void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Stader

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Kart over Austerrike-Ungarn i 1914 som viser militærdistrikta og Švejk si rute. Heile handlinga i romanen føregjekk på Dobbeltmonarkiet sitt territorium.

Den gode soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske namn.

Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar og øyar er med. Listene er sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista under kapittelet der handlinga inntreff.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin internettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet.
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, romanen på nett og dessutan til svejkmuseum.cz.

Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.

Stader liste over stader som er omtala i romanen (592) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

14. Švejk som oppassar hos overløytnant Lukáš

Na Zderazeen flag
Wikipedia cz KartSøk Švejkův slovník
nazderaze.jpg

Pohled do ulice Na Zderaze uprostřed s domem čp. 271 na Novém Městě na nároží s ulicí Na Zbořenci.

Na Zderaze er omtala av Švejk i den lange anekdota hans om det store kortspel-laget. Denne kom i samband med at han sjølv var spelt bort i kort av Feldkurat Katz og difor no vart tenar hjå Oberleutnant Lukáš. Den store vinnaren i kortspel-anekdota, gamle blekkslagar Vejvoda, budde i denne gata. Kortspelet fann stad i eit vertshus bak Stoletá kavárna.

Na Zderaze dukkar opp att i [III.2] under ein samtale mellom Švejk, Oberleutnant Lukáš og Offiziersdiener Baloun i Budapest. Den gode soldaten fortel ein forskrekka Baloun at han hadde lese i avisa at ein heil familie vart forgifta av leverpostei der.

Bakgrunn

Na Zderaze er ei gate i Nové město mellom Karlovo náměstí og Vltava. Den går parallelt med elva frå Myslíkova ulice til Resslova ulice. Ved Stoletá kavárna og Na Zbořenci deler gata seg i to. I gata Na Zbořenci bak Stoletá kavárna låg truleg vertshuset der det store kortspelet fann stad.

Sitat
[I.14.1] Na Zderaze žil nějakej klempíř Vejvoda a ten hrával vždy mariáš jedné hospodě za ,Stoletou kavárnou’.
[I.14.1] Kominickej mistr byl už do banku dlužen přes půl druhého milionu, uhlíř ze Zderazu asi milion, domovník ze ,Stoletý kavárny’ 800.000 korun, jeden medik přes dva miliony.
[I.14.1] Zabavili bank, vedli všechny na policii. Uhlíř ze Zderazu se zprotivil, tak ho přivezli v košatince.
[III.2] Já jsem čet několikrát v novinách, že se celá rodina votrávila játrovou paštikou. Jednou na Zderaze,jednou v Berouně, jednou v Táboře, jednou v Mladé Boleslavi, jednou v Příbrami.
Litteratur
Myslíkova uliceen flag
Wikipedia cz KartSøk
myslikova.jpg
koprivy.png

Kopřivy, 29.4.1909

Myslíkova ulice er nemnd i den gode soldaten si forteljing om det store kortlaget på kneipa bak Stoletá kavárna. Gamle blekkslagar Vejvoda måtte henta hjelp hjå politimennene her fordi han hadde vunne så mykje at dei andre i kortlaget gjorde det utriveleg for han.

Bakgrunn

Myslíkova ulice er ei gate i Nové město som går frå Spálená ulice ned mot Vltava. Ei av sidegatene er Na Zderaze.

Myslíkova ulice er ei gate som Jaroslav Hašek må ha vore lommekjend i. Ikkje berre låg den i forfattaren sitt oppvektsområde i Praha II. - i nummer 15 låg redaksjonen og trykkeriet til Kopřivy (Brennesler) og Právo lidu (Folkets Rett), publikasjonar som det Tsjekkoslaviske Sosialdemokratiske Arbeidarparti sto bak. Mange av Hašek sine forteljingar kom på trykk her i 1913 og 1914.

Sitat
[I.14.1] A jen tak bez klobouku vyběh na ulici a přímo do Myslíkovy ulice pro strážníky. Našel patrolu a oznámil jí, že v tej a tej hospodě hrajou hazardní hru.
Litteratur
Monte Carloen flag
Wikipedia czdeenfrnn KartSøk
montecarlo.jpg

Světozor,2.12.1910

Monte Carlo er nemnd i anekdoten om det store kortlaget til gamle blekkslagar Vejvoda. Politiinspektøren meinte dette var verre enn Monte Carlo.

Bakgrunn

Monte Carlo er den mest velståande bydelen i fyrstedømet Monaco og er mest kjend for kasinoet som indirekte vert vist til i romanen.

Bydelen sin veg mot berømmelsen starta i 1863 då det noverande kasinoet sto ferdig. Same året vart den kjende finansmannen François Blanc (1806-1877), inntil då direktør for kasinoet i Bad Homburg, hyra for å driva kasionoet. Det tok likevel tid før kasionoet vart vidkjend, men innan utbrotet av fyrste verdskrigen var Monte Carlo vorte eit omgrep for pengespel.

I manuskriptet stava Jaroslav Hašek namnet Monte Karlo men ved ei "oppussing" av Den gode soldat Švejk tidleg på 1950-talet vart denne og andre "uryddigheiter" retta på. Mellomkrigsutgåvene av romanen, som vart gjevne ut av Adolf Synek, heldt derimot på Hašek sin opprinnelege stavemåte.

Sitat
[I.14.1] ,Tohle jsem ještě nežral,’ řekl policejní inspektor, když viděl takový závratný sumy, tohle je horší než Monte Karlo.

Skrivst òg:Monte KarloHašek

Litteratur
Chodoven flag
Wikipedia czdeen KartSøk
chodov.jpg

Chodov, 1908

chodov2.png

Kopřivy,1.1.1914

Chodov vert nemnd i ein song som Feldkurat Katz sin nye offiserstenar syng etter dugeleg inntak av sterkdrykk.

Bakgrunn

Chodov er namnet på fire stader i Böhmen, ein i utkanten av Praha og dei tre andre i den vestlege delen av landet. Teksten i sitatet er frå fem ulike folkesongar[a]. Fyrste linja er tittelen på ein song frå Chodsko-regionen ved grensa mot Bayern så det er nesten sikkert snakk om Chodov ved Domažlice.

I 1913 tilhøyrde Chodov hejtmanství Domažlice og okres av same namn. Innbyggjartalet var 1 947 og alle unnateke ein person oppga tsjekkisk som morsmålet sitt. Kommunen omfatta bygdene Chodov, Trhanov og Pec.

Ombruk av tekst

Song-fragmentet i boka har alt før dukka opp hjå Jaroslav Hašek. På nyttårsdag 1914 trykte Kopřivy Forteljinga om ein skikkeleg mann men her nyttar forfattaren Domažlice i staden for Chodov.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Chodov 1 947 innbyggjarar der 1 945 (99 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okres Domažlice, forvaltningsdistriktet var hejtmanství Domažlice.

Kjelde:Seznam míst v království Českém(1913)

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Chodov vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 35 (Pilsen) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 7 (Pilsen).

Sitat
[I.14.1] Švejk s novým mužem strávili noc příjemně vařením grogu. K ránu stál tlustý infanterista sotva na nohou a pobručoval si jen podivnou směs z různých národních písní, která se mu spletla dohromady:
Okolo Chodova teče vodička, šenkuje tam má milá pivečko červený. Horo, horo, vysoká jsi, šly panenky silnicí, na Bílé hoře sedláček oře.

Kjelder: Jaroslav Šerák

Skrivst òg:Meigelshofde

Litteratur
Referensar
aOkolo Chodova - směs českých lidovýchJaroslav Šerák
Bílá Horaen flag
Wikipedia czdesv KartSøk
bilahora.jpg

Světozor, , 7.11.1913

bilahora1.png

Sokolský zpěvník, 1909

bilahora.png

Ottův slovník naučný

Bílá Hora vert nemnd i ein song av Feldkurat Katz sin nye putzfleck etter dugeleg inntak av sterkdrykk.

Bakgrunn

Bílá Hora (Det kvite berg) er ei høgd i den vestlege utkanten av Praha, mellom Smíchov, Břevnov og Ruzyně. Fram til 1922 tilhøyrde den landsbyen Řepy i hejtmanství and okres Smíchov, men fyrst i 1960-åra vart den lagt under hovudstaden.

Den er hovudsakleg kjend for slaget 8. november 1620 som i praksis gjorde slutt på det tsjekkiske sjølvstendet. Etter dette fylgde Habsburg-styre fram til 1918. Slaget er rekna som ei av dei viktigaste hendingane i Trettiårskrigen (1618-1648).

Teksten i sitatet er frå fem ulike folkesongar, noko som forfattaren sjølv påpeikar. Linja som er brukt her er frå den kjende folkevisa "Na Bílé Hoře" (På Kvitfjellet)[a]. Sjå òg Chodov.

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Bílá Hora vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 28 (Prag) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 8 (Prag).

Sitat
[I.14.1] Švejk s novým mužem strávili noc příjemně vařením grogu. K ránu stál tlustý infanterista sotva na nohou a pobručoval si jen podivnou směs z různých národních písní, která se mu spletla dohromady:
Okolo Chodova teče vodička, šenkuje tam má milá pivečko červený. Horo, horo, vysoká jsi, šly panenky silnicí, na Bílé hoře sedláček oře.
[II.3] My si sedneme naproti nim, jen jsme si überšvunky položili před sebe na stůl, a povídáme si: ,Vy pacholci, my vám dáme láňok,’ a nějakej Mejstřík, kerej měl ploutev jako Bílá hora, se hned nabíd, že si půjde zatančit a že nějakýmu syčákovi vezme holku z kola.

Kjelder: Jaroslav Šerák

Skrivst òg:The White MountainenDer Weiß BergdeDet kvite bergno

Litteratur
Referensar
aOkolo Chodova - směs českých lidovýchJaroslav Šerák
Toledoen flag
Wikipedia czdeenesnn KartSøk
toledo.jpg

Toledo en las fotos de Thomas (1884, 1910)

toledo1.jpg

Světozor, , 13.1.1911

Toledo er nemnd avdi Hertugen av duque Almavira skal ha ete tenaren sin under ei beleiring av byen. I Budapest referer Einjährigfreiwilliger Marek til noko likande, men då er det snakk om Madrid under Napoleonskrigane.

Bakgrunn

Toledo er ein historisk by i Spania, 70 km sør for Madrid. I 1986 kom byen på UNESCO si verdsarvliste. Byen blømde i Middelaldren og var ein periode hovudstad i Castilla. I dag er byen hovudstad i regionen Castilla-La Mancha og ein betydeleg turistattraksjon.

Den historiske hendinga som er omtala kan vera frå 930 til 932 då byen vart omringa av maurarane etter eit kristent opprør. Etter to års beleiring overga den seg på grunn av svolt.

Jesús Carrobles Santos, "Historia de Toledo", 1997

Durante dos años se mantuvo el asedio a Toledo. Sus habitantes, como ya habían hecho en otras ocasiones, volvieron a solicitar ayuda militar cristiana, esta vez a Ramiro II. Pero el ejército que éste envió fue derrotado por las tropas omeyas. Aislados del exterior y acosados por el hambre, los toledanos tuvieron que rendirse. De esta manera, el 2 de agosto del 932, Abd al-Rahmán III entró a caballo en la ciudad donde estableció una numerosa guarnición, aunque no adoptó represalias ni medidas de castigo.

Sitat
[I.14.2] Našli bychom tam, že vévoda z Almaviru snědl svého vojenského sluhu při obležení Toleda z hladu bez soli..
Litteratur
Schwabenen flag
Wikipedia czdeennn KartSøk
schwaben.png

Leitfaden zur Manipulation bei den Unter-Abtheilungen der k.k. Landarmee, 1876

Schwaben er indirekte nemnd av forfattaren i bolken om offiserstenarar. Han fortel om ei gammal svabisk bok om kunsten å føra krig og her er det beskrive kva karaktertrekk som vert krevd av ein offiserstenar. Det er ikkje lite, han må vera mønstergyldig.

Bakgrunn

Schwaben er eit historisk område i det sørlege Tyskland som no ligg både i forbundslanda Bayern og Baden-Württemberg. Dei viktigaste byane i området er Stuttgart, Ulm og Augsburg.

Skrifttypar

Forfattaren viser til ei gammal svabisk bok om kunsten å føra krig, men ein veit ikkje kva bok han viser til. På tsjekkisk vert utrykket švabach (svabisk skrift) ofte brukt om sjølve dei gamle tyske skrifttypane (Frakturschrift) så boka treng difor ikkje ha svabisk opphav i det heile. På forfattaren si tid brukte nesten alle tysk-språklege aviser og bøker frakturskrift så han kan i prinsippet ha vist til kva som helst slags gamal bok på tysk om krigføringskunsten. Den engelske omsetjaren av Den gode soldat Švejk, Cecil Parrott, går tydelegvis ut i frå dette når han overset frasen det med "ei gamal tysk bok".

Jaroslav Hašek vitja Schwaben i 1904 og skreiv opp gjennom åra nokre humoristiske forteljingar bygd på dette opphaldet. Sjå Bayern.

Sitat
[I.14.2] Ve staré švábské knize o umění vojenském nalézáme též pokyny pro vojenské sluhy. Pucflek staré doby měl býti zbožný, ctnostný, pravdomluvný, skromný, statečný, odvážný, poctivý, pracovitý. Zkrátka měl to být vzor člověka.

Skrivst òg:ŠvábskoczSwabiaen

Litteratur
Grazen flag
Wikipedia czdeennnno KartSøk
graz.jpg

Graz. Hauptplatz. Um 1910.

© IMAGNO/Austrian Archives

graz.png

Arbeiterwille, 10.6.1912

Graz er nemnd av forfattaren i bolken om offiserstenarar. Her fortel han om ei rettsak i Graz i 1912 mot ein kaptein som hadde sparka i hel tenaren sin og ikkje vorte straffa avdi det "berre var andre gongen han gjorde det".

Graz dukkar opp seinare i samband med Ratskeller.

Bakgrunn

Graz er den nest største byen i Austerrike og hovudstad i Steiermark. Byen hadde om lag 250 000 innbyggjarar i 2006. I 1914 var folketalet litt under 200 000.

Garnisonsby

Graz var hovudsete for 3. Armeekorps som rekrutterte frå Steiermark, heile det noverande Slovenia og frå mindre område som no er italienske eller kroatiske (Trieste og Istria). Rekrutteringsdistrikta med tilsvarande nummererte infanteriregiment var: 27 (Graz), 7 (Klagenfurt), 47 (Maribor), 17 (Ljubljana), 87 (Celje) og 97 (Trieste).

Offiserstenarar

Det har ikkje lukkast å finna nokon direkte parallell til saka frå 1912 om kapteinen som skal ha sparka i hel tenaren sin og vorten frifunnen. Truleg er framstillinga eit produkt av forfattaren sin fantasi og hang groteske overdrivingar. Derimot skreiv avisene dette året om fleire andre tilfelle der offiserstenarar var involvert. Det vert mellom anna meldt om tenarar som stal frå offiseren sin, tenarar som tok livet sitt, og ein tenar som gjorde eit mislukka mordforsøk på sin overordna og deretter mislukkast med eige sjølvmord.

Ein artikkel i Graz-avisa Arbeiterwille i 1912 omtalar eit tilfelle der ein offiserstenar gjer sjølvmord etter å ha vorte trakassert over tid og til slutt med urett skulda for å ha stole 5 hermetikkboksar. Artikkelen set òg hendinga inn i ein større samanheng. Den omtalar den vonlause stoda til offiserstenaren. Han måtte ikkje berre tena offiseren, men òg familiemedlemmer. Dersom situsjonen vart utoleleg kunne han ikkje berre sei opp stillinga slik hans sivile kollega kunne. Artikkelen tek til orde for å avskaffa heile ordninga med offiserstenarar, og har dessutan visse ting felles med forfattaren si eiga framstilling i romanen.

Konsentrasjonsleir

Under fyrste verdskrigen hadde Thalerhof ved Graz einaste konsentrasjonsleiren i den austerriske delen av Dobbeltmonarkiet (det var to i Ungarn). Sjå Steinhof.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Graz 151 781 innbyggjarar.

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Graz vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 27 (Graz) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 3 (Graz).

Sitat
[I.14.2] Roku 1912 byl ve Štyrském Hradci proces, při kterém vynikající úlohu hrál jeden hejtman, který ukopal svého pucfleka.
[IV.1] Všechny lidi, který potkával na ulici, viděl buď na nádraží v Miláně, nebo s nimi seděl ve Štýrským Hradci v radničním sklepě při víně.

Skrivst òg:Štýrský Hradeccz

Litteratur
Dubnoen flag
Wikipedia czdeenruuk KartSøk Švejkův slovník
dubno.jpg

Das interessante Blatt,13.4.1916

dubno1.png

Le journal de Geneve,12.6.1916

dubno.png

Haugesunds avis,13.6.1916

Dubno er nemnd av forfattaren når han omtalar ein offiserstenar som vart teken til fange av russarane og dreg på vanvittige mengder bagasje frå Dubno til Darnitsa og vidare til Tasjkent der han kreperte av tyfus oppå alt saman.

I same avsnittet nemner Hašek "stormen" på Dubno, som nok viser til hendingane 8. september 1915.

Bakgrunn

Dubno (ukr. Дубно, rus. Дубно) er ein by i Volyn-province i Ukraina, fram til 1917 del av det russiske Volyn-gubernatet. Den ligg omtrent 15 km sør for Chorupan der Jaroslav Hašek vart teken til fange 24. juli 1915. Byen ligg i eit område som på den aktuelle tida hadde ei betydeleg tal tsjekkiske innvandrarar. Sjå Zdolbunov.

Dubno var strategisk viktig grunna festninga og jernbaneforbindelsen mot nord og sør. Austerriksk-ungarske styrkar inntok byen 8. september 1915 etter at russarane overraskande hadde trekt seg ut[a]. Desse tok Dubno tilbake 10. juni 1916 under Brusilov-offensiven[b].

Tvilsam påstand

Web-sida til byen hevdar Jaroslav Hašek var innom her i 1915[c]. Dette er lite truleg ettersom Dubno var på austerrikske hender i perioden forfattaren var i området. Mykje meir truleg er det at han vitja byen i 1916 og 1917 då den var på russiske hender og forfattaren reiste i området både som journalist og etter mai 1917 som vanleg soldat.

Österreich-Ungarns letzter Krieg, Band III

Schon am Vormittag 8.9.1915 langte beim 4. Armeekmdo. die überraschende Nachricht ein, daß Dubno vom Feinde preisgegeben sei und die Ikwabrücken bei der Stadt in Flammen stünden.

Sitat
[I.14.2] Viděl jsem jednoho zajatého důstojnického sluhu, který od Dubna šel s druhými pěšky až do Dárnice za Kyjevem.
[I.14.2] Dnes jsou důstojničtí sluhové roztroušení po celé naší republice a vypravují o svých hrdinných skutcích. Oni šturmovali Sokal, Dubno, Niš, Piavu.

Kjelder: Österreich-Ungarns letzter Krieg

Skrivst òg:ДубноruДубноua

Litteratur
Referensar
aDie Festung Dubno genommenWiener allgemeine Zeitung9.9.1915
bFrån östra krigsskådeplatsenTammerfors Nyheter13.6.1916
cІсторія містаДубенська міська рада
Darnitsaen flag
Wikipedia czdeenruuk KartSøk Švejkův slovník
darnica.jpg

Za svobodu,1925

darnica1.png

Nový velký ilustrovaný slovník naučný,1930

darnica.png

Elsa Brändström

Volksblatt für Stadt und Land,31.7.1932

Darnitsa vert nemnd i samband med offiserstenaren som drog på bagasje frå Dubno til Tasjkent og til slutt kreperte på toppen av heile haugen.

Bakgrunn

Darnitsa (ukr. Дарниця) er i dag ein bydel i Kyiv, aust for elva Dnjepr, og ein enorm drabantby. I bydelen ligg ei gate som er kalla opp etter Jaroslav Hašek.

Darnitsa var ein velkjend transittleir som var i bruk frå 1915. I byrjinga var leiren svært enkel og mangla dei mest grunnleggjande fasilitetar. Sjukdomar herja og dødsratane var skremande høge. Leiren var òg viktig i vervinga av tsjekkiske frivillege i kampen mot Austerrike-Ungarn. Frå 1916 vart det tillate å rekruttara i russiske krigsfangeleirar. Sjå České legie.

Hašek og Darnica

I fylgje Jaroslav Kejla var forfattaren internert her i tre dagar hausten 1915, truleg tidleg i oktober[a]. Herfrå vart han send vidare til Totskoje i det sørlege Ural. Krigsfangekortet hans viser at han vart registrert i Penza 6. oktober 1915. Kejla opplyser at fangane gjekk til fots 300 km frå Dubno-området til Darnitsa frå 24. september, men dette stemmer dårleg med Penza og 6. oktober. Ei forklaring kan likevel vera at datoen er etter den gamle russiske kalenderen og at registreringa i Penza såleis fann stad 19. oktober.

Det er dessutan liten tvil om at Hašek kom tilbake til Darnitsa som rekrutteringsagnet og agitator etter at han slutta seg til České legie i Kiev i juli 1916.

Sitat
[I.14.2] Viděl jsem jednoho zajatého důstojnického sluhu, který od Dubna šel s druhými pěšky až do Dárnice za Kyjevem.

Kjelder: Jaroslav Kejla, Elsa Brändström

Skrivst òg:DárniceczDarnytsaenДарницаruДарницяua

Litteratur
Referensar
aJak to bylo v bitvě u Chorupan kde se dal Jaroslav Hašek zajmoutJaroslav Kejla1972
Kieven flag
Wikipedia czdeennnnoruuk KartSøk Švejkův slovník
kiev2.jpg

St. Sofia-plassen

Za svobodu,1925

kiev.jpg
kiev2.png

Čechoslovan,31.10.1917

kiev.png

Borgarkrigens redsler - etterletne lik etter kampane i Kiev (1918)

Za svobodu,1926

kiev1.png

Legionářská stráž,23.3.1928

Kiev er nemnd 9 gonger i Den gode soldat Švejk.

Kiev er fyrst nemnd når forfattaren omtalar ein offiserstenar som vart teken til fange av russarane og dreg på vanvittige mengder bagasje frå Dubno til Darnitsa bakom Kiev, og vidare til Tasjkent der han kreperte av tyfus oppå alt saman..

Litt seinare dukkar byen opp på nytt når Švejk les i avisa at "øvstkommanderande for Przemyśl, general General Kusmanek, er komen til Kiev".

Under Švejk sitt opphald og forhøyr i Przemyśl vert Kiev nemnd heile 7 gonger i forbindelsen med at ein polsk angivar-provokatør som vert send inn i cella til Švejk og prøver å få det til at dei to hadde møttest i Kiev.

Bakgrunn

Kiev (ukr. Київ, rus. Киев) er hovudstad og største byen i Ukraina. Den ligg på begge sider av elva Dnjepr og har om nesten 3 millionar innbyggjarar, noko som gjer den til 7. største byen i Europa. Sentrum og dei eldre bydelene ligg på vestbreidda.

