Den gode soldat Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit
stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller
indirekte gjennom ord og uttrykk.
Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til Hauptmann Ságner i dei siste
linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er
fritt omsette til nynorsk av utgjevaran av denne vev-sida. I januar 2021 mangla det enno rundt 20 omtalar.
Sitata er frå Jaroslav Šerák sin nettversjon av Den gode soldat Švejk og
har linkar til det relevante kapittelet
Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og romanen på nett.
Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile
innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.
Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme:
Doktor Grünstein som ein oppdikta person som tek direkte del i handlinga.
Fähnrich Dauerling som ein oppdikta person, som ikkje tek del i handlinga.
Heinrich Heine som historisk person.
Merk at ei rekkje tilsynelatande oppdikta romanfigurar har klårt gjenkjennelege "modellar" frå det verkelege liv.
Døme på slike er Oberleutnant Lukáš, Major Wenzl og mange fleire.
Sjefsfangevaktaren kan ha vore inspirert av ein høgst reell overpolitikommisær i Praha, RudolfDemartini (1866-1919) som budde i Vinohrady (1906). Dette er ein person som Jaroslav Hašek sikkert kjende eller visste om. Me veit lite om han utover at han hadde tre døtre og er gravlagd på Olšany i Žižkov.
Det er ikkje stadfesta om han verkeleg var sjef for fangevaktarane i varetektsarresten ved c.k. zemský co trestní soud i 1914. Han er ikkje oppførd i adressebøkene som tilsett i strafferetten korkje i 1907 eller 1912, og det synest rart at ein mann som hadde ein så høg stilling var sjef for fangevaktarar. Difor er dette truleg eit lån av eit namn og lite meir.
Sitat
[I.3] Čisté, útulné pokojíky zemského „co trestního soudu“ učinily na Švejka nejpříznivější dojem. Vybílené stěny, černě natřené mříže i tlustý pan Demartini, vrchní dozorce ve vyšetřovací vazbě s fialovými výložky i obrubou na erární čepici. Fialová barva je předepsána nejen zde, nýbrž i při náboženských obřadech na Popeleční středu i Veliký pátek.
Valeš
var ein velkjend mordar som nokre år tidlegare hadde vorten forhøyrd av den same godslege mannen som spurde ut Švejk på c.k. zemský co trestní soud.
Bakgrunn
Valeš
og kona Ludmila utførde i april 1902 eit brutalt dobbeltmord i villaen "Vilém" i Horní Krč der han var tilsett som gartnar. Offera var Matilda Hanzely og József Takács, eit ungt slovakisk/ungarsk par som planla å utvandra til Amerika og difor hadde mykje pengar med seg. Valeš grov ned lika i hagen og udåden vart ikkje oppdaga før i oktober 1904. Ekteparet vart dømd til døden i februar 1905 men dommen vart omgjort til livstid av keisar Franz Joseph I..
Forhøyr
Mellom dei som forhøyrde mordaren var Karel Křikava og Václav Olič. Dette var politimenn som Hašek kjende og ein av dei godt ha vore førebilete for den godslege forhøyrsdomaren. Egon Erwin Kisch nemner så vidt Valeš-saka i soga Polizeimuseum der han opplyser om at mordvåpenet er på utstilling.
Villaeigaren
Då mordet vart oppdaga var villaen eigd av Alois Bauer, ein handelsmann som budde i Smíchov. På tida rettsaka føregjekk (januar 1905) var han konkurs og villaen vart selgd. I 1909 gjorde Bauer sjølvmord ved å hoppa i Vltava nær Střelecký ostrov[a].
E.E. Kisch: Polizeimuseum
Eine ganze Vitrine weist die Instrumente auf, mit denen das wurdige Ehepaar Valeš zu Krtsch das Liebespaar Takasz-Hanzely im Schlafe umgebracht hatte: ein Jagdgewehr, ein Strick, ein Revolver, ein Beil.
Sitat
[I.3] Starší pán dobromyslného vzezření, který kdysi, vyšetřuje známého vraha Valeše, nikdy neopomenul jemu říci: „Račte si sednout, pane Valeš, právě je zde jedna prázdná židle.“
Pontius Pilatus
vert omtala av forfattaren i ei samanlikning der han omtalar dei mest paragraftru forhøyrsdommarane i strafferetten som "den nye tid sine utgåver av Pontius Pilatus".
