Den gode soldat Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.
Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til Hauptmann Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevaran av denne vev-sida. I januar 2021 mangla det enno rundt 20 omtalar.
- Sitata er frå Jaroslav Šerák sin nettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
- Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og romanen på nett.
Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.
Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme:
- Doktor Grünstein som ein oppdikta person som tek direkte del i handlinga.
- Fähnrich Dauerling som ein oppdikta person, som ikkje tek del i handlinga.
- Heinrich Heine som historisk person.
I. Bak fronten | |||
9. Švejk i garnisonsarresten |
Herr Klíma, Jaroslav | ||||||
*13.2.1879 Kostelec nad Černými lesy - †5.5 1927 Menton | ||||||
|
Klíma vert nemnd av forfattaren når han omtalar politifolk i det austerrikske undertrykkkingsapparatet som heldt fram i stilllingane sine i det nye Tsjekkoslovakia.
Bakgrunn
Klíma var advokat og høgkommisær i Staatspolizei. Han var i fylgje Václav Menger mannen som forhøyrde Jaroslav Hašek etter den vidkjende affæren på U Valšů i november 1914, der Hašek ga seg ut for å vera handelsreisande frå Russland. Klíma er meir utførleg omtala i forteljinga Kolik kdo má kolem krku[a].
I Tsjekkoslovakia heldt han fram med å tenestegjera i politiet, men vart som kollegaen sin send i "eksil" til Slovakia. I 1927 vart han sjuk med ettervirkningar frå spanskesykja, vart send utanlands til rekonvalesens, men døydde like etter, 48 år gamal. Etterfylgjaren hans som politisjef i Bratislava var herr Slavíček.
Den gode soldat Švejk i fangeskap
I Dobrý voják Švejk v zajetí har han òg ei viktigare rolle enn i romanen ettersom han leiar forhøyret av Švejk på c.k. policejní ředitelství.[1]
Za pět minut nato Švejk, sedě na vozíku, byl s učedníkem jediným civilistou mezi mořem policejních uniforem. Právě se setkal u jeho vozíčku policejní komisař Klima s inspektorem jízdní policie Klausem. "Dobrý lov," pozdravil Klima. "Dobrý lov," odpověděl Klaus.
Sitat
[I.9] Státní policie dodávala také na garnison materiál, pánové Klíma, Slavíček & Comp. Vojenská censura dopravovala sem autory korespondence mezi frontou a těmi, které doma zanechali v zoufalství. Sem vodili četníci i staré výměnkáře, kteří posílali psaní na frontu, a vojenský soud házel jim na krk za jich slova útěchy a líčení bídy domácí po dvanácti letech.
Litteratur
- Kolik kdo má kolem krku, Jaroslav Hašek,19.2.1917J [a]
- Pražské policejní ředitelství, jeho Státní(politická) policie a její informátoři …, Zdeněk Kárník,Roč. 15, č. 7, 2007
- Za pana Drašnera,
- Pobytové přihlášky pražského policejního ředitelství, ,1851 - 1914
- Pobytové přihlášky pražského policejního ředitelství, ,1851 - 1914
- Policejní ředtitel Klíma na zotaveně, ,30.4.1927
- Policejní ředtitel bratislavský dr. Klíma žermřel, ,6.5.1927
- dr. Jaroslav Klíma, ,8.5.1927
- Dobrý voják Švejk v zajetí, ,1917 [1]
a | Kolik kdo má kolem krku | Jaroslav Hašek | 19.2.1917J |
1 | Dobrý voják Švejk v zajetí | 1917 |
Herr Slavíček, Karel | ||||||
*23.1.1874 Vodňany - †21.10.1929 Bratislava | ||||||
|
Slavíček vert nemnd når forfattaren opplyser om at herr Klíma og Slavíček begge var framleis tilsette i statspolitiet i den nye tsjekkoslovakiske republikken.
Bakgrunn
Slavíček var politimann, jurist og tenestemann i Staatspolizei, der han var tilsett frå 1900 til 1918. Han utdanna seg i jus ved Univerzita Karlova før han som 26-åring vart tilsett i politiet. Han gjorde rask karriere innafor dei hemmelege tenestene der han òg kom i direkte kontakt med Jaroslav Hašek, mellom anna i samband med den famøse episoden ved U Valšů 24. november 1914. Han vart forfremja til kommissær i 1909, til overkommisær i 1913 og i august 1915 avløyste han Viktor Chum som leiar for statspolitiet i Praha.
Slavíček var gift med Bohumila (fødd Vaníčková i 1884) og ekteparet hadde i 1912 ein son, Karel (fødd i 1905).
I teneste for Tsjekkoslovakia
Slavíček vart granska av dei nye tsjekkoslovakiske styresmaktene i 1919 men fekk halda fram i politiet, men frå no av i "eksil" i Bratislava. Han hadde i hovudrolle i oppbygginga og "avmadjariseringa" av politiet i Slovakia. Frå 1923 var han stajonert i Košice, og frå 1927 var han politidirektør i Bratislava. To år seinare døydde han brått av slag, 55 år gammal.
Endra stavemåte
I Hašek si forteljing Kolik kdo má kolem krku arresterer Slavíček og herr Klíma herrane Kramář og Klofáč og sender dei til Wien, men forfattaren fortel mest om sitt eige møte med dei under ei husransaking mot slutten av 1914[a]. Då denne soga kom på trykk i Sebrane spisy i 1925 var Slavíček omdøypt til Klabíček og Klima til Slíva. I orginalutgåva av forteljinga frå Čechoslovan 19. februar 1917 brukar forfattaren dei verkelege namna til politimennene.
Det virkar innlysande at forleggjar Adolf Synek eller redaktør Antonín Dolenský ikkje ville støyta dei to herrane som enno var i live og sat i høge stillingar i politiet i Slovakia. Kanskje var dei redde for søksmål? I Spisy Jaroslava Haška frå 1973 er denne omskrivinga ikkje retta opp att så redaktørane hadde tydelegvis ikkje lese Čechoslovan altfor nøye. Ein viss kommisær Knotek er òg omdøypt (til Snopek).