I 1914 var Kiev hovudstaden i det gubernatet med same namn og setet for Kiev militærdistrikt. Den hadde vore under russisk kontroll sidan 1600-talet, sjølv om den polske påvirkninga var sterkt til stades. Talet på jødar var òg betydeleg.

Byen og områda rundt hadde dessutan ein del tsjekkiske innvandrarar, og den tsjekkisk vekeavisa Čechoslovan vart utgjeven her fram til februar 1918. Under fyrste verdskrigen var Kiev saman med Paris og Petrograd det viktigaste senteret for den tsjekkoslovakiske sjølvstenderørsla.

Urolege tider

Fram til den russiske Oktober-revolusjonen var Kiev relativt lite påverka av krigen utover den generelle varemangelen og at byen fungerte som oppmarsjsområde og militært-administrativt sentrum. Kiev var dessutan hovudkvarteret for avdelinga til det Tsjekkoslovakiske Nasjonalrådet i Russland (sjå České legie). Leiaren for den tsjekkiske sjølvstenderørsla, professor professor Masaryk, oppheldt seg her i lange periodar mellom mai 1917 og februar 1918. Det var i Kiev han 7. februar 1918 skreiv under avtalen om overføring av Legionane frå den russiske til den franske hæren.

Bolsjevikane sitt kupp i Petrograd 7. november 1917 fekk store konsekvensar for Kiev. I januar 1918 sette dei i gang militære åtgjerder for å ta kontroll over Ukraina, som då var styrt av Tsentralna Rada (Sentralrådet) og i praksis eksisterte som den sjølvstendige Nasjonalrepublikken Ukraina. Raudegardistar under leiing av Vladimir Antonov-Ovsejenko invaderte områda aust for Dnjepr, 28. januar nådde dei Kiev, og 8. februar 1918 var slaget om hovudstaden over.

Styrkane som inntok Kiev var leia av oberst Mikhail A. Muravjov, ein tidlegare offiser i tsar-armeen som hadde leia Bosljevikane mot Kerenskij sitt motkupp-forsøk i Petrograd under Oktober-revolusjonen. No var han Antonov-Ovsejenko si høgre hand under felttoget mot Kiev. Han var ein dyktig offiser, men brutal og stormannsgal. Stabsjefen hans var Václav Fridrich, ein erfaren tsjekkisk legionær som sat fengsla i Darnitsa etter å ha vorte kasta ut av Legionane, og no vart frigjord av dei framrykkjande styrkane til Muravjov. Innmarsjen i Kiev medførde ein orgie av terror, plyndring og øydeleggingar. Muravjov sa seinare at han brukte giftgass. Offiserar, medlemmer av borgarskapet og tilfeldige innbyggjarar vart slakta ned i tusenvis. Muravjov og herjinga til troppane hans vart ei stor belastning for Bolsjevikane og han vart overført til fronten mot Romania 28. februar.

På same tida (9. februar) slutta Ukraina fred med Sentralmaktene. Professor professor Masaryk oppheldt seg i Kiev i denne perioden og opplevde terroren, men kom personleg godt overeins med Muravjov. Med representantar for Ententen til stades kom Masaryk og Muravjov fram til ein avtale som ga Legionane fritt leide ut av Ukraina og rett til å behalda våpna sine. I fylgje Masaryk sjølv vart avtalen underteikna 16. februar.

Den raude terrorveldet i Kiev var kortvarig for 18. februar 1918 invaderte Sentralmaktene Ukraina og alt 1. mars nådde tyske einingar Kiev. Både Raudegardistane og Legionane rømde frå byen, og mellom dei som kom seg unna var Jaroslav Hašek.

Hašek i Kiev
kiev1.jpg

Hotel Praha husa redaksjonen til Čechoslovan

kiev3.png

Revoluce,23.4.1917

Jaroslav Hašek var såleis vitne til dei dramatiske hendingane i Kiev i februar 1918. Han hadde opphalde seg jamnleg i byen frå 28. juni 1916 [a] til mai 1917 og på ny frå 15. november til slutten av februar 1918. Han var medarbeidar i Čechoslovan og hadde dessutan oppgåver med rekruttering og agitasjon i fangeleirar. Det var i Česchoslovan han skreiv Povídka o obrázu císaře Františka Josefa (Forteljinga om biletet av keisar Franz Josef) som førde til at han vart skulda som landsvikar i Austerrike-Ungarn. Tidleg i 1917 gav han ut den andre versjonen av Den gode soldat Švejk, Dobrý voják Švejk v zajetí.

Tida hans i Kiev var prega av kontroversar: han kom i bråk mned ein russisk offiser, fornærma han, og vart fengsla. Like etter (tidleg i mai 1917) vart han "forvist" til fronten og som avskjed skreiv han artikkelen Klub českých Pickwiků (Den tsjekkiske Pickwick-klubben) der han latterleggjorde nokre av dei politiske leiarane for den tsjekkoslovakiske sjølvstenderørsla i Russland. Frå "eksilet" sitt ved fronten vart han seinare tvinga til skriftleg å be om orsak.

Hašek vart kalla tilbake til Kiev 15. november 1917 for å vitna mot den påstått austerrikske spionen Alexandr O. Mašek som han hadde vore med å avsløra. Det var òg i Kiev, i løpet av dei fyrste to månadene av 1918, at Jaroslav Hašek gjekk frå å vera kritisk til bolsjevikane til å ope sympatisera med det nye styret i Petrograd. Grunnane til dette omskiftet kan vera fleire men det er grunn til å tru at den unge kommunisten Břetislav Hůla hadde stor innverknad på Hašek sine politiske haldningar på denne tida. Dei to var begge medarbeidarar Čechoslovan og reiste saman til Moskva etter flukta frå Kiev. I fylgje Václav Menger stod dei på denne tida kvarandre svært nær (Václav Menger brukte ordet "uskiljelege").

Viktig for å forstå dette skiftet er dessutan at Hašek var sterkt imot å overføra Legionane til Frankrike, og at dei trekte seg ut av Ukraina heller enn å slåst mot tyskarane som nærma seg Kiev. Dette gav han ope utrykk for på eit allmøte 24. februar. Standpunktet sitt grunnga han detaljert i ein artikkel i Průkopník i Moskva 27. mars 1918.

kiev5.png

Frå Znal jsem Haška, Josef Pospíšil.

kiev6.png

Opprop frå Václav Fridrich, stabsjefen til Muravjov

Československý deník,12.2.1918

I fylgje Josef Pospíšil møtte Hašek leiarane for den sovjetiske okkupasjonsmakta i Kiev i februar 1918. Han stod på god fot med dei og vurderte dei som dyktige folk. Dette positive personlege inntrykket har sikkert òg ha skubba Hašek i radikal retning. Kven desse leiarane var vert ikkje nemnd, men ein må gå ut frå at det har vore Fridrich (som han nokså sikkert kjende frå før) og kanskje til og med Muravjov.

Okkupantane innførde òg åtgjerder som nok har vekt sympati hos Hašek: priskontroll (brød vart billegare), kontroll med banktransaksjonar, eingongs-skatt på rike borgarar og nasjonalisering. Ironisk nok vart også dødsstraffa avskaffa. I det heile stod tsjekkarane på god fot med sovjet-styret. Dette vert i februar 1918 gong på gong understreka i Československý deník, hovudorganet til det Tsjekkoslovakiske nasjonalrådet i Russland.

På veggen til det tidlegare Hotel Praha, som husa redaksjonslokala til Čechoslovan, heng det i dag ei minnetavle over forfattaren (2010).

General Kusmanek i Kiev
kiev4.png

Národní listy,28.3.1915

Til slutt tilbake til Švejk sitt sitat om general General Kusmanek i Kiev. Det er autentisk og teke ordrett frå pressa. I denne forma kom det korte sitatet på trykk i mellom anna Národní politika 4. april 1915. Avisene hadde òg meir utfyllande opplysningar. Kusmanek kom til Kiev med snøggtog på fyrste klasse alt 25.mars, berre tre dagar etter kapitulasjonen i Przemyśl. Han vart godt behandla og budde endåtil hjå guvernøren. Utover dette kjem det fram at opphaldet hans i Kiev var av mellombels karakter, at han skulle vidare for permanent internering i det indre av Russland.

Sitat
[I.14.2] Viděl jsem jednoho zajatého důstojnického sluhu, který od Dubna šel s druhými pěšky až do Dárnice za Kyjevem.
[I.14.4] Švejk posadil se na lavici ve vratech a vykládal, že v bitevní frontě karpatské se útoky vojska ztroskotaly, na druhé straně však že velitel Přemyšlu, generál Kusmanek, přijel do Kyjeva a že za námi zůstalo v Srbsku jedenáct opěrných bodů a že Srbové dlouho nevydrží utíkat za našimi vojáky.
[IV.1] Major Wolf v té době ještě neměl zdání o tom, co vlastně všechno chystají Rakousku přeběhlíci, kteří později, setkávajíce se v Kyjevě a jinde, na otázku: „Co tady děláš?“ odpovídali vesele: „Zradil jsem císaře pána.“
[IV.1] Přihlásím se Rusům, že půjdu na forpatrolu ... Sloužil jsem u 6. kyjevské divise.
[IV.1] Já jsem v Kyjevě znal mnoho Čechů, kteří šli s námi na frontu, když jsme přešli do ruského vojska, nemůžu si teď ale vzpomenout na jejich jména a odkuď byli, snad ty si vzpomeneš na někoho, s kým si se tam tak stýkal, rád bych věděl, kdo tam je od našeho 28. regimentu?“
[IV.1] Zůstal tam zcela klidně a blábolil dále cosi o Kyjevu, a že Švejka tam rozhodně viděl, jak mašíroval mezi ruskými vojáky.
[IV.1] „Já znám vaše všechny známé z Kyjeva,“ neúnavně pokračoval zřízenec protišpionáže, „nebyl tam s vámi takový tlustý a jeden takový hubený? Teď nevím, jak se jmenovali a od kterého byli regimentu...“
[IV.1] Při odchodu řekla stvůra hlasitě k štábnímu šikovateli, ukazujíc na Švejka: „Je to můj starý kamarád z Kyjeva.“
[IV.1] Je zde přece úplné doznání obžalovaného, že se oblékl do ruské uniformy, potom jedno důležité svědectví, kde se přiznal obžalovaný, že byl v Kyjevě.

Kjelder: Viktor A. Savčenko, Josef Pospíšil, Pavel Gan, Radko Pytlík, Jaroslav Křížek, Tomáš Masaryk

Skrivst òg:KyjevczKiewdeКиевruКиївua

Litteratur
Referensar
aUpomínky na můj vojenský životKarel Prášil2020
Ukrainaen flag
Wikipedia czdeennnnoruuk KartSøk
ukraina2.jpg

Kosakkhetmanatet, 1654

ukraina1.png

Ottův slovník naučný,1888-

ukraina.jpg

Illustreret norsk konversationsleksikon, 1907-1913

ukraina.png

Linzer Volksblatt,20.8.1914

ukraina2.png

Zlatá Praha,12.12.1884

Ukraina er fyrst nemnd når forfattaren omtalar ein offiserstenar som vart teken til fange av russarane og dreg på vanvittige mengder bagasje frå Dubno til Darnitsa og vidare til Tasjkent der han kreperte av tyfus oppå alt saman.

Heilt på slutten av Den gode soldat Švejk kjem forfattaren inn på tilhøvet mellom polakkar og ukrainarar, ein konflikt som fekk tragiske utslag under andre verdskrigen.

Bakgrunn

Ukraina (ukr. Україна, rus. Украина) er ein stor og folkerik stat i det sør-austlege Europa med Kyiv som hovudstad. Hovudspråket er ukrainsk men russisk er svært utbreidd, spesielt aust og sør i landet. Før fyrste verdskrigen hadde namnet derimot ei noko anna tyding. I fylgje Ottův slovník naučný (1888) var det eit omgrep som viser til den "sør-vestlege delen av Russland ved breiddene av elvane Bug og Dnjepr men som i utstrekning ikkje er nøye definert". Namnet oppstod i fylgje leksikonet på 1600-talet og betyr "grenselandet".

Meyers Konverzations-Lexikon brukar om lag same tydinga som Ottos leksikon men nemner ikkje elva Bug, derimot at Ukraina er områda på begge breiddene av Dnjepr. Nordiske og engelske leksikon frå tida før fyrste verdskrigen brukar tilnærma same definisjon som Meyers.

Hetmanatet

Det næraste ein kjem ei tidleg ukrainisk politisk eining er Hetmanatet på 1600-talet. Det vart grunnlagd gjennom opprøret til Bohdan Khmelnytskyj mot polsk overherredøme, men han var avhengig av utanlandsk hjelp og enda opp som vasall av Moskva. Hetmanatet var historisk viktig ikkje berre som ei kjelde til ukrainsk nasjonal identitet, men òg som starten på ein prosess som gradvis førde til russisk kontroll over dei ukrainske områda. Dette var på bekostning av Polen og med tida òg ukrainarane sjølve.

Områda var såleis fram til 1600-talet hovudsakleg under polsk herredøme, men ved freden i Moskva i 1686 måtte Polen avstå alt land aust for Dnjepr og området rundt Kiev til Moskva. Storparten av områda vest for elva vart russiske fyrst ved Polen si andre deling i 1793, resten ved Polen si tredje deling i 1795. Ved Polen si fyrste deling i 1772 fekk Austerrike tildelt Galicia og Bukovina.

Vesle Russland

Ved utbrotet av fyrste verdskrigen var omgrepet Ukraina enno heller laust definert geografisk: det viste til den sørvestlege delen av tsar-dømet. På denne tida var namnet Vesle Russland langt meir brukt, noko oppføringane i ulike leksikon vitnar om (mellom dei tsjekkiske, norske, svenske, engelske og tyske). Dette omgrepet dekka ikkje dei ukrainske områda i Dobbeltmonarkiet.

Ukrainsk språk har opphav minst tilbake til 1200-talet og eit nasjonalt medvit vaks sterkare fram utover 1800-talet. I Russland vart nasjonalistiske strøymingar under tsar-dømet sterkt undertrykte. Ukrainsk var frå 1804 forbode som fag og undervisningsspråk, ein tilstand som varde nokså uendra fram til 1917. Litteratur og andre skrifter på ukrainsk måtte som regel gjevast ut i Galicia, eit område som var under austerriksk herredøme. Eitt av offera for den russiske undertrykkinga var den vidkjende diktaren Taras Sjevtsjenko.

I Den gode soldat Švejk viser Jaroslav Hašek utan tvil til Ukraina i samsvar med dåtidas allmenne definisjon - som "den sørvestlege delen av Russland".

Rutenia

Ukrainarar var offisielt ei eiga folkegruppe i Austerrike-Ungarn og vart vanlegvis kalla rutenarar. I Habsburg-riket naut ukrainsk språk og kultur ein langt betre vilkår enn i Russland. Ukrainsk var eit av tolv offisielle språk og i 1918 sat 28 ukrainske representantar i underhuset i den austerrikske Reichsrat. Dette avspegla at dei var den fjerde største etniske gruppa i Cisleithania, etter tyskarar, tsjekkarar og polakkar. Dei ukrainske områda i Dobbeltmonarkiet strekte seg over store deler av Galicia, det austlege Slovakia, Karpato-Rutenia og Bukovina.

1. verdskrigen

Alt frå krigsutbrotet i 1914 føregjekk krigføringa på det som no er ukrainsk område, på territoria til Austerrike-Ungarn. Frå august 1915 vart krigen førd over på russisk-ukrainsk land og fronten gjekk dels her og dels på austerriksk jord. Denne stoda varde fram til sommaren 1917 då den russiske hæren vart driven ut av Dobbeltmonarkiet ein gong for alle.

I 1914 budde ein betydeleg tal tsjekkiske immigrantar i Ukraina, mest i Kiev og Volhyn-provinsen. Det var mellom desse at spirene til det som seinare vart České legie oppstod og legionane opererte fram til mars 1918 på ukrainsk jord.

Mistrudde på begge sider
ukraina4.png

Direktiv om gisseltaking i Galicia

© ÖStA

Ukrainarar var mistrudde på begge sider i konflikten og ikkje utan grunn. I Galicia og andre ukrainske i område i Dobbeltmonarkiet var det utbreidd sympati med Russland, noko som òg Hašek kjem inn på i romanen. Ukrainarar vart saman med tsjekkarar rekna som det minst pålitelege folkeslaget i Austerrike-Ungarn. Alt i 1914 vart det oppretta konsentrasjonsleirar for sivile der "rutenarar" utgjorde ein stor del av dei innsette. Spesielt gjaldt dette leiren i Thalerhof ved Graz (sjå Steinhof). I områda ved fronten vart mange ukrainarar summarisk avretta som påståtte spionar og sabotørar.

Det er solid dokumentert at k.u.k. Wehrmacht tok velansedde "russofile" borgarar som gislar då Galicia vart teke attende i 1915. Desse kunne risikera å bøta med livet om sabotasje vart oppdaga i området deira. I dokumenta vedrørande 2. arme kjem dette klårt fram, og på regimentsnivå oppmoda vår kjenning Čeněk Sagner skriftleg til ikkje å visa upålitelege sivile nåde.

Ukrainarar sin situasjon i Russland under krigen var neppe særleg betre, men tilgjengelege opplysningar er ikkje like konkrete. Trykket mot ukrainsk språk og kultur hadde vorte letta på etter 1905, men vart no stramma til att. Den vidkjende sjukesystra Elsa Brändström (og kjend som "Sibirs engel") skriv at "millionar av polakkar og ukrainarar vart deporterte" og legg til at spesielt jødar vart forfylgde av russiske styresmakter.

Revolusjon
ukraina3.png

Det tsjekkoslovakiske armekorpset (legionane) trekkjer seg ut av Ukraina i mars 1918

Etter oktober-revolusjonen lyste Ukraina seg uavhengig og deltok som part i fredsforhandlingane i Brest-Litovsk. 9. februar 1918 underteikna dei avtalen med Sentralmaktene, men Kiev var alt dagen før okkupert av kommunistiske raudegardistar under leiing av oberst Mikhail Muravjov og ei bylgje av terror fylgde. Dette var hendingar som Jaroslav Hašek personleg var vitne til.

18. februar invaderte tyske styrkar det no for ein stor del bolsjevik-okkuperte Ukraina for å tvinga den revolusjonære regjeringa i Russland til å godta fredsvilkåra. Heile Ukraina vart i løpet av februar og mars okkupert. Staten heldt likevel formelt fram å eksistera men som tysk vasall-stat.

Gjennom fredsavtalane etter fyrste verdskrigen kom dei ukrainske landområda under Sovjetunion (der det hadde status som politisk eining i form av den Ukrainske Sosialistiske Sovjetrepublikken), Polen, Tsjekkoslovakia og Romania.

Hašek i Ukraina
hasek_berezno.jpg

Det einaste kjende biletet av Jaroslav Hašek frå den russiske delen av Ukraina. Her saman med Jan Šípek og Václav Menger. Berezne 29. september 1917 (12. oktober).

I perioden juli til september 1915 oppheldt Jaroslav Hašek seg på territoriet til det noverande Ukraina, som austerriksk soldat i Galicia og Volyn. Det var ved Chorupan i Volyn-provinsen at forfattaren vart teken til fange 24. september 1915. Herfrå måtte fangane gå til fots til transittleiren Darnitsa (ca 300 km) før dei vart frakta vidare til leirar andre stader i det russiske tsar-dømet.

Etter å ha vorte lausleten frå fangeleiren i Totskoje i det sørlege Ural oppheldt han seg på ukrainsk territorium frå 28. juni 1916 [a] til mars 1918. I denne perioden arbeidde han for tsjekkiske organisasjonar som motarbeidde Austerrike-Ungarn, organisasjonar som seinare vart kjende som dei Tsjekkoslovakiske legionane (sjå České legie). Han var for det meste stasjonert i Kiev der han ei stund var redaktør for Čechoslovan, men reiste òg mykje i området mellom Kiev og fronten. 2. juli 1917 var han med i slaget ved Zborów der tsjekkiske einingar for fyrste gong var i kamp med k.u.k. Wehrmacht.

Encyclopædia Britannica, 1911

UKRAINE (“frontier”), the name formerly given to a district of European Russia, now comprising the governments of Kharkov, Kiev, Podolia and Poltava. The portion east of the Dnieper became Russian in 1686 and the portion west of that river in 1793.

Sitat
[I.14.2] Nikdy nezapomenu toho člověka, který se tak mořil s tím přes celou Ukrajinu. Byl to živý špeditérský vůz a nemohu si vysvětlit, jak to mohl unést a táhnout kolik set kilometrů a potom jeti s tím až do Taškentu, opatrovat to a umřít na svých zavazadlech na skvrnitý tyf v zajateckém táboře.

Skrivst òg:UkrajinaczUkrainedeUkraineenУкраинаruУкраїнаua

Litteratur
Referensar
aUpomínky na můj vojenský životKarel Prášil2020
Tasjkenten flag
Wikipedia czdeennoruuz KartSøk
tasjkent.jpg

Světozor,14.3.1917

troitzky.png

Frå ein Raude Kross rapport, 1916.

tasjkent.png

Elsa Brändström: Bland krigsfångar i Ryssland och Sibirien (1921)

Tasjkent er nemnd i soga forfattaren om offiserstenaren som drog på ein uhoverleg mengde bagasje heilt frå Dubno men som til slutt døydde på bagasjehaugen sin i ein fangeleir i Tasjkent. Dødsårsaka var flekktyfus, ein sjukdom Jaroslav Hašek sjølv fekk i russisk fangeleir (men var noko heldigare).

Byen er nemnd blandt ei rekkje stader som utover denne soga ikkje hadde spela nokon stor rolle i romanen hittil, men som kunne til å ha dukka opp att dersom Jaroslav Hašek hadde fått fullførd romanen. Sjå Sokal.

Bakgrunn

Tasjkent (rus. Ташкент) var i 1915 hovudstad i det russiske generalguvernementet Turkestan. No er den hovudstad i Usbekistan. Fram til 1991 høyrde den til Sovjetunionen. Byen har i dag over 2 millionar innbyggjarar.

Under krigen var det ein fangeleir i byen, dessutan ein i Troitski 30 kilometer utafor byen. I begge leirane vart hovudsakleg fangar frå dei slaviske folkeslaga i Austerrike-Ungarn internerte. Ettersom det sat mange tsjekkarar her kjende Jaroslav Hašek heilt sikkert folk som hadde historier å fortelja frå Tasjkent.

Tyfus

Tyfus var eit stort problem i alle leirane i Turkestan og i 1915 og 1916 herja epidemiar. Helsepersonellet vart vaksinerte men fangane i svært liten grad. Dødstala kom opp i mange titusen.

