void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Stader

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914 som viser militærdistrikta og Švejk si rute. Heile handlinga i romanen føregjekk på Dobbeltmonarkiet sitt territorium.

Den gode soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar og øyar er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin internettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet.
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, romanen på nett og dessutan til svejkmuseum.cz.

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

Stader liste over stader som er omtala i romanen (592) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

2. Den gode soldat Švejk på hovudpolitistasjonen

Holiceen flag
Wikipedia czdeen KartSøk
holice.jpg

Holice, 1925

holice.png

Ottův slovník naučný,1897

Holice var heimstaden til ein bonde som vart utsett for eit mislukka rovmord. Gjerningsmannen var ein av dei seks som sat arrestert saman med Švejkc.k. policejní ředitelství. Han ville ikkje ha noko med dei andre å gjera for å unngå at mistankar om at han skulle ha utførd eit politisk brotsverk.

Bakgrunn

Holice er ein småby ved Pardubice med eit folketal på 6542 (2022).

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Holice 5 938 innbyggjarar der 5 924 (99 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okres Holice, forvaltningsdistriktet var hejtmanství Pardubice.

Kjelde:Seznam míst v království Českém(1913)

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Holice vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 98 (Hohenmauth) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 30 (Hohenmauth).

Sitat
[I.2] „Kvůli Sarajevu!“, „kvůli Ferdinandovi!“, „kvůli té vraždě na panu arcivévodovi!“, „pro Ferdinanda!“, „za to, že pana arcivévodu odpravili v Sarajevu!“. Šestý, který se těch pěti stranil, řekl, že s nimi nechce nic mít, aby na něho nepadlo nijaké podezření, on že tu sedí jen pro pokus loupežné vraždy na pantátovi z Holic.

Skrivst òg:Holitzde

Řetězová uliceen flag
KartSøk Švejkův slovník
retezova.jpg

kol.1915 • Průhled Řetězovou ulicí. Uprostřed v pozadí dům čp. 232 v Husově ulici na Starém Městě.

Řetězová ulice i form av Café Montmartre er staden der ein feit eigar av ein papirhandel hadde vorte sedd full av detektiv detektiv Brixi, saman med to serbiske studentar. Dette førde rakt til cella på c.k. policejní ředitelství.

Bakgrunn

Řetězová ulice er ei gate svært sentralt i Praha, like ved notidas turist-rute. Café Montmartre låg i si tid her, og er no (2010) open att på same eigedomen.

Sitat
[I.2] Výjimku dělal neobyčejně tlustý pán s brýlemi, s uplakanýma očima, který byl zatčen doma ve svém bytě, poněvadž dva dny před atentátem v Sarajevu platil „U Brejšky“ za dva srbské studenty, techniky, útratu a detektivem Brixim byl spatřen v jejich společnosti opilý v „Montmartru“ v Řetězové ulici, kde, jak již v protokole potvrdil svým podpisem, též za ně platil.

Skrivst òg:Kettengassede

Litteratur
Hodkovičkyen flag
Wikipedia cz KartSøk
hodkovicky.jpg

Hodkovičky var der formannen i den lokale velforeninga Spolek Dobromil var uheldig med uttalelsane sine då politiet ba dei avslutta eit selskap grunna den store sorga Austerrike var i. Formannen hamna i cella på c.k. policejní ředitelství saman med Švejk og dei andre konspiratørane.

Bakgrunn

Hodkovičky er ein bydel i dei sørlege utkantane av Praha ved Vltava. I 1914 var Hodkovičky enno ein landsby og den vart del av hovudstaden fyrst i 1949.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Hodkovičky 719 innbyggjarar der 718 (99 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okres Nusle, forvaltningsdistriktet var hejtmanství Královské Vinohrady.

Kjelde:Seznam míst v království Českém(1913)

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Hodkovičky vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 28 (Prag) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 8 (Prag).

Sitat
[I.2] Třetí spiklenec byl předseda dobročinného spolku „Dobromil“ v Hodkovičkách. V den, kdy byl spáchán atentát, pořádal „Dobromil“ zahradní slavnost spojenou s koncertem. Četnický strážmistr přišel, aby požádal účastníky, by se rozešli, že má Rakousko smutek, načež předseda „Dobromilu“ řekl dobrácky: „Počkají chvilku, než dohrajou ,Hej, Slované’.“
Londonen flag
Wikipedia czdeennn KartSøk
london.jpg

Světem letem, Enrique Stanko Vráz,1896

London er side-tema i dialog av Švejk sin med-arrestant på c.k. policejní ředitelství som hadde fasthelde at ingen attentat interresserte han det minste - om det så var i Praha, Wien, Sarajevo eller London.

