Den gode soldat Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.
Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til Hauptmann Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevaran av denne vev-sida. I januar 2021 mangla det enno rundt 20 omtalar.
- Sitata er frå Jaroslav Šerák sin nettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
- Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og romanen på nett.
Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.
Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme:
- Doktor Grünstein som ein oppdikta person som tek direkte del i handlinga.
- Fähnrich Dauerling som ein oppdikta person, som ikkje tek del i handlinga.
- Heinrich Heine som historisk person.
II. Ved fronten | |||
1. Švejk sine uhell på toget |
Nechleba | ||||||
|
Nechleba frå Nekázanka vert nemnd av Švejk når denne forklarar Oberleutnant Lukáš at han alltid prøver å gjera godt men stort sett mislukkast. Slik hadde Nechleba det òg.
Bakgrunn
Nechleba var eit nokså sjeldsynt namn i Praha i 1910. Berre tre av dei er oppførde i adresseboka og ingen av dei i Nekázanka.
Vratislav Nechleba (1885-1965) var ein kjend kunstmålar som Hašek truleg kjende eller i det minste visste om. Men derfrå til å anta at forfattaren lånte namnet hans vert eit langt sprang.
Sitat
[II.1] „Poslušně hlásím, že jsem to, pane obrlajtnant, pozoroval. Já má, jak se říká, vyvinutej pozorovací talent, když už je pozdě a něco se stane nepříjemnýho. Já mám takovou smůlu jako nějakej Nechleba z Nekázanky, který tam chodil do hospody ,V čubčím háji’.
Herr Purkrábek | ||||||
|
Purkrábek er innom soga då Švejk feilaktig tek den flintskalla passasjeren som sit ovafor han som Purkrábek, representant for Banka Slavia. Må ikkje forvekslast med Landwehrsoldat Purkrábek.
Bakgrunn
Purkrábek var eit vanleg etternamn i Praha på den aktuelle tida, men adressebøkene viser ingen som har tilknyting til bank- eller forsikrings-sektoren.
Knesl
Augustin Knesl hevdar at ein Jaroslav Purkrábek arbeidde saman med Hašek i Banka Slavia den korte perioden han var tilsett der in 1902-1903[a]. Det har ikkje lukkast å finna ut meir om denne personen og han er ikkje oppførd i politiregistera eller adressebøkene. Knesl oppgjev ikkje kjelder og han prøver dessutan å tilpassa røyndomen til romanen. Han konkluderer nemleg med at Purkrábek seinare gjekk inn i hæren og seinare dukka opp i Den gode soldat Švejk for andre gong!
Rudolf Pulkrábek
Forfattaren har heller vore inspirert av Rudolf Pulkrábek, ein tsjekkisk finans- og industri-mann fødd i Frydland 28. august 1864[b]. Han overtok teglsteinsverket (cihelna) i Vokovice etter at faren døydde i 1882.
I 1912 står han oppførd som styremedlem i Banka Slavia, men var betre kjend som direktør i Hypoteční Banka der han i 1914 alt hadde vore i 25 år. Pulkrábek vart gjenvalgd som styremedlem i 1916, og i 1923 var han administrande direktør. I samband med 70-årsdagen hans i 1934 dukka eit bilete opp i Salon og teksten avslører at stillinga hans no var visepresident. Pulkrábek døydde 1. oktober 1936 og er gravlagd på Olšany gravlund.
Jaroslav Hašek kjende han truleg frå den korte tida si som tilsett i denne banken i 1902 og 1903 eller han kan ha visst om han via broren Bohuslav som var tilsett der heile yrkeskarriera. Det er likevel markerte skilnader mellom Pulkrábek og den skalla romanfiguren. Den fyrste var i ein stilling langt over ein vanleg bank-representant og biletet frå 1934 viser tydeleg at Pulkrábek ikkje var heilt skalla.
Namn brukte om eit anna
Lesaren kan jamvel innvenda at Pulkrábek og Purkrábek ikkje er identiske namn. Dette er sant men dei to ligg fonetisk og leksikalsk svært nær og vart til tider òg brukte om eit anna. Døme på dette fann ein mellom anna i Čech og Pilsner Tagblatt[c].
Sitat
[II.1] „Dovolte, vašnosti, neráčíte být pan Purkrábek, zástupce banky Slavie?“ Když holohlavý pán neodpovídal, řekl Švejk nadporučíkovi: „Poslušně hlásím, pane obrlajtnant, že jsem jednou četl v novinách, že normální člověk má mít na hlavě průměrně šedesát až sedumdesát tisíc vlasů a že černý vlasy bývají řidčí, jak je vidět z mnoha případů.“
[II.1] Von vopravdu je celej pan Purkrábek, zástupce banky Slavie. Ten chodil k nám do hospody a jednou, když u stolu usnul, tak mu na jeho pleš nějakej dobrodinec napsal inkoustovou tužkou:
Dovolujeme si vám tímto dle připojené sazby III. c) zdvořile nabídnouti nastřádání věna a vybavení vašich dítek pomocí životního pojištění!
Kjelder: Augustin Knesl, Daniel Soukup, Milan Šedivý, Sergey Soloukh
Litteratur
- Pobytové přihlášky pražského policejního ředitelství, ,1851 - 1914
- Josef Švejk a ti druzí, Augustin Knesl [a]
- Osobní, ,19.3.1908
- Volkswirtschaftliches, ,4.8.1912 [c]
- Padesáté narozeniny, ,28.8.1914 [b]
- "Slavie", ,20.5.1916
- "Hubertus", továrna na výrobu zbraní a obchodní závody, akc. spol., ,17.2.1923
a | Josef Švejk a ti druzí | Augustin Knesl | |
b | Padesáté narozeniny | 28.8.1914 | |
c | Volkswirtschaftliches | 4.8.1912 |
Generalmajor von Schwarzburg | ||||||
|
Von Schwarzburg er innom soga då Švejk feilaktig tek passasjeren ovafor han som Purkrábek frå Slavia-banken. I staden var det generalmajor Generalmajor von Schwarzburg, ein frykta armé-inspektør på veg for å ovverraska garnisonen i Budějovice. Episoden var sjølvsagt svært så ubehageleg for Oberleutnant Lukáš.
Bakgrunn
Ingen generalmajor von Schwarzburg er å finna i militære dokument men hærinspektørar fanst sjølvsagt. Desse var for det meste offiserar av høg rang og gjerne eldre herremenn. Ansvarleg for garnisonen i Budějovice var k.u.k. Militärkommando Prag og hærinspektørane var stasjonerte her. Minst to offiserar av høgare rang inspiserte Budějovice i løpet av tida Jaroslav Hašek tenestegjorde der (17. februar til 1. juni 1915). Begge hadde rangen Feldmarschall-Leutnant og tenestegjorde hjå 8. armekorpse i Praha.
Schwerdtner von Schwertburg
Den mest innlysande inspirasjonskjelda for den skalla eldre herremannen på toget er Simon Ritter Schwerdtner von Schwertburg (1854-1925). Adels-suffikset von Schwertburg lyder nokså likt von Schwarzburg og er innafor forfattaren sin margin for stavefeil.