Den gode soldat Švejk i fangeskap
Slavíček er gjeven ei meir synleg rolle i Dobrý voják Švejk v zajetí der han forhøyrer Švejk personleg. Forfattaren kjem her med dårleg løynde dødstrugsmål: han veit at Slavíček og herr Klíma bur ved Riegrové sady og at i parken er det tre med greiner som toler vekta deira.[1]
Za pět minut nato Švejk, sedě na vozíku, byl s učedníkem jediným civilistou mezi mořem policejních uniforem. Právě se setkal u jeho vozíčku policejní komisař Klima s inspektorem jízdní policie Klausem. "Dobrý lov," pozdravil Klima. "Dobrý lov," odpověděl Klaus.
Sitat
[I.9] Státní policie dodávala také na garnison materiál, pánové Klíma, Slavíček & Comp. Vojenská censura dopravovala sem autory korespondence mezi frontou a těmi, které doma zanechali v zoufalství. Sem vodili četníci i staré výměnkáře, kteří posílali psaní na frontu, a vojenský soud házel jim na krk za jich slova útěchy a líčení bídy domácí po dvanácti letech.>
Kjelder: Jaroslav Šerák, Zdeněk Kárník
Litteratur
- Kolik kdo má kolem krku, Jaroslav Hašek,19.2.1917J [a]
- Za pana Drašnera,
- Pobytové přihlášky pražského policejního ředitelství, ,1851 - 1914
- Pražské policejní ředitelství, jeho Státní(politická) policie a její informátoři …, Zdeněk Kárník,Roč. 15, č. 7, 2007
- Ernennungen im Polizeidienste, ,4.8.1909
- Ernennungen bei der Prager Polizeidirektion, ,14.4.1913
- Nový řiditel státní policie v Praze, ,20.8.1915
- Policejní ředitel vládní rada Karel Slavíček v Bratislavě zemřel, ,21.10.1929
- Nekrolog, ,22.10.1929
- Plötzlicher Tod des Polizeidirektors von Preßburg, ,23.10.1929
- Zatčení dr. K. Kramáře dne 21. května 1915, ,29.12.1935
- Dobrý voják Švejk v zajetí, ,1917 [1]
a | Kolik kdo má kolem krku | Jaroslav Hašek | 19.2.1917J |
1 | Dobrý voják Švejk v zajetí | 1917 |
Stabsprofus Slavík | ||||||
|
Slavík var ein brutal "stabsprofus" (stabsvaktar) ved garnisonsarresten på Hradčany. Han var den fyrste som tok imot Švejk i fengselet og var dessutan til stades under den heilage messa som Feldkurat Katz heldt for fangane i fengselskapellet. Han kom i fengsel for tjuveri etter krigen.
Bakgrunn
Slavík er omtala som ein verkeleg person, men det har ikkje lukkast å identifisera kven forfattaren har hatt i tankane. I 1906 var det to "stabsprofusar" ved fengselet: Jan Frkal og Josef Bureš. Ellers er Slavík eit svært vanleg namn, og mellom dei mange oppføringane i adressebøkene frå 1907, 1910 og 1924 er det ingen innlysande kandidat.
Josef Slavík
I boka Sokolské rolničky av dr. Josef Slavík, medlem av Sokol og seinare Legionane, kjem det fram at denne personleg møtte Jaroslav Hašek i Volhynia i kompaniet til Oberleutnant Lukáš (sic)[s]. Det vert antyda at det er frå han forfattaren lånte etternamnet, men det einaste som er sikkert er at han neppe hadde noko med den brutale fangeknektaren å gjera. Logisk sett kan møtet berre ha funne stad i september 1915.
Den gode soldat Švejk i fangeskap
Namnet Slavík finn ein òg i Dobrý voják Švejk v zajetí, men her er det snakk om ein rettslege ved c.k. zemský co trestní soud. Denne doktoren finn ein i adresseboka frå 1907 som MUDR. Vladimír Slavík, ein universitetsprofessor frå Vinohrady.[1]
Dr. Slavík hájil názor, že člověk může náhle zblbnout a že není přitom vědom svých činů. "To mohu říci sám ze zkušenosti," pravil, "po své dlouholeté soudní praxi." Pak přinesli soudním lékařům od Brejšky snídani a lékaři při smažených kotletách se usnesli, že v případě Švejkově jde opravdu o těžký případ vleklé poruchy mysli. Dr. Slavík chtěl ještě něco říci, pak si to ale rozmyslil a objednal si ještě čtvrtku vína a podepsal též soudní nález lékařský.
Sitat
[I.9] Je úplně přirozené, že štábní profous Slavík, když přejímal Švejka, vrhl na něho pohled plný němé výčitky:„I ty máš porouchanou pověst, že jsi se dostal až sem mezi nás? My ti, chlapečku, pobyt zde osladíme, jako všem, kteří upadli v naše ruce, a ty naše ruce nejsou nějaké dámské ručky.“ Aby pak dodal váhy svému pohledu, přiložil svou svalnatou, tlustou pěst Švejkovi pod nos a řekl: „Čichni si, lumpe!“ Švejk si čichl a poznamenal: „S tou bych nechtěl dostat do nosu, to voní hřbitovem.“
Litteratur
- Josef Slavík, ,23.10.1936 [a]
- Na pvel Aurory, ,7.11.1970
- Dobrý voják Švejk v zajetí, ,1917 [1]
a | Josef Slavík | 23.10.1936 | |
1 | Dobrý voják Švejk v zajetí | 1917 |
Feldwebel Řepa | ||||||
|
Řepa var sersjant ved Posádková věznice (garnisonsarresten) - ein torturist med mange liv på samvitet. Spesialfelt hans var å bryta ribbebeina på fangane ved å hoppa på dei. Han vart òg kalla "skarprettaren". Feldwebel Řepa gjekk tilbake til yrket som murarmeister etter krigen og forfattaren antydar at han kan vera medlem av ein eller anna patriotisk skipnad.
Bakgrunn
Det har ikkje lukkast å påvisa noko konkret inspirasjonsjelde frå det verkeleg liv for denne figuren.
Sitat
[I.9] A v garnisoně trojice: štábní profous Slavík, hejtman Linhart a šikovatel Řepa, přezdívaný též „kat“, vykonávali již svou úlohu. Kolik jich umlátili v samovazbě!
[I.9] Řepa se vrátil do civilu a vykonává dál své zaměstnání zednického mistra. Může být, že je členem vlasteneckých spolků v republice.
Hauptmann Linhart | ||||||
|
Linhart var kaptein ved Posádková věznice (garnisonsarresten), men lite involvert i handlinga utover ein lite hjarteleg telefonsamtale med Auditor Bernis om Švejk sine saksdokument.