Bakgrunn
Pontius Pilatus
var romersk prefekt i Judea i perioden 26 til 36 e.kr og har sjølvsagt ei sentral rolle i bibelen som den romerske embetsmannen som dømde Jesus til døden på krossen.
Sitat
[I.3] Vracela se slavná historie římského panství nad Jerusalemem. Vězně vyváděli i představovali je před Piláty roku 1914tého dolů do přízemku. A vyšetřující soudcové, Piláti nové doby, místo aby si čestně myli ruce, posílali si pro papriku a plzeňské pivo k Teissigovi a odevzdávali nové a nové žaloby na státní návladnictví.
Prokop Švejk
vert her på c.k. zemský co trestní soud nemnde i forbifarten av Švejk då han i samtale med forhøyrsleiaren omtalar foreldra sine. I [II.5] vert dei nemnde att, og det er fyrst då det fulle namnet deira vert avslørt og det kjem fram at dei var frå Dražov.
Sitat
[I.3] „Já myslím,“ odpověděl Švejk, „že jím musím být, poněvadž i můj tatínek byl Švejk a maminka paní Švejková. Já jim nemohu udělat takovou hanbu, abych zapíral svoje jméno.“
[II.5] Jakmile jsem ho poznal, šel jsem k němu na plošinu a dal jsem se s ním do hovoru, že jsme oba z Dražova. On se ale na mne rozkřik, abych ho neobtěžoval, že prý mne nezná. Já jsem mu to začal vysvětlovat, aby se jen upamatoval, že jsem jako malej hoch k němu chodil s matkou, která se jmenovala Antonie, otec že se jmenoval Prokop a byl šafářem. Ani potom nechtěl nic vědět o tom, že se známe. Tak jsem mu ještě řekl bližší podrobnosti, že v Dražově byli dva Novotní, Tonda a Josef.
[II.5] vert foreldra nemnde att, og det er fyrst då det fulle namnet deira vert avslørt og det kjem fram at dei var frå Dražov.
Sitat
[I.3] „Já myslím,“ odpověděl Švejk, „že jím musím být, poněvadž i můj tatínek byl Švejk a maminkapaní Švejková. Já jim nemohu udělat takovou hanbu, abych zapíral svoje jméno.“
[II.5] Jakmile jsem ho poznal, šel jsem k němu na plošinu a dal jsem se s ním do hovoru, že jsme oba z Dražova. On se ale na mne rozkřik, abych ho neobtěžoval, že prý mne nezná. Já jsem mu to začal vysvětlovat, aby se jen upamatoval, že jsem jako malej hoch k němu chodil s matkou, která se jmenovala Antonie, otec že se jmenoval Prokop a byl šafářem.
Heveroch
vart nemnd i ei historie av ein av Švejk sine medinnsette på c.k. policejní ředitelství som hadde vore på forelesning med Heveroch for å læra seg å simulera galskap. Han drakk av blekkhuset og gjorde frå seg i åsynet på heile rettslegekommisjonen. Einaste tabben han gjorde var å bita ein rettspsykiater i foten, ein framgangsmåte dr. Heveroch ikkje hadde forelese om. Ein av legane i kommisjonen som undersøkte Švejk var tilhengar av dr. Heveroch si psykiatriske lære.
Bakgrunn
Heveroch
var ein betydningsfull tsjekkisk psykiater og nevrolog som mellom anna vart kjend gjennom studiar av dysleksi og epilepsi. Boka hans Om originalar og påfallande personar[a] var i fylgje František Langer mellom Jaroslav Hašek sine favorittar.
Sitat
[I.3] „Já těm soudním lékařům nic nevěřím,“ poznamenal muž inteligentního vzezření. „Když jsem jednou padělal směnky, pro všechen případ chodil jsem na přednášky k doktoru Heverochovi, a když mě chytili, simuloval jsem paralytika právě tak, jak ho vyličoval pan doktor Heveroch.
Rotter
var ein kjend politimeister i Kladno som trena opp hundane sine ved å setja dei på lausgjengarar i distriketet. Dette er i fylgje ei anekdote Švejk fortel medfangane ved c.k. zemský co trestní soud.
Politimeisteren vert nemnd på ny i [II.2] i Švejk sine vandringar ved Písek. Denne historia er nesten identisk, men vert no fortald av ein landstrykar.