Schwerdtner var på den aktuelle tida fungerande øvstkommanderande for garnisonen i Praha. Han hadde vorte overførd hit frå Olomouc i mai 1914. Rangen hans Feldmarschall-Leutnant og han vart forfremja frå generalmajor 1. mai 1912. I Olomouc tenestegjorde han som kommandant for 5. Infanteriedivision frå 2. mai 1912.
Han var på inspeksjonsreise til Budějovice minst to gonger medan Hašek gjorde teneste der og hadde inspisert minst 2 gonger hausten 1914. Datoane han kom på var 13. april og 31. mai 1915. Han til stades då Ersatzbataillon IR. 91 i to etappar vart overførde til Királyhida (1. juni). At Jaroslav Hašek visste om Schwerdtner og rolla hans er uunngåeleg og ein må gå ut frå at han personleg overvar minst ein av inspeksjonane.
Offiseren var kjend som ein tysk sjåvinist som mislikte tsjekkarar. Han var drivkrafta bak avrettinga av reservist Kudrna i 1915 og var personleg til stades på Motolské cvičiště då soldaten frå IR102 vart skoten. Schwerdtner hevda det var naudsynt å statuera eit eksempel for å avskrekka illojale element. Han var ållment kjend for si uforsonlege linje i nasjonalitets-spørsmål og ivra for arrestasjonane av Kramář og Scheiner i 1915. I Olomouc i 1913 var han dessutan pådrivar for standrett og rask avretting av korporalen Jan Bagacz som hadde skote overløytnant Rudolf Schramek på ein manøver.
Pitlik von Rudan und Poria
Den andre inspektøren av høg rang med base i Praha var Andreas Pitlik von Rudan und Poria (1856-1937) (tsj. Ondřej Radko Pytlík) som påviseleg inspiserte garnisonen i Budějovice i januar, mars og juni 1915. Avisene trykte smånotisar om inspeksjonane og det kjem fram at han overnatta på Hotel Grand rett ovafor jernbanestasjonen.
Pitlik var fødd i Plzeň og starta karriera i sitt heimlege Infanterieregiment Nr. 35. Opp gjennom åra tenestegjorde han i mange einingar, mellom dei IR53 i Zagreb der han vart forfremja til major i 1898. På denne tida vart dessutan den 42 år gamle offiseren utnemnd til Flügeladjutant for hans Keisarlege og Kongelege Majestet. I desember 1899 var han alt vorten Oberstleutnant. I 1906 var rangen hans Oberst og same året vart han overførd til IR56 som regimentskommandant. I 1908 vart han adla med predikatet von Rudan und Poria.
Ved krigsutbrotet i 1914 var Pitlik øvstkommandrande for 24. Infanteriedivision i Przemyśl. Han hadde vorte forfremja frå Generalmajor til Feldmarschall-Leutnant 1. mai 1914 men alt om hausten bad han om (og vart innvilga) 6 månaders permisjon av helsemessige frunnar. Etter eit opphald på kurbad gjekk han tilbake i teneste men no ved k.u.k. Militärkommando Prag. Frå ikring 1. juni 1915 var han formelt ansvarleg for opplæring av reservane i militærdistrikt nr. 8 (Praha, det sørlege og vestlege Böhmen), reserveoffiserskulane, og rehabilterings-sjukehusa.
Sitat
[II.1] A nyní se stalo něco hrozného. Holohlavý pán vyskočil, zařval na něho: „Marsch heraus, Sie Schweinkerl,“ vykopl ho do chodby, a vrátiv se do kupé, uchystal malé překvapení nadporučíkovi tím, že se mu představil. Byl to nepatrný omyl. Holohlavé individuum nebylo panem Purkrábkem, zástupcem banky „Slavie“, ale pouze generálmajorem von Schwarzburg. Generálmajor konal právě v civilu inspekční cestu po posádkách a jel překvapit Budějovice.
Litteratur
- Ein neuer Flügeladjutant Sr. Majestät, ,23.4.1898
- Herr Andreas Pitlik, ,1900
- Der Mörder des Oberleutnants Schramek vor dem Standrechte, ,27.3.1913
- Adelsverleihung, ,28.3.1908
- Vojenská inspekce, ,13.1.1915
- Militärkommandant FML. Ritter von Schwerdtner, ,14.4.1915
- Vojenská inspekce, ,2.6.1915
- Millitärpersonalnachrichten, ,2.6.1915
- Vojenská inspekce, ,9.6.1915
- Verordnungsblatt Nr. 5 für das Heer, ,8.1.1916
- Jak to bylo za válkou, ,1.6.1929
- Připad Josefa Kudrny, ,12.7.1932
- Hašek narukuje, Antonín Bouček,23.3.1947
- Andreas (Ondrej) Pitlik, 1856 - 1937,
- Simon Ritter Schwerdtner von Schwertburg,
- Der Oberste Kriegsherr und sein Stab, ,1908
Skreddar Hývl | ||||||
|
Hývl var ein skreddar som er nemnd i ei ankedote Švejk fortel Oberleutnant Lukáš for å orsaka høgttenkjinga si ovafor Schwarzburg. Hývl forsnakka seg på toget avdi han trudde passasjeren Vojtěch Rous som sat ovafor han ikkje skjøna tsjekkisk. Dette hende på strekninga Maribor - Leoben - Praha, ved Sankt Moritz. Skreddaren var på veg heim frå oppdrag i Steiermark.
Bakgrunn
Nokon verkeleg person som kan ha vore inspirasjon for denne litterære skreddaren har det ikkje lukkast å finna. I 1910 hadde adresseboka for Praha berre to oppføringar på Hývl så det var utan tvil eit sjeldant namn. Dessutan var ingen av desse skreddarar (ein bøkkar og ein slaktar). I militære dokument er namnet like sjeldant. Ein finn berre to i Austerrike-Ungarn sine tapslister og ein melde seg i České legie. Ingen av desse personane gjorde teneste i same einingar som Hašek, så namnet er neppe lånt frå forfattaren si tid i IR. 91.
Sitat
[II.1] To nám jednou před léty vypravoval krejčí Hývl, jak jel z místa, kde krejčoval ve Štyrsku, do Prahy přes Leoben a měl s sebou šunku, kterou si koupil v Mariboru. Jak tak jede ve vlaku, myslel si, že je vůbec jedinej Čech mezi pasažírama, a když si u Svatýho Mořice začal ukrajovat z tý celý šunky, tak ten pán, co seděl naproti, počal dělat na tu šunku zamilovaný voči a sliny mu začaly téct z huby. Když to viděl krejčí Hývl, povídal si k sobě nahlas: ,To bys žral, ty chlape mizerná.’
Rous, Vojtěch | ||||||
|
Vojtěch Rous var medppassajer til skreddar Hývl i anekdota til Švejk om å vera uheldig når ein trur andre ikkje skjønar ein. Švejk fortalde denne soga like på toget like før Tábor.