Bakgrunn
Heller ikkje denne figuren kan det ikkje påvisast noko konkret førebilete for. Rettnok tenestegjorde ein Karel Linhart i politiet i Smíchov (Jaroslav Hašek budde her i 1910-11), men samanhengen kan ikkje påvisast sjølv om Hašek sikkert kjende eller kjende til han. Linhart var eit svært vanleg namn i Praha så forfattaren kan ha visst om mange av dei.
Sitat
[I.9] A v garnisoně trojice: štábní profous Slavík, hejtman Linhart a šikovatel Řepa, přezdívaný též „kat“, vykonávali již svou úlohu. Kolik jich umlátili v samovazbě!
Feldkurat Katz, Otto | ||||||
|
Katz er nemnd 42 gonger i Den gode soldat Švejk.
Katz was feltprest ved garnisonen i Praha og utan tvil ein av dei mest kjende skikkelsane i heile romanen. Han var av jødisk opphav men gjekk over til den romersk-katolske kyrkja. Otto Katz var notorisk drikkfeldig og med tvilsam moral, men ein fargerik og intelligent person som forfattaren har tydeleg sympati for.
Katz er den einaste av Švejk sine overordna som ikkje kjeftar på tenaren sin. Feltpresten er sentral frå dette ([I.10]) og dei fire neste kapitla. Han redda Švejk unna garnisonsarresten ved å ta han til seg som offiserstenar og soldaten hadde jamt gode tider då han tente hjå Katz. Saman heldt dei feltmesser, ga den siste olje, deltok på same side i ein relegiøs debatt, og dei konsumerte alt av alkohol dei kom over. Denne idyllen enda syrgjeleg i [I.14] då Katz spela bort den lojale tenaren sin til Oberleutnant Lukáš i eit kortlag.
Forfattaren gjev lesaren ei rad biografiske detaljar om Otto Katz. Det kjem fram at han hadde studert ved eit handelsakademi, gjorde teneste som eittårsfrivilleg i k.u.k. Heer, arva handelsfirmaet Katz a spol. av faren, og hadde sett føretaket over styr i løpet av eit år. Faren gjorde opp med kreditorane i det løynde og emigrerte til Nord-Amerika utan at sonen fekk arva noko som helst.
Otto Katz hadde dermed ikkje anna utveg enn å verva seg i hæren. Men alt før dette hadde han eit framifrå påhitt. Han vende seg til Kristus i von om at dette skulle fremja karrieren hans og vart døypt av páter Alban (páter Albán) i Emauzský klášter. Opptaksprøva som offiser gjekk òg bra, så han heldt fram i hæren og hadde til og med planar om å ta eit stabskurs.
Men ein vakker dag drakk han seg full og skifta ut sverdet med kappe og krage. Han studerte til prest ved erkebiskops-seminaret (sjå Seminář) og vart ordinert. Etter avslutta studium og ordinasjon søkte han seg tilbake til hæren, og ved det gamle regimentet sitt fekk han stillingen som gjorde han vidkjend.
Som feltprest arbeidde han i Praha, budde i Královská třída i Karlín men det vert ikkje sagt kva eining han tenestegjorde ved, sjølv om forfattaren opplyser om at det var ved eit regiment. Han kjøpte seg hest, levde eit utsvevande liv med kortspel, drykk og hor - gjerne på lånte pengar som han aldri tenkte å betala attende. Mellom offiserane i regimentet var han kjend som den "Heilage Far".
Otto Katz forsvinn ut av handlinga etter det katastrofale kortlaget, men vert nemnd att av forfattaren i etterordet til Del ein. Der kjem det fram at han kom unna krigen heilskinna, hadde slutta i kyrkjetenesta etter krigen, og var vorte "prokurista" (fullmektig) hjå ein målingsfabrikk i Nord-Böhmen. Han skreiv eit langt og trugande brev til forfattaren etter at han hadde lese om seg sjølv i ei omsetjing av eit kapittel som ei viss tysk avis hadde trykt. Dei to møttest likevel, vart vel forlikte, og det viste set at drikkevanane til den tidlegare feltpresten ikkje hadde endra seg det minste.
Utover i romamen dukkar han opp eit par gonger til, men no berre i sogene som Švejk underheld medsoldatane sine med.
Bakgrunn
Nokon utvetydig modell for Otto Katz har ingen enno lukkast i å finna. Minst fire personar med dette namnet budde i Praha i 1910 og er såleis mogelege inspirasjonskjelder, men vel å merka i rolla som namnebror, jøde og handelsmann, ikkje som feltprest. Minst tre av desse dreiv i Hašek si levetid eigne firma og var dessutan jødar, så me skal etter kvart sjå nærare på dei.
I rolla som Katz har derimot all leiting vore fåfengd ettersom absolutt ingen med etternamnet Katz står oppførde i listene over geistlege i k.u.k. Heer i 1914, så om nokon verkeleg feltprest har inspirert forfattaren har han i så fall hatt eit anna namn.[a]
Augustin Knesl sine granskingar
I fylgjetongen Josef Švejk a ti druzí som vart trykt i Večerní Praha i 1983 identifiserte Augustin Knesl ein Otto Katz som han hevdar var førebiletet for Hašek sin feltprest. Denne personen var fødd i Praha i 1864, son til Leopold. Han gjekk på tysk gymnas men studerte deretter ved Obchodní akademie og Knesl legg fram mange detaljar om studietida hans der, mellom anna karakterane og kven lærarane var.
Så vert åra frå Otto Katz vart uteksaminert i 1881 og fram til 1920 hoppa over, med unnatak av "litterære fakta" som han utan synderleg skepsis låner frå romanen. Neste steget hans er nokre annonsar for eit firma Otto Katz i Celetná ulice 14, Staré město. Desse kom på trykk i 1920 og 1921 i České slovo. Knesl noterer òg at firmaet ser ut til å ha avslutta drifta i januar 1923. Dette knyter Knesl til informasjonen frå romanen, og konkluderer med at Katz gjekk konkurs to gonger. Han har tydelegvis ikkje sett for seg at det kunne finnast fleire firma som heitte Otto Katz i Praha.
