasáren Švejka uvítal srdečně tlustý jednoroční dobrovolník, provalující se na slamníku.
[II.2] A ta jeho řeč nemá konce a vy čekáte, že co nejdřív musí spadnout celé Mariánské kasárny.
[II.2] Nedívej se tak hloupě, klíčníku Mariánských kasáren.
[II.2] ...když například přelézá voják v noci zeď Mariánských kasáren a usne nahoře na zdi...
[II.2] Tak mně připadá,“ řekl jednoroční dobrovolník po krátké pomlčce, „že duch vojenský v nás upadá, navrhuji, milý příteli, abychom v noční tmě, v tichu našeho vězení si zazpívali o kanonýrovi Jabůrkovi. To povznese vojenského ducha. Ale musíme řvát, aby to bylo slyšet po celých Mariánských kasárnách. Navrhuji proto, abychom se postavili ke dveřím.“

Kjelder: Franta Hofer, Jaroslav Kejla

Skrivst òg:Mariánské kasárny Hašek Marienkaserne de

Litteratur
Referensar
aGeschichte des ehemaligen Schützenregimentes Nr. 6Richard Wagner - Karl Kwapil1932
bEinzug der Infanterie-Regimentes 101 in BudweisBudweiser Zeitung11.6.1915
Infanterieregiment Nr. 91en flag
Budějovice/1851, Pražská tř. 1
Wikipedia cz KartSøk Švejkův slovník
ir91schema.png

Schematismus für das k.u.k. Heer..., 1914

Infanterieregiment Nr. 91 er bakteppet for nesten heile handlinga i Den gode soldat Švejk frå augneblinken då Švejk vert gjenforeina med Oberleutnant LukášMariánská kasárna i Budějovice. Dette var etter at han hadde avslutta sin vidkjende anabasis. Ordet "regiment" i denne samanhengen betyr helst Ersatzbataillon IR. 91 ettersom Švejk si eining aldri kom fram til feltregimentet ved fronten.

Bakgrunn

Infanterieregiment Nr. 91 var eit av 110 infanteriregment i k.u.k. Heer[a] og er nettopp på grunn av Den gode soldat Švejk truleg det best kjende av alle austerrisk-ungarske regiment. At Jaroslav Hašek la handlinga i romanen til dette regimentet heng nøye saman med at det var her han gjorde teneste i 1915.

Opphaldstadene og reiseruta til Švejk ligg frå Budějovice og utover ligg nær opptil forfattaren sine eigne med IR. 91 sin XII. Marschbataillon i 1915. Hašek dikta dessutan eit stort tal medsoldatar og offiserar inn i romanen. Frå enkelte av desse lånte han både namn, biografiske detaljar og peronlege eigenskapar frå "prototypen", i andre høve bruka forfattaren berre namnet og/eller rangen.

Historia til Infanterieregiment Nr. 91 er under utarbeiding på ei eiga side.

Sitat
[II.2] ...

Kjelder: Rudolf Kießwetter, Jan Ev. Eybl, Jan Vaněk, Gustav Jungbauer, Josef Novotný, Jan Ciglbauer, Milan Hodík

Litteratur
Referensar
aSchematismus für das k.u.k. Heer (s. 559)K.k. Hof und Staatsdruckerei1914
Budějovická nemocniceen flag
Budějovice I./185, Radeckého tř. 37
KartSøk Švejkův slovník
budspital.jpg

Encyklopedie Českých Budějovic

hasek_spital.jpg

Spisovatel-humorista a spolupracovník Světozora Jaroslav Hašek v reservní vojenské nemocnici v Českých Budějovicích.

Světozor, 30.4.1915

Budějovická nemocnice er nemnd av Einjährigfreiwilliger Marek når han fortel Švejk om korleis han brukte Regimentskrankenbuch til å lura seg ut av sjukehuset for å hygga seg på byen. Namnet på sjukehuset er ikkje eksplisitt nemnd.

Bakgrunn

Budějovická nemocnice viser nokså sikker til k.u.k. Reserve-Spital, sjølv om andre militøare sjukehus vart oppretta i Budějovice alt frå august 1914. Det var på dette sjukehuset Jaroslav Hašek i vart innlagd 6. mars 1915 med diagnosen revmatisme og hjarteklappbetennelse. Han heldt til på rom nr. 77[a].

Bygningen var ei tidlegare Landwehr-kaserne. Den er i militær bruk den dag i dag og ligg nær jernbanestasjonen i Žižkova třída, i 1915 enno Radeckého třída - Radetzkystrasse.

Hašek oppheldt seg seinare på eit anna sjukehus i den såkalla Linz-forstaden[b]. Det kan sjølvsagt vera at det er dette sjukehuset Einjährigfreiwilliger Marek stakk av frå men sidan det ligg eit godt stykke frå sentrum er det fyrste alternativet meir truleg.

Krankenbuch

Så vidt kjendt finst det ingen handfaste prov på at episoden med Krankenbuch faktisk fann stad. Radko Pytlík nøyer seg med å bruka ordet "kanskje "[a] medan Kejla kategorisk sler fast at dette ikkje var grunnen til at Hašek vart utvist frå reserveoffisersskulen. Grunnen til utvisinga skal ha vore heller banal: oppførsel som ikkje tilsvara det som var forventa av ein k.u.k. offiser[c].

Hašek si sjukdomshistorie starta 6. mars 1915 då han vart fyrst innlagd. 8. april vart han undersøkt med hensyn til ein mogeleg superarbitrering og søknaden vart underteikna den 12 av Dr. Peterka. Den 30. same månad vart han lyst skikka til lettare teneste, ein avgjerd som var signert av Peterka høgare offiserar som Karl Schlager og Pallweber. Den 25. mai vart avgjerda stadfesta av k.u.k. Miltärkommando Prag. Opphaldet hans på sjukehuset i Budějovice kan ha funne gjenklang i Švejk sine opplevingar på Vojenská nemocnice Hradčany, men dette er berre ein antakelse.

Sitat
[II.2] Může být,“ připouštěl jednoroční dobrovolník, „že při té tahanici padlo pár pohlavků, ale to myslím nic na věci nemění, poněvadž je to vyložený omyl. On sám přiznává, že jsem řekl: ,Servus, Franci’ a jeho křestní jméno je Anton. To je úplně jasné. Mně snad může škodit jenom to, že jsem utekl z nemocnice, a jestli to praskne s tím ,krankenbuchem’...
[II.2] Vracel jsem se na svou postel do nemocnice až k ránu, a když mě v noci zastavila patrola, ukázal jsem jí na svůj krankenbuch 91. regimentu a víc se mne nikdo na nic neptal. Ve vratech nemocnice opět mlčky ukázal jsem na knihu a nějak jsem se vždy do postele dostal.
Litteratur
Referensar
aRaněný český spisovatel v Č. BudějovicíchJihočeské listy13.3.1915
bToulavé houseRadko Pytlík1971
cJak to bylo v bitvě u Chorupan kde se dal Jaroslav Hašek zajmoutJaroslav Kejla1972
Port Arthuren flag
Budějovice III./326, Rudolfovská tř.
KartSøk Švejkův slovník
rudolfovska326.jpg

Bordellet Port Arthur heldt til i bygningen til venstre. Den noverande adressa er (Rudolfovská třída 47).

Českobudějovický deník,8.4.2021

portarthur.png

Jihočeské listy,8.4.1907

portartur1.jpg
portartur3.png

Budivoj,8.1.1904

portarthur4.png

Budivoj,7.11.1906

artur5.png

Jihočeské listy,20.5.1914

artur6.png

Budweiser Kreisblatt,19.8.1914

blazkova.jpg

Port Arthur var eit bordell i Budějovice som dagleg vart frekventert av Einjährigfreiwilliger Marek. Han håpa med dette å pådra seg kjønnsjukdomar nok til å bli friteken krigsteneste. Seinare i kapittelet kjem det fram at det førekom slåsting mellom infanteristar og artilleristar her.