Bakgrunn
I IR. 91 si Verlustliste frå slaget ved Chorupan 24. september 1915[a] er soldaten Adalbert Raus[1] frå Budweis oppførd som krigsfange. Det var i dette slaget Jaroslav Hašek sjølv vart teken til fange av russarane. Dermed må dei begge ha delteke i marsjen frå slagmarka ved Dubno til transittleiren i Darnitsa, om lag 350 km.
Om dei ikkje kjende kvarandre frå før kunne dei vel ha vorte kjende på dei tre vekene marsjen varde. Når det er sagt: det er neppe snakk om meir enn at Hašek lånte namnet.
1. Adalbert er den tyske varianten av Vojtěch.
Eit brutalt mord
Ein anna person som kan ha inspirert bruken av namnet var ein bonde frå Klášter ved Nepomuk som vart brutalt myrda 14. september 1907. Drapsmannen var naboen Vojtěch Mika som til slutt vart kjend skuldig og dømd til døden. Jaroslav Hašek var ein ivreg avislesar med eit uvanleg godt minne for detaljar så det kan hende han las om dette og hugsa namnet.
Sitat
[II.1] Když to viděl krejčí Hývl, povídal si k sobě nahlas: ,To bys žral, ty chlape mizerná.’ A ten pán mu česky vodpoví: ,To se ví, že bych žral, kdybys mně dal.’ Tak tu šunku sežrali společně, než přijeli do Budějovic. Ten pán se jmenoval Vojtěch Rous.“
Kjelder: Jan Ciglbauer
Litteratur
- The battle of Chorupan, ,2021 [a]
- Mord, ,20.9.1907
- Todesurteil, ,29.11.1907
- Odsouzen k smrti provazem, ,4.12.1907
a | The battle of Chorupan | 2021 |
Hofmann | ||||||
|
Hofmann var nemnd i ein samtale mellom Švejk og konduktøren på toget mellom Praha og Tábor. Hofmann hadde hevda at naudbremsar ikkje virkar. Denne samtalen var forløpet til episoden der Švejk vart skulda for å ha stoppa toget.
Bakgrunn
Det har ikkje lukkast å finna nokon mogelege inspirasjon for denne Hofmann. Etternamnet (eller variantar av det) var nokså vanleg, men utan informasjon som yrke og bustad og spora han etter vert han nok for evig uidentifisert. I Praha budde fleire med etternamnet Hofman men ingen av dei peikar seg ut som ein som Hašek typisk ville ha omgåast.
Skal ein likevel gje seg ut på spekulasjonar kan dette godt vera ei historie forfattaren har plukka opp på ei kneipe. Han budde truleg enno i Žižkov då han skreiv dette og ein kan merka seg at to personar herfrå er nemnde nokre få avsnitt seinare (Franta Šnor og Policejní rada Kraus). Om det slik er at òg Hofmann er plukka frå forfattaren sitt nærmiljø på denne tida så kan ein merka seg at det budde minst to personar dette etternamnet i Žižkov før fyrste verdskrigen og truleg også etter. Mellom desse var Bohuslav Hofmann og Jindřich Hofmann.
Ein Zugsführer Karl Hofmann frå Krumlov tenestegjorde i Infanterieregiment Nr. 91 og vart teken til fange ved Chorupan saman med Hašek 24. september 1915[a]. Det er mogeleg at forfattaren kjende denne personen, men sjølv i dette tilfellet har det neppe inspirert han til anna enn å låna etternamnet.
Sitat
[II.1] „Ke mně chodíval,“ rozhovořil se Švejk, „jeden dobrej člověk, nějakej Hofmann, a ten vždy tvrdil, že tyhle poplašný signály nikdy neúčinkují, že to zkrátka a dobře nefunguje, když se zatáhne za tuhle rukojeť.
Litteratur
- The battle of Chorupan, ,2021 [a]
a | The battle of Chorupan | 2021 |
Šnor, František | ||||||
|
Franta Šnor vert nemnd i ein anekdote av Švejk. Han hadde knela framfor vogna til keisar Franz Joseph I. då denne var på besøk i Žižkov. Han fekk 20 kroner i bot, akkurat som Švejk på toget til Tábor.
Bakgrunn
František Šnor var det minst to som heitte i Žižkov på den aktuelle tida. Den yngste av desse hadde ein son Karel og det er mogeleg at denne Karel som var pubvert på U kamenáče då Jaroslav Hašek skreiv fyrste delen av romanen på våren 1921. Det er typisk av forfattaren å "gjenbruka" namnet på verkelege folk på dette viset. Keisarbesøket det er snakk om var truleg i april 1907 men keisaren var òg på vitjing i Žižkov i 1901. Sjå starý Procházka.
Jaroslav Šerák
V Praze moc Šnorů nežilo, pouze dvě rodiny, ale na Žižkově žila skutečně jedna rodina Šnorů: Otec František *1847 a byl písařem (officiant, Schreiber), měl syna Františka * 1873.Jeden z těchto Františků si mohl kleknout před kočár. Dále zde byl syn Karel * 1886 – ten mohl být tím hostinským „U kamenáče“.
Sitat
[II.1] Jednou, když byl císař pán návštěvou na Žižkově, tak nějakej Franta Šnor zastavil jeho kočár tím, že si před císařem pánem kleknul na kolena do jízdní dráhy.
Kjelder: Jaroslav Šerák
Policejní rada Kraus | ||||||
|
Kraus var ein politisjef som vert nemnd i same anekdota som Franta Šnor.
Bakgrunn
Den omtala personen verkar å vera inspirert av politi-inspektør Heinrich Krause. Han var fødd 11. februar 1859, budde Vinohrady i 1908 og deretter i Lupačova ul. 12 i Žižkov i 1910. Han var gift og hadde tre born.
Jaroslav Šerák
Jméno Kraus se adresáři nevyskytuje, ale je tam inspektor jménem Jindřich [Heinrich] Krause. Zachovala se i policejní pobytová přihláška, kde je uveden v roce 1908 jako inspektor, bytem Vinohrady, č.p. 852.
Sitat
[II.1] Potom ten policejní komisař z toho rayonu řekl k panu Šnorovi s pláčem, že mu to neměl dělat v jeho rayonu, že to měl udělat vo jednu ulici níž, co patří už pod policejního radu Krause, tam že měl vzdávat hold. Potom toho pana Šnora zavřeli.“
Kjelder: Jaroslav Šerák
Litteratur
Mlíčko, František | ||||||
|
Mlíčko František er nemnd i ei ankedote som Švejk fortalde på toget til Budějovice avdi denne òg hadde stogga eit tog ved å dra i naudbremsen. Han var frå Uhříněves ved Praha og episoden fann stad i mai 1912.
Bakgrunn
Nokon ekte person som kan ha vore inspirasjon for denne Mlíčko (eller Mlíček) har ikkje vore mogeleg å identifisera. Dette til trass for at både staden Uhříněves og året 1912 kan vera spor. Jaroslav Šerák har jamvel undersøkt føderegistra i Uhříněves frå 1876 til 1919 utan å finna nokon av namna.