Rapsolje i Libeň
Nylege undersøkingar i aviser og politidokument avslører at ein viss Otto Katz var medeigar i eit firma i Libeň som framstilde planteolje. Dette føretaket heldt til i Královská třída i Libeň og var i drift frå 1893 og minst fram til 1899. I 1902 var firmaet ikkje lenger oppførd men Otto Katz stod enno som eigar på adressa. Eit underleg samantreff med romanen er gata der firmaet heldt til. Feltpresten frå litteraturen og den fabrikkeigaren frå røyndomen budde begge i Královská třída, rettnok i motsette endar.
Ein kan no slå fast at rapsoljefabrikanten i Libeň (i nokre dokument kalla Otta) var den same som Knesl omtalar[b]. Han var fødd 6. desember 1864 i Praha, av jødisk trusretning, son til Leopold og Matylda. Han gifte seg med Marie Moravec i 1894, noko som gjer det utenkjeleg at han nokon gong var katolsk prest.
Den 1. mars 1893 registrerte han og Josef Gross frå Karlín firmaet Grossmann a Katz, produsent av rapsolje. I 1896 er Otto Katz oppførd som eineeigar og i 1899 stadfestar ein annonse at firmaet enno var i drift. Annonsen er rettnok ikkje for oljeprodukt men for møblar, noko som tyder på at føretaket var i ferd med å leggja ned. I 1902 står enno Otto Katz som eigar av bygningen (Královská třída 358) men det vert ikkje nemnt noko om firmaet eller fabrikken lenger. Dette året bur han i Podskalská ul. i Praha II., faktisk svært nær Obchodní akademie der Jaroslav Hašek studerte frå 1899 til 1902.
I adresseboka for 1910 er han på ny oppførd, no som disponent og huseigar. Han er dessutan formann i Samskipnaden for tsjekkiske rapsoljeprodusentar. Addressa hans er no Hybernská 40 og han hadde budd her minst sidan 1905. I 1915 var Katz framleis gift og enno innskriven med "israelittisk konfesjon", så i motsetning til romanfiguren konverterte han aldri. Så seint som 1932 var han enno oppførd som innehavar av den same eigedomen i Libeň. Otto Katz døydde 16. juni 1935 og kona Marie vart i 1942 deportert av nazistane og myrda i Treblinka.
Leopold Katz
I fylgje romamen var far til Katz eigar av eit handelsfirma. Den verkelege Leopold Katz, fødd i Poděbrady i 1831, død 22. april 1909, var faktisk eigar av eit firma, men dette handla med lærvarer. Han døydde i Praha så det er usannsynleg at han utvandra til Nord-Amerika. Det finst heller ingen spor etter nokon Leopold Katz i passasjerlistene for ankomstar i New York. Me har heller ikkje sett prov på at nokon Otto nokon gong tok over firmaet eller at dette gjekk konkurs. Då Otto Katz vart fødd budde familien på Pořící (Praha II., hus nr. 1071).
Sying og broderi
I adresseboka for 1910 finn me ein anna Otto Katz som dreiv eige føretak. Ved å samanlikna adresser i politibøker og adressebok veit ein at ein Otto Katz frå Sedlec budde i Ferdinandova tř. 25 i 1910 og dreiv eit sy- og broderiføretak. Han var gift med Božena som konverterte til jødedomen då ho gifta seg. I 1913 er han registrert i Staré město nr. 387 (Provaznická 2). Namnet hans finn ein att her så seint som i 1916.
Flaum av annonsar
Det tredje firmaet var eit veveri og tekstil-føretak i Celetná ulice 14 og er utan tvil firmaet Knesl viser til i samband med annonsane i 1920. Det var i drift minst frå januar 1918 då det annonserte forklede i Lidové noviny, og kan ha vore i gang alt i 1916, men då i Josefovská ulice 25/34 i Josefov (denne adressa finn ein òg i annonsar frå 1918).
Firmaet annonserte frå 1918 ofte i avisene, spesielt i 1920 og 1921, inkludert perioden på våren/sommaren då forfattaren introduserte Otto Katz for lesarane. Jaroslav Hašek kan godt ha lagt merke til desse ettersom han ivreg las aviser, jamvel annonsane. Katz sine annonsar dukka opp både i riks- og regions-avisene, endåtil i utlandet. Ein kunne òg finna dei i tyske-språklege aviser som Budweiser Zeitung og Dorfsbote, og i slovenske Maribor Zeitung. Prager Tagblatt melde at det 28. november 1922 braut ut brann i varelageret i 1. etasje og i ein notis i Lidové noviny 25. januar 1923 kjem det fram at firmaet no var konkurs, noko som stemmer godt med Knesl sine opplysningar. I 1924 vart det helde auksjon på aktiva etter konkursen.
Kven denne Otto Katz var er uklårt. Ved fyrste augekast ser det ut som same personen som nemnt over, fødd i Sedlec i 1870. Adressboka for 1924 viser derimot han og tøyfabrikanten i Celetná ul. som ulike personar. Fleire andre med namnet Otto Katz budde i Praha, og nokre av dei kan potensielt vore firmaeigarar i 1918. Ein av dei var fødd i 1886 og er oppførd som obchodník (handelsmann) i 1915 og budde i Praha I. hus nr. 920.
Bedragar i uniform
I april 1915 skreiv avisene om ein viss Otto Katz frå Plzeň som svindla ei rekkje hotell og var iførd uniforma til ein Fähnrich. Det er nokså truleg at Jaroslav Hašek las om dette ettersom han var marod (sjuk) i Budějovice på denne tida og hadde tid til å lesa aviser. Me veit dessutan at fragment frå avisene i denne perioden fann vegen inn i romanen (sjå Kronika světové války). Desse innslaga kan såleis ha gjeve dropar av inspirasjon til Otto Katz (å ikkje oppfylla finansielle plikter og vitjing på bordell), men dette vert rein spekulasjon.
"Feltprest" Mojžíš
Jan Berwid-Buquoy hevda i boka Jaroslav Hašek und sein „braver Soldat“ Schwejk (2011) at modellen var Lev Mojžíš, "ein prest frå Břevnov, notorisk drukkenbolt". Tenaren hans i Praha mot slutten av krigen skal ha vore Zdeněk Matěj Kuděj, ein av Jaroslav Hašek sine næraste vener.
