void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Turisme

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Som ein vidreist mann har Jaroslav Hašek sett spor etter seg på store delar av det eurasiske kontinentet. Mest sjølvsagt i heimlandet, men minnesmerka over Švejk finst fleire av òg langs ruta til soldaten og dessutan mange andre stader. Mange land har eigne Švejk-restaurantar: Tsjekkia, Slovakia, Ungarn, Danmark, Sverige, Polen, Ukraina, Russland, Estland og Tyskland. Men den ihuga Švejk-turisten bør fyrst og fremst leggja turen til Tsjekkia...

Lipnice nad Sázavou
ceska_koruna1.jpg

Penzion a hostinec U české koruny, Lipnice nad Sázavou.

Den største attraksjonen for ein Švejk-interressert turist er utan tvil Lipnice. Her skreiv Jaroslav Hašek mesteparten av romanen og forfattaren ligg dessutan gravlagd her. Landsbyen kan by på eit Hašek-museum og ikkje minst vertshuset U České Koruny der det meste av romanen Švejk vart skriven. Huset står der enno, i dag drive som pensjonat og restaurant av etterkomarane til Hašek.

Soneson Richard Hašek, sjølv ein av dei fremste ekspertane på bestefaren, set seg gjerne ned med gjestene og tek ein skummande Pilsner Urquell i dei trivelege røykfrie omgjevnadene. Vertshuset er rikt dekorert med fotografi frå Jaroslav Hašek sitt liv og med ting tilknytta epoken. Til og med Hans Majestet Kaiser Franz Joseph I. har fått sin plass på veggen og i dag er det ingen fluger som finn det bryet verdt å drita på han. Pensjonatet, som vart opma i 2003, har moderne, komfortable rom til ein rimeleg pris og det vert tilbydd gratis trådlaust internett. Menyen er typisk tsjekkisk, alt frå gulasj til schnitzel og vilt, rikhaldig og velsmakande. Ølet er frå Plzeň og Velké Popovice, måtte kranane aldri gå tomme! I 2010 vart ein spesialitet introdusert: Haškův ležák, brygga spesielt for denne restauranten av Pivovar Bernard i Humpolec. Det er ein 13-graders ufiltrert og undergjæra øl (lager).

Landsbyen har òg eit museum via til Jaroslav Hašek, det held til i hus nummer 185, den vesle stova Jaroslav Hašek kjøpte og budde i dei tre siste månadane han levde. Det inneheld ei rekkje dokument og foto frå livet hans. Utstilt er òg eit par ting han hadde med seg frå Russland; ein samovar og eit par digre filt-støvlar (váleniky). Frå 2008 er det kome til ein flatskjerm der Švejk-filmen av Karel Steklý frå 1956-57 blir vist kontinuerleg.

Lipnice kan òg framvisa ei byste og ei statue av Hašek. Bysta står like ved museet, vart sett opp under kommunistane og liknar heller lite på forfattaren. Den minner faktisk meir om den fyrste kommunistiske presidenten i Tsjekkoslovakia, Klement Gottwald. Dette har si logiske forklaring; kunstnaren hadde som hovudgeskjeft å laga Gottwald-statuar, overgangen til å hogga ut ein noko forsoffen bohém og genial satirikar vart tydelegvis i meste laget. Statua derimot er av eit anna slag. Den står like bak Česká koruna og vart avduka så seint som 26. juli 2008. Det er ei bronsestaue av ein liggande Jaroslav Hašek i full størrelse. Litt lenger oppe i bakken ligg gravplassen i Lipnice der Jaroslav Hašek ligg graven. På grava står stort sett alltid ei flaske øl, noko forfattaren sikkert til dags dato set pris på.

Lipnice er ein liten idyll i Vysočina, det böhmisk-mähriske høglandet. Over landsbyen ruvar ei middelalderborg og frå den er det fri utsikt i alle retningar over det bylgjande landskapet. Om sommaren er det ein travel stad, borga og museet er begge opna for turistar og det same er Česká koruna for den som skulle bli øltyrst eller få lyst på tradisjonell tsjekkisk mat. Lipnice er no svært populært blandt sykkelturistar og fleire sykkelruter passerer staden. Vysočina tilbyr òg ypperleg gåterreng. Tsjekkia har jamt over eit svært godt nettverk av merka vandringsruter.

Transport kan vera litt kronglete utan bil, spesielt i helgane då det går få bussar. Det beste er å ta toget frå Praha til enten Havličkův Brod eller Světla nad Sázavou, og så buss vidare. Det er òg overkomeleg med taxi, spesielt frå Světla. Togturen frå Praha tek litt under 2 timar til Světla, litt over 2 timar til Havličkův Brod. Direkte tog går kvar andre time frå hovudstasjonen i Praha. Ekspressbuss frå Praha Florenc er òg eit alternativ.

Praha

Hovudstaden i Tsjekkia var Jaroslav Hašek sine fødeby og handlinga i heile Del ein ein føregår der. Av Švejk-relaterte attraksjonar er nok U kalicha (norsk "Begeret" eller "Kalken") den meste kjende. Den var lenge ei utprega turistfelle, med høge prisar, tyske literglas og bussgrupper. Dei siste åra har den lagt seg på eit meir vanleg tsjekkisk prisnivå. Restauranten er i alle høve verd eit besøk grunna alle Švejk-tilknytta bileta og teikningane på veggene. Det er ellers fleire Švejk-restaurantar i byen, ei rekkje minnesmerke over Jaroslav Hašek - mellom anna ei statue i Žižkov og ei byste på huset der han vart fødd, i Školská ulice 16.

Ymse

Det finst ellers ei rekkje stader både i Tsjekkia og i andre land som er tilknytta Švejk og Hašek. Spesielt synlege er restaurantane og vertshusa med soldaten som tema, gjerne dekorerte med teikningane til Josef Lada. Forutan i Tsjekkia finn ein Švejk-restaurantar i Slovakia, Polen, Ungarn, Russland, Bulgaria, Ukraina, Sverige, Danmark, Tyskland og Estland. Det er etter kvart òg dukka opp ein del statuar, mest av Švejk men òg av forfattaren. Spesielt langs ruta til Švejk er det mange av desse. Gater oppkalla er Jaroslav Hašek finn ein 41 stader i Tsjekkia; mellom anna i Praha, Světla nad Sázavou, Budějovice, Brno og Liberec. I utlandet finn ein dei m.a. i L'viv, Kyjiv, Kazan, Omsk, Sankt Peterburg og Irkutsk.


© 2008 - 2024 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 16.3.2024