Tooltip container
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language

Institusjonar

Romanen på nettŠvejk MuseumBibliografieLiterární ArchivŠvejk CentralBlogReisedagbokKontakt

Mariánská kasárna i Budějovice, heimeforlegninga til Švejk sitt Infanterieregiment Nr. 91 fram til 1. juni 1915.

Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse var fram til 15. september 2013 kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemt geofrafiske punkt slik som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut i denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt geografisk punkt. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta tilhaldsstad, og døme på dette er Odvodní komise og Kriegsministerium.

Namna er fargekoda etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: U kalicha som ein stad der handlinga føregår, K.u.k. Kriegsministerium omtala av forfattaren, Pražské úřední listy som del av ein i dialog, og Stoletá kavárna nemnd i ei anekdote.

Visningsalternativ

Stader vist: 272 av 272



>> Institusjonar liste over institusjonar som er omtala i romanen (272) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
Index Back Forward III. Det ærerike samanbrotet Hovudpersonen

3. Frå Hatvan til den galisiske grensa

U Rozvařilůen flag
Praha II. /1047, Na Pořící 24
KartSøk

U Rozvařilů er nemnd i anekdota om Oberst Fliedler.

Bakgrunn

U Rozvařilů var eit bryggeri med restaurant på Pořící som dessutan baud på underhaldning i form av konsertar.

Ei verksemd med same namnet finst enno (2010), om enn i ei anna utgåve: som restaurant i varehuset Bílá Labuť.

Sitat
[III.3] Železnýmu už to bylo všechno jedno. Tak jak šli přes Poříč, kolem Rozvařilů, Železný skočil do průjezdu a ztratil se mu průchodem a zkazil Kaučukovýmu dědkovi tu velikou radost, až ho bude sázet do arestu.

Litteratur

U Buckůen flag
Praha II./1046, Na Pořící 22
KartSøk

U Bucků er nemnd i anekdota om Oberst Fliedler.

Bakgrunn

U Bucků var eit bryggeri med restaurant på Pořící i Praha, vegg i vegg med U Rozvařilů.

Sitat
[III.3] Až takhle jednou vod našeho regimentu podařilo se jednomu probodnout jednoho dragouna v hospodě ,U Bucků’, kterej mu chodil za holkou, a tu nás seřadili do čtverce, museli vyjít všichni, i marodka, kdo byl moc marod, toho dva drželi.

Litteratur

Šimáčeken flag
Wikipedia cz KartSøk

Šimáček vert indirekte nemnd av Leutnant Dub då denne drog fram ein melodramatisk artikkel om skota i Sarajevo i magasinet Šimáčeks Firkløver frå juli 1914.

Bakgrunn

Šimáček var eit tsjekkisk forlag som vart grunnlagt av František Šimáček i 1856. I 1914 vart forlaget drive av Bohuslav Šimáček. Dei gav ut det illustrerte magasinet Šimáčkův čtyřlístek som er nemnd i Den gode soldat Švejk. Magasinet kom ut to gonger i månaden. Forlaget heldt til i Jerusalémská ulice i Nové město.

Sitat
[III.3] Nadporučík Lukáš jen zamručel k sobě, že asi zde v Humenném četníci odebírali Šimáčkův Čtyřlístek s tím dojemným článkem. Vůbec se mu počalo vše najednou hnusit a cítil jenom potřebu opít se, aby ho opustil světobol. Vyšel tedy z vagonu a šel vyhledat Švejka.
Vilímeken flag
Wikipedia cz Søk
vilimek.jpg

Český svět, 14.10.1910

Vilímek vert nemnd av Einjährigfreiwilliger Marek når han viser til magasinet Den illustrerte krigskorrespondent og deira materiale frå den russisk-japanske krigen i 1904-1905.

Bakgrunn

Vilímek var eit tsjekkisk forlag som vart grunnlagt av i 1858 av Josef Richard Vilímek (1835-1911). Sonen med same namn (1860-1938) overtok i 1886, og dei vart eit av dei tre største forlaga i Böhmen og seinare i Tsjekkoslovakia.