At presten Leo Josef Mojžíš levde er uomtvisteleg. Han var fødd i Česká Skalice 1. april 1863, tenestegjorde ved Břevnovský klášter frå 1888 til 1920, og i soknet på Bílá Hora frå 1924 til 1948. Avisklipp frå krigen viser til han som prest frå Břevnov, men aldri som feltprest. Utanom namnet finst det tilsynelatande ingen prov på at Mojžíš var av jødisk opphav og han overlevde nazi-okkupasjonen (død 1. mai 1948). Eit poeng frå Berwid-Buquoy si bok er likevel verd å ta med seg: at Zdeněk Matěj Kuděj si erfaring med Militärgeistlichkeit kan ha gjeve innspel til Hašek i omtalane hans av feltprestar.
Mojžíš vert ikkje nemnd i dei uutgjevne memoarane til Kuděj, som heller ikkje seier noko om at han var tenar hjå nokon feltprest i Praha. Han tente rettnok hjå Militärgeistlichkeit, men hjå feltbiskopen i Wien. Her vart han dimmittert etter å ha simulert eit mentalt samanbrot grunna ein konflikt med ein overordna. Han vart sent tilbake til regimentet sitt i Beroun og Rumburk og i Litoměřice vart han rundt 25. juli 1918 innvilga eitt års sjukepermisjon. Få dagar etter heimkomsten til Praha vart han sjuk på verkeleg og lagd inn på klinikk under oppsyn av Dr Thomayer. Her vart han verande i tre månader og hadde såleis ikkje meir med militæret og feltprestar å gjera. Jan Berwid-Buquoy sine opplysningar om at Kuděj tente hjå "feltprest Mojžíš" i Praha kan såleis ikkje stemma og må vera bygde på rykte.
Alderen teken i omsyn er det lite truleg at Mojžíš var kalla inn i 1914, og Schematismus frå same året avkreftar at han tenestegjorde i k.u.k. Heer. Han er ikkje ein gong nemnd i lista over reserve-feltprestar. Derimot viser Schematismus ein anna reserve-feltprest med eit tydeleg jødisk etternamn: Jan Mojžíš. Denne tenestegjorde faktisk i Budějovice så Jaroslav Hašek har truleg vore klar over han og om nokon Mojžíš kan ha gjeve inspirasjon til Katz er det i så fall denne.
Eit uklårt bilete
I motsetning til kollegaene Feldoberkurat Lacina og i mindre grad Feldoberkurat Ibl har ikkje Katz nokon eintydig modell frå det verkelege liv. Otto Katz som jødisk handelsmann har rettnok eit par mogelege førebilete, men som feltprest finn ein ingen som stikk seg fram. I 1914 fanst det i fylgje Schematismus[a] ikkje ein einaste felprest Katz i k.u.k. Heer.
Nokre av feltpresten sine mindre aktverdige eigenskapar kan jamvel ha kome frå forfattaren sjølv: kynisme, drukkenskap og tendensen til å unndra seg finansielle plikter. Katz må fyrst og fremst sjåast som Jaroslav Hašek sitt hovudinstrument i harselasen med den katolske kyrkja og militærgeistlegheita, og forfattaren har heilt sikkert henta inspirasjon frå fleire kantar då han skapte denne groteske men interessanne figuren. Dette kan vera eigne erfaringar, men òg andrehandsinformasjon, ikkje minst frå Zdeněk Matěj Kuděj. Legg enn så til Jaroslav Hašek sin velutvikla fantasi og umåtelege kreativitet har ein denne uforgløymelege feltpresten.
Sitat
[I.9] Potom ještě to kázání, ta zábava a legrace. Polní kurát Otto Katz byl přece jen roztomilý člověk. Jeho kázání byla neobyčejně poutavá, legračná, osvěžující tu nudu garnisonu. Uměl tak krásně žvanit o neskonalé milosti boží, sílit zpustlé vězně a muže zneuctěné. Uměl tak krásně vynadat od kazatelny i od oltáře. Uměl tak báječně řvát u oltáře své: „Ite, missa est“, celé bohoslužby provést originelním způsobem a přeházet celý pořádek mše svaté, vymyslit, si, když už byl hodně opilý, úplně nové modlitby a novou mši svatou, svůj ritus, něco, co zde ještě nebylo.
[I.16] Potom je Otto Katz je též na živu. Je to skutečná figurka polního kuráta. Hodil to všechno po převratě na hřebík, vystoupil z církve, dělá dnes prokuristu v jedné továrně na bronz a barviva v severních Čechách. Psal mi dlouhý dopis, ve kterém vyhrožuje, že si to se mnou spořádá. Jeden německý list přinesl totiž překlad jedné kapitoly, kde je vylíčen, jak skutečně vypadal. Navštívil jsem ho tedy a dopadlo to s ním velice dobře. Ve dvě hodiny v noci nemohl stát na nohou, ale kázal a říkal: „Já jsem Otto Katz, polní kurát, vy gypsové hlavy.“ště to kázání, ta zábava a legrace.
[II.3] Já jsem sloužil u feldkuráta Katze a ten by byl propil nos mezi očima.
[II.3] Můj feldkurát Katz, ten když se vožral, tak se ve spaní necítil. Jednou vám..." A Švejk počal vypravovat své zkušenosti s polním kurátem Otto Katzem tak podrobné a zajímavě, že ani nepozorovali, že se vlak hnul.
Kjelder: Jaroslav Šerák, Augustin Knesl, Václav Petera, Jan Berwid-Buquoy
Litteratur
- 69 - 1864 - Katz Otto, [b]
- 68 - 1870 - Katz Otto,
- Schematismus für das k.u.k. Heer (s. 181), ,1914 [a]
- Géniové církve a vlasti,
- Do živnostenského rejstříku v Praze zapsané..., ,24.12.1891
- Zapsané firmy, ,19.12.1893
- Povodníci v uniformě, ,9.4.1915
- Kožené podrážky, ,13.8.1916
- Dámské košile, ,17.2.1918
- Stejná jména, ,11.5.1923
- 75 let vlastenckého českého kněze, ,1.4.1938
- Populárnímu panu faráři z Bilé Hory je 75 let, ,1.4.1938
a | Schematismus für das k.u.k. Heer (s. 181) | 1914 | |
b | 69 - 1864 - Katz Otto |
Erkebiskop Kohn, Theodor | ||||||
*22.3.1845 Březnice - †3.12.1915 Ehrenhausen | ||||||
|
Kohn vert her gjeve som eit eksempel på ein som i likheit med Feldkurat Katz var jøde men at det i og for seg ikkje var noko spesielt med akkurat det. Forfattaren legg òg til at Kohn endåtil var kameraten til Machar. Dessutan kan han opplysa om at Katz hadde ei langt meir fargerik fortid enn den vidkjende erkebiskopen.