I 1915 vart leiren i Troitski herja av ein alvorleg epidemi, ein av dei verste som råka russiske fangeleirar under heile krigen. I løpet av tre månader døydde 9 000 av 17 000 fangar. På den andre sida var leiren i sjølve byen rekna som av dei betre, og dei insette naut stor fridom. Offiserar kunne bevega seg fritt i byen utan eskorte.

Sitat
[I.14] Nikdy nezapomenu toho člověka, který se tak mořil s tím přes celou Ukrajinu<. Byl to živý špeditérský vůz a nemohu si vysvětlit, jak to mohl unést a táhnout kolik set kilometrů a potom jeti s tím až do Taškentu, opatrovat to a umřít na svých zavazadlech na skvrnitý tyf v zajateckém táboře.

Kjelder: Elsa Brändström, F. Thormeyer, F. Ferrière

Skrivst òg:TaškentczTaschkentdeTashkentenТашкентruToshkentuz

Litteratur
Sokalen flag
Wikipedia deenplruuk KartSøk Švejkův slovník
sokal.jpg

Utsikt mot byen frå Sokal hora, 2010.

sokal1.jpg

Sokal og Poturzyca på eit k.u.k. militærkart.

sokal1.png

Finljandskaja Gazeta,13.8.1914

sokal7.png

Die Neue Zeitung,20.8.1914

Sokal er nemnd 12 gonger i Den gode soldat Švejk.

Sokal (ukr. Сока́ль) vert omtala av forfattaren i ein passasje der han ironisk skildrar korleis offiserstenarane ("Putzflecks") skrytte over bragdene sine i dei ulike slaga under verdskrigen.

Sokal er ein av få stader som er nemnde i kapitteloverskrifter, her i [II.5]. I sjølve teksten i dette kapittelet vert byen så omtala av Oberst Schröder i det han skal visa offiserane kvar byen ligg. Det endar med at han er så uheldig å stikka fingeren i ein lort som ein hankatt har vore så frekk å besudla stabskartet med.

I neste kapittelet [III.1] vert Sokal nemnd på ny når Hauptmann Ságner får telegram på jernbanestasjonen i Győr med ordre om å raskt "koka ferdig" og setja kursen mot Sokal. Avsendar var den utilreknelege General Ritter von Herbert. På stasjonen i Budapest [III.2] mottok marsjbataljonen endå eit telegram med nonsens frå Herbert.

Frå Sanok [III.4] og ut romanen dukkar Sokal jamt opp att, sist i ein samtale mellom Švejk og Einjährigfreiwilliger Marek der det kjem fram at "me skal til Sokal". Marek fortel Švejk at han ikkje kjem til å få løn før etter Sokal, for det er fåfengt å betala ut til soldatar som likevel kjem til å døy.

Der er udiskutabelt at det var meininga til forfattaren å leggja handlinga til Sokal i Del fire av romanen (som han aldri rakk å fullføra).

Bakgrunn

Sokal er ein regionshovudstad i Lviv-oblastet i det vestlege Ukraina. Den ligg 80 km nord for Lviv, på austbreidda av Buh (Bug), og har i dag (2018) om lag 25 000 innbyggjarar.

Frå 1772 til 1918 tilhøyrde byen Austerrike, i mellomkrigstida Polen, etter andre verdskrigen Sovjetunionen og frå 1991 Ukraina. I 1881 var innbyggjartalet om lag 8 000 der fordelinga var nokså jamn mellom jødar, polakkar og ukrainarar. Byen låg berre ei mil frå grensa mot Russland.

Russisk okkupasjon

Sokal vart snart etter krigsutbrotet angripne av russiske styrkar. Alt 13. august 1914 kunne den russiske generalstaben melda at byen var teken, to bruer over Bug sprengde, proviant og forsyningar øydelagde og jernbanestasjonen sett fyr på. Dette vart rettnok benekta av austerrikske kjelder nokre dagar seinare. Desse hevda at det russiske åtaket var eit plyndringstokt og at fienden vart driven tilbake. Både russisk og austerriksk side stadfestar at åtaket fann stad 11. august, men at okkupasjonen var kortvarig.

Russarane kom likevel snart tilbake. 21. august slo austerrikarane tilbake eit nytt åtak, men 31. august melde finske aviser at Sokal og fleire andre byar i Galicia var okkuperte.

I etterkant av det fyrste russiske åtaket på Sokal kom ein av dei fyrste rapportane om svik mot Austerrike-Ungarn opp i avisene. Keisaren sine rutenske (ukrainske) undersåttar, 28 av dei, skal ha vore skuldige i å ha leia russarane fram til Sokal gjennom signal frå kyrkjetårn. Dei var frå Skomorochy (ukr. Скоморохи) nord for Sokal, vart dømde til døden 20. august, og hengde i heimlandsbyen dagen etter.

Sentralmaktene tilbake
sokal.png

Situasjonen sør for Sokal den 27. juli 1915. Den blå pila viser posisjonen til IR. 91, 11. feltkompani.

© ÖStA

sokal3.png

Pester Lloyd,29.7.1915

Sokal vart teken tilbake av Sentralmaktene 18. juli 1915. Resten av krigen var byen på austerrikske hender og etter slaget sør for byen dei to neste vekene forsvann Sokal heilt frå nyheitene.

Det avgjerande slaget om Sokal stod frå 15. til 31. juli 1915. Det byrja med at k.u.k. 1. Armee, etter kvart med hjelp av den tyske 103. infanteridivisjon, forserte Bug og etter harde kampar inntok dei byen den 18. Dermed hadde dei oppretta eit bruhovud aust for elva.'

Alt same dagen innsåg Paul Puhallo, øvstkommanderande for 1. armee, kor alvorleg stoda var. Han bad om hjelp og ynskjet hans vart teke til fylgje. k.u.k. 2. armee avga heile den 9. Infanteriedivision (som Infanterieregiment Nr. 91 tilhøyrde). Desse skulle etter planen ha gått til åtak over Bug ved Kamionka Strumiłowa 21.juli, men natta mellom 20. og 21. måtte dei i staden starta marsjen nordover for å avlasta det utsette bruhovudet ved Sokal.

Ordren om å flytta divisjonen til dette frontavsnittet var såleis den direkte grunnen til at Jaroslav Hašek i det heile kom til Sokal og dermed òg til at byen vert nemnd i Den gode soldat Švejk.

Infanterieregiment Nr. 91 ved Sokal
sokal2.png

Oberleutnant Sagner melder om den kritiske situasjonen bataljonen hans er i. Tapa er minst 50 prosent.

© ÖStA

Regimentet kom fram til Opulsko vest for Sokal den 22. og dagen etter var dei i posisjon ved Poturzyca (ukr. Поториця), nokre få kilometer sør for byen. Klokka 4 om ettermiddagen 25. juli 1915 gjekk signalet til åtak på dei russiske stillingane på høgdene ved Poturzyca (Kote 254, 237, 234). Det vart eit brutalt slag med stort mannefall på begge sidar. Ein reknar at 9. Infanteriedivision mista om lag halve mannskapet i drepne, såra og sakna. Det vart dessutan teke store mengder fangar på begge sider.

Til sist måtte k.u.k. Heer gje opp åtaket og trekkja seg tilbake til stillingar mellom Sokal og Poturzyca. Dei vart redda av ei uventa russisk tilbaketreking som skuldast at tyskararane hadde treng gjennom fronten lenger nord. Dermed stod russarane ved Sokal i fare for å verta avskorne og fekk ordre om å trekkja seg attende.

sokal_gymnas.jpg

Gymnaset der deler av IR. 91 overnatta frå 1. til 2. august 1915

© Daniel Abraham

../docs/svejk/obrazy/sokal.jpg

Bojiště u Sokalu

Večerní České slovo,25.9.1924

Den 1. august vart 9. divisjon avløyst. Deler av IR. 91 overnatta på gymnaset i Sokal (Jan Vaněk nemner det i dagboka si), noko som kan ha funne vegen inn i romanen (men då "forflytta" til Sanok). Om kvelden 2. august var det avmarsj til reserveposisjonar ved Żdżary, 15 km nord for Sokal. Om morgonen den 3. august klokka 4 var avløysinga gjennomført. Żdżary var eit område som var infisert med kolera, men det er ikkje kjent om soldatar frå regimentet vart smitta. 9. Infanteriedivision oppheldt seg her fram til 27. august då ein offensiv inn i Russland i retning Dubno starta.

Dei opprinnelege einingane frå 1. Armee deltok òg i slaget, mellom dei Infanterieregiment Nr. 4 (Hoch- und Deutschmeister frå Wien), Feldjägerbataillon Nr. 10 (Kopaljäger frå Jihlava) og Feldjägerbataillon Nr. 25 (Brno). Det var desse som hadde erobra Sokal veka før og då hadde Deutschmeister-regimentet utmerka seg spesielt.

Jaroslav Hašek og Sokal
dekorierung.jpg

Dekorierung ved IR. 91/11. feltkompani, Żdżary, den 18. august 1915. Her delte oberst Rudolf Kießwetter ut medaljane til soldatane. På biletet ser me forutan Kießwetter sjølv m.a. Vaněk, Hašek, Lukas og Sagner. Frå Bestand Rudolf Kießwetter.

© ÖStA

Jaroslav Hašek tenestegjorde som ordonnans i 3. feltbataljon, 11. kompani. Bataljonen var under slaget i ein av dei mest utsette stillingane og leid store tap. Under forferdelege omstende leia likevel Čeněk Sagner mannskapet sitt godt og vart i rapportane etter slaget spesielt framheva. Oberleutnant Rudolf Lukas leia 11. feltkompani, eit av dei fire kompania i Sagner sin bataljon.

Etter slaget ved Sokal vart Hašek forfremja til Gefreiter og 18. august 1915 vart han dekorert med sylvmedalje (2. klasse) for djervleik utvist under kampane ved Poturzyca 25. juli.

Fleire av "modellane" for personar i Den gode soldat Švejk deltok i slaget ved Sokal: Rudolf Lukas, Čeněk Sagner, Hans Bigler, Jan Vaněk, František Strašlipka, Jan Eybl og Franz Wenzel.

Desse vart dekorerte etter slaget: Jaroslav Hašek, Hans Bigler, Jan Vaněk, František Strašlipka og Čeněk Sagner. Den siste var ein av berre tre i heile regimentet som fekk den største utmerkinga: det rikstyske "Eiserne Kreuz" (Jernkorset).

Eit godt dokumentert slag
sokal4.png

Frå Jan Vaněk si dagbok. 31. juli 1915.

sokal5.png

Frå Gefechtsbericht, 9. august 1915. Denne inneheld sviande kritikk av IR. 91 si leiing under slaget. Spesielt får regimentssjefen Oberst Steinsberg og kommandant for 2. bataljon, Oberleutnant Wenzel, gjennomgå.

© ÖStA

Viktige vitnemål om hendingane ved Sokal er dagbøkene til Jan Vaněk og Jan Eybl, så notatane til Bohumil Vlček, alt frå IR. 91. Dessutan har me dagboka til Eugen Hoeflich (betre kjend som Moscheh Ya’akov Ben-Gavriêl) frå Feldjägerbataillon Nr. 25, Brno.

Etter slaget vart, forutan forfattaren, Kadett Bigler og Oberleutnant Sagner forfremja. Oberstleutnant Wenzel vart etterforska grunna feig oppførsel. Han skal ha overlete leiinga av sin 2. bataljon til Oberleutnant Peregrin Baudisch og oppheldt seg av uforklarlege grunnar hjå 4. bataljon (som låg i reserve).

Utover dette finst det utførlege omtalar av slaget i regimentskrønikene til IR. 91, IR73 og IR102, truleg òg hjå Die Deutschmeister, Infanterieregiment Nr. 11 m.fl. Österreich-Ungarns letzter Krieg omtalar slaget grundig og gjev innsikt i avgjerdene og disposisjonane på høgare hald i kommandokjeda. I krigsarkiva i Wien og Praha finn ein meir materiale; dagbøker, slagrapportar, ordrar, kart, foto m.m. Materiale om IR. 91 ved Sokal finst i begge arkiva.

Avisoppslag som nemner Sokal var det mange av, men på begge sidar vart nyhenda sjølvsagt nøye filtrert og sensurert. Dei respektive tilbakeslaga vart stort sett ikkje nemnde og eigne framgangar overdrivne. Langt nyttigare er usensurerte avisartiklar frå etter krigen, der enkeltpersonar skreiv om opplevingane sine ved Sokal.

Augevitneskildringar og andre dokument frå russisk side har forfattaren av desse web-sidene ikkje funne, men russiske offisielle kunngjeringar er tilgjengelege gjennom finske aviser (på den tida eit russisk storfyrstedøme) og aviser frå nøytrale land som Norge, Sverige, Nederland og Sveits. Ein finn òg døme på at dei kom på trykk i aviser i Dobbeltmonarkiet.

Hašek og dei 300 fangane
sokal6.png

Důjstonické listy,24.2.1938

Ein artikkelserie på 16 deler av Jan Morávek i Večerní České slovo frå 1924, til dels basert på intervju med Rudolf Lukas, er òg ei viktig kjelde. Den har vorte brukt mykje av haškologar etter andre verdskrigen. Dette til trass for at ein kan mistenkja Morávek for å ha smurt tjukt på. Mellom anna hevdar han at Jaroslav Hašek vart dekorert fordi han overtala 300 russarar til å overgje seg og så førde dei væpna til regimentstaben der oppstod panikk.

Episoden er ikkje nemnd med eit ord om i grunngjevinga for at han vart dekorert (Belohnungsantrag), men soga har mange paralellar til opplysningar frå ein av nekrologane over Rudolf Lukas (Důjstonické listy, 24. februar 1938). Her kjem det fram at Hašek faktisk fekk som oppdrag av Lukas å ta med seg ei gruppe fangar bak fronten. I strid mot instruksane fekk han dei ikkje avvæpna og dette førde til panikk ved staben, der dei trudde russarane hadde brote gjennom. Episoden stilte Lukas i eit dårleg lys men me veit ikkje om den fekk konsekvensar for han.

Same dagen kom det likevel frå høgaste hald ein ordre som fekk store fylgjer. Den tyske øvstkommanderande Mackesen gav ordre om at den 103. infanteridivisjon og andre tyske troppar skulle trekkjast ut for å hjelpa general Linsingen lenger nord. Dermed vart situasjonen vanskeleg for k.u.k. 1. Armee, ettersom russarane, leia av den dyktige general Brusilov, tok tilbake høgdedraga sør for Sokal den 20. Herfrå kunne dei bombardera byen og truga med å driva fienden tilbake over elva.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Sokal 11 610 innbyggjarar. Tingdistriktet var Gerichtsbezirk Sokal og forvaltningsdistriktet var Bezirkshauptmannschaft Sokal.

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Sokal vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 30 (Lemberg) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 19 (Lemberg).

Jan Vaněk

26.7.1915: Včera odpol přišel rozkaz „Ku předu“ na ruské zákopy. Nejdříve bombardovalo naše dělostřelectvo a pak jsme šli. Ale bylo to hrozné. Sotva naši lidé vyskočili na náspy, již se jich mnoho a mnoho válelo na zemi dílem mrtvých a raněných. Hrozná to byla hodinka. Postoupili jsme o 100 kroků do předu a dále to nešlo. Byli jsme seslabeni. K tomu ke všemu pršelo jen se lilo. Bláto zamazalo pušky, takže nebylo možno střílet. Trnuli jsme strachy a kdyby rusové udělali protiútok, že to nezadržíme. Ale nestalo se tak—do rána jsme se urželi a pak jsme pokračovali. Zajali jsme spousty Rusů.

Das Infanterieregiment Nr. 91 auf Vormarsch in Galizien

28. juli 1915, 11 Uhr Nachts: Gleich darauf meldte Oberleutnant Sagner: Linker Flügel des III. Bataillons hat, da das Infanterieregiment Nr. 11 zurückgeging, jeden Anschluss verloren. Gegner durchgebrochen - Pionerabteilung des Regimentsreserven eingesetzt. Bitte um 2 Kompagnien an meinen linken Flügel da dieser in äusserst kritischer Situation ist.

Sitat
[I.14.2] Dnes jsou důstojničtí sluhové roztroušení po celé naší republice a vypravují o svých hrdinných skutcích. Oni šturmovali Sokal, Dubno, Niš, Piavu. Každý z nich je Napoleonem: „Povídal jsem našemu obrstovi, aby telefonoval do štábu, že už to může začít.“
[II.5] "Odtud, pánové, k Sokalu na Bug," řekl plukovník Schröder věštecky a posunul ukazováček po paměti ke Karpatům, přičemž zabořil jej do jedné z těch hromádek, jak se kocour staral udělat mapu bojiště plastickou.
[III.1] Telegram zněl prosté, nešifrován: "Rasch abkochen, dann Vormarsch nach Sokal." Hejtman Ságner povážlivé zakroutil hlavou. "Poslušné hlásím," řekl Matušič, "velitel stanice dá vás prosit k rozmluvě. Je tam ještě jeden telegram." Potom byla mezi velitelem nádraží a hejtmanem Ságnerem rozmluva velice důvěrného rázu. První telegram musel být odevzdán, třebas měl obsah velice překvapující, když je batalión na stanici v Rábu: "Rychle uvařit a pak pochodem na Sokal." Adresován byl nešifrovaně na pochodový batalión 91. pluku s kopií na pochodový batalión 75. pluku, který byl ještě vzadu. Podpis byl správný: Velitel brigády Ritter von Herbert.
[III.2] Matušič přinesl na vojenském nádraží v Budapešti hejtmanovi Ságnerovi z velitelství telegram, který poslal nešťastný velitel brigády dopravený do sanatoria. Byl téhož obsahu, nešifrován, jako na poslední stanici: "Rychle uvařit menáž a pochodem na Sokal." K tomu bylo připojeno: "Vozatajstvo začíslit u východní skupiny. Výzvědná služba se zrušuje. 13. pochodový prapor staví most přes řeku Bug. Bližší v novinách."
[III.4] Ačkoliv odtud bylo spojení železniční neporušeno pod Lvov i severně na Veliké Mosty, bylo vlastně záhadou, proč štáb východního úseku udělal tyto dispozice, aby železná brigáda se svým štábem soustřeďovala pochodové prapory sto padesát kilometrů v týlu, když šla v té době fronta od Brodů na Bug a podél řeky severně k Sokalu.
[III.4] Tato nešťastná kráva, možno-li vůbec nazvati onen přírodní zjev kravou, utkvěla všem účastníkům v živé paměti, a je téměř jisto, že kdyby později před bitvou u Sokalu byli velitelé připomněli mužstvu krávu z Liskowiec, že by se byla jedenáctá kumpanie za hrozného řevu vzteku vrhla s bajonetem na nepřítele.
[IV.1] Neznalo ještě nic určitého o revolučních organizacích v cizině a teprve v srpnu na linii Sokal Milijatin - Bubnovo obdrželi velitelé bataliónů důvěrné rezerváty, že bývalý rakouský profesor Masaryk utekl za hranice, kde vede proti Rakousku propagandu. Nějaký pitomeček od divize doplnil rezervát ještě tímto rozkazem: "V případě zachycení předvésti neprodlené k štábu divize!" Toto tedy připomínám panu presidentovi, aby věděl, jaké nástrahy a léčky byly na něho kladeny mezi Sokalem- Milijatinem a Bubnovou.
[IV.3] Major otevřel si stůl, vytáhl mapu a zamyslel se nad tím, že Felštýn je 40 kilometrů jihovýchodně od Přemyšlu, takže jevila se zde hrozná záhada, jak přišel pěšák Švejk k ruské uniformě v místech vzdálených přes sto padesát kilometrů od fronty, když pozice táhnou se v linii Sokal - Turze Kozlów.
[IV.3] "U nás ho teď nedostaneš, poněvadž my jdeme na Sokal a lénunk se bude vyplácet až po bitvě, musíme šetřit. Jestli počítám, že se to tam strhne za čtrnáct dní, tak se ušetří na každým padlým vojákovi i s culágama 24 K 72 hal."

Kjelder: VÚA, ÖStA, Milan Hodík, Bohumil Vlček, Jan Vaněk, Jan Ev. Eybl, Eugen Hoeflich

Skrivst òg:СокальruСокальua

Litteratur
Nišen flag
Wikipedia czdeennnnosr KartSøk
nis.jpg

Serbisk gravferd i Niš

© ÖStA

nis1.png

Linzer Volksblatt,7.11.1915

nis.png

IR. 91 ved Niš 8. oktober 1918.

Österreich-Ungarns letzter Krieg (VII. Beilagen),1938

Niš vert nemnd i forfattaren si harsellering over offisertenarane som "storma" Niš, Sokal og Piave m.fl.

Bakgrunn

Niš (ser. Ниш) er ein by i Serbia ved elva Nišava. Med meir enn 250 000 innbyggjarar er han den største byen i Sør-Serbia og den tredje største byen i landet etter Beograd og Novi Sad.

Under krigen

Byen var "krigshovudstad" i Serbia avdi Beograd låg utsett til like ved grensa til Ungarn. Under Sentralmaktene sin offensiv hausten 1915 vart byen erobra av bulgarske styrkar 5. november 1915 etter at serbarane trekte seg ut av byen. Den var under bulgarsk okkupasjon fram til 12. oktober 1918 då den vart den frigjord av serbiske styrkar.

At austerrikske soldatar skal ha vore med på å storma Niš (slik forfattaren antydar) er lite truleg ettersom den bulgarske hæren stod for operasjonane mot byen i 1915.

IR. 91 ved Niš

Seint i september 1918 trekte Bulgaria seg ut av krigen og deira allierte på Balkan kom såleis i ei knipe. 9. Infanteriedivision (med IR. 91) vart difor i all hast omplasserte frå fronten ved Piave til det sørlege Serbia. Transporten gjekk med tog via Udine, Ljubljana, Beograd til Vranje ved den makedonske grensa. Divisjonen var sterkt svekka, leid av sjukdom og materielle manglar, nokre av reservane hadde ikkje ein gong sko. Sør for Vranje stod dei no ovafor den framrykkjande serbiske 1. armé og måtte alt 3. oktober trekkja seg nordover att. Den 17. brigade (Infanterieregiment Nr. 91 og IR102) hadde eit uhyre krevande tilbaketog over fjella. 8. oktober stod dei like sør for Niš og 16. oktober ved Vitkovač. Dei siste vekene av krigen heldt tilbaketoget frå Serbia fram.

Sitat
[I.14.2] Oni šturmovali Sokal, Dubno, Niš, Piavu.

Kjelder: Jan Ciglbauer, Milan Hodík

Skrivst òg:NischdeНишsr

Litteratur
Piaveen flag
Wikipedia czdeenitno KartSøk
piave.jpg

K.u.k. Heer går over Piave ved Grave di Papadopoli

piave1.jpg

Svět, 12.9.1918

Piave vert nemnd i forteljaren si ironisering over offisertenarane som skrytte av bragdene sine under krigen.