Bakgrunn
Rotter
var ein kjend hundeoppdrettar og politimann, stasjonert i Kladno i 1909 og 1910. Under tenestetida si her var han den fyrste til å ta i bruk politihundar i k.k. Gendarmerie.
Karriere
Theodor Rotter var fødd i 1873 i Krumlov med Heimatrecht Budějovice[a], son til bryggmeister TheodorRotter og Rosalie. I sine yngre år var han yrkesoffiser i k.u.k. Heer, der han gjorde teneste som kadett i Infanterieregiment Nr. 11 (Písek) frå 1. september 1893 fram til 1895[d]. 1. mai 1895 vart han forfremja til Leutnant og same året vart han overførd til Infanterieregiment Nr. 56 (Kraków). I 1901 slutta han i hæren og byrja karrieren i politiet[f].
Trutnov, Chomutov, Kladno
Løytnant var ein rang han tok med seg over i politiet men vart forfremja til Oberleutnant den 1. november 1902. Fyrst vart han leiar for gendarmeriet i Trutnov der han var fram til 1906 før han flytta til Chomutov. I 1909 vart han så overførd til Kladno der han 1. november 1909 vart forfremja til Rittmeister. Det var medan han var i Kladno at namnet hans dukka opp i samband med politihundar[g] og han vart rett som det var omtala i avisene på denne tida.
Písek
Opphaldet i Kladno vart kort for alt i 1910 gjekk vegen vidare til Písek der han leia Gendarmerieabteilungskommando Nr. 14 minst fram til 1916. Folketeljinga frå 1910 avslører at han var registrert 16. august 1910, budde med kona Hedwiga og den fem år gamle sonen Franz på avdelingstasjonen i Pražská ulice č.p. 261[j]. Her disponerte dei ein bustad, der tenar og kokke òg budde. Han oppgav tsjekkisk som morsmål medan kona og sonen oppga tysk. I 1911 gav Rotter ut heftet Anleitung zur Dressur von Polizeihunden. Mot slutten av krigen var han stasjonert i Djakova i det okkuperte Montenegro, som Bezirkskommandant. Han vart forfremja til Oberstleutnant1. august 1918[e].
Svět zvířat and Rotter
Svět žvířat,1.1.1911
I 1908 deltok Rotter i eit kurs i trening av politihundar i Saarbrücken[i]. Då han kom heim att kjøpte han Hundane Vlk og Vlčka frå Fuchsův psinec. Han trena dei til tenesteformål og i Svět zvířat vart det trykt eit bilete der Wölfin "fangar" ein rømling. Rotter var sjølv med på nokre bilete og i 1910 skreiv han fleire artiklar for tidsskriftet, signert T. R.
Jaroslav Hašek kjende Rotter personleg frå tida si som redaktør i magasinet Svět zvířat, og i dette magasinet vart det i 1909 trykt bilete av Rotter saman med hundane. Dyra var med på fleire bilete i magasinet dette året. I 1910 skreiv Rotter fleire artiklar om oppdrett av politihundar.
Radko Pytlík hevda at Josef Lada og Hašek 28. juni 1914 vitja Rotter i Kladno[b]. Dette er likevel lite truleg, sidan Rotter hadde flytta til Písek allereie i 1910. I Lada sine eigne ord "vitja dei ein strážmistr i Kladno som trenar politihundar". Ein må difor rekna med at personen dei vitja var ein av Rotter sine tidlegare lærlingar.
Tsjekkoslovakia
Rotter heldt fram i politiet i Tsjekkoslovakia etter krigen og avisartiklar avslører at han var vorten plukovník (oberst) og var enno rekna som ein framståande hundeekspert. Ellers har me ingen opplysningar om kvar han budde. I 1939 kjem det fram at han var pensjonert[h], han var no i ein alder av 67.
På sine eldre dagar skreiv han fleire bøker om hundeoppdrett, den siste kom ut så seint som i 1938.
Sitat
[I.3] Taky vám dám příklad, jak se na Kladně zmejlil jeden policejní pes, vlčák toho známého rytmistra Rottera. Rytmistr Rotter pěstoval ty psy a dělal pokusy s vandráky, až se Kladensku počali všichni vandráci vyhejbat.