Bakgrunn
Kohn var professor i kyrkjerett og teologi og frå 1892 til 1904 erkebiskop av Olomouc. Han var av jødisk avstamning men bestefaren hadde konvertert til katolisismen. Familien var tsjekkisk-språkleg og kom frå små kår. Den evnerike og flittige unge mannen fekk med hjelp av ulike stipend ei god utdanning og vart vigsla til prest i 1871. Etter diverse prestesembete, stillingar ved universitet i Olomouc og ved erkebispesetet i byen, vart han i 1892 vald til erkebiskop. Han var den fyrste ikkje-adelege i embetet på 300 år, og difor var valget populært blandt folket, spesielt den tsjekkiske delen av det.
Kohn kom etter kvart på kant med deler av det katolske kyrkjehierarkiet, han var mellom anna lite ansedd i Wien grunna sin ikkje-adelege og ikkje minst jødiske bakgrunn. Kohn noterer i memoarane sine at Eduard Taaffe, dåverande ministerpresident i Cisleithania, kommenterte ved utnemninga: Und hat er sich schon getauft lassen? (Og har han alt lete seg døypa?).
Kohn var ein god administrator og fekk skikk på økonomien til erkebispedømet, men viste seg òg som eigenrådig og tildels despotisk. Rett som det var tydde han til disiplinærtiltak mot dei han meinte motarbeidde han. Det kom etter kvart mykje kritikk mot han, òg på trykk, og etter den såkalla Rectus-affæren i 1903 vart han kalla inn til sjølvaste paven som ba han om å trekkja seg. I denne saka hadde han gått til søksmål på grunnlag av eit kritisk anonymt lesarinnleg i tidsskriftet Rectus, men det viste seg at feil person vart skulda.
Paven kalla han til slutt til Roma og ba han om å trekkja seg. Året etter ga Kohn etter for presset, sa frå seg embetet, flytta til slottet Ehrenhausen i Steiermark der han heldt til resten av livet og via tida si til vitskapelege studiar. Kohn testamenterte deler av formua si til det tsjekkiske universitetet i Brno.
Støtte frå J. S. Machar
Det var i samband med dette han fekk støtte frå uventa hald - av den sterkt anti-klerikale forfattaren Machar. Denne skreiv 5. Mai 1903 eit langt innlegg som kom på trykk i Die Zeit, ei avis frå Wien som alt før hadde skrive om Kohn[a]. I 1909 var dei to innblanda i nok ein kontrovers: Kohn fekk besøk av den før omtala Machar i Ehrenhausen og nyhenda vekte ein god del oppstyr til trass for at den tidlegare erkebiskopen prøvde i vera diskret om vitjinga.
Sitat
[I.9] Polní kurát Otto Katz, nejdokonalejší vojenský kněz, byl žid. To ostatně není nic divného. Arcibiskup Kohn byl také žid a ještě dokonce Macharův kamarád. Polní kurát Otto Katz měl ještě pestřejší minulost než slavný arcibiskup Kohn.
Kjelder: Jitka Jonová
Litteratur
- Demonstrace a jitřeni proti arcibuskupu Kohnovi na Moravě, ,24.4.1903
- Erzbischof Kohn, ,3.5.1903 [a]
- ThDr. Theodor Kohn, olomoucký arcibiskup s židovskými kořeny,
- Kohn Theodor,
- Theodor Kohn kníže – arcibiskup olomoucký, titulární arcibiskup Peleusijský.,
- „Kohnův pucflek“. Vztah Josefa Svatopluka Machara a olomouckého arcibiskupa Theodora Kohna,
a | Erzbischof Kohn | 3.5.1903 |
Machar, Josef Svatopluk | ||||||
*29.2.1864 Kolín - †17.3.1942 Praha | ||||||
|
Machar vert omtala av Jaroslav Hašek som ven av erkebiskop Kohn.
Bakgrunn
Machar var ein tsjekkisk poet og satirikar. Som Jaroslav Hašek var han sterkt anti-austerriksk, anti-kyrkjeleg, og ein meister i bruken av folkeleg tsjekkisk språk. Han var ein periode ein av professor Masaryk sine favorittar, medlem av Realist-partiet og medarbeidar i partiorganet Čas. Etter krigen kom han på kant med presidenten og bevega seg mot den ytste politiske høgresida.
Kameratskapen med erkebiskop Kohn som forfattaren viser til er nok basert på hendingane i 1903 då det storma som verst omkring Kohn etter den såkalla Rectus-affæren. Machar forsvara erkebiskopen i ein lang avisartikkel i Die Zeit 5. mai 1903. Han vitja dessutan den no avsette Kohn i Ehrenhausen i 1909. Begge desse hendingane vart mykje omtala i pressa og Jaroslav Hašek var heilt sikkert godt orientert om saka.
Sitat
[I.9] Polní kurát Otto Katz, nejdokonalejší vojenský kněz, byl žid. To ostatně není nic divného. Arcibiskup Kohn byl také žid a ještě dokonce Macharův kamarád. Polní kurát Otto Katz měl ještě pestřejší minulost než slavný arcibiskup Kohn.
Kjelder: Jitka Jonová
Litteratur
Fader Schachleiter, Alban | ||||||
*20.1.1861 Mainz - †20.6.1937 Feilnbach | ||||||
|
Páter Albán var presten som stod for dåpen av Feldkurat Katz etter sistnemnde si konvertering frå jødedomen. I romanen omtala som páter Albán duppa han høgtideleg den tilkomande feltpresten i døypefonten i Emauzský klášter.
Bakgrunn
Páter Albán (døypt Johann Jakob Schachleiter) var ein tysk Benedektinar-munk og frå 1908 abbed i Emauzský klášter. I 1886 vart han vigd til prest, og han var tilknytta klosteret i ulike funksjonar frå 1892 til 1918. Han var sterkt engasjert i musikk, var sjølv organist og orgel-ekspert. Han var òg involvert i politikk, mellom var han leiande i den tysk-nasjonalistiske Los-von-Rom-Bewegung som var arbeidde for nærare tilknyting til Tyskland både relegiøst og politisk.