Bakgrunn

Port Arthur er allment kjendt som det europeiske namnet på Lüshunkou. Dette er ein hamneby i Mandsjuria som vart verdskjend då den vart beleira av japanske styrkar under den russisk-japanske krigen i 1904-05.

Bordell frå 1904

I samanheng med Den gode soldat Švejk er det likevel viktigare at bordell med namnet Port Arthur (òg skrive Port Artur) faktisk ekisterte i Budějovice då Ha-J gjorde teneste i byen. Etablissementet låg i Rudolfovská třída i den austlege utkanten av byen, ved eller på ei høgd kalla Pěkná vyhlídka (Schöne Aussicht).

I januar 1904 overtok Jan Filip vertshuset Na pěkné vyhlídce[a] og om hausten same året var det kome i drift som gledeshus etter at han hadde fått innvilga bordell-lisens[b]. Frå fyrste stund vart det rapportert om bråk, noko som kan ha ført til kallenamnet "Port Artur", inspirert av krigen i det fjerne austen og beleiringa av denne hamnebyen som på den aktuelle tida pågjekk.

I 1906 vart eigaren Jan Filip på nytt nemd i avisene med skuldingar om at han hadde svike den tsjekkiske nasjon og seld stemma si til den tyske borgarmeisteren Josef Taschek for å få lisens til å driva bordell[c].

Året etter kom det oppslag om "Port Artur" grunna bråk men den negative omtalen frå dei tsjekkiske avisene har eit visst preg av svertekampanje mot "Judas" Filip , den tysk-nasjonale Taschek, og tyskarar generelt. I det heile er avisene på denne tida fulle av sjåvinistisk oppgulp, og dette gjeld begge sider.

Folketeljinga i 1910

I 1909 kjøpte Bernard Machatý eigedomen[d] og bygde stall bak huset. Under folketeljinga i 1910 budde 8 personar i huset, og påfallande nok var 6 av dei yngre kvinner og fire av dei er oppførde som prostituerte. To vertinner er oppførde: P(Rosalie Korporal Blažek) og Barbora Pachek. Eigaren Machaty var fødd i 1874 in Chrudim, skild, og oppførd som "øl- og vinhandlar"[e]. Folketeljinga avslørde òg at han eigde seks hestar og fire griser, at huset hadde fire vindauge ut mot gata og til saman seks på sidene og baksida.

1914 - 1918

Det ser ut som om butikken etter kvart gjekk dårleg for i mars 1914 vart det lyst auksjon på inventaret[f]. I mai kom det oppslag i avisene om auksjon på sjølve bygningen og denne skulle finna stad 3. juli[g]. I august 1914 vart det meldt at kelnaren på Prostituiertenheim des B. Machaty in der Rudolfstädterstraße hadde døydd av hjartekrampe[h].

I juni 1915 kom det eit avisoppslag som viser til arrestasjon av to tjuvar som hadde drukke på "eit visst bordell" i Rudolfovská třída[i]. I 1917 vart det meldt at Rosalie Blažková som innehavar hadde fått bot for å ha brote eit påbod om stengetid[j].

Hestar og møblar

I oktober 1918 selgde Theodor Löwy bygningen til hestehandlaren Felix Vazda[k]. Når Löwy kjøpte eigedomen og av kven er enno uklårt. I 1920 tok Václav Vazda over og oppretta ein velluka møbelfabrikk på staden. Denne var i drfit fram til 1950 då den vart nasjonalisert[l].

Nye opplysningar

Port Arthur var ikkje noko offisielt namn så det har vist seg vanskeleg å finna ut eksakt kvar bordellet låg. Avisnotisar viser at tilhaldstaden utan tvil var hus nummer 326 i Rudolfovská třída men omnummerering av husa i ettertid gjer at dette ikkje seier så mykje. Lokalhistorikaren Milan Binder opplyser at husa i Budějovice har byta nummer to gonger, seinast i 1979.

I juni 2023 kom det endeleg for dagen kven som dreiv bordellet då Jaroslav Hašek gjorde teneste i Budějovice, dessutan eksakt kvar det heldt til. Fru Renata Schmidtmajerová kontakta Jaroslav Šerák og delte unikt material, mellom anna eit bilete av Rozálie Blažková.

I 2021 skreiv lokalhistorikaren Jan Schinko ein meir utfyllende artikkel om Port Arthur i ei distriktsavis, supplert med ein relatert web-artikkel[m].

Renata Schmidtmajerová

Do roku 1913 byl vlastník Bernard Machatý, poté Rozálie Blažková (prababička mého manžela Josefa Schmidtmajera). V roce 1915 prodala nemovitost Vincenzi Machatému (otci Bernarda Machatého), později byl vlastníkem Vazda (známá firma s nábytkem). A teď to hlavní: Port Artur stál v místě, dnešní číslo domu je 213/74 na Rudolfovské (přikládám obrázek), na pravé straně kdysi stály stáje, ty byly zbourané, dnes tam stojí Lidl. Dům stojí dodnes.

Sitat
[II.2] Denně jsem chodil do „Port Arthuru“, někteří kolegové už dostali zánět varlat, řezali jim pauchy, a já jsem byl pořád imunní. Smůla, kamaráde, nekřesťanská. Až jsem se ti jednou „U růže“ seznámil s jedním invalidou z Hluboké.
[II.2] Jak se seprali v „Port Arthuru“, „U růže“ a v jiných četných zábavních místnostech jihočeské metropole.

Kjelder: Jan Schinko, Renata Schmidtmajerová, Jaroslav Šerák

Litteratur
Referensar
aZ kruhů hostinskýchJihočeské listy6.1.1904
bNová atrakce v Českých BudějovicíchJihočeské listy2.11.1904
cZradil národ za — 'bordel'Budivoj7.11.1906
dZměny držebnostiBudivoj30.7.1909
eSčitání lidu 1910SOkA České Budějovice
fVersteigerungs-EdiktBudweiser Zeitung3.3.1914
gExekuční dražby nemovitostíJihočeské listy20.5.1914
hAn Herzkrämpfen plötzlich gestorbenBudweiser Kreisblatt19.8.1914
iZatčení lupičiJihočeské listy5.6.1915
jPolitické trestyJihočeské listy14.4.1917
kBesitzwechselBudweiser Zeitung18.10.1918
lPort Artur na Rudolfovské končil dražbou klisen i věšákůČeskobudějovický deník8.4.2021
mNevěstince v Českých BudějovicíchJan Schinko25.2.2021
U růžeen flag
Budějovice/-, Pražská ul. 5
KartSøk Švejkův slovník
uruze.jpg

Zaniklé hospody, s.157

uruze1.png

Chytilův adresář,1915

uruze2.png

Jihočeské listy,9.1.1937

uruze.png

Jihočeské listy,31.12.1914

U růže var ein pub i Budějovice som er nemnd når Einjährigfreiwilliger Marek møter ein krøpling frå Hluboká her som kunne hjelpa han med gikt. Seinare i kapittelet kjem det fram at det førekom slåsting mellom infanteristar og artilleristar her.

Bakgrunn

U růže viser truleg til U bílé růže, ein pub som låg to inngangar nord for Mariánská kasárna i Pražská ulice 5, Budějovice. Vertshuset eksisterte minst sidan 1879 og vart til dels brukt som forsamlingslokale, til dømes valgmøte. I 1884 annonserte František Smauš at han hadde teke over lokalet som òg på denne tida var kjendt som U hlavů. I 1896 vart det dokketeaterframstillingar her og vert var no Jindřich Kopecký. Han er òg oppførd som innehavar i 1905 då han lyste ein karusell til salgs. Denne har nok vore brukt i hagen til restauranten. På 1890-talet selde vertshuset øl frå Protivín men det er uvisst om dette var tilfellet òg i 1915.

