void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Stader

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914 som viser militærdistrikta og Švejk si rute. Heile handlinga i romanen føregjekk på Dobbeltmonarkiet sitt territorium.

Den gode soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar og øyar er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin internettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet.
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, romanen på nett og dessutan til svejkmuseum.cz.

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

Stader liste over stader som er omtala i romanen (592) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

15. Katastrofe

Zillerguten flag
Søk

Zillergut kjem opp i samband med forfattaren sin omtale av Oberst Kraus. Forfedrane hans tok adelspredikatet sitt frå Zillergut, ein eller anna landsby i Herzogtum Salzburg som dei hadde plyndra ut på 1700-talet.

Bakgrunn

Zillergut er eit ukjendt geografisk omgrep, og svært truleg noko forfattaren har funne på. Nokon landsby Zillergut ved Salzburg eller andre stader finst ikkje, òg eit søk i gamle aviser viser ingen resultat utover samnamnet "Zillergut" (uviss etymologi). Forfattaren har kanskje hadd Zillertal i tankane, men dette er eit dalføre i Tyrol, ikkje nokon landsby i Herzogtum Salzburg.

Sitat
[I.15] Plukovník Bedřich Kraus, mající též přídomek von Zillergut, po nějaké vesničce v Solnohradech, kterou jeho předkové prožrali již ve století osmnáctém, byl úctyhodným pitomcem.
Herzogtum Salzburgen flag
Wikipedia czdeensv KartSøk
salzburg.jpg

Blikk von der Humboldt-Terrasse, nach 1910

© Stadtarchiv Salzburg

salcpursko.png

Ottúv slovník naučný, 22. Rozkošný-Schloppe, 1904

salzburg.png

Salzburg på tredjeplass i lesing/skriving.

Rozkvět, 10.12.1913

eb59.png

Ergänzungsbezirk Nr. 59

Schematismus für das k.u.k. Heer und für die k.u.k. Kriegsmarine 1911

Herzogtum Salzburg kjem opp i samband med forfattaren sin omtale av Oberst Kraus. Forfedrane hans tok adelspredikatet sitt frå Zillergut, ein eller anna landsby i området som dei hadde plyndra ut på 1700-talet. Dermed er det hertugdømet Salzburg der er snakk om, snarare enn sjølve byen.

Bakgrunn

Herzogtum Salzburg (Hertugdømet Salzburg) (hertugdømet Salzburg) var eit av 15 kronland i Cisleithania. Det vart innlemma i Austerrike i 1816 som eit resultat av Napoleonskrigane og var dermed ein del av Austerrike-Ungarn frå 1867. Frå 1. januar 1850 hadde hertugdømet status som kronland med eiga regjering, leia av ein Landeshauptmann.

Hertugdømet tilsvara dagens Land Salzburg, ein av dei ni delstatane i det moderne Austerrike. Det grensa til Bayern, Tyrol, Kärnten, Steiermark og Österreich ob der Enns (no Oberösterreich). Folketalet var ved starten av 1900-talet litt under 200 000, fordelt på seks krinsar (Salzburg Stadt, Salzburg Umgebung, Hallein, Zell am See, St. Johann og Tamsweg).

Tsjekkisk terminologi

Forfattaren brukar fleirtals-omgrepet Solnohrady (Saltborgene), i motsetning til eintalsforma Solnohrad som viser til byen Salzburg. Solnohrady og Salcpursko vart på forfattaren si tid brukte om eit anna men begge viste til hertugdømet Salzburg. På tsjekkisk vart byen tidlegare òg kalla Salcpurk, men i våre tider (2011) er Salcburg mest brukt.

Militært

Byen Salzburg og kronlandet høyrde militært til Korpskommando Nr. 14 som hadde sete i Innsbruck. Byen var òg sete for rekrutterings-distrikt nr. 59 med "husregimentet" Infanterieregiment Nr. 59. I 1914 var likevel berre ein bataljon frå husregimentet forlagde her. Salzburg var òg sete for Feldkanonenregiment Nr. 41, ein militærdomstol og dessutan Platzkommando.

Tsjekkiske soldatar

Det kan òg nemnast at staben og tre bataljonar frå Infanterieregiment Nr. 75 var forlagde i Salzburg frå 1912 til 1914 så byen hadde ved krigsutbrotet eit stort innslag av tsjekkiske soldatar.

Sitat
[I.15] Plukovník Bedřich Kraus, mající též přídomek von Zillergut, po nějaké vesničce v Solnohradech, kterou jeho předkové prožrali již ve století osmnáctém, byl úctyhodným pitomcem.

Skrivst òg:Duchy of SalzburgenSolnohradyHašekSalcburské vévodstvíczHertugdømet Salzburgno

Litteratur
Na Příkopěen flag
Wikipedia czdeen KartSøk Švejkova cesta
prikop.jpg

Na Příkopě / Am Graben, 1908

prikopy.png

Politirapport. Hašek arrestert etter bråk på Příkopy 1 januar 1907. Omsett av Břetislav Hůla.