Schachleiter var ein velståande mann, i 1908 kjøpte han ein flott bil frå Laurin a Klement, firmaet som seinare vart til Škoda. I august 1914 gjorde han verkstaden ved klosteret om til lasarett som kunne ta i mot opptil 50 pasientar. Pater Alban var på grunn av sin tyske nasjonalisme upopulær blandt den tsjekkiske delen av folket og til trass for dei mange åra i Praha brydde han seg ikkje med å læra tsjekkisk. Folkeregisteret viser at bustadadressa hans var sjølve klosteret (1902) men i 1915 var han ikkje lenger offisielt busett i Praha.
Den nye staten
I den spende situasjonen etter Austerrike-Ungarn sitt samanbrot og opprettinga av Tsjekkoslovakia 28. oktober 1918 vart páter Albán i deler av den tsjekkiske pressa utsett for skuldingar om mellom anna spionasje. Alt 31. oktober dukka ein delegasjon utnemnd av det nyoppretta Nasjonalkomiteen opp for å undersøkja påstandane men let seg overtyda om at dei var grunnlause. Emaus-klosteret vart likevel offer for den opphissa stemninga som rådde desse dagane. Det vart omringa av folkemengder, vart okkupert og vakta av Sokol og den såkalla Akademiske Liga (studentar).
For å tilbakevisa påstandane fekk han trykt ei kunngjering (datert 5. november) i Národní politika, Prager Tagblatt og Bohemia. Dette gjorde lite inntrykk og abbeden fekk husarrest og valgde grunna den fiendtlege stemninga å koma seg ut av landet ettersom Nasjonalkomiteen ikkje kunne garantera for tryggleiken hans. Ved utreisa 9. desember vart han i Benešov gjenkjend og arrestert. På instruks frå styresmaktene vart han likevel sett fri og kunne reisa vidare til Linz dit han kom 10. desember 1918. Det viste seg at abbeden hadde forlete landet for godt og i 1920 sa páter Albán opp stillinga si ved klosteret. Alle dei tyske munkane ved Emaus-klosteret la likeleis ned embeta sine og emigrerte.
Skuldingane vart han aldri rettsleg tiltala for og det vart heller aldri framlagt bevis. Han meinte sjølv at det var medlemmer av den ateistiske organisasjonen Volná myšlenka som stod bak svertekampanjen, men understreka samtidig at dei tsjekkiske styresmaktene ikkje hadde direkte med aksjonane mot han og Emauzský klášter å gjera.
Nazi-tilknyting
Schachleiter busette seg i Bayern og om han hadde vore tysk nasjonalist i Praha, gjekk han no eit steg vidare. I ettertida er han kjend og illgjeten for det opne samarbeidet med nazistane og Adolf Hitler personleg, noko som hadde starta så tidleg som i 1923. Det finst fleire bilete av han der han helsar på Der Führer. Dette politiske engasjementet førde han i konflikt med den katolske kyrkja og han var ein kort periode suspendert. På 74-årsdagen sin fekk Schachleiter peronlege helsingar frå Adolf Hitler, Rudolf Hess og fleire andre i nazi-hierarkiet og han vart i 1937 æra med ei statsgravferd.
Sitat
[I.9] Křtili ho slavnostně v Emauzích. Sám páter Albán ho na máčel do křtitelnice. Byla to nádherná podívaná, byl u toho jeden nábožný major od pluku, kde Otto Katz sloužil, jedna stará panna z ústavu šlechtičen na Hradčanech a nějaký otlemený zástupce konsistoře, který mu dělal kmotra.
Skrivst òg:Páter AlbánHašek
Litteratur
- Opat Fronto a velbloudi, Jaroslav Hašek,1.4.1909
- Schachleiter opusti Prahu, ,5.11.1918
- Der Auszug der Emauser Benediktiner, ,6.11.1918
- Prohlášení, ,7.11.1918
- Zur Internierung des Abtes Schachleiter, ,8.12.1918
- Géniové církve a vlasti,
- Schachleiter Alban (Jakob),
- Soupis pražských domovských příslušníků 1830-1910 (1920),
François de Sales | ||||||
*21.8.1567 Chateau de Sales - †28.12.1622 Lyon | ||||||
|
François de Sales hang det eit portrett av i sakristiet i kapellet på garnisonen på Hradčany. Han er jamvel vitne til Švejk sin fyrste samtale med Feldkurat Katz. Sjå òg Vězeňské kaple.
Bakgrunn
François de Sales (Frans av Sales) var ein fransk biskop og teolog, seinare helgen. Han var ein framståande motreformist, spesielt mot kalvinismen. Han er skytshelgen for forfattarar, journalistar of døve.
Sitat
[I.9] Seskočil se stolu a cukaje Švejkovi za rameno křičel pod velkým, zasmušilým obrazem Františka Sáleského: „Přiznej se, lumpe, žes brečel jen tak kvůli legraci?!“ A František Sáleský díval se tázavě z obrazu na Švejka.
Skrivst òg:Francis de SalesenFrantišek SaleskýczFranz von SalesdeFrans av Salesno
Litteratur
Auditor Bernis | ||||||
|
Bernis er nemnd 16 gonger i Den gode soldat Švejk.
Bernis var aktor ved k.u.k. Militärgericht Prag (militærstrafferetten) på Hradčany. Han var ein levemann som hadde fokus alle andre stader enn i retten. Han rota bort dei fleste rettspapira og måtte oftast dikta opp skuldingane undervegs for å få sakene unna.
Bakgrunn
Namnet Bernis kan ikkje påvisast i adressebøker frå Praha eller militære dokument så det er eit mysterium kvar Hašek har henta inspirasjon frå. Kjende personar med dette namnet fanst rettnok, men desse var frå ei fransk adelsslekt. Namnet dukka rettnok opp i pressa i Austerrike-Ungarn så Hašek kan kanskje ha henta det derfrå.
Den gode soldat Švejk i fangeskap
I Dobrý voják Švejk v zajetí er òg militærdomstolen på Hradčany del av handlinga og i endå høgare grad enn i romanen. Ein auditor handterer òg her saka til Švejk men er ikkje nemnd med namn.[1]
Veselý auditor, který v německém kasíně bavil vždy celou společnost, vypravoval, jak dnes české čarodějnici dali pět let. A před tohoto veselého auditora přišel Švejk k výslechu. Jak tu stál, po obou stranách vojáka s bajonetem, jeho milé dobré oči bloudily po celé místnosti a zdály se burcovati svědomí celého okolí. Auditora, akta, skříň v rohu i provázející ho vojáky.