Mlíčko eller Mlíček?
Ettersom Švejk her brukar akkusativ-forma Mlíčka er både Mlíčko og Mlíček mogelege nominativformer men både ekspertar og oversetjarar er samde om at det er snakk Mlíčko sjølv om Jaroslav Šerák held alternativet Mlíček ope.
Sjølv om denne tvetydigheita ikkje kan løysast heilt ut, gjev gransking av namnedatabasar, avis-søk og adressebøker sterke indikasjonar på at Mlíčko er det rette etternamnet. I Praha var ikkje Mlíček oppførd i adressebøkene (1907, 1910) og per 2021 bur det ikkje ein einaste Mlíček i Tsjekkia[a]. Mlíčko er òg svært sjeldant men er i det minste registrert (35 personar i 2021). Sjå òg murar Mlíčko and snekkar Mlíčko.
Sitat
[II.1] Poněvadž železniční zřízenec neodpovídal, prohlásil Švejk, že znal nějakého Mlíčka Františka z Uhříněvse u Prahy, který také jednou zatáhl za takovou poplašnou brzdu a tak se lekl, že ztratil na čtrnáct dní řeč a nabyl ji opět, když přišel k Vaňkovi zahradníkovi do Hostivaře na návštěvu a popral se tam a voni vo něho přerazili bejkovec. „To se stalo,“ dodal Švejk, „v roce 1912 v květnu.“
Kjelder: Jaroslav Šerák
Litteratur
- Příjmení: 'Mlíčko', počet výskytů v celé ČR, ,2017 [a]
- Naše příjmení, ,1894
a | Příjmení: 'Mlíčko', počet výskytů v celé ČR | 2017 |
Gartnar Vaněk | ||||||
|
Vaněk var ein gartnar frå Hostivař som er nemnd i same anekdota som Mlíčko František.
Bakgrunn
Det har ikkje lukkast å finna nokon som kan ha vore inspirasjonskjelde for denne personen.
Sitat
[II.1] Poněvadž železniční zřízenec neodpovídal, prohlásil Švejk, že znal nějakého Mlíčka Františka z Uhříněvse u Prahy, který také jednou zatáhl za takovou poplašnou brzdu a tak se lekl, že ztratil na čtrnáct dní řeč a nabyl ji opět, když přišel k Vaňkovi zahradníkovi do Hostivaře na návštěvu a popral se tam a voni vo něho přerazili bejkovec. „To se stalo,“ dodal Švejk, „v roce 1912 v květnu.“
Stasjonsmeister Wagner | ||||||
|
Wagner var ein brutal stasjonsmeister i Svitava, nemnd i ei av dei etterkvart mange anekdotene Švejk lirer av seg på togturen til Tábor.
Bakgrunn
Wagner var eit svært vanleg etternamn så forfattaren kan ha henta inspirasjon kvar som helst. I Infanterieregiment Nr. 91 gjorde mange av dei teneste, og heile sju vart melde sakna ved Chorupan saman med Hašek etter slaget 24. september 1915[a]. Om Hašek kjende dei eller hadde møtt nokon av dei vert rein spekulasjon.
Sitat
[II.1] Švejk vytáhl z bluzy dýmku, zapálil si, a vypouštěje ostrý dým vojenského tabáku, pokračoval: „Před léty byl ve Svitavě přednostou stanice pan Wagner. Ten byl ras na svý podřízený a tejral je, kde moh, a nejvíc si zalez na nějakýho vejhybkáře Jungwirta, až ten chudák se ze zoufalství šel utopit do řeky.
Litteratur
- The battle of Chorupan, ,2021 [a]
a | The battle of Chorupan | 2021 |
Sporvekslar Jungwirt | ||||||
|
Jungwirt var ein sporvekslar ved jernbana i Svitava, nemnd i same ankedota som stasjonsmeister Wagner. Han vart forfølgd av sjefen sin Wagner og drukna seg i elva av fortviling. Han tok hemn ved å koma tilbake å spøkja for Wagner som i sin tur hengde seg i ein signalstolpe.
Bakgrunn
Jungwirt eller Jungwirth var eit nokså vanleg etternamn så forfattaren kan ha lånt namnet kvar som helst. I Infanterieregiment Nr. 91 gjorde mange av dei teneste, og tre vart melde sakna ved Chorupan saman med Hašek etter slaget 24. september 1915[a]. Ein av dei var Gefreiter, do to andre infanteristar. Om Hašek kjende dei eller hadde møtt nokon av dei vert rein spekulasjon. I Praha budde nokre titals Jungwirth/Jungwirt/Jungvirt.
Sitat
[II.1] Švejk vytáhl z bluzy dýmku, zapálil si, a vypouštěje ostrý dým vojenského tabáku, pokračoval: „Před léty byl ve Svitavě přednostou stanice pan Wagner. Ten byl ras na svý podřízený a tejral je, kde moh, a nejvíc si zalez na nějakýho vejhybkáře Jungwirta, až ten chudák se ze zoufalství šel utopit do řeky.
Litteratur
- The battle of Chorupan, ,2021 [a]
a | The battle of Chorupan | 2021 |
Bryggar Zeman, Josef | ||||||
|
Zeman var i fylgje romanen ein bryggmeister i Zdolbunov, nemnd i samtalen mellom Švejk og velgjeraren hans på jernbanestasjonen i Tábor. Sistnemnde ber soldaten helsa til Zeman. Švejk vert rådd til å desertera så snart han kjem til fronten, noko han sterkt indikerer at han har tenkt å gjera.
Bakgrunn
Zeman viser nokså sikkert til etterfylgjaren til Josef Zeman (1848-1892) som grunnla eit bryggeri i Kvasilov (ukr. Kvasyliv) i 1880. Dette var ei tsjekkisk busetning nokre få kilometer nord for Zdolbunovo.
Kvasilov
Nettsida Polskie etykiety z piwa do 1945 r (no ute av drift) skriv at Kvasilov-bryggeriet i mellomkrigstida var eigd av ein viss Josef Zeman, fødd i 1873. Ein avisnotis i 1889 viser til både Josef Zeman d.e, Josef Zeman d.y. og Václav Zeman som bryggjarar i Kvasilov i Russland[a].
Avisnotisar frå 1897 og 1900 i Der Böhmische Bierbrauer viser at innehavar av bryggeriet i Kvasilov no var Anna Zemanová[b], truleg enkja etter Josef Zeman Sr., grunnleggjaren av bryggeriet som døydde i 1892. Annonsar frå åra 1911 til 1913 viser ein J. Zeman som eigar. Bryggeriet hadde eiga jernbanevogn til disposisjon[c].
Švec møtte Zeman
Josef Jiři Švec hugsar at han møtte bryggaren Zeman sommaren 1915. Švec omtalar han som ein høg og livleg mann, gift med ei interressann brunette. Broren hans var, som Švec sjølv, medlem av Česká družina, ein styrke av tsjekkiske frivillege som seinare skulle utvikla seg til den tsjekkoslovakiske hæren i Russland, etter krigen omtala som Legionane.