I [II.4] dukkar byen opp i ein anekdote Švejk fortel sine medfangar då han sit innesperra etter skandalen med herr Kakonyi.

Bakgrunn

London var i 1914 ikkje berre hovudstaden i England men óg det enorme Britiske Imperiet. Krigslysinga mot Tyskland 4. august 1914 og mot Austerrike-Ungarn 12. august kom herfrå.

Byen vart frå 1915 utsett for tyske luftåtak og 670 omkom. Av andre henvisningar tilknytta London i Den gode soldat Švejk er Sir Edward Grey og magasinet Country Life.

Sitat
[I.2] „Mne vůbec žádná vražda nezajímá, ať je třebas v Praze, ve Vídni, v Sarajevu nebo v Londýně. Od toho jsou úřady, soudy a policie. Jestli někde někoho zabijou, dobře mu tak, proč je trouba a tak neopatrný, že se dá zabít.“
[II.4] Začal dělat dědičně zatíženýho, a když ho štábní lékař prohlížel, tak prohlásil, že von nedesentýroval, že už vod mládí rád cestuje, že má vždycky touhu někam daleko zmizet. Že jednou se probudil v Hamburku a podruhý zas v Londýně, a že nevěděl, jak se tam dostal.

Skrivst òg:Londýncz

Záběhliceen flag
Wikipedia czen KartSøk
zabehlice.jpg

Panoramatický pohled na Záběhlice. V pozadí vlevo kostel Narození P. Marie, vpravo v dáli Spořilov, 1929

© AHMP

Záběhlice er nemnd i anekdote av Švejk der temaet er skuldspørsmål. Švejk "oppmuntra" cellekameratane sine med at Jesus Kristus òg var uskuldig men at han likevel vart dømd - akkurat som den uskuldige sigøynaren i Záběhlice.

I [II.3] fortel Sappeur Vodička Švejk om eit slagsmål han hadde provosert fram på den lokale restauranten Na Růžovém ostrově.

Bakgrunn

Záběhlice finst det fleire av i Böhmen men det er to kandidatar ved Praha som peikar seg ut. Den fyrste og mest opplagde kandidaten er ein småby som låg i okres Vršovice og som sidan 1922 har vore ein bydel i Praha. I anekdota til Sappeur Vodička er det utan tvil denne der er snakk om ettersom han nemner Na Růžovém ostrově.

Den andre ligg ved Zbraslav og er noko mindre. Dessutan finst det Záběhlice ved Ledeč i Vysočina, ved Příbram og i Sedlčansko.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Záběhlice 2 669 innbyggjarar der 2 664 (99 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okres Vršovice, forvaltningsdistriktet var hejtmanství Královské Vinohrady.

Kjelde:Seznam míst v království Českém(1913)

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Záběhlice vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 28 (Prag) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 8 (Prag).

Sitat
[I.2] Nebo ten nevinnej cikán v Záběhlicích, co se vloupal do toho hokynářskýho krámu na Boží hod vánoční v noci. Zapřísáh se, že se šel vohřát, ale nic mu to nepomohlo.
[II.3] „Plácnu taky ženskou, Švejku, mně je to jedno, to ještě neznáš starýho Vodičku. Jednou v Záběhlicích na ,Růžovým ostrově’ nechtěla se mnou jít jedna taková maškara tančit, že prej mám voteklou hubu.

Skrivst òg:Zaběhlitzde

Kočevjeen flag
Wikipedia czdeenit KartSøk Švejkův slovník
kocebrak.jpg

© Richard Ruppe

hula_kocevje.png

Břetislav Hůla

Kočevje er indirkete nemnd gjennom ordet Kočevje-korg. Dette er i samband med at ein bosniar kom inn på c.k. policejní ředitelství og var redd for å mista korga si.

Bakgrunn

Kočevje er ein by og region i det sørlege Slovenia som gav namn til det tsjekkiske omgrepet Kočevje-korg. Det var ei korg selgjarar bar på brystet, støtta med eit belte rundt aksla.

Området rundt Kočevje var gjennom 600 år ein tysk-talanda enklave, kjend som Gottschee. Språket Gottscheerisch er kategorisert som Ober-bairisch men i løpet av hundreåra i isolasjon skilde det seg etter kvart meir og meir frå originalen.

Etter at tyrkarane øydela området rundt år 1500, vart dei fattige innbyggjarane gjevne keisarlege fullmakter til å driva handel i naboområda, og etter kvart utvida dei handelen sin til å omfatta område så langt borte som Wien og Praha. Reisande kramkarar frå Gottschee vart eit vanleg syn i store deler av Habsburg-riket, framfor alt vinterstid. Handelen fekk eit tilbakeslag gjennom den industrielle revolusjon og betre transport, men spikearen i kista var oppløysinga av Austerrike-Ungarn som førde til at mesteparten av marknadene vart liggjande bak dei nye statsgrensene.