Bakgrunn

Piave er ei elv nord i Italia. Ho har sitt utspring i Alpane og renn sørover i 220 km og ut i Adriatarhavet nær Venezia.

Under krigen

Etter Sentralmaktene sitt gjennombrot ved Caporetto 24. oktober 1917 trekte italienarane seg tilbake til Piave der fronten vart stabilisert i november etter at Sentralmaktene mislukkast i å kryssa elva. I juni 1918 stod det andre slaget ved Piave, den siste store austerriksk-ungarske offensiven på den italienske fronten. Åtaket mislukkast og k.u.k. Wehrmacht mista nesten 120 000 mann. 24. oktober 1918 sette dei allierte inn eit siste åtak som førde til eit fullt samanbrot hjå austerrikarane.

Ved Piave kjempa òg ein divisjon tsjekkiske legionærar på italiensk side. Dei som vart tekne til fange vart offentleg avretta. Berre den 22. juli 1918 leid 160 legionærar denne lagnaden.

IR. 91 ved Piave

Under offensiven ved Caporetto fylgde IR. 91 med k.u.k. Wehrmacht vestover frå Isonzo til Piave der dei kom fram 13. november. Den fyrste månaden heldt dei til ved Ponte di Piave, vart så flytta til nordover til Valdobbiadene i krysningspunktet mellom fjella og lågsletta.

Under den mislukka austerrikske offensiven sommaren 1918 var dei i reserve (15. til 23. juni), så flytta nedover att til Grave di Papadopoli, ei stor øy i Piave. Deretter vart dei flytta til fronten i Serbia, ein omplassering som fann stad frå 30. september. Av førebileta for personar i romanen tenestegjorde berre Hans Bigler ved Piave.

Sitat
[I.14.2] Oni šturmovali Sokal, Dubno, Niš, Piavu.

Kjelder: Jan Ciglbauer, Milan Hodík

Skrivst òg:Piavacz

Litteratur
Sør-Böhmenen flag
Wikipedia czdeenno KartSøk
jcechy1.jpg

Čechy. Díl IX. Západní Čechy. J. Otto, 1897

jcechy.jpg

Čechy. Díl VI. V jihovýchodních Čechách. J. Otto, 1890

jcechy.png

Ergänzungsbezirke Nr. 11, 91, 75

Schematismus für das k.u.k. Heer und für die k.u.k. Kriegsmarine, 1911

Sør-Böhmen vert fyrst nemnd når Hašek fortel at Oberleutnant Lukáš kom frå dette området, med forfattaren sine eigne ord "det tsjekkiske sør".

I [I.15] vert området nemnd att då det kjem fram at Oberst Kraus rota seg bort med heile regimentet sitt då han var på manøver her før krigen.

Sør-Böhmen er viktig i romanen ettersom litt over to av kapittela føregår her. Mest kjend er Švejk sin anabase som gjev ei mengde geografiske referensar. Men òg seinare i romanen vert stader og folk herfrå jamt nemnde, ettersom Švejk sitt IR. 91 var rekrutterte herfrå så soldaten omgjekk difor mange frå området.

Det kan jamvel synest som om hovudpersonen sjølv kjem frå området (sjå Dražov) og sikkert er det at han gjorde fyrstegongstenesta si ved regimentet i Budějovice og dessutan deltok under manøvrar i regionen. Av viktige romanfigurar som kom frå det tsjekkiske sør kan nemnast Oberleutnant Lukáš og Offiziersdiener Baloun. Alt i fyrste kapittelet av romanen vert Sør-Böhmen drege inn, sjå Břetislav Ludvík.

Bakgrunn

Sør-Böhmen er eit vagt definert geografisk område som viser til det som i dag grovt sett utgjer den administrative eininga Jihočeský kraj (fylket Sør-Böhmen). Hovudstad er České Budějovice, langt den største byen i region. Av andre kjende byar kan ein nemna Tábor, Písek, Strakonice, Krumlov, Třeboň, og Jindřichův Hradec. Som admininistrativ eining oppstod det i 1949 som Budějovický kraj, frå 1960 fekk det dagens namn.

Militært

Militært var regionen underlagd 8. Korpskommando og fylgjande rekrutteringsdistrikt låg heilt eller delvis innafor området: 11 (Písek, stor del), 75 (Jindřichův Hradec, stor del), 91 (Budějovice, heilt) og 102 (Benešov, liten del).

Hašek og Sør-Böhmen

At Sør-Böhmen har ein såpass framståande plass i romanen har samanheng med forfattaren sin eigen bakgrunn. Sjølv om Hašek var frå Praha kom begge foreldra frå sør, og alt som tenåring vitja han området saman med mora. Ein viktig inspirasjon er òg bestefaren Jareš, damvaktaren frå Ražice, som fortalde den unge Jaroslav mange soger frå området.

Til slutt vart nettopp faren sin fødestad avgjerande for råma forfattaren brukte frå Del to og utover. I og med at faren, Josef Hašek, var fødd i Mydlovary, hadde òg sonen heimstadrett her. Ettersom Mydlovary låg innafor IR. 91 sitt rekrutteringsdistrikt, vart dermed Jaroslav Hašek kalla inn til krigsteneste for dette regimentet, noko som sterkt verkar inn på handlinga i romanen, i det minste i ei geografisk tyding.

Sitat
[I.14.3] To bylo to, co zachoval z povahy sedláka na českém jihu, kde se narodil ve vesnici mezi černými lesy a rybníky.
[I.15] Nikdy nedorazil nikam včas, vodil pluk v kolonách proti strojním puškám a kdysi před lety stalo se při císařských manévrech na českém jihu, že se úplně s plukem ztratil, dostal se s ním až na Moravu, kde se s ním potloukal ještě několik dní po tom, když už bylo po manévrech a vojáci leželi v kasárnách.

Skrivst òg:Jižní ČechyczSüdböhmendeSouth Bohemiaen

Harzen flag
Wikipedia deen KartSøk Švejkův slovník
harz1.png

Der Floh,9.2.1913

harz.png

Národní politika,5.1.1908

Harz vert her brukt som adjektiv til kanarifugl-rasen Harzer Roller. Fuglen som vert omtala tilhøyrde Oberleutnant Lukáš men fekk ein lite lysteleg lagnad då Švejk slapp den og overløytnanten sin katt saman "for at dei skulle venja seg til kvarandre".

Bakgrunn

Harz er ei fjellkjede i Tyskland. Det er den nordlegaste fjellkjeda i landet og ligg på grensa mellom Niedersachsen, Sachsen-Anhalt og Thüringen.

Harzer Roller er ein kanarifugl-rase som vart avla fram i Harz-fjella og vart svært populær på 1800-talet. Den er mest kjeld som songfugl men vert òg brukt i gruver som åtvaring mot giftige gassar. Den er spesielt var mot karbonmonoksyd. Senter for oppdrett var Sankt Andreasberg.

Rasen dukka stadig opp i avisannonsar i tida før fyrste verdskrigen, mellom anna i Národní politika. Jaroslav Hašek, som i 1909 og 1910 var redaktør for dyretidsskriftet Svět zvířat, var svært kunnskapsrik om dyr, inkludert fuglar.

Sitat
[I.14.3] Neobyčejně rád měl zvířata. Měl harckého kanárka, angorskou kočku a stájového pinče.
Litteratur
Kanariøyaneen flag
Wikipedia czdeenesno KartSøk
kanari.jpg

Kanariøyane vert her brukt som adjektiv til fuglerasen som har namnet sitt etter desse øyane. Oberleutnant Lukáš likte dyr og heldt ein kanarifugl, ein katt og ein hund. Fuglen leid ein trist lagnad ettersom Švejk prøvde å få katten og fuglen til å venja seg til kvarande. Det gjekk som det måtte gå.

Bakgrunn

Kanariøyane er ei gruppe øyar i Atlanterhavet utafor Afrika som tilhøyrer Spania.

Kanarifuglen har namnet sitt etter Kanariøyane der den lever vilt. Den er òg utbreidd på Azorane og på Madeira. Til Europa vart den innført som tamfugl og spesielt i Mellom-Europa vart den populær. Harz (regionen) vart på 1800-talet det viktigaste senteret for kanarioppdrett.

Sitat
[I.14.3] Neobyčejně rád měl zvířata. Měl harckého kanárka, angorskou kočku a stájového pinče.
[I.14.3] „Poslušně hlásím, pane obrlajtnant, že je vše v nejlepším pořádku, jedině kočka dělala neplechu a sežrala vašeho kanára.“

Skrivst òg:Kanárské ostrovyczKanarischen InselndeCanary IslandsenIslas Canariases

Pelhřimoven flag
Wikipedia czdeen KartSøk
pelhrimov.jpg

© Pelhřimovský magazín

Pelhřimov er nemnd i ein monolog der Švejk fortel Oberleutnant Lukáš om ein lærar lærar Marek frå ein landsby i nærleiken som flyg etter dottera til viltoppsynsmannen viltoppsynsmann Špera.

Byen er nemnd på ny når Švjek på ny kjem saman med sin obrlajtnantein jernbanestasjon i Wien og omgåande fortel han om ein viss Vaníček frå Pelhřimov.

Bakgrunn

Pelhřimov er ein by i Vysočina med eit folketal på om lag 17 000 (2010). Den har eit godt bevart historisk sentrum, og har i tillegg ein viss industriell tradisjon, mellom anna innafor brygging.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Pelhřimov 5 738 innbyggjarar der 5 729 (99 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okres Pelhřimov, forvaltningsdistriktet var hejtmanství Pelhřimov.

Kjelde:Seznam míst v království Českém(1913)

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Pelhřimov vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 75 (Neuhaus) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 29 (Budweis).

Sitat
[I.14.3] V jedný vesnici za Pelhřimovem byl nějaký učitel Marek a ten chodil za dcerou hajnýho Špery, a ten mu dal vzkázat, že jestli se bude s holkou scházet v lese, že mu, když ho potká, postí do zadnice z ručnice štětiny se solí.
[II.3] „Vostudu,“ pokračoval Švejk, „jsem vám jistě nikdy neudělal, jestli se něco stalo, to byla náhoda, pouhý řízení boží, jako říkal starej Vaníček z Pelhřimova, když si vodbejval šestatřicátej trest. Nikdy jsem nic neudělal naschvál, pane obrlajtnant, vždycky jsem chtěl udělat něco vobratnýho, dobrýho, a já za to nemůžu, jestli jsme voba z toho neměli žádnej profit a jenom samý pouhý trápení a mučení.“

Skrivst òg:Pilgramde

Litteratur
Košířeen flag
Wikipedia czen KartSøk
kosire.jpg

Hlaváček-trikken ved Klamovka i juni 1897

kynolog.png

Čech,17.11.1910

Košíře er nemnd i samtalen mellom Oberleutnant Lukáš og Švejk etter at katten har ete kanarifuglen. Dei kom etter kvart inn på handel med hundar og forfalsking av stamtavler og Švejk brukar ein bastard frå Košíře som døme.

I [I.15] er staden nemnd på ny i samband med anekdota om ein viss Božetěch som gjorde butikk på å stela hundar som hein seinare heva finnarløn på.

Bakgrunn

Košíře er ein bydel i Praha, som ligg vest i hovudstaden mellom Smíchov og Motol. Košíře var eigen by frå 1895 til den vart innlemma i stor-Praha 1922. Som ein kuriositet kan nemnast ei private trikkelinje som forbandt byen med Smíchov sentrum.

Hašek i Košíře

Offisielt budde Jaroslav Hašek i Košíře nummer 908 frå 4. februar 1909. Dette var adressa til redaksjonen til dyremagasinet Svět zvířat som kom ut kvar fjortande dag. For dette tidskriftet var han i ein period redaktør. Villaen låg ovafor hagen Klamovka men vart riven ein gong mellom 2011 og 2015.

Frå 28. juli 1910 er han i fylgje politiregistra å finna lenger nede i retning Smíchov, i Košíře nummer 1125. Her budde han saman med kona Jarmila som han hadde gifta seg med 23. mai 1910. Han var oppførd her fram til 28. desember 1911 då han er skriven inn i politibøkene med bustad i Vršovice. Det var frå nummer 1125 han ein kort periode, i slutten av 1910 og starten av 1911, dreiv sitt mislukka "Kynologiske Institutt", der han kjøpte og selgde hundar og andre dyr.

Švejk kjem til verda

Det var nok medan forfattaren budde i Košíře at han kom på ideen om å skapa Den gode soldat Švejk, rettnok i ei heilt anna utgåve enn den seinare verdskjende romanen. Fyrste soga om Švejk kom på trykk 22. mai 1911.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Košíře 12 293 innbyggjarar der 12 233 (99 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okres Smíchov, forvaltningsdistriktet var hejtmanství Smíchov. Byen bestod av distrikta Cibulka, Košíře, Kotlářka, Poštovka og Podhájí. Den hadde postkontor og romersk-katolsk kyrkjesokn.

Kjelde:Seznam míst v království Českém(1913)

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Košíře vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 28 (Prag) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 8 (Prag).

Sitat
[I.14.3] A každej hned chtěl rodokmen, tak jsem si musel dát rodokmeny natisknout a dělat z nějakýho košířskýho voříška, kerej se narodil v cihelně, nejčistokrevnějšího šlechtice z bavorskýho psince Armin von Barnheim.
[I.15] Nějakej Božetěch z Košíř, ten se jen tak živil. Ukrad vždycky psa, pak hledal v inzerátech, kdo se zaběh, a hned tam šel.

Kjelder: Jaroslav Šerák

Skrivst òg: KoschirschReinerKoschiřde

Litteratur
Bayernen flag
Wikipedia czdeennnno KartSøk
bayern.png

Das deutsche Kaiserreich, 1871-1918

bayern1.png

Ottův slovník naučný, 1909

Bayern vert nemnd av Švejk i den fyrste samtalen med Oberleutnant Lukáš om hundar. Her i kennelen til Armin von Barheim vart dei mest rasereine pinscherane avla.

I [IV.3] er Bayern nemnd att ved at soldatar frå Infanterieregiment Nr. 91 har slåst med bayerane på torget i Żółtańce.

Bakgrunn

Bayern er den største av dei tyske delstatane, med München som hovudstad og ein av dei viktigaste byane i landet.

Kongeriket Bayern eksisterte frå 1805 til 1918 og var frå 1871 del av det sameinte Tyskland. Den geografiske utstrekninga var noko annaleis enn den moderne forbundstaten, mellom anna tilhøyrde det no utskilde området Pfalz til Bayern.

Under keisarriket hadde Bayern som i dag ei relativt uavhengig stilling. Det kongelege Wittelsbach-dynastiet heldt fram å styra, kongeriket hadde dessutan eigen hær, postvesen og jernbane. Bayern var tradisjonelt alliert med Austerrike i konfliktane med Preussen, og så seint som i den Tyske krigen i 1866 var dei i krig med den nord-tyske staten.

I Den gode soldat Švejk er det berre sjeldan vist til folk eller stader i Bayern. Den mest kjende bayer som er nemnd er utan tvil Sisi, deretter forfattaren Ludwig Ganghofer. Referansar til bayersk landkunne er avgrensa til Nürnberg og Nördlingen.

Hašek i Bayern
bayern2.png

Besedy lidu,9.5.1914

jogelli.png

Jogelli Klopter og Jaroslav Hašek.

© Josef Lada

Jaroslav Hašek kjende deler av Bayern frå vandringa si sommaren 1904, ei reise som inspirerte han til å skriva nokre forteljingar med tema derfrå. Opplevingane kjem dessutan inn som fragment i mange fleire. I fylgje si eiga soge Velký den (Den store dagen) gjekk han til fots heilt frå Sveits gjennom Bayern til Domažlice der innkvarterte seg hjå kameraten Hájek. Reisa fann stad frå juli og truleg til ut i september (soga kom på trykk 9. oktober). Hašek si reise i Bayern er berre dokumentert gjennom enn hans eigne soger, noko som gjer at enkelte detaljar må takast med ei klype salt. Likevel må ein gå ut frå at det geografiske omrisset han teiknar av reisa stemmer og at mange andre detaljar òg er autentiske.

Ei lang rad stader i det tidlegare kongeriket er nemnde i desse forteljingane. Handlinga er lagd til byane Dillingen, Höchstädt, Ingolstadt og Neuburg. Alle ligg langs Donau på strekninga frå Ingolstad til grensa mot Württemberg. I tillegg omtalar Hašek dei bayerske områda Oberpfalz, Oberfranken og Schwaben. Byane Passau og Regensburg er nemnde saman med ei rekkje mindre stader der namna ofte er mystifiserte eller feilstava.

Tre av forteljingane har handlinga lagd til Neuburg, og den mest kjende av desse er soga om møtet med den tjukke turist-guiden Jogelli Klopter. Denne forteljinga er omsett til fleire utanlandske språk, mellom anna engelsk. Ei anna kjend soge heiter Rettferd i Bayern og er lagd til Ingolstadt. Her vert forfattaren arrestert for lausgjengeri men let svært vel over både soningstilhøva og vilkåra ellers.

I ei soge om humleplukking er handlinga lagde til området mellom Nürnberg og Spalt. Her omtalar han møtet med andre sesongarbeidarar, mellom anna ein kar frå Slesvig.

I Kiev i 1917 skreiv Jaroslav Hašek forteljinga Na Valhallu i Čechoslovan [a]. Forteljinga som er meir propaganda enn underhaldning, nemner ein del stader langs elva Regen og indikerer at reisa hans tilbake til Böhmen i 1904 gjekk gjennom Bayerischer Wald. Nemnde er Walhalla-minnesmerket ved Donaustauf, Furth im Wald og Eschlkam. Han noterte dessutan kvar han kryssa grena.

Sitat
[I.14.3] A každej hned chtěl rodokmen, tak jsem si musel dát rodokmeny natisknout a dělat z nějakýho košířskýho voříška, kerej se narodil v cihelně, nejčistokrevnějšího šlechtice z bavorskýho psince Armin von Barheim.

Kjelder: Jan Berwid-Buquoy, Radko Pytlík

Skrivst òg:BavorskoczBavariaen

Litteratur
Referensar
aNa ValhalluČechoslovanDr. Vladimír Stanko9.4.1917J
Vojtěšská uliceen flag
KartSøk
vojteska.jpg

Vojtěšská ulice, Nové město, Praha. © AHMP

Vojtěšská ulice er nemnd av Švejk i samband med Oberleutnant Lukáš sine vanskar då Katy Wendler dukkar opp. Her òg var det snakk om å få på dør ei dame som ikkje kjende si besøkelsestid. Episoden med dama skal ha funne stad "for to år sidan", med andre ord i 1912.

Bakgrunn

Vojtěšská ulice er ei gate i Nové město, den går parallelt med Vltava nord for Myslíkova ulice. Gata er kalla opp etter St Adalbert. Hovudattraksjonen i gata er nok kyrkja Kostel sv. Vojtěcha většího. Det fanst òg ei gate med same namn i Břevnov men det er lite truleg at Švejk hadde denne i tankane.

Det ikkje lukkast å knyta den nemnde episoden til avisoppslag frå den aktuelle tida.

Sitat
[I.14.4] „Poslušně hlásím, pane obrlajtnant, že je to těžký případ. Ve Vojtěšský ulici před dvěma léty nastěhovala se k jednomu čalouníkovi nějaká slečna a von ji nemoh vypudit z bytu a musel votrávit ji i sebe svítiplynem a bylo po legraci. S ženskejma je vobtíž. Já do nich vidím.“

Skrivst òg:Adalbertgassede

Litteratur
Třeboňen flag
Wikipedia czdeen KartSøk
trebon0.jpg

Světozor, 18.10.1912

Třeboň var byen fru Micková kom frå. Oberleutnant Lukáš venta ho på besøk akkurat då Katy Wendler på eit upassande tidspunkt dukka opp.

Bakgrunn

Třeboň er ein by i Sør-Böhmen med om lag 8 700 innbyggjarar (2010). Den var eitt av hovudeta for Schwarzenberg-slekta og byen har eit fint historisk sentrum. Den er omgjeven rybníky kunstige innsjøar brukt til fiskeoppdrett. Den er òg klassifisert som kurstad. Třeboň hadde i 1914 direkte jernbanesamband med Praha og Wien.

Soldatar frå Třeboň vart mønstra i Ergänzungsbezirk Nr. 75, så dei fleste enda opp i teneste hjå Infanterieregiment Nr. 75.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Třeboň 5 278 innbyggjarar der 5 098 (96 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okres Třeboň, forvaltningsdistriktet var hejtmanství Třeboň.

Kjelde:Seznam míst v království Českém(1913)

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Třeboň vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 75 (Neuhaus) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 29 (Budweis). Militæret var òg til stades i byen - av dei 341 som var knytte til dei væpna styrkane var dei fleste tsjekkiske.I 1912 var 1. bataljonen til Infanterieregiment Nr. 88 kvarterte i Třeboň, men i 1913 hadde dei vorte flytta til Jindřichův Hradec. Ein veit ikkje kva eining som brukte kasernene ved krigsutbrotet og under krigen.

Sitat
[I.14.4] Milý Jindřich byl určitě v ošklivé situaci. Manželka pronásledovaná manželem přijede k němu na několik dní na návštěvu, právě když má přijeti paní Micková z Třeboně, aby po tři dny opakovala to, co mu pravidelně poskytuje každého čtvrt roku, když jede do Prahy dělat nákupy.

Skrivst òg:Wittingaude

Litteratur
Memphisen flag
Wikipedia deen KartSøk Švejkův slovník
memfisek2.png

Salzburger Chronik,3.3.1897

memfisek1.png

Znaimer Tagblatt, 26.2.1909

memfisek.png

Kopřivy, 16.5.1918

Memphis vert her brukt som adjektiv i uttrykket "pakke Memphis-sigarettar", på tsjekkisk "krabice memfisek". Švejk fekk ordre av Oberleutnant Lukáš om å kjøpa vin og sigarettar til Katy Wendler. Sigarettane er nemnde tre gonger i dette kapittelet.

Bakgrunn

Memphis er her nemnd gjennom sigarett-merket Memphis som vart laga av tobakk-monopolet Kaiserlich königliche Tabak-regie, mellom anna i Hainburg. I 1882 låg det 28 tobakkfabrikkar i Cisleithania, dvs. den austerrikske delene av Dobbeltmonarkiet, men detaljar om kva fabrikk som tilverka kva sort er ikkje tilgjengelege.

Merket vart lansert i 1897 og i 1913 var det tredje mest selde. Namet viser til Memphis i oldtidas Egypt, ikkje storbyen i USA. Mange av dei austerrikske merkenamna på sigarettar hadde ein orientalsk klang (Nil, Stambul, Sultan, Memphis osb).

Memphis-sigarettane vart framleis produserte etter krigen i Tsjekkoslovakia and Austerrike, av etterfylgjarstatane sine respektive tobakksmonopol. I Austerrike vart monopolet oppheva så seint som i 1996 of Memphis-sigaratten eksisterer enno (2019), sjølv om den siste innanlandske fabrikken (Hainburg) vart lagd ned i 2011.