Bryggeri i Lutsk
Derimot veit me meir om eit anna Zeman-bryggeri. Den nemnde Václav Zeman starta i 1888 eit eige føretak i Lutsk, og dette bryggeriet hadde etter kvart stor framgang. Etter dette var det naturleg å gå ut frå at Josef Zeman vart eine-eigar i Kvasilov, og at det er han Hašek viser til i romanen.
Historie - før og etter
Zeman-familien hadde innvandra frå Böhmen i 1870 og faren Josef var òg bryggjar. Václav Zeman heldt fram med drifta i Lutsk fram til 1939 då bryggeriet vart nasjonalisert etter den sovjetiske invasjonen av Polen i september same året. I 1940 vart familien deportert til Sibir, men denne tragedia slapp Zeman å oppleva. I 2003 vart eit bryggeri med namnet Zeman opna att i Lutsk, og den opprinnelege bygningen eksisterer enno.
Alexandr Drbal
Zeman Václav (*11.11.1864 Městec Králove, †24.8.1938 Luck, Polská republika, nyní Ukrajina; je pravděpodobně pohřben v obci Kvasilov, nyní Rivnenská oblast), sládek, podnikatel, činitel české menšiny v Polsku. Do Ruského císařství přijel s rodiči v září r. 1870. Studoval v Kyjevě, kde pak pracoval v jednom pivovaru. Spolu s bratrancem Josefem Zemanem (*?, †1892), bratrem spisovatele Antala Staška (*1843,†1931), vystavěl pivovar v Kvasilově (1880). Pak se osamostatnil a vystavěl „Czeski Browar parowy Wacława Zemana w Lucku“ (1888-90), kde vyráběl pivo značek „Sakura“, „Stolní“, „Ležák“, „Extra“, „Zdroj“, „Granat“, „Porter“ a „Bok-Bir“ a vyvážel ho do velkých měst v Polsku a Rusku a do Francie. Byl činný v českém krajanském hnutí v Polsku. Za První světové války v r. 1915 v pivovaru pracoval Jaroslav Hašek. Josef Zeman, o kterém jsem se zmínil v textu, byl bratranec Václava Zemana a syn spisovatele Antala Staška. O jeho otci můžu jen říci, že určitě byl statkářem vedle Lvova a v Kvasilově a pravděpodobně také členem České besedy ve Lvově, tedy nikoliv sládkem. Ale Jarda Hašek určitě znal pravě Václava Zemana a ne jeho otce nebo bratrance. Kdo je na fotce se musí ještě zjistit. Vždyť se ani neví přesně kde to je: v Zdolbunově nebo Lucku. Je také možně, že Václav Zeman měl v Zdolbunově filiálku! Řekl bych, že na fotce je Václav Zeman, ale to chce analýzu.
Sitat
[II.1] Když odcházel, řekl důvěrně k Švejkovi: „Tak vojáčku, jak vám povídám, jestli budete v Rusku v zajetí, tak pozdravujte ode mne sládka Zemana v Zdolbunově. Máte to přece napsané, jak se jmenuji. Jen buďte chytrý, abyste dlouho nebyl na frontě.“ „Vo to nemějte žádnej strach,“ řekl Švejk, „je to vždycky zajímavý, uvidět nějaký cizí krajiny zadarmo.“
Kjelder: Josef Švec, Alexandr Drbal, Jan Profous
Litteratur
- Personalien, ,1.3.1897
- Personalien, ,1.3.1900 [b]
- Na Husův pomník, ,15.12.1889 [a]
- J. Zeman, ,21.1.1911J [c]
- Na Volyni, ,1.10.1937
- Наша Історія,
- Kvasilov,
- Kronika obce Kvasilova, ,1929
a | Na Husův pomník | 15.12.1889 | |
b | Personalien | 1.3.1900 | |
c | J. Zeman | 21.1.1911J |
Zugsführer Hammel, Franz | ||||||
|
Hammel var ein lagførar frå k.k. Schützenregiment Nr. 21 som var avbilda på ein propagandaplakat som Švejk observerte på jernbanestasjonen i Tábor. Saman med Korporal Paulhart og Korporal Bachmayer mana han mannskapet til å halda ut.
Bakgrunn
Hammel hadde akkurat same rang og regimentstilhøyrigheit som Hašek opplyser om i romanen. Han var Zugsführer i k.k. Landwehr og gjorde teneste hjå k.k. Schützenregiment Nr. 21 ved Italia-fronten i 1917. Det er ingen tvil om at Hašek henta motivet frå Kriegskalender 1919 ettersom omtalen frå kalenderen er ordrett attgjeven i Den gode soldat Švejk. Å finna ut meir om Hammel har likevel ikkje lukkast, noko som truleg skuldast ei feilstaving av namnet hans i kalenderen. Dermed veit me ikkje det verkelege etternamnet hans.
Tagliamento, 1917
Hendingane som var framstilde på bileta som Švejk såg i Tábor i 1915 fann faktisk stad, men nesten tre år seinare. Hammel, Korporal Paulhart og Korporal Bachmayer gjorde alle teneste ved k.k. Schützenregiment Nr. 21 og dei vart nemnde saman i ein rapport frå slagmarka tidleg i 1918. Tittelen var Das St. Pöltner Schützenregiment Nr. 21 am Tagliamento og den vart trykt i Streffleur's Militärblatt, Linzer Volkszeitung m.fl. Den handla om regimentet i kamp ved elva Tagliamento i Nord-Italia den 5. november 1917, og har med nokre linjer om dei tre soldatane som er nemnde i Den gode soldat Švejk. Alle tre utmerka seg i kamp og vart dekorerte med sylvmedaljar for djervleik.
Korporal Paulhart og Korporal Bachmayer er identifiserte og opplysningane stadfesta gjennom studiar av Belohnungsantrag medan Hammel sin bakgrunn enno er ukjend (truleg skuldast dette feil i stavinga av etternamnet).
Sitat
[II.1] Dobrého vojáka Švejka uvítal obraz znázorňující dle nápisu, jak četař František Hammel a desátníci Paulhart a Bachmayer od c. k. 21. střeleckého pluku povzbuzují mužstvo k vytrvání. Na druhé straně visel obraz s nadpisem: „Četař Jan Danko od 5. pluku honvédských husarů vypátrá stanoviště nepřátelské baterie.“
Litteratur
Korporal Paulhart, Josef | ||||||
*27.2.1892 Alt-Lichtenwörth - †? | ||||||
|
Paulhart var framstild på ein propagandaplakat som Švejk observerte på den militære delen av jernbanestasjonen i Tábor. På same plakaten fann ein Zugsführer Hammel og Korporal Bachmayer. Alle tre gjorde teneste i k.k. Schützenregiment Nr. 21.
Bakgrunn
Paulhart hadde akurat same rang og regimentstilhøyrigheit som Hašek opplyser om i romanen: han var Korporal i k.k. Landwehr og gjorde teneste hjå k.k. Schützenregiment Nr. 21.