[II.2] "....Jó, dneska mají právo četníci." "Voní ho měli i dřív," ozval se vandrák, "já pamatuju, že na Kladně bejval četnickým rytmistrem nějakej pan Rotter. Von vám najednou začal pěstovat tyhlety, jak jim říkají, policejní psy tý vlčí povahy, že všechno vyslídějí, když jsou vyučení. A měl ten pan rytmistr na Kladně těch svejch psích učeníků plnou prdel...."
Kjelder: Petr Netopil, Josef Lada, Michal Dlouhý, Radko Pytlík
Vlčka
var truleg politihunden som vert nemnd i samband med Rittmeister Rotter sine forsøk i Kladno med hundar mot lausgjengarar. I romanen vert den omtala som politihund og ulvehund.
Bakgrunn
var ein politihund (hohund) som Rittmeister Rotter kjøpte hjå Fuchsův psinec saman med hannen Vlk i 1909. Det er difor truleg ein av desse hundane Švejk har i tankane når han fortel anekdota. Forfattaren kjende Rotter hadde heilt sikkert visst om og møtt begge hundane.
Vlčka vart dessutan oppfostra ved Fuchs sin kennel på Klamovka, ved sida av villaen der Svět zvířat hadde redaksjonen sin og der Jaroslav Hašek arbeidde som redaktør. Han må ha difor ha kjendt denne bikkja godt. I ein artikkel i magasinet 1. november 1909 kjem det òg fram at dressuren av henne fann stad på Klamovka[a].
Den 16. oktober 1909 viste Rittmeister Rotter fram eigenskapane til Vlčka og ein dobermannpinsjer kalla Petar. Oppvisninga fann stad hjå c.k. policejní ředitelství og tilstades var heile toppleiinga ved politikommisariatet, mellom dei Polizeikommissar Drašner og Ladislav Adamička (bror til Josef Adamička). Artikkelen nemner dessutan at Vlčka vart kjøpt frå kennelen på Klamovka eit halvt år før.
Sitat
[I.3] Taky vám dám příklad, jak se na Kladně zmejlil jeden policejní pes, vlčák toho známého rytmistra Rottera. Rytmistr Rotter pěstoval ty psy a dělal pokusy s vandráky, až se Kladensku počali všichni vandráci vyhejbat.
Hůla meiner Hašek dikta opp namna Kallerson og Weiking
Kallerson
vert nemnd saman med psykiatarane doktor Heveroch og doktor Weiking som folk som hadde danna skule innafor faget.
Bakgrunn
Kallerson var i fylgje Den gode soldat Švejk psykiater, men ingen opplysningar utover det som står i romanen er tilgjengelege. Břetislav Hůla gjekk ut frå at namnet er oppdikta ettersom han ikkje kunne påvisa at nokon kjend psykiater med dette namnet fanst.
Er ikkje denne psykiateren oppdikta så er det truleg eit forvanska namn. Hašek skriv i ei av sogene sine om Karl Larsson, eit namn som er fonetisk nokså likt. Denne personen var rettnok ikkje psykiater, han var leiar for den tsjekkoslovakiske Frelsesarmeen[a].
Sitat
[I.3] Věc byla úplně jasnou. Spontánním projevem Švejkovým odpadla celá řada otázek a zůstaly jen některé nejdůležitější, aby s odpovědí potvrzeno bylo prvé mínění o Švejkovi na základě systému doktora psychiatrie Kallersona, doktora Heverocha i Angličana Weikinga.
Hůla meiner Hašek dikta opp namna Kallerson og Weiking
Weiking
er ein engelskmann vert nemnd saman med psykiatarane doktor Heveroch og doktor Kallerson. Han skal som dei to andre ha danna skule innafor psykatri-faget.
Bakgrunn
Weiking skal ha vore ein engelsk psykiater, men ingen opplysningar utover det som står i Den gode soldat Švejk er tilgjengelege. Namnet er heller ikkje typisk engelsk. Břetislav Hůla går ut frå at namna doktor Kallerson og Weiking er påfunn. Eit alternativ er at det er ei forvrenging av namnet til ein verkeleg psykiater.
Sitat
[I.3] Věc byla úplně jasnou. Spontánním projevem Švejkovým odpadla celá řada otázek a zůstaly jen některé nejdůležitější, aby s odpovědí potvrzeno bylo prvé mínění o Švejkovi na základě systému doktora psychiatrie Kallersona, doktora Heverocha i Angličana Weikinga.