Restaurantvert per 31. desember 1910 var František Vostl, ein person Jaroslav Hašek heilt sikkert kjende ettersom han framleis var oppførd som innehavar i 1915. Vostl dreiv dessutan med hestedrosjar og handla med fisk. Han døydde 22. juni 1933 i ein alder av 62. Han var kneipevert på U bílé růže minst fram til 1924 og sette ofte inn annonsar i Jihočeské listy på nyttårsaftene der han ynskte kundane "Godt Nyttår". Lokalet var i bruk som vertshus til etter 2.verdskrigen og bygningen vart riven fyrst i 1992.

Hašek på Den kvite rose

Ein artikkel i Jihočeské listy frå 1937 stadfestar at Jaroslav Hašek vanka på lokalet i 1915. Han underheldt gjestene med patriotisk skrål. Artikkelen som er underteikna med pseudonymet Al. Terego nemner dessutan at lokalet òg berre vart kalla "U růže"[a].

Eit alternativ

Einjährigfreiwilliger Marek kan òg ha meint kaféen U černého růže (Zur schwarzen Rose) på hjørna av Piaristická ulice og Česká ulice. Denne hypotesa er langt svakare ettersom lokalet ligg lenger borte frå kaserna og virkar dessutan å ha vore mest vitja av tyskarar. Innehavar i 1915 var Anna Czech.

Milan Binder

Zmiňovaná hospoda "U růže" bude určitě hospoda "U bílá růže", která byla hned vedle Mariánských kasáren. Informace o ní najdete také v knize "Zaniklé hospody", na straně 157 a 158.

Sitat
[II.2] Denně jsem chodil do ,Port Arthuru’, někteří kolegové už dostali zánět varlat, řezali jim pauchy, a já jsem byl pořád imunní. Smůla, kamaráde, nekřesťanská. Až jsem se ti jednou ,U růže’ seznámil s jedním invalidou z Hluboké. Ten mně řekl, abych jednou v neděli k němu přišel na návštěvu, a na druhý den že budu mít nohy jako konve. Měl doma tu jehlu i stříkačku, a já jsem opravdu sotva došel z Hluboké domů.
[II.2] V tom posledním byla soustředěna všechna zášť 91. regimentu proti dělostřelectvu v Budějovicích. Běda dělostřelci, který padl v noci do rukou patroly od pluku a naopak. Zášť hrozná, nesmiřitelná, vendetta, krevní msta, dědící se z ročníku na ročník, provázená na obou stranách tradičními historkami, jak buď infanteristi naházeli dělostřelce do Vltavy, nebo opačně. Jak se seprali v „Port Arthuru“, „U růže“ a v jiných četných zábavních místnostech jihočeské metropole.

Kjelder: Milan Binder, Jihočeské listy, Budivoj

Skrivst òg:The Rose en Zur Rose de Ved rosa no

Litteratur
Referensar
aPražká silnice č.p. 6Jihočeské listy9.1.1937
Měšťanská besedaen flag
Budějovice/-, Na Sádech -
KartSøk Švejkův slovník
cb_beseda.jpg
besedacb.png

Hlas lidu, 29.9.1914

Měšťanská beseda skulle i fylgje Einjährigfreiwilliger Marek servera god mat, i motsetning til arresten han og Švejk sit i.

Seinare i kapittelet medan dei enno sit i arresten nemner Einjährigfreiwilliger Marek staden på ny, han kjenner nemleg vakthavande Leutnant Pelikán herfrå. No brukar han rettnok namnet Česká beseda men ein kan trygt gå ut frå at han meiner same staden.

Bakgrunn

Měšťanská beseda var eit forsamlingshus, restaurant og overnattingsstad i Budějovice som eksisterte frå 1870, eigd av borgarsamskipnaden Českobudějovická Beseda[a]. Den var mest ein samlingsstad for den tsjekkiske delen av byen si befolkning og det var her Český akciovný pivovar (no kjent som Budweiser Budvar) vart stifta 21. januar 1894[b]. Bryggeriet kom i drift i 1895 og det seier seg dermed sjølv av restauranten tappa øl frå nettopp dette bryggeriet og det gjorde det enno ved krigsutbrotet.

Frå September 1914 og minst fram til 1922 vart restauranten hjå Beseda driven av Vilém Sandholec[c], bror til eigaren av Hotel SlunceBudějovické náměstí. I fylgje Radko Pytlík vitja Jaroslav Hašek faktisk restauranten så Einjährigfreiwilliger Marek visste nok godt kva han snakka om. I 1924 vart det gjort ei større renovering og restauranten var i 2015 enno i drift men om den har vore det samanhengande drift er uvisst.

Sitat
[II.2] Himlhergot, není co kouřit, kamaráde. Nechcete, abych vás naučil plivat na strop? Podívejte se, to se dělá takhle. Myslete si přitom něco, a vaše přání se splní. Jestli rád pijete pivo, mohu vám odporučiti výbornou vodu tamhle ve džbáně. Máte-li hlad a chcete-li chutně pojíst, doporučuji vám ,Měšťanskou besedu’.
[II.2] „To je profous,“ řekl jednoroční dobrovolník, „jde s ním lajtnant Pelikán, který má dnes službu. Je to reservní důstojník, můj známý z ,České besedy’, v civilu je matematikem v jedné pojišťovně. Od toho dostaneme cigarety. Řveme jen dál.“

Kjelder: Radko Pytlík, Milan Binder, Jihočeské listy

Skrivst òg:City Club Parrott Burghers'Club Sadlon Bürgerressource de Borgarklubben no

Litteratur
Referensar
aBeseda českobudějovickáEncyklopedie Českých Budějovic
bBudějovický BudvarEncyklopedie Českých Budějovic
cBeseda má zase nového hostinskéhoHlas lidu24.9.1914
Budějovický berní uřáden flag
KartSøk
justizpalast.jpg

Justiční palác (Justizpalast) - her låg kontora til c.k. berní úřad (k.k. Steueramt)

berniurad.jpg

Chytilův adresář,1915

berniurad.png

Budweiser Zeitung, 8.5.1908

Budějovický berní uřád er nemnd av Einjährigfreiwilliger Marek når han fortel Švejk at etter han forlet sjukehuset med si Krankenbuch så kledde han seg om i sivil hjå ein kjenning frå skattekontoret.

Bakgrunn

Budějovický berní uřád må nødvendigvis visa til eit av dei to (eller tre) skattekontora i Budějovice. Desse var Městský berní úřad / Städtisches Steueramt og c.k. berní úřad / k.k. Steueramt (henholdsvis by- og statsskattekontoret). Det siste heldt frå 1905 til i Justiční palác / Justizpalast ved breidda av Malše litt sør for bykjerna. Kvar byskattekontoret heldt til er uvisst men rådhuset på Budějovické náměstí er ei truleg plassering. Det kan òg ha vore eit skattekontor (eller finanskontor) tilknytt hejtmanství.

I fylgje Radko Pytlík skifta faktisk forfattaren av Den gode soldat Švejk til sivil heime hjå ein tilsett ved skattekontoret. Namnet hans skal ha vore J. Neproud[b]. Rettnok er ingen person oppførd med dette namnet og tilsvarande stilling i adresseboka for 1915[a] men ein viss Josef Neproud er oppførd som banktilsett. Pytlík si kjelde er ukjend men truleg er det frå ein av dei mange vitnemåla om Hašek si tid i Budějovice som vart samla inn etter andre verdskrigen.