Firmaet vart nasjonalisert og nedlagd etter det kommunistiske kuppet i 1948. Merkenamnet gjenoppsto rettnok etter fløyelsrevolusjonen i 1989, men var snart borte att etter ein privatiserings-skandale.

Tidskriftet som er nemnd, Ilustrovaný válečný zpravodaj er ikkje registrert i Tsjekkisk Nasjonalbibliotek sin katalog. Svært truleg meiner difor forfattaren Obrazový Zpravodaj z bojiště, utgitt av Unie i 1904-1905.

Sitat
[III.3] Zajímavé bude, jak náš batalion přepadne spícího nepřítele, k čemuž ovšem je potřeba slohu ,Ilustrovaného válečného zpravodaje’, který vycházel u Vilímka za rusko-japonské války.

Kjelder: Sergey Soloukh

Litteratur

Na zastávceen flag
Královské Vinohrady/713, Palackého tř. 78
KartSøk

Na zastávce var ein av pubane der gartnar Kalenda gjorde opphald på verdsturnéen sin. Ein pub med same namn er nemnd i neste kapittel i soga om bygningsformannen som ikkje skulle drikka alkoholhaldig.

Bakgrunn

Na zastávce var tilsynelatende ein pub i Vinohrady. Truleg er det referert til ein som låg i Palackého třída 713, no Franczouska. Rett nok låg det to andre kneiper med dette namnet på denne tida men desse passar ikkje med ruta til gartnar Kalenda.

Sitat
[III.3] Strašnickej zahradník, nějakej Josef Kalenda, ten se taky jednou vzdálil z domova, šel ze Strašnic na Vinohrady, stavil se ,Na zastávce’ v hospodě, ale to mu ještě nic nebylo, ale jakmile přišel do Korunní třídy k vodárně, bral v Korunní třídě až za kostel svaté Ludmily hospodu za hospodou a cítil už malátnost.
Vinohradská vodárnaen flag
Wikipedia czen KartSøk
vinovoda.jpg

Vinohradská vodárna, 1905

Vinohradská vodárna var omtrent der gartnar Kalenda byrja å dra innom pubar på vegen sin rundt jorda.

Bakgrunn

Vinohradská vodárna er eit tidlegare vasstårn i Korunní třída, eit neo-renessanse-bygg som vart ferdig i 1891.

Sitat
[III.3] Strašnickej zahradník, nějakej Josef Kalenda, ten se taky jednou vzdálil z domova, šel ze Strašnic na Vinohrady, stavil se ,Na zastávce’ v hospodě, ale to mu ještě nic nebylo, ale jakmile přišel do Korunní třídy k vodárně, bral v Korunní třídě až za kostel svaté Ludmily hospodu za hospodou a cítil už malátnost.
Kostel svaté Ludmilyen flag
Wikipedia czdeen KartSøk
stludmila.jpg

Pohled na náměstí Míru s kostelem sv. Ludmily s parkovou úpravou (kol. 1900)

Kostel svaté Ludmily er mellom dei mange stadene som er nemnde i Švejk si lange anekdote om gartnar Kalenda. Han gjekk forbi denne kyrjka på sin verdsturné.

Bakgrunn

Kostel svaté Ludmily er ei dobbel-spira nygotisk kyrkje på Náměstí míru i Vinohrady som vart opna i 1893. Jaroslav Hašek gifta seg med Jarmila Mayerová her den 23. mai 1910.