Sitat
[I.9] Vyšetřující auditor Bernis byl muž společnosti, půvabný tanečník a mravní zpustlík, který se zde strašně nudil a psal německé verše do památníků, aby měl pohotově vždy nějakou zásobu. Byl nejdůležitější složkou celého aparátu vojenského soudu, poněvadž měl tak hrozné množství restů a spletených akt, že uváděl v respekt celý vojenský soud na Hradčanech. Ztrácel obžalovací materiál a byl nucen vymýšlet si nový.
Litteratur
- Dobrý voják Švejk v zajetí, ,1917 [1]
1 | Dobrý voják Švejk v zajetí | 1917 |
Korporal Říha | |||||
|
Říha var tilsett ved Posádková věznice (garnisonsfengslet) men er berre så vidt nemnd i ein anekdote som ein av dei insette i celle 16 fortel (frå opphaldet sitt i celle 12).
Bakgrunn
Det er ikkje nokon påvist samanheng med nokon verkeleg person sjølv om fleire med etternamnet Korporal Říha budde i Praha på den aktuelle tida. Han var nokså sikkert ein reservist, så eit oppslag i adressebøker (militærpersonar) frå før krigen vil neppe gje noko resultat. I 1915 var det fleire med etternamnet Říha som tenestegjorde i Infanterieregiment Nr. 91, så namnet kan godt vera lånt frå ein av desse.
Redigert bort
I etterkrigsutgåvene av Den gode soldat Švejk er Korporal Říha rett og slett erstatta av Feldwebel Řepa i rollen. Redaktørane må ha trudd at forfattaren eigentleg meinte den siste og retta "feilen" (som der truleg òg var). Det vart gjort over hundre mindre endringar i romanen tidleg i 1950-åra: fjerning av "russisismar", tilpassing til moderne tsjekkisk og ungarsk rettskriving, og i minst eitt tilfelle vart skrivefeil på tysk retta[a]. Den andre person som vart offer for "oppryddinga" var Oberst Schlágr.
Revideringa av romanen førde til at Korporal Říha vart borte frå begge dei engelske etterkrigsomsetjingane, likeleis dei fleste andre moderne omsetjingane, og sjølv frå omsetjingar frå mellomkrigstida som seinare har vore reviderte. I den nyaste tyske omsetjinga (2014) har derimot Říha dukka opp att.
Sitat
[I.9] Tak tam hned přilítli, zavolali štábního profousa a kaprála Říhu;. My všichni jeden jako druhý říkáme, že se zbláznil, že včera i dlouho do noci žral a že to všechno sežral.
Kjelder: Pavel Petr
Litteratur
- 166. výkaz ztrát, ,16.5.1915
- Hašeks "Schweijk" in Deutschland, ,1963 [a]
a | Hašeks "Schweijk" in Deutschland | 1963 |
Koudela, Josef | ||||||
|
Josef Koudela var ein arrestant i Posádková věznice (garnisonsarresten) som vart offer for rotet til Auditor Bernis. Denne hadde byta om papira hans med Švejk sine. Dokument som vart funne etter krigen kunne tyda på at denne Koudela vart avretta.
Bakgrunn
Koudela er eit vanleg tsjekkisk etternamn og det budde mange av dei i Praha i 1910, mellom dei minst fem med førenamnet Josef. Ei rekkje andre er oppførde i tapslistene frå fyrste verdskrigen, og dessutan hadde ein kjend person namnet Josef Koudela. Han var politikar frå det nasjonal-katolske partiet. Alt i alt har det likevel ikkje lukkast å identifisar nokon som passar til omtalen frå garnisonsfengslet.
Sitat
[I.9] Spisy byly zastrčeny do spisů týkajících se jakéhosi Josefa Koudely. Na obálce byl křížek a pod ním „Vyřízeno“ a datum.
Litteratur
- Dr. Josef Koudela, ,8.3.1907
Infanterist Maixner | ||||||
|
Maixner var ein infanterist som kom under tiltale samtidig med Švejk. Dette kjem fram i eit telegram Auditor Bernis får frå c.k. policejní ředitelství akkurat i det Švejk skulle på kontoret hans til forhøyr.
Bakgrunn
Maixner og Meixner var vanlege etternamn i Praha på den aktuelle tida og mange gjorde sjølvsagt teneste i k.u.k. Wehrmacht. Det har likevel ikkje lukkast å finna nokon som tilsvarar omtalen av personen i romanen så det er truleg snakk om lån av namn og ingenting meir.
Dr. Maixner
Maixner er eit namn som kort dukka opp i soga Střed Evropy som Jaroslav Hašek fekk trykt i Národní obzor i 1912 så dersom det er snakk om eit lånt namn er han ein kandidat. I denne forteljinga er personen Maixner udiskutabelt verkeleg. Hašek skriv i negative ordelag om Dr. Emerich Maixner (1847-1920), storgodseigar og utover det ein kjend lækjar som etter kvart vart utnemnd til Hofrat. Han var dessutan i ein periode hovudredaktør for Ottův slovník naučný.
Jaroslav Hašek: Střed Evropy
Chlumecké panství rozesílá do kraje své pivo, na velkostatcích se lidi dřou do úmoru, ve Velkých Kňovicích má velkostatek pan dr. Maixner, a jestli si tohoto povšimne, tak si přečte, že právě na jeho velkostatku jsou mzdové poměry velice bídné. Jedině co v tom kraji tak bije do očí, jest poctivost.
Sitat
[I.9] Po odchodu polního kuráta dal si auditor Bernis předvésti Švejk a nechal ho stát u dveří, poněvadž právě dostal telefonogram od policejního ředitelství, že vyžadovaný materiál k obžalovacímu spisu čís. 7267, týkající se pěšáka Maixnera, byl přijat v kanceláři čís. 1 s podpisem hejtmana Linharta.
Kjelder: Jaroslav Šerák
Litteratur
- Střed Evropy, Jaroslav Hašek,2.8.1912
I. Bak fronten | |||
9. Švejk i garnisonsarresten |
© 2008 - 2024 Jomar Hønsi | Sist oppdatert: 20.11.2024 |