Den gode soldat Švejk i fangeskap

Sigarettane vert nemnde òg i Dobrý voják Švejk v zajetí der dei dukkar opp under Švejk sitt opphald på c.k. policejní ředitelství.[1]

Pak zavolali místodržitelského radu k výslechu a za půl hodiny přišel strážník a doručil do separace od místodržitelského rady Švejkovi krabičku se sto memfiskami. Na krabičce bylo napsáno: "Auf freien Fuss gesetzt." (Propuštěn na svobodu.) Memfisky dodaly Švejkovi opět ducha. Rozdělil se o ně se zatčenými, jen mladík s černou vázankou nepřijal ani jedné cigarety.

Sitat
[I.14.4] Pak koupíte tři láhve vína, krabičku memfisek, tak.
[I.14.4] Dostal jsem na to vod pana obrlajtnanta sto korun, ale z toho musím koupit tři lahve vína a krabičku memfisek.“
[I.14.4] Při obědě vypila láhev vína, vykouřila mnoho memfisek a lehla si do postele, zatímco Švejk v kuchyni pochutnával si na komisárku, který namáčel do sklenice s nějakou sladkou kořalkou.
Litteratur
Referensar
1Dobrý voják Švejk v zajetíJaroslav Hašek1917
Dunajecen flag
Wikipedia czdeennnplsk KartSøk Švejkův slovník
dunajec.jpg

Das interessante Blatt,25.2.1915

dunajec2.png

Österreich-Ungarns letzter Krieg (Band 1)

dunajec1.png

Světová válka slovem i obrazem (s. 510),1915

dunajec.png

Berliner Tageblatt,8.5.1915

karpaty6.png

Světová válka slovem i obrazem (s. 508),1915

Dunajec vert nemnd av forfattaren i samband med krigsstoda og "krigsrådet" Oberleutnant Lukáš og Švejk held for å bli kvitt Katy Wendler. Han noterer at dette var på den tida då hærmassane stod i eit regn av granatar i skogane ved Dunajec og Raba og at tung artilleri sleitt sund heile kompani og strødde dei utover Karpatane.

Litt seinare, etter at humlehandlar Wendler har dukka opp for å henta kona, nemner Oberleutnant Lukáš elva for gjesten sin då han gjennomgår krigs-stoda.

Bakgrunn

Dunajec er ei elv som renn gjennom nordlege delar av Slovakia og sørlege delar av Polen. Ho er ei av sideelvane til Wisła som ho renn ut i ved Opatowiec, nord for Tarnów.

Frå 15. november 1914 kryssa den 3. russiske arme leia av Radko Dimitrov elva og rykte vidare fram over Raba i retning Kraków. Frå 8. desember måtte dei trekkja seg tilbake (slaget ved Limanowa) til austbreidda der fronten stabiliserte seg innan slutten av året.

Fram til mai 1915 gjekk deler av fronten langs nedre løpet til Dunajec og det var harde kampar her gjennom vinteren. Stoda endra seg dramatisk til Sentralmaktene sin fordel etter gjennombrotet ved Gorlice og Tarnów 2. mai 1915 og området vart deretter spard for øydeleggjingar.

Tidfestinga i romanen

Teksten nemner kampar mellom Raba og Dunajec i same setning, så tidsmessig har nok forfattaren perioden frå 15. november 1914 og ut året i tankane. Det var nettopp i dette tidsrommet den russiske hæren kom seg vest for Dunajec og nesten nådde Kraków. Dette stemmer godt med ein av dei få datoane som er nemnde i romanen: 20. desember 1914 dikterte Oberleutnant Lukáš eit brev til Švejk som han sende Katy Wendler for å takka for dei 400 kronene ho la att på vasken som takk for tenestene han hadde ytt.

Sitat frå Verdskrigskrønika

Sitatet frå samtalen mellom Oberleutnant Lukáš og humlehandlar Wendler er henta direkte frå side 508 i Kronika světové války. Det viser til hendingar som fann stad så seint som 2. mai 1915.

Sjølv forfattaren sin introduksjon til underkapittelet kan sporast til Krønika men her har Hašek byta ut elva Biała med Raba, truleg for at handlinga skal stemma betre med den faktiske stoda ved fronten i desember 1914. Fragmenta her gjeld hendingar som fann stad tidleg i mai og som opprinneleg vart omtala i Berliner Tageblatt 8. mai 1915 og gjengitt i tyske of austerrikske aviser dei neste dagane.

Sitat
[I.14.5] Zatímco masy vojsk připnuté na lesích u Dunajce i Rábu stály pod deštěm granátů a velkokalibrová děla roztrhávala celé setniny a zasypávala je v Karpatech a obzory na všech bojištích hořely od požárů vesnic i měst, prožíval nadporučík Lukáš se Švejk nepříjemnou idylu s dámou, která utekla svému muži a dělala nyní domácí paní.
[I.14.5] Jakmile však prolomíme ruskou frontu mezi karpatským hřbetem a středním Dunajcem, není nijaké pochybnosti, že bude to znamenat konec války.

Skrivst òg:Dunajetzde

Litteratur
Všenoryen flag
Wikipedia czdeensv KartSøk
vsenory1.jpg

Brda a Podbrdí, Josef Kafka, 1925

vsenory0.png

Právo lidu, 10.10.1912

Všenory er nemnd i historie som Švejk fortel Oberleutnant Lukáš som illustrerer problema med å få Katy Wendler ut av huset.

Bakgrunn

Všenory er ein landsby om lag 20 km sørvest for Praha, ved elva Berounka. I 2018 var folketalet 1640.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Všenory 289 innbyggjarar der 289 (100 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okres Zbraslav, forvaltningsdistriktet var hejtmanství Smíchov. Det katolske kyrkjesoknet var Mokropsy Horní a Trnová, postkontoret låg i Dobřichovice.

Kjelde:Seznam míst v království Českém(1913)

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Všenory vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 28 (Prag) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 8 (Prag).

Sitat
[I.14.5] Ve Všenorech byl minulej rok takovej případ v jedný vile. Ale tenkrát si ten telegram poslala sama ta ženská svýmu muži a ten si pro ni přijel a nafackoval voboum. Voba byli civilisti, ale v tomto případě si na oficíra nebude troufat.

Skrivst òg:Wšenorde

Litteratur
Parisen flag
Wikipedia czdeenfrnnno KartSøk
paris.jpg

Světová válka 1914-1915 slovem i obrazem

paris1.jpg

L'entrée des Allemands à Paris (Septembre 1914)

Paris vil i fylgje Oberleutnant Lukáš snart falla i tyske hender. Dette er del av utgreiinga for humlehanldar humlehandlar Wendler om den militære situasjonen.

Seinare i samtalen spør humlehandlaren offiseren kvifor tyskarane har trekt seg tilbake til grensa sjølv om dei alt hadde vore i nærleiken av Paris.

Bakgrunn

Paris er hovudstaden i og den største byen i Frankrike. Det bur om lag 2,2 millionar i bykjernen. I storbyområdet, som er det fjerde største i Europa, bur det om lag 12,1.

Den franske hovudstaden var ein periode i august og september 1914 alvorleg trua av den tyske framrykkinga men denne vart stansa i slaget ved Marne.

Paris er òg nemnd i nokre av Jaroslav Hašek sine forteljingar, sjå linkar under.

Sitat
[I.14.5] Stejně Francouzům hrozí v nejkratší době ztráta celé východní Francie a vtržení německého vojska do Paříže.
[I.14.5] Nemyslete si, že nesleduji události,“ pokračoval, dívaje se zuřivě na nadporučíka, který klidně vypouštěl z úst kolečka cigaretového dýmu, která stíhala jedno za druhým a rozbíjela je, což sledovala paní Katy s velkým zájmem, „proč Němci odešli zpět ku hranicím, když byli již u Paříže?

Skrivst òg:Pařížcz

Litteratur
Východní Beskydyen flag
Wikipedia czdeennnplsk KartSøk
beskydy1.png

Prager Tagblatt,11.5.1915

beskydy2.png

Světová válka 1914-1915 slovem i obrazem

beskydy1.jpg

IR. 91, Kistopolya, 23.4.1915. Bestand Rudolf Kießwetter

© ÖStA

Východní Beskydy inngår i utgreiinga Oberleutnant Lukáš held for humlehandlar Wendler om krigs-situasjonen. Frå [II.3] og utover vert hendingane her ofte omntala gjennom forteljingar frå soldatar som har vore med Infanterieregiment Nr. 91 i Karpatane. Ved Medzilaborce og Palota føregår handlinga her direkte utan at fjellområdet vert nemnd eksplisitt.

Bakgrunn

Východní Beskydy (Aust-Beskidane) er eit fjellområde i grenseområdet mellom Polen, Slovakia og Ukraina, på polsk omtala som Bieszczady. Frå hausten 1914 og fram til mai 1915 gjekk frontlinja her og det var harde kampar under vinter-slaget i Karpatane.

I Den gode soldat Švejk er det etter alt å døma vist til kampar som føregjekk i byrjinga av april 1915 aust for Medzilaborce. Svært mange offisielle lysingar frå denne perioden nemner desse kampane i Ostbeskiden. Denne teorien bli underbygd av kjensgjerninga at forfattaren henta mange detaljar til samtalen mellom Oberleutnant Lukáš og humlehandlar Wendler nettopp frå desse kunngjeringane. Sjå Kronika světové války.

Nyhendeoppslaget i Kronika světové války frå 2. april 1915 nemner Východní Beskydy og dessutan Klosterhoek, Niederaspach og Mühlhausen. Alle desse er stader som inngår i samtalen mellom humlehandlar Wendler og Oberleutnant Lukáš. Merk òg at stavemåten "Bezkydy" ofte vart brukt, m.a. i den nemnde daglege oppdateringa.

IR. 91 i Aust-Beskidane

Fram til fyrste veka i mai 1915 var tre bataljonar frå Infanterieregiment Nr. 91 stasjonerte ved fronten her. Dei hadde vorte overflytta frå Balkan-fronten tidleg i februar. Dette opphaldet har nok gjeve stoff til mange av samtalene i Del tre av boka. Den 22. mars 1915 opplevde regimentet ein av dei verste dagane sine under heile krigen. Ved Malá Zolobina vart overrumpla i sømnet og tre kompani vart tekne til fange, fleire andre sterkt reduserte. Åtte offiserar (mellom dei to kapteinar) vart tekne til fange og Verlustliste for denne og neste dagen inneheld om lag 600 oppføringar! Sjå 9. Marschkompanie.

Fleire av modellane for personar i romanen gjorde teneste her: Rudolf Lukas, Jan Vaněk, Jan Eybl, Josef Adamička og dessutan den meir perifere Oberleutnant Wurm. Aktivitetane til regimentet i desse fjella er svært godt dokumentert gjennom dagbøkene til Eybl.

Sitat
[I.14.5] Nadporučík Lukáš vzal obchodníka s chmelem jemně za rameno a odvedl k mapě bojiště, visící na stěně, a ukazuje mu jednotlivé body, vykládal: „Východní Beskydy jsou naším znamenitým opěrným bodem.

Skrivst òg:Eastern BeskidsenOstbeskidendeAust-BeskidanenoСхідні_Бескидиuk

Litteratur
Moskvaen flag
Wikipedia czdeennnru KartSøk
moskva1.jpg

Světozor, 27.9.1912

moskva.png

Ottův slovník naučný, 1901

prukopnik.png

Průkopník, 27.3.1918

Moskva inngår saman med mange andre stader i leksjonen Oberleutnant Lukáš held for humlehandlar Wendler om krigs-stoda. Han forsikrar humlehandlaren om at "me kjem ikkje til å stogga før me er i Moskva".

I [II.1] vert den nemnd i samband med at Švejk marsjerte frå Tábor i vinterlandskapet, som ein soldat i Napoléon sin hær under tilbaketoget frå Moskva.

Bakgrunn

Moskva [Москва] var i 1914 største byen i Russland medan Petrograd var hovudstad. Moskva var frå 1922 hovudstad i Sovjetunionen og var òg sentrum for Bolsjevik-administrasjonen frå 12. mars 1918. Den er hovudstad og størsten byen i notidas Russia og har meir enn 10 millionar innbyggjarar. Byen ligg ved Moskva-elva, 142 meter over havet.

I 1897 hadde Moskva 988 614 innbyggjarar der det overveldande fleirtalet var russarar. Tyskarar og jødar utgjorde dei største minoritetane men ingen av desse gruppene utgjorde meir enn tre prosent av folketalet. Der budde dessutan ein del tsjekkarar i byen, og fleire tsjekkiske firma hadde kontor der. Dei siste ti-åra før verdskrigen vaks byen fort, den hadde variert industri og var senter for det russiske jernbanenettet, der den knytte saman 10 linjer.

Hašek i Moskva

Jaroslav Hašek kom til byen i midten av mars 1918 saman med Břetislav Hůla. Det var her han melde seg inn i den tsjekkiske seksjoen av Kommunistpartiet og byrja å agitera for at České legie skulle verta verande i Russland. Den 27. mars 1918 publiserte han ein artikkel i Průkopník med overskrifta "Til den tsjekkiske hæren: kvifor dreg ein til Frankrike?". Han argumenterte mot Legionane si overflytting til Vestfronten, og meinte dei heller burde vera i Russland for å forsvara revolusjonen.

Opphaldet i byen vart kort ettersom han drog vidare til Samara fyrste dagane i april. I november 1920 dukka han opp i Moskva på ny, no på veg tilbake til heimlandet etter å ha arbeidd i to år som kommisær i den Raude Arme i Ural-området og Sibir.

Den gode soldat Švejk i fangeskap

I Dobrý voják Švejk v zajetí er Moskva nemnd i samband med Švejk sitt opphald på ein psykiatrisk institusjon i Wien. Ein innlagd hevdar han er erkehertug Friedrich og at "me vil vera i Moskva om ein månad".[1]

Tam v rohu chodby seděl například člověk, kaprál, který křičel, že je arcivévoda Bedřich a že za měsíc bude v Moskvě. Toho zavřeli na pozorování, ale nesmíme zapomenouti že skutečný arcivévoda Bedřich se jednou sám tak vyjádřil a nestalo se mu nic, jen utrpěl trochu blamáže.

Sitat
[I.14.5] V karpatských úsecích, jak vidíte, máme velkou oporu. Mocný úder na tuto linii - a nezastavíme se až v Moskvě. Válka skončí dřív, než se nadějeme.“
[II.1] Šel sněhy silnice, ve mraze, zahalen v svůj vojenský plášť, jako poslední z gardy Napoleonovy vracející se z výpravy na Moskvu, s tím toliko rozdílem,...

Skrivst òg:MoskaudeMoscowenМоскваru

Litteratur
Referensar
1Dobrý voják Švejk v zajetíJaroslav Hašek1917
Dardanelleneen flag
Wikipedia czdeenno KartSøk
dardanellene.jpg
sanders1.png

Národní politika,4.4.1915

Dardanellene inngår i samandraget Oberleutnant Lukáš gjev humlehandlar Wendler om stoda ved dei ulike frontane. Offiseren opplyser gjesten sin om at Marschall Liman von Sanders er utnemnd til øvstkommanderande for Dardanelle-hæren.

Bakgrunn

Dardanellene er eit sund nordvest i Tyrkia som bind saman Egeerhavet og Marmarahavet. I 1915 prøvde allierte styrkar å trenga gjennom sundet, men vart drivne tilbake. Nederlaget gjorde at marineminister Winston Churchill til slutt vart tvinga til å gå av. Det fyrste store slaget stod 18. mars 1915 og den allierte invasjonsflåten vart slegen tilbake. Forsvarane vart leia av Cevat Paşa, seinare kjend som helten av 18. mars.

Marschall Liman von Sanders vart utnemnd til øvstkommanderande for Dardanelle-hæren 24. mars 1915, og nyhenda om utnemninga har forfattaren klippa rett inn i romanen frå samandrag over siste tids hendingar. Dette sitatet kom på trykk i Kronika světové války og dessutan Národní politika påskedag 1915 (4. april).

Sitat
[I.14.5] Vrchním velitelem turecké armády dardanelské jmenován maršálek Liman šl. Sanders.

Skrivst òg:DardanelyczDardanellendeDardanellesenÇanakkale Boğazıtr

Litteratur
Konstantinopelen flag
Wikipedia czdeennnnotr KartSøk
istanbul.jpg

Český svět, 15.5.1915

goltz.png

Světová válka 1914-1915 slovem i obrazem, s. 506

Konstantinopel er med i utgreiinga til Oberleutnant Lukáš ovafor humlehandlar Wendler om krigsstoda. Han kan opplysa gjesten sin om at Goltz Paşa er komen til Berlin frå Konstantinopel.

Litt seinare i samtalen opplyser humlehandlaraen om att han før krigen leverte humle heilt til Konstantinopel men at dette no er slutt på.

I romanen brukar obrlajtnant omgrepet "Cařihrad" (Keisarbyen), men dette er sjeldan å høyra i moderne tsjekkisk. I slovensk (Carigrad) og bulgarsk førekjem denne forma enno, i dei andre slaviske språka er den gått ut.

Bakgrunn

Konstantinopel var i 1914 hovudstad og største byen i det Osmanske riket, hovudstad i den nye republikken Tyrkia var den berre fram til 1923. Frå 1930 har byen heitt İstanbul.

Goltz Paşa si reise frå Konstantinopel til Berlin som Oberleutnant Lukáš viser til fann faktisk stad, men han kom fram fyrst 29. mars 1915, ikkje i desember 1914 som ein skulle tru ut frå romanen. Sitat som nemner Konstantinopel er eitt av fleire i samtalen mellem Lukáš og humlehandlar Wendler som er ordrett henta frå Kronika světové války. Sitatet kom dessutan i Národní politika 4. april 1915.

Sitat
[I.14.5] Goltz paša přijel z Cařihradu do Berlína a naším císařem byli vyznamenáni Enver paša, viceadmirál Usedon paša a generál Dževad paša.
[I.14.5] Náš chmel šel až do Cařihradu. Dnes jsme napolo zničeni.

Skrivst òg:CařihradHašekKonstantinopolczConstantinopleenKonstantinyétr

Litteratur
Berlinen flag
Wikipedia czdeennnno KartSøk
berlin.jpg

Brandenburger Tor i 1914

np2903.jpg

Národní politika,4.4.1915

berlin1.png

Národní listy,24.1.1928

piscator.jpg

Die Bühne,1928

longen.png

Slutten på Longen si fantasifulle historie om Hašek og den tidlegare politimannen "Španda" i Berlin

berlin.png

Kona til Hašek minnest ikkje noko opphald i Berlin

Berlin er nemnd 5 gonger i Den gode soldat Švejk.

Berlin inngår òg i Oberleutnant Lukáš si utgreiing for humlehandlar Wendler om den militære situasjonen når han opplyser gjesten sin at Goltz Paşa er komen til byen frå Konstantinopel.

Berlin vert seinare nemnd i samband med at Blahník og Švejk dikta opp ei stammtavle til Max (Fox) (sjå Berliner Stallpinscherausstellung ) og dessutan i [II.4] i samband med Krauss og teikningane han gav ut med grafitti på eit jernbanetoalett der. I [II.3] nemner Einjährigfreiwilliger Marek ei fjørkreutstilling i Berlin (sjå Wyandotte).

Bakgrunn

Berlin er hovudstad og største byen i Tyskland med omlag 3,6 millionar innbyggjarar (2017). Den ligg ved elva Spree på om lag 35 meter over havet.

Byen var frå 1871 rikshovudstad i Tyskland og alt før det hovudstad i kongeriket Preussen og fram til 1881 òg i provinsen Brandenburg. Nokre av dei politiske avgjerdene som førde til krigsutbrotet vart tekne her. I 1900 var folketalet rundt 2 millionar og vaks raskt. Byen såg på den tida langt annaleis ut enn i dag ettersom den i stor grad vart lagd i ruinar under andre verdskrigen.

Oberleutnant Lukáš sitt utsagn viser til Goltz Paşa sin ankomst i Berlin 29. mars 1915, og legg merke til at den aktuelle setninga i romanen er ordrett identisk med avisklippet til høgre. Sjå Kronika světové války for meir om presseklipp som er brukte i romanen.

Berlin og Švejk

Berlin fortener òg ein plass i forteljinga om korleis Švejk vart kjend utafor heimlandet sitt. Erwin Piscator sine teateroppføringar på Piscator-BühneNollendrofplatz var i stor grad med på å gjera den gode soldaten verdskjend. Sceneoppføringa vart motteken med entusiasme både av kritikarar og publikum, og var lagd merke til òg i utlandet. Max Pallenberg spela Švejk og stykket var skrive av Hans Reimann og Max Brod. Uroppføringa fann stad 23. januar 1928.

Ein anna berlinar som gav Švejk eit skubb inn i rampelyset var Kurt Tucholsky som i 1926 skreiv ein glitrande kritikk av romanen sine to fyrste deler (dvs. den tyske omsetjinga).

Hašek i Berlin?

Jaroslav Hašek og kona Alexandra Lvova (Šura) må nødvendigvis ha vore innom byen kring 9. desember 1920. Dei var på veg tilbake til Praha frå Russland og hadde kome til Swinemünde (no Świnoujście) med båt kvelden før. Emil Artur Longen hevdar at paret oppheldt seg der i tre dagar etter tilfeldig å ha møtt ein viss Vincenc ŠpandaUnter den Linden.

Španda var ein tidlegare politimann i Praha som kjende forfattaren alt i 1911 i samband med Strana mírného pokroku v mezích zákona. Jaroslav Hašek og den tidlegare politimannen skal ha festa saman i tre dagar og forfattaren orsaka seg ovafor kona at han hadde gått seg bort i gatene!

Det er likevel grunn til å vera skeptisk til Longen sin versjon, og av fleire grunnar. Fyrst og fremst fordi Lvova sjølv ikkje nemner korkje Berlin eller mannen sitt tre dagar lange forsvinningsnummer i skildringa si av reisa deira. Tvert imot skriv ho at dei drog frå Stettin (no Szczecin) om kvelden 9.desember med kveldstog og kom til Pardubice om natta (truleg natta 10. til 11.desember).

Det er heller ikkje noko teikn til nokon politimann Španda i adressebøkene i førkrigs-Praha eller i Berlin i 1920 (Španda kan ha vore eit dekknamn). Mellom Hašek-ekspertar er Longen dessutan rekna som ei upåliteleg kjelde. Radko Pytlík ser likevel ikkje bort frå at dei kan ha hatt eit kort opphald i Berlin. Han skriv dessutan at ein viss Antonín Rypl var med på same reisa, men me veit frå offisielle dokument at Rypl kom til Pardubice alt 10. desember 1920. Opphaldet i Berlin kan såleis knapt ha vore meir enn eit togbyte.

Kurt Tucholsky

Zu diesem Buch ist mir in der gesamten Literatur kein Gegenstück bekannt.