Sitat
[II.2] Pak šel jsem k jednomu známému úředníkovi od berního úřadu, tam jsem se převlékl do civilu a šel jsem do hospody, kde jsme vedli ve známé společnosti různé velezrádné řeči.
Litteratur
Referensar
aChytilův úplný adresář Království ČeskéhoAlois Chytil1915
bOsudy a cesty Josefa ŠvejkaRadko Pytlík2003
Budweiser Einjährigfreiwilligenschuleen flag
Søk Švejkův slovník
marienkaserne.jpg

Mariánská kasárna / Marienkaserne, reserveoffiserskulen heldt til i tredje etasjen.

Geschichte des ehemaligen Schützenregimentes Nr. 6,1932

ef1915feb.png

© ÖStA

ejfw1915feb.png

Tre av offisers-aspirantane i klassen til Josef Novotný som fullførde kurset i slutten av fabruar 1915: Hans Bieler, Josef Blätterbauer og Franz Elias. Dei to siste fall i Galicia i 1915 medan Bigler overlevde krigen.

© ÖStA

Budweiser Einjährigfreiwilligenschule var skulen som Einjährigfreiwilliger Marek vart utvist frå etter episoden med Krankenbuch. Han brukar fleire omgrep for skulen, som alle viste til denne: Offizierschule, skulen, eittårsfrivillegskulen. Det kjem seinare fram at Hauptmann Ságner var sjef for skulen.

Bakgrunn

Budweiser Einjährigfreiwilligenschule viser til reserveoffiser-skulen til Infanterieregiment Nr. 91 i Budějovice. Den låg i øvste etasje (tredje) i Mariánská kasárna og her var òg elevane innkvarterte[a]. I denne etasjen låg dessutan kontora til skulekommandanten og Dienstführender Feldwebel, assistenten hans.

Josef Novotný

Takka vere dagboka til Josef Novotný har me ein del informasjon om skulen[d]. Sjølve utdanninga varde i om lag åtte veker, men dei eittårsfrivillege vart før det skilde ut frå sine Ersatzkompanie og samla i ei såkalla Einjährigfreiwilliger-Abteilung medan dei venta på at noverande kull gjorde seg ferdige[d]. Fyrste kontingent starta 1. november 1914 og vart uteksaminert ved nyttår. Sjef for skulen var Hauptmann Julius Pleban og instruktørar var Oberleutnant Rudolf Lukas og Leutnant Livora. Den fyrste var ein streng og seriøs tyskar "som kunne sine ting". Den siste var ein "inkompetent jødisk reknskapsførar som hata tsjekkarar", men vart snart avløyst av Leutnant Josef Wolf, ein skogvaktar frå Gratzen (Nové Hrady) som heller ikkje likte tsjekkarar. I tilleg kom den tsjekkiske "renegaten" Leutnant Viktor Kabelák. Lukas var i fylgje sitt Vormerkblatt instruktør ved skulen frå 16. oktober til 9. desember 1914 så Novotný hadde neppe mykje med han å gjera.

Novotný sjølv starta i andre kullet etter nyttår 1915 og då hadde Oberstleutnant Otto Husserl overteke leiinga for skulen. Novotný minnest medelevar som den godt likte tyskaren Josef Blätterbauer og dessutan Hans Bigler. Sistnemnde var "ambisiøs, umoden, hårsår og utgav seg som sveitsar og hadde meld seg frivilleg til teneste av rein entusiasme". Han var like ivreg som det Hašek framstiller han som i Den gode soldat Švejk og likleis var til ålmenn latter. Novotný hevda jamvel at det var Bigler sin feil at Blätterbauer fall Karpatane, men dette kab ikkje stemma ettersom Bigler aldri gjorde teneste der. Han kom fyrste gong til fronten 11. juli 1915 og innan den tid var Blätterbauer alt lyst sakna.

I slutten av januar vart Novotný saman med 20 andre tsjekkarar utviste frå kurset og han hevdar at tyskarar jamt vart favoriserte, spesielt av tyskaren Höfer, ein Dienstführender Feldwebel frå Krumlov. Novotný fekk aldri vita den direkte årsaka til at han vart utvist. Det kunne skuldast det anstrengde forholdet til Höfer, at han var mykje sjuk eller at han hadde søkt om overføring til andre regiment avdi han kunne dårleg tysk. Forløpet var difor heilt ulik det Einjährigfreiwilliger Marek opplevde i Den gode soldat Švejk: at saka kom til regimentsrapport og utfallet vart proklamert framfor mannskapet.

Hauptmann Adamička

Den 20. januar 1915 overtok kaptein Josef Adamička kommandoen for skulen, ei rolle han hadde fram til han reiste til fronten med 8. marsjbataljon 18. mars 1915. Franta Hofer hugsa at Adamička likte den framtidige forfattaren av Den gode soldat Švejk og inviterte han jamvel til offisersmessa for å underhalda herrane med anekdotar om prestar og jødar[a].

Hašek ved skulen

Hašek rapporterte ved IR. 91/I. Ersatzkompanie i Budějovice 17. mars 1915 men han vart ikkje innrullert ved skulen med ein gong. Han ekserserte i starten saman med mannskapet i sivil, og byrja ved skulen då han fekk uniform. Sjølve kurset har nok starta rundt 1. mars om ein skal fylgja logikken i opplysningane frå Novotný. Akkurat som Einjährigfreiwilliger Marek vart han utvist men me har ingen dokument som viser når dette hende, ei heller kva som var årsaka til at han måtte slutta. Kejla antok det var grunna oppførsel som ikkje sømde seg for ein framtidig reserveoffiser[b], medan Hofer gjer ingen antakelsar. Sistnemnde noterer at sjølv om den vittige forfattaren var populær var det òg ein del misunnelse avdi Adamička favoriserte han[a].

Ein må òg gå ut frå at sjukdomshistoria vog tungt i avgjerda om å utvisa Hašek. Han vart innlagd på sjukehus alt 6. mars 1915 og søknaden om superarbitrering vart forfatta 8. april. Han må dermed ha gått glipp av mykje undervisning. I tredje kull (mars - april) gjekk fleire som seinare skreiv om Hašek si tid her. Mellom desse var Jaroslav Kejla og Franta Hofer.

Gott strafe England

Hašek fortalde sin eigne versjonar av kva som hende ved skulen. Fyrst gjennom sitt alter ego Einjährigfreiwilliger Marek i romanen men òg i forteljinga Gott strafe England frå 1917. I denne vart velviljen som Adamička to år tidelgare viste forfattaren på ingen måte sett pris på. Hans tidlegare føresette vert gjort narr av som ein tulling som fremja slagordet Gott strafe England over alt og som ga Hašek i oppgåve å skriva eit patriotisk dikt. Dette gjorde Hašek rettnok men diktet fall ikkje i god jord så forfattaren fekk 30 dagar skjerpa arrest[c].

Resten av krigen

Me veit ikkje kven som tok over etter Adamička som sjef for skulen men det kan godt ha vore Čeněk Sagner. Dette var strass alt ei av rollene hans literære motstykke Hauptmann Ságner hadde i Den gode soldat Švejk. Ein anna kandidat er Franz Wenzel, hans litterære utgøve etterfylgde på eit vis Adamička i romamen. Novotný anslår at det under krigen vart utdanna rundt 20 kull ved reserveoffiserskulen. Ein gong etter at Ersatzbataillon IR. 91 vart flytta til Bruck/Királyhida (1. juni 1915) vart skulen slegen saman med tilsvarande frå andre einingar i garnisonen. I april 1917 starta det 14. kurset og no vart den krigserfarne Novotný teken opp att og fullførde. Meir om dette i omtalen av skulen i Bruck (kjem seinare).

