Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private.
Desse var fram til 15. september 2013 kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar
einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemt geofrafiske punkt slik som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste
vert difor skilde ut i denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar
som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.
Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som
rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt geografisk punkt. Difor vil Praha og Wien
framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta
tilhaldsstad, og døme på dette er Odvodní komise og Kriegsministerium.
Namna er fargekoda etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme:
U kalicha som ein stad der handlinga føregår,
k.u.k. Kriegsministerium omtala av forfattaren,
Pražské úřední listy som del av ein i dialog, og
Stoletá kavárna nemnd i ei anekdote.
Na Zavadilce
er nemnd i kommentaren til Švejk når han overhøyrer samtalen mellom Major Wolf og kapteinen der konklusjonen til den fyrste er at han skal hengjast etter summarisk rettargang. I fylgje Švejk var det ein pub i Libeň.
Bakgrunn
Na Zavadilce
har det enno ikkje lukkast å identifisera med sikkerheit. Noko hospoda som heitte dette ser ikkje ut til å ha funnest i Libeň. I Karlín var det derimot ein restaurant med dette namnet. Den låg i Královská třída 91, som ikkje er langt frå Libeň så det kan vera denne Švejk hadde i tankane.
Sitat
[IV.1] Švejk, kterého vedli napřed a slyšel celý zajímavý rozhovor, neřekl nic jiného svým průvodčím než: „Pěšky jako za vozem. To jsme se vám jednou v hospodě ,Na Zavadilce’ v Libni hádali mezi sebou, jestli máme nějakýho kloboučníka Vašáka, kerej vždycky dělal při zábavě neplechu, vyhodit, hned jak se vobjeví ve dveřích, nebo ho vyhodit, až si dá pivo, zaplatí a dopije, nebo mu vyndat boty, až přetančí první kolo.
Ratskeller
vert omtala i anekdoten som Švejk brukar mot spionen som kjem inn i cella hans i Przemyśl.
Bakgrunn
RatskellerRådhuskjellaren
er ein restaurant i Graz som enno er i drift. Addressa er Hauptplatz 17. Den engelske oversetjinga til Cecil Parrott legg den av ukjende grunnar til Steyr.
Sitat
[IV.1] Všechny lidi, který potkával na ulici, viděl buď na nádraží v Miláně, nebo s nimi seděl ve Štýrským Hradci v radničním sklepě při víně.
Lustige Blätter
vert av forfattaren omtala som utgivar av nokre tåpelege hefte som General Fink gjerne siterer frå.
Bakgrunn
Lustige Blätter
var eit illustrert humoristisk vekeblad som kom ut frå 1886 til 1944. Det vart grunnlag i Hamburg i 1886 av Alexander Moszkowski og Otto Eysler. Fyrstnemnde var sjefsredaktør fram til 1928, medan forlaget i 1915 heitte Verlag der "Lustigen Blätter" (Dr. Eysler & Co.) G.m.b.h.. Alt i 1887 flytta dei redaksjonen til Berlin.
Serien Tornister-Humor
Forlaget deira gav frå tidleg i 1915 ut den patriotiske heftesamlinga Tornister-Humor, kvart på 64 sider. Forfattaren sin omtale av omstenda rundt hefta er nokså nøyaktig. Både Schloemp og Artur Lokesch bidrog i 1915 og Jaroslav Hašek noterer heilt korrekt namna på nokre av hefta dei var med på[a]. Han ramsar òg opp nokre undertitlar, noko som gjev inntrykk av at desse òg var namn på hefte.
Sitat
[IV.1] Po všech instrukcích, které mu dával velitel garnisonní posádky, dával vždycky generál Fink něco ostrého nalít a potom mu vypravoval nejnovější anekdoty z nejblbějších svazečků, které pro vojsko byly vydány v „Lustige Blätter“.
Měl celou knihovnu takových svazečků s pitomými názvy jako „Humor v tornistře pro oči i uši“, „Hindenburgovy anekdoty“, „Hindenburg v zrcadle humoru“, „Druhá tornistra plná humoru, naládovaná Felixem Schlemprem“, „Z našeho gulášového kanonu“, „Šťavnaté granátové třísky ze zákopů“, nebo tyto hovadiny: „Pod dvojitým orlem“, „Vídeňský řízek z c. k. polní kuchyně. Ohřál Artur Lokesch“. Někdy mu také předzpěvoval ze sbírky veselých vojenských písní „Wir müssen siegen!“, přičemž naléval neustále něco ostrého a nutil polního kuráta Martince, aby pil a hulákal s ním.