Sitat
[I.14.5] Goltz paša přijel z Cařihradu do Berlína a naším císařem byli vyznamenáni Enver paša, viceadmirál Usedom paša a generál Dževad paša.
[I.14.6] Otec obdržel první cenu na berlínský výstavě stájových pinčů v roce 1912.
[II.3] Opět mne přerušil a řekl, že mu to úplné stačí, a jestli jen polovičku toho podaří se mně splnit, že mně daruje párek trpasličích wyandotek z poslední berlínské výstavy drůbeže, které obdržely první cenu a majitel zlatou medaili za výborné spáření.

Kjelder: Radko Pytlík, Emil Artur Longen, Alexandra Lvova-Haškova, Jan Berwid-Buquoy

Skrivst òg:Berlíncz

Litteratur
Wisłaen flag
Wikipedia czdeennnpl KartSøk
wisla1.jpg

Illustrirte Zeitung,19.8.1915

wisla1.png

Světová válka slovem i obrazem (s. 509), 1915

wisla2.png

Teplitz-Schönauer Anzeiger,9.5.1915

wisla.png

Světová válka slovem i obrazem (s. 510), 1915

Wisła blir òg drege fram av Oberleutnant Lukáš i den lange utgreiinga til humlehandlar Wendler om den strategiske situasjonen. Dette er omtrent det siste som kjem fram før det uunngåelege temaet dukkar opp: Katy Wendler.

Bakgrunn

Wisła er lengste elva i Polen med 1047 km. Den renn gjennom byar som Kraków, Warszawa, Torun og Gdańsk. Nedslagsfeltet dekkar over halve Polen.

Gjennom hausten 1914 og fram til ettersommaren 1915 omslutta krigs-sona deler av elvebassenget. Utfrå samanhengen i Den gode soldat Švejk er det utan tvil det øvre løpet det er snakk om. Dette låg på austerriksk territorium.

Sitat frå Krigskrønika

Som med mange andre fragment frå samtalen mellom Oberleutnant Lukáš og humlehandlar Wendler ser det ut som forfattaren har henta fraser frå Kronika světové války. Denne gongen er det likevel ikkje ordrett, og enkelte detaljar er fjerna eller stokka om på. Fragmenta viser til Sentralmaktene sitt gjennombrot ved Dunajec tidleg i mai 1915 og er dels bygde på ein rapport som vart trykt i Berliner Tageblatt 8. mai 1915 og gjengiven av Teplitz-Schönauer Anzeiger neste dag[a].

Sitat
[I.14.5] Nadporučík Lukáš, vida, že spád rozmluvy zabočuje do nepříjemností, odvedl opět inteligentního obchodníka s chmelem k mapě bojiště, a ukazuje na podtržená místa, řekl: „Zapomněl jsem vás upozornit na jednu velice zajímavou okolnost. Na tento veliký, k jihozápadu obrácený oblouk, kde tvoří tato skupina hor veliké předmostí. Sem obrácena jest ofensiva spojenců. Uzavřením této dráhy, která předmostí spojuje s hlavní obrannou linií nepřítele, musí být přerušeno spojení mezi pravým křídlem a severní armádou na Visle. Je vám to nyní jasné?“

Skrivst òg:VislaczWeichseldeVistulaen

Litteratur
Italiaen flag
Wikipedia czdeenitnnno KartSøk
triplice.png

La Stampa, 10.12.1912

italia1.png

Tages-Post, 25.5.1915

Italia vert i Den gode soldat Švejk fyrst nemnd av humlehandlar Wendler i klagemålet over krigens innvirking på humlemarknaden. Her sler han fast at eksporten til Italia enno er uberørt men at han er uroleg for dei vidare planane deira. Han klagar over at dei enno er nøytrale til trass for at Italia fornya Trippel-alliansen så seint som i 1912.

Frå [III.2] og utover får Italia ein større plass i Den gode soldat Švejk grunna landet si krigslysing mot Austerrike-Ungarn og frå no av vert mange stader i Italia nemnde, mest slagmarker frå dei tre krigane mot Austerrike midt på 1800-talet. Mellom desse finn ein Solferino, Custoza, Caldiero, Santa Lucia og Piave. Italienske byar vert òg omtala, til dømes Milano, Venezia, Verona og Novara. Av politiske einingar finn ein Sardinia, Piemonte og Republikken Venezia.

Mange framståande italienarar får namnet sitt nemnd i Den gode soldat Švejk. Fyrst ute er Columbus, så kjem Lombroso, Boccaccio, Dante, Giordano Bruno, Galileo, marchese di San Giuliano, og kong Carlo Alberto.

Bakgrunn

Italia var i 1914 eit kongedøme som hadde vore samla sidan 1861. Hovudstad var Roma og folketalet i 1914 var 37 millionar. Ved utbrotet av fyrste verdskrigen var området det same som i dag med unnatak av Trentino, Alto Agide (Sør-Tirol) og Trieste. Desse områda høyrde til Austerrike fram til 1918 og vart overførde til Italia som ein del av fredsoppgjeret. Italia var òg ei kolonimakt - med herredøme over Libya (frå 1912) og deler av det austlege Afrika.

Austerrike-Ungarn hadde ein betydeleg italiensk minoritet, hovudsakleg i Trentino og på Istria-halvøya. Italiensk-talande utgjorde 1,5% av folketalet, eller rundt 750 000. Italiensk var eit av 10 offisielle språk og italienarar var representerte i det austerrikske Reichsrat. Nesten heile den italienske befolkninga budde i Cisleithania. Den italienske mindretalet i Austerrike var kjelde til permanent strid ettersom Italia gjorde krav på områda der italienarar budde. Dette kravet var til slutt hovudgrunnen til at Italia gjekk inn i krigen på Ententen si side.

Tre krigar mot Austerrike
italia1.jpg

Nasjonalhelten Giuseppe Garibaldi tok del i alle dei tre italienske frijeringskrigane mot Austerrike

Frå 1848 til 1866 var det utkjempa tre krigar mellom Austerrike og ulike italienske statar. Desse er ofte viste til som fyrste, andre og tredje italienske frigjeringskrig. Det er i samband med desse krigane at dei nemnde slagmarkene dukkar opp i romanen.

I den fyrste frigjeringskrigen (1848-49) stod kongedømet Sardinia åleine mot Austerrike og vart slegne ved Custoza og Santa Lucia, slag der den austerrikske hæren vart leia av den 82 år gamle Marschall Radetzky. Austerrike sin siger førde likevel ikkje til landevinningar, men Sardinia måtte betala krigsskadeerstatning.

Før den andre frigjeringskrigen (1859) hadde kongeriket Sardinia innsett at dei ikkje kunne vinna ein krig mot Austerrike åleine, og allierte seg med Frankrike. Etter å ha provosert fram krigen vann dei eit avgjerande slag ved Solferino. Resultatet vart at Austerrike måtte avstå Lombardia.

I den tredje frigjeringskrigen (1866) var det no sameinte Italia alliert med Preussen. Utan å vinna nokon militær siger vart dei likevel tildelt provinsen Veneto ettersom Austerrike si stode i lengda var uhaldbar etter det nederlaget mot Preussen ved Hradec Králové (Königgrätz).

Trippel-forbundet
trojspolek.png

Čech,8.12.1912

Det omtala Trippel-forbundet (ty. Dreibund, it. Triplice alleanza) var ein laus forsvarsallianse mellom Tyskland, Austerrike-Ungarn og Italia. Den oppstod i 1879 mellom dei to fyrstnemnde, og i 1882 slutta Italia seg til. Dei strategiske grunnane deira var at dei villa sikra ryggdekning for koloni-ambisjonar i Afrika der dei såg Frankrike og England som hovudkonkurrentar. Dette til trass for den langvarige striden med Austerrike over italiensk-talande område i Trentino, Sør-Tirol og på Istria-halvøya.

italia.png

Mussolini si avis med nyhende om at Trippel-alliansen er oppsagd.

Il popolo d'Italia, 7.5.1915

Omfanget av avtalen var avgrensa til å yta støtte til allianse-partnarane dersom dei vart utsette for åtak frå to eller fleire andre statar. Italia hadde dessutan ein tillegsklausul om at dei ikkje var forplikta til å vera med i ein krig mot England.

Avtalen vart fornya fem gonger, sist 5. desember 1912, underskriven av utanriksminister marchese di San Giuliano i Wien. Einaste endringa frå den 4. traktaten (1902) var at Austerrike-Ungarn og Tyskland godkjende Italia sitt herredøme over Libya, eit område dei hadde teke frå Tyrkia i krigen tidlegare på året.

Vegen mot krig
italia3.jpg

Tromsø Stiftstidende, 31.5.1915

I august 1914 lyste Italia seg nøytralt. Dei var i fylgje traktaten til Trippelalliansen ikkje plikta til å delta i krigen mot Serbia, ettersom sistnemnde klårt ikkje starta den væpna konflikten. Italia forhandla så med dei krigførande maktene for å utnytta situasjonen til å oppnå eigne territoriale og politiske mål. Her hadde nok Ententen meir å tilby for Italia sa opp Trippelalliansen 4. mai 1915 etter at dei hadde gjort ein hemmeleg avtale om å gå inn i krigen mot Sentralmaktene (London-avtalen 26. april 1915).

I samtidige forhandlingar var Austerrike-Ungarn villege til å gje opp eigne landområde for å halda Italia nøytralt, men Ententen hadde i London-avtalen gjeve tilbode betre vilkår.

Ein av dei mest høglydde talsmennene for krig var den unge sosialistiske politikaren og journalisten Benito Mussolini. I november 1914 grunnla han si eiga dagsavis Il popolo d'Italia (Det italienske folk), ei avis som alt frå starten var prega av aggressiv krigsretorikk, ofte førd i pennen av Mussolini sjølv. Fyrste nummeret kom ut i Milano 15. november 1914 og det avsluttande ordet i leiarartikkelen var: Guerra! (krig).

Stillingskrig ved Isonzo og i Alpane
isonzo.jpg

Lago di Doberdò durante un bombardamento

I ein atmosfære av patriotisk eufori lyste Italia 23. mai 1915 krig mot Dobbeltmonarkiet. Kampane starta nesten med ein gong og 23. juni sette Italia i gang sin fyrste offensiv ved elva Isonzo. Krigen føregjekk hovudsakleg langs elva denne elva og i fjella i Tyrol. Italia hadde større styrkar enn Austerrike-Ungarn, og prøvde gong på gong med store tap å bryta gjennom ved Isonzo. Gevinsten var likevel berre mindre landområde til ein høg pris. Gorizia fall rettnok i august 1916 men nokon avgjerande siger vart aldri oppnådd. I alt stod det 11 slag ved Isonzo mellom juni 1915 og oktober 1917.

I Tyrol sette austerrikarane i mai 1916 i gang ein offensiv som hadde ein viss framgang i starten, men køyrde seg snart fast forsøket vart gjeve opp etter få veker. Dette skuldast ikkje minst den prekære stoda på austfronten der den fyrste fasen av Brusilov-offensiven, igangsett 4. juni 1916, truga Austerrike-Ungarn med samanbrot.

Sjøkrigen i Middelhavet har ikkje vore så mykje omtala, men her stod Italia ovafor flåten til Austerrike-Ungarn, og etter at det vart lyst krig mot Tyskland 28. august 1915, tyske ubåtar. Italia var dessutan formelt i krig med Tyrkia frå 21. august 1915 og Bulgaria frå 19. oktober 1915.

Katastrofe ved Caporetto
caporetto.jpg

New York Tribune, 6.1.1918

caporetto1.jpg

The Great war, volume 11

Større endringar i krigs-stoda kom fyrst med det 12. Isonzo-slaget i oktober 1917. Etter Russland sitt samanbrot kunne k.u.k. Wehrmacht no overføra troppar frå austfronten, og vart dessutan styrka med tyske einingar. Sentralmaktene sette i gang eit overraskande åtak ved Caporetto (sl. Kobarid) 24. oktober 1917 og den italienske fronten braut saman alt fyrste dagen.

Den italienske hæren mista to tredjedeler av artilleriet sitt under den kaotiske retretten og den 2. arme vart knust. Innan midten av november klarde dei likevel å omgruppera og stabilisera fronten ved Piave. Tapstala til Italia var skremande høge: estimert til 300 000 mann, der dei aller fleste av desse tekne til fange.

Den militære leiinga vart byta ut: den omsynslause og upopulære øvstkommanderande Luigi Cadorna vart erstatta av Armando Diaz og reformer i hæren fylgde. Disiplinen i den italienske hæren under Cadorna var uvanleg streng. Omtrent kvar syttande soldat fekk ei disiplinærsak mot seg, dei fleste av dei vart dømde, og om lag 750 avretta. Desse tala er langt høgare enn i nokon av dei andre krigførande hærane.

Cadorna sin stivbeinte taktikk, med direkte åtak mot fiendestillingar, fekk mykje av skulda for at den italienske hæren leid så store tap. Han hadde dessutan alvorlege problem med å samarbeida med andre generalar.

Alliert støtte
italia4.jpg

Tsjekkoslovakiske legionærar i 1918

Frå 1917 fekk Italia hjelp av sine allierte, både materielt og med personell. Den største styrken var den britiske, fylgd av den franske. Til ein mindre grad tok dessutan amerikanske troppar del.

Dessutan vart det som i Russland og Frankrike danna regiment av tsjekkiske og slovakiske frivillege. Legionane i Italia vart ikkje oppretta før i 1918, sjølve om tsjekkarar tenestegjorde i den italienske hæren òg før det. Talet kom til slutt opp i 15 000 og i juni 1918 vart dei sette inn ved Piave-fronten.

Slutten på krigen

15. juni 1918 sette k.u.k. Wehrmacht, no utan tysk hjelp, i gang ein ny offensiv ved Piave. Denne mislukkast og frå no av hadde den italienske hæren overtaket. Det avgjerande åtaket kom likevel fyrst 24. oktober 1918, men førde desto meir til fullstendige austerriks samanbrot. Våpenkvila vart underteikna 3. november 1918 i Villa Giusti, på eit tidspunkt då Dobbeltmonarkiet i praksis hadde opphøyrd å eksistera.

Versailles-traktaten
italia2.png

Med Versailles-traktaten fekk Italia tildelt austerrikske område i Tyrol og på halvøya Istria (det siste vart avstått til Jugoslavia etter andre verdskrigen).

Dette var mindre enn dei hadde vorte lova av England og Frankrike i London-avtalen, i og med at den nyoppretta Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenar (frå 1929 Jugoslavia) fekk område som opprinnelege hadde vorte tiltenkte Italia. Dette gjaldt fyrst og fremst land langs kysten av Dalmatia.

I Italia var reaksjonen på fredsavtalen negativ. Nesten ein halv million italienarar mista livet i krigen, og vinninga var berre litt meir enn det Austerrike-Ungarn i 1915 hadde lagt på bordet i byte for nøytralitet.

IR. 91 i Italia
ir91b.png

Reisa frå Russland til Italia, utsnitt frå dagboka til Rudolf Kießwetter , 17. november 1915. Denne dagen hadde regimentet pausar i Kraków, Oderberg (Bohumín) og Přerov.

© ÖStA

I midten av november 1915 vart Jaroslav Hašek sitt Infanterieregiment Nr. 91 overflytta frå Volyn-provinsen i Russland (no Ukraina) til fronten i Italia. Tidspunktet for tilfangetakelsen av forfattaren 24. september 1915 er difor svært viktig med omsyn av kva retning lagnaden hans (og dermed Den gode soldat Švejk) kunne ha teke...

Andre, tredje of fjerde bataljon av regimentet[1] kom fram til front-avsnittet ved det sørlege løpet av Isonzo 19. november 1915. Dei gjekk av toget i Prosecco ved Trieste og heldt fram til fots vidare nordover til fronten ved Monfalcone. Her låg dei i stilling på det såkalla Karst-platået ved den noverande grensa mellom Italia og Slovenia. Dei kom i kamp alt under det 4. Isonzo-slaget som då var i gang. Stader som dukkar ofte er nemnde i samband med IR. 91 er Doberdò og Jamino, no så vidt inne på italiensk territorium, då på austerriksk grunn.

1. Den utskilde fyrste bataljon slost ikkje saman med hovuddelen av regimentet før i oktober 1916, men var komne til Isonzo-fronten før dei andre tre bataljonane.

ir91c.jpg

Gravferd ved Prosecco, 1917. Fond Jan Ev. Eybl.

© SOkA Beroun.

ir91gm.jpg

Kart som omtrentleg viser IR. 91 sine opphald og forflytningar ved fronten i Italia frå 19.november 1915 til 30.september 1918. Basert på "Jednadevadesátníci" (Jan Ciglbauer, 2018).

I mai 1916 sette Austerrike-Ungarn i gong ein offensiv i Tyrol og i samband med denne vart IR. 91 24. mai 1916 transporterte dit. Dei vart forlagde i fjella søraust for Trento, men kom aldri i kamp. Då offensiven vart avbroten i juni vart regimentet flytta tilbake til utgangspunktet sitt.

Dermed stod regimentet frå 1. juli 1916 atter aust for Monfalcone. Dei leid store tap under dei seks offensivane Italia sette i gang dei neste 15 månadane, men k.u.k. Wehrmacht heldt stillingane sine til trass for at dei stod ovafor ein fiende som var overlegen i mannskap, utstyr og ammunisjon. Regimenet hadde no ei elite-avdeling med stormtroppar som gjorde stor skade hjå fienden. Desse vart leia av kaptein Peregrin Baudisch, ein offiser som hadde utmerka seg alt i slaget ved Sokal i 1915. Det 10. Isonzo-slaget var spesielt valdsamt og 26. mai 1917 utmerka alle fire bataljonane til IR. 91 seg i slaget. Regimentet hadde no ry som ei formidabel kampeining, og av fienden vart dei omtala som dei "grøne djevlane".

18. september 1917 vart dei flytta nordover til frontavsnittet ved Gorizia der dei var involvert i det 11. Isonzo-slaget ved Monte San Gabriele (sl. Škabrijel).

Etter Sentralmaktene sitt gjennombrot ved Caporetto 24. oktober 1917 var IR. 91 med på framrykkinga mot Piave. Tre dagar seinare kryssa dei Isonzo for fyrste gong, og 30. oktober 1917 sette dei foten sin på italiensk jord. Sivilbefolkninga hadde alt rømd, og regimentet kom over store mengder proviant og utstyr som italienararne ikkje hadde fått med seg under tilbaketrekninga. 13.november var IR. 91 framme ved Piave og området ved elva vart operasjonsområdet deira dei neste 11 månadene.

Frå kring juletider 1917 til juni 1918 var regimentet i stilling ved Valdobbiadene, ein sektor av fronten der Piave renn ned frå fjella og ut på lågsletta. Her stod dei for fyrste gong ovafor franske og britiske styrkar, dessutan kom dei i kontakt med tsjekkiske legionærar.

ir91d.jpg

Ved Piave, 15. juni 1918. Bestand Rudolf Kießwetter.

© ÖStA

I denne perioden var dei direkte tapa som fylgje av fiendtlege åtak små, men ein anna fiende gjorde store innhogg i rekkjene, nemleg svolt og sjukdom. Austerrike-Ungarn hadde no 300 000 fleire italienske fangar å fø, og den allierte blokaden vart meir og meir følbar. I det hittil pålitelege IR. 91 var det stor misnøye og kampmoralen gjekk fort nedover. Dei italienske forsyningane som vart tekne etter Caporetto var det alt slutt på.

15. juni 1918 sette k.u.k. Wehrmacht i gang ein mislukka offensiv ved Piave, no med IR. 91 i reserve. Gjennom sommaren var regimentet i stilling ved Grave di Papadopoli, ei stor øy i Piave, eit stykke sør for Valdobbiadene. Etter Bulgaria sin kapitulasjon vart heile den 9. infanteridivisjon overflytta til fronten sør i Serbia (sjå Niš). Avreisa frå Piave fann stad den 30. september 1918.

Švejk og Italia
italia2.jpg

Dobrý voják Švejk a jiné podivné historky, 1912.

Den fyrste utgåva av den gode soldaten Švejk, fem forteljingar frå 1911, har langt meir fokus på Italia enn sjølve romanen. Den fyrste soga, trykt i Karikatury 22. mai 1911, har jamvel tittelen Švejk står mot Italia. Her forvillar soldaten seg over grensa ved Trento og tek eit muldyr og eit italiensk maskingevær til fange.

I desse sogene er Švejk plassert hjå garnisonen i Trento, på den tida eit enormt festningskompleks som verna Austerrike si sørgrense mot Italia. Handlinga føregår rettnok berre på den austerrikske sida av grensa, mend unntak av den nemnde episoden med muldyret og maskingeværet.

Ei anna austerriksk grensefestning dukkar opp i skodespelet Pevnost som Hašek medforfatta og som vart oppførd om lag på same tida som dei fyrste sogene om Švejk kom på trykk. Her vart handlinga lagd til Monfalcone nær munninga av elva Isonzo. Ironisk not var dette området der Jaroslav Hašek sitt eige IR. 91 (no utan forfattaren) kom til å slåst og lida frå slutten av 1915 fram til hausten 1917.

Nokre av prototypane for figurar i Den gode soldat Švejk var òg med på felttoget mot Italia: Jan Vaněk, Rudolf Lukas, Čeněk Sagner, Jan Eybl, Franz Wenzel, og Hans Bigler. Den siste er den einaste som ser ut til å ha vore med regimentet ved fronten heilt fram til kapitulasjonen. Eit meir perifért namn er premierløytnant Oberleutnant Wurm, sidan 1. juli 1915 kaptein. I dagboka si fortel Václav Čertík at Wurm skaut ned eit italiensk fly 8. januar 1916.

Sitat
[I.14.5] Ještě posíláme chmel do Italie, ale obávám se, že se Italie také do toho zamíchá.
[I.14.5] "Itálie zachovává přísnou neutralitu," těšil ho nadporučík, "to je..."

Kjelder: Rudolf Kießwetter, Jan Ev. Eybl, Jan Ciglbauer

Skrivst òg:ItálieczItaliendeItalyenItaliait

Litteratur
Meuseen flag
Wikipedia czdeennnno KartSøk Švejkův slovník
meuse.jpg

Meuse langs kartet til venstre

maas_np.jpg

Národní politika,3.4.1915

Meuse er nemnd i humlehandlar Wendler sin klagesong om humlehandelen. Han lurer på kvifor det enno er artilleri-kampar mellom Meuse og Mosel når krigen seiest å gå så bra.

Bakgrunn

Meuse er ei elv som renn frå Frankrike, gjennom Belgia og Nederland før ho renn ut i Nordsjøen. Den totale lengda hennar er 925 km.

Frå 1914 til 1918 gjekk fronten nær Meuse i området rundt Verdun. Kampane det vert referert til av humlehandlar Wendler føregjekk i starten av april 1915 og vart rapportert i offisielle bulletinar frå Berlin den 2. april. Forfattaren har brukt desse nesten ordrett slik dei kom på trykk i tsjekkiske aviser.