© LA-PNP

Na Příkopě vert omtala avdi Oberleutnant Lukáš var på veg til hjørnet av denne gata og Panská ulice for å møta ei dame då det fatale møtet med Oberst Kraus fann stad.

Bakgrunn

Na Příkopě er ei kjend gate i Praha, ofte kalla berre Příkopy, ei av dei finare handlegatane. Under Austerrike var dette området tysk-dominert, og var òg på den tida ekslusivt.

Gata heitte Am Graben på tysk, ein paralell til den tilsvarande eksklusive gata med same namn i Wien. Namnet betyr direkte omsett På Vollgrava.

Full og uregjerleg

"Tyske" Příkopy var neppe gata Hašek vanka mest i, men ein episode er notert. Klokka tre om morgonen 1. januar 1905 laga Hašek oppstyr på denne gata. Overstadig berusa vifta han om seg med armane og fornærma tyske studentar. Eit av vitna til hendinga var "den tyske filosofen" Paul Kisch, bror til den seinare så vidkjende Egon Erwin Kisch. Bråkmakaren tilstod at han hadde vore svært full og la til at han ikkje hugsa så mykje av det. Hendinga vart protokollført og er teken vare på i politiarkiva. Břetislav Hůla omsette den til tsjekkisk.

Sitat
[I.15] Vyšli na ulici a nadporučík Lukáš zaměřil se psem na Příkopy. Měl se setkat s jednou dámou na rohu Panské ulice. Byl zabrán v úřední myšlénky. O čem má zítra přednášet jednoročním dobrovolníkům ve škole?

Skrivst òg:PříkopyHašekAm Grabende

Litteratur
Panská uliceen flag
KartSøk Švejkova cesta
panska.jpg

Hjørna av Příkopy og Panská, oktober 2010.

© Jomar Hønsi

Panská ulice er omtala i samband med at Oberleutnant Lukáš var på veg til hjørna av Na Příkopě og denne gata for å møta ei dame då det fatale møtet med oberst Oberst Kraus skjedde.

Bakgrunn

Panská ulice er ei relativt kort sidegate til Na Příkopě i retning sørover mot jernbanestasjonen. I sørenden munnar ut i Jindřišská. I Panská ul. (Herrengasse) heldt mellom anna Prager Tagblatt og piaristane til (sjå U Piaristů).

Den gode soldat Švejk i fangeskap

I Dobrý voják Švejk v zajetí er gata nemnd men i samanheng med opplysninga om at redaksjonen i Prager Tagblatt heldt til her.[1]

Velmi zamyšleně se tvářil pán v prostředních letech, velmi slušně oděný, který se včera dostal do chumlu před Prager Tagblattem v Panské ulici.

Sitat
[I.15] Vyšli na ulici a nadporučík Lukáš zaměřil se psem na Příkopy. Měl se setkat s jednou dámou na rohu Panské ulice. Byl zabrán v úřední myšlénky. O čem má zítra přednášet jednoročním dobrovolníkům ve škole?
[I.15] Z těchto myšlének byl vyrušen přísným „halt“, právě když se přiblížil k Panské ulici.
Litteratur
Referensar
1Dobrý voják Švejk v zajetíJaroslav Hašek1917
Náchoden flag
Wikipedia czdeen KartSøk
nachod.jpg
nachod.png

Lidové noviny,14.10.1936

Náchod vert nemnd ettersom Švejk hadde høyrt av ein soldat på kaserna at ein kunne høyra artilleriet frå fronten heilt hit og at den russiske tsaren snart var i Kraków.

Bakgrunn

Náchod er ein by i det austlege Böhmen, berre få kilometer frå grensa mot Polen. Avstanden til fronten i november 1914 (Raba) var 300 km så påstanden om at artilleriet kunne høyrast heilt hit er tvilsam og truleg heller eit populært utsagn.

Hašek i Náchod

Jaroslav Hašek vitja Náchod-distriktet i august 1914, noko som finn vegen inn i romanen mellom anna via Josefov og Jasenná.

I 1936 skreiv Eduard Bass om ein episode som òg kan knytast til opphaldet og ikkje minst til dette fragmentet av romanen. Ein dag i byrjinga av krigen var forfattaren innom vinkneipa U Petříku der han laga oppstyr ved å snakka russisk høglydt og då han vart bedd om å dempa seg spurde han: "Kvifor skulle eg det? I går var eg der borte ved Náchod og alt no snakkar dei slik der"[a].

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Náchod 11 804 innbyggjarar der 11 632 (98 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okres Náchod, forvaltningsdistriktet var hejtmanství Náchod. Distriktet hadde 59 330 innbygjarar og berre 320 av desse oppgav tysk som morsmål.