Om eittårsfrivillege og reserveoffiserskular
efschule.png

Heerwesen, Selbstverlag Hugo Schmid, 1916

zakonb.png

Zákon branný, daný dne 5. prosince 1868

kejla.png

Jaroslav Kejla, 1972

© LA-PNP

Eittårsfrivilleg var derimot ein rett som menn med middels og høgare utdanning hadde til å gjera militærteneste eitt år i staden for dei obligatoriske tre (etter 1912 to år) på betingelse av at dei utstyrde seg sjølve. Ordninga vart oppretta i 1868 etter førebilete frå Preussen og var verksam fram til 1918. Motivet var både at ein kunne spara staten for pengar og ikkje unødvendig skada yrkeslivet til den som tok utdanning. Det "frivillege" bestod i at soldaten kunne (men ikkje måtte) utdanna seg til reserveoffiser i løpet av tenestetida. Dei som ikkje tok eksamen som reserveoffiser måtte tena eit ekstra år, men denne plikta vart avskaffa i 1912. Den eittårsfrivillege kunne og søkja om å gjera teneste utafor heimeeininga, men dette berre innvilga dersom mannskapsituasjonen ved einingane tillet det.

Den eittårsfrivillege måtte normalt kjøpa sitt eige utstyr medan k.u.k. Militärärar stod for bustad (om soldaten ynskte det sjølv). Rekruttar måtte ha fullførd 8-årig middelskule (gymnas, realskule, lærarskule, handelskule eller tilsvarande) for å ha krav på redusert tenestetid. Kandidaten måtte sjølv søkja om dette, og alle måtte avleggja prøve. Ein som var dømd for vinningsbrotsverk eller sedlaus framferd mista automatisk retten til eittårsteneste.

Reserveoffizier-Schulen var såleis institusjonen som utdanna dei eittårsfrivillege til reserveoffiserar. Det kan verka som ein feil at Jaroslav Hašek brukar omgrepet "Eittårsfrivillegskule" eller "skule for eittårsfrivillege", men er det slett ikkje: fram til vernepliktsreforma i 1912 heitte skulane offisielt Einjährig-Freiwilligenschule og det gamle utrykket for omgrep som er endra heng gjerne att i daglegtalen i årevis etter sjølve endringa (sjå t.d. Salmova ulice).

Sitat
[II.2] Ať si nemyslí, že když mne pošlou na front, že dám jednu ránu. Regimentsraport! Vyloučení ze školy! Ať žije c. k. kretenismus! Budu já jim dřepět ve škole a skládat zkoušky. Kadet, fähnrich, lajtnant, obrlajtnant. Naseru jim! Offiziersschule. Behandlung jener Schüler derselben, welche einen Jahrgang repetieren müssen!
[II.2] Narukoval jsem ve vysokých botách a na hlavě jsem měl cylindr, a poněvadž mně krejčí včas nedodal uniformu, tak jsem přišel za školou jednoročáků na cvičiště i ve vysokých botách a v cylindru a postavil jsem se do řady a mašíroval s nimi na levém flangu.
[II.2] Hejtman Ságner, který má na starosti školu jednoročních dobrovolníků, vidí v Schröderovi pravý typ vojáka, ačkoliv plukovník Schröder nebojí se ničeho tak jako toho, kdyby měl jít do pole.
[II.2] Konečně se objevil zachmuřený plukovník v průvodu hejtmana Ságnera ze školy jednoročních dobrovolníků, nervózně sekaje bičíkem přes holinku svých vysokých bot.
[II.2] Pane hejtmane," zvolal na Ságnera, "přiveďte sem celou školu jednoročních dobrovolníků.
[II.2] Škola jednoročních dobrovolníků vstoupila na nádvoří. „Do čtverce!“ rozkázal plukovník. Obklopili souzené i plukovníka úzkým čtvercem.
[II.2] "Nicméně," pokračoval plukovník, "taková věc se musí bezpříkladně potrestat, chlap musí být vyloučen ze školy jednoročních dobrovolníků, morálně zničen. Máme už dost takových inteligentů v armádě. Regimentskanzlei!"
[II.2] Obraceje se ke škole jednoročních dobrovolníků, dal plukovník rozkaz k seřazení.
[II.2] Řekněte jim, že celá škola jednoročních dobrovolníků má po pět dní kasárníka, aby nikdy nezapomněli pna svého bývalého kolegu, toho lumpa Marka."

Kjelder: Franta Hofer, Jaroslav Kejla, Josef Novotný

Merknader
1. Eit døme på dette er artikkelen om Jaroslav Hašek i spansk Wikipedia. Uheldigvis inneheld denne òg mange andre faktafeil.
Litteratur
Referensar
aJak se Jaroslav Hašek učil oficíremFranta Hofer
bJak to bylo v bitvě u Chorupan kde se dal Jaroslav Hašek zajmoutJaroslav Kejla1972
cGott strafe EnglandČeskoslovenský vojákJaroslav Hašek15.10.1917
dZ mých válečných pamětíJosef Novotný (ed. Jan Ciglbauer)2021
eKameradschafts-AbendBudweiser Zeitung29.12.1914
Budweiser Übungsplatzen flag
KartSøk
ctyridvory.jpg

Budweiser Übungsplatz er nemnd av Einjährigfreiwilliger Marek når han i cella i Budějovice fortel Švejk om då han møtte opp for fyrste gong på ekserserplassen. Han ikledd civil og med bowlerhatt på hovudet. Oberst Schröder vart rasande og gav hen 14 dagar i arresten.

Bakgrunn

Budweiser Übungsplatz viser til ein ekserserplass i Budějovice, Einjährigfreiwilliger Marek viser til den berre som "øvingsplassen". I 1915 øvde IR. 91 på ulike stader i og rundt byen i 1915 men den viktigaste av desse var Čtyři Dvory / Vierhöf. Denne låg 4 kilometer vest for sentrum og det er nesten sikkert denne saden Marek hadde i tankane.

Marek sitt oppmøte på ekserserplasse i sivil er eit motiv som er inspirert av Hašek sine eigne opplevingar. Forfattaren av Den gode soldat Švejk møtte òg opp i sivil og Kejla kan stadfesta at det hende nettopp på Čtyři Dvory i februar 1915[a].

Sitat
[II.2] Narukoval jsem ve vysokých botách a na hlavě jsem měl cylindr, a poněvadž mně krejčí včas nedodal uniformu, tak jsem přišel za školou jednoročáků na cvičiště i ve vysokých botách a v cylindru a postavil jsem se do řady a mašíroval s nimi na levém flangu.
[II.2] To už zvolal jen, že zítra mám jít k regimentsraportu, a hnal to na koni ze vzteku až bůhvíkam jako divoký jezdec, a zas přicválal, opět nanovo řval, zuřil, bil se v prsa a poručil mne okamžitě ze cvičiště odstranit a dát na hauptwachu.
[II.2] Honí vás na cvičišti po celý den a na noc vás ještě zavřou. Tak se stalo, že u kumpanie Dauerlinga nebylo marodů. ,Kumpanienmarodi’ seděli v díře. Dauerling stále zachovává na cvičišti onen nenucený kasárenský tón, začínající slovem svině a končící podivnou zoologickou záhadou: svinským psem.
[II.2] Na začátku zimy, než jsem šel do nemocnice, cvičili jsme na cvičišti vedle 11. kompanie, a když byl rast, měl Dauerling řeč k svým českým rekrutům:...

Kjelder: Jan Ciglbauer, Jaroslav Kejla, Josef Novotný

Skrivst òg:Budějovická cvičiště cz

Referensar
aJak to bylo v bitvě u Chorupan kde se dal Jaroslav Hašek zajmoutJaroslav Kejla1972
11. Kompanieen flag
Søk Švejkův slovník
fk11.jpg

11. Feldkompanie, truleg ved Żdżary i august 1915.

Jaroslav Hašek ve fotografii,1959.

fk11a.png

11. Feldkompanie vart gjenoppretta 11.7.1915, no med Jaroslav Hašek i rekkene.

Das Infanterieregiment Nr.91 am Vormarsch in Galizien,1927.