Sitat
[III.3] Strašnickej zahradník, nějakej Josef Kalenda, ten se taky jednou vzdálil z domova, šel ze Strašnic na Vinohrady, stavil se ,Na zastávce’ v hospodě, ale to mu ještě nic nebylo, ale jakmile přišel do Korunní třídy k vodárně, bral v Korunní třídě až za kostel svaté Ludmily hospodu za hospodou a cítil už malátnost.
U remisyen flag
Královské Vinohrady/107, Jungmannova tř. -
Wikipedia cz KartSøk
uremisy.jpg

Kart frå 1911

U remisy var puben der gartnar Kalenda frå anekdota til Švejk gjorde eit veddemål med ein trikkesjåfør om at han skulle gå rundt jorda på tre veker.

Bakgrunn

U remisy var tilsynelatande ein pub i Strašnice, etter namnet å døma nær ein trikkestall (vozovna). Enno i dag ligg det ligg det eit trikke-depot i Strašnice, i Vinohradská třída. Dette eksisterte alt i 1908 og var det fyrste i sitt slag i Praha.

I nærområdet til trikkedepotet låg det i 1910 tree vertshus, to av dei vegg i vegg på Jungmannová třida 93 og 107. Eigarane var henholdsvis Josef Šmíd og Josef Wagner. Begge er oppførde under namnet na Kovárně men kan likevel ha vore kalla U remisy på folkemunne. Den eksakte identifiseringa er difor vanskeleg men Wagner sin pub er truleg beste hypotesa etterom han er den einaste som er oppførd i adresseboka for Vinohrady frå 1912.

Merk at grensa mellom Strašnice og Vinohrady gjekk mellom trikkestallen og dei to pubane men Švejk var truleg ikkje klar over denne detaljen.

Restauranten med same namn på same staden eksisterte enno i 2010 sjølv om addressa er svært ulik både mht gatenamn og husnummerering.

Sitat
[III.3] Nedal se však tím odstrašit, poněvadž se vsadil předtím ten večer v Strašnicích v hospodě ,U remisy’ s jedním řídičem vod elektriky, že udělá pěšky cestu kolem světa za tři neděle. Počal se tedy dál a dál vzdalovat vod svýho domova, až se přivalil do ,Černýho pivovaru’ na Karlově náměstí, a vodtamtuď šel na Malou Stranu k Sv. Tomáši do pivovaru a odtamtud přes restauraci ,U Montágů’ a ještě vejš přes hospodu ,U krále brabanskýho’, pak na ,Krásnou vyhlídku’, odtud do Strahovskýho kláštera do pivovaru.
Černý pivovaren flag
Praha II./292, Karlovo nám. 15
KartSøk

Černý pivovar var ein av pubane gartnar Kalenda var innom på sin legendariske kneiperunde (verdsturne).

Bakgrunn

Černý pivovar var eit byggeri med restaurant med addresse Karlovo náměstí 15. I 1891 var den registrert på namnet František Fiala og den eksisterte fram til 1920.

I 1934 vart den opna på nytt i den nye bygningen på tomta, men det er uvisst kor lenge den var i drift. Bygningen er enno kjend under same namnet men har ein heilt anna funksjon.

Sitat
[III.3] Počal se tedy dál a dál vzdalovat vod svýho domova, až se přivalil do ,Černýho pivovaru’ na Karlově náměstí, a vodtamtuď šel na Malou Stranu k Sv. Tomáši do pivovaru a odtamtud přes restauraci ,U Montágů’ a ještě vejš přes hospodu ,U krále brabanskýho’, pak na ,Krásnou vyhlídku’, odtud do Strahovskýho kláštera do pivovaru.

Kjelder: Jaroslav Šerák

Skrivst òg:Black Brewery en Schwarze Brauerei de Svarte Bryggeri no

Litteratur

U svatého Tomášeen flag
Praha III./28, Letenská ul. 20
KartSøk

U svatého Tomáše var ein av pubane Jgartnar Kalenda var innom.

Bakgrunn

U svatého Tomáše var ein restaurant med eige bryggeri i Malá Strana, kjend for det mørke ølet sitt. Det var eitt av dei eldste bryggeria i Böhmen men vart stengd i 2006 då bygningen vart gjord om til eit hotell.