Tagliamento, 1917
Hendingane som var framstilde på bileta som Švejk såg i Tábor i 1915 fann faktisk stad, men nesten tre år seinare. Zugsführer Hammel, Paulhart og Korporal Bachmayer gjorde alle teneste ved k.k. Schützenregiment Nr. 21 og dei vart nemnde saman i ein rapport frå slagmarka tidleg i 1918. Tittelen var Das St. Pöltner Schützenregiment Nr. 21 am Tagliamento og den vart trykt i Streffleur's Militärblatt, Linzer Volkszeitung m.fl. Den handla om regimentet i kamp ved elva Tagliamento i Nord-Italia den 5. november 1917, og har med nokre linjer om dei tre soldatane som er nemnde i Den gode soldat Švejk. Alle tre utmerka seg i kamp og vart dekorerte med sylvmedaljar for djervleik.
Paulhart og Korporal Bachmayer er identifiserte og opplysningane stadfesta gjennom studiar av Belohnungsantrag medan Zugsführer Hammel sin bakgrunn enno er ukjend (truleg skuldast dette feil i stavinga av etternamnet).
Sitat
[II.1] Dobrého vojáka Švejka uvítal obraz znázorňující dle nápisu, jak četař František Hammel a desátníci Paulhart a Bachmayer od c. k. 21. střeleckého pluku povzbuzují mužstvo k vytrvání. Na druhé straně visel obraz s nadpisem: „Četař Jan Danko od 5. pluku honvédských husarů vypátrá stanoviště nepřátelské baterie.“
Litteratur
- Das St. Pöltner Schützenregiment Nr. 21 am Tagliamento, ,12.1.1918
- Das St. Pöltner Schützenregiment Nr. 21 am Tagliamento, ,24.2.1918
- Unterabteilungs-Grundbuchsblatt, [a]
a | Unterabteilungs-Grundbuchsblatt |
Korporal Bachmayer, Franz | ||||||
*1897 Eggenburg - †? | ||||||
|
Bachmayer var framstild på ein propagandaplakat på jernbanestasjonen i Tábor, nemnd saman med Zugsführer Hammel og Korporal Paulhart. Som dei andre to høyrde han til k.k. Schützenregiment Nr. 21.
Bakgrunn
Bachmayer hadde akkurat same rang og regimentstilhøyrigheit som Hašek opplyser om i romanen. Han ein Landwehr-soldat som gjorde teneste hjå k.k. Schützenregiment Nr. 21 ved Italia-fronten saman med Zugsführer Hammel og Korporal Paulhart. Ved slutten av 1917 vart han tildelt den djervleiksmedaljen i sylv 1. klasse og dette var tredje gongen han vart dekorert[a]. Grunnen til denne siste dekoreringa var innsatsen hns ved Tagliamento 5. november 1917.
Takka vere Landsturmmusterungschein veit me at Franz Bachmayer var fødd i Eggenburg i Niederösterreich, Bezirk Horn, og vart mønstra i 5. juni 1915 som 18-åring. Av yrka var han bakar[b]. Karriera hans i krigen og livet hans etterpå veit me ikkje noko om.
Tagliamento, 1917
Hendingane som var framstilde på bileta som Švejk såg i Tábor i 1915 fann faktisk stad, men nesten tre år seinare. Zugsführer Hammel, Korporal Paulhart og Bachmayer gjorde alle teneste ved k.k. Schützenregiment Nr. 21 og dei vart nemnde saman i ein rapport frå slagmarka tidleg i 1918. Tittelen var Das St. Pöltner Schützenregiment Nr. 21 am Tagliamento og den vart trykt i Streffleur's Militärblatt, Linzer Volkszeitung m.fl. Den handla om regimentet i kamp ved elva Tagliamento i Nord-Italia den 5. november 1917, og har med nokre linjer om dei tre soldatane som er nemnde i Den gode soldat Švejk. Alle tre utmerka seg i kamp og vart dekorerte med sylvmedaljar for djervleik.
Korporal Paulhart og Bachmayer er identifiserte og opplysningane stadfesta gjennom studiar av Belohnungsantrag medan Zugsführer Hammel sin bakgrunn enno er ukjend (truleg skuldast dette feil i stavinga av etternamnet).
Sitat
[II.1] Dobrého vojáka Švejka uvítal obraz znázorňující dle nápisu, jak četař František Hammel a desátníci Paulhart a Bachmayer od c. k. 21. střeleckého pluku povzbuzují mužstvo k vytrvání. Na druhé straně visel obraz s nadpisem: „Četař Jan Danko od 5. pluku honvédských husarů vypátrá stanoviště nepřátelské baterie.“
Litteratur
- Das St. Pöltner Schützenregiment Nr. 21 am Tagliamento, ,12.1.1918
- Das St. Pöltner Schützenregiment Nr. 21 am Tagliamento, ,24.2.1918
- Auszeichnungen, ,15.2.1918 [a]
- Landsturmmusterungschein, [b]
a | Auszeichnungen | 15.2.1918 | |
b | Landsturmmusterungschein |
Zugsführer Danko, Jan | ||||||
|
Danko var ein Zugsführer frå k.u. Honvéd Husaren Regiment Nr. 5 som Švejk observerte på ein propagandaplakat på jernbanestasjonen i Tábor.
Bakgrunn
Danko var nettopp det forfattaren omtalar han som: Zugsführer i k.u. Honvéd Husaren Regiment Nr. 5. I oktober 1914 kunne Oesterreichische Volks-Zeitung melda at han hadde vorte tildelt djervleiksmedalje i gull. Omtalen i avisa var frå propagandeserien Aus dem Goldenen Buche der Armee og var bortimot lik omtalen i Den gode soldat Švejk [a].
Dankó János szakaszvezető
I 1935 kom regimentet si historie ut som bok og her kjem utfyllande opplysningar fram[b]. Soldaten sitt namn var Dankó János (på ungarsk vert etternamnet skrive fyrst) og rangen hans vert stadfesta som Szakaszvezető (Zugsführer). Han hadde vorte forfremja etter slaget ved Dzibułki (ukr. Зіболки) nordaust for Lemberg i slutten av august 1914. Den 2. oktober 1914 vart han tldelt djervleiksmedaljen i gull, akkurat som dei ovafornemnde austerrikske avisa rapporterte nokre veker seinare.
A volt m. kir. kassai 5. honvéd huszárezred története 1868-1918 (Regiment history, 1935)
Dankó János 1. századbeli tizedest üzibulkinál tanúsított kiválóan vitéz magatartásáért szakaszvezetővé léptették elő...
A Dzibulkinál vívott harcokban tanúsított vitéz magatartásáért Dankó János szakaszvezető arany vitézségi érmet...
Sitat
[II.1] Na druhé straně visel obraz s nadpisem: „Četař Jan Danko od 5. pluku honvédských husarů vypátrá stanoviště nepřátelské baterie.“
Litteratur
- Aus dem goldenen Buch der Armee, ,20.10.1914 [a]
- A volt m. kir. kassai 5. honvéd huszárezred története 1868-1918, ,1935 [b]
a | Aus dem goldenen Buch der Armee | 20.10.1914 | |
b | A volt m. kir. kassai 5. honvéd huszárezred története 1868-1918 | 1935 |
Trainsoldat Bong, Josef | ||||||
|
Bong er nemnd 3 gonger i Den gode soldat Švejk.