Det kan synast som om omgrepet Kočevje-korg er avgrensa til det tsjekkiske språket og så vidt eg veit finst det ikkje noko liknande ord på tysk. I Grete Reiner si omsetjing av romanen vert det lagd til ein fotnote som forklarar Gottscheerkorb. Det ålmenne omgrepet på tysk er Hausiererkorb (dørselgjarkorg). Ingen av omsetjingane på engelsk eller norsk formidlar den geofrafiske dimensjonen ved ordet, og Paul Selver si omsetjing nemner ikkje korga i det heile.

Oppløysinga av Austerrike-Ungarn var berre det fyrste i ei rekkje tilbakeslag for Gottscheesamfunnet. Dei vart utsette for sterk diskriminering i mellomkrigstidas Jugoslavia, og i 1941 vart regionen råka av ei katastrofe: dei enno talrike innbyggjarane i Gottschee vart tvangsflytta etter at ein avtale mellom Hitler og Mussolini slo fast at Kočevje skulle tilhøyra Italia. I etterkrigstida sitt Jugoslavia vart i tillegg språket forbode. I dag er det nesten utdøydd; berre enkeltindivid i USA, Austerrike, Slovenia og Tyskland beherskar det. I fylgje UNESCO er Gottscheerisch mellom dei krtisk trua språka (critically endangered languages).

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Kočevje 2 828 innbyggjarar. Tingdistriktet var Gerichtsbezirk Gottschee og forvaltningsdistriktet var Bezirkshauptmannschaft Gottschee.

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Kočevje vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 17 (Laibach) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 27 (Laibach).

Gottscheerkorb

Hausiererkorb: Viele Einwohner der Gottschee, einer Sprachinsel in Slowenien, zogen besonders im Winter als Wanderverkäufer durch die Länder der alten Monarchie.

Sitat
[I.2] Zatím přivedli nové dva. Jeden z nich byl Bosňák. Chodil po komoře, skřípal zuby a každé jeho druhé slovo bylo: „Jeben ti dušu.“ Mučilo ho pomyšlení, že se mu na policejním ředitelství ztratí jeho kočebrácký košík.

Skrivst òg:GottscheedeCocevieit

Litteratur
Eliščin mosten flag
Wikipedia czen KartSøk Švejkův slovník
eliscin.jpg

Eliščin most er nemnd i anekdote av Švejk om kor bra dei innsette hadde det no for tida. Denne referer til Jan Nepomucký som skal ha vorte kasta ut frå denne brua og drukna.

Brua vert nemnd at i del 3, no av Leutnant Dub som brukar det formelle Most císaře Františka Josefa I.

Bakgrunn

Eliščin most var dåtidas folkelege namn på Most císaře Františka Josefa I. over Vltava i den nordlege delen av Praha. Den vart riven i 1947 og på staden vart den noverande Štefánikův most bygd. Både den gamle og den nye brua har vore omdøypte fleire gonger, sist i 1997.

I røyndomen vart liket av helgenen kasta ut frå Karlův most.

Sitat
[I.2] Nebo mu dali nohy do španělský boty a natáhli ho na žebřík, když se nechtěl přiznat, nebo mu pálili boky hasičskou pochodní, jako to udělali svatému Janu Nepomuckému. Ten prej řval při tom, jako když ho na nože bere, a nepřestal, dokud ho neshodili s Eliščina mostu v nepromokavým pytli.

Skrivst òg:Eliška's bridgeParrottThe Eliška bridgeSadlonElisabethbrückede

Litteratur
Golgataen flag
Wikipedia czdeennnno KartSøk
golgata.jpg

Golgota, Gemälde von Mihály von Munkácsy, Öl auf Leinwand, 460 × 712 cm (1884) Déri-Museum, Debrecen

Golgata vert omtala symbolsk av forfattaren: Švejk bar sin kross til sitt Golgata i tredje avdeling på hovudpolitistasjonen.

Bakgrunn

Golgata was ein rettarstad utanfor Jerusalem der Jesus vart krossfesta i lag med to opprørarar. Namnet er ei gresk form av det arameiske Gûlgaltâ, som tyder «hovudskalle», og namnet kan anten visa til ein naturformasjon som liknar ein hovudskalle eller til ein stad det ligg mange hovudskallar. Golgata skal liggja ein stad utanfor Jerusalem.

Sitat
[I.2] A tak, stoupaje po schodišti do III. oddělení k výslechu, Švejk nesl svůj kříž na vrchol Golgoty, sám ničeho nepozoruje o svém mučednictví.

Skrivst òg:GolgotaczGolgathadeGolgothaen

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

2. Den gode soldat Švejk på hovudpolitistasjonen