© VHA

11. Kompanie er fyrst nemnd av Einjährigfreiwilliger Marek som eininga der dei brutale befalsmennene Korporal Althof, Gefreiter Müller og Feldwebel Sondernummer tyranniserar og skjeller ut rekruttar, fyrst og fremst tsjekkiske. Som om ikkje dette var nok gjorde den illgjetne Fähnrich Dauerling teneste som instruktør i kompaniet.

I [II.4] vert kompaniet omtala på ny, no direkte som marsjkompani. Oberst Schröder fortel Oberleutnant Lukáš at kompaniet er oppretta, og skal sendast til fronten i løpet av ei veke. Kompaniet vart leia av Lukáš med Švejk som ordonnansen.

Bakgrunn

11. Kompanie er ikkje eintydig definert men nummereringa tilseier at det var eitt av dei 16 feltkompania i Infanterieregiment Nr. 91. Innvendinga mot denne antakelsen er at handlinga på dette stadiet i romanen føregår hjå erstatningsbataljonen i Budějovice medan feltkompania sidan starten av krigen hadde kjempa ved fronten. Difor kan ein innvenda at det må vera snakk om eit Ersatzkompanie eller Marschkompanie men desse hadde aldri så høge nummer som 11 i 1915. Marsjbataljonar hadde vanlegvis fire kompani og erstatningsbataljonen sjeldan fleire en fire.

Forklaringa på denne motseiinga er heller at forfattaren av Den gode soldat Švejk ofte la lite vekt på detaljar som nummerering og den logiske samanhengen mellom militære einingar. Det beste dømet på dette er Švejk sitt eige 11. Marschkompanie, ei eining som ikkje eksisterte, og som heller avspegla 11. Feldkompanie.

11. Feldkompanie

Kompaniet var eit av fire i III. Feldbataillon, og i frå 11. juli til 24. september 1915 gjorde Jaroslav Hašek sjølv teneste her. Dette er innlysande nok grunnen til at omgrepa 11. Kompanie og 11. Marschkompanie (heretter MK) så ofte dukkar opp i Den gode soldat Švejk. Hašek var ordonnans i kompaniet, akkurat same rolla som Švejk hadde i det litterære 11. MK.

Kompanisjef i perioden Hašek tenestegjorde var Rudolf Lukas, ein parallel til rolla Oberleutnant Lukáš hadde det fiktive marsjkompaniet. Kompaniet rapporterte i denne perioden til Čeněk Sagner og hans III. Feldbataillon. Såleis avspeglar hierarkiet i felten dei fiktive marsjeinigane ettersom Hauptmann Ságner i Den gode soldat Švejk var kommandant for Švejk sin unummererte marsjbataljon. Andre "modellar" for romanfigurar tenestgjorde òg i kompaniet: Hans Bigler og Jan Vaněk i tilleg til dei meir perifere inspirasjonskjeldene František Strašlipka og Emanuél Michálek.

Det 11. feltkompani vart som andre einingar i regimentet fleire gonger bortimot utsletta. Dette hende mellom anna i 23. mars 1915 i Karpatane, i kampane ved Złota Lipa ved månadskiftet juni/juli 1915, ved Sokal i slutten av juli same året og på ny ved Chorupan 24. september 1915. På tidspunktet då Jaroslav Hašek sin XII. Marschbataillon kom til fronten eksisterte ikkje kompaniet lenger og det vart fyrst gjenoppretta då marsjbataljonen kom fram 11. juli.

Sitat
[II.2] U 11. kompanie kaprál Althof používá slova: engadinská koza. Svobodník Müller, německý učitel z Kašperských Hor, nazývá nováčky českými smraďochy, šikovatel Sondernummer volskou žábou, yorkshirským kancem a slibuje přitom, že každého rekruta vydělá.
[II.2] Přitom všechny šarže 11. kompanie koulí očima jako ubohý pes, který z hltavosti spolkne houbu namočenou v oleji a nemůže ji dostat z krku.
[II.2] Nyní vám, kamaráde, musím něco říct o Dauerlingovi,“ pokračoval jednoroční dobrovolník, „o něm si vypravují rekruti u 11. kompanie tak, jako nějaká opuštěná babička na farmě v blízkosti mexických hranic bájí o nějakém slavném mexickém banditovi.
[II.2] Na začátku zimy, než jsem šel do nemocnice, cvičili jsme na cvičišti vedle 11. kompanie, a když byl rast, měl Dauerling řeč k svým českým rekrutům:
[II.4] Během týdne bude vypravena marška na ruský front. Jste nejstarším důstojníkem u 11. kompanie, pojedete s ní jako kompaniekomandant.
Litteratur
Stephansdomen flag
Wien I., Stephansplatz
Wikipedia czdeenno KartSøk
stephansdom.jpg

Stephansdom, aufgenommen von der Terrasse der kaiserlichen Wiener Hof- und Staatsdruckerei, um 1852.

Stephansdom vert nemnd avdi læraren til Fähnrich Dauerling var så oppgitt over dumskapen til eleven sin at han i fortviling ville kasta seg ut frå tårnet i Stefansdomen.

Bakgrunn

Stephansdom er viktigaste katedralen i Wien og ein av dei store attraksjonane i byen. Den ligg midt i det historiske senteret av byen. Bygginga starta i 1137 og har skjedd i fleire etappar opp gjennom historia, sist med nytt tak grunna skade etter ein brann mot slutten av andre verdskrigen. Südturm som er det langt høgaste av tårna har ei høgde på 136,7 meter[a].

Sitat
[II.2] Mladý Dauerling po hrozném zápase s čtyřmi třídami nižší reálky, které vystudoval soukromě, přičemž předčasně zešedivěl a zblbl jeho domácí učitel a druhý chtěl skočit v zoufalství se svatoštěpánské věže ve Vídni, přišel do hainburské kadetní školy. V kadetce se nikdy nedbalo na předběžné vzdělání, neboť to většinou nehodí se pro rakouské aktivní důstojníky.

Skrivst òg:Saint Stephen's Cathedral en Dóm svatého Štěpána cz Stephansdom de

Litteratur
Referensar
aStephansdomWien Geschichte Wiki
Hainburger Kadettenschuleen flag
Hainburg an der Donau, Freiunggasse
Wikipedia de KartSøk Švejkův slovník
hainburg.jpg

Kadettenschule; Schloßberg. 1906.

kshainburg1.jpg

Heerwesen

Hugo Schmid,1916

hainburgks.png

Schematismus für das k.u.k. Heer und für die k.u.k. Kriegsmarine 1914

Hainburger Kadettenschule er nemnd når Einjährigfreiwilliger Marek fortel Švejk om den idiotiske Fähnrich Dauerling som fekk opplæringa si ved denne skulen.

Bakgrunn

Hainburger Kadettenschule var ein militær utdanningsinstitusjon som eksisterte frå 1869 til 1918. Institusjonen låg i det tidlegare slottet nedafor Schlossberg i Hainburg og det offisielle namnet var Pionierkadettenschule etterspm den utdanna offiserar for ingenørtroppane. Utdanninga varde i fire år og skulen hadde kapasitet til ca. 100 elevar.

I 1913 vart skulen lagt inn under Technische Militärakademie i Mödling og avdelinga i Haingburg fekk namnet Technische Militärakademie - Pionierklassen[a]. Kommandant ved skulen i 1914 var Oberstleutnant Theodor Weidinger (1857-1938) frå Pionierbataillon Nr. 2 (Linz).

Etter fyrste verdskrigen vart bygningen brukt som vanleg kaserne, i 1945 teken over av den Raude Arme som forlet den i ein tilstand som gjorde at den måtte rivast[b].