Staveendring

Sergey Soloukh peikar på at notidas utgåver av romanen brukar namnet frå Maasa i staden for Mosa som forfattaren brukte. Kva grunnen er til at Hašek sin korrekte bruk av namnet vart endra er uvisst. Mosa var den offisielle skriveforma i 1921, og vart dessutan brukt i presseklippa som forfattaren tydeleg har brukt([a]. Mosa som omgrep er dessutan gangbart enno i dag (2019) men Máza er meir brukt.

Sitat
[I.14.5] Proč zas se vedou mezi Mosou a Moselou prudké dělostřelecké boje?

Kjelder: Sergey Soloukh

Skrivst òg:Máza/MosaczMaasnl

Litteratur
Referensar
aKronika světové válkySvětová válka 1914-1915 slovem i obrazem - s. 507
Woëvreen flag
Wikipedia deenfr KartSøk Švejkův slovník
woevre.jpg
woevre2.png

Národní politika,4.4.1915

Woëvre er ein av dei mange stadene nemnde i humlehandlar Wendler sin klagesong om humlehandelen. I området skal tre bryggeri ha brent ned.

Bakgrunn

Woëvre er ein region i Lorraine i det nordaustlege Frankrike. Den kjende slagmarka Verdun ligg like ved. Fronten gjekk her nesten heile krigen og hendingane humlehandlar Wendler noko upresist viser til henta han nesten sikkert frå ei pressemelding den tyske overkommandoen gav ut 28. mars 1915. Desse vart under krigen vanlegvis attgjevne på framsida av avisene i Austerrike-Ungarn.

I Národní politika frå 4. april er Woëvre nemnd att, no i eit samandrag av hendingar frå den siste veka. Ordlyden ligg no tett opptil det som er brukt i romanen, men i alle desse presseoppslaga er det snakk om Woëvre-sletta, så humlehandlar Wendler er noko upresis.

Großes Hauptquartier, 28. März. Westlicher Kriegsschauplatz

Südöstlich von Verdun wurden französische Angriffe auf den Maashöhen bei Combres und in der Woevre-Ebene bei Marcheville nach hartnäckigen Kämpfen zu unseren Gunsten entschieden.

Sitat
[I.14.5] Víte, že v Combres a Woewru u Marche shořely tři pivovary, kam jsem posílal ročně přes pět set žoků chmele?

Skrivst òg:WoevreHašekWaberlandde

Litteratur
Combresen flag
Wikipedia enfr KartSøk Švejkův slovník
combres.jpg
woevre2.png

Národní politika,4.4.1915

combres.png

Mapire.eu (1836)

Combres er nemnd i humlehandlar Wendler sin klagesong om humlehandelen. Eit bryggeri skal ha vorte brent ned.

Bakgrunn

Combres (offisielt Combres-sous-les-Côtes) er ein kommune i Meuse-departementet i Lorraine i Frankrike. Den låg i front-linja nesten heile krigen, litt aust for Verdun.

Rundt månadskiftet mars-april 1915 var det harde kampar her, og det ser ut som det er ein nyheitsbulletin frå 28. mars forfattaren har brukt i denne sekvensen. Denne vert teken opp att i eit nyhendesamandrag i Národní politika 4. april 1915 og ikkje minst i Kronika světové války.

Großes Hauptquartier, 28. März. Westlicher Kriegsschauplatz

Südöstlich von Verdun wurden französische Angriffe auf den Maashöhen bei Combres und in der Woevre-Ebene bei Marcheville nach hartnäckigen Kämpfen zu unseren Gunsten entschieden.

Sitat
[I.14.5] Proč zas se vedou mezi Maasou a Moselou prudké dělostřelecké boje? Víte, že v Combres a Woewru u Marche shořely tři pivovary, kam jsem posílal ročně přes pět set žoků chmele? A shořel i ve Vogesách Hartmansweilerský pivovar, je srovnán se zemí ohromný pivovar v Niederspachu u Mylhúz.
Litteratur
Marcheen flag
Wikipedia fr KartSøk Švejkův slovník
marcheville.jpg
marcheville.png

Neue Freie Presse,29.3.1915

marchekronika.png

Světová válka 1914-1915 slovem i obrazem, s. 506

Marche er ein av dei mange stadene humlehandlar Wendler nemner i sin klagesong om humleomsetjinga. Han kallar det berre Marche, men nyheitsbulletinane avslører at han meiner Marchéville. Det skal ha funnest tre bryggeri her som vart brende ned. Før krigen hadde Wendler levert humle til desse, men no var denne handelen øydelagd.

Bakgrunn

Marche viser her heilt sikkert til Marchéville (offisielt Marchéville-en-Woëvre), ein landsby i Lorraine i Frankrike. Den ligg litt aust for Verdun og hadde i 2015 så få som 76 innbyggjarar.

Kampane som vert viste til vart rapporterte av den tyske overkommandoen 28. mars 1915, og pressemeldinga vart delvis (og upresist) gjengjeven av humlehandlar Wendler.

Klypp, lim, og legg til bryggeri

Marchéville er eit av fleire stadnamn på Vestfronten som finn vegen inn i verdslitteraturen gjennom humlehandlar Wendler sin lange klagemonolog ovafor Oberleutnant Lukáš. Namna er alle henta frå Kronika světové války som utan tvil er kjelda forfattaren brukte då han komponerte samtalen mellom humlegrossisten og offiseren.

At det fanst bryggeri på alle desse stadene er høgst tvilsamt. Nokre av dei er små landsbyar, og i eitt tilfelle berre ein gard (Klosterhoek). At det skulle finnast tre bryggeri i dette vesle området aust for Verdun er bortimot utenkjeleg.

Rettnok trykte andre aviser liknande opplysningar, men Kronika světové války er einaste kjende tilfelle der ordlyden (inkludert feilstavingar) stemmer på bokstaven overeins med humlehandlar Wendler og Oberleutnant Lukáš sine ord. Dette er spesielt påfallande i orda til Lukáš (sjå Cevat Paşa, Halil Bey osb.).

Sergey Soloukh peikar på at bindestreken i Marchéville, slik den er trykt i Kronika světové války, kan vera grunnen til at forfattaren kalla staden berre Marche og denne hypotesa tykkjest plausibel.

Sitat
[I.14.5] Víte, že v Combres a Woewru u Marche shořely tři pivovary, kam jsem posílal ročně přes pět set žoků chmele?

Kjelder: Sergey Soloukh

Litteratur
Vosgesen flag
Wikipedia czdeenfrnnno KartSøk Švejkův slovník
vosges.jpg

Das interessante Blatt,23.12.1915

vosges.png

Národní politika,4.4.1915

Vosges var endå ein stad humlehandlar Wendler måtte sjå langt etter marknaden sin. I Hartmannsweiler var bryggeriet brent ned og det gigantiske i Niederaspach var jamna med jorda.

Bakgrunn

Vosges er ei fjellkjede i Nordaust-Frankrike som mellom 1871 og 1918 utgjorde den fransk-tyske grensa. Under fyrste verdskrigen gjekk fronten langs fjella og det var harde kampar her ved månadskiftet mars/april 1915. Desse hendingane omformar forfattaren fritt til øydelegging av bryggeri. At desse bryggeria vart øydelagde (eller i det heile eksisterte) er ikkje stadfesta.

Sitat
[I.14.5] A shořel i ve Vogesách Hartmansweilerský pivovar, je srovnán se zemí ohromný pivovar v Niederaspachu u Mylhúz.

Skrivst òg:VogézyczVogesendeVosgesenLes Vosgesfr

Litteratur
Hartmannsweileren flag
Wikipedia deenfr KartSøk Švejkův slovník
hartmannswiller.jpg
vosges.png

Národní politika,4.4.1915

Hartmannsweiler hadde òg eit bryggeri som humlehandlar Wendler handla med i dei gode tidene. Dette var før det vart brent ned under kampane.

Bakgrunn

Hartmannsweiler er det tyske namnet på Hartmannswiller, ein liten stad i Alsace på austsida av Vosges, nordvest for regionshovudstaden Mulhouse. Som resten av regionen var den frå 1871 til 1918 var ein del av Tyskland.

Den var åstad for harde kamper under fyrste verdskrigen, spesielt i 1915. Slaga dreia seg mest om Hartmannsweilerkopf, ei fjellhøgd på 956 m.o.h som ligg litt vest for landsbyen. I dag har staden store krigsgkyrkjegardar og eit fransk nasjonalmonument. Sjølve landsbyen vart øydelagd av artilleribombardement.

Som med resten av dei belgiske og franske bryggeria nemnde av humlehandlar Wendler i samtalaen med Oberleutnant Lukáš er nok truleg dette noko forfattaren har funne på. Sjølv om eit lite bryggeri sikker kan ha funnest i landsbyen er det lite truleg at forfattaren har visst om det.

Sitat
[I.14.5] A shořel i ve Vogesách Hartmansweilerský pivovar, je srovnán se zemí ohromný pivovar v Niederspachu u Mylhúz.

Skrivst òg:HartmansweilerHašekHartmannswillerfr

Litteratur
Niederaspachen flag
Wikipedia defr KartSøk Švejkův slovník
aspachlebas.jpg
niederaspach.png

Světová válka 1914-1915 slovem a obrazem, s. 507

Niederaspach var nok ein stad med eit øydelagt bryggeri. Dette enorme bryggeriet hadde i fylgje humlehandlar Wendler vorte jamna med jorda.

Bakgrunn

Niederaspach er det tyske namnet på Aspach-le-Bas, ein kommune i departementet Haut-Rhin i Alsace, frå 1871 til 1918 ein del av Tyskland. Den ligg vest for regionshovudstaden Mulhouse.

Det har ikkje lukkast å finna informasjon om noko bryggeri her, langt mindre ein eit gigantisk eitt (slik humlehandlar Wendler hevdar).

Fronten gjekk i dette området gjennom stort sett heile krigen og landsbyen vart jamna med jorda. I november 1914 vert den ofte nemnd i tyske Kriegsberichte og den dukkar opp att òg i april 1915.

Verdskrigs-krønika

Niederaspach dukkar opp i krigsbulletinar i starten av april 1915, og ikkje minst i Kronika světové války, ein publikasjon Hašek utan tvil henta detaljar frå då han kompenerte samtalen mellom Oberleutnant Lukáš og humlehandlar Wendler.

Großes Hauptquartier, 3. April.

Ein französischer Angriff auf die Höhen bei und südlich von Nieder-Aspach westlich von Mülhausen wurde zurückgeschlagen.

Sitat
[I.14.5] A shořel i ve Vogesách Hartmansweilerský pivovar, je srovnán se zemí ohromný pivovar v Niederaspachu u Mylhúz.

Skrivst òg:Aspach-le-Basfr

Litteratur
Mühlhausenen flag
Wikipedia czdeennnno KartSøk Švejkův slovník
mulhouse.jpg
mulhouse.png

Národní politika,11.4.1915

milhuz.png

Dobrý voják Švejk (Rukopis) (s. 156)

© LA-PNP

Mühlhausen er nemnd i tiraden frå humlehandlar Wendler om sviktande avsetning for humle. Han nemner eit bryggeri i Niederaspach ved Mylhúzy, det tsjekkiske namnet på byen.

Bakgrunn

Mühlhausen er det tyske namnet på Mulhouse, ein by i provinsen Alsace (ty. Elsass) nær grensa til Sveits og Tyskland. Den var som resten av Alsace ein del av Tyskland frå 1871 til 1918.

Staveendring

Notidas tsjekkiske utgåver av romanen skriv namnet Mylhúz i staden for Milhúz, skrivemåten forfattaren og den tsjekkiske pressa på brukte på den aktuelle tida. Endringa vart innførd i ei språkrensing av romanen som fann stad like etter 1950.

Kámen mudrců

Handlinga i ei av Jaroslav Hašek sine forteljingar frå før krigen er lagd til Mulhouse[a].

Großes Hauptquartier, 3. April.

Ein Versuch der Belgier, das ihnen am 31. März entrissene Klosterhoek-Gehöft wieder zu nehmen, scheiterte. Im Priesterwalde mißlang ein französischer Vorstoß. Ein französischer Angriff auf die Höhen bei und südlich von Nieder-Aspach westlich von Mülhausen wurde zurückgeschlagen.

Sitat
[I.14.5] A shořel i ve Vogesách Hartmansweilerský pivovar, je srovnán se zemí ohromný pivovar v Niederspachu u Mylhúz.

Skrivst òg:MylhúzyczMulhousefr

Litteratur
Referensar
aKámen mudrcůČeské slovoJaroslav Hašek18.6.1911
Klosterhoeken flag
Wikipedia ennl KartSøk Švejkův slovník
klosterhoek.jpg

© Herman Declerck

klosterhoek1.png

Paasche's Spezialkarten der Westfront, 1917

klosterhoek.png

Kronika světové války, 2.4.1915

Světová válka 1914-1915 slovem a obrazem, s. 507

klosterhoek1.jpg

© Herman Declerck

Klosterhoek husa i fylgje humlehandlar Wendler eit bryggeri som hadde vorte kjempa om heile seks gonger mellom tyske og belgiske troppar. Han klaga til Oberleutnant Lukáš over at han hadde ei tapt omsetning på 350 humlesekker årleg grunna dette. Samtalen fann stad 20. desember 1914.

Bakgrunn

Klosterhoek (òg Kloosterhoek) var eit gardsbruk aust for Pervijze i Flandern, ved Stuivekenskerke på vestbreidda av elva Ijzer. Det var harde kampar her både i oktober 1914 og i mars/april 1915 og den vert dessutan nemnd i nyhenda både i 1916 og 1917.

I frontlinja

Tyske styrkar nådde fram til Yser seint i oktober 1914 der dei kom seg over elva og okkuperte m.a. Klosterhoek. Få dagar seinare opna belgiarane slusene så området vart overfløymd og tyskarane trekte seg tilbake. 31. mars 1915 vart dei meldt at tyskarane på ny hadde teke kontroll over farmen og at belgiarane 2. apri mislukkast i å ta den tilbake. Stillingskrigen ved Yser-fronten varde heilt til våpenkvila i 1918. Området vart skote i grus, dette gjaldt mellom anna byane Pervijze, Diksmuide og Veurne. Sjølve Klosterhoek vart ikkje bygd opp att og i dag er tomta til farmen berre eit jorde.

Verdskrigs-krønika

Ei analyse av dei historiske hendingane som humlehandlar Wendler viser til tyder på at det er kampane tidleg i april 1915 det er snakk om her. Dette til trass for at forfattaren legg samtalen med Oberleutnant Lukáš til 20. desember 1914.

Klosterhoek dukkar opp i krigsbulletinar i starten av april 1915, og ikkje minst i Kronika světové války (Verdskrigs-krønika), ein publikasjon Hašek utan tvil henta detaljar frå då han komponerte samtalen mellom Oberleutnant Lukáš og humlehandlar Wendler. Ein kan trygt slå fast at Hašek henta dei geografiske namna frå desse bulletinane men fritt plussa på med bryggeria (sjå Marchéville).

Ingen bryggeri

Lokalhistorikaren Herman Declerck kan opplysa at før fyrste verdskrigen var det seks bryggeri i Pervijze, men ingen av dei låg ved Klosterhoek, dette var berre namnet på eit gardsbruk.

Sitat
[I.14.5] Proč zas se vedou mezi Maasou a Moselou prudké dělostřelecké boje? Víte, že v Combres a Woewru u Marche shořely tři pivovary, kam jsem posílal ročně přes pět set žoků chmele? A shořel i ve Vogesách Hartmansweilerský pivovar, je srovnán se zemí ohromný pivovar v Niederspachu u Mylhúz. To máte ztráty 1200 žoků chmele pro mou firmu ročně. Šestkrát bojovali Němci s Belgičany o pivovar Klosterhoek, to máte ztrátu 350 žoků chmele ročně.“

Kjelder: Herman Declerck, Jaroslav Šerák

Litteratur
Zagreben flag
Wikipedia czdeennnno KartSøk
zagreb.jpg

Zpor_Por. Jelacic-Platz in Agram, Österreich-Ungarn (heute: Zagreb, Kroatien) (1909).

zagreb1.jpg

Zagreb var ein anna stad humlehandlar Wendler måtte reisa til for å henta kona si. Denne reisa nytta han samtidig til å avtala salg av 600 sekker humle til det kommunale bryggeriet i byen. No på slutten av 1914 var diverre denne marknaden tapt.

humlehandlar Wendler si reise til Zagreb må ha funne stad i 1913 ettersom han nemnde at dette var "i fjor" og forfattaren opplyser om at handlinga i denne sekvensen føregår i desember 1914.

Bakgrunn

Zagreb var i 1914 hovudstaden i det ungarsk-styrte autonome Kongedømet Kroatia og Slavonia. På den tida vart Zagreb òg omtala med det tyske namnet Agram, eit utrykk som no er lite brukt. Byen er i våre dagar hovudstad i republikken Kroatia.

Bryggeria

Bryggeri var det nok mange av i byen, men det er ikkje kjendt om nokon av dei var kommunale. Det største var utan tvil Aktienbrauerei und Malzfabrik in Agram, lokalt kalla Pivovara, som i 1910 var det 6. største i heile Austerrike-Ungarn. Produksjonen var dette året på 26 226 hektoliter øl.

Dette store bryggeriet vart grunnlagd som eit aksjeselskap i 1893 gjennom samanslåing av fleire mindre bryggeri som ikkje kunne utvida på tomtene der dei heldt til. Det eksisterer enno (2019) med namnet Zagrebačka pivovara og er det største i Kroatia. Eigaren i dag er Molson Coors Brewing Company.

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Zagreb vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 53 (Agram) eller Honvédinfanterieregiment Nr. 25 (Agram).

Sitat
[I.14.5] A když odešla se obléknout, tiše řekl k nadporučíkovi: „Nevyvádí to ponejprv. Loni ujela s jedním suplentem a našel jsem je až v Záhřebu. Udělal jsem při té příležitosti v městském pivovaře v Záhřebě uzávěrku na žoků chmele.

Skrivst òg:ZáhřebczAgramdeZágrábhu

Litteratur
Warszawaen flag
Wikipedia czdeennnno KartSøk
warszawa.jpg

Světozor,16.10.1914

haberbusch.jpg

Bryggeriet i kring 1900

© Warsaw on postcards

augustiner.png

Der Böhmische Bierbrauer,1.10.1891

Warszawa er nemnd 4 gonger i Den gode soldat Švejk.

Warszawa var nok ein marknad for humle som var tapt for humlehandlar Wendler og han legg til at Augustianar-bryggeriet var det største i byen. Representanten for bryggeriet vitja jamvel Wendler årleg.

Bakgrunn

Warszawa er sidan 1918 hovudstad i Polen og den største byen i landet. Den ligg ved elva Wisła.

Byen var i 1914 hovudstad i Kongeriket Polen (eller Kongress-Polen) som fram til 1915 var ein russisk satelitt-stat. Hausten 1914 gjorde tyskarane fleire forsøk på å ta byen utan å lukkast men Warszawa fall til slutt 4. august 1915 og var på tyske hender resten av krigen.

Bryggeria

Det har ikkje lukkast å identifisera noko Augustianar-bryggeri i byen. Det største bryggeriet i Warszawa på slutten av 1800-talet var Haberbusch i Schiele (ru. Габербуш и Шиле), noko som var tilfelle òg i 1914. Dei hadde òg sin eigen flasketappefabrikk i Kiev. Føretaket var òg leiande på marknaden i det uavhengige Polen i mellomkrigstida, men vart heilt øydelagd under Warszawa-oppstanden i 1944. Andre bryggeri i byen før 1914 var Machlejd og Livonia. Warszawa var dessutan eit viktig sentrum for humleomsetning i det russiske imperiet, og vart i denne samanhengen ofte nemnd i fagpressa i Austerrike.

Andre variantar

Ein kan heller ikkje sjå bort frå at humlehandlar Wendler eksporterte humle til eit trans-atlantisk bryggeri. Det er flerie byar med namnet Warsaw i United States, og det fanst bryggeri i til dømes Warsaw, Illinois. Dette bryggeriet vart rettnok ikkje kalla "Augustianar", og idéen om at Wendler viste til noko anna enn den polske byen verkar fjern.

Namner på bryggeriet er heller ei samanblanding med Augustiner-Bräu i München eller eit av dei andre Augustiner-bryggeria som fanst på den tida (Salzburg, Wittenberg ...) sjølv dette heller ikkje var det største bryggeriet i München.

Sitat
[I.14.5] A zapaluje si nabídnutou cigaretu, řekl zoufale: „Jedině Varšava odebírala 2370 žoků chmele. Největší pivovar je tam augustiánský. Zástupce býval u mně na návštěvě každoročně. To je k zoufání. Ještě dobře, že nemám děti.“
[I.14.5] Tento logický závěr každoroční návštěvy zástupce augustiánského pivovaru z Varšavy způsobil, že se nadporučík jemně usmál, což obchodník s chmelem postřehl, a proto vykládal dál: ....

Skrivst òg:VaršavaczWarschaudeWarsawen

Litteratur
Sopronen flag
Wikipedia czdeenhunn KartSøk Švejkův slovník
sopron.jpg
soproni.png

Gambrinus,1.4.1900

soproni1.jpg

Magyar Gambrinus,5.1.1907

sopron1.jpg

Bryggeriet i Sopron

sopron.png

Magyar Sörlexikon

Sopron (de. Oedenburg) og bryggeriet der gav humlehandlar Wendler si humle dårleg etterspurnad etter krigsutbrotet. Bryggeriet hadde inntil då eksportert øl heilt til Alexandria.

Når handlinga seinare vert lagd til Királyhida vert byen namnd att i fleire samanhengar, dessutan indirekte gjennom Sopronyi utcza og avisa Sopronyi Napló. Byen var òg fødestaden til Etelka Kakonyi.

Bakgrunn

Sopron (de. Oedenburg) er ein by i Ungarn nær grensa til Austerrike og er rekna som Ungarn sin eldste by. Den ligg 5 km sør-vest for Neusiedler See.

I 1910 var folketalet 33 932 og av desse var tyskarar i knapt fleirtal. Byen har (og hadde) jernbanesamband med mellom anna Győr og Wiener Neustadt. Sopron skulle etter fredsavtalen i Trianon i 1920 tilfalla Austerrike men ei folkeavsteming gjorde om på dette så den vart verande i Ungarn. I dag (2010) har Sopron over 60 000 innbyggjarar.

Bryggeriet

Bryggeriet vart grunnlagd som aksjeselskap i 30. mars 1895 av fabrikkeigar Julius Lenck og eit bryggeri-konsortium frå Brno. Kapasiteten var i starten 25 000 hektoliter. Selskapet fekk det offisielle namnet Első Soproni Serfőzde és Malátagyár Részvénytársaság, tysk Erste Oedenburger Bierbrauerei und Malzfabrik-Aktiengesellschaft. Det eksisterte under dette namnet fram til 1917 då det vart kjøpt av eit større ungarsk føretak. Bryggeriet produserer enno (2019) og er eigd av Heineken.

