void

Personar

erkehertug Franz Ferdinand og kona hertuginne Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet den 28. juni 1914.

Den gode soldat Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til Hauptmann Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevaran av denne vev-sida. I januar 2021 mangla det enno rundt 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin nettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og romanen på nett.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme:

Merk at ei rekkje tilsynelatande oppdikta romanfigurar har klårt gjenkjennelege "modellar" frå det verkelege liv. Døme på slike er Oberleutnant Lukáš, Major Wenzl og mange fleire.

Personar liste over folk som er omtala i romanen (589) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

6. Švejk heime att etter å ha brote gjennom trylleringen

Djevelenen flag
czČertdeDer TeufelenThe Devil
Wikipediaczdeennnno Søk
devil.jpg

© Josef Lada

Djevelen er nemnd 42 gonger i Den gode soldat Švejk.

Djevelen sitt namn vert fyrst teke i bruk av forhøyrsdommaren på c.k. policejní ředitelství når Švejk forsikrar han om at hans utrop "Lenge leve keisaren, denne krigen vinn vi!", ikkje var ironisk meint. Djevelen dukkar opp i fleire samanhengar, ikkje eksplisitt men gjennom diverse kraftutrykk på tsjekkisk og tysk.

Bakgrunn

Djevelen er ein mytologisk skapning i mange relegionar, eit symbol på det vonde. Alternative namn er Satan, Beelzebub, Fanden, Styggen Gamle-Eirik, Lucifer og Hinmannen. Djevelen vert i monoteistiske relegionar gjerne sedd på som motstykket til Gud, han held til i Helvete som igjen er motpolen til Himmelen. Djevelen har eit dårleg rykte; namnet hans vert ofte brukt når ein prøver å få fram ein negativ assosiasjon, jamfør bannord. Som symbolsk uttrykk er nok Djevelen med sine alternative namn eit av dei mest brukte gjennom tidene.

Sitat
[I.6] Vem vás čert, Švejku,“ řekla nakonec úřední brada, „jestli se sem ještě jednou dostanete,tak se vás vůbec nebudu na nic ptát a poputujete přímo k vojenskému soudu na Hradčany. Rozuměl jste?
[I.14.6] Zatímco Švejk koupal Maxa, plukovník, bývalý jeho majitel, strašně doma láteřil a vyhrožoval, že postaví toho, kdo mu psa ukradl, před válečný soud, že ho dá zastřelit, pověsit, zavřít na dvacet let a rozsekat. „Der Teufel soll den Kerl buserieren,“ ozývalo se v bytě plukovníka, až se třásla okna, „mit solchem Meuchelmördern werde ich bald fertig.“
[II.5] "To byste se byl moh také opovážit, burcovat mne kvůli každej hlouposti, když je na to dost času až ráno. Wieder eine Besprechung, der Teufel soll das alles buserieren! Pověste sluchátko, zavolejte mně k telefonu Vaňka."
Čimperaen flag
SøkŠvejkova cestaŠvejkův slovník
cimpera.png

Encyklopedie pro milovníky Švejka, Milan Hodík,1999

Čimpera eigde eit stykke land i Straškov nr.5 som han lyste til salgs i ei avis som låg på U kalicha. Švejk las annonsen høgt for å visa si totale mangel på interresse for detektiv Bretschneider som prøvde å få kontakt med han for å få han i fella.

Bakgrunn

Čimpera viser utan tvil til Václav Čimpera som faktisk i 1910 budde i Straškov nummer 5. Dette er opplysningar frå Encyklopedie pro milovníky Švejka, II., Hodík a Landa, 1999. Dokumentet til høgre er frå 22. februar 1910. Det er ikkje kjendt kvifor (om i det heile) Čimpera seinare selde eigedomen[a].

Sitat
[I.6] Švejk sňal s věšáku nějaké noviny a prohlížeje si zadní stranu inserátů, ozval se: „Tak vida, tenhle Čimpera v Straškově č. 5, p. Račiněves, prodá hospodářství s třinácti korci vlastních polí, škola a dráha na místě.“ Bretschneider nervosně zabubnoval prsty a obraceje se k Švejkovi řekl: „To se divím, proč vás to hospodářství zajímá, pane Švejku.“

Kjelder: Milan Hodík, Jaroslav Šerák

Litteratur
Referensar
a2025
Frøken Mařenaen flag
Søk

Mařena var ei dame som dørvakta på nattkaféen Mimosa hadde med seg heim. Dette hende då Švejk kom heim og oppdaga at fru Müllerová hadde leigd ut rommet hans medan han sat inne, og at i senga hans låg dørvakta med den nemnde kvinna. Mařena bidrog til romanen med eit einaste utsagn då ho skjelte ut Švejk med fyndorda "din son av ein erkebiskop!"

Sitat
[I.6] „Já jsem chtěl spát do osmi večer,“ zaraženě ozval se portýr, navlékaje kalhoty, „já platím denně z postele dvě koruny té paní a můžu si sem vodit slečny z kavárny. Mařeno, vstávej!“
Detektiv Kalousen flag
SøkŠvejkův slovník
kalous.png

Kalous var ein politiagent som i likheit med detektiv Bretschneider kjøpte hundar av Švejk for å prøva å få noko ut av han. Han kom ingen veg og forsvann straks ut av soga.

Bakgrunn

Detektiven kan ha vore inspirert av Josef Kalous, ein politimann i Nusle som står oppførd i adresseboka for 1910.

In 1913 trykte Karikatury ei forteljing av Jaroslav Hašek med tittelen Detektiven herr Kalous[a]. Den var underteikna Richard Mayer, eit av dei mange pseudonyma Hašek brukte.

Sitat
[I.6] Pak tam šel koupit psa detektiv Kalous a vrátil se s vyjevenou potvorou, připomínající hyenu skvrnitou, s hřívou škotského ovčáka, a v položkách tajného fondu přibyla nová: D...90 K.
Litteratur
Referensar
aPan Kalous detektivemKarikaturyRichard Mayer10.3.1913
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

6. Švejk heime att etter å ha brote gjennom trylleringen