Sitat
[II.2] Mladý Dauerling po hrozném zápase s čtyřmi třídami nižší reálky, které vystudoval soukromě, přičemž předčasně zešedivěl a zblbl jeho domácí učitel a druhý chtěl skočit v zoufalství se svatoštěpánské věže ve Vídni, přišel do hainburské kadetní školy. V kadetce se nikdy nedbalo na předběžné vzdělání, neboť to většinou nehodí se pro rakouské aktivní důstojníky.
[II.2] Žák kadetky Dauerling nevynikal ani v těch předmětech, které každý jakžtakž ovládal. I v kadetce bylo znát stopy toho, že si Dauerling v mládí narazil hlavičku.
[II.2] ... že profesoři kadetky jinak ho nenazývali než ,unser braver Trottel’.

Skrivst òg:Hainburská kadetní škola cz

Litteratur
Referensar
aAT-OeStA/KA MEB PKS HainburgÖStA
bKalender mit Ansichten Hainburg einst und jetztKultur Erbe Gesellschaft Hainburg2010
Theresianische Militärakademieen flag
Wiener Neustadt, Burgplatz 1
Wikipedia deenhuno KartSøk Švejkův slovník
therak.jpg

Heerwesen, Hugo Schmid, 1916

terak.png

Schematismus für das k.u.k. Heer und für die k.u.k. Kriegsmarine 1914

Theresianische Militärakademie er akademiet der, i fylgje Einjährigfreiwilliger Marek, dei største idiotane hamnar.

Bakgrunn

Theresianische Militärakademie er verdas eldste eksisterande militærakademi, og ligg i Wiener Neustadt. Det vart grunnlagd av keisarinne Maria Theresia den 14. desember 1751 og utdanna offiserar til infanteriet og kavaleriet, utdanninga varde i 3 år. Den nyutdanna fekk automatisk rangen Leutnant. I dag er det Austerrike sin einaste undervisningstad for militære.

Akademiet heldt få som no til i borga og har vore kjendt under namnet Theresianische Militärakademie sidan 1894. Kommandant i 1914 var Feldmarschall-Leutnant Joseph Roth (1859-1927) som i august rykte ut i felten der han under slaget ved Limanowa i desember utmerka seg spesielt[a].

Sitat
[II.2] Jeho odpovědi při zkouškách jasně hovořily o tom neštěstí a vynikaly takovou pitomostí, a byly považovány přímo za klasické pro svou hlubokou pitomost a popletenost, že profesoři kadetky jinak ho nenazývali než ,unser braver Trottel’. Jeho hloupost byla tak oslňující, že byla největší naděje, že snad po několika desetiletích dostane se do tereziánské vojenské akademie či do ministerstva vojenství.

Skrivst òg:Theresian Military Academy en Tereziánská vojenská akademie cz Theresianum Katonai Akadémia hu

Litteratur
Referensar
aJosef Freiherr Roth von Limanowa-LapanówAustro-Hungarian Land Forces 1848-1918
Kutnohorský hotelen flag
KartSøk
cernykun.jpg

Former Hotel Černý kůň

hotelhasek.png

Guide to the Bohemian section and to the Kingdom of Bohemia, 1906

Kutnohorský hotel var åstaden for ein krangel mellom Major Wenzl (då enno kaptain) og overkelnaren i hotelrestauranten. Den dåverande kapteinen kalla kelnaren eit "tsjekkisk pakk", noko som laga bylgjer heilt til Reichsrat etter at Kadettstellvertreter Zítko hadde avslørt episoden i lokalavisa.

Bakgrunn

Kutnohorský hotel (eit hotell i Kutná Hora) er umogeleg å identifisera utfrå romanen åleine ettersom det var fleire hotell i byen. Berre ved å studera Dobrý voják Švejk v zajetí har ein peikepinnar vidare. Episoden er svært likt omtala og her skriv forfattaren at Major Wenzl skjelte ut overkelnaren på Haškův hotel (Hašeks hotell).

Omgrepet tyder på at Jaroslav Hašek viser til Hotel Černý kůň (Den svarte hest) i Kollárova ulice 314/6. Eigar frå 1892 var Emil Hašek men før 1906 hadde han etablert seg med eit nytt hotell i Praha ovafor Severozápadní nádraží. Eigar av hotellet i Kutná Hora var i 1912 Arnošt Moravec. Til trass for nye eigar kan det godt vera at det på folkemunne enno var kjend som Hašeks hotell då Jaroslav Hašek vitja byen i 1914 og dessutan då Franz Wenzel, prototypen for Major Wenzl, gjorde teneste her frå 1. mai 1913 til etter krigsutbrotet.

Dobrý voják Švejk v zajetí

Major Wenzl nebyl sice žádná zvláštní vojenská hvězd rakouská, ale měl strach z národnostních sporů. Měl za manželku Češku a kdysi, když ještě sloužil jako hejtman v Kutné Hoře, přišel do novin, poněvadž jednou v napilosti vynadal číšníkovi v Haškově hotelu "česká pakáž", ačkoli mluvil sám jinak jen česky v domácnosti i ve společnosti.

Sitat
[II.2] Když před lety sloužil jako hejtman v Kutné Hoře vynadal jednou v opilosti v jednom hotelu vrchnímu, že je česká pakáž. Upozorňuji přitom, že ve společnosti mluvil major Wenzl výhradně česky, stejně jako ve své domácnosti, a že jeho synové studují česky.
[II.2] Slovo padlo, a už to bylo v místních novinách a nějaký poslanec interpeloval chování hejtmana Wenzla v hotelu ve vídeňském parlamentě.
Litteratur
Apolloen flag
Praha II./1866, Fügnerovo nám. 4
KartSøk Švejkův slovník
apollo.jpg
apollo.png

Bohemia, 14.2.1914 (Kisch)

apollo2.png

Národní listy, 25.2.1915

Apollo er nemnd i soga Švejk fortel Einjährigfreiwilliger Marek der Mlíčko hadde fått påsett trefot etter å ha vorte såra tidleg i krigen. Under eit slagsmål på Apollo reiv nokre slaktarar av han den kunstige foten og klakka til han i hovudet med den.

Bakgrunn

Apollo var ein stor nattkafe og danserestaurant på Fügnerovo náměstí i Nové město, ikkje i Vinohrady som Švejk seier.

Avisannonsar indikerer at Apollo eksisterte minst frå 1897, i ein annonse i Prager Tagblatt omtala som Grand-Restaurant[a]. Det kjem ellers fram av annonsane at den store restauranten vart brukt til møte både av foreiningar og politiske parti. Kjem som dreiv Apollo frå starten veit me ikkje, men I 1900 var Jan Beutler danselærer der. I 1902 og 1906 var eigaren Antonín Žalud (han budde på adressa frå 1901[c]), og i 1910 František Šťastný som hadde flytta til denne adressa i 1906[d].

Gjennom heile 1915 kom det annonse for danseunderhaldning i Národní listy, og desse stadfestar at Šťastný enno dreiv restauranten. Annonsane heldt fram til 1917 men i adresseboka for 1924 er ikkje firmaet lenger registrert på denne adressa.

Verbotene Lokale

Den 15. februar 1914 kom ein artikkel av Egon Erwin Kisch på trykk i Bohemia. Tittelen var Verbotene Lokale og omtalar 11 lokale som det var forbode for vanlege soldatar frå garnisonen i Praha å gå på[b]. I Apollo sitt tilfelle var forbodet gyldig frå 25. januar 1907. Artikkelen vart seinare trykt i boka Die Abenteuer in Prag (1920) under tittlen Konsignation über verbotene Lokale.

Sitat
[II.2] Jednou přišel do ,Apolla’ na Vinohradech a tam se dostal do sporu s řezníky z porážky, kteří mu nakonec utrhli umělou nohu a praštili ho s ní přes hlavu.