Kjelde:Seznam míst v království Českém(1913)

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Náchod vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 18 (Königgrätz) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 11 (Jičin).

Sitat
[I.15] Když oba potom ještě dále tlumočili názor českého člověka na válku, voják z kasáren opakoval, co dnes slyšel v Praze, že u Náchoda je slyšet děla a ruský car že bude co nejdřív v Krakově.

Kjelder: Radko Pytlík

Litteratur
Referensar
aVinárník Petřík umřelLidové novinyEduard Bass14.10.1936
Prašná bránaen flag
Wikipedia czdeen KartSøk
prasna.jpg

Frå 1856, slik den kan ha sett ut då Crenneville marsjerte gjennom

prasna.png

Knappův průvodce po Praze a okolí, 1900

Prašná brána er nemnd i ein song Švejk syng etter den ugreie heimkomsten til Oberleutnant Lukáš etter at denne hadde vorten teken av Oberst Kraus på spasertur med den stolne Fox. I handlinga vert den ikkje nemnd, men møtet mellom Lukáš og obersten fann stad eit steinkast frå tårnet.

I [III.4] vert tårnet nemnd att i den lange soga om den uheldige Oberst Fliedler og vitjinga hans hjå tannlegen.

Bakgrunn

Prašná brána (Kruttårnet) er eit gotisk tårn og tidlegare byport i Staré město, bygd mot slutten av 1400-talet. Mellom 1878 og 1886 vart tårnet bygd om i pseudo-gotisk stil, noko som gjer at det ser annaleis ut no enn på biletet. Arkitekten som leia renoveringa var den kjende Josef Mocker (1835-1899). Tårnet ligg ved Náměstí Republiky og er 65 meter høgt.

Den nemnde songen har fleire variantar som ikkje nemner Prašná brána. Sjå Graf Crenneville for meir om dette.

Sitat
[I.15]
Mašíruje Grenevil 
Prašnou bránou na špacír, 
šavle se mu blejskají, 
hezký holky plakají
[III.4] Ale ten obrst Fliedler, to vám byl taková potvora mizerná, dej mu pámbu nebe, že chodil druhej den po Praze a hledal někoho, kdo se vodvážil z našeho regimentu vylézt z kasáren, a někde u Prašný brány potkal taky šťastně Železnýho a hned na něho spustil: ,Já ti tám, já ti náučím, já ti dfakrát oslatím!’

Skrivst òg:Powder TowerenPulverturmdeKruttårnetno

Litteratur
Ohřeen flag
Wikipedia czdeennn KartSøk
ohre.jpg

Čechy, 1896

Ohře vert nemnd av Oberst Kraus som feilaktig meiner den renn ut i Vltava ved Budějovice.

Bakgrunn

Ohře er ei elv i det nordvestlege i Böhmen, kjelda er i Fichtelbebirge i Bayern. Elva munnar faktisk ut i Vltava, men ved Litoměřice, ikkje i Budějovice som obersten meiner. Den totale lengda er 316 km og nedslagsfeltet er på 5,588 kvadratkm.

Sitat
[I.15] Víte, kde jsou Budějovice? Na Vltavě, ano, na Vltavě a vtéká tam Ohře nebo něco podobného.

Skrivst òg:Egerde

Nekázankaen flag
KartSøk Švejkův slovník
nekazanka.jpg

Nekázanka,1907

nekazanka.png

Stehlíkův historický a orientační průvodce ulicemi hlavního města Prahy,1929

Nekázanka vert nemnd avdi Oberleutnant Lukáš skulle halda avskjedselskapet sitt ein stad i denne gata. Dette var siste gong i heile Den gode soldat Švejk at handlinga enno føregjekk i Praha.

Gata vert seinare nemnd i samband med Nechleba og puben V čubčím háji.

Bakgrunn

Nekázanka er ei kort gate i Praha II. som går mellom Na Příkopě og Jindřišská. Den har eksistert sidan 1300-talet, under ulike namn. Viktigaste bygningen var Landsbanken og gata hadde dessutan fleire restaurantar.

Kvifor Oberleutnant Lukáš heldt avskilsfesten sin i akkurat denne gata er ikkje lett å forklara. Kanskje budde han i området? (at han gjekk tur med den stolne hunden MaxNa Příkopě peikar i same retning). Kanskje låg dei ein offisersklubb i gata? Han kan òg sjølvsagt ha feira i ein restaurant eller forsamlingslokale her.

Sitat
[I.15] Tím byl příjemný hovor ukončen a nadporučíkovi se velice ulehčilo, když vyšel z kanceláře a šel do školy jednoročních dobrovolníků, kde oznámil, že v nejbližších dnech jede na frontu, a uspořádá proto večírek na rozloučenou v Nekázance.
[II.1] Já mám takovou smůlu jako nějakej Nechleba z Nekázanky, který tam chodil do hospody ,V čubčím háji’.
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

15. Katastrofe