Sitat
[III.3] Počal se tedy dál a dál vzdalovat vod svýho domova, až se přivalil do ,Černýho pivovaru’ na Karlově náměstí, a vodtamtuď šel na Malou Stranu k Sv. Tomáši do pivovaru a odtamtud přes restauraci ,U Montágů’ a ještě vejš přes hospodu ,U krále brabanskýho’, pak na ,Krásnou vyhlídku’, odtud do Strahovskýho kláštera do pivovaru.
U Montágůen flag
Praha III./6, Malostranské nám. 19
Wikipedia cz KartSøk

U Montágů var ein av pubane gartnar Kalenda var innom.

Bakgrunn

U Montágů var ein restaurant ved Malostranské náměstí som i 1891 og endå i 1910 var eigd av Antonín Janda. Bygningen U Montágů eksisterer enno men er betre kjend som Palác Smiřických. Den er ein del av bygningskomlekset som husar det tsjekkiske parlamentet. Merk at puben låg i bygningen nedafor, òg kjend som Šternberský palác.

Sitat
[III.3] Počal se tedy dál a dál vzdalovat vod svýho domova, až se přivalil do ,Černýho pivovaru’ na Karlově náměstí, a vodtamtuď šel na Malou Stranu k Sv. Tomáši do pivovaru a odtamtud přes restauraci ,U Montágů’ a ještě vejš přes hospodu ,U krále brabanskýho’, pak na ,Krásnou vyhlídku’, odtud do Strahovskýho kláštera do pivovaru.

Kjelder: Jaroslav Šerák

U krále brabantskéhoen flag
Praha III./198, Thunovská ul. 15
KartSøk
kralbrabant.jpg

U krále brabantského, 2011

brabant.png

Ladislav Hájek, 1925

brabant1.png

Humoristické listy, 27.8.1915

U krále brabantského var ein av dei åtte namngjevne pubane gartnar Kalenda var innom på verdensrundreisa som enda som gigantisk pubrunde.

Det var truleg òg her at Blahník og Švejk planla hundetjuveriet i [I.14]. Sjå Malý výčep piva og Zámecké schody.

Bakgrunn

U krále brabantského er ein av dei eldste eksisterande pubane i Praha, no del av ei kjede med middelalderen som tema. I fylgje web-sida deira har puben vore i drift sidan 1375 og har sidan vore i drift bortimot samanhengande.

Hašek og kongen av Brabant

Hájek gjev mange detaljar om kneipa og skriv om vitjingane sine her med Hašek, Opočenský, Lada m.fl. Han hugsar godt den underhaldande kroverten Krügler, ein tidlegare regimentsmusikant. Verten har ein meister til å plystra og tromma takten med fingrane. Dessutan underheldt han gjerne gjestene med å fortelja soger.

I ei av sogene sine hevdar Krüger at ein tidlegare kneipevert hadde myrda ein gjest som svindla han og kasta liket ned i avløpskanalen ute på gata. Offeret vart seinare funne lenger i avløpet lenger nede i gata med hovudet ned og føtene stikkande opp. Denne groteske anekdota var ein av Hašek sine favorittar.

Ei anna soge som Hašek var om ei gruppe skuleborn frå landsbygda som fekk øl og pølsar av kroverten. Dei takka han med å syngja, men verten vart lang i ansiktet då det viste seg at dei ikkje betalte! Denne soga vart seinare skriven ned av Antonín Nečásek og kom på trykk i Humoristické listy.

Etter kvart slutta Hájek og venene hans å vanka der etter at Hašek laga ugreie ved å riva sund eit måleri av kong Václav IV.

Brukt til hemmelege møte

Sergey Soloukh peikar på ein observasjon av Zdeněk Matěj Kuděj frå boka hans Ve dvou se to lépe táhne. Kuděj omtalar kneipa som mørk og uoversiktleg, populært til hemmelege møte. Denne informasjon gjer i seg sjølv puben til ein god møteplass for det konspiratoriske møtet mellom Švejk and Blahník i romanen.