Bong var ein soldat i k.u.k. Traineskadron Nr. 3 som vart omtala i rosande ordelag på ein propagandaplakat på Tábor stasjon. Han hadde redda det veridfulle seletøyet til hesten sin trass i å ha vorte skoten på av russisk artilleri. Han vart tildelt djervleiks medalje av sylv.
Bakgrunn
Bong var ein verkeleg person og det som forfattaren gjengjev er berre ei meir fargerik utgåva av småartiklar som kom på trykk i avisene i januar og februar 1915. Alle hadde tittelen Aus dem Goldenen Buche der Armee, ein serie som kom ut jamnleg. Her vart ulike heltedådar omtala og det vart gjeve ut postkort frå serien, nokså sikkert òg plakatar.
Opplysningar om Bong Sølvmedaljen klasse II. han hadde vorte tildelt kom i avisene tidleg i desember 1914, basert på Verordnungsblatt für das k.u.k. Heer frå 5. desember 1914. Her vert det stadfesta kva eining han høyrde til: k.u.k. Traineskadron Nr. 3, Traindivision Nr. 1. Han gjorde på tispunktet for dekoreringane teneste ved Divisions-Sanitätsanstalt Nr. 12. Ettersom rekrutteringsdistriktet til skvadronen var Kraków (det omfatta deler av Mähren og Schlesien) var Bong mest truleg polsk eller tsjekkisk.
Til trass for dei ulike avisoppslaga er kjelda til Hašek høgst truleg Kriegskalender for 1919, eller helst den tsjekkiske utgåva av den. Heile tekstsegmentet som omtalar Bong i romanen er, bortsett frå fargen på hesten og eit par småskilnader, ordrett likt teksten i kalenderen.
Sitat
[II.1] Zatímco šikovatel šel shánět nějakého důstojníka, Švejk si přečetl na plakátu:
VOZATAJEC JOSEF BONG
Vojáci zdravotního sboru dopravovali těžce raněné k vozům, připraveným v kryté úžlabině. Jakmile byl plný, odjelo se s ním na obvaziště. Rusové, vypátravše tyto vozy, počali je obstřelovati granáty. Kůň vozatajce Josefa Bonga od c. a k. 3. vozatajské švadrony byl usmrcen střepinou granátu. Bong bědoval: „Ubohý můj bělouši, je veta po tobě!“ Vtom sám zasažen byl kusem granátu. Přesto vypřáhnul svého koně a odtáhl trojspřeží za bezpečný úkryt. Nato se vrátil pro postroj svého usmrceného koně. Rusové stříleli stále. „Jen si střílejte, zpropadení zuřivci, já postroj tady nenechám!“ a snímal dál postroj s koně, bruče si ona slova. Konečně byl hotov a vláčel se s postrojem zpět k vozu. Zde mu bylo vyslechnouti hromobití od zdravotních vojínů pro jeho dlouhou nepřítomnost. „Nechtěl jsem tam nechat postroj, je skoro nový. Bylo by ho škoda, pomyslil jsem si. Nemáme nazbyt takových věcí,“ omlouval se statečný vojín, odjížděje k obvazišti, kde se teprve hlásil jako raněný. Jeho rytmistr ozdobil později prsa jeho stříbrnou medalií za statečnost.
Litteratur
- Verordnungen des k.u.k. Kriegsministeriums, ,6.12.1914
- Tapfere Soldaten, ,21.1.1915
- Ehrenbuch der Österreichisch-Ungarischen Wehrmacht, ,1917
Doktor Vojna, Josef | ||||||
|
Vojna var ein eittårsfrivilleg frå Feldjägerbataillon Nr. 7 som kjempa i Galicia. Han vert nemnd i ei anekdote av Švejk på Táborské nádraží om eit døme på mot som overgjekk sjølv Trainsoldat Bong. Švejk hadde lese ei historie i Pražské úřední listy som kunne opplysa om at Vojna sitt hovud hadde mana til dåd sjølv etter at det vart avskote.
Bakgrunn
Vojna er ein av heltane som forfattaren henta frå Kriegskalender 1919 saman med Zugsführer Danko, Trainsoldat Bong, Zugsführer Hammel o.a. Likevel har nok Švejk her smurt tjukt på for sjølv om Vojna vart såra to gonger tok han over føringa av eit halvkompani. Det står det ingen ting i kalendereren om at han fekk handa og hovudet avskotne.
I fylgje kalenderen fann heltedåden stad ved Polazzo 4. juli 1915 og ikkje i Galicia som Švejk hevda. Det vert òg stadfesta at Vojna vart dekorert med ein sylvmeldaje 1. klasse for bragda. Datoen viser dessutan at Švejk ikkje kan ha lese om Vojna før han kom til Tábor ettersom Italia gjekk inn i krigen fyrst då marsjkompaniet til Švejk kom til Budapest (23. mai).
Dr. Josef Wojnar
Ingen Josef Vojna frå Feldjägerbataillon Nr. 7 er oppførd i austerriksk-ungarske tapslister, oversikt over dekorerte soldatar, eller Verordnungsblatt og Ranglisten. Heller ikkje søk på etternamnet "Wojna" slik det er skrive i kalenderen gjev noko treff. Grunnen er rett og slett ein skrivefeil i Kriegskalender for namnet hans var Josef Wojnar[b]. Nytt om at han hadde vorte tildelt ein sylvmedalje for djervleik vart rapportert i fleire aviser. I Wiener Zeitung 14. oktober 1915 er han eintydig identifisert som Dr. Josef Wojnar frå Feldjägerbataillon Nr. 7, rett nok med ein sylvmedalje 2. klasse og ikkje 1. klasse som kalenderen hevdar. I 1918 stadfesta Wien-avisa Weltblatt det meste av opplysningane i kalenderen[c].
Avisklipp og militære publikasjonar gjer oss i stand til å henta inn ein del detaljar frå karrieren hans i hæren. Seint i 1914 eller i 1915 fekk han ei tå knust ved Hroscienko (truleg Krościenko) og vart innlagd på reservesjukehus i Klagenfurt. På denne tida var rangen hans Einjährig-Freiwilliger Unterjäger (dvs. eittårsfrivilleg infanterist) og han gjorde teneste ved 3. kompani. Fødselsåret hans er gitt som 1890[d] og dette må ha hendt ved fronten i Karpatane ettersom krigen mot Italia enno ikkje hadde starta.
Ranglisten avslører at han vart raskt forfremja. Alt 1. januar 1916 var han vorten Leutnant in der Reserve. Han vart dekorert heile fem gonger under krigen[e]. 7. feltjegerbatlajon var hovudsakleg ei slovensk eining (85 prosent) men ein eittårsfrivilleg kunne til ein viss grad velgja tenestestad så han kan gjerne ha vore av ein anna nasjonalitet. Wojnar er eit sjeldant namn i Slovenia men er utbreidd i Polen og den austlege delen av tsjekkisk Schlesien så røtene hans var truleg i Schlesien eller Galicia.