Kjelder: Jaroslav Šerák, Egon Erwin Kisch

Litteratur
Referensar
aVergnügungsanzeigerPrager Tagblatt18.4.1897
bVerbotene LokaleBohemiaEgon Erwin Kisch15.2.1914
cPobytové přihlášky pražského policejního ředitelstvíNAČR1851 - 1914
dPobytové přihlášky pražského policejního ředitelstvíNAČR1851 - 1914
Porážkaen flag
Královské Vinohrady/973, Korunní tř. -
KartSøk
porazka.jpg
porazka.png

Porážka (slakteriet) er nemnd i soga Švejk fortel Einjährigfreiwilliger Marek der Mlíčko hadde fått påsett trefot etter å ha vorte såra tidleg i krigen. Under eit slagsmål på Apollo reiv nokre slaktarar herfrå av han den kunstige foten og klakka til han i hovudet med den.

Bakgrunn

Porážka er ikkje namngitt men ut frå handlinga verkar det som om det låg i nabolaget til Apollo eller Vávrova ulice. No var det rettnok ingen slakteri i dette området så ein må leita lenger brote. Den mest trulege kandidaten er byslakteriet i Vinohrady med tilhøyrande marknad. Det låg i Vinohrady nr. 973, i Korunní třída, men 2,3 kilometer unna.

Det fanst òg eit privat slakteri i Vinohrady, i Paláckého tř. 56. Dette låg nærare Apollo men likevel nesten ein kilometer unna. I 1912 tilhøyrde det Eugen Bossanyi.

Grunna den relativt store avstanden til begge slakteriea og det faktum at Švejk hevda at Apollo låg i Vinohrady er ein freista til å tru at den gode soldaten blanda saman Apollo med ein eller anna pub i Vinohrady som låg nærare slakteria.

Sitat
[II.2] Jednou přišel do ,Apolla’ na Vinohradech a tam se dostal do sporu s řezníky z porážky, kteří mu nakonec utrhli umělou nohu a praštili ho s ní přes hlavu.
Litteratur
Rudolfinumen flag
Praha I./79, Rudolfovo nábřezí 10
Wikipedia czdeen KartSøk
rudolfinum.jpg

Ottův slovník naučný, 1900

rudolfinum.png

Orientační plán král. hl. města Prahy a obcí sousedních, 1909-1914

Rudolfinum vert nemnd av Einjährigfreiwilliger Marek når han i arresten i Budějovice forklarer vaktaren at synginga til dei to innsette skuldast at dei er ein filial av Rudolfinum og at dei framfører ein krigs-symfoni.

Bakgrunn

Rudolfinum er ei konserthall og kunstsenter i Staré město på austbreidda av Vltvava ved Josefov. Det vart opna i 1884[a] og er kalla opp etter kronprins Rudolf. Det vert mest brukt til konsertar og kunstutstillingar.

Sitat
[II.2] „Pardon,“ odpověděl jednoroční dobrovolník, „.zde je filiálka Rudolfina, koncert ve prospěch uvězněných. Právě ukončeno první číslo programu: ,Válečná symfonie’.
Litteratur
Referensar
aAdresář královského hlavního města Prahy a obcí sousedníchVojtěch Kraus1910
Budějovický hotelen flag
KartSøk
slunce.jpg

Hotel Slunce / Hotel Sonne, 1935

zvon.jpg

Mange offiserar kan sjåast framfor Hotel "Silberne Glocke" (no Zvon).

glockefriedrich.png

Prager Tagblatt,15.6.1909

slunce29.png

Budweiser Zeitung, 29.12.1914

Budějovický hotel (eit hotell i Budějovice) var åstaden for ein fuktig samankomst av offiserar frå IR. 91, omtala av forfattaren sjølv. Mest går det på sinnstemninga til Oberst Schröder og hans mimring om gamle dagar då offiserane verkeleg kunna festa og dreiv med oppfinnsam sedløyse (sjå Hauptmann Skoday). Forutan Schröder deltok på hotellet Hauptmann Ságner, Major Wenzl, Oberleutnant Kretschmann, Hauptmann Spíro og nokre reserveoffiserar. Schröder si forakt for reserveoffiserar kjem for dagen og han klaga dessutan over at yrkesoffiseren Oberleutnant Lukáš unngjekk offiserskollegane sine.

Bakgrunn

Budějovický hotel er eit ikkje namngjeve hotell i Budějovice som nokså sikkert låg i sentrum. Det er nærliggande å trur at det dreiar seg enten om Hotel Slunce eller Hotel Zvon ettersom begge var frekventerte hyppig av militært personell. Begge hotella låg på Budějovické náměstí og dermed ein kort gåtur frå Mariánská kasárna.

Hotel "Silberne Glocke"

Hotel "Silberne Glocke" (Hotel "U střibrného zvonu") låg på austsida av bytorget. Dette området var mest brukt av tyskarar, deriblant offiserar[a] så hotellet ville vore ein naturleg vert for slike samankomstar som vert omtala i Den gode soldat Švejk. Hotellet var av det finare slaget og fleire medlemmer av huset Habsburg overnatta der når dei var på vitjing i Budweis. Mellom desse celebritetane kan nemnast Kaiser Franz Joseph I., Erzherzog Franz Ferdinand og Erzherzog Friedrich.

På fasaden var namnet på hotellet skrive berre på tysk, noko som var heller uvanleg i denne byen med blanda befolkning der tsjekkarane var i knapt fleirtal. I 1914 vart hotellet drive av Anton Rödl og det er enno (2021) i drift, under namnet Hotel Zvon.

Hotel "Slunce"

Hotel "Slunce" (Hotel "Sonne") låg på sørsida av bytorget og var populært mellom dei eittårsfrivillege (inkludert Hašek) men òg offiserar vitja gjerne. Sjølv oberst Karl Schlager, modellen for den litterære Oberst Schröder, var påviseleg var innom her under ei feiring for nyutdanna reserveoffiserar frå k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 29 i desember 1914[b]. Det at Hašek sjølv gjekk på Slunce talar òg for teorien om at det var dette hotellet han hadde i tankane. I 1914 var hotellet drive av Bedřich Sandholec og er enno (2021) i drift under namnet Hotel Dvořák.

Sitat
[II.2] Zatímco jednoroční dobrovolník pronášel zdrcující kritiku poměrů v kasárnách, plukovník Schröder seděl v hotelu ve společnosti důstojníků a poslouchal, jak nadporučík Kretschmann, který se vrátil ze Srbska s bolavou nohou (trkla ho kráva), vypravoval, jak se díval od štábu, ku kterému byl přidělen, na útok na srbské posice.
Litteratur
Referensar
aVoják Jaroslav Hašek v Českých BudějovicíchBohumil Milčan
bKameradschafts-AbendBudweiser Zeitung29.12.1914
Budějovické divadloen flag
Budějovice I./424?, Divadelní ulice 19
KartSøk
divadlo1.jpg
divadlo1.png

Jihočeské listy, 24.10.1914

Budějovické divadlo (eit teater i Budějovice) var staden der Oberleutnant Lukáš forelska seg i fru Schreiterová, kona til ein ingeniør. Dette i fylgje Hauptmann Ságner.

Bakgrunn

Budějovické divadlo er eit ikkje namngjeve teater i Budějovice men det er nesten sikkert at Hauptmann Ságner viser til Městské divadlo/Stadttheater (Byteateret). Bygningen ligg ved breidda av Malše i sørenden av ulice Dr. Stejskala, i 1915 Divadelní ulice/Theatergasse. Teateret er i drift enno (2021) men under namnet Jihočeské divadlo (det Sørbøhmiske teater).

Sitat
[II.2] „On skládá básničky,“ posměšně se ozval hejtman Ságner, „sotva přijel, tak se zamiloval do paní inženýrové Schreiterové, s kterou se setkal v divadle.“
Litteratur
Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

2. Švejks anabase til Budějovice


© 2008 - 2024 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 16.3.2024