Kneipevertar
kluker.png

Věstník obecní královského hlavního města Prahy, 13.7.1912

Adressebøkene viser at vert i 1891 var František Simáček, og i 1907 og 1910 dreiv ein Josef Král baren. Han vart etterfylgd av Emanuel Klucker (fødd i Graz 1867) som 4. juli 1912 vart innvilga lisens av bystyret til å servera alkohol i lokalet.

Klucker var ein fargerik person med bakgrunn som regimentsmusikant, livfullt omtala av Antonín Nečásek i Humoristické listy i 1915. Kneipedrifta hadde vasnkar i starten men alt i 1915 blomstra den. Klucker (ôg skrive Kluker) var difor utan tvil pubverten "Krügler" som Hájek skreiv om. Klucker var ingen nykomar i restaurantbransjen: i 1907 dreiv han U Pavlanských i Újezd 25, ôg i Malá Strana.

Mord
petran1.png

Národní listy18.5.1885.

petran.png

Brünner Zeitung16.12.1884.

Draped som Klucker fortalde om (attfortald av Hájek) fann stad i dei små timar 10. desember 1884, men offeret var pubverten Václav Petráň, ikkje ein gjest som Hájek skreiv. Han vart rana og deretter kveld i det påfylgjande basketaket. Liket vart kasta i avløpskanalen i gata utafor og funne nokre dagar seinare lenger nede i gata etter ein flaum.

Gjerningsmannen Antonín Hrdlička vart arrestert fire dagar seinare og stilt for retten i mai 1885. Saka var oppe i to dagar og domen fall 19. mai 1885. Hrdlička vart dømd til døden ved henging men 11. juli vart domen omgjord til livsvarig etter keisarleg dekret. Saka fekk breid dekning i pressa i Austerrike.

Sitat
[III.3] Počal se tedy dál a dál vzdalovat vod svýho domova, až se přivalil do ,Černýho pivovaru’ na Karlově náměstí, a vodtamtuď šel na Malou Stranu k Sv. Tomáši do pivovaru a odtamtud přes restauraci ,U Montágů’ a ještě vejš přes hospodu ,U krále brabanskýho’, pak na ,Krásnou vyhlídku’, odtud do Strahovskýho kláštera do pivovaru.

Kjelder: Sergey Soloukh

Skrivst òg:U krále brabanskýho Švejk

Litteratur

Strahovský klášteren flag
Wikipedia czdefr KartSøk

Strahovský klášter er nemnd i samband med at gartnar Kalenda var innom klosterbryggeriet like før heimlengselen knekte han totalt.

Bakgrunn

Strahovský klášter er eit kloster på Strahov-høgda i Praha og eit av den tsjekkiske hovudstaden sine mange vakre landemerke. Den ligg i bydelen Hradčany, ikkje langt frå sjølve borga. Klosteret tilhøyrer Premonstratenserordenen og vart grunnlangd rundt 1140.

Sitat
[III.3] Počal se tedy dál a dál vzdalovat vod svýho domova, až se přivalil do ,Černýho pivovaru’ na Karlově náměstí, a vodtamtuď šel na Malou Stranu k Sv. Tomáši do pivovaru a odtamtud přes restauraci ,U Montágů’ a ještě vejš přes hospodu ,U krále brabanskýho’, pak na ,Krásnou vyhlídku’, odtud do Strahovskýho kláštera do pivovaru.

Skrivst òg:Strahov Monastery en Kloster Strahov de Strahovklosteret no

Strahovský pivovaren flag
Praha IV./135, Strahovské nádvoří 10
KartSøk
strahovpivovar.jpg

Strahovský pivovar, 1867

strahovpivovar.png

Der Böhmische Bierbrauer1.12.1900.

strahov.png

Čech20.1.1910.

Strahovský pivovar var siste stopp på ferda til gartnar Kalenda, før heimlengselen overmanna han nede på Loretánské náměstí.