Sitat
[II.1] Když Švejk dočetl a šikovatel se ještě nevracel, řekl k landverákům na strážnici: „Tohle je moc krásnej příklad zmužilosti. Takhle budou u nás v armádě samý nový postroje na koně, ale když jsem byl v Praze, tak jsem čet v Pražskejch úředních listech ještě hezčí případ vo nějakým jednoročním dobrovolníkovi Dr Josefu Vojnovi. Ten byl v Haliči u 7. praporu polních myslivců, a když to přišlo na bodáky, tak dostal kulku do hlavy, a když ho vodnášeli na obvaziště, tak na ně zařval, že kvůli takovému šrámu se nenechá obvázat. A zas chtěl hned se svou četou forikovat, ale granát mu usekl kotník. Zas ho chtěli vodnášet, ale von se počal belhat vo holi k bitevní čáře a holí se bránil proti nepříteli, a přilít novej granát a utrh mu tu ruku, ve kterej držel hůl. Von si tu hůl přendal do druhý ruky, zařval, že jim to nevodpustí, a bůhví jak by to s ním dopadlo, kdyby ho byl šrapnel za chvilku definitivně nezamordoval. Možná, že kdyby ho nakonec přece jen nevoddělali, že by byl taky dostal stříbrnou medalii za statečnost. Když mu to urazilo hlavu,tak,jak se kutálela, ještě vykřikla: ,Vždy povinnosti věrné spěch, byť vůkol vanul smrti dech!’“
Litteratur
- Kriegs-Kalender des Fremden-Blatt, ,1915 [a]
- Die silberne Tapferkeitsmedaille zweiter Klasse, ,14.10.1915 [b]
- Die Jäger sind schon vorne..., ,26.9.1918 [c]
- Nachrichten über Verwundete und Kranke, ,7.4.1915 [d]
- Ranglisten des Kaiserlich und Königlichen Heeres (s. 845), ,1918 [e]
Skomakar Petrlík | ||||||
|
Petrlík er ein avdød skomakar som vert nemnd av Švejk då denne på sitt omstendelege vis prøver å forklara løytnanten på stasjonen i Tábor kvifor han ikkje kom med toget.
Bakgrunn
I adressebøkene for Praha i 1907 og 1910 er det oppførd fleire Petrlík men ingen av dei var skomakarar. Eit par av desse kan Hašek godt ha kjendt eller visst om. Ein Josef Petrlík var tilsett ved Banka Slavia der Hašek arbeidde ei kort stund i 1902 og 1903.
Kristián Petrlík (1842-1908) var professor ved den tekniske høgskulen på Karlovo náměstí der forfattaren kjende mange. Sistnemnde døydde 31. mars 1908 så kan det vera at Hašek "degraderte" den ærverdige professoren til skomakar? Uansett er det neppe meir ein lån av namn der er snakk om.
Salát-Petrlík
Petrlík er òg eit namn forfattaren kan ha henta frå Jaroslav Salát-Petrlík som arbeidde for dei tsjekkiske sosialdemokratane (kommunistane) i Moskva då Hašek kom heim frå Russland i 1920. Det eigentlege namnet hans var Petrlík. 17. september 1920 sende Hašek han eit brev der han oppsumerte aktivitetane sine i Russland frå 1918 og utover, meir eller mindre ein CV som støtta opp under hans truverd som kommunist. Originalen er ikkje funnen, difor har det vorte oppstått tvil om brevet i det heile tatt er ekte. Jan Berwid-Buquoy er den fremste eksponenten for denne teorien, han omtalar brevet i begge bøkene sine om Hašek. I 1983 nådde debatten nådde jamvel spaltene til det kommunistiske partiorganet Rudé Pravo.
Dokument československého parlamentu, 15.5.1921
Za nimi pak jel 11. října 1920 nynější vůdce československé kolonie v Moskvě, známý Salát-Petrlík, který byl určen, aby osobně řídil revoluční akci. Po nezdařeném pokusu se pak Salát opět vrátil do Moskvy, kamž přibyl 17. ledna 1920.
Sitat
[II.1] „Poslušně hlásím, pane lajtnant, že vono je třeba, aby to lezlo ze mě jako z chlupatý deky, aby byl přehled vo celý události, jak to vždycky říkal nebožtík švec Petrlík, když poroučel svýmu klukovi, než ho začal řezat řemenem, aby si svlíkl kalhoty.“
Kjelder: Radko Pytlík, Jan Berwid-Buquoy
Litteratur
- Stenoprotokol, 73. schůze, 15.7.1921,
- Prof Petrlík ✝, ,31.3.1908
Korporal Palánek | |||||
|
Palánek fekk på stasjonen i Tábor i oppdrag å skaffa Švejk bilett vidare til Budějovice. Han hadde ikkje pengar så hans overordna bestemde at Švejk måtta halda fram til fots. I lys av ein sekvens litt tidlegare i handlinga synest han å høyra til i k.k. Landwehr.
Bakgrunn
Det har ikkje lukkast å finna nokon prototype eller inspirasjonskjelde for denne korporalen. Palánek er eit relativt sjeldant etternamn.
Sitat
[II.1] Poněvadž se Švejk nehýbal a stále držel ruku na štítku čepice, poručík zařval: „Marsch hinaus, neslyšel jste, abtreten? Korporál Palánek, vezměte toho chlapa blbého ke kase a kupte mu lístek do Českých Budějovic!“ Desátník Palánek se za chvíli objevil opět v kanceláři. Pootevřenými dveřmi nakukovala za Palánkem dobromyslná tvář Švejkova.
Salomo | |||||
*? - †931 BC Jerusalem | |||||
|
Salomo vert indirekte nemnd av forfattaren når han beskriv løytnanten på Táborské nádraží si drastiske avgjerd om å la Švejk halda fram til Budějovice til fots. Det er uttrykket "salomonisk løysing" som vert brukt.
Bakgrunn
Salomo var konge av Judea i gamle-testamentet, son til David. Han var kjend for sin visdom. Om han verkeleg har eksistert er omstridd.
Ein "salomonisk dom" er ein kløktig og rettferdig dom i ei vanskeleg sak. Uttrykket refererer til 1. Kongebok 3,16-28 om kong Salomo, som avgjorde ein tvist mellom to kvinner om eit barn som dei begge hevda var deira (Caplex.no).
Sitat
[II.1] Poručík dlouho nedal na sebe čekat se šalomounským rozřešením trudné otázky. „Tak ať jde pěšky,“ rozhodl, „ať ho zavřou u pluku, že se opozdil; kdo se s ním tady bude tahat.“
Skrivst òg:ŠalomounczSalomodeSolomonen
II. Ved fronten | |||
1. Švejk sine uhell på toget |
© 2008 - 2024 Jomar Hønsi | Sist oppdatert: 20.11.2024 |