Hašek i Sopron

Jaroslav Hašek vitja Sopron i 1905 saman med Jaroslav Kubín og František Wágner. Dette var eit opphald på ein lengre tur som er omtala i Strana mírného pokroku v mezích zákona, og desstan godt dekka i omtalen til Václav Menger. I fylgje Václav Menger ordna bryggmeisteren i Sopron med overnatting til dei tsjekkiske gjestene.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Sopron 33 932 innbyggjarar. Tingdistriktet var Sopron og forvaltningsdistriktet var vármegye Sopron.

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Sopron vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 76 (Sopron) eller Honvédinfanterieregiment Nr. 18 (Sopron).

Nagykanidžská idyla

Velice důležitým poznatkem na naší cestě ze Šoproně do Velké Kanidže, kde se nejdéle udržel pašalík turecký, bylo, že nejspokojenější lidé jsou právě ti, kterým násilím nebyla vnucena vzdělanost.

Sitat
[I.14.5] „Uherské pivovary v Šoproni a ve Velké Kaniži odbíraly pro svá exportní piva, která vyvážely až do Alexandrie, u mé firmy ročně průměrem 1000 žoků chmele.
[II.3] Od opuštěného pavilónku, kde dřív za času míru fotografoval nějaký fotograf vojáky trávící zde mládí na vojenské střelnici, bylo vidět dole v údolí u Litavy červené elektrické světlo v bordelu „U kukuřičného klasu“, který poctil svou návštěvou arcivévoda Štěpán při velkých manévrech u Šoproně v roce 1908 a kde se scházela denně důstojnická společnost.
[II.3] „A bydlí s paní Etelkou v prvním patře,“ řekla garderobiérka s podrobností staré kuplířky, „ona je Němkyně ze Šoproně a on je Maďar; zde je to všechno pomíchané.“
[II.5] A vedl je sám pan hejtman Ságner. Byly by snad přišly až do Šoproně, kdyby se nebylo rozednilo,“ pokračoval tajemným hlasem účetní šikovatel, který si liboval v takových případech a měl v evidenci všechny podobné události.

Kjelder: Václav Menger, Radko Pytlík, Csaba Catona

Skrivst òg:ŠoproňczÖdenburgde

Litteratur
Nagykanizsaen flag
Wikipedia czdeenhunn KartSøk Švejkův slovník
nagykanizsa.jpg

Nagykanizsa, 20.8.1911

nagyk.png

Gambrinus,15.10.1892

nagyksor.jpg

Kataliszt blogja

znojemsky.png

Gambrinus,15.5.1905

nagyk1.png

Magyar Sörlexikon

Nagykanizsa og byens bryggeri sikra humlehandlar Wendler god avsetning før krigen snudde opp-ned på humlehandelen. Bryggeriet kjøpte årleg i snitt 1000 sekker humle av Wendler og eksporterte ølet sitt heilt til Alexandria.

Bakgrunn

Nagykanizsa er ein by i Zala-fylket i Ungarn som ligg om lag 40 km sørvest for Balatonsjøen og 15 km frå grensa til Kroatia.

Hašek på vitjing

Jaroslav Hašek vitja byen i 1905 og skreiv seinare eit par soger derfrå, og mange fleire som nemner byen. I Strana mírného pokroku v mezích zákona fortel han mellom anna korleis han vart motteken av den tsjekkiske bryggmeisteren, ein viss herr Znojemský.

Bryggeriet

Bryggeriet vart skipa i 1892 og var i drift fram til 1999. I åra før fyrste verdskrigen var det eit middelstort bryggeri der produksjonsvolumet i 1912 var på 47 000 hektoliter. Selskapet sitt offisielle namn var Nagy-Kanizsai Serfőzde és Malátagyár Részvénytársaság, på tysk Nagy-Kanizsaer Bierbrauerei- und Malzfabrik-Aktiengesellschaft.

I 1902 vart Jan Znojemský tilsett som bryggmeister ved bryggjeriet. Dette er utan tvil personen Hašek viser til i soga si ettersom Znojemský enno var der i 1905. I 1909 gjekk han inn i ei tilsvarande stilling ved bryggeriet F.F. Bote i Jekaterinoslav i Russland (no Dnipro, Ukraina), men trekte seg tilbake like etter krigsutbrotet.

Skrivemåten

Som ein kuriositet kan nemnast at ei rekkje oversetjingar slit med rettskrivinga av Nagykanizsa. Mellom desse er den fyrste tyske, den norske, den siste svenske og alle dei tre engelske. Dei siste nederlandske, finske og tyske omsetjingane har derimot rett stavemåte. Feilen er ikkje lett å oppdaga: bokstavane "s" og "z" er bytte om.

Ein skal for ordens skuld leggja til at denne feilen førekom rett ofte i dåtidas aviser, jamvel i offisielle publikasjonar. Før vart dessutan namnet skrive med bindestrek som Nagy-Kanizsa, som til dømes Király-Hida.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Nagykanizsa 26 524 innbyggjarar. Tingdistriktet var Nagykanizsa og forvaltningsdistriktet var vármegye Zala.

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Nagykanizsa vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 48 (Nagykanizsa) eller Honvédinfanterieregiment Nr. 20 (Nagykanizsa).

Sitat
[I.14.5] „Uherské pivovary v Šoproni a ve Velké Kaniži odbíraly pro svá exportní piva, která vyvážely až do Alexandrie, u mé firmy ročně průměrem 1000 žoků chmele.

Kjelder: Václav Menger, Radko Pytlík

Skrivst òg:Velká KanižaczGroßkirchen/Groß-Kanizsade

Litteratur
Alexandriaen flag
Wikipedia czdeenno KartSøk
alexandria.jpg

Alexandria 1875

alexandria.png

Der Böhmische Bierbrauer,27.6.1911

Alexandria var ein by som nytte godt av øl importert frå Ungarn, brygga med humle levert av humlehandlar Wendler.

Bakgrunn

Alexandria (arab. الإسكندرية) er ein by i Egypt, oppkalla etter Aleksander den store, byen sin grunnleggjar. I oldtida var byen kjent for det store biblioteket og fyrtårnet, begge rekna blant verdas sju underverk.

I 1914 var Egypt enno formelt ein del av Tyrkia men hadde vore under britisk okkupasjon sidan 1882. Ved krigsutbrotet i 1914 vart landet gjort om til eit britisk protektorat, noko som utan tvil gjorde slutt på einkvar ølimport frå Austerrike-Ungarn.

Rapportar frå 1903 viser at øl-produkt vart eksporterte til Alexandria og andre hamner i Middelhavet via Trieste.

Alternativ?

Det er mange stader med namnet Alexandria rundt om i verda så ein kan ikkje vera hundre prosent sikker på at humlehandlar Wendler faktisk hadde den egyptiske byen i tankane. Øl vart alt då eksportert over verdshava og dei mange Alexandria i Nord-Amerika peikar seg ut som alternativ.

Nærare heimlandet er dei ein ørliten sjanse for at humlehandlar Wendler viste til Nowa Alexandria i russisk Polen, ein by som av og til berre vart kalla Alexandria. Byen heiter no Puławy men vart frå 1846 til 1918 kalla opp etter tsarina Alexandra Fjodorovna (1798-1860).

Den rumenske byen Alexandria kan heller ikkje heilt sjåast heilt bort frå, nær som den låg den ungarske grensa.

Sitat
[I.14.5] „Uherské pivovary v Šoproni a ve Velké Kaniži odbíraly pro svá exportní piva, která vyvážely až do Alexandrie, u mé firmy ročně průměrem 1000 žoků chmele.

Skrivst òg:Alexandriecz

Litteratur
Zámecké schodyen flag
Wikipedia cz KartSøk Švejkova cesta Švejkův slovník
schody.jpg

Královský hrad pražský, 1894

Zámecké schody vert nemnd avdi Švejk og Blahník sit på ei lita kneipe nedafor trappa då dei planlegg det famøse hundetjuveriet.

Bakgrunn

Zámecké schody (Slottstrappa) er ei trapp som går frå Praha-borga på Hradčany og ned til Malá Strana. Den noverande forma har eksistert frå rundt midten av 1600-talet.

Trappa endar nede i Thunovkská ulice og det må ha vore i denne gata den vesle kneipa låg. Sjå Malý výčep piva.

Sitat
[I.14.6] Na Malé Straně u Zámeckých schodů je malý výčep piva. Jednoho dne tam seděli v šeru vzadu dva muži. Jeden voják a druhý civilista. Nakloněni k sobě šeptali si tajemně. Vyhlíželi jako spiklenci z dob Benátské republiky.

Skrivst òg:Castle StepsenSlottstrappano

Republikken Veneziaen flag
Wikipedia deenit KartSøk Švejkův slovník
rvenezia.jpg
venezia1.png

Břetislav Hůla

© LA-PNP

Republikken Venezia vert omtala når dei to hundetjuvane Švejk and Blahník vert samanlikna med konspiratørar frå Venezia-republikken.

Bakgrunn

Republikken Venezia kan vera meint bystaten Venezia som eksisterte i om lag 1000 år fram til 1797.

Eit alternativ er Repubblica di San Marco, ein kortvarig republikk som i 1848-49 gjorde opprør mot Austerrike. Den var sentrert rundt Venezia og omfatta i territorium om lag det som no er Veneto-provinsen.

Republikken Venezia er òg tema i soga Turista Aratáš[a]. Her er det derimot ingen tvil om at det er den klassiske bystaten det er snakk om.

Sitat
[I.14.6] Na Malé Straně u Zámeckých schodů je malý výčep piva. Jednoho dne tam seděli v šeru vzadu dva muži. Jeden voják a druhý civilista. Nakloněni k sobě šeptali si tajemně. Vyhlíželi jako spiklenci z dob Benátské republiky.

Skrivst òg:Benátská republikaczVenetian RepublicenRepubblica di San Marcoit

Litteratur
Referensar
aTurista AratášVenkovJaroslav Hašek30.4.1911
Klamovkaen flag
Wikipedia cz KartSøk Švejkův slovník
klamovka.jpg

Tidlegare "Víla Svět zvířat", 16.mai 2011

Klamovka vert nemnd av Blahník då han og Švejk planleggjer hundertjuveriet i den vesle kneipa ved Zámecké schody. Her er det ein kennel ovafor Klamovka det er snakk om.

Bakgrunn

Klamovka er eit parkområde i Košíře og Smíchov, kalla opp etter den böhmiske adels-slekta Clam-Gallas. Hovudattraksjon i parken var (og er) restauranten med terasse der det ofte var konsertar med militærorkester. Egon Erwin Kisch har levande beskrive miljøet på Klamovka i forteljinga si Der Clamsche Garten frå boka Aus Prager Gassen und Nächten (1912).

Hašek og Klamovka

Jaroslav Hašek var i 1909 og 1910 redaktør i det zoologiske tidsskriftet Svět zvířat som hadde redaksjonen sin i ein villa ovafor parken. I hagen låg kennelen som vert vist til i romanen (sjå Psinec nad Klamovkou). I 2011 var villaen forfallen og innan 2015 var den riven.

Hašek vart hausten 1910 avsett som redaktør etter at lesarar starta å klaga over usannsynlege historier. Etter å ha mista jobben grunnla han sitt eige Kynologiske Institutt nedafor Klamovka der han òg budde saman med kona.

Sitat
[I.14.6] Voják s civilistou si ťukli a civilista dále šeptal: „Jednou ode mne jeden černej špic, kterýho jsem potřeboval pro psinec nad Klamovkou, nechtěl taky vzít buřt

Kjelder: Jaroslav Šerák, Radko Pytlík, Ladislav Hájek

Litteratur
Havlíčkovo náměstíen flag
KartSøk Švejkova cesta Švejkův slovník
senovazne.jpg

Havlíčkovo náměstí, ikring 1910

slavia1.png

Český Lloyd, 13.9.1902

Havlíčkovo náměstí (no Senovážné náměstí) var staden der den ulukkelege Fox vart stolen av Blahník. Tjuveriet starta her men hunden kom ikkje i band før i Jindřišská, nokre minuttar unna. Švejk hadde alt vore her på rekognisering, då han gjorde seg til vens med tjenestjenta til Oberst Kraus. Ho vart spurd ut om hunden sine matvanar.

Bakgrunn

Havlíčkovo náměstí er det tidlegare namnet på torget Senovážné náměstí i Nové město. Namnet ein finn i romanen var i bruk frå 1896 til 1940 og den har òg vore kalla opp etter František Soukup og Maxim Gorkij. Plassen ligg litt nord for hovudjernbanestasjonen.

Jaroslav Hašek arbeidde ved Banka Slavia her ei kort stund i 1902 og 1903 fram til han vart oppsagd etter to fråver utan løyve.

Namnebyte

Plassen må ikkje forvekslast med dagens Havlíčkovo náměstí i Žižkov, eit bytorg som i 1914 heitte Basilejské náměstí (Basel-plassen).

Den gode soldat Švejk i fangeskap

I Dobrý voják Švejk v zajetí er plassen òg nemd men her er samanhengen ein anna. Forfattaren utrykkjer avsky med at det tyske konsulatet ligg her, på ein plass oppkalla etter den tsjekkiske nasjonalhelten Karel Havlíček.[1]

Mladý úředník od berního ředitelství hlasitě se smál. Byl zatčen předvčírem u německého konzulátu na Havlíčkovi náměstí, že se smál. Není-liž to také k smíchu a nestojí-li to za poznámku před celým davem, srovnat manifesty před německým konzulátem, uspořádanou německý studenty, židovskými příručími a několika babami z 'lehrerinnenvereinu' na náměstí, které nese hrdě jméno Karla Havlíčka? Německý konzulát! Ta nejsprostší urážka Havlíčkově památce!

Sitat
[I.14.6] „Každej den ve vosum hodin,“ šeptal civilista vojákovi, „chodí s ním služka na roh Havlíčkovýho náměstí k parku. Ale von je potvora, kouše o všechno pryč. Nedá se pohladit.“
[I.14.6] V osm hodin ráno druhého dne bylo vidět dobrého vojáka Švejka chodit na rohu Havlíčkova náměstí u parku.
[I.14.6] „Nemluv vo tom, Švejku,“ řekl měkce Blahník, „pro starýho kamaráda všechno udělám, zejména když slouží na vojně. Sbohem, hochu, a nevoď ho nikdy přes Havlíčkovo náměstí, aby se nestalo nějaký neštěstí. Kdybys potřeboval ještě nějakého psa, tak znáš, kde bydlím.“

Skrivst òg:Havlíček squareenHavlíčkový náměstíŠvejk

Litteratur
Referensar
1Dobrý voják Švejk v zajetíJaroslav Hašek1917
Protivín náměstíen flag
Wikipedia czdeen KartSøk
protivinnam.jpg

Pohled na náměstí směrem k zámku, 1908

Protivín náměstí er nemnd i samtalen mellom Švejk og tenestejenta til Oberst Kraus. Det kjem fram at ho var syster til slaktar Pejchar på byplassen.

Bakgrunn

Protivín náměstí er byplassen i Protivín, no kalla Masarykovo náměstí. Plassen er avlang og har meir preg av ein breid aveny enn ein byplass.

Sitat
[I.14.6] „Tak znáte v Protivíně na náměstí řezníka Pejchara?“ „Jakpak bych ho neznal.“ „To je můj bratr.“
Krčen flag
Wikipedia cz KartSøk Švejkův slovník
krc.jpg

Krč nummer 32, fødestaden til Kateřina Jarešová

Krč vert nemnd i same dialogen som Protivín. Ein viss Jareš skal ha vore frå Krč ved Protivín i fylgje Švejk.

Bakgrunn

Krč er ein landsby i Písek-distriktet i Sør-Böhmen, 3 km aust for Protivín sentrum. I 1847 vart Kateřina Jarešová, mor til Jaroslav Hašek, fødd her. Far hennar, Antonín Jareš, var damvaktar ved fiskedammen like ved. Dette er omstende som utan tvil inspirerte forfattaren.

Demografi

I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Krč 952 innbyggjarar der 951 (99 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okres Vodňany, forvaltningsdistriktet var hejtmanství Písek. Landbyen hadde eige katolsk kyrkjesokn, næraste postkontor var i Protivín.

Kjelde:Seznam míst v království Českém(1913)

Militært

I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Krč vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 11 (Pisek) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 28 (Pisek).

Sitat
[I.14.6] „A kterýho Jareše, toho z Krče u Protivína, nebo z Ražic?“ „Z Ražic.“ „Ještě rozváží pivo?“ „Pořád.“
Litteratur
Sady Vrchlickéhoen flag
Wikipedia cz KartSøk Švejkova cesta
mestskysad.jpg

Městský sad, 26.10.1907

sady.png

Čas,11.3.1913

Sady Vrchlického (eller Vrchlického sady) vert nemnd indirekte gjennom omgrepet "ved parken". Høvet er at Blahník lurer med seg Fox frå Havlíčkovo náměstí, opp langs parken før dei svingar ned i Bredovská ulice. Alt før det hadde Švejk vore på hjørnet av parken og Havlíčkovo náměstí for å spørja ut tenestejenta til Oberst Kraus om matvanane til hunden.

Bakgrunn

Sady Vrchlického (Vrchlický-hagen) er ein park framfor jernbanestasjonen i Praha (i 1914 Nádraží císaře Františka Josefa), opprinneleg kalla Městský sad (Byhagen). Parken vart oppretta i samband med bygginga av jernbanestasjonen på 1870-talet, og var på denne tida langt større enn i dag. Mellom anna inneheldt den ein stor fiskedam og ein foss.

Mellom 1972 og 1977 fann ei større ombygging av området stad: ei ny inngangshall til jernbanestasjonen, ein ny gjennomfartsveg og parkeringsplass. Dette la beslag på ein stor del av parken.

Omdøypt

Den 10. mars 1913 vedtok Rådet av Oldermenn i Praha å gje parken namn etter den nyleg avdøydde poeten Vrchlický (1853-1912). Forslaget om namnebyte kom 26. november 1912. Sady Vrchlického var såleis det offisielle namnet på parken då Blahník og Švejk luska rundt i området.

Sitat
[I.14.6] „Každej den ve vosum hodin,“ šeptal civilista vojákovi, „chodí s ním služka na roh Havlíčkovýho náměstí k parku. Ale von je potvora, kouše o všechno pryč. Nedá se pohladit.“
[I.14.6] V osm hodin ráno druhého dne bylo vidět dobrého vojáka Švejka chodit na rohu Havlíčkova náměstí u parku. Čekal na služku se stájovým pinčem.
[I.14.6] „Šel jsem schválně kolem něho, drže zabalená vařená játra v papíru. Počal čenichat a vyskakovat na mne. Nedal jsem mu nic a šel dál. Pes za mnou. U parku jsem se otočil do Bredovské ulice a tam jsem mu dal první kousek.

Skrivst òg:Vrchlický GardenenVrchlický-GartendeVrchlický-hagenno

Litteratur
Bredovská uliceen flag
KartSøk Švejkova cesta Švejkův slovník
bredskova.jpg

Bredovská ulice (no Ulice Politických vězňů) var eit gate der Fox vart lokka inn av Blahník like før han vart sett i band.

Bakgrunn

Bredovská ulice er ei gate i Nové město. Det noverande namnet Ulice Politických vězňů betyr "Dei politiske fangars gate".

Sitat
[I.14.6] „Šel jsem schválně kolem něho, drže zabalená vařená játra v papíru. Počal čenichat a vyskakovat na mne. Nedal jsem mu nic a šel dál. Pes za mnou. U parku jsem se otočil do Bredovské ulice a tam jsem mu dal první kousek
Jindřišskáen flag
KartSøk Švejkova cesta
jindriska.jpg

7.4.1914. Pohled do Jindřišské ulice. Zprava domy čp. 939, 940, 941, 972 na Novém Městě. V pozadí vlevo zvonice kostela sv. Jindřicha.

Jindřišská er gata der Fox endeleg vart sett i band av Švejk og for ei tid vart Oberleutnant Lukáš sin eigedom.

Bakgrunn

Jindřišská er ei gate i Nové město som err tverrgate til Václavské náměstí og dessutan gjennomfartsåra for fleire trikkelinjer.

Sitat
[I.14.6] Zabočil jsem do Jindřišské, kde jsem mu dal novou porci. Pak jsem ho, když se nažral, uvázal na řetízek a táh jsem ho přes Václavské náměstí na Vinohrady, až do Vršovic.
Leipzigen flag
Wikipedia czdeennnno KartSøk
leipzig.jpg

Hauptbahnhof

Leipzig vert nemnd då den nye stamtavla til Fox vert klekt ut. I fylgje denne kom Fox frå Hundezwinger von Bülow i Leipzig.

I [III.1] vert Folkeslaget ved Leipzig i 1913 nemnd i fleire samanhengar, mellom anna er den på Kadett Biegler si imponerande liste over slagmarker. Sjå dessutan Liebertwolkwitz, Wachau og Lindenau.

Bakgrunn

Leipzig er nest største byen i den tyske delstaten Sachsen og i 1914 ein del av keisarriket Tyskland. Byen er kjend for varemessa, universitet og rolla si som eit viktig transport-knutepunkt. Namnet er av slavisk opphav.

Sitat
[I.14.6] „To musí bejt tvou rukou napsaný. Napiš, že pochází z Lipska, z psince von Bülow. Otec Arnheim von Kahlsberg, matka Emma von Trautensdorf, po otci Siegfried von Busenthal.
[III.1] „Znáte dějiny bitvy národů u Lipska?“ otázal se, „když polní maršálek kníže Schwarzenberg šel na Liebertkovice 14. října roku 1813 a když 16. října byl zápas o Lindenau, boje generála Merweldta, a když rakouská vojska byla ve Wachavě a když 19. října padlo Lipsko?“

Skrivst òg:Lipskocz

Litteratur
Nürnbergen flag
Wikipedia czdeennnno KartSøk
nurnberg.jpg

Světozor, , 17.10.1941

Nürnberg var byen der, i fylgje den nye stamtavla til Max (tidlegare Fox), mor hans (sjå Emma von Trautensdorf) fekk tildelt gullmedalje av selskapet for oppdrett av reinrasa hundar. Sjå ellers Nürnberger Verein zur Zucht edler Hunde.

Bakgrunn

Nürnberg er nest største byen i Bayern og største byen i Franken, i 1914 ein del av keisarriket Tyskland. Skal ein døma etter nokre kort-historier han skreiv, vitja Hašek Nürnberg-området i 1904.

Sitat
[I.14.6] Otec obdržel první cenu na berlínský výstavě stájových pinčů v roce 1912. Matka vyznamenána zlatou medalií norimberskýho spolku pro chov ušlechtilých psů. Jak myslíš, že je starej?“

Skrivst òg:NorimberkczNurembergen

Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

14. Švejk som oppassar hos overløytnant Lukáš