Bakgrunn

Strahovský pivovar var eit bryggeriet med restaurant som ser ut til å ha avslutta ein gong før 1919 og er oppførd i adressebøkene mellom 1870 til 1910. Øl har vorte brygga på staden minst sidan 1400-talet men drifta har ikkje vore samanhengande.

Før fyrste verdskrigen

Paktar frå 1896 til 1908 var Jan Řezníček (fødd 1841) og han var òg den siste bryggerimeisteren som laga øl på klostereigedomen i det 20 århundret. I 1899 var produksjonsvolumet 2304 hektoliter. I ein tale ved Jubileumsutstillinga Praha i 1908 kunne Řezníček opplysa om at bryggeriet hadde vore i drift sidan 1780.

Bryggeriverksemda vart lagd ned hausten 1908 og Řezníček tok over ei tilsvarande stilling i Stará Boleslav. I 1910 vart restauranten-delen opna att etter oppussing, men no med øl frå bryggeriet i Smíchov og med František Švancar som pubvert.

Ny start

I 2001 vart det starta mikrobryggeri og restaurant med namnet Klášterní pivovar Strahov på same adressa. Utover dette er det inga knyting til det gamle bryggeriet.

Sitat
[III.3] Počal se tedy dál a dál vzdalovat vod svýho domova, až se přivalil do ,Černýho pivovaru’ na Karlově náměstí, a vodtamtuď šel na Malou Stranu k Sv. Tomáši do pivovaru a odtamtud přes restauraci ,U Montágů’ a ještě vejš přes hospodu ,U krále brabanskýho’, pak na ,Krásnou vyhlídku’, odtud do Strahovskýho kláštera do pivovaru.

Litteratur

Odkoleken flag
KartSøk
odkolek.jpg

Zmizelá Praha sv.5, 1919

Odkolek og brannen ved mjølfabrikken vert nemnde av Švejk då han sov ut rusen etter episoden i Humenné.

Bakgrunn

Odkolek var ein mjølfabrikk og bakeri som vart grunnlagd av František Odkolek i 1850. Mølla og brannen som vert vist til hende i 1896, og det var den opprinnelege fabrikken på Kampa som brann ned.

Etter brannen vart mølla bygd opp att i Vysočany. Fabrikken er no eigd av United Bakeries. Den gamle mølla vart seinare bygd opp att og er i dag tilhaldstad for Muzeum Kampa.

Sitat
[III.3] Jednoroční dobrovolník začal budit Švejka. „Švejku, hoří, vstávej!“ „Když tenkrát hořely Odkolkovy mlejny,“ zabručel Švejk, obraceje se opět na druhý bok, „přijeli hasiči až z Vysočan...“

Litteratur

Polevkové ústav města Prahyen flag
Søk

Polevkové ústav města Prahy er nemnd av Švejk under diskusjon om Einjährigfreiwilliger Marek si oppdikta historie om Rechnungsfeldwebel Vaněk sin heltemodige død. Denne episoden fann stad på toget like før Sanok.

Bakgrunn

Polevkové ústav města Prahy har heilt sikkert vore ein kommunal anstalt som dreiv suppe-kjøken, men konkrete opplysningar føreligg ikkje.

Jaroslav Hašek skreiv òg ei novelle kalla Polevkový ústav, denne kan sikkert avsløra meir.

Sitat
[III.3] „Moh to ten náš nebožtík,“ řekl Švejk, „vodevzdat polívkovýmu ústavu města Prahy, ale takhle je to přeci jen lepší, von by si třeba pan starosta za ten vobnos koupil jitrnici na gábl.“

Skrivst òg:Soup institute of the city of Prague en Suppenanstalt der Stadt Prag de

Index Back Forward III. Det ærerike samanbrotet Hovudpersonen

3. Frå Hatvan til den galisiske grensa


© 2008 - 2023 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 14.5.2023